Nyårsaftan 2013:

Postet av Markane IL den 31. Des 2013

 Vi ønskjer alle

Godt nytt år 2014!



Ullsheim 05.01.2014:

Postet av Markane IL den 30. Des 2013

Klart for Ullsrennet søndag 5. januar!

 Målgong i Ullsrennet 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Alt søndag 5. januar er det klart for Ullsrennet 2014. Foto: Margunn Hjelmeset (Ullsrennet 2012)

 Ullsrennet vert flytta fram til søndag 5. januar! I utgongspunktet var det Tuarennet som skulle arrangerast denne helga, men pga lite snø på Tua har renna bytta helga. Markane IL innbyr dermed til Ullsrennet og lokal sesongopning i langrenn søndag 5.januar medan Tuarennet vert utsett til søndag 19. januar.

Ullsrennet inngår i SSF-cupen for rekruttar. Rennet går i fri teknikk med enkelstart for alle klassar.

NB! Hugs Online påmelding med betaling innan 3. januar!

Vi oppfordrar alle til å melde seg på i god tid slik at alle er sikker på at å få godkjent påmeldinga si. All etterpåmelding vert belasta med dobbel avgift !

Informasjon om startkontingent og lenke til påmelding her.

OBS! Markane IL melder på alle våre løparar samla. Ring til Margunn Hjelmeset tlf 416 28 268. eller send e-post til marg-hje@frisurf.no innan torsdag 2. januar kl. 2200 om du vil vere med på Ullsrennet 2014!

Innbydinga finn du her:

Innbyding til Ullsrennet 2014. Arrangør: Markane IL



.

Postet av Markane IL den 29. Des 2013

Resultatlister o-løp 2014

Andre løp:

Resultatliste Romjulsløpet orientering 26.12.2013



Skjervane 26.12.2013

Postet av Markane IL den 28. Des 2013

Rekorddeltaking i Romjulsløpet

Vigdis Sætren. Foto: Heidi Lise Bakke

Trass i dårleg ver med rikeleg både regn og vind vart det ny deltakarrekord med 48 orienteringsløparar på start i Romjulsløpet.

I den lengste A-løypa vart det siger til Isak Bergset frå NTNUI. Gøril Fristad frå Halden SK var raskast gjennom den korte A-løypa med Trygve Nummedal Os frå Førde IL var best i C-løypa.

Markane IL hadde ein representant til start i Romjulsløpet, Vigdis Sætren. Ho var einaste dameløparen som stilte opp i den lengste A-løypa. I mål vart det ein 18. plass av totalt 23 deltakarar.

Komplett resultatliste nedanfor:

Resultatliste Romjulsløpet orientering 26.12.2013



Jula 2013:

Postet av Markane IL den 25. Des 2013

Arrangement i romjula

Det vert høve til å delta både på skirenn og orienteringsløp i romjula:

Vik IL innbyr til  sprintstafett laurdag 28.desember kl.1300. (Merk endring av dato!).Stafetten går i friteknikk med to utøvarar på kvart lag. Lenke til påmelding m.m. her.

Førde IL orientering innbyr til det tradisjonelle Romjulsløpet torsdag 26. desember

Løypeleggjaren melder om fine forhold og tilbod om to A-løyper samt ei C-løype. Det vert fri start frå kl. 1200. Startkontingenten er kr. 50. På grunn av snøforholda er løpet flytta til Skjervane. Frammøte ved Bulingstjønna mellom Moskog og Holsen. Merka frå Moskogskrysset!

Ribberennet som skulle avviklast på Langeland i morgon 26.desember er dessverre AVLYST på grunn av lite snø i kombinasjon med dårlege vermeldingar for morgondagen.

27.12.2013: Pga dårlege snøforhold vert også sprintstafetten i Vik AVLYST!



.

Postet av Markane IL den 25. Des 2013

 

Terminliste langrenn 2014

Terminlista i langrenn 2013-2014 vart endeleg handsama i samband med langrennskomiteen sitt Haustmøte 5. november. Lista nedanfor gjev oversikt over renna i Sogn og Fjordane og ein del nasjonale renn. Oversikt over lokale renn (cup m.m) vert lagt ut når datoane er klare.

Terminlista kan også lastast ned i pdf.format her : 

Terminliste ski 2013- 2014 oppdatert 30.12.2013

OBS: Ullsrennet vert flytta til 5. januar og Tuarennet til 19. januar!

For å forstørre terminlista: trykk samstundes Ctrl og + 

Terminliste del 1 ski 2014 -oppdatert 30.12.2013

 

 



Julaftan 2013:

Postet av Markane IL den 24. Des 2013

Markane IL ønskjer alle

 

God jul.



Sunnmørsposten 20.12.2013:

Postet av Markane IL den 24. Des 2013

Johannes Thingnes Bø tildelt Sunnmørspostens sportspris

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø vart fredag 20. desember tildelt Sunnmørspostens sportspris for 2013 blant anna på bakgrunn av dei to verdscupsigrane sist helg.

Sunnmørsposten deler kvart år ut tre prisar. I tillegg til sportsprisen vart biblioteksjef Mariann Schjeide tildelt kulturprisen og anestesilege Rune Heggdal heidersprisen. Felles for alle prisvinnarane er at dei har utretta langt meir enn kva som kan forventast. Dei er med på å løfte oss alle litt lenger opp og fram, sa ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten Hanna Relling Berg under prisutdelinga.

Meir om prisane og prisvinnarane kjem i Sunnmørsposten i dagane som kjem.



Idrettsgallaen:

Postet av Markane IL den 23. Des 2013

Johannes Thingnes Bø nominert til "Årets gjennombrot"

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø er nominert til "Årets gjennombrot". Foto: Anders Vonheim, NC Geilo.

Johannes Thingnes Bø er nominert til prisen "Årets gjennombrot" på Idrettsgallaen 4. januar. Dette vart klart då juryen i dag la fram dei siste nominasjonane, opplyser NRK.

 Johannes Thingnes Bø fekk sitt internasjonale gjennombrot med dei to verdscupsigrane i skiskyting i Annecy, Grand Bornand no i desember. Med bakgrunn i desse resultata er han alt utteken til OL i Sotsij.

  Dei andre nominerte i klassen er: Tiril Sjåstad Christiansen, Caroline Graham Hansen, Tom Beier Jensen, Henrik Kristoffersen og duoen Are Strandli og Kristoffer Brun.

Så er det berre å følgje med på Idrettsgallaen på NRK 4. januar om det vert pris til Johannes denne gongen!

Vi gratulerer med nominasjonen!



Skisesongen 2013/2014:

Postet av Markane IL den 23. Des 2013

Aktivitetskalender for skigruppa 2013/2014

Victoria Bøe Fotland og Kjersti Fløtre Reed på cuprenn i 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Cupen startar snart opp att. Her Victoria Bøe Fotland og Kjersti Fløtre Reed på cuprenn i fjor. Foto: Margunn Hjelmeset

Aktivitetskalenderen for skisesongen 2013/2014 er klar!  Her bør vere aktivitetar for nokon og einkvar. Treningane går som alltid på dei tysdagane det ikkje er cuprenn. Det vert også i år fem renn i cupen. Cuprenndatoane er: 14. januar (fri teknikk-lagsmeisterskap), 28. januar (klassisk), 11. februar (fri teknikk), 4.mars (klassisk) og 11. mars (skicross).

Det vert også fleire renn i løpet av vinteren arrangert på Ullsheim :

05.01 Ullsrennet. Ssf cup og krinsrenn alle aldersklassar. Fristil.

15.02 Tverrfjelldilten. Seedingrenn til Birkebeinerrennet. Turrenn 40 km frå 16 år og oppover.

27.02-02.03 Statoil Hovudlandsrennet Nordisk 15 og 16 år

15.03 og 16.03 Landsdelmeisterskap og Bendit Skiskytterfestival

Lagsmeisterskap i hopp/slalåm og klassisk langrenn vert som alltid måndag 2. påskedag. Då vert det også høve å ta skimerke.

På aktivitetskalenderen finn du også komplett oversikt over renna i SSF-cup og KM-renn. Vi håper mange vil delta på desse renna. Hugs påmelding til Anne Marie Svarstad tlf 926 09 077 innan onsdag kl.2000 den veka rennet du vil vere med på finn stad.

Heile aktivitetskalenderen kan du laste ned i pdf-format nedanfor. Den ligg også i venstremenyen under skigruppa.

Aktivitetskalender ski 2014



.

Postet av Markane IL den 21. Des 2013

 

Aktivitetskalender for skigruppa sesongen 2013/14.

Trening kvar tysdag kl. 1830.

Informasjon om treningane blir sendt ut fortløpande på tekstmelding.

Cuprenn:

Påmelding frå kl. 1800 start ca. kl. 1830.

Startkontingent kr. 50 pr. renn.

21.1 Skøyting _ dette blir også lagsmeisterskap.

28.1 Klassisk

11.2 Skøyting

4.3 klassisk

11.3 Skicross

Krinsrenn, KM og SSF- cup.

29.12 Sprintstafett Vik IL Vik Fristil AVLYST!

05.01 Ssf cup Ullsrennet Markane IL Fristil, fellesstart OBS! Endra dato!

12.01 Ssf cup, Sogndal IL Sogndal Klassisk

19.01 Ssf cup Årdalstangen IL Årdal Klassisk

24.01 KM IL Bjørn/Hafslo IL Luster Fristil

25.01 KM Sprint IL Bjørn/Hafslo IL Luster Klassisk

26.01 KM IL Bjørn/Hafslo IL Luster Klassisk

02.02 Ssf cup Hyesprinten Gloppen Klassisk

08.02 Ssf cup Førde IL Gaular Duatlon

16.02 Ssf karusell Vetenrennet Bjørkelibakkane Fristil

22.02 Ssf cup Kleivanerennet Gloppen Klassisk

08.03 Ssf cup Tuarennet Eid IL Eid Fristil

22.03 Ssf cup finale Førde il Gaular Fristil

PÅMELDING TIL
Anne Marie Svarstad : Tlf.
926 09 077
Meld på seinast onsdagen før rennet, kl. 2200

Renn som blir arrangert på Ullsheim :

05.01 Ullsrennet. Ssf cup og krinsrenn alle aldersklassar Fristil,
(fellesstart fom 11 år)

15.02 Tverrfjelldilten Turrenn 40 km frå 16 år og oppover

27.02 – 02.03 Statoil Hovudlandsrennet 15 og 16 år

15.03 og 16.03 Landsdelmeisterskap og Bendit Skiskytterfestival

Lagsmeisterskap i hopp/slalåm og klassisk blir måndag 2. påskedag. Sesongavslutning i og rundt Årestova. Denne dagen kan ein også gå til merke dersom ein ynskjer det.

Aktivitetskalenderen kan også lastast ned her:

Aktivitetskalender ski 2014 -oppdatert 9.1.2014
 

God vinter frå alle oss i skigruppa.





 



Ullsheim 14.12.2013:

Postet av Markane IL den 20. Des 2013

Førjulsbilder frå skiskyttargruppa.

Mari Sofi Meland, Sara Årnes, Selma Guddal Breivik og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Blide jenter på skiskyttartrening: Mari Sofi Meland, Sara Årnes, Selma Guddal Breivik og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Skiskyttarsesongen er godt i gong. Det er trening kvar onsdagskveld med både tidlegare og heilt nye deltakarar.

 Laurdag var det også testrenn på Ullsheim med god stemning blant løperane. Nedanfor er fleire førjulsbilder frå skiskyttargruppa:

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset 

Oskar Guddal Breivik i fint driv. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Torstein Breivik, Selma Guddal Breivik, ?, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Monica Halsteinslid klare til trening og testrenn.

Jan Egil Gjørven

John Roger Meland

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide inn til skyting.

Maren Hjelmeset Kirkeeide inne til skyting.

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland i farten.

Mari Sofi Meland, Erlend Årnes, John Roger Meland og Sara Årnes.

Sara Årnes er ei av dei nye i skiskyttargruppa dette året. Med seg denne dagen hadde ho også broren Erlend Årnes.

Anne Marie Roset

Aksel Mathias Meland

Konsentrasjon på standplass

Simon Hjelmeset Kirkeeide

Andreas Halsteinslid

Magnus Arntsen

 

Håkon Midthjell Gjørven

Samling i årestova med frukt og drikke.

Grim Nygård

John Roger Meland og Odd Sindre Tonning

Jan Egil Gjørven og Klemet Bø

God stemning i årestova. Frå høgre: Vegard Lødøen Flo, Håkon Midthjell Gjørven, Sigurd Fotland Fænn, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland



DNB-challenge 2013:

Postet av Markane IL den 20. Des 2013

Markane IL premiert for godt gjennomført DNB-challenge arrangement 2013!

DNB-challenge 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Åshild Sætren Bøe saman med Andreas Flo Stavik, Eirik Egge Eimstad, Vegard Vinsrygg Steen, Ida Emilie Bruhn-Henriksen og Snorre Øvreberg før dei skal prøve seg på Belgisk orientering på DNB-challlenge. Foto: Margunn Hjelmeset

Markane IL er ein av 7 klubbar som har blitt plukka ut av Norges Orienteringsforbund for å ha gjort ein ekstra god innsats i samband med DNB-challenge 2013. Klubbane som vart premierte har til dømes markert seg ved å involvere lærarar og/eller hatt gode oppfølgingstiltak og «raud tråd» til klubbens andre aktivitetar, skriv NOF. 

Premien er ei gåvepakke med utstyr fra Silva. Pakken inneheld 5-6 hovudlykter og o-skjermar. NOF ønskjer at premien bidreg til at fleire born og unge prøver seg på nattorientering.

 



Stryn 19.12.2013:

Postet av Markane IL den 20. Des 2013

Kulturstipend til Jarle Midthjell Gjørven

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven vart torsdag heidra med Stryn kommune sitt kulturstipend på kr. 6.000 under julemiddagen for Stryn kommunestyre. Jarle fekk stipendet for sin innsats som skiskyttar med blant anna fleire sigrar i jr. NM og pallplassar i Norgescupen. Også teiknaren Ann-Elen Paulen Drageset frå Innvik vart tildelt kulturstipend. Ingen av dei to hadde høve til å vere til stades og ta i mot stipendet sjølve. Jarle er som kjend denne veka med i student-OL i Italia der siste løpet er i morgon fredag.

Vi gratulerer med stipend!



Universiaden Trentino 20.12.2013:

Postet av Markane IL den 20. Des 2013

23. plass til Jarle Midthjell Gjørven på fellesstarten

 Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN, NM på Dombås.

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 23 på den avsluttande distansen i "student-OL". Foto: TSN (frå NM Dombås)

Det vart ein 23. plass til Jarle Midthjell Gjørven på den fellesstarten i "student-OL" i Trentino. Nok ein gong utmerka Jarle seg som ein av dei beste skyttarane i feltet. Det vart 19 av 20 mogleg treff på dei fire skyteseriane. Den eine bommen kom på den første ståande skytinga. Berre to av dei 30 løparane i feltet klarte fullt hus og Jarle leverte dermed den tredje beste skytinga i feltet. I sporet var farten noko lågare enn dei raskaste austeuropeiske løparane. I mål skilde det 3 min 12 sek fram til den ukrainske vinnaren Dmytro Pidruchnyi. Sølvet gjekk til Tomas Krupcik frå Tsjekkia som var 28,4 sek bak vinnaren. Dmitrii Elkhin frå Russland tok bronsen, 30, 5 sek bak bestetida.

Jarle var i dag nest best av dei tre norske løparane som fekk gå fellesstarten. Vegard Bergli vart nummer 9 og Martin Rui nummer 28.

  Resultatliste Universiaden Trentino fellesstart menn 20.12.2013



OL-uttak:

Postet av Markane IL den 19. Des 2013

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø klare for OL!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er uttekne til OL. Foto: Fjordingen

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø er offisielt klare for OL i Sotsij 2014. Det er klart då Olympiatoppen kunngjorde det første uttaket av utøvarar til OL onsdag 18. desember.

Vi gratulerer!



Universiaden Trentino 16.12.2013:

Postet av Markane IL den 16. Des 2013

Jarle Midthjell Gjørven vart best av dei norske

-15. plass på jaktstarten

 Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN, 2012

Jarle Midthjell Gjørven med nytt godt løp i Universiaden. Foto: TSN, 2012

 Jarle Midthjell Gjørven gjekk eit nytt godt løp på jaktstarten under Universiaden i Trentino. Frå startnummer 19 gjekk han seg opp fire plassar og kom i mål til ein fin 15. plass. Nok ein gong var det spesielt god innsats på skytinga med berre ein bom totalt på dei fire seriane. I mål skilde 2 min 1 sek fram til vinnaren som gjekk svært raskt i sporet.

Vinnar av løpet vart Aleksandr Penchenkin frå Russland. Sergei Kliachin frå Russland vart nummer to og Alexei Almoukov frå Australia kom på tredjeplass.

Jarle vart også i dag best av dei norske deltakarane. Øvrige norske plasseringar vart slik: Vegard Bergli nr 17, Asbjørn Wold nr 18 og Martin Rui nr 24.

Det siste individuelle løpet i "student-OL" er fredag. Då er det klart for fellesstart.

 Resultatliste Universiaden Trentino jaktstart menn 16.12.2013

 



Le Grand Bornand 15.12.2013:

Postet av Markane IL den 15. Des 2013

Ny verdscupsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN 2012

Johannes Thingnes Bø vann sin andre verdscupsiger på to dagar. Foto: TSN, 2012

 Johannes Thingnes Bø vann sitt andre verdscupløp på like mange dagar på han tok sigeren under jaktstarten i Le Grand Bornand.Med suveren fart i løypa og nitten av tjue moglege treff hadde Johannes ei solid leiing frå start til mål.

Johannes starta jaktstarten med eit forsprang på 32 sekund til Ondrej Moravec. Inn til første skyting hadde leiinga ned til feltet auka til over 40 sekund. Med ein rask og feilfri serie på første liggjande skyting gjekk Johannes ut på andrerunden 41,4 sek føre Lukas Hofer, Italia. På den andre liggjande skytinga kom dagens einaste bom dermed minka leiinga til 21 sek til austerrikske Daniel Mesotitsch som då låg på andreplass. Herfrå og mot mål gjekk Johannes berre frå feltet. Med to feilfrie ståande seriar var det ikkje tvil om kven som skulle vinne løpet. Johannes tok sigeren på jaktstarten. Erik Lesser frå Tyskland vart nummer to 37,5 sek bak og Anthon Shipulin frå Russland vart nummer tre, 39,1 sek etter vinnaren.

 Vi gratulerer!



Universiaden Trentino 15.12.2013:

Postet av Markane IL den 15. Des 2013

19. plass til Jarle Midthjell Gjørven på sprinten

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven kom på 19. plass på sprinten i Trentino. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

Jarle Midthjell Gjørven gjekk endå eit godt løp under dagens sprint i Universiaden. Med to fulle hus på standplass heldt det til ein 19. plass, ein god prestasjon i ein konkurranse som har deltakarar i aldersgruppa frå 18 og heilt opptil 28 år. Jarle er såleis blant dei yngste deltakarane.

Dagens sprintkonkurranse vart svært jamn og differansen fram til vinnaren var berre på 1 min 1 sek. Dermed har Jarle eit fint utgongspunkt før jaktstarten.

Vinnar av dagens løp vart Milanko Petrovic frå Serbia. Vitaliy Kilchytshyy og Dmytro Pidruchnyi, begge frå Ukrania, tok dei to andre pallplassane. Dei andre norske deltakarane plasserte seg slik: Vegard Berli nr 5, Asbjørn Wold nr 11 og Martin Rui nr 23.

Universiaden held fram i morgon måndag med jaktstart.

Resultatliste Universiaden Trentino sprint menn 15.12.2013

 



Le Grand Bornand 14.12.2013:

Postet av Markane IL den 14. Des 2013

Første verdscupsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, Geilo 2011.

Johannes Thingnes Bø gjekk eit fantastisk løp på sprinten i Le Grand Bornand. Med perfekt skyting og suveren fart i sporet var han i leiinga heile løpet 

Johannes tok kommandoen i løpet alt på første skyting. Med ein rask og feilfri serie gjekk han ut frå standplass 1,8 sekunder føre Martin Fourcade som leia på dette tidspunktet. På ståande fekk Fourcade ein bom medan Johannes nok ein gong trefte alle fem blinkane. Dermed gjekk han ut frå andre skyting med 27 sek leiing.

Innmot mål auka Johannes leiinga til Fourcade til heile 37,1 sekund. Dermed var det berre å vente på at resten av feltet skulle kome mot mål. Det vart snart klart at ingen kunne måle seg med Johannes i dag. Nærast kom Ondrej Moravec frå Tsjekkia som gjekk inn til andreplass 32, 9 sekund etter Johannes. Martin Fourcade tok den siste pallplassen.

I morgon er det klart for jaktstart med Johannes først ut!

 Vi gratulerer med verdscupsiger!



Universiaden Trentino 13.12.2013:

Postet av Markane IL den 13. Des 2013

13. plass til Jarle Midthjell Gjørven på normaldistansen

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012 

Jarle Midthjell Gjørven kom på 13. plass i det første løpet under Universiaden. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

 Det vart 13. plass til Jarle Midthjell Gjørven Markane/Team Statkraft Lillehammer under det første løpet i Universiaden i Trentino. Skiskyttarane starta sine konkurransar under Universiaden med normaldistanse. Heile 63 løparar var på startstreken.

 Jarle gjekk eit jamnt godt løp. På skytingane vart det fullt hus på dei liggjande skytingane. På kvar av dei to ståande skytingane vart det eit tilleggsminutt på kvar. Det heldt til ein 13. plass til slutt 3 min 31 sek etter vinnaren Sergei Kliachin frå Russland. På andreplass, 1 min 31 sek etter vinnaren, følgde Aleksandr Mingalev også frå Russland. På tredjeplass kom Milanko Petrovic frå Serbia 1 min 39 sek bak.

Jarle vart med sin 13. plass best av dei norske løparane. Martin Rui vart nummer 20 og Asbjørn Wold nummer 24.

Neste løp for skiskyttarane i Universiaden er sprinten på søndag. Konkurransen kan følgjast direkte på Eurosport 2!

Resultatliste Universiaden Trentino normaldistanse menn 13.12.2013



Grendadalen 14.-15.12.2013:

Postet av Markane IL den 13. Des 2013

Helgas krinsrenn i skiskyting er avlyste!

Den lokale opningshelga i skiskyting er avlyst. Etter planen skulle skiskyttarsesongen starte med krinsrenn i Grendadalen laurdag og søndag.

 Avgjerda om avlysning vart teken torsdag kveld etter synfaring på skistadion. Rennleiar Rune Otterdal beklagar sterkt overfor dei 100 som hadde meldt seg på til laurdag og dei 90 påmelde på søndag. Det milde vêret dei siste dagane har gjort det umogleg å gjennomføre renna.



Le Grand Bornand 13.12.2013:

Postet av Markane IL den 13. Des 2013

5.plass til Norge med Johannes Th. Bø på sisteetappen

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, NC Geilo

Johannes Thingnes Bø gjekk ankeretappen på verdscupenstafetten i Le Grand Bornand. Foto: Anders Vonheim, NC Geilo.

Lars Helge Birkeland, Henrik L'Abeé-Lund, Erlend Øvereng Bjøntegaard og Johannes Thingnes Bø gjekk på Norges lag i verdscupstafetten i Le Grand Bornand der Norge vart nummer fem. 

Lars Helge Birkeland gjekk første etappe og opna med eitt ekstraskot på den første skytinga. Ståandeserien var rask og feilfri, og Noreg opna på tredjeplass, 14,2 sekund etter Sverige som var i tet. På andre etappe gjekk Henrik L'Abée-Lund som opna med ein perfekt serie på liggande skyting. På ståande fekk han to bom, men var likevel nummer to ut frå den siste skytinga. Ved veksling var avstanden fram til Tyskland på 16,3 sekund.

Erlend Bjøntegaard på tredje etappe var uheldig på den liggande skytinga. Det vart to bomskot. Dermed vart det ekstraskot og ut frå skyting var Norge 37 sekund bak Tyskland. Også Russland og Austerrike gjekk ut med klar luke til Norge. På den ståande skytinga leverte Bjøntegaard svært kjapp serie. Dermed veksla Noreg som nummer fire, 32,6 sekund bak Tyskland.

Johannes Thingnes Bø skaut raskt og sikkert på liggande, men det gjorde også dei næraste konkurrentane. På ståande måtte Johannes nytte alle tre ekstraskota før alle blinkane var nede. Her rauk nok sjansen til ein pallplass sjølv om det var tett mellom Austerrike, Sverige, Norge og Frankrike som kjempa om bronse ut frå skyting.

I mål var Johannes Thingnes Bø 32 sekund bak Russland som spurtslo Tyskland. Austerrike vart nummer tre. Sverige nummer fire og altså Norge nummer fem.

I morgon er det klart for sprint med Johannes på startstreken.



Hochfilzen 8.12.2013:

Postet av Markane IL den 8. Des 2013

Sesongens første pallplass til Tarjei Bø!

-vart nr 3 på jaktstarten.

 Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø vart nummer tre på jaktstarten i Hochfilzen. Foto: NRK

Tarjei Bø fekk sesongens første individuelle pallplass i verdscupen då han gjekk seg inn til tredjeplass under jaktstarten i Hochfilzen. Med totalt to bom og god fart i sporet, gjekk han seg opp frå fjerdeplass på sprinten til pallplass i dag.

Vinnar av jaktstarten vart Martin Fourcade frå Frankrike. Emil Hegle Svendsen gjekk seg fram frå 7. til 2. plass.

Vi gratulerer! 



Lygna 08.12.2013:

Postet av Markane IL den 8. Des 2013

Sølv til Jarle Midthjell Gjørven på NC sprint.

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

Jarle Midthjell Gjørven tok sølv på sprinten i klasse M20-21 under NC Lygna. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL/Team Statkraft Lillehammer gjekk inn til andreplass i klasse M20-21 på sprinten under DNB cup 2/Statkraft junior cup 1 på Lygna. Med feilfri skyting og god fart i løypa var Jarle med i teten under heile løpet. I mål heldt det til ein andreplass berre slegen av Fredrik Mack Rørvik frå Målselv skiskyttere som også skaut to fulle hus. Differansen opp til vinnaren var på 56 sek. På tredjeplass kom Per Arne Bakken frå Os IL. Han var 57 sek bak vinnaren.

Johan Eirik Meland som vart nummer to på normalen i går, hadde ikkje heilt dagen. Med ein bom på liggjande og to på ståande skyting vart det tilslutt ein 22. plass med 2 min 31 sek fram til teten.

I dei yngre årsklassane vart det litt for mykje bomming på våre til at nokon hevda seg heilt i toppen. I klasse M19 vart Lars Midthjell Gjørven nr 33. Det byrja brukbart med ein bom på liggjande, men med fire strafferundar på den ståande skytinga vart det tilslutt ein 33. plass, akkurat 5 min bak vinnaren Lars Aaheim Svaland frå Birkenes IL som skaut feilfritt. Grunde Breidablik vart nummer 43 i same klassa etter å ha fått åtte strafferundar. Isak Flo Bødal frå Stårheim gjekk eit nytt godt løp og vart nummer to, trass tre strafferundar.

 I klasse M18 vart Georg Halsteinslid nummer 38. Han skaut feilfritt på liggjande medan det vart to rundar på ståande. I mål var han 3 min 25 etter vinnaren Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL. I klasse M17 vart Gaute Bø nummer 81 etter å ha skote på seg sju strafferundar. Klassevinnar vart Nikolai Frydenlund frå Skonseng UL.

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna sprint. Dato 8.12.2013 Alle klasser.



Trentino 10.-21.12.2013.

Postet av Markane IL den 8. Des 2013

Jarle Midthjell Gjørven til student-OL i Italia

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN, NM Dombås

Jarle Midthjell Gjørven er utteken til student-OL. Foto: TSN

Med bakgrunn i resultata i opningsrenna på Sjusjøen er Jarle Midthjell Gjørven utteken som til student-OL. Totalt fem løparar er med i troppen som reiser til Trentino i Italia på tysdag. Første konkurranse er på fredag.

Rennprogram for student-OL:

Fredag 13. desember: Normaldistanse 20 km kl. 10.15

Søndag 15. desember: Sprint 10 km kl. 09.45

Måndag 16. desember: Jaktstart 12,5 km kl. 10.45

Onsdag 18. desember: Mix-stafett 2x6 km +2 x 7,5 km kl.11.00

Fredag 20. desember: Fellesstart 15 km kl. 11.00

Student-OL har eiga heimesida som er råd å følgje med på her.

Vi ønskjer lukke til!

 



Hochfilzen 7.12.2013:

Postet av Markane IL den 7. Des 2013

Stafettgull til Norge med Tarjei Bø på tredje etappe!

Tarjei Bø. Foto: FjordingenDet norske stafettlaget tok gull under dagens verdscup i Hochfilzen. Tarjei Bø gjekk tredje etappe på stafettlaget.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk første etappe for Norge. Han måtte ta i bruk alle ekstraskota på ståande skyting og inn til første veksling låg Norge ca. 30 sek etter teten på ein 10. plass. Ole Einar Bjørndalen gjekk ein god andreetappe. Trass eit par ekstraskot på ståande gjekk han det norske laget heilt fram i teten. Han sende dermed Tarjei ut i leiing på sin tredje etappe, men Russland følgde berre eitt sekund bak.

Tarjei skaut flott på den liggjande skytinga og gjekk ut i tet saman med Italia. På den ståande skytinga gjekk det noko tråare då alle tre ekstraskota måtte nyttast for å få ned blinkane. Likevel gjekk Tarjei ut i løypa på ein tredjeplass berre ni sekund bak Italia. Med god fart i sporet på sisterunden gjekk Tarjei Norge tilbake i teten og sende ut Emil Hegle Svendsen likt med Russland på sisteetappen. På sisteetappen var det ingen tvil. Med god fart i løypa og berre eit ekstraskot på ståande, sikra Emil Hegle Svendsen norsk siger. Norge var 19,3 sekund føre Sverige som tok andreplassen. Russland vart nummer tre.

Verdcupen held fram i morgon med jaktstart. Her går Tarjei Bø ut som nummer fire.



Lygna 07.12.2013:

Postet av Markane IL den 7. Des 2013

Sølv til Johan Eirik Meland i Norgescupen

Johan Eirik med sølv i NC Lygna. Foto: TSN

Johan Eirik Meland tok sølv på normaldistansen i NC på Lygna. Foto: TSN.

Johan Eirik Meland gjekk eit flott løp på dagens normaldistanse i DNB cup 2/Statkraft juniorcup 1 på Lygna. Med jamnt brukbar skyting med ein feilfri serie og eit tilleggsminutt på dei tre andre og høg fart i sporet, heldt det til sølv i klasse M20-21. I mål var Johan Eirik 1 min 16 sek bak vinnaren Bendik Aketun frå Fyresdal SSL som skaut fantastisk med fire feilfrie seriar. Fredrik Mack Rørvik frå Målselv vart nummer tre. Han var 1 min 20 sek bak vinnaren med sine tre tilleggsminutt. Bak seg på resultatlista hadde Johan Eirik blant anna heile juniorlandslaget!

Jarle Midthjell Gjørven deltok i same klassa, men hadde ikkje heilt dagen på standplass. Med seks tilleggsminutt vart det ein 30. plass, 5 min 8 sek bak vinnaren.

Tidlegare i dag var årsklassane mellom 17-19 år i aksjon. I klasse M19 vart det ein fin 10. plass til Lars Midthjell Gjørven. I mål var han 5 min 8 sek bak vinnaren. Lars skaut fullt på begge dei liggjande skytingane og fekk berre eit minutt på den siste ståande. Om det ikkje hadde vore for dei tre tilleggsminutta på den første ståande skytinga, hadde det vore eit løp heilt i nærleiken av pallen. Isak Flo Bødal frå vår naboklubb Stårheim/Team Statkraft Nordfjord vann klassa suverent. Han var heile 2 min 15 sek føre andreplassen. I same klassa deltok også Grunde Breidablik som vart nummer 43 etter å ha skote på seg åtte tilleggsminutt.

I klassa for M18 vart Georg Halsteinslid nummer 30 med totalt fem bom. Han låg heilt oppe på ein 15. plass etter tredje skyting, men fekk tre tilleggsminutt på siste ståande. Klassevinnar vart Simen Kleven frå Simostranda IL. I klasse M 17 vart det ein 72. plass til Gaute Bø etter ein tung dag på standplass med ni tilleggsminutt. Vinnar vart Erik Kvam frå Meldal IL.

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M17

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M18

 Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M19

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M 20-21



.

Postet av Markane IL den 6. Des 2013

Her finn du namn og adresser til styremedlemmer, gruppeleiarar og anna personell i MIL 2014:

Styret i MIL 2014


Eldbjørg Hatledal – leiar aa-in-h@online.no 97 07 66 95

Hallgeir Nygård – nestleiar hallgeir.nygard@vikorsta.no 48 89 64 67

Antonia Karete Haugen Kongsvik – sekretær antoniak@online.no 90 99 99 88

Arvid Hatledal hatledal@online.no 90 63 71 60

Alf Martin Almskår alfmartin72@hotmail.com  41 18 74 39

Magne Maurset    laurulf@gmail.com             48 11 42 13.

1.vara: Sigbjørn Fænn siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62

2.vara: Monica Halsteinslid monica@termopartner.no 41 68 40 66

----------------------------------------------------------------

Nils Heggdal - kasserar nils@iras.as 92 60 66 63


-----------------------------------------------------------------

Dagleg leiar Ullsheim/ansvarleg for utleige av Ullsheimsanlegget:

Klemet Bø dagleg leiar Ullsheim klem-b@online.no 91 31 95 12

--------------------------------------------------------------------
Gruppeleiarar:

Monica V. Halsteinslid skiskyting monica@termopartner.no 41 68 40 66

Sigbjørn Fænn ski siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62

Margunn Hjelmeset barneidr.sk. marg-hje@frisurf.no 41 62 82 68

Aslaug Thingnes Bø friidr. aslaugtb@gmail.com 40 04 03 25

Per Jakob Kyrkeeide trim per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02

Grete Zachariassen orientering grete.zac@gmail.com 90 18 21 68

Andre:

Per Jakob Kyrkeeide vaktm/ reinh per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02

Antonia Karete Haugen Kongsvik – heimesida antoniak@online.no 90 99 99 88

Hallgeir Nygård – ansv. politiattestar hallgeir.nygard@vikorsta.no 48 89 64 67

Oversikt over gruppestyra, revisorar og valnemnd i 2014

Styret i skiskyttargruppa 2014

Leiar: Monica Halsteinslid

Nestleiar: John Roger Meland

Styremedlem: Jan Egil Gjørven

Styremedlem: Knut Arild Løvdal

Styremedlem: Kari Tonning

Styret i skigruppa 2014

Leiar: Sigbjørn Fænn

Styremedlem: Margunn Hjelmeset

Styremedlem: Kjetil Svarstad

Styremedlem: Svein Rune Aaland

Styremedlem: Anne Marie Svarstad

Styremedlem: Thomas Heisig

Styret i orienteringsgruppa 2014:

Kontaktperson: Grete Zachariassen

Styremedlem: Per Øen

Styremedlem: Sissel Svarstad

Styremedlem: Åshild Sætren Bøe

Styremedlem: Svein Arne Lødemel

Styret for barne- og ungdomsgruppa, trimgruppa/friidrettsgruppa 2014:

Leiar: Per Jakob Kyrkjeeide

Styremedlem: Bodil Dybevoll

Styremedlem: Sigbjørn Kirkeeide

Styremedlem: Even Nesje

Leiar friidrett: Aslaug Thingnes Bø

Leiar Markane og Stryn barneidrettskule: Margunn Hjelmeset

Revisorar 2014:

Ester Anny Skrede

Randi Lindvik

Varamedlem: Per Ove Kjøs

Valnemnd i 2014:

Leiar: Wenche Arntsen

Medlem: Ann Kristin Grodås

Medlem: Frank Jakob Sandbakk

Varamedlem: Per Heimlid

Styremedlem i Team Statkraft Nordfjord: John Roger Meland



Ullsheim 05.12.2013:

Postet av Markane IL den 6. Des 2013

Rapport frå årsmøte i Markane IL

Torsdag 5. desember var det årsmøte i Markane IL. På saklista var vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, anleggsplan, spelemiddelsøknad m.m.

Årsmeldingane for styret og gruppene syner svært stor aktivitet i laget i 2013. Totalt 17 personar var til stades på årsmøtet. Det hadde sjølvsagt vore ønskjeleg at årsmøtet samla fleire.

Av innkomande saker var framlegg om å avslutte sykkelgruppa p.g.a liten aktivitet i gruppa siste åra og gode sykkeltilbod i naboklubbane. Framlegget vart vedteke samrøystes. Takk til Kjetil Svarstad og Henning Heimlid som har vore i styret for gruppa.

Kontingenten for 2014 vart vedteken uendra. Årsmøtelyden fekk elles informasjon om det komande storarrangementet HL2014, andre arrangement i laget framover og planane om utgje ei jubileumsbok om MIL.

Det vart sjølvsagt også gjennomført val til styret og gruppestyra for 2014:

Samansetnaden av styret er uendra for 2014: Leiar Eldbjørg Hatledal, nestleiar Hallgeir Nygård, sekretær Antonia Karete Kongsvik, styremedlemmar Arvid Hatledal (med særskilt ansvar for Ullsheimanlegget), Magne Maurset og Alf Martin Almskår.

Også alle gruppeleiarane held fram i 2014. I gruppestyra vart det følgjande endringar: Anne Marie Svarstad er nytt medlem i skigruppa som dermed får eit ekstra styremedlem i høve til i fjor. Svein Arne Lødemel er ny i orienteringsgruppa medan Bodil Dybevoll er ny i styret i trimgruppa. Stor takk til dei som no går ut gruppestyra for innsatsen dei har lagt ned: Kåre Bøe (o-gruppa) og Birgit Svarstad (trimgruppa)!

Valet vart godt gjennomført av leiar i valnemnda Per Heimlid som dermed er ferdig med sine tre år i nemnda. Nytt medlem i valnemnda for 2014 vart Frank Jakob Sandbakk.

Oversikt over samansetnaden av styret, gruppene og anna personell for 2014 finn du her.



Hochfilzen 6.12.2013:

Postet av Markane IL den 6. Des 2013

Fullt hus og 4. plass til Tarjei Bø på sprinten

Tarjei Bø. Foto: FjordingenTarjei Bø vart svært nær sesongens første individuelle pallplass på verdscupsprinten i Hochfilzen. Med fullt hus på begge skytingane og bra fart i løypa var han med heilt i tetsjiktet.

Lars Berger imponerte med suveren fart i løypa. Trass to strafferundar var han 17,0 sekund raskare enn Tarjei i mål. Franske Martin Fourcade kom på andreplass. Han var 13,6 sek bak Berger. Det vart ein flott norsk dag i Hochfilzen. Ole Einar Bjørndalen tok tredjeplassen berre 15,3 sek bak vinnaren. Tarjei hamna dermed akkurat utanfor pallen på ein fjerdeplass. 

Det ligg dermed an til ein svært jamn og spennande jaktstart på søndag. Kanskje kjem Tarjei sin første pallplass for sesongen alt då.



Ullsheim 03.12.2013:

Postet av Markane IL den 4. Des 2013

Stor aktivitet på Ullsheim.

Skitrening på Ullsheim. Foto: TSN

Skitrening for dei mellom 10 og 16 år var ein av aktivitetane på Ullsheim i kveld. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det var tysdag kveld særdeles stor aktivitet på Ullsheim. Det var fint vêr og gode snøforhold. Dermed hadde både langrennskrinsen og Nordfjordteam skiskyting kalla inn til samling denne kvelden. I tillegg gjekk sjølvsagt MIL sine skitrening for 10-16 åringar, ved trenar Sigbjørn Fænn, som vanleg.

15 og 16 åringane som driv både langrenn og skiskyting, hadde felles teknikktrening med trenar Asgeir Årdal. Her kom utøvarane frå mange klubbar: Fjellhug/Vereide, Stårheim, Hardbagg, Hornindal, Hellesylt, Markane og Volda. Mange av desse har Hovudlandsrennet 2014 på Ullsheim siste helga i februar som sitt store mål for sesongen.

Medan dei unge trena, fekk foreldra samt juniorløparane smørjekurs med landslagssmørjar Johnny Seljeseth. Dette var lærerikt og interessant, og mange følgde godt med.

Kvelden vart avslutta med frukt, saft og kaffi i kafeen på Ullsheim. Her vart det også informert om kva som skal skje av renn og treningar ut over vinteren. I tillegg vart det delt ut ein del nye jakker, luer og vestar til utøvarane.

Fleire foto frå kvelden er lagt ut nedanfor.

 

Smørjekurs med Johnny Seljeset. Foto: TSN

Johnny Seljeset heldt smørjekurs for junioløparar og foreldre. Foto: Team Statkraft Nordfjord 

Johnny Seljeset. Foto: TSN

Johnny Seljeset. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Utøvarar frå mange klubbar samla på Ullsheim. Foto: TSN

Skiskyttarar og langrennsløparar frå mange klubbar var til stades på Ullsheim i kveld. Foto: Team Statkraft Nordfjord.



.

Postet av Markane IL den 3. Des 2013

Innlogging til Min Idrett: 

SportsAdmin logo




Glemt brukernavn/passord?



Östersund 30.11.2013:

Postet av Markane IL den 30. Nov 2013

Johannes Thingnes Bø med 9. plass og beste norske plassering på sprinten!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø vart best av dei norske på sprinten i Østersund. Han kom på ein flott 9. plass og var berre 55 sekund bak vinnar Martin Fourcade frå Frankrike.

Johannes fekk totalt to strafferundar, ein på kvar av dei to skytingane. Vinnaren Fourcade hadde berre ein runde. Med sin 9. plass har han også eit glimrande utgangspunkt før jaktstarten på søndag.

Tarjei Bø fekk ein dårleg start med to bom på liggande skyting. Då det i tillegg vart ein bom på ståande skyting vart det ein 30. plass idag. Han startar dermed 1 min 36 sek bak teten på jaktstarten.

Oppdatert 1.12.13: Pga sterk og skiftande vind i Östersund vart jaktstarten avlyst.



Dombås 30.11.2013:

Postet av Markane IL den 30. Nov 2013

Resultat frå Dombåsrennet

Lars Midthjell Gjørven. Foto: TSNTeam Statkraft Nordfjord kombinerte trening på Dombås med å delta på Dombåsrennet. Rennet gjekk i år som normaldistanse.

Frå Markane IL var det tre løparar på start. Best resultat vart det for Lars Midthjell Gjørven som vart nummer fem i klasse M19. Klassa vart vunnen av Andreas Sommerstad Juveli frå Lier IL. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord kom på andreplass. I same klasse deltok også Grunde Breidablik som kom på 11. plass.

I klasse M18 kom Georg Kristian Halsteinslid på ein 7. plass. Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL vart klassevinnar. Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for Dombåsrennet normal 30.11.2013



Östersund 28.11.2013:

Postet av Markane IL den 29. Nov 2013

27. og 37. plass til Johannes og Tarjei i verdscupopninga

Johannes Thingnes Bø. Foto: FjordingenJohannes Thingnes Bø kom på 27. plass og Tarjei Bø på 37. plass i det første individuelle rennet i årets verdscup. Ingen av dei hadde den heilt store dagen på standplass.

Johannes innleia med ein bom og dermed eit tilleggsminutt på kvar av dei to første skytingane. På tredjeskyting vart det fullt hus, men to tilleggsminutt på siste skyting førte til eit hopp nedover lista. I mål heldt det til ein 27. plass. Johannes var tredje best av dei norske løparane i dag.

Under vanskelege skyteforhold hadde Tarjei Bø ein dårleg dag på standplass. Det vart totalt 5 tilleggsminutt og ein 37. plass i sesongopninga. Martin Fourcade vann suverent etter fire fulle hus og god fart i sporet.

Nye sjansar til å betre på resultata kjem alt i morgon.



Årsmøte i Markane IL:

Postet av Markane IL den 28. Nov 2013

Sakliste til årsmøtet i Markane IL torsdag 5.12.2013 kl.19.00 i Ullsheim.

Årets sakliste til årsmøtet i Markane IL er no klar. Du finn den under les meir nedanfor. Saklista med tilhøyrande vedlegg og årsmeldingar vert også sendt ut til alle medlemmar på epost.

Velkomne på årsmøte!

Styret i Markane IL

 

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 05.12.2013 kl.19.00 i Ullsheim.

1. Opning av årsmøtet

1.1 Godkjenning av innkalling

1.2 Godkjenning av sakliste

1.3 Val av møteleiar

1.4 Val av referent

1.5 Val av to til å skrive under møteprotokoll

2. Årsmelding

3. Rekneskap

4. Rapport frå revisor

5. Anleggsplan

-Rehabilitering av lysanlegget

-Overnattingsbygg

-Sandvolleyballbane

6. Spelemiddelsøknad

-Rehabilitering av lysanlegget

-O-kartet "Stryn"

7.Innkomande saker

Sykkelgruppa i Markane IL

Pga manglande aktivitet og gode sykkeltilbod i

naboklubbar, vert sykkelgruppa i MIL

føreslegen nedlagt.

Framlegg til vedtak: Sykkelgruppa i MIL vert avslutta.

8. Kontingentar 2014

Framlegg om uendra kontingent i Markane IL for 2014:

Born (t.o.m 17 år): 300kr

Vaksne: 400kr

Familie: 1000kr

9. Budsjett

10. Val etter lovene

11. Orienteringssaker

HL 2014

Andre arrangement 2014

Jubileumsbok

Vel møtt!

Styret



Geilo 24.11.2013:

Postet av Markane IL den 24. Nov 2013

28. og 32. plass til Jarle og Johan Eirik på fellesstarten

Jarle Midthjell Gjørven Foto: TSN, 2012

Jarle Midthjell Gjørven vart nr. 28 på fellesstarten i Norgescup. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

 Både Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland gjekk seg inn til betre plasseringar på dagens fellesstart enn på sprinten. Jarle kom til slutt på ein 28. plass med totalt fire bom på dei fire skyteseriane. Johan Eirik Meland vart nummer 32 med totalt fem bom. Avstanden frå Jarle og fram til vinnaren var på 2 min 22 sek. Fleire tidlegare deltakarar i World Cup var på start i fellesstarten. Sigeren gjekk til Alexander Os frå Ishavslaget. Syver Nygård frå Byåsen SSL kom på andreplass medan Tor Petter Lillebo Stormoen frå Alvdal IL vart nummer tre.

Resultat DNB-cup 1 Geilo fellesstart Menn senior 24.11.2013



Östersund 24.11.2013:

Postet av Markane IL den 24. Nov 2013

2.plass i mixstafett med Tarjei Bø på ankeretappen

Tarjei Bø. Foto: FjordingenVerdscupsesongen i skiskyting er i gong. Under mixstafetten i Östersund vart det andreplass til det norske laget med Tarjei Bø på ankeretappen.

Det norske laget kom skeivt ut då Tora Berger fekk ein strafferunde på den første skytinga. Synnøve Solemdal og Vetle Sjåstad Christensen gjekk andre- og tredjeetappe. Dei gjekk det norske laget innatt i tetkampen etter å ha kome seg gjennom etappane med brukbar skyting i vanskeleg vindforhold. Tarjei gjekk ut på sin etappe på ein tredjeplass, 10 sekund etter Tsjekkia. Frankrike leia på dette tidspunktet suverent. Men med heilsprekk og tre strafferundar for Frankrike på siste skyting var det på nytt spenning om førsteplassen. Tsjekkaren Ondrej Moravec brukte ein ekstraskot mindre enn Tarjei på siste skyting og gjekk dermed ut på sisterunden med ei leiing på 10 sek. Denne leiinga heldt heilt til mål. Tarjei sikra det norske laget andreplassen medan Frankrike vart nummer tre.



.

Postet av Markane IL den 24. Nov 2013

Informasjon om lagsdrakter

Lagsdraktene er komne!

