Informasjon om Cup-renn og LM sesongen 2005/2006

Postet av Markane IL den 30. Des 2005

Onsdag 11. januar 2006 set vi i gang det første Cup-rennet for sesongen i klassisk stil. Påmelidng frå kl. 18.00. Start yngste klasse ca kl. 18.30. Sjå elles informasjonskriv for andre datoar og utfyllande informasjon. Cuprenn og LM 2006


_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _

Postet av Markane IL den 12. Des 2005

 

 

 

 



Idrettsstipend 2005

Postet av Markane IL den 9. Des 2005

Tarjei er tildelt Sogn og Fjordane Idrettskrins sitt idrettsstipend for 2005

Det var innstilt 13 kandidatar frå 7 ulike særkrinsar.  Den andre vinnaren av idrettsstipend er Trude Raad, Gloppen FIL, for sterke resultat innan friidrett. Gratulerer begge to!!



Norges Cup (U23) Senior, Vestlandsmeisterskap og KM 4. og 5. februar 2006

Postet av Markane IL den 5. Des 2005

Markane IL ønskjer velkomen til Norges Cup Senior, Vestlandsmeisterskap og KM på Ullsheim 4. og 5. februar 2006. Her kan du laste ned Innbyding til NC VM og KM 



Tarjei toppa lista

Postet av Markane IL den 28. Nov 2005

Tarjei tok ein solid 1. plass på 15 km fristil under BUL-sprinten på Lillehammer i helga

Etter ein haust med langt treningsavbrekk var det godt å "ta seg ut" på eit langrenn.  Utifrå plassering og tid får vi tru  at forma kjem sigande på igjen.  2. plassen gjekk og til ein skiskyttar frå NTG.  Komande helg skulle d



Snøproduksjon

Postet av Markane IL den 26. Nov 2005

Laurdag 26. november start vi opp snøproduksjon på Ullsheim. Produksjonen gjekk i vel eit halvt døgn før det blei stopp grunna tekniske problem.

Per Jakob ette


Barneidrettsskulen tek juleferie

Postet av Markane IL den 25. Nov 2005

Torsdag 24. november var det juleavslutning for barneidrettsskulen på Skogstjerna.

Etter heller usikre verutsikter vart det ein fin kveld med klårver, men med nokre få kuldegrader. Dei fleste hadde utstyrt seg med ordentleg skotøy og gode uteklede. Med lykter på haudet eller i handa gjekk det i "hundreogti" rundt



Snø på Ullsheim

Postet av Markane IL den 17. Nov 2005

Det er no ca 40-50 cm nysnø på Ullsheim

Dersom dette held seg så må de stille med ski på neste skiskyttartrening.  Elles må de gjerne ta turen i "privat regi" og trene no når vi har brukbare forhold.  Håpar vinteren no er komt for å bli.



SENIOR-NM I SKISKYTING

Postet av Markane IL den 16. Nov 2005

Styret i Norges Skiskytterforbund har vedteke å tildele Senior-NM i skiskyting 2008 til Markane IL og Hardbagg IL


Årsmøte Ullsheim torsdag 24.11

Postet av Markane IL den 15. Nov 2005

Husk årsmøtet på Ullsheim torsdag 24.11. kl.19.30. Vanlege årsmøtesaker - val.


Barneidrettsskulen 3. november

Postet av Markane IL den 8. Nov 2005

Full fart i skulen i Bø!

Det var full fart i gymsalen i Bø på torsdagskvelden. I gymsalen var det leikeland med frie aktivitetar, stor fart og høg temperatur. Sveitten sila og fargen i andleta skifta mellom raud og blå (på enkelte). I sentralrommet var det



Idrettspris til Tarjei

Postet av Markane IL den 9. Okt 2005

Tarjei fekk tildelt idrettsprisen under ei utdeling på Strynemessa laurdag. Prisen, som i si tid vart oppretta av Strynemessa, skal gå til ein idrettsutøvar som har utmerka seg meg gode prestasjonar.  Tarjei sine 5 NM-gull siste sesong vart framheva som ein unik prestasjon som det står stor respekt av. Vi gratulerer prisvinn


Fotoutstillinga frå jubileumsfesten

Postet av Markane IL den 28. Sep 2005

Fotoutsillinga som Jon Kjøs laga til jubileumsfesten er no lagt ut på internett. Adressa til sida er her:  http://home.online.no/~jkjoes/ullsheim.htm  


Barneidrettsskulen torsdag 22. september.

