Ullsheim 11.01.2015:

Postet av Markane IL den 31. Des 2014

Krinsrenn i skiskyting på Ullsheim

Markane IL

Det oppsatte KRINSMEISTERSKAPET I SKISKYTING som skulle vere på Stårheim 10. og 11. januar, er flytta og utsett til ei helg i februar på grunn av kollisjonen med Ullsrennet.

Dette medfører at Markane IL arrangerer Ullsrennet i langrenn (fri teknikk) på laurdag. På søndag hjelper Markane IL til med deler av skiskytterarrangementet i lag med Hornindal IL. Dermed vert det eit krinsrenn i skiskyting også denne helga. Begge renna skal avviklast på Ullsheim.



Nyårsaftan 2014:

Postet av Markane IL den 31. Des 2014

 Vi ønskjer alle

Godt nytt år 2014!



Cupen 2015:

Postet av Markane IL den 29. Des 2014

Første renn i Markanecupen/Telenorcup tysdag 13. januar

Logo Markane IL

Tysdag 13. januar er det klart for sesongens første cuprenn.  Rennet går i fri teknikk. For klassane 11 år og oppover er rennet også lagsmeisterskap i stilarten.

Startkontingent: kr 50.- pr. renn (gjeld for alle klasser)

Påmelding på rennkontoret frå kl. 1750

Første start kl.1830

Løypelengder:
8 år og yngre: ca. 800m, utan tidtaking
9-10 år: 1,5 km tidtaking, urangert
11 -12 år: 1.5 km tidtaking, rangert
13-14 år: 2.5 km tidtaking rangert
15 år og eldre: 5 km tidtaking, rangert

Funksjonærliste for dei to første renna:

Funksjonærliste cuprenn nr. 1 og 2

Oversikt over cuprenn 2015 -oppdatert 31.12.2014



Ullsheim 10.01.2015:

Postet av Markane IL den 27. Des 2014

Innbyding til Ullsrennet 2015

Logo Markane IL

Laurdag 10. januar innbyr Markane IL til Ullsrennet 2015. Rennet går i friteknikk og inngår i SSF-cupen både for junior og rekrutt.

Første start kl. 1300.

Frist for påmelding og onlinebetaling er 8. januar. Lenke til påmelding her. Fullstendig innbyding er lagt ut nedanfor.

OBS! Markane melder sine løparar på samla. Send namn og fødslesdato til Margunn Hjelmeset på e-post marg-hje@frisurf.no eller sms 41628268

Grunna kollisjon med KM i skiskyting vert stafetten som skulle avviklast på Ullsheim 11. januar flytta til 28. mars.

Innbyding til Ullsrennet 2015



Vik 27.12.2014:

Postet av Markane IL den 27. Des 2014

Begge laga frå Markane til topps på sprintstafetten!

 Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik gjekk til topps i klasse J11/12 i sprintstafetten. Foto: Margunn Hjelmeset, 2014

Markane IL hadde to lag til start under sprintstafetten i Vik og begge gjekk til topps i si klasse.

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for J11/12 år. For klassa J11/12 år gjekk sprintstafetten som 3x500meter. Maren og Emilie var i mål etter 10 min 48 sek. Dei var dermed omlag 1 min 40 sek føre Ida Lomheim Tang/Hanna Lægreid Nes frå Hafslo som tok andreplassen. Nora Hov og Oda Sønnesyn frå Kaupanger vart nummer tre.

Også i klassa G15/16 år vann eit lag frå Markane. Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland vann finaleheatet klart med tida 13 min 43 sek. Dei hadde tidlegare på dagen også vore det kjappaste laget i kvalifiseringa. Nærmaste konkurrent var Robin Wathne Nedrehagen og Erlend Henjesand frå Syril IL. Dei tok andreplassen 36 sek bak vinnarlaget. Tredjeplassen gjekk til Marius Årestrup Larsen og Eirik Markus Rinde frå Vik, 1 min 24 sek etter. Distansen for laga i G15/16 var 3 x 900meter.

Komplett resultatliste nedanfor:

Resultatliste sprintstafett 27-12-2014 Arrangør Vik IL



Jula 2014:

Postet av Markane IL den 24. Des 2014

Markane IL ønskjer alle

 

God jul.



Pokljuka 20.12.2014:

Postet av Markane IL den 21. Des 2014

8. plass til Johannes Thingnes Bø i jaktstarten

Johannes Thingnes Bø tok sin første verdscupsiger for sesongen. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk seg opp til ein åttandeplass på jaktstarten. Foto: Anders Vonheim (Geilo, 2011)

Johannes Thingnes Bø gjekk ut på ein tiandeplass på dagens jaktstart medan Tarjei Bø starta som nummer sju. Begge skaut på seg ein runde på dei liggjande skytingane, men hang fint med i teten fram til tredje skyting. Her vart det tre bom både på Tarjei og Johannes og dermed var dei ute av kampen om pallplassane. Johannes gjekk raskt i løypa og gjekk seg inn til ein åttandeplass. Han var 1 min 20 sek etter Emil Hegle Svendsen som vann med feilfri skyting. Tarjei heldt ikkje fullt så høg fart i sporet som Johannes, og enda til slutt på 17. plass. Han var 1 min 43 sek etter vinnaren i mål.

 



Pokljuka 21.12.2014:

Postet av Markane IL den 21. Des 2014

6. plass til Tarjei Bø på fellesstarten

Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø gjekk inn til sjetteplass og vart best av dei norske på fellesstarten i Pokljuka. Foto: NRK

 Tarjei Bø viste god form då han gjekk inn til sjetteplass på fellesstarten. Tarjei hadde kontakt med teten inn til tredje skyting. Her kom dagens einaste bomskot. Dermed vart det litt for langt fram til ein pallplass sjølv med ein god avslutning. I mål var Tarjei 20 sek etter Anton Shipulin frå Russland som vann. Martin Fourcade kom på andreplass og Simon Eder på tredjeplass.

Johannes Thingnes Bø skaut på seg totalt sju strafferundar og enda på ein 23. plass.



Leirdalen 20.12.2014:

Postet av Markane IL den 21. Des 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av G15 i Bjønnastarten

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15 i Bjønnastarten. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Langrennssesongen i fylket er i gong og Bjørn IL arrangerte på laurdag Bjønnastarten 2014. Rennet gjekk i klassisk stil.

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps i klasse G 15 i Bjønnastarten 2014. Han fullførte dei fem kilometerane på tida 19 min 23 sek. Nummer to vart Thomas Walaker frå Førde som var 1 min 56 etter i mål. Trygve Brendehaug frå Syril IL vart nummer tre, 3 min 5 sek etter vinnaren.

Simon var den einaste deltakaren frå Markane IL i rennet.

Resultatliste for Bjønnastarten 20.12.2014.



Pokluka 19.12.2014:

Postet av Markane IL den 20. Des 2014

7. og 10. plass til Tarjei og Johannes på sprinten

Tarjei Bø. Foto: NRK (Hochfilzen, 2011)

Tarjei Bø gjekk inn til 7. plass i Pokljuka. Foto: NRK (Hochfilzen, 2011)

 Tarjei Bø gjekk seg inn til ein sjuandeplass på sprinten i Pokljuka. Han skaut to fulle hus, men hadde litt mindre fart i løypa enn dei aller kjappaste. I mål skilde det 38,1 sek frå Tarjei fram til vinnaren Anthon Shipulin frå Russland. Dominic Landertinger frå Austerrike tok andreplassen 11.9 sek bak vinnaren medan Emil Hegle Svendsen vart nummer tre, 24.1 sek bak vinnaren.

 Johannes Thingnes Bø enda til slutt på ein tiandeplass. Han var i tet etter feilfri liggjande skyting, men to bom på ståande vart for mykje. I mål vart det til slutt ein 10. plass, 46.7 sek etter vinnaren.

I morgon er det klart for jaktstart.



Ullsheim 14.12.2014:

Postet av Markane IL den 15. Des 2014

Attgløymd på Ullsheim

Jakke 14 år attgløymd på Ullsheim.

Nokon som saknar denne jakka i str. 14 år og ei onesize Bama-hue? Desse låg att etter testrennet på Ullsheim. Ta kontakt om det er ditt!



Hochfilzen 14.12.2014:

Postet av Markane IL den 15. Des 2014

4. og 6. plass til Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø på jaktstarten

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø vart nr. 4 og Tarjei Bø nr.6 på jaktstarten i Hochfilzen.

 Johannes Thingnes Bø gjekk ut først på jaktstarten i Hochfilzen, men enda til slutt like utanfor pallen på ein fjerdeplass. I mål var han 16 sek etter vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike. Løpet til Johannes såg lenge lovande ut, men to bom på første ståande skyting vart for mykje.

Tarjei Bø gjekk ut på ein sjetteplass og hadde same plassering i mål. Han hadde ein god dag på standplass med 19 av 20 treff, men gjekk litt for seint i sporet til å avansere i feltet.

 Verdscupen held fram i Pokljuka på torsdag.



Ullsheim 14.12.2014:

Postet av Markane IL den 14. Des 2014

Testløp i skiskyting på Ullsheim

Sofie Njøten, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset 

Sofie Njøten, Oddrun Hjelmeset Kirkeeeide, Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Søndag 14. desember blei der arrangert testløp i skiskyting på Ullsheim. Totalt 72 deltakarar stilte opp og alle var glad for å kome i gong med sesongen!

Resultata finn du nedanfor:

 

Resultat testløp skiskyting Ullsheim 14.12.2014.



Hochfilzen 13.12.2014:

Postet av Markane IL den 13. Des 2014

3.plass på stafetten med Tarjei og Johannes på laget

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. Foto: Norges Skiskytterforbund

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk saman med Emil Hegle Svendsen og Lars Helge Birkeland inn til tredjeplass på stafetten. Foto: Norges Skiskytterstafetten



Hochfilzen 13.12.2014:

Postet av Markane IL den 13. Des 2014

3.plass på stafetten med Tarjei og Johannes på laget

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. Foto: Norges Skiskytterforbund

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk saman med Emil Hegle Svendsen og Lars Helge Birkeland inn til tredjeplass på stafetten. Foto: Norges Skiskytterforbund

 Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på verdscuplaget i stafett som til slutt gjekk seg inn til tredjeplass.

Johannes gjekk første etappe. Han måtte bruke eit ekstraskot på liggjande skyting. Deretter vart det fullt hus på ståande og med god fart i løypa i tillegg, sende han Emil Hegle Svendsen ut i leiing på andreetappen. Også Svendsen trengde eitt ekstraskot på liggjande og skaut fullt på ståande. Noreg var framleis i leiinga då Lars Helge Birkeland gjekk ut på den tredje etappen. På denne etappen vart det to ekstraskot på første skyting og tre på den andre. Dermed låg Noreg 17.7 sek etter Russland og likt med Frankrike då Tarjei Bø gjekk ut på den siste etappen. Tarjei starta med fullt hus på liggjande, men måtte bruke alle tre ekstraskota på ståande. Dermed vart det tredjeplass til Norge, 27.9 sek etter vinnaren Russland og omlag 7 sekund etter Frankrike som tok andreplassen.

 



Hochfilzen 12.12.2014:

Postet av Markane IL den 12. Des 2014

Sesongens første verdscupsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø tok sin første verdscupsiger for sesongen. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø vann sin første verdscupsiger for sesongen i Hochfilzen. Foto: Anders Vonheim (Geilo, 2011)

Johannes Thingnes Bø tok sin første verdscupsiger for sesongen og sin sjette totalt då han vann sprinten i Hochfilzen i dag. Johannes gjekk eit perfekt løp frå start til mål. Suveren fart i sporet og to fulle hus var det ingen andre som kunne matche. I mål var han 14,3 sek før nummer to, Simon Schempp frå Tyskland. Andreas Birnbacher frå Tyskland tok tredeplassen, 17.9 sek etter Johannes.

Også Tarjei Bø gjekk eit flott løp med to fulle hus. Han hadde ikke heilt same farten i løypa som Johannes, men gjekk seg inn til ein fin sjetteplass. Differansen fram til Johannes var på 26,7 sek.

Søndag er det klart for jaktstart.

 

 



Ullsheim 9.12.2014:

Postet av Markane IL den 10. Des 2014

Rapport frå årsmøte i Markane IL

Tysdag 9. desember var det årsmøte i Markane IL. På saklista var vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, anleggsplan, spelemiddelsøknad, kontingent m.m.

Årsmeldingane for styret og gruppene syner svært stor aktivitet i laget i 2014. Totalt 22 personar var til stades på årsmøtet. Ein liten auke frå i for, men det hadde sjølvsagt vore ønskjeleg at årsmøtet samla endå fleire.

Av innkomande saker var arrangementet Fjord-O Vest 2016 og lagsgensar for Markane IL.

Årsmøtelyden gav si støtte til at o-gruppa jobbar vidare med å få på plass nøkkelpersonar for å eventuelt kunne seie ja til å ta på seg arrangementet i samarbeid med IL Veten.

Eldbjørg Hatledal viste fram ei førsteutgåve av ein lagsgensar for MIL rekonstruert etter gamle foto av gensaren laget brukte i "gamle dagar". Årsmøtelyden støtta arbeidet med å vidareutvikle gensaren.

Kontingenten for 2015 vart vedteken uendra. Årsmøtelyden fekk elles informasjon om blant anna planer om å leggje ut møtereferat heretter på nett, arrangement i laget framover og planane om utgje ei jubileumsbok om MIL.

Det vart sjølvsagt også gjennomført val til styret og gruppestyra for 2015:

Eldbjørg Hatledal vart attvald som leiar for eit nytt år medan Rikard Kirkeeide Bøe vart vald til ny nestleiar. Nye i styret for 2015 er også styremedlemmane Kristin Hatledal og Sigbjørn Fænn. Sekretær Antonia Karete Kongsvik og styremedlem Arvid Hatledal (med særskilt ansvar for Ullsheimanlegget) var ikkje på val.

Stor takk til Hallgeir Nygård, Magne Maurset og Alf Martin Almskår som no går ut av styret, for innsatsen dei har gjort for laget!

I gruppestyra vart det følgjande endringar: Knut Arild Løvdal Stauri gjekk ut av styret i skiskyttargruppa og Thomas Hesig ut av styret i skigruppa. Det vart bestemt å redusere styra i desse gruppene med ein person. Det vart såleis ikkje vald inn nokon nye her. Aslaug Thingnes Bø gjekk av etter fleire år som leiar for friidretten i laget. Valnemnda hadde ikkje lukkast med å finne nokon som ville overta leiarvervet for friidrett og styret fekk dermed fullmakt til å utnemne leiar for 2015.

Takk til Aslaug, Knut Arild og Thomas for arbeidet dei har lagt ned i gruppene!

Valet vart godt gjennomført av leiar i valnemnda Wenche Arntsen som dermed er ferdig med sine tre år i nemnda. Nytt medlem i valnemnda for 2015 vart Monika Osvold.

Oversikt over samansetnaden av styret, gruppene og anna personell for 2015 finn du her



Østersund 7.12.2014:

Postet av Markane IL den 7. Des 2014

14. plass til Tarjei Bø på jaktstarten

Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø gjekk seg fram ei plassering til 14. plass på jaktstarten. Arkivfoto: NRK

 Tarjei Bø gjekk ut som nummer 15. under jaktstarten i Østersund medan Johannes Thingnes Bø starta som nummer 40. Begge gjekk godt i løypa, men med fem bom på standplass kvar vart det ikkje det heilt store avansementet. Tarjei gjekk seg opp ein plass og vart nummer 14. Johannes klatra ti plassar og kom i mål til ein 30. plass. Løpet vart vunne av Martin Fourcade. Best av dei norske vart Emil Hegle Svendsen som kom på tredjeplass.



Folldal 7.12.2014:

Postet av Markane IL den 7. Des 2014

Resultat frå Norgescupsprinten i Folldal

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til 19. plass på sprinten i Norgescupen i Folldal. Foto: TSN

På dag to av Norgescupen i Folldal var det klart for skiskyttarsprint. Også i dag var det Jarle Midthjell Gjørven som gjekk seg inn til best plassering av våre. Med fullt hus på første skyting låg han heilt opp på ein femteplass og var tett på pallen. På den ståande skytinga kom det ein bom og dermed med eit svært jamnt felt i toppen, vart det til slutt ein 15. plass i mål. Differansen fram til vinnaren Erling Aalvik frå Kvam var på 59.6 sek. Andreplassen gjekk til Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde som var 7.7 sek bak medan Marius Norø Ingebrigtsen frå Sirdal skilag tok tredjeplassen, 15.8 sek bak.

 Johan Eirik Meland gjekk seg inn til ein 19. plass i M20-21. Etter å ha fått tre bom på den liggjande skytinga og hamna langt bak i feltet, gjekk han seg fint oppover resultatlista utgjennom løpet. Sjølv om det vart ein bom også på den ståande skytinga, gjekk han seg til slutt opp til 19. plass, 1 min 46 sek etter Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL som hadde to fulle hus. Andreplassen gjekk til Fredrik Mack Rørvik frå Målselvs skikyttere som var 19.2  sek bak, medan Andreas Kvam frå Meldal vart nummer tre, 26.6 sek etter vinnaren.

I klassa for M19 vart Georg Halsteinslid nummer 44 med totalt tre bom. Han var 3 min 47 sek etter vinnaren Mattis Haug frå Fet IL som skaut feilfritt. Sindre Pettersen vart nummer to. Han var 38.8 sek bak med ein runde. Jonas Uglem Mobakken vart nummer tre. Også han hadde ein runde og var 52.3 sek bak.

I klassa for M18 vart Gaute Bø nummer 52. Med ein bom på kvar av skytingane var han 4 min 20 sek etter vinnaren Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL. Johannes Dale frå Fet vart nummer to, 25 sek bak. Sturla Holm Lægereid vart nummer tre. Med feilfri skyting var han 32,9 sek bak.

I klasse M17 vart også i dag Håkon Midthjell Gjørven best av våre med ein 38. plass. På standplass vart det tre bom og dermed skilde det 3 min 4 sek opp til klassevinnaren Magnus Bøe frå Try ILet. Odd Sindre Tonning vart nummer 59 med totalt seks bom. Han var 4 min 13 etter vinnaren. På plassen bak kom Grim Nygård. Han gjorde det best av våre på standplass med berre to bom og var 4 min 32 etter klassevinnaren. Andreas Halsteinslid vart nummer 62 med totalt fire strafferundar. Han var 5 min etter teten.

Resultatliste for Statkraft jr cup 1 DNB cup 2 Sprint Folldal 7.12.2014.pdf



Östersund 3.12.2014:

Postet av Markane IL den 6. Des 2014

8. plass til Johannes Thingnes Bø i verdscupopninga

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø innleia verdscupsesongen med åttandeplass. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø opna verdscupsesongen i skiskyting med ein solid åttandeplass på normaldistansen i Østersund. Johannes pådrog seg totalt fire tilleggsminutt, men hadde best langrennstid av alle.  Johannes var 2 min 51 sek etter Emil Hegle Svendsen som vart suveren vinnar av rennet med feilfri skyting. Andreplassen gjekk til Serhiy Semenov frå Ukraina 1min 17 sek etter medan Michael Slesingr frå Tsjekkia vart nummer tre, 2 min 8 sek bak. Begge med to tilleggsminutt.

For Tarjei Bø vart det ein dårleg dag på standplass med fem bom og dermed fem tilleggsminutt. Han gjekk seg til slutt inn til ein 29. plass og var 5 min 22 sek etter Svendsen.

 Alt laurdag er det nye sjansar. Då er det klart for sprint i Østersund



Folldal 6.12.2014:

Postet av Markane IL den 6. Des 2014

3. plass til Jarle Midthjell Gjørven på normaldistansen i Norgescupen

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven kom på tredjeplass på normaldistansen under Norgescuprennet i Folldal. Foto: TSN

 Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg inn til pallplass på normaldistansen under Norgescupen i Folldal i dag. Med tre feilfrie skytingar og eitt tilleggsminutt på den siste ståande skytinga gjekk han seg inn til ein flott tredjeplass i klassa for menn senior. I mål var han 2 min 29 sek etter Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL som også hadde eit tilleggsminutt. Andreplassen gjekk til Chris Endre Haugen frå Trondhjems skiskyttere. Han skaut på seg to tilleggsminutt og var 1 min 55 sek etter vinnaren.

Johan Eirik Meland kom til slutt på 13. plass i M20/21. Han skaut feilfritt på den første skytinga. På skyting nummer to og tre vart det eit tilleggsminutt på kvar. Inn til den siste skytinga var Johan Eirik oppe på ein sjuandeplass, men med to tilleggsminutt på den siste ståandeserien vart det nokre plassar ned på resultatlista. I mål skilde det 4 min 20 sek frå Johan Eirik sin trettandplass fram til vinnaren Aslak Nenseter frå Bø SSL som skaut feilfritt. Vemund Ravnsborg Gurigard kom på andreplass. Han hadde eitt tilleggsminutt og var 1 min 30 sek etter vinnaren. Andreas Kvam frå Meldal IL tok tredjeplassen, 2 min 28 sek etter med tre tilleggsminutt.

Også i dei yngre klassane var det mange deltakarar frå Markane i sving. Fleire av dei gjekk godt i løypa, men fekk litt for mange tilleggsminutt til å hevde seg heilt i toppen denne gongen.

I klasse M19 kom Georg Kristian Halsteinslid på 46. plass. Han fekk totalt sju bom og var med det 7 min 32 sek etter vinnaren Jakob Røksund frå Fossum IF som berre hadde ein bom. Andreplass i klassa gjekk til Anders Emil Schiellerup frå Geilo IL medan Jonas Uglem Mobakken frå Oslo SSL vart nummer tre. Dei var høvesvis 42 sek og 42,9 sek etter vinnaren.

I klassa for M18 vart Gaute Bø nummer 60. Også han fekk totalt sju bom og var 10 min 3 sek etter vinnaren. Sverre Dahlen Aspenes frå Skartval skilag vart klassevinnar. Endre Strømsheim frå Bærum vart nummer to, 3 sek etter vinnaren, og Sturla Holm Lægereid vart nummer tre, 1 min 39 etter vinnaren. Alle dei tre beste hadde tre bom.

