Innbyding til KM i skiskyting 8. og 9. januar 2011 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 27. Des 2010

Det er klart for KM i skiskyting på Ullsheim helga 8. og 9. januar.

Heile innbydinga finn du under les heile saka ...

I N N B Y D I N G til KM i skiskyting 8. og 9. januar 2011

Arrangør: Markane IL

Arena: Skianlegget Ullsheim

Rennleiar: John Roger Meland

Kontaktperson: John Roger Meland, mobil 90937121

                            Monica Halsteinslid, mobil 41684066



Øvingar: Laurdag 8.januar

Fellestart frå klasse 13 år og oppover. (tel i krinscup og sparebankkrus)

Sprint for 12 år og nedover

Søndag 9. januar:

Sprint for alle klassar

Klasseinndeling: Reine årsklassar opp til K 19/M 19.Kan slåast saman 2 og 2 år ved lita påmelding

Starttid: Laurdag kl 1200 Søndag kl 1200

Innskyting: Laurdag kl 1000-1140 Søndag kl 10-1140

Framlegging av våpen: Dette tek arrangøren seg av, vi har også Larsen våpenstøtter.



Påmelding: All påmelding skal skje via Klubben Online.

Påmeldingsfrist: Måndag 3. januar kl 23.59 (NB !)



Tidtaking: Det vert elektronisk tidtaking med løparbrikke.

Dei som har brikke må ta med denne! (NB !)

Startkontingentar: Gutar/jenter t.o.m. 16 år Kr 90,-

Junior ” 110,-

Senior ” 140,-

Tillegg kr 30,- pr. øving for løparbrikke

Startkontingent vert etterfakturert etter antall påmeldte.



Parkeringsavgift: Kr 40,-

Informasjon: Sjekk www.markane.no for evt informasjon

VELKOMEN TIL ULLSHEIM !!



Tarjei Bø leiar verdscupen samanlagt!

Postet av Markane IL den 20. Des 2010

Etter 2.plass på sprinten i Pokljuka leiar Tarjei no verdscupen samanlagt!

Tarjei under sprinten i Pokljuka. Foto: NRK

Etter å ha blitt beste norske med ein 12.plass på 20 km i Pokljuka, leverte Tarjei eit nytt palløp på sprinten. Etter å ha fått ein strafferunde på liggjande skyting leverte Tarjei ei fantastisk oppvisning på ståande. Fem blinkar rett ned og god fart i sporet gav ein flott andreplass berre 5 sekund etter svenske Bjørn Ferry som skaut feilfritt.

Denne prestasjonen fører Tarjei heilt opp i leiinga i verdscupen. Med 329 poeng så langt leiar han med 23 poeng på Emil Hegle Svendsen som ligg på andreplass med 306 poeng. Ole Einar Bjørndalen ligg på tredjeplass i samanlagtcupen med 265 poeng.

Dermed skal Tarjei gå ut med den gule leiartrøya når verdscupen startar oppatt med renn i Oberhof i Tyskland rett over nyår!

 



Tre sigrar til Tarjei Bø i Hochfilzen!!

Postet av Markane IL den 12. Des 2010

Under verdscuprennet fredag 10.desember i 10 km sprint tok Tarjei Bø sin aller første siger i verdscupen!

Det var tett snøver under sprinten i Hochfilzen og dette skapte svært vanskelege tilhøve på standplass. Liklevel skaut Tarjei fullt hus på både liggjande og ståande og gjekk i mål heile 27,5 sekund før Sergej Sednev, Ukraina, på 2. plass og 33,3 sekund før tredjemann Alexis Boeuf, Frankrike. Emil Hegle Svendsen følgde på 4.plass og Ole Einar Bjørndalen kom på 10.plass.

Tarjei Bø, jaktstarten i Hochfilzen 11.12.2010. Foto: NRK

Som følgje av denne fantastiske prestasjonen gjekk Tarjei ut som førstemann på jaktstarten med eit føresprang på 27,5 sekund til næraste konkurrent!
Ingen var i nærleiken av å truge Tarjei på jaktstarten i Hochfilzen. Han leia frå start til mål. Med 19 av 20 moglege treff og god fart i løypa vann han suverent. På andre plass, 38,7 sekund bak, følgde Simon Eder frå Østerrike medan Ivan Tcherezov frå Russland kom på tredjeplass, 40,0 sekund bak.

Denne prestasjonen betyr også at Tarjei no ligg på andreplass i verdscupen med 246 poeng. Emil Hegle Svendsen leiar verdscupen så langt med 257 poeng.

Klart for liggjande skyting på stafetten. Foto: NRK

Etter desse flotte individuelle prestasjonane var det klart for ankeretappen på søndagens stafett. På laget gjekk også Alexander Os, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen. Etter første etappe veksla Noreg på 10.plass etter at Alexander Os måtte ut i strafferunde. Ole Einar Bjørndalen gjekk laget fram i tet. Ei leiing som heldt heilt til mål. Emil Hegle Svendsen sendte Tarjei ut på ankeretappen med eit føresprang på 30 sekund. Tarjei auka til østerrikaren Landertinger i sporet og trass to ekstraskot på liggjande, var det aldri tvil om kor sigeren skulle gå. På ståande skyting imponerte Tarjei nok ein gong og skaut alle fem blinkane rett ned. Dermed var avstanden til Østerrike ved målgong auka til omlag eit minutt og den  tredje sigeren i løpet av like mange dagar eit faktum.

Markane IL gratulerer deg Tarjei med verdscupsigrane! Fantastisk!!

 

 



AVSLUTNING PÅ BARNEIDRETTSSKULEN HAUSTEN 2010

Postet av Markane IL den 7. Des 2010

Trening på barneidrettskulenTysdag 23.november var siste gong med  barneidrettsskule  før jul.

Etter å ha vore på golfbana, hatt orientering, vore på fjelltur, vore nokre gongar i gymsalen i Bø og eit par gongar i bassenget, avslutta vi med bowling. Vi hadde ein fin kveld der alle gav alt for å få ned kjeglene.        

   


Gruppe frå barneidrettskulen

Ei runde var nok for mange, men dei ivrigaste bowla seg gjennom to runder:)
Alle tretti som hadde møtte opp, fekk seg tidleg julegåve, nemleg kvar sin gensar.