Det vert sendt ut tekstmelding frå Sport 1 til kvar einskild etter kvart som logoane vert trykt på.

Viss du vil trykkje på initialane dine koster det 10 kr. for kvar bokstav. Dei blir i så fall plasserte nede på jakka framme og oppe på buksa på same sida. 

Craft-logo

Sport 1 YtreEide



Ullsheim 21.11.2013:

Postet av Markane IL den 23. Nov 2013

Glimt frå premiefesten 2013.

Premieutdeling for lagsmeisterskap hopp 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling for lagsmeisterskap hopp 2013. Frå høgre framme: Jørgen Trøsken, Anders Svarstad Hole, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Katrine Svarstad Heggdal, Inger Hjelmeset, Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole, Mari Sofi Meland, Håvard Tonning og Anders Meland, Bak frå høgre: Oskar Guddal Breivik, Aksel Matias Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Torsdag 21. november var det premieutdeling for sesongen 2012/2013. Det vart delt ut premiar innan ski, trim, friidrett, orientering og skiskyting.

Foto av mange av dei som mottok premiar, er lagt ut nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset.

 

Cuprennpremiar til yngste guteklassa. Foto: Margunn Hjelmeset

Yngste guteklassa i Telenorcupen 2012/2013: Birk Aga Hove, Fredrik Njøten, Amund Bakke, Rasmus Loen, Daniel Langeset og Jesper Svarstad Hole.

Cuprenn-premiar til klassa gutar 9-10 år: Håvard Tonning, Elias Guddal Sunde, Eirik Bjørlo Sandbakk, Anders Svarstad Hole og Daniel Langeset.

 

Bertine Fløtre Reed, Emma Njøten og Inger Hjelmeset. 

Frå venstre: Hedda Garlid Hilde, Marthe Gjøvåg Heggestad, Bertine Fløtre Reed, Emma Njøten, Inger Hjelmeset, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Gjertlin Kirkeeide.

Adelin Slettenes Flore og Sofie Gjøvåg Heggestad

Frå venstre: Magnus Arntsen, Vegard Lødøen Flo, Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide.

Kari Alsaker

Sigbjørn Fænn, Håkon Midthjell Gjørven, Odd Sindre Tonning og Ingvild Hatledal.

Magnus Arntsen, Håkon Midthjell Gjørven, Sigurd Fotland Fænn, Magnus Midthjell Gjørven, Grim Nygård og Kari Alsaker.

Inger Hjelmeset, Aksel Mathias Meland og Maren Hjelmeset Kirkeeide

Premiar til dameklassa i lagsmeisterskap i orientering: Aslaug Thingnes Bø, Sissel Svarstad og Grete Zachariassen.

Premiar til guteklassa i lagsmeisterskap i orientering: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Magnus Midthjell Gjørven, Nikolai Dispen Lødemel, Elias Dispen Lødemel og Anders Svarstad Hole.

Klemet Bø og Jan Egil Gjørven

Anders Meland

Maria Bjørlo Sandbakk

Eirik Bjørlo Sandbakk



Geilo 23.11.2013:

Postet av Markane IL den 23. Nov 2013

Resultat frå DNB-cup 1

Johan Eirik Meland. Foto: Team Statkraft Nordfjord 2011

Johan Eirik Meland vart nr 43 i det første rennet i DNB-cup. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2011

Årets første renn i DNB-cupen vart arrangert på Geilo. I klassa for menn senior var både Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland i aksjon. Dagens øving var sprint. Det var eit stort og svært jamnt felt på start streken. Etter første skyting var Jarle på ein 17. plass etter å ha skote fullt hus medan Johan Eirik gjekk ut på ein 35. plass etter ein strafferunde. Men på den ståande skytinga hadde verken Jarle eller Johan Eirik heilt dagen. Det vart tre strafferundar på kvar. Dermed enda det med plasseringar omtrent akkurat midt på resultatlista. I mål vart Jarle Midthjell Gjørven nummer 42. Han var 2 min 17 bak vinnaren. Johan Eirik Meland følgde ein plass bak og vart dermed nummer 43. Han var 2 min 24 sek bak førsteplassen. Tidlegare landslagsløpar
Frode Andresen frå Hønefoss skiskyttere vann løpet. Martin Lindland vart nummer to og Syver Nygård kom på tredjeplass.

DNB-cup held fram i morgon med fellesstart.

Resultat DNB-cup1 Geilo Menn senior Dato: 23.11.2013



.

Postet av Markane IL den 22. Nov 2013

Terminliste skiskyting sesongen 2013-2014.

 

Terminlista kan også lastast ned i pdf-format nedanfor:

Terminliste for skiskyting 2013/2014



.

Postet av Markane IL den 18. Nov 2013

Avtale om lagsdrakter og rabatt på utstyr.

Markane IL har 1.11.13 inngått avtale om nye klubbdrakt i merket Craft.  Lokal leverandør er Sport 1 Ytre-Eide.

 På ein til to klubbkveldar i året vert det gjeve 30 % rabatt på all bekledning fra Craft. Her er bekledning i fleire prisklassar og alt fra superundertøy, hanskar, luer, konkurransedressar, overtrekksdressar m.m. Klubbkveldane vert annnonserte på heimesida. I tillegg er det 25% rabatt på suppleringsutstyr til lagsdrakta elles i året.

Markane IL har også 20% rabatt på alt skirelatert utstyr hjå Sport 1 Ytre-Eide.

 

Craft logo

Sport 1 YtreEide logo



Sjusjøen 17.11.2013:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2013

Ny 7. plass til Johannes Thingnes Bø

-Tarjei Bø på 12. plass

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim 2010

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein ny sjuandeplass på fellesstarten på Sjusjøen. Foto: Anders Vonheim (NC Geilo 2010)

Det vart ein ny sjuandeplass til Johannes Thingnes Bø under fellesstarten på Sjusjøen. Tarjei Bø kom på 12. plass i sin sesongdebut etter å lenge ha vore med i teten. Både Tarjei og Johannes fekk totalt tre bom i løpet av fellesstarten. Tarjei låg lenge best an og leia inn til tredje skyting, men med to bom på siste skyting vart det til slutt ein 12.plass. Johannes hadde omvendt løpsutvikling. Etter å ha gått ut frå første skyting på ein 17. plass etter ein bom, var han oppe på sjuandeplass etter tredjeskyting. På den siste skytinga vart det ein bom, men likevel gjekk Johannes ut på siste runden på fjerdeplass i eit svært jamnt felt frå tredje- til tiandeplass. I mål vart det ein sjuandeplass 18 sekund bak vinnaren Ole Einar Bjørndalen. Vetle Sjåstad Christensen vart nummer to og Lars Berger vart nummer tre.

Jarle Midthjell Gjørven deltok i dagens B-heat på fellsstarten der han vart nummer 18. B-heatet vart vunne av Daniel Bøhm frå Tyskland. Jarle var heilt oppe på 10. plass etter feilfri skyting på dei tre første seriane, men to bom på siste skyting gav til slutt ein 18. plass.  

Resultat skiskyting Sjusjøen fellesstart menn heat A 17.11.2013

Resultat skiskyting Sjusjøen fellesstart menn heat B 17.11.2013



Ullsheim 21.11.2013:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2013

 Premiefest i Ullsheim 21. november kl.18.o0.

Årets premiefest vert torsdag 21.november kl.18.00 i Ullsheim.

Premieutdeling for ski, orientering, trim, friidrett og skiskyting.

Enkel servering

OBS! Alle deltakarar under 15 år som var med på eitt eller fleire cuprenn/lagsrenn, får premie uavhengig av om dei er medlemmer.

Alle velkomne!



Sjusjøen 17.11.2013:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2013

To DNB-stipend tildelt Johannes Thingnes Bø

Tora Berger og Johannes Thingnes Bø. Foto: NSF

Tora Berger delte ut DNB-stipend til Johannes Thingnes Bø. Foto: NSF

Under sesongstarten for skiskyttarane på Sjusjøen i helga, vart årets 22 DNB-stipend delte ut. Medan dei 21 andre stipendvinnarane mottok kvart sitt, fekk Johannes Thingnes Bø lik så godt to stipend, eit på kr 10.000,- og eit på kr 7.500,-

Stipendet vert delt ut til unge, lovande skiskyttarar med gode sjanser for ei stor internasjonal karriere.

Vi gratulerer!



Setretrimmen:

Postet av Markane IL den 17. Nov 2013

Stor deltaking i Setretrimmen 2013

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide 

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vann også i år klassa jenter 7-12 år. Foto frå premiefesten 2012. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Det var også i år stor deltaking på Setretrimmen. Bøkene låg også i år ute på Faleidestøylen, Gråberg,Holsetra, Grendasetra, Maursetsetra, Øiesetra, Sindresetra, Jutedalsetra og Florehytta .

Totalt vart det denne sesongen registrert 4866 besøk. Det er ein auke på 1263 meir enn i fjor. Klart mest besøkt er Holsetra med 2905 registreringar. Dette er om lag 1000 meir enn i fjor.

Følgjande åtte vann sine klasser og kan sjå fram til å motta trimtroll på premiefesten:

J 0-6 år: Adelin Slettenes Flore 6 poeng, G 0-6 år: Jesper Svarstad Hole 3 poeng, J 7-12 år: Oddrun Hjelmeset Kirkeeide 43 poeng,  G 7-12 år: Magnus Johan Bøe 25 poeng, J 13-17: Anita Langeset 8 poeng, G 13-17: Simon Hjelmeset Kirkeeide 31 poeng, D18- : Margunn Hjelmeset 184 poeng og M 18- : Per Jakob Kyrkjeeide 147 poeng.

Nedanfor er resultata frå årets Setretrim. For dei vaksne er det teke med dei som har oppnådd minst 10 poeng i løpet av sesongen.

Resultatliste Setretrimmen 2013



.

Postet av Markane IL den 16. Nov 2013

Resultat skiskyting sesongen 2013/2014

 Mønstringsrenn m.m.:

Resultat skiskyting sprint menn Sjusjøen 16.11.2013

Resultat skiskyting sprint gutar 15-16 år Sjusjøen 16.11.2013

Resultat skiskyting Sjusjøen fellesstart menn heat A 17.11.2013

Resultat skiskyting Sjusjøen fellesstart menn heat B 17.11.2013

Resultatliste for Dombåsrennet normal 30.11.2013

Resultatliste frå Vingromrennet sprint 11.01.2014

Resultatliste frå Vingromrennet jaktstart 12.1.2014

Resultatliste testløp Birken skiskyting normal 26.2.2014

Bendit skiskytterfestival:

Resultatliste for Bendit Kvalfoss-sprinten Klasse G13 Dato: 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G14 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G15 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G16 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G13 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G14 Dato 19.1.2014.

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G15 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G16 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit Skiskytterfestival Trondheim Sprint 8.2.2014

Resultatliste frå Bendit Skiskytterfestival Trondheim Fellesstart 9.2.2014

Resultatliste Larsen-stafett Bendit Liatoppen Skiskytterfestival. Alle klasser. Dato 4.4.2014

Resultatliste for Bendit Skiskytterfestival normal/sprint Alle klasser 05.04.2014

Resultat frå Bendit Liatoppen Skiskytterfestival sprint og fellesstart Alle klasser 6.4.2014

Krinsrenn og KM:

Reslutatliste krinsrenn skiskyting normal Hornindal 11.01.2014

Resultatliste KM skiskyting normal Hornindal 12.01.2014

Resultatliste krinsrenn sprint Ullsheim 22.3.2014

 Resultatliste KM fellesstart Ullsheim 23.3.2014

Resultat Krinsrenn Sunnylven IL sprint 29.03.2014.

Resultat krinsrenn Sunnylven sprint 30.3.2014

Krinsrenn/Sport 1 cup Hordaland

Resultatliste KM skiskyting sprint Vik Dato1.2.2014

Resultat skiskyting sprint Vik 2.2.2014

Resultatliste skiskyting jaktstart KM Vik 2.2.2014

Resultatliste Sport 1 cup 8 Voss skiskyting sprint 1.mars 2014.

Resultatliste for Sport 1 cup nr 9 Fellesstart skiskyting Voss 2.3.2014.pdf

Resultat LM 

Resultatliste LM sprint skiskyting Vik 15.03.2014

Resultatliste LM skiskyting normaldistanse Vik 16.03.2014.

Resultat Young Star Holmenkollen

Resultatliste Young Star gutar 20.03.2014.

Resultat DNB-cup/jr.NM

Resultat DNB-cup1 Geilo sprint Menn senior Dato: 23.11.2013

Resultat DNB-cup 1 Geilo fellesstart Menn senior 24.11.2013

Resultatliste for DNB cup2/ Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M17

Resultatliste for DNB cup2/ Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M18

Resultatliste for DNB cup2/ Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M19

 Resultatliste for DNB cup2/ Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M20-21

Resultatliste for DNB cup2/ Statkraft Juniorcup 1 Lygna sprint. Dato 8.12.2013 Alle klasser. 

Resultatliste DNB Cup 3 Statkraft cup 2 sprint Natrudstilen 4.1.2014 Alle klasser

Resultatliste DNB cup 3 Statkraft cup 2 jaktstart Natrudstilen 5.1.2014 Alle klasser

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft junior cup 3 normaldistanse Myrkdalen Klasse M17 og M 18. Dato: 25.1.2014

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft junior cup 3 normaldistanse Myrkdalen Klasse M19 Dato 25.1.2014

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft junior cup 3 normaldistanse Myrkdalen Klasse M20-21 Dato 25.1.2014

Resultatliste for NM junior/ Statkraft Junior Cup 4 og DNB Cup 5 normaldistanse Brummundal 14.2.2014

Resultatliste NM jr / DNB Cup 5 sprint klassane M17 M18 M19 og M20-21 Brummundal  Dato 15.2.2014

Resultatliste for jr NM stafett Brummundal Klasse K17-21 M17-18 og M17-21 Dato 16.2.2014

Resultatliste jr. NM/NC Fellesstart Alle klasser Hummelfjell Arena TOS 7.3.2014.

Resultatliste DNB cup 6 Statkraft junior cup 5 supersprint. Alle klasser. Dato 8.3.2014

Resultatliste for NM Mix-stafett Hummelfjell TOS Arena Dato 9.3.2014

Resultatliste Norgescupavslutning fellesstart_Menn_20-21 Voss 29.3.2014

Hovedlandsrennet i skiskyting

Resultatliste Hovedlandsrennet i skiskyting Orkdal G15 normaldistanse 21.2.2014

Resultatliste frå Hovedlandsrennet i skiskyting i Orkdal G16 normaldistanse 21.2.2014

Offisiell resultatliste for Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal sprint G15år 22.2.2014

Offisiell resultatliste for Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal sprint G16 år 22.2.2014

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal Stafett-G-15 Dato 23.2.2014

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal Stafett-G-15-16-år Dato 23.2.2014

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal-Fellesstart Dato 23.2.2014

Resultat senior NM

Resultat NM Menn 20km Individual 26.3.2014

Resultatliste NM Sprint menn Voss 27.3.2014

Resultat NM fellesstart menn senior. Voss 29.3.2014

Resultaliste NM senior Menn_4x7_5km_Stafett

Universiaden, Trentino

Resultatliste Universiaden Trentino normaldistanse menn 13.12.2013

Resultatliste Universiaden Trentino sprint menn 15.12.2013

Resultatliste Universiaden Trentino jaktstart menn 16.12.2013

Resultatliste Universiaden Trentino fellesstart menn 20.12.2013

Jr. VM, Presque Isle

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle sprint menn 1.3.2014 

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle jaktstart menn Dato: 2.3.2014

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle normaldistanse menn 5.3.2014.

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle stafett menn Dato 7.3.2014.

Resultat verdscup 2013/2014

Resultat mixstafett Östersund 24.11.2013

Resultat normaldistanse menn Östersund 28.11.2013

Resultat sprint menn Östersund 30.11.2013

Resultat sprint menn Hochfilzen 06.12.2013

Resultat stafett menn Hochfilzen 07.12.2013

Resultat jaktstart menn Hochfilzen 08.12.2013

Resultat stafett menn Le Grand Bornand 13.12.2013

Resultat sprint menn Le Grand Bornand 14.12.2013

Resultat jaktstart menn  Le Grand Bornand 15.12.2013

Resultat sprint menn Oberhof 03.01.2014

Resultat jaktstart Oberhof 04.01.2014

Resultat fellesstart menn Oberhof 05.01.2014

Resultat stafett menn Ruhpolding 09.01.2014

Resultat normaldistanse Ruhpolding 11.01.2014

Resultat jaktstart menn Ruhpolding 12.01.2014

Resultat sprint Pokljuka 6.3.2014

Resultat jaktstart menn Pokljuka 8.3.2014

Resultat fellesstart menn Pokljuka 9.3.2014

Resultat sprint menn Kontiolahti 13.3.2014

Resultat sprint II i Kontiolahti 15.3.2014

Resultat jaktstart menn Kontiolahti 16.3.2014

Resultat sprint menn Holmenkollen 20.3.2014

Resultat jaktstart menn Holmenkollen 22.3.2014

Resultat fellesstart menn Holmenkollen 23.3.2014

Resultat OL 2014

Resultat sprint menn Sotsji 8.2.2014

Resultat jaktstart menn Sotsji 10.2.2014

Resultat normaldistanse menn 13.2.2014 Sotsji

Resultat fellesstart menn Sotsji 18.2.2014

 Resultat stafett menn Sotsji 22.2.2014



Sjusjøen 16.11.2013:

Postet av Markane IL den 16. Nov 2013

7. plass til Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, 2011

Johannes Thingnes Bø innleia skiskyttarsesongen med 7. plass. Foto: Anders Vonheim (NC Geilo 2011)

 Det vart ei fin opning på sesongen for Johannes Thingnes Bø med ein 7. plass under sprinten på Sjusjøen. Med ein bom på den ståande skytinga var han 25,8 sekund etter vinnaren Emil Hegle Svendsen som også hadde ein bom. Ole Einar Bjørndalen kom på andreplass og Simon Desthieux frå Frankrike kom på tredjeplass.

 Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 79. Han var 3 min 54 sek vinnaren etter å ha skote på seg fire rundar.

Også 15-16 åringane hadde sesongopning på Sjusjøen i dag. Best av våre vart Håkon Midthjell Gjørven med 25. plass. Han fekk ein bom på kvar av skytingane og var 3 min 4 sek etter klassevinnar Mathias Skrede. Grim Nygård kom på 34. plass etter flott feilfri skyting. Aksel Mathias Meland vart nr 35 (4 bom), Andreas Halsteinslid nr 41 (4 bom) og Magnus Arntsen nr 45 (2 bom).

I morgon er det klart for fellesstart på Sjusjøen. Då er også Tarjei Bø på startstreken.

 Resultat skiskyting sprint gutar 15-16 år Sjusjøen 16.11.2013

Resultat skiskyting sprint menn Sjusjøen 16.11.2013

 



Stem på Markane IL:

Postet av Markane IL den 10. Nov 2013

"Klubben i mitt hjerte" -50 000 kr til vinnaren!

"Klubben i mitt hjerte"-logo

Kampanja «Klubben i mitt hjerte» vert i år arrangert for sjuande gang av Norges Idrettsforbund og olympiske komite, Nordea, P4 og Dagbladet for å styrke det lokale idrettsarbeidet landet rundt.

No inviterer vi for tiande gang til avstemning der du kan stemme på din eigen hjerteklubb.

Avstemninga startar laurdag 9.november klokken 00.01, og vert avslutta fredag 22. november klokken 12.00

Avstemninga er som tidligere delt i seks klasser. Markane IL kjem inn under klasse 2: Fleiridrettslag med under 500 medlemmer.
Premien i denne klassa er kr 50 000,- til idrettsutstyr.

Det kan stemmast ein gang om dagen per IP-adresse. Har du nettbrett og/eller smarttelefon, er det altså bare å stemme i veg sjølv om du alt har stemt frå dataen!

24 timar etter forrige gang du stemde, kan du stemme på nytt!!

Lenke til avstemninga her!



Ullsheim 6.11.2013:

Postet av Markane IL den 9. Nov 2013

50 000kr frå Sparebankstiftinga til kjøletårn.

Odd Kjetil Tonning overrekkjer 50 000kr frå Sparebankstiftinga til Monica Halsteinslid. Foto: John Roger Meland

Odd Kjetil Tonning frå Sparebankstiftinga gjev sjekken på 50 000kr til leiar i skiskyttargruppa Monica V. Halsteinslid. Foto: John Roger Meland

På oppstartsamlinga for skiskyting onsdag 6.november overrakte Odd Kjetil Tonning ein sjekk på NOK 50.000,-til Markane IL  frå Sparebankstiftinga. Pengane skal nyttast til å få på plass eit kjøletårn på Ullsheim.

Sparebankstiftinga har også gjeve 9 000 kr til sandvolleyballbana på Ullsheim.



Skei 23.11.2013:

Postet av Markane IL den 9. Nov 2013

OCAD-KURS PÅ SKEI.

o-logo.

Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til kurs i grunnleggjande bruk av dataprogrammet Ocad for teikning og utskrift av o-kart på Skei.


Tid:
Laurdag 23. november frå kl 13.00 til kl 16.00.

Stad: Skei i Jølster. (Info om kva for lokale kjem seinare)

Kurshaldar: Norvald Ospehaug

Førebuing: Deltakarane bør ha eiga datamaskin med ocad-program installert på maskina. Dette kan kjøpast på www.ocad.com. Programmet bør ha versjonen Standard.

Påmelding til Norvald Ospehaug seinast måndag 18. november på e-post nor-ospe@frisurf.no eller mobilnr. 95232094

Kurset er ein del av handlingsplanen for SFOK.



Ullsheim 5.12.2013:

Postet av Markane IL den 6. Nov 2013

Årsmøte i Markane IL torsdag 5. desember kl.19.00

Det vert årsmøte i Markane IL torsdag 5. desember kl.19.00.

Innkomande saker må meldast inn til styret seinaste torsdag 21.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtet.

Velkomne!



Ullsheim 28.2-2.3.2014:

Postet av Markane IL den 27. Okt 2013

Planlegginga av hovudlandsrennet 2014 godt i gang.

Hovudkomiteen HL 2014. Foto: Fjordingen

Mesteparten av hovudkomiteen for HL 2014. Ved bordet: Leiar Inge Fænn. Bak frå venstre: Kari Tonning, Monica V. Halsteinslid, Margunn Hjelmeset, Alf-Ole Arntsen, Hallgeir Nygård, Klemet Bø, Sigbjørn Fænn og Antonia Karete Haugen Kongsvik. Foto: Fjordingen

Planlegginga av HL 2014 er no godt i gong. Om lag 1000 deltakarar i årsklassane 15-16 år kjem for å konkurrere i langrenn, skicross, hopp og kombinert. Meir i nettavisa til Fjordingen og måndagsavisa. 



Turorientering:

Postet av Markane IL den 18. Okt 2013

Turorienteringssesongen 2013 er avslutta!

Om nokon enno ikkje har levert inn klippekorta sine, må desse leverast til Åshild Sætren Bøe snarast!



Sport1 Ytreeide 23.10.2013:

Postet av Markane IL den 18. Okt 2013

Klubbkveld/handlekveld på Sport 1 Ytre-Eide Sport AS

onsdag 23.10 kl.1800-2100.

Markane IL har i samarbeid med Sport 1 Ytre-Eide fått til en klubbkveld hjå Ytre-Eide onsdag 23. oktober kl 18.00-21.00. (Butikken er stengt mellom 17.00-18.00)

Craft-logo

Markane IL har bestemt seg for ny klubbdrakt i merket Craft.

 

På klubbkvelden vert det gitt 30 % rabatt på all bekledning fra Craft. Her er bekledning i fleire prisklassar og alt fra superundertøy, hanskar, luer, konkurransedressar, overtrekksdressar m.m.

I tillegg til dette får alle medlemar i MIL 30 % på følgjande skiutstyr denne kvelden:

Fisher skiutstyr og stavar

Madshus skiutstyr

Swix og Rode skismurning

Alpina og Salomon skisko

På handlekvelden vil det også vere ein representant for Fisher tilstades og det blir då høve for å få målt ut riktig spenn på ski og elles få hjelp og svar på ting de lurer på. Craft og Rode vil også trulig ha representantar tilstede i butikken.

Hugs at det nærmar seg fort jul no så her har de sjansen til å gjere unna nokre julegåver og samtidig gjere ein god handel på varer som de kanskje må kjøpe uansett !

Velkommen til Klubbkveld onsdag kl 18.00-21.00

logo sport1 Ytre-Eide



Ullsheim 12.-13.10.2013:

Postet av Markane IL den 14. Okt 2013

Skiskyttartreff på Ullsheim

Skiskyttartreffen 2013. Foto: Fjordingen

Ein del av dei som var på skiskyttartreff på Ullsheim i helga. Foto: Fjordingen. 

61 unge skiskyttarar i alderen 11-16 år var samla til  barmarksamling på Ullsheim i helga. I tillegg til deltakarar frå Markane IL var det også med løparar frå  Stårheim, Volda, Sunnylven, Hornindal og Hardbagg.

På skiskyttartreffet vart det både instruksjon, trening og sosialt samvær. Laurdagen vart brukt til skyteinstruksjon, rulleskigåing, intervall-, spenst- og hurtigheitstrening. Søndag vart samlinga avslutta med skogsløp med skyting for dei yngste og testløp på rulleski for dei eldste.

Resultatliste frå testløpet søndag er lagt ut her:

Resultatliste for testløp på Skiskyttartreffen Ullsheim 13.10.2013

Nedanfor finn du fotoserie frå helgas samling.

Fotograf er Margunn Hjelmeset

Heile gjengen samla til gruppefoto. Foto: Margunn Hjelmeset

Gruppefoto frå skiskyttartreffen 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Anders Svarstad Hole gjer seg klar.

Førebuing på standplass

Sondre Roset

Mange deltakarar -mykje utstyr

Anne Marie Roset konsentrerer seg på standplass

Klar for innsats i bandy.

 

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Håvard Tonning

På rulleski

 

Konsentrasjon før start

Bandykamp for dei yngste

Nikolai Dispen Lødemel på standplass

Trening utan stavar

 

Klar til skyting

Maren Hjelmeset Kirkeeide i fint driv

Johnny Seljeset

Anne Marie Roset

Oselie Henden

Godt med is

Aksel Mathias Meland

Kari Alsaker

Aksel Mathias Meland



Skogstjerna 13.10.2013:

Postet av Markane IL den 13. Okt 2013

God oppslutning om idrettslagsbasaren

Skogstjerna

Sjølv om basaren var litt seinare enn vanleg i år og på siste søndagen i haustferien, fann likevel nesten 100 personar vegen til Skogstjerna.

I løpet av vel to timar fekk 105 åregevinstar og 43 gevinstar på loddbøkene nye eigarar.

Årets resultat er ikkje finrekna enno, men det kom inn omlag 35 000 kr.  

Stor takk til alle som har bidrege med gevinstar og elles stilt opp som loddseljarar og medhjelparar. Og stor takk til alle som også dette året kjøpte rikeleg med lodd og årar.

Trekningslista for loddbøkene er lagt ut både i pdf-format nedanfor og under "les meir"

Trekningsliste for loddbøkene på idrettslagsbasaren 13.10.2013

 

Trekningsliste for loddbøkene på idrettslagsbasaren 13.10.2013

Loddbok 1

Gevinst nr. 1: Gåvekort kr. 500,-

Gjeve av: Sølvberg bygg

Vunne på lodd nr. 254

Namn: Sissel Gunn Nesdal

Gevinst nr. 2: Liten radio verdi kr. 200

Gjeve av: Øvreberg installasjonsforretning

Vunne på lodd nr. 108

Namn: Regine Kyrkjeeide Almenning

Gevinst nr. 3: Kaffimaskin verdi kr. 1100

Gjeve av: Firma Kåre Bøe

Vunne på lodd nr.348

Namn: Bjarne og Åsa Svarstad

Gevinst nr. 4: Middag for 2

Gjeve av: Innvik Fjordhotell

Vunne på lodd nr. 432

Namn: Margunn Hjelmeset

Gevinst nr. 5: Jakke til barn

Gjeve av: Skogstad

Vunne på lodd nr.1034

Namn: Nils Elling Myrhaug

Gevinst nr. 6: Gåvekort kr 500 på Sport1

Gjeve av: Tenden Cont. og Gjenvinning

Vunne på lodd nr. 353

Namn: Bjarne og Åsa Svarstad

Gevinst nr. 7: Lommebok/korthaldar verdi kr 400

Gjeve av: Vik-Ørsta

Vunne på lodd nr. 295

Namn: Erna og Edvard Tisthamar

Loddbok 2

Gevinst nr. 1: Gåvekort kr 450

Gjeve av: Lars Kveen AS

Vunne på lodd nr. 1044

Namn: Kjell Pettersen

Gevinst nr. 2: Brannteppe

Gjeve av: Flo Brannsikring

Vunne på lodd nr. 1024

Namn: Kurt Erik S. Nesje

Gevinst nr. 3: Skipose + Bama drikkebelte

Gjeve av: Stryn Mek. Verkstad og Bama

Vunne på lodd nr.316

Namn: Aslaug Thingnes Bø

Gevinst nr. 4: Gåvekort kr 400

Gjeve av: Vic Havnen

Vunne på lodd nr. 270

Namn: Fam. Roar Alsaker

Gevinst nr. 5: EU-kontroll verdi kr 600

Gjeve av: Toyota Nordfjord 292

Vunne på lodd nr. 292

Namn: Marit Skår

Gevinst nr. 6: Gåvekort kr 250

Gjeve av: Termopartner

Vunne på lodd nr. 91

Namn: Bodil Dybevoll og Stig Brobakke

Gevinst nr. 7: Kjempeteiknesett

Gjeve av: YX Grodås

Vunne på lodd nr. 1087

Namn: Erna og Edvard Tisthamar

Loddbok 3

Gevinst nr. 1: Høye termodyne og Høye sengesett verdi kr 1200

Gjeve av: Arvid Hatledal A/S

Vunne på lodd nr. 376

Namn: Anne Marie Svarstad

Gevinst nr. 2: Gåvekort kr 250

Gjeve av: Eikenæs Sko og klær

Vunne på lodd nr.92

Namn: Magnar Skaare

Gevinst nr. 3: Spade

Gjeve av: Byggtorget Stryn

Vunne på lodd nr. 1029

Namn: Ingrid Myrhaug

Gevinst nr. 4: Jakke til dame

Gjeve av: Moods of Norway

Vunne på lodd nr. 151

Namn: Solveig Dybevoll

Gevinst nr. 5: Gåvekort kr 500 Sport 1

Gjeve av: Fluor-Lux AS

Vunne på lodd nr. 406

Namn: Kari Tonning

Gevinst nr. 6: Gåvekort kr 250 på Con Vita

Gjeve av: Termopartnar

Vunne på lodd nr. 1076

Namn: Arild Bjørkelo

Gevinst nr. 7: Lommebok/kortholdar verdi kr 400

Gjeve av: Vik-Ørsta

Vunne på lodd nr. 321

Namn: Kjellaug Skogtun

Loddbok 4

Gevinst nr. 1: Søndagslunsj for 2vaksne og 2 born med tilgang til basseng

Gjeve av: Hotel Alexandra

Vunne på lodd nr. 459

Namn: Per Johan Bøe

Gevinst nr. 2: Gåvekort kr 500

Gjeve av: Ricco Vero

Vunne på lodd nr. 395

Namn: Henny Eliassen

Gevinst nr. 3: Termos

Gjeve av: Stryvo

Vunne på lodd nr. 1008

Namn: Ingebrigt Fænn

Gevinst nr. 4: Boss-spann

Gjeve av: Kr. A. Vik AS

Vunne på lodd nr. 254

Namn: Ingrid Bøe Fotland

Gevinst nr. 5: Gåvekort kr 500 Sport 1

Gjeve av: Pretre AS

Vunne på lodd nr. 720

Namn: Kamilla Brunvoll Hansen

Gevinst nr. 6: Gåvekort kr 300

Gjeve av: Bunnpris AS

Vunne på lodd nr. 1044

Namn: Fam. Nils Olav Myrvang

Gevinst nr. 7: Kjøkkenutstyr verdi kr 500

Gjeve av: REMA 1000

Vunne på lodd nr. 527

Namn: Anita Bøe

Loddbok 5

Gevinst nr. 1: Gåvekort kr 300

Gjeve av: Con Vita

Vunne på lodd nr. 1137

Namn: Jon Kjøs

Gevinst nr. 2: Kremkrukke og hårfønar

Gjeve av: Randi Frisør og Sax Frisør

Vunne på lodd nr. 136

Namn: Daniel Wangberg Nesdal, Loen

Gevinst nr. 3: 2 middagar

Gjeve av: SMAK kafe

Vunne på lodd nr. 282

Namn: Jon Kjøs

Gevinst nr. 4: Fenalår

Gjeve av: Nordfjord Kjøtt

Vunne på lodd nr. 158

Namn: Reidar Greidung

Gevinst nr. 5: Teppe med barnemotiv

Gjeve av: Møbelringen

Vunne på lodd nr. 1028

Namn: Fam. Ingvald Løvlid

Gevinst nr. 6: Skipose og Bama drikkebelte

Gjeve av: Sparebanken Vest og Bama

Vunne på lodd nr. 180

Namn: Margaret Gjørven Drivenes

Gevinst nr. 7: Kaffikjele og høgtalar for mobil verdi kr 250

Gjeve av: Privat og Vik-Ørsta

Vunne på lodd nr. 1111

Namn: Per Johan Bøe

Loddbok 6

Gevinst nr. 1: Ullskjerf verdi ca. kr. 700

Gjeve av: PeBe klær

Vunne på lodd nr. 26

Namn: Fam. Ingvald Løvlid

Gevinst nr. 2: Glas med stett

Gjeve av: Stryn Gullsmedforretning

Vunne på lodd nr. 267

Namn: Aslaug Thingnes Bø

Gevinst nr. 3: Fleecejakke verdi kr 300

Gjeve av: Johan Flo og Sønn

Vunne på lodd nr. 93

Namn: Jan Solvik

Gevinst nr. 4: Fruktkorg verdi kr 300

Gjeve av: Spar Grodås

Vunne på lodd nr.1092

Namn: Lars Ivar Hatledal

Gevinst nr. 5: Billett t/r Stryn- Trondheim

Gjeve av: Nettbuss Nordfjord Ottadalen

Vunne på lodd nr. 284

Namn: Oddbjørg Signy Kroken

Gevinst nr. 6: Odlo Sportsundertøy (sett) verdi kr 700

Gjeve av: Privat

Vunne på lodd nr. 1075

Namn: Caroline Remø Dahl

Gevinst nr. 7: Arbeidslampe og Stanley måleband 30m

Gjeve av: Tussa Nett og Privat

Vunne på lodd nr. 1071

Namn: Caroline Remø Dahl

Gevinst nr. 8: Tesett

Gjeve av: Raftevolds Hotel

Vunne på lodd nr. 309

Namn: Brynhild og Oddvar Sætren



Ullsheim 15.10.2013:

Postet av Markane IL den 10. Okt 2013

Oppstart av skitreningane

Skitreningane startar opp att.

Første gong vert tysdag 15. oktober kl. 1830.

Vidare vert det trening på Ullsheim kvar tysdag framover.

Alle må ha med joggesko og rulleski.

Alderstrinn: 10-16 år.

Det er mogleg å få låne rulleski for dei som ikkje har sjølve.

Pris sesongen 2013/2014: 200kr

Velkomne!



Skogstjerna 13.10.2013:

Postet av Markane IL den 7. Okt 2013

Idrettslagsbasaren 2013

Søndag 13. oktober kl. 16.00 i Skogstjerna er det klart for den årlege idrettslagsbasaren.

Det vert lodd- og åresal.

Enkel, gratis servering!

Kaffien står klar på borda alt når de kjem!

Gevinstar til lodd- og åresal tek vi i mot med takk.

Vi vil gjerne vite om desse på førehand -særleg gevinstar til loddbøkene.

Ring tlf 97 07 66 95 (Eldbjørg)

eller send e-post til antoniak@online.no

Vi vonar på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 13. oktober!

Vel møtt!

Styret i Markane idrettslag

v/leiar Eldbjørg Hatledal



Naustdal 6.10.2013:

Postet av Markane IL den 1. Okt 2013

Innbyding til o-løpet Haustbløyta

logo

Det er klart for sesongens siste krinsløp i orientering når "Haustbløyta" vert arrangert søndag 6.oktober 2013 kl.1300

KART: Kringla. 1:5000 Ekv 5 m. Laserutskrift. Statens kartverk 1:30000. Laserutskrift

Terreng: Lettløpt fjellterreng utan vegetasjon

SAMLINGSPLASS: Merka frå FV 611. 1 km vest for Naustdal Sentrum mot Stavang. Derifrå 3 km å køyre opp til Kringla. 200m å gå frå parkering til samlingsplass.

START: Kl. 13.00: 30 min å gå frå samlingsplass til start. (Stigning)

LØYPER OG KLASSAR: kart-målestokk
1. 12,5km A: H19-, H17-18, 1:30000
2. 9 km A: D35,H45, 1:30000
3. 6,5 km A H15-16, D45,D17-18,D45,H55,openH-klasse 1:30000
4. 4,5 km A D55,D65, H65, H75 1:30000
5. 2 km C: D10-12,D13-14, H13-14, D15-16,H10-12, Open D-klasse 1:5000
6. 1,5km N Alle N-klassar 1:5000

PÅMELDING: Med namn og brikkenr. seinast 4. oktober til Norvald Ospehaug. Tlf. 95232094. E-post:
nor-ospe@frisurf.no 

Etterpåmelding innan ein time før start.

PÅMELDINGSAVGIFT: Etterpåmelding/endringstillegg
Løparar tom 16 år: kr 70,- + kr 15
Løparar fom 16 år: kr 120,- + kr 30

PREMIERING: 45 år og eldre - premie til vinnaren.1/2 premiering frå 16 år til 45 år og opne klassar. Alle opp til 12 år. 1/3 premiering til 13-16 år.

Innbyding til Haustbløyta 6.10.2013



Haugen 18.-19. oktober

Postet av Markane IL den 30. Sep 2013

Innbyding til aktivitetsleiarkurs for barnefriidrett 

Mål: Kurset skal gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år.

Målgruppe: Instruktørar, foreldre, lærarar på barneidrettskule, kroppsøvingslærarar, personell i barnehagar/ SFO, og andre sentrale personar innan barneidretten. Kurset krev ingen forkunnskapar og har ikkje eksamen.

Innhald: Innføring i friidretten sine øvingar. Barnet si utvikling, tips og idear for korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre leikbasert aktivitet med vekt på allsidigheit og variasjon. Kurset har både teoretiske og praktiske leksjonar både ute og inne.NB! Ta med skrivesaker og treningstøy for både inne og utebruk!

Timetal:16 skuletimar med 4 t teori og resten av kurset er praktisk retta.

 Dato: Fredag 18. oktober kl 18.00-21.30 (teoretisk del i klasserom)

Laurdag 19. oktober kl 09.00-16.00 (praktisk del i gymsal)

Stad:Klubbhuset v/Stadion på Haugen

Kurslærar: Merete Helgheim

Kursavgift: kr 100,-.  Materiell: kr 300,-  (blir fakturert i etterkant av kurset)

Kontaktpersonar: Merete Helgheim, mob 994 57950  og Narve Heggheim, Sogn og Fjordane FIK tlf 57 76 12 22.

Påmeldingsfrist: Tysdag 15. oktober kl 22.00. Påmelding via idrettskurs.no

Spørsmål rettast til: SFFIK tlf 57 76 12 22  eller e-post: sof@friidrett.no 

Detaljert tidsplan for kurset vert sendt påmelde deltakarar.

Aktivitetsleiarkurs. Arrangør: Haugen IL. Dato: 18.-19.10.2013

Brosjyre aktivitetsleiarkurs



Byrkjelo 28.-29.9.2013:

Postet av Markane IL den 24. Sep 2013

Innbyding til KM friidrett

Byrkjelo Stadion 28-29. september

Laga i Gloppen/Olden IL/Hornindal IL/ Jølster IL har gleda av å invitere til KM helg på Byrkjelo alle aldersbestemte klassar frå 13 år samt senior og veteran.

Laurdag tek stemnet til kl. 13.00, slegge og stav startar kl 11.00. Søndag startar stemnet kl 12.00.

Startkontingentar KM:

G/J 13-14 år kr 60,-pr. start
G/J 15-18 år /jun/sen/vet kr 75,- pr. start

Stafettar: 13/14 år kr 130,- pr lag

15-18 år/jun/sen/vet kr 200,- pr. lag

Hekkeavstand, høgde og vekt på kastredskap i henhold til NFIF sitt øvingsutvalg.

Påmelding via: www.minidrett.no (utøvar enkeltvis)

www.sportsadmin.no (klubbvis ved påmeldingsansvarleg)

Siste frist for påmelding onsdag 25. september kl 23.59

Etterpåmeldingar blir normalt ikkje motteke, og ein ber om at alle held påmeldingsfristen

Startpengar til konto: 3710.07.00248

Kontaktperson hos arr: John Inge Sørland

epost: johnis@online.no eller mob: 913 60534

Øvingsutvalet finn du i vedlagt innbyding!

Velkommen til fine friidrettsdagar på Byrkjelo!!

 

Innbyding til KM friidrett på Byrkjelo 28.-29.9.2013



Ullsheim 20.-22.september 2013:

Postet av Markane IL den 23. Sep 2013

Vellukka barmarkssamling på Ullsheim.

Alle deltakarane på barmarkssamlinga. Foto: Margunn Hjelmeset 

Dei fleste av deltakarane på barmarkssamlinga på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

 Nærare 70 unge langrennsløparar frå heile fylket var samla til barmarkssamling på Ullsheim i helga. Markane IL arrangert samlinga i godt samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins.

Hovudtrenar på samlinga var rekruttlandslagstrenar Sjur Ole Svarstad

I løpet av helga vart det trening på blant anna spenst, hurtigheit, stafettar, klassisk og skøyting på rulleski, intervall/terrengløp, styrketrening. Laurdag vart det også ein tur til symjehallen.

Samlinga vart avslutta med fjelltur på søndag.

Fotoserie frå samlinga er lagt ut nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset.

Kull 1998-99 saman med trenarane. Foto: Margunn Hjelmeset

Ein del av deltakarane på samlinga. På fremste rekkje trenarane Sjur Ole Svarstad, Yngve Thorsen og Johnny Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset.

 

Trening på matter. Til venstre: Vegard Lødøen Flo

Oskar Guddal Breivik i "kamp" på matta.

Trenar Yngve Thorsen

 

Klare til start

Litt instruksjon ved standplass.

Vegard Lødøen Flo frå Markane og Rasmus Hopland frå Hopland

Sekkeløp.

Rekruttlandslagstrenar Sjur Ole Svarstad

God innsats i sekkeløp

Vegard Lødøen Flo, Aksel Mathias Meland og Rasmus Hopland

 

Sjur Ole Svarstad og ein del av deltakarane

Litt orgelspel i pausen

Ut på fjelltur ein litt tåkete søndag

Framme på setra.

Oskar Guddal Breivik

I terrenget.

Pause  ved setreveggen.

 Mange deltakarar fører til mange sko...



Mo i Rana 22.9.2013:

Postet av Markane IL den 22. Sep 2013

Ny bronse til Tarjei Bø i NM-rulleskiskyting!

Pallen i jakstart rulleskiskyting 2013. Foto: Bossmo og Ytteren IL

Dei tre beste på NM jaktstart i rulleskiskyting: Vetle Sjåstad Christensen, Ole Einar Bjørndalen og Tarjei Bø. Foto: Lise Mari Løvstrand/Bossmo og Ytteren IL

Det vart ny bronsemedalje til Tarjei Bø på jaktstarten i NM rulleskiskyting. Johannes Thingnes Bø vart til slutt nummer åtte.

Det var lenge Johannes som låg best an på dagens jaktstart. På dei tre første skytingane fekk Tarjei tilsaman fem bom medan Johannes skaut betre og klarte seg med tre bomskot.

Inn til siste og avgjerande skyting låg Johannes på tredjeplass, berre 25 sekunde etter leiaren. Tarjei kom inn til fjerde og siste skyting som  nummer åtte. Men på den siste skyteserien fekk Johannes tre bom medan Tarjei skaut feilfritt. Tarjei gjekk dermed ut på sisterunden som nummer tre medan Johannes fall til ein åttandeplass. Desse plasseringane heldt seg heilt i mål.

Vinnar av NM-rulleskiskyting vart Ole Einar Bjørndalen. Vetle Sjåstad Christensen kom i mål 17 sekund bak til sølvmedalje medan Tarjei tok bronsen. Han var 1 min 15 sek bak Bjørndalen i mål. Johannes kom i mål til sin åttandeplass, 1 min 33 bak vinnartida.

I klasse M20/21 kom Jarle Midthjell Gjørven Markane IL/Team Statkraft Lillehammer på femteplass etter å ha gått ut på startnummer fire. Etter dei to liggjande skytingane var Jarle heilt oppe på ein andreplass. Men med tre bom på tredje skyting og to bom på siste skyting vart det til slutt ein femteplass 1 min 28 sek bak vinnaren. Håkon Svaland frå Birkenes vann også i dag klasse M20/21. Øystein Solligård frå Orkdal IL kom på andreplass 56 sekund bak vinnaren. Jørgen Blokkum frå Trondhjems Skiskyttere/Team Statkraft Trondheim tok bronsen etter å ha gått i mål 1 min 11 sek bak Svaland.

Johan Eirik Meland, Markane IL/Team Statkraft Lillehammer, gjekk seg opp frå gårsdagens 15. plass til ein 11. plass. Han fekk to bom på første skyting og ein på siste skyting. I mål skilde det 3 min 4 sek fram til vinnaren.

I klasse M 18 vart det 36. plass til Georg Kristian Halsteinslid, Markane IL/Team Statkraft Nordfjord. Vinnar av klassa vart Kristian Killingberg frå Lier IL/NTG-G.

Resultatliste frå NM jaktstart rulleskiskyting 2013. Alle klasser. Arr: Bosmo og Ytteren IL 22.9.2013



Mo i Rana 21.9.2013:

Postet av Markane IL den 21. Sep 2013

Bronse til Tarjei Bø i NM rulleskiskyting 

Vetle Sjåstad Christensen, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø. Foto:  Bossmo og Ytteren IL

Medaljevinnarane på sprinten i NM rulleskiskyting: Vetle Sjåstad Christensen, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø. Foto: Lise Mari Løvstrand/Bossmo og Ytteren IL

Tarjei Bø tok bronsemedalje på sprinten under NM rulleskiskyting 2013. Han var 20,7 sekund etter dagens norgesmeister Emil Hegle Svendsen. Begge hadde ein strafferunde. Sølvmedaljen gjekk til Vetle Sjåstad Christensen. Han var 11,4 sek etter vinnaren i mål. Også han hadde ein strafferunde.

Johannes Thingnes Bø kom på ein fin femteplass. Differansen fram til vinnaren var på 34,6 sek. Også Johannes hadde ein runde frå den stpande skytinga.

I dei aldersbestemte klassane hamna Jarle Midthjell Gjørven like utanfor pallen i M20/21. Med ein bom på kvar av skytingane vart det ein fjerdeplass i mål 57,1 sekund etter vinnaren Håkon Svaland frå Birkenes IL. Martin Femsteinevik frå Hålandsdalen IL/Team Statkraft Hordaland vart nummer to 10,1 sek bak vinnaren medan bronsen gjekk til Øystein Solligård frå Orkdal IL som var 30,5 sek bak vinnaren. I denne klassa vart også Johan Eirik Meland nr 15 etter tre bom på standplass. Differansen fram til vinnaren vart på 2 min 5,4 sek.

Markane IL hadde også ein deltakar i M18. Georg Kristian Halsteinslid vart nr 37. Han var 5 min 27 bak vinnaren etter å ha fått totalt seks bom på standplass. Vinnar av klassa vart Sindre Pettersen frå Nittedal SSL/Team Statkraft Oslo og Akershus.

Også i klasse M19 gjorde ein nordfjording god innsats då Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord vart nummer fire.