I M17 hadde MIL heile fire løparar på startstreken. Best resultat denne gongen fekk Håkon Midthjell Gjørven med ein 48. plass. Også han hadde sju bom og var med det 7 min 49 sek etter vinnaren. Odd Sindre Tonning følgde på ein 50. plass. Han var 8 min 7 sek etter med totalt ni bom. Grim Nygård vart nummer 62, med totalt sju bom var han 9 min 37 etter vinnaren. Andreas Halsteinslid vart nummer 65. Han hadde totalt 10 bom og vart med det 11 min 10 sek bak klassevinnaren. Heile 85 deltakarar var påmelde i 17-årsklassa. Klassa vart vunnen av Benjamin Skaaheim frå Skoppum IL som berre skaut to bom totalt. Rasmus Krogstad frå Try IL følgde 55 sek etter med tre bom og Magnus Bøe frå Try IL vart nummer tre, 58 sek bak.

Resultatliste for Statkraft jr Cup DNB cup 2 Normal Folldal 6.12.2014.pdf

Bilete av alle deltakarane frå Markane IL er lagt ut nedanfor. Takk til Team Statkraft Nordfjord for foto!

 

 

Johan Eirik Meland. Foto: TSN 



Østersund 6.12.2014:

Postet av Markane IL den 6. Des 2014

15. plass til Tarjei Bø på sprinten

Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø kom på 15. plass på sprinten i Østersund. Foto: NRK (Hochfilzen, 2011)

Tarjei Bø starta godt på dagens verdscupsprint og låg heilt oppe på ein sjetteplass etter feilfri liggjande skyting. På ståande skyting kom det derimot to bom. Det var for mykje til å henge med i tetkampen. I mål vart det ein 15. plass og eit brukbart utgongspunkt føre morgondagens jaktstart. Fram til Martin Fourcade som vann nokså suverent, skilde det 1 min 11sek. Andreplassen gjekk til Ondrej Moravec som var 28 sek etter Fourcade. Jakov Fak kom på tredjeplass, 28.7 sek etter.

Johannes Thingnes Bø hadde ikkje dagen på standplass og fekk to strafferundar både på liggjande og ståande skyting. Dermed vart det berre ein 40. plass. Differansen fram til teten var på 2 min 4 sek.

Verdscupen held fram i Østersund i morgon med jaktstart.



Ullsheim 9.12.2014:

Postet av Markane IL den 2. Des 2014

Sakliste til årsmøtet i Markane IL tysdag 9.12.2014 kl. 1900

Årets sakliste til årsmøtet i Markane IL er no klar. Du kan enten laste den ned som pdf på lenka under eller lese den under "les meir" nedanfor. Saklista med tilhøyrande vedlegg og årsmeldingar vert også sendt ut til alle medlemmar på epost.

Velkomne på årsmøte!

Styret i Markane IL

Sakliste til årsmøte i Markane IL 9.12.2014

 

 

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 09.12.2014 kl.19.00 i Ullsheim.

1. Opning av årsmøtet

1.1 Godkjenning av innkalling



Natrudstilen 30.11.2014:

Postet av Markane IL den 30. Nov 2014

God innsats i Natrudstilrennet

 Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer fem i G15 i Natrudstilrennet 2014. Foto: Margunn Hjelmeset

Fleire Markane-løparar gjorde solide løp i Natrudstilrennet 2014. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på femteplass i klasse G15 som gjekk 5 km fri teknikk. Han var 1 min 16 sek bak klassevinnaren Ulrik Hegdal frå Larvik IL. Arngrim Sørumshaugen frå Gjøvik SK kom på andreplass 38 sek bak vinnaren medan Håkon Nyhagen frå Rogne SK vart nummer tre, 56 sek bak vinnaren. I alt 34 løparar deltok i klassa.

I klasse M18 som gjekk 10 km fri, kom Gaute Bø på fjerdeplass. Han var 3 min 53 sek etter klassevinnaren Sebastian Haugeto frå Ringekollen SK. Sigve Smedshammar frå Tynset IF vart nummer to 12 sek bak og Øyvind Bjørndal frå Nordre Eidsvoll nummer tre, 3 min 13 bak.

I klasse M19/20 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til ein åttandeplass. Han var 1 min 59 bak klassevinnar Simen Hagen Nilstad frå Dombås IL. Per Ola Flaten Bredvold frå Brøttum IL/Team Sjusjøen kom på andreplass og Kristian Grue frå Gjerdrum IL vart nummer tre Dei var høvesvis 29 og 30 sek etter vinnaren.

I klasse M17 vart det eit jamnt oppgjer mellom deltakarane frå Markane. Best av våre vart Odd Sindre Tonning som gjekk inn til ein 12. plass, 5 min 15 sek bak vinnaren. Håkon Midthjell Gjørven gjekk inn til 16. plass, 6 min 5 sek etter vinnaren medan Grim Nygård var i mål berre eit sekund etter Håkon til ein 18. plass. Andreas Halsteinslid vart nummer 19, 6 min 12 sek bak klassevinnaren. Klassa vart vunnen suverent av Vebjørn Hegdal frå Larvik med ein sigersmargin på heile 2 min 23 sek. Johannes Bjærtnes frå Jevnaker idrettsforening vart nummer to og Johannes Bordal frå MjøsSki vart nummer tre.

Markane hadde også ein deltakar i jenteklassane. Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 13 i klassa for jenter 13 år. Ho var 1 min 44 sek etter klassevinnar Emma Kirkeberg Mørk frå Drammen Ballklubb.

 

Resultatliste Natrudstilrennet 2014fr



Dombås 30.11.2014:

Postet av Markane IL den 30. Nov 2014

Ny siger til Aksel Meland i Dombåsrennet

-Oskar Guddal Breivik på 3. plass

Aksel Meland og Oskar Guddal Breivik vart nr 1 og 3 i Dombåsrennet. Foto: TSN 

Aksel Meland gjekk seg inn til ein ny førsteplass under jaktstarten på Dombås i dag medanOskar Guddal Breivik gjekk seg fram til tredjeplass i klasse G13. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk også i dag til topps i Dombåsrennet klasse G16. Sjølv om det vart fire bom på første skyting og nok ein bom på den andre skytinga, heldt han unna i løypa for Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim som fekk ein bom mindre. I mål skilde det 25 sek mellom dei to. Også bronsen gjekk til Stårheim ved Sivert Myrold som var 42 sek bak med berre ein bom.

Oskar Guddal Breivik gjorde ein god jaktstart i klasse G13 og gjekk seg opp til pallplass. Med berre tre bom totalt skilde det til slutt berre 10 sek opp til vinnaren, Jakob Verdenius frå Vingelen IL som i dag fekk åtte bom. På andreplass følgde Vegard Uv Værnes frå Rennebu IL som berre var eit sekund etter vinnaren.

Emilie Flo Stavik gjekk eit nytt godt sprintløp med fin fart i løypa og berre tre bom totalt. 12-års klassen vart i dette løpet ikkje rangert.

Resultatliste Dombåsrennet jaktstart 30.11.2014. 

Emilie Flo Stavik. Foto: TSN

Emilie Flo Stavik gjekk ein god sprint i klasse J12. Foto: TSN



Dombås 29.11.2014:

Postet av Markane IL den 29. Nov 2014

Aksel Meland vinnar av Dombåsrennet 2014

Premieutdeling Dombåsrennet 2014. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps i klasse G16 i Dombåsrennet 2014. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL vart nummer to og Jo Brøste Nørstegård frå Dombås IL. Foto: TSN

 Aksel Meland gjekk heilt til topps i klasse G16 i Dombåsrennet 2014. Trass i to bom vann han klassa heile 50 sek før Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL som vart nummer to med feilfri skyting. Aksel sikra seg dermed også eit flott utgongspunkt før jaktstarten i morgon.

I G13 år gjekk Oskar Guddal Breivik raskt i sporet og kom inn til ein niandeplass i klassa sjølv om det vart åtte bom på standplass. Differansen fram til vinnaren Jacob Verdenius frå Vingelen IL var på 1 min 35. Emilie Flo Stavik deltok for Markane IL i klasse J12 som var urangert. Ho fekk totalt fire bom og fullførte dei 3 kilometerane på ei god tid, 13 min 2 sek.

Resultatliste Dombåsrennet sprint 29.11.2014.

Fleire foto er lagt ut nedanfor. Alle foto: TSN

 

Aksel Meland i løypa. Foto: TSN



Gålå 29.11.2014:

Postet av Markane IL den 29. Nov 2014

Odd Sindre Tonning deltakar på BUL-sprinten

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning var einaste deltakar frå Markane IL på BUL-sprinten. Foto: Odd-Kjetil Tonning (frå HL2014) 

Som einaste deltakar frå Markane IL stilte Odd Sindre Tonning opp på BUL-sprinten på Gålå. For juniorane var det fellesklassar for alle frå 17-20 år så det hard konkurranse. Odd Sindre gjekk i mål til ein 108. plass på sprinten i fri teknikk etter å ha gjennomført prologen på 3min 59,26 sek. Det var svært jamnt og det skilde berre vel halvminuttet opp til vinnaren av prologen, Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo IL som i mål på 3min 24,66 sek. Han gjekk også raskast i finalerunden og vann BUL-sprinten for menn junior.

Komplett resultatliste nedanfor:

Resultatliste BUL-sprinten menn junior 17-20 finale 29.11.2014.



Ullsheim 22.-23.11.2014:

Postet av Markane IL den 25. Nov 2014

Miljøsamling skigruppa 2014

Miljøsamling 2014. Foto: Margunn Hjelmeset 

Deltakarane på miljøsamlinga 2014. Foto: Margunn Hjelmeset

Helga 22.-23.november arrangerte skigruppa miljøsamling for små og store skiløparar frå Markane IL. Dette slo bra an, og til saman 30 jenter og gutar i alderen 8-16 år var samla på Ullsheim. I tillegg valde ein del foreldre også å vere tilstade på samlinga.

Programmet var tett for både små og store. Medan dei aktive trena, stilte foreldra på som trenarar og kjøkenansvarlege!

På laurdag fekk dei yngste (2003-2006) prøve rulleski -for nokon var dette fyrste gong med rullande ski under beina. Deretter gjekk dei vidare til ei bileteløype og etter lunsjen fekk dei prøve seg på ei form for nattorientering gjennom ei refleksløype.
Eldstegjengen (1999-2002) hadde sitt eige opplegg med ei god økt på rulleski før lunsj og ei kombiøkt med skyting / rulleski etter lunsj.

Vidare utover laurdagskvelden vart det tacomiddag og diverse konkurransar. Det var stor stemning i dei ulike gruppene då ein ved hjelp av tape og aviser skulle prøve å samarbeide om å byggje eit så høgt tårn som mogleg -og det beste laget her fekk til eit tårn som var godt over tre meter høgt! Imponerande!

At det trengs mykje mat etter ein slik dag er ei kjennsgjerning og på ein laurdagskveld er det lov å kose seg litt ekstra. Det var i alle fall kjekt å få servert kakao og sveler når det nærma seg leggetid.

Søndagen var alle gruppene ute på fjelltur/setretur før det heile vart avslutta med grilling i Årestova.

Ei stor takk til dykk som stilte på -både deltakarar og hjelparar. De var alle med på å bidra til at dette vart ei kjekk helg for alle!



 

 

Miljøsamling 2014. Foto: Margunn Hjelmeset



Beitostølen 22.11.2014:

Postet av Markane IL den 22. Nov 2014

63. plass til Johannes Thingnes Bø i langrenn

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø stilte opp i sesongopninga i langrenn på Beitostølen. Foto: Anders Vonheim

 Johannes Thingnes Bø stilte opp i sesongopninga i langrenn på Beitostølen. Distansen var 15 km fri teknikk. I konkurranse med spesiallangrennsløparane vart det ein 63. plass til Johannes. Han fullførte dei 15 kilometerane på 34 min 19,8 sek. Differansen fram til dagens vinnar Martin Johnsrud Sundby var på 1 min 57,6 sek. Andreplassen gjekk til Petter Eliassen medan Didrik Tønseth tok tredjeplassen.

Resultat sesongopning langrenn Beitostølen friteknikk 15km 22.11.2014.



Geilo 22-23.11.2014:

Postet av Markane IL den 22. Nov 2014

9. og 18. plass til Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven på sprinten i DNB-cup 1

Johan Eirik Meland. Foto: TSN, 2014

Johan Eirik Meland vart nummer 9 i det første løpet i DNB-cup 1. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2014

Det vart ei fin opning for Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven i det første løpet i DNB-cup. Begge gjorde ein god innsats på skytinga med fullt hus på liggjande og ein bom på ståande. I mål heldt det til ein 9. plass for Johan Eirik , 1 min 4 sek etter vinnaren medan Jarle vart nummer 18, 1 min 24 sek etter vinnaren. Heilt til topps i dag gjekk Vetle Ravnborg Gurigard frå Vingrom medan Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os vart nummer to. Berre 0,9 sek skilde dei to fremste som begge skaut feilfritt. Tredjeplassen gjekk til Thomas Fenne frå Voss som var 23,1 sek etter med ein bom.

På fellesstarten søndag vart det ikkje fullt så bra resultat for våre løparar. Med fire bom både for Jarle og Johan Eirik vart det ein 48. plass til Jarle (4 min 56 bak vinnaren) og ein 55. plass til Johan Eirik ( 6 min 7 sek etter vinnaren). Vinnar av fellesstarten vart Vetle Sjåstad Christensen frå Geilo IL. Andreas Dahlo Wærnes Trondhjems Skiskyttere vart nummer to og Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL vart nummer tre.

Resultatliste for DNB Cup 1 menn senior Geilo 22.11.2014. 

Resultatliste DNB cup 1 Geilo menn fellesstart Dato 23.11.2014.



Ullsheim 22.-23.11.2014:

Postet av Markane IL den 20. Nov 2014

Program for miljøsamlinga

 

Programet for miljøsamlinga helga 22.-23. november er no klar. Her er også oversikt over kva som trengst av utstyr m.m.

Du kan laste ned programet her: 

Program for miljøsamling 22.-23.11.2014.



Sport 1 Ytreeide 19.11.2014:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2014

Klubbkveld/handlekveld på Sport 1 Ytre-Eide Sport AS

onsdag 19.11 kl.1800-2100.

Markane IL har i samarbeid med Sport 1 Ytre-Eide fått til en klubbkveld hjå Ytre-Eide onsdag 19. november kl 18.00-21.00. (Butikken er stengt mellom 17.00-18.00)

Her vert 30% rabatt på alt av hardware skiutstyr og langrennsbekledning til 30% berre denne kvelden.

Det vert også 20% på resten av butikken med unntak av Waterwolf action kamera. Det er dermed mogleg å gjøre nokre andre gode handlar denne kvelden.

I tillegg kan det bestillast skiutstyr/smurning fra Salomon, Madshus, Swix og Rode til dei same rabattane.

Det kjem også ein representant fra Fischer og ein frå Alpina/KV+/Julbo/Led Lenzer.

For dei av dykk som ikkje kan møte på klubbkvelden, så vil alt som har med racing å gjere, kunne setjast i bestilling til dei same rabatt (30%).

Ved bestilling av ski så er det ynskjeleg at ein skriv ned vekt, lengde, alder og nivå på løpar. Viss ein ynskjer ei spesiell skilengde, så skriv det!

Velkommen til Klubbkveld onsdag kl 18.00-21.00

logo sport1 Ytre-Eide



Natrudstilen 15.11.2014:

Postet av Markane IL den 16. Nov 2014

DNB-stipend til Aksel Matias Meland!

Aksel Meland og Emil Hegle Svendsen. Foto: TSN

 

Aksel Mathias Meland er tildelt DNB-stipend. Tildelinga skjedde på banketten med Norges skiskytterforbund på Natrudstilen laurdag 15. november.  

Aksel mottok stipendet for sigeren under Hovudlandsrennet skiskyting 2014.

Foto: Aksel Meland saman med Emil Hegle Svendsen, Team Statkraft Nordfjord

Vi gratulerer!



Sjusjøen 16.11.2014:

Postet av Markane IL den 16. Nov 2014

5. plass til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til 5. plass. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø vart nummer 5 på fellesstarten på Sjusjøen. Han fekk totalt tre bom og var 28 sek bak teten i mål. Ole Einar Bjørndalen vann løpet med tida 40 min 6 sek. Lars Helge Birkeland og Emil Hegle Svendsen følgde på andre- og tredjeplass.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk eit godt løp i B-heatet der han gjekk seg inn til ein sjetteplass. Han skaut feilfritt på begge dei liggjande skytingane, men fekk tre bom på dei ståande. I mål var han 1 min 11,9 sek etter vinnaren av B-heatet Marius Norø Ingebrigtsen som var i mål på 42 min 27,8 sek. Totalt sett hadde Jarle 28. beste tid i mål.

Tarjei Bø stod over løpet.

 Resultatliste sesongopning skiskyting fellesstart heat A 16.11.2014.

Resultatliste sesongopning skiskyting fellesstar heat B 16.11.2014.

 



Sjusjøen 15.11.2014:

Postet av Markane IL den 15. Nov 2014

Sesongstart i skiskyting.

Georg Kristian Halsteinlid. Foto: TSN, 2014

Georg Kristian Halsteinslid vart nr 34 i klasse M17-19 sesongopninga på Sjusjøen. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2014

Tarjei Bø gjekk seg inn til ein fjerdeplass på sesongopninga i skiskyting på Sjusjøen. Tarjei var med i teten frå starten av, men med ein bom på ståande skyting hamna han akkurat utanfor pallplassane. Han var 35,9 sek etter vinnaren Alexander Os. Andreplassen gjekk til Simon Fourcade, 21.1 sek etter vinnaren medan Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer tre, 28.1 sek bak. Alle dei tre fremste skaut feilfritt. Johannes Thingnes Bø gjekk også eit bra løp og vart nummer 10. Han var 59.4 sek bak etter totalt to rundar. Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg inn til ein 77. plass. Han fekk ein bom på kvar av skytingane og var i mål 3 min 54 sek etter teten. Johan Eirik Meland braut løpet.

Georg Kristian Halsteinslid vart best av deltakarane frå Markane IL i klassa menn 17-19 år. Han vart nummer 34 i klassa. Med berre ein bom på den liggjande skytinga og feilfri ståandeserie var han 3 min 11 sek etter dagens vinnar Dominic Reiten frå Tyskland som skaut feilfritt. Aleksander Fjeld Andersen kom på andreplass 7,3 sek bak medan Andreas Kjeverud Eggen kom på tredjeplass 24,4 sek.

Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 52. Han var 5 min 36,6 sek bak vinnaren etter fire bom på den ståande skytinga. Odd Sindre Tonning gjekk seg til trass for 7 strafferundar inn til ein 54. plass, 6min 2,2 sek. Gaute Bø kom på 56. plass. Han var 6 min 27 sek etter vinnaren med totalt 4 rundar. Grim Nygård vart nummer 59 med totalt 3 bom var han 6 min 51 sek etter vinnaren. Andreas Halsteinslid kom på 61. plass med totalt fire bom var han 7 min 40 sek bak i mål.

Resultatliste frå sesongopning skiskyting Klasse gutar 17-19 år 15.11.2014.

 Resultatliste sesongstart skiskyting Sjusjøen Klasse menn senior 15.11.2014.



Ullsheim 6.11.2014:

Postet av Markane IL den 12. Nov 2014

Premiefesten 2014

Hedda, Maren, Emilie og Marthe. Foto: Margunn Hjelmeset

Hedda Garlid Hilde, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Marthe Gjøvåg Heggestad får premiar for god innsats i cupen.  Foto: Margunn Hjelmeset

Markane IL hadde sin årlege premiefest torsdag 6. november. Her vart det delt ut premiar innan orientering (lagsmeisterskap, nær-o-løp og tur-o), setretrim og ski (cup og lagsrenn). Dei som har oppnådd premieplassar i Hovudlandsrenna (langrenn og skiskyting), Norgescupen i skiskyting, NM skiskyting og NM rulleskiskyting fekk også sine påskjønningar. Sidan det var dårleg med snø førre sesong vart det ikkje arrangert lagsrenn i skiskyting.

Nedanfor er lagt ut foto frå premieutdelinga av mange heldig premievinnarar. Fotograf er Margunn Hjelmeset.

Oddrun, Victoria,Katrin og Maren. Foto: Margunn Hjelmeset



Ullsheim 22.-23.11.2014:

Postet av Markane IL den 12. Nov 2014

Miljøsamling for skiglade born og unge! 

Markane IL inviterer til miljøsamling på Ullsheim helga 22.-23. november. Samlinga er for barn og ungdom som er glade i langrenn. Dersom du er fødd i 2006 eller før, er du velkomen til å delta!

Vi satsar på ei kjekk helg med overnatting i klubbhuset (på flatseng), trening, sosiale aktivitetar, mat og mykje moro!

Oppstart: Laurdag 22.nov klokka 12.00

Avslutning: Søndag 23.nov ca. klokka 14.00

Programmet er ikkje heilt spikra endå, men blir det skiforhold nyttar vi naturlegvis skia mest mogleg. Er det derimot framleis bart ute, blir det varierte aktivitetar som m.a. rulleski, aktivitetsløype, langtur i skogen, refleksløype osv. Aktivitetane blir tilpassa dei ulike aldersgruppene. Flinke trenarar vil passe på at alle får litt å bryne seg på!

Det vert matservering begge dagane. (Lunsj og middag på laurdag + frukost og lunsj på søndag)

Påmelding: Anne Marie Svarstad -helst innan onsdag 19.november på e-post Anne.Marie.Svarstad@sfj.no eller tlf.nr 92609077
(ta då med namn og fødselsår på barnet / ungdomen, namn til foreldre + e-postadresse og tlf.nr til foreldre)

Deltakaravgift: kr 200.- pr. pers. betalast ved frammøte på Ullsheim laurdagen.

PS! Vil mor og / eller far (ev. yngre sysken) vere til stades på samlinga denne helga får dei naturlegvis lov til det -og endå betre -er det nokon av foreldra som har tid og lyst til å hjelpe til med matlaging, nattevakt, rydding o.s.v. set vi stor pris på det. (Gje lyd)

Endeleg program med utstyrsliste blir sendt ut til påmelde utøvarar i løpet av torsdag / fredag før samlinga.

Vi satsar på at dette blir ei kjekk helg med mykje god aktivitet!
Så meld deg på og bli med!

Innbydinga kan lastast ned på lenka nedanfor.

-Skigruppa i Markane IL -

Miljøsamling Markane haust 2014.



Ullsheim 9.12.2014:

Postet av Markane IL den 11. Nov 2014

Årsmøte i Markane IL tysdag 9. desember kl.19.00

Det vert årsmøte i Markane IL tysdag 9. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste tysdag 25.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtedatoen.