Postet av Markane IL den 27. Sep 2005

Med fønvind og opphaldsver vart det ein fin torsdag for over hundre ivrige deltakarar på barneidrettsskulen.

Enno er det ikkje heilt slutt på mildveret. Heldigvis! Over hundre deltakarar stillte opp på golf, orientering, friidrett, klatring og skyting. Dyktige instruktørar frå Markane Skyttarlag, friidrettssgruppa og orienteringsgruppa i



NM-sølv til Tarjei

Postet av Markane IL den 19. Sep 2005

Tarjei tok ein ny medalje under NM i sommerskiskyting.

Sist helg var det NM i sommerskiskyting som FET idrettslag arrangerte.  Markane IL hadde med to løparar; Anders Vonheim og Tarjei Bø.  Laurdag var det sprint som stod på programmet. Her gjekk Tarjei inn til ein fin 4. plass, men han var litt



Barneidrettsskule i ordentleg haustver.

Postet av Markane IL den 19. Sep 2005

Dårleg ver inga hindring.

Så er første "vanlege" torsdagen i haust unnagjort. I litt småsurt, og høgst varierande, haustver stillte mange ivrige deltakarar med masse energi og godt humør. Det var full aktivitet med skyting på Sindre, klatring i Strynehallen



Internett-kurs

Postet av Markane IL den 14. Sep 2005

Det blir internett kurs torsdag 29.sept.

Internett-kurs KlubbenOnline



Barneidrettsskulen på tur

Postet av Markane IL den 12. Sep 2005

Laurdag 10. september var det "bli kjent tur" med barneidrettsskulen.

Mange hadde funne vegen til Ingebrigten i det fine haustveret. Med god fyr på grillane, sosialt samvær og litt informasjon om barneidrettsskulen vart dette ein fin dag. Somme fann vegen heilt til Hogden.



VELKOMMEN TIL KLUBBEN ONLINE PLUSS!

Postet av Markane IL den 7. Sep 2005

Klubben Online er et hjemmeside-verktøy levert av n3sport. Løsningen er utviklet i samarbeid med Norges Idrettsforbund og norske særforbund.

Du som er ansvarlig for denne løsningen må logge deg på i verktøykassa i venstre meny for å legge ut nyheter på siden. Der kan du også slette denne "startnyheten". Passord og bruker har du mottatt på mail fra n3spor



Nye lagsdrakter

Postet av Markane IL den 5. Sep 2005

Husk prøving og bestilling av lagsdrakter på Ullsheim måndag 5.9 og tysdag 6.9. frå 18.00 til 20.00. Husk prøving og bestilling av lagsdrakter på Ullsheim måndag 5.9 og tysdag 6.9. frå 18.00 til 20.00. Det blir då høve til å prøve størrelsar og dei ulike draktene (overtrekk, skidress og o-drakt). Vi håpar flest mogleg bestiller no i starten, det blir str


Vellykka Sport1-samling på Ullsheim!

Postet av Markane IL den 27. Aug 2005

Skigruppa i Markane IL har frå fredag til søndag (25.-27.8) hatt Sport1-samling på Ullsheim med rundt 45 ivrige deltakarar.

Skigruppa i Markane IL har frå fredag til søndag (25.-27.8) hatt Sport1-samling på Ullsheim med rundt 45 ivrige deltakarar. Sjølv om vèret ikkje har vore det aller beste har vi hatt fleire gode økter med god innsats av gjengen frå 12-15 år. Deltakarane



Husk 100-års jubileumet!

Postet av Markane IL den 27. Aug 2005

Laurdag 3.september er det 100-års jubileumsfeiring på Skogstjerna kl.19.00. Husk å melde deg på enten til Ester Skrede eller skrive deg på liste på Statoil-stasjonen på Langesethøgda. Vi satsar på fullt hus og stormande jubel! Laurdag 3.september er det 100-års jubileumsfeiring på Skogstjerna kl.19.00. Husk å melde deg på enten til Ester Skrede eller skrive deg på liste på Statoil-stasjonen på Langesethøgda. Vi satsar på fullt hus og stormande jubel! Prisen pr.pers er kr.150, i


Barneidrettsskulen startar opp att

Postet av Markane IL den 22. Aug 2005

Laurdag 10. september er vi i gang.