Vi takkar for no, så startar vi opp igjen i januar med mange kjekke aktivitetar utover vinteren og våren.
Vel møtt:)

Fleire foto frå haustsesongen finn du ved på klikke på lenkja under:

Avslutninga på barneidrettskulen hausten 2010 samla heile 30 born til triveleg bowlingkveld.

Alle som var til stades på avslutningskvelden

Ei gruppe på fire av dei som deltok på bowlingkvelden:

Fire av deltakarane p åbowlingkvelden

 

Vel møtt til ny sesong med barneidrettskulen på nyåret 2011!



Årsmøte i Markane IL torsdag 2.desember kl.19.00 i Ullsheim

Postet av Markane IL den 26. Nov 2010

Saklista til årsmøtet er no klar. De finn den ved å trykkje på les meir.

Alle medlemmer i laget som er registrerte med epostadresser, vil også motta årsmeldinga for 2010 og saklista på epost ein av fyrste dagane.

 



Sakliste:

1 Opning av årsmøtet

1.1. Godkjenning av innkalling

1.2. Godkjenning av sakliste

1.3. Val av møteleiar

1.4. Val av referent

1.5. Val av to til å skrive under møteprotokollen



2 Årsmelding


3 Rekneskap


4. Rapport frå revisor



5. Anleggsplan

6. Spelemiddelsøknad

Rehabilitering av lysløypa

Rulleskibane

7. Kontingentar

3.1. Markane IL

Born kr. 150,-

Vaksne kr. 300,-

Familie kr. 600,-

8. Driftsbudsjett



9. Innkomne saker

Drift av Ullsheim – tilsetjing/ engasjementstilling

Større arrangement i åra som kjem

10. Val etter lovene

11. Orienteringssaker

Sponsorarbeid

Anlegg og vedlikehaldsarbeid på Ullsheim

Arrangement 2011

Markane IL – 110 år; Jubileumsbok – 1905 til 2015.













Markane IL – 24. november 2010



Styret









Handlekveldar hjå Ytre-Eide Sport A/S sesongen 2010/2011

Postet av Markane IL den 22. Nov 2010

Det vert også i år handlekveldar for idrettslagsmedlemmer hjå Ytre-Eide Sport A/S.

Dei aktuelle datoane er torsdag 25.11 og torsdag 02.12.2010.

Begge kveldar vert det mellom kl.18.00 og 21.00 i butikken i Tonningsgt. 32.

Det vert gjeve 20% rabatt på alt skiutstyr, medan rabatten på konkurranseutstyr vil variere alt etter kva type utstyr som vert valgt.

Desse kveldane vert det tilgong på det meste når det gjeld vinterutstyr innan langrenn, alpint og telemark.

Den 25.11 vil Fischer sin representant vere i butikken og hjelpe til med spørsmål når det gjeld Fischer sine produkt. Det vert også høve til å leggje inn bestilling på spesielt utstyr om nokon ynskjer det.

 



Markane IL representert i WorldCup og Europacup

Postet av Markane IL den 15. Nov 2010

Ei fantastisk åpninghelg på Beitostølen er over.  Tarjei toppa det heile med å vinne sprinten på laurdag, etter å ha gått eit godt langrenn dagen før (13. plass)  Dermed var han sikra uttak til verdenscup'en, og stod dermed over fellesstarten på søndag; for restitusjon.

Johannes gjorde og sine saker svært bra denne helga. (Han fekk starte utifrå den gode plasseringa han hadde i Norgescup'en i fjor)  Det vart 25. plass på sprinten og 20. plass på fellesstarten, etter å ha gått ut som nr. 4 etter andre skyting (med bl.a. Bjørndalen bak seg....)  Dermed er Johannes no utteken til IBUcup på Beitostølen den 27/28 november

Snakk om god sesongstart !!!!



Resultatliste for Sætretrimmen 2010

Postet av Markane IL den 10. Nov 2010

Vigdis Sætren vann suverent Sætretrimmen 2010 med heile 184 poeng.

Vinnar av herreklassa vart Per Jakob Kyrkjeeide med 113 poeng.

I klassa for born til og med 12 år vart det delt førsteplass til søstrene Maren Hjelmeset Kirkeeide og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide med 30 poeng

Martin Vonheim oppnådde 21 poeng og vann klasse for ungdom mellom 13 og 17 år.

I alt vart det registrert 3701 besøk på dei 9 sætrane. Desidert flest besøk oppnådde også i år Holesetra med 1840 poeng.

Heile resultatlista kan lesast her.

RESULTAT SÆTRETRIMMEN 2010

Menn:

Damer:

Kyrkjeeide

Per Jakob

113

Sætren

Vigdis

184

Hatledal

Arvid

111

Langeset

Grethe Sunde

118

Bøe

Per Johan

89

Gjørven

Aud Gjendem

110

Auflem

Olav Helmer

55

Sætren

Ingvild

95

Lødemel

Sigmund

50

Bøe

Åshild Sætren

51

Sætren

Oddvar

42

Sætren

Brynhild Inga

51

Berge

Odd Henrik

41

Hatledal

Margit

50

Fænn

Sigbjørn

36

Skrede

Agnete

48

Hafstad

Magne

34

Dybevoll

Bodil

47

Hatledal

Per

30

Sætren

Else M

41

Sætren

Hans

29

Auflem

Astrid Elisabeth

40

Kjøs

Jon

27

Tisthamar

Erna Hatledal

36

Vonheim

Anders

27

Hjelmeset

Margunn

32

Kjøs

Inge

23

Skrede

Gunn

31

Hatledal

Paul

21

Svarstad

Birgit

26

Hatledal

Torbjørn

20

Valheim

Vigdis

26

Vatne

Håvard

18

Skrede

Ester Anny

20

Bøe

Eirik

16

Sætren

Kjellaug

20

Hjelle

Johnny

15

Grodås

Ann Kristin

19

Nesje

Even Inge

13

Hatledal

Hildegunn Kroken

19

Heimlid

Henning

12

Heimlid

Bjørg

19

Kirkeeide

Ola Edvard

12

Hatledal

Kristin

18

Myrvang

Nils

12

Bøe

Randi - Førde

17

Sætren

Ola

12

Kjøs

Benthe

15

Hatledal

Lars Ivar

11

Nygård

Aslaug Håøy

15

Øen

Per

11

Kyrkjeeide

Kari Lin

14

Bakke

Ole Øystein

10

Breidablik

Trude

11

Kirkeeide

Sigbjørn Einar

10

Hatledal

Else Marit

10

Langeset

Rolf Andreas

10

Nygård

Odd

10

Born t.o.m 12 år

Ungdom f.o.m 13 år t.o.m 17 år

Kirkeeide

Maren Hjelmeset

30

Vonheim

Martin

21

Kirkeeide

Oddrun Hjelmeset

30

Fænn

Isak

13

Kirkeeide

Simon Hjelmeset

18

Langeset

Anita

11

Sætren

Emma Nygård

16

Auflem

Anette

9

Langeset

Jan Åge

14

Bøe

Trygve Sætren

7

Kirkeeide

Ane Hjelmeset

10

Kroken

Helge

5

Flore

Adelin Slettenes

7

Fænn

Jonas

4

Sætren

Eskil Andreas

7

Gald

Heidi

4

Flore

Anders

6

Berge

Henriette Løveng

3

Langeset

Daniel

6

Myrvang

Elisabeth

3

Flore

Maren Othelie

5

Myrvang

Leif Rune

5

Almenning

Anne-Lovise

4

Langeset

Elias

4

Trøsken

Kornelia

4

Tisthamar

Sigrid Sollid

3

Trøsken

Jørgen

3

Aaberg

Maria Bøe

3

Bøe

Sigrid

2

Heggdal

Olina Svarstad

2

Hjelmeset

Inger

2

Kroken

Atle

2

Nesje

Leon

2

Netland

Liv Rigmor

2



Skiløyper på Ullsheim.

Postet av Markane IL den 24. Okt 2010

Idag, søndag 24. okt. er snømengda so pass, at det er bra treningsforhold for friteknikk i løypene på Ullsheim. Temp. 0 grader. No i 11 tida er det faktisk ein god del, som ivrig boltrar seg på ski !!

Kan vere grus og småstein,  - så bruk ski som de ikkje er så redde for !!



Premiefest 28.oktober kl. 19.00 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 24. Okt 2010

Det er klart for årets premiefest på Ullsheim torsdag 28.oktober kl.19.00.

I tillegg til premieutdeling vert det også enkel servering.

Vel møtt til ein triveleg kveld alle saman!



Klubbstipend frå VITAL

Postet av Markane IL den 11. Okt 2010

Det vart ifjor oppretta eit nytt klubbstipend frå Vital.  Kr 50.000,- skal delast mellom dei klubbane som hadde den individuelle vinnaren i 16-årsklassa i Hovudlandsrennet 2010.

Johan Eirik Meland var ein av 4 klassevinnarar, og dermed er Markane IL tildelt kr 12.500,- i stipend.  Vi takkar så mykje !!  Stipendet blir utdelt under ein middag ilag med landslaga på Beitostølen den 13. november.



Trening i Sverige

Postet av Markane IL den 11. Okt 2010

Johannes Thingnes Bø vart av landslagsleiinga invitert til å vere med på ei samling med juniorlandslaget i Sverige denne veka.  Det blir ei veke med mykje trening, bl.a. skigåing i Torsby skitunnel, sykling, rulleski, skyting m.m.  Reknar med det vert til inspirasjon for det vidare treningsarbeidet fram mot vinteren.


Basar 3.oktober kl. 15.00 i Skogstjerna

Postet av Markane IL den 24. Sep 2010

Den årlege idrettslagsbasaren blir

søndag 03. oktober i Skogstjerna frå kl.15.00

Loddsal - åresal

Enkel, gratis servering

Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot.

Vi vil gjerne vite om desse på førehand – særleg gevinstar til

loddbøkene.

Ring tlf. 906 53 025 – Bodil Dybevoll

Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i

Skogstjerna 03. oktober.



Aktivitetsplan for hausten 2010

Postet av Markane IL den 20. Sep 2010

Barneidrettsskulen sin aktivitetsplan for haustsemesteret er klar:

AKTIVITETSPLAN BARNEIDRETTSSKULEN HAUSTEN 2010

DATO

AKTIVITET

TIDSPKT

OPPMØTE



21.SEPT

Gruppe 1: Innebandy

Gruppe 2 Innebandy

17.00 – 18.00

18,00 – 19.00

Begge grupper – gymsalen på ungdomsskulen



28.SEPT

Gruppe 1: Balleik

Gruppe 2: Balleik

17.00 – 18.00

18.00 – 19.00

Begge grupper – gymsalen på ungdomsskulen



5.OKT

Gruppe 1: Balleik

Gruppe 2: Balleik

17.00 – 18.00

18,00 – 19.00

Begge grupper – gymsalen på ungdomsskulen

19.OKT



Gruppe 1: Turn

Gruppe 2: Turn

17.00 – 18.00

18,00 – 19.00

Begge grupper – gymsalen på ungdomsskulen



26.OKT



Gruppe 1: Turn

Gruppe 2: Turn

17.00 – 18.00

18,00 – 19.00

Begge grupper – gymsalen på ungdomsskulen



2.NOV



Gruppe 1:Hinderløype



Gruppe 2: Hinderløype

17.00 – 18.00



18,00 – 19.00

Begge grupper – gymsalen på ungdomsskulen



9.NOV



Begge grupper

leik i vatn / symjing



17.00 – 18.00





Sømjehallen



16.NOV



Begge grupper –

leik i vatn / symjing



17.00 – 18.00





Sømjehallen



23.NOV



Begge grupper har avslutning

med Bowling



17.00 – 19.00





Bowling 1, Stryn

HUGS DETTE!!





Symjehallen – vi leikar oss i bassenget, litt organisert og litt frileik. Sysken kan vere med, men då MÅ ein av foreldra eller ein annan vaksen vere med barnet i bassenget!

PS! Tek litt atterhald om tidspkt til denne aktiviteten. Blir det endringar får De beskjed!

Bruk hallsko med lys såle i gymsalen på ungdomsskulen



Avslutning før jul: I år har vi denne på bowlingen i Stryn. Det blir moro!



Markane IL kåra til "Årets anleggsutviklar 2010"

Postet av Markane IL den 19. Sep 2010

Markane IL har fått prisen som ”Årets anleggsutviklar 2010” frå Norges Skiforbund!
Prisen er på 5000 kr og utdelinga fann stad under Norges skiforbund sitt anleggsseminar på Lillestrøm laurdag 18.sept.