Velkomne!



Avstemning 8.-21.11:

Postet av Markane IL den 9. Nov 2014

Stem fram Markane IL på Klubben i mitt hjerte 2014!

Klubben i mitt hjerte

«Klubben i Mitt Hjerte» er i gong igjen. Alle kvardagar frå måndag 10. november til fredag 21. november vert det trekt ut tre dagspremiar på 10 000 kr blant dei klubbane som har oppnådd 100 stemmer siste døgn.

Du kan stemme fram Markane IL kvar dag på stemmelokalet til Dagbladet http://www.dagbladet.no/klubben/stem/id/14490003/

Alle stemmer tel også samanlagt i den store konkurransen om å bli Norges mest populære klubb. Her får vinnaren heile 100 000 kroner frå Nordea. Midlane er øyremerka til sosialt idrettsarbeid i nærområdet. Denne avstemminga er open for alle medlemsklubbane i Norges Idrettsforbund uansett storleik eller idrettsgrein.

Avstemminga startar LAURDAG 8.NOVEMBER og du kan stemme heilt fram til FREDAG 21.NOVEMBER kl.12.00.

Dei første dagspremiane blir trekte etter kl.12 måndag 10.november. Du kan sjå om klubben er blant vinnarane på www.dagbladet.no etter kl.18 eller høyre på P4 som har trekning på same tidspunkt. Deretter vert det nye trekningar kvar kvardag etter kl.12 heilt fram til fredag 21.november med påfølgjande offentleggjering av vinnarane kvar kveld etter kl.18:

Med hjelp frå Nordea vert det altså delt ut totalt 400 000 kroner.

På Dagbladet.no kan du også sjekke om klubben klarer 100 stemmer pr. dag og korleis den ligg an i samandraget i konkurransen om å bli Norges mest populære klubb.

«Klubben i Mitt Hjerte» er ei felles kampanje arrangert av Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite, Nordea, P4 og Dagbladet.

Vi oppmodar alle om å hjelpe til med å stemme Markane. Del gjerne på Facebook, Instagram, Twitter og andre aktuelle medium.

Vinnaren og det store avstemmingsresultatet frå Klubben i Mitt Hjerte 2014 vert offentleggjort på Dagbladet, Dagbladet.no og P4 laurdag 22.november.



Tur-o 2014:

Postet av Markane IL den 7. Nov 2014

25 oppnådde merke i turorientering

Mathea Holien Bø. Foto: Grete Zachariassen

Mathea Holien Bø oppnådde gullmerke i turorientering 2014. Foto: Grete Zachariassen

 Årets turorienteringstilbod bestod av i alt 28 postar der 10 var sett opp i Maursetområdet og 18 på Tverrfjellet. Totalt 25 personar har oppnådd merke i årets sesong. Av desse klarte 16 kravet til gullmerke, 7 oppnådde sølv og 2 samla nok poeng til å få bronsemerke.

Komplett oversikt over årets merkevinnarar her:

Merkeoversikt turorientering 2014



Setretrim 2014:

Postet av Markane IL den 7. Nov 2014

Ny rekord for Setretrimmen

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann i år som i fjor, klasse G13-17 og sikra seg dermed eit setretrimtroll. Foto: Margunn Hjelmeset

 Det vart ny deltakarrekord for Setretrimmen 2014. I alt vart det registrert 5754 besøk i løpet av sesongen. Dette er ein auke på nesten 900 besøk i høve i fjor. I alt ni setrar inngår i setretrimmen: Florehytta, Jutdalsetra, Gråberg, Faleidestøylen, Maursetsetra, Grendasetra, Øyesetra og Holsetra. Mest besøk var det også dette året på Holsetra med totalt 3020 registreringar.

Flest poeng av alle samla Aud Gjendem Gjørven. Ho vann dameklassa med 275 poeng. Per Jakob Kyrkjeeide vann herreklassa med 146 poeng. I ungdomsklassane vart det siger til Simon Hjelmeset Kirkeeide i G13-17 med totalt 42 poeng. Anita Langeset vann klassa for J13-17 med 14 poeng. I klasse G 7-12 vann Magnus Johan Bøe med 30 poeng. Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa J 7-12, også ho med 30 poeng. I dei yngste klassane vann Ane Hjelmeset Kirkeeide klasse J 0-6 med 41 poeng. Ludvig Loen vann klasse G 0-6 med totalt 12 poeng.

Alle dei åtte klassevinnarane fekk kvar sitt setretrimtroll for innsatsen.

Resultatliste for årets setretrim er lagt ut nedanfor. I seniorklassane er det teke med alle som oppnådde minst 10 poeng. I klassane under 18 år er alle med minst to poeng tekne med.

Resultatliste for Setretrimen 2014 -korrigert.



Ullsheim 6.11.2014

Postet av Markane IL den 30. Okt 2014

Premiefest i Ullsheim 6. november kl.18.o0.

Årets premiefest vert torsdag 6.november kl.18.00 i Ullsheim.

Premieutdeling for ski, orientering, trim og skiskyting.

Enkel servering

OBS! Alle deltakarar under 15 år som var med på eitt eller fleire cuprenn/lagsrenn, får premie uavhengig av om dei er medlemmer.

Alle velkomne



Skei 2.desember 2014:

Postet av Markane IL den 25. Okt 2014

Inspirasjonsdag for orienteringsungdom: Møt ein meister

orienteringslogo

Orienteringsungdom i alderen 13-20 år vert inviterte til inspirasjonsdagen "Møt en mester". For Sogn og Fjordane sin del vert inspirasjonsdagen arrangert på Skei 2. desember kl.17.00-21.00. 

To av våre beste eliteløparane vil delta på samlinga. På programmet står inspirasjonsforedrag, o-teknisk treningsøkt og sosial happening med mat.

Det er gratis å delta, men meld deg på innan 18. november. 

"Møt ein meister" vil foregå samstundes med samlinga "Praktiske rekrutteringstips" for rekrutteringsansvarlege i klubbane.

Spørsmål kan rettast til: jeppe.hansson@orientering.no

Innbyding til Møt ein meister 2.12.2014



Skogstjerna 19.10.2014:

Postet av Markane IL den 19. Okt 2014

Ny rekord for idrettslagsbasaren!

Foto: MUL

Det vart ny rekord for idrettslagsbasaren. Første oppteljing syner at det kom inn om lag 51 000 kr. Sidan basaren i år var arrangert på same dag som TV-innsamlinga "Vann forandrer alt", gav MIL 1000kr av overskotet til TV-aksjonen.

I overkant av 100 personar var samla til god gammaldags basar i Skogstjerna. I løpet av tre timar fekk 110 åregevinstar og 28 gevinstar på loddbøkene nye eigarar.

Hovudpremien på loddboka, ein skipakke til 4000kr gjeve av Sport 1 og Markane IL, vart vunnen av Elise Hatledal og Vegard Kjerstad.

Fullstendig premieliste for loddbøkene finn du nedanfor.

Stor takk til alle som har bidrege med flotte gevinstar, alle som har kjøpt lodd og alle andre som har hjelpt til med å gjere årets basar til ein suksess! 

Trekningsliste for loddbøkene på Markane IL sin basar søndag 19.10.2014

 



Ullsheim 16.10.2014:

Postet av Markane IL den 13. Okt 2014

Oppstart av skitreningane

Skitreningane startar opp att.

Første gong vert torsdag 16. oktober kl. 1900.

Vidare vert det trening på Ullsheim kvar torsdag framover.

Alle må ha med joggesko på første trening.

Nils Heggdal og Johnny Seljeset vert trenarar.

Alderstrinn: Frå 10 år (født 2004) og oppover.

Pris for sesongen 2014/2015: kr 200

Alle velkomne!

 



Skogstjerna 19.10.2014:

Postet av Markane IL den 9. Okt 2014

IDRETTSLAGSBASAR 19.OKTOBER

Logo Markane IL

Den årlege idrettslagsbasaren blir søndag 19. oktober i Skogstjerna frå kl.15.00.

Loddsal - åresal.

Enkel, gratis servering.

Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot. Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddbøkene.

Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.

Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 19.oktober!

Styret i Markane Idrettslag

v/ leiar Eldbjørg Hatledal

 



Stryn 3.10.2014:

Postet av Markane IL den 4. Okt 2014

Markane IL tildelt Frivillegprisen 2014

Markane IL tildelt Frivillegprisen 2014. Foto: Fjordingen

Eldbjørg Hatledal mottok Frivillegprisen frå Anders Magne Vik og Marit Sandnes Skrede i Stryn frivillegsentral. Foto: Fjordingen

Markane IL vart under Strynemessa fredag tildelt Frivillegprisen 2014 frå Stryn frivillegsentral. Eldbjørg Hatledal mottok prisen på vegne av laget.

I grunngjevinga heiter det: "

Årets frivilligpris, går til ein kandidat som ikkje berre gjev lokal merksemd, men nasjonal, ja sågar internasjonal merksemd, og dette laget vart skipa allereide i 1905.

Dette laget har fokus på barn og unge på alle nivå. Og deira motto er: «Idrett for alle frå bredde til topp». Dette laget har verkeleg klart å vidareføre dei gode gamle tradisjonane om samarbeid og dugnad.

Dei har i dag ei stor bredde med mange medlemmer, 8 ulike aktivitetar/idrettsgrupper i sin «stall» Laget starta allereie i 1977 med planlegging og bygging av blant anna ei 3 km lang lysløype.

I 1982 blei det bygd klubbhus med garderober, og sidan er anlegget ytterlegare bygd ut og har status som fylkesanlegg både for skiskyting og langrenn.

Det er mange mange menneske som har vore med på utviklinga og fremdrifta i laget, og desse personane har skapt eit anlegg og eit miljø det står respekt av.

Anlegget og løypene oppfyller kravene til Det internasjonale skiforbundet, derfor kan dei arrangere både lokale, nasjonale og internasjonale meisterskap. I 1996 var anlegget arena for Norgesmesterskapet på ski, i 2004 for verdensmeisterskap i junior langrenn og for NM skiskyting 2008. Ullsheim er også ein sentral utfartsstad til turterreng med rundt 40 km turløyper i området mellom Ullsheim og Stryn. Området er også tilrettelagt for skileik.

Ja, no har de vel alle forstått att dette gjeld Markane Idrettslag .

Om noværande leiar Elbjørg Hatledal er det sagt at ho er stabil i leiarvervet. Ho har syn for alle deltakarar, ho er primusmotor for Idrettslags basaren som gjev mange inntekter til laget. Ho sørger for rammene og tradisjonen i laget.

Vi ber noverande leiar i MARKANE IDRETTSLAG Elbjørg Hatledal som har vore leiar i snart i 10 år, kome fram å motta Frivilligprisen for 2014."



Hopland 28.9.2014:

Postet av Markane IL den 29. Sep 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Svein Arne Lødemel klassevinnarar i Kleiva Opp!

 Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset, 2011

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G14-15år under Kleiva Opp. Foto: Margunn Hjelmeset, 2011

To deltakarar stilte til start for Markane IL under Kleiva Opp 2014 og begge gjekk til topps i sine klasser.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G13-14. Han fullførte kortløypa på 21 min 21 sek og var med det raskast av alle som deltok i den kortaste løypa. Nummer to i klassa vart Vegar Skrede som var i mål til 22 min 13 sek. Johan Olav Botn kom på tredjeplass med 23 min 24 sek.

 I klasse herrar 35-39 vann Svein Arne Lødemel klart på 42 min 13 sek. Andreplassen gjekk til Tore Neset  som var i mål på 48 min 22 sek medan Marcus Vedeler vart nummer tre med 48 min 49sek.

Maren Hjelmeset Kirkeeide som i friidrettssamanheng representerer Stryn T&IL, deltok i den yngste jenteklassa.

Totalvinnar av løpet vart Erlend Drivenes (H20-34) som var i mål til 31 min 5 sek. Dette heldt også til ny løyperekord. Dameklassa vart vunnen av Merete Helgheim (K20-34) på 39 min 13 sek.

I alt deltok 43 løparar og 9 syklistar i konkurranseklassane. I tillegg kom ein stor delegasjon med mosjonistar.

Resultatliste Kleiva Opp 28.9.2014



Hopland 28.9.2014:

Postet av Markane IL den 27. Sep 2014

Innbyding til Kleiva Opp 2014

Logo Kleiva Opp

Hardbagg IL innbyr søndag 28. september til Kleiva opp 2014!

Løpskontor: Rand skule og grendahus.

Start over 16 år løp og sykkel ved Hoplandskaia.

Start mosjon og under 16 år ved Rand skule.

Konkurranseklassene startar alle kl 1400.

For mosjonsklassa utan tidtaking er det start frå kl 1200.

 Startkontingent:

Konkurranse: kr 200/150.

I tillegg kjem eingongslisens for dei som ikkje har heilårslisens i løpsklassa kr 30/20.

Mosjon: 100/50. Famile: 200.


Det er dusj, premieutdeling og kiosk på Rand skule.

Pengepremiar i løpsklassa. Elles mange flotte premiar!

Vi trekkjer også ut premiar blant mosjonistane.

Påmelding til Torstein Tvinnereim: 91713422 eller torstein.tvinnereim@sfj.no 

Hjarteleg velkomne til Noregs nest eldste motbakkeløp!



Ullsheim 19.-21.september 2014:

Postet av Markane IL den 22. Sep 2014

60 deltakarar på barmarkssamling

Barmarkssamling. Foto: Margunn Hjelmeset

Dei fleste av dei som var samla til barmarkssamling på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

Omlag 60 ungdommar mellom 12 og 16 år var samla til barmarkssamling på Ullsheim. Hovudtrenar for samlinga var Sjur Ole Svarstad. Nedanfor er nokre foto frå samlinga. Fotograf er Margunn Hjelmeset.

Barmarkssamling. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik var b



Steinkjer 21.9.2014:

Postet av Markane IL den 21. Sep 2014

Ny sølvmedalje i NM-rulleskiskyting til Tarjei Bø!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

For andre dag på rad vart det NM-sølv til Tarjei Bø (t.h). Johannes Thingnes Bø kom på 10. plass. Foto: Fjordingen

For andre dag på rad vart det NM-sølv til Tarjei Bø. Han sikra seg i dag sølvet under jaktstarten i NM rulleskiskyting. Tarjei starta godt med fulle hus på dei to første skytingane. Han var med det i leiinga ut frå andre skyting. På den tredje skytinga kom det tre strafferundar medan det på siste skyting vart det to strafferundar. Dermed vart det til slutt sølv 2 min 1sek bak vinnaren Lars Helge Birkeland frå Birkenes som berre fekk ein bom totalt. Emil Hegle Svendsen vart nummer tre. Han hadde totalt fire rundar og var 2 min 17 bak i mål.

Johannes Thingnes Bø hadde ikkje heilt dagen på standplass. Med skyteseriane 2-1-2-3 vart det tilslutt ein 10.plass med 4 min 29 sek opp til vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp åtte plassar og enda med det på ein 19. plass. Han fekk skyteseriane 0-0-1-2 og var tilslutt 6 min 18 sek etter vinnaren i mål.

Johan Eirik Meland var også i dag nr 15 i klasse M20-21. Med skyteseriane 1-2-1-2 vart han tilslutt 3 min 11 sek bak klassevinnaren Martin Femsteinevik frå Hålandsdalen. I klasse M19 gjekk Georg Kristian Halsteinslid seg opp fem plassar til ein 25. plass. Med skyteseriane 2-2-0-2 var han 7 min 11 sek etter vinnaren Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL som hadde fire rundar totalt.

I klasse M18 vart Gaute Bø nr 34 også på jaktstarten med seriane 1-3-2-3. Klassevinnar vart Johannes Dale frå Fet SK med tre rundar totalt. I klasse M17 gjekk Grim Nygård seg fram fire plassar og vart nummer 36 med seriane 0-0-3-2. Også Andreas Halsteinslid gjekk seg fram fire plassar til 37.plass med 3-1-2-3. Håkon Midthjell Gjørven sto over jaktstarten.

Resultatliste NM rulleskiskyting jaktstart 21.9.2014



Steinkjer 20.9.2014:

Postet av Markane IL den 20. Sep 2014

Sølv til Tarjei Bø i NM rulleskiskyting

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø (t.h) tok sølv på sprinten under NM rulleskiskyting. Johannes Thingnes Bø vart nummer fire. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø gjekk seg inn til sølvmedalje under NM rulleskiskyting i Steinkjer. Med ein bom på første skyting og feilfri ståandeskyting var han 15 sek etter vinnar Lars Helge Birkeland frå Birkenes IL i mål. Birkeland skaut feilfritt på begge skytingar. Emil Hegle Svendsen vart tok bronsen 38 sek etter vinnaren. Også han skaut feilfritt.

Johannes Thingnes Bø fekk to bom på første skyting, men med feilfri skyting på ståande gjekk han seg heilt opp til fjerdeplass. Han var 55 sek etter vinnaren i mål. Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 27.plass etter totalt tre strafferundar. Differansen fram til vinnaren var på 3min 17sek.

I klasse M20-21 vart det 15.plass til Johan Eirik Meland. Han fekk ein bom på kvar av skytingane og var 1min 40sek bak vinnaren Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL som skaut feilfritt. Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom ILvart nummer to. Han var 31sek bak med ein bom. Tredjeplassen gjekk til Henrik Sagosen Smeby frå IL Bevern som var 36 sek etter vinnaren med ein bom totalt.

Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 30 i klasse M19. Han var 3 min 1 sek etter vinnaren med totalt fem strafferundar. Klassevinnar vart Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes IL som berre hadde ein bom.

I klasse M18 vart Gaute Bø nummer 34 med ein bom på kvar av skytingane. Han var 3 min 40 sek etter klassevinnaren Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval Skilag.

I klasse M17 vart Håkon Midthjell Gjørven nummer 34 med totalt fem bom. I same klassa vart Grim Nygård nummer 40 med tre bom og Andreas Halsteinslid nummer 41 med totalt åtte bom. Klassevinnar vart Vebjørn Sørum frå Søndre Ål Sportsklubb som berre hadde ein bom.

Resultatliste skytefinale NM rulleskiskyting 19.9.2014

Resultatliste NM rulleskiskyting sprint 20.9.2014.



Avstemning 19.9-2.10:

Postet av Markane IL den 19. Sep 2014

Stem fram Markane IL til 20 000kr på Opptur!

Opptur 2014

Markane IL er eit av laga som er påmeldt Opptur i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi har dermed sjansen til å vinne inntil 20 000kr. Laget som får flest stemmer i avstemminga får 20 000 kroner, nummer to og tre får 10 000 kroner kvar.

SLIK GJER DU:
Markane IL er lagnummer 68. Du stemmer på Markane med å sende ein sms med kodeord SSF OPPTUR 68 til 2077. Ingen ekstra kostnad utover vanlig sms-pris

Vinnarane vert avslørt på Opptur 2014 på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 2. oktober.



20.-21.september 2014:

Postet av Markane IL den 15. Sep 2014

 IL Tambarskjelvar innbyr til KM-natt og Haustbløyta

IL Tambarskjelvar innbyr til orienteringsløpa KM-natt og Haustbløyta helga 20.-21. september. I samband med løpa er det også ungdomssamling.

KM-natt startar laurdag 20.september kl. 2000. Samlingsplassen vert ved Kleppstølen. Det er merka frå rv. 5 ved Sunnfjordtunnelen.

Haustbløyta har start søndag 21. september kl. 1100. Samlingsstad vert på Horstadstøylen. Det vert merka frå rv. 5 ved Sunnfjordtunnelen. Følg Fv.512 til Horstad og vidare Fv. 513 til Solheim. Deretter merka gardsveg til Horstadstøylen

Påmelding med namn og brikkenr. til Norvald Ospehaug, Klettalia 43, 6817 Naustdal innan 18. september (gjeld begge løp). Tlf. 95232094. E-post: nor-ospe@frisurf.no. Etterpåmelding innan ein time før start.

Innbyding KM-natt 20.9.2014

Innbyding til Haustbløyta 21.9.2014



Osterøy 13.9.2014:

Postet av Markane IL den 14. Sep 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide vinnar av kappgang under PEAB-leikane

SimonHjelmeset Kirkeeide. Foto:Margunn Hjelmeset, 2011

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps i kappgangklassa for gutar 14 år under PEAB-leikane 2014 på Osterøy. Han gjennomførte 1km kappgang på 5.00,32. Næraste konkurrent var Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide som tok andreplassen vel tre sekund bak med tida 5.03,78. Håkon Hjelle Roset frå Sandane IL kom på tredjeplass med 5.27,51.

Simon deltok også på 600 meteren. Der vart det ein fin femteplass med med 1.38,28. Klassevinnar vart Joakim Nielsen frå Norna Salhus med 1.35,77. Olav Sivertsen Mønstre frå Fana IL vart nummer to med 1.36,06 medan Erlend Bolstad Raa også frå Fana IL vart nummer tre med 1.36,36. Det var i alt tretten deltakarar i klassa.

Resultatliste frå PEAB-leikane her:

Resultatliste PEAB Lekene 2014 dag 1 Arrangør Osterøy IL Dato 13.9.2014.



Olden 13.9.2014:

Postet av Markane IL den 14. Sep 2014

Nikolai Dispen Lødemel vinnar av spurtprisen i Skarsteinsetra Opp!

Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Grete Zachariassen

Nikolai Dispen Lødemel vann spurtprisen i G13-14. Foto: Grete Zachariassen, 2013

 Nikolai Dispen Lødemel vann spurtprisen i klasse G13-14 i Skarsteinsetra Opp 2014. Han kom også på andreplass i sjølve motbakkeløpet.

Spurtprisen var lagt inn ved passeringa av Skarsteintunet etter 1,2 km av løpet. Nikolai passerte her etter 6 min 20 sek. I mål vart det ein andreplass i det 4.6 km lange motbakkeløpet med tida 33,51. Klassevinnar vart Daniel Auflem Eikås frå Stryn T&IL med tida 33,01. Tredjeplassen gjekk til Marius Rauset frå Loen IL med 37,15.

Også dei to andre deltakarane frå Markane kom på pallplass i sine klassar. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer tre i klasse M15-17 etter å ha gått i mål til tida 28,03. Klassevinnar vart Andreas Rauset frå Sandane IL med 25,22. Erlend Bakken frå IL Veten vart nummer to med 25,40. Svein Arne Lødemel kom på tredjeplass i M30-39 med 29,01. Klassevinnar vart Martin Klaesson frå Olden IL med 25,00 og Kay Roger Haugen frå Loen IL tok andreplassen med 25,52.