Laurdag 10. september vert første aktivitetsdag for barneidrettsskulen denne hausten. Planar og deltakarlister vert sendt ut før oppstart, i tillegg til at planen vert lagt ut på denne sida. Første "vanlege" torsdag vert den 15. se



Skogsløp med skyting

Postet av Markane IL den 17. Aug 2005

Skogsløp med skyting  på Sindre onsdag 17. aug. kl 1800

Onsdag 24. aug. kl 1730 er det lagsskyting

Det vert skogsløp med skyting på Sindre onsdag 17. aug. kl 1800.

Neste onsdag, 24. aug. vert det lagsskyting kl 1730.  Elles vert det treningar på Sindre onsdagar framover til ny beskjed kjem.

Søndag den 4. september er det vestlan



Innbyding Sport-1 samling

Postet av Markane IL den 17. Aug 2005



KM i orientering 20.08. og 21.08

Postet av Markane IL den 11. Aug 2005

KM lang, 20.08, arr. Veten IL. samlingsplass Sølvbergstøylen med start kl. 1500. KM- stafett 21.08, arr. Markane IL, samlingsplass Nybø/ Randaskogvegen, start kl. 11.00. Her er innbydingane:

VETEN IL INVITERER TIL  KM LANG

LAURDAG 20.08.05



Nye lagsdrakter

Postet av Markane IL den 27. Jul 2005

Styret i Markane i.l. har den siste tida jobba med prosjektet: nye lagsdrakter!. Dvs overtrekksdrakt, skidress og o-drakt.

Nye fargar blir det òg; blå (hovudfarge), kvitt og svart. Dette er fargar som vi finn i logoen til Markane i.l., difor fann vi det naturleg å velge desse fargane. Vi håpar at dette er fargar som vil vare!

Noname er det nye merket. Du



Sport-1 samling 26.-28. august

Postet av Markane IL den 19. Jul 2005

Helga 26.-28. august blir den årlege Sport-1 samlinga på Ullsheim for ungdom mellom 12-15 år.

 

Fleire løparar frå senior krinslaget i langrenn vil vere med som trenarar. Med andre ord blir det ei helg med mykje moro både under og mellom treningsøktene! Invitasjon vil bli sendt ut i starten av august. Følg med på nettsidene til skikrinsen


100-års jubileumsfest 3.9.2005

Postet av Markane IL den 18. Jul 2005

Laurdag 3.9 kl.19.00 er det klart for jubileumsfest i Skogstjerna.

Laurdag 3.9 kl.19.00 er det klart for jubileumsfest i Skogstjerna, og styret håpar at alle som har eller har hatt tilknytning til Markane IL set av denne kvelden. Vi håpar å få til eit bra program, og i tillegg vil det bli mat og det vil bli avslu



O- linker

Postet av Markane IL den 16. Mai 2005

Her er kan du klikke deg inn og få med deg nyhende og informasjon om orientering.

 

Sogn og Fjordane Orienteringskrins ( SFOK):

http://www.orientering.no/sognfjordane/t2.asp



Barneidrettsskulen med jubileumsfest

Postet av Markane IL den 1. Mai 2005

Torsdag 28. april feira vi at barneidrettsskulen er 10 år i år.

(Foto: Bengt Flaten, Sunnmørsposten)

 

I januar i år var det 10 år sidan 3 damer i Markane starta det som i dag er Markane og Stryn Barneidrettsskule. Med Randi Tenden i spissen og med sterk støtte av Vigdis Sætren og Bodil Dybevoll Grodås vart dette ein stor suksess me



Friidrettsgruppa på nettet

Postet av Markane IL den 26. Apr 2005

No har endeleg nokon i friidrettsgruppa lært seg å legge inn saker på heimesida. Det er no sjans for at det kan bli litt meir informasjon om ting som skjer eller har skjett i friidrettsgruppa sin regi. No er det ikkje all verdens aktivitet men noko skjær no framover sommaren. Dette kjem vi nærmare tilbake til.


O-gruppa i Markane IL 2007

Postet av Markane IL den 26. Apr 2005

Her finn du namn, nummer og mailadr. til oss. 

Leiar: Kari A. Svarstad



Turorientering 2006

Postet av Markane IL den 26. Apr 2005

 I år er det turorientering på det nye kartet, Tverrfjellet. I området ved Ned sætra.

Konvoluttar med kart og klippekort kan kjøpast hjå: Ytre-Eide sport a/s, G-sport og Stryn Bensinstasjon.

<


Terminliste og påmelding orientering SFOK 2006

Postet av Markane IL den 26. Apr 2005

Her er link til terminlista 2006, samt innbydingar

 Påmelding: Ta kontakt per telefon med leiar i O- gruppa Kari A. Svarstad (958 75 037),

eller meld deg på sjølv. Vi vil lprøve å leggje innbydingane på denne sida fortløpande.