Med dagens innsats bør det ligge an til ein spennande NM jaktstart i morgon!

Meir om NM rulleskiskyting finn du på arrangøren Bossmo og Ytteren IL si heimeside.

Resultatliste NM rulleskiskyting sprint 21.9.2013 Alle klasser. Arr: Bosmo og Ytteren IL



Kaupanger 22.9.2013:

Postet av Markane IL den 20. Sep 2013

Innbyding til o-løpet "Sognemili"

orienteringslogo

Det utsette o-løpet "Sognemili" vert arrangert søndag 22.september med start kl. 12.00. Start ved samlingsplass på Kaupanger idrettspark.

Kart: Kaupangerskogen revidert 2013. Utskrift i 1:10000. (kortaste løyper i 1:7500 eller 1:5000)

Løyper/Klassar: 8 km (A): H19, 6 km (A): D19, H17-18, H50 4 km (A): D/H15-16, D17-18, D50, D/H65, A-open, 3 km(C): D/H11-12, D/H 13-14, D65, D/H17C, C-open,2 km (N): D/H-11, D/H11-12N, D/H13-16N, D/H17N, N-open.

Påmelding: til Karl Helge Albretsen innan tysdag 17. september

Epost: karl.helge@online.no med namn, klasse og brikkenummer

Påmeldingsavgift: Løparar t.o.m. 16 år kr 65,-. Tillegg etterpåmelding kr 30,-  Løparar f.o.m. 17år kr 110,- Tillegg etterpåmelding kr 60,-

Brikkeleige: kr 25,-

Premiering: Alle t.o.m. 12 år. Andre klassar: 1/3

Løpsleiar: Karl Helge Albretsen (mob. 41452376)

Løypeleggar: Christian Frøy

Innbyding til Sognemili 22.9.2013



Skilbrei Ungdomssenter i Gaular:

Postet av Markane IL den 14. Sep 2013

Leiarkurs for ungdom 25.-27. oktober

Leiarkurs 2012. Foto: Sogn og Fj. idrettskrins

Sogn og Fjordane Idrettskrins innbyr til leiarkurs for ungdom.

Tid: 25.-27. oktober 2013. (To overnattingar, alle måltid inkludert.)

Stad: Skilbrei Ungdomssenter, Gaular.

Eigenandel: 1000,- (klubb/ idrettslag)

Målgruppe: Ungdom i alderen 14 til 20 år

Innhald: Kurset er prega av aktivitet og involvering. Aktuelle emner på kurset er teambuilding og sjølvtillit, ungdom i sentrum, idrettens organisasjon, leiing og leiarrolla, kommunikasjon og retorikk.  

Etter kurset skal deltakarane ha praksis i sin organisasjon. Det vert også ei oppfølgingssamling.

Kurset krev ingen spesielle førkunnskapar.
Målet med leiarkurset er at ungdommane som deltek skal utvikle leiareigenskapar, våge og ha kunnskap om korleis dei kan ta medansvar for og legge til rette eigen aktivitet.

Påmeldingsfrist 4. oktober!

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med Ann Kristin Grodås på epost grodaas@blisunn.no eller mobil 414 57 553. 

Innbyding til leiarkurs for ungdom 25.-27.10.2013



Olden 14.9.2013:

Postet av Markane IL den 14. Sep 2013

God innsats i Skarsteinsetra Opp

 Odd Sindre Tonning og Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

 Odd Sindre Tonning kom på andreplass og Håkon Midthjell Gjørven på sjette i klasse G15-17 under Skarsteinsetra Opp 2013. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (2011)

 Olden IL var for tredje gong arrangør av Skarsteinsetra Opp. I alt 144 personar tok turen i eit ikkje altfor godt septemberver. Av desse stilte 46 opp i konkurranseklassane, 30 som løparar og 16 som syklistar.

Markane IL var som  vanleg godt representert i dei yngste klassane. I alt fem løparar deltok for MIL i klassane mellom 12 og 20 år.

Aller raskast av våre i dag var Odd Sindre Tonning som vart nummer to i klasse G15-17. Han fullførte dei 4,6 kilometerane på 25 min 29 sek. Han var berre 10 sekund bak klassevinnar Adrian Helgheim frå Førde IL. I  den same klassa vart det femteplass til Grim Nyård med 29 min 21 sek og sjetteplass til Håkon Midthjell Gjørven med 29 min 57 sek.

I den yngste guteklassa G12-13 år vart det fjerdeplass til Magnus Midthjell Gjørven med 34 min 31 sek. Klassevinnar vart Youri van der Werve frå Hornindal IL på 26 min 25 sek. I klassa M18-20 var Lars Midthjell Gjørven einaste deltakar og vart dermed klassevinnar. Tida i mål var 26 min 37 sek.

Beste tid i løpsklassane vart Jan Olav Tjønneland frå Viksdalen IL med 22 min 47 sek i herreklassa og Merete Helgheim frå Gloppen FIL med 25 min 57 sek og ny rekord i dameklassa.

I sykkelklassane vart det ny løpsrekord både i dame- og herreklassa. Erlend Eide frå Eidfossen sykkel kom i mål til ny rekord i herreklassa med 18 min 42 sek. Janne Bruhn-Henriksen frå Stryn sykkelklubb sette den nye rekorden i dameklassa med 25 min 36 sek. 

Resultatliste for Skarsteinsetra Opp 14.9.2013



Langeland 27.-28.9.2013

Postet av Markane IL den 13. Sep 2013

Innbyding til ungdomssamling i orientering

Logo Sogn og Fjordane orienteringskrins

Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til samling for orienteringsungdom frå 12 år og oppover.

Stad: Røde kors hytta på Langeland

Oppmøte: fredag 27. september kl. 17.30

Avslutning: laurdag 28. september kl. 17.00

Program for samlinga: Fredag vert det fokusert på nattløp. Det vert blant anna gått gjennom veivalsteori og val av teknikk.

Laurdagen startar samlinga med femkamp: Karteiknprøve, bushing, myring, stuping og stempling. Det vert også o-løp "Bekkjevatnet Rundt" med fokus på teknikk.

Måltid: Felles måltid fredag kveld og laurdag frukost og lunch.

Overnatting: Ta med sovepose, treningskle og gode løpesko ( ute).

Nattlys: Ta med hovudlykt eller lommelykt.

EKT-brikke: Har vi til utlån

Påmelding til Gunnar Gytri som vert instruktør på samlinga innan onsdag 18. september til på e-post gunnar.gytri@enivest.net 

Innbyding til ungdomssamling o-krinsen september 2013



Beitostølen 6.9.2013

Postet av Markane IL den 13. Sep 2013

10. plass til Grete Zachariassen i Veteran-NM i orientering

Grete Zachariassen. Foto: Ivar Bergset

Øystre Slidre IL var arrangør får Veteran-NM i orientering som gjekk i fjellterrenget ved Beitostølen. Over 400 o-løparar deltok.

Markane IL hadde ein deltakar med på mellomdistansen. Grete Zachariassen vart nummer 10 i klasse D50 etter å ha fullført dei fire kilometerane på 52 min 56 sek. NM-tittelen i klassa gjekk til Kari Christiansen frå Sandefjord OL som gjekk i mål på 36 min 25 sek.

Resultatliste frå Veteranmeisterskapet i orientering mellomdistanse. Dato: 6.9.2013



Ullsheim 20.-22.september 2013:

Postet av Markane IL den 12. Sep 2013

70 utøvarar kjem på barmarkssamling

Fjelltur barmarkssamlinga 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Fjorårets deltakarar på barmarkssamling på fjelltur. Foto: Margunn Hjelmeset

Omlag 70 utøvarar i alderen 11-15 år er klare for barmarkssamling på Ullsheim helga 20.-22. september.

 Nedanfor finn du program for samlinga og deltakarliste pr. 19.9.2013.

Trenarar vert mellom anna Sjur Ole Svarstad, Yngve Thorsen, Arthur Hegrenes.

Program for samling på Ullsheim 20.-22.9.2013

Påmelde deltakarar pr 19.9.2013

Samlinga vert arrangert av Markane IL i samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins. Sjå også skikrinsen si heimeside for informasjon.

 



Olden 14.9.2013:

Postet av Markane IL den 10. Sep 2013

Innbyding til Skarsteinsetra Opp 14.9.2013.

 Traseen for Skarsteinsetra Opp

 Traseen for Skarsteinsetra Opp.

Olden IL innbyr for tredje gong løparar, syklistar og trimmar til Skarsteinsetra Opp. Løypetraseen er på 4,6 km og høgdeskilnad er på 400m. Løpet har start i Olden sentrum. Det går ca. 2 km på asfalt, resten på grusveg og skogsveg.

Stad:Olden sentrum mellom Ica og Yris Kafe

Tid: 14.september 2013

Trimklasse u/tidtaking  start mellom kl 11:00-13:00

J/G sykkel/løp kl 13:30

15 år og over sykkel/løp kl 14:00 

Påmeldingsfrist: 11. 09.13 kl 23:59

Påmelding konkurranseklassar til:  hans.petter.galtung@sfj.no  

Startkontingent:

Konkurranse kr 200,- ved førehandspåmelding.

G/J 13-14 år kr 100,-. Familie kr 350,-

Betalast til Olden IL kontonr 3770 20 32211

Etterpåmelding løpsdagen for 100kr tillegg, seinast 1t før start.

Trimklasse: kr 75,- . Familie kr 200,-. Påmelding ved start.

Premiering: Medalje til alle deltakarar i konkurranse og trim.

Uttrekkspremiar på startnummer.

Pokalar i kvar klasse og 1/3 premiering

Spurtprisar i både løp og sykkel for G/J 13-14 og herre/dameklassa.

2000kr for løyperekord (ikkje i G13/14)

For øvrige detaljar sjå innbydinga eller heimesida til Olden IL.

Innbyding til Skarsteinsetra Opp 2013

 



Hornindal 6.9.2013:

Postet av Markane IL den 9. Sep 2013

Lagsmeisterskap i friidrett for Markane og Hornindal.

Oddrun Hj. Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide var ein av Markane sine deltakarar på LM i friidrett og kan dermed sjå fram til å hente premie på årets premiefest. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (premiefesten 2011)

Årets lagsmeisterskap i friidrett for Markane IL vart arrangert i lag med Hornindal IL sitt lagsmeisterskap.

Frå Markane deltok fem utøvarar i alderen 7-12 år. Desse var: Selma Guddal Breivik (J8), Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (J8), Tobias Bruhn-Henriksen (G7), Ida Emilie Bruhn-Henriksen (J12) og Oskar Guddal Breivik (G11).

Alle deltok i øvingane 60 meter, lengde og liten ball. Selma og Oddrun stilte i tillegg opp på 600 meter.

Resultata frå LM finn du nedanfor. Fleire av deltakarane på LM deltok også på Regionsleikane i helga, men då som representantar for Stryn. Dei som lurer på korleis det gjekk på Regionsleikane, kan lese resultata på Fjellhug/Vereide si heimeside her.

Resultatliste for lagsmeisterskap i friidrett Markane og Hornindal IL. Dato: 6.9.2013



Hopland 8.9.2013:

Postet av Markane IL den 9. Sep 2013

God innsats i årets Kleiva Opp.

 Aksel Meland og Magnus Arntsen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Aksel Mathias Meland og Magnus Arntsen var to av deltakarane i Kleiva Opp 2013. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

 Markane IL var godt representert i dei yngste guteklassane i Kleiva Opp 2013. I G12/13 og G14/15 kom over ein tredel (6 av 17) av løparane frå Markane. Klassane under 16 år starta ved Rand skule og sprang ei 4 km lang løype opp til Nosakleiva. Høgdestigninga i løypa er på 350 meter.

I klasse G12/13 vart det tredjeplass til Magnus Midthjell Gjørven med tida 28,33. Klassevinnar vart Magnus Seljeset som var i mål på 25,59.

Aksel Mathias Meland vart nummer to i klasse G14-15 med tida 23,00. Raskast i klassa var Mathias Lote Henden frå Stårheim IL med 22,47. I same klassa vart Odd Sindre Tonning nr 5, Andreas Halsteinslid nr 7, Håkon Midthjell Gjørven nr 8 og Magnus Arntsen nr 11.

I klassane over 16 år som sprang den lengste løypa frå Hopland til Nosakleiva på 7 km vart Therese Sjursen frå BFG Bergen raskaste dame med 38,04. Jan Olav Tjønnaland frå Viksdalen var kjappast opp av herrane med 33, 42. I klassa for sykkel gjekk bestetida til Stig Svalheim frå Eidfossen sykkel. Han var i  mål etter 28 min 18 sek.

Det var også ny deltakarrekord for Kleiva Opp med 112 personar til mål. Fullstendig resultatliste nedanfor:

Resultatliste for Kleiva Opp 2013. Arrangør: Hardbagg IL. Dato: 8.9.2013



Hopland 8.9.2013:

Postet av Markane IL den 5. Sep 2013

INNBYDING TIL KLEIVA OPP 8.9.2013

logo kleiva opp

Hardbagg IL innbyr 8.september til Norges nest eldste motbakkeløp Kleiva Opp. Løpet har start frå kaia på Hopland, går opp heile Randabygda til målgong på Nosakleiva etter 7 km og 600 høgdemeter.

Løpet har klasser både for løp, sykkel og mosjon.

Løpsklasse: Start kl 1400 -pengepremiar -vanleg klasseinndeling

Klassene under 16 år og mosjonsklassa på tid startar ved Rand skule (4 km -350 høgdemeter)

Sykkelklasse: 7 km sykling, terrengsykkel.

Mosjonsklasse: start frå Rand skule frå kl. 1200

Startkontingentar: Vaksne kr 150,-. Under 16 år: 100,-.

Mosjon vaksen kr 100,-. Mosjon born kr 50,-. Familie mosjon kr 200,-.

Påmelding til: torstein.tvinnereim@sfj.no innan 7. september

Sjå også www.hardbagg.no og fullstendig innbyding nedanfor:

 Innbyding til Kleiva Opp 8.9.2013

 



Sandane 8.9.2013:

Postet av Markane IL den 4. Sep 2013

Regionsleikane for Nordfjord 2013

FRIIDRETT

IL FJELLHUG/VEREIDE INNBYR TIL REGIONSLEIKANE I FRIIDRETT FOR GUTAR OG JENTER 8 - 12 ÅR

Tidspunkt: søndag 8. sept. kl. 14.00

Stemnet går påIdrettsplassen på Sandane.

STEMNEOPPLYSNINGAR:

Aldersgruppe: 8-12 år

Øvingar:

60 m, 600 m, lengde og liten ball.  4 x 60 m stafett, der ein kan nytte 4 løparar innanfor aldersgruppa . Gjerne mix. lag.

Premiering:

Medaljer til alle deltakarane som er med i tre enkelt-øvingane. Også litt premiering, uttrekt på startnummer.

Påmelding :

På epost dagfinn.nyhammer@enivest.net innan torsdag 5. sept. Oppgje namn og årstal på den påmelde!

Startpengar: kr. 100,- pr. deltakar (dekkar alle øvingane).

Startpengar sendast på bankgiro 3710.30.87512

Garderobe: STIL-stova ved Stadion.

Sjå også  www.fjellhugvereide.no



Sølvbergstøylen 1.9.2013:

Postet av Markane IL den 2. Sep 2013

Resultat frå KM-langdistanse

 Grete Zachariassen og Aslaug Thingnes Bø. Foto: Ivar Bergset

Grete Zachariassen frå Markane IL vann KM-tittelen i klasse D50 føre Aslaug Thingnes Bø. Foto: Ivar Bergset.

Etter vel gjennomført KM mellomdistanse i Markane i går var det idag klart for langdistanseløp. ILVeten var arrangør og løpet gjekk i terrenget ved Sølvbergstøylen.

I alt var det 43 startande derav 23 i KM-klassane. Til Markane sine fem deltakarar vart det KM-tittel til Åshild Sætren Bøe og Grete Zachariassen.

Åshild Sætren Bøe vann klasse D17 etter å ha fullført dei 5,2 kilometerane på tida 1 t 6 min 32 sek. I klasse D50 var Grete Zachariassen raskast gjennom dei 3,5 kilometerane med tida 47 min 23 sek. Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL vart nummer to med 51 min 23 sek.

I klasse H50 vart det løparar frå Markane både på andre- og tredjeplass. KM-tittelen gjekk til Gunnar Gytri frå Førde IL som var i mål etter 44 min 2 sek. Dag Arne Eide vart nummer to med tida 47 min 58 sek og Per Øen nummer tre med 52 min 36 sek.

Øvrige KM-vinnarar vart: Elias Bergset frå IL Veten i H13-14, Oda Eide frå Fjellhug/Vereide i D15-16, Håvard Nummedal Os frå Førde IL i H17 og Norvald Ospehaug frå Tambarskjelvar i H70.

Fullstendig resultatliste for alle klassar (inkl. nybyrjar/småtroll) er lagt ut nedanfor. Her er også fleire foto av deltakarane. Alle foto er tekne av Ivar Bergset, IL Veten.

Gunnar Gytri, Dag Arne Eide og Per Øen. Foto. Ivar Bergset

Medaljevinnarane i H50: Gunnar Gytri frå Førde IL, Dag Arne Eide frå Markane IL og Per Øen frå Markane IL. Foto: Ivar Bergset

Resultatliste for KM langdistanse 1.9.2013 Arrangør IL Veten

 

 

Løypeleggjaren informerer. Foto: Ivar Bergset

Løpsleiar Anders Bergset informerer. Foto: Ivar Bergset

 

Ut frå start. Foto: IVar Bergset

Ut frå start. Foto: Ivar Bergset

 

Trygve Nummedal Os og Sven Bergset Langvik deltok i klasse H10-12. Foto: Ivar Bergset

 

 

Medaljevinnarar i H13-14 og D15-16. Foto: IVar Bergset

 Til venstre medaljevinnarane i klasse H13-14 Elias Bergset frå Veten og Magnus Eide frå Fjellhug Vereide. Til høgre KM-vinnar i D15-16 Oda Eide frå Fjellhug/Vereide. Foto: Ivar Bergset

Medaljevinnarane i H17

Dei tre beste i klasse H17: Håvard Nummedal Os frå Førde IL, Kjell Ove Bergset frå IL Veten og Tomas Kadlas frå Eid IL.

Norvald Ospehaug, Edvin Helle og Torodd Os. Foto: IVar Bergset

Medaljevinnarane i klasse H60: Norvald Ospehaug frå Tambarskjelvar IL, Edvin Helle frå Askvoll og Holmedal IL og Torodd Os frå Førde IL. Foto: Ivar Bergset

 

Åshild Sætren Bøe vann D17. Foto: Ivar Bergset

KM-vinnar i klasse D17: Åshild Sætren Bøe. Foto: Ivar Bergset

 

Glade småtrolldeltakarar. Foto: Ivar Bergset

Ein fin gjeng med nybyrjarar frå IL Veten. Foto: Ivar Bergset

 



Ullsheim 31.8.2013:

Postet av Markane IL den 31. Aug 2013

Resultat frå KM mellomdistanse

Gisle Bø. Foto: Irene Lunde 

Gisle Bøe vart krinsmeister i klasse H17. Foto: Irene Lunde (frå KM 2011)

Markane IL arrangerte i dag KM-mellomdistanse i orientering. Totalt var der 61 startande o-løparar. Av desse stilte 11 opp i småtrollklassa, 13 i nybyrjarklassa, 6 i 11-12 års klassa og ein i open klasse.

Det var såleis 30 løparar med i dei klassane der det vart kjempa om KM-titlar. I klassa for H17 vart Gisle Bøe frå Markane IL krinsmeister etter å ha fullført dei 3,1km på 33 min 45. Klassevinnar i H17 vart derimot Kristian Nilsen Sandnes frå Emblem IL (M&R).

I klassa H50 vart Gunnar Gytri frå Førde IL krinsmeister. Nummer to i klassa vart Torodd Os også frå Førde IL.

Raskast dame i klasse D17 var Ingrid Lundanes frå Emblem IL (M&R). KM-tittelen gjekk til Jorunn Aa Albertsen frå Sogndal IL medan Åshild Sætren Bøe kom på tredjeplass.

I D50 gjekk KM-tittelen til Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL som vann føre Grete Zachariassen.

Resultatliste frå løpet er lagt ut nedanfor. I morgon er det klart for KM-langdistanse då med IL Veten som arrangør.

Resultatliste for KM mellomdistanse 31.8.2013 -oppdatert. Arrangør: Markane IL



Hornindal 6. september 2013:

Postet av Markane IL den 27. Aug 2013

Lagsmeisterskap i friidrett

logo MIL

Det vert lagsmeisterskap i friidrett for Markane IL fredag 6. september i samband med Hornindal IL sitt arrangement.

Stad: Hornindal

Tid: kl. 17.30

Påmelding frå kl. 1700, men fint om flest mogleg gjer unna påmeldinga på førehand på epost til Irene Lødemel: irenelodemel@hotmail.com innan torsdag 5. september.

Det er fint om de som melder dykk på også sender ein SMS til Aslaug Thingnes Bø på tlf 40040325 slik at vi får oversikt over kven som reiser!

Øvingar: 60 m, 100 m, lengde, kule, liten ball, 600 m og 1500 m.

Startkontingent: kr 50 uavhengig av kor mange øvingar de er med på.

Alle velkomne!

 



Trollenykjen Opp 25.8.2013:

Postet av Markane IL den 26. Aug 2013

4. plass til Anders Vonheim i Trollenykjen Opp 2013

Anders Vonheim. Foto: Eid IL

Anders Vonheim (fremst) vart nr 4 i M23-34. Foto: Eid IL-Trollenykjen 2010

 Eid IL Ski arrangerte for fjerde gong motbakkeløpet Trollenykjen Opp. I alt 31 deltakarar stilte opp i konkurranseklassa. Frå Markane IL var det i år berre ein deltakar.

Anders Vonheim  vart nummer fire i klassa M23-34 etter å ha brukt 47 min 18 sek på dei fire kilometerane med motbakke. Klassevinnar vart Arve Rindal frå Eid IL med 36 min 30 sek. Han vann også løpet totalt. På andreplass i løpet totalt  kom Rasmus Haugen frå Hornindal IL (M14-15) med 40 min 36 sek. Ådne Reidar Nes Kleppe frå Eid IL (M14-15) var tredje raskast med 41 min 20 sek.

Vinnar av dameklassa vart Åse Iren Sætre frå Ørsta IL med  tida 44 min 47 sek. Resultatliste frå årets løp er lagt ut nedanfor:

 Resultatliste frå Trollenykjen Opp 25.8.2013



Stryn 24.8.2013:

Postet av Markane IL den 26. Aug 2013

Gaute Bø og Aslaug Thingnes Bø klassevinnarar i Strynemila

Aslaug Thingnes Bø. Foto: Klemet Bø

Aslaug Thingnes Bø og Gaute Bø vann kvar si klasse under Strynemila 2013.

Det var moderat deltaking i konkurranseklassa på Strynemila med 13 deltakarar. Derimot var 77 born med på barnemila. Markane var godt representerte i konkurranseklassa med fem deltakarar.

Aslaug Thingnes Bø kvinneklassa på tida 36,56. Gaute Bø vann klassa for gutar 16 år og yngre på 32,26. I same klassa vart Aksel Mathias Meland nummer tre og Magnus Midthjell Gjørven nummer fem.

 

Resultatliste for Strynemila 24.8.2013



Oppstart av haustsesongen 2013:

Postet av Markane IL den 26. Aug 2013

Markanebadinga

Også denne sesongen vert måndagen
 fast badedag for Markane IL i Stryn symjehall.
 
Første gong vert:
 måndag 2.september kl. 19.00-20.00
 
Vidare kvar måndag heilt fram til påske!
 
Eigenandelen for sesongen 2013/2014:

Born kr.100,- . Vaksne kr.150,-.  Familie kr.250,-

 
Alle medlemmar velkomne!
 
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------
 
Badevaktkurs
 
Datoane for sesongens badevaktkurs er også klare.
Det er tre datoar å velje mellom:
 
10. september, 19. september og 24. september.
 
Påmelding innan 6. september på tlf 91 59 36 86 eller
 
Aldersgrense: 18 år
 
Hugs at badevaktkurset må takast kvart år!
 


Valldal 27.7.2013:

Postet av Markane IL den 25. Aug 2013

3.plass i Jordbærdilten 2013 og 4. plass på rulleski til Johan Eirik Meland.

Johan Eirik Meland. Foto: Nibbeløpet 2013 

Johan Eirik Meland vart nummer tre i Jordbærdilten 2013 og nummer to i rulleskiløpet. Foto: Nibbeløpet 2013

Johan Eirik Meland var einaste deltakar frå Markane då Valldal IL arrangerte Jordbærdilten 2013. Totalt 57 deltakarar stilte opp i årets konkurranse i tillegg til 162 trimdeltakarar.

Løpet "Jordbærdilten" er 3,2 km langt og kjappast i mål var Kristian Nedregård frå Spjelkavik og Omegn med tida 10min 16 sek. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL kom på andreplass med tida 10 min 41 sek medan Johan Eirik vart nummert tre med 10 min 49 sek. Vinnar av dameklassa vart Heidi Flo Bødal på 12min 32 sek.

Etter Jorbærdilten var det også rulleskiløp. Her vann Syver Nygård frå Byåsen Skiskytterlag. Johan Eirik Meland vart nummer fire.

Best på rulleski blant jentene vart Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal IL

Resultatliste for Jordbærdilten 27.7.2013 Arrangør: Valldal IL

Rulleskikonkurranse 27.7.2013 Arrangør: Valldal IL



Stryn 24.8.2013:

Postet av Markane IL den 22. Aug 2013

Innbyding til Strynemila og barnemila

 Laurdag 24. august er det klart for Strynemila og barnemila.

Dei tradisjonsrike løpa har start og mål på Per Bolstad plass.

Det vert fine premiar til klassevinnarar og spurtvinnarar. I tillegg vert mange premiar trekte ut på startnummer. Alle born som deltek i barnemila får premie.

Påmelding på 1200

Start trimklasse kl. 1300
Start konkurranseklassa kl. 1400
Start barnemila kl. 1415

Påmeldingsavgift i Strynemila: 100,-kr.
Deltaking i barnemila er gratis.

VEL MØTT!



Tverrfjellet 15.8.2013:

Postet av Markane IL den 21. Aug 2013

God deltaking på sesongens siste nær-o-løp

 Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Grete Zachariassen

Nikolai Dispen Lødemel var ein av deltakarane på sesongens siste nær-o-løp.

49 deltakarar stilte opp på sesongens siste nær-o-løp. Løpet var også lagsmeisterskap for Markane. Flest deltakarar var der i N-løypa med 26 o-løparar og i tillegg stilte ei i småtroll-klassa.

I A-løypene var Åshild Sætren Bøe frå MIL raskaste dame gjennom 3-km løypa på tida 35min 41 sek. Klemet Bø var kjappst i mål av herrane medan Elias Bergset frå IL Veten var først i mål av dei under 16 år.

I den lengste A-løypa på 5,9 km gjekk klassesigeren nok ein gong til Isak Bergset, NTNUI. Anders Bergset frå IL Veten vart nummer to medan Nils Heggdal frå Markane IL vart nummer tre.

I alt 123 løparar var innom årets nær-o-løp. Dette er ein stor auke frå i fjor då 83 løparar deltok.

Heile 23 av dei som representerte MIL deltok på minst fire løp og kan vente seg samanlagtpremie til hausten.

Resultatliste for nær-o-løp nr 7 Arrangør Markane IL Dato: 15.8.2013

Samanlagtliste for nær-o-løp sesongen 2013. Alle løp. 



Eid 25.8.2013:

Postet av Markane IL den 20. Aug 2013

INNBYDING TIL TROLLENYKJEN OPP

Trollenykjen Opp

Løypeprofil "Trollenykjen Opp"

 Eid IL ved skigruppa arrangerer for fjerde gong "Trollenykjen Opp" søndag 25. august.

Start: Skipenes, ved Eid stadion. ca 10 moh
Mål:

Trollenykjen 898 moh (Løypelengde 4 km)

Parkering/Garderobe: Eid stadion
Påmelding

trollenykjenopp@gmail.com

 Startkontingent              Mosjonsklassa kr 100. Konkurranseklassa kr 200

  Kontonummer:              3790 143 0749

  Starttid:                            Mosjonsklassa mellom 9.00 og 12.00 

                                             Konkurranseklassa har fellesstart kl 12.00

 Alle velkomne!

 

 



KM-helg 31.8-1.9.2013:

Postet av Markane IL den 19. Aug 2013

Markane IL og IL Veten innbyr til KM-helg i orientering.

KM-MELLOM LAURDAG 31.8. Arrangør: Markane IL

Samlingsplass: Ullsheimkrysset, ca. 10 min. frå RV 15,  merka ved Isbakken og ved Øyane. Parkering like ved samlingsplass.  Enkel kiosk

Kart: Utsnitt av kartet «Maurset». Målestokk 1:7500 og 1:5000, ekvidistanse 5m, laserutskrift. Første gong utgjeve 1987, totalrenovert 2012.

Start: Kl. 15.00. Det er ca. 5 min å gå til start

Løyper og klassar: (KM-klassar med utheva skrift) i tråd med vedtak på krinstinget i SFOK

Ca. lengde Klassar Kartmålestokk

3,1 km: A H 17 1:7500
2,3 km:  A D 17, H 15-16, H 50 1:7500

2,0 km:  A D 15-16, D 50,
D/H open A 1:7500
1,8 km:  B D 13-14, H 13-14 1:5000

2,3 km: 
C D 11-12, H 11-12, D 13-16C, H 13-16C, D/H open C 1:5000
1,7 km: 
N D 11-12N, D 13-16N, H 11-12N, H 13-16N, D/H open N* 1:5000

*høve til å delta utan tidtaking

Småtroll på samlingsplass (kr. 25,-). Barneparkering: Meld frå om behov ved påmelding

Påmeldingsfrist: Onsdag 28. august kl. 16.00 på e-post til Per Øen: per.oen@tussa.no med kopi til per-oee@online.no , eller tlf. 900 54 238Etter- og direktepåmelding inntil 1 time før start.

Påmelding skal innehalde namn, idrettslag, klasse og brikkenr. (Brikkeleige kr. 25,- for ikkje-medl. av Markane IL, gje beskjed ved påmelding)

Påmeldingsavgift:
Løparar t.o.m. 16 år kr. 65,-. Etter- og direktepåmelding + kr. 25,- .
Løparar f.o.m. 17 år kr. 110,-. Etter- og direktepåmelding + kr. 40,-

Premiering: Medaljar + 1/3 i KM-klassane, premie til vinnar i Open A og til vinnar i Open C, premie til alle andre løparar .

Garderobe: I det fri eller på Ullsheim (800m), transportabelt toalett ved samlingsplass.

Kontaktpersonar: Løpsleiar/løypeleggar: Per Øen, tlf. 900 54 238

Teknisk delegert: Irene Lunde

Velkomen!

Innbydinga kan også lastast ned i pdf-format nedanfor:

Innbyding til KM-mellom 31.8.2013 Arrangør: Markane IL

 

KM-LANG 1.9. Arrangør: IL Veten

Tid: Søndag 1.september kl.1000. Start kl.1100(5 min å gå til start).

Stad: På Sølvbergstøylen, merka frå rv. 613(bomveg)

Kart: Utskrift av Vangen Vest 1:10000, utgjeve 1998,(delvis rev..2013)km-klassar:1:10000,C og N-klassar 1:5000

KM-klassar:

7,5 km: H17
5,2 km: D17, H15-16, H50
3,5km: D15-16, D50, D/H60
2.5km: D/H 13-14,

Ikkje KM klassar:

2km C: D/H 10-12, C-open
1,5km: N-open.

Småtroll på samlingsplass

Påmelding til: Andres Bergset innan onsdag 28.august på epost anders.bergset@enivest.net med namn, klasse og brikkenummer

Påmeldingsavgift:
Løparar t.o.m. 16 år kr 65,-. Tillegg etterpåmelding kr 30,-.

Løparar f.o.m. 17år kr 110,-. Tillegg etterpåmelding kr 60,-.

Brikkeleige: kr 25,-

Premiering: Alle t.o.m. 12 år. Medaljar i KM klassar. Andre klassar:1/3

Overnatting: Kontakt Nordfjord Fritidssenter. (Telf.:48284874) Fleire alternativ for overnatting

Løpsleiar: Irene Kroken Bergset
TD:
Løypeleggar: Anders Bergset

Innbydinga kan lastast ned i pdf-format her:

Innbyding til KM langdistanse 1.9.2013. Arrangør: IL Veten

 



Skåla 17.8.2013:

Postet av Markane IL den 17. Aug 2013

Oppdaterte resultat frå Skåla Opp!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven stod lenge som klassevinnar i M20-22 under Skåla Opp med tida 1 t 22 min 13 sek. I ettertid har det vist seg at han som sprang så kjapt var Jarle sitt søskenborn Erlend Drivenes. Dessverre hadde ikkje skiftet av løpar vorte registrert og dermed vart ikkje løpet godkjent. Vinnar av M20-22 vart tilslutt Jørn Hustad frå Åndalsnes IF.

Raskast av samtlege i årets Skåla Opp var Jonathan Wyatt frå  Atletico Trento (M40-44) som var i mål etter 1 t 9 min 39 sek. Dameklassa vart vunnen av Inger Liv Bjerkreim Nilsen på 1 t 23 min 40 sek.

Markane hadde også andre løparar som kom seg kjapt på toppen av Skåla. I yngste guteklassa G15-17 vart Gaute Bø nr 9 etter å ha fullført på 2 t 13 min 10 sek. Rasmus Haugen frå Hornindal IL vann klassa på 1 t 23 min 35 sek.

I klassa for M23-34 kom Frank-Jakob Sandbakk på 93. plass med 1t 59 min 34 sek. Dette var den største klassa med heile 127 deltakarar som fullførte løpet. Klassa vart vunnen av Ahmet Arslan, Ankara på 1t 11 min 49 sek. Han vart også nummer to totalt.

I klasse M40-44 vart Sigbjørn Fænn nummer 14 med 1 t 32 min 21 sek. Klassevinnar her var totalvinnar Jonathan Wyatt. Kåre Bøe vart nummer 35 i klasse M 45-49 med tida 1t 49 min 19 sek. I same klasse kom Jan Egil Gjørven i mål som nummer 82 på 2 t 13 min 10 sek. Klassevinnar vart Kristen Skjeldal frå Bulken IL som fullførte løpet på 1 sek 15 min 27 sek. I denne klassa vart også Per Jakob Kyrkjeeide nummer 39 med 1 t 50 min 58 sek som representant for Team Motbakke.

Omlag 1800 løparar fullførte årets Skåla Opp enten i konkurranse- eller trimklassa.

Resultatliste frå Skåla Opp 2013 er lagt ut nedanfor: 

Resultatliste for La Sportiva Skåla Opp 17.08.2013



Badedammen på Tverrfjellet 15.8.2013:

Postet av Markane IL den 11. Aug 2013

Markane IL innbyr til sesongens siste nær-o-løp!

Markane IL er arrangør for det sjuande og siste nær-o-løpet denne sesongen. 

Løpet finn stad torsdag 15. august med start kl. 1800

Løpet har start frå Badedammen på Tverrfjellet

OBS! BOMVEG! Avgift  kr 50.

Det vert godt merka frå ESSO i Stryn sentrum og frå riksvegen for dei som kjem frå Markane/Veten.

Løpet er også årets lagsmeisterskap for Markane IL.


Her vert tilbod om løype for småtroll, N-løype,C/B-løype  og A-løype.

Startkontingent: kr 20 for born og kr 40 for vaksen (16 år og oppover)

Det trengst deltakingar i fire nær-o-løp for å sikre seg årets samanlagtpremie (Gjeld dei som representerer MIL). Heile 23 har enno sjanse til å få premie. Sidan løpet også er lagsmeisterskap bør det ligge an til solid deltaking på årets sesongavslutning!

Om nokon lurer på kor mange løp dei har så langt, finn de samanlagtlista for dei seks første løpa her:

Samanlagtliste nær-o-løp 2013 løp 1-6

Velkomne til nær-o-løp!

 



Nordfjord fritidssenter 8.8.2013:

Postet av Markane IL den 10. Aug 2013

47 deltakarar på sesongens sjette nær-o-løp

Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Anne Marie Svarstad 2012 

Katrine Svarstad Heggdal var ein av deltakarane på nær-o-løpet torsdag. Her fotografert under fjorårets løp på Maurset. Foto: Anne Marie Svarstad

 I alt 47 løparar deltok på sesongens nest siste nær-o-løp. Tre av desse fullførte to ulike løyper. IL Veten var arrangør og løpet gjekk i området rundt Nordfjord fritidssenter.

Totalt 11 løparar frå Markane IL stilte opp i løpet. Som vanleg var det best deltaking i småtroll- og nybyrjarklassa. Åtte frå Markane stilte opp i småtroll og nybyrjarløypa. Av desse deltok Jesper Svarstad Hole i småtrollklassa. I den litt lenger nybyrjarløypa på 1,9 km deltok: Kristin Almskår, Karoline Almskår, Katrine Svarstad Heggdal, Olina Svarstad Heggdal, Brita Svarstad Heggdal, Anne Marie Svarstad og Oda Svarstad Hole.  

I konkurranseklassane fullførte Grete Zachariassen den 2,8 km C-løypa på 36 min 1 sek medan Vigdis Sætren fullførte den 5,9 km lange A-løypa på 1 time 23 min 52 sek. Damene frå Markane var åleine i sine klassar så her er det plass til fleire deltakarar ved eit seinare høve!

Tidlegare Markane-løpar Kristin Heimlid Øiestad som no representerer Veten, vart raskast gjennom den kortaste A-løypa på 3,9 km. I den 5,9 km lange A-løypa for menn var Isak Bergset som representerte NTNUI, raskast med tida 42 min 25 sek. Nils Heggdal vart nummer fire med tida 1 t 15 min 41sek.

Neste torsdag er det klart for sesongens siste nær-o-løp. Løpet er også lagsmeisterskap for Markane IL. Samanlagtlista så langt viser at i alt 23  løparar har sjanse om å kome opp i minst fire løp så alle må nytte høve til å delta torsdag!

Fullstendig resultatliste og samanlagtresultat så langt er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for nær-o-løp nr 6 Arrangør IL Veten Dato: 8.8.2013

Samanlagtliste nær-o-løp 2013 løp 1-6



Byrkjelo 15.august

Postet av Markane IL den 9. Aug 2013

Invitasjon til PEAB-treningskveld for 13-14 åringar

SFFIK innbyr i samarbeid med Gloppen Friidrettslag til PEAB-samling i friidrett for gutar og jenter i 13 og 14 årsklassane på Byrkjelo Stadion torsdag 15 august kl 16.45.

Program:
16.45-17.00 Registrering/informasjon/gruppeinndeling

17.00-19.00 Trening i grupper utifrå valde øvingar i påmelding med innlagt pause

19.00-20-00 Mat og sosialt samvær med informasjon

20.00 Avslutning/heimreise

Samlinga er open for alle i 13 og 14 årsklassane som vil lære og utvikle seg i friidrettsøvingane

Følgjande kategoriar er sett opp i påmeldinga, men ein kan gjere tilpassingar om det blir nødvendig: sprint/hekk, mellom/lang/kappgang, lengde/tresteg, høgde/stav, kule/diskos, slegge/spyd

Påmeldingsfrist er sett til tysdag 13 august ved midnatt

Vi disponerer ikkje garderobar men har stadionbygget slik at en kan få bytta tøy før maten om det er nødvendig. Samlinga er gratis for alle, og ein må gjerne ha med klubbtrenar/foreldre om ein ynskjer det.

Påmelding der ein kan velje inntil to kategoriar ein vil delta på skjer via questback. (Klikk på lenkja!)

Vel møtt til PEAB-samling!



Nordfjordkarusellen 2013:

Postet av Markane IL den 6. Aug 2013

Innbyding til Heiamila 7.august

Også Nordfjordkarusellen startar opp att etter sommarpausen.

Heiamila vert arrangert for 18. gong og er det femte løpet i Nordfjordkarusellen 2013.

Starttid: onsdag 7.august  kl 1900

Start og mål: Tua, Stigedalen

Distanse: 10 km

Arrangør: Heia IL

Det er også høve til å delta i trimløp på 4 km.

 Start for trimmarar er frå kl 1830

Startavgift: konkurranse kr 80, trim kr 50 og familie kr 150

Sjå også heimesida til Nordfjordkarusellen.

 



Blinkfestivalen 2.8.2013:

Postet av Markane IL den 3. Aug 2013

3.plass til Tarjei Bø i skyteduellen

 Tarjei Bø.

Blinkfestivalen i Sandnes heldt fram i dag med skyteduell og fellesstart i rulleskiskyting. Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var på startstreken.

Best resultat i dag vart det til Tarjei Bø som kom på tredjeplass i finalen i  skyteduellen. Carl- Johan Bergmann frå Sverige skaut feilfritt og vann dermed finalen med tida 14,1 sek. På andreplass kom Sondre Hensema 7,3 sek bak medan Tarjei kom på tredje 8,0 sek bak vinnaren. Begge desse fekk ein bom.

Johannes Thingnes Bø gjekk ut i kvartfinalen etter å ha enda på ein sjuandeplass i sitt heat.

Skiskyttarane var også i aksjon i fellesstart rulleskiskyting. Også her kom Tarjei  til finalen. Han fekk ein bom på første skyting og hang med teten inn til andre skyting der det vart fire bom. På dei to siste seriane vart det tilsaman tre bomskot. Det heldt til ein sjetteplass i mål 30,8 sek etter vinnaren Carl-Johan Bergmann frå Sverige. Ole Einar Bjørndalen vart nummer to og Emil Hegle Svendsen nummer tre. Johannes Thingnes Bø kvalifiserte seg ikkje inn blant dei ni som fekk gå finalen på dagens fellesstarten. Han kom på ein 15.plass i kvaliseringsrunden med tre bom.

Blink-festivalen held fram i morgon. Då med sprintøvingar. 

Resultat frå Blinkfestivalen skyteduell menn senior 2.8.2013

 Resultat frå kvalifisering til fellesstart rulleskiskyting Blinkfestivalen 2.8.2013

Resultatliste frå Blinkfestivalen rulleskiskyting fellesstart menn senior 2.8.2013



Nordfjord fritidssenter 8.8.2013:

Postet av Markane IL den 3. Aug 2013

Klart for nær-o-løp nr 6 torsdag 8.august!

IL Veten er arrangør for det sjette av sesongens sju nær-o-løp torsdag 8.august.

Løpet har start frå Nordfjord fritidssenter og er lagsmeisterskap for IL Veten. 

Start frå kl 18.00.

Her vert tilbod om løype for småtroll, N-løype, C-løype  og A-løyper.

Startkontingent: kr 20 for born og kr 40 for vaksen  (16 år og oppover)

Sidan sommarløpet vart avlyst vil det seie at det trengst fire løp for sikre seg årets samanlagtpremie (Gjeld dei som representerer MIL).

Samanlagtliste så langt: Samanlagtliste nær-o-løp 2013 nr 1-5

Velkomne til nær-o-løp!



Blinkfestivalen 3.8.2013:

Postet av Markane IL den 3. Aug 2013

Dobbeltsiger til Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø på sprinten!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto:: Inge Fænn/Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø tok dobbeltsiger på sprinten under Blinkfestivalen i Sandnes. Arkivfoto: Inge Fænn/Fjordingen

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø tok seg til finalen under sprinten på Blinkfestivalen i Sandnes.

Under finalen vart det Johannes som gjekk aller best og gjekk dermed heilt til topps. Han var i mål etter 7 min 8,6 sek. Tarjei Bø følgde på andreplassen 9,7 sekund etter Johannes. Martin Fourcade kom på tredjeplass.

Både Johannes og Tarjei skaut fullt på første skyting og gjekk dermed ut med ei lita leiing. Johannes fekk også fullt hus på andre skyting og gjekk ut 8,7 sek føre neste mann. Tarjei fekk ein bom på denne skytinga.

På den første ståande skytinga vart det ein bom både til Johannes og Tarjei kvar sin bom. Likevel gjekk dei ut som dei to første etter ei skyting der fleire bomma mykje. Inn til siste skyting skilde det omlag ein strafferunde mellom dei to. Også på den siste skytinga vart det ein bom på både Johannes og Tarjei. Dermed heldt Johannes leiinga heilt i mål og tok sigeren på dagens sprint. Alt tyder dermed på at det kan liggje an til ein svært spennande skiskyttarsesong i vinter.

Resultatliste frå Blinkfestivalen sprint rulleskiskyting menn senior 3.8.2013 

Vi gratulerer!



Blink-festivalen 1.-3.8.2013

Postet av Markane IL den 1. Aug 2013

8.plass til Tarjei Bø i Lysebotn Opp

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen 

Tarjei Bø kom på åttandeplass under rulleskiløpet Lysebotn Opp 2013 og vart med det nest beste norske løpar.

Vinnar av årets Lysebotn Opp vart Curdin Perl frå Sveits som fullførte det 7,5 km lange motbakkeløpet på 29 min 16,7 sek. Andreplassen gjekk til Roland Clara frå Italia 6,1 sek bak medan Martin Johnsrud Sundby vart best av dei norske på tredjeplass. Han var 10,9 sek bak vinnaren.

Frå Tarjei sin åttandeplass skilde det 1 min 18 sek fram til vinnaren.

Kaisa Mäkerainen frå Finland vann dameklassa i dagens løp.

Blinkfestivalen held fram i morgon med blant anna skytekonkurransar og fellesstart i rulleskiskyting.  

Resultatliste frå Lysebotn Opp menn senior 1.8.2013



Bergset 27.juni 2013:

Postet av Markane IL den 31. Jul 2013

Resultatliste frå nær-o-løp nr 5

Aslaug Thingnes Bø og Hanne Kristensen. Foto: Klemet Bø,2011 

Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL var raskast i den nest lengste løypa medan Hanne Kristensen frå IL Veten vart nummer tre. Foto: Klemet Bø (frå Postvegløpet 2011)

Litt forseinka dukka også resultata frå det siste nær-o-løpet før sommarpausen opp. Løpet gjekk på Bergset og vart arrangert av IL Veten. Totalt 38 løparar stilte opp og av desse kom 11 frå Markane.

Aslaug Thingnes Bø var raskast i den nest lengste løypa på 3,7 km. Ho kom i mål på tida 51 min 22 sek. Kristin Heimlid Øiestad og Hanne Kristensen frå IL Veten følgde på dei neste plassane. I same klassa vart det femteplass til Anders Svarstad og sjetteplass til Klemet Bø.

I den lengste løypa vart det ein ganske så suveren siger til Isak Bergset. Han brukte berre 46 min 14 sek på å fullføre dei 6,6 kilometerane. Anders Bergset frå IL Veten kom på andre og Eigil Instebø frå Gloppen på tredje. Deltakarane frå Markane i denne klassa: Vigdis Sætren, Per Øen, Nils Heggdal og Markus Træen plasserte seg på 4.,5.,6. og 8. plass.

Som vanleg var det flest løparar i sving i nybyrjarløypa. For Markane var det Margunn Hjelmeset, Ane Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Maren Hjelmeset Kirkeeide som leverte god innsats i den kortaste løypa.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. Det er også samanlagtlista for dei fem første løpa.

Resultatliste frå nær-o-løp nr 5. Arr: IL Veten Dato: 27.6.2013

Samanlagtliste nær-o-løp 2013 nr 1-5



Nær-o-løp:

Postet av Markane IL den 23. Jul 2013

NÆR-O-LØP TORSDAG 25.JULI ER AVLYST!!

OrienteringslogoDet oppsette nær-o-løpet på Tverrfjellet 25.juli vert AVLYST!!

Neste nær-o-løp vert dermed torsdag 8.august med IL Veten som arrangør.

Vi ynskjer alle våre o-løparar god sommar og håper de nyttar turorienteringstilbodet medan de ventar på at nær-o-løpa startar opp att!