 Totalvinnar av løpet vart Jann Olav Tjønneland (M40-49) frå Viksdalen med 22,54. Stig Svalheim frå Sandane sykkelklubb  var raskaste syklist med 18, 43

Resultatliste for Skarsteinsetra Opp 13.9.2014



Osterøy 14.9.2014:

Postet av Markane IL den 14. Sep 2014

Siger til Simon Hjelmeset Kirkeeide på 1500meter

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset, 2011

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann også 1500-meteren i klasse G14 under PEAB-leikane på Osterøy. Han vann øvinga på tida 4.50,12. På andreplass følgde Benjamin Engel Hatlelid frå Hornindal med 4.51,21. Tredjeplassen gjekk til Olav Sivertsen Mønstre frå Fana IL på 4.55,63.

Med dette resultatet vart det totalt to førsteplassar og ein femteplass til Simon under PEAB-leikane!

I krinskampen under PEAB-leikane vart det siger til Hordaland. Sogn og Fjordane kom på andreplass, Rogaland på tredje og Agder på fjerde.

 Resultatliste frå PEAB-lekene dag 2 Arrangør Osterøy IL Dato 14.9.2014.



Olden 13.9.2014:

Postet av Markane IL den 12. Sep 2014

Innbyding til Skarsteinsetra Opp 13.9.2014.

 Traseen for Skarsteinsetra Opp

 Traseen for Skarsteinsetra Opp.

Olden IL innbyr for fjerde gong løparar, syklistar og trimmar til Skarsteinsetra Opp. Løypetraseen er på 4,6 km og høgdeskilnad er på 400m. Løpet har start i Olden sentrum. Det går ca. 2 km på asfalt, resten på grusveg og skogsveg.

Stad:Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe

Tid: 13.september 2014

Trimklasse u/tidtaking  start mellom kl 11:00-13:00

J/G sykkel/løp kl 13:30

15 år og over sykkel/løp kl 14:00 

Påmeldingsfrist: 11. 09.13 kl 23:59

Påmelding konkurranseklassar e-post/sms til :

Per Muri tlf 414 07 772, per.muri@enivest.net

 Høve til etterpåmelding fram til ein time før start. For informasjon om påmeldingsavgift, lisens, premiar m.m., sjå innbydinga.

 Innbyding til Skarsteinsetra Opp 2014



Symjehallen:

Postet av Markane IL den 10. Sep 2014

Badevaktkurs
 
Datoane for sesongens badevaktkurs er klare.
Det er tre datoar å velje mellom:
 
9. september, 18. september og 30. september kl. 1900.
 
Påmelding innan 8. september på tlf 57 87 47 76 eller
 
Aldersgrense: 18 år
 
Hugs at badevaktkurset må takast kvart år!
 

 



Kålsete 17.-19. oktober 2014:

Postet av Markane IL den 10. Sep 2014

Innbyding til leiarkurs for idrettsungdom 15-19år



Naustdal 20,-21.september 2014:

Postet av Markane IL den 9. Sep 2014

Ungdomssamling i orientering

Sogn og Fjordane o-krins innbyr til ungdomssamling 20.-21. september i samband med at det denne helga også vert arrangert KM-natt og Haustbløyta.

Frammøtetidspunkt: Laurdag 20. september kl 13.00.

Stad: Trollstova, Ramstadheia (mellom Naustdal og Eikefjord).

Samlinga er for ungdomar frå 12 år og oppover.

Leiarar/instruktørar: Gøril Fristad og Håvard Nummedal Os.

Pris: Gratis, men deltakarane dekkjer reise til/frå samlinga og har med mat til første måltid.

Program: Sjå innbydinga

Overnatting: På Trollstova, Ramstadheia, Naustdal. Krinsen legg ut link med kart på facebooksida til o-krinsen. Du treng sovepose og liggjeunderlag.

Hugs å ta med: Mat/drikke på veg til samlinga og til måltidet kl 16.00 på laurdag. Deretter står o-krinsen for maten. Treningskle og konkurransekle, EMIT-brikke, kompass, hovudlykt (for nattorienteringa). Regnkle og støvlar (tilpassa vertilhøva). Sovepose. Pengar til reise.

Har du ikkje EMIT-brikke, så gje melding ved påmeldinga. Då får du låne deg ei brikke.

NB! Påmelding til dei to løpa gjer du gjennom o-gruppa i god tid før samlinga.

FRIST FOR PÅMELDING TIL SAMLINGA:Sundag 13. september kl 20.00 til gorilfristad@hotmail.com, eller pr telefon 92641210.

Vel møtt til samling!

Ungdomssamling i orientering 20.-21.september 2014



Ullsheim 7.september 2014:

Postet av Markane IL den 7. Sep 2014

Resultat frå Bendit Rulleskifestival normaldistanse

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset 

Magnus Midthjell Gjørven vann både sprint og normaldistanse i klasse G14. Foto: Margunn Hjelmeset

I alt 130 deltakarar deltok på den andre dagen på Bendit Rulleskifestival. Også i dag vart det konkurrert i løp med skyting for klassane opp til 12år medan det var normaldistanse rulleskiskyting for klassane frå 13 år og oppover. For klassane frå 13 år og oppover var løpet også LM for Region Vest.

I alt 31 løparar stilte på startstreken for Markane IL. Det vart fire klassesigrar, totalt ni pallplasseringar i LM-klassane og mange fine plasseringar.

Magnus Midthjell Gjørven gjekk til topps i klassa for G14 for andre dag på rad. Han skaut feilfritt på begge skytingane og var med det 51,9 sek føre andreplassen i klassa Magnus Seljeset frå Hornindal.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15. Han fekk tre bom og vann 2min 25 sek føre Magnar Lødemel frå Hornindal IL som også hadde tre bom. I klassa jenter 15 år vart det LM-tittel til Anne-Marie Roset for andre dag på rad.

Aksel Mathias Meland vann klasse G16. Han skaut totalt tre bom og var 45,9 sek føre Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL som fekk ein bom meir. 

I klasse M17 vart det tredjeplass til Grim Nygård. Han skaut nest best av deltakarane i klassa med totalt fem tilleggsminutt på dei fire skytingane. Klassevinnar vart Tobias Nyborg frå Voss med fire tilleggsminutt. I klasse M18 vart det andreplass til Gaute Bø. Georg Halsteinslid vart nummer to i klasse M19. Lars Midthjell Gjørven vart nummer to i M20-21 medan Jarle Midthjell Gjørven vart nummer to i klassa for menn senior.

Resultatliste Bendit rulleskifestival normal 07.09.2014.



Ullsheim 6.9.2014:

Postet av Markane IL den 6. Sep 2014

Johannes Thingnes Bø til topps på sprinten under Bendit rulleskifestival

 Pallen i menn senior Bendit Rulleskifestival. Foto: John Roger Meland

Pallen i menn senior saman med ordførar Sven Flo: 1. Johannes Thingnes Bø, 2. Tarjei Bø, 3. Ole Martin Erdal og 4. Jarle Midthjell Gjørven. Foto: John Roger Meland

 135 deltakarar stilte til start under sprinten på Bendit Rulleskifestival. For dei opptil 12 år var det løp med skyting på programmet medan dei frå 13 år og oppover konkurrerte i rulleskiskyting. Løpet var også LM for region Vest.

Både Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland stilte til start på heimebane. I klassa for menn senior gjekk sigeren til Johannes Thingnes Bø medan Tarjei Bø vart nummer to. Både Tarjei og Johannes fekk to strafferundar kvar, men Johannes var raskast i løypa og kom i mål 38,8 sek før Tarjei. Vinnartida var på 19min 49,4sek. Tredjeplassen gjekk til Ole Martin Erdal frå Førde IL. Også han fekk to strafferunder og var 1min 46,2sek bak Johannes i mål. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer fire. Han fekk totalt tre strafferundar og var 2 min 44 sek etter vinnaren i mål.

I klasse M20-21 gjekk Johan Eirik Meland til topps. Han fekk berre ein strafferunde og var i mål etter 21 min 35,5sek.

Også i dei yngre klassane vart det fleire klassesigrar og pallplassar til deltakarar frå Markane. Anne-Marie Roset vann klasse J15år medan Magnus Midthjell Gjørven gjekk heilt til topps i G14. Oskar Guddal Breivik vann klasse G13 med Sigurd Fotland Fænn på andreplass. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer to i klasse G15. Sidan vinnaren av klassa kom frå Molde (Region Midt) vart det også LM-tittel til Simon. Aksel Mathias Meland vart nummer to i klasse G16. Andreplass vart det også til Gaute Bø i klasse M18 medan Håkon Midthjell Gjørven vart nummer tre i klasse M17.

Totalt 36 løparar deltok for Markane på sprinten. Alle resultat er å finne i resultatlista nedanfor. Fleire foto frå sprinten er lagt ut nedanfor. Fotografar er Margunn Hjelmeset og John Roger Meland

Resultatliste Bendit rulleskifestival sprint_060914.

Johannes, Tarjei, Jarle og Johan Eirik saman med Hallgeir Nygård og Sven Flo. Foto: John Roger Meland

Hallgeir Nygård (MIL) og ordførar Sven Flo saman med Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland. Dei fire skiskytterane vart heidra med gåver for å vere gode ambassadørar for både Markane IL og Stryn kommune. Foto: John Roger Meland

 

 

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margun Hjelmeset



Ullsheim 5.-6. september 2014:

Postet av Markane IL den 6. Sep 2014

Inspirasjonssamling på Ullsheim

Deltakarar på inspirasjonssamling på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

Deltakarane på inspirasjonssamling med Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven samla. Foto: Margunn Hjelmeset

 Før konkurransane i Bendit Rulleskifestival var det inspirasjonssamling på Ullsheim med Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland. Utøvarane frå 13år og oppover fekk høve til å trene med dei aller beste. Nokre foto frå samlingane er lagt ut nedanfor.

Johannes instruerer. Foto: Margunn Hjelmeset

Johannes Thingnes Bø instruerer unge lovande skiskyttarar på standplass.

Jarle og Johannes. Foto: Margunn Hjelmeset

Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes



Ullsheim 6.-7. september 2014:

Postet av Markane IL den 4. Sep 2014

Startliste Bendit rulleskifestival

Bendit logo.

Startlista til Bendit rulleskifestival på laurdag er no klar og lagt ut nedanfor.

Vi minner om at klubbane er ansvarlege for at alle løparar over 13 år har betalt skiskyttarlisensen for sesongen. Dersom ikkje denne er betalt, må det ordnast med eingongslisens i sekretariatet før start.

 

 

Startliste Bendit rullefestival laurdag 06092014.

Startliste Bendit rulleskifestival normal søndag 070914.



Holmøyane 28.august 2014:

Postet av Markane IL den 1. Sep 2014

16 deltakarar med på sesongens siste nær-o-løp!

Vigdis Sætren. Foto: Markane IL 

Vigdis Sætren var kjappast gjennom den lengste løypa. Foto: Markane IL

 Sesongens siste nær-o-løp vart arrangert av Von IL med Nersetra som utgongspunkt. 16 løparar stilte opp i sesongavslutninga og heile 15 av desse kom frå Markane IL.

I nybyrjarløypa var det åtte deltakarar som gjorde god innsats. Klemet Bø var kjappast gjennom løypa på 3.4 km medan Vigdis Sætren var raskast i den lengste løypa på 4.7 km.

I alt 95 personar deltok på eit eller fleire av sesongens løp. 53 av desse representerte Markane IL. I alt 24 deltok på minst fire løp og kan sjå fram til premie på premiefesten 6. november.

Resultatliste for nær-o-løp 7 Dato 28.8.2014 Arrangør: IL Von

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-7.



Ulvedalsdemma 31.8.2014:

Postet av Markane IL den 31. Aug 2014

Vigdis Sætren og Dag-Arne Eide til topps i KM lang.

Vigdis Sætren. Foto: MIL

Vigdis Sætren vann klasse D17 i KM langdistanse. Foto: Markane IL

Totalt 44 o-løparar stilte opp då IL Veten arrangert KM langdistanse ved Ulvedalsdemma. Markane IL hadde fem løparar på start, og det vart to KM-sigrar til løparar frå MIL då både Vigdis Sætren og Dag Arne Eide gjekk heilt til topps i sine klasser.

Vigdis Sætren vann klart klasse D17 då ho orienterte seg gjennom den 6 kilometer lange løypa på 1t 8 min 8 sek. Nummer to vart Ragnhild Bergset Elvestad frå Nordreisa IL på 1t 33 min 30sek og Kirsti Bergset frå IL Veten vart nummer tre på 1t 37 min 5sek. Åshild Sætren Bøe vart nummer fem i same klassa.

Dag Arne Eide vann klasse H50 etter å ha fullført dei 6 kilometerane på 56min 52sek. Næraste konkurrent var Gunnar Gytri frå Førde IL som kom i mål på 1t 2 min 22sek.

I klasse D50 vart det andreplass til Grete Zachariassen. Ho brukte 1t 1 min 25 sek gjennom den 4 kilometer lange A-løypa. Klassevinnar vart Irene Kroken Bergset på 1t 0 min 32 sek. Aslaug Thingnes Bø deltok i same klasse, men braut løpet.

Heile resultatlista ligg nedanfor:

Resultatliste KM lang orientering 31.8.2014 Arrangør IL Veten.

Grete Zachariassen. Foto: MIL

Grete Zacharissen vart nummer to i D50. Foto: Markane IL



Haustsesongen 2014:

Postet av Markane IL den 29. Aug 2014

 Markanebadinga

Også denne sesongen vert måndagen
 fast badedag for Markane IL i Stryn symjehall.
 
Første gong vert:
 måndag 1.september kl. 19.00-20.00
 
Vidare vert det bading kvar måndag heilt fram til påske!
 
Eigenandelen for sesongen 2014/2015:

Born kr.200,- . Vaksne kr.300,-.  Familie kr.450,-

Markanebadinga er for medlemmar i Markane IL.

Nye medlemmar er sjølvsagt velkomne!

Meir om medlemskap i MIL her.



Holmøyane 28.august 2014:

Postet av Markane IL den 27. Aug 2014

Klart for sesongens siste nær-o-løp.

IL Von innbyr til sesongens siste nær-o-løp torsdag 28. august.

Første start: kl. 1800

Startstad: Nersetra. Det vert merka frå Vonlund Grendahus. (Bomveg 40kr)

Løyper for alle.

Startkontingent: Småtroll og 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Alle som deltek på minst fire løp, oppnår samanlagtpremie for sesongen. Så for dei ni som har tre løp så langt, er det ekstra god grunn til å stille opp i det siste løpet.

Samanlagtliste så langt nedanfor:

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-6.

Alle velkomne!



Ørstaleikane 24.8.2014:

Postet av Markane IL den 26. Aug 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 4 

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer fire på 800 meteren under Ørstaleikane i helga. Han var i mål på 2.29,37 sek.

Vinnar vart Eskil Engdahl frå Torvikbukt IL med 2.19,92 sek. Benjamin Engel Hatlelid frå Hornindal vart nummer to med 2.21,56 og Magnar Lødemel frå Hornindal vart nummer tre med 2.26,33.




Stord 23.8.2014:

Postet av Markane IL den 24. Aug 2014

7.plass til Dag Arne Eide i Vestlandsmeisterskapet

 Dag Arne Eide. Foto: Ivar Bergset

Dag-Arne Eide vart nummer 7 i klasse H50 under Vestlandsmeisterskapen i orientering på Stord i helga. Han fullførte dei 4.7 kilometerane på 49 min 18 sek.

Klassevinnar vart Arne Johannesen frå IL Gaular som var i mål etter 43 min 32 sek. Andreplassen gjekk til Sigurd Eikner frå Fana og tredjeplassen til Kjell Dale frå Sandnes.

 

Resultat frå Vestlandsmeisterskap i orientering Klasse H50 Dato 23.8.2014

 



Stryn 23.8.2014:

Postet av Markane IL den 24. Aug 2014

2.plass til Gaute Bø i Strynemila

Gaute Bø. Foto: Klemet Bø, 2011

Gaute Bø vart nummer to totalt på Strynemila 2014 etter å ha fullført det 9.8 kilometerane på 38 min 42 sek. Han vann også den innlagde spurtprisen etter halvt løp og vart klassevinnar i seniorklassa. Svein Arne Lødemel kom på andreplass i seniorklassa med 42 min 45 sek.

Vinnar av Strynemila vart Erlend Bakken frå IL Veten på 37 min 11 sek som deltok i juniorklassa. Nikolai Dispen Lødemel kom på fjerdeplass i klassa med 52 min 18 sek.  Hilde Konstali-Lødemel frå Stryn T&IL vann dameklassa på 47 min 13 sek.

Resultatliste frå Strynemila 23.8.2014.



Stryn 23. august 2014:

Postet av Markane IL den 23. Aug 2014

Innbyding til:

Strynmila.



Tverrfjellet 21.8.2014:

Postet av Markane IL den 22. Aug 2014

Resultat frå nær-o-løp 6/lagsmeisterskap MIL

 Vigdis Sætren vart lagsmeister for damer. Foto: Heidi Lise Bakke, 2008

Vigdis Sætren var raskast gjennom den 3,5 km lange A-løypa og vart lagsmeister for damer 2014. Foto: Heidi Lise Bakke, 2008

Sesongens sjette og nest siste nær-o-løp vart arrangert med start frå Badedammen på Tverrfjellet. Løypeleggjarar var Kåre Bøe og Grete Zachariassen. Løpet var også årets lagsmeisterskap i orientering for Markane IL.

I alt 31 løparar stilte opp i løpet. Av desse representerte 24 Markane IL. Som vanleg var det flest deltakarar i nybyrjarløypa der 16 deltakarar var med.

I konkurranseklassane var det siger til Vigdis Sætren frå Markane IL. Ho orienterte seg gjennom den 3,5 km lange A-løypa på 32 min 57 sek. Nummer to vart Ingeborg Skogen som var i mål på 36 mim 31 sek. Åshild Sætren Bøe frå Markane IL kom på tredjeplass med 37 min 15 sek. I alt fullførte 11 deltakarar den kortaste A-løypa.

I den lengste A-løypa på 5,7 km gjekk sigeren til Anders Bergset frå IL Veten på 52 min 52 sek. Nils Heggdal kom på andreplass med 62 min 55 sek medan Kjell Ove Bergset frå IL Veten vart nummer tre med 83 min 41 sek.

Følgjande fire vart lagsmeistrar for Markane IL 2014:

Lagsmeister damer: Vigdis Sætren, lagsmeister herrer: Nils Heggdal, lagsmeister damer veteran: Aslaug Thingnes Bø og lagsmeister herrer veteran: Klemet Bø.

Før det siste løpet har alt 17 løparar sikra seg årets samanlagtpremie med deltaking i minst fire løp. Endå 9 løparar har sjansen til å sikre seg premie for sesongen, men må då hugse på å stille opp i sesongavslutninga. Nær-o-løp sesongen vert avslutta torsdag 28. august med IL Von som arrangør.

Resultat frå nær-o-løp nr 6 Arrangør Markane IL Dato 21.8.2014.

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-6.

Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset, 2014

Anders Svarstad Hole var rask gjennom N-løypa. Foto: Margunn Hjelmeset



Ullsheim 16.8.2014:

Postet av Markane IL den 21. Aug 2014

30 born i aksjon på Finn fram dagen 2014.

Finn fram dagen 2014. Foto Grete Zachariassen

30 born deltok på Finn fram dagen 2014. Foto: Grete Zachariassen.

Laurdag 16. august arrangerte Markane IL i samarbeid med Barnas Turlag Finn fram dagen på Ullsheim. 30 små og store born deltok saman med ivrige foreldre.

Det var lagt opp til fire forskjellege aktivitetar: foto-orientering,
kompasspostar, nybyrjarløype og rakettløype. Deltakerane fekk testa
både orienteringskunnskapane og farten mellom postane. I tillegg vart det gjeve eit lynkurs om bruk av kart og kompass, som fleire foreldre også hadde god nytte av.

Etter stor aktivitet i skogen smakte det godt med frukt, bollar og saft.
Alle deltakerane fikk kvar si oransje sitteplate i premie.

Fleire foto frå Finn fram dagen nedanfor. Fotograf er Grete Zachariassen.

Mathea Holien Bø. Foto Grete Zachariassen

Mathea Hol



Tverrfjellet 21.8.2014:

Postet av Markane IL den 19. Aug 2014

Innbyding til nær-o-løp 6/lagsmeisterskap

Markane IL innbyr til sesongens sjette nær-o-løp torsdag 21. august med start frå Tverrfjellet. Løpet er også lagsmeisterskap for Markane.

Første start kl. 1800.

Startstad: Badedammen på Tverrfjellet.

Løyper: 6.3 km A-løype, 3.5 km A-løype, 4.3 km C-løype og Nybyrjarløype.

Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Premiar til alle opp til 12 år!

Det vert høve for grilling og bading etter løpet!

Minner også om at alle som deltek for Markane IL i minst fire av nær-o-løpa, får samanlagtpremie på premiefesten. Om du ikkje hugsar kor mange løp du har vore med på så langt, så finn du lista nedanfor!

Nye og tidlegare deltakarar velkomne!

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-5 -oppdatert.



Ullsheim 5.-6. september 2014:

Postet av Markane IL den 16. Aug 2014

Inspirasjonssamling med BØ-BRØRNE

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Det vert inspirasjonssamling med Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø i samband med Bendit rulleskifestival. Foto: Fjordingen

I samband med Bendit rulleskifestival på Ullsheim 5.-7. september legg MIL opp til ei treningssamling ilag med Bø-brørne Tarjei og Johannes, samt Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland.

Her kan alle få nyttige tips som kan vere gode å ha med seg i treningsarbeidet framover.

Treningsøktene er for utøvarar frå 13 år og oppover, og føregår frå kl. 18-20 på fredagskvelden og kl. 0930 -1130 på laurdag. Det kan eventuelt bli endring av tidene utifrå talet påmeldte.

Rulleski, hjelm og våpen/skot må alle ha med sjølv.

Nytt deg av dette tilbodet og tren med dei aller beste! Samlinga kostar kr 200, -og inkluderer ein deltakarpremie frå Bendit.

Påmelding: Online via Terminlista www.sportsadmin.no eller www.minidrett.no innan 3. september.

Les også om Bendit rulleskifestival på NSF si heimeside.

Innbyding til Bendit inspirasjonssamling 5.-6. september.



