Nyttårsaftan 2012:

Postet av Markane IL den 31. Des 2012

Markane IL ønskjer alle:

Godt nytt år 2013!

Skiaktivitet på Ullsheim 28.desember 2012. Foto: Hildegunn Hatledal



Ullsrennet SSF-cup:

Postet av Markane IL den 30. Des 2012

Ullsrennet 6.januar 2013

Logo Markane IL

På grunn av snømangel i Stigedalen vert Tuarennet/SSF-cup junior utsett til laurdag 19.januar medan Ullsrennet 2013 vert flytta fram til søndag 6.januar!

Ullsrennet inngår i årets SSF-cup for rekruttar, og er det første rennet i årets cup.

Innbyding Ullsrennet 2013

 

 

Løypekart til Ullsrennet 2013:

Justerte løypekart til Ullsrennet pr. 5.1 er lagt ut nedanfor. Det same er oversikt over løypelengde for kvar klasse i rennet.

Løypekart Ullsrennet 2013 1 km

Løypekart Ullsrennet 2013 1.5 km

Løypekart Ullsrennet 2013 2 km

Løypekart Ullsrennet 2013 2.5 km

Løypekart Ullsrennet 2013 3 km

Løypekart Ullsrennet 2013 3.7 km

Løypelengder Ullsrennet 2013

Verrapport 5.1.2013:

Sjølv om regnet og mildveret siste dagane har teke hardt på snøen, er det framleis bra løyper på Ullsheim. Og alle er velkomne til Ullsrennet på søndag!

Oppdatert terminliste for langrennssesongen finn du her:

Terminliste langrenn 2013 -oppdatert 31.12.2012



.

Postet av Markane IL den 30. Des 2012

Resultatlister langrenn sesongen 2012/2013

 

Markane-cupen/Telenor-cup 2013

Resultatliste cuprenn nr 1. Dato: 15.01.2013 -oppdatert 16.01.2013   

Resultatliste cuprenn nr 2. Klassisk stil. Dato: 29.1.2013

Resultatliste for cuprenn nr 3. Klassisk omvendt jaktstart. Dato: 12.2.2013

Resultatliste cuprenn 4. Omvendt jaktstart fri teknikk Dato: 28.02.2013

Resultatliste cuprenn 5 skicross Dato: 12.03.2013

Samanlagtliste Markane-cupen/Telenorcup 2013

 

Lagsmeisterskap 2013:

 Resultatliste lagsmeisterskap fri teknikk 15.01.2013 

Resultatliste for lagsrenn i klassisk langrenn hopp slalåm og merkerenn 1.4.2013-(oppdatert)

 

Renn i SSF-cup 2013:

Offisiell resultatliste Ullsrennet/SSF-cup rekrutt 6.1.2013

Resultatliste SSF-cup rekrutt Sogndal 13.01.2013

Resultatliste SSF-cup junior Langeland Dato: 20.1.2013

Resultatliste frå SBM cup/SSF-cup 27.1.2013 Arrangør: Volda T&IL (på Ullsheim)

 Resultatliste frå PROLOG KM sprint fri teknikk Langeland 2.2.2013

Finaleresultat KM sprint fri teknikk/SSF-cup junior Langeland 2.2.2013

Resultatliste KM klassisk/SSF-cup rekrutt Langeland 3.2.2013

Resultatliste SSF-cup duatlon. Arrangør: IL Bjørn 9.2.2013

Resultatliste for Kleivanerennet/SSF-cup rekrutt 17.2.2013

Resultatliste SSF cup Tuarennet 9.3.2013

Resultatliste Seimsåsrennet 17.3.2013

SSF-cup samanlagt 2013

Jr. NM nordiske greiner Lillehammer

Resultatliste NM junior stafett Lillehammer 24.2.2013 

Andre renn 2013:

Resultatliste Vikjasprinten 30.12.2012

Resultatliste KM sprint fristil Sparebanken Møre Cup 26.1.2013 Arr: Hovdebygda IL (Ullsheim)

Resultatliste KM fri teknikk Langeland 1.2.2013

Resultatliste Dobiacco-Cortina 3.2.2013 Klasse D40 og M40

Resultatliste for Tverrfjelldilten 16.2.2013

Resultatliste Ungdommens Holmenkollrenn klassisk stil 16.2.2013 Klassane G13 og G14

Resultatliste frå Ungdommens Holmenkollrenn fri teknikk 17.2.2013 Klassane gutar 13 og 14 år

Resultatliste Vetenrennet 24.2.2013

Resultatliste for Honndalsrennet 3.3.2013

Lokale resultat i Birkebeinerrennet 16.3.2013 og Fredagsbirken 15.3.2013

Resultatliste Holmøyskarrennet 24.3.2013

Resultatliste NakkjenNed 2013 Dato: 28.3.2013

Resultatliste Påskesprinten 28.3.2013

Resultatliste frå Rypeskarrennet 30.3.2013

Resultatliste for Skarverennet 20.04.2013. (Klasse M19-20 og Alle klassar topp 100)

Rulleskirenn:

Resultat frå rullskikonkurranse 27.7.2013 Arrangør: Valldal IL

Resultatliste frå Lysebotn Opp menn senior 1.8.2013



Vik 30.12.2012:

Postet av Markane IL den 30. Des 2012

God innsats i Vikjasprinten 2012.

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Matias Meland. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

Markane IL sitt lag i klassa G 13-14, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland (foto) kom på ein flott andreplass under Vikjasprinten 2012.

Simon og Aksel vann sitt innleiande heat i sprinten klart, og var dermed klare for A-finalen. I finalerunden var det svært jamnt mellom dei tre fremste laga. Til slutt gjekk sigeren til laget frå Syril IL, Robin Wathne Nedrehagen og Erlend Henjesand, med tida 10 min 43 sek. Markane IL sitt lag følgde like bak med sluttida 10 min 46. Tredjeplass gjekk til Førde IL ved Erik Johannesen Skrede og Brage Burø Sunde med tida 10 min 55 sek. I alt 11 lag deltok i klassa for G 13-14.

Markane IL hadde også eit jentelag på start i den yngste klassa for jenter 10 år og yngre. Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide leverte flott innsats i løypa og var i mål på 5 min 42 sek. I alt 46 lag deltok på årets "Vikjasprint".

Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor:

Resultatliste Vikjasprinten 30.12.2012



Ski-orientering:

Postet av Markane IL den 28. Des 2012

Innbydingar til ski-o-løp

orienteringslogo

Også på orienteringsfronten kjem det innbydingar no i vintersesongen og då gjerne til ski-o-løp rundt om i landet. Invitasjonane vert lagt ut under invitasjonar i høgremenyen til orienteringsgruppa.

Laurdag 19.-20. januar inviterer o-gruppa i Konnerud IL til Hovudløp i ski-o D/H 14-16. Påmeldingsfristen her er måndag 14.januar.

Helga 26.-27. januar er det klart for NM 2013 i skiorientering på Selbuskogen. Arrangør er Selbu OK. Påmeldingsfrist er måndag 21. januar. For øvrige detaljar om løpa viser vi til invitasjonane.

Innbyding HL-ski-orientering 2013

Innbyding NM skiorientering 2013

Innbyding O-treff 2013



.

Postet av Markane IL den 28. Des 2012

Invitasjonar til ymse o-løp 2013

Ungdomssamling o-krinsen september 2013

Innbyding til KM langdistanse 1.9.2013. Arrangør: IL Veten

Innbyding til KM-mellom 31.8.2013 Arrangør: Markane IL

Innbyding til ungdomssamling 14.-16.juni 2013

Innbyding k-løp mellom og Sunnfjordorienteringa 7.-8.juni 2013

Innbyding til Hovudløpet 2013

Innbyding o-festivalen 2013

Innbyding O-treff 2013 Arrangør: Nordmarka skiorienteringsklubb 

Innbyding HL-ski-orientering 2013 Arrangør: Konnerud IL

Innbyding NM skiorientering 2013 på Selbuskogen. Arrangør: Selbu OK (OBS! Flytta til Austlid. 2.-3. februar 2013)

 Innbyding Trener 1 kurs 9.-10.februar 2013 i Bergen

Innbyding til løypetegnarkurs i OCAD 11.3.2013

Innbyding til Tur-o-kurs 11.3.2013

Innbyding KM Sprint og Krinsløp 13.-14. april 2013

Innbyding krinsløp på Sandane 9.mai 2013



Julaftan 2012:

Postet av Markane IL den 24. Des 2012

Markane IL ønskjer alle

God jul!



.

Postet av Markane IL den 23. Des 2012

INVITASJON TIL TVERRFJELLDILTEN 2013

Markane IL inviterer til:

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune 250 år -Tverrfjelldilten -NIF Sogn og Fjordane idrettskrins

Tverrfjelldilten, klassisk turrenn på 40 km

Seedingsrenn til Birkebeinerrennet

 

Dato: Laurdag 16.februar

Tid: Start klokka 12.00

Stad: Ullsheim – både start og mål vert her

Rennkontor: Ullsheim – opnar klokka 08.30 renndagen

Klasseinndeling: NSF sitt turrennreglement

Startkontingent: kr 350.- (+ ev leige av EMIT-brikke – kostar kr 20.-)

Påmelding: online påmelding via www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no innan onsdag 13.februar, klokka 23.59

(ved påmelding – hugs å oppgje; namn, fødselsdato, klasse, klubb, brikkenr. (om du har eiga brikke), lisensnr og birk-ID)

NB!! BIRK ID – denne kan sendast på e-post til monica@termopartner.no, eventuelt leverast rennkontoret på sjølve renndagen.

Etterpåmelding etter den sette fristen kan gjerast til Monica V. Halsteinslid på e-post monica@termopartner.no eller tlf. 416 840 66.

Pr. 14.2.2013: Det er framleis mogleg å melde seg på utan tillegg i startkontingenten!!

Gebyr på kr 200.- ved påmelding på renndagen innan kl.10.00

Betaling: helst på førehand, til kontonr 3795 30 23793

Startlisens: Det er eit krav at alle deltakarane har gyldig startlisens til dette løpet. Du er sjølv ansvarleg for at dette er i orden. Treng du eingongslisens, kan du få ordne dette på rennkontoret før start. Denne kostar kr 130.-

Parkering på Ullsheim: kr 50.-

Premiering: Premie til alle klassevinnarane, samt deltakarpremie til alle startande

Vandrepremie til beste tida for dame og herre, uansett klasse.

Det blir også laga til ei familie- og mosjonsløype i tillegg til turlangrennet:

Løypelengde: 10 km

Løype: Pr. 12.2.2013 er det bestemt at løypa for Tverrfjelldilten 2013 må justerast på grunn av lite snø i Veten-Hogden området. Traseen vert som følgjande:Ullsheim-Lundasetra-Spjelkebu-Vikadalen-Holesetra-deler av Panoramaløypa ut mot Grendasetra og tilbake til Holesetra og ned igjen til Ullsheim via lysløypa. Det vert to rundar på 20 km.Kjempefin trase med breie og gode spor.

Start: mellom kl 09.00 – 11.00

Påmelding: ved start, på rennkontoret

Startkontingent : kr 30.- for barn og kr 50.- for vaksne

Arrangementet er det første av idretten si markering av fylkeskommunen sitt 250- års jubileum.

Ved ev avlysing av rennet gjeld følgjande:

- avlysing før sjølve renndagen – arrangør refunderer 50 % av betalt startkontingent

- avlysing i løpet av renndagen p.g.a. brått oppstått ver/ klimatiske forhold - som gjer det uråd å gjennomføre arrangementet, arrangøren beheld innbetalt startkontingent)

Invitasjonen kan også lastast med i pdf-format på lenka under:

Invitasjon til Tverrfjelldilten -oppdatert 28.1.2013

Velkomen!

Logo Hotel Alexandra     Logo Markane IL      Logo seedingrenn Birkebeinerrennet



 



16.februar 2013:

Postet av Markane IL den 23. Des 2012

Invitasjon til Tverrfjelldilten 2013

Logo Tverrfjelldilten

Invitasjonen til Tverrfjelldilten 2013 er no klar. Du finn den på sida her eller i pdf-format på lenka nedanfor.

Ordinær påmeldingsfrist vert onsdag 13. februar kl. 23.59! Påmelding skal skje online via www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no. Detaljar om etterpåmelding m.m er å finne i  invitasjonen!

Invitasjon til Tverrfjelldilten 2013 -sist oppdatert 26.12.2012 (pdf-format)



Invitasjon til:

Postet av Markane IL den 23. Des 2012

 

Bendit skiskytterfestival

Bendit tekst 1

 

Logo NSSF  logo odlobama logo

 

Bendit skiskytterfestival

 

Invitasjonen er også å finne i pdf-format på lenka under:

Invitasjon til Bendit skiskytterfestival Markane 12.-13. januar 2013

 



Oberhof 3.1.2013

Postet av Markane IL den 23. Des 2012

Tarjei Bø klar for verdscup igjen!

Tarjei Bø .Foto: Ove Sveen, Fjordingen

 

Tarjei Bø er tilbake på start i verdscupen i skiskyting i Oberhof 3. januar. Dette er bekrefta i ei melding frå NRK. Dermed er det endå større grunn for alle i MIL til å sjå fram til verdscupen i skiskyting på nyåret.

I Oberhof står stafett, sprint og jaktstart på programmet. Det er ennå ikkje bestemt kva for øvingar Tarjei skal gå.

Johannes Thingnes Bø er også tilbake på start over nyttår og skal gå IBU-cup i Otepää, Estland helga 4.-6. januar.



Frå arkivet:

Postet av Markane IL den 18. Des 2012

"Bodstikka" frå åra 1994 og 1995

Markane-logoTo nye årgongar av vårt gamle lagsblad "Bodstikka" er no digitalt tilgjengelege. I 1994 kom bladet ut med fem nummer medan det i 1995 kom ut heile ti blad.

I 1994 stod Markane IL som arrangør både av jr NM skiskyting og Nordvestgaloppen. 1995 var eit jubileumsår. Då feira laget sine første 90 år. Blant anna prologen frå jubileumsfesten 12. april 1995 er å finne i Bodstikka nr 4 frå 1995.

 

Fleire årgongar kjem etterkvart. Lenke til dei utgåvene av "Bodstikka" som er publisert så langt finn du her: Lagsbladet "Bodstikka"



Vingrom 9.12.2012:

Postet av Markane IL den 10. Des 2012

3. plass til Lars Midthjell Gjørven i Norgescupen

Lars Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Lars Midthjell Gjørven kom på tredjeplass under sprinten på Lillehammer i klasse M18. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Lars Midthjell Gjørven kom på pallen under dagens Norgescupsprint på Lillehammer. Med fullt hus på liggjande og berre ein bom på ståande heldt det til ein flott tredjeplass i klasse M18.

Vinnar av løpet var Anders Sommerstad Juveli frå Lier IL. Han var 44 sek føre sølvvinnar Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL/NTG-L og 1 min 22 sek føre Lars i mål. Alle dei tre fremste fekk ein strafferunde kvar.

I klasse M18 deltok også Grunde Breidablik. Han vart nr 51 med tre strafferundar. I klasse M 20-21 kom Jarle Midthjell Gjørven på ein 9.plass etter å ha skote på seg to rundar på ståande skyting. Han var 2 min 34 etter vinnaren Vegard Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal IL som skaut feilfritt.

Johan Eirik Meland hadde ein betydleg betre dag på standplass på sprinten enn på normalen. To bom på den ståande skytinga gav ein 19.plass i klasse M19. Han var 1 min 34 sek etter vinnaren Fredrik Mack Rørvik frå Målselv Skiskyttere/ NTG-L som berre hadde ein strafferunde. I klasse M17 enda Georg Kristian Halsteinslid på ein 66.plass etter å  ha fått seks bom på standplass. Klassevinnar vart Endre Wold frå Vik IL.

Resultatliste DNB cup 2/ Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M17

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M18

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M19

Resultatliste DNB cup 2/ Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M 20-21



.

Postet av Markane IL den 8. Des 2012

Resultatlister 2012/2013

Lagsrenn:

 Resultatliste lagsmeisterskap skiskyting 3.4.2013

Krinsrenn

Resultatliste KM sprint/supersprint Arrangør: Stårheim IL 9.2.2013

Resultatliste KM skiskyting fellesstart. Arrangør: Stårheim IL 10.2.2013

Resultatliste krinsrenn skiskyting Volda 9.3.2013 Arrangør: Hardbagg Hornindal og Volda

 Resultatliste krinsrenn skiskyting Volda 10.03.2013

Resultatliste krinscupavslutning sprint Sunnylven 16.3.2013

Resultatliste krinscupavslutning jaktstart Sunnylven 17.3.2013

 Poengtabell for krinscupen samanlagt 2012-2013 

 Andre renn:

Resultat frå Dombåsrennet 1.12.2012

Bendit skiskyttarfestivalrenn

Offisiell resultatliste Bendit skiskytterfestival sprint Markane 12.01.2013

Offisiell resultatliste Bendit skiskytterfestival normaldistanse 13.01.2013

Resultatliste frå Bendit Kvalfoss sprinten gutar 14år Dato: 2.2.2013

Resultatliste frå Bendit Kvalfoss sprinten gutar 15 år Dato: 2.2.2013

Resultatliste larsenstafetten Bendit Liatoppen skiskyttarfestival 5.4.2013

Resultatliste fellesstart junior Bendit Liatoppen skiskytterfestival 5.4.2013

Resultatliste sprint Bendit Liatoppen skiskytterfestival 6.4.2013

Resultatliste frå Bendit Liatoppen Skiskytterfestival normal/fellesstart 7.4.2013

 

Vestlandsmeisterskap

Resultatliste LM skiskyting sprint 26.1.2013 Arrangør: Vik IL

Resultatliste LM skiskyting normaldistanse 27.1.2013 Arrangør: Vik IL

Norgescuprenn

 Resultatliste DNB cup nr 1. Sprint Geilo 24.11.2012

Resultatliste DNB cup nr 1. Fellesstart Geilo 25.11.2012

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 normal.Vingrom 8.12.2012 Menn 17 år

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 normal.Vingrom 8.12.2012 Menn 18 år

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft 1 normal. Vingrom 8.12.2012 Menn 19 år

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 normal. Vingrom 8.12.2012 Menn 20-21

Resultatliste DNB cup 2/ Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M17

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M18

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M19

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 sprint Vingrom 9.12.2012 Klasse M 20-21

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 17 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 18 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 19 år

Resultatliste DNB cup 3/ Statkraft cup 2 Sjusjøen 5.1.2013 klasse menn 20-21 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 17 år 6.1.2013

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 18 år 6.1.2013

 Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 19 år 6.1.2013

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 20-21 år 6.1.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 17 år Dato: 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 18 år Dato 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 19 år Dato: 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 20-21 år Dato 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 sprint. Alle klasser. Dato: 20.01.2013

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 17 år

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 18 år

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 19 år 

Resultatliste DNB cup 5/Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse kvinner 19 år

Resultatliste DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 20-21år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 16.2.2013 Klasse menn 17år

Resultatliste for NM jr fellesstart DNB cup 5 Dato 16.2.2013 Menn 18 år 

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 16.2.2013 Klasse menn 19år 

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 16.2.2013 Klasse kvinner 19 år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 16.2.2013 Klasse menn 20-21år

Resultatliste NM mix-stafett klasse17-18 år Steinkjer 17.2.2013

Resultatliste NM mix-stafett klasse 17-21 år Steinkjer 17.2.2013

Resultatliste NM mix-stafett klasse 17-senior Steinkjer 17.2.2013

Resultatliste frå jr NM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 M18_Normal

Resultatliste frå jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 M19_Normal

Resultatliste frå jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 M20/21_Normal

Resultatliste frå jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 K19_Normal 

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M17år sprint

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M18år sprint

 Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M19år sprint

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M 20-21år sprint

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 K19år sprint

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse K17-21

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse M17-18

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse M17-21

Resultatliste finale Statkraft junior cup fellesstart klasse M18 Dombås 23.3.2013

Resultatliste finale Statkraft junior cup fellesstart M19 Dombås 23.3.2013

Resultatliste finale Statkraft junior cup fellesstart M20-21 Dombås 23.3.2013

Norgescup samanlagt 2012/2013 Klassane M18,M19 og M20/21

NM skifeltskyting 

Resultat NM skifeltskyting sprint12.04.13

Resultat NM skifeltskyting normal130413

Hovudlandsrennet 

 Resultatliste for Hovudlandsrenn skiskyting normaldistanse Voss 22.2.2013 Alle klassar

 Resultatliste for Hovudlandsrenn skiskyting sprint Voss 23.2.2013 Klasse G15 og G16

Resultatliste Hovudlandsrennet skiskyting Voss stafett 24.2.2013 Alle klasser

 

NM skiskyting senior

Resultatliste NM skiskyting Dombås normaldistanse menn 20.3.2013

Resultatliste NM skiskyting sprint menn Dombås 22.3.2013

Resultatliste for NM skiskyting jaktstart menn Dombås 23.3.2013

Resultatliste NM skiskyting stafett menn Dombås 24.3.2013

 

IBU-cup

IBU-cup, normaldistanse herrer-Ottepää 05.01.2013 

IBU-cup, sprint herrer - Ottepää 06.01.2013

 

Jr. VM skiskyting, Obertilliach

Sprint menn 26.1.2013

Jaktstart menn 27.1.2013

Normaldistanse menn 30.1.2013

Stafett, herrar 1.2.2013

 

Verdscuprenn

Verdscup sprint herrer, Oberhof 05.01.2013

Verdscup jaktstart herrer, Oberhof 06.01.2013

Verdscup stafett herrer, Ruhpolding 10.01.2013

Verdscup, sprint herrer, Ruhpolding 12.01.2013

Verdscup, sprint herrer, Holmenkollen 28.02.2013

Verdscup, jaktstart herrer, Holmenkollen 02.03.2013

Verdscup, fellesstart herrer, Holmenkollen 03.03.2013

Verdscup, normaldistanse, herrer, Sotsji 07.03.2013

Verdscup, sprint, herrer, Sotsji 09.03.2013

Verdscup, stafett, herrer, Sotsij 10.03.2013

Verdscup, sprint, herrer, Khanty-Mansijsk 15.3.2013

Verdscup, jaktstart, herrer, Khanty- Mansijsk 16.3.2013

Verdscup, fellesstart, herrer, Khanty-Mansijsk 17.3.2013

 

VM-skiskyting, Nove Mesto

Miks-stafett, 7.2.2013

Sprint, herrar 9.2.2013

Jaktstart, herrar 10.2.2013

Normaldistanse, herrar 14.2.2013

Stafett, herrar 16.2.2013

 Fellesstart, herrar 17.2.2013

Rulleskirenn:

Resultatliste frå Lysebotn Opp menn senior 1.8.2013

Rulleskiskytingrenn:

Resultat frå Blinkfestivalen skyteduell menn senior 2.8.2013

Resultat frå kvalifisering til fellesstart rulleskiskyting Blinkfestivalen 2.8.2013

Resultatliste frå Blinkfestivalen rulleskiskyting fellesstart menn senior 2.8.2013

Resultatliste NM rulleskiskyting sprint 21.9.2013 Alle klasser. Arr: Bosmo og Ytteren IL

Resultatliste frå NM jaktstart rulleskiskyting 2013. Alle klasser. Arr: Bosmo og Ytteren IL 22.9.2013

Testløp Skiskyttartreffen

Resultatliste for testløp på Skiskyttartreffen Ullsheim 13.10.2013



Vingrom 8.12.2012:

Postet av Markane IL den 8. Des 2012

6.plass til Jarle Midthjell Gjørven på normaldistansen

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven under sprinten på Vingrom 9.12. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven oppnådde det beste resultatet av markaneløparane på dagens normaldistanse i Norgescupen. Han kom på ein fin 6.plass i klassa for menn 20-21 år med totalt tre tilleggsminutt på dei fire skytingane. I mål var han 2 min 18 sek bak vinnaren Erling Aalvik frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb som fekk to tilleggsminutt. På andreplass i klassa kom Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL.

Også Lars Midthjell Gjørven fekk ei fin plassering med 12.plass i klasse menn 18 år sjølv om det var seks tilleggsminutt på dagens normalprogram. Klassevinnar vart Carl Jørgen Sundet Flaen frå Oslo SSL som skaut feilfritt. Grunde Breidablik kom på 51 .plass i same klassa.

I klassa for menn 19 år kom Johan Eirik Meland på ein 48.plass etter ein uvanleg svak dag på standplass med tilsaman ti tilleggsminutt. Klar klassevinnar var Aslak Nenseter frå Bø SSL som skaut 20 treff.

I klassa for menn 17 år kom Georg Kristian Halsteinslid på 53.plass med totalt åtte tilleggsminutt. Klassevinnar blei Espen Johnsen frå Knaben IL.

Norgescupen held fram i morgon med sprint. Resultatlistene for klassane med løparar frå MarkaneIL/Nordfjord Team er lagt ut nedanfor:

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 normaldistanse. Vingrom 8.12.2012 Klasse menn 17 år

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 normaldistanse. Vingrom 8.12.2012 Klasse menn 18 år

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft 1 normaldistanse. Vingrom 8.12.2012 Klasse menn 19 år

Resultatliste DNB cup 2/Statkraft cup 1 normaldistanse. Vingrom 8.12.2012 Klasse menn 20-21år



Hornindal 9.12.2012:

Postet av Markane IL den 3. Des 2012

Krinsrennet i Hornindal vert avlyst!

Det oppsette krinsrennet i skiskyting 9.desember i Hornindal vert dessverre avlyst på grunn av snømangel!



Ullsheim 29.11.2012:

Postet av Markane IL den 1. Des 2012

Årsmøte i Markane IL 2012

Årsmøtet vart helde på Ullsheim torsdag 29. november. I tillegg til vanlege årsmøtesaker var saka om Markane IL sitt engasjement i Holmøyskarrennet oppe til endeleg avgjer. Etter ein god debatt bestemte årsmøtet seg samrøystes for at Markane IL trekkjer seg som medarrangør i Holmøyskarrennet frå 1.1.2013.

Årets val gav også nokre utskiftningar i både styret og gruppene.

Styret for 2013 er samansett slik: leiar Eldbjørg Hatledal, nestleiar Hallgeir Nygård, sekretær Antonia Karete Haugen Kongsvik, Arvid Hatledal, Alf Martin Almskår (ny) og Magne Maurset (ny).

Gruppeleiarar 2013: Monica V. Halsteinslid-skiskyttargruppa, Sigbjørn Fænn-skigruppa, Per Jakob Kyrkjeeide-trimgruppa (ny), Aslaug Thingnes Bø-friidrettsgruppa, Kjetil Svarstad-sykkelgruppa, Margunn Hjelmeset-barneidrettsskulen og Grete Zachariassen er kontaktperson for orienteringsgruppa.

Stor takk til dei som no sluttar i sine verv i styret og gruppene: Ann Kristin Grodås (styret), David Alden (styret), Arne Roger Heggestad (skigr.), Silje Vollan (skigr.) og Jostein Vonheim (trimgr.).

Komplett oversikt over styret og gruppene for 2013 finn du her.

 



Styret i MIL 2013

Postet av Markane IL den 30. Nov 2012

Her finn du namn og adresser til styremedlemmer, gruppeleiarar og anna personell i MIL 2013:

Styret i MIL 2013


Eldbjørg Hatledal – leiar aa-in-h@online.no 97 07 66 95

Hallgeir Nygård – nestleiar hallgeir.nygard@vikorsta.no 48 89 64 67

Antonia Karete Haugen Kongsvik – sekretær antoniak@online.no 90 99 99 88

Arvid Hatledal hatledal@online.no 90 63 71 60

Alf Martin Almskår alfmartin72@hotmail.com  41 18 74 39

Magne Maurset    laurulf@gmail.com             48 11 42 13.

1.vara: Sigbjørn Fænn siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62

2.vara: Monica Halsteinslid monica@termopartner.no 41 68 40 66

----------------------------------------------------------------

Nils Heggdal - kasserar nilsheggdal@hotmail.com 92 60 66 63


-----------------------------------------------------------------

Dagleg leiar Ullsheim/ansvarleg for utleige av Ullsheimsanlegget:

Klemet Bø dagleg leiar Ullsheim klem-b@online.no 91 31 95 12

--------------------------------------------------------------------
Gruppeleiarar:

Monica V. Halsteinslid skiskyting monica@termopartner.no 41 68 40 66

Sigbjørn Fænn ski siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62

Margunn Hjelmeset barneidr.sk. marg-hje@frisurf.no 41 62 82 68

Aslaug Thingnes Bø friidr. aslaugtb@gmail.com 40 04 03 25

Kjetil Svarstad sykkel k_svarstad@gmail.com 90 94 99 25

Per Jakob Kyrkeeide trim per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02

Grete Zachariassen orientering grete.zac@gmail.com 90 18 21 68

Andre:

Per Jakob Kyrkeeide vaktm/ reinh per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02

Erna H.Tisthamar utleige huset på Ullsheim erna.tisthamar@nettbuss.no  91 10 22 34

Antonia Karete Haugen Kongsvik – heimesida antoniak@online.no 90 99 99 88

Hallgeir Nygård – ansv. politiattestar hallgeir.nygard@vikorsta.no 48 89 64 67

Oversikt over gruppestyra, revisorar og valnemnd i 2013

Styret i skiskyttargruppa 2013

Leiar: Monica Halsteinslid

Nestleiar: John Roger Meland

Styremedlem: Jan Egil Gjørven

Styremedlem: Knut Arild Løvdal

Styremedlem: Kari Tonning

Styret i skigruppa 2013

Leiar: Sigbjørn Fænn

Styremedlem: Margunn Hjelmeset

Styremedlem: Kjetil Svarstad

Styremedlem: Thomas Heisig

Styremedlem: Svein Rune Aaland

Styret i orienteringsgruppa 2013:

Kontaktperson: Grete Zachariassen

Styremedlem: Per Øen

Styremedlem: Sissel Svarstad

Styremedlem: Åshild Sætren Bøe

Styremedlem: Kåre Bøe

Styret for barne- og ungdomsgruppa, trimgruppa/friidrettsgruppa 2013:

Leiar: Per Jakob Kyrkjeeide

Styremedlem: Birgit Svarstad

Styremedlem: Sigbjørn Kirkeeide

Styremedlem: Even Nesje

Leiar friidrett: Aslaug Thingnes Bø

Leiar Markane og Stryn barneidrettsskule: Margunn Hjelmeset

Styret i sykkelgruppa 2013:

Leiar: Kjetil Svarstad

Nestleiar: Henning Heimlid

Revisorar 2013:

Ester Anny Skrede

Randi Lindvik

Varamedlem: Per Ove Kjøs

Valnemnd:

Leiar: Per Heimlid

Medlem: Wenche Arntsen

Medlem: Ann Kristin Grodås

Vara: Odd Rune Halsteinslid

Styret i Holmøyskarrennet: Øyvind Hatledal (t.o.m 1.1.2013)

Styremedlem i Team Statkraft Nordfjord: John Roger Meland



Tverrfjelldilten 16.02.2013:

Postet av Markane IL den 29. Nov 2012

Løypekart

Logo Tverrfjelldilten

 

Løypekartet for Tverrfjelldilten er no klart. Du finn det på lenkja nedanfor:

Løypekart Tverrfjelldilten



Geilo 24.-25.11.2012:

Postet av Markane IL den 26. Nov 2012

Sesongopning i Norgescupen.

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven var einaste løpar frå Markane IL på start under Norgescupopninga på Geilo i helga.

På programmet denne opningshelga stod sprint og fellesstart. Jarle kom godt i gong på skytebana og kom gjennom sprinten med berre ein strafferunde. Farten var ikkje heilt på høgde med dei aller raskaste, og i mål vart det ein 32. plass. Differansen opptil vinnaren Christian Sæten frå Nittedal SSL var på 1 min 45 sek.

Endå litt betre gjekk det på søndagens fellesstart. Også på dette løpet leverte Jarle god innsats på standplass og kom gjennom dei fire skytingane med to rundar totalt. I mål heldt det til ein 20. plass, 1 min 51 sek etter vinnaren Tor Martin Søvik Gundersen frå Åsnes IL.

Norgescupen held fram på Lillehammer 8.-9. desember.

Resultatliste DNB cup nr 1. Sprint 24.11.2012

Resultatliste DNB cup nr 1. Fellesstart 25.11.2012



Stem fram:

Postet av Markane IL den 25. Nov 2012

Markane IL som "Klubben i mitt hjerte!"

"Klubben i mitt hjerte"

Det er for niande gong klart for å kåre "Klubben i mitt hjerte!" Årets kampanje varer fram til 30. november. Kåringa er eit samarbeid mellom Norges idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet. 

"Klubben i mitt hjerte" er inndelt seks ulike klasser, slik at alle idrettsklubbar, bedrifts - og studentidrettslag skal ha høve til å vinne. Klubben med flest stemmer innanfor dei ulike klassane vinn penger til utstyr til en verdi frå 25.000 og opptil 100.000 kroner.  

 

 Vi oppfordrar sjølvsagt våre medlemmar og andre støttespelarar om å stemme fram Markane IL som årets vinnar av "Klubben i mitt hjerte"!

Lenke til avstemninga finn du her!

Du kan også marknadsføre "Klubben i mitt hjerte" ved å laste ned facebook-appen og dele med dine vener.



Vi arrangerer:

Postet av Markane IL den 23. Nov 2012

Bendit skiskytterfestival, 12.-13.januar på Ullsheim

Bendit skiskytterfestival

Markane IL skal for første gong vere arrangør av Bendit skiskytterfestival. Renna skal arrangerast helga 12.-13.januar på Ullsheim så alle interesserte må merke seg denne helga først som sist!

Rennet har fått sin eigen seksjon på heimesida. Her er det lagt ut informasjon om blant anna skiskyttarlisens, våpenkontroll m.m (seinast oppdatert 9.1)

Vi oppfordrar alle som kjem til Ullsheim i helga, om å også lese her!

Innbyding:

Innbydinga er no klar. Du finn den her:

Invitasjon til Bendit skiskytterfestival Markane 12.-13. januar 2013  

Ver- og snøforhold:

Det er bra snøforhold på Ullsheim og ein god sole med kunstsnø i løypene. Med dei vermeldingane som no er fram mot helga, ser dette ut til å bli veldig bra!

Startlister:

Startlista for laurdagens sprint er lagt ut:

Startliste Bendit Skiskytterfestival sprint 12.01.2013

Startliste Bendit skiskytterfestival normal 13.01.2013

Løypekart og løypelengder:

Løypekart Bendit 2013 1 km

Løypekart Bendit 2013 1.3 km

Løypekart Bendit 2013 2 km

Løypekart Bendit 2013 2.5 km

Info løypelengder sprint 2013

Info løypelengder normal 2013

Sjå også Bendit skiskytterfestival si eiga heimeside!

Vi inviterer publikum til å oppleve skiskyting på nært hald denne helga. Her blir det topp underhaldning for små og store, mykje idrettsglede og flotte prestasjonar. Skiskyting er spennande «live» -og ikkje berre på TV.

I tillegg garanterer vi strålande sol begge dagar!

Konkurransane tek til kl 13 på laurdag og kl 12 på søndag så ta med familien opp i sola desse to dagane!!

 Velkomne til Ullsheim 12.-13.januar!



Ullsheim 22.11.2012:

Postet av Markane IL den 23. Nov 2012

"Spis smart"-foredrag på Ullsheim

Spis smart foredrag med Julie Kirketeig. Foto: Klemet Bø

Julie Kirketeig stod for "Spis smart"-foredraget på Ullsheim. Foto: Klemet Bø

Torsdag 22. nov. hadde vi besøk av Julie Kirketeig frå Førde. Ho representerte organisasjonen «Sunn jenteidrett», som bl.a. Norges Skiskytterforbund står bak. Men namnet til tross; dette er eit tema som passar like godt for gutar som for jenter. Ho heldt eit flott foredrag omkring temaet «Spis smart», der ho framheva betydninga av å ete nok og riktig mat. Dette er viktig både oppimot trening, konkurransar, restitusjon og kvile. Det er viktig å innarbeide gode kosthaldsvanar alt i ung alder.

Det var ca. 30 frammøtte frå både eigen klubb og naboklubbane som her fekk med seg eit interessant foredrag.



test

Postet av Markane IL den 23. Nov 2012

 

 

 

 

 

 



Årsmøte i Markane IL:

Postet av Markane IL den 22. Nov 2012

 

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 29.11.2012

kl.19.00 i Ullsheim.

Årets sakliste til årsmøtet i Markane IL er no klar. Du finn den under les meir nedanfor. Saklista med tilhøyrande vedlegg og årsmeldingar vert også sendt ut til alle medlemmar på epost.

Styret i Markane IL

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 29.11.2012

kl.19.00 i Ullsheim.

1. Opning av årsmøtet

1.1 Godkjenning av innkalling

1.2 Godkjenning av sakliste

1.3 Val av møteleiar

1.4 Val av referent

1.5 Val av to til å skrive under møteprotokoll

2. Årsmelding

3. Rekneskap

4. Rapport frå revisor

5. Anleggsplan

-Overnattingsbygg

-Sandvolleyballbane

6. Spelemiddelsøknad

-Rehabilitering av lysanlegget

7. Kontingentar 2013

Framlegg om uendra kontingent i Markane IL for 2013:

Born (t.o.m 17 år): 300kr

Vaksne: 400kr

Familie: 1000kr

8. Budsjett

9. Val etter lovene

10. Holmøyskarrennet

11. Orienteringssaker

Arrangement 2013

Vel møtt!

Styret



.

Postet av Markane IL den 20. Nov 2012

 Bendit skiskytterfestival banner

Neste Bendit Skiskytterfestival:

Markane  15.-16. mars 2014!

Innbyding:

Innbydinga er no klar. Du finn den på lenka nedanfor. Her finn du informasjon om program, parkering, kiosk m.m så les denne!

Innbyding til Bendit Skiskyttarfestival 2014 

Påmelding:

Hugs at påmelding skal skje

Online via Terminlista www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no innan 7. mars kl 23.59 !

Ver- og snøforhold:

Her blir det lagt ut informasjon om ver og føre når det nærmar seg.

Startlister

 Startlister vert lagt ut når dei er klare....

Resultatlister:

Offisiell resultatliste Bendit skiskytterfestival sprint Markane 12.01.2013

Løypekart og løypelengder:

Løypekart Bendit 2013 1 km

Løypekart Bendit 2013 1.3 km

Løypekart Bendit 2013 2 km

Løypekart Bendit 2013 2.5 km

Info løypelengder sprint 2013

Info løypelengder normal 2013

Skiskyttarlisens 2014:

· Vi minner om at klubbane er ansvarlege for at alle løparar over 13 år har betalt skiskyttarlisensen for 2014. Dersom ikkje denne er betalt, må dei løyse eingongslisens i sekretæriatet før start.

Våpenkontroll, framlegging av våpen m.m:

· Vi gjer også oppmerksam på at alle våpen skal gjennom avtrekkskontroll i garasjen nedanfor standplass før rennet startar. Det er utøvar (foreldre / leiarar) sitt eige ansvar å bli kryssa ut på lista for gjennomført avtrekkskontroll. Utøverar som ikkje har vært gjennom avtrekkskontrollen, får startnekt. Alle som får godkjent, skal ha klistrelapp på framre del av våpenet.

· Arrangøren legg fram våpen på standplass under konkurransen. Vi brukar ”Larsen våpenstøtter”. Våpen plasserast ut i våpenstativ av lagleiarar. Påsjå at våpen er opplada og merkt med nummer.