I grunngjevinga for prisen heiter det:

"Markane IL og skianlegget Ullsheim ble kåret til årets anleggsutvikler. Anlegget ble påbegynt i 1977, og frem til i dag har det vært en flott utvikling i anlegget med nye utbyggingsprosjekter. Anlegget er ikke bare et langrennsanlegg med løyper av internasjonal standard, men inneholder også skileikområde og småbakker i hopp. Siste skudd på stammen er en rulleskiløype på 2,5 km."

toyota

Leiar i Markane IL Eldbjørg Hatledal mottok prisen på vegne av laget. Stor takk til Toyota som sponsa reisa til Lillestrøm!

Meir om årets prisar og foto frå utdelinga er å finne her.



Barneidrettskulen har starta opp haustsesongen

Postet av Markane IL den 17. Sep 2010

Golfinstruksjon

Barneidrettsskulen har starta oppatt, og i år har vi lagt aktivitetsdagen til tysdag.

Vi har hittil vore innom golf, orientering og sætretrim. Det har vore god stemning på alle tre aktivitetskveldane. Golf hadde vi på Sætre, orienteringa var i Hogane og sætretrimmen gjekk til Faleidsstøylen. Vidare framover flyttar vi aktivitetane innandørs – for det meste i gymsalen på ungdomsskulen i Bø.

Nokre bileter frå aktivitetane hausten 2010:

Golf på Sætre

Golfinstruksjon på Sætre

Full aktivitet på golfbana

Full aktivitet på golfbana.

Matpause på Faleidsstøylen

Rast på Faleidsstøylen for store og små.

Faleidsstøylen

På Faleidsstøylen

På veg heim frå Faleidsstøylen

På veg heim frå støylen.

 



Oppstart trening i strynehallen

Postet av Markane IL den 14. Sep 2010

Den faste styrketreninga i strynehallen startar opp tirsdag 21. september. Treninga blir tirsdagar kl 20.00 - 21.30 fram til jul. I år er det Ann Kristin Grodås som leiar treningane. Vel møtt.


FANTASTISK NM !

Postet av Markane IL den 13. Sep 2010

4 GULL OG 3 SØLV TIL MARKANE IL ETTER SOMMAR-NM I SIRDAL !!!

Makan til medaljefangst skal ein leite lenge etter.  På sprinten laurdag tok Tarjei sølv, 14 sek. bak Bjørndalen.  Johannes tok gull med 59 sek, og Johan Eirik avslutta dagen med gull med 8 sek. margin. Jarle gjekk inn til 8. plass.  Runar hadde og eit flott løp på sprinten med 12. plass.  Med 4 bomskot viser det at farten i løypa var stor.

På jaktstarten vart det litt meir bom, men Tarjei beheldt sølvet med god margin, og Johannes hadde endå større margin ned til sølvplassen.  Johan Eirik tok ein like suveren siger i si klasse.  Og Jarle hadde ei fantastisk jaktstart frå 8. plass til sølv.

Det kan bli lenge til ei liknande jubelhelg for Markane IL



Markane-badinga startar opp att.

Postet av Markane IL den 11. Sep 2010

Det er klart for ny badesesong. Også i år er det måndag som er fast badedag for oss markarane.

Første høve vert måndag 13.september kl.19.00 i Stryn symjehall.

Alle medlemmar er hjarteleg velkomne!



Bestilling av lagsdrakter

Postet av Markane IL den 1. Sep 2010

Skisesongen nærmar seg  og for dei som ønskjer å sikre seg Markane idrettslag si lagsdrakt gjeld det å bestemme seg raskt

Årets tilbodet er som følgjer:

Overtrekksdress: Warm-up jakke kr 695 og warm-up bukse kr 565

Skidress/racingdress: kr 1195

Draktene kan bestillast ved å sende epost til Bodil Dybevoll

Hugs å oppgje kva storleik du vil ha. 
Vi ønskjer å få draktene leverte før jul. Dermed er absolutt siste frist for bestilling 15.september.

Dersom du lurer på korleis draktene ser ut, klikk på lenkja: Lagsdrakter

I denne omgongen er det ikkje aktuelt å bestille inn o-draktene som er avbilda.


Lagsmeisterskap i friidrett

Postet av Markane IL den 26. Aug 2010

I år heng vi oss på lagsmesterskapet til naboklubbane
Merk at det er klasseindelig frå 12 år og oppover.
Frammøte:SØNDAG 29. august kl 15.00 (påmelding frå 14.30) på Hornindal idrettspark.
Ingen startkontingent.
Programmet for søndagen finn de her:
 
Lukke til!


Lagsmeisterkap og nær-o-løp 26/8-10

Postet av Markane IL den 26. Aug 2010

Det blir lagsmeisterskap kombinert med nær-o-løp torsdag 26/8-10, merka frå Skostjerna. Start frå kl 18.00.

Vel møtt!



Rulleskianlegget på Ullsheim.

Postet av Markane IL den 22. Aug 2010

Arvid Hatledal AS kan melde om kontinuerleg drift med rulleskibana sidan medio juli. Traseane er no byrja å ta form. Mykje myr er uttraua, og store mengder med sprengstein og pukk er innfyllt. Frå Stryn Pukk er det tilkøyrd mange kubikk med grusmasser. Vi har innleige av Bergdrift AS v/Per Hatledal, som tek seg av sprenging -og knusingsarbeid. Mykje arbeid attstår, - men ein planlegg asfaltering i månadsskifte sept./okt.

 



Nær O-løp Langeset 5.august

Postet av Markane IL den 9. Aug 2010

Her er resultat frå Nær O-løp på Langesethøgda 5.8. Løypeleggar var Anne Marie Svarstad. ResultatO-lop0508.MIL.pdf


Resultat nær-o-løp 24/6-2010

Postet av Markane IL den 24. Jun 2010

Gisle Bøe og Trygve Sætren Bøe arrangerte nær -o - Løp frå øverst i lysløypa på Ullsheim i regnvær torsdag kveld . 25 deltok .