Skåla 16.8.2014

Postet av Markane IL den 16. Aug 2014

Johannes Thingnes Bø klassevinnar i Skåla Opp!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø frå Markane IL/BAMA vann klasse M20-22 og vart nummer 8 totalt i Skåla Opp 2014. Foto: Fjordingen (frå Postvegløpet 2011)

 Johannes Thingnes Bø frå Markane IL/BAMA tok ein klar klassesiger i M20-22 under Skåla Opp 2014. Han bruk berre 1 time 15 min 54 sek til toppen av Skåla. Dette held også til ein flott 8. plass totalt. Jonathan Wyatt vann årets Skåla opp med tida 1t 8 min 59 sek. Vinnar av kvinneklassa vart Laura Orgue på 1 t 22 min 7 sek.

Markane IL hadde totalt seks deltakarar på startstreken. Gaute Bø vart nr 10 i klasse G15-17. Han var i mål etter 1t 47min 34 sek. Klassevinnar vart Andreas Rauset frå Sandane T&IL på 1t 28 min 30 sek. I klasse M35-39 vart Frank-Jakob Sandbakk nr 68 med 2t 6 min 20sek. Klassevinnar her vart Orlando Edwards som kom på femteplass totalt, med 1t 13 min 51 sek. Per Jakob Kyrkjeeide var nr 37 i klasse M45-49 med 1t 49  min 13sek og Jan Egil Gjørven nr 78 med 2t 12 min 14 sek. Klassevinnar vart Bjørn Ole Vassbotn frå Volda T&IL med 1t 24 min 5 sek. I klasse 50-54 blei Kåre Bøe nr 39 med 1 t 49 min 53 sek. Klassa vart vunnen av Terje Hordnes på 1t 26 min 14 sek.

Totalt deltok 1935 løparar i trim- eller konkurranseklasse i årets Skåla Opp.

 



Maurset 14.8.2014:

Postet av Markane IL den 15. Aug 2014

Resultat frå nær-o-løp nr 5

 

Nær-o-løpa er i gang igjen etter sommarpausen. Det var i alt 40 startande i sesongens femte løp som gjekk på Maurset.

Fem av desse deltok i småtroll-klassa medan heile 14 fullførte den 1.6 km lange nybyrjarløypa.  9 deltok i C-løypene.

I den kortaste A-løypa vart deltakarar frå Markane IL på dei tre femste plassane. Sigeren gjekk til Rikard Kirkeeide Bø som fullført dei 2.5 km på 34 min 36 sek. Grete Zachariassen vart nummer to og Aslaug Thingnes Bø nr tre.

I den lengste A-løypa på 4.4 km vann Dag Jarle Aa frå Hovdebygda IL på tida 45 min 45 sek. Nils Heggdal frå Markane vart nummer to med 61 min 24 sek og Kjell Ove Bergset frå IL Veten nummer tre med 64 min 13 sek.

Resultatliste og samanlagt for dei fem første løpa er lagt ut nedanfor.

Resultat nær-o-løp nr 5 Arrangør Markane IL Dato 14.8.2014.

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-5 -oppdatert.



Ulvedalsdemma 31.8.2014:

Postet av Markane IL den 13. Aug 2014

Innbyding til KM langdistanse

orienteringslogo

 

IL Veten innbyr til KM langdistanse i orientering søndag 31. august.

Startstad: Ulvedalsdemmene. Det er merka frå rv. 613. NB! Bompengar

Parkering: 1-10 min å gå til samlingsstad.

Starttid: Første start kl. 1100. Om lag fem minutt å gå frå samlingsstad.

 

 

Løyper/klassar: (KM klassar er utheva)

1,5kmN: N-åpen, D -10, H-10

2kmC: D 11-12, H11-12, D13-16C, H13-16C

4kmC: D17-C, H17C

3,5kmB: D13-14, H13-14

4kmA: D15-16, H15-16, D50-, H60- D60-, D70-, H70-

6kmA: D17-, H50-

8kmA H 17-

Småtroll på samlingsplass

Påmelding: Eventor eller abergset64@gmail.com /90666870

Påmldingsfrist: torsdag 28. august kl.23.59

Premiering: Alle opp til 12år,medaljar i KM-klassar, elles 1/3-premiering

Løpsavgift: -16år kr. 60,-. Over 16år- kr. 110,- . Etterpåmeldingsavgift kr.50,- i tillegg.

Sjå elles vedlagt innbyding.

Innbyding KM langdistanse 31.8.2014 Arrangør IL Veten.



Puttlingen 10.8.2014:

Postet av Markane IL den 10. Aug 2014

Jarle Midthjell Gjørven nr 5 i "Youngster Team Challenge"

-Johannes Thingnes Bø nr 7 i finalen.

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Både Johannes Thingnes Bø og Jarle Midthjell Gjørven var på startstreken då ODLO City-Biathlon vart arrangert for 10. gong i Puttlingen.

Jarle Midthjell Gjørven deltok i "Youngster Team Challenge" der hadde han med seg Tamara Steiner frå Austerrike. Dei kom på ein 5. plass i konkurransen. Sigeren gjekk til Julie Chenevoy og Tom Lahaye-Goffart frå Belgia.

Johannes Thingnes Bø konkurrerte i rulleskiskytingsfinalen med fleire sterke verdscupløparar frå blant anna Tyskland, Russland og Tsjekkia.

Johannes hadde ikkje heilt dagen på standplass. Totalt vart det 11 ekstraskot og tre "strafferundar" på 10 sek kvar. Dermed vart det til slutt ein 7. plass 59.5 sek etter vinnaren Erik Lesser frå Tyskland. Michael Roesch som no representerer Belgia, kom på andreplass 26.9 sek etter vinnaren medan Arnd Pfeiffer frå Tyskland tok tredjeplassen 30.1 sek bak vinnaren.

Resultatliste Youngster Team Challenge Püttlingen 10.8.2014

Resultatliste for finale herrer Püttlingen 10.8.2014



Ullsheim 16.8.2014

Postet av Markane IL den 9. Aug 2014

Innbyding til Finn-fram-dagen 2014

Finn fram dagen 2012. Foto: Margunn Hjelmeset 2012

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke på Finn-fram-dagen 2012. Foto: Margunn Hjelmeset 

Markane IL arrangerer i samarbeid med Barnas Turlag "Finn Fram Dagen 2014" - orientering for alle!

 Stad: Ullsheim, lørdag 16. august kl. 13.00.

Aktivitetar: Nybyrjarløype, stafett og postplukk. Enkel opplæring i bruk av kart og kompass.

Enkel servering til alle frammøtte.

 Velkomne til Finn Fram Dagen!



Maurset 14.8.2014:

Postet av Markane IL den 8. Aug 2014

Klart for sesongens femte nær-o-løp

orienteringslogo

 

Markane IL innbyr til sesongens femte nær-o-løp torsdag 14. august.

Første start kl. 1800.

Startstad vert ved Yste Maursetvegen. Det vert merka frå rv. 15.

Løyper: 4.4 km A, 2.4 km A, 4.1 km C, 2.0km C, 1.5 km N. I tillegg vert det småtroll- og/eller rakettløype.

 

Startkontingent: Småtroll og 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Premiar til alle opp til 12 år!

Sidan det skal vere Finn-fram-dag på Ullsheim alt på laurdagen, oppfordrar vi dei deltakarane som har høve til det, om å hjelpe til med å plukke ned postane etter løpet.

Nye og tidlegare deltakarar velkomne!



Ullsheim 6.-7. september 2014:

Postet av Markane IL den 7. Aug 2014

Innbyding til Bendit Rulleskifestival Markane 2014

 Bendit logo

Markane IL invitere alle til Bendit rulleskifestival på Ullsheim 6. og 7. september.

Vi håper mange frå både fjern og nær vil ta turen og test forma mot ”Bø-brørne” med fleire i dei flotte løypene våre på Ullsheim 14 dagar før NM!

For alle frå 13 år og oppover vert det konkurransar i rulleskiskyting medan for dei yngste vert det løp med skyting. Laurdag er øvinga sprint medan det søndag er klart for normaldistanse.

Fristen for å melde seg på er 31. august kl.23.59!

Påmelding skal gjerast via Min idrett eller Sportsadmin.

Meir om Bendit Rulleskifestival finn du her.

Heile innbydinga kan lastast ned i pdf-format nedanfor:

Innbyding til Bendit Rulleskifestival -oppdater 15.8.2014



Ullsheim 19.-21.september 2014:

Postet av Markane IL den 6. Aug 2014

Innbyding til langrennssamling på Ullsheim

Sjur Ole Svarstad.

Markane IL innbyr i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til langrennssamling på Ullsheim helga 19.-21. september. Samlinga er for jenter og gutar fødde frå 1999 til 2003.

Sjur Ole Svarstad som er trenar for NSF sitt rekruttlandslag vert hovudtrenar på samlinga. I tillegg deltek trenar frå Markane IL og Sogn og Fjordane Skikrins. 

Stad: Ullsheim

Tidspunkt: 19.-21. september 2014 (startar fredag ettermiddag og avsluttar søndag etter lunsj)

Deltakaravgift: 700,-kr pr. person.

Deltakaravgifta inkluderer mat (frukost, lunsj, middag, tilbod om kveldsmat, frukt), varierte treningsøkter, overnatting (flatseng på Ullsheim) og mykje sosialt samvere.

Påmelding via Questback

Frist for påmelding: Fredag 12. september.

Sidan samlinga tidlegare år har vorte fullbooka, oppfordrar vi alle som vil vere med om å melde seg på så snart som råd!

Påmelde deltakarar vert tilsendt meir detaljert informasjon om samlinga.

Velkomen til samling på Ullsheim!

Innbyding til langrennssamling 19.-21.september 2014

 



Langeland 2.8.2014:

Postet av Markane IL den 3. Aug 2014

Resultat frå løp 3 i Fjord-O Vest

Grete Zachariassen. Foto: Ivar Bergset

Det tredje av løpa i Fjord-O Vest gjekk i området ved Langeland. Totalt 656 o-løparar stilte til start.

Frå Markane var her tre deltakarar med i dag. Grete Zachariassen kom på 20. plass i klasse D50, Nils Heggdal vart nummer 18 i H45 medan Per Øen deltok i A-direkte og vart nummer 25.

Fjord-O Vest vert avslutta i morgon med løp i Fjærland. 

Resultatliste frå Fjord-O Vest løp 3 klasse D50 H45 og A direkte. Dato: 2.8.2014



Fjærland 3.8.2014:

Postet av Markane IL den 3. Aug 2014

4. plass til Dag-Arne Eide i siste løp og samanlagt

Dag Arne Eide. Foto: Ivar Bergset

Dag-Arne Eide var einaste deltakar frå Markane i det siste løpet i Fjord-O Vest som gjekk i Fjærland.

Han sprang inn til ein god fjerdeplass i klasse H55 etter å ha orientert seg gjennom den 3,43 km lange løypa på 34 min 9 sek. Klassevinnar vart Geir Owren frå Freidig som vann på tida 32 min 33 sek. Andreplassen var delt mellom Jørgen Mårtensson og Trond Rønneberg som kom i mål 54 sek etter vinnaren.

Heile 864 løparar stilte opp i det siste løpet.

Med fjerdeplass i dette løpet sikra også Dag-Arne seg ein fjerdeplass samanlagt. Det er dei tre beste løpa i Fjord-O Vest som tel i samandraget.

Resultatliste for Fjord-O Vest løp 4. Klasse H55. Dato 3.8.2014

Resultatliste Fjord-O Vest samanlagt etter 4 løp.



Blinkfestivalen 1.8.2014:

Postet av Markane IL den 2. Aug 2014

3. plass til Tarjei Bø på fellesstarten

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø 

Tarjei Bø (t.h) kom på tredjeplass i fellesstarten under Blinkfestivalen medan Johannes Thingnes Bø vart nummer fem.

 Tarjei Bø gjekk raskt på rulleskia under fellestarten på Blinkfestivalen. Til trass for at det vart fem undervegs heldt det likevel til ein solid tredjeplass 12,9 sek etter vinnaren. Sigeren gjekk til Emil Hegle Svendsen som spurtslo amerikaren Lowell Bailey med 0,7 sek margin. Også Svendsen hadde fem bom medam Bailey hadde berre to.

Også Johannes Thingnes Bø gjekk raskt, men fekk totalt seks bom. Dermed vart det til slutt ein femteplass 29,5 sek bak vinnaren.

Tarjei var også nest best i skyteduellen tidlegare på dag. Han kvalifiserte seg til finalen, men vart der slegen med 4,6 sek av vinnaren Martin Eng som fekk ned alle blinkane på 15,6 sek. Johannes Thingnes Bø rauk ut av konkurransen etter semifinalen.

Resultaliste Blink skifestival Skyteduell menn finale 1.8.2014.

Resultatliste Blinkfestivalen fellesstart menn senior 1.8.2014



Blinkfestivalen 2.8.2014:

Postet av Markane IL den 2. Aug 2014

Johannes Thingnes Bø til topps på supersprinten!

Johannes Thingnes Bø. Foto: BLINK 2013

Johannes Thingnes Bø vann klart supersprinten under BLINK-festivalen. Foto: BLINK 2013

Johannes Thingnes Bø gjekk heilt til topps i supersprinten under BLINK-festivalen i Sandnes.

 I semifinalen kom Johannes på femteplassen i sitt heat og kom akkurat med vidare til finalen på wild-card. I finalen var derimot Johannes med blant dei fremste heile vegen. Han gjekk ut frå nest siste skyting på ein andreplass, men gjekk seg fram i teten på sløyfa inn til den siste ståande serien. På siste skyting var det ikkje noko tvil. Sjølv om det vart ein bom på det aller siste skotet, skaut han minst like godt og betydeleg raskare enn konkurrentane.

Johannes gjekk dermed i mål til ein klar siger på supersprinten. Marius Hol avslutta med ein rask sisterunde og tok andreplassen 7,4 sek etter Johannes. Tredjeplassen gjekk til Tim Burke frå USA.

Tarjei Bø stod over dagens løp.

 Resultatliste frå Blink skifestival supersprint menn senior 02.08.2014



Værlandet 31.7.2014:

Postet av Markane IL den 31. Jul 2014

7.plass til Dag-Arne Eide i løp 2 i Fjord-O Vest

Dag Arne Eide. Foto: Ivar BergsetDag-Arne Eide gjorde eit nytt godt løp i Fjord-O Vest då han vart nummer sju i klasse H55. I mål var han 5 min 9 sek bak klassevinnaren. Dagens løp gjekk på Værlandet og var det andre av i alt fire løp.

Klassevinnar i H55 i dag vart Jørgen Mårtenssen frå Modum OL. Han orienterte seg gjennom dei 3,79 kilometerane på 33 min 50 sek. Noko som var klar siger. Nummer to vart Reidar Heivoll frå Søgne og Sogndalen OK som var 2 min 41 sek bak. Per Kristian Ekeberg frå IL Tyrving tok tredjeplassen 3 min 12 sek bak vinnaren.

Fjord-O Vest held fram på laurdag med o-løp på Langeland. Meir og Fjord-o Vest og resultat frå klasser utan deltakarar frå Markane er å finne på arrangementet si heimeside.

Resultatliste for Fjord-o Vest løp 2 Klasse H55. Dato 31.7.2014.



Blinkfestivalen 31.7.2014:

Postet av Markane IL den 31. Jul 2014

5. og 6. plass til Tarjei Bø og Johannes Th. Bø i Lysebotn Opp

 Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjorde god innsats i Lysebotn Opp 2014. Foto: Fjordingen, 2013

 Årets Blinkfestival er i gong. Første konkurranse var rulleskiløpet Lysebotn Opp. Størsteparten av eliten både frå ski og skiskyting var på plass. Også fleire internasjonale løparar stilte opp i den krevjande løypa på 7 km som går bratt opp frå Lysebotn til Ørneredet, 640 meter over havet.

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var på startstreken i dag. Dei var med i det fremste feltet på om lag ti løparar heile vegen mot toppen.

 Maurice Magnificat frå Frankrike gjekk tidleg frå resten av frontfeltet. Han klarte og halde leiinga heilt i mål sjølv om Martin Johnsrud Sundby og Sjur Røthe tok mykje inn på slutten. Sundby var 6,5 sek bak vinnaren i mål og tok andreplassen. Røthe var 14,4 sek etter og vart nummer tre. Simen Andreas Sveen frå Ring IL kom på fjerdeplass 53,1 sek etter vinnaren.

Så var det klart for dagens brødreduell. Tarjei var i føringa opp motbakkane og klarte akkurat å halde unna for Johannes i mål. Dermed vart det femteplass til Tarjei 1 min 10.5 sek etter vinnaren medan Johannes tok sjetteplassen berre 1.5 sek etter Tarjei.

I morgon er det klart for fleire dueller. Då held Blink-festivalen fram med rulleskiskyting.

Resultat Menn senior Lysebotn opp 31.7.2014.



Kråkenesmarka 30.07.2014:

Postet av Markane IL den 30. Jul 2014

2.plass til Dag-Arne Eide i Fjord-O Vest

Dag Arne Eide. Foto: Ivar Bergset, KM 2013

Fjord-O Vest er i gong. Det første av løpa gjekk i Kråkenesmarka som ligg omlag ei mil vest for Førde. I alt 683 orienterarar frå heile landet stilte til start.

Frå Markane IL var berre ein deltakar på start, nemleg Dag-Arne Eide. Han gjorde det svært så bra. I mål vart det ein flott andreplass i klasse H55 etter at den 4,7 km lange løypa vart fullført på 46 min 55 sek. Klassevinnar vart Torgeir Strandhagen frå Røyken IL med tida 45 min 25 sek. Tredjeplassen gjekk til Trond Rønneberg frå Asker Skiklubb som var i mål etter 47 min 18 sek.

Fjord-O Vest held fram alt i morgon med det andre av dei totalt fire løpa. Då går løpet på Værlandet. Meir om Fjord-O Vest er å finne på heimesida deira her.

Resultatliste frå Fjord O-løp 1 Klasse H55 Dato 30.7.2014.



Heidal 14.-17. juli 2014:

Postet av Markane IL den 24. Jul 2014

God innsats i Heidalsveka 2014

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margun Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide var ein av deltakarane i Heidalsveka. Foto er frå finn fram dagen i 2011. Foto: Margunn Hjelmeset

 Familien Hjelmeset Kirkeeide gjorde også i år fin innsats i dei fire orienteringsløpa i Heidalsveka med blant anna eit par klassesigrar i N-løypa. Totalt stilte det opp  om lag 120 deltakarar i kvart av o-løpa.

Heidalsveka starta måndag 14. juli med o-løp frå Lerflaten med Viul OK som arrangør. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på fjerdeplass i dette løpet. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide sprang i mål til 9. plass medan Margunn Hjelmeset og Ane Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 13 og 14.

Tysdag 15. juli vart det klart for løpet "Myggklasken" i Melingen. Tormod Skilag var arrangør for løpet. Her vart det to frå Markane på pallen med andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide og tredjeplass til Simon Hjelmeset Kirkeeide. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 10, Margunn Hjelmset nr 14 og Ane Hjelmeset Kirkeeide nr 15.

Onsdag 16. juli var det klart for løp frå Kvernbru. Her vann Simon Hjelmeset Kirkeeide klart i den 2,3 km lange N-løypa medan Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 10. I barneløypa vart det andreplass til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og tredjeplass til Ane Hjelmeset Kirkeeide.

Heidalsveka vart avslutta torsdag 17. juli med løp frå Bårdløkkensetra. Her vart det dobbelsiger til Markane i N-løypa med Simon Hjelmeset Kirkeeide på førsteplass og Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Ane Hjelmeset Kirkeeide kom på 14. og 15. plass.

Resultatlister frå klassane med deltakarar frå Markane er lagt ut nedanfor: 

Resultatliste Heidalsveka klasse N 14.7.2014.

Resultatliste for Heidalsveka klasse N 15.7.2014

Resultatliste Heidalsveka klasse N 16.7.2014.

Resultatliste Heidalsveka klasse N 17.7.2014.

 



Ullsheim 9.7.2014:

Postet av Markane IL den 10. Jul 2014

NRK Sommeråpent sende direkte frå Ullsheim

Johannes Thingnes Bø saman med NRK teamet. Foto: John Roger Meland

Johannes Thingnes Bø og NRK-teamet på Ullsheim. Foto: John Roger Meland

 Programmet NRK Sommaråpent hadde onsdag 9. juli fleire direkte innslag frå Ullsheim.

NRK Sommaråpent si sending frå Ullsheim kan du sjå på nett-TV her. 

Nedanfor er fleire foto frå kvelden.

Unge skiskyttarar saman med Ronny Brede Aase. Foto: John Roger Meland

Unge skiskyttarar fekk møte programleiar Ronny Brede Aase. Foto: John Roger Meland

 

 

Programleiar Ronny Brede Aase prøvde seg på rulleski. Foto: John Roger Meland

 



Ullsheim 9.7.2014:

Postet av Markane IL den 9. Jul 2014

NRK Sommeråpent sender direkte frå Ullsheim i kveld kl. 2130!

 NRK bilen på Visnes i dag 9.7.

NRK Sommeråpent sender direkte fra Ullsheim i kveld kl. 2130. Det vert sending vekselvis frå studio på Operataket i Oslo og frå Ullsheim. Ronny Brede Åse vert reportar frå Ullsheim. 

Alle stryningar vert derfor oppfordra til å kome og vere med på ein fin kveld på Ullsheim.

Fint om alle som vil kome, er på Ullsheim seinast kl. 2100.

Tema for kvelden er: Skiskyting i Stryn og Bøeffekten.

NRK vil ha opplegget som ei trening der ein viser aktiviteten samt litt om rekruttering og korleis den er påvirka av Tarjei og Johannes sine prestasjonar. 

Utøverane tek med seg både våpen og rulleski som på ei vanlig trening (eventuelt joggesko for dei yngste som ikkje har rulleski)!

Dei som har Markane-jakke, stiller i denne!

Det vert sal av kaffi / saft, vafler og frukt frå Årestova.

Alle velkomne!

 



Hellesylt 5.7.2014:

Postet av Markane IL den 6. Jul 2014

14. og 24. plass til Johan Eirik og Aksel Mathias Meland i Hellesyltløpet 2014

Johan Eirik Meland. Foto: Skåla Opp, 2011. Aksel Mathias Meland. Foto: Fjordingen 2013

Johan Eirik Meland og Aksel Mathias Meland vart nr 14 og nr 24 i Hellesyltløpet 2014. Foto: J.E. Sandbakk (Skåla Opp 2011)/Fjordingen (Kleiva Opp 2013)

Hellesyltløpet 2014 var det 27. i rekkja og i alt 89 løparar stilte opp. Markane hadde to deltakarar på start i seniorklassa. Det var hard konkurranse i årets løp med blant anna heile elitelaget frå Lyn Ski på startstreken.