NB! Plasserast ut etter at innskytinga er ferdig, og seinast 5 min før første start.

Hugs å minne dei yngste på kva skivenummer dei skal skyte på!

Sjå også Bendit skiskyttarfestival si heimeside!



Ullsheim 22.11.2012:

Postet av Markane IL den 19. Nov 2012

"Spis smart"

Fyrstkomande torsdag 22. november kl. 1830-1930 vert det eit foredrag på Ullsheim som heiter «Spis smart». Dette er eit foredrag i regi av «Sunn Jenteidrett», men det passar like bra for gutar som for jenter, og for trenarar/foreldre.

Det er Julie Kirketeig frå Førde som skal ha foredraget.

Still på og få nyttig informasjon!



Beitostølen 17.11.2012:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2012

 Johan Eirik Meland tildelt midlar frå Ole Einar Bjørndalen fondet!

Ole Einar Bjørndalen og Johan Eirik Meland. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Ole Einar Bjørndalen overrekkjer beviset på at Johan Eirik Meland er tildelt 15000 kr i midlar frå Ole Einar Bjørndalen fondet 2012. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det var ingen lokale løparar på start i sesongopninga på Beitostølen. Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø var heilt i form, og stod dermed over rennet. Johan Eirik Meland var kvalifisert, men fekk likevel ikkje gå på grunn av stor påmelding av seniorar. NRK hadde sett ei grense på 80 startande og dermed fekk ikkje alle dei kvalifiserte juniorløparane gå dagens renn.

Det vart likevel ei innbringande helg både for Johan Eirik Meland og Johannes Thingnes Bø. Johan Eirik vart tildelt 15 000kr frå Ole Einar Bjørndalen fondet som er sponsa av XL-bygg. Stipendet vert utdelt til unge lovande løparar for å stimulere til vidare satsing. Ole Einar Bjørndalen stod sjølv for utdelinga.

Under middagen med skiskyttarforbundet fredagskvelden fekk Johannes Thingnes Bø utdelt 27 500 kr for dei tre sigrane i jr. VM skiskyting 2012. Johannes var dessverre ikkje sjølv tilstades under utdelinga. Johan Eirik Meland fekk utdelt kr 10 000 kr for sin samanlagtsiger i Norgescupen for 18-åringane.

Sjølv om det ikkje var løparar frå Markane IL på start i dagens renn, vart det likevel ein nordfjording på pallen. Ronny Hafsås frå Stårheim IL gjekk inn til ein flott andreplass i sitt comeback som skiskyttar berre slegen av Martin Fourcade frå Frankrike.

Ole Einar Bjørndalen, Johan Eirik Meland og Tora Berger. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Johan Eirik Meland mottok også kr 10 000 for samanlagtsigeren i Norgescupen for 18-åringar. Her flankert av Ole Einar Bjørndalen og Tora Berger. Foto: Team Statkraft Nordfjord 



Tur-o-sesongen:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2012

Resultat turorientering 2012

Jørgen Trøsken, Kornelia Trøsken, Inger Hjelmeset, Amanda Gjøvåd Heggestad og Olina Svarstad Heggdal. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Frå venstre: Jørgen Trøsken, Kornelia Trøsken, Inger Hjelmeset, Amanda Gjøvåg Heggestad og Olina Svarstad Heggdal oppnådde alle turorienteringsmerker sesongen 2012. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

 Årets turorienteringssesong vart avslutta 15.oktober. Tur-o-postane stod i år utplasserte i området mellom Ullsheim, Tonningsetra og Holesetra. Det vart totalt seld 38 tur-o-konvoluttar og ekstra klippekort. Av desse var det 21 deltakarar som oppnådde merker. 17 tok gullmerket, 2 sølvmerket og 2 bronsemerket. Tur-o-merka vart utdelte på premiefesten 1. november.

Oversikt over alle som oppnådde merker denne sesongen er lagt ut nedanfor.

Merkeoversikt turorientering 2012



.

Postet av Markane IL den 16. Nov 2012

Terminliste skiskyting 2012/2013

 Terminlista for skiskyttarrenn 2012/2013 finn du også i pdf-format på lenka under:

Terminliste skiskyting 2012/2013

Terminliste skiskyting 2012/2013



Sesongen 2012/2013:

Postet av Markane IL den 16. Nov 2012

Terminliste skiskyting 2012/2013

 Logo Markane IL

Årets terminliste for skiskyttarsesongen 2012/2013 er no lagt ut. Lista viser krinsrenn samt ein del nasjonale og internasjonale renn.

For alle i Markane IL er det spesielt viktig å merke seg datoane 12.-13.januar på vert det Bendit Skiskyttarfestival på Ullsheim.

Lenke til årets terminliste er å finne i venstremenyen under skiskyttargruppa.

 

Terminliste skiskyting 2012/2013



Sesongen 2012/2013:

Postet av Markane IL den 13. Nov 2012

Terminliste langrenn 2012/2013

Logo Markane IL

Terminlista i langrenn 2012-2013 vart endeleg handsama i samband med langrennskomiteen sitt haustmøte 6. november. Terminlista nedanfor viser renn i Sogn og Fjordane samt ein del nasjonale renn. Datoane for våre eigne lokale renn (cup m.m) vert lagde ut så dei er bestemte.

Spesielle datoar det er vert å merke seg på terminlista er: Ullsrennet 20. januar og Tverrfjelldilten 16. februar.

 

Terminliste langrenn 2012/2013



.

Postet av Markane IL den 13. Nov 2012

Verdscup skiskyting 2011/2012

Nedanfor finn du lenker til saker om verdscupen i skiskyting 2011/2012 som har vore presenterte på heimesida vår i løpet av vinteren:

 Verdscup Østersund 2.-4.12.2011

Verdscup Hochfilzen 08.12.2011

Verdscup Hochfilzen 10.12.2011

Verdscup Hochfilzen 11.12.2011

Verdscup Hochfilzen 15.12.2011

(Tarjei Bø stod over verdscupen i Oberhof 6.-8. jan 2012)

Verdscup Nove Mesto 12.-15.01.2012

Verdscup Anterselva 20.-22.01.2012

Verdscup Holmenkollen 02.-04.02.2012

Verdscup Kontiolahti 09.-11.02.2012

 Verdscup Ruhpolding 03.03.2012

Verdscup Ruhpolding 04.03.2012

 Verdscup Ruhpolding 06.03.2012

Verdscup Ruhpolding 09.03.2012

Verdscup Khanty Mansjisk 16.03.2012

Verdscup Khanty Mansjisk 17.03.2012

Verdscup Khanty Mansjisk 18.03.2012

 

 

 

 

 



Holmenkollen 02.-04.02.2012:

Postet av Markane IL den 13. Nov 2012

Resultat frå verdscupen i skiskyting i Holmenkollen

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

2.-4. februar var verdscupsirkuset på plass i Holmenkollen med vår eigen Tarjei Bø på startstreken. Dessverre vart det ikkje plasseringar heilt i toppen denne gongen. På fredagens sprint kom Tarjei i mål til ein 28. plass. Vinnar av løpet vart Evgeniyj Garinichev frå Russland.

Litt betre gjekk det på jaktstarten. Med bra innsats i løypa gjekk Tarjei seg opp til ein 20.plass om lag 1 min 20 bak vinnaren Arnd Pfeiffer frå Tyskland. Endå litt framgong vart det på fellesstarten med ein 9.plass til Tarjei. Han kom i mål 1 min 13 sek bak Emil Hegle Svendsen som vann løpet.

 

 



Anterselva 20.-22.01.2012:

Postet av Markane IL den 13. Nov 2012

Resultat frå verdscupen i skiskyting i Anterselva

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Det vart ikkje dei heilt store resultata for Tarjei Bø under helgas verdscupløp i Anterselva. På fredagens sprint gjekk det tungt for Tarjei både i løypa og på standplass. I mål enda det med ein 40.plass heile 2 min bak vinnaren Fredrik Lindstrøm frå Sverige. Dermed vart det eit svært vanskeleg utgongspunkt før jaktstarten. Heller ikkje jaktstarten  vart eit toppløp, men med brukbar innsats både i løpa og på standplass tok Tarjei inn på teten. I mål var han 1 min 13 sek bak vinnaren Andreas Birnbacher frå Tyskland og dermed vart det 22. plass for Tarjei i dette løpet.

Tarjei gjekk også ankeretappen på helgas stafett. Norges lag gjekk seg tidleg ut av tetkampen og ankermann Tarjei kom til slutt inn til ein 11.plass nesten 3 min bak vinnarlaget Frankrike.



Kontiolahti 10.-12.02.2012:

Postet av Markane IL den 13. Nov 2012

Resultat frå verdscupen i Kontiolahti

 Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Det vart berre start i eit renn for Tarjei Bø under helgas verdscup i skiskyting. På fredagens sprint gjekk det gale både på standplass og i løypa. Plasseringa vart dermed ikkje betre enn nr 59. Dermed valde Tarjei å stå over laurdagens jaktstart. Han var heller ikkje med på søndagens stafett.

Vi satsar sjølvsagt på at Tarjei er tilbake i godt slag når VM i Ruhpolding startar om knappe tre veker!



.

Postet av Markane IL den 11. Nov 2012

Terminliste langrenn 2013

Terminlista i langrenn 2012-2013 vart endeleg handsama i samband med langrennskomiteen sitt Haustmøte 6. november. Lista nedanfor gjev oversikt over renna i Sogn og Fjordane og ein del nasjonale renn. Oversikt over lokale renn (cup m.m) vert lagt ut når datoane er klare.

Terminlista kan også lastast ned i pdf.format her :

Terminliste langrenn 2013 -oppdatert 15.01.2013

Terminliste langrenn 2013 del 1


 

Terminliste del2 oppdatert 15.01.2013

 

Terminliste del 3 -oppdatert 15.01.2013

 



Sætretrimmen 2012:

Postet av Markane IL den 7. Nov 2012

God oppslutning om sesongens Sætretrim

 Vinnarar av sesongens Sætretrim. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Tre av klassevinnarane i årets Sætretrim: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Sigbjørn Fænn. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Også i år har det vore god oppslutning om sesongens Sætretrim. Totalt vart det registrert 3603 besøk på dei ni sætrane. Dette er ein auken på nesten 400 besøk i høve til i fjor. Kvart besøk gjev eit poeng i samandraget. Holesetra var også denne sesongen mest populær med i alt 1902 registrerte besøk.

 Sætretrimsesongen går frå oktober til oktober kvart år, og årets klassevinnarar fekk som vanleg utdelt Sætretrimtroll på premiefesten. Aud Gjendem Gjørven vann dameklassa med 209 poeng. Dette var også sesongens klart høgste poengsum. På andreplass i dameklassa kom Margunn Hjelmeset med 146 poeng. I herreklassa vart det mykje jamnare. Vinnar vart Sigbjørn Fænn med 152 poeng medan Per Jakob Kyrkjeeide følgde på andreplass med 146 poeng.

I klassa for jenter 13-17 år vart Anette Auflem klassevinnar med 10 poeng medan Atle Kroken vann gutar 13-17 år med 6 poeng. Syskena Simon og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vann kvar si klasse. Simon gjekk til topps i klassa for gutar 7-12 år med 30 poeng medan Oddrun vann klassa for jenter 7-12 år med 40 poeng. I dei to yngste klassane vart det siger til Adelin Slettenes Flore med 9 poeng for jenter 0-6 år medan Magnus Johan Bøe vann klassa for gutar 0-6 år med 7 poeng.

Komplett resultatliste for Sætretrimmen 2012 er lagt ut nedanfor.

 Resultatliste for Sætretrimmen 2012



.

Postet av Markane IL den 6. Nov 2012

                                        Birkebeinnerrennet logo       Logo Tverrfjelldilten

 "Tverrfjelldilten"

 

  

Tverrfjelldilten 2014 er seedingrenn til Birkebeinerrennet.Dato for rennet 15.februar 2014!

Markane IL arrangerte "Tverrfjelldilten" for første gong i 2013. Årets renn vert dermed det andre i rekkja. Rennet vert eit distanserenn for klassane frå og med 16 år.

"Tverrfjelldilten" er det einaste rennet i Sogn og Fjordane som er godkjent som seedingrenn til Birkebeinarrennet 2014.

Rennet vert 40 km lang og har både start og målgong på Ullsheim.

Rapport om ver-og føreforhold for rennet, er lagt ut nedanfor.

Løypekart 2014

 Etter vert også i år nytta ei løype med to rundar på 20 km, men løypa vert noko omlagt frå i fjor for å få meir variasjon.Det vert i år ein meir kupert trase med mindre samanhengande stigning.

Løypekart- og profil for årets løype kjem snart.

Løypekart Tverrfjelldilten 2014

Invitasjon 2014

 Innbyding til Tverrfjelldilten 2014

Påmelding 2014

Påmeldingsfristen er no ute. Det er mogleg å etterpåmelde seg fram til kl. 10.00 på renndagen. Send ein e-post til monica@termopartner.no

Ver og løyperapport:

Været på laurdag ser ut til å bli overskya med litt vind frå aust. Det er ikkje meldt nedbør og ca. 5-6 plussgrader. Det er gammal grovkorna snø. Føret er jamnt både på start og høgaste punktet. Sidan det er austavær, er snøen forholdsvis tørr sjølvom der er nokre varmegrader.

Startliste 2014:

Startliste Tverrfjelldilten 15.2.2014

Resultatliste 2014

Her vert resultata lagt ut etter rennet. For tidlegare resultat sjå under Tverrfjelldilten-->resultat i venstremenyen

 

 facebooklogo

 

 

 



Ullsheim 29.11.2012

Postet av Markane IL den 1. Nov 2012

Årsmøte i Markane IL torsdag 29. november kl.19.00

Det vert årsmøte i Markane IL torsdag 29. november kl.19.00.

Innkomande saker må meldast inn til styret seinaste torsdag 15.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til medlemmane på epost ei veke før årsmøtet.

Velkomne!



Ullsheim 01.11.2012:

Postet av Markane IL den 1. Nov 2012

Glimt frå årets premiefest.

Deltakarar i yngste klasse i cupen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Premieutdeling for klassa 8 år og yngre i cupen. Frå venstre: Karoline Almsgård (med ryggen til), Kjersti Fløtre Reed, Mari Sofi Meland, Gjertlin Kirkeeide, Selma Guddal Breivik, Katrine Svarstad Heggdal, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Heggdal.

 Årets premiefest vart helden på Ullsheim torsdag 1. november. Mange premiar vart delt ut innan ski, skiskyting, orientering og trim. Flest premiar vart det delt ut innan ski. Både deltakarane i fjorårets cup og dei som stilte opp i lagsmeisterskapa innan fri teknikk, klassisk, hopp og alpint fekk velfortente premiar. Trimgruppa delte ut trimtroll til alle klassevinnarane i Sætretrimmen 2012. Innan orientering var det premiering for nær-o-løpa samanlagt, lagsmeisterskapet samt merker til dei som har gått turorientering. Premieutdelinga vart avslutta med skiskyttargruppa som premierte deltakarane i årets lagsmeisterskap. I tillegg var det premie til alle som har hevda seg på nasjonalt nivå i løpet av sesongen.

Nedanfor er det lagt ut fleire foto frå årets premiefest. Alle foto er tekne av Sigbjørn Kirkeeide

 

Deltakarar på cuprenn. Foto: Margunn Hjelmeset

Deltakarar i klasse 8 år eller yngre: Jørgen Trøsken, Kornelia Trøsken, Inger Hjelmeset, Amanda Gjøvåg Heggestad, Olina Svarstad Heggdal og Jesper Svarstad Hole. 

Foto: Margunn Hjelmeset

 Marte Gjøvåg Heggestad

Liv Rigmor Netland og Kari Alsaker. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Premieutdeling til klasse jenter 11-12 år i årets cup: Liv Rigmor Netland (t.v) og Kari Alsaker.

Deltakarar 9-10 år i cuprenn. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Premieutdeling i klasse 9-10 år: Sigurd Fotland, Anders Svarstad Hole, Elias Dispen Lødemel, Håvard Tonning, Bertine Fløtre Reed, Hedda Garlid Hilde og Maren Hjelmeset Kirkeeide.

Klasse 11-12 år i cupen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Premieutdeling for cupen klasse 11-12 år.

Får venstre: Marius Heggdal Olsen, Vegard Lødøen Flo, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Fredrik Nesje Lindvik, Magnus Midthjell Gjørven og Oliver Kirkeeide Næss. 

Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Inger Hjelmeset.

Premiar på lagsmeisterskap. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Frå premieutdelinga i lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalom og hopp. Frå venstre: Sigurd Fotland Fænn, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Anders Svarstad Hole, Oda Svarstad Hole, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Katrine Svarstad Heggdal og Aksel Mathias Meland.

Lagsmeisterskap 11-12 år. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Premievinnarar frå lagsmeisterskap på ski.

Frå venstre: Marius Heggdal Olsen, Magnus Midthjell Gjørven, Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn.

 

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Vinnar av Sætretrimmen i klassa jenter 7-12 år: Oddrun Hjelmeset Kirkeeide 

Tre av årets trimvinnarar. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Tre av klassevinnarane i årets Sætretrim.

Frå venstre: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Sigbjørn Fænn.

Samanlagtpremiar for årets nær-o-løp. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Utdeling av samanlagtpremiar for nær-o-løp sesongen.

Frå venstre: Kristin Almsgård, Karoline Almsgård, Aslaug Thingnes Bø, Nils Heggdal med Olina Svarstad Heggdal,  Margunn Hjelmeset med Ane Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Elias Dispen Lødemel og Nikolai Dispen Lødemel.

Lagsmeisterskap i orientering. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Deltakarane i dameklassa under lagsmeisterskap i orientering. Frå venstre: Aslaug Thingnes Bø, Sissel Svarstad og Åshild Sætren Bøe.

Utdeling av turorienteringmerker. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Utdeling av turorienteringsmerker: Frå venstre: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Olina Svarstad Heggdal og Selma Guddal Breivik.

Lagsmeisterskap i skiskyting. Foto: Sigbjørn. Kirkeeide

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Anders Hole Svarstad mottek premie for deltaking i nybyrjarklassa i lagsmeisterskap skiskyting.

Premieutdeling for lagsmeisterskapet i skiskyting. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Marius Arntsen mottek premie frå Jan Egil Gjørven for deltaking i lagsmeisterskap i skiskyting.

lagsmeisterskap i skiskyting. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Premieutdeling for lagsmeisterskap i skiskyting 10-12 år. Frå venstre: Oliver Kirkeeide Næss, Oskar Guddal Breivik, Magnus Midthjell Gjørven, Sigurd Fotland Fænn, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Kari Alsaker.



Ullsheim 28.10.2012:

Postet av Markane IL den 30. Okt 2012

Flotte skiforhold på Ullsheim!

Vinterstemning på Holesetra. Foto: Hildegunn Hatledal

Vinterstemning på Holesetra. Foto. Hildegunn Hatledal

Det vart tidleg vinter og det er alt flotte forhold i sporet! Utruleg mange nytta løypene i helga då det kom skiløperar frå både nær og fjern.

Ei anna gladmelding er at løypeavtala no er sikra! Dermed er det berre å sjå fram til ein strålande skisesong i Ullsheimsområdet!

Løype i Vikadalen. Foto: Hildegunn Hatledal

Løypa i Vikadalen 28.10.2012. Foto: Hildegunn Hatledal

 

 

Løypa frå Holesetra. Foto: Hildegunn Hatledal

Løypa frå Holesetra. Foto: Hildegunn Hatledal



Flotte skiforhold på Ullsheim !

Postet av Markane IL den 27. Okt 2012

Gode treningsforhold på Ullsheim, klassisk og skøyting ! Ca. 70 cm snø. Også preppa i hovedtraceane på fjellet mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.


Stryn 20.10.2012:

Postet av Markane IL den 22. Okt 2012

Miljøsamlinga i Stryn

Miljøsamling 2012. Foto: Sogn og Fjordane skikrinsen

Foto av alle som var med på samlinga i Stryn. Bak frå venstre, Anne-Marie Roset, Veten. Daniel Hagen, Veten. Eskil Kveen, Markane IL. Erlend B. Aarnes, Stryn. Olav Egset, Olden. Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL. Jonas H.Drageset, Olden. Magnus M. Gjørven, Markane IL. Oskar Fjelldal, Eid IL. Andrine Mårstøl, Haugen. Nikolai Hunvik, Eid IL. Matias Navelsaker, Eid IL. Ivar Engeland, Haugen.

Framme frå venstre, Sigrid Flo Bødal, Stårheim. Elise Skeide Bakke, Eid IL. Jostein Haugland, Haugen. Marius Reed Hopland, Stryn.Christine Tøsse Humborstad, Stryn. Marthe Bjørhovde, Haugen. Emma Åsebø, Haugen. Henrik Hestenes, Haugen. Mathias Hagen, Veten. Ivar Ulvedal, Veten. Foto frå Sogn og Fjordane skikrins.

Knapt 100 ungdommar mellom 10 og 15 år deltok på haustens miljøsamlingar rundt om i fylket. Dei lokale arrangørane var alpingruppene i Stryn, Jølster og Sogndal. H

På samlinga i Stryn var 23 deltakarar av desse tre frå Markane IL: Eskil Kveen, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Magnus Midthjell Gjørven. Meir om årets miljøsamlingar er lagt ut på heimesida til Sogn og Fjordane skikrins.



Ullsheim 16.2.2013:

Postet av Markane IL den 17. Okt 2012

"Tverrfjelldilten" vert seedingrenn til Birkenbeinarrennet.

Ullsheim. Foto: Henning Heimlid

"Tverrfjelldilten" vert arrangert for første gong 16.februar. Rennet vert eit distanserenn utan ryggsekk for klassane frå og med 16 år.

"Tverrfjelldilten" er godkjent som seedingrenn til Birkebeinarrennet 2013, og vert dermed det einaste seedingrennet i Sogn og Fjordane.

Rennet skal vere 38 km langt og har både start og målgong på Ullsheim. Løypa vil gå frå Ullsheim, innom Veten, Hogden, Stryn skisenter og vidare utover Grendasetra før sløyfa går attende til Ullsheim frå Holsetra.

Meir detaljar om rennet vert lagt ut seinare.



Stryn 20.10.2012:

Postet av Markane IL den 13. Okt 2012

Miljøsamling 2012

Stryn alpin inviterar i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til Miljøsamling for utøvarar innan alpint, langrenn, hopp, kombinert, telemark og skiskyting for aldersgruppa 11-16 år ( f. 1997-2002).

Vi oppfordrar alle til å bli med på denne samlinga. Det vert god trening med flinke instruktørar, og det vert sosialt å møte utøvarar frå alle skigreinene

DATO: Laurdag 20. oktober kl. 10.00-1500

STAD: Oppmøte ved Strynhallen

Hugs å ta med treningskleder for både innan- og utandørs bruk.

Dei som vil melde seg på gjer det elektronisk ved å følgje denne linken her.

Påmelding innan 18.oktober!

Fleire detaljar om samlinga i det vedlagde programmet.

Invitasjon til miljøsamling 2012 Nordfjord



Naustdal 05.10.2012:

Postet av Markane IL den 10. Okt 2012

Resultat frå KM-nattorientering.

orienteringslogo

Sesongens siste krinsløp gjekk av stabelen fredag 5.oktober då Tambarskjelvar IL arrangert KM-nattorientering. Løpet gjekk frå Trollstova på Ramsdalsheia. Dessverre gjekk løpet utan deltakarar frå Markane IL, og generelt med svært få løparar på start. Berre ni løparar stilte opp for å kjempe om KM-titlane.

KM-vinnarar vart Håvard Nummedal Os i H15-16, Torbjørn Os i H17 og Torodd Os i H50. Alle frå Førde IL. Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. Med dette er krisløpa slutt for denne sesongen. Forhåpentlegvis er fleire deltakarar både frå vårt eige og andre lag tilbake på startstreken når orienteringsløpa startar opp att til våren.

For dei som framleis ønskjer å finne nokre orienteringspostar i denne sesongen står turorienteringspostane våre oppe fram til 15.oktober.

Resultatliste frå KM-natt 5.10.2012 Arrangør: Tambarskjelvar IL 



Haustsesongen 2012:

Postet av Markane IL den 10. Okt 2012

Oppstart av ski- og sirkeltrening.

Ski- og sirkeltreningar startar no oppatt!

Treningane vert i år på tysdagskveldane mellom kl 1830-2000.

 Første gong vert tysdag 16.oktober.

Både ski- og sirkeltreninga vert i år på Ullsheim.

Instruktør på skitreningane vert Kjetil Svarstad.

Både nye og tidlegare deltakarar velkomne!



Frå arkivet:

Postet av Markane IL den 6. Okt 2012

"Bodstikka"-årgong 3: 1992

Markane-logo.

Den tredje årgongen av "Bodstikka" er no lagt ut i arkivet. I alt 9 nummer av lagsbladet kom ut i 1992.

1992 vart året då Markane IL fekk sin første norgesmeister då Jan Rune Turøy tok gull i junior-NM skiskyting.

I tillegg til eit gjensyn med kva som skjedde i laget for 20 år sidan, inneheld 1992 årgongen fleire artiklar om aktiviteten i laget i åra 1939-1944.

 

Bodstikkene finn du på lenkja nedanfor. Der er også lenkje direkte frå venstremenyen. Fleire årgongar kjem etterkvart.

 Lagsbladet "Bodstikka"- årgong 3 -1992 



Ullsheim 28.-30.09.2012:

Postet av Markane IL den 2. Okt 2012

Stor oppslutning om samling på Ullsheim

Tur til Blånibba. Foto: Margunn Hjelmeset

Fjelltur var ein av aktivitetane søndag. Her er nokre deltakarar samla ved varden på Blånibba. Foto: Margunn Hjelmeset

Det var solid oppslutning om barmarkssamlinga på Ullsheim 28.-30.september. Samlinga var i regi  av Markane IL og Sogn og Fjordane skikrins og nærare 60 ungdommar deltok. Samlinga var så populær at heile 15 ungdommar som ønskte å vere med ikkje fekk plass.

På laurdag var det blant anna rulleski, skøyting, klassisk rulleski, myrfotball og bading i Strynehallen, medan søndag var det fire grupper som var på fjelltur. Landslagstrenarane Roar Hjelmeset og Sjur Ole Svarstad var hovudtrenarar.

For dei som ønskjer å lese meir om samlinga er her også lagt ut artiklar og fotoseriar frå helga både på heimesida til Sogn og Fjordane skikrins og NRK Sogn og Fjordane.

 Alle deltakarane på samlinga. Foto: Inge Fænn

Alle deltakarane på helgas samling. Foto: Inge Fænn

Fleire foto er lagt ut nedanfor.

 

Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Landslagstrenarane Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset var hovudtrenarar på samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Foto: Margunn Hjelmeset

I gong med treninga. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel M. Meland Foto: Margunn Hjelmeset

Klare til rulleskitrening. Til venstre: Aksel M. Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Roar Hjelmeset på rulleski saman med ein del av deltakarane. Foto: Margunn Hjelmeset

Roar Hjelmeset instruerer ivrige rulleskiløparar. Foto: Margunn Hjelmeset

Sjur Ole Svarstad og Johnny Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Sjur Ole Svarstad og Johnny Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Foto: Margunn Hjelmeset

Lunchpause under samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Matpause. Foto: Margunn Hjelmeset

Samla til matpause. Foto: Margunn Hjelmeset

Foto: Margunn Hjelmeset

Tre av deltakarane på samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset

Pause i samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset

Fire gutar har ein liten pause under samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik frå Markane IL (t.v) var ein av dei lokale deltakarane. Foto: Margunn Hjelmeset

Foto: Margunn Hjelmeset

Ein god gjeng samla til matpause. Foto: Margunn Hjelmeset

På fjelltur. Foto: Margunn Hjelmeset

Søndag var det klart for fjelltur. Foto: Margunn Hjelmeset

Ein rast på fjellturen. Foto: Margunn Hjelmeset

I midten Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn på fjelltur. Foto: Margunn Hjelmeset

På Gulekoppen. Foto: Inge Fænn

Den eldste gruppa har nådd toppen av Gulekoppen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Alle deltakarane på samlinga. Foto: Inge Fænn

Alle deltakarane og trenarane samla. Foto: Inge Fænn



Fredrikstad 13.10.2012

Postet av Markane IL den 29. Sep 2012

Invitasjon til o-løpet "Blodslitet"

orienteringslogo

Fredrikstad SK arrangerer for 45. gong o-løpet "Blodslitet" laurdag 13. oktober. Løpet er avslutninga på årets  Norgescup for senior og junior, samt World Ranking Event. Løpet vert arrangert nord i Fredrikstadmarka

Dersom nokon ønskjer å delta på sesongavslutninga, kan dei melde seg på via Eventor innan 2.oktober. Det er også ope for etterpåmelding fram til 9.oktober ved betaling av etterpåmeldingsavgift. Heile invitasjonen er lagt ut nedanfor.

Det er også meir om løpet på arrangørens heimeside.

Årets O-galla 2012 vert arrangert i Sarpsborg i samband med løpet. Storsamlingane skal i år arrangerast regionsvis. Meir om dette kjem seinare

Innbyding til o-løpet Blodslitet 13.10.2012. Arrangør: Fredrikstad SK



Ullsheim 28.-30.09.2012:

Postet av Markane IL den 27. Sep 2012

Klart for langrennssamling på Ullsheim

 Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset.

Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset. Foto frå Sogn og Fjordane skikrins

Til helga er det klart for langrennssamling på Ullsheim med landslagstrenarane Roar Hjelmeset og Sjur Ole Svarstad i spissen. I tillegg kjem Yngve Thorsen, Eivind Skår og fleire lokale trenarar frå Markane IL.

Program for helgas samling er lagt ut nedanfor. Det same er lista over dei 50 påmelde ungdommane. I tillegg til dei 50 som skal vere med på heile samlinga vert det nokre fleire lokale løparar med på dagtid.

Sjå også Sogn og Fjordane skikrins si heimeside for meir informasjon.

Program for samling på Ullsheim 28.-30.09.2012

Påmelde til samling på Ullsheim 28.-30.09.2012

 



Naustdal 05.10.2012:

Postet av Markane IL den 26. Sep 2012

Invitasjon til KM-nattorientering

orienteringslogo

Tambarskjelvar IL inviterer til KM-nattorientering fredag 5.oktober.

Samlingsplass vert parkeringsplassen på Ramsdalsheia som er på vestsida av tunellen ved Trollstova. ( Gamle vegen frå Naustdal til Florø. Tunellen er open for gjennomkøyring)

Start frå kl 1900.

Det er 200m å gå frå samlingsplass. Kartet som skal nyttast er over Ramsdalsheia og løpet går i lettløpt fjellterreng

LØYPER OG KLASSAR: A-løype 5km: H17, A-løype 3 km H50 og D17 , A-løype 1.8 km: H15-16, D 15-16, D 50  og open, C-løype 1,1km:  D13-14, H 13-14 ( par)( ikkje KM-klasse)

PÅMELDING: til  Norvald Ospehaug på epost nor-ospe@frisurf.no eller tlf 95 23 20 94 seinast 4.oktober. Hugs å oppgje namn og brikkenr!

Det er mogleg med etterpåmelding inntil ein time før start.

PÅMELDINGSAVGIFT:  Løparar t.o.m. 16 år: kr 80,- + kr 15 ved etterpåmelding. Løparar f.o.m. 16 år: kr 130,- + kr 30 ved etterpåmelding

Fleire detaljar er å finne i invitasjonen!

Innbyding til KM-natt 5.10.2012 Arrangør Tambarskjelvar IL



.

Postet av Markane IL den 23. Sep 2012

Jarle Midthjell Gjørven invitert med på juniorlandslagsamling

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Nordfjord Team

 

På bakgrunn av den flotte innsatsen under NM-rulleskiskyting forrige helg med ein gull og ein sølvmedalje er Jarle Midthjell Gjørven invitert med juniorlandslaget til samling i Torsby og Sverige 12.-18.oktober.  

I tillegg til Jarle er også den doble bronsevinnaren Håkon Svaland frå Birkenes IL invitert med som hospitant på samlinga.



Basaren 23.9.2012:

Postet av Markane IL den 23. Sep 2012

Godt resultat på idrettslagsbasaren.

Trekningsliste utlagt nedanfor!

Ungdomshuset Skogstjerna. Foto: MUL

Årets idrettslagsbasar vart også i år helden i ungdomshuset "Skogstjerna".  Sjølv om det skjedde mykje i vårt nærområde denne helga, kom om lag 80 personar innom. Totalt kom det inn i overkant av 44 000kr. Eit flott resultat!

Markane IL nyttar høvet til å takke alle som har bidrege til basaren: næringslivet og private som har stilt opp med fine gevinstar både til åresal og loddbøker, dei som har seld lodd, funksjonærane og alle andre som har bidrege.

I løpet av tre timar gjekk 105 gevinstar ut på årer. I tillegg var det trekning av 36 flotte gevinstar på loddbøkene.

Fullstendig trekningsliste for loddbøkene er lagt ut nedanfor.

Loddbok nr 1:

Gevinst 1: Busstur t/r Stryn-Oslo

Gjeve av:Nettbuss Stryn

Vunne på lodd nr: 1155

Namn: Fam. Ingvald Løvlid

---------------------------------------

Gevinst 2: Gåvekort Ricco Vero kr 500

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 367

Namn: Anders Rustøen

----------------------------------------

Gevinst 3: Moods of Norway skinnhanskar og lommebok

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 1315

Namn: Per Øen

----------------------------------------

Gevinst 4: Gåvekort kr 300

Gjeve av: Con Vita

Vunne på lodd nr: 1245

Namn: Randi og Knut Bøe

---------------------------------------

Gevinst 5: Assorterte handkle

Gjeve av: Coop Hornindal

Vunne på lodd nr: 1106

Namn: Fam. Nils Olav Myrvang

----------------------------------------

Gevinst 6: Pæreskinke

Gjeve av: Nordfjord Kjøtt

Vunne på lodd nr: 1293

Namn: Eldbjørg Hatledal

------------------------------------------

Loddbok nr 2

Gevinst 1: Gåvekort Ricco Vero kr 500

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 130

Namn: Ingrid Gjerde

------------------------------------------

Gevinst 2: Saccosekk

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 624

Namn: Kamilla Brunvoll Hansen

------------------------------------------

Gevinst 3: Kolonial/fruktkorg -verdi kr 300

Gjeve av: Spar Grodås

Vunne på lodd nr: 616

Namn: Grim og Andrine Nygård

-------------------------------------------

Gevinst 4: Moods of Norway strikkejakke og skinnhanskar

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 76

Namn: Ingebrikt Fænn

------------------------------------------

Gevinst 5: Høyang Polaris pannesett verdi kr 1000

Gjeve av: Arvid Hatledal AS

Vunne på lodd nr: 1236

Namn: Sander Månum Tranum

-------------------------------------------

Gevinst 6: Hovudlykt

Gjeve av: Firma Kåre Bøe

Vunne på lodd nr: 524

Namn: Fam. Margunn Hjelmeset

------------------------------------------

Loddbok nr 3

Gevinst 1: Gåvekort frå Ricco Vero kr 500

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr:631

Namn: Karin Rustøen

-------------------------------------------

Gevinst 2: Fiskestang

Gjeve av: Tussa nett

Vunne på lodd nr: 1033

Namn: Sonja Holmøy-Wang

-------------------------------------------

Gevinst 3: Moods of Norway skinnhanskar og lommebok

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 566

Namn: Ingrid Myrhaug

-------------------------------------------

Gevinst 4: Hundefôr og stormkjøkken

Gjeve av: Felleskjøpet og Grodås Servicesenter

Vunne på lodd nr: 1124

Namn: Mary Angelshaug og jentene

--------------------------------------------

Gevinst 5: Bagasjevekt

Gjeve av: Privat

Vunne på lodd nr: 587

Namn: Oddbjørg Kroken d.e

---------------------------------------------

Gevinst 6: Gåvekort hjå Sport1 kr 500

Gjeve av: Pretre AS

Vunne på lodd nr: 466

Namn: Gunn Skrede

----------------------------------------------

Loddbok nr. 4

Gevinst 1: Skogstad sportsjakke

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 1337

Namn: Rolf Fure, Hjelledalen

----------------------------------------------

Gevinst 2: Gåvekort frå Ricco Vero kr 500

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 375

Namn: Ingvild Hatledal

----------------------------------------------

Gevinst 3: Gåvekort kr 200/Hårfønar

Gjeve av: Randis frisør/Sax frisør

Vunne på lodd nr: 1344

Namn: Kristin Loen Hool

----------------------------------------------

Gevinst 4: Reisetoalettveske og gåvekort kr 200

Gjeve av: Kr. A. Vik og Eikenæs klær og sko

Vunne på lodd nr: 194

Namn: Oliver og Alberte Næss

-----------------------------------------------

Gevinst 5: 2 stk sengesett

Gjeve av: privat

Vunne på lodd nr: 132

Namn: Fam. John Roger Meland

------------------------------------------------

Gevinst 6: Gåvekort på Bunnpris kr 500

Gjeve av: Fjordingen

Vunne på lodd nr: 1304

Namn: Astrid og Ivar Kyrkjeeide

-------------------------------------------------

Loddbok nr. 5

Gevinst 1: EU-kontroll verdi kr 600

Gjeve av: Toyota Nordfjord

Vunne på lodd nr: 175

Namn: Håkon Holen

------------------------------------------------

Gevinst 2: Saccosekk

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 341

Namn: Nils Elling Myrhaug

-------------------------------------------------

Gevinst 3: Gåvekort frå Ricco Vero kr 500

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 3

Namn: Bodil Dybevold

-------------------------------------------------

Gevinst 4: Moods of Norway fleecejakke og lommebok

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 142

Namn: Aslaug Håøy Nygård og Odd Nygård

--------------------------------------------------

Gevinst 5: Gåvekort på Con Vita kr 500

Gjeve av: Termo Partner AS

Vunne på lodd nr: 1185

Namn: Jon Kjøs

---------------------------------------------------

Gevinst 6: Ellipsebord verdi kr 2500

Gjeve av: Ekornes

Vunne på lodd nr: 1251

Namn: Grete Hatledal

---------------------------------------------------

Loddbok nr 6

Gevinst 1: Gåvekort frå Ricco Vero kr 500

Gjeve av: MIL

Vunne på lodd nr: 1012

Namn: Fam. Jan Solvik

-----------------------------------------------------

Gevinst 2: Leselampe verdi ca kr 500

Gjeve av: Øvreberg Installasjonsforretning

Vunne på lodd nr: 150

Namn: Maria Hammer, Stryn

------------------------------------------------------

Gevinst 3: Hovudlykt og øks

Gjeve av: Privat og Byggmix Hornindal

Vunne på lodd nr: 239

Namn: Jakob Bø jr., Stryn

------------------------------------------------------

Gevinst 4: Søndagslunsj for 2 personar

Gjeve av: Hotel Alexandra

Vunne på lodd nr: 1029

Namn: Laila Lødemel, Jutedalen

-------------------------------------------------------

Gevinst 5: Biljekk

Gjeve av: Stryn Mek. Verkstad

Vunne på lodd nr: 144

Namn: Maria Hammer, Stryn

-------------------------------------------------------

Gevinst 6: Gåvekort hjå Sport1 kr 500

Gjeve av: Pretre AS

Vunne på lodd nr: 115

Namn: Lilly Tenden, Stryn

-------------------------------------------------------

Vi gratulerer alle vinnarane!