Heidal 15.-18.juli 2013

Postet av Markane IL den 23. Jul 2013

Resultat frå orienteringsløpa i "Heidalsveka"

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

Maren Hjelmeset Kirkeeide var deltok på fleire o-løp under Heidalsveka og vann to av dei. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

Markane IL hadde fem deltakarar i aksjon under o-løpa i Heidalsveka. Resultata frå dei klassane med lokale deltakarar er lagt ut nedanfor.

Resultatliste frå o-løpa i Heidalsveka 15.-18.7.2013

 



Ullsheim 19. juli 2013:

Postet av Markane IL den 18. Jul 2013

Statsråd Liv Signe Navarsete besøkjer Ullsheim.

Liv Signe Navarsete. Foto: Fjordingen/Bengt FlatenMarkane IL får i morgon 19.juli besøk av statsråd Liv Signe Navarsete. Det melder Fjordingen på si nettavis i dag.

Markane IL si rulleskibana var ferdigstilt i 2011, og anlegget er eit godt døme på både god bruk av momskompensasjonsmidlane,

Liv Signe ønskjer å besøkje Ullsheim  for å høyre meir om dette, seier politisk rådgjevar i kommunal- og regionaldepartementet, Laila Melkevoll.

På Ullsheim skal statsråden møte leiar i MIL Eldbjørg Hatledal og unge talent frå idrettslaget.



Minner om:

Postet av Markane IL den 14. Jul 2013

Turorientering 2013

 Logo Turorientering

Vi minner alle om vårt turorienteringstilbod, og håper fleire vil nytte ferien til å teste ut turorientering. Turorientering er eit flott tilbod til alle som likar turar i skog og mark, og alle kan delta enten ein orienterar åleine eller saman med vener og familie. Turorientering gjev også eit godt høve til å lære seg å bruke kart og kompass.

Årets tur-o konvoluttar er i salg hjå: Sport1 Ytreeide, G-sport Stryn, Esso Stryn bensinstasjon og Statoil Langeset.


Prisen på ein deltakarkonvolutt er kr 120,-.

Deltakarkonvolutten inneheld kart over postane. Det er i år eit kart for Tverrfjellet og eit kart i Ullsheimområdet. Der er også 2 klippekort-eit for nybyrjarar og eit for dei meir erfarne. Det er høve til å hjå ekstra kart og klippekort ved behov.

Pris ekstra klippekort kr. 10,-. Pris ekstra kart kr. 20,- 

Det er poeng for kvar post og høve til å oppnå bronse, sølv- og gullmerker etterkvart som det vert samla nok poeng.

Vi ønskjer alle god orienteringstur!



Hornindal Rundt 6.7.2013:

Postet av Markane IL den 8. Jul 2013

5. plass til Jarle Midthjell Gjørven og 6. plass til Gunn Skrede

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012Hornindal Rundt vart arrangert for fjerde gong laurdag 6. juli med ny rekord i deltakartalet. I alt 101 løparar stilte opp i det ultralange løpet på 78 km medan 130 deltok på halvt løp på 38 km. Også sju løparar frå Markane deltok, alle i klassa for halvt løp.

Best plassering vart det til Jarle Midthjell Gjørven som kom i mål på ein femteplass totalt med tida 5 t 17 min 26 sek. Dette heldt også til ein andreplass i klassa for M 20-29 år. Raskast gjennom dei 38 kilometerane var Rasmus Haugen som kom i  mål på tida 4 t 48 min 12 sek.

Dei øvrige deltakarane frå Markane i herreklassa plasserte seg slik: Sjur Ole Svarstad vart nr 9  (4.plass i M30-39), Per Jakob Kyrkjeeide nr 27 totalt (5.plass i M40-49), Kjetil Svarstad nr 36 (7.plass i M 20-29), Jan Egil Gjørven nr 41 (9. plass M40-49) og Henning Heimlid nr 48 ( 11.plass M30-39)

I dameklassa for halvt løp kom Gunn Skrede på ein flott sjetteplass totalt med tida 7 t 23 min 15 sek  (4.plass i klasse K20-29). Vinnar av dameklassa totalt  vart Karoline Holsen Kyte frå Førde IL som sette ny løyperekord etter å ha gjennomført dei 38 kilometerane på 5 t 10 min 45 sek. Ann Kristin Grodås som i dette løpet representerte Aktiv trening Eid vart nr 8.

Vinnarane av det ultralane løpet på 78 km vart: Kristoffer Normark frå Iksu multisport med tida 10t 48 min 37 sek og Madeleine Linestrand frå Trångsvikens IF med 13 t 12 min 35 sek.

Meir om Hornindal Rundt er å finne på løpet si heimeside.

Resultatliste for Hornindal Rundt 6.7.2013



Hellesylt 6.7.2013:

Postet av Markane IL den 8. Jul 2013

Dobbelsiger til Gaute Bø og Oskar Guddal Breivik i Hellesyltløpet 2013!

Oskar Guddal Breivik og Gaute Bø. Foto: Margunn Hjelmeset/Klemet Bø

Oskar Guddal Breivik (t.v) og Gaute Bø sikra dobbelsiger i Hellsyltløpet 2013. Foto: Margunn Hjelmeset (2012)/Klemet Bø (2011)

 Det vart suveren dobbelsiger til Gaute Bø og Oskar Guddal Breivik under Hellsyltløpet 2013. Totalt stilte det opp 97 løparar i årets løp og heile 27 av desse deltok i guteklassen.

Gaute Bø frå Markane IL vann klassa for gutar suverent på tida 4 min 41 sek. På andreplass følgde Oskar Guddal Breivik, Markane IL som var 47 sek bak vinnaren. Adrian Nymo Melseth frå Bardufoss IL kom på tredjeplass. Han var 57 sek etter vinnartida i mål.

Dei øvrige vinnarane i løpet var: Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven IL (jenteklassa), Hilde Lauvhaug frå Lyn Ski (kvinneklassa) og Sjur Presteseter frå Lyn Ski (herreklassa)

Komplett resultatliste frå løpet er lagt ut nedanfor:

Resultatliste frå Hellsyltløpet 6.7.2013

 



Hornindal 6. juli 2013:

Postet av Markane IL den 28. Jun 2013

Klart for Noregs tøffaste fjelløp Hornindal Rundt

 logo Hornindal Rundt

Laurdag 6. juli er det på nytt klart for Hornindal Rundt. Det 75 km lange ultrafjelløpet vert også uoffisielt NM i terrengultra. Løpet har ei totalt stigning på 5600 høgdemeter. Starten går kl 9.00 på laurdag og løpet held fram inn i søndagen. Løparane må innom totalt 20 postar. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i Hornindal.

For dei som tykkjer 75 km er  i overkant er det også mogleg  å delta i halvt løp på 38 km. Dette løpet går over 2900 høgdemeter og løparane skal inn om 11 postar.

 I tillegg til fjelløpa vert det også arrangert miniløp på omlag 6,2 km frå Sandgrova til Horndøla bru via Muldsvorhornet.
(Startkontingent for miniløp: kr. 50 per person / kr. 150 per familie, ikkje førehandspåmelding)

Dei som vil delta på ultrafjelløpet (75km) eller fjelløpet (38 km), må melde seg på seinast 2. juli. Påmeldingsskjema finn du her.

Sjå elles heimesida til Hornindal Rundt for meir detaljar om løpet.



Ullsheim 19.6.2013:

Postet av Markane IL den 26. Jun 2013

Vellukka orienteringsdag for skuleelevane.

Elevane samla til informasjon. Foto: Margunn Hjelmeset

Mange elevar samla til orienteringsdag på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

 DNB-challenge vart arrangert på Ullsheim onsdag 19. juni. Om lag 90 elevar frå 5. og 6. klasse på Tonning skule var samla til det som vart ein svært vellukka orienteringsdag på Ullsheim. Elevane fekk innføring i bruk av kart og kompass og fekk prøve seg på skikkelege orienteringsløyper.

Fleire foto frå o-dagen er lagt ut nedanfor.  

Stella og Andrine har fått kart og er klare for o-dag. Foto: Margunn Hjelmeset

Stella Poland og Andrine Lødemel Bøe har fått kart med løype og skildring av postane. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Per Øen sender Nosrat, Magnus, Peter og Johan Olav ut i løypa. Foto: Margunn Hjelmeset

Per Øen sender Nosrat Tajik, Magnus Midthjell Gjørven, Peter Frausing og Johan Olav Parr Flo ut i rekruttløypa. Foto: Margunn Hjelmeset

Mossi på veg ut i skogen. Foto: Margunn Hjelmeset

Mossi på veg ut i skogen. Foto: Margunn Hjelmeset

Grete Zachariassen. Foto: Margunn Hjelmeset

Primus motor for DNB-challenge: Grete Zachariassen. Foto: Margunn Hjelmeset

Åshild Sætren Bøe har instruert Andreas, Eirik, Vegard, Ida Emilie og Snorre. Foto: Margunn Hjelmeset

Åshild Sætren Bøe har instruert Andreas Flo Stavik, Eirik Egge Eimstad, Vegard Vinsrygg Steen, Ida Emilie Bruhn-Henriksen og Snorre Øvreberg før dei skal prøve seg på Belgisk orientering. Foto: Margunn Hjelmeset

Åshild Sætren Bøe og Ole Ivan. Foto: Margunn Hjelmeset

Åshild Sætren Bøe og Ole Ivan Glosvik Espeland. Foto: Margunn Hjelmeset

Sofie studerer kartet. Foto: Margunn Hjelmeset

Sofie studerer kartet. Foto: Margunn Hjelmeset



Bergset 27.juni 2013:

Postet av Markane IL den 24. Jun 2013

Veten arrangerer nær-o-løp 5 torsdag 27.juni

orienteringslogoTorsdag 27. juni er det klart for det femte av sesongens åtte nær-o-løp denne sesongen. IL Veten er arrangør. Løpet er det siste før sommarpausen.

Startstad: Frammøte på Bergset. Det vert merka frå Panoramavegen.

Starttid: kl. 18.00

Det vert løyper for alle:  A, C og N-løype. Tilbod om trimløype (5 km C). I tillegg småtroll- og rakettløype.

 

Det vert også tilbod om instruksjon/opplæring.

Velkomne på nær-o-løp!



Sætren 20.6.2013:

Postet av Markane IL den 24. Jun 2013

God deltaking på det fjerde nær-o-løpet.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide ved ein av postane. Foto: Margunn Hjelmeset

Det var god deltaking då Markane IL arrangerte sesongens fjerde nær-o-løp. I alt 36 løparar deltok og to var så ivrige at dei var med i to ulike løyper. 32 av dei som var med representerte Markane IL medan fire representerte IL Veten.

Spesielt var det god deltaking blant dei yngste løparane. Fire stilte opp i småtroll-løypa medan heile 17 fullførte den 1,5 km lange N-løypa. Nokre av desse deltok på nær-o-løp for første gong.

I dei lenger løypene var Grete Zachariassen og Nikolai Dispen Lødemel  raskast gjennom 2,6 km-løypa med vinnartida 71,22. I den nest lengste løypa på 3,6 km gjekk klassesigeren til Åshild Sætren Bøe som var i mål på 51,08. Isak Bergset frå IL Veten vann den lengste løypa på 5,1km med vinnartida 33,57.

Neste løp er alt torsdag 27.juni. IL Veten er arrangør. For detaljar sjå annonseringa for løpet.

Resultatlista for løp nr 4  er utlagd nedanfor. Det er også samanlagtlista for dei fire første løpa.

Resultatliste for nær-o-løp nr 4 Arrangør Markane IL Dato 20.6.2013

Samanlagtliste nær-o-løp 2013. Løp nr 1-4

Oddrun og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset 

Oddrun og Maren Hjelmeset Kirkeeide har begge delteke på tre løp så langt og ligg dermed godt an til årets samanlagtpremie. Foto: Margunn Hjelmeset



Ullsheim 20.-22.september 2013:

Postet av Markane IL den 22. Jun 2013

Barmarkssamling for 10-15 åringar.

 Sjur Ole Svarstad. Foto: Skikrinsen

Markane IL inviterer i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til barmarksamling i langrenn på Ullsheim 20.-22. september.

Hovudtrenar på samlinga vert trenar for rekruttlandslaget, Sjur Ole Svarstad. Samlinga er open for utøvarar født mellom 1998-2002.

På grunn av overnattingstilhøva på Ullsheim blir det dei 50 første som melder seg på, som får plass på samlinga, men aktuelle utøvarar (f. 1998 og 1999) til Hovudlandsrennet i langrenn på Ullsheim i 2014 vert prioriterte.

Det vil bli gode treningsøkter kvar dag med variert innhald som til dømes – rulleski, intervall, styrke, spenst, hurtigheit, leik, fjelltur…slik trenarar på langrennslandslaga likar det!

Påmelding via QUESTBACK (trykk på lenka framanfor å få opp skjema!)

(Her legg du inn desse opplysningane: namn på barnet, klubb, fødselsår, tlf.nr og e-post adr. til kontaktperson, ta og med om det er spesielle omsyn vi som arrangørar må vite om, t.d. matintoleranse)

Påmeldingsfrist: 1. september

Pris: kr 550.- pr pers (inkl, trening, mat og overnatting på flatseng på Ullsheim)

Sjå også heimesida til Sogn og Fjordane Skikrins. Meir detaljar om samlinga kjem når det nærmar seg. Komplett innbyding er lagt ut nedanfor.

 Innbyding til barmarkssamling på Ullsheim 20.-22.9.2013



Byrkjelo 28.-30.6.2013:

Postet av Markane IL den 20. Jun 2013

Innbyding til Sparebankleikane 2013

Gloppen Friidrettslag, Breimsbygda IL, IL Brodd, Hyen IL, Fjellhug/Vereide IL og STIL innbyr til Sparebankleikane 2013:

Stad: Byrkjelo stadion fredag 28.juni - laurdag 29. juni - søndag 30. juni

Klassar/øvingar:

Klasse:

Fredag(frå kl 18:00)

Laurdag(frå kl 13:00)

Søndag(frå kl. 11:00)

G10/G11/G12/J10/J11/J12



60m, lengde, kule

60m hekk(11-12), høgde, 600m

G13/G14/J13/J14

Stav, tresteg, slegge, 200m

60m, høgde, kule, diskos

korthekk, 600m, lengde, spyd

G15/G16/G17/J15/J16/J17

Stav, tresteg, slegge, 200m

100m, høgde, diskos, 1500m hinder

800 m, lengde, kule, spyd

MJ18-19/KJ18-19/KU/MU/MS/KS

Stav, tresteg, slegge, 200m

100m, 1500m, høgde, diskos

400m, lengde, kule, 5000m, spyd

Hekkehøgd/avstand og vekt på kastreiskap i samsvar med NFFIF sitt øvingsutval

Påmelding via SporstAdmin(klubbvis): https://sportsadmin.nif.no/  eller individuelt direkte via NFIF sine terminlister: http://friidrett.forbundetonline.no/stevner/terminliste/Sider/Terminliste-helelandet.aspx

NB! Påmeldinga stenger onsdag 26.06. kl. 23:59

Startkontingent: 10-14 år: kr.50,- pr. øving. 15år og oppover kr.70,- pr øving

Startkontingennten skal betalast samtidig til konto 3710.30.47375

Tidsskjema/deltakarliste vil bli lagt ut på SFFIK sine heimesider: http://www.sffik.no/ og på Fj/Vereide sine sider: www.fjellhugvereide.no

Kontaktpersonar (arrangør): Dagfinn Nyhammer, Fj/Vereide, tlf. 41 22 78 68 Jørund Årdal, IL Brodd, tlf. 41 63 12 80

For informasjon om premiering, overnatting med meir sjå invitasjonen!

Vel møtt!

Invitasjonen finn du også i pdf-format nedanfor:

Innbyding til Sparebankleikane 28.-30.6.2013



Holmøyane 13.6.2013:

Postet av Markane IL den 19. Jun 2013

Resultat frå sesongens tredje nær-o-løp

Amanda Gjøvåg Heggestad. Foto: Grete ZachariassenTotalt 15 løparar deltok då Von IL arrangerte sesongens tredje o-løp. 12 av dei 15 o-løparane som stilte opp kom frå Markane.

I o-troll klassa var det med to deltakarar: Fride Nesje og Marthe Gjøvåg Heggestad. Søstrene Kristin og Karoline Almskår leverte flott innsats i 1,5 km-løypa. Også i 2,5 km var eit søskenpar i aksjon. Elias og Nikolai Dispen Lødemel fullførte løypa i fin stil og kom begge i mål på 79.45. I denne løypa stilte også Amanda Gjøvåg Heggestad (foto), Hilde Gjøvåg og Elias Bergset (Veten).

Aslaug Thingnes Bø var raskast gjennom løypa på 3,7 km og kom i mål på 84.30. Her deltok også Irene Kroken Bergset (Veten). I den lengste løypa på 4,4 km vart det klassesiger til Anders Bergset frå IL Veten med tida 50.30. På dei neste plassane kom markarar på rekkje med Kåre Bøe på andreplass med 52.00. Vigdis Sætren på tredje med 64.00 og Per Øen på fjerde med 74.30.

Markane IL er arrangør av neste løp som er 20. juni med start frå Sætren. Då forhåpentlegvis med endå fleire på startstreken. Resultatliste for løpet er lagt ut nedanfor. Det er også samanlagtlista for dei tre første løpa.

Resultatliste for nær-o-løp 3 Dato 13.6.2013 Arrangør Von IL

Samanlagtliste nær-o-løp 2013 løp 1-3



Geiranger 15.6.2013:

Postet av Markane IL den 16. Jun 2013

3. plass til Johan Eirik Meland i M19-22 i Nibbeløpet

Johan Eirik Meland i Nibbeløpet 2013. Foto: Frank Maråk 

Johan Eirik Meland frå Markane IL kom på 3.plass i M19-22 i Nibbeløpet.  Til venstre i bilete Tomas Andersen frå Team Salomon (nr 6 i M23-39) og til høgre Helge Kvam Karbø frå Sunnylven IL som vart nr 4 i M17-18. Foto: Frank Maråk.

Nibbeløpet vart arrangert for 20. gong. Det 21 km lange motbakkeløpet har start i Geiranger og går opp Dalsnibba med mål 1500 m.o.h. Sykkelversjonen Nibberittet vart arrangert for 14. gong. Inkludert miniarrangementa for dei yngste var det omlag 750 deltakarar.

Einaste deltakar frå MIL var Johan Eirik Meland. Han fullførte dei 21 kilometerane i motbakke på 1 t 58 min og vart nummer tre i klassa M19-22. Klassevinnar vart Karl Rønnby frå Enhørningen IF med 1 t 41 min 13,4 sek.

Vinnar av løpet totalt vart Thorbjørn Ludvigsen frå BFG Bergen med 1.30.42. Dameklassa vart vunnen av Anna-Louise Coulter frå Koll med 2.00.45. Vinnarar av sykkelløpet vart Åsmund Romstad Løvik frå TVK og Borghild Løvset frå Orkla CK.

Resultatliste for Nibbeløpet og Nibberittet 15.6.2013



Sætren 20.6.2013:

Postet av Markane IL den 15. Jun 2013

Markane IL innbyr til sesongens fjerde nær-o-løp!

o-logoMarkane IL er arrangør for det fjerde av sesongens åtte nær-o-løp torsdag 20. juni.

Løpet har start frå Sætren. Det vert merka frå FV613.

Start frå kl 18.00.

Her vert tilbod om løype for småtroll, N-løype,C-løype  og A-løyper ( ca. 5 km og ca. 3 km) 
Startkontingent kr 20 for born og kr 40 for vaksen (over 16 år)

Det trengst deltakingar i fem nær-o-løp for å sikre seg årets samanlagtpremie (Gjeld dei som representerer MIL). Om nokon ikkje har vore med så langt, er det framleis mogleg å kome opp i fem løp denne sesongen!

Velkomne til nær-o-løp!

 



Marifjøra 15.6.2013:

Postet av Markane IL den 13. Jun 2013

Invitasjon til Molden Opp 2013

 Molden Opp logo

Det er klart for det tredje og siste arrangementet i Jubileumskarusellen i høve Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt 250 års jubileum. Jubileumskarusellen vart innleia med Tverrfjelldilten 15.februar (ski) og heldt fram med Jølstravatnet Rundt (sykkel) den 12. mai. Laurdag 15. juni vert det tredje arrangementet motbakkeløpet "Molden Opp" avhelde. Molden Opp vert arrangert av IL Bjørn i samarbeid med Sogn og Fjordane idrettskrins, Sparebankstiftinga og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Alle som deltek på minst to av arrangementa i karusellen får premie.

Påmelding vianett seinast torsdag 13.juni. Det vert høve til å etterpåmelde i konkurranseklassa fredag 14. juni med personleg oppmøte i Marifjøra. Mosjonsklassa kan også etterpåmelde seg løpsdagen.

Motbakkeløpet Molden Opp går frå 0 til 1116 m.o.h fordelt på 7 km. Løypa går i variert terreng.

Meir om Molden Opp på arrangørens heimeside.

 



Holmøyane 13.6.2013:

Postet av Markane IL den 11. Jun 2013

Klart for nær-o-løp nr 3 torsdag 13.juni

Von IL er arrangør av årets tredje nær-o-løp torsdag 13. juni i Holmøyane. Det er som vanleg start frå kl.18.00.

Startstad er ved Nærsetra. Det vert merka skogsveg frå Vonlund grendahus. (Bomveg)

Løyper for alle!

Startkontingent: kr 40 for vaksne og kr 20 for born under 16 år.

Dette er det tredje av dei åtte nær-o-løpa denne sesongen. For å sikre deg årets samanlagtpremie er det bestemt at det krevst deltaking i FEM løp. Det er dermed ikkje forseint å sikre seg årets samanlagtpremie. (Gjeld medlemer i MIL)

 

Velkomne til nær-o-løp!



Førde 8.6.2013:

Postet av Markane IL den 8. Jun 2013

2.plass til Markus Træen i Sunnfjordorienteringa

o-logo

Markus Træen kom på andreplass i klasse H17-18 under Sunnfjordorienteringa 2013. Han fullførte den 4,3 km lange løypa på 59,33. Klassevinnar vart Håvard Nummedal Os frå Førde som kom i mål på 43,44. Markus var einaste løpar frå Markane IL på start i dag.  

I alt 17 løparar deltok i krinsløpet og i tillegg var 15 unge lovande på start i klasse N-open.

Øvrige klassevinnarar vart Isak Bergset, NTNUI i H17, Gunnar Gytri frå Førde IL i H50, Trygve Nummedal Os, Førde i H11-12 og Mardon Erland frå Førde i C-open.

Resultatliste for Sunnfjordorienteringa 08.06.2013



Førde 7.6.2013:

Postet av Markane IL den 7. Jun 2013

Klassesiger til Aslaug Thingnes Bø i k-løp mellom

Aslaug Thingnes Bø. Foto: Klemet Bø, 2011I alt 25 løparar stilte opp i krinsløp mellomdistanse i Førde. Aslaug Thingnes Bø (foto) vart klassevinnar i den 1,9 km lange C-open løypa. Markus Træen kom på 9. plass i klasse H17. Han brukte 55 min 14 sek på den 3,8 km lange A-løypa. Suveren klassevinnar vart Isak Bergset, NTNUI som fullførte på solide 27 min 12 sek. H17 var den klart største klassa med 12 deltakarar.

Orienteringshelga i Førde held fram i morgon med Sunnfjordorienteringa.

 

Resultatliste krinsløp mellomdistanse Førde 07.06.2013



Skogstjerna 05.06.2013:

Postet av Markane IL den 5. Jun 2013

Johan Eirik Meland og Merete Helgheim til topps

Startfeltet i Postvegløpet 2013. Foto: Klemet Bø

Rekordstort startfelt med 53 konkurranseløparar. Foto: Klemet Bø

 Det vart ny deltakarrekord i Postvegløpet med 53 deltakarar i konkurranseklassa og heile 93 i trimklassa. Med tilsaman 146 deltakarar vart den tidlegare deltakarrekorden på 110 deltakarar i 2010 slegen med god margin.

Vinnarar av årets løp vart Johan Eirik Meland frå Markane IL  i herreklassa og Merete Helgheim frå Gloppen FIL i dameklassa. Johan Eirik fullførte det 6 km lange løpet på 22 min 29 sek. På andreplass følgde Isak Flo Bødal frå Stårheim IL med 22 min 37 medan Isak Bergset frå IL Veten vart nr 3 med 22 min 57. Vinnartida til Meret Helgheim i dameklassa vart 25,06. Her følgde Heidi Flo Bødal frå Stårheim IL på andreplass med 26 min 35 sek.

Av dei 53 deltakarane stilte 11 for Markane IL. Det vart totalt tre klassesigrar. I tillegg til Johan Eirik vann Aslaug Thingnes Bø klasse KV50-59 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann den yngste konkurranseklassa G13-15. Her kom Aksel Mathias Meland på ein andreplass. 

Som vanleg vart det trekt ut mange fine premiar til deltakarar både i trim- og konkurranseklassa. Stor takk til alle som sponsa oss med premiar!! Trekningslista er lagt ut nedanfor. Også stor takk til Fluor-Lux som sponsa det nye flotte banneret til Postvegløpet.

Resultata og foto frå løpet er utlagt nedanfor.

Resultatliste for Postvegløpet 2013

Uttrekkspremiar i Postvegløpet 2013

 Premieliste for konkurranseklassa i Postvegløpet 2013.

Gjengen frå Fluorlux ved det nye flotte banneret.

Deltakarane frå Fluor-lux framanfor det nye flotte banneret dei sponsa Postvegløpet med!

 

 

 

 

Johan Eirik Meland vann Postvegløpet. Foto: Klemet Bø

Vinnar av Postvegløpet 2013: Johan Eirik Meland

Påmelding til årets løp. Foto: Klemet Bø

Registrering av deltakarar. Bak registreringsbordet: Antonia Karete H. Kongsvik, Birgit Svarstad og Aslaug Thingnes. I køen av ventande deltakarar (frå venstre): Åshild Sætren Bøe, Arne Bøe, Oda Svarstad Hole, Sissel Svarstad og Pekka Kiviranta.

Brynhild Sætren. Foto: Klemet Bø

Brynhild Sætren mot mål.

Hildegunn Hatledal og Ester Anny Skrede. Foto: Klemet Bø

Hildegunn Kroken Hatledal og Ester Anny Skrede

Margaret Skåre og Per Jarle Ytreeide Hansen. Foto: Klemet Bø

Margaret Skåre og Per Jarle Ytreeide-Hansen snart i mål etter vel gjennomført trimløp.

Torje og Johnny Seljeset. Foto: Klemet Bø

Torje og Johnny Seljeset mot mål.

Atle Kroken. Foto: Klemet Bø

Atle Kroken stilte i klassa for G13-15 år.

Helge Kroken. Foto: Klemet Bø

Helge Kroken vart nr 5 i M19-34 år.

I målområdet. Foto: Klemet Bø

I målområdet: Laila Øvreberg, Leon og Even Nesje. I bakgrunnen Torstein Tvinnereim, Inge Asbjørn Haugen, Kim Øyvind Larsen og Olav Langeset.

Grete Zachariassen, Wenche Arntsen og Bodil Dybevoll.

Grete Zachariassen, Wenche Arntsen og Bodil Dybevoll.



Breim 29.5.2013:

Postet av Markane IL den 3. Jun 2013

Vigdis Sætren og Dag Arne Eide til topps i o-løpet  Rotekoppen

Vigdis Sætren. Foto: Heidi Bakke/NRK 2008

Vigdis Sætren vann D17 under Rotekoppen 2013. Foto: Heidi Bakke/NRK, 2008

Markane IL hadde berre to løparar til start då krinsløpet Rotekoppen vart arrangert onsdag 29. mai. Til gjengjeld gjorde desse to det svært så godt då dei gjekk til topps i kvar si klasse. Vigdis Sætren vann den 5 km lange løypa i klasse D17 med 64 min 25 sek medan Dag-Arne Eide vann klasse H17 på tida 58 min 30 sek.

Totalt stilte 41 o-løparar opp i Rotekoppen 2013. Alt til helga kjem neste sjanse til å delta i krinsløp. Då er det klart for k-løp mellomdistanse og Sunnfjordorienteringa. Forhåpentlegvis med endå fleire markarar på startstreken.

Resultatlista for Rotekoppen 2013 er lagt ut nedanfor:

Resultatliste Rotekoppen 29.5.2013



Skogstjerna 05.06.2013:

Postet av Markane IL den 2. Jun 2013

 Klart for Postvegløpet 2013!

 Startfeltet i Postvegløpet 2011. Foto: Klemet Bø

Startfeltet i konkurranseklassa 2011. Foto: Klemet Bø

Onsdag 5.juni er det klart for årets Postvegløp. Konkurranseløparane startar kl.1900 medan trimdeltakarane start frå kl. 1800. Dei to siste åra har løpet vore rekordstort med over 100 deltakarar. Vi håpar sjølvsagt det vert like god oppslutning i år. Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng. Det er sjølvsagt både konkurranse- og trimklasse. Det har kome inn mange fine uttrekkspremiar som vert trekt ut blant alle deltakarane. I tillegg er det sjølvsagt premie til dei beste i kvar klasse.

Informasjon om årets løp:

Starttid: onsdag 5.juni

Stad: Skogstjerna, Markane.

(10 km vest for Stryn ved rv.15)

Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Trimklasse utan tid:

Start frå kl.18.00 (kr 50,- familie kr 150,-)

Premiering:

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer.

Påmelding ved start.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.


Kontaktperson: Aslaug Thingnes Bø. (Tlf. 400 40 325)

Vel møtt!

 



Naustdal 14.-16.juni 2013:

Postet av Markane IL den 2. Jun 2013

Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til ungdomssamling.

 Logo Sogn og Fjordane o-krins

Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til ungdomssamling i Naustdal 14.-16. juni. Samlinga er for ungdom frå 12 år og oppover som ynskjer å bli betre kjend med o-sporten og andre orienteringsungdomar.

På samlinga vert det gjennomgått teori om bruk av kart, kartteikn, kompass, vegval, tidtakarsystem, EKT, startprosedyrar med meir. Etter kvar teoriøkt er det lagt opp til praktisk trening i terrenget.

Samlingsstad vert Instedalen skule i Naustdal. Frammøte kl 17.30 på fredag 14. juni. Deltakarane må ta med sovepose, liggjeunderlag, treningskle, sko og mat for heile samlinga. Dei som har tek med kompass og EKT brikke.

Leiar og instruktør på samlinga vert Norvald Ospehaug.

Påmelding til Norvald Ospehaug på epost nor-ospe@frisurf.no seinaste 11.juni.

Heile innbyding finn du nedanfor:

Innbyding til ungdomssamling

 



Førde 7.-8. juni 2013:

Postet av Markane IL den 1. Jun 2013

Innbyding til k-løp mellomdistanse og Sunnfjordorienteringa 2013

orienteringslogo

Det er klart for orienteringshelg i Førde fredag 7. juni og laurdag 8.juni. Fredag  vert det krinsløp mellomdistanse medan det laurdag er klart for Sunnfjordorienteringa 2013 (langdistanse).

Samlingsplass: Reset ved Nortura, merka frå E39
Kart/ Halbrendslia

Påmelding: Via Eventor eller e-post til Torodd Os: torodd.os@enivest.net innan 4. juni.

Etter- og direktepåmelding inntil 1 time før start.

Startkont.: - 16 år, kr 65, 17 år og over kr 110.

Etter- og direktepåmelding pluss kr 25 og kr 40.

Premiering: Til alle under 12 år, elles etter NOFs konkurransereglar.

Første start: Fredag kl. 18:00
                       Laurdag kl. 11:00
 

Fleire detaljar om klassar m.m i innbydinga.

Innbyding k-løp mellom og Sunnfjordorienteringa 7.-8.juni 2013 



Setrevegen 23.5.2013:

Postet av Markane IL den 29. Mai 2013

28 deltakarar på sesongens andre nær-o-løp

Amanda Gjøvåg Heggestad, Oda Svarstad Hole og  Victoria Bøe Fotland. Foto: Grete Zachariassen

T.v: Amanda Gjøvåg Heggestad ved ein av postane. T.h: Oda Svarstad Hole og Victoria Bøe Fotland i aksjon i N-løypa. Foto: Grete Zachariassen

28 løparar stilte til start då Markane var arrangør for sesongens andre nær-o-løp. Dei fleste av desse representerte Markane IL. Flest deltakarar var det i N-løypa der heile 11 fullførte. I tillegg deltok fem i småtroll-løypa.

I den 1,8 km B/C-løypa var det fire deltakarar. Vinnar vart Grunde Breidablik. I A-løypa på 2,6 km vart Anders Bergset frå IL Veten raskast med 26,38. Nils Heggdal kom på andreplass med 33,20 medan Vigdis Sætren vart nummer tre med 34,48.

Neste nær-o-løp er 13. juni. Då med Von IL som arrangør.

 Resultatliste for nær-o-løp nr 2 (oppdatert) Arrangør Markane IL Dato 23.5.2013



Ullsheim 26.5.2013:

Postet av Markane IL den 28. Mai 2013

Over 40 deltok på finn-fram-dagen!

Finn fram dagen 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Flesteparten av deltakarane på finn-fram-dagen samla. Foto: Margunn Hjelmeset

 Søndag 26. mai arrangerte orienteringsgruppa i samarbeid med KFUK/KFUM speidaren Finn fram dagen. Over 40 barn møtte fram ivrige etter å lære kart og kompass. I løpet av dagen vart det både foto-orientering, retningsleik, kartteikn-stafett, stjerneorientering og ei lita rekruttløype. Dermed fekk alle testa seg på en "skikkeleg" o-løype på sjølve finn-fram-dagen.

I tillegg til orienteringsaktivitetane arrangerte speiderne leikar frå gapahuken.  Etterkvart vart det utdeling av premiar og alle deltakarane fekk "Finn-Fram-sertifikat", som bevis på at dei  meistrar elementære orienteringsoppgåver.

I samband med finn-fram dagen var det også oppstart for turorienteringssesongen. Mange nytta høvet til å skaffe seg  årets tur-o tilbod og få på plass dei første klippa i korta.  Årets turorienteringstilbod består av 12 postar som er hengde opp i Ullsheimsområdet  og 16 postar på Tverrfjellet.
 


Breim 29.5.2013:

Postet av Markane IL den 24. Mai 2013

Innbyding til krinsløpet "Rotekoppen"

 Breimsbygda IL  arrangerer o-løpet Rottekoppen onsdag 29.05.2013. Start Kl. 19.00

KART: Tverrbakkane, digitalisert og justert 2010 Målestokk 1: 10.00 og 1: 7.500 Ekv. 5 m.

Terreng: Lettløpt/ope

FRAMMØTE: Sårheims myrladene. Merka frå Fylkesveg 60 ved Øvreset og frå E 39 på Hetle bru.

Rotekoppen er eit fellesstart-løp, med kartbytte for 5 og 3 km.
Elles vanlege O- løyper.
1 km å gå på sti frå parkering til samlingsplass.
Tek ca 15 min. 10 min å gå til start.

Løyper- og klasse-tilbod:
1: 5,0 km A: H 17-, D 17-,
2: 3,0 km A/B: H 15-16,H 45-, H 55-, H/D17-kort, D15-16, D 45-, D 55-

3: 2,0 km C : H 11-12, H 13-14, D 11-12, D 13-14

H/D open med eller utan tid.

5: 1,5 km N : H/D -10 N, H/D11-12 N, H/D 13-16 N,

H/D-N open utan tid. 

 PÅMELDING: lister med ,namn, brikkenummer alder og klasse.
Innan fredag 24.05. til Jannike Felde, 6827 Breim
E-post: jannfe@online.no
 , tlf: 95133363
eller direkte på Eventor.

Gje opplysing om leige av brikker ved påmelding.
Leige Kr 20,-

 PÅMELDINGSAVGIFT: (TILLEGG VED ETTERPÅMELDING)
Løparar t.o.m 16 år Kr 65 +  Kr 30
Løparar f.o.m. 17 år Kr 110+ Kr 60
Ikkje etterpåmeldingsavgift for løparar under 12 år.

PREMIERING:
Alle t.o.m 12 år. 1/3 til 13-16 år. 1/8 til A-klassar frå 17 år.
Fine premiar for deltaking i 10-år og 20-år.

Arrangøren slår saman klassar, om ein finn det tenleg.
TIDTAKING: EKT, i kombinasjon med manuell tidtaking.
ETTERPÅMELDING: Seinast 1 time før start.
KIOSK
VASK: Våtklut
  


Stryn 23.5.2013:

Postet av Markane IL den 21. Mai 2013

Klart for nær-o-løp nr 2 torsdag 23. mai!

o-logo

Markane IL står som arrangør for årets andre nær-o-løp torsdag 23. mai. Starttidspunktet er som vanleg kl.18.00.

Startstad: Sætrevegen. Følg skilting mot skisenteret.

Løpet er ein sprint og har A, B/C og N-løyper samt ei småtroll-løype.

Startkontingent: kr 40 for vaksne (over 16 år)   og kr 20 for born.

Premiering til dei minste!

 

NYE OG "GAMLE" O-LØPARAR VELKOMNE!



Hamar 18.5-20.5.2013

Postet av Markane IL den 20. Mai 2013

Resultat frå Pinseløpa i orientering

o-logo

Hamar OK og Løten o-lag stod som arrangør for dei tre pinseløpa på Hamar.

Første løp var Pinsesprinten som vart arrangert på pinseafta 18. mai. Markane hadde her ein deltakar med. Markus Træen vart nummer 34 i klasse H17-20. Han fullførte den 4,9 km lange løypa på 1.09.31. Vinnar av løpet vart Nick Hann frå Verdal OK. Han vann løpet klart etter å ha kome i mål til 29 min 48 sek.

På pinsedag var det klart for løpet "Elgdilten". Klassa H17- sprang her ei løype på 6,5 km. I dette løpet var både Markus Træen og Rikard Kirkeeide Bøe med. Markus Træen vart her nummer 21 på 1.21.35 medan Rikard Kirkeeide Bøe vart nummer 24 med 1.40.04. Suveren vinnar med nesten fire minutts differanse til nummer to  vart Per Andreasson frå IFK Gøteborg med tida 44.30.

Pinseløpa vart avslutta med "Løvspretten". Klassa H17-18 skulle her orientere seg gjennom ei løype på 5,1 km. Rikard K. Bøe vart dessverre diska i dette løpet. Markus Træen kom på ein 29.plass med tida 1.15.42. Klassevinnar vart Vegard Rønning Huber frå arrangørlaget Hamar OK med tida 32.42.

Det var god deltaking også i årets pinseløp og totalt var 800-900 o-løparar i aksjon i kvart av løpa.

Resultatliste frå Pinsesprinten 18.5.2013 Klasse H17-20

Resultatliste frå Elgdilten 19.5.2013 Klasse H17-K

Resultatliste frå Løvspretten 20.5.2013 Klasse H17-18



Ullsheim 26.5.2013:

Postet av Markane IL den 20. Mai 2013

Finn-fram-dagen 2013

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke. Foto: Margunn Hjelmeset

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke på finn-fram-dagen 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Søndag 26. mai kl. 12.00 arrangerer orienteringsgruppa FINN FRAM-dagen på Ullsheim. Arrangementet er eit samarbeid med Stryn KFUK-KFUM speidarar.

FINN FRAM-dagen er ein friluftsdag for heile familien, med fokus på å meistre friluftsliv og oppleve gleda av å vere ute i naturen. Det blir aktivitetar for små og store, og det blir høve til å lære eller friske opp kunnskap om kart og kompass. Ved å kunne nytte kart og kompass får ein høve til å oppsøkje ukjende stader som kan gje gode naturopplevingar eller spennande utfordringar. Dette gjev meistringskjensle for den enkelte og ein ekstra dimensjon til turen. På FINN FRAM DAGEN får deltakerane sjansen til sjølv å finne fram i ei enkel orienteringsløype, i tillegg til å prøve stjerneorientering, rakettløype, gå på skattejakt og løyse naturoppgåver.

Vi vil også i år kombinere FINN FRAM-dagen med starten på tur-orientering og deltakarane kan plukke dei første poengene i årets tur-o-sesong.

FINN-FRAM DAGEN er ein fin måte og bli kjend med o-sporten på. Vi håper fleire nye o-løparar stiller opp søndag og vert med vidare i sesongen på nær o-løp og andre arrangementer utenfor klubben. Orientering er en idrett som alle kan delta i, uansett alder og fysisk form. Det er ikkje noko medlemskrav for å delta på finn-fram-dagen eller nær-o-løp, men vi håper sjølvsagt at nye løparar etterkvart melder seg inn i laget. Info om medlemsskap finn de her.

VELKOMNE TIL FINN-FRAM-DAGEN 2013!





Ulvedal 9.5.2013:

Postet av Markane IL den 14. Mai 2013

Resultat frå nær-o-løp nr 1

Vigdis Sætren. Foto: Heidi Bakke, NRK 2008

Vigdis Sætren frå MIL tok sigeren i den lengste A-løypa under sesongens første nær-o-løp. Foto: Heidi Bakke/NRK, 2008

O-sesongen er i gong, og i alt 54 deltakarar stilte opp i det første nær-o-løpet. Arrangør var IL Veten og løpet gjekk frå Ulvedal. Markane IL hadde med 20 deltakarar.

Vigdis Sætren var raskast i den lengste A-løypa på 4 km. Ho var i mål på tida 49,25 og slo dermed Sondre Kristiansen frå IL Veten med to sekund. I same klassa vart Per Øen nummer fem og Nils Heggdal nummer seks. Kristin Heimlid Øiestad frå Veten IL var raskast gjennom løypa på 3 km. Her kom Grete Zachariassen frå Markane IL på ein andreplass.

Nikolai og Elias Dispen Lødemel fullførte den 2,2 km lange C-løypa. Heile 11 deltakarar frå MIL fullførte den 1.5 km N-løypa og tre deltok i småtroll.

Det neste nær-o-løpet vert 23. mai. Då med Markane som arrangør.

Resultatliste nær-o-løp 1 Arrangør IL Veten Dato 9.5.2013



Sandane 11.5.2013:

Postet av Markane IL den 14. Mai 2013

Resultat frå krinsløp i orientering

 Maren og Oddrun  Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Maren og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide var MIL sine deltakarar på helgas krinsløp. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (Ullsheim, 2011)

I alt 30 deltakarar stilte opp då Fjellhug/Vereide inviterte til krinsløp laurdag. Det var først og fremst dei yngste klassane som fekk opp deltakartalet. Markane hadde to deltakarar til start. Maren og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide som deltok i klasse D10.

Vinnarar av løpet  vart Anders Felde Olaussen frå Halden IL i klasse H17 og  Irene Felde Olaussen i klasse D17.

Neste krinsløp er "Rotekoppen" i Breim 29.mai.

Resultat frå krinsløp på Sandane 11.5.2013. Arrangør: Fjellhug/Vereide



Hornindal 12.13.4.2013:

Postet av Markane IL den 12. Mai 2013

God innsats av skiskyttarane i NM-skifelt

Gaute Bø. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Gaute Bø vann NM-gull i juniorklassa på sprinten. Foto: Team Statkraft Nordfjord (frå Liatoppen)

 Fleire av Markane IL sine skiskyttar stilte opp då NM i skifeltskyting vart arrangert i Hornindal. I denne samanhengen representerte dei fleste av dei Hornindal og Markane skyttarlag.

Gaute Bø tok NM-gull i juniorklassa under sprinten. I same klassa tok Georg Halsteinslid bronse. Georg tok også sølv under normaldistansen. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten i rekruttklassa for gutar. Her kom Oskar Guddal Breivik (for Oppstryn skyttarlag) på tredjeplass. Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i aspirantklassa for jenter på sprinten medan Torje Seljeset deltok i aspirantklassa for gutar på både sprint- og normaldistansen.

Resultata frå NM skifeltskyting er lagt ut nedanfor.

Resultat NM skifeltskyting sprint12.04.13 

Resultat NM skifeltskyting normal13.04.13



Sandane 11.05.2013:

Postet av Markane IL den 8. Mai 2013

Innbyding til krinsløp

Orienteringslogo

Fjellhug/Vereide IL inviterer til krinsløp laurdag 9. mai. Løpet er eit mellomdistanseløp.

Start frå Valborgkleiva på Sandane. Det vert merka frå E39. Inga bompengeavgift.

Første start vert kl 1300.

Påmelding til Bjarne Hauge seinast torsdag 9. mai!

Påmeldinga må gjerast på e-post bjarne.hauge@enivest.net eller tlf. 97777396. Hugs å oppgje namn, klasse og  brikkenummer.

Påmeldingsavgift: Løparar t.o.m. 16år kr 65.- Etterpåmelding kr 30.-

Løparar f.o.m. 17år kr 110.- Etterpåmelding kr 60,-

Ikkje etterpåmeldingsavgift i N-klassar.

Alle velkome!

For fleire detaljar sjå innbydinga:

Innbyding krinsløp på Sandane 9.mai 2013



Jubileumskarusellen:

Postet av Markane IL den 8. Mai 2013

Innbyding til "Jølster rundt" 12.mai

Logo Sogn og Fjordane 250 år.Fylkeskommuna sitt 250 års jubileum vert markert med jubilumskarusellen 2013. I jubileumskarusellen inngår dei tre særidrettane ski, sykkel og friidrett.

Karusellen starta med Tverrfjelldilten 16. februar på Ullsheim og held fram denne helga med sykkelløpet "Jølster rundt" søndag 12. mai. Lokal arrangør er Førde Cykleklubb.

Løpet har start og mål ived Slåtten skule i Angedalsvegen i Førde. Løpet er ca. 90 km langt. Konkurranseklassa er open for alle frå 17 år og oppover.

Trimklassa startar mellom 9.30 og 10.30 medan konkurranseklassa startar kl.1100.

Påmelding må gjerast innan 10. mai kl 2100.

Påmeldingsskjemaet finn du på lenka her.

Du finn også meir om løpet på Førde Cykleklubb si heimeside.

Sogn og Fjordane Idrettskrins si premiering på arrangementa er deltakar-/ jubileumspremie til alle og eigen premiering samanlagt for dei som deltek i minst to av tre arrangementa i karusellen i konkurranseklassane. Jubileumskarusellen vert avslutta med løpet "Molden Opp" 15.juni.

Samarbeidspartar for jubileumsarrangementa: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og fylkeskommunen.

 



.

Postet av Markane IL den 6. Mai 2013

NÆR O-LØP i Nordfjord 2013

 

Mai:     9.     IL Veten                                          Ulvedal

          23.     Markane IL                   sprint            Stryn

Juni:    13.     Von IL

           20.     Markane IL

 

           27.     IL Veten                                          Sølvberg

 

Juli:      25.   AVLYST!! Markane IL/IL Veten    Ferieløpet      Tverrfjellet

 

Aug:         8.      IL Veten             lagsmeisterskap  Nordfjord Fritidssenter

             15.    Markane IL

 

Løypetilbud: N-løype 1,5-2km

                     C-løype 2,5-5km

                      A-løype kort 2,5-3,5km

                      A -løype lang 4-6 km

                      Småtroll/ev. Rakettløype

Prisar:           0-16 år kr. 20.-

                     Over 16 år kr. 40,-

Alle under 12 år får premie

 

               KRINSLØP i Sogn og Fjordane 2013

April:

          13.    Førde IL                             KM-sprint

          14.    Askvoll og Holmedal IL        k-løp langdistanse

Mai:

           11.   Fjellhug/Vereide IL              k-løp sprint

 

           29.    Breim IL                           k-løp «Rotekoppen» (mellomdistanse)

Juni:

            7.    Førde IL                           k-løp mellomdistanse

            8.    Førde IL                           k-løp «Sunnfjordorienteringa» (lang)

Aug:

          10.  AVLYST!!  Sogndal                           k-løp sprint

          11.   AVLYST!! Sogndal                           k-løp «Sognemili»

          31.    Markane IL                      KM-mellom

Sep:

            1.    IL Veten                          KM-langdistanse

Okt:

           6.    IL Tambarskjelvar             k-løp «Haustbløyta» (lang)



Nær-o-løp:

Postet av Markane IL den 6. Mai 2013

Sesongen startar 9. mai!

orienteringslogo

IL Veten står som arrangør for årets første nær-o-løp torsdag 9. mai. Starttidspunktet er som vanleg kl.18.00.