 

N - løype

Oda Svarstad Hole , Markane 54,57

Anders Svarstad Hole , Markane 47,35

Jesper Svarstad Hole , Markane deltatt

Emilie Skrede Edvinsen , Markane 54,57

Sissel Svarstad , Markane deltatt

Gjertlin Kirkeeide , Markane 45,00

Katrine Svarstad Heggdal , Markane deltatt

Olina Svarstad Heggdal , Markane deltatt

Gaute Bø , Markane 24,48

Kristin Almskår , Markane 85,18

Karoline Almskår , Markane 85,49

Maria Belinda Bergset , Veten IL 44,05

B / C - løype

Svein Sindre , Markane IL deltatt

 

3,3 km løype A-

Kristi Bergset , Veten IL 42,43

Aslaug Thingnes Bø , Markane IL 51,43

Tormod Noste , Eid o- lag 51,56

Jørgen Bergset , Eid o- lag 65,06

Vigdis Valheim , Markane IL 77,53

Rikard Kirkeeide Bøe , Markane IL deltatt

 

5 km A- løype

Kjell Ove Bergset , Veten IL 44,32

Per Øen , Markane IL 47,19

Nils Heggdal , Markane IL 47,57

Vigdis Sætren , Markane IL 51,04

Åshild Sætren Bøe , Markane IL 57,49

Per Hatledal ,       65,15



Nær-o-løp 24/6-10, Ullsheim-området

Postet av Markane IL den 23. Jun 2010

Det blir nær-o-løp i Nord-Markane på torsdag 24/6, litt ovanfor Ullsheim, vi merker frå RV15.

Fri start frå kl 18.00.  Vel møtt !

Mvh O-gruppe



Resultat KM-lang 20/6-2010

Postet av Markane IL den 20. Jun 2010

Her kjem resultatlista frå KM.

 

Resultat KM-lang 20/6-2010
H11-12N
Elias Bergset ILVeten 16,19
Sven B. Langvik ILVeten 52,17
Magnus Eide Fjellhug/Vereide IL 18,28
H13-14
1. Håvard Nummedal Os Førde IL 17,35
2. Sivert Vinjevoll Årdal Førde IL 19,33
3. Bjarte Bergset IL Veten 21,33
H15-16
1. Sondre Kristiansen IL Veten 65,13 tid til 8. post
2. Rikard Kirkeeide Bøe Markane IL 68,25 tid til 8. post
3. Markus Træen Markane IL 91,17 tid til 8. post
H 19
1. Gjermund Gytri Førde IL 69,45
2. Jonatan Rosengren Drake Songdal IL 70,07
3. Kjell Ove Bergset IL Veten 81,22
4. Asbjørn Klakeg Forland Breimsbygda IL 95,47
5. Yngve Årdal Førde IL 105,24
H 45
1. Anders Bergset IL Veten 61,46
2. Per Øen Markane IL 68,37
3. Vidar Eide Fjellhug/Vereide IL 75,46
4. Ivar Bergset IL Veten 95,19
H 55
1. Gunnar Gytri Førde IL 35,14 tid til 8. post
2. Norvald Ospehaug Tambarskjelvar IL 37,35 tid til 8. post
3. Torodd Os Førde IL 46,38 tid til 8. post
4. Helge Schei Førde IL 47,33 tid til 8. post
5. Per Hatledal No Team 49,09 tid til 8. post
6. Harald Forland Breimsbygda IL 58,37 tid til 8. post
H 65
1. Torbjørn Stokke Sogndal IL 46,38 tid til 8. post
2. Anders Svarstad Markane IL 57,36 tid til 8. post
D 13-14
1. Oda Eide Fjellhug/Vereide IL 74,53
D 15-16
1. Kristi Bergset IL Veten 67,53
D 17-18
1. Hanne Kristiansen IL Veten 99,20 tid til 8. post
D 19
1. Irene Lunde Eid o-lag 57,42 tid til 8. post
D 45
1. Aslaug Thingnes Bø Markane IL 64,34
2. Heidi Lise Bakke Førde IL 72,51
D/H open N
Trygve Nummedal Os Førde IL 24,10
Anders Svarstad Hole Markane Il 52,00
Oda Svarstad Hole Markane Il 52,00
Katrine Svarstad Heggdal Markane Il 52,00
D/H open C
1. Else Margrethe Larsen Fjellhug/Vereide IL 78,02
Småtroll
Oda Svarstad Hole
Katrine Svarstad Heggdal
Oline Svarstad Heggdal
Anders Svarstad Hole
Elise Heimlid Øiestad
Beate Heimlid Øiestad
Frida Heimlid Øiestad


Dugnad på Ullsheim, tysdag 22. juni kl. 18.00

Postet av Markane IL den 18. Jun 2010

Mange er komne på lista for ryddedugnad. 

Er det andre som har lyst å gjere ein innsats denne kvelden ?

Ja, då er De hjertelig velkomne :-)

DUGNAD PÅ ULLSHEIM

Tysdag den 22.juni, kl. 18.00

Det er igjen tid for ein oppryddingsaksjon.

Vi håpar på fint veir og godt oppmøte,

- då går alt så lett !

Etter ein flott arbeidsinnsats,

ventar servering av godsaker og ei triveleg stund i Årestova.



Vi håpar dei som finn namnet sitt på lista kan møte,

men er det andre som også har lyst å gjere ein innsats,

- så er dei hjerteleg velkomne !

Plukke søppel på uteområdet : 3 lag, med kvar sin sjef !

Lag 1 : sjef Monica Halsteinslid

Lag 2 : sjef Magnhild Hauge

Lag 3 : sjef Jon Are Steen

Søppelplukkerar : ( vert fordelte på lag ) Hugs å ta med hanskar !!

Gaute Bø, Rasmus Bø, Lars, Håkon og Magnus Midthjell Gjørven, Runar Netland, Johan Eirik, Anders og Aksel Meland, Georg og Andreas Halsteinslid, Isak og Sigurd F. Fænn, Magnus Arntsen, Grim Nygård, Vegard V. Steen, Simon H. Kirkeeide, Oliver Svingeset.



Standplass : div. rep. måling, m.m. Sjef : Klemet Bø

Jan Egil og Jarle Gjørven, Johannes Thingnes Bø, Eirik Bøe,

Alf Arntsen, Kjetil Netland.

El.gjerde : Sigbjørn Fænn ( tek med lita slagbormaskin )

Sigbjørn Kirkeeide, John Roger Meland, Jørn Svingeset



Servering i Årestova :

Hildegunn Hatledal (kjøper inn) og Hildegunn M. Gjørven.

Dugnadsansvarleg : Arvid Hatledal, telf. 906 37160

Om nokon ikkje kan møte, så er det fint om De skaffar ein i Dykkar stad.