Oppstart av haustsesongen:

Postet av Markane IL den 16. Sep 2012

Markane-badinga

Også denne sesongen vert måndagen fast badedag for Markane IL i Stryn symjehall.
Første gong vert: måndag 17.september kl. 19.00-20.00

Eigenandelen for sesongen 2012/2013: Born kr.100,- Vaksne kr.150,- Familie kr.250,-

 
Alle medlemmar velkomne!

 



Kviven 15.09.2012:

Postet av Markane IL den 16. Sep 2012

God deltaking i Kvivsvegløpet/Kvivsvegrullen/Kvivsvegrittet

Magnus Arntsen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (2011)I alt 109 deltakarar stilte opp med sykkel, rulleski eller i løp når Kvivsvegløpet/rittet/rullen vart arrangert helga før Kvivsvegen opnar.

Markane IL hadde sju deltakarar på start. Fem deltok i rulleskirennet, ein deltok i løpet og ein i sykkelrittet. Best plassering vart det på Magnus Arntsen (foto) som kom på ein flott 3.plass i gutteklassa i rulleskirennet (16 år eller yngre). Han fullførte den 8.45 km lange løypa på 23 min 29 sek. I same klassa vart Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 10 med tida 26 min 51sek tett følgd av Grunde Breidablik på 11.plass med 26 min 55 sek. Aksel Mathias Meland kom på 12.plass med 27 min 31 sek medan Oskar Guddal Breivik vart nummer 16 og kom vel i mål på tida 30 min 6 sek Klassevinnar vart Ivar Hustadnes Muren frå Volda IL med 21 min 29 sek.

I løpsklassa for gutar vart Sigurd Fotland Fænn nummer seks med 16 min 27 sekund. Klassevinnar her vart Rasmus Haugen frå Hornindal IL på 13min 13 sek.

Herreklassa (17 år og oppover) i sykkelrittet var løpets desidert største med 41 deltakarar. Vinnar vart Martin Notøy Nevland frå Nesset ck elite som fullførte på 55 min 42 sek. Markane IL sin deltakar Rikard Bøe kom inn til ein 34.plass med tida 1t 20 min 52 sek.

Sjå elles vedlagt resultatliste for øvrige plasseringar.

Resultatliste frå Kvivsvegløpet-Kvivsvegrittet-Kvivsvegrullen 1592012

 



Holmenkollen 16.9.2012

Postet av Markane IL den 16. Sep 2012

  NM-gull til Johan Eirik Meland på jaktstarten i rulleskiskyting!

 -Sølv til Jarle Midthjell Gjørven

Johan Eirik Meland tok gull i klasse M19 under jaktstarten i NM rulleskiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Også i dag vart det gull til ein utøvar frå Markane IL under NM rulleskiskyting i Holmenkollen. Johan Eirik Meland gjekk ein strålande jaktstart og vart norgesmeister på distansen i klasse M19. Johan Eirik starta som nr 3, men med berre tre bom i løpet av dei fire skytingane gjekk han seg fram i teten. I mål var han 37sek føre sølvvinnar Simon Ågestad Kalkenberg. Aslak Nenseter tok bronsen.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk først ut på jaktstarten for klasse M20/21 etter sigeren i går. Også i dag vart det eit godt løp med totalt fire bom på dei fire skytingane. Vegard Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal IL fekk også fire bom. Han var svært rask i løypa og sikra seg gullet. Jarle spurtslo Håkon Svaland frå Birkenes IL/SVG og sikra seg sølvmedaljen med ein tidels margin. Tidsdifferansen opp til vinnaren var på 1.29,7.

Johannes Thingnes Bø kom også i dag på sjuandeplass i klassa for menn senior. Differansen var på 4 min 16 opp til vinnaren, men det var berre 12 sekund opp til femteplassen. Ole Einar Bjørndalen vann også i dag suverent heile 2 min 30 føre Lars Berger.

I klassa for M17 kom Georg Kristian Halsteinslid på 46.plass. NM-vinnar vart som i går Sindre Pettersen.

Team Statkraft Nordfjord fekk også ein løpar på pallen i klasse M18 der Isak Flo Bødal frå Stårheim IL også i dag sikra seg sølvmedalje.

Resultatlistene for klassar med deltakarar frå Markane IL er lagt ut nedanfor. Sjå elles arrangørens heimeside for fleire resultat og foto frå helgas NM.

Johan Eirik Meland, Jarle Midthjell Gjørven og Isak Flo Bødal. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tre glade medaljevinnarar frå Team Statkraft Nordfjord. Frå venstre: Johan Eirik Meland frå Markane IL, Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL og Isak Flo Bødal frå Stårheim IL. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Resultatliste frå NM rulleskiskyting i jaktstart M17 Dato 16.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting jaktstart M19 Dato 16.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting jaktstart M20/21 Dato 16.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting jaktstart menn senior Dato 16.9.2012



Holmenkollen 15.9.2012:

Postet av Markane IL den 15. Sep 2012

NM-gull i rulleskiskyting til Jarle Midthjell Gjørven!

-Bronsemedalje til Johan Eirik Meland

Jarle Midthjell Gjørven tok NM-gull i rulleskiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven vann gull på sprinten under NM-rulleskiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Jarle Midthjell Gjørven tok gull i klasse M20/21 under dagens sprint i NM-rulleskiskyting. Med to feilfrie skytingar og god fart i løypa vann han med 15,1 sekund ned til sølvmedaljør Vegard Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal IL. Bronsen gjekk til Håkon Svaland frå Birkenes IL/SVG som var 26,1 sekund bak Jarle i mål.

Også Johan Eirik Meland sikra seg medalje på dagens sprint. Sjølv om det vart ein bom på kvar av skytingane, vart det til ein flott bronsemedalje i klasse M19 berre 31,3 sekund bak vinnaren av klassa Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL. Sølvet gjekk til Aslak Nenseter frå Bø IL/ SVG som var 3,1 sekund bak vinnaren. Begge desse hadde ein bom kvar.

I seniorklassa vart det sjuandeplass til Johannes Thingnes Bø. Med ein bom på kvar av skytingane var Johannes 2 min 8 sek bak Ole Einar Bjørndalen.  Ole Einar feilfri skaut feilfritt og vann med over eit minutt differanse ned til Lars Berger på sølvplass. Vetle Sjåstad Christiansen sikra seg bronsen.

Markane IL hadde også ein deltakar i M17, Georg Kristian Halsteinslid som kom på 46.plass. Sindre Pettersen frå Nittedal IL vart gullvinnar i denne klassa.

Resultatlistene for klassene med deltakarar frå Markane IL er lagt ut nedanfor og i arkivet. For øvrige klassar og meir frå NM rulleskiskyting 2012 viser vi til arrangørens heimeside.

Johan Eirik Meland tok bronse i M19 under NM rulleskiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Johan Eirik Meland tok bronsemedalje i M19 under NM rulleskiskyting 2012. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Resultatliste NM rulleskiskyting menn senior Dato: 15.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting klasse M20/21 Dato: 15.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting klasse M19 Dato: 15.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting klasse M17 Dato: 15.9.2012

 

 



Skogstjerna 23.09.2012:

Postet av Markane IL den 11. Sep 2012

 BASAR

Den årlege idrettslagsbasaren blir

søndag 23.september i Skogstjerna frå kl.15.00

Loddsal - åresal

Enkel, gratis servering

Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot.

Vi vil gjerne vite om desse på førehand,

 særleg gevinstar til loddbøkene.

Ring på tlf. 97 07 66 95 til  Eldbjørg

Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i

Skogstjerna 23. september.

Venleg helsing

Styret i Markane Idrettslag



Sandane 09.09.2012:

Postet av Markane IL den 10. Sep 2012

Resultat frå Regionsleikane 2012

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (foto frå premiefesten 2011)Om lag 60 deltakarar i alderen 8-12 år var samla til årets Regionsleikar på Sandane. Deltakarane konkurrert i 60 meter, lengde og kast av liten ball og alle vart belønna med medaljar for innsatsen.

Markane IL var representert med tre deltakarar. I klassa for J8 deltok Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og oppnådde på 12,6s på 60m, 2,19m i lengde og 9,39m i liten ball. Maren Hjelmeset Kirkeeide (foto) var med i J9 og oppnådde 11,0s på 60m, 2,86m i lengde og 13,74m i kast av liten ball. Simon Hjelmeset Kirkeeide var med i lengde og kast av liten ball i klasse G12 med resultata 2,90m i lengde og 34,10m i liten ball.

På resultatlista er det også fleire lokale namn som denne gongen stilte opp for andre idrettslag. Resultata til alle dei unge lovande friidrettsutøvarane finn du i resultatlista for årets Regionsleikar nedanfor.

Resultatliste frå Regionsleikane 9.9.2012. Arrangør Fjellhug/Vereide IL



Olden 08.09.2012

Postet av Markane IL den 10. Sep 2012

Skarsteinsetra opp 2012

Kåre Bøe. Foto: Inge Fænn, 2005I alt 26 syklistar og 11 løparar stilte opp då årets Skarsteinsetra opp vart avvikla i ruskete vêr laurdag 8.september. I tillegg fullførte rundt  80 trimmarar det 4,6km løpet/rittet.

Det vart sett tre løyperekordar i årets løp. Erlend Eide frå Eidsfossen sykkel vann og sette ny rekord i sykkelklassa for herrar med tida 19min 10s. Janne Bruhn-Henriksen sette ny rekord i sykkelklassa for damer med 25,54. Også Helge Hafsås sette ny rekord i herreklassa i løpet med tida 22min 40s.

Markane IL hadde ein deltakar med i konkurranseklassane. Kåre Bøe (foto) deltok i sykkelklassa for M 40-49 og kom i mål til ein fin fjerdeplass med tida 26min 10s. Klassa vart vunnen av Helge Roska frå Eidsfossen sykkel på 22min 36s.

Komplette resultatliste for konkurranseklassane er lagt ut nedanfor.

Resultatliste frå Skarsteinsetra opp 8.9.2012 Arrangør: Olden IL



Olden 08.09.2012

Postet av Markane IL den 6. Sep 2012

Invitasjon til Skarsteinsetra opp 2012

Skarsteinsetra opp 2012

Laurdag 8. september arrangerer Olden IL årets Skarsteinsetra opp. Løpet er eit 4,6 km langt motbakkeløp/sykkelritt frå Olden sentrum til Skarsteinsetra med 400 m høgdeskilnad.

Løpsklasser, sykkelklasser og trimklasse!

Start trimklasse mellom kl. 1100-1300. Påmelding ved start.

Startavgift: kr  50 pr person. Familie kr. 100,-

 Start konkurranseklasser løp og sykkel kl 14.00.

Hugs å gje opp klasse/fødselsår og om påmeldinga gjeld løp eller sykkel.

Startavgift i konkurranseklassane er kr 200. Ved etterpåmelding på løpsdagen vert startkontingenten kr 300.

Påmelding konkurranseklasser seinast fredag 7/9 til hans.petter.galtung@sfj.no.

Det vert deltakarmedalje til alle. I tillegg blir det også uttrekkspremiar.

Løyperekordar vert premiert med kr. 2000,-

 Sal av grillmat på Skarsteinsetra.

Vel møtt!

--------------------------------------------------

  Vereide 08.09.2012:

"Nordstrandløpet"

Sesongens siste løp i Nordfjordkarusellen vert arrangert laurdag 8.september. Nordstrandløpet er 7km langt og har start og mål på Nordfjord Folkehøgskule. Arrangør er Fjellhug/Vereide IL.

Trimmarane startar frå kl.1500, medan konkurranseløparane startar kl. 1600.

Klasseinndeling: 12-15, 16-18, 19-22, 23-34, og vidare vanleg veteranklasseinndeling.

Startpengar: Trimklasse kr. 50,-, born kr. 30,-, og konkurranseklassane kr. 100,-. Påmelding ein time før start.

Dette er siste løpet i Nordfjordkarusellen i år, og dermed vert det også utdeling av samanlagtpremiar.

Sjå også Nordfjordkarusellens heimeside.

 

 



Eid 30.08.2012:

Postet av Markane IL den 6. Sep 2012

Markanedominans i sesongens siste nær-o-løp!

Vigdis Sætren. Foto: Heidi Bakke, 2008

Vigdis Sætren vann lengste distansen i sesongens siste nær-o-løp. Foto : Heidi Lise Bakke, 2008.

 Markane IL var godt representert på sesongens siste nær-o-løp. Ni av dei tretten løparane som var i aksjon på Vårsætra 30.august var markarar. Vigdis Sætren vann den lengste løypa med Markus Træen på andreplass. Også i den kortaste løypa var det ein markaneløpar som stakk av med sigeren, nemleg Grete Zachariassen.

Komplett resultatliste for løp nr 9 er lagt ut nedanfor. Det er også samanlagtlista for sesongen. I alt 83 løparar deltok på eit eller fleire av sesongens løp, og av desse stilte 33 for Markane IL. Heile 15 av desse deltok på minst fem løp og kan dermed sjå fram til premie på årets premiefest.

Resultatliste frå o-løp nr 9 Arrangør Eid OL Dato 30.08.2012

Samanlagtliste nær-o-løp sesongen 2012



Skei 21.-23.09.2012:

Postet av Markane IL den 5. Sep 2012

Leiarkurs for ungdom 15-19 år.

Særkrinsane og idrettskrinsen i Sogn og Fjordane inviterer også i år til leiarkurs for ungdom mellom 15 og 19 år.

Tid: fredag 21.september kl.1700-søndag 23.september kl.1500

Stad: Skei hotell i Jølster

Målgruppe for kurset: 

Engasjert ungdom mellom 15 og 19 årsom kan tenkje seg styre- , trenar- eller andre leiaroppgåver i idretten. Krevs ingen førkunnskapar.

Leiarkurs for ungdom gir innsyn i lagsarbeidet og relevantkompetanse til å delta aktivt i avgjerdsprosessar.

Innhald: Kurset er prega av aktivitet, involvering og action med emner som: teambuilding, sjølvtillit, leiing og leiarrollen, ungdom i sentrum, idrettens organisasjon, arbeids- og endringsverktøy, kommunikasjon, retorikk og m.a. rafting på Jølstra.

Forelesarar/ressurspersonar:

Martin Uthaug, kurslærarar NIF 

 Ann Kristin Grodås, idrettskrinsstyret

Påmelding pr. e-post til: Sogn og Fjordane Idrettskrins, Boks 221, 6801 Førde på e-postadresse: ingar.breilid@idrettsforbundet.no

Påmeldinga må innehalde namn og e-postadresse på deltakar og sendast innan 7. september 2012.

Praktisk info/kursavgift

Kursopphald på Skei Hotell med undervisning, overnatting to døgn opphald inkl. alle måltider og aktivitet med rafting til ein pris pr. deltakar på kr. 1250,-.

Kostnader for laga/deltakarane blir reiseutgifter. Kursavgift blir fakturert laga i etterkant.

Sjå også vedlagt invitasjon for detaljar.

Leiarkurs for ungdom 15-19år på Skei 21.-23.09.2012

 

 



Naustdal 02.09.2012:

Postet av Markane IL den 3. Sep 2012

Dag Arne Eide klassevinnar i årets "Haustbløyta"

orienteringslogo

Orienteringsløpet "Haustbløyta" levde opp til namnet sitt dette året. Skodde og striregn gjorde nok sitt til at berre 15 deltakarar stilte opp. Markane IL hadde ein deltakar til start, Dag Arne Eide som gjekk til topps i klasse H55.

Øvrige klasse vinnarar: D13-14: Malene Berle frå Fj/Vereide IL, D15-16: Oda Eide frå Fj/Vereide IL, H 10-12: Mardon Solheim Erland frå Førde IL, H19: Torbjørn Os frå Førde IL, H45: Vidar Eide frå Fj/Vereide IL og H-open: Jan Herstad frå Tambarskjelvar IL.

Komplett resultatliste for årets "Haustbløyta" er lagt ut nedanfor.

Resultatliste frå Haustbløyta 02.09.2012



Hopland 02.09.2012:

Postet av Markane IL den 3. Sep 2012

God innsats av unge markaneløparar i Kleiva opp!

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Meland. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (frå premiefesten 2011)

Årets Kleiva opp sette ny deltakarrekord med 103 deltakarar. Av desse stilte 40 opp i konkurransen enten på sykkel eller løp. Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel M. Meland deltok i klassa for gutar 12-13 år og gjorde det svært bra med høvesvis andre- og tredjeplass. Eirik Rauset vart klassevinnar.

I klassa for herrar 16-19 år kom Grunde Breidablik på andreplass. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL vann både klassa og løpet totalsett med tida 31min 50s. I dameklassane vart Merete Helgheim også i år vinnaren med tida 39min 17s.

I sykkelklassa vart det siger og ny løyperekord til Øystein Kristiansen frå IL Veten på 28min 31s. Dameklassa vart vunnen av Janne Kreuter Bruhn-Henriksen på tida 38min 14s som også er ny rekord.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. Sjå elles arrangørens heimeside.

Resultatliste frå Kleiva opp 02.09.2012. Arrangør Hardbagg IL

 



Sogndal 25.-26.08.2012:

Postet av Markane IL den 31. Aug 2012

Resultat frå KM mellom- og langdistanse i orientering.

orienteringslogo

KM orientering mellom- og langdistanse vart arrangert i Sogndal 25. og 26. august. Deltakartalet var nokså moderat med høvesvis 22 og 13 løparar på startstrek. Dessverre var det ingen orienterarar får Markane IL på startstreken denne gongen.

På mellomdistansen gjekk KM-titlane i D17 til Anna Karin Clarin frå Sogndal IL og i H17 til Robert Tellvik også frå Sogndal IL. Anders Bergset frå IL Veten kom her på  andreplass. Elias Bergset frå IL Veten vann H10-12.

På langdistansen vart det siger til Anne Marie Aas, Sogndal IL i D19 og til Asbjørn Klakegg Forland, Breimsbygda IL i H19. Dei som interesserte i øvrige resultat finn desse i resultatlistene nedanfor.

Neste krinsløp er "Haustbløyta" søndag 2.september. Då forhåpentleg vis også med løparar frå Markane på startstreken.

Resultatliste KM mellomdistanse Sogndal 25.08.2012

Resultatliste KM langdistanse Sogndal 26.08.2012



Hopland 02.09.2012:

Postet av Markane IL den 29. Aug 2012

Invitasjon til Kleiva opp 2012

Kleiva opp. Foto: Hardbagg IL

Hardbagg IL inviterer til Kleiva opp søndag 2.september. Løpet vert arrangert for 21. gong.

Løpet går frå kaia på Hopland,  opp heile Randabygda og har målgong på Nosakleiva, 7 km og 600 høgdemeter lenger oppe.

Løpsklassa: Start kl.1400. Pengepremiar på 3000kr-1500kr-1000kr til dei tre beste tidene både i dame- og herreklassa. I tillegg kjem 2000kr ved ein eventuell løyperekord.

Dei under 16 år og mosjonsklasse på tid startar ved skulen. Her frå er det 4km i mål og ei stigning på 350 meter.

Vanleg klasseinndeling. Mosjonsklassa startar frå kl. 1200.

Sykkelklassa: Start kl. 1400. 7 km sykling, terrengsykkel.

Påmelding til torstein.tvinnereim@sfj.no innan 1.september!

Startkontingent:

Konkurranse: 150kr for vaksne og 100kr for unge under  16år.

Mosjon: 100kr for vaksne og 50kr for born.

Invitasjon til Kleiva opp 2012.

Sjå elles Hardbagg IL si heimeside.

---------------------------------------------------------------

   Langedalsbru 02.09.2012:

Invitasjon til "Over Brekka"

Søndag 2.september inviterer Haugen IL til det nest siste løpet i årets Nordfjordkarusell. Løpet er 7,6 km langt og går frå Langedalsbru til Harpefossen.

Starttid: kl. 1330

Påmelding  ved start!

Klasseinndeling: A) J/G 13-16 år, K/M 17-29 år, K/M 30-39 år, K/M 40-49 år, K/M 50-59 år, K/M 60-69 år, K/M over 70 år B) Mosjonsklasse utan tidtaking

Startkontingent: konkurranse kr 80, trim kr 50 og familie kr 150.

Sjå elles Nordfjordkarusellen si heimeside!

 

 



Eid, 30.08.2012:

Postet av Markane IL den 27. Aug 2012

Eid OL arrangerer sesongens siste nær-o-løp!

 

Eid OL arrangerer sesongens niande og siste nær-o-løp torsdag 30.august.

Første start vert kl.18.00.

Startstad: Vårsætra (øvst i Myklebuståsen).

Småtroll, N-, C- og A-løyper!

 

 Dei som ikkje hugsar kor mange løp dei har vore med på hittil i sesongen, kan sjekke samanlagtlista nedanfor. Det ventar premie til alle som har vore med på minst fem av nær-o-løpa, så for dei med fire løp hittil er det ekstra viktig å stille opp på sesongavslutninga!

Samanlagtliste nær-o-løp 2012 løp nr 1-8



Naustdal 02.09.2012:

Postet av Markane IL den 25. Aug 2012

Innbyding til krinsløpet "Haustbløyta"

Søndag 2.september er det klart for krinsløpet "Haustbløyta". Arrangør er  Tambarskjelvar IL.

START: Kl. 13.00. Det er 30 min å gå frå samlingsplass til start med stigning

SAMLINGSPLASS: Merka frå FV 611 omlag 1 km vest for Naustdal Sentrum mot Stavang. Derifrå er det 3 km å køyre opp til Kringla og 200m å gå frå parkering til samlingsplass

PÅMELDING: Med namn og brikkenr seinast 29. august til Norvald Ospehaug på tlf 95232094 eller e-post: nor-ospe@frisurf.no. Etterpåmelding innan ein time før start.

PÅMELDINGSAVGIFT:

Løparar tom 16 år: kr 70,- + kr 15 ved etterpåmelding.

Løparar fom 16 år: kr 120,- + kr 30 ved etterpåmelding

PREMIERING: 45 år og eldre: premie til vinnaren

¼ premiering frå 16 år til 45 år og opne klassar.

Premie tilt alle opp til 12 år. 1/3premiering til 13-16 år .

Detaljar om klasseinndeling m.m i invitasjonen!

Innbyding til Haustbløyta 02.09.2012

 



Maurset 16.08.2012:

Postet av Markane IL den 21. Aug 2012

Nær-o-løp nr 8 på Maurset

Torsdag 16. august arrangert Markane IL nær-o-løp i Åsen på Maurset. Løpet var det åttande av dei totalt ni løpa i vårt nærområde denne sesongen. Løpet var også lagsmeisterskap for Markane IL.  Stor takk til Per Ove Kjøs for verdens finaste arena.Løypeleggar var Per Øen. Åshild Sætren Bøe hadde ansvaret for Småtroll-løypa, og Jon Kjøs var medhjelpar under arrangementet.

Dessverre var ein av postane på lengste løypa feil. Derfor er det berre teke med berre deltakarane, ikkje tider i resultatlista for denne klassa. I alt 27 løparar deltok på løpet, og ein del av dei yngste fullførte både småtroll-løypa og N-løypa.

Fleire foto og resulatliste frå løpet er lagt ut nedanfor. Der finn du også samanlagtlista for dei åtte første løpa.

 

I startområdet. Foto: Anne Marie Svarstad

Frida Heimlid Øiestad, Elise Heimlid Øiestad og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Anne Marie Svarstad

o-løp på Maurset. Foto: Anne Marie Svarstad 

Mange unge løparar i aksjon. Foto: Anne Marie Svarstad

Resultatliste nær-o-løp nr 8 Dato 16.08.2012 Arrangør: Markane IL

Samanlagtliste nær-o-løp 2012 løp nr 1-8

 

 

Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Svarstad

Katrine Svarstad Heggdal ved ein av postane. Foto: Anne Marie Svarstad

Ved o-posten. Foto: Anne Marie  Svarstad

Frida Heimlid Øiestad har funne posten ved trampolina. Foto: Anne Marie Svarstad

Oda Svarstad Hole og Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Anne Marie Svarstad

Oda Svarstad Hole og Katrine Svarstad Heggdal på veg inni skogen. Foto: Anne Marie Svarstad

Registrering før start. Foto: Anne Marie Svarstad

Funksjonærar og løparar like før start. Foto: Anne Marie Svarstad

Ved posten. Foto: Anne Marie Svarstad

Ung løpar har funne ein post i skogkanten. Foto: Anne Marie Svarstad



Skåla 18.08.2012:

Postet av Markane IL den 19. Aug 2012

Fleire markaneløparar med gode resultat i "Skåla Opp"!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: John Roger Meland

Laurdag 18.august var det klart for årets "Skåla Opp". Det vart ny rekord i antal deltakarar med om lag 760 konkurranseløparar og 1020 mosjonistar. Årets vinnar vart Ahmet Aslan med ny rekordtid 1.07.06, medan skotske Angela Mudge vann kvinneklassa på 1.22.22.

Markane IL  hadde fire løparar med i konkurranseklassane. Jarle Midthjell Gjørven (foto) kom på femteplass i klassa for menn 18-19 år med tida 1.34.24. Klassa vart funnen av Anders Kampenhøy frå Furnes Skiløperforening på 1.28.07.

Sigbjørn Fænn kom på niandeplass med tida 1.29.57 i klassa for menn 40-44 år der heile 92 deltakarar stilte opp. Klassevinnar vart Jonathan Wyatt med tida 1.09.37 som helt til ein andreplass totalt sett.

I klassa for menn 45-49 år vart det ein 33.plass til Kåre Bøe med 1.48.35 medan Jan Egil Gjørven kom på 76. plass med 2.09.24. Klassevinnar her vart Kjell Mundal frå Jølser IL med 1.27.05. Også her var det soolid deltaking med heile 91 løparar som fullførte løpet.

Øvrige resultat er lagt ut nedanfor. Elles er det mykje lesestoff og foto på løpet si heimeside!

Resultatliste frå La Sportiva Skåla Opp 18.08.2012



Nordfjord fritidssenter 09.08.2012:

Postet av Markane IL den 18. Aug 2012

Resultatliste frå nær-o-løp nr 7.

orienteringslogoSesongens sjuande nær-o-løp vart arrangert av IL Veten 9.august. 39 løparar stilte til start, og av desse representerte sju Markane IL.

I den 5 km lange A-løypa for menn senior vart det fjerdeplass til Nils Heggdal og femteplass til Per Øen. Klassa vart vunnen av Isak Bergset frå IL Veten.

I A-løypa for damer gjekk sigeren til Kristin Heimlid Øiestad som her representerte IL Veten.

Markane hadde også fem unge løparar i aksjon. Elias og Nikolai Dispen Lødemel, Kristin og Karoline Almskår og Gjertlin E. Kirkeeide leverte alle god innsats i den 1,5 km lange N-løypa.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for nær-o-løp nr 7 Dato 09.08.2012 Arrangør IL Veten 

Samanlagtliste nær-o-løp sesongen 2012. Løp nr 1-7



Sogndal 25.-26.08.2012:

Postet av Markane IL den 16. Aug 2012

Innbyding til o-løp KM mellom- og langdistanse.

orienteringslogoSogndal IL inviterer til KM i mellom- og langdistanse helga 25.-26.august. Løpa har start frå skisenteret i Hodlekve og det vert merka frå rv.5.

Første start for mellomdistanseløpet: laurdag 25. august kl. 1100

Første start for langdistanseløpet: søndag 26.august kl.1100.

Kart: Hodlekve, målestokk 1: 10000.

 

Mellomdistanse KM-klassar: 3,8 km A  H17, 2,5 km A  D17, D/H15-16,D/H50. 2,4 km B  D/H 13-14.

Ikkje km-klasse: 2,2 km N-open. 2km D/H 10-12.

Langdistanse KM-klassar; 7,1 km H19. 6,2 km  D19, H17-18, H45. 4,0 km D17-18, D45, H55. 3,5km D/H15-16, D55, D/H65. 3,3km D/H 13-14.

Ikkje KM klassar: 2km N D/H 10-12. 1,3km N-open.

Påmelding til Karl Helge Albretsen, Kaupanger innen fredag 24.august på e-post: karl.helge@online.no tlf eller 41 45 23 76. Påmeldinga må innehalde navn,klasse og brikkenummer.

Påmeldingsavgift:

Løparar t.o.m. 16 år kr 65,- . Etterpåmelding kr 30,-

Løparar f.o.m. 17år kr 110,-. Etterpåmelding kr 60,-

Ingen etterpåmeldingsavgift i N-klassar.

Premiering:

Alle t.o.m. 12 år. Medaljar i KM klassar.

Andre klassar: 1/3 opptil 16 år. 1/8 frå 17 år.

Innbyding til KM mellom- og langdistanse i Sogndal 25.-26.08.2012



Kviven 15.09.2012

Postet av Markane IL den 13. Aug 2012

Innbyding til Kvivsvegløpet/Kvivsvegrittet/Kvivsvegrullen 15.09.2012

Hornindal/ Kalvatn/ Bjørke

Hornindal Idrettslag v/friidrettsgruppa inviterer til ulike idrettskonkurransar ei veke før den offisielle opninga av nye E39, Kvivsvegen. Det vert konkurransar i både sykling, løp og rulleski. Alle konkurransar vil gå gjennom Kvivstunnelen. Første start kl. 10.30

Klasseinndeling: Jenter/ gutar: opp til og med 16 år (i 2012) 

Damer/ herrar: >17 år (2012)

Trimklasse: Alle årsklassar

Rullski: Løpslengde 8.45 km. Klasse for damer/herre, jenter/gutar og trim. Start kl. 10.30 frå Kalvatn.

Landevegsløp:  8.45 km for herrer/damer. 4.2 km for jenter/gutar. Start kl. 11.00. Herre- og dameklassa startar frå Kalvatn medan jente- og guteklassa startar frå Kvivstunellen.

Temporitt sykling: 39.3 km for herrar/damer. 16.9 km for jenter/gutar og trim. Start ved Kvivsbrua. Trimkklassa startar kl. 11.00 medan første start i konkurranseklassa er kl. 1200.

Startkontingent: Vaksne ( f.o.m 17 år) kr 100,-. Born kr 50. Trimklassa: Vaksne kr 50. Born: gratis.

Påmelding: Seinast tysdag 11. september kl. 23.59 via www.minidrett.no for landevegsløp og rulleski. Påmelding til temporitt i sykkel med epost til Ståle Hatlelid: shatle@online.no

Trimklasse kan melde seg på til shatle@online.no eller i sekretariatet inntil ein time før start.

Startkontingent til kontonr: 3820.20.12768

Sjå elles invitasjonen nedanfor:

Innbyding til Kvivsvegløpet/Kvivsvegrittet/Kvivsvegrullen 15.09.2012



Maurset 16.08.2012:

Postet av Markane IL den 13. Aug 2012

Markane IL arrangerer nær-o-løp nr 8.

Markane IL arrangerer sesongens åttande nær-o-løp torsdag 16.august. Løpet er også lagsmeisterskap for Markane IL, men sjølvsagt ope for alle som vil delta.

Første start vert kl.18.00.

Startstad: Maurset.

Det vert skilta frå riksveg 15.

Småtroll, N-, C- og A-løyper!

Velkomne til nær-o-løp!




Oppstart av haustsesongen i orientering:

Postet av Markane IL den 7. Aug 2012

Nær-o-løp nr 7 torsdag 9.august

orienteringslogo

Nær-o-løpa startar opp att etter sommarpausen torsdag 9.august.

Første start vert kl.18.00.

Il Veten er arrangør av dette løpet som også er lagsmeisterskap for Veten.

Startstad: Nordfjord fritidssenter

Løyper for alle nivå!

 

Velkomne til nær-o-løp!



Frå arkivet:

Postet av Markane IL den 6. Aug 2012

"Bodstikka"-2.årgong: 1991. 

Ein ny årgong av vårt gamle lagsblad "Bodstikka" er no på plass i arkivet her på heimesida. I alt 11 nummer kom ut i løpet av 1991.

Året 1991 vart det blant anna arrangert Vital Cup på Ullsheim, skilinja vart oppretta på Stryn vidaregåande og mange deltakarar frå Markane IL oppnådde flotte resultat både sommar og vinter også denne sesongen. 

Det var også leiarskifte i laget dette året. Per Hatledal gjekk av etter mange år som leiar og vart etterfølgd av Inge Fænn.

Vi håper våre lesarar finn gjensynet med året 1991 interessant. Fleire årgongar av "Bodstikka" kjem etterkvart.

Lagsbladet "Bodstikka": Andre årgong - år 1991

 



Hornindal 28.07.2012:

Postet av Markane IL den 29. Jul 2012

Resultat frå Hornindalsvatnet maraton 2012

Helge Hafsås. Foto: Inge Asbjørn Haugen105 deltakarar stilte opp i årets Hornindalsvatnet rundt. 34 deltok i maraton, 47 i halvmaraton og 24 sprang 10 km. I tillegg var det mogleg å delta på minimaraton. Helge Hafsås frå Olden IL (foto) vann for 16.gong med tida 2.40.03. Dorte Foss frå Raufoss IL sette ny løyperekord i dameklassa med tida 3.17.53.

Berre ein løpar frå Markane IL deltok i år. Per Maurset kom på femteplass i klassa 65-69 år på halvmaratonet med tida 2.16.44. Vinnar av halvmaratonet blei Sven Nylund, Molde Olymp på tida 1.18.11. Anita Stenevik frå Florø T&IL vann dameklassa på 1.34.23.

Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor.  

Resultatliste frå Hornindalsvatnet maraton halvmaraton og 10km Dato: 28.07.2012



Breim 18.-19.08.2012:

Postet av Markane IL den 28. Jul 2012

INNBYDING TIL KM OG KRINSLEIKAR

Byrkjelo Stadion 18.-19. august.

Breimsbygda IL har med dette gleda av å invitere til KM helg på Byrkjelo i alle aldersbesteme klassar frå 13 år, samt senior og veteran.

For aldersgruppa 10-12 år vert det i same stemne Krinsleikar med deltakarpremiering.

Laurdag tek stemnet til kl. 13.00, men slegge og stav startar kl 11.00.

Søndag startar stemnet kl 12.00.

Øvingsutvalet for 10-12 åringane er:

60m, lengde,liten ball og 600meter.

Detaljert øvingsprogram for KM finn du under les heile saka. 

Fine deltakerpremie til alle!

Startpengar for krinsleikar 10-12 er kr 100,- for fritt antal øvingar.

Webpåmelding:

Påmelding via www.minidrett.no (utøvar enkeltvis) eller www.sportsadmin.no (klubbvis ved påmeldingsansvarleg)

Siste frist for påmelding onsdag 15. august kl 23.59!

Etterpåmelding mot dobbel startkontingent dersom praktisk mogeleg.

Startpengar til konto: 3710.07.00248

Kontaktperson: John Inge Sørland på epost: johnis@online.no eller tlf: 913 60 534

Tidskjema vert lagt ut på: www.sffik.no når det er klart!

Heile invitasjonen er lagt ut i pdf-format nedanfor:

Innbyding til KM og krinsleikar på Byrkjelo stadion 18.-19.08.2012

Velkommen til fine friidrettsdagar på Byrkjelo!

 

----------------------------------------------------------------

Øvingsutval KM:

Jenter 13 og 14 år

Dag 1: 60m,1500m,stav, lengde,spyd, slegge 4x 60m stafett

Dag 2: 80m hekk, 60m hekk (13 år), 600m, høgde, kule, diskos, tresteg

Gutar/jenter13-14 år: 4x60m stafett. Laga skal vere samansett slik: Samla alder ikkje over 55 år, frå klassane 13 og 14 år.

Gutar 15 og 16 år :

Dag 1:100m, 800m , høgde, tresteg, stav, slegge, spyd, kule, 4x100m stafett

Dag 2:100m hekk, lengde, 400m, 2000m(15 år), 3000m(16 år), diskos.

Gutar 17 og 18 år

Dag 1:100m, 800m, høgde, tresteg, stav, slegge, spyd,kule 4x100m stafett

Dag 2: 110m hekk, lengde, 400m, 3000m, diskos.

Jenter 15 og 16 år

Dag 1:100m, 800m, høgde, tresteg, stav, slegge, kule,spyd 4x100m stafett

Dag 2: 100 hekk, lengde, 400m, 1500m, diskos

Jenter 17 og 18 år

Dag 1: 100m, 800m, høgde, tresteg, stav, slegge, kule, spyd, 4x100m stafett.

Dag 2: 100m hekk, lengde, 400m, 1500m, diskos

Gutar/jenter 15-18 år: 4x 100m stafett. Laga skal vere samansett slik: Samla alder ikkje over 67 år, frå klassane 15, 16, 17 og 18 år.

Menn senior/veteran

Dag 1: 100m, 800m, kule,høgde,slegge, stav

Dag 2: 200m, 5000m, diskos, lengde, 1000m stafett.

Kvinner senior/veteran

Dag 1:100m, 800m, kule, høgde, slegge, stav

Dag 2:200m, 3000m, diskos, lengde, 1000m stafett.



Jølster 07.07.2012:

Postet av Markane IL den 27. Jul 2012

Resultat frå Jølster maraton 2012

Helge Hafsås. Foto: Inge Asbjørn HaugenHelge Hafsås frå Olden IL vann Jølster maraton for 13. gong med tida 2t 45min 6sek. Vinnar av dameklassa vart Solveig Midttun 3t 38min 12 sek. I tillegg til maratonklassa var det også høve til å stille opp i halvmaraton, 10 km og 5 km. I alt 307 deltakarar stilte opp på ein av distansane. Markane IL hadde ein deltakar på startstreken i halvmaratonet. Per Maurset sprang inn til ein 7. plass i klassa for menn 65-69år. Vinnar av halvmaraton for menn blei Mieza Nalic frå AKS 77. Kvinneklassa vart vunnen av Audhild Hestad frå Gaular IL.

Resultatliste for Jølster maraton 2012 er utlagt nedanfor.

Resultatliste frå Jølster maraton 07.07.2012



Sandane 09.09.2012:

Postet av Markane IL den 27. Jul 2012

REGIONSLEIKAR FOR NORDFJORD 2012

OBS:Stemnet er utsett til 9.september!!

FRIIDRETTSTEMNE FOR  GUTAR OG JENTER 8 - 12 ÅR

Tidspunkt: Søndag 9. september kl. 14.00

Stemnet går på Idrettsplassen på Sandane, i år med oppfriska raudstubbdekke.

Krinsen og arrangørlaga sin intensjon med stemnet er som tidlegare å få opp interessa for friidretten mellom dei aller yngste så vi håper mange born stiller opp!Skulle det vere 7-åringar som har lyst å vere med, er stemnet ope for desse. Dei stiller i så fall saman med 8-åringane.

STEMNEOPPLYSNINGAR:

Aldersgruppe: 8-12 år

Øvingar: 60 m, lengde og liten ball.

4 x 60 m stafett, der ein kan nytte 4 løparar innanfor aldersgruppa . Gjerne mix. lag.

Premiering: Medaljer til alle deltakarane som er med i alle tre enkelt-øvingane. Det vert også litt premiering uttrekt på startnummer.

Påmelding : E-post til  dagfinn.nyhammer@c2i.net

Det er også mogleg å melde seg på ved å sende brev til Fjellhug/Vereide IL v/Dagfinn Nyhammer, Kreklingen 4 6823 Sandaneinnan 5.september. Ikkje startkort, berre samleliste!

Startpengar: kr. 80,- pr. deltakar.