Startstaden vert ved Ulvedaltunet. Løpet har N-, C- og A-løyper samt småtroll-løype.

Startkontingent: kr 40 for vaksne (over 16 år)   og kr 20 for born.

Det er denne sesongen lagt opp til åtte løp.

Markane og Veten arrangerer tre løp kvar samt eit ferieløp saman. Von står som arrangør for eit løp.

Terminliste framover ser du her. Terminlista for nær-o-løpa 2013 og krinsløpa i Sogn og Fjordane er også lagt ut i venstremenyen under orienteringsgruppa.

 

 



Åheim 01.05.2013:

Postet av Markane IL den 2. Mai 2013

3.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i 1. mai-løpet

Simon Hjelmeset Kirkeeide mot mål. Foto: Åheim IL

Simon Hjelmeset Kirkeeide mot mål til tredjeplass. Foto: Åheim IL

Friidrettssesongen er så smått i gong, og for 54. gong inviterte Åheim IL til 1. mai-løp. I eit litt ruskete maiver stilte om lag 200 løparar opp i årets løp.

Markane IL hadde tre deltakarar med dette året. Alle deltok i klassa for gutar 13 år. Best resultat fekk Simon Hjelmeset Kirkeeide som sprang i mål til tredjeplass med tida 2 min 31 sek. Klassa vart vunnen av Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide som fullførte løpet på 2 min 22 sek. Marius Heggdal Olsen kom på 7. plass på 2 min 40 sek medan Eskil Solheim Kveen kom på 11. plass med 2 min 48 sek.

Vinnar av 1. mai-løpet uansett klasse (senior) vart Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn FIK i herreklassa og Merete Helgheim frå Gloppen IL i dameklassa. Resultatliste for årets løp er lagt ut nedanfor. 

 

Resultatliste 1.mai løpet 2013 Åheim

 

 



Trekningsliste:

Postet av Markane IL den 2. Mai 2013

Skiposten 2013 er avslutta!

 

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik vart ein av vinnarane på årets skipost. Foto: Margunn Hjelmeset (Skjåkrennet)

Skiposten er avslutta for ei god stund sidan, og no er premielista klar. Alle deltakarane som har levert inn klippekorta sine har fått seg pose frå Barnas Skiklubb med Donald blad, Odlo-tuber + litt fleire små overraskingar oppi.

Dei som har vore på alle postane og klipt har fått ein liten premie i tillegg. Dette er m.a. luer, hovudlykter, t-skjorter, ryggsekkar, drikkeflasker og drikkebelte.

Her vart også trekt ut fire heldige vinnarar av gåvekort.

Gåvekort 150 kr Sport 1 Ytreeide sport:

Jørgen Trøsken

Sofie Gjøvåg Heggestad

Gåvekort 200 kr (kjøpt hjå Sport 1 Ytreeide) frå Turløyper Stryn:

Selma Guddal Breivik

Emilie Håberg

Også denne sesongen har det vore fin oppslutning om skiposten og tilsaman vart det levert inn om lag 40 klippekort.

Vi gratulerer alle vinnarane! 

 



Olden 28.4.2013:

Postet av Markane IL den 28. Apr 2013

Resultat frå Oldestafetten 2013

Startfeltet i gutteklassa på Oldestafetten 2013. Foto: HP Galtung/Olden IL

Heile 14 lag stilte opp i gutteklassa under årets Oldestafett. Foto frå Olden IL.

 Også i år var det bra deltaking i Oldestafetten med 31 lag på start. I tillegg deltok 7 lag i ministafetten. Markane IL hadde med tre lag denne gongen, to i gutteklassa og eit i open klasse.

Som vanleg var det klart mest deltakarar i gutteklassa der heile 14 lag stod på startstreken. Markane I sprang innn til ein sjetteplass med tida 6 min 21,5 sek. Markane II var nr 12 med tida 7 min 12sek. Hornindal IL tok klassesigeren etter å ha fullført stafetten på 6 min 2 sek. Det var svært jamnt i klassa. Mellom dei åtte første laga var differansen på under 30 sek. Hornindal IL tok også sigeren i jenteklassa.

I open klasse stilte også i år "Skiskyttarmødrene". Dei kom i mål til tredjeplass med tida 10 min 49 sek. Flåten/Muri vann klassa på 9 min 15 sek. Jølster IL tok sigeren i både herre- og veteranklassa medan GFIL vann årets dameklasse.

Foto med meir frå Oldestafetten 2013 kjem etterkvart.

Resultatliste Oldestafetten 28.4.2013



Ullsheim 3.4.2013:

Postet av Markane IL den 21. Apr 2013

Foto og resultat frå årets lagsrenn i skiskyting

Foto: Margunn Hjelmeset

Frå venstre: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Liv Rigmor Netland og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Onsdag har også  dette årets vore fast dag for skiskyttartreningane på Ullsheim. 3. april vart sesongen avslutta med lagsmeisterskap. 39 løparar deltok i årets lagsrenn.

I dei yngste konkurranseklassane for 11-12 åringar vart Liv Rigmor Netland lagsmeister for jentene og Sigurd Fotland Fænn for gutane. Anne Marie Roset vann klassa for jenter 13-16 år medan Aksel M. Meland tok sigeren i klassa for gutar 13-16 år.

Jarle Midthjell Gjørven vann klassa for M17-21 medan Janne Alsaker vann K17-21. I dameklassa vann Margunn Hjelmeset medan herreklassa vart vunnen av Are Njøten.

 Foto frå rennet er lagt ut nedanfor.

Resultatliste lagsmeisterskap skiskyting 3.4.2013

 

Ein konsentrert gjeng  inne til skyting.

Inne til skyting.

Johan Eirik Meland, Jarle Midthjell Gjørven og Emma Njøten.

Janne Alsaker

Oskar Guddal Breivik

På veg ut frå start.

 

Elias Dispen Lødemel

Klart til skyting

Simon Hjelmeset Kirkeeide

Klare til start.

Frå venstre: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik, Liv Rigmor Netland, Jon Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn, Oskar Guddal Breivik, Nikolai Dispen Lødemel og Magnus Midthjell Gjørven

 

Løpet er i gong

Aksel Mathias Meland og Jarle Midthjell Gjørven vann kvar si klasse under lagsrennet

Startfeltet for klassane 13 år og oppover



Skarverennet 20.04.2013

Postet av Markane IL den 21. Apr 2013

10. plass til Jarle Midthjell Gjørven i klasse M19-20

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statakraft Nordfjord12 200 deltakarar stilte opp då Geilo IL arrangerte det 40. Skarverennet frå Finse til Ustaoset. Jarle Midthjell Gjørven kom på ein flott 10. plass i klassa for menn 19-20 år etter  å ha fullført dei 37 km på 1 t 36 min 11 sek. Vinnar av klassa vart Simen Hegstad Krueger frå Lyn IL.

Jarle sin 10. plass i klasse M 19-20 heldt også til ein 65. plass i rennet totalt. I alt 1365 løparar deltok i konkurranseklassane. Vinnar av herreklassa vart Martin Johnsrud Sundby  på 1 t 20 min 44 sek medan Marit Bjørgen vann dameklassa.

 

Resultatliste for Skarverennet 20.04.2013. (Klasse M19-20 og Alle klassar topp 100)



Nordfjord fritidssenter 26.-28.4.2013:

Postet av Markane IL den 17. Apr 2013

Invitasjon til leiarkurs for ungdom 15-19 år

Leiarkurs for ungdom 15-19 år. Foto: NIF

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer til leiarkurs for ungdom 26.-28. april på Nordfjord Fritidssenter.

Målgruppe for kurset:

Engasjert ungdom mellom 15 og 19 år frå idrettslag og særgrupper/ sær-idrettar.
Krev ingen spesielle førkunnskapar.
Målet med leiarkurs for ungdom er at du som ungdom skal utvikle dine leiarferdigheiter, våge og ha kunnskap om korleis du kan ta medansvar for, og legge til rette eigen aktivitet.

Innhald:
Kurset er prega av aktivitet, involvering og action med tema som:

Teambuilding, sjølvtillit
• Leiing og leiarrollen
• Ungdom i sentrum
• Idretten sin organisasjon
• Kommunikasjon, retorikk og aktivitet

I oppfølging av kurset er det lagt inn noko praksisoppgåver i eige lag og ei kortare oppfølgingssamling med temaet coaching.

Påmeldingsfrist 22.april.

 

Påmelding til: ingar.breilid@idrettsforbundet.no

Invitasjon til leiarkurs for ungdom 15-19år 26.-28.4.2013

 



.

Postet av Markane IL den 14. Apr 2013

Resultat o-løp 2013

Resultat nær-o-løp 2013

Resultatliste nær-o-løp nr 1 Arrangør: Veten IL. Dato 9.5.2013. 

Resultatliste for nær-o-løp nr 2 (oppdatert) Arrangør Markane IL Dato 23.5.2013

 Resultatliste for nær-o-løp 3 Dato 13.6.2013 Arrangør Von IL

Resultatliste for nær-o-løp nr 4 Arrangør Markane IL Dato 20.6.2013

Resultatliste frå nær-o-løp nr 5. Arr: IL Veten Dato: 27.6.2013

Resultatliste for nær-o-løp nr 6 Arrangør IL Veten Dato: 8.8.2013

Resultatliste for nær-o-løp 7 (lagsmeisterskap MIL). Dato: 15.08.2013. Arrangør: Markane IL

Samanlagtliste for nær-o-løp 1-7 sesongen 2013 (oppdatert)

 

Resultat krinsløp 2013

 Resultatliste KM sprint 13.4.2013 Arrangør Førde IL

Resultatliste krinsløp Askvoll 14.4.2013

Resultat frå krinsløp på Sandane 11.5.2013. Arrangør: Fjellhug/Vereide

Resultatliste Rotekoppen 29.5.2013 

Resultatliste krinsløp mellomdistanse Førde 07.06.2013

Resultatliste for Sunnfjordorienteringa 08.06.2013

 Resultatliste for KM mellomdistanse 31.8.2013 -oppdatert Arrangør: Markane IL

Resultatliste for KM langdistanse 1.9.2013 Arrangør IL Veten 

Resultatliste frå Sognemili 22.9.2013

Resultatliste for krinsløpet Haustbløyta 6.10.2013

 

Resultat andre o-løp 2013

Resultatliste frå Pinsesprinten 18.5.2013 Klasse H17-20

Resultatliste frå Elgdilten 19.5.2013 Klasse H17-K

Resultatliste frå Løvspretten 20.5.2013 Klasse H17-18

Resultatliste frå o-løpa i Heidalsveka 15.-18.7.2013

Resultatliste frå Veteranmeisterskapet i orientering mellomdistanse. Dato: 6.9.2013

Turorientering

Merkeoversikt turorientering 2013



Førde 13.4.2013:

Postet av Markane IL den 14. Apr 2013

Resultat frå KM sprint i Førde/K-løp Askvoll

Årets o-sesong i Sogn og Fjordane starta 13.4 med KM sprint i Førde og k-løp i Askvoll 14.4. Dessverre ingen frå Markane IL på start denne gongen, men det kjem nye sjansar snart. Korleis det gjekk i sesongens første løp ser de nedanfor:

Resultatliste KM sprint 13.4.2013 Arrangør Førde IL

Resultatliste krinsløp Askvoll 14.4.2013



Skiposten 2013

Postet av Markane IL den 10. Apr 2013

Hugs på å levere klippekorta snarast!

Skiposten 2013 er avslutta. Dei som ikkje alt har levert klippekorta sine, må gjere dette snarast til Marianne eller Margunn Hjelmeset, 6783 STRYN.



Liatoppen 07.04.2013:

Postet av Markane IL den 8. Apr 2013

Foto og resultat frå siste dag av Bendit Liatoppen skiskytterfestival

Aksel Mathias Meland kom på 6. plass på dagens fellesstart i klasse G14. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Bendit Liatoppen skiskytterfestival vart avslutta med normalprogram for klassane opptil 12 år og fellesstart for dei frå 13 år og oppover. Mange fine plasseringar også i dag. Heile tre kom blant dei ti beste i si klasse. Oskar Guddal Breivik kom også i dag på 4. plass i klasse G11. Sigurd Fotland Fænn kom på 8. plass i G11 og Aksel Mathias Meland kom på 6. plass i klasse G14.

Elles plasserte løparane frå MIL seg slik i det siste rennet under Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2013: Magnus Midthjell Gjørven vart nr 48 i klasse G12, Magnus Arntsen vart nr 22 i G14, Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 33 i G13 og  Gaute Bø nr 64 i G16. I klasse G15 kom Håkon Midthjell Gjørven i mål som nr 30, Odd Sindre Tonning kom på 34.plass, Andreas Halsteinslid på 66.plass og Grim Nygård på 70. plass.

Fotoserie frå Team Statkraft Nordfjord er lagt ut nedanfor.

Resultatliste frå Bendit Liatoppen Skiskytterfestival normal/fellesstart 7.4.2013

Andreas Halsteinslid. Foto: TSN

Andreas Halsteinslid

Gaute Bø.Foto: TSN

Gaute Bø

Grim Nygård. Foto: TSN

Grim Nygård

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven

Gjengen frå Markane og Hornindal. Foto: TSN

Gjengen frå Markane og Hornindal

Samling i sola. Foto: TSN

Samling i sola

Johannes Thingnes Bø delte ut premiar. Foto;TSN

Johannes Thingnes Bø delte ut premiar

Liatoppen skiskytterstadion. Foto: TSN

Liatoppen skiskyttarstadion

 Magnus Arntsen og Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Magnus Arntsen og Aksel Mathias Meland

Simon Hjelmeset Kirkeeide i mål. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide vel i mål.

Johannes Thingnes Bø, Grim Nygård og Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Grim Nygård og Aksel Mathias Meland saman med Johannes Thingnes Bø

Magnar Lødemel. Foto: TSN

Magnar Lødemel

Magnus Arntsen. Foto: TSN

Magnus Arntsen

 Magnus Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Magnus Midthjell Gjørven

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning

Ole Einar Bjørndalen og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Ole Einar Bjørndalen intervjuar Simon Hjelmeset Kirkeeide

Oskar Guddal Breivik. Foto: TSN

Oskar Guddal Breivik

Sigurd Fotland Fænn. Foto: TSN

Sigurd Fotland Fænn

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide

Vegard Skrede. Foto: TSN

Vegard Skrede



Liatoppen 06.04.2013:

Postet av Markane IL den 7. Apr 2013

4. plass til Oskar Guddal Breivik

Oskar Guddal Breivik. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Oskar Guddal Breivik kom på 4.plass i klasse G11 på Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

 Mange frå Markane IL var i aksjon på Bendit Liatoppen skiskytterfestival i dag og det var mange gode plasseringar. Klassane 11-12 år gjekk normalprogram medan dei frå 13 år og oppover gjekk sprint. Best resultat i dag fekk Oskar Guddal Breivik som kom på fjerdeplass i klasse G11. Han var berre 15 sek etter klassevinnar Arnt Johan Tungen frå Orkdal IL. I same klassa kom Sigurd Fotland Fænn på 13. plass. Også Simon Hjelmeset Kirkeeide oppnådde topp-ti plassering med sin 8 plass i klasse G13.

I klasse G12 kom Magnus Midthjell Gjørven på 32. plass etter å ha skote to fulle hus. I klasse G14 kom Aksel Mathias Meland på 12.plass medan Magnus Arntsen vart nr 24. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 12 i klasse G15. I same klasse vart Odd Sindre Tonning nr 30, Andreas Halsteinslid nr 51 og Grim Nygård nr 69. Gaute Bø vart nr 51 i klasse G16 medan Georg Kristian Halsteinslid kom på 26 i M17. I klassa for nybyrjarar jenter 10 år og yngre deltok Maren Hjelmeset Kirkeeide.

I alt 1098 løparar deltok i dagens sprint. Bendit Liatoppen Skiskytterfestival vert avslutta i morgon med fellesstartar.

 

Resultatliste normal/sprint Bendit Liatoppen skiskytterfestival 6.4.2013



Liatoppen 05.04.2013:

Postet av Markane IL den 7. Apr 2013

God stafettinnsats på Bendit Liatoppen skiskytterfestival dag 1

Stafettlaget i G13-16: Håkon Midthjell Gjørven, Aksel Mathias Meland og Gaute Bø. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Stafettlaget i klasse G13-16 kom på 4.plass. Frå venstre: Håkon Midthjell Gjørven, Aksel Mathias Meland og Gaute Bø. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Bendit Liatoppen skiskytterfestival vart innleia med larsenstafettar og fellesstart for 17 åringane. Markane IL sitt stafettlag i klasse G13-16 kom heilt oppe på ein flott fjerdeplass. Laget bestod av Håkon Midthjell Gjørven, Aksel Mathias Meland og Gaute Bø. I mål var dei 1 min 8 sek bak vinnarane frå Geilo IL. I same klassa kom Markane II på 39.plass av totalt 71 lag. På dette laget gjekk Andreas Halsteinslid, Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning.

I klassa for G11-12 år kom Markane I på femteplass med Sigurd Fotland Fænn, Magnus Midthjell Gjørven og Oskar Guddal Breivik. I mål skilde 2 min 22 sek til laget frå Figgjo IL som vann med over eit minutt ned til nummer to.

På fellesstarten i klasse M17 hadde MIL ein deltakar med. Georg Kristian Halsteinslid kom på 33. plass. Klassevinnar blei Kristian Killingberg frå Lier IL.

Resultatliste larsenstafetten Bendit Liatoppen skiskyttarfestival 5.4.2013

Resultatliste fellesstart junior Bendit Liatoppen skiskytterfestival 5.4.2013



Førde/Askvoll 13-14. april 2013:

Postet av Markane IL den 7. Apr 2013

Invitasjon til KM sprint 13.4 og krinsløp 14.4

O-sesongen startar opp igjen og alt neste helg er det klart for KM kortdistanse i Førde laurdag 13.4 og krinsløp langdistanse i Askvoll 14.4. I samband med KM-løpet vert det også invitert til  samling for agleiarar, løypeleggjarar, kontrollørar og andre interesserte og ei ungdomssamling.

Innbyding KM Sprint og krinsløp 13.-14. april 2013

 Innbyding til o-samlingar 13.4.2013



Olden 28.4.2013:

Postet av Markane IL den 5. Apr 2013

Påmelding til Oldestafetten 28. april

Dei som har lyst å vere med på Oldenstafetten søndag 28.april, må melde ifrå til Aslaug Thingnes Bø på SMS 400 40 325 eller  e-post aslaugtb@gmail.com .

Meld dykk helst på innan 10.april!

Vi ynskjer å stille både gute- og jentelag 11-16 år, herrelag (evt Old
boys), damelag ( evt anna mix i open klasse, jfr skiskyttarmødrene i fjor). Kanskje kunne vi også fått til ei trening eller to når interessa er innmeld.





Skjåk 28.3.2013:

Postet av Markane IL den 3. Apr 2013

God innsats i Påskesprinten

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik vann Påskesprinten klasse G11. Foto:Margunn Hjelmeset

Fleire frå Markane deltok på påskesprinten 2013 i Skjåk skjærtorsdag. Det vart klassesigrar til Oskar Guddal Breivik, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Johan Eirik Meland og Aksel Mathias Meland. Elles mange fine plasseringar. Totalt stilte det opp 260 deltakarar. Resultatlista og foto frå rennet er lagt ut nedanfor.

Ella S. Kveen og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset 

Ella S. Kveen og Ane Hjelmset Kirkeeide trenar vidare etter løpet. Foto: Margunn Hjelmeset

Resultatliste Påskesprinten 28.3.2013
 

 

Mari Sofi Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland.

 

Selma Guddal Breivik (nr 37) og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i løypa.

Selma Guddal Breivik. Foto : Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik

Wenche, Marius og Alf-Ole Arntsen. Foto: Margunn Hjelmeset

Wenche, Marius og Alf Ole Arntsen

Johan Eirik Meland vart vinnar av M19 på Påskesprinten. Foto: Margunn Hjelmeset

Johan Eirik Meland vann klasse M19

Fint å vere publikum i sola.

Pallen i klasse G14 på Påskesprinten. Foto: Margunn Hjelmeset

Pallen i klasse G 14: Simen Ramsdal, Aksel Mathias Meland og Magnus Arntsen.

Marius Arntsen. _Foto_Margunn Hjelmeset 

Marius Arntsen i fint driv i sitt første renn for sesongen.

Eskil Solheim Kveen. Foto: Margunn Hjelmeset

Fredrik Nesje Lindvik

Eskil S. Kveen

 



Ullsheim 01.04.2013

Postet av Markane IL den 3. Apr 2013

Lagsmeisterskap i klassisk langrenn, hopp og slalåm

Inger Hjelmeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset i fin stil i slalåm. Foto: Margunn Hjelmeset

Også i år vart det arrangert lagsmeisterskap i klassisk langrenn, hopp og slalåm på Ullsheim. Best deltaking var det i langrenn med 33 deltakarar, men dei fleste stilte i alle øvingane. Resultat  frå dagen er lagt ut nedanfor.

Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset

 

Resultatliste for lagsrenn i klassisk langrenn hopp slalåm og merkerenn 1.4.2013-oppdatert 

 

Stor aktivitet i bakken

Oda Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Oda Svarstad Hole i svevet

Inger Hjelmeset i svevet. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik

Anders Svarstad Hole

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide

 Oddrun Hjelmeset Kirkeeide

Håvard Tonning. Foto:Margunn Hjelmeset

Håvard Tonning

Aksel Mathias Meland. Foto. Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland

Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland går inn for landing

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide

Odd Sindre Tonning i svevet

Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Inn for landing

Odd Sindre Tonnnig. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning

Jørgen Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Jørgen Trøsken

Victoria Bøe Fotland. Foto: Margunn Hjelmeset

Victoria Bøe Fotland i slalåmbakken

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik i fin stil

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i slalåmløypa

Håvard Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Håvard Tonning i fint driv ned bakken

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide

Inger Hjelmeset ut frå start. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset ut frå start i klassisk langrenn

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik

Kari Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Kari Alsaker klar til start

Klar til start i klassisk langrenn. Foto: Margunn Hjelmeset

Mange stilte opp i klassisk langrenn

Maren Hjelmeset Kirkeeide snart klar til start

Klart til start for klasse  15-16 år

I mål. Foto: Margunn Hjelmeset'

Anders Svarstad Hole

Torje Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Torje Seljeset



Utvikfjellet 30.3.2013:

Postet av Markane IL den 30. Mar 2013

4.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i Rypeskarrennet

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nr 4 i G13/14 under Rypeskarrennet. Foto. Margunn Hjelmeset, (frå Tuarennet 2013.)

I alt 450 mosjonistar stilte opp då Rypeskarrennet vart arrangert i fint påskever på Utvikfjellet. I konkurranseklassane var det 40 løparar som stilte opp. Klassane for J/G 13-14 og J/G 15-16 gjekk 10 km medan dei frå 17 år og oppover gjekk 23 km.

I klassa for G13-14 vart det 4.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide med tida 33 min 9sek. Vinnar av klassa vart Erik Johannesen Skrede frå Førde IL på tida 29 min 51sek.

Vinnar blant dei over 17 år vart Roger Aa Djubvik (M21-35) frå Lillehammer IL med tida 55 min 47 sek . Andre Haugsbø frå Gaular IL vart nr 2 med tida 59 min 10 sek medan Knut Anders Hatlen frå Stranda IL kom på tredjeplass med 61 min 19 sek.

Resultatliste frå Rypeskarrennet 30.3.2013



Nordfjord fritidssenter 28.3.2013:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2013

Resultat frå Nakkjen Ned 2013

 Nakkjen ned logo. Design: Magne Kristiansen

Tradisjonen tru arrangerte IL Veten "Nakkjen ned" på skjæretorsdag. Nakkjen Ned går frå toppen av Bergsetnakkjen (1133 m.o.h.) og ned til Nordfjord Fritidssenter (550 m.o.h.). Konkurransen var delt i tre forskjellege greiner: telemark, open/randone og snøfjøl. Det var også mogleg å delta i kjelkekonkurranse eller i den lettare varianten Mini Nakkjen ned.

Berre ein markar våga å setje utfor  i år. Martin Lødemel deltok i open/randone klasse menn 17-40 år. Han kom på ein 12. plass, 59.8 sek etter klassevinnar Geir Olav Roset som fullførte løpet på 5 min 3.0 sek. Totalvinnar i open/randone vart Mathias Hagen. Han fekk tida 5  min 2.9 sek og vann dermed med eit tidels sekunds margin. Vinnar i dameklassa vart Kristi Bergset.

Telemarksklassane vart vunne av Øyvind Vagstad og Monica Beate Myklebust medan Tormod Fjellvang var raskast i snøfjølkonkurransen. 

Resultatliste Nakkjen Ned 2013 Dato: 28.3.2013



Samanlagtresultat 2013:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2013

Krinscupen i skiskyting 2013

Gaute Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Samanlagtresultata frå årets krinscup i skiskyting er no klare. Krinscupen er for klassane frå 13 år og oppover. For å telje med samanlagt må ein ha delteke i minst tre renn i løpet av sesongen. Finalen og dei tre beste resultata tel med på samanlagtpoengsummen.

Markane IL fekk to klassevinnarar denne sesongen. Gaute Bø (foto) vann klassa for gutar 16 år medan Johan Eirik Meland vann klasse M19.

Blant jentene vart det andreplass samanlagt til Anne-Marie Roset i J13. Kari Alskaker kom på tredje i same klassa medan Janne Alsaker vart nummer 13 i J19. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i G13. Han hadde same poengsum som vinnaren, men rangert som nr 2 sidan han ikkje deltok i finalerennet. Ved lik poengsum er det resultatet i finalerennet som avgjer innbyrdes rangering. I klassa for G14 vart det andreplass til Aksel Mathias Meland. I klasse G15 oppnådde heile fire løparar frå Markane samanlagtresultat:Håkon Midthjell Gjørven, Odd Sindre Tonning, Andreas Halsteinslid og Grim Nygård. Dei plasserte seg på rad og rekkje frå 3. til 6. plass i klassa. Også i klasse M18 oppnådde to av våre samanlagtplassering. Lars Midthjell Gjørven vart nr 2 medan Grunde Ørjasæter Breidablik vart nr 7.

 Poengtabell for krinscupen samanlagt 2012-2013



Webkamera på Ullsheim:

Postet av Markane IL den 28. Mar 2013

 
Her kan du sjå live-foto frå Ullsheim!
Markane IL sitt webkamera er sponsa av Vestlandshus Stryn, og har vore i drift sidan 28. mars 2013.

Webcamera


Ullsheim 01.04.2013:

Postet av Markane IL den 27. Mar 2013

Lagsrenn i klassisk stil, slalåm og hopp

Det vert lagsmeisterskap i langrenn klassisk stil, slalåm og hopp på Ullsheim 2.påskedag (måndag 1.april).

Påmelding frå kl 1300

Første start kl 1400

Øvingane startar med hopp, slalåm og til slutt langrenn.

Startavgift kr 40 pr deltaking

100kr om du deltek i alle tre øvingane.

Det vert også høve til å ta skimerke.

Matøkt til slutt med suppe, pølser, kaker og saft.

Alle velkomne!



Dombås 24.3.2013:

Postet av Markane IL den 24. Mar 2013

NM-gull til Sogn og Fjordane I med både Tarjei, Johannes og Jarle på laget!

NM-gull til Sogn og Fjordane I. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven, Tarjei Bø, Håvard Gutubø Bogetveit og Johannes Thingnes Bø vann NM-gull på stafetten i skiskyting på Dombås. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Det vart gull til Sogn og Fjordane I under NM skiskyting på Dombås. Heile tre av fire løparar på laget kom frå Markane IL. Laget bestod av Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø saman med Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL. Alle på laget gjekk gode etapper med god skyting. Laget kom seg gjennom utan strafferundar på nokon av etappane.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk første etappe. Han heldt fint følgje med feltet og veksla på ein sjuandeplass. Johannes Thingnes Bø gjekk laget heilt opp til andreplass på sin etappe. Inn til veksling skilde det 37 sekund fram til Nord Østerdal som hadde Lars Berger på andre etappe. Håvard Gutubø Bogetveit førte Sogn og Fjordane fram i leiinga då Nord Østerdalen måtte ut i ein strafferunde. Tarjei Bø gjekk ein god ankeretappe og tok godt vare på leiinga. I mål skilde det heile 1 min 23 sekund ned til Nord-Østerdal på andreplass. Buskerud tok bronsen 1 min 56 sek bak.

Også Sogn og Fjordane sitt andrelag bestod av tre frå Markane IL. Johan Eirik Meland, Lars Midthjell Gjørven og Anders Vonheim gjekk saman med Ole Martin Erdal frå Førde IL på Sogn og Fjordane II. Laget kom i mål til ein 26. plass.

Gutta på pallen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Gullaget øverst på pallen. Frå venstre: Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø og Håvard Gutubø Bogetveit. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Resultatliste NM skiskyting stafett menn Dombås 24.3.2013

Fleire foto frå stafetten nedanfor.

Vi gratulerer med NM-gull! 

 

Sogn og Fjordane II. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Sogn og Fjordane II kom på 26. plass i stafetten. Frå venstre: Ole Martin Erdal, Johan Eirik Meland, Lars Midthjell Gjørven og Anders Vonheim.

Tarjei mot mål på stafetten. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tarjei Bø mot mål på NM-stafetten. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god første etappe for Sogn og Fjordane sitt gullag. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tarjei Bø på ankeretappen i NM. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tarjei Bø i fint driv på sin ankeretappe. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Johannes Thingnes Bø. Foto: Team Statkraft Nordfjord 

Johannes Thingnes Bø gjekk laget opp til andreplass på sin etappe. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håvard Gutubø Bogetveit. Foto : Team Statkraft Nordfjord

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL gjekk tredje etappe. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Blomsterseremoni NM Dombås. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Blomsterseremoni for gullgutane. Frå venstre: Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø og Håvard Gutubø Bogetveit. Foto: Team Statkraft Nordfjord



Nordfjord fritidssenter 24.3.2013:

Postet av Markane IL den 24. Mar 2013

Karoline Holsen Kyte og Roger Lillestøl vinnarar av Holmøyskarrennet 2013

 Roger Lillestøl, Sigbjørn Fænn og Roar Alsaker. Karoline Holsen Kyte. Foto: Fjordingen

Til venstre: Dei tre beste i M36-45: Roger Lillstøl, Sigbjørn Fænn og Roar Alsaker. Til høgre: Karoline Holsen Kyte. Foto: Fjordingen 2012.

 576 turløparar og 57 konkurranseløparar deltok i det første Holmøyskarrennet i den nye traseen. Veret viste seg frå si beste side og gav ein fin tur gjennom skaret.

Årets vinnar av herreklassa vart Roger Lillestøl frå Hornindal IL (M36-45) med tida 1:48:52. Nest raskast vart Helge Kvam Karbø frå Sunnylven IL (M17-20) på 1:53:26. Sigbjørn Fænn, Markane IL  (M36-45) kom på tredjeplass totalt med tida 1:53:55. Roar Alsaker, Markane IL, (M36-45) følgde på fjerdeplass totalt med tida 1:54:53.

Dameklassa vart også i år vunnen av Karoline Holsen Kyte frå Førde IL (K17-20) med tida 2:10:39. På andreplass kom Britt Brekke Pedersen frå Haddal IL med 2:27:56.

Markane IL hadde totalt fem deltakarar i konkurranseklassane. I klasse M17-20 vart det 8. plass til Grunde Breidablik med 2:47:46. I klasse M21-35 kom Frank-Jakob Sandbakk på 5. plass med 2:26:27 medan Svein Rune Aaland vart nummer 7 i M46-55 med tida 2:18:28.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. Sjå elles arrangørane sin heimeside for meir frå årets renn.

Resultatliste Holmøyskarrennet 24.3.2013



Ullsheim 19.3.2013:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2013

Sesongavslutning for skitreningane.

 Årets påskeegg. Foto: Margunn Hjelmeset

Påskeegget er funne! Foto: Margunn Hjelmeset

Årets skitreningar vart avslutta tysdag denne veka. Begge gruppene leika seg på stadion. Det var bandy for dei eldste og mange ulike andre leikar for dei yngste.

Etter treninga var det fest i Årestova med bollar, muffins, pølser, saft og kakao. Etterpå var det stad å finne påskeharen som hadde eit påskeegg fullt med godteri! Alle fekk smake, men Amelia - som fann påskeegget - fekk forsyne seg fyrst!
Ein kjekk kveld i strålande vinterver. Heilt topp for både små og store!
 

 

Klart for bandy.

Foto: Margunn Hjelmeset

På tur i pulk.

Foto: Margunn Hjelmeset

 Samling før start.

Foto Margunn Hjelmeset

 

Foto: Margunn Hjelmeset

Bandy

Foto: Margunn Hjelmeset

Det gjeld å treffe ballen.

Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland

Foto: Margunn Hjelmeset

Ane Hjelmeset Kirkeeide og Amanda Gjøvåg Heggestad

Foto: Margunn Hjelmeset

Samling i Årestova

Påskeharane. Foto: Margunn Hjelmeset

Årets påskeharar.

Utdeling frå påskeegget. Foto: Margunn Hjelmeset

Utdeling av påskegodt

Foto: Margunn Hjelmeset

Ane Hjelmeset Kirkeeide og Maria Bjørlo Sandbakk



Palmesøndag 24.3.2013:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2013

Invitasjon til nye Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet.

IL Veten og Harbagg IL inviterer til Holmøyskarrennet i ny drakt, palmesøndag 24.3.2013. Vi har fått følgjande informasjon/invitasjon frå arrangørane:
  • Start og mål på same plass: Nordfjord Fritidsenter(god parkering, kafe, middagservering, garderobe/dusj, mulegheit for overnatting)
  • Ny løype ca 35km(truleg ei av Norges finaste). Startar med 5-6km i lett stigning i kupert skogsterreng med utsikt over Indre Nordfjord, går vidare jamt oppover i fjellterreng (4-5km) før den går over i utførkøyring/lettare parti med utsikt over "Honndalsvatnet" og Sunnmørsalpane. Deretter kjem løypa inn på den gamle traseen (frå Kroken) og ei hard stigning gjennom Holmøyskaret, nedover/renning gjennom Klebergsdalen ned Slettene, før ein siste stigning 1km (opp "Kleiva") og til slutt flatt lettare terreng (6km inn til Nordfjord Fritidsenter/Mål.
  • kort løype/familieløype ca 25km: kryssar over "Tverrfjellet" (går ikkje bakom/nordom Blåeggjene)
  • 3 stk drikkestasjonar
  • Reserveløype på same arene ved dårleg ver
  • Meir info om påmelding m.m på www.holmoyskarrennet.no

 

Invitasjon til Holmøyskarrennet 2013



Dombås 23.3.2013:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2013

Nytt NM-sølv til Johannes Thingnes Bø!

Emil Hegle Svendsen og Johannes Thingnes Bø mot mål. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Emil Hegle Svendsen og Johannes Thingnes Bø på veg mot mål. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 For andre dag på rad vart det NM-sølv til Johannes Thingnes Bø under NM skiskyting på Dombås. Johannes gjekk ut som nummer to på dagens jaktstart og forsvarte plasseringa heilt til mål.

Johannes Thingnes Bø skaut fullt på begge dei liggjande skytingane og ut frå første skyting var han rett i ryggen på leiaren Lars Berger. Dagens einaste bomskot kom på tredje skyting. Då vart det to bom. Det same fekk Lars Berger. Emil Hegle Svendsen og Vetle Sjåstad Christensen klarte seg med ein runde. Dermed var det fire løparar innanfor ein avstand på 15 sekund. På siste skyting skaut både Johannes og Emil Hegle Svendsen fullt og gjekk ut likt på siste runden. Johannes heldt neste følgje med Svendsen heilt i mål, men til slutt sikra Emil Hegle Svendsen seg NM-gullet og kongepokalen 4,9 sekund føre Johannes Thingnes Bø. Lars Berger fekk bronsen. Han var 17 sek bak vinnaren.

Også Tarjei Bø gjekk seg fint oppover lista i dag. Sjølv om det vart tre rundar totalt, var farten i sporten betrakteleg betre enn i går. Dermed gjekk han seg opp fjorten plassar frå i går og enda på ein sjetteplass.

Resultatliste for NM skiskyting jaktstart menn Dombås 23.3.2013

Vi gratulerer med nok eit NM-sølv!

 



Dombås 23.3.2013:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2013

Resultatlister frå finalen i Staftkraftcup junior

 Isak Flo Bødal vann M18. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord vann finalen i Statkraft junior cup klasse M18. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

 

Resultatliste finale Statkraft junior cup fellesstart klasse M18 Dombås 23.3.2013

Resultatliste finale Statkraft junior cup fellesstart M19 Dombås 23.3.2013

Resultatliste finale Statkraft junior cup fellesstart M20-21 Dombås 23.3.2013



Dombås 22.03.2013:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2013

NM-sølv til Johannes Thingnes Bø!!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, Norgescup Geilo 2012

Johannes Thingnes Bø tok sølvmedalje på NM-sprinten. Foto: Anders Vonheim, Norgescup 2012.

 Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sølvmedalje under sprinten på NM skiskyting på Dombås. Johannes var med i teten heile vegen. Han skaut fullt på den liggjande serien medan det vart to strafferundar på ståande. I mål var Johannes berre 28,4 sekund etter gullvinnar Lars Berger som også fekk to rundar på si ståande skyting. Bronsemedaljen gjekk til Emil Hegle Svendsen, også han fekk to strafferundar totalt. Han var 45,7 sek etter vinnaren i mål.

Tarjei Bø vart nummer 20 på sprinten. Han fekk totalt tre strafferundar (2-1) og var 1 min 52 sek etter vinnaren i mål. Også Johan Eirik Meland konkurrerte mot seniorane i dagens sprint. Han fekk tre rundar på liggjande, men skaut fullt på ståande. Det heldt til ein 65. plass. Anders Vonheim kom på 130. plass etter sju bom på standplass.

Resultatliste NM skiskyting sprint menn Dombås 22.3.2013

Vi gratulerer Johannes med NM-sølv!



Dombås 20.3.2013:

Postet av Markane IL den 21. Mar 2013

28. plass til Johannes Thingnes Bø på normalen.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Team Statkraft NordfjordNM i skiskyting starta på Dombås 20. mars med normaldistansen. Tre løparar frå Markane IL var i aksjon, men det vart litt for mange tilleggsminutt til at nokon klarte å hevde seg heilt i teten denne gongen.

Johannes Thingnes Bø vart best av våre med ein 28. plass etter å ha skote på seg ni tilleggsminutt. Han var sju minutt etter vinnaren Vegar Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal IL som kom seg gjennom dei fire skytingane med berre eit minutt i tillegg. Jarle Midthjell Gjørven kom på ein 35. plass 8 min 4 sek etter vinnaren med sju tilleggsminutt. Anders Vonheim vart nummer 65 med ni tilleggsminutt.

Tarjei Bø stilte ikkje til start på normaldistansen. NM held fram fredag med sprint.

Resultatliste NM skiskyting Dombås normaldistanse menn 20.3.2013

 



.

Postet av Markane IL den 19. Mar 2013

 Siste periode av skiposten godt i gong!

logo Markane IL

Siste periode av skiposten er i gong. Postane vert ståande oppe veke 11 - 13. Postane i siste runde er plassert slik: enden av lysløypa frå Stryn Skisenter, Tverrfjellet, Øvrebergsetra, Holsetra og Bjørnehiet.

Så håper vi mange tek turen ut for å klippe korta sine på dei nye postane.

God tur!!

Innleveringsfrist for årets klippekortet er måndag 8.april 2013

Sendast: Margunn Hjelmeset eller Mariann Hjelmeset


 



Khanty Mansijsk 17.03.2013:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2013

7.plass i verdscupavslutninga til Tarjei Bø

Tarjei Bø. Foto frå NRK

Tarjei Bø avslutta verdscupsesongen med ein 7. plass på fellesstarten i Khanty-Mansijsk. Etter to perfekte skyteseriar på liggjande, vart det totalt to strafferundar på dei to ståande seriane. Tarjei låg som mellom seks og åtte gjennom heile løpet og vart til slutt nummer sju i mål.

Verdscupvinnar Martin Fourcade frå Frankrike vann suverent med berre ein strafferunde totalt. Dominik Landertinger, Austerrike, vart nummer to, og Emil Hegle Svendsen sikra norsk tredjeplass. Svendsen fekk også ein strafferunde. Johannes Thingnes Bø var ikkje kvalifisert til å gå fellesstarten.



Seimsåsen 17.3.2013:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann Seimsåsrennet og SSF-cup samanlagt.

 

Pallen i SSF-cup samanlagt G13. Foto: ÅTIL

Pallen i klasse G13 i SSF-cup samanlagt.  1. Simon Hjelmeset Kirkeeide, 2. Eskil Hov og 3. Trygve Brendehaug. Foto: ÅTIL

 Simon Hjelmeset Kirkeeide var einaste deltakar frå Markane IL då årets SSF-cup vart avslutta med Seimsåsrennet 17. mars. Med siger i siste rennet vann han også klasse G13 i SSF-cupen samanlagt.

I Seimsåsrennet vann Simon klassa si føre Eskil Hov frå Kaupanger IL og Trygve Brendehaug frå Syril IL. Dette vart også dei  tre best i samanlagtcupen.

Resultatliste Seimsåsrennet 17.3.2013

SSF-cup samanlagt 2013



Birkebeinerrennet 16.03.2013:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2013

Lokale resultat i Birkebeinnerrennet.

Roar Alsaker.

Roar Alsaker gjekk inn til 70.plass i klasse M40-44.

I alt seks av Markane IL sine medlemer stilte til start i årets Birkebeinerrenn. I tillegg var ein på start i Fredagsbirken. 

Best plassering vart det til Roar Alsaker som blei nummer 70 i klasse M40-44 med tida 3.19.35. Sigbjørn Fænn vart nummer 120 i same klasse med tida 3.25.30. Margunn Hjelmeset var nr 35 i K45-49 med tida 4.08.46. Elles vart Petter Sætremyr (Videonor/MIL)  nr 973 i klasse M25-59. I klasse M50-54 vart Svein Rune Aaland (Volkswagen/MIL)  nr 438 medan Ola Kirkeeide vart nr 208 i klasse M65-69.

Frank Jakob Sandbakk var den einaste frå MIL som deltok i Fredagbirken. Han kom i mål til ein 52. plass i klasse M16-39.

Lokale resultat i Birkebeinerrennet 16.3.2013 og Fredagsbirken 15.3.2013



Sunnylven 16.-17.3.2013:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2013

Krinscupavslutning i skiskyting i Sunnylven

Sigurd Fotland Fænn og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset 

Sigurd Fotland Fænn (t.v) vann klasse G11 både laurdag og søndag medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G13 under sprinten laurdag. Foto: Margunn Hjelmeset. (Tuarennet 2013)

Årets krinscup vart avslutta med sprint og jaktstart i helga. Renna gjekk på Hyttehola fleirbruksanlegg og Sunnylven IL stod som arrangør. 107 deltakarar stilte opp på sprinten medan 103 var på start til jaktstarten. Markane IL hadde 20 løparar på start begge dagar.

På sprinten laurdag fekk Markane fire klassevinnarar: Sigurd Fotland Fænn i klasse G11, Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G13, Gaute Bø i G16 og Johan Eirik Meland i klasse M19. Simon Hjelmeset Kirkeeide stilte ikkje i rennet søndag då han gjekk avslutningsrennet i SSF-cup, men dei tre andre forsvarte teten under jaktstarten og gjekk inn til klassesiger også søndag.

Elles var det fleire gode plasseringar både laurdag og søndag som resultatlistene viser. Laurdagens renn inngjekk i kampen om årets Sparebankkrus som går til beste skyttar gjennom sesongen. Vinnar her vart Andrine Heggen (J14) frå Stårheim IL. Nærast av våre kom Håkon Midthjell Gjørven som enda på femteplass i kampen om Sparebankkruset.

Resultatliste krinscupavslutning sprint Sunnylven 16.3.2013

Resultatliste krinscupavslutning jaktstart Sunnylven 17.3.2013



Khanty Mansijsk 15.03.2013:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2013

31. og 37. plass til Tarjei og Johannes på sprinten.

Tarjei Bø. Foto: fjordingen

Tarjei Bø enda på 31.plass i verdscupsprinten i Khanty- Mansijsk etter å ha fått to bom på ståande skyting. Det var store differansar mellom løparane og avstanden opp til vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike var på 1 min 42 sek.

Johannes Thingnes Bø hadde ein bra dag i sporet og klarte seg gjennom dei to skyteseriane med berre ein bom. Det heldt til ein 37. plass. Han var 1 min 47 sek bak vinnaren.

Verdscupen vert avslutta med jaktstart laurdag og fellesstart søndag.



Khanty-Mansijsk 16.03.2013:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2013

20 treff og 20.plass til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten.

Johannes Thingnes Bø. Foto: FjordingenJohannes Thingnes Bø leverte imponerande skyting på jaktstarten i Khanty- Mansijsk med 20 blanke treff i ruskete snøver.Dermed avanserte han frå gårsdagens 37.plass og opp til ein 20.plass. Han var 2 min 1 sek etter vinnaren.

Også Tarjei Bø gjorde eit godt hopp oppover resultatlista i dag sjølv om det vart tre bom totalt. I mål var han nummer 13, 1 min 39 bak vinnaren Christoph Sumann frå Austerrike. Franskmennene Simon og Martin Fourcade følgde på andre- og tredjeplass.

Årets verdscupsesong vert avslutta med fellesstart i morgon.



Ullsheim 12.03.2013:

Postet av Markane IL den 12. Mar 2013

Resultatliste frå cuprenn 5 -skicross

Synne Slåtten Sandbakk og Ane Luji Egedahl. Foto Margunn Hjelmeset

Synne Slåtten Sandbakk og Ane Luji Egedahl. Foto: Margunn Hjelmeset

I år som i fjor, vart cuprennsesongen avslutta med skicross. 49 deltakarar stilte opp. Som vanleg var det flest i dei yngste klassane. 17 deltok i klassa opp til og med 8 år. Også klassa for 9-10 åringar hadde 17 deltakarar. I klassa for 11-12 åringar vann Synne Slåtten Sandbakk for jentene og Fredrik Lindvik Nesje for gutane. Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 13-14 år. Odd Sindre Tonning vann klassa for menn 15 år og oppover.

Totalt var heile 125 deltakarar innom årets cup. Av desse gjekk 23 alle fem renna. Heile 68 av deltakarane var 10 år eller yngre. I konkurranseklassane vart det følgjande klassevinnarar: Synne Slåtten Sandbakk (J11-12), Fredrik Nesje Lindvik (G11-12), Kari Alsaker (J13-14), Aksel Mathias Meland (G13-14), Janne Alsaker (K senior) og Odd Sindre Tonnning (menn senior).

Resultatliste for rennet og årets samanlagtresultat er lagt ut nedanfor. Samanlagtresultata er rekna ut på følgjande måte: 1) Alle renn er teljande. Dei med fem renn vert rangert føre dei med fire osv. 2) Dei som har delteke på like mange renn, vert rangert etter poeng. Plasseringa i alle renna er lagt saman. Den med lågast poengsum er best.

Alle foto frå skicrossrennet er tekne av Margunn Hjelmeset.

Resultatliste cuprenn 5 skicross Dato: 12.03.2013 

Samanlagtliste Markane-cupen/Telenorcup 2013

 

 Emma Njøten og Joanna Øvre-Flo Kveen

Karoline Flo

Vegard Lødøen Flo og Marius Heggdal Olsen

Anders Meland delte ut frukt. Foto: Margunn Hjelmeset

Anders Meland delte ut frukt til løparane etterkvart som dei kom i mål.