 Johan Eirik Meland kom på 14. plass etter å ha fullført det 6,6km lange løpet på 24 min 38,1 sek. I same klassa kom Aksel Mathias Meland på 24. plass med 27 min 52,2 sek. Klassa vart vunnen av Kristian Nedregård frå Spjelkavik IL på 21 min 26,3 sek.

Ingvild Øye vann dameklassa på 26 min 10 sek. I juniorklassane gjekk klassesigrane til Fien van Zwieten frå Stranda IL og Henrik Seljeset frå Røa IL.

Resultatliste Hellesyltløpet 5.7.2014.



Byrkjelo 5.-6. juli 2014:

Postet av Markane IL den 6. Jul 2014

God innsats i Sparebankleikane 2014

Jørgen Trøsken og Inger Hjelmeset. Foto: Margunn Hjelmeset 2013

Jørgen Trøsken og Inger Hjelmeset deltok på Sparebankleikane 2014 på Byrkjelo. Foto: Margunn Hjelmeset (frå vintersesongen 2013).

Det var stor aktivitet i mange øvingar då Sparebankleikane 2014 vart arrangert på Byrkjelo stadion. Også Markane hadde nokre unge lovande utøvarar i sving på friidrettsbana.

Jørgen Trøsken deltok i klasse G10 år som hadde øvingane 60 meter, lengde og kulestøt. Inger Hjelmeset deltok i klasse J9 år i øvingane lengde og 60 meter. Alle desse konkurransane vart avvikla på laurdagen.

På søndagen hadde Markane ein deltakar. Simon Hjelmeset Kirkeeide stilte opp på 600 meter i klasse G14  der han sprang inn til 4. plass med tida 1 min 45,03 sek. Vinnar av øvinga vart Kent Ove Sæten frå Hyen på 1 min 37,47sek.

Resultat frå alle øvingane er lagt ut nedanfor.

 Resultat frå Sparebankleikane Byrkjelo 5.7.2014

Resultatliste Sparebankleikane del II 6.7.2014



Hornindal 5.7.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jul 2014

Gunn Skrede vinnar av halvt løp i Hornindal Rundt!

Gunn Skrede. Foto: Hornindal Rundt 2013

Gunn Skrede tok ein klar siger i Hornindal Rundt -halvt løp. Foto: Hornindal Rundt 2013

Gunn Skrede frå Markane IL tok ein klar siger i det halve løpet på 38 km under Hornindal Rundt 2014. Ho var i mål 7 t 12 min 38 sek og med det heile 1 min 40 sek føre nummer to som vart Anne Grethe Lien frå Askvoll og Holmedal IL med 7 t 14 min 18 sek. Joanna Grønstad frå Aktiv trening tok tredjeplassen med 7 t 21 min 21 sek. Ann Kristin Grodås som stilte for Aktiv trening kom på ein 16. plass med 7 t 53 min 48 sek. I alt 63 løparar deltok i halvt løp for damer.

Arve Rindal frå Eid IL vann klart halvt løp for herrar med tida 4 t min 53 min 29 sek. Robert Sogge frå Ekones BIL kom på andreplass med 5 t 18 min 10 sek og Rune Venøy  frå Aktiv trening Eid vart nummer tre med 5t 20 min 14 sek. Sjur Ole Svarstad frå Markane IL kom på ein god 14.plass med  6 t 13 min 40 sek. Jan Egil Gjørven vart nummer 53 med 8 t 33 min 36 sek. I alt 93 deltakarar var påmelde i halvt løp for herrar.

I klassa for heilt løp hadde Markane ein deltakar.  Anders Vonheim kom på 16. plass etter å ha fullført 78 km på 13 t 18 min 9 sek. Vinnar av heilt løp vart Lars Erik Skjervheim frå Voss som sette ny løyperekord med 8 t 52 min 30 sek.

Vinnar av dameklassa for heilt løp vart Ulrika Rogeman frå Why not run som var i mål på 13 t 2 min 45 sek. Også dette er ny rekord.

Meir om årets Hornindal Rundt på løpet si heimeside.

Resultatliste Hornindal Rundt 5.7.2014



.

Postet av Markane IL den 30. Jun 2014

Innkjøp av løpebrikke

o-logo

 

Markane har kjøpt inn fem løpebrikker.

Dei som vil ha sin egen løpebrikke kan nå kjøpe dette. Den koster kr 462,-.

Ta kontakt med Grete Zachariassen på grete.zac@gmail.com eller 90 18 21 68.

 



Påminning:

Postet av Markane IL den 30. Jun 2014

Den ordinære påmeldingsfristen til Fjord-o-Vest er 1.juli!

Fjord-O Vest har i år mottoet frå bre til hav.

Det første løpet finn stad i Kråkenesmarka i Førde onsdag 30. juli. Dagen etter blir det løp på øya Værlandet i Askvoll kommune, med havet som kulisse. Etter ein fridag 1. august med diverse aktivitetstilbod (sjå nettsidene), går løp nr 3 frå Langeland skisenter sør for Førde den 2. august. Den dagen er det også NM Ultralangdistanse på same staden. 

Så langt er det 450 påmelde til laurdagen. Fjerde og siste løp går under Bøyabreen i Fjærland søndag 3. august. Dette bør ikkje idretts- og friluftsinteresserte gå glipp av.

For meir informasjon sjå nettsida http://fjord-o.no/2014/?lang=no . Du kan også klikke deg inn via Fjord-O vest 2014 sin logo som ligg på heimesida til o-krinsen. Fjord-O vest legg elles stadig ut nye oppslag på Facebook.

Dette er det største o-arrangementet i fylket i år, så meld deg på!

Viss du ikke har tilgang til Eventor, kan du kontakte Grete Zachariassen, grete.zac@gmail.com eller mobil 90 18 21 68 så vert det ordna med påmelding. Hugs at den ordinære påmeldingsfristen går ut 1. juli kl.2359. Det vert høve til å etterpåmelde seg fram til 15. juli mot eit tillegg i prisen.

Sjå elles innbydinga til Fjord-O-Vest 2014:

Innbyding Fjord-o-Vest 2014.



 



Fjellvang 19.6.2014:

Postet av Markane IL den 22. Jun 2014

Resultat frå nær-o-løp nr 4

 Anders Svarstad Hole gjorde eit svært godt løp i N-løypa. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2012

IL Veten inviterte torsdag 19. juni til det siste nær-o-løpet før sommarpausen. I alt 29 o-løparar stilte opp derav sju frå Markane.

Som vanleg var det flest deltakarar i N-løypa. Her gjorde Anders Svarstad Hole (foto), Jesper Svarstad Hole, Gjertlin Kirkeeide, Olina Svarstad Heggdal og Brita Svarstad Heggdal god innsats i o-løypa.

I den nest lengste A-løypa hadde Markane to deltakarar, Per Øen og Nils Heggdal. Nils vann klassa etter å ha fullført den 4,7 km lange løypa på tida 58 min 12 sek føre Bjarte Bergset frå Veten. I den lengste A-løypa var det ingen frå Markane denne gongen. Isak Bergset frå NTNUI vann klassa etter å ha fullført dei 7,2 kilometerane på 52 min 28 sek.

Nær-o-løpa tek no sommarpause fram til torsdag 14. august. Då er det klart for det femte av sesongens løp på Maurset med Markane IL som arrangør. 

Samanlagtliste for dei fire første løpa er lagt ut nedanfor. I alt 38 løparar har delteke på minst eit løp for Markane så langt og har dermed sjanse til å oppnå fire løp og premie ved sesongslutt.

Resultatliste nær-o-løp nr 4 Dato 19.6.2014 Arrangør IL Veten.

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-4.



Tur-o 2014:

Postet av Markane IL den 21. Jun 2014

Turorienteringssesongen

Turorienteringslogo

Turorienteringssesongen er i gong.

Turorientering er eit flott tilbod til alle som likar turar i skog og mark, og alle kan delta enten ein orienterar åleine eller saman med vener og familie. Turorientering er også eit godt høve til å lære seg å bruke kart og kompass.

Det er i år hengt opp totalt 28 postar med varierande vanskegrad. Kvar konvolutt inneheld to kart, eit for Tverrfjellet og eit for Maursetområdet.

 

Maurset

Her er hengt opp 10 postar. Ullsheim er eit mogleg utgongspunkt for turen. OBS! Desse postane heng berre oppe til 25. august!

Tverrfjellet

Her er det sett opp 18 postar. Utgongspunkt for turen kan vere Skisenteret, Tonningssetra eller Tverrfjellet. HUGS det er bomveg både til Tonningssetra og Tverrfjellet. Postane heng ute til 1. oktober.

Prisar: Ein deltakarkonvolutt kostar kr 120,-.

Ekstra klippekort kr. 10,- Ekstra kart kr. 20,- 

I tillegg til at ein kan oppnå gull-, sølv- eller bronsemerke er alle som leverer klippekort med i trekninga av ein ekstrapremie. Denne vert delt ut på årsfesten i oktober/november.

Årets tur-o konvoluttar er i salg hjå: Sport1 Ytreeide, G-sport Stryn, Esso Stryn bensinstasjon og Statoil Langeset.

Klippekorta skal leverast til Åshild Sætren Bøe så snart som mogleg etter sesongslutt!

Ved spørsmål om turorienteringa ta kontakt med turorienteringskontakt Åshild Sætren Bøe på tlf 91 78 14 50!



Lillehammer 14.6.2014:

Postet av Markane IL den 21. Jun 2014

8. plass til Johannes Thingnes Bø i klasse M20 i Birkebeinerløpet

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø vart nummer åtte i klasse M20 i Birkebeinerløpet 2014. Han var i mål  etter 1 t 18 min 14 sek. Totalt i løpet heldt tida til ein 31. plass.

Løypa var på 21 km i skogsterreng med start på Birkebeineren Skistadion og målgang ved Håkons Hall, Lillehammer.

Klassevinnar i M20 vart Michael Tefsamichael på tida 1 t 13 min 14 sek. Vinnar av løpet totalt vart Gebretsadik Weldu Negash som var i mål etter 1 t 5 min 26 sek. Vinnar av kvinneklassa vart Veronika Blom på 1 t 18 min 25 sek.

 

Resultatliste Birkebeinerløpet 14.6.2014 Klasse M20



Sandane 22. juni 2014:

Postet av Markane IL den 21. Jun 2014

Innbyding til Svinestranda opp

Søndag 22. juni er det klart for Svinestranda Opp. Løpet er  det tredje i SFE-Motbakkekarusell.

Startstad:

Konkurranseklassen startar i Sandane Sentrum kl 12 (+60 år: kl 11.30.) 

Dei som er under 16 år;  startar på Austrheimsstøylen kl 11.30

Konkurranseløparane:

Premie på kr. 4000 til vinnarane i dame og herreklassen

Nr. to i kvar klasse får kr. 1.000,-, medan nr. 3 får 500 kroner. Det vert også vanleg premiering i klassane (gåvepremiar).

Mosjonsklassen:

Det vert trekt ut tre gåvesjekkar på kr. 500 mellom alle som betalar startkontingent i mosjonsklassen. Det vert også trekt ut fleire gåvepremiar mellom dei startande. Mosjonsklassen går frå Austrheimsstøylen til Svinestranda, påmelding frå kl 10.30.  Ein kan også velje å melde seg på i Sandane sentrum, og gå turen til Austrheimsstøylen.  Her bør ein ha starta innan kl 10.30.

Startpengar:

Konkurranseløparane: kr. 200,-. Evt. lisens kostar kr. 30,-

Mosjonistar 15 år og eldre: kr. 50,-

Mosjonistar under 15 år: kr. 20,-

Sekk:

Alle konkurranseløparane skal ha sekk som veg 2 kg.  Då det er meldt litt kjøleg ver, kan det vere lurt å fylle den med litt varme klær.

 Alle velkomne!



Loen 15.6.2014

Postet av Markane IL den 15. Jun 2014

Heider til Inge Fænn under Skitinget 2014

Hederprisvinnar på Skitinget 2014 Foto: NSF

Frå venstre: Skipresident Erik Røste, Kari Hovin Kjølle, Inge Fænn, Steinar Johannessen, Anders Fortun og Sverre K. Seeberg.

Under festmiddagen på Skitinget laurdag kveld vart Inge Fænn frå Markane IL ein av dei som vart heidra av NSF. Han mottok NSF sin gullmedalje for sin administrative innsats innan skisporten gjennom mange år. Dette er nest høgaste nivå for heidersutmerkingar i skiforbundet.

I NSF si grunngjevinga for tildelinga heiter det:

"Hans ski-CV er svært lang. Styremedlem i skikrinsen i ulike verv mer eller mindre helt siden midten av 70 tallet . Men i tillegg til mange verv i kretsen har han også vært en viktig bidragsyter til mange sentrale prosjekt i Norges Skiforbund. Ski i Skolen , organisasjonskomiteen , hovedkomiteen for NM 1996 - og ikke minst Valgkomiteen. Det siste i flere ulike perioder - leder i perioden 95 - 99."

Under festmiddagen vart også Steinar Johannesse frå Trønderhopp heidra med plakett (høgaste nivå) medan Kari Hovin Kjølle frå Byaasen Skiklubb og Anders Fortun frå Fanaråk IL mottok pokal.

Vi gratulerer!



Fjellvang 19.6.2014:

Postet av Markane IL den 15. Jun 2014

IL Veten innbyr til sesongens fjerde nær-o-løp

orienteringslogo

IL Veten innbyr til sesongens fjerde nær-o-løp torsdag 19. juni.

Første start kl. 1800.

Start på Fjellvang. Det vert merka frå Panoramavegen.

Løyper: 5 km A-løype, 3 km A-løype, 5 km C løype (mosjonsløype), 2 km C-løype;  1,5 km N-løype.

 

Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Premiar til alle opp til 12 år!

Det vert totalt sju løp i årets nær-o-løp sesong. Dette løpet er det siste løpet før sommarpausen.

Det trengst fire løp for å sikre seg samanlagtpremie. Det betyr at det framleis er mogleg å sikre seg årets samanlagtpremie om du ikkje har vore med så langt i sesongen, men då gjeld det å delta på alle løpa som står att!

Resultatlister over dei tre første løpa og samanlagt så langt finn du i venstremenyen under orienteringsgruppa -->resultat o-løp 2014.

Bli med på o-løp!

 



Nordfjord fritidssenter 5.6.2014:

Postet av Markane IL den 13. Jun 2014

45 deltakarar i det andre nær-o-løpet

Katriine Svarstad Heggdal. Foto: Anne Marie Svarstad 2012

 Katrine Svarstad Heggdal var ein av deltakarane i N-løypa. Foto: Anne Marie Svarstad, 2012

Heile 45 deltakar stilte opp då IL Veten arrangerte o-løp med Nordfjord fritidssenter som utgongspunkt. Markane var godt representert med 25 deltakarar på start. Som vanleg var det flest deltakarar i N-løypa med totalt 21 løparar. I tillegg var det tre som stilte opp i småtroll-løypa og i 2 km C-løype var der fem deltakarar. Alle frå Markane.

I dei rangerte klassane vart det tredobbelt til Markane i den 3km lange A-løypa. Åshild Sætren Bøe vann med tida 42 min 17 sek. Aslaug Thingnes Bø kom på andreplass med 43 min 25 sek og Grete Zachariassen følgde på tredje med 50 min 48 sek.

Rasmus Bø var klart raskast i den 5 km lange C-løypa og var i mål etter 39 min 33 sek. I den 5 km lange A-løypa gjekk sigeren til Isak Bergeset frå NTNUI med 37 min 59 sek. Dag Jarle Aa frå Sogndal IL kom på andreplass og Kjell Ove Bergset på tredjeplass. Beste markar vart Nils Heggdal på sjetteplass. Markus Træen og Svein Ove Hoem kom på delt 10. plass.

Resultatliste nær-o-løp nr 2 Arrangør IL Veten Dato 5.6.2014.



Kroken 12.6.2014:

Postet av Markane IL den 13. Jun 2014

22 orienterarar i sving i sesongens tredje løp

 Vigdis Sætren vann 4 km løypa. Foto: Heidi Lise Bakke, 2008

Vigdis Sætren var raskast i 4 km løypa. Foto: Heidi Lise Bakke, 2008

Det tredje løpet i årets nær-o-sesong vart arrangert av Markane IL i Sør-Markane. Sjølv om det var litt ruskete ver, stilte det opp 22 løparar. Det var nesten berre markarar som var med denne gongen. Heile 19 deltok for MIL.

I konkurranseklassane vart det siger til MIL-løparar i alle klasser. Ann Kristin Grodås vann i den 2,7 km lange løypa med tida 33 min 37 sek. Hanne Kristiansen frå Veten vart nummer to.

I den nest lengste løypa på 4,1 km vart det siger til Vigdis Sætren på 56 min 11 sek. Sondre Kristiansen frå Veten følgde på andreplass.

I den lengste løypa på 5 km vart det siger til Kåre Bøe med 42 min 17 sek. Nils Heggdal og Gisle Bøe kom på delt andreplass med 48 min 22 sek.

Resultatliste frå det tredje løpet og samanlagt så langt er utlagt nedanfor. Samanlagtlista viser at mange ligg godt an til å sikre seg premie ved sesongslutt. Neste løp er om ei veke, torsdag 19. juni med IL Veten som arrangør.

Resultatliste nær-o-løp 3 Arrangør Markane IL Dato 12.6. 2014.

Samanlagtliste nær-o-løp 1-3 sesongen 2014



Hornindal 15.6.2014:

Postet av Markane IL den 8. Jun 2014

Innbyding til "Honndalsleikane"

Hornindal IL friidrett innbyr til "Honndalsleikane" på Hornindal idrettspark søndag 15. juni kl. 1200.

Klassar/øvingar:

G/J 10-12: 60m, lengde, liten ball, 600 m

G/J 13-16: 60m(13-14), 100m (15-16), lengde, høgde,kule,spyd, 600m, 1500m.

Startkontingent: 120 kr for fritt antal øvingar i 10-12års klassane

80 kr pr øving for klassane 13-16 år.

Deltakarpremie til alle opp til 12 år. 1/3 premiering i eldre klassar.

Påmelding via www.minidrett.no.

Siste frist er onsdag 11. juni  kl. 23.59!

Startkontingent innbetalast ved påmelding til kontonr:3820.20.12768

Dei frå Markane som ønskjer å delta, melder seg på sjølve.

Eventuelt kan de gje beskjed til Aslaug Thingnes Bø innan fristen (tlf 400 40 325) så blir det ordna med felles betaling av startkontigenten.

Innbyding til Honndalsleikane 15.6.2014



Kroken 12.6.2014:

Postet av Markane IL den 8. Jun 2014

Markane IL innbyr til sesongens tredje nær-o-løp

orienteringslogo

Markane IL innbyr til sesongens tredje nær-o-løp torsdag 12. juni.

Første start kl. 1800.

Start frå Geilehaugen, 300 meter vest for krysset til Kroken i Sør Markane. Det vert skilta frå rv.15 ved Skogstjerna

Løyper: A, B, C, N og rakettløype.

 

Startkontingent: Småtroll og 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Premiar til alle opp til 12 år!

Det vert totalt sju løp i årets nær-o-løp sesong. Det betyr at for å sikre deg MIL sin samanlagtpremie må du delta i minst fire løp!

Nye og tidlegare deltakarar velkomne!



Breim 4.6.2014:

Postet av Markane IL den 7. Jun 2014

Dag Arne Eide til topps i Rotekoppen

o-logo

 

Sidan o-løpet "Rotekoppen" i år kolliderte med Postvegløpet var der berre ein frå Markane IL på start.

Likevel god utteljing med ein deltakar og ein klassesiger. Dag Arne Eide vann klasse H55 med klar margin etter å ha brukt 34 min 44 sek på den 3 km lange løypa. Nummer to i klassa vart Torodd Os frå Førde med 44 min 48 sek.

I alt 30 deltakarar var med på Rotekoppen 2014.

RESULTATLISTE ROTEKOPPEN 4.6.2014.pdf

 



Skogstjerna 04.06.2014:

Postet av Markane IL den 4. Jun 2014

Arve Rindal og Merete Helgheim til topps i Postvegløpet

Deltakarar i G13-15 i Postvegløpet 2014. Foto: Klemet Bø

Deltakarar i klasse G13-15 i Postvegløpet 2014. Daniel Auflem Eikås frå Stryn T&IL, Martin Aaland frå Hardbagg IL, Sigurd Fotland Fænn frå Markane IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL, Rasmus Tvinnereim frå Hardbagg IL og Magnus Midthjell Gjørven frå Markane IL. Foto: Klemet Bø

I alt 147 løparar stilte opp i  Postvegløpet 2014. Det vart dermed tangering av deltakarrekorden frå i fjor. 54 deltakarar stilte i konkurranseklassa og 93 i trimklassa.

Vinnarar av årets løp vart Arve Rindal i herreklassen og Merete Helgheim i dameklasse. Arve Rindal frå Eid IL fullførte dei seks kilometerane på 22 min 11 sek og var dermed berre 29 sek bak Helge Hafsås løyperekord  frå 2004 på 21 min 42 sek. Nest raskast tid i år hadde Isak Bergset frå NTNUI med 22 min 34 medan fjorårsvinnar Johan Eirik Meland frå Markane IL vart nummer tre med 23 min 27sek. Alle desse deltok i klassa M19-34.

I dameklassa fekk Merete Helgheim frå GFIL (K19-34) beste tid med 25 min 41 sek. Ingrid Hjelle Roset frå GFIL (K16-18) vart nummer to med tida 30 min 1 sek og Ann-Kristin Grodås frå Markane (K19-34) fekk tredje beste tid med 32 min 29 sek.

I alt 17 frå Markane stilte opp i konkurranseklassane i år. Det vart ingen klassesigrar dene gongen, men mange fine plasseringar. I yngste klasse opptil 15 år vart det andreplass til Simon Hjelmeset Kirkeeide med 25,03. Han var 14 sek bak klassevinnar Youri van der Werve frå Hornindal. I same klasse vart Sigurd Fotland Fænn nr 6, Aksel Mathias Meland nr 7, Magnus Midthjell Gjørven nr 14 og Nikolai Dispen Lødemel nr 15.