Startpengar sendast på bankgiro 3710.30.87512.

Garderobe: STIL-stova ved Stadion.

Informasjon: Dagfinn Nyhammer, tlf. 57 86 61 14 (p)

eller Birger Berge tlf. 57 86 55 73 (p)

Sjå også heimesida til Fjellhug/Vereide: www.fjellhugvereide.no

Invitasjonen er også utlagt i pdf-format nedanfor:

Innbyding til regionsleikane 09.09.2012 Arrangør: Fjellhug/Vereide IL

 



Sandnes 21.07.2012:

Postet av Markane IL den 22. Jul 2012

6.plass til Johannes Thingnes Bø på supersprinten.

Johannes Thingnes Bø under supersprinten på Blink-festivalen. Foto: BLINK-festivalen 2012Det vart nok ei fin plassering til Johannes Thingnes Bø då årets BLINK-festival i Sandnes vart avslutta med supersprint for skiskyttarane.

Johannes tok seg lett vidare frå sin kvartfinale der han kom i mål heile 15 sekund før nr 2.  I semifinalen var det svært jamt og Johannes sikra finaleplassen med ein andreplass i sitt heat like bak Emil Hegle Svendsen.

I finalen vart det til slutt ein sjetteplass 16,6 sekund bak vinnaren Carl-Johan Bergmann frå Sverige. Franskmennene Vincent Jay og Martin Fourcade følgde på andre og tredjeplass. Best av dei norske vart Ole Einar Bjørndalen med ein fjerdeplass. Emil Hegle Svendsen vart nummer fem berre tre tideler føre Johannes Thingnes Bø. Lars Berger kom på sjuandeplass.

Fullstendig resultatliste for dagens supersprint er lagt ut nedanfor.

Resultatliste supersprint menn Blinkfestivalen 21.07.2012

 



Sandnes 20.07.2012:

Postet av Markane IL den 21. Jul 2012

Johannes Thingnes Bø vann skytedullen på Blinkfestivalen!

Johannes Thingnes Bø og Claire Breton. Foto: BLINK skiskyttarfestival 2012 

Johannes Thingnes Bø og Claire Breton vann skyteduellane under årets BLINK-festival. Foto: Skiskyttarfestivalen BLINK 2012.

Johannes Thingnes Bø gjekk heilt til topps under skyteduellen på årets BLINK-festival. Johannes innleia med ein fjerdeplass i si pulje i kvartfinalen og kvalifiserte seg dermed til semifinalen. I semifinalen vann han si gruppe klart, og dermed var det klart for finaleskyting.

I finalen fekk Johannes ned alle blinkane i løpet av 23,5 sekund. Andreas Mjåland tok andreplassen 3,9 sekund bak medan Tommy Grøtte vart nummer tre. Johannes var også raskast i skytinga mot vinnaren av kvinneklassa Claire Breton frå Frankrike.

Det vart også arrangert fellesstartar under BLINK-festivalen fredag. Her kom Johannes Thingnes Bø på ein fin 10.plass og var dermed berre 7 sekund unna ein plass i finalefeltet.

Resultat frå BLINK-festivalen fredag 20.7.2012 finn du nedanfor. BLINK-festivalen held fram laurdag med supersprint for skiskyttarane. Sjå også BLINK-festivalen si heimeside for foto m.m frå årets arrangement. 

Resultatliste skyteduellen Blinkfestivalen 20.07.2012

Resultat fellesstart menn Blinkfestivalen 20.07.2012



.

Postet av Markane IL den 20. Jul 2012

SÆTRETRIMMEN

Heile ni sætrar er med i Sætretrimmen.

 Registreringsbøkene ligg ute på:

Holesetra, Grendasetra, Maursetsetra, Eiesetra, Gråberg, Faleidsstøylen, Sindresetra, Florehytta og Nybøsetra.

Det er eit poeng for kvart besøk. Sesongen går frå oktober til oktober. Vinnarane i kvar klasse får premie på premiefesten.

Klasseinndelinga er: J/G 0-6 år, J/G 7-12, J/G 13-17 og M/K senior.

Resultatlistene for tidlegare sesongar ligg i venstremenyen under trimgruppa -->resultatlister.

God tur!



.

Postet av Markane IL den 20. Jul 2012

Markanebadinga.

Oppstart haustsesongen 2013: måndag 2. september kl1900. 

Eigenandelen for sesongen 2013/2014: Born kr.150,- Vaksne kr.250,- Familie kr. 350,-

Kvar måndag fram til påske!

------------------------------------------------------------------------

Måndag mellom kl.1900 -2000 har vore fast tidspunkt for Markanebadinga i mange år.

Badingsesongen byrjar i september og varer til påske.

Idrettslaget stiller med eigne vakter for å halde kostnaden nede.

Ein må ta badevaktkurs kvart år for å kunne være vakt.

Det er kommunen som arrangerer badevaktkursa, og Røde Kors som held dei. Kursa blir avvikla om hausten og vert annonsert i Fjordingen og på heimesida til badehallen.

Datoane for badevaktkurs 2013:

10. september, 19. september og 24. september kl. 1900 i kulturhuset.

Påmelding innan 6. september til tlf 91 59 36 86 og alf.olsen@stryn.kommune.no

Det er mange som kjem kvar mandag kl.1900 og kosar seg i bassenget. Vi synest dette er eit svært godt tilbod til lagets medlemmar!


 



Lysebotn 19.07.2012:

Postet av Markane IL den 19. Jul 2012

Johannes Thingnes Bø på 15.plass i Lysebotn Opp 

Johannes Thingnes Bø. Foto: Inge Asbjørn Haugen, 2010

Johannes Thingnes Bø kom på 15.plass i årets Lysebotn Opp.

Motbakkeløpet Lysebotn Opp er 7km langt og store deler av eliten både frå ski og skiskyting stilte opp i rulleskiløpet. Også fleire internasjonale løparar deltok. Den krevjande løypa på 7 km går bratt opp frå Lysebotn til Ørneredet, 640 meter over havet.

Vinnar av årets Lysebotn Opp vart Maurice Manificat frå Frankrike på tida 29:02,5. Jean Marc Gaillard også han frå Frankrike følgde på 2.plass medan Curdin Perl frå Sveits kom i mål til tredjeplass. Vinnar av dameklassa vart Therese Johaug.

Blink-festivalen held fram i Sandnes sentrum i morgon med både ski og skiskyting.

Resultatliste Lysebotn Opp menn senior 19.07.2012



Turorientering:

Postet av Markane IL den 18. Jul 2012

Turorienteringssesongen 2012

Turorienteringslogo 2012Turorienteringssesongen 2012 starta så smått på Finn Fram Dagen 9.juni 2012 og varer heilt fram til 15.oktober.

Turorientering er eit flott tilbod til alle som likar turar i skog og mark, og alle kan delta enten ein orienterar åleine eller saman med vener og familie. Turorientering er også eit godt høve for nybyrjarar til å lære seg å bruke kart og kompass, men her er også postar for dei meir erfarne.

 

 Pris: Ein deltakarkonvolutt kostar kr 120,-.

Denne inneheld kart over postane -eit i området rundt Tonningsætra/Holesætra og eit i Ullsheimområdet. Der er også 2 klippekort-eit for nybyrjarar og eit for dei med erfaring med postskildring m/internasjonale teikn og informasjon.)

Det er høve til å kjøpe både ekstra kart og ekstra klippekort

Prisar: Ekstra klippekort kr. 10,-. Ekstra kart kr. 20,-.

Årets tur-o konvoluttar er i salg hjå: Sport1 Ytreeide, G-sport Stryn, Esso Stryn bensinstasjon og Statoil Langeset.

Klippekorta skal leverast inn til Åshild Sætren Bøe ved sesongslutt!

God tur!



Frå arkivet:

Postet av Markane IL den 17. Jul 2012

Lagsbladet "Bodstikka" 1990-2008

Logo for Markane IL

I 1990 vart lagsbladet "Bodstikka" starta. Bladet kom ut fram til 2008. I dei første åra med 10-12 nummer kvart år. Dei seinaste åra med færre nummer etterkvart som heimeside og epost tok over ein del av kontaka med medlemmane.

På årsmøtet i 2011 vart bladet formelt lagt ned. Det vart samtidig bestemt at bladet skulle gjerast tilgjengeleg for medlemmane via heimesida.

I startåret 1990 kom det ut 10 nummer. Desse er no lagde ut. Lenkje finn du nedanfor. "Bodstikka" har også fått eit eige punkt i venstremenyen. I året 1990 var det blant anna NM i skifeltskyting på Ullsheim, fylkeskulturstyret innstilte Ullsheim som Fylkesanlegg for langrenn og skiskyting og Markane IL sin logo stammar også frå dette året.

Fleire årgongar vert publiserte etterkvart.

Lagsbladet "Bodstikka" 1.årgong: 1990 



.

Postet av Markane IL den 15. Jul 2012

 

Lagsbladet "Bodstikka" 1990-2008

Årgong 5: 1995

Bodstikka nr 1 År 1995

Bodstikka nr 2 År 1995

Bodstikka nr 3 År 1995

Bodstikka nr 4 År 1995

Bodstikka nr 5 År 1995

Bodstikka nr 6 År 1995

Bodstikka nr 7 År 1995

Bodstikka nr 8 År 1995

Bodstikka nr 9 År 1995

Bodstikka nr 10 År 1995

Årgong 4: 1994

Bodstikka nr 1 År 1994

Bodstikka nr 2 År 1994

Bodstikka nr 3 År 1994

Bodstikka nr 4 År 1994

Bodstikka nr 5 År 1994

Årgong nr 3: 1992 

Bodstikka nr 1. År 1992

Bodstikka nr 2. År 1992

Bodstikka nr 3. År 1992

Bodstikka nr 4. År 1992

Bodstikka nr 5. År 1992

Bodstikka nr 6. År 1992

Bodstikka nr 7. År 1992

Bodstikka nr 8. År 1992

Bodstikka nr 9. År 1992

Årgong nr 2: 1991

Bodstikka nr 1. År 1991

Bodstikka nr 2. År 1991

Bodstikka nr 3. År 1991

Bodstikka nr 4. År 1991

Bodstikka nr 5. År 1991

Bodstikka nr 6. År 1991

Bodstikka nr 7. År 1991

Bodstikka nr 8. År 1991

Bodstikka nr 9. År 1991

Bodstikka nr 10. År 1991

Bodstikka nr 11. År 1991

Årgong nr 1: 1990

Bodstikka nr 1. År 1990

Bodstikka nr 2. År 1990

Bodstikka nr 3. År 1990

Bodstikka nr 4. År 1990

Bodstikka nr 5. År 1990

Bodstikka nr 6. År 1990

Bodstikka nr 7. År 1990

Bodstikka nr 8. År 1990

Bodstikka nr 9. År 1990

Bodstikka nr 10. År 1990



Hornindal 07.07.2012:

Postet av Markane IL den 8. Jul 2012

Resultat får Hornindal rundt 2012

Ann Kristin Grodås. Foto: Sogn og Fjordane idrettskrins118 løparar deltok i årets Hornindal rundt. 46 løparar var påmelde til heilt løp, 75 km medan dei resterande 62 stilte i halvt løp på 38 km. Markane IL var represesentert med tre løparar som alle deltok i halvt løp.

Ann Kristin Grodås (foto) kom på andreplass i klassa for damer 20-29 år med tida 9t 56 min. Dette heldt til ein 12.plass i dameklassa for halvt løp samla sett. Karoline Holsen Kyte var raskast av samtlege damer som deltok i halvt løp. Ho kom i mål på tida 5t 27min 40 sek som også er ny rekord.

I klassa for herrar halvt løp vann Sverre Slethaug frå BFG Fana på tida 4t 30min 36sek. Jan Egil Gjørven kom på 11.plass i klassa for herrar 40-49år og ein 27.plass totalt med tida 8t 14min 27s. Kjetil Svarstad  kom på 7.plass i klassa for herrar 20-29år og ein 37.plass totalt med tida 9t 55min 42sek.

I det heile løpet vart det siger til Thomas Andersen frå FIK BFG Fana på tida 10t 26min 34 sek i herreklassa. Sharon Broadwell frå SK Vidar vann dameklassa etter å ha gjennomført heilt løp på 16t 32min 46sek.

Meir om årets Hornindal rundt finn du på arrangørens heimeside.

Resultatliste frå Hornindal rundt 2012



Bodstikka

Postet av Markane IL den 8. Jul 2012



Byrkjelo 01.07.2012:

Postet av Markane IL den 4. Jul 2012

4.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide under Sparebankleikane

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn KirkeeideSparebankleikane 2012 i friidrett vart arrangert på Byrkjelo i helga 29.juni-1.juli. Det var god deltaking i mange av øvingane, men berre ein deltakar frå Markane IL denne gongen. Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok på 600 meter i klassa for gutar 12 år. Han kom i mål  til ein fin 4.plass. Vinnar av klassa blei Magnar Lødemel som her stilte for Hornindal IL.  Resultatlista frå søndag er lagt ut nedanfor. Dei som er interesserte i meir nytt frå Sparebankleikane 2012, finn dette på heimesida til arrangøren.

Resultatliste Sparebankleikane 01.07.2012

 



Fjellvang 21.06.2012:

Postet av Markane IL den 4. Jul 2012

Resultatliste for nær-o-løp nr 5  

Vigdis Sætren. Foto: Heidi Lise Bakke/NRK, 2008.

Vigdis Sætren var raskast gjennom A-løypa. Foto: Heidi Lise Bakke/NRK 2008.

 IL Veten stod som arrangør for det femte av sesongens nær-o-løp. Løpet starta frå Fjellvang og 35 deltakarar stilte opp. 15 av desse kom frå Markane IL. Som vanleg var det størst deltaking i nybyrjarklassane. 12 rekruttar fullførte småtroll-løypa medan 10 gjennomførte N-løypa.

Aslaug Thingnes Bø var den raskaste av deltakarane i den 3,8 km lange C-løypa. I den kortast A-løypa på 4 km vart det siger til Bård Ove Bergset frå IL Veten. Kristi Bergset også frå IL Veten følgde på andreplass medan Nils Heggdal frå Markane IL vart nummer tre.

I den lengste A-løypa på 6 km vart det dobbelsiger til løparar frå Markane IL med Vigdis Sætren på førsteplass og Åshild Sætren Bøe på andreplass.

 Resultatliste nær-o-løp nr 5 Dato 21.06.2012 Arrangør IL Veten



Tonningsætra 28.06.2012:

Postet av Markane IL den 3. Jul 2012

Resultat frå nær-o-løp nr 6.

Erik Paulsen og Jørgen Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Erik Paulsen og Jørgen Trøsken var to av deltakarane i småtroll-løypa. Foto: Margunn Hjelmeset (teke på finn-fram-dagen 2012)

Markane IL stod som arrangør av det sjette nær-o-løpa for sesongen. Løpet gjekk i området rundt Tonningsætra. I fint sommarvêr møtte 21 ivrige o-løparar opp. Det var flest markarar som deltok denne gongen, og i alt 14 av løparane stilte for Markane IL. Best deltaking var der i småtroll-løypa der ni unge, lovande o-løparar stilte opp. I den 1,6 km lange N-løypa deltok fire markaneløparar: Elias og Nikolai Dispen Lødemel og Anders og Oda Svarstad Hole.

Vinnar i den 2,6 km lange B-løypa vart Vigdis Wiik Jakobsen. Martin Lødemel frå Markane IL vart nummer 2. I den lengste løpa på 5 km gjekk sigeren til Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL. Kjersti Bergset frå IL Veten kom på andreplass.

Heile resultatlista er lagt ut nedanfor. Det er også samanlagtlista for dei seks første løpa. Neste nær-o-løp er 9.august då med IL Veten som arrangør.

 Resultatliste nær-o-løp nr 6 Dato 28.06.2012 Arrangør Markane IL

Samanlagtliste nær-o-løp sesongen 2012. Løp 1-6



Ullsheim 28.-30.09.2012:

Postet av Markane IL den 30. Jun 2012

Treningssamling med landslagstrenarane Roar Hjelmeset og Sjur Ole Svarstad.

Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset. Foto frå Sogn og Fjordane skikrins

Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset. Foto frå Sogn og Fjordane skikrins

Markane IL inviterer i samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins  til barmarkssamling i langrenn for unge skiløparar med landslagstrenarane Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset som hovudtrenarar.

Er du mellom 11 og 16 år (fødd frå 1997 til 2002) er dette kanskje noko for deg?

Stad: Ullsheim skistadion

Tidsrom: fredag 28.september – søndag 30.september

(oppstart fredag ettermiddag og avslutning etter lunsj søndag )

Pris: kr 400.- pr pers (inkl. trening, mat og overnatting på madrass på Ullsheim)

 Det blir gode treningsøkter kvar dag med variert innhald med rulleski i rulleskianlegget, intervall, styrke, fjelltur, spenst, hurtighet og leik slik trenarar for løparane på langrennslandslaga likar det!

Påmelding: pr e-post til yngve.thorsen@skiforbundet.no

(få med opplysningar om namn på barnet, klubb, fødselsår, tlf.nr og e-post adresse til kontaktperson.Ta også med om det er spesielle omsyn vi som arrangørar må vite om som t.d. matintoleranse)

PS! Pga overnattingstilhøva på Ullsheim er det dei 50 fyrste som melder seg på, som får plass på samlinga

Vi kjem tilbake med detaljert samlingsprogram etter sommarferien. Heile invitasjonen kan du laste ned på lenkja nedanfor.

VELKOMNE!

Innbyding til samling med landslagstrenarane Roar Hjelmeset og Sjur Ole Svarstad på Ullsheim



Stryn 27.06.2012:

Postet av Markane IL den 27. Jun 2012

Inspirasjonssamling med Tarjei Bø!

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø og Stryn Fotball sin Generalsponsor, Nordfjord, har i samarbeid med Stryn Fotball og Flo Aktivitetsveke gleda av å invitere alle interesserte til inspirasjonssamling med fokus på talentutvikling onsdag 27.juni kl. 20.00 i revyteltet ved Stryn Stadion.

Særskilt inviterte er tilsette ved Nordfjord, Stryn Fotball og Flo Aktivitetsveke sine sponsorar og frivillige samt alle som er knytt til Markane IL.Vi oppfordra våre medlemmar om å ta turen!

Heile invitasjonen er utlagt nedanfor.

 

Inspirasjonssamling med Tarjei Bø og Kjell Tennfjord 27.06.2012



 



Tonningssetra 28.06.2012:

Postet av Markane IL den 26. Jun 2012

Nær-o-løp nr 6 torsdag 28.juni!

orienteringslogoMarkane IL er arrangør av årets sjette nær-o-løp torsdag 28. juni. Det er som vanleg start frå kl.18.00.

Startstad for løpet er Tonningssetra. Det vert merka frå Stryn skisenter.

Løpet har A-, B-, N- og småtrolløyper.

Startkontingent: kr 40 for vaksne og kr 20 for born under 16 år.

 

Velkomne!


 



Beitostølen 22.06-24.06.2012:

Postet av Markane IL den 24. Jun 2012

Resultatliste frå o-festivalen 2012.

logo o-festivalenØystre Slidre IL stod som arrangør for årets o-festival. Om lag 2000 løparar var i aksjon under løpa på Beitostølen. Gledeleg var det at også Markane IL var representert med tre orienterarar på årets festival: Rikard Kirkeeide Bøe, Markus Træen og Grete Zachariassen.

Festivalen starta fredag med fjellsprint/mellomdistanseløp. Markus og Rikard kom på høvesvis 8. og 9.plass i klassa for H17-20. Klassevinnar vart Daniel Oliversen frå Trøsken IL. Grete vart nr 30 i klassa for D50- som vart vunnen av Kjersti Rønning frå Tynset IF.

På laurdag var det klart for langdistanseløp. I klassa for H17-20 kom Markus på 7.plass og Rikard på 11.plass. Dagens vinnar vart Thomas Hadland frå Egersund OK. Grete sprang inn til 16.plass i klassa for D45-kort som vart vunnen av Marianne Fruseth Christiansen frå OL Tønsberg og omegn. I klassa C direkte kom Martin Lødemel på ein 14.plass. Klassevinnar vart Andrea Amundsen frå Konnerud IL.

På festivalens siste dag var det klart for forkorta langdistanse. Her vart det også fine plasseringar på våre deltakarar. Rikard kom inn til ein 5.plass og Markus til ein 8.plass i H17-20. Daniel Oliversen tok sin andre siger for helga. Grete vart nr 13 i klassa for D45-. Sissel Skovly frå Ringerike OL vann klassa. Markane IL sin deltakarar i klassa direkte C Martin Lødemel kom på 19.plass. Andrea Amundsen frå Konnerud IL vart også i dag klassevinnar. 

Resultatliste for klassane med lokale deltakarar er lagt ut nedanfor. For øvrige resultat viser vi til arrangørens heimeside.

Resultatliste frå o-festivalen 22.06.2012

Resultatliste frå o-festivalen 23.06.2012 klasse H 17-20 og D45-

Resultatliste frå norsk O-festival 23.06.2012 klasse C-direkte

Resultatliste frå o-festivalen 24.06.2012 klasse H 17-20 og D45-

Resultatliste frå norsk o-festival 24.06.2012 klasse C direkte

 



Fjellvang 21.06.2012:

Postet av Markane IL den 20. Jun 2012

Klart for nær-o-løp nr 5 torsdag 21.juni

orienteringslogoIL Veten er arrangør av årets femte nær-o-løp torsdag 21. juni. Det er som vanleg start frå kl.18.00.

Startstad for løpet erFjellvang. Det vert merka frå Panoramavegen.

Løpet har A-, C-, N- og småtrolløyper.

Startkontingent: kr 40 for vaksne og kr 20 for born under 16 år.

 

Velkomne!



Eid 24.06.2012

Postet av Markane IL den 20. Jun 2012

Invitasjon til "Trollenykjen opp" søndag 24.juni

Løype for Trollenykjen Opp. Foto: Eid IL

Traseen til Trollenykjen Opp. Foto: Eid IL

Eid IL-skigruppa inviterer søndag 24.juni til Trollenykjen Opp 2012. Løpet er 3,4 km langt og har ei høgdestigning på 900 meter. 

Start mosjonsklasse:kl. 09.00 - 12.00.

Fellesstart konkurranseklasse kl. 12.00.

Krav om sekk på 2,5 kg i konkurranseklasse.

Parkering, registrering og garderobe ved Eid stadion.

Påmelding ved start eller til

trollenykjenopp@gmail.com

 seinast

fredag 22. juni.

Oppgje namn, adresse, fødselsår, telefonnummer,

idrettslag og konkurranse/mosjonsklasse.

Startavgift: Konk.kl. kr. 200. Trimkl. kr. 100. Barn u.12 år kr. 50.

OBS! Gebyr på kr. 50 i konkurranseklasse om påmeldinga

skjer etter 22.juni!

 God premiering og mange uttrekkspremiar i mosjonsklassa!



Ullsheim 09.06.2012:

Postet av Markane IL den 16. Jun 2012

Glimt frå årets finn-fram-dag!

Erik Trøsken og Jørgen Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Erik Paulsen og Jørgen Trøsken i sving med belgisk orientering på finn-fram-dagen 12.juni 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Finn fram dagen er eit nasjonalt arrangement i regi av Norges Orienteringsforbund, men dei lokale arrangementa blir gjerne arrangert i samarbeid med andre lag og organisasjonar.

Så også på Ullsheim -der Finn Fram Dagen vart arrangert laurdag 9.juni. Då var det Markane IL v/orienteringsgruppa, Markane og Stryn Barneidrettsskule og Speidarane som saman stod for gjennomføringa av arrangementet.

Ein god gjeng var møtte fram, og det var mange ulike aktivitetar å få vere med på!

Alle borna gjekk gjennom nybyrjarløypa i orientering. Denne følgde hovudsakleg traseen til rulleskiløypa. Utfordrande for dei små å prøve og følgje med på kartet for å finne ut kvar ein var. I alle fall når det var så utruleg moro å springe fort avgarde på asfalten oppe i skogen...,men med litt rettleiing frå dei vaksne som var med rundt løypa, kom ein som regel til enighet slik at kartet tilslutt stemde overeins med terrenget!

Inne på skistadion, i området rundt Årestova, var det lagt opp til fleire aktivitetar som kompasskurs og belgisk orientering, samt det å kunne prøve eigne balanseferdigheiter på ei slak line...

Barneidrettsskulen hadde laga til ei memoreringskonkurranse -noko som sette hjernecellene ekstra i sving for både borna og dei vaksne.

Tilslutt var det stafett -der innhaldet på dei ulike etappane var nonstop-flytting, klossegang og sekkeløp. Dette toppa seg med at ein etter målgang fekk ete opp nonstopane!

Og sidan det i tillegg til alle aktivitetane også vanka både premiar, frukt og mat frå grillen då må det vel lov å vere godt nøgd med årets Finn Fram Dag?

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke. Foto: Margunn Hjelmeset

Victoria Fotland Bøe, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke har funne fram til ein av orienteringspostane. Foto: Margunn Hjelmeset

Fleire foto frå årets finn fram dag nedanfor:

 

 

 

 

Inger Hjelmeset, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Victoria Bøe Fotland. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Victoria Bøe Fotland kosar seg med melon på finn fram dagen. Foto: Margun Hjelmeset

Adrian Auflem Bjørke, Maria Aaberge, Fredrik Nesje Lindvik og Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Adrian Auflem Bjørke, Maria Aaberge. Fredrik Nesje Lindvik og Anders Svarstad Hole i aksjon under sekkeløpet. Foto: Margunn Hjelmeset

 

 



Holmøyane 07.06.2012:

Postet av Markane IL den 13. Jun 2012

Resultatliste nær-o-løp nr 4

Berre 12 løparar stilte til start då Von IL arrangerte det fjerde av sesongens nær-o-løp. 7 av desse kom frå Markane IL.

 I den lengste løypa på 4,4 km vart det siger til Anders Bergset, IL Veten føre Rikard Kirkeeide Bøe og Markus Træen frå Markane IL. I løypa på 3,7 km vart det andreplass til Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL. Irene Kroken Bergset tok sigeren her.

Markane IL hadde også fire løparar i aksjon i den yngste klassa der søskenpara Nikolai og Elias Dispen Lødemel og Karoline og Kristin Almskår leverte fin innsats i den 1,5 km løypa.

Komplett resultatliste er utlagt nedanfor.

Resultatliste nær-o-løp nr 4 Dato: 07.06.2012 Arrangør Von IL 



Sandane 09.06.2012:

Postet av Markane IL den 13. Jun 2012

Simon Hjelmeset Kirkeeide på femteplass i Svinestrandløpet

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn KirkeeideSimon Hjelmeset Kirkeeide kom på ein fin femteplass i yngste klassa under årets Svinestrandløp. Klassa gjekk heilt opp til 16 år. Andreas Rauset frå STIL vann klassa.

Årets Svinestrandløp samla 47 konkurranseløparar og nærare 170 trimdeltakarar. Øyvind Heiberg Sundby vart vinnar av herreklassa medan Merete Helgheim var beste dameløpar.

Komplett resultatliste nedanfor:

Resultatliste frå Svinestrandløpet 09.06.2012



Ulvedal 10.06.2012:

Postet av Markane IL den 13. Jun 2012

Tre klassevinnarar frå Markane IL i helgas krinsløp!

Åshild Sætren Bøe. Foto: Irene Lunde, 2011Løparar frå Markane IL gjekk til topps i heile tre av klassane i helgas krinsløp mellomdistanse. Åshild Sætren Bøe (foto)var raskast i klasse D17 medan Dag Arne Eide tok sigeren i H17. Grete Zachariassen vann klassen for D50-. I tillegg kom Rikard Kirkeeide Bøe på tredjeplass i H17 medan Aslaug Thingnes Bø vart nummer to i klasse D50-.

Med femløparar på start må tre første-, ein andre- og ein tredjeplass vere solid utteljing! I alt 42 løparar stilte til start i løpet som gjekk i området ved Demmetjønna.

Resultatliste krinsløp 10.06.2012 Arrangør: IL Veten

Vi gratulerer!

 



Skogstjerna 06.06.2012:

Postet av Markane IL den 7. Jun 2012

God deltaking i Postvegløpet 2012

Johannes Thingnes Bø og Christine Humborstad. Foto: Inge Asbjørn Haugen

Vinnarane av Postvegløpet 2012: Johannes Thingnes Bø, Markane IL og Christine Humborstad, Stryn T&IL. Foto: Inge Asbjørn Haugen

Også i år vart det svært god deltaking i Postvegløpet. I alt 107 deltakar fullførte det 6 km lange løpet som i all hovudsak går langs den gamle postvegen. 44 deltakarar stilte opp i konkurranseklassa medan 63 stilte opp i trimklassa.

Johannes Thingnes Bø frå Markane IL vann løpet på tida 22min 50sek. Helge Kvam Karbø frå Sunnylven følgde på andreplass på tida 23min 12sek medan Helge Hafsås frå Olden IL  fekk tredje beste tid med 23min 23sek. Desse tre vart også vinnarar av kvar si klasse. Johannes vann klassa for M19-34, Helge Kvam Karbø var klassevinnar i G16-18 og Helge Hafsås sigra i klassa 35-49 år.

Raskast dame i Postvegløpet var Christine Humborstad frå Stryn T&IL på  tida 28,27. Ho deltok i yngste konkurranseklassa, J13-15. Klassevinnar i K50-59, Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL vart nr 2 i dameklassa totalt med tida 31,28.

Markane IL hadde i alt åtte deltakarar i konkurranseklassa. I tillegg til dei nemnde klassevinnarane kom Lars og Jarle Midthjell Gjørven på andreplass i høvesvis G13-15 og M19-34. Sigbjørn Fænn kom på tredjeplass i klassa for M35-49. Komplett resultatliste for konkurranseklassane og oversikt over glade trimmarar er lagt ut nedanfor.

Resultatliste frå Postvegløpet 2012

Startfeltet i Postvegløpet 2012. Foto: Markane IL

Startfeltet i konkurranseklassa i Postvegløpet 2012. Foto: Markane IL



Holmøyane 07.06.2012:

Postet av Markane IL den 6. Jun 2012

Klart for nær-o-nr 4 torsdag 7.juni

Von IL er arrangør av årets fjerde nær-o-løp torsdag 7. juni i Holmøyane. Det er som vanleg start frå kl.18.00.

Startstad er ved Nersætra. Det vert merka skogsveg frå
Vonlund grendahus. (Bomveg 40kr pr bil)

Løyper for alle!

Startkontingent: kr 40 for vaksne og kr 20 for born under 16 år.

 

Velkomne!



Ullsheim 09.06.2012:

Postet av Markane IL den 6. Jun 2012

Meir om finn-fram-dagen 2012

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på finn-fram-dagen 2011. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på finn-fram-dagen i fjor. Foto: Margunn Hjelmeset.

Laurdag 9.juni kl. 1500 er det klart for finn-fram-dagen på Ullsheim.

Aktivitetar på dagen: kompasskurs, nybyrjarløype, stafettar og kartteikn.

For dei som deltok på nybyrjarkursa i mai vil finn-fram-dagen vere ei fin forsetjing.

Det vert også oppstart av årets turorienteringssesong!

Enkel servering til alle frammøtte!

Velkomne!



Kongsberg 26.-28.05.2012

Postet av Markane IL den 3. Jun 2012

Resultatliste frå "Pinseløpet" på Kongsberg

orienteringslogo

Markane IL hadde to deltakarar under Pinseløpa på Kongsberg 27.-28. mai, Rikard Kirkeeide Bøe og Markus Træen som begge stilte i klassa H 17.

Under det 4,4 km lange løpet søndag 36. plass til Rikard Kirkeeide Bøe og 39. plass til Markus Træen. Øystein Holo frå Fossum IL vann løpet.

2. pinsedag var det klart for langdistanseløp på 5,6 km. Denne dagen var det fellesklasse for 17 og 18 åringane. Markus kom i dette løpet på 33. plass medan Rikard følgde på plassen etter som nr 34. Bjørnar Smeland Nygårdseter frå Vegårdshei IL vann løpet.

Markus og Rikard stilte også opp i VM testløpet for junior klasse H17-20 som vart arrangert 26.mai. Her vart det ein 110. og ein 112. plass. Vinnar av løpet blei Håkon Jarvis Westergård frå Järla Orientering.

Komplette resultatlister frå H17-klassa på pinseløpa og VM-testløp er lagt ut nedanfor:

Resultat klasse H17 Pinseløpa på Kongsberg 27.-28.05.2012

Resultatliste frå VM testløp junior klasse H 17-20 på Kongsberg Dato 26.05.2012 

Pinseløpa inngjekk også i Norgescupen for junior i orientering. Terminliste vidare i Norgescupen er lagt ut nedanfor:

Terminliste for Norgescupen i orientering junior og senior 2012

 

 

 



Ulvedal 10.06.2012:

Postet av Markane IL den 3. Jun 2012

Invitasjon frå IL Veten til krinsløp 10.juni

orienteringslogoIL Veten inviterer til krinsløp søndag 10.juni. Løpet er ein mellomdistanse.

Startstad: Ulvedalsdemmene, merka frå Panoramavegen.

Tidspunkt: første start kl.1300

Påmelding: epost til ogruppa@veten.info innan torsdag 7.juni

Parkering ved samlingsplass. Avgift kr 20 (bomveg)

Løyper: A-, C-, N- og småtroll.

Startavgift: opp til 16 år: kr 65 (+30 kr ved etterpåmelding)

                     17 år og oppover: kr 100 (+50kr ved etterpåmelding)

                     småtroll kr 20

Kiosk på samlingsplass

Sidan Markane IL ikkje skal arrangere krinsløp denne sesongen, er dette det næraste krinsløpet i sommar så vi håper mange nyttar høvet og melder seg på.

Invitasjonen er lagt ut i si heilheit nedanfor.

Invitasjon til krinsløp 10.06.2012 Arrangør: IL Veten 



Skogstjerna 06.06.2012:

Postet av Markane IL den 3. Jun 2012

Klart for "Postvegløpet 2012"

Startfeltet i Postvegløpet 2011. Foto: Klemet Bø

Startfeltet i Postvegløpet 2011. Foto: Klemet Bø

 Onsdag 6.juni er det klart for årets Postvegløp. Konkurranseløparane startar kl.1900 medan trimdeltakarane start frå kl. 1800. Løpet i fjor var rekordstort med totalt 110 deltakarar og vi håpar sjølvsagt det vert likegod oppslutning i år. Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng. Det er sjølvsagt både konkurranse- og trimklasse. Det har kome inn mange fine uttrekkspremiar som vert trekt ut blant alle deltakarane. I tillegg er det sjølvsagt premie til dei beste i kvar klasse. Blant premiane kan nemnast søndaglunch for to på Hotel Alexandra, fine kle frå Moods og Skogstad og blomstrar frå gartneriet i Loen

Informasjon om årets løp:

Starttid: onsdag 6.juni

Stad: Skogstjerna, Markane.

(10 km vest for Stryn ved rv.15)

Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Trimklasse utan tid:

Start frå kl.18.00 (kr 50,- familie kr 150,-)

Premiering:

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer.

Påmelding ved start.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.


Kontaktperson: Aslaug Thingnes Bø. (Tlf. 400 40 325)

Vel møtt!

 



Trekningsliste:

Postet av Markane IL den 31. Mai 2012

Premievinnarar på skiposten 2012

Foto frå skiposten 2011. 

Det var god deltaking på årets skipost. Foto: Margunn Hjelmeset

Premielista for årets skipost er no klar. I alt 45 born leverte inn klippekort med eit eller fleire klipp. Alle som leverte inn kortet sitt, har motteke premiepose med diplom, Donald-blad, sjokolade m.m. I tillegg har vi fått inn 18 fine uttrekkspremiar som no er fordelt på dei heldige vinnarar. Trekningslista finn du nedanfor:

Premievinnarar skiposten 2012

Vi gratulerer alle vinnarar!

 

 



Endring av dato:

Postet av Markane IL den 29. Mai 2012

Finn-fram-dagen vert flytta til 9.juni!!

Finn-fram-dagen 2011. Foto: Margunn Hjelmeset

På grunn av kollisjon med anna arrangement må årets finn-fram-dag flyttast til laurdag 9.juni!

NY DATO: 9.juni 2012 

Stad: Ullsheim

Start; Klokka 15.00

Aktivitetar: kompasskurs, nybyrjarløype, stafettar, rakettløype, diverse orienteringsmåtar, oppstart tur-orienteringsesongen 2012.

 

Mat: Det blir enkel servering til dei frammøtte

 
Arrangørar: Samarbeid mellom Markane IL, Markane og Stryn Barneidrettsskule, KFUM/KFUK speidarane
 
Velkomne på finn-fram-dagen!
 


Hatledal 24.05.2012:

Postet av Markane IL den 26. Mai 2012

Resultat frå nær-o-løp nr 3

Kirsti Bergset var raskast gjennom B-løypa. Foto: Irene Lunde 

Kristi Bergset frå IL Veten var den raskaste gjennom dagens B-løype. Foto: Irene Lunde (frå KM mellomdistanse 2011)

Det tredje av sesongens nær-o-løp vart arrangert i terrenget ved Hatledal. Det var bra deltaking med totalt 38 deltakarar av desse kom vel halvparten frå Markane IL. Det er gledeleg at det dukkar opp nye unge løparar. Det tyder på at rekrutteringsarbeidet gjev resultat. I alt 20 av deltakarane stilte opp i småtroll og nybyrjarløypa.

I den 2,7 km lange C-løypa vart det siger til Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL. Kjersti Bergset frå IL Veten var raskast gjennom den 3,9 km lange B-løypa med Isak Bergset frå IL Veten tok sigeren i den 4,9 km lange A-løypa. Raskaste markaneløpar gjennom A-løypa vart Vigdis Sætren på tredjeplass.

Fullstendig resultatliste er utlagt nedanfor:

 Resultatliste nær-o-løp nr 3 Dato: 24.05.2012

 



Breim 23.05.2012:

Postet av Markane IL den 25. Mai 2012

Resultatliste for Rotekoppen 2012.

Vigdis Sætren. Foto: Heidi Bakke/2008

Vigdis Sætren vann D17 under årets Rotekoppen-løp. Foto: Heidi Bakke (frå KM Eid 2008)

I alt 41 løparar stilte opp då BreimIL arrangerte Rotekoppen 2012 torsdag 23.mai. Markane IL var representert med tre løparar. Aller best gjekk det for Vigdis Sætren som gjekk til topps i D17. Dag Arne Eide kom på ein andreplass i klassen H45. Gunnar Gytri frå Førde IL var klassevinnar her. Rikard Kirkeeide Bøe deltok i klassen H17 og sprang inn til ein sjetteplass. Isak Bergset frå nabolaget vårt IL Veten gjekk heilt til topps i denne klassa.

Neste krinsløp vert 10.juni då med IL Veten som arrangør.

Fullstendig resultatliste frå Rotekoppen 2012 er lagt ut nedanfor:

Resultatliste Rotekoppen 23.05.2012 



Ullsheim 07.06.2012

Postet av Markane IL den 24. Mai 2012

Innkalling til omframt årsmøte i Markane idrettslag 7.juni kl.20.00
 
Styret i Markane idrettslag kallar med dette inn til omframt årsmøte:
Tid: torsdag 7.juni kl.20.00
Stad: Ullsheim
 
Alle medlemmer i laget har møterett på årsmøtet.
Medlemmer som har fylt 15 år og vore medlem i minst ein månad har også stemmerett på møtet.
 