Du vil og finne innbydingar på SFOK s



Nær O-løp 2006

Postet av Markane IL den 26. Apr 2005

Tordagar frå kl. 18.00. Her er lista

 Nær o-løp 2006



Resultat lagsmeisterskap i friteknikk

Postet av Markane IL den 8. Apr 2005

Lagsmeisterskap langrenn fristil Ullsheim 6. april 2005



Framtidskveld

Postet av Markane IL den 7. Apr 2005

Mandag 18. april kl. 18.30 inviterar styret i Markane i.l. til framtidskveld. Yngve Thorsen frå idrettskrinsen skal styre denne kvelden. Målet med ein framtidskveld er å styrke idrettslaget og legge grunnlag for utvikling av det daglege idrettsarbeidet.

FRAMTIDSKVELD

I



Strålande sesongavslutning av Tarjai og Kristin

Postet av Markane IL den 5. Apr 2005

I helga avslutta langrennsfolket sesongen med Norgescup avslutning for junior og NM 3 og 5 mil for senior. Tarjai gjekk inn til ein sterk 3. plass på den doble jaktstarten laurdag. Kristin gjorde eit storløp på 3 mila søndag med ein 13. plass, og strålte i kapp med sola etter målpassering. Gratulerer begge to!

Løparane frå Sogn- og Fjordane gjorde det sterkt også på 5 mila:

Odd-Bjørn Hjelmeset nr 2, Bjarne Nes nr. 19, Øyvind Sandbakk nr. 23, Joar Tistel nr. 26, Asgeir Årdal nr. 31, Per Fridolf Hillestad nr. 41 og Jon Arild Halland nr. 75



Resultatliste lagsmeisterskap i hopp 2. påskedag 2005

Postet av Markane IL den 30. Mar 2005

Lagsmeisterskap i hopp 2. påskedag 2005



Resultatliste lagsmeisterskap i slalom

Postet av Markane IL den 30. Mar 2005

Lagsmeisterskap i slalom 2. påskedag 2005



Kretscup-finale i skiskysting 2. og 3. april

Postet av Markane IL den 30. Mar 2005

Tidpunkt for renna 2. og 3. april

Tidspunkt for renna 2. og 3. april er:

Laurdag: Innsksyting frå kl 1100   Start kl 1300

Søndag         "            "  &n



Lagsmeisterskap i friteknikk onsdag 6. april

Postet av Markane IL den 29. Mar 2005

Onsdag 6. april arrangerar skigruppa siste renn på Ullsheim for sesongen. Påmelding for lagsmeisterskapet er kl. 18.


Resultatliste lagsmeisterskap klassisk 2. påskedag 2005

Postet av Markane IL den 29. Mar 2005

Lagsmeisterskap i langrenn klassisk 2. påskedag 2005



Lagsmeisterskap slalom, hopp og langrenn (klassisk)

Postet av Markane IL den 21. Mar 2005

Mandag 2. påskedag er det lagsmeisterskap i slalom, hopp og langrenn (klassisk).

Påmelding for hopp og slalom kl. 12.00 og start kl. 12.45.

Påmelding langrenn kl. 13.30 og start kl. 14.30.



Resultatliste for fjerde og siste cuprenn for sesongen

Postet av Markane IL den 14. Mar 2005

Onsdag 9.mars vart fjerde og siste cuprennet for sesongen gjennomført på Ullsheim. Rennet gjekk i fristil med til saman 39 deltakarar.

Minner om skicross torsdag 17. mars, lagsmeisterskap i klassisk, slalom og hopp 2. påskedag (28. mars), og lagsmeisterskap i fristil onsdag 6. april.

Resultatliste 4. cuprenn Markane i.l.



Retting av aktivitetskalendar i bodstikka

Postet av Markane IL den 14. Mar 2005

I bodstikka står det FRAMTIDSKVELD mandag 18. mars. Dette skal vere mandag 18. april!


Skicross (og sprintstafett) torsdag 17.mars

Postet av Markane IL den 11. Mar 2005

I samarbeid med idrettslinja i Stryn prøvar skigruppa på nytt å arrangere ein skicross. Dette er eit uhøgtidleg renn for å markere slutten på ein god skisesong. 