I klasse G16-18 vart det andreplass til Gaute Bø med tida 25,57. Vinnar av klassa vart Erlend Bakken frå IL Veten med 24, 31.  Håkon Midthjell Gjørven vart nr 4 og Georg Kristian Halsteinslid nr 5.

I klasse M19-34 vart Johan Eirik Meland som tidlegare nemnd, nr 3 både i klassa og løpet totalt med 23,27. Her følgde Anders Vonheim på fjerdeplass, Rasmus Endre Bø vart nummer fem og Helge Kroken nummer sju.

I klasse MV35-49 vart Sigbjørn Fænn nummer to med tida 25,05 og Svein Arne Lødemel nr tre 25,44. Endre Håberg kom på femteplass. Helge Hafsås frå Olden IL vann klassen på 24,22. I klasse MV50-59 vart det tredjeplass til Kåre Bøe med 27,10. Klassen vart vunnen av Odd Arne Kolseth frå GFIL på 25,33.

Resultatlista finn du nedanfor: 

Resultatliste for Postvegløpet 4.6.2014 -oppdatert 6.6.2014

Uttrekkspremiar på startnummer i Postvegløpet 2014

Startfeltet i Postvegløpet 2014. Foto Klemet Bø

Startfeltet i Postvegløpet 2014. Foto: Klemet Bø

Her ligg også fotoserie på Fjordingen si heimeside her.



Ullsheim 22.5.2014:

Postet av Markane IL den 3. Jun 2014

33 deltakarar på sesongens første nær-o-løp

Gisle Bø. Foto: Markane IL, 2012 

Gisle Bø kom på tredjeplass i den lengste løypa. Foto: Markane IL,2012

Nær-o-løp-sesongen er i gang. I alt 33 løparar stilte opp i det første løpet som vart arrangert i området ved Ullsheim. Dei fleste deltakarane kom frå Markane IL.

I den lengst løypa på 5,8 km gjekk sigeren til Dag Jarle Aa frå Hovdebygda IL med tida 43 min 24 sek. Nils Heggdal vart nummer to med tida 46 min 31 sek og Gisle Bø kom på tredjeplass med 47 min 2 sek.

I den nest lengst løypa på 2,9 km var Rasmus Endre Bø raskast med 24 min 51 sek. Ann Kristin Grodås og Klemet Bø kom på dei neste plassane.

Anders Svarstad Hole var kjappast gjennom løypa på 2,1 km med Sigrid Bø på andreplass.

Som vanleg var det flest deltakarar i nybyrjarklassen. Her orienterte 14 deltakar seg gjennom ei løype på 1,4 km.

Det vert i år totalt sju nær-o-løp. Det trengst dermed deltaking i fire løp for å oppnå samanlagtpremie. Neste sjanse til å delta på nær-o-løp er alt på torsdag 5. juni. Då med IL Veten som arrangør.

Resultatliste for nær-o-løp nr 1 Arrangør Markane IL Dato 22.5.2014



Nordfjord fritidssenter 5.6.2014:

Postet av Markane IL den 2. Jun 2014

Klart for sesongens andre nær-o-løp

orienteringslogo

IL Veten innbyr til sesongens andre nær-o-løp torsdag 5. juni.

Første start kl. 1800.

Start frå Nordfjord Fritidssenter

Løyper: 5km A, 3km A, 5 km C, 2km C, 1.5 km N og småtroll-løype.

Startkontingent: Småtroll og 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Premiar til alle opp til 12 år!

Det vert totalt sju løp i årets nær-o-løp sesong. Det betyr at for å sikre deg MIL sin samanlagtpremie må du delta i minst fire løp!

Nye og tidlegare deltakarar velkomne!



Eid 1.6.2014:

Postet av Markane IL den 1. Jun 2014

Georg Kristian Halsteinslid vinnar av M18-19 i "Trollenykjen Opp"

Georg Kristian Halsteinslid. Foto: Markane IL

Georg Kristian Halsteinslid vann klasse M18-19 i "Trollenykjen Opp 2014". Foto: John Roger Meland, (2012)

Det vart ny deltakarrekord då Eid IL Ski arrangerte motbakkeløpet "Trollenykjen Opp 2014". Totalt 153 deltakarar fordelt på 93 i trimklassa og 60 i konkurranseklassa forserte dei 4 km opp til toppen av Trollenykjen 898 m.o.h.

Markane IL hadde tre deltakarar med i konkurranseklassa. Georg Kristian Halsteinslid vann klasse M18-19 med tida 48 min 3 sek. Anders Vonheim kom på tredjeplass i klasse M23-34 med den gode tida 42 min 54 sek. Vinnar av klassa vart Arve Rindal frå Eid IL med tida 36 min 43 sek. Han vann også løpet totalt sett. I klasse M16-17 kom Håkon Midthjell Gjørven på ein 6. plass med tida 53 min 20 sek. Klassevinnar vart Rasmus Haugen som var i mål på 40 min 4 sek.

Ann Kristin Grodås kom på fjerdeplass i D23-34. Ho stilte som representant for Aktiv Trening. Ho var i mål etter 1 t 2 min 43 sek. Klassevinnar vart Merete Helgheim frå GFIL på 43 min 15 sek. Ho var også totalvinnar av dameklassa.

Resultatliste Trollenykjen Opp 01.06.2014 



Breim 4.6.2014:

Postet av Markane IL den 30. Mai 2014

Innbyding til Rotekoppen 2014

o-logo

Breimsbygda IL innbyr til orienteringsløpet Rotekoppen onsdag 4. juni.

Første start kl. 1900

Frammøte: Kålsstøylen. Bomveg kr 60. Merka frå Fylkesveg 60 ved Øvreset og frå E 39 på Hetle bru. Om lag 10 min å gå frå parkeringsplass.

Påmelding: Innan fredag 30 mai til Jannike Felde på e-post: jannfe@online.no ellerdirekte på Eventor.

Gje opplysing om leige av brikker ved påmelding. Leige kr 25,-

Påmeldingsavgift:

Løparar t.o.m 16 år kr 65 + kr 30 ved etterpåmelding

Løparar f.o.m. 17 år kr 110 + kr 60 ved etterpåmelding

Ikkje etterpåmeldingsavgift for løparar under 12 år.

Premiering:

Alle t.o.m 12 år. 1/3 premiering i klassane 13-16 år. 1/8 premiering i A-klassar frå 17 år.

Fine premiar for deltaking i 10-år og 20-år.

Fleire detaljar om klassar m.m. i innbydinga

Innbyding til Rotekoppen 4.6.2014



Eid 1.6.2014:

Postet av Markane IL den 30. Mai 2014

Innbyding til "Trollenykjen Opp"

Trollenykjen Opp. Foto: Eid IL

Eid IL Ski innbyr søndag 1. juni for femte gong til "Trollenykjen Opp".

Løypa: Dei første hundre metrane av traseen går på skogsveg, deretter på sti gjennom til Skipenessætra (litt over halvvegs). Siste halvdelen går på vekslande myr-/jordgrunn til det vert fast fjell under beina siste del av løpet. På toppen ventar ei fantastisk utsikt!!

Anna viktig informasjon:

Mosjonsklasse start kl. 09:00-12:00.

Fellesstart konkurranseklassa kl.12:00.

Påbode med 2,5 kgs sekk i konkurranseklassa. Denne bør innehalde varme kle og mat.
Parkering, registrering og garderobe på Eid stadion.
Det er ein drikkestasjon undervegs, pluss ein på toppen.
Løypelengda er ca. 4 km, stigning ca. 890 høgdemeter.

Rikholdig premiebord!


Påmelding til:
trollenykjenopp@gmail.com.

Oppgje: namn, adresse, fødselsår, tlf.nr, idrettslag og konk./mosjonsklasse.

Påmeldingsfrist i konkurranseklassa: Fredag 30. mai. kl.23.59 (200kr.) eller inntil 1 time før start (300 kr.).

Mosjon: påmeldig fram til start (100 kr vaksen, 50 kr barn under 12 år, ikkje etterpåmeldingsgebyr).

Betal påmeldingsavgifta til kontonr: 3790 143 0749 (merk med namn og klasse) eller kontant ved start.

Vel møtt!



Sogndal 13.-14. juni 2014:

Postet av Markane IL den 30. Mai 2014

Innbyding til ungdomssamling

Det vert ungdomssamling i orientering i Sogndal 13.-14. juni. Samlinga startar fredag 13. juni, rett etter målgang på KM Sprint.

Stad: Sogndal sentrum. Samlingsplassen blir kunngjort seinare.

Samlinga er for ungdomar frå 10 år og oppover. Vi er fleire leiarar for å kunne dele inn i grupper ved trening. Deltakarane dekkjer reise til/frå samlinga. Elles er alt gratis.

Førebels program :

Fredag 13. juni

Sprint-o-løp i Sogndal sentrum. Påmelding via laget ditt til Sogndal IL. På kvelden (

ca 20.00) vert det felles måltid/kveldsmat. Reise til overnattingsstad.

Lørdag 14. juni

Kl 07.00 Frukost.

Kl 08.00 Avreise til trening

Kl 08.15-9.45 O-teknisk trening

Kl. 10.00 Lunsj

Kl 12.00 O-løp på Hafslo. Første startande er kl 12.00. Påmelding via laget ditt til Hafslo IL.

Kl 13-14 Analyse og gjennomløping av konkurranseløype

Kl 14.30 Heimreise

Overnatting: I Sogndals-området. Ta med sovepose.

Instruktørar: Håvard Nummedal Os, Sivert Vinjevoll Årdal og Christian Frøyd.

Hugs å ta med: Mat/drikke til umiddelbart etter konkurransen fredag. Det vert felles måltid seinare på kvelden. Treningskle og konkurransekle (inkl EMIT-brikke og kompass) for dei tre aktivitetane. Regnkle og støvlar (tilpassa vertilhøva). Sovepose. Pengar til reise.

Påmelding:

Innan 6. juni kl 12.00 til johan.mageroy@mentor.no



Sogndal/Hafslo 13.-14.juni 2014:

Postet av Markane IL den 30. Mai 2014

Innbyding til KM-helg i orientering

Det vert KM-helg i orientering 13.-14. juni. Sogndal IL innbyr til KM sprint fredag 13. juni og Hafslo IL til KM mellom laurdag 14. juni.

KM Sprint fredag 13. juni:

Arrangør: Sogndal IL

Start og mål: Sentrumsparken i Sogndal

Første start: kl.1800

Klasser (KM-klassar er utheva): D10-12, D13-16, D17, D50, H10-12, H13-16, H17, H50, N-open

Påmelding: via Eventor eller på e-post til akclarin@gmail.com innan 11.juni

NB! Merk at det er muligheit å starte seinare ut på kvelden om tidspunktet for start er for tidlig.

Påmeldingsavgift: -16 år Kr 65,- . 17 år og oppover kr 100,-

Etterpåmeldingsavgift: 13-16 år: kr 30,-. 17 år og oppover: Kr 50,-

Ingen etterpåmeldingsavgift under 12 år

KM mellomdistanse laurdag 14. juni:

Arrangør: Hafslo IL

Samlingsplass: Krossen på Mollandsmarka. Merka frå rv 55 frå Heggmyrane. Parkering ved samlingsplass.

Start: kl 12.00. Det er 15-20 minutt å gå til start for A-løypene. Start ved samlingsplass for C og N løyper.

Løyper og klassar: (KM klassar med utheva skrift.)

3,8 km - A: H17

2,8 km - A: D17, H15-16, H50, D15-16, D50, D/H-open

1,7 km - C: D13-14, H13-14, H13-16C  D13-16C, D/H OpenC, D11-12,H11-12

1,3 km - N: D11-12N, H11-12N, D13-16N,H13-16N, N-open

Påmeldingsfrist:

Onsdag 11.juni kl 16.00 til ove.oklevik@hisf.no, med navn, klubb, klasse og brikkenr. Etterpåmelding mogeleg fram til 1 time før start. Påmeldingar utan brikkenr vert tilordna leigebrikke til kr 30.

Påmeldingsavgift:

Løparar t.o.m 16 år: 70 kr. Løparar frå 16 år: 110 kr. Etterpåmeldingsavgift: + 30 kr.

Premiering:

1/3 premiering i KM klassar, premie til vinnar i A-open og C-open. Premie til alle andre. 

Innbyding til KM sprint 13.6.2014 Arrangør Sogndal IL

Innbyding til KM mellom 14.6.2014 Arrangør Hafslo IL



Skogstjerna 4.6.2014:

Postet av Markane IL den 23. Mai 2014

Innbyding til Postvegløpet 2014

Margaret Skåre og Per Jarle Ytreeide-Hansen.

Margaret Skåre og Per Jarle Ytreeide-Hansen vel i mål etter fullført løp i fjor. Foto: Klemet Bø

Onsdag 4.juni er det klart for årets Postvegløp. Konkurranseløparane startar kl.1900 medan trimdeltakarane start frå kl. 1800. 

Dei siste åra har løpet vore rekordstort med nærare 146 deltakarar på startstreken i fjor. Vi håpar sjølvsagt at det vert like god oppslutning i år.

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng. Det er sjølvsagt både konkurranse- og trimklasse.

Det har kome inn mange fine uttrekkspremiar som vert trekt ut blant alle deltakarane både i konkurranse og trim. I tillegg er det sjølvsagt premie til dei beste i kvar konkurranseklasse.

Informasjon om årets løp:

Starttid: onsdag 4.juni

Stad: Skogstjerna, Markane.

(10 km vest for Stryn ved rv.15)

Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18.

Startkontingent: kr 50,-

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70-

Startkontingent kr 100,-

( For dei som stiller i konkurranseklassa og ikkje har kjøpt heilårslisens, vert det i tillegg 20 kr å betale for eingangslisens)

Trimklasse utan tid:

Start frå kl.18.00.

Startkontingent: kr 50,-. Familie kr 150,-.

Premiering:

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer.

Påmelding ved start.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.


Kontaktperson: Aslaug Thingnes Bø. (Tlf. 400 40 325)

Vel møtt!



Stryn kulturhus 21.5.2014:

Postet av Markane IL den 20. Mai 2014

MOT til å gjere ein forskjell

MOT logo

Onsdag 21.mai kl 1400-1500 inviterer MOT-gruppa til eit gratis føredrag i Stryn kulturhus.

Korleis skape eit positivt miljø der ein bryr seg om og inkluderar alle?

Korleis kan DU hjelpe å styrkje andre sitt MOT?

Foredraget sin tittel: MOT til å gjere ein forskjell

«Du må vere dei endringane du ynskjer å sjå i verda.» Gandhi

Korleis gå frå å ville gjere ein forskjell til faktisk å gjere det?
Korleis styrke ditt eige mot slik at du kan styrke andre sitt?

Korleis lage eit miljø med ein positiv atmosfære der ein bryr seg og inkluderer andre?

Målgruppa for foredraget er kommune- og skuleleiing, kommuneansatte, skulepersonale, trenerar, frivillige i organisasjonar, lokale næringslivsleiarar og andre.

Tarjei Bø er MOT-ambassadør så fordraget er høgaktuelt for oss i MIL!

Føredragshaldaren har vokse opp med MOT, har sjølv hatt MOT på skulen og er i dag ein av MOT sine leiarar.

Bli inspirert av ungdommelig mot for å bli ein betre vaksen!



Førde 28.5.2014:

Postet av Markane IL den 20. Mai 2014

Innbyding til Sunnfjordorienteringa

Førde IL orientering innbyr til "Sunnfjordorienteringa" som kveldsløp onsdag 28. mai.

Første start kl. 1830

Samlingsplass: Førde Vassverk, Sundsdalen. Det vert merka frå E39

Påmelding: Via Eventor eller på epost torodd.os@enivest.net innan 25. mai

Startkontingent: Under 17 år: kr 65. Frå 17 år og oppover: kr 110. Ved etterpåmeldinga høvesvis kr 25/ kr 40 i ekstra gebyr.

Premiering: Premiar til alle under 12 år. Elles vert det premiert i høve NOF sitt regelverk

Klasseinndelingar m.m i vedlagt innbyding.

Innbyding til Sunnfjordorienteringa 28.5.2014 



Skiposten 2014:

Postet av Markane IL den 18. Mai 2014

Premiering for Skiposten 2014

Kornelia Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Kornelia Trøsken var ein av dei heldige vinnarane av gåvekort for deltakinga i Skiposten 2014. Foto: Margunn Hjelmeset

Skiposten er avslutta for ei god stund sidan, og no er premielista klar. Totalt vart det levert inn 25 klippekort for deltaking på årets skipost. Alle deltakarane som har levert inn klippekorta sine har fått seg pose frå Barnas Skiklubb med Donaldblad, buff og fleire små overraskingar oppi. Dei som har vore på alle postane og klipt har fått ein liten premie i tillegg. Dette er mellom anna luer, skihanskar, refleksvestar og drikkebelte.

Nokon var også så heldige at dei vann seg gåvekort. Det vart her trekt ut 3 vinnarar blant dei som hadde klipt alle postane.

Gåvekort kr 300.- på Sport1 Ytre-Eide Sport AS - Gjeve av Arvid Hatledal AS
Vinnar: Marthe Gjøvåg Heggestad

To gåvekort av kr 200.- frå Sport 1 Ytre Eide Sport AS

Vinnarar: Kornelia Trøsken
            Rasmus Loen



Ullsheim 22.5.2014:

Postet av Markane IL den 17. Mai 2014

Nær-o-løp sesongen startar opp!

o-logo

Det er klart for sesongens første o-løp på Ullsheim torsdag 22. mai.

Første start kl. 1800.

Løyper: A, B, C, N og rakettløype

Avgift  Under 16 år: kr 20

Over 16 år: kr 40

Premiering til alle dei minste!

 

Nye og "gamle" o-løparar velkomne!



Kongsberg 6.-9. juni 2014:

Postet av Markane IL den 12. Mai 2014

Innbyding til krinssamling/Pinseløpa 2014

O-krinsen innbyr også i år til krinssamling/fellestur til Pinseløpa 6.-9. juni. I år går turen til Kongsberg. Samlinga er open for alle aldersgrupper og nivå.

Program

6. juni: Avreise frå Esso-stasjonen i Stryn kl. 1500

7.-8. juni: Konkurransedagar

9. juni: Konkurranse og felles heimtur.

Minner om at her vert arrangert ungdomsstafett for aldersgruppa 11-12 år og 13-16 år måndag 9. juni. Kvar lag kan ha to eller tre deltakarar.

Krinsen ordnar med og dekkjer transport, kost og overnatting. Eigenandelen er på 500.- kr.

Påmelding til samling/fellestur på e-post: abergset64@gmail.com eller på tlf 90666870 seinast 18. mai kl. 2200. Det er viktig å melde seg på innan fristen!!

OBS! Laga må sjølve melde på løparane til dei forskjellege løpa innan 30. mai.

På Kongsberg vert det også world-cupløp for eliten og VM uttak for juniorane så dette vert skikkeleg artig!

Innbyding til Pinseløpa 7.-9. juni 2014

 

 



Til sals:

Postet av Markane IL den 9. Mai 2014

Jubileumssløyfe i høve Grunnloven 200 år.

 

Markane IL har fått hand om eit parti med jubileumssløyfer i forbindelse med Grunnloven 200 år.

Sløyfa er laga i eit avgrensa opplag og markerer 200-årsjubileet til grunnloven. På sløyfa er det eit flott motiv av Eidsvollsbygningen.

Alle har no høve til å sikre deg denne sløyfa for kr 100,-. Samstundes er du då med å støtte arbeidet til Markane IL.

Vi håpar flest mulig vil sikre seg denne jubileumssløyfa!

Ta kontakt med Monica Halsteinslid på epost monica@termopartner.no eller mobilnr 41 68 40 66 for å avtale korleis du skal få tak i di sløyfe !

Markane IL skal også selje sløyfer i sentrum på lørdag og kanskje nokre ettermiddagar i neste veke.

Om nokon føler seg kalla til å ta ein tørn for å hjelpe til med salget av desse, er det berre å ta kontakt!



 



Sogndal 11.5.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mai 2014

Innbyding til Sognamili 2014

orienteringslogo

Orienteringsløpet "Sognamili" vert i år arrangert på nytt kart i Amla 11.mai.

Terreng: Tørt, kupert med skråli og er til dels svært lettløpt.

Samlingsplass: Ved Statens skogar si hytte på veg mot Festingdalen miljøstasjon. Merka frå RV 5 rett før Amlatunellen

Start: Kl. 12.00

 


Løyper/klassar:

8km (A): H19

6km (A): D19, H17-18, H50

4km (A): D/H15-16, D17-18, D50, H65, A-open

3km (C): D/H11-12, D/H13-14, D65, D/H17C, C-open

2km (N): D/H-11, D/H11-12N, D/H13-16N, D/H17N, N-open


Påmelding: Til Torbjørn Stokke innan torsdag 8. mai på e-post: torbjorn.stokke@hisf.no med namn, klasse og brikkenr.

Påmeldingsavgift:

Løparar <16år kr 65,-. Tillegg for etterpåmelding kr 30,-

Løparar >17år kr 110,-. Tillegg for etterpåmelding kr 60,-

Brikkeleige kr 25,-

Premiering:

Alle t.o.m. 12år. Andre klassar: 1/3

Løpsleiar: Torbjørn Stokke.  Løypeleggar: Otto Andersen

Innbyding til Sognemili 11.5.2014



Hornindal 8.5.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mai 2014

Innbyding til friidrettsskule for born

Friidrettsgruppa i Hornindal IL innbyr til friidrettsskule på Hornindal Idrettspark tre torsdagar framover: 8. mai, 15. mai og 22. mai frå kl 17.00-18.00.

Friidrettsskulen er for born mellom 6 og 12 år. Hornindal stiller sjølve med instruktørane. Det vert mange flotte deltakarpremiar frå friidrettsforbundet som sekk, flaske og t-skjorte

Les meir på www.DNBIdrettsleker.no

Påmelding på www.deltager.no/DNBIdrettsleker/pamelding

Dei frå Markane IL som ønskjer å delta, ordnar sjølve med påmeldinga!Fristen er i utgongspunktet sett til 2. mai, men det vert truleg mogleg å melde seg på også etter dette.

Alle velkomne!



Åheim 1.5.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mai 2014

2. og 4. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide og Eskil Kveen i 1.mai løpet.