Gjertlin Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Gjertlin Kirkeeide

Amund Bakke. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Mari Sofi Meland. Foto; Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland

Hedda Garlid Hilde i målområdet. Foto: Margunn Hjelmeset

Hedda Garlid Hilde i målområdet

Hedda Garlid Hilde i løypa

Hedda Garlid Hilde i løypa



Sirdal 10.3.2013:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2013

Sølv til Sogn og Fjordane i jr.NM skiskyting

Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal og Johan Eirik Meland tok NM-sølv. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal og Johan Eirik Meland tok NM-sølv på stafetten. Foto: Team Statkraft Nordfjord 

 Sogn og Fjordane I med Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven på laget tok NM-sølv i klasse M17-21 under junior-NM skiskyting i Sirdal.

Johan Eirik Meland gjekk førsteetappe for Sogn og Fjordane I. Han veksla på ein 10.plass i eit felt som var om lag jamt, opp til leiarlaget på dette tidspunktet skilde det 37 sekund. Ole Martin Erdal frå Førde IL gjekk andre etappe. Han måtte ut i ein strafferunde etter den ståande skytinga, men gjekk laget opp til ein niandeplass. Differansen opp til teten var no på 1 min 35 sek. Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god tredje etappe og hadde den nest beste etappetida her. Han gjekk Sogn og Fjordane opp til ein tredjeplass. På ankeretappen gjekk Håvard Gutubø Bogetveit. Han gjekk også raskt i sporet og fekk beste etappetid. Dermed avanserte laget endå ein plass og sikra seg sølv i junior-NM. Vinnar av stafetten vart Sør Trøndelag. Bronsen gjekk til Nord-Østerdal.

Det var også deltakarar frå Markane IL på andre stafettlag under junior-NM i dag. Lars Midthjell Gjørven gjekk første etappe for Sogn og Fjordane i klassa M17-18. Også i denne klassa gjorde Sogn og Fjordane det bra og enda til slutt like utanfor pallen på ein fjerdeplass. Georg Kristian Halsteinslid gjekk første etappe for Sogn og Fjordane III i same klassa. Dette laget kom på 22.plass. I klassa for K17-21 gjekk Janne Alsaker siste etappe på Sogn og Fjordane II som kom i mål på 23. plass.

 Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse K17-21

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse M17-18

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse M17-21

Vi gratulerer sølvvinnarane!!



Sotsij 10.3.2013:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2013

4.plass i stafetten med både Tarjei og Johannes på laget

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Stian Grythaugen

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på Noregs verdscuplag under stafetten i Sotsij. Foto: Stian Grythaug

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø var med på Noreg sitt verdscuplag under stafetten i Sotsij. Dei to andre på laget var Vetle Sjåstad Christiansen og Henrik L`Abee-Lund.

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk bra på første etappe og held Noreg inne i tetkampen. Henrik L`Abee-Lund måtte ut i ein strafferunde på sin andreetappe. Dermed var Noreg noko bak teten då Johannes Thingnes Bø gjekk ut på sin tredje etappe. Johannes gjekk godt i sporet og skaut fullt på liggjande. På ståande gjekk det ikkje fullt så bra. Etter at dei tre ekstra skota vart brukte, stod det att ein blink og dermed vart det ein tur i strafferunden. Tarjei gjekk godt på sin etappe og klarte seg med eit ekstra skot på siste skyting. Likevel vart det akkurat for langt opp til pallen, og Noreg enda på ein fjerdeplass. Russland vann stafetten føre Tyskland og Tsjekkia.

I stafettcupen enda Noreg på ein andreplass samanlagt berre tre poeng etter vinnaren Russland.

 



Volda 10.3.2013:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2013

Resultat frå krinsrenn i skiskyting i Volda

Liv Rigmor Netland. Foto: Margunn Hjelmeset

Liv Rigmor Netland vann klassa for jenter 12 år. Foto: Margunn Hjelmeset, Ullsrennet 2013

Mange unge skiskyttar i aksjon under dagens krinsrenn i Volda. Totalt stilte 99 løparar opp på normaldistansen og av desse representerte 15 Markane IL. Fire av desse gjekk til topps i sine klassar: Liv Rigmor Netland i klasse J12, Gaute Bø i klasse G16, Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G13 og Aksel Mathias Meland i klassa G14. I klassa G14 deltok også Magnus Arntsen som kom i mål til ein fin fjerdeplass.

I klasse G15 var heile tre frå Markane IL på startstreken. Håkon Midthjell Gjørven kom på andreplass, Odd Sindre Tonning på tredje og Andreas Halsteinslid på ein femteplass. Klassevinnar vart Matias Lote Henden frå Stårheim IL. I klassa for jenter 13 år vart Anne Marie Roset nummer to. Vinnar vart Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven.

I klassa for gutar 11 år kom Oskar Guddal Breivik på andreplass og Sigurd Fotland Fænn på tredjeplass. Lasse Flo Bødal vann klassa.

I dei urangerte klassane deltok Maren Hjelmeset Kirkeeide i klassa for jenter 9 år medan i nybyrjarklassa for gutar var heile fem av tretten deltakarar frå Markane: Elias Dispen Lødemel, Anders Svarstad Hole, Nikolai Dispen Lødemel, Sondre Roset og Daniel Langeset.

Neste helg er det klart for krinscupavslutning i Sunnylven.

Resultatliste for dagen er lagt ut nedanfor.

Resultatliste krinsrenn skiskyting Volda 10.03.2013



Cuprenn 2013:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2013

Cuprenn 5-skicross- tysdag 12.mars

Markane-logoDet er klart for sesongens femte og siste cuprenn i Markane-cupen/Telenorcup 2013 tysdag 12.mars.

Sesongen vert avslutta med skicross.

Påmelding frå kl. 1800.

Første start ca. 1840

Startkontingent kr 50 for alle.

Det vert lagt opp til ei svært enkelt skicrossløype for dei minste!

Meir avansert løyper for dei eldre. 

Bruk vanlege langrennsski på skicrossen!

Klasseinndeling:
8 år og yngre:  ingen tidtaking
9 - 10 år:  tidtaking (urangert liste)

11-12 år:  tidtaking, rangert liste
13-14 år: tidtaking, rangert liste
15 år og eldre: tidtaking, rangert liste

Trimklasse utan tid-valfri distanse.

Parkeringsavgift kr 40. (OBS! Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Vi håper både nye og "gamle" cuprenndeltakarar stiller opp på sesongens siste renn!

Velkomne!



Sirdal 9.3.2013:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2013

Resultat frå junior-NM skiskyting sprint  

Johan Eirik Meland. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2011

Jr. NM i Sirdal heldt i dag fram med sprint. For løparane frå Markane vart det litt for mange bomskot til å kome heilt i toppen av lista i dag. Best plassering vart det til Johan Eirik Meland med 21. plass. Johan Eirik leia inn til andre skyting, men fire bom på den ståande serien vart i meste laget for å henge med i teten. I mål var det 1 min 25 sek fram til vinnaren, Martin  Femsteinevik frå Hålandsdal IL.

I klassa M20-21 år vart Jarle Midthjell Gjørven nummer 25 med tre rundar. Han var 1 min 57 sek etter klassevinnar Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL.

I klassa for M 18 vart Lars Midthjell Gjørven nr 37 med to bom. Klassevinnar vart Jonas Hårstad frå Rennebu IL. I klassa for M17 kom Georg Kristian Halsteinslid nr 66 med fem bom medan  Janne Alsaker vart nr 25 i klasse K19 med seks bom.

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M17år sprint

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M18år sprint

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M19år sprint

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 M 20-21år sprint 

Resultatliste for jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 9.3.2013 K19år sprint



Sotsji 9.3.2013:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2013

8.plass til Tarjei Bø på sprinten.

 Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø gjekk seg inn til 8. plass på sprinten i Sotsji. Foto: NRK

Tarjei Bø gjekk inn til 8. plass på sprinten i Sotsji i dag. Etter feilfri liggjande skyting gjekk Tarjei ut på ein femteplass her. Med god fart i sporet var Tarjei godt med i  tetkampen inn til andre skyting. Ein bom på fjerde skotet i den ståande serien øydela sjansen til å kome på pallen. I mål heldt det til ein åttandeplass 1min 5 sek etter vinnaren.

Johannes Thingnes Bø gjekk også eit godt løp. Med to gode skyteseriar gjekk han inn til ny bestenotering i verdscupen på eit individuelt løp med ein 20. plass. Differansen fram til teten var 1 min 30 sek.

Martin Fourcade frå Frankrike tok sigeren også i dette løpet. Russiske Evgenij Ustuygov kom på andreplass 42,3 sek bak medan Henrik L`Abee-Lund kom på tredjeplass. Han var 51 sek etter vinnaren.



Volda 9.3.2013

Postet av Markane IL den 9. Mar 2013

Resultat frå krinsrenn i skiskyting

Jørgen Ringdal Sæter, Torgeir Hauso og Gaute Bø. Foto: Klemet Bø 

Frå høgre: Vinnar av G16 Gaute Bø, Markane IL, Torgeir Hauso, Volda T&IL (nr 2) og Jørgen Ringdal Sæter, Sunnylven IL (nr 3). Foto: Klemet Bø (frå Bendit skiskytterfestival Markane 2013)

Hardbagg IL, Hornindal IL og Volda T&IL stod som arrangørar for krinsrenn i skiskyting laurdag 9.3. Rennet var sett opp som erstatning for tidlegare avlyste renn i krinscupen i vinter. 83 løparar deltok i rennet og av desse 12 frå Markane IL.

Ein løparar frå Markane gjekk heilt til topps i si klasse, Gaute Bø i klasse gutar 16 år. I klassa for gutar 15 år vart det andreplass til Håkon Midthjell Gjørven. I same klasse kom Andreas Halsteinslid på fjerdeplass. Magnus Arntsen kom på fjerdeplass i klassa for gutar 14 år medan Liv Rigmor Netland vart nummer to i klassa for jenter 12 år. Det vart også andreplass til Oskar Guddal Breivik i klassa for gutar 11 år.

I dei yngste klassane som ikkje vert rangerte, deltok Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Jon Erlend Bø i klassa 9-10 år. I nybyrjarklassa var følgjande markarar med: Nikolai og Elias Dispen Lødemel, Daniel Langeset, Karoline Flo, Emma Njøten og Anders Svarstad Hole.

 

Resultatliste krinsrenn skiskyting Volda 9.3.2013  Arrangør: Hardbagg, Hornindal og Volda



Stigedalen 9.3.2013:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2013

Foto og resultat frå SSF-cup" Tuarennet" 2013

Sigurd Fotland Fænn og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset 

Sigurd Fotland Fænn (G11) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (G13) vann kvar si klasse under Tuarennet 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

124 deltakarar var på startstreken då det utsette
Tuarennet vart arrangert laurdag 9.3. Markane IL hadde 10 deltakarar med som alle leverte god innsats i løypene. To gjekk heilt til topps i sine klasser: Sigurd Fotland Fænn vann klassa for gutar 11 år og Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for gutar 13 år. I klassa for gutar 13 år vart det også 12. plass til Vegard Lødøen Flo. Aksel Mathias Meland på ein fjerdeplass i klasse G14 medan Kari Alsaker kom på 6. plass i J13. 6. plass vart det også til Fredrik Nesje Lindvik i klasse G12.

Også i dei yngste klassane som ikkje vert rangerte etter tid, var det god deltaking. Eirik Bjørlo Sandbakk deltok i klassa for gutar 10 år medan Selma Guddal Breivik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole deltok i klassa for jenter 8 år.

Tuarennet inngjekk i årets SSF-cup for rekruttar. SSF-cup 2013 rekrutt/junior vert avslutta neste helg med renn på Seimsåsen Aktivitetssenter (Årdal).

Fleire foto er lagt ut nedanfor. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset.

Resultatliste SSF cup Tuarennet 9.32013

 

Selma Guddal Breivik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset 

Selma Guddal Breivik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole deltok i jenter 8 år.

 

Eirik Bjørlo Sandbakk. Foto: Margunn Hjelmeset

Eirik Bjørlo Sandbakk deltok i gutar 10år.

 

Fredrik Nesje Lindvik. Foto: Margunn Hjelmeset

Fredrik Nesje Lindvik i fint driv i klassa G12.

 

Sigurd Fotland Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn gjekk til topps i klassa G11. 

Vegard Lødøen Flo. Foto: Margunn Hjelmeset

Vegard Lødøen Flo ute i løypa.

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for gutar 13 år.

Kari Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Kari Alsaker etter målgong i klasse J13.

Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland kom på fjerdeplass i klasse G14.

Premieutdeling klasse G11 under Tuarennet 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling i klassa G11.

 Ingrid Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Ingrid Meland.



Sotsji 7.3.2013:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2013

Tarjei Bø beste norske løpar med 15. plass

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø vart best av dei norske skiskyttarane på normaldistansen i Sotsji. På ein ikkje altfor god norsk dag gjekk Tarjei inn til ein 15. plass med to tilleggsminutt. I mål var han 2 min 35 etter Martin Fourcade, Frankrike, som vann suverent. Andreas Birnbacher, Tyskland, vart nummer to og Serhiy Semenov frå Ukraina kom på tredje.

Johannes Thingnes Bø gjekk sin første 20 km i verdscupen. På dei tre første skytingane vart det berre eit bomskot, men med tre bom på den siste skytinga gjekk plasseringa noko lenger ned på lista. I mål vart det ein 68. plass.

Verdscupen held fram laurdag 9.3 med sprint.

 



Sirdal 8.3.2013:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2013

NM-sølv til Johan Eirik Meland på normaldistansen!

Sølv til Johan Eirik Meland på jr NM skiskyting normaldistanse 2013. Foto: Team Statkraft Nordfjord, (NM 2012)

Sølv til Johan Eirik Meland på normaldistansen i junior-NM. Foto: Team Statkraft Nordfjord (arkivfoto frå NM fellesstart i 2012)

Det vart ein flott sølvmedalje til Johan Eirik Meland på normaldistansen i klassa M19 då junior-NM i skiskyting i Sirdal starta i dag. Klassevinnar vart Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL som kom seg gjennom dei fire skytingane med berre to tilleggsminutt. Johan Eirik fekk tre tilleggsminutt og var 1 min 48 sek etter vinnaren. På tredjeplass følgde Fredrik Mack  Rørvik frå Målselvs skiskyttere. Han hadde fem tilleggsminutt og var 3 min 10 sek etter vinnaren.

Også Jarle Midthjell Gjørven gjorde eit godt løp og kom inn til ein femteplass i klasse M20-21. Han var 2 min 45 sek etter klassevinnar Erling Aalvik frå Kvam langrenn og skiskyting. Begge hadde to tilleggsminutt. Lars Midthjell Gjørven vart nummer 20 i klasse M18 med fem minutt i tillegg. Vinnar vart Georg Noer Dotzler frå Fossum IF. Janne Alsaker vart nr 22 i klassa K19. Klassa blei vunnen av Mari Nørstebø frå Svene IL. Georg Kristian Halsteinslid deltok i klasse M17, men braut løpet etter tredje skyting.

Komplette resultatlister frå klassane med deltakarar frå Markane IL nedanfor. Sjå elles heimesida til jr NM Sirdal.

Resultatliste frå jr NM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 M18_Normal

Resultatliste frå jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 M19_Normal

Resultatliste frå jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 M20/21_Normal

Resultatliste frå jrNM skiskyting/DNB cup 6 Sirdal 8.3.2013 K19_Normal

Vi gratulerer med NM-sølv!



Grendadalen 3.3.2013

Postet av Markane IL den 6. Mar 2013

28 deltakarar i Honndalsrennet 2013

 Reiner Aaland, Roger Lillestøl, Sigbjørn Fænn og Roar Alsaker. Foto: Fjordingen, 2012 

Vinnar av Honndalsrennet 2013 Reiner Aaland, Roger Lillestøl (nr 5), Sigbjørn Fænn (nr 3) og Roar Alsaker (nr 4). Foto: Fjordingen (frå Holmøyskarrennet 2012)

28 deltakarar stilte til start i Honndalsrennet 2013 herav to frå Markane IL. Honndalsrennet vart i år arrangert for 43. gong. Vinnar av årets renn vart Reiner Aaland, Hornindal IL (M26-30) med tida 1.04.00. Andreplassen gjekk til Runar Korsnes frå Emblem IL (M21-25) på 1.06,04. Sigbjørn Fænn, Markane IL vart nummer tre totalt (M41-45) med 1.07,44 og Roar Alsaker, Markane IL (M41-45) vart nummer fire i rennet totalt med 1.07,45.

Beste dame vart Ann Kristin Hoel frå Valldal IL på 1.31,10 som deltok i klassa K19-20.

Komplett resultatliste for rennet er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for Honndalsrennet 3.3.2013



Holmenkollen 3.3.2013:

Postet av Markane IL den 4. Mar 2013

Tarjei Bø med 7. plass på fellesstarten

Tarjei Bø på siste skyting under fellesstarten i Holmenkollen 3.3.2013. Foto frå NRK

Tarjei Bø var med i kampen om pallplassane heilt fram til siste skotet. Foto frå NRK.

 Tarjei Bø kom til slutt på 7. plass under fellesstarten i Holmenkollen. Sjansen til å kome på pallen i dagens løp rauk då det vart bom på det siste skotet på den fjerde skytinga.

Tarjei byrja dagens fellesstart med to fulle hus på dei liggjande skytingane. På den tredje skytinga  vart det ein bom. Tarjei gjekk likevel ut på ein femteplass med 28 sekund opp til leiaren. Inn til siste skyting hadde avstanden auka til 50 sekund. Med rask og feilfri skyting hadde Tarjei vore tilbake i kampen om pallplass, men med bom på siste skotet vart det for langt fram. I  mål heldt det til ein 7. plass. Vinnar av fellesstarten vart Ondrej Moravec frå Tsjekkia som klarte 19 av 20 treff. Martin Fourcade følgde på andreplass og Erik Lesser vart nummer tre.



Verdscupen i skiskyting:

Postet av Markane IL den 4. Mar 2013

Johannes Thingnes Bø teken ut til fleire verdscuprenn.

Johannes Thingnes Bø. Foto. Team Statkraft Nordfjord

Etter fin innsats i sin individuelle verdscupdebut i Holmenkollen med 25. og 28. plass er Johannes Thingnes Bø teken ut til dei to avsluttande verdscuphelgane. Dermed er Johannes på startstreken når verdscupen i skiskyting held fram i  neste års OL-by Sotsij 7.-10. mars og under avslutningshelga for årets verdscup i Khanty-Mansijsk 14.-17. mars.

Tarjei Bø er sjølvsagt også teken ut på laget til sesongavslutninga. Dette melder NRK Sport i dag.

Vi ønskjer lukke til!!

 



Holmenkollen 2.3.2013:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2013

Andreplass til Tarjei Bø på jaktstarten.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen, Fjordingen

Det vart også i dag pallplass til Tarjei Bø då han gjekk inn til ein  andreplass etter Martin Fourcade på dagens verdscupjaktstart i Holmenkollen.

Tarjei og Martin Fourcade gjekk ut likt på jaktstarten. På den første skytinga skaut dei begge fullt hus, men på den andre skytinga fekk Tarjei to bom medan Fourcade klarte seg med ein bom. Dermed fekk franskmannen ei leiing som han heldt på heilt til mål. Tarjei skaut fullt på tredje skyting, medan det vart ein bom på siste skyting. I mål var Martin Fourcade 27,7 sek før Tarjei Bø. Russaren Alexandr Loginov kom inn til tredjeplass 35,5 sek etter vinnaren.

Johannes Thingnes Bø gjekk seg opp tre plassar på jaktstarten og kom i mål til ein 25. plass. Totalt vart det fem bom på standplass (2-1-0-2). Det var varierande vindforhold og dei fleste utøvarane måtte tåle nokre strafferundar. I mål var Johannes 3 min 17 etter vinnaren Fourcade.



Holmenkollen 28.2.2013:

Postet av Markane IL den 28. Feb 2013

Tarjei Bø vann verdscupsprinten i Holmenkollen!

Tarjei Bø vann verdscupsprinten i Holmenkollen. Foto: NRK

Tarjei Bø vann verdscupsprinten i Holmenkollen. Foto frå NRK.

Tarjei Bø vann for første gong eit verdscuprenn i Holmenkollen då han gjekk heilt til topps på dagens sprint. Med rask og feilfri skyting slo Tarjei franske Fourcade med minste mogleg margin. I mål skilde det berre 0,1 sekund i Tarjeis favør. Fourcade fekk to bom på standplass, og gjekk dermed noko raskare i løypa enn Tarjei. Andriy Deryzemlia frå Ukraina tok tredjeplassen 7,7 sekund bak Tarjei.

Johannes Thingnes Bø debuterte i den individuelle verdscupen. Også han skaut godt men fullt hus på liggjande og ein bom på ståande. Farten i sporet var noko lågare enn dei beste, og i mål heldt det til ein 28. plass, 1 min 39 sek bak Tarjei.

Verdscupen i skiskyting held  fram med jaktstart laurdag.

Vi gratulerer Tarjei med verdscupsiger!!

 



Ullsheim 28.2.2013:

Postet av Markane IL den 28. Feb 2013

Resultat frå cuprenn 4- omvendt jaktstart fri teknikk

Cristine Indrebø Turøy og Synne Slåtten Sandbakk. Foto; Borghild Hjelmeset

Cristine Indrebø Turøy og Synne Slåtten Sandbakk var med i klassa for jenter 11-12 år.  Foto: Borghild Hjelmeset

 56 deltakarar stilte opp i sesongens nest siste cuprenn. Rennet gjekk som ein omvendt jaktstart i fri teknikk for klassane frå 11 år og oppover. Utgongpunktet for jaktstarten var det første rennet i årets sesong. Omvendt jaktstart vil seie at resultatlista vert snudd i høve til korleis det gjekk i det første rennet. Dermed gjekk vinnarane frå renn 1 ut til slutt i sine klassar. Tida er oppgjeven som differansar etter vinnaren, og  vil dermed nødvendigvis ikkje tilsvare løpstida i dette løpet.

 Klassevinnar i klassa for jenter 11-12 år vart Liv Rigmor Netland. I klassa for gutar 11-12 år vann Nikolai Dispen Lødemel. I klassane for 13-14 åringar vart Kari Alsaker og Aksel Mathias Meland klassevinnarar. Roar Alsaker vann klassa for menn senior.

Størst deltaking var det også denne gongen i dei yngste klassane. Heile 21 stilte opp i klassa for dei som er 8 år eller yngre. I klassa for 9-10 år deltok 14 løparar denne gongen.

Fleire foto frå rennet nedanfor. Alle foto er tekne av Borghild Hjelmeset

Resultatliste cuprenn 4 omvendt jaktstart fri teknikk Dato: 28.02.2013

 

Klare til start i yngste klasse. Foto: Borghild Hjelmeset

Klare til start i yngste klasse. Frå høgre: Amund Bakke, Inger Hjelmeset, Kornelia Trøsken og Maria Bjørlo Sandbakk.

Kornelia Trøsken. Foto: Borghild Hjelmeset

Kornelia Trøsken klar til løp. I bakgrunnen Maria Bjørlo Sandbakk.

Eirik Bjørlo Sandbakk. Foto: Borghild Hjelmeset

Eirik Bjørlo Sandbakk.

Magnus Midthjell Gjørven og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Borghild Hjelmeset

Magnus Midthjell Gjørven og Sigurd Fotland Fænn

Karoline Almskår. Foto: Borghild Hjelmeset

Karoline Almskår vel i mål.

Torje Seljeset og Jon Erlend Bø. Foto: Borghild Hjelmeset

Torje Seljeset og Jon Erlend Bø spurtar mot mål i klasse 9-10 år.

 Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Borghild Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide i mål etter fullført løp i klasse 9-10 år.

Torje Seljeset. Foto: Borghild Hjelmeset

Torje Seljeset

Daniel Langeset. Foto: Borghild Hjelmeset

Daniel Langeset etter målgong.

Hedda Garlid Hilde. Foto: Borghild Hjelmeset

Hedda Garlid Hilde i målområdet

Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Borghild Hjelmeset

Nikolai Dispen Lødemel vann klassa for gutar 11-12 år.

 Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik. Foto: Borghild Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik i gong med sin omvendte jaktstart.

Fredrik Nesje Lindvik i fint driv i klassa for gutar 11-12 år.

Magnus Arntsen (nr 123) og Vegard Lødøen Flo (nr 122) klare til start i klassa for gutar 13-14 år.

Wenche Arntsen og Ingrid Meland var heiagjeng ved løypa.

Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 13-14 år.



Strynehallen 9.3.2013:

Postet av Markane IL den 26. Feb 2013

Innbyding Strynhalleikane 2013

Oppstryn IL og Olden IL inviterer inn til Strynehalleikane laurdag 9. mars kl. 12.00 i Strynehallen. Stemnet er for alle klassar (gutar/jenter 10-18 år /jun./sen./veteran). 9-åringar kan delta i 10-årsklassen.

ØVINGAR: 40m, høgde (med tilløp), lengde (med tilløp) og kule. Det vert 3 forsøk i lengde og 4 forsøk i kule, på 40m eit løp og tida er avgjerande. Det er påbode med hallsko eller lyse sålar (ikkje piggsko).

PREMIERING: Deltakarpremie til alle i 10-, 11- og 12-årsklassen. Vanleg premiering i dei andre klassane. I tillegg premiar uttrekt på startnummer.

PÅMELDING: Dei som ønskjer å delta, melder seg på til Aslaug Thingnes Bø på e-post aslaugtb@gmail.com. Påmeldingsfristen er 6.mars, men gjev gjerne beskjed i god tid før fristen!!

STARTKONTINGENT: kr. 50 pr. øving for klassane 10-14 år, og kr. 70 pr. øving for klassane 15 år og eldre. Påmeldingskontingent til bankkonto nr. 3705.13.51305

Komplett invitasjon nedanfor:

Invitasjon Strynehalleikane 2013

 



Lillehammer 24.2.2013:

Postet av Markane IL den 24. Feb 2013

Gull til Sogn og Fjordane under jr NM stafett!!

-Flott ankeretappe av Johannes Thingnes Bø.

Gull til Sogn og Fjordane I under jr  NM stafett, Lillehammer 2013. Foto: Vestpress/NRK 

Johannes Thingnes Bø, Hallvard Evjestad, Gjøran Tefre og Roger Øye Pollen tok gull for Sogn og Fjordane under jr. NM på Lillehammer. Foto frå Vestpress/NRK.

For andre året på rad vart det NM-gull til Sogn og Fjordane under jr NM nordiske greiner 2013 på Lillehammer. Johannes Thingnes Bø sikra gullet etter ein solid ankeretappe.

Roger Øye Pollen gjekk første etappe for Sogn og Fjordane og veksla på ein 17. plass, men med berre 30 sekund opp til teten. Gjøran Tefre gjekk laget heilt opp i gullkampen og inn til andre veksling låg Sogn og Fjordane på ein fjerdeplass. Hallvard Evjestad gjekk laget opp i leiinga. Ei leiing Johannes Thingnes Bø tok godt vare på under sin ankeretappe. I mål var Sogn og Fjordane 6,5 sekund føre sølvvinnar Oppland og 7,5 sekund føre Akershus som tok bronse.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk siste etappe på Sogn og Fjordane II. Han gjekk opp laget tre plassar på sin etappe. Sogn og Fjordane II gjekk i mål  til ein 27. plass. Ei fin plassering i eit felt med heile 110 lag.

Resultatliste NM junior stafett Lillehammer 24.2.2013 

Vi gratulerer med NM-gull!



Nordfjord fritidssenter 24.2.2013:

Postet av Markane IL den 24. Feb 2013

Stor deltaking frå Markane IL i Vetenrennet 2013.

 Kari Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Kari Alsaker var ein av deltakarane frå Markane IL som gjekk til topps i si klasse under Vetenrennet 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

 96 løparar stilte til start under Vetenrennet 2013. Markane IL var godt representert blant desse. Heile 17 deltakarar frå Markane var på start i dag. Alle deltok i klassane 14 år eller yngre, og fire gjekk heilt til topps i sine klassar.

I klassa for gutar 11 år vart det klassesiger til Oskar Guddal Breivik. Her følgde Sigurd Fotland Fænn på andreplass berre seks sekund bak. I klassa for gutar 13 år vann Simon Hjelmeset Kirkeeide. Eskil Kveen vart nummer to. Kari Alsaker vann klassa for jenter 13 år medan Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 14 år. I  denne klassa kom Magnus Arntsen på femteplass. I klassa for gutar 12 år kom Magnus Midthjell Gjørven på andreplass. 

Også i klassane for dei yngste deltakarane som ikkje vert rangerte etter tid, var Markane godt representert. I klassane for tiåringar deltok Anders Svarstad Hole og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Torje Seljeset deltok i klassa for niåringar medan Mari Sofi Meland, Selma Guddal Breivik og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassa for jenter åtte år. I klassa for dei som er sju år eller yngre leverte Oda Svarstad Hole, Inger Hjelmeset og Kornelia Trøsken flott innsats i den 500 m lange løypa.

Komplett resultatliste frå årets Vetenrenn nedanfor: 

Resultatliste Vetenrennet 24.2.2013

Mari Sofi Meland under Vetenrennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland i fint driv under Vetenrennet 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Fleire foto nedanfor. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset

 

Kornelia Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Kornelia Trøsken var yngste deltakar frå Markane IL under Vetenrennet.

Inger Hjelmeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset deltok i yngste klasse.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide deltok i klasse jenter  8 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide leverte god innsats i klassa for jenter 8 år.

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik i fint driv i løypa.

Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik.

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassa for jenter 10 år.

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik klar for start i Vetenrennet 2013.

Anders Svarstad Hole på startstreken. Foto: Margunn Hjelmeset

Anders Svarstad Hole og Tord Sølvberg klare til start.

Inger Hjelmset og Oda Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset og Oda Svarstad Hole.

Sigurd Fotland Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass i G11.

Johnny og Torje Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Johnny og Torje Seljeset.

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Midthjell Gjørven kom på andreplass i klasse G12.

Eskil Kveen. Foto: Margunn Hjelmeset

Eskil Kveen gjekk inn til andreplass i klasse G13.

Aksel Mathias Meland. Foto: Margun Hjelmeset

Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 14 år.

Magnus Arntsen. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Arntsen vart nr 5 i klasse G14.

Oskar Guddal Breivik, Eskil Kveen, Kari Alsaker og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmset

Frå venstre: Oskar Guddal Breivik, Eskil Kveen, Kari Alsaker og Simon Hjelmset Kirkeeide

 Premieutdeling for klasse G14. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling for klasse G14. Frå venstre: Oskar Fjelldal, Vegar Skrede, Magnus Arntsen, Nikolai Larssen Hunvik, Sivert Myrold, Eirik Rauset og Aksel Mathias Meland.

 



Cuprenn 2013:

Postet av Markane IL den 24. Feb 2013

Klart for sesongens 4.cuprenn TORSDAG 28.februar!

Markane-logoDet er klart for sesongens fjerde renn i Markane cupen/Telenorcup TORSDAG 28. februar.

Rennet går som omvendt jakstart i fri teknikk.

Påmelding frå kl. 1800.

Første start ca. 1840

Startkontingent kr 50 for alle.

 

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -omvendt jaktstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - omvendt jaktstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - omvendt jaktstart, tidtaking

Den omvendte jaktstarten går med utgongspunkt i resultata i renn nr 1, men det er sjølvsagt mogleg å delta også for dei som ikkje gjekk dette rennet!!

Trimklasse utan tid-valfri distanse.

Parkeringsavgift kr 40. (OBS! Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Vi håper både nye og "gamle" cuprenndeltakarar stiller opp på sesongens nest siste cuprennTORSDAG!

Velkomne!



Voss 22.2-24.2.2013:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2013

Resultat frå  Hovudlandsrennet i skiskyting 2013.

 Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, (Kvalfoss-sprinten 2013)

Hovudlandsrenn i skiskyting 2013 starta på fredag med første øving, normaldistansen. Mange unge skiskyttarar i klassane  15-16 år stilte til start på Voss. I største gutteklassen var heile 127 deltakarar påmelde. Også Markane IL hadde fire løparar på start, ein i klassa G16 og tre i klasse G15. Det vart litt for mange tilleggsminutt til at nokon kom med heilt i toppen. Best plassering vart det til Håkon Midthjell Gjørven (foto) i klasse G15 med 41.plass (1 bom). I same klassa vart Andreas Halsteinslid nr 77 (3 bom) og Odd Sindre Tonning nr 93 (7 bom). Klassevinnar vart Fredrik Bucher-Johannessen frå Try IL.

I klassa for gutar 16 år vart Gaute Bø nummer 82 med tre bom. Klassevinnar her vart Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL. 

Laurdag var det sprint som stod på programmet. Også på sprinten vart det fire frå Markane IL på startstreken. I klassa for gutar 15 år kom Odd Sindre Tonning i dag på 58. plass med fire strafferundar.Håkon Midthjell Gjørven vart nr 75 med totalt fem bom, medan Andreas Halsteinlid vart nr 83 med tre strafferundar. Klassevinnar i 15 års klassa vart Håvard Kne Galåen frå Røros IL som skaut feilfritt. I klassa for gutar 16 år vart Gaute Bø nr 80. Totalt vart det fem bom på dei to skytingane. Klassevinnar vart Harald Øygard frå Skrautvål IL.

Hovudlandsrennet vart avslutta søndag med stafettar. Odd Sindre Tonning og Håkon Midthjell Gjørven gjekk på Sogn og Fjordane sitt førstelag for 15 åringar saman med Lars Erik Telseth og Matias Lote Henden. Dei kom i mål til ein 16. plass. Førstelaget frå Oslo og Akershus vann klassa. Andreas Halsteinslid og Gaute Bø gjekk på Sogn og Fjordane sitt førstelag i klassa G15-16. Med seg på laget hadde dei Torgeir Grønningseter Hauso og Jørgen Ringdal Sæter. Dei gjekk seg inn til ein 23.plass. Klassevinnar vart Buskerud lag I.

 Resultatliste for Hovudlandsrenn skiskyting normaldistanse Voss 22.2.2013. Alle klassar.

Resultatliste for Hovudlandsrenn skiskyting sprint Voss 23.2.2013 Klasse G15 og G16

Resultatliste Hovudlandsrennet skiskyting Voss stafett 24.2.2013 Alle klasser



.

Postet av Markane IL den 21. Feb 2013

Glimt frå Bendit skiskytterfestival.

Markane 12.-13.1.2013

Omlag 145 løparar stilte til start i både sprint og normaldistanse då Bendit skiskytterfestival gjekk av stabelen på Ullsheim 12. og 13. januar. I strålande solskinn leverte mange unge løparar flott innsats både i løypa og på standplass. God innsats var det også av alle funksjonærane som villeg stilte på for å få arrangementet vel i hamn. Deltakarar frå heile området mellom Vik i Sogn og Molde var samla på Ullsheim. Nedanfor kan du sjå film frå Bendit skiskytterfestival, Markane.

 



.

Postet av Markane IL den 21. Feb 2013

Foto frå Tverrfjelldilten 2013

Andre Haugsbø og Torunn Grut vann Tverrfjelldilten 2013. Foto: Inge Fænn

Andre Haugsbø frå Gaular IL og Torunn Grut frå Syril IL vann Tverrfjelldilten 2013. Foto: Inge Fænn

Per Knut Åland, Jan Arve Solheim og Roar Alsaker. Foto: Inge Fænn

Tre klassevinnarar: Per Knut Aaland (M56-60), Jan Arve Solheim (M46-51) og Roar Alsaker (M41-45). Foto: Inge Fænn

 

Cato Ryste tek føringa ut frå start. Foto: Inge Fænn

Cato Ryste i føringa ut frå start. Foto: Inge Fænn

Nils Magne Slinde. Foto: Inge Fænn

Nils Magne Slinde frå Syril IL. Foto: Inge Fænn

Ivar Ulvedal. Foto: Inge Fænn

Ivar Ulvedal fullførte 20 km i fin stil. Foto: Inge Fænn

Ingvild og Eli Hoggen. Foto: Inge Fænn

Ingvild og Eli Bente Hoggen vart klassevinnarar i høvesvis K21-35 og K51-55. Foto: Inge Fænn

Oda Midtlynge Klempe frå Meldal IL. Foto: Inge Fænn

Oda Midtlynge Klempe frå Meldal IL kom på tredjeplass i K21-35. Foto: Inge Fænn



Ullsheim 12.-13.1.2013:

Postet av Markane IL den 20. Feb 2013

Glimt frå Bendit skiskytterfestival,Markane 12.-13.1.2013

Omlag 145 løparar stilte til start i både sprint og normaldistanse då Bendit skiskytterfestival gjekk av stabelen på Ullsheim 12. og 13. januar. I strålande solskinn leverte mange unge løparar flott innsats både i løypa og på standplass. God innsats var det også av alle funksjonærane som villeg stilte på for å få arrangementet vel i hamn. Deltakarar frå heile området mellom Vik i Sogn og nord til Molde var samla til renn på Ullsheim.

Foto og resultat frå årets festival kan du finne i venstremenyen under Bendit skiskytterfest. Her kan du også finne lenke til filmen nedanfor:

 



.

Postet av Markane IL den 18. Feb 2013

Resultatlister for Tverrfjelldilten

Resultatliste for Tverrfjelldilten 16.2.2013

Resultatliste for Tverrfjelldilten 15.2.2014



Steinkjer 17.2.2013:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2013

2xNM-gull i mix-stafett!!

-Lars og Jarle Midthjell Gjørven på gullaga.

Nm-gull mix-stafett klasse 17-18 år. Foto: Janne Alsaker 

NM-gull på mix-stafett i klasse 17-18 år: Lars Midthjell Gjørven, Mari Sollid Eide og Isak Flo Bødal. Foto: Janne Alsaker

Det vart NM-gull til både Lars og Jarle Midthjell Gjørven på NM-mix-stafett under jr. NM i Steinkjer. I klassa for mix-stafett 17-18 år tok Lars gull saman med Mari Sollid Eide og Isak Flo Bødal, begge frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord.

Jarle Midthjell Gjørven tok også NM-gull saman med Heidi Flo Bødal og Håvard Gutubø Bogetveit i klassa mix-stafett 17-21 år.

Markane IL hadde også løparar i aksjon på andre lag frå Sogn og Fjordane som leverte god innsats. I klassa for mix 17-21 gjekk Johan  Eirik Meland på Sogn og Fjordane II som kom på 18. plass. I klass for mix 17-senior gjekk både Janne Alsaker og Georg Kristian Halsteinslid på Sogn og Fjordane II som kom i mål til 19. plass.

Resultatliste NM mix-stafett klasse17-18 år Steinkjer 17.2.2013

Resultatliste NM mix-stafett klasse 17-21 år Steinkjer 17.2.2013

Resultatliste NM mix-stafett klasse 17-21 år Steinkjer 17.2.2013

Heidi Flo Bødal, Håvard Gutubø Bogetveit og Jarle Midthjell Gjørven tok gull på mix 17-21. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Heidi Flo Bødal, Håvard Gutubø Bogetveit og Jarle Midthjell Gjørven tok gull på mix-stafetten 17-21 år. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Vi gratulerer med NM-gulla!



Nove Mesto 17.2.2013:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2013

VM-gull til Tarjei på fellesstarten!!

Tarjei Bø vann fellesstarten i VM 2013. Foto: NRK 

Tarjei Bø vart verdsmeister på fellesstarten i Nove Mesto. Foto frå NRK.

Tarjei Bø tok GULL på den avsluttande distansen under VM i skiskyting i Nove Mesto. Tarjei gjekk ein perfekt fellesstart med 20 treff på standplass og god fart i løypa.

Tarjei var med i teten under heile løpet, og ut frå siste skyting hadde Tarjei ei lita leiing på 6 sekund ned til Emil Hegle Svendsen, Anthon Shipulin og med eit heilt kobbel med løparar nesten hakk i hæl. Tarjei leverte ein suveren sisterunde og klarte og halde forfølgjarane bak seg heilt til mål. Dermed avslutta Tarjei Bø VM med individuelt gull. Sølvet gjekk til Anthon Shipulin medan Emil Hegle Svendsen tok bronse.

Vi gratulerer Tarjei som verdsmeister!!



Holmenkollen 16.-17.2.2013:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2013

9.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i Ungdommens Holmenkollrenn

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Fjordingen, Ullsrennet 201

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 9. plass i klassa G13 år under Ungdommens Holmenkollrenn fri teknikk. Foto: Fjordingen, Ullrennet2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på ein flott niandeplass i klasse G13  under Ungdommens Holmenkollrenn i fri teknikk. Heile 267 løparar frå heile landet var med. Differansen fram til klassevinnar Ansgar Evensen frå Vind IL var på 53 sekund. Også Aksel Mathias Meland gjorde det godt på dagens løp i fri teknikk. Han vart nr 33 i klasse G14. I denne klassa var det heile 312 deltakarar. Avstanden opp til klassevinnar Filip Fjeld Andersen var på berre 45 sekund.

Simon og Aksel deltok også på gårsdagens Ungdommens Holmenkollrenn i klassisk stil. Her vart Aksel nr 128 av 319 løparar og Simon nr 51 av 273 løparar. Resultatlister frå helga er lagt ut nedanfor. 

Resultatliste frå Ungdommens Holmenkollrenn fri teknikk 17.2.2013 Klassane gutar 13 og 14 år

Resultatliste Ungdommens Holmenkollrenn klassisk stil 16.2.2013 Klassane G13 og G14

Denne helga var det også renn i SSF-cup då Kleivanerennet vart arrangert 17.2. Det stilte ingen frå Markane til start her i år, men nedanfor er samanlagtlista for SSF-cupen før dei to siste renna.

Samanlagtliste SSF-cup 17.2.2013



Bansko 18.-26.2.2013

Postet av Markane IL den 16. Feb 2013

Sjuk Johannes Thingnes Bø må stå over EM

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø har vorte sjuk og må stå over U26-EM i Bulgaria. EM vert arrangert i perioden 18.-26. februar. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Johannes har framleis håp om å få sin verdcupdebut i slutten av sesongen. Begge dei to siste verdscuphelgane vert arrangerte i Russland, høvesvis i Sotsji og Khanty-Mansijsk. 



Ullsheim 16.02.2013:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2013

Tverrfjelldilten 2013

Andre Haugsbø og Torunn Grut vann Tverrfjelldilten 2013. Foto: Inge Fænn

Andre Haugsbø frå Gaular IL og Torunn Grut frå Syril IL vann Tverrfjelldilten 2013. Foto: Inge Fænn

Vel 100 løparar var på start då tidenes første Tverrfjelldilten vart arrangert. Tverrfjelldilten er som einaste renn i Sogn og Fjordane  godkjendt som seedingrenn til Birkebeinerrennet. På grunn av lite snø i område Veten-Hogden var løypa noko justert i høve til det som opprinneleg var planlagt. Rennet gjekk som to rundar gjenom følgjande trase: Ullsheim-Lundasetra-Spjelkebu-Vikadalen-Holesetra-deler av Panoramaløypa ut mot Grendasetra og tilbake til Holesetra og ned igjen til Ullsheim via lysløypa. Totalt 40 km.

 Raskaste tid i herreklassane hadde Andre Haugsbø frå Gaular IL (M21-35) med tida 2.03.15,8 medan Torunn Grut frå Syril IL (K46-50) var raskast blant damene på tida 2.33.57,6. På dei neste plassane i herreklassa følgde Roar Alsaker frå Markane IL (M41-45) med 2.13.49,6 og Jan Arve Solheim (M46-50) frå Eikefjord IL på tida 2.14.01,5. Andreplassen blant damene gjekk til Frida Øygard (K19-20) frå Førde IL med 2.53.00,5 medan Ingvild Hoggen (K21-35) frå Volda T&IL kom inn på tredje best tid med 3.09.22,0

I tillegg til det 40 km lange seedingrennet var det også arrangert familierenn på 10 km. Løypa gjekk frå Ullsheim til Lundasetra, Spjelkebu, Holesetra og tilbake til Ullsheim. I alt 45 personar, herav 16 born og 29 vaksne, stilte opp i dette rennet. Arrangementa vart skipa i samarbeid mellom Markane IL, Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, idrettskrinsen og skikrinsen.

Per Knut Åland, Jan Arve Solheim og Roar Alsaker. Foto: Inge Fænn

Tre klassevinnarar: Per Knut Aaland (M56-60), Jan Arve Solheim (M46-51) og Roar Alsaker (M41-45). Foto: Inge Fænn

 Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor.

Resultatliste for Tverrfjelldilten 16.2.2013

Deltakarliste familierenn 16.2.2013

 

Cato Ryste tek føringa ut frå start. Foto: Inge Fænn

Cato Ryste i føringa ut frå start.

 Nils Magne Slinde. Foto: Inge Fænn

Nils Magne Slinde frå Syril IL.

Ivar Ulvedal. Foto: Inge Fænn

Ivar Ulvedal fullførte 20 km i fin stil.

Ingvild og Eli Hoggen. Foto: Inge Fænn

Ingvild og Eli Bente Hoggen vart klassevinnarar i høvesvis K21-35 og K51-55.

Oda Midtlynge Klempe frå Meldal IL. Foto: Inge Fænn

Oda Midtlynge Klempe frå Meldal IL kom på tredjeplass i K21-35.



Nove Mesto 16.2.2013:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2013

VM-gull til Tarjei Bø på stafetten!!

VM-gull på stafetten i Nove Mesto. Foto: NRK

Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bøe, Henrik L'Abee-Lund og Ole Einar Bjørndalen tok gull på VM-stafetten i Nove Mesto. Foto: NRK

 Det vart gull til Tarjei Bø og resten av det norske stafettlaget under VM i Nove Mesto i dag.

Det norske laget gjorde suveren innstad. Ole Einar Bjørndalen gjekk første etappe og sjølv om det vart tre ekstraskot var Noreg berre fire sekund etter Tyskland ved første veksling. Henrik L'Abee-Lund gjekk andre etappe og med ti treff kunne han sende Tarjei ut på tredje etappe i leiinga, like føre Tyskland. Tarjei gjekk ein flott tredje etappe. Inn til den ståande skytinga var Norge, Tyskland og Russland samla i ein trio. Tarjei viste klasse på standplass og fekk fem treff. Tyskland gjekk ut på ein andreplass, åtte sekund bak. Russland sprakk på skytinga, og måtte ut i to strafferundar. Inn til veksling auka Tarjei leiinga ytterlegare og sende Emil  Hegle Svendsen ut i sporet 16 sekund føre Tysklands ankermann Lesser. Emil Hegle Svendsen gjekk suverent i sporet og med berre eit ekstraskot på siste skyting, var Noreg suverene i mål. Frankrike kom på andreplass 1 min 12 sek bak medan det vart bronse til Tyskland 1 min 18 sek bak Noreg.

Vi gratulerer med stafettgull!!

 

 



Steinkjer 16.2.2013:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2013

Resultat frå NM jr fellesstart/DNB cup 5

Jarle Midthjell Gjørven oppnådde beste plassering av markaneløparane på NM-fellesstart med ein 9. plass. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det var i dag klart for NM jr i fellesstart under Norgescuphelga i Steinkjer. Det kom ingen frå Markane IL heilt opp på pallen i dag, men fleire fekk fine plasseringar. Best plassering av våre fekk også i dag Jarle Midthjell Gjørven (foto) med ein niande plass i klassa for menn 20-21 år. Med ein bom  på kvar av dei fire skytingane vart det 1 min 48 sek opp til klassevinnar Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL. Johan Eirik Meland kom på 12. plass i klassa for menn. Også han fekk ein bom  på kvar skyting og var med det 1 min 27 sek etter klassevinnar Vemund Ravnsborg Gurigard som berre fekk ein runde totalt.

I klassa for menn 18 år kom Lars Midthjell Gjørven på ein 17. plass etter å ha pådrege seg seks rundar på skytinga. Han var 2 min 22 etter vinnaren Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL. Helge Kvam Karbø frå Sunnylven IL/Team Statkraft Nordfjord følgde på sølvplass berre 18 sekund etter vinnaren. Grunde Breidablik kom på  51. plass i same klasse etter å ha fått åtte bom på standplass.

I klassa for menn 17 år vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 56 med sju rundar. Vinnar av 17 års klassa vart Eirik Ishol Skogan frå Steinkjer IL. Janne Alsaker kom på 22. plass i klassa for kvinner 19 år, også ho med sju rundar. Vinnar her vart Marie Nørstebø frå Svene IL.