Sakliste:
 
Sak1: Holmøyskarrennet
 
Sak 2: Seedingrenn på Ullsheim
 
Sak 3: Framtidige orienteringsarrangement
 
 
 
Velkomne til omframt årsmøte!
 
 
Meir detaljar om sakene finn du nedanfor:

 

 
Sakliste omframt årsmøte 07.06.2012
 
Sak1: Holmøyskarrennet
 
Fjorårets flaum og orkan gjorde stor skade på den tradisjonelle Holmøyskartraseen frå Kroken.
Å setje traseen i forsvarleg stand vil medføre stor kostnad og mykje arbeid.
Turløyper Stryn har i brev til styret 15.04.2012 sagt frå seg all løypekøyring og arbeid i høve rennet.
 
På bakgrunn av dette vil styret kom med følgjande framlegg på årsmøtet:
 
"Markane IL trekkjer seg som medarrangør av Holmøyskarrennet. Det vert opp til dei to andre arrangørlaga
om dei ønskjer å få til ei alternativ løype for rennet. "
 
Ei grundigare saksutgreiing er sendt ut til medlemmar per epost.
 
 
Sak 2: Seedingrenn på Ullsheim
 
Her er få seedingrenn til Birkebeinarrennet i vårt nærområdet. Styret og skigruppa har
drøfta moglegheita for å få arrangere seedingrenn (minst 40 km ) på Ullsheim.
 
 
 
Sak 3: Framtidige orienteringsarrangement
 
Det er ei stund sidan laget sist tok på seg eit stort orienteringsarrangement.
Dei fleste arrangement har søknadsfrist ei god stund før sjølve arrangementet.
Kva arrangement kjem dei neste åra og kva skal vi eventuelt søkje på?
 
 
Velkomne til omframt årsmøte!
 
 


.

Postet av Markane IL den 22. Mai 2012

 
Pressemelding:
 
 
Holmøyskarrennet 2011
 
Idrettslaga Hardbagg, Veten og Markane inviterer alle til å stille opp i Holmøyskarrennet palmesøndag 17.april.
Rennet vert arrangert for 45.gong.
Det tradisjonsrike turrennet er 25 km langt og går frå Kroken, Markane ( Stryn) til Nordfjord fritidssenter på Fjelli.
Rennet er som vanleg inndelt i trim- og familieklasse og i konkurranseklassar.
Det vert sett opp buss frå målgong ved Nordfjord fritidssenter og tilbake til startområdet.
Detaljar om påmelding, klasseinndeling med meir vert utlagt på rennet si heimeside www.holmoyskarrennet.no.
Dersom vêrgudane skulle slå seg vrange, vert skianlegget Ullsheim, Markane reservearena. Dette vert skilta om det skulle bli aktuelt.
I fjor gjekk nærare 500 personar rennet. Vi håper enno fleire vil avslutte ein lang skisesong med å delta på Holmøyskarrennet dette året!
Vel møtt til ein fin skidag!
Holmøyskarrennet 17.april
25 km langt turrenn
 
Start:  Kroken, Markane. 
Innkomst.: Nordfjord Fritidssenter, Fjelli
 
Trim- og familieklasse start  08.30 - 11.00 
Premierte klassar start  kl. 12.00
 
-----------------------------------------------------------
 
Holmøyskarrennet 17.april
25 km langt turrenn. ( 45. gang )
 
Start:  Kroken i Markane. 
Innkomst.: Nordfjord  Fritidssenter
 
Trim- og familieklasse: start  08.30 - 11.00 
Påmelding ved start.
Innkomst seinast kl. 17.00  på Nordfj. Fritidsenter
Startkontingent: Born  kr  60,-. Vaksne kr 120,-.
 
Premierte klassar start  kl. 12.00
Frist påmelding 14.april : Online eller tlf. 911 28 730
Startkontingent: kr. 200,-
 
Informasjon om påmelding, klasseinndeling med meir på:
 
Busstransport, sjå eiga annonse
 
Smøreservice start: Ytreeide sport 1
 
Reserveløype: Ullsheim,
                             skilting på renndagen.
 
Hardbagg il.     Markane il.     il. Veten
 
------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kan du ordne med medlemskap for Grunde Breidablikk, Lansevegen 35, 6783 Stryn



Mvh

Monica



Fra: Grunde Breidablik [mailto:grunde.breidablik@hotmail.com]
Sendt: 22. mars 2012 23:22
Til: monica@termopartner.no
Emne:



Eg vil melde meg inn i Markane idrettslag.

Grunde Ørjasæter Breidablik

Fødd: 31.12.95

Mobilnummer: 99584688

Heime tlf: 57871819

 
 

Registrerer du familiemedlemskap på Alf Edvard Roset, 6795 Blakset.



God Helg !



Mvh

Monica



Fra: Terese Gausnes [mailto:terese-g@hotmail.com]
Sendt: 23. mars 2012 15:35
Til: monica@termopartner.no
Emne: fødsels datoar





Hei

Datoane er:

Sondre Roset 021103
Erling Roset 020506
Alf Edvard Roset 260775
Terese Gausnes 250184

God helg

 

 

 

isak flo bødal 2449
2454 johan eirik meland
2450 lars M gjørve
2474 heidi flo bødal
2482 mari sollid eide
2475 helene støve otterdal
foto : team statkraft nordfjord

2363 ronni havsås
2407 Dnb stipend til Lars M  gjørven
2110 Dnb stipend til Isak Flo Bødal
2112 Dnb stipend til Johan Eirik Meland
2415 Dnb stipend til Johannes T Bø
2418 Dnb Stipend til Stårheim IL
2354 Håvard G Bogetveit

--

2559 sigrid hjelle
2318 lars M gjørven
2339 runar netland
2348 pål andre skrede
foto : team statkraft Nordfjord



Minner om:

Postet av Markane IL den 22. Mai 2012

Nybyrjarkurs i orientering

Orieteringslogo

 

Vi minner om nybyrjarkurset i orientering i kveld 22.mai kl.18.00

Oppmøte ved leikeplassen i Kreklingen.

Alle velkome!



Hatledal 24.05.2012:

Postet av Markane IL den 21. Mai 2012

Klart for nær-o-løp nr 3 torsdag 24.mai!

orienteringslogo

Markane IL er arrangør av årets tredje nær-o-løp torsdag 24. mai. Det vert fri start frå kl.18.00.

Startstad er ved Hatledal. Løpet har løyper for alle!

Startkontingent: kr 40 for vaksne og kr 20 for born under 16 år.

 

Velkomne!

 



Breim 23.05.2012:

Postet av Markane IL den 14. Mai 2012

Innbyding til k-løp Rotekoppen 2012

orienteringslogo

Breimsbygda IL inviterer til krinsløpet Rotekoppen onsdag 23.mai kl. 19.00.

Frammøte ved Høygardane. Det vert merka frå E39 ved Hetle bru og R 60 ved Øvreset.

Rotekoppen er eit fellesstartløp med kartbyte for 3 og 5 km. Elles vanlege o-løyper. Det er 30 min å gå til start.

Påmelding seinast 18.mai til Jannicke Felde, 6827 Breim på epost jannfe@online.no eller på tlf 95 13 33 63.

Påmeldingsavgift: opp til 16 år: 65 kr (+30kr ved etterpåmelding). Frå 17 år: 110kr (+60 ved etterpåmelding).

Komplett invitasjon er utlagt nedanfor:

Innbyding til o-løpet Rotekoppen 23.05.2012



Nybyrjarkurs i orientering:

Postet av Markane IL den 11. Mai 2012

Kart og kompass -noko for deg?

orienteringslogo

Orienteringsgruppa arrangerer nybyrjarkurs i orientering for born (frå 3.klasse) og vaksne.

Tysdag 15.mai kl.18.00-20.00 på Tonning skule.

Tysdag 22.mai kl.18.00-20.00 på leikeplassen i Kreklingen.

Søndag 3.juni:"Finn fram dagen" på Ullsheim

Deltakarane må ha med uteklede/-sko.

Møt opp! Dette kan bli starten på noko nytt og spennande. Kurs er ope for alle og det er ikkje krav om medlemskap for å bli med!

Velkomne!

 



.

Postet av Markane IL den 9. Mai 2012

Invitasjonar til ymse o-løp 2012

 O-samling i Førde 26.-28.04.2012

Sunnfjordorienteringa 01.05.2012

Førdebodstikka 02.05.2012

Innbyding til o-løpet Rotekoppen 23.05.2012

Invitasjon til pinseløp på Kongsberg 26.-28.05.2012

Invitasjon til krinsløp 10.06.2012 Arrangør: IL Veten

Invitasjon til ungdomscamp på Sørlandet

Innbyding til o-festivalen 22.-24.06.2012

Innbyding Fjord-o West på Voss 26.-29.06.2012

 Innbyding til Vestlandsmeisterskap i orientering 11.-12.08.2012 Arrangør Askøy OL

Innbyding til NM-helg i Steinkjer 18.-19.08.2012

Innbyding til KM mellom- og langdistanse i Sogndal 25.-26.08.2012

Innbyding til Haustbløyta 02.09.2012

Innbyding til NM i orientering 13.-16.09.2012 Arrangør Nydalen

Innbyding til KM-natt 5.10.2012 Arrangør Tambarskjelvar IL

Innbyding til o-løpet Blodslitet 13.10.2012. Arrangør: Fredrikstad SK

 

 

 

 



Eid 10.05.2012

Postet av Markane IL den 8. Mai 2012

Klart for nær-o-løp nr 2 torsdag 10.mai!

orienteringslogo

Eid OL står som arrangør for årets andre nær-o-løp torsdag 10. mai. Starttidspunktet er som vanleg kl.18.00.

Løpet er eit parkløp/kortdistanseløp, og vert arrangert i Malakoff. Startstaden er ved det gamle Televerket. Løpet har N-, C- og A-løyper samt småtroll-løype.

Startkontingent: kr 40 for vaksne og kr 20 for born under 16 år.

 

 

 



Ulvedal 03.05.2012:

Postet av Markane IL den 8. Mai 2012

Resultatliste for nær-o-løp nr 1.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset 

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide var ein av deltakarane på årets første nær-o-løp. Foto: Margunn Hjelmeset (Teke på finn-fram-dagen 2011)

Årets første nær-o-løp vart arrangert av IL Veten 3.mai. Trass litt surt vêr stilte det opp 29 løparar. 15 av desse kom frå Markane IL. Åshild Sætren Bøe vart vinnar av den 2,5 km lange B-løypa. Aslaug Thingnes Bø kom på fjerdeplass i same klassa. I den 4 km lange A-løypa kom Per Øen på andreplass. Vinnar av klassa vart Kjell Ove Bergset frå IL Veten. Komplett resultatliste frå løpet er lagt ut nedanfor.

Resultatliste nær-o-løp nr 1 Dato 03.05.2012 Arrangør IL Veten

Krinsløpa starta også opp denne veka. Markane IL hadde ingen som stilte opp verken i Sunnfjordorienteringa eller Førdebodstikka,men resultata i løpa er lagt ut nedanfor. Neste krinsrenn er "Rotekoppen" i Breim 23.mai.

Resultatliste Sunnfjordorienteringa 01.05.2012

Resultatliste Førdebodstikka

 


Åheim 01.05.2012:

Postet av Markane IL den 6. Mai 2012

Stor deltaking i 1.mai-løpet på Åheim!

Klasse gutar 12 år under 1.mai-løpet på Åheim. Foto: Åheim IL

Klassa for gutar 12 i fint driv under 1.mai-løpet på Åheim. Foto: Åheim IL

1.mai-løpet vart arrangert for 53. gong av Åheim IL. Det var god deltaking, og inkludert dei yngste rekruttklassane var nærare 200 løparar i aksjon. Løypelengda varierte frå 230m for dei yngste til 3 km i seniorklassane.

Markane IL hadde fem deltakarar med i årets løp. I rekruttklassane deltok Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i jenter 7 år og Maren Hjelmeset Kirkeeide i klassa for jenter 9 år. Dei tre andre markaneløparane konkurrerte alle i klassa gutar 12 år som var den største klassa under løpet. Det vart svært jamnt i mål. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom i mål til ein fin andreplass på tida 2 min 45. Han var berre 1 sekund bak klassevinnar Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide. Marius Heggdal Olsen vart nummer fem med tida 2 min 51 og Eskil Solheim Kveen nummer sju med tida 3 min 2 sek.

Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor.

Resultatliste Åheimløpet 01.05.2012



Beitostølen 22.06-24.06.2012:

Postet av Markane IL den 4. Mai 2012

Innbyding til o-festivalen 2012

orienteringslogo

Øystre Slidre IL og O-festivalalliansen i Oslo/Akershus inviterer til Norsk O-festival 2012 på Beitostølen 22.-24. juni.

Påmelding via http://eventor.orientering.no/Events seinast 11.juni kl.23.59. Siste frist for etterpåmelding er 20. juni.

 Stemplingssystem: EMIT stemplingssystem. Hugs å oppgje brikkenummer.

 

Påmeldingsavgift: D/H 10-16 år kr 120 pr løp. (Etterpåmeldingsavgift 13 år og oppover kr 60)

Eliteklassar jr og sr kr 240 pr løp. Øvrige klassar frå D/H 17-: kr 240 pr løp. Etterpåmeldingsavgift i desse klassane er kr 120.

N-open kr 120 pr dag og direkteløyper kr 180 pr løype. Lagkonkurranse (3-5 løparar pr lag): kr 360

Innbydinga til årets o-festival er lagt ut nedanfor:

Innbyding til o-festivalen 2012



Olden 29.04.2012:

Postet av Markane IL den 30. Apr 2012

God deltaking i årets Oldestafett.

Markane IL herrelag på Oldestafetten. Foto: John Roger Meland

Markane sitt herrelag kom på tredjeplass i Oldestafetten. Frå venstre: Sigbjørn Fænn, Runar Netland, Johannes Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland. Foto: John Roger Meland

29 lag stilte til start i den 58. Oldestafetten. I tillegg deltok 9 lag i ministafetten. Markane IL hadde i alt fem lag med, tre gutelag, eitt herrelag og eit i open klasse.

I guteklassa sprang Markane I inn til ein fin sjetteplass. Det var svært jamnt og det skilde berre 10 sekund fram til vinnarlaget Hornindal II. Markane II kom på ein 9.plass medan Markane III vart 11.

I herreklassa kom laget frå Markane på ein tredjeplass. Jølster  IL vann klassa. Det vart også tredjeplass til "Skiskyttarmødrene" som stilte opp i open klasse. Vinnar her vart "Fabelaktige fem".

Markane hadde heller ikkje i år med lag i jente- eller dameklassa. Vinnar av jenteklassa vart STIL medan GFIL gjekk til topps av damelaga.

Skiskyttarmødrene. Foto: John Roger Meland

"Skiskyttarmødrene" kom på tredjeplass i open klasse. Frå venstre: Aslaug Thingnes Bø, Ingrid Meland, Margunn Hjelmeset, Magnhild Hauge og Kari Tonning. Foto: John Roger Meland

Resultat Oldestafetten 2012

Fleire foto nedanfor:

 

Paraden i Oldestafetten. Foto: John Roger Meland

Deltakarane frå Markane IL. Foto: John Roger Meland

Georg Halsteinslid. Foto: John Roger Meland

Georg Halsteinslid sprang for Markane I som kom på sjetteplass. Foto: John Roger Meland



Etterlysning:

Postet av Markane IL den 29. Apr 2012

Har du sett orienteringsbukkane våre??

orienteringslogo

 
 
O-gruppa har rydda og sortert i o-utstyret. Det viser seg at manglar ein del orienteringsbukkar (stativ) med Ekt-einheit på.
 
Dersom nokon har sett slike i terrenget nokon stad, i garasjen eller andre stadar, gjer vel å sei ifrå til : Per Øen (90054238) eller Åshild Sætren Bøe(91781450)
På førehand takk!


Bendit-TV:

Postet av Markane IL den 26. Apr 2012

Klart for Bendit-finale!

Bendit-duellen

Det er klart for finalen mellom Markane IL/Stryn vgs og Heming IL i Bendit-duellen!

Du ser finalen her: http://www.bendit.no/bendit-tv/bendit-duellen

 



Sesongen 2012/2013:

Postet av Markane IL den 25. Apr 2012

Johannes Thingnes Bø utteken til elitelandslaget!

Johannes Thingnes Bø under sprinten på Geilo. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø under NC på Geilo. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø er utteken til elitelandslaget i skiskyting neste sesong. Det er klart etter at Norges skiskyttarforbund offentleggjorde neste sesongs elitelag i går. Tarjei Bø får dermed bror sin med på laget alt komande sesong. Dei andre på landslaget er Ole Einar Bjørndalen, Rune Brattsveen, Emil Hegle Svendsen og Lars Berger.

Vi gratulerer!



.

Postet av Markane IL den 23. Apr 2012

NÆR O-LØP i Nordfjord 2012

Mai:  3. IL Veten kort (Ulvedal)

      10. Eid IL sprint (Malakoff)

      24. Markane IL (Hatledal)

Juni:  7. Von IL

       21. IL Veten (Sølvberg)

        28. Markane IL lang (Tverrfjellet/Tonningsætra)

Aug:  9. IL Veten (lagsmeisterskap)

       16. Markane IL (Maurset)

       30. Eid IL Vårsætra

Løypetilbud: N-løype 1,5-2km

C-løype 2,5-5km

A-løype kort 2,5-3,5km

A-løype lang 4-6km

Småtroll/event.Rakettløype

Prisar: Under 16 år kr.20.- Frå 16år - kr.40,-

            Krinsløp og andre løp 2012

1.mai: Sunnfjordorienteringa - Førde IL(langdistanse)

2.mai: Førdebodstikka - Førde IL(stafett)

23.mai: K-løp: Rotekoppen- Breim IL (mellomdistanse)

10.juni: Krinsløp - IL Veten  (langdistanse)

22.-24.juni: O-festivalen på Beitostølen

26.-29.juni: Fjord-O-West, Voss

11.-12.august: Vestlandsmesterskap -Askøy OL

25.august: KM mellom - Sogndal IL (mellomdistanse)

26.august: Sognamili, KM-lang - Sogndal IL  (langdistanse)

2.september: Haustbløyta - Tambarskjelvar IL (langdistanse)

5.oktober: KM-natt- Tambarskjelvar IL (langdistanse

Norgescupen 2012

Terminliste for Norgescupen i orientering junior og senior 2012 



Orientering:

Postet av Markane IL den 23. Apr 2012

Nær-o-løp sesongen startar 3.mai

orienteringslogoTerminlista for sesongens nær-o-løp er no klar. Også denne sesongen vert det ni løp til saman. Markane IL og IL Veten arrangerer tre løp kvar, Eid OL to og Von IL eitt løp.

Første løp vert arrangert av IL Veten torsdag 3.mai kl. 18.00 med start frå Ulvedal.

Terminlista finn du i venstremenyen under orientering eller klikk her.



Ustaoset 21.04.2012:

Postet av Markane IL den 22. Apr 2012

Fin innsats i Skarverennet

Startfeltet under Skarverennet 2012. Foto: Skarverennet

Fire løparar frå Markane IL deltok i konkurranseklassen i årets utgåve av Skarverennet. Det 38 km turrennet går frå Finse til Ustaoset og vart arrangert for 39. gong.

Best resultat av våre eigne løparar oppnådde Johannes Thingnes Bø som kom på ein 4.plass i klassen for M19-20 og ein fin 49.plass i rennet totalt. Jarle Midthjell Gjørven kom på ein 25.plass i same klassen og ein 150. plass totalt av dei i alt 1054 konkurranseløparane.

I klassen M17-18 kom Johan Eirik Meland på ein 28. plass. Det heldt til ein 168. plass totalt. I same klasse kom Lars Midthjell Gjørven i mål som nummer 60. Han vart nummer 309 totalt. Eliteklassen i årets Skarverenn vart vunnen av Chris Jespersen. Therese Johaug vann dameklassen.



Førde 28.-29.april

Postet av Markane IL den 20. Apr 2012

 O-samling i Førde

orienteringslogo

Sogn og Fjordane o-krins innbyr til samling for ungdom i alderen 14-20 år helga 28.-29.april. Det vert frammøte laurdag 28.april kl.12 ved Bulingstjønna ved Moskog. Det vert merka frå Moskogkrysset retning Gaularfjellet.

Påmeldingsfristen er 25.april. Send påmelding på epost til: sognfjordane@orientering.no

Overnatting vert på Raude Kors hytta på Langeland. Alle må ta med sovepose.

 

Program for samlinga:

Laurdag : Økt 1 Skjervane ( Bulingstjønna), momentløype

Laurdag : Økt 2 Surprise, intervall

Søndag : Økt 3 Halbrend, kompass

Søndag : Økt 4 Skjervane, Stafett to og to frå (Stakaldefossen kraftverk)

Deltakaravgift kr 300 vert innkrevd etter samlinga

Heile innbydinga finn du her: O-samling i Førde



.

Postet av Markane IL den 20. Apr 2012

Nordfjordkarusellen 2013

Årets Nordfjordkarusell er i gong. I Nordfjordkarusellen inngår blant anna Postvegløpet som Markane IL arrangerer 5.juni.

Løpa i årets karusell er som følgjande:

 

1 SØRSTRANDA RUNDT 7,5 km LAURDAG 23. MARS kl 15.00 IL BRODD
2 KM TERRENGLØP 1,8 & 3,6 km SØNDAG 7. APRIL kl 15.00 FJELLHUG/VEREIDE IL
3 MÅLØYLØPET 6 km MÅNDAG 20 MAI kl 15.00 ALMENNING IL
4 POSTVEGLØPET 6 km ONSDAG 5. JUNI kl 19.00 MARKANE IL
5 HEIAMILA 10 km ONSDAG 7. AUGUST kl 19.00 HEIA IL
6 OVER BREKKA 7,6 km SØNDAG 1. SEPTEMBER kl 13.30 HAUGEN IL
7 NORDSTRANDSLØPET 7 km LAURDAG 7. SEPTEMBER kl 16.00 FJELLHUG/VEREIDE IL

Sjå også heimesida til Nordfjordkarusellen: http://home.online.no/~iahaugen/maraton/nfjkarusel.html



Stryn 18.04.2012

Postet av Markane IL den 19. Apr 2012

O-teknisk temakveld

Onsdag 18. april kl 1800 frå Tonningskamben i Stryn

( sjå etter o-skjerm på veg til Stryn skisenter)

1) Kl. 18.00-19.00; O-teknisk trening på o-kart

Ta med o-kle og møt opp.

Kart blir delt ut.

2)Kl. 19.10 Dusj i Strynehallen

3) Kl.19.30-21.00: Teori om o-teknikk i auditoriet i Stryn vgs.

Målgruppe: 14-20 år.

Ansvarlege: Fagkonsulent Gunnar Gytri og Rikard Bøe varamedlem i styret i Sogn og Fjordane Orienteringskrins



01.-02.mai 2012:

Postet av Markane IL den 19. Apr 2012

Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka

Orienteringslogo

 

Orienteringssesongen startar opp og dei første krinsløpa er rett rundt hjørnet. Sunnfjordorienteringa vert i år arrangert 1.mai medan Førdebodstikka er dagen etter 2.mai.

Sunnfjordorienteringa har start frå ballbana på Vieåsen. Det vert merka frå rundkøyringa på E39 2 km aust for Førde. Første start er kl.15.00, og det er omlag 15 min å gå til start.

Påmeldingsfristen til Sunnfjordorientering er 25.april. Påmelding sendast på epost til torodd.os@enivest.net. Hugs brikkenummer og gje opp eventuelt behov for å leige brikke.

Påmeldingsavgift: t.o.m 16 år kr 65 (etterpåmeldingsavgift kr 25)        17 år og oppover: kr 100 (etterpåmeldingsavgift kr 40)

Førdebodstikka har start 2.mai kl.18.30 ved Vieåsen barnehage. Siste frist for oppmøte er 18.00 ved samlingsplass.

Stafettklassar D/H 11-16 (Ungdomsbodstikka) D/H 17 (Førdebodstikka)

Stafetten er open for alle frå 11 år og oppover. Kvart lag består av to løparar som spring to etappar kvar.

Påmelding av lag innan 1.mai kl.21.00 til epost: yngve.ardal@firda.no

Lagoppstillinga må leverast inn seinast 2.mai kl.18.00

Påmeldingsavgift: Førdebodstikka 100 kr pr lag, Ungdomsbodstikka 60 kr pr lag

Heile invitasjonane er lagt ut nedanfor.

Invitasjon: Sunnfjordorienteringa 2012

Invitasjon: Førdebodstikka 2012



Liatoppen 13.-15.04.2012

Postet av Markane IL den 18. Apr 2012

Sesongavslutning for skiskyttarane på Bendit Liatoppen skiskyttarfestival

Aksel Meland. Foto: Bendit Liatoppen skiskyttarfestival 2011

Aksel Meland kom på 8.plass på sprinten for gutar 13 år. Foto: Bendit Liatoppen skiskyttarfestival 2011.

Markane IL var godt representert under helgas skiskyttarfestival på Bendit Liatoppen som samla 1000 unge skiskyttarar frå nybyrjarar og opptil 17 år. Mange leverte også svært gode resultat i dei store klassane med deltakarar frå heile landet. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 7.plass på sprinten og 5 .plass på fellesstarten i  klassen for gutar 12 år medan Aksel Meland vart nummer 8 på sprinten for gutar 14 år.

Øvrige deltakarar frå Markane IL plasserte seg som følgjande:

Gutar 11 år: Magnus Midthjell Gjørven 20.plass på sprinten og 26.plass på fellesstarten. Marius Arntsen 55. plass på sprinten og 67. plass på fellesstarten.

Gutar 12 år: Simon Hjelmeset Kirkeeide (5. og 7.plass), Oliver Kirkeeide Næss (81. og 83. plass) 

Gutar 13 år: Aksel M. Meland (8. og 45.plass), Magnus Arntsen 31. plass på sprinten.

Gutar 14 år: Odd Sindre Tonning (43. plass og 37. plass), Håkon Midthjell Gjørven (55. og 76. plass),  Grim Nygård (104. og 93. plass) og Andreas Halsteinslid (98. og 95. plass).

Gutar 16 år: Georg Kristian Halsteinslid (31. og 62. plass)

Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik deltok i dei urangerte nybyrjarklassene.

Markane hadde også med tre lag i stafettane på fredagen. Best resultat fekk laget i klassen gutar 11-12 år som gjekk inn til 14. plass. Simon Hjelmeset Kirkeeide, Oliver Kirkeeide Næss og Magnus Midthjell Gjørven gjekk på laget. I klassen for gutar 13-16 år gjekk Georg Kristian Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven og Odd Sindre Tonning på førstelaget som kom inn til ein 26.plass medan Aksel Meland, Grim Nygård og Magnus Arntsen gjekk Markane 2 inn til ein 66. plass.

Komplette resultatlister:

Resultat Bendit Liatoppen stafett 13.04.2012

Resultat Bendit Liatoppen 14.04.2012

Resultat Bendit Liatoppen 15.04.2012

 

 



Ullsheim 09.04.2012:

Postet av Markane IL den 17. Apr 2012

Lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalom og hopp.

Ein lang skisesong går mot slutten, og 2.påskedag vart det arrangert lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalom og hopp. 29 deltakarar  var med i lagsrennet i klassisk, 16 stilte opp i hopp og 19 i slalom.I tillegg var det høve til å ta skimerke.

Resultatliste er lagt ut nedanfor:

Lagsmeisterskap klassisk langrenn hopp og slalom 09.04.2012



.

Postet av Markane IL den 17. Apr 2012

Terminliste friidrett Sogn og Fjordane 2013

 

09.03.13 09.03.13 Strynehalleikane Olden IL Friidrett Nasjonaltstevne
16.03.13 16.03.13 Nasjonalt innendørsstevne Florø Tog IF Friidrett Nasjonaltstevne
18.03.13 18.03.13 Seriestemne stille hopp Hyen IL Friidrett Seriestevne
23.03.13 23.03.13 Sørstranda Rundt IL Brodd Friidrett Annet stevne
27.03.13 27.03.13 Seriestevne Breimsbygda Breimsbygda IL Friidrett Seriestevne
07.04.13 07.04.13 KM Terrengløp/ 2. løp i Nordfjordkarusellen Fjellhug/Vereide IL Friidrett Kretsmesterskap
14.04.13 14.04.13 Loggane Open IL Brodd Friidrett Seriestevne
19.04.13 19.04.13 Terrengløp Hornindal IL Friidrett Terrengløp
20.04.13 20.04.13 Rett Vest Florø Tog IF Friidrett Terrengløp
21.04.13 21.04.13 Loggane Open IL Brodd Friidrett Seriestevne
22.04.13 22.04.13 Lagsmesterskap Almenning Idrettslag Friidrett Klubbmesterskap
23.04.13 23.04.13 Terrengløp Klenkarberget Haugen IL Friidrett Terrengløp
24.04.13 24.04.13 Lagsmesterskap Almenning Idrettslag Friidrett Klubbmesterskap
25.04.13 25.04.13 Ope lagsmeisterskap terrengløp Førde IL - Friidrett Friidrett Terrengløp
28.04.13 28.04.13 Oldenstafetten Olden IL Friidrett Annet stevne
01.05.13 01.05.13 Esefjorden Rundt Balestrand IL Friidrett Mosjonsløp
02.05.13 02.05.13 Senterløpet Fjellhug/Vereide IL Friidrett Annet stevne
04.05.13 04.05.13 Breimsmila Breimsbygda IL Friidrett Annet stevne
05.05.13 05.05.13 Breimstafetten Breimsbygda IL Friidrett Annet stevne

10.05.13 10.05.13 Treningsstevne Almenning Idrettslag Friidrett Treningsstevne
12.05.13 12.05.13 Loggane Open IL Brodd Friidrett Nasjonaltstevne
14.05.13 14.05.13 Coop Extra-leikane Førde IL - Friidrett Friidrett Annet stevne
15.05.13 15.05.13 Floraleikane runde I Florø Tog IF Friidrett Klubbmesterskap
20.05.13 20.05.13 Storehaugen Opp Lærdal IL Friidrett Terrengløp
20.05.13 20.05.13 Vikjastafetten 2013 Vik IL Friidrett Annet stevne
20.05.13 20.05.13 Måløyløpet Almenning Idrettslag Friidrett Mosjonsløp
22.05.13 22.05.13 Seriestemne Oppstryn IL Friidrett Seriestevne
22.05.13 22.05.13 Seriestemne 1 Hyen IL Friidrett Seriestevne
25.05.13 25.05.13 Åsen Opp Florø Tog IF Friidrett Nasjonaltstevne
26.05.13 26.05.13 Vettisløpet Jotun IL Friidrett Mosjonsløp
26.05.13 26.05.13 Loggane Open IL Brodd Friidrett Seriestevne
28.05.13 28.05.13 Seriestemne Fjellhug/Vereide IL Friidrett Seriestevne
29.05.13 29.05.13 Kastkarusellen Breimsbygda IL Friidrett Seriestevne
29.05.13 29.05.13 Seriestevne Florø Tog IF Friidrett Seriestevne
01.06.13 01.06.13 Suten opp Vik IL Friidrett Terrengløp
02.06.13 02.06.13 Hovlandsstølen Opp Eikefjord IL Friidrett Terrengløp
02.06.13 02.06.13 Lustraløpet Luster IL Friidrett Mosjonsløp
05.06.13 05.06.13 Postvegløpet Markane IL Friidrett Terrengløp
05.06.13 05.06.13 Treningsstevne Almenning Idrettslag Friidrett Treningsstevne
05.06.13 05.06.13 Floraleikane runde II Florø Tog IF Friidrett Klubbkamp
05.06.13 05.06.13 Seriestemne 2 Hyen IL Friidrett Seriestevne
08.06.13 08.06.13 Trappeløpet Høyang,IL Friidrett Terrengløp
08.06.13 08.06.13 Fjord1 ungdomsstevne Florø Tog IF Friidrett Nasjonaltstevne
08.06.13 08.06.13 Florø Friidrettsfestival/Hyundai Grand Prix Florø Tog IF Friidrett Elitestevne link
09.06.13 09.06.13 Stadlandet Rett Vest Stadlandet IL Friidrett Terrengløp
09.06.13 09.06.13 Loggane Open IL Brodd Friidrett Seriestevne
15.06.13 15.06.13 Molden Opp IL Bjørn Friidrett Annet stevne
16.06.13 16.06.13 Åsen & Øvrelidleikane Førde IL - Friidrett Friidrett Nasjonaltstevne
18.06.13 18.06.13 Seriestemne 3 Hyen IL Friidrett Seriestevne
19.06.13 19.06.13 Seriestemne Oppstryn IL Friidrett Seriestevne
19.06.13 19.06.13 Seriestevne Florø Tog IF Friidrett Seriestevne
22.06.13 22.06.13 Svinestrandløpet Fjellhug/Vereide IL Friidrett Terrengløp
28.06.13 30.06.13 Sparebankleikane Gloppen Friidrettslag Friidrett Nasjonaltstevne
29.06.13 29.06.13 Storehesten Opp/NM motbakkeløp Gaular IL Friidrett Norgesmesterskap
03.07.13 03.07.13 Seriestevne Florø Tog IF Friidrett Seriestevne
06.07.13 06.07.13 Jølster Maraton Jølster IL Friidrett Nasjonaltstevne
07.07.13 07.07.13 Vidasete Opp Feios IL - friidrett Friidrett Terrengløp
13.07.13 13.07.13 Vetenløpet Bremanger IL Friidrett Terrengløp
24.07.13 24.07.13 Åpningsstemne Hyen IL. Hyen IL Friidrett Nasjonaltstevne link
27.07.13 27.07.13 E-CO Rimstigen Opp Aurland IL Friidrett Terrengløp
27.07.13 27.07.13 Hornindalsvatnet Maraton Hornindal IL Friidrett Nasjonaltstevne
28.07.13 28.07.13 Eggenipa opp Breimsbygda IL Friidrett Terrengløp
03.08.13 03.08.13 Mensen Ernst Minneløp Modig IL Friidrett Mosjonsløp
07.08.13 07.08.13 Heiamila Heia IL Friidrett Mosjonsløp
09.08.13 11.08.13 NM Veteran Gloppen Friidrettslag Friidrett Norgesmesterskap
10.08.13 10.08.13 Buff Fanaråken Opp Sogn og Fjordane Friidrettskrins Friidrett Terrengløp
12.08.13 12.08.13 LM Friidrett IL Brodd Friidrett Klubbmesterskap
14.08.13 14.08.13 Seriestevne Florø Tog IF Friidrett Seriestevne
17.08.13 17.08.13 La Sportiva Skåla Opp Loen IL Friidrett Terrengløp
21.08.13 21.08.13 Seriestemne Oppstryn IL Friidrett Seriestevne
21.08.13 21.08.13 Seriestemne 4 Hyen IL Friidrett Seriestevne
24.08.13 24.08.13 Kletten Opp Tambarskjelvar,IL Friidrett Terrengløp
24.08.13 24.08.13 Strynemila Stryn T og IL Friidrett Mosjonsløp

24.08.13

25.08.13

24.08.13

25.08.13

Aaosen Opp

Trollenykjen opp

Årdalstangen IL

Eid IL-ski

Friidrett

Friidrett

Annet stevne

Terrengløp

31.08.13 31.08.13 Førde Opp- Hafstadfjellet Førde IL - Friidrett Friidrett Terrengløp
08.09.13 08.09.13 Kleiva Opp Hardbagg IL Friidrett Terrengløp
01.09.13 01.09.13 Over Brekka Haugen IL Friidrett Mosjonsløp
07.09.13 07.09.13 Byrkjeloleikane Breimsbygda IL Friidrett Annet stevne
07.09.13 07.09.13 Tur til 1000 Jotun IL Friidrett Terrengløp
07.09.13 07.09.13 Nordstrandsløpet Fjellhug/Vereide IL Friidrett Mosjonsløp
08.09.13 08.09.13 Regionsleikar/Lagsmeisterskap Fj/V Fjellhug/Vereide IL Friidrett Seriestevne
14.09.13 14.09.13 Skarsteinsetra Opp Olden IL Friidrett Terrengløp
28.09.13 28.09.13 Floramila Florø Tog IF Friidrett Terrengløp


 Terminliste i friidrett Sogn og Fjordane 2013

 

 

 



Ullsheim 28.03.2012

Postet av Markane IL den 6. Apr 2012

29 deltok på årets lagsmeisterskap i skiskyting.

Georg Halsteinslid under Ullsrennet. Foto: Torstein Breivik 

Georg Haltsteinslid vart lagsmeister i klassen 13-16 år. Foto teke under Ullrennet av Torstein Breivik.

Årets lagsmeisterskap i skiskyting vart avvikla på Ullsheim 28.mars. I alt 29 deltakarar deltok. Av desse var fire med i den yngste urangerte klassen: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Sondre Roset, Jon Erlend Bø og Anders Svarstad Hole. I klassen for 10-12 år blei Simon Hjelmeset Kirkeeide lagsmeister føre Magnus Midthjell Gjørven og Sigurd Fotland Fænn. Kari Alsaker vart beste jente.

I klassen for 13-16 år blei Georg Halsteinslid lagmeister. På andreplass kom Odd Sindre Tonning medan Gaute Bø vart nummer tre. I klassen for damer vart Margunn Hjelmeset lagsmeister medan Torstein Breivik vann klassen for herrar.

Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor.

 

Resultatliste lagsmeisterskap skiskyting 28.03.2012

 



Ullsheim 09.04.2012:

Postet av Markane IL den 4. Apr 2012

Merkerenn og lagsmeisterskap i langrenn klassisk stil, slalom og hopp.

Skisesongen nærmar seg slutten, men litt står att enno.

Måndag 9.april (2.påskedag) vert det arrangert lagsmeisterskap i langrenn klassisk stil, slalom og hopp. Det vert også høve til å ta skimerke.

Påmelding frå kl.12.00

Start frå kl.13.00

Startkontingent: 30 kr pr. start

Enkel servering

Alle velkomne!

 



Palmesøndag 01.04.2012

Postet av Markane IL den 1. Apr 2012

Karoline Holsen Kyte og Reiner Aaland vinnarar av Holmøyskarrennet!

Karoline Holsen Kyte-vinnar 2012. Foto: Fjordingen

Vinnar av dameklassa: Karoline Holsen Kyte. Foto: Fjordingen

 I alt 238 turdeltakarar trossa snøvêret og stilte opp i det 46.Holmøyskarrennet. 37 av desse deltok i konkurranseklassane.

Reiner Aaland vann årets renn med tida 1.19.08. Roger Lillestøl følgde på andreplass med tida 1.20.26. Sigbjørn Fænn vart nummer tre med 1.22.45.

Dameklassen vart vunne av Karoline Holsen Kyte for andre året på rad. Ho kom i mål til tida 1.36,42. Kristin Solberg vart nr 2 og Andrea Skeide Bakke kom på 3.plass.
Reiner Aaland og Karoline Holsen Kyte vann også dei innlagde spurtpremiane.

I lagkonkurransane vart Markane IL beste tremannslag medan Hardbagg IL vart det beste femmannslaget.

På grunn av det dårlege vêret var rennet avvikla i den 13 km lange løypa frå Ullsheim-Spjelkebu-Tonningsetra-Holsetra-Ullsheim i staden for den planlagde langløypa om Veten og Hogden. Fleire foto frå rennet er lagt ut nedanfor. Alle foto er tekne av Fjordingen.