 



NYTT GULL TIL TARJEI - I JR.NM LANGRENN

Postet av Markane IL den 5. Mar 2005

Tarjei Bø held fram med å imponere. Idag tok han eit nytt GULL i jr.NM i langrenn i Molde på 7,5 km skøyting!! Tarjei Bø held fram med å imponere. Idag tok han eit nytt GULL i jr.NM i langrenn i Molde på 7,5 km skøyting. Han vann med 1 sekund etter ei sterk avslutning og kan dermed bokføre endå eit NM gull. Tarjei har tidlegare i vinter vist at han held god fart i


Tarjei teken ut til Nordisk Ungdomslandskamp i Finland

Postet av Markane IL den 2. Mar 2005

Tarjei er ein av to 16-åringar som er tekne ut til å representere Norge under Nordisk Ungdomslandskamp  i skiskyting.

Nordisk Ungdomslandskamp føregår i Himanka i Finland 11.-13. mars. I tillegg skal 14- og 15- åringar takast ut etter hovudlandsrennet.

Øvelsane er normal, sprint og stafett.  Vi ynskjer lukke til!!



2 NM-GULL TIL TARJEI

Postet av Markane IL den 28. Feb 2005

Tarjei sikra seg NM-gull på sprint laurdag og var med på laget frå Sogn og Fj. som tok stafettgull på søndag

NM for junior på Lygna tok til med normalprogram på torsdag.  Her vart det heile 8 bom på Tarjei, men som likevel gjekk inn til ein fin 6. plass ettersom han var av dei raskaste i sporet.  Anders gjekk inn til 40. plass i sin k



BARNAS SKIKLUBB

Postet av Markane IL den 23. Feb 2005

Barnas skiklubb er ein skiklubb for barn med ei nettside der du blant anna finn: distansekort på nett, aktivitetstips, skistoff frå skinorge, ski i skulen m.m. Gå inn på følgjande nettside www.barnas.skiklubb.no og bli medlem! www.barnas.skiklubb.no


Familieskidagen søndag 27. februar

Postet av Markane IL den 17. Feb 2005

I anledning Friluftslivets år 2005 blir det søndag 27. februar Familieskidag over heile landet. Trim- og skigruppa i Markane i.l. går i lag om å arrangere denne dagen.

Vi har lagt opp til følgjande aktivitetar frå kl. 13.00:

- Skileik

- Bålbrenning (alle som ynskjer å grille pølser e.l. tar med seg det)

- Barneskirenn kl. 14.30. Uhøgtidleg skirenn med saft og bollar ved målpassering



Skiskyttarrenn 26. og 27. februar

Postet av Markane IL den 17. Feb 2005

Minner om skiskyttarrenn 26. og 27. februar

Laurdag den 26. februar arrangerer Førde I.L. skiskyttarrenn i Haukedalen (nokre av oss har vore der før).  Dagen etter, søndag den 27. februar, arrangerer Heggjabygda og Stårheim I.L. skiskyttarrenn på Harpefossen skisenter. 

Rennet



Skicrossen er avlyst

Postet av Markane IL den 14. Feb 2005

På grunn av få påmeldingar, 5 stk, har vi desverre valt å avlyse skicrossen tysdag 15. februar. Om vi prøvar å ta det igjen på eit seinare tidspunkt er usikkert, i tilfelle blir det annonsert på nettsida og i Fjordingen.


Resultatliste 3. cup-renn, klassisk stil.

Postet av Markane IL den 12. Feb 2005

Onsdag 9. februar vart 3.cup-rennet gjennomført på Ullseim i klassisk stil. Det var fellesstart for klasse 7 år og yngre. For klasse 8-11 år var det intervallstart. Klasse 14 år og eldre starta med utgangspunkt i resultat frå første cup-rennet i ein omvendt jaktstart. Det var regnver og skikkeleg klisterføre. 05resultatlistecuprenn1002.skigruppa.doc


Markane skyttarlag inviterer til skytetrening i Kulturhuskjellaren

Postet av Markane IL den 9. Feb 2005

Markane skyttarlag har faste treningskveldar i kulturhuskjellaren i Stryn. Måndagar frå ca. kl. 1900, og onsdagar frå ca.kl.2000. Treninga er open for alle, og vil vere eit godt supplement til skiskyttartreninga på Ullsheim. Det er også muleg å st



Skicross tysdag 15. februar på Ullsheim

Postet av Markane IL den 8. Feb 2005

Skigruppa i Markane i.l. inviterar tysdag 15. februar til Skicross på Ullsheim. Vi håpar på stor deltaking, og ønskjer velkomen til naboklubbar og laget sine løparar. skicross