Dersom dette ikkje let seg gjere, - gje ei tilbakemelding til Arvid,

pr. e-post evnt. ei melding til mobil : 906 37160



Vel møtt til ei kjekke kveldsøkt på Ullsheim !


Alt klart for rulleskibane på Ullsheim!

Postet av Markane IL den 8. Jun 2010

Det omframme årsmøtet vedtok måndag 7.juni samrøystes å starte utbygginga av den planlagde rulleskibana på Ullsheim. Rulleskibana er kostnadsrekna til 5,5 mill og etter intens jobbing er endeleg finansieringa på plass. Ikkje minst takk vere Trond Mohn sitt fantastiske bidrag på 2,45 mill kr.

Dermed vert det anleggsstart snarast mogleg, truleg midt i juni, og etter planen skal bana stå ferdig på hausten i år.

Rulleskibana vil gje Ullsheim nye treningsmoglegheiter på sommarstid og er eit skikkeleg løft for laget.

Meir info om denne saka kjem om litt..

 



Thingnes Bø vann Postvegløpet 2010

Postet av Markane IL den 6. Jun 2010

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø (biletet) vart vinnar av Postvegløpet som vart arrangert onsdag 2.juni 2010 av Markane IL. Merete Helgheim var best av damene. Dette var også det fjerde løpet i årets Nordfjordkarusell.
 
I alt fullførte 59 løparar den 6 km lange løypa.

Postvegløpet 2010

Markane IL arrangerte onsdag 2. juni Postvegløpet i lett regnvær.

Løypa er 6 km lang og går i kupert og idyllisk terreng på vei og sti. Start og mål var også i år ved Skogstjerna.

Totalt 59 store og små var med på løpet. 46 løparar stilte til start i mosjonsklassen på tid medan 13 fullførte i trimklassen. Merete Helgheim, Gloppen FIL vann dameklassa og Johannes Thingnes Bø frå Markane IL vann klassa for herrar.

Den fullstendinge resultatlista ligg her:

Resultat postvegløpet 2010

Postvegløpet var den fjerde løpet i Nordfjordkarusellen 2010.

Det neste løpet vert Heiamila onsdag 11.august.

Her er nokre foto frå årets postvegløp (Foto: Inge Asbjørn Haugen)

Like før start

 

 

 

 

 

 

 

Like før start ved Skogstjerna.

 

Helge Hafsås, Johannes Thingnes Bø og Audun Skogen

 

 

 

 

 

 

 

Helge Hafås, Johannes Thingnes Bø og Audun Skogen.

Liv Berge, Merete Helgheim og Elisabeth Hildenes

 

 

 

 

 

 

 

Liv Berge, Merete Helgheim og Elisabeth Hildenes.

 

 



KM - 19. og 20. juni 2010

Postet av Markane IL den 3. Jun 2010

Det er KM-stafett 19/6, IL Veten arrangerer. Søndag 20/6-10 skal vi arrangere KM-lang ("vanleg KM") på Svingeset, sjå innbyding.

Markane i.l.

INVITERER TIL

KM orientering 2010 Langdistanse

Søndag 20. Juni 2010

KART: Tverrfjellet. Målestokk 1. 10000. Ekv. 5 m. Utgjeve 2006.

SAMLINGSPLASS: Svingeset. Merka frå RV 15 ca 10 km vest for Stryn.

START: KL 12.00 - Omlag 5-10 minutt å gå til start

LØYPER OG KLASSAR:

Ca. lengde Klassar                                                     Kartmålestokk

9 km – A H 19-                                                             1:10 000

7 km – A H 17-18, H 45                                                 1:10 000

5 km – A H 55, H 15-16, H 65, D 19-, D 17-18 ,D/H open A 1:10 000

4 km – A D 15-16, D 45, D 55                                                     1:10 000

2 km – C H 13-14, H 11-12, D 13-14, D 65, D11-12

            D/H open C, D/H - 10                                             1: 7 500

1,5 km – N D/H 13-16 N, D/H 11-12 N, D/H open N                     1: 5 000

Det kan blir mindre endringar på løypelengda. Feit skrift er KM-klassar.

Småtroll på samlingsplass.

Meld frå om behov for barneparkering ved påmelding.

PÅMELDING: Med namn, klasse og brikkenr. (gi beskjed om evt brikkeleige).

innan onsdag 17.6.2010 til Åshild Sætren Bøe, arnehaug@hotmail.com,

telf. 917 81 450

PÅMELDINGSAVGIFT: etterpåmelding/endringstillegg

Løparar tom. 16 år: kr 60,- + kr 20

Løparar fom. 16 år: kr 110,- + kr 40


PREMIERING: Medaljar til KM-klassane 1/3 til 13-16 år og opne klassar

Premie til alle i klassar t.o.m 12 år



VEL MØTT !

Helsing

Åshild Sætren Bøe               Einar Sætren                         Vigdis Sætren

løpsleiar                          Teknisk delegert (TD)              løypeleggjar



Postvegløpet 2.juni 2010 kl 19.00

Postet av Markane IL den 1. Jun 2010

Mil ønskjer alle velkome til å delta i postvegløpet onsdag 2.juni 2010. Løpet har start og målgong ved Skogstjerna og er 6 km langt.

Postvegløpet er det fjerde av dei sju løpa i Nordfjordkarusellen 2010.

Klasseinndeling: G/J 13-15, G/J 16-18, M/K senior og M/K veteranklassar.

Startkontingent: 100 kr for mosjonsklassa, 50 kr for trimklasse utan tid og 150 kr for familietrim.

Trimklassa utan tid startar kl. 18.30 sjølve løpet startar kl. 19.00

Påmelding ved start. Det vert trekt ut ein vinnar av kr 500 blant deltakarane.

Vel møtt!

Sjå også heimesida til Nordfjordkarusellen 2010:

 http://home.online.no/~iahaugen/maraton/nfjkarusel.html



Omframt årsmøte Markane IL

Postet av Markane IL den 25. Mai 2010

måndag 7. juni, kl. 20.00, på Ullsheim.

Hovudsak : Rulleskibane - finansiering.

Sjå elles fullstendig sakliste her:

Sakliste omframt årsmøte 07.06.2010



Nær-o-løp / FinnFramDag på Sindre torsdag 27/5-10

Postet av Markane IL den 24. Mai 2010

Det blir nær-o-løp og Finn Fram Dag torsdag den 27.mai. Vanlege nær-o-løp løyper inkl. småtroll og rakettløype. I tillegg kjem speidarane og lager aktiviteter. Møt fram på skytebana på Sindre. Start frå kl 18.00. 