Resultatliste Holmøyskarrennet 01.04.2012

 

Dei beste i Holmøyskarrennet 2012. Foto: Fjordingen

Dei seks beste: 1. Reiner Aaland, Team Sjusjøen, 2. Roger Lillestøl, Hornindal IL, 3.Sigbjørn Fænn, Markane IL, 4. Roar Alsaker, Markane IL, 5. Johan Eirik Meland, Markane IL og 6. Per Knut Aaland, Hornindal IL. Foto: Fjordingen

 

Startfeltet i Holmøyskarrennet 2012. Foto: Fjordingen

Frå venstre: Ragnhild Vereide (startnr 51) og Rolf Magne Hellevang (startnr 15). Foto: Fjordingen

Ut frå start i Holmøyskarrennet 2012. Foto: Fjordingen

Ut frå Ullsheim. Framme i feltet: Ragnvald Bergset (startnr 34), Andrea Skeide Bakke( nr 52), Anna Kirsten Hellevang (nr 41) og Rolf Magne Hellevang (nr 15) Foto: Fjordingen

Frå trimklassen i Holmøyskarrennet 2012. Foto: Fjordingen

Tre unge deltakarar i trimklassa. Foto: Fjordingen

Deltakarar i trimklassa 2012. Foto: Fjordingen

Det var skikkeleg snødrev under det 46. Holmøyskarrennet. Foto: Fjordingen

 



Palmesøndag 01.04.2012:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2012

Klart for årets Holmøyskarrenn 1.april!

Holmøyskarrennet-plakat

Palmesøndag 1.april er det klart for det 46. Holmøyskarrennet. Det tradisjonrike rennet vert arrangert i fellesskap av Hardbagg, Veten og Markane IL. På grunn av flaumskadane den tradisjonelle traseen mellom Kroken og Nordfjord fritidssenter fekk i fjor sommar går rennet i reserveløypa på Ullsheim. Rennet får likevel eit fint turrennpreg. Løypa som skal nyttast går slik:

Start : Ullsheim - Svingesetøyane - Veten - Hogden - stripla løype frå Hogden - til løype mot Tverrfjellet - Spjelkebu - Tonningsetra - opp Vikadalen, og tek av litt før Langhaugen til Bjørneløypa - ned att til myr ved Spjelkebu - opp løype forbi Øvrebergsetra - Holsetra - Turrhaugen - den lange lysløypa på Ullsheim og mål Ullsheim. Løypa vert godt over 25 km.

Klikk her for løypekart!

Turistklassane startar 8.30-11.00

Påmelding ved start. Innkomst seinast kl.17.00

Startkontingent: Born kr 60 og vaksne kr 120

 

UH-klassar start kl.11.00.

Premierte klassar start kl.12.00

Startkontingent: kr 200

Smørjeservice: Ytreeide Sport 1

All informasjon om Holmøyskarrennet påmelding, klasseinndeling, transport m.m finn du på rennet si eiga heimeside!

Så følg med på:

www.holmoyskarrennet.no

Holmøyskarrennet har i år også fått eiga facebookside. Du kan bli tilhengjar av sida her.

Velkomne til det 46.Holmøyskarrennet!



SSF-cup 2012:

Postet av Markane IL den 28. Mar 2012

-Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av SSF-cup samanlagt

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn KirkeeideSimon Hjelmeset Kirkeeide vann årets SSF-cup for klassa gutar 12 år. For å telje med i samandraget, må ein løpar ha delteke på minst 4 av dei 9 renna. Dei fire beste resultata vert teljande når samanlagtpoenga skal reknast ut. Simon oppnådde 4 førsteplassar og ein andreplass i dei fem renna han deltok i. Dermed vart dei fire førsteplassane teljande, og han fekk dermed den høgste oppnålege poengsummen i samandraget, 104 poeng. Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide følgde på andreplass med 96 poeng.

Mange løparar frå Markane deltok på minst eit renn i årets SSF-cup, men mangla ei deltaking eller to på å telje med i samandraget.

Samanlagtresultat SFF-cup 2012 

Vi gratulerer med samanlagtsigeren!



Tua 25.03.2012:

Postet av Markane IL den 28. Mar 2012

God deltaking i Tuarennet 2012!

Nikolai Dispen Lødemel, Vegard Lødøen Flo,Fredrik Nesje Lindvik og  Marius Heggdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Nikolai Dispen Lødemel, Vegard Lødøen Flo, Fredrik Nesje Lindvik og Marius Heggdal Olsen deltok alle i Tuarennet. Foto: Margunn Hjelmeset (teke på cuprenn 3, Ullsheim)

Det var god deltaking då Eid IL arrangerte årets Tuarenn 25.mars. Rennet var også finalen i årets SSF-cup for rekrutt og junior. Over 140 løparar stilte opp i rennet, og av desse representerte 13 Markane IL.

I dei yngste rangerte klassane var 6 markaneløparar med: Maren og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Selma og Oskar Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn og Elias Dispen Lødemel.

I klassen for gutar 11 år var det to deltakarar med. Fredrik Nesje Lindvik gjekk inn til ein 9.plass like før Nikolai Dispen Lødemel som vart nr 10. Håvar Kvam frå Hafslo IL vann klassen. Etter fire sigrar på rad i SSF-cupen vart det i Tuarennet ein fin andreplass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i klassa for G12 år. Han var åtte sekund bak vinnaren Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide. I same klasse kom Vegard Lødøen Flo på ein 11.plass tett følgd av Marius Heggdal Olsen på 12.plass. G12 var ei av dei største klassene med 20 løparar på start.

I klassen for G13 år kom Aksel Meland på 11. plass. Vinnar av klassa vart Erik Johannessen frå Førde IL. Odd Sindre Tonning gjekk inn til ein flott andreplass i G14. Vinnar av klassa vart Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL. Fullstendig resultatliste  finn du nedanfor. Resultatlistene for tidlegare renn i årets SSF-cup finst samla under skigruppa-->resultat skirenn 2012 i venstremenyen.

Resultatliste Tuarennet 25.03.2012

 

 



Stryn 24.03.2012:

Postet av Markane IL den 28. Mar 2012

Strynehalleikane 2012.

Gaute Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Vintersesongen er snart over og meir sommarlege aktivitetar tek etterkvart over. Først ut var årets Strynehalleikar. 57 unge frå fleire idrettslag derav tre frå Markane, konkurrerte i 40 meter, høgde, lengde og kulestøt. Gaute Bø (foto) deltok G15 på 40 meter og kom på ein andreplass med tida 6,4. Kristian Glomnes vann på 6,0sek. Markane IL hadde også to deltakarar i dei urangerte klassane. Sigurd Fotland Fænn deltok i klasse G10 og Fredrik Nesje Lindvik i G11

Resultatliste Strynehall-leikane 24.03.2012



Trondheim 24.03.2012:

Postet av Markane IL den 27. Mar 2012

Johan Eirik Meland vann Norgescupen samanlagt!

Johan Eirik Meland vann NC-samanlagt. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Johan Eirik Meland vann Norgescupen samanlagt for klasse M18! Foto: Team Statkraft Nordfjord

Samstundes som det vart arrangert senior-NM i Trondheim var det også Norgescupavslutning for juniorar. Under laurdagens fellesstart gjekk Johan Eirik Meland inn til ein  tredjeplass. Dette resultatet sikra også Johan Eirik samanlagtsigeren i Norgescupen for klassa M18. Dette er andre året på rad at Johan Eirik vinn Norgescupen samanlagt.

Også dei andre markaneløparane som var i aksjon under Norgescupavslutninga gjorde gode løp. Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 10.plass i klasse M19 medan Lars Midthjell Gjørven kom på 18.plass i klasse M17.

Resultatliste Norgescupfinale Saupstad arena 24.03.2012

Samanlagtresultat Norgescup 2012

 

 



Trondheim 25.03.2012:

Postet av Markane IL den 26. Mar 2012

Flott innsats av Sogn og Fjordane sitt stafettlag i NM!

Sogn og Fjordane sitt stafettlag. Foto: Nordfjord Team

Sogn og Fjordane sitt stafettlag under NM i Trondheim. Frå venstre: Johannes Thingnes Bø, Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland. Foto: Norfjord Team

 Sogn og Fjordane stilte med eit reint juniorlag i den avsluttande stafetten i skiskyting-NM i Trondheim, og heile tre av løparane var frå Markane IL. Johannes  Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland gjorde saman med Håvard Gutubø Bogetveit frå  Førde IL ein imponerande innsats og blei nummer 7!

Johannes Thingnes Bø gjekk første etappe. Han skaut på seg to strafferundar og veksla som nummer 5. Håvard Gutubø Bogetveit som gjekk andre etappe, måtte også tole ein strafferunde. Ved andre veksling var Sogn og Fjorane nummer 8. Jarle Midthjell Gjørven. Gjørven skaut godt og slapp strafferundar. Han veksla som nummer 9 med Johan Eirik Meland. På same etappen gjekk skiskyttarstjerner som Emil Hegle Svendsen og Lars Berger. Etter siste skyting var Johan Eirik heilt oppe på fjerdeplass, og sjølv om nokre løparar gjekk forbi på sisterunden er det imponerande å klare ein 7.plass med eit reint juniorlag. Dette lovar utruleg godt for framtida!

Resultatliste stafett NM skiskyting Trondheim Dato: 25.03.2012



Ullsheim 20.03.2012:

Postet av Markane IL den 25. Mar 2012

139 femteklassingar samla til skuleskirenn på Ullsheim

Skuleskirenn 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Heile 139 femteklassingar frå Hornindal og Stryn kommunar fekk  instruksjon av elevar frå Stryn vidaregåande skule då det tysdag vart arrangert skidag på Ullsheim. Det var stor aktivitet på fire ulike postar. Tilboda varierte frå skileik, hopp, bandy og til ballspel. Her fekk alle testa seg blant anna ved å spele kanonball med ski på beina. Skidagen vart avslutta med skirenn med intervallstart.



Trondheim 24.03.2012:

Postet av Markane IL den 24. Mar 2012

Johannes Thingnes Bø tok fjerdeplassen på fellesstarten

Johannes Thingnes Bø leverte nok eit imponerande løp under senior-NM i skiskyting i Trondheim. Han kom utruleg nær pallen med 4. plass på dagens fellesstarten. Rune Brattsveen vart norgesmeister, Lars Berger kom på 2. plass og Emil Hegle Svendsen på 3. plass. Avstanden frå Johannes fram til pallen var berre på 11 sekund.

Johannes Thingnes Bø skaut feilfritt på dei to første skytingane. Etter den andre skyting var han i teten, 23 sekund føre Rune Brattsveen. På den tredje skyting vart det tre strafferundar på Johannes, og han gjekk dermed ut i løypa på ein tredjeplass. Med to strafferundar på fjerde skyting vart det ein runde for mykje til å klare ein pallplass. Sjølv om han tok inn på Emil Hegle Svendsen i løypa på siste runden, skilde det 11 små sekund opp til ein bronse. Tarjei Bø stod også over fellesstarten på grunn av sjukdom.



Ullsheim 22.03.2012:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2012

Årets cup avslutta med skicross

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emma Njøten og Bertine Fløtre Reed før start. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emma Njøten og Bertine Fløtre Reed før start i skicrossrennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Det femte og siste rennet i årets Telenorcup gjekk av stabelen torsdag 22.mars. For første gong vart cupen avslutta med eit skicrossrenn. Inkludert trimklassa deltok 43 løparar i årets siste cuprenn. Dei fleste av desse var svært unge. Heile 17 deltok i den yngste klassa til og med 8 år. Både små og store såg ut til å kose seg med nyskapinga. I klassen for gutar 11-12 år gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide heilt til topps, medan Kari Alsaker var raskast av jentene. I klassen for gutar 13-14 år vann Odd Sindre Tonning. Fullstendig resultatliste og fleire foto er lagt ut nedanfor.

Resultatliste Telenorcupen renn 5 - skicross. Dato: 22.03.2012

 

Startfeltet for klassane 9-12år. Foto: Margunn Hjelmeset

Frå venstre: Magnus Midthjell Gjørven, Liv Rigmor Netland, Anders Svarstad Hole, Alberte Kirkeeide Næss, Hedda Garlid Hilde, Oliver Kirkeeide Næss, Sigurd Fotland Fænn, Bertine Fløtre Reed, Karoline Flo, Nikolai Dispen Lødemel og Emma Njøten. Foto: Margunn Hjelmeset 

 

Nedanfor er fleire foto av unge løparar i full fart under skicrossløpet. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset. 

 Mari Sofi Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland.

Kristin Almskår. Foto: Margunn Hjelmeset

Kristin Almskår.

Oskar Guddal Breivik. Foto; Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik.

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Midthjell Gjørven.

Emilie Flo Stavik. Foto; Margunn Hjelmeset

 Emilie Flo Stavik.

 



Trondheim 23.03.2012:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2012

6.plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten i senior-NM

Johannes Thingnes Bø . Foto frå normaldistansen i jrNM/FjordingenJohannes Thingnes Bø kom på sjetteplass under senior-NM i skiskyting i Trondheim. Han var berre 13 sekund bak ein bronsemedalje. Johannes var omlag eit minutt bak vinnaren Emil Hegle Svendsen som skaut feilfritt. Johannes fekk to rundar på liggjande skyting og ein på ståande. Det betyr at han hadde omlag same fart i langrennsløypa som Emil Hegle Svendsen.

 

Også dei andre juniorane til Markane gjekk gode løp. Johan Eirik Meland vart nr 24 og Jarle Midthjell Gjørven nr 41, begge med ein runde. Runar Netland vart nr 132. I alt 152 løparar stilte til start i årets NM.

Tarjei Bø stod over på grunn av sjukdom etter å ha gått showrenn på Bislet i går.

Johannes Thingnes Bø skal også gå fellestarten på laurdag i NM. Dei andre juniorane våre skal gå Norgescupavslutninga.

Resultatliste sprint senior-NM Trondheim 23.03.2012



Trondheim 21.03.2012:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2012

NM-gull og kongepokal på normaldistansen til Tarjei Bø

Dag Erik Kokkin, Tarjei Bø og Rune Brattsveen. Foto: Thea Gunnes

Sølvvinnar Dag Erik Kokkin, gull-og kongepokalvinnar Tarjei Bø og bronsevinnar Rune Brattsveen. Foto: Thea Gunnes

Tarjei Bø sikra seg ein ny NM-tittel på normaldistansen under opninga av NM i skiskyting for senior i Trondheim i dag. Tarjei klarte seg med to tillegsminutt og var nesten tre minutt føre Dag Erik Kokkin frå Åsnes IL som hadde eitt tilleggsminutt. På tredjeplass fylgde Rune Brattsveen.

Johannes Thingnes Bø var berre tolv sekund bak storebror Tarjei i langrennstid, men 7 tilleggsminutt vart i meste laget for å henge med heilt i teten. I mål heldt det til ein

Jarle Midhjell Gjørven på 31. plass viste solid skyting med tre tilleggsminutt. Dei andre lokale plasseringane var 40) Håvard Bogetveit, Førde, 47) Pål Skrede, Hardbagg 57 Ronny Hafsås, Stårheim og 79 veteranen Edvard Tvinnereim, Hardbagg som ikkje er rask i sporet, men som greidde seg med tre tilleggsminutt.

 



Ullsheim 22.03.2012:

Postet av Markane IL den 21. Mar 2012

HUGS SESONGENS SISTE CUPRENN 22.MARS!

Der er klart for det femte og siste av sesongens cuprenn torsdag 22.mars.

For første gong skal cuprennsesongen avsluttast med

eit skicrossrenn.

Bli med på nyskapinga!

Påmelding frå kl.18.00

Start frå kl.18.30

"Gamle" og nye cuprenndeltakarar er velkomne!

 



Harpefossen 17.-18.03.2012:

Postet av Markane IL den 20. Mar 2012

God deltaking på krinscupavslutninga

Premieutdeling klasse gutar 13 år for sprinten på krinscupavslutninga. Foto: Nordfjord Team

 Premieutdeling for klasse G13 etter årets siste sprint.

Frå venstre: Aksel Mathias Meland, Johan-Olav Smørdal Botn, Vegard Skrede, Sivert Myrhol, Magnus Arntsen, Runar Naustdal og Ottar Frøysa Hellebostad. Foto: Nordfjord Team

Stårheim IL og Heggjabygda IL arrangerte i helga krinsavslutning på Harpefossen. Konkurransane gjekk i disiplinane sprint og jaktstart for klassane 13 år og eldre, medan dei under 13 år gjekk sprint på laurdag og normaldistanse på søndag.
 Laurdag var det fint vårveir og ein fryd å vere skiskyttar, medan søndag var
 snødrev og litt utriveleg vêr.

 I tillegg til premiar for helgas konkurransar vart det delt ut premiar til vinnarane av krinscupen samanlagt og sparebankkruset. Årets sparebankkrus gjekk til Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim IL.

Meir om korleis det gjekk med deltakarane frå Markane denne gongen, finn du nedanfor.

Resultatliste krinscupavslutning Stårheim 17.-18.03.2012

 

 

Markane IL hadde også i desse konkurransane deltakarar i dei fleste klassene.

I dei yngste klassane som ikkje vert rangerte etter tid, var Markane IL representerte med Jon Erlend Bø, Sondre Roset, Oskar Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Andreas og Emilie Flo Stavik, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Liv Rigmor Netland. Mange unge lovande skiskyttarar blant desse!

Magnus Midthjell Gjørven kom på andreplass i sprinten og gjekk inn til siger på sesongens siste jaktstart i klasse G11. I same klasse blei Vegard Vinsrygg Steen og Marius Arntsen nr 5 og 6 på sprinten og gjekk seg begge fram ei plassering på jaktstarten.

Kari Alsaker avslutta sesongen i klasse J12 med to fine tredjeplassar.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten i krinscupavslutninga. Foto: Nordfjord Team

Frå venstre: Magnar Lødemel, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Tore Årskog, Andreas Henden Lote, Oliver Kirkeeide Næss og Rasmus Hopland. Foto: Nordfjord Team

I klassen G12 vann Simon Hjelmeset Kirkeeide medan Oliver Kirkeeide Næss vart nr 5. På jaktstarten vart det 8.plass til Simon etter nokre bom på standplass medan Oliver kom på 7.plass.

I klassen for gutar 13 år vart Aksel Matias Meland nr 2 og Magnus Arntsen nr 5 både på sprinten og jaktstarten. I klassen for gutar 14 år kom Håkon Midthjell Gjørven, Grim Nygård og Andreas Halsteinslid kom på 5., 6., og 7.plass på sprinten. Dei to førstnemde stilte også på jaktstarten og bytte der plasseringar. I klassen for gutar 15 år kom Gaute Bø på fjerdeplass begge dagar, medan Georg Halsteinslid kom på fjerdeplass på sprinten og femte på jaktstarten.

Johan Eirik Meland vann sprinten i klasse M18, men stilte ikkje opp i den påfølgjande jaktstarten på søndag.


 



.

Postet av Markane IL den 20. Mar 2012

Reglar for tildeling av Sparebank-kruset

Følgjande reglar gjeld for tildeling av Sparebank Kruset:

1.Alle klassar fra 12 år og oppover er med og tevlar om Sparebank-kruset. Det vert arrangert 5 renn, der dei 4 beste vil telje når ein reknar ut sluttresultatet for pokalen. Det dårligaste resultatet skal strykast dersom ein har gått alle 5 renn.

2. Kruset er eit vandrekrus, som skal vinnast 3 gongar for å få det til odel og eige.

3. Utrekninga vil foregå slik: Ein tel antall bom og deler på antall seriar som løparen har skote. (Eksempel: 3 bom på 4 seriar gjev 3/4 = 0,75 bom pr.serie)

4. Ved poenglikhet vert beste enkeltresultat avgjerande.



Birkebeinerrennet 17.03.2012:

Postet av Markane IL den 19. Mar 2012

Seks løparar frå Markane IL deltok i årets Birkebeinerrenn

Logo BirkebeinnerrennetI alt 16 600 skiløparar stilte opp i det 54 km lange Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer. Av desse var 239 frå Sogn og Fjordane, og 6 frå Markane IL.

Resutata til løparane frå Markane IL og ein del andre nordfjordingar samt klassevinnarane, finn du i utdraget av resultatlista nedanfor.

For øvrige resultat og reportasjar frå årets Birkebeinerrenn viser vi til rennets heimeside www.birkebeiner.no

 

 

Utdrag frå resultatlista for Birkebeinerrennet 2012

Kvinner 20-24 år (merketid 4:37:10): 1) Tuva Toftdahl Staver, 2:52:10,

Kvinner 25-29 år (merketid 4:39:29): 1) Marte Monrad-Hansen, Heming 2:54:35,

Kvinner 30-34 (merketid 04:38:43): 1)Seraina Bonier, Team Exspirit, 02:47:03

Kvinner 35-39 år (merketid 4:38:23): 1) Antonella Confortola, Long distance FMC Italy 2:51:37, 258)

Kvinner 40-44 år (merketid 4:32:10): 1) Astrid-Kristin Ruud, 3:13:26,34) Margunn Hjelmeset, Terra BIL Markane 3:48:36, 273) Anne-Merete Kleppenes, Terra BIL Breimbygda 5:12:00,

Kvinner 45-49 år (merketid 4:31:30): 1) Marianne Myklebust, Hamar Skiklubb 3:12:43, 112) Vigdis Sætren, Terra Markane IL 4:21:35, 122) May Kristin Sæther, Eid 4:25:39, 267) Irene Kroken Bergset, IL Veten 5:19:38,

Kvinner 55-59 år (merketid 4:41:15): 1) Grethe Foss, 3:38:27,

Kvinner 60-64 år (merketid 4:25:59): 1) Birgit Øverby Tennøe 3:14:23,  20) Anne Raftevold, Hornindal 4:31:31,

Kvinner 65-69 år (merketid 5:12:24): 1) Katharina Mo Berge, Sport1 Ove Aunli 3:58:02, 

Menn 16-17 år (merketid 3:40:30): 1) Mattis Stenshagen, Sport1 Gausdal 2:54:55,

Menn 18-19 år (merketid 3:41:26): 1) Joar Andreas Thele, Flekkefjord Kajakklubb, 2:39:34,

Menn 20-24 år (merketid 3:38:02): 1) Hannes Dotzler, Team Di-Sprint 2:24:19,  366) Mathias Kullsveen, Eid IL - Sjøkrigsskolen 3:52:18,

Menn 25-29 år (merketid 3:39:20): 1) Toni Livers, Team Exspirit 2:23:35, 151) Endre Risøy, Eid 3:13:25  1045) Petter Sætremyr, VideoNor-Markane IL 6:37:13.

Menn 30-34 år (merketid 3:41:38): 1) Roger Aa Djupvik, Lillehammer Skiklub/Team Birken 2:21:58, 8) André Haugsbø, Gaular 2:30:20,  493) Jarle Fretheim Konstali-Lødemel, Stryn 3:59:45,

Menn 35-39 år (merketid 3:34:56): 1) Anders Södergren , Team United Bakeries 2:22:24, 476) Jon-Terje Tjellaug, Markane 3:42:45,

Menn 40-44 år (merketid 3:36:10): 1) Anders Aukland, Team Xtra Personell/Oseberg 2:21:34, 2) Odd-Bjørn Hjelmeset, Fjellhug/Vereide 2:32:27, 44) Roar Alsaker, Terra BIL Markane 2:54:08, 100) Sigbjørn Fænn, Terra BIL Markane 3:02:49,  342) Ola Frislid, Heggjabygda 3:21:51, 

Menn 45-49 år (merketid 3:38:07): 1) Erling Jevne, Øyer/Tretten I2:37:40, 337) Odd-Harald Heggen, Heggjabygda 3:27:28, 350) Anders Bergset, IL Veten 3:28:19, 410) Odd Arne Kolseth, Fjellhug Vereide 3:32:06, 543) Helge Roska, Fjellhug Vereide 3:41:35, 750) Oddvin Magne Myklebust, Nordplan AS3:57:12, 1503) Jarle Gjengedal, Sandane 5:46:11,

Menn 50-54 år (merketid 3:42:26): 1) Trond Olav Berg, Rustad IL, 02:43:40,  594) Ragnvald Bergset, Veten, 4:03:41, 930) Gunnar Bakken, veten, 4:41:35,

Menn 55-59 år (merketid 3:43:42): 1) Kjell Ove Seim, Røldal 2:54:31,

Menn 60-64 år (merketid 3:52:06): 1) Erik Hanssveen, Søre Ål 2:52:39, 65) Per Hatledal, Stryn 3:36:56,

Menn 65-69 år (merketid 4:03:44): 1) Egil Brørs, Steinkjer Skiklubb, 3:07:16, 35) Bodvar Fonn, Stryn 3:28:29, 97) Jan Steinar Roset, 3:43:57, 229) Knut Lillestøl, Hornindal 4:17:10, 234) Svein Hjelmeset, Fjellhug/vereide, 4:18:34,

Menn 70-74 år (merketid 4:02:52): 1) Ola Kvaale, Selsbakk if, 3:06:53,

Menn 75-79 år (merketid 4:48:14): 1) Eivind Grøtli, Kvikne 3:30:27, 12) Leidulv Sollid, Fjellhug/Vereide 4:15:07, 13) Magne Strand, 4:17:53.



Holmenkollen 18.03.2012:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2012

Gull i stafett til Sogn og Fjordane

-Johannes Thingnes Bø tok sitt femte NM-gull på vel ei veke!

Stafettlaget til Sogn og Fjordane tok gull i junior-NM ski i Holmenkollen. Frå venstre: Gjøran Tefre, Mats Leirdal, Håvard Bogetveit og Johannes Thingnes Bø. Foto: Svein Halvor Moe

Stafettlaget til Sogn og Fjordane vart historiske då det er første gong eit lag frå vårt fylket har vunne herrestafetten i junior- NM i langrenn.

  Johannes Thingnes Bø var ankermann for laget. Han gjekk siste etappe og auka leiinga  frå sju sekund ved siste veksling til 30 sekund i mål. Dei andre på laget var Mats Leirdal (IL Bjørn), Gjøran Tefre (Førde IL) og Håvard Gutabø Bogetveit (Førde IL). Laget frå Sogn og Fjordane hadde bestetid på dei tre siste etappane. Akershus kom på 2. plass eit halvt minutt bak, og Oppland kom inn som tredje beste lag. I fjor kjempa gutelaget også om ei pallplassering, men enda på 6. plass. Dagens gullmedalje vart Johannes Thingnes Bø sitt femte NM-gull på vel ei veke!

Jarle Midthjell Gjørven gjekk stafett for Sogn og Fjordane 2 som kom på 20. plass. På Sogn og Fjordane 4 gjekk Lars Midthjell Gjørven. Dette laget vart nummer 78. Totalt stilte heile 111 lag opp til krinsstafetten i junior- NM i nordiske greiner i Holmenkollen.

Resultatliste jrNM ski 2012 Holmenkollen stafett 4x5 km for herrar 18.03.2012

Vi gratulerer med nok eit gull!

 

 



Khanty Mansijsk 18.03.2012:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2012

9.plass til Tarjei Bø i verdscupavslutninga.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Tarjei Bø avslutta årets verdscupsesong i skiskyting med 9. plass på fellesstarten.

Tarjei var med i teten frå starten av løpet, og skaut fullt hus på første skyting. På andre liggande vart det ein bom, og dermed gjekk han ut på 11. plass. På tredje skyting var det vind og vanskeleg forhold på standplass. Dermed kom det tre bom til. Men i dei vanskelege forholda vart det mykje bom på mange løparar, og dermed hadde Tarjei framleis moglegheit til å kome på pallplass. Men med nok ein bom på siste ståande vart det tilslutt ein 9. plass. Han var 55 sekund bak vinnaren Emil Hegle Svendsen. Arnd Pfeiffer kom på andreplass og Anton Shipulin tok bronsen.

Med 9.plass i dag enda Tarjei Bø med 680 poeng i verdscupen. Dette heldt til ein 7.plass. Martin Fourcade vann verdscupen samanlagt med 1116 poeng. I fellesstartcupen kom Tarjei på ein 20.plass.



Khanty Mansijsk 17.03.2012

Postet av Markane IL den 17. Mar 2012

5.plass til Tarjei Bø på jaktstarten

Tarjei Bø i Khanty Mansijsk. Foto: Jan Gustavsson/NSSF

Tarjei Bø kjem stadig nærare pallen i verdscupavslutninga i Khanty Mansijsk. Etter sjetteplass på sprinten i går var det endå ein plass betre på jaktstarten. Tarjei kom i mål til ein femteplass. Han var 1 min 23 sekund etter vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike.  Arnd Pfeiffer kom på andreplass medan Emil Hegle Svendsen gjekk seg opp til tredjeplass.

Tarjei gjekk bra i løypa og skaut fullt på begge dei liggjande skytingane. På første ståande skytinga kom det to bom som øydela moglegheita for ein pallplass. Siste ståande skyting var det også fullt hus. Dermed skulle det vere gode sjansar for nok ei god plassering i morgondagens fellesstart som vert det siste verdscupløpet denne sesongen.

Med dagens femteplass enda Tarjei Bø på var det ein fjerdeplass i årets jaktstartcup. Martin Fourcade vann også jaktstartcupen samanlagt. Før det siste løpet i verdscupen ligg Tarjei på sjuandeplass i samandraget, men med eit godt løp i morgon kan det vere mogleg å avansere ein plass eller to.



Holmenkollen 17.03.2012:

Postet av Markane IL den 17. Mar 2012

Johannes Thingnes Bø-norgesmeister i langrenn!

Johannes Thingnes Bø vann jrNM i langrenn. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø vann junior-NM i langrenn i Holmenkollen.

Johannes Thingnes Bø vart i dag juniornorgesmeister også i langrenn. Han var klart raskast i sporet under junior- NM i nordiske greiner i Holmenkollen, og vann klassa for menn 19-20 år med eit halvt minutt føre andremann Sindre Skar frå Bærums Verk. Tredjeplassen gjekk til Håvard Solås Taugbøl frå Lillehammer Skiklubb/Team Birken. I same årsklasse vart Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL  nummer 92.

 Markane IL hadde også ein løpar i aksjon i 17 års klassa.  Lars Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 68.plass. Vinnar av denne klassa vart Eirik Sverdrup Augdal frå Haugsbygd IF.

Resultatliste jrNM ski 2012 Holmenkollen Fri teknikk-alle klasser 17.03.2012

Vi gratulerer Johannes med nok eit NM-gull!

 



Khanty Mansijsk 16.03.2012:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2012

6.plass til Tarjei Bø i sesongens siste sprint.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/FjordingenTarjei Bø gjekk eit godt løp då sesongens siste verdscupsprint vart arrangert i Khanty-Mansijsk.

På første skyting vart det fullt hus medan det vart ein bom på det første skotet på ståande. Til slutt heldt det til ein sjetteplass i mål 25 sekund bak vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike. Arnd Pfeiffer kom på andreplass medan Fredrik Lindstrøm tok bronse. Dagens sjetteplass gjev også eit fint utgongspunkt før jaktstarten i morgon.Med sjetteplass på sesongens siste sprint klatra Tarjei også opp på ein sjetteplass i sprintcupen samanlagt. Martin Fourcade vann sprintcupen.

 

 



Holmenkollen 16.03.2012:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2012

13.plass til Johannes Thingnes Bø i jrNM ski.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Nordfjord Team

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 13.plass under junior-NM i langrenn i Holmenkollen klasse menn 19-20 år. Dagens løp gjekk over 20 km i klassisk stil. Sidan skiskyttarane sjeldan går løp i klassisk, er ein 13. plass i konkurranse med langrennsspesialistane imponerande.

Håvard Solås Taugbøl frå Lillehammar Skiklubb/Team Birken vann klassa. Han var 49 sekund føre Erlend Moian Nydal, Njård/Team Kollen. Vetle Sjåstad Christensen frå Geilo IL vart nr. 3. Johannes Thingnes Bø var 2min 56 sekund bak dagens vinnar.

I alt 166 løparar var i aksjon i klassa. Jarle Midthjell Gjørven kom på 138 plass i same klassa. I morgon er det klart for 10 km fri teknikk. Ein distanse som skal høve vel så godt for skiskyttarane.

Resultatliste jrNM ski 2012 20 km klassisk klasse M19-20. Holmenkollen 16.03.2012

 

 

 



Strynehall-leikane 24.03.2012:

Postet av Markane IL den 15. Mar 2012

Strynehall-leikane 2012
 
Vintersesongen går mot slutten og etterkvart startar ny sesong med blant anna friidrett.
Først ut er Strynehall-leikane som vert arrangert av Oppstryn IL og Olden IL laurdag 24.mars frå kl.12.00
 
Stemnet er for alle klassar- gutar/jenter 10-18 år, junior/senior/veteran.
9-åringar kan delta i 10 års klassen.
 
Øvingar:
 
40 meter, høgde (med tilløp), lengde (med tilløp) og kule
 
Det er påbode med hallsko eller lyse såler (ikkje piggsko)!
 
Startkontingent:
 
50 kr pr øving for dei mellom 10-14 år
70 kr pr. øving for 15 år og oppover
 
Premiering:
 
Deltakarpremiar til alle i klassane 10, 11 og 12 år.
Vanleg premiering for eldre klassar samt uttrekkspremiar på startnummera.
 
Påmelding:
 
Vi vil gjerne melde inn deltakarane frå laget vårt samla.
Dersom du vil delta, så send ein epost til Aslaug Thingnes Bø: aslaugtb@gmail.com
seinast søndag 18.mars
 
Du må hugse å oppgje namn på deltakar(ar), fødselsår og kva øvingar du/de vil stille opp i.
 
Velkomne på årets Strynhall-leikar!
 

 
Oldestafetten.
 
Vi minner også om at årets Oldenstafett vert arrangert søndag 25.april.
Dermed er det etterkvart tid for å leggje seg i trening både for skiskyttarmødrene og alle andre som skal stille lag i år!
 
Meir info kjem når det nærmar seg.
 


Ullsheim 22.03.2012

Postet av Markane IL den 13. Mar 2012

HUGS ÅRETS FEMTECUPRENN VERT FLYTTA TIL TORSDAG 22.MARS!

Påmelding frå kl.18.00

Start frå kl.18.30

Cuprennsesongen vert avslutta med skicross.

Det er fullt mogleg å vere med om du ikkje har delteke  i cupen tidlegare i år.

Velkomne på cuprenn!



Ullsheim 11.03.2012:

Postet av Markane IL den 12. Mar 2012

Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø på Sogn og Fjordane sitt gull-lag i stafetten!

Sogn og Fjordane sitt gullag i NM-stafetten for M17-21. Foto Morten Viste Scheie 

Sogn og Fjordane sitt gullag på stafetten for klasse M 17-21. Frå venstre: Johannes Thingnes Bø, Ole Martin Erdal, Håvard Gutabø Bogetveit og Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Morten Viste Scheie.

 Markaneløparane Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø gjekk begge på Sogn og Fjordane SSK sitt gull-lag i stafetten for klasse M 17-21. For Johannes Thingnes Bø  vart det den tredje gullmedaljen av tre moglege under jr. NM skiskyting! Med seg på laget hadde dei to skiskyttarar frå Førde IL, Håvard Gutabø Bogetveit og Ole Martin Erdal.

Alle løparane på Sogn og Fjordane sitt lag leverte gode løp og laget var blant dei fremste laga heile vegen, men låg om lag eit minutt på leiarlaget fram til siste etappe. Johannes Thingnes Bø gjekk ut på siste etappe på ein fjerdeplass 1 min 12 sek etter leiarlaget som på dette tidspunktet var Oslo og Akerhus lag 1. Som vanleg var Johannes suveren i sporet og med god skyting i tillegg, gjekk han Sogn og Fjordane fram i teten etter andre skyting. I mål var Sogn og Fjordane sitt lag 36 sekund føre sølvvinnar Oslo og Akershus lag 1 (Andreas Aalberg Huse, Mats Røksund, Joakim Andersen og Andreas Grimstvedt)
Bronsen gjekk til Sør-Trøndelag SSK. Laget besto av Martin Muan, Chris Endre Haugen, Johan Saur Kilskar og Tommy Grøtte.

Markane IL hadde også to løparar i aksjon på Sogn og Fjordane sitt andrelag. Runar Netland og Isak Fotland Fænn gjekk saman med Geir Olav Roset og Pål Andre Skrede inn til ein 19.plass.

Johan Eirik Meland vart sjuk og måtte melde forfall til Sogn og Fjordane sitt lag i klassen M17-18. Laget som vart beståande av (Helge Kvam Karbø, Isak Flo Bødal, Lars Midthjell Gjørven og Vebjørn Hjelle), gjekk inn til ein åttande plass og dermed premie i NM. Medaljane gjekk til Nord Trøndelag, Oppland og laget til Oslo og Akershus.

Janne Alsaker gjekk for Sogn og Fjordane sitt andrelag i klassen K 17-21 saman med Kristin og Merete Heggen. Dei kom i mål på 27.plass. Vinnar av klassa vart Oppland. Sølv og bronse gjekk til Nord Østerdal og Hordaland. Sogn og Fjordane sitt første lag med 17-åringane Mari Solli Eide, Helene Støve Otterdal og Heidi Flo Bødal vart nr sju i klassa og oppnådde dermed premie.

Resultatliste NM jr skiskyting stafett 11.03.2012

Vi gratulerer Sogn og Fjordane sitt gull-lag! 



Ruhpolding 11.03.2012:

Postet av Markane IL den 12. Mar 2012

17.plass til Tarjei Bø på fellesstarten i VM.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/FjordingenTarjei Bø kom på 17.plass i det siste løpet i årets skiskyttar-VM i Ruhpolding. Tarjei var med i tetgruppa etter fullt hus på den første skytinga, men eit fall i ei utforkøyring før andre skyting gjorde at han kom lenger bak i feltet. Då det i tillegg vart to bom på den andre skytinga, vart det vanskeleg å nå heilt opp i løpet. Ståande skyting gjekk bra med berre ein bom på dei ti skota. Med 17.plass på fellesstarten vart 7.plassen på jaktstarten beste individuelle plassering i dette VM.

Neste løp for Tarjei er verdscupavslutninga i Khanty- Mansjisk til helga.



Ullsheim 10.03.2012:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2012

Nytt NM-gull til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø i innspurten til sprintgull i NM. Foto: Jan Åge Sundnes 

Johannes Thingnes Bø spurtar inn til NM-gull på sprinten. Foto: Jan Åge Sundnes

Johannes Thingnes Bø tok sitt andre NM-gull på like mange dagar då han gjekk inn til suveren siger på sprinten i klasse M19. I mål var han heile 1 min 47 sekund føre sin næraste konkurrent Chris Andre Haugen frå Trondhjems skiskyttere/HVGS. Tommy Grøtte også han frå Trondhjems skiskyttere tok bronse. Også i dag leia Johannes løpet frå start til mål. På første skyting vart det også fullt hus, og sjølv om det vart to strafferundar på sståande skyting var det aldri tvil om kvar sigeren skulle ende.

Markane IL hadde også tre andre løparar i klasse M19. Jarle Midthjell Gjørven vart nr 27, Runar Netland nr 41 og Isak Fotland Fænn nr 50.