NC i Steinkjer held fram med NM i mixed-stafett i morgon

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse menn 17år

Resultatliste for NM jr fellesstart DNB cup 5 Dato 16.2.2013 Menn 18 år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse menn 19år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse kvinner 19 år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse menn 20-21år



Nove Mesto 14.2.2013:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2013

12.plass til Tarjei Bø på normaldistansen

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø hadde sjansen til gull heilt til siste ståande skyting på 20 km under VM i Nove Mesto i dag. Tarjei hadde 15 treff på dei tre første seriane, og etter at Martin Fourcade hadde bomma ein gong ville Tarjei gå ut i leiinga med fullt hus på siste skyting. Men på siste skyting vart det to bom og dermed også to minutt i tillegg. Dermed vart det til slutt ein 12. plass.

Martin Fourcade vann 20 km føre Tim Burke frå USA og Fredrik Lindstrøm frå Sverige.

Neste løp for Tarjei er stafetten på laurdag.



Steinkjer 15.2.2013:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2013

2.plass til Jarle Midthjell Gjørven på NC-sprinten

 Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 3.3.2012

Jarle Midthjell Gjørven kom på andreplass under NC-sprint i Steinkjer. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 3.3.2012

DNB cup5/Statkraft jr cup 4 vert arrangert i Steinkjer denne helga. Første løp på programmet var sprint, og i klassa for menn 20-21 år kom Jarle Midthjell Gjørven på pallen med ein flott andreplass! Med feilfri skyting og bra fart i løypa skilde det berre 12,8 sekund opp til vinnaren Håkon Svaland frå Birkenes IL. Svaland fekk to bom, men var raskast i løypa i dag. På tredjeplass kom Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL. Han var 18,5 sekund bak vinnaren.

Også dei andre markaneløparane som var i aksjon leverte solid innsats. I klassa for menn 18 år blei Lars Midthjell Gjørven nummer 13. Med to rundar var han 1 min 42 sek etter vinnaren Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL. I samen klassa kom Grunde Breidablik på 46.plass, også han med to rundar.

Johan Eirik Meland kom på 22. plass. Han var 1min 55 sek etter vinnaren etter å ha fått tre stafferundar på dagens sprint. Vinnar blei Martin Femsteinvik frå Hålandsdalen IL som var feilfri på standplass. Georg Kristian Halsteinslid vart nr 54. i klasse menn 17 år med to rundar. Vinnar av klassa vart Kristian Killingberg frå Lier IL.

Markane IL sin einaste representant på kvinnesida, Janne Alsaker vart nummer 24 i klassa for kvinner 19 år etter tre strafferundar. Vinnar her vart Marie Nørstebø frå Svene IL.

I morgon held konkurransane i Steinkjer fram med NM i fellesstart.

Resultatlister for klassane med deltakarar frå Markane IL er lagt ut nedanfor:

Resultatliste DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4. Sprint 15.2.2013. Klasse menn 17 år

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 18 år

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 19 år

Resultatliste DNB cup 5/Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse kvinner 19 år

Resultatliste DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 20-21år 



Ullsheim 12.2.2013

Postet av Markane IL den 12. Feb 2013

Resultatliste frå cuprenn 3, klassisk omvendt jaktstart

Victoria Bøe Fotland. Foto: Silje Fløtre Reed

Victoria Bøe Fotland og Kjersti Fløtre Reed på start. Foto frå cuprenn 2. Foto: Silje Fløtre Reed

57 deltakarar stilte til start i sesongens tredje cuprenn. I yngste klasse opp til 8 år var 18 deltakarar på start medan 15 deltok i klassa for 9-10 år.

For klassane frå 11 år og oppover gjekk konkurransen som ein omvendt jaktstart i klassisk stil med utgongspunkt i renn 2. Det vil seie at vinnaren av renn 2 starta til slutt i si klasse. Resultatlista er sett opp med differansar etter klassevinnaren i mål, og tida tilsvarer dermed ikkje kvar enkelt løpar si renntid i dette løpet.

Liv Rigmor Netland vart vinnar i jenteklassa for 11-12 åringar medan Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11-12 år. I klassane for 13-14 år vann Kari Alsaker for jentene og Simon Hjelmeset Kirkeeide for gutane. Klassa for menn senior vart vunnen av Håkon Midthjell Gjørven.

Neste renn i cupen er TORSDAG 28. februar. Då vert det omvendt jaktstart i fri teknikk med utgongspunkt i renn 1.

Foto frå renn 3 er lagt ut nedanfor. Fotograf er Silje Fløtre Reed.

 Resultatliste for cuprenn 3. Klassisk omvendt jaktstart. Dato: 12.2.2013

Thea Dispen Lødemel. Foto: Silje Fløtre Reed

Thea Dispen Lødemel

Klar til start. Foto: Silje Fløtre Reed 

Victoria Bøe Fotland

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Silje Fløtre Reed

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide

Birk Aga Hove. Foto: Silje Fløtre Reed

Birk Aga Hove

 

Selma Guddal Breivik. Foto: Silje Fløtre Reed

Selma Guddal Breivik

Malin Guddal Sunde. Foto: Silje Fløtre Reed

Malin Guddal Sunde

 Marthe Gjøvåg Heggestad. Foto: Silje Fløtre Reed

Marthe Gjøvåg Heggestad

Maria Bjørlo Sandbakk. Foto: Silje Fløtre Reed

Maria Bjørlo Sandbakk

Amanda Gjøvåg Heggestad. Foto: Silje Fløtre Reed

Amanda Gjøvåg Heggestad

Birk Aga Hove. Foto: Silje Fløtre Reed

Birk Aga Hove

Ane Hjelmeset Kirkeeide mot mål. Foto: Silje Fløtre Reed

Startfeltet for 9-10 års klassa

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto; Silje Fløtre Reed

Simon Hjelmeset Kirkeeide

Startfeltet for klasse 9-10 år. Foto: Silje Fløtre Reed

Ut frå start

Emma Berstad Hjellbakk mot mål. Foto: Silje Fløtre Reed

Emma Berstad Hjellbakk

Vel i mål

Gjertlin Kirkeeide

Oskar Guddal Breivik. Foto: Silje Fløtre Reed

Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11-12 år

På veg ut i løypa

Liv Rigmor Netland

Kari Alsaker og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Silje Fløtre Reed

Kari Alsaker og Simon Hjelmeset Kirkeeide

Aksel Mathias Meland. Foto: Silje Fløtre Reed

Aksel Mathias Meland

Håkon Midthjell Gjørven

Odd Sindre Tonning. Foto: Silje Fløtre Reed

Odd Sindre Tonning

Johnny Seljeset. Foto: Silje Fløtre Reed

Johnny Seljeset, Lars Midthjell Gjørven og Gaute Bø

Roar Alsaker, Johnny Seljeset, Lars Midthjell Gjørven og Gaute Bø

Gaute Bø

Victoria Bøe Fotland og Kjersti Fløtre Reed



Ullsheim 10.2.2013:

Postet av Markane IL den 11. Feb 2013

God innsats under KM fellestart

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Håkon Midthjell Gjørven vann KM fellesstart for klassa gutar 15 år. Foto: Margunn Hjelmeset, Ullsrennet 2013.

I alt 129 deltakarar stilte opp på KM fellesstart skiskyting på Ullsheim søndag. Stårheim IL var arrangør. Rennet inngår både i krinscupen og i kampen om Sparebankkruset. Markane IL hadde 23 deltakarar på start som alle leverte solid innsats både i sporet og på standplass. Fleire gjekk heilt til topps i sine klassar: Nikolai Dispen Lødemel (gutar nybyrjar 11-12år), Oskar Guddal Breivik (gutar 11 år), Simon Hjelmeset Kirkeeide (gutar 13 år), Anne-Marie Roset (jenter 13 år), Håkon Midthjell Gjørven (gutar 15 år), Gaute Bø (gutar 16 år) og Jarle Midthjell Gjørven (menn 20-21 år). For øvrige resultat viser vi til utlagt resultatliste nedanfor.

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11 år både på laurdag og søndag. Foto: Margunn Hjelmeset

Fleire foto frå helga finn du under '"les heile saken..."

Resultatliste KM skiskyting fellesstart. Arrangør: Stårheim IL 10.2.2013

 

I målområdet. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Magnus Midthjell Gjørven, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Oskar Guddal Breivik.

 Folksamt ved Årestova. Foto: Margunn Hjelmeset

Mykje folk ved Årestova.

Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland og Jarle Midthjell Gjørven (nr 156)

Funksjonærar på KM. Foto: Margunn Hjelmeset

TD og representantar frå Markane IL føl med på kva som skjer på standplass.

Emma Njøten og Anna Naustdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Emma Njøten frå Markane IL og Anna Naustdal frå Stårheim IL i fint driv.

Emma Njøten. Foto: Margunn Hjelmeset

Emma Njøten

Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

 Ane Hjelmeset Kirkeeide

Elias Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Elias Dispen Lødemel på veg ut av stadion.

Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Anders Svarstad Hole på veg til skyting.

 Elias Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Elias Dispen Lødemel

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide.

 Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide inn på standplass.

 Sondre Roset. Foto: Margunn Hjelmeset

Sondre Roset inne til skyting

 Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide på standplass.

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Midthjell Gjørven

Sigurd Fotland Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn

Rasmus Hopland. Foto: Margunn Hjelmeset

Rasmus Hopland frå Hardbagg IL

Anne-Marie Roset. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne-Marie Roset deltok i jenter 13 år for Markane IL

Anne-Marie Roset i målområdet. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne-Marie Roset i målområdet.

Håkon Midthjell Gjørven og Gaute Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Håkon Midthjell Gjørven og Gaute Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfeltet i gutar 13 og 14 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfelt for klassane 13-14 år.

Klar til start. Foto: Margunn Hjelmeset

 Klar til start. Nærast kamera: Rasmus Hopland (nr 92) og Andreas Lote Bakke (nr 93)

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Runar Lillestøl Naustdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Runar Lillestøl Naustdal

Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland

Sivert Myrold og Simen Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Sivert Myrold og Simen Hjelmeset Kirkeeide

Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide

Magnar Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnar Lødemel

Publikum på KM. Foto: Margunn Hjelmeset

Publikum på KM.

 



Ullsheim 16.2.2013:

Postet av Markane IL den 11. Feb 2013

  • Tverrfjelldilten-seedingrenn 40km
  • Familierenn 10km

Logo Tverrfjelldilten

Det nærmar seg Tverrfjelldilten 16. februar. Tverrfjelldilten inngår i eit trippel jubileumsarrangement i samband med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt 250 års jubileum. Dei to andre idrettsarrangementa som inngår i markeringa, er sykkelløpet Jølstravatnet rundt (20.5) og motbakkeløpet Molden Opp (15.6).

Arrangementa vert skipa i samarbeid mellom lokal arrangør, Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, idrettskrinsen og skikrinsen.

 

Familierenn, 10 km
 
Familierennet vert 10 km og går frå Ullsheim til Lundasetra, Spjelkebu, Holesetra og tilbake til Ullsheim.
Påmelding og start mellom kl.0900 og 1100.
Deltakaravgift kr. 50,- for vaksne og kr. 30,- for born.
Deltakarpremie til alle. Saft og frukt ved Spjelkebu. Kiosk på Ullsheim.
 
Tverrfjelldilten, seedingrenn 40 km
 

Start klokka 12.00. Startkontingent kr. 350,-.
 
Påmelding: Det er framleis mogleg å melde seg på! Vi oppfordrar dei som ikkje er påmelde så langt, om å gjere det snarast!!
Påmelding må no gjerast til Monica V. Halsteinslid på e-post monica@termopartner.no eller tlf 416 840 66
(ved påmelding hugs å oppgje namn, fødselsdato, klasse, klubb, brikkenr. (om du har eiga brikke), lisensnr og birk-ID)
 
Det er framleis mogleg å melde seg på utan tillegg i startkontingenten!!
 
Startliste pr 14.2.2013:
 

Løypeinformasjon: På grunn av lite snø i område Veten-Hogden vert løypa noko justert.

Løypa blir som følgjande: Ullsheim-Lundasetra-Spjelkebu-Vikadalen-Holesetra-deler av Panoramaløypa ut mot Grendasetra og tilbake til Holesetra og ned igjen til Ullsheim via lysløypa. Det vert to rundar på 20 km. Kjempefin trase med breie og gode spor.

Løypekart Tverrfjelldilten oppdatert 12.2.2013

Løypeprofil Tverrfjelldilten 2013 -oppdatert 14.2.2013 

Drikkestasjonar: Det vert drikkestasjonar med frukt på Spjelkebu og Holesetra.
 
Ver- og føreforhold/smørjetips:
På Ullsheim er det i dag temperaturen 0 til -1 på stadion, -1 til -2 i løypa.Tørr og finkorna snø gjennom heile løypa, lite til middels slitasje og faste spor.
Anbefaler i dag grunnvoks innsmelta med strykejern, 1 til 2 lag med blå ekstra og 1 til 2 lag med 0-voks til slutt.Juster etter behov.
Lukke til!
NB! Sjekk yr.no for Maurset, Hornindal. (Det er nærmast Ullsheim)

Om seeding: Ein deltakar kan ha mange resultat som kvalifiserer til seeding i Birkebinerrennet. Det er alltid det resultatet som gjev den aktuelle deltakeren best mulig seeding som blir lagt til grunn. Deltakarar vert berre seedet frå rennet dersom det medfører betre seeding enn det dei har pr i dag. 
 
For fleire detaljar sjå fullstendig invitasjon som er lagt ut nedanfor:

Invitasjon til Tverrfjelldilten -oppdatert 28.1.2013



13.2.2013:

Postet av Markane IL den 11. Feb 2013

Nye postar vert lagt ut på skiposten!

logo Markane IL

Første periode av skiposten er snart over. Onsdag 13.2 vert det lagt ut nye postar. Desse postane vert ståande oppe ifrå veke 7 -til veke 10.

Dei nye postane vert plasserte på følgjande stadar: Svingesetøyane, Vinsryggsetra, Langhaugen, Lysløype på Ullsheim og Hydla. Så håper vi mange tek turen ut for å klippe korta sine på dei nye postane. God tur!!



Leirdalen 9.2.2013:

Postet av Markane IL den 10. Feb 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av duatlon.

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto:FjordingenSimon Hjelmeset Kirkeeide heldt fram i same gode stimen som førre helg, og vann klassa for gutar 13 år suverent under dagens renn i Leirdalen. På programmet var i dag var duatlon og arrangør var IL Bjørn. Rennet inngjekk i SSF-cup for både junior og senior.

I alt 118 løparar stilte til start i duatlonen. Simon var den einaste frå Markane IL denne gongen. Han vann klassa for gutar 13 år 1 min 34 sek før Eskil Hov frå Kaupanger IL som kom på andreplass. Trygve Brendehaug frå Syril IL tok tredjeplassen 1 min 46 sek bak.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor.

Neste renn i SSF-cup for rekrutt er Kleivanerennet 17.2.

 

Resultatliste SSF-cup duatlon. Arrangør: IL Bjørn Dato: 9.2.2013

Samanlagtliste SSF-cup pr. 10.2.2013

 



Ullsheim 9.2.2013

Postet av Markane IL den 10. Feb 2013

Gode resultat på KM-sprint og supersprint.

Sigurd Fotland Fænn, Oskar Guddal Breivik og Lasse Flo Bødal. Foto: Ingrid Meland, LM Vik 2013

 Topp tre i klassa for gutar 11 år på KM sprint/supersprint. Oskar Guddal Breivik (midten), Sigurd Fotland Fænn (t.v) og Lasse Flo Bødal. Foto: Ingrid Meland (foto frå LM i Vik, 2013)

 I alt 129 deltakarar frå åtte idrettslag deltok på dagens KM i sprint/supersprint. Arrangør var Stårheim IL. Rennet gjekk på Ullsheim. Rennet inngår også i sesongens krinscup.

Markane IL var godt representert med 21 deltakarar i rennet. Fleire av desse vart vinnarar av si klasse: Nikolai Dispen Lødemel (gutar nybyrjar 11-12 år), Oskar Guddal Breivik (gutar 11 år), Magnus Midthjell Gjørven (gutar 12 år), Johan Eirik Meland (menn 19 år) og Jarle Midthjell Gjørven (menn 20-21 år). Også dei andre leverte flott innsats og det vart mange fine plasseringar. Fullstendig resultatliste frå KM sprint/supersprint er lagt ved nedanfor.

KM held fram søndag med fellesstart.

Resultatliste KM sprint/supersprint skiskyting Arrangør: Stårheim IL 9.2.2013

 



Nove Mesto 10.2.2013:

Postet av Markane IL den 10. Feb 2013

17. plass til Tarjei Bø på jaktstarten i VM

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø gjekk seg opp ei plassering på dagens jaktstart i skiskyttar-VM og kom i mål til ein 17. plass.

Tarjei starta på dagens løp som nummer 18. Han var 1 min 13 sek etter leiaren Emil Hegle Svendsen og var avhengig av eit perfekt løp både i sporet og på standplass for å gå seg fram i medaljekampen. Men etter å ha fått to strafferundar på første skyting, vart vegen heilt fram til teten i lengste laget. Også på den første ståandeskytinga kom det ein bom. I mål var differansen opp til gullvinnar Emil Hegle Svendsen på 1 min 43 sek. Hegle Svendsen vann gull etter ein dramatisk innspurt mot sølvvinnar Martin Fourcade. Bronsen gjekk til Anton Shipulin.

Neste løp for Tarjei Bø er normaldistansen på torsdag 14.2.



Nove Mesto 9.2.2013:

Postet av Markane IL den 9. Feb 2013

 18. plass til Tarjei Bø på VM-sprinten

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen, 2011Det vart ein 18.plass til Tarjei Bø under det første individuelle løpet i årets skiskyttar-VM. I mål var han 1 min 13 sek etter dagens gullvinnar Emil Hegle Svendsen.

Tarjei sitt løp byrja flott med bra fart i løypa og fullt hus på den første skytinga. Ut frå liggjande skyting var han med heilt i teten, men to bom på ståande vart i meste laget for å henge med i medaljekampen. Emil Hegle Svendsen vann sprinten 8,1 sek føre Martin Fourcade, Frankrike og 11,2 sek føre Jakov Fak frå Slovenia. Ole Einar Bjørndalen vart nummer fire, 19,9 sekund bak vinnaren.

I morgon er det klart for jaktstart og då er det gode sjansar for Tarjei til å gå seg oppover resultatlista. Så følg med på VM-jaktstarten i morgon kl.1300 på NRK1.



Cuprenn 2013:

Postet av Markane IL den 9. Feb 2013

Klart for sesongens 3.cuprenn tysdag 12.februar!

Det er klart for sesongens tredje renn i Markane cupen/Telenorcup tysdag 12. februar.

Rennet går som omvendt jakstart i klassisk stil.

Påmelding frå kl. 1800.

Første start ca. 1840

Startkontingent kr 50 for alle.

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -omvendt jaktstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - omvendt jaktstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - omvendt jaktstart, tidtaking

Den omvendt jaktstarten går med utgongspunkt i resultata i renn nr 2, men det er sjølvsagt mogleg å delta også for dei som ikkje gjekk dette rennet!!

Trimklasse utan tid-valfri distanse.

Parkeringsavgift kr 40. (OBS! Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Vi håper både nye og "gamle" cuprenndeltakarar stiller opp på tysdag!

For å få rennet vel i hamn trengst det sjølvsagt også funksjonærar.

Funksjonærliste for årets cup finn du nedanfor:

Funksjonærliste cuprenn 2013

Velkomne!



Nove Mesto 7.2.2013:

Postet av Markane IL den 7. Feb 2013

VM-gull i mix-stafetten

-flott etappe av Tarjei Bø!

Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø innleia VM på beste måte med gull i mix-stafett. Foto frå NRK.

VM i Nove Mesto vart innleia på best mogleg måte for Tarjei Bø. Saman med Tora Berger, Synnøve Solemdal og Emil Hegle Svendsen gjekk han inn til VM-gull i mix-stafett. 

Tora Berger gjekk første etappe for Noreg. Det gjorde ho på ein suveren måte med to fulle hus på skytinga og god fart i løypa. Ho veksla først og sendte Synnøve Solemdal ut på andre etappe med ei leiing på 12,1 sekund ned til Russland. Solemdal gjekk ein god førsterunde med stor fart i sporet og skaut også fullt hus på liggjande. Ho kom også først inn  til ståande skyting. Her måtte ho bruke to ekstraskot. Dermed gjekk ho ut rett i rygg på Russland. Ved veksling skilde 3,7 sekund frå Russland ned til Noreg. Tarjei fekk dermed eit godt utgongspunkt ut på sin tredje etappe. Etter kort tid var Noreg, Russland og Frankrike samla teten og dermed kom tre lag saman inn til første skyting. Tarjei skaut raskt, men måtte bruke eitt ekstra skot Han gjekk likevel ut i rygg rett bak Frankrike. Inn til andre skyting låg Tarjei først i den same tet-trioen. Han fekk ned alle fem blinkane i lyntempo og gjekk ut på sisterunden 3,7 sekund før Russland. Inn til veksling hadde leiinga auka til 12,3 sekund ned til Russland og 31 sekund til Frankrike.

Emil Hegle Svendsen gjekk ankeretappen. Han heldt stor fart i sporet og skaut feilfritt på første skyting. På andre skyting måtte han bruke eitt ek straskot, men han hadde full kontroll og gjekk inn til gull med 20 sekund margin ned til Frankrike. Tsjekkia tok bronse 32,3 sekund etter Noreg.

Laurdag er det klart for det første individulle løpet for Tarjei. Så følg med på sprinten laurdag 9.2 på NRK1 frå kl. 1300.

Vi gratulerer med VM-gull!!

 

 



Langeland 3.2.2013:

Postet av Markane IL den 3. Feb 2013

Tredje strake KM-siger til Simon Hjelmeset Kirkeeide!

 Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Fjordingen

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM klassisk stil for gutar 13 år. Foto: Fjordingen, 2013

For tredje dag på rad vart det KM-tittel til Simon Hjelmeset Kirkeeide i klassa for gutar 13 år. Etter å ha teke klassesigeren både på sprint og fri teknikk var det i klart for 3 km i klassisk stil. Etter eit nytt godt løp vann Simon klassa for 13-åringar også i dag. Eskil Hov frå Kaupanger IL følgde på andreplass 19 sekund bak medan Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide var nummer tre, 45 sekund bak.

Også Markane sin deltakar i klassa gutar 11 år gjekk eit flott løp. Oskar Guddal Breivik kom på ein fin femteplass i klassa som talde heile 20 løparar. Klassevinnar vart Sivert Heggheim Mannsverk frå Jotun IL.

I dei yngste klassane som ikkje vert rangerte etter tid, var også ein deltakar frå Markane på startstreken. Selma Guddal Breivik leverte solid innsats i sporet i klassa for jenter 8 år.

 Resultatliste KM klassisk Langeland 3.2.2013 

Samanlagtstillinga i SSF-cupen så langt:

SSF-cup samanlagt pr 4.2.2013



Holmenkollen 3.2.2013:

Postet av Markane IL den 3. Feb 2013

Resultat frå Bendit Kvalfoss-sprinten normaldistanse.

Deltakarar på Bendit kvalfoss-sprinten 2013. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Markane si tropp på Bendit Kvalfoss-sprinten. Frå venstre: Gaute Bø, Andreas Halsteinslid, Grim Nygård, Håkon Midthjell Gjørven, Magnus Arntsen, Odd Sindre Tonning og Aksel Mathias Meland. Foto: Team Statkraft Nordfjord. 

I alt fem løperar frå Markane IL deltok på normaldistansen under Kvalfoss-sprinten. To i klasse G14 og tre i G15. Alle gjekk jamt bra løp, men ingen kom heilt opp i teten denne gongen. I klasse G14 år blei Aksel Mathias Meland nr 32 med fire bom og Magnus Arntsen nr 43 med tre bom på standplass. Klassevinnar vart Marvin Westermark frå Skonseng UL.

I klassa for gutar 15 år vart Håkon Midthjell Gjørven nr 27 med to bom , Odd Sindre Tonning nr 44 med tre bom og Andreas Halsteinslid nr 70 med totalt fem bom. Klassevinnar vart Mathias Skrede frå Geilo IL.

Komplette resultatlister for klassane med lokale deltakar er lagt ut nedanfor. For resultat frå øvrige klassar viser vi til Bendit Kvalfoss-sprinten si heimeside.

 Resultatliste frå Bendit Kvalfoss-sprinten klasse gutar 14 år -normal 3.2.2013

Resultatliste frå Bendit Kvalfoss-sprinten klasse gutar 15år -normal 3.2.2013



Holmenkollen 2.2.2013:

Postet av Markane IL den 2. Feb 2013

Andreplass til Aksel Mathias Meland på Bendit Kvalfoss-Sprinten!

 Pallen i klasse gutar 14 år på Kvalfoss-sprinten 2013. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Aksel Mathias Meland kom på sølvplass på Bendit Kvalfoss-sprinten i klassa gutar 14 år. Her på pallen saman med gullvinnar Gard Edvard Myre frå Tromsø SSL og bronsevinnar Simen Hårstad frå Rennebu IL. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Aksel Mathias Meland kom på ein flott andreplass under Bendit Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen i dag. Svært mange unge skiskyttarar deltek på arrangementet og dei fleste klassane har godt over 100 deltakarar. Vinnar av klassa gutar 14 år vart Gard Edvard Myhr frå Tromsø SSL. Han var 55 sekund før Aksel i mål. Bronsevinnar Simen Hårstad frå Rennebu følgde hakk i hel og var berre eit sekund etter Aksel. Alle dei tre på pallen skaut to fulle hus. Den andre deltakaren frå Markane i 14 -års klassa Magnus Arntsen  vart nummer 75 etter ein litt trøblete dag på standplass med 9 bom.

Også i 15 års klassa har fleire markane-løparar vore i aksjon. Håkon Midthjell Gjørven gjorde eit godt løp med berre ein bom på dei ti blinkane. Det heldt til ein 22.plass. Klassevinnar vart Fredrik Bucher-Johannessen frå Try IL. Odd Sindre Tonning kom på 54. plass med 4 rundar medan Andreas Halsteinslid vart nummer 87 og Grim Nygård nummer 96 med seks rundar kvar.

Markane si tropp på Bendit Kvalfoss-sprinten 2013. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Markane si tropp på Bendit Kvalfoss-sprinten 2013. Frå venstre: Gaute Bø, Andreas Halsteinslid, Grim Nygård, Håkon Midthjell Gjørven, Magnus Arntsen, Odd Sindre Tonning og Aksel Mathias Meland.

Resultatliste frå Bendit Kvalfoss sprinten gutar 14år Dato: 2.2.2013

Resultatliste frå Bendit Kvalfoss sprinten gutar 15 år Dato: 2.2.2013

 

Aksel Mathias Meland tok sølv på Bendit Kvalfoss-sprinten 2013. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Aksel Mathias Meland i mål til sølv på Kvalfoss-sprinten 2013. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håkon Midthjell Gjørven ut frå start. Foto: Team Statkraft Nordfjord.



.

Postet av Markane IL den 2. Feb 2013

Skileikkveldar for dei yngste på Ullsheim

Det vert skileiktreningar for born på 10 år eller yngre dei tysdagane det IKKJE er cuprenn kl. 1830-1930. (same tid som skitreningane for dei mellom 10-14 år). Sjå aktivitetskalendaren for detaljar.

Fokus på å leike seg på ski!

Første aktuelle dato: tysdag 5. februar.

Gratis.

Alle velkomne!!



Langeland 2.2.2013:

Postet av Markane IL den 2. Feb 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av KM-sprint fri teknikk

 Simon Hjelmeset Kirkeeide på Ullsrennet 2013. Foto: Fjordingen

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM sprint friteknikk. På fotoet i aksjon under Ullsrennet. Foto: Fjordingen.

 For andre dag på rad vart det KM-tittel til Simon Hjelmeset Kirkeeide i klassa gutar 13 år. Øvinga i dag var sprint fri teknikk. Etter å ha vore raskast i prologen gjekk det veien også i finalen. Simon vann finalefeltet føre Eskil Hov frå Kaupanger IL og Jesper Uhre Hammersvik frå Førde IL.

Simon var einaste deltakar frå Markane IL i KM-klassane i dag,men vi var også representert i dei yngste urangerte klassane. Oddrun og Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i høvesvis jenter 8 og 10 år.

Resultatliste frå PROLOG KM sprint fri teknikk Langeland 2.2.2013

Finaleresultat KM sprint fri teknikk Langeland 2.2.2013



Obertilliach 1.2.2013:

Postet av Markane IL den 1. Feb 2013

Nytt VM-gull til Johannes Thingnes Bø!!

Johannes Thingnes Bø. Foto: NSF/Jan Gustavsson

Johannes Thingnes Bø vann nok eit VM-gull på dagens stafett. Foto: NSF/Jan Gustavsson.

 Det vart på nytt VM-gull til Johannes Thingnes Bø på dagens stafett i junior-VM i Obertilliach. Johannes gjekk siste etappen på stafetten. Han leverte ein flott etappe og sikra gull til det norske laget 14 sekund føre Frankrike som tok sølv. Russland følgde på bronseplass, 50 sekund bak Noreg.

Det norske laget veksla med ei knapp leiing etter at Erling Aalvik gjekk ein god førsteetappe. Håvard Bogetveit gjekk den andre etappen. Han lukkast ikkje heilt med den ståande skytinga og etter to etappar var Noreg på femteplass, 35 sekund etter Frankrike som leia på dette tidspunktet. Vegard Bjørn Gjermundshaug gjekk på nytt Noreg fram i tet på sin tredjeetappe. Dermed gjekk Johannes ut på ankeretappen med ei leiing på Frankrike og Russland. Han gjorde ein god etappe både på standplass og i løypa. Dermed var gullet til Norge sikra!

Johannes Thingnes Bø har dermed to gull og ein sølv i løpet av junior-VM i Obertilliach. Ein flott prestasjon!

Vi gratulerer med nok eit VM-gull! 

 



Langeland 1.2.2013:

Postet av Markane IL den 1. Feb 2013

Lars Midthjell Gjørven og Simon Hjelmeset Kirkeeide KM-vinnarar!

 Simon Hjelmeset Kirkeeide og Lars Midthjell Gjørven. Foto: Fjordingen/Team Statkraft Nordfjord

Simon Hjelmeset Kirkeeide (Foto: Fjordingen) og Lars Midthjell Gjørven (Foto: Team Statkraft Nordfjord) vann kvar si klasse under KM-friteknikk på Langeland.

Både Simon Hjelmeset Kirkeeide og Lars Midthjell Gjørven vann sine klasser då KM fri teknikk vart arrangert på Langeland i dag.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa G13 suverent med heile 56 sekunds margin ned til andremann Kent Ove Sæten, Hyen IL, i den 3 km lange løypa. Heile 14 løparar var med i 13-årsklassa. Lars Midthjell Gjørven vann KM 10 km fri teknikk i klassa M18 med endå større sigersmargin. Heile 1 min 24 sekund skilde ned til sølvvinnar Eirik Hovland frå Årdalstangen IL.

Markane IL sine tredje deltakrar på dagens KM Johan Eirik Meland kom på ein fin femteplass i klassa M19/20 år. Gjøran Tefre frå NTG-G/Førde IL vart klassevinnar.

KM-helga held fram med KM sprint på laurdag og KM klassisk stil på søndag.

Komplett resultatliste frå dagens KM-øving nedanfor:

Resultatliste KM fri teknikk Langeland 1.2.2013



Ullsheim 29.01.2013:

Postet av Markane IL den 30. Jan 2013

God deltaking på cuprenn nr 2

Victoria Bøe Fotland og Kjersti Fløtre Reed. Foto: Silje Fløtre Reed 

Victoria Bøe Fotland og Kjersti Fløtre Reed klare til start. Foto: Silje Fløtre Reed

 Sesongens andre cuprenn vart arrangert tysdag 29.januar. Denne gongen gjekk rennet i klassisk stil. Også denne gongen var god deltaking med 71 løparar til start. Spesielt i dei yngste klassane er det mange som stiller opp med 26 løparar i klassa opp til og med 8 år og 17 deltakarar i 9-10 års klassa.

I klassane som konkurrerte på tid var Oskar Guddal Breivik raskast i klassa for gutar 11-12 år og Synne Slåtten Sandbakk for jenter 11-12år. Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 13-14 år og Kari Alsaker for jenter 13-14år. Andreas Rauset vann klassa for menn over 15 år medan Janne Alsaker vann klassa for kvinner over 15 år.

Alle foto frå dagens renn er tekne av Silje Fløtre Reed.

Cupen held fram 12. februar med omvendt jaktstart i klassisk stil.

Resultatliste cuprenn nr 2. Klassisk stil. Dato: 29.1.2013 

 

Marte Gjøvåg Heggestad. Foto: Silje Fløtre Reed

 Marte Gjøvåg Heggestad

Daniel Langeset og Eirik Bjørlo Sandbakk. Foto: Silje Fløtre Reed

Daniel Langeset og Eirik Bjørlo Sandbakk.

Anders Svarstad Hole mot mål. Foto: Silje Fløtre Reed 

Anders Svarstad Hole

 Jon Erlend Bø. Foto: Jon Erlend Bø

Jon Erlend Bø

Full fart mot mål. Foto: Silje Fløtre Reed

Full fart mot mål.

Emma Njøten. Foto: Silje Fløtre Reed

 Emma Njøten i løypa.

Jon Erlend Bøe, Bertine fløtre Reed og Emma Njøten. Foto: Silje Fløtre Reed

Jon Erlend Bø, Bertine Fløtre Reed og Emma Njøten

Jon Erlend Bø og Emma Njøten. Foto: Silje Fløtre Reed

Jon Erlend Bø og Emma Njøten

 Emma Njøten. Foto: Silje Fløtre Reed

 Emma Njøten

Eskil Kveen og Vegard Lødøen Flo. Foto: Silje Fløtre Reed

Eskil  Kveen og Vegard Lødøen Flo

Rasmus Bersvein Tvinnereim. Foto:: Silje Fløtre Reed

Rasmus Bersvein Tvinnereim mot mål

Vegard Lødøen Flo og Eskil Kveen. Foto; Silje Fløte Reed

Vegard Lødøen Flo og Eskil Kveen i målområdet

 

Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Silje Fløtre Reed

Ane Hjelmeset Kirkeeide

Vegard Lødøen Flo. Foto: Silje Fløtre Reed

Vegard Lødøen Flo mot mål.

Svært jamnt mot mål i klassa for gutar 13-14 år. Foto: Silje Fløtre Reed

Svært jamnt mot mål i klasse G13-14.

 Startfelta for klassane 13-14 år og 15 år og oppover. Foto: Silje Fløtre Reed

Startfeltet i klassane 13-14 år og senior

Håkon Midthjell Gjørven mot mål. Foto: Silje Fløtre Reed

 Håkon Midthjell Gjørven.



Obertilliach 30.1.2013:

Postet av Markane IL den 30. Jan 2013

9. plass til Johannes Thingnes Bø på normalen i jr. VM

Johannes Thingnes Bø. Foto: Jan Gustavsson/ NSF

Johannes Thingnes Bø kom på 9. plass på normaldistansen. Foto: Jan Gustavsson/NSF

 Johannes Thingnes Bø kom til slutt på 9.plass under normaldistansen i junior-VM etter å ha vore med i medaljekampen fram til siste skyting.

Etter ein bom på første skyting og to fulle hus på dei neste, låg Johannes heilt oppe på 2. plass, berre 0,8 sekund bak leiande Dino Butkovic frå Kroatia ut frå den tredje skytinga.

Butkovic hadde tre fulle hus medan Johannes hadde ein bom frå første skyting, og var såleis raskast av dei to i sporet. Med fullt hus på siste skyting det ligge an til ein ny medalje, men med tre bom på siste ståande glapp medalja i dag.

Aleksandr Loginov frå Russland tok gullet, medan Butkovic tok sølv og Clement Dumont frå Frankrike tok bronsemedalje. Beste norske løpar vart Vegard Gjermundshaug på fjerdeplass medan Johannes Thingnes Bø enda som nummer 9.

Fredag er det klart for siste løpet i junior-VM som er stafett.



.

Postet av Markane IL den 29. Jan 2013

Skiposten 2013

 Skiposten 2011. Foto: Margunn Hjelmset

Skiposten startar opp att! Foto: Margunn Hjelmeset, 2011 

Skiposten er i gong for sesongen. Skiposten er  spesielt for borna og har turmål/postar i løypenettet til Turløyper Stryn. Det er gratis å vere med på å klippe skiposten. På postane er det ei klippetang som borna nyttar til å klippe i kortet sitt (denne klippetanga får eit nytt mønster / ein ny figur for kvar veke). Postane vert skifta i løpet av måndagen når vi byter periode.

Klippekort og kart:

Dette får du gratis på butikken Sport 1 Ytre-Eide Sport AS eller ved å henvende deg til underskrivne. På kartet og klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei heng på dei ulike plassane i skiløypa.

Postane:

Det blir hengt ut 5 postar som blir hengande i ein periode på 4 veker. Når dei 4 vekene er omme, blir postane tekne ned og erstatta med 5 nye postar som igjen vert hengande i 4 veker. I alt 15 postar tilsaman.

Postane vert fordelte slik:
Veke 3 - 6: Gardstøylane, Lundasetra, Spjelkebu, Vikadalen, Turrhaugen
Veke 7 - 10: Svingesetøyane, Vinsryggsetra, Langhaugen, Lysløype på Ullsheim, Hydla
Veke 11 - 13: Enden av lysløypa frå Stryn Skisenter, Tverrfjellet, Øvrebergsetra, Holsetra, Bjørnehiet

Premiar:

Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar.

Arrangør:

Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Markane og Stryn Barneidrettsskule, Turløyper Stryn og Sport 1 Ytre-Eide Sport AS.

VI HÅPAR PÅ MANGE DELTAKARAR OG ØNSKJER ALLE GOD TUR!

Innleveringsfrist for klippekortet er måndag 8.april 2013. Korta skal leverast til Margunn Hjelmeset eller Mariann Hjelmeset

 Fleire detaljar i informasjonsskrivet: Skiposten 2013



.

Postet av Markane IL den 29. Jan 2013

Skiposten 2014


logo Markane IL
 

Skiposten for 2014 er i gang!

Skiposten er turmål for barn i alle aldrar, og postane ligg i løypenettet til Turløyper Stryn.

Det er gratis å delta i skiposten, men vi oppfordrar likevel alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Turløypene eller bli  medlemmar i MIL.

Det heng ute 5 postar i slengen. Desse heng i 4 veker før dei blir bytta ut. På postane skal det henge ei klippetang, som borna nyttar til å klippe i kortet sitt.

Postane vert bytte måndagen i den «nye» perioden.

Klippekort og kart:
Dette får du gratis på butikken Sport1 Ytre-Eide sport AS. På kartet og klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei ulike postane heng ute.

Premiering:
Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og dei som besøkjer alle postane i løpet av vinteren er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar

Arrangør:
Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Arvid Hatledal AS og Sport1 Ytre Eide sport AS.

VI HÅPAR PÅ MANGE DELTAKARAR OG ØNSKJER ALLE EIN GOD TUR!

Innleveringsfrist for klippekorta er onsdag 30.april 2014

Sendast til:

Margunn Hjelmeset, 6783 STRYN
eller
Anne Marie Svarstad, 6783 STRYN

 Her ser du kven som fekk premiar i fjor:

Premiar for skiposten 2013 

Logo Sparebanken Sogn og Fjordane

Logo Ytreeide Sport AS


Logo Arvid Hatledal AS
 



16.februar 2013:

Postet av Markane IL den 28. Jan 2013

Oppdatert invitasjon til Tverrfjelldilten

 Logo Tverrfjelldilten

Det nærmar seg etterkvart Tverrfjelldilten 16. februar. Det er no lagt ut ein oppdatert invitasjon pr 28.1.2013.

Tverrfjelldilten skal inngå i eit trippel jubileumsarrangement i samband med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt 250 års jubileum. Dei to andre idrettsarrangementa som inngår i markeringa, er sykkelløpet Jølstravatnet rundt (20.5) og motbakkeløpet Molden Opp (15.6).

Arrangementa vert skipa i samarbeid mellom lokal arrangør, Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, idrettskrinsen og skikrinsen.

I tillegg til det 40 km lange turrennet som er seedingsrenn til Birken, vert det også familie- og mosjonsløype på 10 km. Start her vert mellom kl. 9-11. Deltakarpremie til alle som stiller opp samt "jubileumspremie" til alle som deltek i minst to av dei tre nemnde jubileumsarrangementa.

For fleire detaljar så invitasjonen:

Invitasjon til Tverrfjelldilten -oppdatert 28.1.2013 



Obertilliach 27.1.2013:

Postet av Markane IL den 27. Jan 2013

Johannes Thingnes Bø verdsmeister

-tok GULL på jaktstarten! 

Johannes Thingnes Bø. Foto: Jan Gustavsson/NSF

Johannes Thingnes Bø tok gull på jaktstarten under jr. VM i Obertilliach. Foto: Jan Gustavsson/NSF

Etter å ha innleia junior-VM med ein flott sølvmedalje på sprinten i går gjekk det endå betre på dagens jaktstart. Etter fire skytingar og 12,5 km i løypa kunne Johannes Thingnes Bø gå i mål som verdsmeister på distansen, 15 sekund føre sølvvinnar Maxim Tsvetkov frå Russland.

Johannes starta dagens jaktstart 5 sekund bak gårsdagens vinnar Alexandr Loginov. Begge skaut fullt på første skyting og Johannes gjekk ut i teten med russaren like bak. På  den andre skytinga vart det ein bom og Johannes passerte ut på ein tredjeplass, 31 sekund bak leiaren. På tredje skyting måtte alle dei tre fremste tåle to bomskot. Men medan dei to russarane fekk høvesvis to og tre bom på den siste skyting, viste Johannes stor klasse med å skyte fullt hus. Dermed gjekk han ut på sisterunden med ei leiing på 27 sekund. Dette var meir enn nok til å halde unna inn mot mål. Vel i mål kunne Johannes juble for VM-gull og sin andre medalje på to dagar. Ein suveren prestasjon!

Junior-VM held fram med normaldistanse på onsdag og stafett på fredag.

Vi gratulerer Johannes med VM-gullet!!



Vik 27.1.2013:

Postet av Markane IL den 27. Jan 2013

Tre klassevinnarar på LM normaldistanse. 

 Magnus Midthjell Gjørven, Lars Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland

 Tre løparar gjekk heilt til topps i sine klasser i LM skiskyting i Vik. Frå venstre: Magnus Midthjell Gjørven vinnar av G12 (Foto: Margunn Hjelmeset, cupen 2012), Lars Midthjell Gjørven vinnar av menn 18 år (Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012) og Johan Eirik Meland vinnar av menn 19 år (Foto: Team Statkraft Nordfjord, NC-avslutning 2012)

Også i dag var det god innsats då LM i Vik heldt fram med normaldistanse. Løparar frå Markane IL sigra i heile tre klassar. For andre dag på rad gjekk Johan Eirik Meland til topps i klassa for menn 19 år. Han vann med heile 56 sekunds margin ned til Joar Turvoll frå Vik IL som vart nummer to. Begge fekk fire tilleggsminutt.

Lars Midthjell Gjørven vann klassa for menn 18 år. Han delte sigeren med Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven IL. Begge fullførte dei løpet på 43 min 10 sek.

Også Magnus Midthjell Gjørven hadde sekunda på si side i dag og vann si klasse, G 12 år. Han var fem sekund føre Otto Femsteinevik frå Hålandsdal IL.

Dei andre løparane frå Markane plasserte seg slik: I klassa for G11 vart Oskar Guddal  Breivik nr 2 og Sigurd Fotland Fænn nr 9. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 5 i klasse G13 medan Aksel Mathias Meland kom på 8. plass i G14. Odd Sindre Tonning vart nr 2 og Håkon Midthjell Gjørven nr 5 i klassa for G15 medan Gaute Bø vart nr 4 i klassa for G16 år. Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik deltok i nybyrjarklassa for jenter 10 år og yngre og imponerte nok ein gong med feilfri skyting.

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Ingrid Meland

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide leverte flott innsats i nybyrjarklassa for jenter. Foto: Ingrid Meland

Komplett resultatliste for dagens normaldistanse på LM er lagt ut nedanfor:

Resultatliste LM skiskyting normaldistanse 27.1.2013 Arrangør: Vik IL

Fleire foto frå LM i Vik er lagt ut nedanfor:

 

Emilie Flo Stavik i løypa. Foto: Ingrid Meland

Emilie Flo Stavik i løypa. Foto: Ingrid Meland

Sigurd Fotland Fænn, Oskar Guddal Breivik og Lasse Flo Bødal. Foto: Ingrid Meland

Deltakarar i klassa G11 år. Frå venstre: Sigurd Fotland Fænn, Oskar Guddal Breivik og Lasse Flo Bødal.

Vinnar av menn 18 år: Trygve Aaland Tryggestad og Lars Midthjell Gjørven. Foto: Ingrid Meland 

Trygve Aaland Tryggestad og Lars Midthjell Gjørven delte sigeren i klassa menn 18 år. Foto: Ingrid Meland

Johan Eirik Meland. Foto: Ingrid Meland 

Johan Eirik Meland vann både sprinten og normaldistansen for klasse menn 19 år. Foto: Ingrid Meland

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Ingrid Meland 

Magnus Midthjell Gjørven vann normaldistansen for klasse G12. Foto: Ingrid Meland 



Ullsheim 27.1.2013:

Postet av Markane IL den 27. Jan 2013

Janne Alsaker vinnar av K19/20 i SSF-cup

Janne Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset, Ullsrennet 2013På grunn av snømangel flytta Volda T&IL krinsrennet i friteknikk (renn 5 i SBM-cup) til Ullsheim. Også Hyesprinten som skulle arrangerast i dag, vart avlyst på grunn av snømangel. Rennet på Ullsheim gjekk dermed også inn i Sogn og  Fjordane-cupen for junior for løparane frå vårt fylke.

Fem løparar frå Markane IL var på startstreken i dag. Janne Alsaker (foto) vann klassa for K19/20. Ho var 58 sek føre Emilie Houm Otterdal i mål.

I klassa for menn 18 år vart Grunde Breidablik nummer fire. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer seks i klassa for menn 17 år.

I yngste guteklassa G11 kom John Erlend Bø på 9.plass og Anders Svarstad Hole på 10.plass.

I alt deltok 125 skiløparar frå både Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal i rennet. 

Resultatlista for rennet er lagt ut nedanfor:

Resultatliste frå SBM cup 27.1.2013 Arrangør: Volda T&IL (på Ullsheim)

Samanlagtstillinga i SSF-cupen etter to renn for rekrutt og to for junior finn du nedanfor. Neste renn i SSF-cupen er sprint friteknikk i Førde 2. februar for juniorane og klassisk renn i Førde 3.februar for rekruttane.

Samanlagtliste SSF-cup pr 27.1.2013



Obertilliach 26.1.2013:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2013

Sølv til Johannes Thingnes Bø i junior-VM!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Jan Gustavsson/NSF

Johannes Thingnes Bø tok sølv på sprinten i junior-VM i Obertilliach. Foto: Jan Gustavsson/NSF.

Johannes Thingnes Bø kom på sølvplass under dagens sprint i junior-VM i skiskyting!

Etter ein bom på liggjande skyting låg Johannes litt bak teten, men med fem blanke treff på ståande skyting skilde det berre sekund fram til førsteplassen ut på sisterunden. Russaren Alexander Loginov held leiinga inn mot mål og sikra gullet. Johannes Thingnes Bø kom inn til ein flott sølvmedalje berre 4.9 sekund bak. Ein imponerande prestasjon spesielt med tanke på at det er første året for Johannes i juniorklassa! Russaren Maxim Tsvetkov tok bronse medan Vetle Sjåstad Christensen var nummer fire.

Junior-VM held fram i austerrikske Obertilliach i morgon med jaktstart for juniorklassa. Med dagens flotte utgongspunkt ligg det an til ein spennande konkurranse i morgon.