Styret i MIL 2012

Postet av Markane IL den 1. Mai 2010

Her finn du namn og adresser til styremedlemmer, gruppeleiarar og anna personell i MIL 2012:

Styret i MIL 2012


Eldbjørg Hatledal – leiar           aa-in-h@online.no      97 07 66 95

Hallgeir Nygård – nestleiar        hallgeir.nygard@saferoad.com  48 89 64 67

Antonia Karete Haugen Kongsvik – sekretær antoniak@online.no 90 99 99 88

Ann Kristin Grodås                  akgrodaas@gmail.com   41 45 75 53

David Alden                           david.alden@enivest.net   91 68 85 82

Arvid Hatledal                         hatledal@online.no          90 63 71 60

1.vara: Monica Halsteinslid       monica@termopartner.no   41 68 40 66

2.vara: Sigbjørn Fænn            siggen_fen@hotmail.no       48 25 26 62

----------------------------------------------------------------

Nils Heggdal - kasserar           nilsheggdal@hotmail.com         92 60 66 63


-----------------------------------------------------------------

Dagleg leiar Ullsheim/ansvarleg for utleige av Ullsheimsanlegget:

Klemet Bø    dagleg leiar Ullsheim   klem-b@online.no           91 31 95 12

--------------------------------------------------------------------
Gruppeleiarar:

Monica V. Halsteinslid skiskyting   monica@termopartner.no  41 68 40 66


Sigbjørn Fænn           ski             siggen_fen@hotmail.no     48 25 26 62


Margunn Hjelmeset barneidr.sk.    marg-hje@frisurf.no         41 62 82 68


Aslaug Thingnes Bø     friidr.        aslaugtb@gmail.com         40 04 03 25

Kjetil Svarstad            sykkel        k_svarstad@yahoo.com     90 94 99 25

Birgit Svarstad            trim           bsvars@hotmail.com         91 58 75 72   

Grete Zachariassen    orientering    grete.zac@gmail.com        90 18 21 68

Andre:

Per Jakob Kyrkeeide vaktm/ reinh per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net

92 22 30 02

Erna H. Tisthamar utleige huset på Ullsh. erna.tisthamar@fjord1.no 91 10 22 34

Antonia Karete Haugen Kongsvik – heimesida antoniak@online.no 90 99 99 88

 

Oversikt over gruppestyra, revisorar og valnemnd i 2012

Styret i skiskyttargruppa 2012

Leiar: Monica Halsteinslid

Nestleiar: John Roger Meland

Styremedlem: Jan Egil Gjørven

Styremedlem: Knut Arild Løvdal

Styret i skigruppa 2012

Leiar: Sigbjørn Fænn

Styremedlem: Arne Roger Heggestad

Styremedlem: Silje Vollan

Styremedlem: Margunn Hjelmeset

Styremedlem: Kjetil Svarstad

Styremedlem: Thomas Heisig

Styret i orienteringsgruppa 2012:

Kontaktperson: Grete Zachariassen

Styremedlem: Per Øen

Styremedlem: Sissel Svarstad

Styremedlem: Åshild Sætren Bøe

Styremedlem: Kåre Bøe

Styret for barne- og ungdomsgruppa, trimgruppa/friidrettsgruppa:

Leiar: Birgit Svarstad

Styremedlem: Jostein Vonheim

Styremedlem: Per Jakob Kyrkjeeide

Leiar friidrett: Aslaug Thingnes Bø

Leiar Markane og Stryn barneidrettsskule: Margunn Hjelmeset

Styremedlem: (manglar)

Styret i sykkelgruppa:

Leiar: Kjetil Svarstad

Nestleiar: Henning Heimlid

Revisorar:

Ester Anny Skrede

Randi Lindvik

Varamedlem: Per Ove Kjøs

Valnemnd:

Leiar: Odd Rune Halsteinslid

Medlem: Per Heimlid

Medlem: Wenche Arntsen

Vara: Inger Marie Svingeset

Styret i Holmøyskarrennet: Øyvind Hatledal

Styremedlem i Team Statkraft Nordfjord: John Roger Meland







 



Styret i MIL 2010

Postet av Markane IL den 1. Mai 2010

Styret i MIL 2010


Styret i MIL 2010

Postet av Markane IL den 1. Mai 2010

Kontaktinformasjon til styret og gruppeleiarane i MIL 2010:

Styret i MIL



KM Sprint 5.mai.

Postet av Markane IL den 28. Apr 2010

KM-sprint 5. mai på Sandane. 

Ta turen til Sandane onsdag, nær-o-løpet som skulle vere på Eid torsdag 6. mai er avlyst, så prioriter å delta på KM !

Det blir KM-sprint på oppdatert kart over Sandane sentrum onsdag 5 mai. Start og mål er ved Firdahallen. Her er det også garderobe. Påmeldingsfrist er mandag 3 mai. Det blir løyper med vinnartider på rundt 15 minutt. Du finn innbydinga her.

 

 



Ekstraordinært årsmøte tysdag 4.mai 2010 kl.20.00

Postet av Markane IL den 21. Apr 2010

Styret i Markane IL  vil med dette innkalle til ekstraordinært årsmøte i Ullsheim tysdag 4.mai kl 20.00.

Hovudsak: Rulleskibana

Sjå også den fullstendige saklista:

Sakliste omframt årsmøte 04.05.10

Styret.



Nær-o-løp 2010

Postet av Markane IL den 7. Apr 2010

I år vert Nær-o-løpa på torsdagar, tidspunkt som tidlegare: frå kl 18.00.

Dette året må ein delta på 6 av dei 12 løpa for å få "jule-kruset" på premiefesten til hausten :-).

Nokre få andre løp står på lista i parantes, sjå også terminliste på http://www.orientering.no/sognfjordane.

6. mai Eid

20. mai Veten

27. mai Markane. Finn fram dagen. Sindre.

(2.juni Rotekoppen, Breim)

3. juni Von

10. juni Eid

17. juni Veten

(19.juni KM-stafett, Veten. 20.juni KM-lang, Markane)

24. juni Markane, Svingeset.

22. juli Veten

29. juli  Eid

5. aug. Markane, Langeset.

(21.-22.aug. DM, Førde)

26. aug .Markane. Lagsmeisterskap.