Johan Eirik Meland som tok gull i går, gjekk eit godt løp også i dag. Det vart ein bom på kvar av skytingane, og etter andre skyting gjekk han ut heilt oppe på tredjeplass. 18 års klassen var utruleg jamn. Det skilde under 30 sekund mellom nr 2 og nr 16. Johan Eirik tapte litt i løypa på siste runden, og i mål heldt det i dag til ein fin åttande plass. Espen Sonåsen frå Meråker IL vann klassa klart. Henrik Sagosen Smeby frå Bevern IL tok sølv og Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom tok bronse.

I klassen M17 hadde Markane IL ein deltakar. Lars Midthjell Gjørven kom inn til ein 16.plass. Han var 2 min 23 sek etter Andreas Sommerstad Juveli frå Lier IL som tok NM-gull for andre dag på rad. På sølvplass kom Lars Gunnar Skjevdal frå Røros og på bronseplass Trygve Kjøsnes Wekre frå Steinkjer IL.

I kvinneklassene var Janne Alsaker einaste markaneløpar på start. Ho deltok i klasse K18 og gjekk seg inn til ein 25. plass. Marie Nørstebø frå Svene IL tok NM-gullet med Kristin Sandeggen frå Alvdal IL tok sølv og Mathilde Guldvik frå Vingrom IL tok bronsen.

Vi oppfordrar alle om å besøkje junior-NM si eiga heimeside. Her er komplette resultatlister og mange reportasjar frå NM-dagane. Det er også mogleg å følgje NM på nett-TV på NRK her.

Resultatliste NM jr skiskyting sprint og Norgescup senior Ullsheim 10.03.2012

Vi gratulerer Johannes med nok eit gull!

 



Ullsheim 10.03.2012:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2012

Arvid Hatledal tildelt prisen "Kvardagsheltar"! 

Arvid Hatledal mottok prisen "Kvardagsheltar" frå Knut Roger Nesdal. Foto: Oddleif Løset, NRK

Arvid Hatledal mottok prisen "Kvardagsheltar" frå Knut Roger Nesdal under junior-NM. Foto: Oddleif Løset/NRK

Arvid Hatledal vart tildelt prisen "Kvardagsheltar" på 10 000 kr og diplom under junior-NM på Ullsheim i dag. Dette er ein ny pris som vert delt ut av Skogstad. I tillegg til Knut Roger Nesdal har Eli Kari Gjengedal og Odd Bjørn Hjemeset vore i juryen. Prisen skal gå til kvardagsheltar som gjer den store skilnaden i lag og foreingar. Prisvinnarane får sjølve disposisjonsrett på prispengane. Det skal i løpet av året delast ut ti slike prisar, og ein av desse vil få tildelt ytterlegare 30 000 kr på slutten av året.

Arvid Hatledal vart tildelt prisen for sin store innsats med blant anna løypepreparering over mange år. Han har preparert løypene på Ullsheim sidan han starta med eigne maskiner i 1980. Han har vore preperasjonsansvarleg for heile 17 nasjonale- og internasjonale meisterskap på Ullsheim. Ikkje minst NM i 1996 var ei enorm utfordrin det måtte køyrast inn 15 000 kubikk snø frå andre plassar. Også vêret under årets junior-NM har gjeve utfordringar.

Vi gratulerer med velfortent pris!

 



Ruhpolding 09.03.2012:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2012

Gull på VM-stafetten til Tarjei Bø!

Tarjei Bø under stafetten i Ruhpolding. Foto frå NRK

Tarjei Bø gjekk ein flott tredjeetappe under VM-stafetten i Ruhpolding. Foto frå NRK.

Stafetten opna dårleg for Noregs lag då Ole Einar Bjørndalen fekk ein strafferunde på første etappe. Ved første veksling låg Noreg heilt nede på 13.plass. Rune Brattsveen gjekk ein god andre etappe og førte Noreg tilbake i medaljekampen.

Vår eigen Tarjei Bø gjekk ein flott tredje etappe. Han hadde stor fart i sporet og kontrollert skyting der det gjekk med to ekstraskot før alle ti blinkane var ned. Tarjei kunne dermed sende Emil Hegle Svendsen ut på siste etappe 21, 3 sekund bak Frankrike som hadde Martin Fourcade på siste etappe. Emil Svendsen gjorde jobben. Medan franskmannen sprakk på ståande skyting, skaut Svendsen årsbeste. Noreg tok dermed sigeren. Frankrike og Tyskland følgde på dei neste plassane. Dermed har Tarjei sikra seg ein gullmedalje også i årets VM! Den gode farten i sporet lovar også godt før søndagens fellesstart.

Vi gratulerer med nytt VM-gull!



Ullsheim 09.03.2012:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2012

NM-gull både til Johannes Thingnes Bø og Johan Eirik Meland på jr.NMs første dag!

Johannes Thingnes Bø vann normaldistanse under jrNM2012. Foto:Magnus Aarre

Johannes Thingnes Bø vann normaldistansen i klasse M 19 suverent. Her saman med bronsevinnar Håkon Svaland. Sølvvinnar Øystein Ulevik var ikkje til stades. Foto: Magnus Aarre

Johannes Thingnes Bø leverte eit fantastisk løp på dagens normaldistanse, og vann klassen M 19 heilt suverent. Johannes leia løpet frå start til mål. Ingen var i nærleiken av å måle se med hans fantastiske fart i sporet. Også på standplass gjekk det svært bra med fullt hus på første skyting og eit tilleggsminutt på dei tre andre skytingane. I mål var han heile 4 min 22 sek føre sin nærast konkurrent, Øystein Ulekleiv frå Dombås IL som tok sølv. Håkon Svaland frå Birkenes IL/SVG følgde på tredjeplass. Markane IL hadde også tre andre løparar i aksjon i klasse M19. Jarle Midthjell Gjørven leverte også eit jamnt godt løp. Også Jarle tre tilleggsminutt og enda på ein 14.plass til slutt. Isak Fotland Fænn vart nr 33 medan Runar Netland kom i mål på 39.plass.

Johan Eirik Meland vann klasse M18. Foto: Magnus Aarre 

Johan Eirik Meland tok NM-gull i klasse M18. Foto: Magnus Aarre

Markane IL hadde ein fantastisk dag under jrNM sin første dag. På same tid som Johannes Thingnes Bø tok gull, vart det klart at Johan Eirik Meland kjempa om sigeren i klasse M18. Også han leia løpet heilt frå starten. Han leverte fantastisk innsats på standplass og skaut tre fulle hus. På siste skyting kom det ein bom og dermed vart det svært jamnt med den næraste konkurrenten Didrik Malvik frå Fossum IF. I mål vann Johan Eirik med 9,7 sekund. Andreas Kvam frå Meldal IL tok bronsen.

Markane IL hadde også løparar i aksjon i klasse K18 og M17. Janne Alsaker kom inn til 29.plass i klasse K18. Vinnar av klassa vart Turid Salbu frå Voss SSL. Lars Midthjell Gjørven kom på 16.plass i klasse M17 etter god innsats i løypa, men åtte tilleggsminutt var i meste laget for å nå heilt opp i toppen. Vinnar av klassa vart Anders Sommerstad Juveli frå Lier IL.

Kompletter resultatlister og fyldige reportasjar frå jrNM finn du på arrangementets heimeside!

 Elles oppmodar vi alle om å ta turen til Ullsheim i helga og heie fram alle dei dyktige juniorane som kjempar om medaljar og gode plasseringar.

Resultatliste NM jr skiskyting normaldistanse og Norgescup senior Ullsheim 09.03.2012

Vi gratulerer dagens NM-vinnarar!

 

 



Hornindal 04.03.2012:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2012

Roar Alsaker klassevinnar av M 41-45 i Honndalsrennet.

Roar Alsaker. Foto: Privat, 2011

Honndalsrennet 2012 vart arrangert søndag 4.mars. Rennet gjekk i klassisk stil. Aldersgruppa 13-16 år gjekk ein distanse på 13,5 km medan dei eldre årsklassane gjekk 27 km. Totalt 43 løparar deltok i konkurranseklassen. Berre ein løpar frå Markane IL stilte opp i år, nemleg Roar Alsaker. Han vart klassevinnar i M 41-45 og hadde fjerde beste tid totalt sett. Vinnar uansett klasse vart Andre Haugsbø frå Gaular IL. Elisabeth Overvoll Hole frå Stranda IL var raskaste av damene.

Resultatliste Honndalsrennet 04.03.2012



Ruhpolding 06.03.2012:

Postet av Markane IL den 6. Mar 2012

18.plass til Tarjei Bø på normaldistansen i VM

Tarjei Bø: Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Tarjei Bø gjekk ut på dagens 20 km som tittelforsvarar, men med bom på dei to første skota vart det ein vanskeleg start på løpet. Resten av løpet var av god kvalitet, sjølv om det blei ytterlegare to tilleggsminutt. I løypa vart Tarjei nest raskast, berre slegen av Martin Fourcade. Med fire tilleggsminutt vart det likevel berre ein 18.plass. Jakob Fak frå Slovenia vart dagens verdsmeister.

Den gode farten i sporet gjev likevel håp om at det kan snu fort for Tarjei. Om det vert klaff på standplass, kan det kome nye toppresultat både på stafetten (fredag) og fellesstarten (søndag).



Sunnylven 03.-04.03.2012:

Postet av Markane IL den 5. Mar 2012

God innsats i KM sprint og jaktstart

Jarle Midthjell Gjørven i KM sprint Sunnylven. Foto: Nordfjord Team

Jarle Midthjell Gjørven vann KM sprint i Sunnylven klasse M19. Foto: Nordfjord Team

Sunnylven IL arrangerte dei to siste løpa i krinsmeisterskapen i helga. Først var det KM sprint på laurdag og deretter KM jaktstart på søndag.
Begge dagane var det fin temperatur, og sola kika innom av og til. Det var litt vekslande vindforhold på standplass, men dei fleste takla dette greitt.
Om lag 110 deltakarar var påmelde og Markane IL var godt representert.

På KM sprint fekk Markane IL tre krinsmeistrar: Lars Midthjell Gjørven vann M17, Johan Eirik Meland vann M18 medan Jarle Midthjell Gjørven vart krinsmeister i klasse M19. I tillegg vart det andreplassar både til Odd Sindre Tonning i klasse G14 og Janne Alsaker i klasse K18. Magnus Arntsen kom på tredjeplass i G13.

Krinsmeisterskapet gjeld klassane frå 13 år og oppover, men det vart også konkurrert i dei yngre klassane. Og mange unge talent leverte flotte løp både i løypa og på standplass. Magnus Midthjell Gjørven gjekk heilt til topps i klasse G11. Liv Rigmor Netland og Kari Alsaker kom på andreplass i høvesvis J11 og J12 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer tre i G11.

Dei tre som vart krinsmeistrar på sprinten, Johan Eirik Meland, Jarle og Lars Midthjell Gjørven, stod alle over jaktstarten. I klassen for gjekk Aksel Meland seg fram til ein tredjeplass. Magnus Arntsen følgde på plassen bak. I klassen for G14 kom Odd Sindre Tonning på tredjeplass, Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 4 og Andreas Halsteinslid kom på 6.plass. Gaute Bø vart nummer 5 i klassa for G15 medan Georg Halsteinslid vart nummer fire i klassen for G16.

Resultatliste KM sprint Sunnylven 03.03.2012

Resultatliste KM Sunnylven jaktstart 04.03.2012



JrNM skiskyting 2012:

Postet av Markane IL den 5. Mar 2012

Viktig info til alle som nyttar Ullsheim/skiarenaen!

På grunn av jr. NM skiskyting er ikkje Ullsheim/skiarenaen fullt ut tilgjengeleg frå no og fram til NM er over. 

 Vi ber om at besøkjande tek omsyn til det arbeidet som er gjort, og skal gjerast framover, i høve jrNM 2012.

 På førehand takk!


Ruhpolding 04.03.2012:

Postet av Markane IL den 4. Mar 2012

7.plass til Tarjei Bø på VM-jaktstarten

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Tarjei Bø gjekk ein god jaktstart frå eit vanskeleg utgongspunkt under VM i Ruhpolding. Han starta som nummer 17 med 1min 13 sekund opp til gårsdagens vinnar Martin Fourcade. På den første skytinga vart det to bom, men med feilfrie seriar på andre og tredje skyting nærma Tarjei seg teten. På siste skyting vart det bom på siste skotet. Men med god fart i løypa heldt det likevel til ein 7.plass. Martin Fourcade vann også dagens jaktstart. Om framgongen på standplass held fram kan det bli rett så bra på neste løp. Tysdag er det klart for normaldistansen, 20 km, der Tarjei Bø er tittelforsvarar!



Ullsheim 11.-12.februar 2012:

Postet av Markane IL den 3. Mar 2012

Fotoserie frå Ullsrennet/KMsprint

Før start på Ullsrennet. Foto. Torstein Breivik

Simon Hjelmeset Kirkeeide ved målgong Ullsrennet. Foto: Torstein Breivik

Helga 11.-12. februar vart Ullsrennet og KM sprint arrangert på Ullsheim. På årets Ullsrenn var heile 219 løparar påmelde medan 169 stilte opp i KM sprint. Det var god deltaking frå heile fylket med over 20 idrettslag representerte på startlista. Resultatlistene har vore presenterte tidlegare og er å finne blant anna her: Resultat Ullsrennet 2012 og resultat KM sprint. 

 Nedanfor er det lagt ut fleire foto frå arrangementet. Alle er tekne av Torstein Breivik. Med under ei veke att til jr.NM skiskyting på Ullsheim, håper vi foto av glade deltakarar og funksjonærar inspirerer mange til å ta turen å ta turen til Ullsheim til helga!

Etter målgong. Foto: Torstein Breivik

Godt med drikke etter målgong! Foto: Torstein Breivik

 

 

Eldbjørg Hatledal. Foto: Torstein Breivik

Leiar i Markane IL Eldbjørg Hatledal var assisterande rennleiar.

I løypa. Foto: Torstein Breivik

Selma Guddal Breivik.

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Torstein Breivik

Simon Hjelmeset Kirkeeide

I målområdet. Foto: Torstein Breivik

Mange slitne løparar i målområdet.

Etter målgong i Ullsrennet. Foto: Torstein Breivik

Oliver Kirkeeide Næss

Etter fullført Ullsrenn. Foto: Torstein Breivik

Oliver Kirkeeide Næss i målområdet.

Frå Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn

Full fart mot mål. Foto: Torstein Breivik

Full fart mot mål.

Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Vel i mål på Ullsrennet 2012.

Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik

Bernhard Hole og Olav Langeset. Foto: Torstein Breivik

Bernhard Hole og Olav Langeset stilte opp som funksjonærar.

Monica Halsteinslid og Hildegunn Midthjell Gjørven. Foto: Torstein Breivik

Monica Valvik Halsteinslid og Hildegunn Midthjell Gjørven

Vel i mål. Foto: Torstein Breivik

Odd Sindre Tonning

Frå målområdet, Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Slitne løparar ved målgong for klasse gutar 14 år.

Aksel Mathias Meland, Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Aksel Mathias Meland

Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Magnus Arntsen

Georg Halsteinslid. Foto:Torstein Breivik

Georg Halsteinslid

Sigbjørn Kirkeeide. Foto: Torstein Breivik

Sigbjørn Kirkeeide

Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

Kari Alsaker

 

Etter Ullsrennet. Foto: Torstein Breivik

Gaute Bø

Ut i løypa. Foto: Torstein Breivik

Isak Fotland Fænn

Fornøgde etter løpet. Foto: Torstein Breivik

Glade jenter i målområdet.

Ullsrennet 2012. Foto: Torstein Breivik

God stemning etter målgong.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Torstein Breivik

Johannes Thingnes Bø

 

Isak Fotland Fænn. Foto:Torstein Breivik

Isak Fotland Fænn

Startfelt på KM sprint. Foto: Torstein Brevik

Selma Guddal Breivik klar til start på sprinten søndag.

Frå KM sprint. Foto: Torstein Breivik

Frå høgre: Sigurd Fotland Fænn, Oskar Breivik Guddal og Marius Arntsen. I bakgrunnen Ingvild Hatledal som deltok i kvinner HK. Til venstre: medhjelpar Anders Meland.

 



Ruhpolding 03.03.2012:

Postet av Markane IL den 3. Mar 2012

17.plass til Tarjei Bø på VM-sprinten

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Tarjei Bø gjekk inn til ein 17. plass på dagens sprint under VM i skiskyting i Ruhpolding. Etter feilfri liggande skyting leia Tarjei løpet, men på ståande skyting vart det dessverre tre bom. Dermed vart det til slutt ein 17. plass i det første VM-løpet, 1 min 13 sek bak vinnaren Martin Fourcade. Emil Hegle Svendsen gjekk inn til sølv medan Carl Johan Bergman tok bronse.

Neste VM-løp for Tarjei er allereie i morgon 4.mars. Då skal det gåast jaktstart. Med dagens femte beste langrennstid er det mogleg å gå seg heilt fram i teten om det klaffar betre på standplass.



Grendadalen 25.-26.02.2012

Postet av Markane IL den 29. Feb 2012

God innsats i KM i Hornindal.

 KM i grendadalen 26.02.2012 Foto: Rune Tryggestad

God innsats i løypene i Grendadalen. Foto: Rune Tryggestad

Laurdag 25. og søndag 26. februar vart det arrangert krinsmeisterskap i Grendadalen i Hornindal. Omlag 125 løparar var påmelde til konkurransane dei to dagane. Laurdag var det normalprogram medan søndag var det sprint for utøvarar yngre enn 13 år, og stafett for utøvarar på 13 år og eldre.
Været var bra begge dagar. Laurdag var det litt snø i lufta, men elles fine forhold. Søndag kom eit gløtt av sol, og det var ein rett triveleg dag i Grendadalen. I kombinasjon med gode løyper gav dette gode prestasjonar og god stemning.

Markane IL var som vanleg godt representert i dei fleste klasser. Under krinsmeisterskapet på normaldistansen vart Lars Midthjell Gjørven vinnar av klassen M17. Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven vart krinsmeistrar for høveesvis M18 og M19. Aksel Meland tok sølv i klassen for gutar 13 år medan Magnus Arntsen kom på 4. plass. I klassen for gutar 14 år blei Odd Sindre Tonning nummer tre. I dei yngre klassane vart det andreplass til Magnus Midthjell Gjørven i klasse G 11. Same plassering fekk Kari Alsaker i klassen for J12. Normaldistanseløpet tel også både i krinscupen og i kampen om Sparebankkruset.

Søndag var det KM i stafett for utøvarar på 13 år og oppover. Dei yngre løparane gjekk krinsrenn sprint. Markane stilte opp med tre lag i KM-stafett. Alle laga deltok i klassen gutar 13-16 år. Best resultat oppnådde Markane III med fjerdeplass. Laget bestod av Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid og Georg Halsteinslid. Markane I (Georg Halsteinslid, Odd Sindre Tonning og Gaute Bø) kom på 6.plass medan Markane II (Aksel Meland, Magnus Arntsen og Grim Nygård) blei nummer 8.

Komplette resultatlister for dei tre løpa er lagt ut nedanfor.

Resultatliste KM Grendadalen normaldistanse 25.02.2012

Resultatliste krinsrenn Grendadalen sprint 26.02.2012

Resultatliste KM Grendadalen stafett 26.02.2012


 



Bendit-TV frå 1.mars:

Postet av Markane IL den 28. Feb 2012

Skiskyttarar frå Markane/Stryn konkurrerer med langrennsløparar i realityserie på nett!

Logo Bendit-duellen

Seks skiskyttartalent fra Markane IL/Stryn vgs skal møte seks langrennstalent frå Heming IL i "Bendit-duellen" for å avgjere kven som er dei mest komplette idrettsutøvarane. Serien har premiere på "Bendit-TV" (nett-tv) 1. mars. Det skal i alt lagast sju episodar.

Dei to laga skal leiast av kvar sine mentor. Vår eigen Tarjei Bø er mentor for Markane/Stryn medan Astrid Uhrenholdt Jacobsen leiar Heming. Laga vert utfordra innanfor seks ulike områder som er viktige for å bli komplette som idrettsutøverar. Dei seks områda som inngår i konkurransen er: uthaldenheit,hurtigheit/spenst, fysisk styrke, mental styrke, koordinasjon og ernæring.

Deltakarane vert utfordra til å teste ut alternative former for trening for
å forbetre seg innanfor dei ulike områda. Vinnaren av konkurransen vert kåra i den store duellen i siste episode.

Følg med på Bendit-duellen på Bendit-TV her.



Ullsheim 28.02.2012:

Postet av Markane IL den 28. Feb 2012

Resultata frå renn 4 i Telenorcupen.

Startfeltet frå renn 3. Foto; Sigbjørn Kirkeeide

Startfelt frå cuprenn nr 3. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Årets fjerde renn i Telenorcupen vart arrangert på Ullsheim tysdag  28.februar.
I alt 60 deltok i rennet som gjekk i fri teknikk.
For klassane frå 11 år og oppover var rennet ein omvendt jaktstart. Utgongspunktet for jaktstarten var det andre rennet i årets
cup, men det var også høve å stille opp for dei som ikkje var med då.

Nikolai Dispen Lødemel vann klassen for gutar 11-12 år føre Magnus Midthjell Gjørven. Alberte Kirkeeide Næss var vann jenteklassen.
I klassen for gutar 13-14år vart det siger til Håkon Midthjell  Gjørven med Odd Sindre Tonning på andreplass. I klassane frå 15 år og oppover blei det førsteplass til Roar Alsaker i herreklassen medan Janne Alsaker vart klassevinnar i dameklassen.

Siste renn i årets cup vert arrangert 20.mars og då skal deltakarane prøve seg på skicross.

Komplett resultatliste frå kveldens renn er utlagt nedanfor. Foto frå rennet kjem om litt.

Resultatliste renn 4 Telenorcupen 28.02.2012



Ullsheim 28.02.2012:

Postet av Markane IL den 27. Feb 2012

HUGS ÅRETS FJERDE CUPRENN TYSDAG 28.FEBRUAR!

Påmelding frå kl.18.00

Start frå kl.18.30

Rennet går som omvendt jaktstart i fri teknikk.

Jaktstarten er basert på resultata i renn 2,

men det er fullt mogleg å stille opp om ein ikkje deltok her!

Velkomne på cuprenn!


 



Kontiolahti 25.02.2012:

Postet av Markane IL den 26. Feb 2012

Nytt VM-gull til Johannes Thingnes Bø!

Tre gull til Johannes Thingnes Bø i jrVM. Foto: Ole Kristian Stoltenberg/NSSF

Johannes Thingnes Bø vann tre gull under jr. VM i Kontiolahti. Foto: Ole Kristian Stoltenberg/NSSF

Johannes Thingens Bø leverte eit nytt strålande løp på jaktstarten i junior- VM. Med god innsats både i sporet og på standplass sikra han seg suverent gull på jaktstarten to minutt før tyske Mattias Dorfer.

Johannes gjekk ut på dagens jaktstart med 50 sekund leiing på konkurrentane, og auka forspranget utover i løpet. Han starta feilfritt på første skyting. På andre skyteserie vart det ein bom, men ut frå stadion leia han med heile 1 minutt 42 sekund til næraste konkurrent. På tredje skyting skaut han feilfritt og fekk ei leiing på over to minutt. På siste ståande vart det to bom, men sigeren ikkje i nærleiken av å vere trua. Dermed tok han sitt tredje gull på fire dagar! Tyske Mattias Dorfer tok sølvmedalje medan Maksim Ramanouski frå Kviterussland tok bronse.

Vi gratulerer med gullmedalje nummer tre!

 



.

Postet av Markane IL den 25. Feb 2012

BARNEIDRETTSSKULEN
 
Vi startar oppatt med ein ny vri og satsar på uteaktivitetar ein gong i månaden. Vi kjem til å nytte helgane som aktivitetsdagar - laurdag eller søndag, alt etter kva som høver best.
Januar, februar og mars blir det skidag for heile familien på Ullsheim, med skileik og tur til skipost/dagens løype.
Det vidare programmet fram til sommarferien ser vi an etterkvart.
Foreldre har ansvar for eigne born. Vi fyrer opp i Årestova.
 
 
Datoar: laurdag 14.januar klokka 12.00
søndag 19.februar kl.12.00
søndag 4.mars kl.12.00
 
Alle velkomne!


Kontiolahti 24.02.2012:

Postet av Markane IL den 24. Feb 2012

Johannes Thingnes Bø verdsmeister!

Vann sprinten under jr.VM!

Johannes Thingnes Bø vann Vm-gull på sprinten. Foto: Ole Kristian Stoltenberg/NSSF

Johannes Thingnes Bø tok sitt første individuelle VM-gull. Foto: Ole-Kristian Stoltenberg/NSSF

Johannes Thingnes Bø følgde opp stafettgullet frå torsdag, og tok sitt første individuelle gull under junior- VM i finske Kontiolahti fredag.

Trass to bom vann han sprinten suverent med 50 sekund føre sølvvinnar Maksim Ramanouski frå Kviterussland som hadde berre ein bom. Artem Tyshcenko frå Ukraina kom på tredjeplass.

Som vanleg var Johannes raskare enn konkurrentane i sporet, og med tidleg startnummer leia han inn til første skyting. Her vart det ein bom, men han gjekk likevel ut med ei leiing. På ståande skyting vart det nok ein bom til, men leia likevel med nesten 40 sekund ut frå standplass.

Då han gjekk over mål, leia han konkurransen med litt over eitt minutt. Johannes Thingnes Bø gjekk på eit tidleg startnummer og måtte vente lenge på at alle 97 løparane skulle kome i mål. Men til slutt var det klart at sigeren var sikra og at Johannes dermed har teke sitt aller første individuelle VM- gull i karriera.

Dagens suverene siger gjev også Johannes eit fantastisk utgongspunkt til jaktstarten søndag.

Gratulerer med VM-gullet, Johannes!



Jr. VM Kontiolahti 23.02.2012

Postet av Markane IL den 23. Feb 2012

Johannes Thingnes Bø vann VM gull i stafett!

Johannes Thingnes Bø på vinnarlaget i stafett jrVM.

Johannes Thingnes Bø og resten av gullaget i Kontiolahti. Frå venstre: Erling Aalvik, Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Thingnes Bø og Marius Hol. Foto: Ole Kristian Stoltenberg, NSSF

Johannes Thingnes Bø vann VM-gull i stafett for Norge under jr.VM i Kontiolahti i dag. Johannes gjekk andre etappe på det norske juniorlaget som var heile 1 minutt 23 sekund føre sølvvinnar Tsjekkia i mål. Russland kom på tredjeplass berre tidelen etter Tsjekkia. Erling Aalvik, Marius Hol og Vetle Sjastad Christiansen var dei andre løparane på det norske vinnarlaget.

 Johannes både skaut godt og gjekk raskt i sporet påsin andre etappe. Han brukte berre eit ekstraskot på å få ned dei ti blinkane. Totalt brukte dei norske løparane ni ekstraskot. Johannes var sikrast på standplass av dei norske med berre eitt ekstraskot på siste skyting.

Neste løp for Johannes Thingnes Bø under jr. VM er alt fredag. Då skal han gå sprint medan søndag er det jaktstart.

 Vi gratulerer med VM-gullet!



Kontiolahti 20.02.2012:

Postet av Markane IL den 20. Feb 2012

4.plass til Johannes Thingnes Bø på normaldistansen i jr.VM

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø under Norgescupen på Geilo. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø vart nummer fire på normaldistansen i ungdomsklassen i Junior-VM i skiskyting i Kontiolahti. Normaldistansen var det første løpet i årets jr. VM. 

Johannes pådrog seg seks bom og fekk dermed seks tilleggsminutt. Dermed var han sjanselaus i kampen om sigeren. I løypa var han klart raskast. I mål var differansen fram til vinnaren Aristide Begue frå Frankrike som berre hadde eit tilleggsminutt, på 1 min 33 sekund. Det var på dei to siste skytingane at Johannes mista sigeren med to tilleggsminutt på kvar.

Neste individuelle løp i jr.VM er sprinten på fredag 24.februar.



Krinsting i Førde 04.02.2012:

Postet av Markane IL den 20. Feb 2012

Eldbjørg Hatledal innvald i krinsstyret.

orienteringslogo

Eldbjørg Hatledal vart vald inn i styret for Sogn og Fjordane orienteringskrins. Norvald Osphaug frå Tambarskjelvar IL held fram som leiar.

Styret elles er samansett Gøril Fristad, Askvoll og Holmedal IL samt styremedlemmane Jan Magne Herstad frå Tambarskjelvar IL og Johan Magerøy frå Førde IL.

Rikard Kirkeeide Bøe frå Markane IL vart 1.vara, Ingar Hals frå Sogndal IL vart 2.vara medan Øystein Eide frå Førde IL blei 3.vara. 



Hovudlandsrennet på Røros, 17.-19.02.2012:

Postet av Markane IL den 19. Feb 2012

Gaute Bø på bronselaget i miksstafett.

Vinnar Vestfold/Telemark, sølv Buskerud og bronse til Sogn og Fjordane på Hovudlandsrennet. Foto: Røros IL+

Medaljelaga på miksstafetten under Hovudlandsrennet på Røros. Gull til Vestfold/Telemark, sølv til Buskerud og bronse til Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane sitt lag gjekk Inga Elise Nybø Vik, Gaute Bø og Jørgen Ringdal Sæter. Foto: Røros IL

Markane IL var representert med to løparar under Hovudlandsrennet på Røros 17.-19.februar. Gaute Bø deltok i klassen for gutar 15 år med Georg Halsteinslid deltok i gutar 16 år. Dei beste resultata kom på stafettane søndag. Gaute Bø var med på miksstafettlaget som oppnådde bronsemedalje saman med Inga Elise Nybø Vik og Jørgen Ringdal Sæter. Georg Halsteinslid gjekk første etappe på Sogn og Fjordane II i klassa G15/16. Dette laget enda til slutt på 18.plass av tilsaman 30 lag.

På normaldistansen og sprinten vart plasseringane litt lenger ned på lista etter at det ikkje vart fulltreff på standplass.  Gaute kom på høvesvis 101. og 87.plass medan Georg plasserte seg på 71. og 79.plass.

Fullstendige resultatlister er lagt ut nedanfor.

Resultatliste sprint Hovudlandsrenn Røros 17.02.2012

Resultatliste normaldistanse Hovudlandsrenn Røros 18.02.2012

Resultatliste stafett G15/16 Hovudlandsrennet Røros 19.02.2012

Resultatliste miksstafett Hovudlandsrennet Røros 19.02.2012



SSF-cup 18.02.2012

Postet av Markane IL den 19. Feb 2012

2.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i Kleivanerennet

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Tre løparar frå Markane IL stilte opp i årets Kleivanerenn som vert arrangert av Fjellhug/Vereide. Oddrun og Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i dei yngste klassane som ikkje vert rangerte etter tid. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i klassen gutar 12 år med same tid som vinnaren Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide. Rennet inngår i årets SSF-cup og samla 84 deltakarar frå heile fylket.

Resultatliste SSF cup Kleivanerennet 18.02.2012



Ullsheim 14.02.2012:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2012

Resultatliste frå Telenorcup renn nr 3.

Mari Sofi Meland.. Foto, Sigbjørn Kirkeeide

Mari Sofi Meland deltok i yngste klasse. Foto. Sigbjørn Kirkeeide

Årets tredje renn i Telenorcupen vart arrangert på Ullsheim tysdag 14.02.
I snøver med vind var det litt færre enn tidlegare som deltok opp, men 38 løparar trassa veret og stilte opp.
For klassane frå 11 år og oppover var rennet ein omvendt jaktstart i
klassisk stil. Utgongspunktet for jaktstarten var det første rennet i årets
cup, men det var også høve å stille opp for dei som ikkje var med då.

Nikolai Dispen Lødemel vann klassen for gutar 11-12 år rett føre Simon
Hjelmeset Kirkeeide. Alberte Kirkeeide Næss var vann jenteklassen.
I klassen for gutar 13-14år vart det siger til Aksel Mathias Meland medan
det for seniorane blei førsteplass til Roar Alsaker. Janne Alsaker vart
klassevinnar i dameklassen.

Neste renn er omvendt jaktstart i fristil den tysdag 28.februar.

Resultatliste Telenorcup renn nr 3 Dato 14.02.2012

 Fleire foto finn du nedanfor:

 

Gutar 11-12år under cuprenn 3 år 2012. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Gutar 11-12 år klare til start: Frå v. Nikolai Dispen Lødemel,
Vegard Lødøen Flo, Fredrik Nesje Lindvik og Marius Olsen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Marius Olsen og Aksel M. Meland. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Marius Olsen klar til start. Til høgre Aksel Meland. foto: Sigbjørn Kirkeeide

Magnus Midthjell Gjørven og Simon Hjelmeset Kirkeeide. foto: Sigbjørn Kirkeeide

Magnus Midthjell Gjørven (t.v) og Simon Hjelmeset Kirkeeide ut frå
start. Foto: Sigbjørn Kirkeeide



Ullsheim 14.02.2012

Postet av Markane IL den 14. Feb 2012

HUGS ÅRETS TREDJE CUPRENN i KVELD 14.FEBRUAR!

Påmelding frå kl.18.00

Start frå kl.18.30

Rennet går som omvendt jaktstart i klassisk stil.

Jaktstarten er basert på resultata i renn 1,

men det er fullt mogleg å stille opp om ein ikkje deltok her!

Velkomne på cuprenn!



Resultat Ullrennet søndag

Postet av Markane IL den 12. Feb 2012

Søndag 12. februar var det sprint på programmet under Ullsrennet 2012.
Her er resultatlistene frå dagens arrangement:


Norgescup Orkdal 11.-12.02.2012

Postet av Markane IL den 12. Feb 2012

Sølv til Johan Eirik Meland på sprinten

-bronse til Jarle Midthjell Gjørven på jaktstarten

Johan Eirk Meland under NC Orkdal 11.02.2012. Foto: Rune Tryggestad

Johan Eirik Meland kom på andreplass i klasse M18 år under Norgescupen i Orkdal 11.12.2012. Foto: Rune Tryggestad

Helgas Norgescuprenn i Orkdal gav to nye medaljar til skiskyttarar frå Markane IL. Under laurdagens sprint kom Johan Eirik Meland på sølvplass i klassen M18 år. Han var 11 sekund etter vinnaren Anders Kvam. Begge imponerte på standplass med feilfri skyting.

I klassen for M17 vart det ein 25. plass til Lars Midthjell Gjørven etter noko svak skyting med to bom på liggjande og fire bom på ståande. Vinnar av klassa vart Andreas Owren frå Vingrom IL.

I klassen for M19 vart det ein fin 8.plass til Jarle Midthjell Gjørven. Med ein bom på ståande skyting var han 53 sekund etter klassevinnar Øystein Ulekleiv frå Dombås IL.

På søndagens jaktstart var det Jarle sin tur til å kome på pallen. Med god fart i løypa og berre tre rundar gjekk han seg opp frå åttande til bronseplass. Vinnar av klassa vart Tommy Luchsinger frå Bevern IL.

Johan Eirik Meland hadde ikkje heilt dagen på standplass. Seks rundar på jaktstarten vart i meste laget, og dermed vart det ein åttande plass 1min 23 sek etter vinnaren Andreas Kvam frå Meldal IL. Lars Midthjell Gjørven gjekk seg fram 13 plassar og enda på 12.plass i jaktstarten for M17. Lars Aasheim Svaland frå Birkenes IL/SVG vann denne klassa.

Resultatliste Norgescup Orkdal sprint 11.02.2012 

 Resultatliste Norgescup Orkdal jaktstart 12.02.2012



Resultat Ullsrennet KM fri-teknikk

Postet av Markane IL den 11. Feb 2012

208 løparar deltok på dagens KM fri-teknikk på Ullsheim. 

Klasse gutar 10 år har nokre justerte tider i forhold til oppslaget på Ullsheim.



Startliste KM sprint

Postet av Markane IL den 11. Feb 2012

Startlista til søndagens Ullsrenn og KM sprint blei trekt laurdag ettermiddag.
Her er lista:


Ullsrennet 2012 startliste

Postet av Markane IL den 10. Feb 2012

I morgon laurdag 11. februar og søndag 12.februar blir det tradisjonsrike Ullsrennet arrangert på Ullsheim. I år er det KM begge dagar  
Startlista for laurdag er tilgjengeleg her:

Vel møtt på Ullsheim.


Harpefossen 04.02-05.02.2012

Postet av Markane IL den 7. Feb 2012

Stor deltaking og god innsats i krinsrenna på Harpefossen.

Grim Nygård. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård var ein av deltakarane i krinsrenna på Harpefossen. Foto frå Holmenkollen tidlegare i sesongen v/John Roger Meland

Krinsrenna på Harpefossen samla svært god deltaking av unge skiskyttarar. Over 100 løparar var i aksjon både på sprinten laurdag og under fellesstarten søndag. Fellesstarten inngjekk også i årets krinscup. Av løparane som deltok representerte nærare 20 Markane IL. Det var krevjande skyteforhold, men fine løyper og gode konkurransar der også fleire av juniorane deltok sidan det ikkje var Norgescuprenn denne helga.

Mange løparar leverte gode løp både i spor og på standplass. Magnus Midthjell Gjørven vann klassen for gutar 11 år begge dagar, medan Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 1.plass på sprinten og 2.plass på fellesstarten i klassen for gutar 12 år. Liv Rigmor Netland oppnådde dei same plasseringane i jenter 11 år.

Også i dei andre klassene var det mange løparar frå Markane som kom heilt i toppen av sine klassar. At rekrutteringa er god viser også igjen ved at det stadig dukkar opp nye namn på listene. Fullstendige lister frå helgas renn finn du nedanfor.

Resultatliste krinsrenn Harpefossen sprint 04.02.2012

Resultatliste krinsrenn Harpefossen fellesstart 05.02.2012

 

 



Veten 05.02.2012

Postet av Markane IL den 6. Feb 2012

Resultat frå Vetenrennet 2012

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto; Sigbjørn Kirkeeide

Årets "Vetenrenn" vart arrangert 5.februar og samla til saman 64 deltakarar. Av desse var det 6 som representerte Markane IL og leverte solid innsats i skiløypene.

I dei yngste klassane stilte Maren Hjelmeset Kirkeeide (foto) opp i jetner 9 år, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide deltok i jenter 8 år medan Elias Lødøen Flo stilte opp i gutar 10 år.

 

I klassa for gutar 11 år kom Fredrik Nesje Lindvik på fjerdeplass. Marius Eimhjellen frå Hyen gjekk her heilt til topps. I klassen for gutar 12 år hadde Markane IL med to løparar. Vegard Lødøen Flo vart nr 3 medan Marius Heggdal Olsen kom på 6.plass. Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide vann klassa.

Komplett resultatliste frå Vetenrennet 05.02.2012



Ullsheim 31.01.2012

Postet av Markane IL den 5. Feb 2012

57 deltakarar stilte opp på cuprenn nr 2

Deltakarar i klasse 13-14 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Deltakarane i klasse 13-14 år. Frå venstre Magnus Arntsen, Odd Sindre Tonning, Aksel Meland og Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Tysdag 31.januar vart det andre rennet i årets Telenor-cup avvikla. Løpet samla omlag like mange deltakarar som det første og mange unge løparar leverte god innsats i løypene. Rennet gjekk i fri teknikk og var også årets lagsmeisterskap i denne stilarten.

I klasse 15 år og oppover vann Jarle Midthjell Gjørven seks sekund føre broren Lars Midthjell Gjørven. Også i klasse 13-14år vart det jamnt. Odd Sindre Tonning vann klassa etter å ha slege Aksel Meland med berre to sekund. Liv Rigmor Netland vann jenter 11-12 år medan klassen for gutar 11-12 år vart vunnen av Simon Hjelmeset Kirkeeide.