Vi gratulerer Johannes med sølvet!!

 

 



Cuprenn 29.1.2013:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2013

Klart for sesongens 2.cuprenn tysdag 29.januar!

Det er klart for sesongens andre renn i Markane cupen/Telenorcup tysdag 29. januar.

Rennet går i klassisk stil.

Påmelding frå kl. 1800.

Første start ca. 1840

Startkontingent kr 50 for alle.

 

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -fellesstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - fellesstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - fellesstart, tidtaking

Trimklasse utan tid-valfri distanse.

Parkeringsavgift kr 40. (OBS! Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Heile 103 stilte opp på sesongens første renn. Vi håper både alle desse og fleire nye stiller opp på tysdag!

Velkomne!



Vik 26.1.2013:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2013

Gode resultat i landsdelmeisterskapet

-Oskar Guddal Breivik og Johan Eirik Meland klassevinnarar

Oskar Guddal Breivik og Johan Eirik Meland

Til venstre: Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11 år (Foto: Torstein Breivik/Ullsrennet 2012). Til høgre: Johan Eirik Meland vart klassevinnar i menn 19 år. (Foto: Team Statkraft Nordfjord/2011)

Over 200 løparar var i aksjon på sprinten under landsdelsmeisterskapet i skiskyting i dag. Arrangør av årets landsdelmeisterskap er Vik IL.

I alt 12 løparar frå MIL stilte opp og leverte flott innsats både i løypene og på  standplass. To av dei gjekk heilt til topps i sine klasser. Johan Eirik Meland vann klassa menn 19 år. Med berre ein bom og god fart i løypa vart sigersmarginen på 1 min 11 sek. Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11 år. Også han klarte seg med ein bom på dei 10 skota og vann 29 sek føre Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL. Sigurd Fotland Fænn vart nummer fire i same klassa.

I klassa for gutar 12 år kom Magnus Midthjell Gjørven på andreplass berre 2 sekund etter vinnaren Magnus Seljeset, Hornindal IL. I klassa gutar 13 år kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på 8.plass medan Aksel Mathias Meland kom på 6. plass i gutar 14 år. I klassa for gutar 15 år kom Odd Sindre Tonning på 6.plass og Håkon Midthjell Gjørven på ein 8.plass.

Gaute Bø kom på fjerdeplass i klassa for gutar 16 år medan Lars Midthjell Gjørven kom på ein fin tredjeplass i klassa for menn 18 år.

Også i klassa for dei alle ferskaste skiskyttarane var Markane representert. Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik deltok i klassa for nybyrjarar jenter 10 år og yngre. Begge skaut to fulle hus så dette lover godt for framtida.

Komplett resultatliste for dagens sprint er lagt ut nedanfor. Landsdelsmeisterskapet held fram i morgon med normaldistanse. 

Resultatliste LM skiskyting sprint 26.1.2013 Arrangør: Vik IL 



Ullsheim 26.1.2013:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2013

KM sprint, Sparebanken Møre cup, arrangert på Ullsheim

3.plass til Georg Kristian Halsteinslid

Georg Kristian Halsteinslid. Foto: Torstein Breivik, Ullsrennet 2012

Grunna snømangel på Sunnmøre vart krinsmeisterskapen i sprint for Møre og Romsdal flytta til Ullsheim. Hovdebygda IL stod som arrangør. 140 deltakarar frå 25 idrettslag stilte opp i rennet.

Markane IL hadde tre løparar på startstreken. Aller best denne gongen gjekk det for Georg Kristian Halsteinslid (foto) som kom på ein fin tredjeplass i sprintfinalen for gutar 17 år. Klassevinnar vart Iver Mathias Linge Glomnes frå Valldal IL.

Kari Alsaker kom på 10. plass i klassa for jenter 13 år medan Anders Svarstad Hole vart nummer åtte i klassa for gutar 11 år.

Fullstendig resultatliste er lagt ut nedanfor:

Resultatliste KM sprint fristil, Sparebanken Møre Cup 26.1.2013 Arr: Hovdebygda IL (på Ullsheim)



26.-27.januar 2013

Postet av Markane IL den 24. Jan 2013

Langrenn på Ullsheim i helga

-SSF-cup junior/Hyesprinten  27.1 er avlyst

 Sogn og Fjordane skikrins melder at Hovdebygda IL og Volda T&IF inviterer klubbane i Sogn og Fjordane til langrenn på Ullsheim 26.-27.januar.

Grunna snømangel på Sunnmøre har Hovdebygda IL flytta krinsmeisterskapen i sprint for Møre og Romsdal til Ullsheim laurdag 26. januar, medan Volda T&IF har flytta krinsrenn i friteknikk til Ullsheim søndag 27. januar.

Med bakgrunn i avlysinga av SSF Cup/Hyesprinten søndag 27. januar, tilbyr Sogn og Fjordane skikrins no klubbane i Sogn og Fjordane sprintrenn i friteknikk, samt krinsrenn i friteknikk høvesvis 26. og 27. januar.

Tilbodet skjer i samarbeid med Møre og Romsdal Skikrets, og arrangørar er Hovdebygda IL og Volda T&IF.

Arrangementet søndag 27. januar vil inngå i SSF Cupen for junior.

Informasjon om arrangementa samt påmelding m.m. finn ein på følgjande nettsider:

Ullsheim sprint fri teknikk laurdag 26.januar 2013

Arrangør: Hovdebygda IL 

SSF-cup junior fri teknikk søndag 27. januar 2013

Arrangør: Volda T&IF

 



Hornindal 15.02.2013:

Postet av Markane IL den 23. Jan 2013

Treningsstemne friidrett

Hornindal Idrettslag arrangerer treningsstemne i stille lengde og stille høgde fredag 15. febr kl 17.00.

Påmelding kl 16.30. Alle klassar.
 Gratis å vere med-inga premiering.
 Sal av kaffi, saft og vafler. 

Alle velkomne!



Nove Mesto 6.-17. februar 2013

Postet av Markane IL den 23. Jan 2013

Tarjei Bø klar for skiskyttar-VM!

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen, Fjordingen 2011

Tarjei Bø er teken ut til skiskyttar-VM i Nove Mesto 6.-17. februar, melder Norges Skiskytterforbund. Tarjei er teken ut til distansane mix-stafett, sprint og jaktstart.

Uttak til øvrige distansar skjer etter jaktstarten.

Johannes Thingnes Bø er klar for VM alt denne helga. Jr VM i skiskyting tek til i Obertilliach med sprint laurdag 26.januar.

 



Langeland 20.1.2013:

Postet av Markane IL den 21. Jan 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av SSF-cup renn på Langeland.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G13 i rennet på Langeland. Foto: Førde IL

Premieutdeling til klassa for gutar 13 år. På pallen frå venstre: Kent Ove Sæten, Hyen (nr 2), Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane (nr 1) og Knut Nornes, Førde (nr 3). Fremste rekkje: August Malterud (Førde), Jesper Uhre Hammersvik (Førde), Martin Lundekvam (Gaular), Thomas Walaker (Førde), Lars Øvrebø (Gaular), Henrik Husevåg Strømmen(Førde) og Stian Kapstad (Gaular)

83 deltakarar stilte til start under helgas skirenn på Langeland. Rennet inngjekk i SSF-cup for junior og gjekk i klassisk stil. Førde IL var arrangør av rennet som erstatta det planlagde rennet i Leirdalen som vart avlyst på grunn av kulden.

Markane IL hadde ein deltakar på startstreken, Simon Hjelmeset Kirkeeide i klassa for gutar 13 år. Han tok ein klar klassesiger og fullførte den 2 km lange løypa på 6 min 33 sek. Kent Ove Sæten frå Hyen IL vart nummer to med 6 min 47 sek og Knut Nornes frå Førde IL kom på tredjeplass med 6 min 58 sek.

Fullstendig resultatliste frå rennet er lagt ut nedanfor.

 Neste renn i SSF-cup junior er Hyesprinten 27. januar.

Resultatliste SSF-cup junior Langeland Dato: 20.1.2013

SSF-cup samanlagt pr. 21.01.2013



.

Postet av Markane IL den 20. Jan 2013

 

Foto frå Bendit Skiskytterfestival, Markane 12.-13.2013 

 Jørgen Ringdal Sæter -Sunnylven IL, Torgeir Hauso Volda Turn og IL - Allidrettslag og Gaute Bø -Markane IL. Foto: Klemet Bø

Frå venstre: Jørgen Ringdal Sæter -Sunnylven IL, Torgeir Hauso -Volda Turn og IL og Gaute Bø -Markane IL.

Fin ver på Ullsheim under årets Bendit skiskytterfestival. Foto: Klemet Bø

Funksjonærar klare til renn i flott solskinn.

Funksjonærar på Bendit skiskytterfestival. Foto: Klemet Bø

To av funksjonærane på Bendit skiskyttarfestival.

Funksjonærar på standplass Foto: Klemet Bø

Medhjelparar på standplass: Magnar Breidablik, Jan Egil Gjørven, Aslaug Thingnes Bø og Aslaug Thingnes Bø.

Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Klemet Bø

Nikolai Dispen Lødemel på veg til skyting.

Folksamt ved årestova. Foto: Klemet Bø

Mykje folk ved årestova.

Mari Sollid Eide. Foto: Klemet Bø

Mari Sollid Eide inne til skyting.

Standplass vert klargjort. Foto: Klemet Bø

Standplass vert gjort klar.

Startområdet. Foto: Sissel Svarstad

I startområdet. Oddvar Sætren og Ola Kirkeeide var startarar.

Anders Svarstad Hole etter målgong. Foto: Sissel Svarstad

Anders Svarstad Hole etter målgong i klassa gutar 10 år og yngre.

Funksjonærar på standplass. Foto: Sissel Svarstad

Jan Egil Gjørven, Aslaug Thingnes Bø og Alf Edvard Roset var funksjonærar på standplass.

Foto: Sissel Svarstad

Funksjonærar i fine Bendit-drakter.

Brynhild Sætren. Foto: Sissel Svarstad

Brynhild Sætren kommenterer.

Resultatlistene vert studerte. Foto: Bernhard Hole

Resultatlistene vert studerte.

Deltakarar i yngste klasse. Foto: Sissel Svarstad

Deltakarar i dei yngste klassane.

Mange blide funksjonærar og publikum. Foto: Sissel Svarstad

Mange blide funksjonærar og publikum på Ullsheim.

Nikolai og Elias Dispen Lødemel. Foto: Therese Dispen

Nikolai og Elias Dispen Lødemel, Markane IL.

Foto: Therese Dispen

og Margrethe Arntsen.

Løparar frå Nordfjord Team. Foto: Therese Dispen

Team Statkraft Nordfjord var godt representert i helga.

Medhjelparar på kjøkenet. Foto: Therese Dispen

Vigdis Ørjaseter og Ingrid Meland var medhjelparar på kjøkenet.

Speakerar var Kjetil Svarstad og Paul Hatledal. Foto: Therese Dispen

Kjetil Svarstad og Paul Hatledal var speakerar på skiskyttarfestivalen.

Ester Skrede, Jorunn Roset og Odd-Kjetil Tonning. Foto: Therese Dispen

Ester Anny Skrede, Jorunn Roset og Odd-Kjetil Tonning.

Emile Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Therese Dispen

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassa for jenter 10 år.

I målområdet. Foto: Therese Dispen

Kari Tonning og Magnhild Hauge i målområdet.

Grete Zachariassen og Sissel Svarstad. Foto: Therese Dispen

Grete Zachariassen og Sissel Svarstad var funksjonærar på rennkontoret.

 



Mo i Rana 20.01.2013:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2013

Resultat frå Norgescupsprint i skiskyting

Heidi Flo Bødal. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Dagens øving i Norgescupen i skiskyting i Mo i Rana var sprint. Også i dag var fire løparar frå Markane IL i aksjon. Ingen av desse kom heilt opp på pallen i dag. Likevel vart det ein svært god dag for Team Statkraft Nordfjord med førsteplass både til Heidi Flo Bødal (foto) i K19 og Isak Flo Bødal i M18. I tillegg blei Andrea Skeide Bakke nummer to i K17.

Best plassering av Markane-løparane vart det til Johan Eirik Meland med 6.plass i M19. Han skaut i dag feilfritt på liggjande skyting, men måtte tole to strafferundar etter ståande skyting. I mål skilde det 1 min 5 sek opp til vinnaren Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL som hadde to fulle hus.

I klassa for M20-21 kom Jarle Midthjell Gjørven på 8.plass. Også han fekk to rundar på den ståande skytinga. I mål var han 57 sek etter vinnaren Håkon Svaland frå Birkeland IL/Team Statkraft Lillehammer.

Lars Midthjell Gjørven vart nummer 20 i klassa for menn 18 år. Totalt vart det fire strafferundar etter ein bom på liggjande og tre på ståande skyting. I mål var han  3 min 10 sek etter vinnaren Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord som skaut to fulle hus.

Georg Kristian Halsteinslid kom på 41.plass i menn 17 år. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk tre bom på ståande. I mål skilde det 3 min 16 sek fram til klassevinnar Mattis Haug frå Fet SK.

Komplett resultatliste for dagens sprint er lagt ut nedanfor.

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 sprint. Alle klasser. Dato: 20.01.2013



Mo i Rana 19.01.2013:

Postet av Markane IL den 19. Jan 2013

Resultat frå Norgescupen i skiskyting

Johan Eirik Meland, 2012. Foto: Team Statkraft NordfjordBossmo og Ytteren IL er arrangørar av DNB Cup 4/Statkraft jr Cup 3 denne helga. Første øving var supersprint. I alt fire løparar frå Markane IL var i aksjon. Alle leverte jamnt godt, men ingen kom heilt opp i tetplasseringane denne gongen.

Johan Eirik Meland vart nummer 13 i klassa for  menn 19 år. På prologen var han heilt framme på ein andreplass etter to feilfrie skytingar. Han låg også på andreplass utfrå andre skyting i finalen etter to feilfrie liggjandeskytingar, men etter to bom på kvar av dei ståande seriane vart det til slutt ein 13. plass. Han var 1 min 32 sek etter vinnaren Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL.

Også Lars Midthjell Gjørven kom på 13. plass i si klasse, M18. Han fullførte prologen på ein tredjeplass med feilfri skyting. I finalen blei det ein bom på andre skyting og ein bom på fjerde skyting. Det heldt til ein 13.plass, 1 min 42 sek bak vinnaren Henrik Aslesen frå Fet SK som skaut fire fulle hus.

I klassa for menn 17 år kom Georg Kristian Halsteinslid på 27. plass. Etter dei to liggjande skytingane låg han heilt oppe på 12. plass. Med tre bom på kvar av dei ståande seriane vart det litt lenger ned på lista med ein 27.plass. Han var 2 min 48 etter vinnaren Harald Birkeland Larsen frå Molde og Omegn IF.

Jarle Midthjell Gjørven kom på 14.plass i klassa for menn 20-21 år. Også han gjekk godt på prologen og var her på ein sjetteplass med to feilfrie skytingar. Også i finalen gjekk det feilfritt på skytebana, men litt saktare i sporet enn dei raskaste. I mål var han 1 min 33 sek etter vinnaren Andreas Grimstvedt frå Fossum IF som også skaut feilfritt.

Norgescupen held fram i morgon med sprint.

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 17 år Dato: 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 18 år Dato 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 19 år Dato: 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 20-21 år Dato 19.01.2013



Endringar på terminlista:

Postet av Markane IL den 18. Jan 2013

Helgas renn i SSF- cup flytta til 20.januar i Langeland

Helgas renn i SSF-cup vert nok ein gong flytta. Rennet som var planlagt i Leirdalen 19.januar, vert utsett til søndag 20.januar på Langeland. Førde IL vert ny arrangør.

For å unngå kollisjon med anna arrangement vert starten for rennet utsett til kl. 1500.

Alle som var påmelde til det opprinnelege rennet i Leirdalen, må gjere påmeldinga om igjen.

Påmelding skal gjerast enten via www.minidrett.no eller på epost Asgeir.Tveit@sekom.no innan laurdag 19.1 kl.2359

Avlysing krinsrenn skiskyting 20.januar

Krinsrennet i skiskyting som Hardbagg IL skulle arrangere 20. januar, er avlyst på grunn av snømangel!

 

 



Cuprenn 15.01.2013:

Postet av Markane IL den 16. Jan 2013

Stor oppslutning om sesongens første cuprenn.

Thea Dispen Lødemel. Foto: Klemet Bø

Thea Dispen Lødemel ut frå start i yngste klassa. I bakgrunnen : Ann Kristin Aaland (nr 73), Elias Dispen Lødemel og Håvard Tonning.

Heile 103 deltakarar frå fleire idrettslag stilte opp då årets første cuprenn vart arrangert på Ullsheim 15. januar. I tillegg til løparar frå Markane IL var her tilreisande frå Hardbagg, Veten, Fjellhug/Vereide, Breim og Hornindal på startstreken. Spesielt i dei yngste klassane var det stor deltaking med 32 deltakarar i klassa til og med åtte år og 22 startande i klasse 9-10 år.

Rennet gjekk i fri teknikk, og var også lagsrenn for Markane IL. I seniorklassane (15 år og oppover) vart det siger til Anders Vonheim i herreklassa og Janne Alsaker i dameklassa. I klassa for 13-14 åringar var Aksel Mathias Meland raskast av gutane og Kari Alsaker blant jentene. I den yngste konkurranseklassa for 11-12 åringar vart det klassesigrar til Oskar Guddal Breivik og Gunn Kristin Tvinnereim. For øvrige resultat viser vi til resultatlista som er lagt ut nedanfor.

NRK var også til stades og gjorde opptak under rennet. Dette skal sendast i samband med skiskyttar-VM så her er det berre å følgje med framover.

Fotoserie frå rennet er lagt ut nedanfor.

Resultatliste cuprenn nr 1. Dato: 15.01.2013 -oppdatert 16.01.2013

 

Ane Hjelmeset Kirkeeide, Foto; Klemet Bø

Ane Hjelmeset Kirkeeide klar til start.

 Start for yngste klasse til og med 8 år. Foto: Klemet Bø

Kjersti Fløtre Reed ut frå start.

Ut frå start i yngste klasse. Foto: Klemet Bø

Kornelia Trøsken på veg ut i løypa.

Mari Sofi Meland og Malin Guddal Sunde. Foto: Klemet Bø

Mari Sofi Meland og Malin Guddal Sunde.

Jesper Svarstad Hole. Foto: Klemet Bø

 Jesper Svarstad Hole

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Klemet Bø

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide

Jon Kristoffer Øvre Flo og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Klemet Bø

Jon Kristoffer Øvre-Flo og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide får seg frukt og anna godt etter løpet.

Torill Guddal med Aksel Guddal Breivik. Foto: Klemet Bø

Torill Guddal med Aksel Guddal Breivik

Eirik Rauset vert intervjua av Liv Grete Poiree. Foto: Klemet Bø

Eirik Rauset vert intervjua av Liv Grete Skjelbreid Poiree etter løpet.

Torill Guddal og Iren Flo. Foto: Klemet Bø

Torill Guddal med Aksel Guddal Breivik og Iren Flo var blant publikum.

Andrea Bjørke. Foto: Klemet Bø

Andrea Bjørke i fint driv i løypa.

Torill Lødøen og Ingrid Meland stod for matserveringa. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Torill Lødøen og Ingrid Meland stod for matserveringa.

Startfeltet i klassa 9-10 år. Foto: Klemet Bø

22 deltakarar i klasse 9-10år klare til start.

 Eldbjørg Hatledal. Foto: Klemet Bø

Eldbjørg Hatledal var startar og kommentator under løpet.

Jon Kristoffer Øvre-Flo. Foto: Klemet Bø

Jon Kristoffer Øvre-Flo deltok i klassa opp til 8 år.

Emilie Flo Stavik vert intervjua av Liv Grete Poiree. Foto: Klemet Bø

Emilie Flo Stavik vert intervjua av Liv Grete Poirée.

Kjersti Fløtre Reed etter løpet. Foto: Klemet Bø

Kjersti Fløter Reed har sikra seg løpardrikke etter målgong.

Liv Grete Poirée. Foto: Klemet Bø

Liv Grete Poirée intervjua unge cuprenndeltakarar.



Endringar på terminlista:

Postet av Markane IL den 15. Jan 2013

Tuarennet vert utsett-blir erstatta med renn i Gaupne.

På grunn av snømangel i Stigedalen blir SSF Cup/Tuarennet flytta til 9. mars 2013. Rennet skulle opphaveleg avviklast 19. januar. Arrangementet inngår i SSF Cupen for rekruttar.

Rennet som opphaveleg skulle avviklast på Hafslo 9. mars utgår.

Vidare blir SSF Cup/Tuarennet erstatta med arrangement i Leirdalen i Gaupne 19. januar. IL Bjørn er arrangør. Dette rennet inngår i SSF Cupen for junior.

 Terminliste langrenn 2013 -oppdatert 15.01.2013

Terminliste SSF-cup 2013 -oppdatert 15.01.2013

SSF-cup samanlagt etter 2 renn 15.01.2013



Ullsheim 12.-13.2013:

Postet av Markane IL den 14. Jan 2013

Glimt frå Bendit skiskytterfestival på Ullsheim

 Jørgen Ringdal Sæter -Sunnylven IL, Torgeir Hauso Volda Turn og IL - Allidrettslag og Gaute Bø -Markane IL. Foto: Klemet Bø

Frå venstre: Jørgen Ringdal Sæter -Sunnylven IL, Torgeir Hauso -Volda Turn og IL Allidrettslag og Gaute Bø -Markane IL. Foto: Klemet Bø

 Omlag 145 løparar stilte til start i både sprint og normaldistanse då Bendit skiskytterfestival gjekk av stabelen på Ullsheim 12. og 13. januar. I strålande solskinn leverte mange unge løparar flott innsats både i løypa og på standplass. God innsats var det også av alle funksjonærane som villeg stilte på for å få arrangementet vel i hamn. Skiskyttarfestivalen samla deltakarar mellom Vik i Sogn og Molde.

Nedanfor er lagt ut fotoseriar frå helgas skiskytterfestival. Foto er tekne av Klemet Bø, Therese Dispen og Sissel Svarstad. Resultatlistene frå helgas renn finn du også nedanfor.

Offisiell resultatliste Bendit skiskytterfestival sprint Markane 12.01.2013

    Offisiell resultatliste Bendit skiskytterfestival normaldistanse 13.01.2013

 

Fin ver på Ullsheim under årets Bendit skiskytterfestival. Foto: Klemet Bø

Funksjonærar klare til renn i flott solskinn.

Funksjonærar på Bendit skiskytterfestival. Foto: Klemet Bø

To av funksjonærane på Bendit skiskyttarfestival.

Funksjonærar på standplass Foto: Klemet Bø

Medhjelparar på standplass: Magnar Breidablik, Jan Egil Gjørven, Aslaug Thingnes Bø og Aslaug Thingnes Bø.

Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Klemet Bø

Nikolai Dispen Lødemel på veg til skyting.

Folksamt ved årestova. Foto: Klemet Bø

Mykje folk ved årestova.

Mari Sollid Eide. Foto: Klemet Bø

Mari Sollid Eide inne til skyting.

Standplass vert klargjort. Foto: Klemet Bø

Standplass vert gjort klar.

Startområdet. Foto: Sissel Svarstad

I startområdet. Oddvar Sætren og Ola Kirkeeide var startarar.

Anders Svarstad Hole etter målgong. Foto: Sissel Svarstad

Anders Svarstad Hole etter målgong i klassa gutar 10 år og yngre.

 Funksjonærar på standplass. Foto: Sissel Svarstad

 Jan Egil Gjørven, Aslaug Thingnes Bø og Alf Edvard Roset var funksjonærar på standplass.

Foto: Sissel Svarstad

 Funksjonærar i fine Bendit-drakter.

Brynhild Sætren. Foto: Sissel Svarstad

Brynhild Sætren kommenterer.

Resultatlistene vert studerte. Foto: Bernhard Hole

Resultatlistene vert studerte.

Deltakarar i yngste klasse. Foto: Sissel Svarstad

Deltakarar i dei yngste klassane.

Mange blide funksjonærar og publikum. Foto: Sissel Svarstad

Mange blide funksjonærar og publikum på Ullsheim.

 Nikolai og Elias Dispen Lødemel. Foto: Therese Dispen

Nikolai og Elias Dispen Lødemel, Markane IL.

Foto: Therese Dispen

og Margrethe Arntsen. 

 Løparar frå Nordfjord Team. Foto: Therese Dispen

Team Statkraft Nordfjord var godt representert i helga.

Medhjelparar på kjøkenet. Foto: Therese Dispen

Vigdis Ørjaseter og Ingrid Meland var medhjelparar på kjøkenet.

Speakerar var Kjetil Svarstad og Paul Hatledal. Foto: Therese Dispen

Kjetil Svarstad og Paul Hatledal var speakerar på skiskyttarfestivalen.

Ester Skrede, Jorunn Roset og Odd-Kjetil Tonning. Foto: Therese Dispen

Ester Anny Skrede, Jorunn Roset og Odd-Kjetil Tonning.

Emile Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Therese Dispen

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassa for jenter 10 år.

I målområdet. Foto: Therese Dispen

Kari Tonning og Magnhild Hauge i målområdet.

Grete Zachariassen og Sissel Svarstad. Foto: Therese Dispen

Grete Zachariassen og Sissel Svarstad var funksjonærar på rennkontoret.



Ruhpolding 13.01.2013:

Postet av Markane IL den 14. Jan 2013

14. plass til Tarjei Bø på fellesstarten

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø viste nok ein gong solid skyteform på fellesstarten i Ruhpolding. På dei tjue skota vart det 19 treff. Berre på den andre skytinga vart det ein bom. I sporet gjekk det også jamnt brukbart, men ikkje fullt så raskt som kjappaste i feltet.

Martin Fourcade skaut feilfritt og vann løpet klart. I mål skilde det 47 sekund frå Fourcade og ned til Tarjei. På ein dag med mykje god skyting helt det til slutt til ein 14. plass til Tarjei. Beste norske vart Emil Hegle Svendsen på tredjeplass.

Verdscupen held fram i Anterselva til helga.



Cuprenn 2013:

Postet av Markane IL den 13. Jan 2013

Klart for 1.cuprenn tysdag 15.januar!

OBS! Rennet vert i fri teknikk

Cuprennsesongen startar tysdag 15. januar. På grunn av lite snø for klassisk spor, vert det eit byte av stilart i høve til det som har vore annonsert tidlegare. Det første rennet arrangert i fri teknikk. Rennet vert også årets lagsmeisterskap i fri teknikk!

Påmelding frå kl. 1800.

Første start ca. 1840

Startkontingent kr 50 for alle.

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -fellesstart, tidtaking
13-14 år: 2.3 km - fellesstart, tidtaking
15 år og eldre: 4.6 km - fellesstart, tidtaking

Parkeringsavgift kr 40. (OBS!  Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Velkomne!



Ruhpolding 12.01.2013:

Postet av Markane IL den 12. Jan 2013

7.plass til Tarjei Bø på sprinten

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø kjem stadig høgare opp resultatlista i verdscupen i skiskyting. På sprinten i Ruhpolding leverte han to feilfrie skyteseriar. Farten i langrennssporet var ikkje heilt på høgde med dei aller raskaste idag, men likevel sesongbeste med ein 7. plass. Han var 45 sekund etter vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike. Russarane Evgeny Ustyugov og Andrei Makoveev følgde på andre- og tredjeplass. Emil Hegle Svendsen vart nummer fire og Lars Helge Birkeland nummer seks.

Verdscuphelga i Ruhpolding vert avslutta med fellesstart i morgon.



Siste innspurt- avstemninga stenger 31.1.2013!:

Postet av Markane IL den 10. Jan 2013

Stem fram Arvid Hatledal som Årets Kvardagshelt!

Avstemning Årets Kvardagshelt!Skogstad Sport har i 2012 delt ut prisar til kvardagsheltar !

Arvid Hatledal vart kåra til månadens kvardagshelt i februar 2012, og mottok kr 10.000,- som skulle nyttast til eit godt formål i idrettslaget. Avsteminga om kven som skal bli Årets kvardagshelt 2012 er no i gong!

HJELP oss å stemme Arvid fram til ÅRETS kvardagshelt, så greier vi kanskje å finasiere HEILE gapahuken på Ullsheim!!

STEM NO og oppfordr gjerne andre til å gjere det same! Resultatet vert offentleggjort i februar.

Lenke til avstemninga finn du her:

Avstemning Årets Kvardagshelt 2012 -Skogstad Sport



Ruhpolding 10.01.2013:

Postet av Markane IL den 10. Jan 2013

2.plass til Noreg i skiskyttarstafetten

-god etappe av Tarjei Bø.Tarjei Bø, Ruhpolding 10.01.2013. Foto: Jens Petter Søraa

Det norske laget kom på andreplass i dagens verdscupstafett i Ruhpolding. Tarjei Bø gjekk sin første stafett for sesongen og leverte ein god etappe.

Lars Helge Birkeland gjekk førsteetappen. Han skaut feilfritt og sende Tarjei ut på andreetappen ein fin tredjeplass like bak leiande Tyskland.

Etter ein feilfri liggande serie låg Tarjei framleis på ein tredjeplass. På den ståande serien vart det fire gode treff medan alle tre ekstraskota gjekk med for å få ned siste blinken. Ut etter andre skyting var Tarjei nede på ein sjuandeplass. Differansen fram til leiande Tyskland var på 24,8 sek. Men med ein forrykande siste runde tok Tarjei igjen konkurrentane og sende Henrik L`Abee-Lund ut på tredjeetappen som førstemann. Tyskland og Frankrike følgde like bak.

Henrik L`Abee-Lund gjekk også ein god etappe og brukte berre eit ekstraskot. Då Emil Hegle Svendsen gjekk ut på siste etappe låg Noreg på andreplass 4,8 sek etter Austerrike. Tre ekstraskot på siste ståande skyting gjorde at sigeren glapp i dag, men god fart på sisterunden gav ein fin andreplass til det norske laget 9,8 sek etter Frankrike. Austerrike vart nummer tre.

 



Sjusjøen 6.1.2013

Postet av Markane IL den 7. Jan 2013

Resultat frå jaktstarten i Norgescupen

Johan Eirik Meland. Foto: Norgecup, 2012

Norgescuphelga på Sjusjøen heldt i dag fram med jaktstart med utgongspunkt i sprinten i går. Ingen av løparane frå Markane IL hevda seg heilt opp i medaljekampen denne gongen. Det vart likevel ein flott dag for Team Statkraft Nordfjord med siger til Isak Flo Bødal frå Stårheim IL i klasse menn 18 år. Lars Midthjell Gjørven låg på sjetteplass etter gårsdagen, men sju bom i dag vart i meste laget. Dermed vart det ein 12.plass til Lars på jaktstarten.

Best plassering i dag av våre løparar vart det til Johan Eirik Meland som vart nummer ni i klassa for menn 19 år. Han skaut fullt på dei to liggande seriane, men måtte tåle tre rundar på ståandeseriane. Fredrick Mack Rørvik, Målselvs skiskyttere NTG-G, vann klassa. Han var 1 min 7 sek føre Johan Eirik i mål.

I klassa for menn 17 år vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 52 etter sju bom totalt. Brage Malm Momstad frå Lier NTG-G  vart klassevinnar. I klassa for menn 20-21 år gjekk Jarle  Midthjell Gjørven seg opp til ein 24. plass sjølv om han skaut på seg fem rundar i løpet av jaktstarten.

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 17 år 6.1.2013

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart menn 18 år 6.1.2013

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 19 år 6.1.2013 

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen jaktstart klasse menn 20-21 år 6.1.2013



Ullsheim 6.1.2013:

Postet av Markane IL den 7. Jan 2013

Ullsrennet 2013

Frå startfeltet i klasse J9 år og yngre. Foto: Margunn Hjelmeset 

Frå startfeltet i klassa jenter 9 år og yngre. Frå venstre: Amanda Gjøvåg Heggestad-Markane IL, Anna Naustdal-Stårheim IL, Siri Kråkenes-Eid IL, Victoria Bøe Fotland-Markane IL, Ellisiv Hetle-Breimsbygda IL. Lengst bak Oda Svarstad Hole -Markane IL og Thea Dispen Lødemel-Markane IL (delvis skjulte.) Foto: Margunn Hjelmeset

 I alt 200 skiløparar stilte til start under årets utgåve av Ullsrennet. Imponerande nok var heile 25 ulike idrettslag frå heile Sogn og Fjordane og store deler av Møre og Romsdal representerte på startstreken.

Markane IL var godt representerte med 41 løparar. Mange av desse har alt vore aktive i fleire år, men gledeleg nok var det også nye namn på resultatlista. Fem løparar frå Markane kom i mål som klassevinnarar: Maren Hjelmeset Kirkeeide (J10), Simon Hjelmeset Kirkeeide (G13), Aksel Mathias Meland (G14), Ingvild Hatledal (J17 FH) og Janne Alsaker (K 19/20). For øvrige resultat viser vi til resultatlista.

Ullsrennet var også det første rennet i SSF-cupen for rekruttar. Poengstillinga for dei ulike klassane etter det første rennet finn du i samanlagtlista nedanfor. SSF-cup for rekruttar held fram søndag 13. januar i Sogndal.

 Offisiell resultatliste Ullsrennet 6.1.2013

 Samanlagtliste SSF-cup pr 7.1.2013

Mange fleire foto frå helgas Ullsrenn finn du under "les heile saken". Fotograf er Margunn Hjelmeset.

 

Eskil Kveen og Vegard Lødøen Flo. Foto: Margunn Hjelmeset

Eskil Kveen og Vegard Lødøen Flo 

Oda Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

 Oda Svarstad Hole deltok i yngste jenteklassa.

Viktoria Bøe Fotland. Foto: Margunn Hjelmeset

Viktoria Bøe Fotland deltok i klassa for jenter 9 år og yngre.

Startfeltet i gutar 9 år og yngre. Foto: Margunn Hjelmeset

Jørgen Trøsken, Markane IL og Ørjan Aske, Fjellhug/Vereide klare til start i klassa for gutar 9 år og yngre.

Jørgen Trøsken ut frå start. Foto: Margunn Hjelmeset

Jørgen Trøsken ut frå start

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

 Maren Hjelmeset Kirkeeide klar til start.

I målområdet. Foto: Margunn Hjelmeset

Deltakarar i klassa gutar 9 og yngre etter målgong. Frå venstre: Torje Seljeset, Ørjan Aske, Jørgen Trøsken og Eirik Flo Stavik.

Løparar i klassa jenter 9 år eller yngre. Foto: Margunn Hjelmeset

Frå venstre: Katrine Svarstad Heggdal, Amanda Gjøvåg Heggestad, Viktoria Bøe Fotland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole deltok i klassa jenter 9 år eller yngre.

Startfelt for jenter 10 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Klassa for jenter 10 år klare til start. Frå høgre: Marthe Gjøvåg Heggestad -Markane IL, Mari Johannessen Skrede -Førde IL, Ida H. Indrebø -Jotun IL, Emilie Flo Stavik -Markane IL og Karoline Flo -Markane IL. 

Ingvill Hatledal. Foto: Margunn Hjelmeset

  Ingvill Hatledal deltok i jenter 17 år FH.

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klassa for jenter 10 år.

Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik starta i klassa for jenter 10 år.

Sofie Gjøvåg Heggestad. Foto: Margunn Hjelmeset

Sofie Gjøvåg Heggestad, Markane IL deltok i klassa for jenter 11 år.

Deltakarar i jenter 10 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik, Karoline Flo og Marthe Gjøvåg Heggestad

Publikum under Ullsrennet 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Heggdal Olsen, Else Solheim, Ella S. Kveen og Åshild Heggdal.

 

Aksel Mathias Meland etter målgong. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland etter målgong i klasse gutar 14 år.

Vegar Lødøen Flo. Foto: Margunn Hjelmeset

Vegard Lødøen Flo i gong med løpet.

Eskil Kveen. Foto: Margunn Hjelmeset

 Eskil Kveen.

Kari Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Kari Alsaker

Løparar etter målgong. Foto: Margunn Hjelmeset

Erlend Bjørnhaug Aarnes -Markane IL, Kent Ove Sæten -Hyen, Vegard Lødøen Flo -Markane, Magnar Lødemel -Hornindal, Simon Hjelmeset Kirkeeide -Markane, Aksel Mathias Meland -Markane IL, Even Nesgård, Fjellhug/Vereide, Rasmus Hopland -Hardbagg IL, Marius Heggdal Olsen -Markane IL og Eskil Kveen -Markane IL.

Vegard Lødøen Flo og Eskil Kveen. Foto: Margunn Hjelmeset

Vegard Lødøen Flo og Eskil Kveen.

Liv Rigmor Netland. Foto: Margunn Hjelmeset

 Liv Rigmor Netland

Janne Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Janne Alsaker

Sigbjørn Kirkeeide og Per Heimlid. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigbjørn Kirkeeide og Per Heimlid var funksjonærar.

 

Funksjonærar på Ullsrennet. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Medhjelparar på Ullsrennet.

Atle Kroken, Leif Rune Myrvang og Anders Meland.

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Håkon Midthjell Gjørven

Grim Nygård. Foto: Margunn Hjelmeset

 Grim Nygård

Odd sindre Tonning og Andreas Halsteinslid. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning og Andreas Halsteinslid deltok i gutar 15 år.

Funksjonærar på Ullsrennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Blide funksjonærar på Ullsrennet

Aslaug Thingnes Bø og Linda Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset 

Aslaug Thingnes Bø og Linda Alsaker

Pallen gutar 13 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Pallen i klassa gutar 13 år. Frå venstre:  Magnar Lødemel -Hornindal IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide -Markane IL og Jesper Uhre Hammersvik -Førde IL.

Premieutdeling gutar 13 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Premievinnarar i klassa gutar 13 år.

Pallen gutar 14 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Pallen i klassa for gutar 14 år. Frå venstre: Brage Burø Sunde frå Førde IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL og Sondre Overvoll Hole -Stordal IL

Premieutdeling gutar 14 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling for klassa gutar 14 år.

Premieutdeling jenter 13 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling for klassa jenter 13 år.

 

Ivar Ulvedal. Foto: Margunn Hjelmeset

Ivar Ulvedal, IL Veten.

Viktoria Bøe Fotland og Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Margunn Hjelmeset

 Viktoria Bøe Fotland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide

Premieutdeling gutar 15 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling for klassa gutar 15 år.

 

 



Ullsrennet 6.1.2013:

Postet av Markane IL den 6. Jan 2013

Resultatliste Ullsrennet 2013

Offisiell resultatliste for Ullsrennet 2013 er lagt ut nedanfor. Meir om rennet kjem snart.

Offisiell resultatliste Ullsrennet 6.1.2013



Ottepää 6.1.2013:

Postet av Markane IL den 6. Jan 2013

2.plass til Johannes Thingnes Bø i IBU-cup!

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, 2012

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til andreplass under IBU-cupen i Otteää. Foto: Anders Vonheim (Norgescup Geilo 2012)

Johannes Thingnes Bø kom på ein flott andreplass på dagens sprint under IBU-cupen i Ottepää. I mål var han 10,2 sek etter vinnaren Magnus Jonsson frå Sverige. Daniel Mesotitsch frå Østerrike kom på tredjeplass. Alle dei tre beste skaut to fulle hus på sprinten.

Johannes er alt utteken til årets junior-VM, og innsatsen i Estland tyder på at Johannes i godt slag igjen etter sjukdomsperioden så her er mykje å sjå fram til utover vinteren. 



Oberhof 6.1.2013:

Postet av Markane IL den 6. Jan 2013

22. plass til Tarjei Bø på jaktstarten

Tarjei Bø. Foto: NRK,Østersund 2011

Tarjei Bø gjekk seg opp tre plassar under dagens jaktstart i Oberhof og enda dermed på ein 22.plass.

Det vart i alt fire bom på dei fire skytingane, og differansen opp til den russiske vinnaren Dmitrij Malysjko frå Russland vart til slutt på 3 min 4 sek. Russaren skaut 20 treff på dagens jaktstart.

Verdscupen held fram alt 9.januar i Ruhpolding, og med Tarjei i gong igjen i verdscupen er det mykje å sjå fram til!



Sjusjøen 5.1.2013:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2013

Fine plasseringar under Norgescupløpa på Sjusjøen

Lars Midthjell Gjørven kom på 6.plass i klasse menn 18år. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

Det vart fleire fine plasseringar til utøverane frå Markane IL under dagens skiskyttarsprint på Sjusjøen sjølv om ingen av dei klatra heilt opp på pallen i dag.

Beste plassering i dag fekk Lars Midthjell Gjørven (foto) som kom på 6. plass i klasse menn 18 år. Med to strafferundar på den ståande skytinga var han 1 min 49 sek etter klassevinnaren Lars Gunnar Skjevdal frå Røros IL/Team Statkraft Nord-Østerdal. Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL/NTG-L kom på andreplass 34,3 sek bak medan Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord kom på tredjeplass 52,2 sek bak.

I klassa for menn 19 år kom Johan Eirik Meland frå Markane IL/Team Statkraft Nordfjord på ein 8. plass. Han fekk ein runde på den ståande skytinga og var 1 min 3 sek etter vinnaren Kristian Andre Aalerud frå Bærum skiklubb/NTG-G. Fredrick Mack Rørvik frå Målselvs skiskyttere/NTG-L kom på andreplass 14.8 sek bak vinnaren medan Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL følgde som nummer tre 40.6 sek bak.

I klassa for menn 17 år kom Georg Kristian Halsteinslid på 37.plass. Han var 3 min 22 sek etter vinnaren med totalt tre strafferundar under dagens løp. Klassevinnar her vart Even Nordbø frå Fyresdal SSL/ NTG-G.

I klassa for menn 20-21 år kom Jarle Midthjell Gjørven på 28. plass. Han fekk ein strafferunde på liggande skyting og skaut fullt på ståande. I mål var han 2 min 20 sek etter klassevinnaren Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL.

Med fleire svært jamne klasser ligg alt an til ein spennande jaktstart når norgescupen held fram i morgon.

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 17 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 18 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 19 år

Resultatliste DNB cup 3/ Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 20-21 år

 



Oberhof 5.1.2013

Postet av Markane IL den 5. Jan 2013

Tarjei Bø endeleg tilbake i verdscupen

-25.plass under sprinten i Oberhof

Tarjei Bø. Fjordingen

Etter å ha måtte stå over dei første verdscuprenna i sesongen på grunn av sjukdom var Tarjei endeleg tilbake på startstreken under dagens sprint i Oberhof.

Etter ein bom på første skotet vart berre treff på dei to skyteseriane under sprinten og Tarjei fekk vist at skyteformen framleis er god. Farten i sporet var litt lågare enn dei kjappaste noko som må seiast å vere forventa etter eit så langt avbrekk. Eit lite fall mot slutten førte også til tap av nokre sekund, og i mål vart det til slutt ein 25.plass 1 min 14 sek bak vinnaren Dmitry Malyshko frå Russland. Jevgenij Garanitsjev, Russland, vart nummer to og Emil Hegle Svendsen nummer tre.

I morgon er det klart for jaktstart og med eit jamn resultatliste er det gode sjansar om ei endå betre plassering til Tarjei her.



Ottepää 5.1.2013:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2013

23.plass til Johannes Thingnes Bø i IBU-cupen

Johannes Thingnes Bø. Foto: FjordingenOgså Johannes var tilbake på start i skiskyting i dag då det var klart for normaldistanse under IBU-cupen i Ottepaa, Estland.

Johannes start fint på standplass med fullt hus på første skyting, men fem tilleggsminutt på dei tre neste seriane var litt i mestelaget for ei plassering heilt i toppen. I mål heldt det til ein 23. plass. Han var 5 min 4 sek etter vinnaren Victor Vasilyev frå Russland som berre hadde eit tilleggsminutt. Dermed har dei i praksis hatt same fart i sporet. Noko som lover godt for dei komande løpa. IBU-cupen held fram allereie i morgon med sprint.



Startlister Ullsrennet 2013

Postet av Markane IL den 4. Jan 2013

Det blir god deltaking på Ullsrennet søndag 6. januar. Over 200 deltakrar er påmelde. Her er startlista for rennet:

Startliste Ullsrennet 2013 pdf-fil

Startliste Ullsrennet 2013 Excel-fil



Tysdag 8.1.2013:

Postet av Markane IL den 3. Jan 2013

Smørjekurs med Johnny Seljeset

Logo Markane IL

 

Det vert kurs i skismørjing med Johnny Seljeset for foreldre og andre interesserte tysdag 8. januar kl. 1830-2000 på Ullsheim.

Elles er aktivitetskalendaren 2013 for skigruppa klar. Du kan laste den ned i pdf-format nedanfor:

Aktivitetskalendar skigruppa 2013 -oppdatert 7.1.2013



.

Postet av Markane IL den 3. Jan 2013

AKTIVITETSKALENDER - SKIGRUPPA 2013

DATO

AKTIVITET

KLOKKESLETT

6.januar

Ullsrennet arr Markane IL – friteknikk, ssf-cup rekrutt

13.00

8.januar

Langrennstrening, klassisk¨. Aldersgruppe 10-14år. Det er 100kr i deltakaravgift for alle treningane i sesongen til saman.

Smørjekurs for foreldre og andre interesserte, v/ Johnny Seljeset…på Ullsheim

18.30



18.30

13.januar

SSF-cup rekrutt Sogndal IL - klassisk



15.januar

Cuprenn nr 1 – fri teknikk– fellesstart frå og med 9 år. Gjeld som LM fri teknikk. Startkontingent kr 50

Påmeld frå kl 18.00

19.januar

SSF-cup junior Gaupne Arr: IL Bjørn- friteknikk



22.januar

Langrennstrening, fri teknikk for 10-14åringar

18.30 – 20.00

27.januar

SSF-cup junior, Hyesprinten - klassisk



29.januar

Cuprenn nr 2 – klassisk.

Påmeld frå kl 18.00

Startkontingent kr 50

1.februar

KM friteknikk, arr Førde IL



2.februar

KM sprint, friteknikk, arr Førde IL SSF-cup junior



3.februar

KM klassisk. Gjeld og som SSF-cup rekrutt, arr Førde IL



5.februar

Langrennstrening, Klassisk for aldersgruppa 10-14 år

Skileik for born på 10år eller yngre.

18.30 – 20.00

9.februar

SSF-cup rekrutt og junior arr Bjørn IL - Duatlon



12.februar

Cuprenn nr 3 – klassisk – omvendt jaktstart.

Påmelding fråvkl 1800

Startkontingent kr 50

16.februar

Tverrfjelldilten arr Markane IL(seedingsrenn Birken)

12.00

17.februar

SSF-cup rekrutt, Kleivanerennet, arr Fjellhug Vereide



16 – 17 feb

Ungdommens Holmenkollrenn (for 13 og 14 åringar)



24.februar

Veten-rennet, friteknikk



28.februar OBS! torsdag

Cuprenn nr 4- friteknikk, omvendt jaktstart

Påmeld frå kl 18,00

Startkontingent kr 50

1-3 mars

Hovedlandsrennet (for 15 og 16 åringar) på Savallen



3.mars

Honndalsrennet – klassisk



5.mars

Langrennstrening – friteknikk for aldersgruppa 10-14år

Skileik for born 10år eller yngre.

18.30 – 20.00

9.mars

SSF-cup rekrutt/Tuarennet, arr: Eid IL



12.mars

Cuprenn nr 5, skicross

Påmeld frå 18.00

Startkontingent kr 50

16.mars

Birkebeinerrennet



17.mars

Årdalstangen IL, SSF- cup rekrutt og junior. friteknikk – Finale -



19.mars

Langrennstrening (10-14 år) – mykje leik og moro, friteknikk.

Skileik for born 10år eller yngre.

18.30 – 20.00

23.mars

Fardalsrennet, arr Jotun IL



24.mars

Hafslovatnet rundt - klassisk



24.mars

Holmøyskarrennet - klassisk



28.mars

Bjønnarennet - klassisk



30.mars

Rypeskarrennet, arr Fjellhug Vereide IL, - klassisk

(brukar å ha distanserennn, ca 10 km, frå 12 år)