9. sept. Veten.

Løyper: Lett N løype Ca 1,5 km.

Forlenga N løype 2-3 km.

C løype ca. 2 km.

B/A løype ca. 3 km.

A løype 4-5 km.

Småtroll/ Rakettløype.

Klasse uten tidtaking, valfri løype.



No starter o-sesongen !

Postet av Markane IL den 6. Apr 2010

Det blir o-teknisk trening torsdag kl 18.00 på leikeplassen i Kreklingen (Stryn) i samband med at idrettsskulen har orientering der. Møte opp, Anders Bergset lager opplegg.

Liste over nær-o-løp og andre aktiviteter kjem snart.

Det er HL-samling og løpshelg på Værlandet 9-11 april, sjå

http://www.orientering.no/sognfjordane/t2.asp, påmelding snarast.



Møt opp å vis heider til Tarjei Bø ikveld !!!

Postet av Markane IL den 30. Mar 2010

NRK blir tilstades med direkte sendt innslag.

Vi vonar på stort frammøte.

Vi har fått ein ny OL-vinnar!

Stryn kommune ønskjer å markere at Tarjei Bø har teke OL gull i år!

Tarjei BøTarjei Bø

Vi inviterer alle stryningar og andre interesserte til ei spesiell markering på uteområdet til Stryn vidaregåande skule, tysdag 30.mars kl.18.00

PROGRAM
Opning v/Stryn musikklag
Appell frå Stryn kommune
Markering av lokale idrettstalent som har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt i 2009/2010
Takk og heider til Tarjei Bø frå Stryn kommune
Helsingar til Tarjei Bø
Sportsintervju m.m

Alle velkomne!

Helsing
Nils P. Støyva
ordførar

(Ved dårleg ver vert arrangementet flytta til Stryn kulturhus)



Endå ein jubeldag for Markane IL

Postet av Markane IL den 12. Mar 2010

Markane IL har etterkvart opplevd ein del jubeldagar, og denne er nok ein av dei.  Johan Eirik Meland gjekk inn til gull på normaldistansen under hovudlandsrennet i Alta, og Lars Midthjell Gjørven gjkk inn til 4. plass !  Og når Tarjei som ankermann på mix-stafetten skyt 10 blinkar rett ned og sikrar 1. plass under verdenscup'en i Finland; ja, då må det vel vere ein bra dag for Markane IL !!


"LUFTFOTO" FRÅ JR. NM

Postet av Markane IL den 10. Mar 2010

Even Nesje tok seg ein luftig tur og tok desse flotte bileta under Jr. Nm.



Eit vellykka jr.NM langrenn på Ullsheim

Postet av Markane IL den 7. Mar 2010

No er jr.NM 2010 som Markane IL har arrangenert ilag med IL Veten historie. Konklusjonen etter renndagane på Ullsheim er at det har gått etter planen og ein har fått veldig mange positive tilbakemeldingar på både løyper, forhold smørjarar, arena, speakerteneste, premiesermoni og tidtaking. I tillegg har vèret vore bra, ikkje minst på torsdag. Med andre ord eit svært vellykka arrangement som laget bør vere stolte av.

Tusen takk til alle funksjonærar som har stilt opp desse dagane og gjort det muleg å gjennomføre på denne måten!



GULL - GULL og Sølv

Postet av Markane IL den 27. Feb 2010

Markane sine skiskyttarar har verkeleg markert seg siste veka. Torsdag utklassa Jarle M Gjørven dei andre konkurrentane i Jr.NM i skiskyting - og fekk ein suveren GULL-medalje.

Fredag fekk som kjent Tarjei Bø GULL i OL stafetten, etter ein fantastisk etappe.

Laurdag fekk Johannes T Bø sølv på sprinten i jr.NM, 7 sek frå gullet.

Alle i Markane gratulerer hjerteleg desse, og dei andre som har gjort det sterkt den siste veka.



Møt opp i Stryn Kulturhus og sjå Tarjei gå stafetten!!

Postet av Markane IL den 19. Feb 2010

Skiskyttarstafetten blir vist på storskjerm (kinolerrettet)i Kulturhuset i Stryn fredag den 26. Vi lagar skikkelig OL stemning før sending med OL-tog i Stryn Sentrum. Lag plakatar og andre effektar som viser at vi er skikkeleg patriotar.

Markane IL er i skikkeleg OL stemning og spanderar GRATIS kaffi, saft og nysteikte vafler! invitasjon OL fest.



Sjå Tarjei sin OL-debut på Ullsheim!

Postet av Markane IL den 18. Feb 2010

Ikveld torsdag 18.2 er det "ope hus" på Ullsheim for å sjå på OL. Tarjei skal gjere sin debut i OL sammanheng på 20 km. Det startar ca.kl.21.30, men før det skal jentene gå sitt normalprogram med m.a.Ann K Flatland. Alle som har lyst til å sjå OL ilag med andre er hjerteleg velkomen.


Ekstraordinært årsmøte tysdag 2.2.kl.20

Postet av Markane IL den 29. Jan 2010

Styret i Markane IL vil med dette innkalle til ekstraordinært årsmøte tysdag 2.2.kl.20.00

SAK: Planering og utviding av parkeringsplass på Ullsheim

Styret

 



Treningar og renn 2010

Postet av Markane IL den 20. Jan 2010

Nedanfor finn du oppsett over treningar og renn for seseongen 2010. Her står òg datoane for cup-renna på tysdagane. Desse er:

Tysdag 19.1 (klassisk), tysdag 2.2 (skøyting), tysdag 16.2 (klassisk), tysdag 16.3 (skøyting)

 Trening og renn 2010



Velkomne til Vestlandsmeisterskap-Ullsrennet 16-17 januar 2010

Postet av Markane IL den 14. Jan 2010

Her er starlista til vestlandsmeisterskap langrenn fri teknikk sprint laurdag og klassisk enkeltstart søndag :

oppdatert startliste søndag: startliste klassisk 17 januar 2010

 Starliste sprint laurdag

Løypekart sprint laurdag

Løypekart klassisk søndag



WC-seier til Tarjei !!

Postet av Markane IL den 7. Jan 2010

Dette var vel første seieren i WC skiskyting til Markane Idrettslag.......!!!!

Gratulerer Tarjei med kjempeflott debut-etappe under sterkt press! OL-stafetten er endå eit steg nærare.