Resultatliste Telenorcupen renn 2 i fri teknikk Dato: 31.01.2012

Fleire foto frå rennet er lagt ut nedanfor.

 

Mange blide og fornøgde skiløparar deltok på årets andre cuprenn. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset. 

Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Anders Svarstad Hole i målområdet.

 

Bertine F. Reed, Daniel Eikås, Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Bertine Fløtre Reed, Daniel Eikås og Nikolai Dispen Lødemel
 

 Fredrik Neske Lindvik, Marius Arntsen, Håvard Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Fredrik Nesje Lindvik, Marius Arntsen og Håvard Tonning

 

Oda Svarstad Hole, Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Oda Svarstad Hole og Katrine Svarstad Heggdal
 

Marius Olsen, Nagnus Midthjell Gjørven, Sigurd Fotland Fænn,  VegardLødøen Flo, Maren Heggdal Olsen, Fredrik Nesje lindvik.Foto: Margunn Hjelmeset

Marius Olsen, Magnus Midthjell Gjørven, Sigurd Fotland Fænn,  Vegard
Lødøen Flo, Maren Heggdal Olsen og Fredrik Nesje Lindvik.

Liv Rigmor Netland. Foto: Margunn Hjelmeset

Liv Rigmor Netland stilte opp i jenter 11-12år.



Ullsheim 23.01.2012

Postet av Markane IL den 5. Feb 2012

God stemning på årets første leikekveld på ski.

Aktivitet på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

Borna kosa seg i snøen på årets første leikekveld på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset.

 Mykje vind gjorde nok sitt til at det ikkje var så mange som kom denne
kvelden, men dei som var der hadde det eigentleg heilt topp!
Det vart ei god matøkt i årestova fyrst - det knaka godt i
"Årestove-veggane" under middagen,- og det store spørsmålet
denne kvelden vart då: "kjem taket på Årestova te å blåse vekk no??" - men heldigvis heldt taket denne gongen og!

Etterpå var det klart for leika  ute på stadion. Akebretta gjekk fort i god medvind, og enkelte prøvde å lage seg segl av handkle og lignende for å prøve å få til endå større fart! Kjekt var det i alle fall! Fleire foto finn du nedanfor.

Neste skileikekveld på Ullsheim blir den 9.februar frå klokka 17 og utover.

Alle velkomne!


 

Foto frå årets første skileikekveld. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset.

I årestova. Foto: Margunn Hjelmeset

I årestova.

Middag i årestova. Foto; Margunn Hjelmeset

Middag for store og små i årestova.

Godt med mat på leikekvelden. Foto;Margunn Hjelmeset

Godt med pølser i årestova før ein skal ut i snøen og leike.



Osrblie 01.02.2012

Postet av Markane IL den 2. Feb 2012

EM-sølv til Johannes Thingnes Bø

Johannes Th. Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø tok onsdag EM-sølv på 15 km skiskyting i Osrblie. Dermed tok stryningen sin tredje medalje i EM etter bronse på jaktstarten og gull i mix-stafetten.

Vinnaren vart russaren Alexander Loginov, berre 6,6 sekund føre Thingnes Bø. Vetle Sjåstad Christiansen kom på tredjeplass. Han var 1,48 minutt etter vinnaren.

Loginov og Thingnes Bø skaut begge glimrande med berre eitt tilleggsminutt kvar.

Vi gratulerer med sølvet!



Osrblie 26.01-28.12.2012

Postet av Markane IL den 31. Jan 2012

EM-gull til Johannes Thingnes Bø på miks-stafett

-bronse individuelt på jaktstarten.

Johannes Thingnes Bø, Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø var med på gull-laget i miksstafett i Osrblie. Foto: Fjordingen 

Etter å ha innleia EM i Osrblie med ein åttandplass på sprinten vart det bronsemedalje til Johannes Thingnes Bø på 12,5 kilometer jaktstart i juniorklassen i EM i skiskyting i Slovakia. Johannes var 23 sekund bak vinnaren Alexandr Loginov frå Russland, og berre to tideler bak sølvmedaljevinnar Vetle Sjåstad Christiansen.

Etter ein flott bronsemedalje individuelt vart det EM-gullmedalje til Johannes på  miks-stafetten måndag. Johannes gjekk den tredje etabben etter Tekla Brun- Lie og Marion Rønning Huber. Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ankeretappen. Norge var heile 43,8 sekund føre sølvlageet frå Russland og 2,45 minutt føre Ukraina på 3. plass.

Vi gratulerer!

 



Ullsheim 31.01.2012

Postet av Markane IL den 31. Jan 2012

Hugs cuprenn nummer 2 i kveld 31.01.2012!

Vi minner om at det andre rennet i årets cup vert arrangert i kveld.

Rennet går i fri teknikk og er også lagsmeisterskap i disiplinen.

Påmelding frå kl.18.00

Start frå kl. 18.30

Born kr 30

Vaksne/trimklasse kr 50

 

Velkomne!



Lillehammer 27.01.2012

Postet av Markane IL den 28. Jan 2012

NM-gull til Johan Eirik Meland på fellesstarten!

Johan Eirik Meland vann NM. Foto: Nordfjord Team

Johan Eirik Meland vann NM-gull på fellesstarten for klasse 18 år. Foto:Team Statkraft Nordfjord

Johan Eirik Meland vann fredag NM gull i fellesstart for klassa M 18 under junior-NM på Lillehammer. Etter ein noko dårleg start, der han passerte ut på 24. plass etter første
skyting, starta han opphentinga. Inn til 4. og siste skyting hadde han
gått seg opp til 3. plass med berre fem sekund fram til teten. Med ein bom på siste skyting gjekk han ut likt med leiaren. Sisterunda gjekk unna i høg fart og  i mål var han 12 sekund føre Aslak Nenseter SVG/Bø SSL som fekk sølvmedaljen. Bronsen gjekk til Andreas Kvam frå Meldal IL.

Komplette resultatlister og meir om våre lokale deltakarar under NM og NC-helga på Lillehammer vert lagt ut snart.

Vi gratulerer Johan Eirik med NM-gull!



Langeland 22.01.2012

Postet av Markane IL den 24. Jan 2012

Simon Hjelmeset Kirkeeide klassevinnare i SSF-cup i Førde

SSF-cup Førde 22.01.2012. Foto: Førde IL

Heile 157 løparar stilte til start når Førde IL arrangerte SSF-cup i fri teknikk i helga. Tre av desse representerte Markane IL. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk nok ein gong til topps i klasse gutar 12 år. Eskil Kveen kom på 11.plass i same klassen med heile 23 deltakarar. Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassen for jenter 9 år.

 

Resultatliste SSF-cup fri teknikk Førde 22.01.2012

 



Hålandsdalen 22.01.2012

Postet av Markane IL den 23. Jan 2012

Ny 2.plass til Aksel Meland i Vestlandsmeisterskapet

Aksel Meland. Foto: John Roger Meland

Aksel Meland leverte nok eit godt løp under helgas Vestlandsmeisterskap i Hålandsdalen. Også på sprinten enda det med ein andreplass. Også denne gongen vart det Johan Olav Smørdal Botn som kneip førsteplassen 15 sekund føre Aksel i klasse G13.

Dei andre markaneløparane gjorde det endå betre på sprinten enn på normalen. Georg Halsteinslid (G16) og Gaute Bø (G15) kom begge på 6.plass medan Andreas Halsteinslid vart nr 9 i klasse G14.

 Resultatliste Vestlandsmeisterskapet sprint 22.01.2012

 

 



Hålandsdalen 21.01.2012:

Postet av Markane IL den 22. Jan 2012

2.plass til Aksel Meland på normaldistansen under Vestlandsmeisterskapet.

Aksel Meland under innspurten i Kollen 08.01.2012 Foto: John Roger Meland

Aksel Meland. Foto frå innspurten i Holmenkollen.

Aksel Meland oppnådde ei ny flott plassering då det vart andreplass på normaldistansen under Vestlandsmeisterskapet i Hålandsdalen. Trass fem rundar var han berre 29 sekund bak vinnaren av klasse G13 Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL.

Også dei tre andre markaneløparane som deltok på Vestlandsmeisterskapet oppnådde fine plasseringar. Andreas Halsteinslid vart nummer 10 i klasse G14, Gaute Bø vart nr. 6 i klassen G15 medan Georg Halsteinslid vart nummer 15 i G16 år.

Vestlandsmeisterskapet held fram i morgon. Då med sprint på programmet.

Resultatliste normaldistansen Vestlandsmeisterskapet i skiskyting 21.01.2012

 



21.01.2012:

Postet av Markane IL den 22. Jan 2012

Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen!

Tom Hilde, Johannes Thingnes Bø og rektor Vilhelm Lae. Foto. Wang Toppidrett

Johannes Thingnes Bø mottok Karolineprisen frå skihoppar Tom Hilde (t.v). Til høgre rektor Vilhelm Lae på Wang Toppidrett. Foto: Wang Toppidrett.

Fredag vart han teken ut til junior-EM i skiskyting i Osrblie og laurdag vart Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen for 2012 som landets største skiskyttartalent.

Utdelinga fann stad på ei tilstelling ved Wang Toppidrett i Oslo. Prisen er på 20 000 kroner og vart delt ut av skihopparen Tom Hilde.

Prisen vert årleg delt ut til ein elev i den vidareågande skulen som har utmerka seg positivt ved å kombinere skulegang og topp-prestasjonar.

– I grunngjevinga heiter det: "Johannes Thingnes Bø har topp prestasjonar i alle skulefag. Samstundes er han grossist i NM-titlar i si klasse, og utfordrar verdas beste skiskyttarar i seniorklassa."

Juryen trekte fram at 18-årige Johannes Thingnes Bø i tillegg til idretten har tid og overskot til å medverke aktivt i lokalsamfunnet i Stryn. Og at han raust har bidrege som trenar på ulike nivå, mellom anna med psykisk utviklingshemma.

– "Et flott ideal for annen ungdom og en verdig vinner som lever opp til Karolineprisens intensjon", meiner juryen. Juryen bestod av Karoline Krüger som i 1988 var første vinnar for hennar innsats i norsk og internasjonal Grand Prix, Vilhelm Lae, Hanne Staff, Trond Myhre, Elisabeth Andreassen og Lage Fossheim.

Det er dei vidaregåande skulane som sender inn framlegg på kandidatar. I år var det føreslege tilsaman 78 kandidatar frå eit breitt spekter av aktivitetar.

Vi gratulerer med Karolineprisen!

 

 



Ullsheim 17.01.2012:

Postet av Markane IL den 18. Jan 2012

Cupsesongen er i gong!

55 deltakarar stilte opp i første renn i Telenor-cup.

Cuprenn 1 på Ullsheim 17.01.2012 Foto: Margunn Hjelmeset

Mange unge løparar deltok på første renn i Telnorcupen. Foto: Margunn Hjelmeset

Årets første cuprenn var avvikla på Ullsheim tysdag 17.januar. I alt 55 løparar stilte opp til det første av dei fem renna i Telenor-cup. Svært gledeleg å sjå at det også denne sesongen var fleire nye namn på deltakarlista i tillegg til dei erfarne cuprenndeltakarane frå tidlegare sesongar. Heile 36 av deltakarane var 10 år eller yngre så det er ingenting å seie på rekrutteringa.

Fleire foto og resultatlista frå første renn finn du nedanfor.

For dei som ikkje kom så langt at dei deltok denne gongen vert det ein ny sjanse alt om fjorten dagar. Då er det klart for det første rennet i fri teknikk. Dette rennet vert også lagsmeisterskap i stilarten. Vi håper endå fleire finn vegen til Ullsheim då!

Resultatliste renn1 i Telenorcupen klassisk stil. Dato: 17.01.2012

 

 

Det vart servert bollar etter cuprennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Etter vel fullført renn var det gode bollar å få i årestova. Foto: Margunn Hjelmeset

Ved målgong. Foto; Margunn Hjelmeset

Nokre av løparane etter målgong. Foto: Margunn Hjelmeset

Roar Alsaker og Sigbjørn Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset

Roar Alsaker og Sigbjørn Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset.



Innbyding til KM/Ullsrennet 11.-12.februar

Postet av Markane IL den 17. Jan 2012

Nedanfor finn du innbyding til Ullsrennet. Påmeldingskontakt for løparar frå Markane er Margunn Hjelmeset.

Innbyding til KM/Ullsrennet 11-12.2.mil.pdf

 



Randabygda 15.01.2012

Postet av Markane IL den 16. Jan 2012

God deltaking på krinsrennet i skiskyting på Ålandsleitet!

Andreas Halsteinslid. Foto: John Roger Meland

Andreas Halsteinslid (foto frå Kvalfoss-sprinten) var ein av 19 løpar frå Markane IL som deltok i krinsrennet på Ålandsleitet. Foto: John Roger Meland

Årets andre krinsrenn vart arrangert av Hardbagg IL og samla endå fleire unge lovande skiskyttarar enn det forrige krinsrennet. Over 100 løparar under 18 år var i aksjon på sprinten på Ålandsleite. Rennet hadde deltakarar frå idrettslaga Markane, Stårheim, Volda, Sunnylven, Hornindal og Hardbagg. Av deltakarane kom heile 19 frå Markane IL. Dermed var der markane-løparar som deltok i nesten alle klassar. Det lovar godt for framtida!

I nybyrjarklassa var Markane representert ved Maren Hjelmeset Kirkeeide i jenteklassa og Marius Arntsen og Sondre Roset i guteklassen. I klassen miniminirekrutt G10 år leverte Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik flott innsats. I klassen for jenter 11 år kom Liv Rigmor Netland på andreplass. Same plassering vart det til Magnus Midthjell Gjørven i klasse G11 år. Magnus var også ein av dei få som klarte å skyte fullt hus. I same klasse blei Vegard Vinsrygg Steen nummer åtte. Også i klassa minirekrutt gutar 12 år blei det andreplass til ein markane-løpar, nemleg Simon Hjelmeset Kirkeeide. Oliver Kirkeeide Næss blei nummer fem. I klassen for jenter 12 år vart det tredjeplass til Kari Alsaker.

I klasse G13 leverte Aksel Meland nok ein gong eit godt løp og vart vinnar av klassa. Magnus Arntsen følgde på ein flott tredjeplass.

I klassen for gutar 14 hadde Markane IL heile fire deltakarar:  Håkon Midthjell Gjørven, Odd Sindre Tonning, Andreas Halsteinslid og Grim Nygård som fullførte i fin stil på høvesvis 3., 5., 6. og 8.plass. I klassa gutar eldre rekrutt G15 kom Gaute Bø på ein femteplass medan Georg Halsteinslid oppnådde same plassering i klassa gutar eldre rekrutt G16.

Flott innsats av samtlege løparar!

Komplette resultatlister er lagt ut nedanfor:

Resultatliste krinsrenn sprint Arrangør: Hardbagg IL 15.01.2012



Ullsheim 17.01.2012

Postet av Markane IL den 16. Jan 2012

Hugs årets første cuprenn!

-Markane Cupen--Telenor Cup startar i kveld tysdag 17.januar!

Årets første cuprenn går i klassisk stil.

Fellesstart frå og med 9 år.

Påmelding frå kl.18.00

Start frå kl.18.30

Startkontingent: Born under 15 år : kr 30

Vaksne: kr 50

Trimklasse: kr 50

Alle velkomne!

 

 



Norgescup Simostranda 14.01.2012

Postet av Markane IL den 15. Jan 2012

Johan Eirik Meland vinnar av supersprinten!

Johan Eirik Meland under NC påLygna. Foto: John Roger Meland

Johan Eirik Meland vann supersprinten for klassa menn 18år.

Foto: John Roger Meland. Foto er teke under NC på Lygna 10.12.2011.

Johan Eirik Meland gjekk nok ein gong heilt til topps i eit Norgescupløp! Denne gongen på øvinga supersprint under DNB NorCup på Simostranda.

Supersprinten består av ein prolog før det vert finale for dei 30 beste. Etter prologen var Johan Eirik på ein 14.plass, men når det gjaldt som mest i finalen levert han ein prikkfritt løp. God fart i løypa og fire fulle hus gav siger 14 sekund føre Aslak Nenseter Bø SSL/SVG og 30 sekund føre Sigve Gederaas Denstad frå Trondhjems skiskyttere MVGS.

I klassa for 17 åringar kom Lars Midthjell Gjørven på ein 20. plass etter fem strafferundar. Differansen fram til dagens vinnar Sindre Fjellavli frå Bossmo og Yttern, var på 2 min 19 sekund.

Johannes Thingnes Bø og Jarle Midthjell Gjørven leverte strålande løp under prologen og låg høvesvis på første og tredje plass før finalen. Reglane for supersprintfinalen for M/K 19 år og oppover er slik at løpet har fire skytingar. Det er høve til å bruke tre ekstraskot på kvar skyting, men om det etter ekstraskota står att blinkar er løparen ute av finalen.

Johannes rauk ut av finalen etter for mange bom på den tredje skytinga medan Jarle rauk ut på fjerde og siste skyting. 12 av løparane i klasse menn19 klarte å fullføre finalen. Dermed enda det med 13.plass til Johannes Thingnes Bø og 14.plass til Jarle Midthjell Gjørven. Runar Netland vart nummer 33 og mista dermed finaleplassen med berre 8 sekunds margin. Vinnar av klasse M19 vart Bendik Aketun frå Fyresdal SSL.

Resultatliste DNB Cup3/Statkraft cup2 Supersprint Simostranda 14.01.2012

 



Norgescup Simostranda 15.01.2012

Postet av Markane IL den 15. Jan 2012

Johannes Thingnes Bø suveren vinnar av sprinten i klasse M19

-Johan Eirik Meland på andreplass i klasse M18

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Skiskyttarane frå Markane IL leverte nok ein gong fantastiske resultat i Norgescupen. Johannes Thingnes Bø vann sprintklassen for M19 med over eit minutt og ti sekunds margin trass i to bom medan andremann Tore Leren frå Vingelen IL skaut feilfritt. Ein suveren prestasjon! På tredje plass i klassa følgde Tommy Grøtte frå Trondhjems skiskyttere. Jarle Midthjell Gjørven kom på ein 11.plass 2 min 18 bak vinnaren også han med to strafferundar. Runar Netland vart nummer 34 med tre bom.

Johan Eirik Meland var berre sekund frå å bli dobbelvinnar i helga. På sprinten i dag vart det tilslutt ein andreplass berre 12 sekund etter vinnaren Fredrik Mack Rørvik frå Målselv SSL. Johan Eirik måtte ut i ein strafferunde på første skyting medan vinnaren skaut feilfritt. På tredjeplass følgde Espen Hol frå Vestre Målselv SSL.

Også i klasse M17 vart det siger til ein lokal løpar då Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Nordfjord Team gjekk heilt til topps. Også vår eigen Lars Midthjell Gjørven leverte eit solid løp og kom inn på sjuandeplass 1min 4 sekund bak vinnaren trass tre strafferundar.

Nordfjord Team fekk også klassevinnarane i K17 og K18 der Mari Sollid Eide (K17) og Heidi Flo Bødal (K18) begge frå Stårheim IL gjekk heilt til topps.

Vi gratulerer med flotte resultat!

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor:

Resultatliste DNB Nor Cup2/Statkraft Cup3 Sprint Simostranda 15.01.2012



Nove Mesto 12.01-15.01.2012

Postet av Markane IL den 15. Jan 2012

Tarjei Bø tilbake i verdscupen.

Tarjei Bø. Foto: Ove SveenEtter at han måtte stå over verdscuprenna i Oberhof etter sjukdom i jula, var Tarjei Bø tilbake i verdscupsirkuset under løpa i Nove Mesto.

Resultata vart ikkje heilt i toppen etter sjukdomsavbrekket. Spesielt var skytinga noko variabel. På  normaldistansen vart det ein 13.plass, på sprinten ein 20.plass og 21.plass på jaktstarten. Dermed ligg Tarjei Bø no på ein 5.plass i verdscupen samanlagt 97 poeng etter Emil Hegle Svendsen. I sprint- og jaktstartcupen samanlagt er Tarjei no på tredjeplass.

Alt neste helg kjem sjansen til å oppnå  nye toppresultat. Då er det klart for verdscupløp i Anterselva.



.

Postet av Markane IL den 12. Jan 2012

Markane IL-Telenor-cup 2012

Resultatliste renn1 i Telenorcupen klassisk stil. Dato: 17.01.2012

Resultatliste Telenorcupen renn 2 i fri teknikk Dato: 31.01.2012 

Resultatliste Telenorcupen renn 3. Omvendt jaktstart klassisk stil. Dato; 14.02.2012

Resultatliste renn 4 Telenorcupen. Omvendt jaktstart fri teknikk Dato: 28.02.2012

Resultatliste Telenorcupen renn 5 - skicross. Dato: 22.03.2012

Samanlagtresultat for Telenor-cupen 2012

SSF-cup 2012

Resultat SSf-cup/Hyensprinten 07.01.2012

Resultat SSF-cup junior Seismåsrennet 14.01.2012

Resultat SSF-cup Førde 22.01.2012

Resultatliste SSF-cup junior og rekrutt Sogndal 29.01.2012

Resultatliste Vetenrennet SSF-cup 05.02.2012

Resultatliste SSF-cup Ullsrennet 11.02.2012

Resultat KM sprint/SSF-cup junior Ullsheim 2012

Resultatliste SSF cup junior Kleivanerennet 18.02.2012

Resultatliste SSF cup rekrutt Hafslo 17.03.2012

Resultatliste Tuarennet 25.03.2012

Samanlagtresultat SFF-cup 2012

 

Norgescuprenn

Norgescup Lygna 20km fristil 06.01.2012

Norgescup Lygna sprint M19/20 07.01.2012

 

Jr.NM i langrenn 2012

Resultatliste jrNM ski 2012 20 km klassisk klasse M19-20. Holmenkollen 16.03.2012

Resultatliste jrNM ski 2012 Holmenkollen Fri teknikk-alle klasser 17.03.2012

Resultatliste jrNM ski 2012 Holmenkollen stafett 45 km for herrar 18.03.2012

Eigne renn:

Resultatliste lagsmeisterskap i fri teknikk 31.01.2012

Resultatliste Ullsrennet 11.02.2012

Resultat krinsrenn ullsheim 12.02.2012

Resultat KM sprint SSF-cup junior Ullsheim 12.02.2012

Resultat KM sprint Ullsheim prolog 12.02.2012

Resultatliste Holmøyskarrennet 01.04.2012

Lagsmeisterskap klassisk langrenn hopp og slalom 09.04.2012

 

Andre renn:

Resultatliste Honndalsrennet 04.03.2012 

Resultatliste lokale deltakarar Birkebeinerrennet 17.03.2012

Lokale resultat frå Skarverennet 21.04.2012

 

Rulleskirenn:

Resultatliste Lysebotn Opp menn senior 19.07.2012

Resultatliste frå Kvivsvegløpet-Kvivsvegrittet-Kvivsvegrullen 15.9.2012

 

 



.

Postet av Markane IL den 12. Jan 2012

Arrangement på Ullsheim sesongen 2012:

Cuprenn

17.januar: Cuprenn1 klassisk stil

31.januar: Cuprenn 2 fri teknikk (gjeld også som lagsrenn)

14.februar: Cuprenn 3  klassisk

28.februar: Cuprenn 4 fri teknikk

22.mars Cuprenn 5- skicross

Påmelding frå kl.18.00 Start frå kl.18.30

 

Lagsrenn

31.januar: lagsrenn fri teknikk

9.april: lagsrenn klassisk, hopp og slalom

Rennet er også årets merkerenn

Andre renn på Ullsheim

11.februar: Ullsrennet/KM fri teknikk

12.februar: KM-sprint

------------------------------------------------

1.april: Holmøyskarrennet

Arrangør: Markane, Veten og Hardbagg

 

----------------------------------------------------

 Andre langrenn sesongen 2012:

SSF cup rekrutt og junior

7.januar: Hyesprinten     Arrangør: Hyen IL (SSF-cup rekrutt)

14.januar: Seismåsrennet. Arrangør: Årdalstangen IL (SSF-cup junior)

22.januar: Førde  Arrangør: Førde IL (SSF-cup rekrutt)

29.januar: Sogndal  Arrangør: Sogndal IL (SSF-cup rekrutt og junior)

4.februar: Syril  Arrangør: Syril IL (SSF-cup rekrutt)

5.februar: IL Veten (SSF-cup rekrutt)

5.februar. Jølster (SSF-cup rekrutt)

11.februar: Ullsrennet Arrangør: Markane IL (SSF-cup rekrutt)

12.februar: KM-sprint Arrangør: Markane IL (SSF-cup junior)

26.februar: Arrangør Fjellhug/Vereide (SSF-cup junior)

17.mars: Arrangør: Hafslo IL (SSF-cup rekrutt)

25.mars: Arrangør Eid IL (SSF-cup rekrutt og junior)

 

 Andre aktuelle renn:

18.februar: KM duathlon Arrangør: Bjørn IL

19.februar: Kalsetrennet   Arrangør: Førde IL

2.-4.mars: Hovudlandsrenn i Harstad

4.mars Hornindalrennet (klassisk) Arrangør: Hornindal IL

11.mars Rypeskarrennet

16.-18.mars: NM junior i langrenn, Oslo

17.mars: Birkebeinarrennet

3.april: Bjønnarennet

21.april: Skarverennet

 

 

 



.

Postet av Markane IL den 12. Jan 2012

AKTIVITETSKALENDER

– SKIGRUPPA 2012

DATO

AKTIVITET

KLOKKESLETT

10.januar

langrennstrening - friteknikk

18.30 – 20.00

14.januar

Skidag / skileik - barneidrettsskulen

12.00

17.januar

Cuprenn – klassisk – fellesstart fom 9 år

18.00

21.januar

SSF_cup Førde IL, friteknikk

24.januar

Langrennstrening - klassisk

18.30 – 20.00

26.januar

Leikekveld på ski

17.00 – 19.00

29.januar

SSF –cup Sogndal IL - klassisk

31.januar

Cuprenn – fritekn – gjeld som LM–fellesst. over 9år

18.00

5.februar

Krinsrenn Veten IL - friteknikk

7.februar

Langrennstrening - friteknikk

18.30 – 20.00

9.februar

Leikekveld på ski

17.00 – 19.00

11.februar

Ullsrennet – KM - friteknikk

12.februar

KM sprint – Markane IL - friteknikk

14.februar

Cuprenn – klassisk – omv.jaktstart

18.00

18.februar

SSF-cup Fjellhug/Vereide IL Kleivanerennet

19.februar

Kalsetrennet – Førde IL - klassisk

19.februar

Skidag / skileik - barneidrettsskulen

12.00

21.februar

Langrennstrening - klassisk

18.30 – 20.00

  25.februar 

 KM-langrenn duatlon-Bjørn IL

28.februar

Cuprenn – friteknikk – omv.jaktstart

18.00

1.mars

Leikekveld på ski

17.00 – 19.00

4.mars

4.mars

Hornindalsrennet – klassisk

Skidag / skileik - barneidrettsskulen

____________

12.00

6.mars

Langrennstrening - friteknikk

18.30 – 20.00

8 – 11 mars

JR.NM skiskyting

11.mars

Rypeskarrennet – Fjellhug/Vereide IL

13.mars

Langrennstrening - klassisk

18.30 – 20.00

15.mars

Leikekveld på ski

17.00 – 19.00

17.mars

Birkebeinerrennet

17.mars

SSF–cup Hafslo IL - friteknikk

22.mars

Cuprenn – skicross - friteknikk

18.00

25.mars

SSF- cup avslutning – Eid IL - friteknikk

27.mars

Langrennstrening - friteknikk

18.30 – 20.00

29.mars

Leikekveld på ski

17.00 – 19.00

1.april

Holmøyskarrennet

5.april

Bjønnarennet – Bjørn IL

9.april

LM klassisk langrenn, slalom, hopp / merkerenn

Dersom nokon har lyst til å delta på skirenn /ssf cupen – ring /send sms til Margunn Hjelmeset tlf 41628268 innan onsdag før det aktuelle rennet – så blir det sendt ei samla påmeldingsliste frå idr.laget



Skisesongen 2012

Postet av Markane IL den 12. Jan 2012

Aktivitetskalendaren for skigruppa 2012 er no klar!

Klikk her!

Du finn også aktivitetskalendaren ved å gå inn på skigruppa i venstremenyen på sida. Ved å halde peikaren over gruppenamna kjem det opp lenker til terminlister og resultatsider for kvar gruppe.

 



Kvalfoss-sprinten 07-08.01.2012

Postet av Markane IL den 11. Jan 2012

Foto frå Kvalfoss-sprinten

Aksel Meland og Eirik Kvalfoss. Foto: John Roger Meland

Aksel Meland saman med Eirik Kvalfoss etter sigeren søndag. Foto: John Roger Meland

Det gror godt av unge skiskyttarar i Markane IL. 7. og 8. januar var seks unge løparar i aksjon i løypene i Holmenkollen: Andreas og Georg Halsteinslid, Magnus Arntsen, Grim Nygård, Håkon Midthjell Gjørven og Aksel Meland.

Totalt var over 600 skiskyttarar frå heile landet i aksjon. Markane IL fekk også klassevinnaren i gutar 13 då Aksel Meland gjekk heilt til topps på normaldistansen søndag. På same distanse kom Magnus Arntsen på ein flott 37.plass av dei 110 skiskyttarane. 

 På foto ovanfor saman med tidlegare eliteskiskyttar Eirik Kvalfoss. Komplette resultatlister er lagt ut tidlegare her.

Nedanfor følgjer fleire foto av dei seks markaneløparane som stilte opp i årest Kvalfoss-sprint.

Georg Halsteinslid under Kvalfoss-sprinten 07.01.2012 Foto: John Roger Meland

Georg Halsteinslid leverte solide løp i klasse G16 under Kvalfoss-sprinten. Foto: John Roger Meland

 

Aksel Meland-vinnar i Holmenkollen. Foto: John Roger Meland

Aksel Meland øverst på pallen på normaldistansen. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård deltok i klasse G14. Foto: John Roger Meland

Håkon Midthjell Gjørven under Kvalfoss sprinten. Foto: John Roger Meland

Håkon Midthjell Gjørven stilte også i klasse G14.

 Foto: John Roger Meland

Andreas Halsteinslid. Foto: John Roger Meland

Andreas Halsteinslid like før start i klasse G14 på normaldistanse.

 Foto: John Roger Meland

Magnus Arntsen. Foto: John Roger Meland

Magnus Arntsen i gong med normaldistansen i klasse G13 i kollen. Foto: John Roger Meland

Aksel Meland i innspurten. Foto: John Roger Meland

Aksel Meland spurtar inn til siger i Holmenkollen. Foto: John Roger Meland



Aktivitetar i vinter:

Postet av Markane IL den 9. Jan 2012

LANGRENNSTRENING
 
NB! Første gong er alt tysdag 10.januar!
 
Skigruppa vil starte opp med langrennstrening for born i alderen 10 år (4.klasse) - 14/15 år.
Dette blir på dei tysdagane det ikkje vert arrangert cuprenn.
 
Kjetil Svarstad stiller på som trenar (+ ein hjelpetrenar)
 
Fyrste trening blir tysdag 10.januar kl 18.30 - 20.00.
Stilart den fyrste dagen er skøyting.
 
Dei andre datoane for trening er: 24.jan, 7.feb, 21.feb, 6.mars, 13.mars, 27.mars - vi kjem tilbake med endeleg oversikt på kva stilart det skal vere på dei einskilde treningane.
 
 
CUPRENN
 
Datoar for cuprenna:
 
17.januar - klassisk
31.januar - fristil, m/innlagt lagsmeisterskap
14.februar - klassisk
28.februar - fristil
20.mars - ski-cross
 
Påmelding frå klokka 18.00, start klokka 18.30/18.45
 
Startkontigent: Born (u. 15 år): kr 30 pr gong.
                      Vaksne  (gjeld òg trimklassen): kr 50 pr gong
  
 
SKILEIKKVELDAR
 
For born under 10 år vert det ikkje organisert skitrening denne vinteren. Det vert i staden laga eit tilbod med leikekveldar i skileikbakken og løypene.
Annakvar torsdag fyrer vi opp i Årestova frå klokka 17.00. Då er det mogleg å grille / varme seg litt mat. Ute er leikebakken og løypene klar til å bli brukte.
Vi håpar at dette kan vere eit fritt opplegg der mange born og vaksne kan ha det moro i lag.
 
Fyrste aktivitetskveld vert 26.januar.
 
 Foreldra har ansvar for sine eigne born, men vi i skigruppa ordnar med å fyre opp i Årestova -
 
 
BARNEIDRETTSSKULEN
 
Vi startar oppatt med ein ny vri og satsar på uteaktivitetar ein gong i månaden. Vi kjem til å nytte helgane som aktivitetsdagar - laurdag eller søndag, alt etter kva som høver best.
Januar, februar og mars blir det skidag for heile familien på Ullsheim, med skileik og tur til skipost/dagens løype.
Det vidare programmet fram til sommarferien ser vi an etterkvart.
Foreldre har ansvar for eigne born. Vi fyrer opp i Årestova.
 
 
Oppstart: laurdag 14.januar klokka 12.00
 
Alle velkomne!
 
 
 
 
 
 


Lygna 06-08.01.2012

Postet av Markane IL den 9. Jan 2012

5.plass til Johannes Thingnes på 20 km langrenn

-og 11.plass på sprinten

Johannes Thingnes Bø under Norgescup på Geilo. Foto: Anders Vonheim

         Johannes Thingnes Bø. Foto er teke under Norgescup på Geilo.               Foto: Anders Vonheim.

Johannes Thingnes Bø stilte i helga opp i Norgescupen i langrenn og viste at han er i toppen av lista også utan gevær. På fredagens 20 km fri teknikk fellesstart vart det til slutt ein 5.plass. Distansen opp til vinnaren var på under 7 sekund. Martin Løwstrøm Nyenget frå Siggerud IL vann løpet føre Sindre Bjørnestar Skar frå Bærums Verk  IF og Sindre Saetre Hammerlund frå Asker SK Team.

Også på sprinten laurdag vart det ein fin plassering med 11.plass av dei i alt 171 løparane. Johannes hadde tredje best tid i prologen og vann også sitt kvartfinalehit. Likebra gjekk det ikkjei semifinalen der det blei ein sjetteplass i hitet og dermed vart det ein 11.plass i løpet totalt.

Komplette resultatliste for klasse M19 finn du nedanfor:

Resultatliste Norgescup Lygna 20 km fri teknikk.

Resultatliste Norgescup Lygna sprintløp 07.01.2012

 



Kvalfoss-sprinten 07.-08.01.2012:

Postet av Markane IL den 9. Jan 2012

Aksel Meland vinnar av Kvalfoss-sprinten.

Aksel Meland vann Kvalfoss sprinten 2012. Foto: Alvdal midt i væla (avis)

Aksel Meland vann normaldistansen på Kvalfoss-sprint i Holmenkollen.  Her på pallen saman med Heine Bjørkedal Jenssen frå Alvdal IL og Halvor Taalesen Tjøntveit frå Svene IL. Foto frå Alvdal avis

I alt seks løparar frå Markane IL deltok på årets Kvalfoss sprint i Holmenkollen. Desse deltok i klassane G13, G14 og G16. Laurdag var det sprintkonkurransen medan søndag var det klart for normalløp.

Aksel Meland deltok i klasse G13. Etter ein fin 17.plass i løpet laurdag gjekk han heilt til topps under normaldistansen på søndag. Med berre ein bom var han 27 sekund føre Heine Bjørkedal Jenssen frå Alvdal IL som vart nummer to. Ein utruleg god prestasjon i ei klasse med 109 unge, dyktig skiskyttarar. I same klasse kom Magnus Arntsen i mål som nr 68 på sprinten og 37 på normaldistansen.

I klassen for G14 var det tre deltakarar frå Markane IL. Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven og Grim Nygård. Medan Georg Halsteinslid deltok i klasse G16. Resultatlistene for dei klassane laget hadde deltakarar i er utlagde nedanfor.

Resultatliste Kvalfoss-sprinten laurdag 07.01.2012 Klasse G13

Resultatliste Kvalfoss-sprinten laurdag 07.01.2012 Klasse G14

Resultatliste Kvalfoss-sprinten laurdag 07.01.2012 Klasse G16

Resultatliste normaldistanse 08.01.2012  Alle klasser.

 

 

 

 



Hyen 07.01.2012

Postet av Markane IL den 9. Jan 2012

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G12 i Hyesprinten/SSF-cup

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Markane IL hadde to deltakarar med i det første av dei 12 renna i SSF-cup, Hyesprinten. Dei gjorde ein svært god innsats. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G12 etter eit spennande oppgjør der det berre skilde eit sekund ned til Lars Thorsnes Lefdal frå Bjørn IL som tok andreplassen av i alt ti løparar.

Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klasse J 9 år. Tilsaman samla årets "Hyesprint" 106 deltakarar.

Neste renn i SSF-cup er laurdag 14.januar i Årdalstangen. (Seisåsrennet 2012).

Resultatliste Hyesprinten/SSF-cup 07.01.2012

 



Verdenscup Holmenkollen 2.-4.februar 2012

Postet av Markane IL den 6. Jan 2012

Rabatt på billettar til verdscupen i Holmenkollen.

Vil du oppleve Tarjei Bø og dei andre skiskyttarstjernene under verdscuprenna i Holmenkollen 2.-5-februar? NSSF gjev alle medlemmar i Skiskyttarklubbar med familie 20% rabatt på billettane. Billettane må kjøpast på www.billettservice.no, og kodeordet KLUBB må nyttast ved bestilling.

I tillegg til verdscuprenna inkluderer billettane foredrag med Liv Grete Skjelbreid Poiree og høve til å få omvisning i Holmenkollanlegget.

 

For alle detaljar les vedlegget her: Rabatt på billettar til verdscupen i Holmenkollen 2.-5-februar 2012 

Frist for bestilling: 9.januar!!



Idrettsgallaen 2012:

Postet av Markane IL den 3. Jan 2012

Stem Tarjei Bø fram til "Årets idrettsnamn"!

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen, Fjordingen

Etter fjorårets fantastiske sesong er det no klart at Tarjei Bø er ein av dei tolv nominerte til prisen "Årets namn ". Prisen vert delt ut under årets Idrettsgalla laurdag 7.januar.

I kategorien "Årets namn" er det publikum som avgjer utfallet. Det er alt no høve til å byrje og stemme. Avstemminga førgår heilt fram til laurdagskvelden. Den utøvaren som får flest stemmer, vert då tildelt prisen som årets idrettsnamn.

Markane IL oppfordrer alle til å stemme på vår eigen favoritt ved å sende SMS 3 til 1987.

Meir informasjon og oversikt over samtlege 12 nominert finn du her.

Tarjei Bø er også nominert i kategorien "Årets mannlege utøvar" i konkurranse med Thor Hushovd, Edvald Boasson Hagen, Petter Northug jr og Alexander Dale Oen.

 



.

Postet av Markane IL den 3. Jan 2012

Utsetjing av krinsrenn i skiskyting 29.12.2011

På grunn av orkanens "Dagmar" herjingar i romjula vart det oppsette krinsrennet i skiskyting som Hardbagg IL skulle arrangere, utsett.  Rennet vert truleg flytta til 15.januar. Meir info vert lagt ut seinare.



Levert av IdrettenOnline