SKISKYTTARRENN I VIK

Postet av Markane IL den 3. Feb 2005

Skiskyttarane og "støtteapparat" hadde ei fin helg i Vik

Sist helg var vi i Vik på skiskyttarrenn.  Det var fyrste gong Vik tok ibruk sitt nye skiskyttaranlegg.  Det var eit flott stadionområde, så når alt det som er planlagt vert oppbygd vil det bli eit kjempeanlegg.  Resultatmessig vart det



Resultat frå 2. cup-renn, friteknikk

Postet av Markane IL den 1. Feb 2005

Onsdag 26. januar vart 2. cuprennet for sesongen gjennomført på Ullsheim. Rennet gjekk i fristil, med fellesstart for alle klassar. Også denne gongen var det god deltaking med til saman 47 stk.

Klasse 7 år og yngre:



Tarjei imponerte igjen!

Postet av Markane IL den 24. Jan 2005

Under Norgescupen på Lillehammer sist helg vart det gull både på sprint og jaktstart.

Laurdag var det sprint som stod på programmet, og Tarjei hadde eit kjempeløp i løypene på Birkebeineren skistadion.  Til tross for litt sidevind på standplass var det bra skyteforhold denne dagen.  Tarjei skaut ein bom på liggande skyting og



Skiskyttarar imponerte på Austlandet

Postet av Markane IL den 18. Jan 2005

Tre utøvarar frå Nordfjord Team deltok sist helg i Austlands-meisterskapen i skiskyting på Lygna

Tarjei Bø (Markane I.L.) vann heile 16-årsklassa i normal-programmet på laurdag, medan Eirik Hafsås (Stårheim I.L.) vart nummer fem i eldste juniorklassa.  Magnus Brendehaug (Hardbagg) vart nummer 17 i klasse 17-18 år.

På søndag deltok tri



SKYTETRENING I KULTURHUSET

Postet av Markane IL den 18. Jan 2005

Torsdag 27. januar vert det skytetrening i kulturhuskjellaren i Stryn.

Denne treninga kombinerer vi med Markane skyttarlag sitt miniatyrstemne. Det vert litt skyteteknisk instruksjon, og så skyt alle eit 25 - skots program på same måte som lagsmeisterskapen vi hadde på skytebana på Sindre.

Vi har sett opp skyteti



Resultatliste cup-renn 12. januar 2005

Postet av Markane IL den 17. Jan 2005

Onsdag 12. januar vart første cup-renn for sesongen arrangert på Ullsheim. Til trass for ausande regnvèr var det imponerande stor deltaking. Til saman var det 47 deltakarar med smått og stort.

Klasse 7 år og yngre:



Trenarutdanning i Stryn 2005

Postet av Markane IL den 10. Jan 2005

Er DU aktiv idrettsutøvar som ynskjer å bli betre, mor eller far som vil følgje opp borna i idrett og leik, idrettsinteressert ungdom eller ynskjer du som trenar/instruktør/lærar å skaffe deg betre trenarkompetanse?

Er du interessert? Gå inn på denne sida og finn tilboda!www.nif.idrett.no//sognogfjordane/t2.asp?p=50922



Skiskyttarrenn flytta

Postet av Markane IL den 6. Jan 2005

Skiskyttarrennet som Stårheim arrangerer søndag 9. januar er flytta til Hornindal

Skiskyttarrennet er flytta grunna snømangel i Hjelmelandsdalen.  Rennet startar kl 1230 med innskyting frå kl 1030.  Vel møtt til nytt skirenn. (hugs støtte)



Skiposten 2005

Postet av Markane IL den 6. Jan 2005

Første post i skiposten er oppe. Det blir i år 12 postar å besøke om ein vil ha med seg alle.

Vil du vite meir om skiposten?

Skiposten er eit tilbod til barn og unge opp til og med 15 år. Kvar veke fram til påske blir det hengt ut ein post i turløypene til Skiturlaget Ullsheim-Stryn. På postane heng det ei klippetang som deltakarane brukar til å klippe i kortet sitt. Informa



Resultat Ullsrennet 2005

Postet av Markane IL den 5. Jan 2005

Ullsrennet vart arrangert på Ullsheim i Markane søndag 2. januar. Det var jamt over gode forhold, sjølv om veretvar litt skiftande.

Resultat Ullsrennet 2005.

Ullsrennet vart arrangert på Ullsheim i Markane søndag 2. januar. Det var jamt over gode forhold, sjølv om veretvar litt skifta



Levert av IdrettenOnline