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto Åheim IL,2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i 1.mai løpet i klasse G14. Foto: Åheim IL, 2013

Markane IL hadde to deltakarar med i konkurranseklassane då 1.mai-løpet vart arrangert av Åheim IL for 55. gong. Begge deltok i klasse G14 og hevda seg heilt i toppen. Simon Hjelmeset Kirkeeide sprang inn til ein andreplass på tida 2 min 43 sek. Eskil Kveen følgde like bak på ein fjerdeplass med tida 2 min 48 sek. Klassa vart vunnen av Jens Jørgen Winsnes frå Ørsta IL på 2 min 27 sek.

I rekruttklassane deltok også Oddrun Hjelmeset Kirkeeide for MIL. Maren Hjelmeset Kirkeeide som i friidrettssamanheng representerer Stryn T&IL, kom på andreplass i J11.

Totalt 237 deltakarar i alle aldrar deltok i årets Åheimløp.

Resultatliste Åheimsløpet 1.mai 2014



Finse 26.4.2014:

Postet av Markane IL den 28. Apr 2014

43. plass til Johannes Thingnes Bø i Skarverennet

Johannes Thingnes Bø Foto: Henrik Aasbø.

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 43. plass totalt under Skarverennet 2014. Han kom i mål etter 1 t 54 min 35 sek. Av dei som gjekk i klassa M21-25, kom han på ein 15. plass. I same klassa vart også Jarle Midthjell Gjørven nr 29 med tida 2t 2 min 26 sek. Han var nummer 101 i løpet totalt sett. Klassevinnar i M21-25 var tyske Sebastian Eisenlauer som kom i mål på 1 t 42 min 15 sek

Johan Eirik Meland kom på 32. plass i klasse M19-20 med tida 2 t 14 min 53 sek. Totalt i rennet heldt det til ein 253 plass. Klassevinnar i M19-20 vart Vebjørn Turtveit frå Voss IL med tida 1 t 46 min 41 sek.

Årets vinnar uansett klasse av Skarverennet 2014 vart Chris Jespersen på 1 min 36 min 16 sek. Vinnar av dameklassa vart Therese Johaug 1 min 53 sek 56 sek.

Skarverennet er 37 km langt og går frå Finse til Ustaoset. Årets renn var fullteikna og i alt 12 200 deltakarar fullførte årets renn som var det 39. i rekkja.

 



Olden 27.4.2014:

Postet av Markane IL den 28. Apr 2014

1. og 9. plass til laga frå Markane i Oldenstafetten.

Markane Fri Stil. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Markane Fri Stil vann open klasse i Oldestafetten 2014. Frå venstre: Margunn Hjelmeset, Ingrid Meland, Andreas Halsteinslid, Bernard Hole og Gaute Bø. Foto: Aslaug Thingnes Bø

 Markane hadde to lag på start då den 60. Oldestafetten vart arrangert søndag.

Markane Fri Stil tok sigeren i open klasse. Med på laget var Margunn Hjelmeset, Ingrid Meland, Andreas Halsteinslid, Bernard Hole og Gaute Bø. Markane stilte også med eitt lag i guteklassen. Dette laget kom på 9. plassen. Laget bestod av Eskil Kveen, Anders Svarstad Hole, Odd Sindre Tonning, Aksel Mathias Meland og Samuel Plasencia-Norlie.

Totalt 28 lag deltok i årets stafett. Hyen IL gjekk til topps både i gute- og herreklassa medan Hornindal IL vann jenteklassa med ny løperekord. GFIL vann også i år dameklassa. Veteran damer vart vunnen av Hornindal og veteran herrer vart vunnen av Jølster.

I tillegg til dei 28 laga i den ordinære Oldestafetten vart det også sju lag som stilte opp i ministafetten. Her var Mari Sofi Meland og Sara Annie Bjørnhaug Årnes var på lag saman og sprang to etappar kvar. Oda Svarstad Hole og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide deltok også på kvar sitt lag.

Komplett resultatliste for Oldestafetten her:

Resultatliste for Oldestafetten 2014 Dato 27.4.2014

 

Markane sitt gutelag i Oldenstafetten. Frå venstre: Eskil Kveen, Anders Svarstad Hole, Odd Sindre Tonning, Aksel Mathias Meland og Samuel Plasencia-Norlie. Foto: Aslaug Thingnes Bø

 



Hornindal 25.04.2014:

Postet av Markane IL den 28. Apr 2014

God innsats på terrengløp i Hornindal.

Startfeltet i klassane for gutar opp til 11 år. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Startfeltet i dei yngste guteklassane. Frå høgre: Anders Svarstad Hole frå Markane IL, Samuel Plasencia-Norlie frå Markane IL, Torje Seljeset frå Hornindal IL, Elias Myklebust frå Hornindal IL, Lukas Lødemel frå Hornindal IL, Mats Emil Olsen frå Hornindal, Mathias Ekblom Lillestøl frå Hornindal IL og Eldar Ekblom Lillestøl frå Hornindal IL. Foto: Aslaug Thingnes Bø.

Friidrettssesongen er i gong og fredag 25. april var 28 løparar frå Markane, Hornindal og Stryn samla til terrengløp med start på Hornindal stadion. Klassane til og med 12 år sprang 650 meter medan dei frå 13 år og oppover sprang 1,1 km.

Gaute Bø i klasse M17 fullførte den 1,1 km lange løypa på 3 min 32sek. Dette var dagens beste tid i langløypa delt med klassevinnarane Håvard Navelsaker (G15) og Ola Sætren (MV35-39).

I dei yngste klassane var fem av dei 19 deltakarane representantar for Markane IL. I klasse G11 var det ein jamn duell mellom Samuel Plasencia-Norlie og Anders Svarstad Hole. Samuel kom i mål på 2 min 35 sek medan Anders følgde seks sekund bak. Hedda Garlid Hilde deltok i J11 og var i mål på den gode tida 2 min 33 sek. Raskast av alle i den korte løypa var Emilie Flo Stavik i J11 som i denne samanhengen representerte Stryn T&IL.

I dei yngste urangerte klassane var Markane representert med Iselin Bø (J9) og Oda Svarstad Hole (J8).

Komplett resultatliste og fleire foto frå løpet nedanfor. Fotograf er Aslaug Thingnes Bø.

Resultatliste for terrengløp i Hornindal 25.4.2014

 

Startfeltet i klassane jenter 11 år og yngre. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Startfeltet for jenteklassane opp til 12 år: Frå venstre: Oda Svarstad Hole frå Markane IL, Evelina Sætren frå Hornindal IL, Amalie Utvær Nesdal frå Hornindal IL, Sina Utvær Nesdal frå Hornindal IL, Iselin Bø frå Markane IL, Emma D. Lødemel frå Hornindal IL, Ingeborg Sætren frå Hornindal IL (skjult), Hedda Garlid Hilde frå Markane IL, Emilie Flo Stavik frå Stryn T&IL og Karoline Flo frå Stryn T&IL. Foto: Aslaug Thingnes Bø

 

Startfeltet for klassane 13 år og oppover. Foto: Aslaug Thingnes Bø

Startfeltet for klassane frå 13 år og oppover. Frå venstre: Mariell Taraldset frå Hornindal IL, Julia Haugen frå Hornindal IL, Ola Sætren frå Hornindal IL, Gaute Bø frå Markane IL, Håvard Navelsaker frå Hornindal IL, Benjamin Hatlelid frå Hornindal IL, Magnar Lødemel frå Hornindal IL , Håvard Kroken frå Hornindal IL, Magnus Seljeset frå Hornindal IL, Daniel Brekke frå Stryn &IL (bakrekkja) og Andreas Flo Stavik frå Stryn T&IL . Foto: Aslaug Thingnes Bø



Leikanger 26. april:

Postet av Markane IL den 27. Apr 2014

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide på vinnarlaget i "Kjeringi Open"!

Vinnarlaget i Kjeringi Open jr 2014. Foto: John Roger Meland

Vinnarlaget i juniorklassa i Kjeringi Open vart "Team Agurk": Trygve Brendehaug, Aksel Mathias Meland, Robin Nedrehagen og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: John Roger Meland

Aksel Mathias Meland (langrenn) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (sykkel) var begge med på vinnarlaget i  juniorklassa under årets Kjeringi Open. Laget deira "Team Agurk" hadde også den nest beste totaltida av samtlege lag i konkurransen. Med seg på laget hadde dei også Trygve Brendehaug (telemark) og Robin Nedrehagen (løp) frå Syril IL.

Kjeringi Open består av fire etappar med start på Kjeringafjellet 1314 m.o.h. og med målgong i Leikanger. Første etappen var 8 km med fjelltelemarkkøyring frå toppen av Kjeringi til Damefall 520 m.o.h. På andreetappen var det klart for ca 5 km langrenn over Viddamyrane og ned til Øvstestølen/Kleppa. Tredje etappen var omlag 4 km løp ned til Syril stadion. Siste etappen var 9 km sykkelløp med målgang på Hanahaug.

I alt deltok 75 lag i dei ulike klassane i Kjeringi Open. I superklassa (same person på alle fire etappar) deltok i alt 111. Markane hadde ingen med i denne klassa.

Resultatliste for lagskonkurransane er lagt ut nedanfor. (Klikk på namnet til laget så kjem det opp liste over kven som var med!)

 Resultatliste for Kjeringi Open 2014 Lagskonkurranse Arrangør Syril IL Dato 26.4.2014

 



Skiposten 2014:

Postet av Markane IL den 24. Apr 2014

Hugs å levere klippekorta for Skiposten!

 

Alle som har delteke på Skiposten 2014, må hugse å levere/sende klippekorta sine snarast til Anne Marie Svarstad eller Margunn Hjelmeset!

Premiar til alle!



Skjåk 17.4.2014:

Postet av Markane IL den 18. Apr 2014

God deltaking frå Markane på Påskesprinten

Eskil S. Kveen. Foto: Markane IL

Eskil Kveen vart nummer tre i G14 på Påskesprinten. Foto: Markane IL

 Ein fin gjeng frå Markane var på start då Skåk IL arrangert Påskesprinten 2014 på skjærtorsdag. Totalt deltok 185 små og store skiløparar i eit av sesongens siste renn. Også denne gongen leverte gjengen frå Markane mange svært gode resultat.

Johan Eirik Meland vann klassa for menn 20-29 år. Klassesigrar vart det også til Maren Hjelmeset Kirkeeide i J11 og Oskar Guddal Breivik i klasse G12. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse G14 medan Eskil S. Kveen vart nummer tre i same klasse. Fredrik Nesje Lindvik vart nummer sju i klasse G13.

I dei yngste urangert klassane deltok Torje Seljeset i G9 medan Mari Sofi Meland, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide stilte opp i J9. Ella Kveen deltok i J6 og Ane Hjelmeset Kirkeeide var med i klasse J4.

 Komplett resultatliste og fleire foto er lagt ut nedanfor.

Skisesongen nærmar seg slutten, men enno gjenstår blant anna avslutning for ski og skiskyttarar på Ullsheim 22. april. (Sjå her!)

Resultatliste for Påskesprinten Arrangør Skjåk IL Dato 17.4.2014

Gjengen frå Markane på Påskesprinten. Foto: Markane IL

Dei fleste deltakarane frå Markane på Påskesprinten 2014 samla. Foto: Markane IL

 

Ella Kveen vert heia fram. Foto: Markane IL

Ella Kveen vert heia fram i løypa av Eskil og Lars Kveen. Foto: Markane IL

Johan Eirik Meland får premie frå Lars Berger. Foto: Markane IL

Johan Eirik Meland får premie frå Lars Berger etter å ha vunne klasse M20-29. Foto: Markane IL

Mari Sofi Meland i fint driv i løypa. Foto: Markane IL

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes klar til start. Foto: Markane IL



Ullsheim 22.4.2014:

Postet av Markane IL den 15. Apr 2014

Avslutning på skisesongen.

Tysdag 22. april kl 18.00 ynskjer vi alle velkomne til avslutning på skisesongen for både skiløparar og skiskyttarar på Ullsheim.

På grunn av manglande snø blir det leikar på barmark. Det vert servert pølser og frukt.

Velkomne!

Helsing skigruppa



Hornindal 25.4.2014.

Postet av Markane IL den 12. Apr 2014

INNBYDING TIL TERRENGLØP

Det vert terrengløp i Hornindal fredag 25. april. Start kl 17.30.

 

Kr 50,- pr. deltakar. Premiering. 

 

Oppmøte ved skytterhuset på Ytrehorn. Garderobar i Honndalshallen kan nyttast. Gangavstand frå hallen til skyttarhuset.

 

Løypa startar ved skytterhuset, går på asfaltveg mot Lillestøl, grusveg mot gangbrua ved skulen og vidare gjennom hagecampen ved elva tilbake til skytterhuset.

 

Distanse: ca 625 m for dei yngste og 1250 m for dei eldste. 

 

Meld frå til Aslaug Thingnes Bø på e-post aslaugtb@gmail.com eller tlf 400 40 325 om du vil vere med, så melder vi på samla!

 

 

Alle velkomne!

 



Olden 27.4.2014:

Postet av Markane IL den 12. Apr 2014

Påmelding til Oldenstafetten.

Friidrettssesongen nærmar seg og vi er klar for Oldenstafetten 27. april.

Dei som er medlemar i fleire friidrettslag, må velje kven dei vil støtte i konkurransar! Dette valet gjeld då for heile sesongen.

Markane kjem ikkje til å tilby friidrettstrening så dermed vert Stryn eit naturleg val for mange.

På Oldenstafetten kan Markane greie å stille med 1-3 gutelag, 1 jentelag, 1 lag i veteran herre og eit eller fleire lag i open klasse.

Alderen for å delta på jente- eller gutelag er 11-16 år.

Meld frå til Aslaug Thingnes Bø på e-post aslaugtb@gmail.com eller tlf 400 40 325 snarast (og seinast påskeafta) om du har lyst til å vere med!

Alle velkomne!

 



Liatoppen 6.4.2014:

Postet av Markane IL den 6. Apr 2014

God innsats i sprint og fellesstart på Liatoppen.

Oskar Guddal Breivik, Selma Guddal Breivik, Tania Plasencia-Norlie og Tarjei Bø. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik, Selma Guddal Breivik og Tania Plasencia-Norlie fekk møte Tarjei Bø. Foto: Markane IL

Bendit Skiskytterfestival vart avslutta med sprint for klassane til og med 12 år og fellesstart for dei eldre. Også i dag mange frå Markane som hevda seg godt i sine klasser sjølv om ingen kom på pallen i dag. Nærast pallen kom Aksel Matias Meland med ein fjerdeplass i klasse G15. Mange av dei unge, lovande skiskyttarane fekk også helse på Tarjei Bø på Liatoppen.

 I klasse G12 kom Oskar Guddal Breivik på ein flott sjetteplass. Sjølv med fire strafferundar, heldt farten i sporet til ei plassering heilt i teten. Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til sjetteplass etter å ha levert to feilfrie seriar i klasse J11. I same klasse vart Emilie Flo Stavik nummer 16 med to rundar. John Erlend Bø vart nummer 30 i klasse G11 og Anders Svarstad Hole nr 60.

I nybyrjarklassa for G11 år og oppover vart Håvard Tonning nummer 15 med feilfri skyting og Samuel Norlie-Plasencia nummer 29 med ein runde.

I den urangerte klassa for jenter 10 år og yngre var MIL godt representert med Mari Sofi Meland, Iselin Bø, Selma Guddal Breivik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Tania Plasencia-Norlie.

I klassane frå 13 år og oppover som gjekk fellesstart vart det ein fin 13. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G14. Magnus Midthjell Gjørven vart nummer 55 i G13 med totalt seks rundar. Odd Sindre Tonning vart best av våre i klasse G16 med ein 30. plass. Rett etter følgde Håkon Midthjell Gjørven på ein 34. plass og Grim Nygård på ein 47. plass. Best plassering blant dei som gjekk fellesstart fekk Aksel Matias Meland som vart nummer fire i klasse G15, berre ni sekund bak ein pallplass. I same klasse vart Magnus Arntsen nummer 44. Også Anne Marie Roset gjorde eit fint løp og vart nummer 19 i J14.

Oskar Guddal Breivik. Foto: TSN

Oskar Guddal Breivik fekk to andreplassar og ein sjetteplass på Liatoppen. Foto: TSN

Resultat frå Bendit Liatoppen Skiskytterfestival sprint og fellesstart Alle klasser 6.4.2014

 

Aksel Mathias Meland Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vart nummer fire i klasse G15.

Anne Marie Roset. Foto: TSN

Anne Marie Roset.

Emilie Flo Stavik. Foto: TSN 

Emilie Flo Stavik

Grim Nygård. Foto: TSN

Grim Nygård

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven

Håvard Tonning. Foto: TSN

Håvard Tonning.

John Erlend Bø. Foto: TSN

John Erlend Bø

Magnus Arntsen. Foto: TSN

Magnus Arntsen

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Magnus Midthjell Gjørven.



Liatoppen 5.4.2014:

Postet av Markane IL den 5. Apr 2014

2. plass til Oskar Guddal Breivik på normalen i G12

Oskar Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Magnus Midthjell Gjørven og Magnus Seljeset. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik kom på andreplass på normaldistansen i klasse G12. Sigurd Fotland Fænn vart nummer åtte i same klasse. Magnus Midthjell Gjørven og Magnus Seljeset gjekk sprint i klasse G13 og kom på 75. og 33. plass. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik sikra seg pallplass også i dag då han vart nummer to på normaldistansen i klasse G12. Med feilfri skyting var han berre 10 sek bak vinnaren Arnt Johan Tungen frå Orkdal. Vinnaren hadde to bom, men gjekk raskt i sport. Tredjeplassen gjekk til Mathias Sørnes frå Lier IL, 17 sek bak vinnaren. Sigurd Fotland Fænn kom på åttandeplass, 28 sek etter vinnaren med ein bom.

I G11 kom John Erlend Bø på ein fin 25. plass med totalt to bom. Han var 1 min 50 sek etter klassevinnaren Erik Sporaland frå FiggjoIL. Anders Svarstad Hole kom på 78. plass i same klasse.

 I klasse J11 kom Maren Hjelmeset Kirkeeide på ein 15. plass etter flott skyting og to fulle hus. I same klasse vart Emilie Flo Stavik nr 37. Klassevinnar vart Herborg Idland frå Figgjo IL.

For klassane frå 13 år og oppover var det sprint på programmet.

I klasse G14 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på ein 62. plass med totalt fem bom. Dette var ei av dei største klassane med heile 116 deltakarar til start. Klassevinnar vart Ørjan Moseng frå Røros IL.  Magnus Midthjell Gjørven vart nummer 75 i klasse G13 etter å ha skote på seg seks strafferundar. Eirik Idland frå Figgjo vann klassa.

I klasse J13 kom Liv Rigmor Netland på 71. plass. Totalt var det sju rundar på dagens sprint. Klassevinnar vart Maren Bakken frå Os IL med ein runde.

Aksel Mathias Meland hamna like utanfor pallen i klasse G15. Han vart nummer fire etter å ha fått ein strafferunde på kvar skyting. Han var 41 sek etter vinnaren og berre 2 sek bak ein pallplass. Kristoffer Sørnes frå Lier vann klassa 7 sek føre Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL. Torjus Idland frå Figgjo tok bronsen 39 sek bak vinnaren.

Anne Marie Roset kom på 40.plass i J14 med totalt sju strafferunder. Klassevinnar vart Åsne Skrede frå Geilo IL.

I klasse G16 kom Håkon Midthjell Gjørven på 34. plass med to strafferundar, 1 min 51 sek etter vinnaren Magnus Bøe frå Try IL. Grim Nygård vart nummer 55. Han var 2 min 17 sek etter vinnaren, også han fekk to strafferundar. Odd Sindre Tonning kom på 59. plass med totalt sju strafferundar.

I nybyrjarklassa for gutar 11 år og eldre vart Håvard Tonning nr 21 og Samuel Plasencia-Norlie nr 32. Begge med feilfri skyting. I nybyrjarklassa for jenter 10 år og yngre var Markane representert med Selma Guddal Breivik, Iselin Bø, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Tania Plasencia-Norlie.

Det var også andre klubbar frå Nordfjord som gjorde det godt på Liatoppen i dag. Aller best gjekk det for Sigrid Flo Bødal som gjekk heilt til topps i klasse J15.

I morgon er det klart for fellesstart på Liatoppen.

Resultatliste for Bendit Skiskytterfestival normal/sprint Alle klasser 05.04.2014

Nybyrjarar i skiskyting. Foto: Torstein Breivik

Nybyrjargjengen i skiskyting. Framme frå venstre: Torje Seljeset, Håvard Tonning og Samuel Plasencia-Norlie. Bak frå venstre: Mari Sofi Meland, Selma Guddal Breivik, Tania Plasencia-Norlie, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Iselin Bø. Foto:Torstein Breivik



Liatoppen 4.4.2014:

Postet av Markane IL den 4. Apr 2014

2. plass til Markane I i stafetten for klasse G11-12!

John Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik. Foto: TSN

John Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik gjekk inn til andreplass i stafetten klasse G11-12. Foto: TSN

 Bendit Liatoppen Skiskytterfestival er i gang med Larsen stafett. Mange lag frå Markane var på start og eit av laga kom på ein flott pallplass. Sigurd Fotland Fænn, John Erlend Bø og Oskar Guddal Breivik sikra seg andreplass i stafetten for G11-12. Laget var med blant dei seks fremste gjennom heile stafetten. I mål skilde det berre 21 sek fram til vinnarlaget frå Svene IL. Tredjeplassen gjekk til Orkdal IL som var 38 sek etter Svene IL i mål.

Markane IL hadde også eit lag i klassa Mix 11-12 år. Her gjekk Emilie Flo Stavik, Håvard Tonning og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Dei gjekk i mål til ein 20. plass. Vinnar av klassa vart Bø SSL/ IL Dyre Vaa lag 2.

Tidlegare idag var laga frå 13-16 år i sving, og i klassa gutar 13-16 år. Markane IL hadde to lag på start. På Markane I gjekk Håkon Midthjell Gjørven, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland medan Markane II bestod av Grim Nygård, Magnus Midthjell Gjørven og Odd Sindre Tonning. Begge laga gjorde ein fin innsats. Markane I kom på åttandeplass og Markane II på 34. plass. I alt 67 lag var på start! Vinnar av klassa vart Lier IL. Vingrom IL kom på andreplass og Figgjo IL på tredjeplass.

I klassa mix 13-16 år gjekk Magnus Arntsen på lag med to løparar frå Ivrig IL, Arne Hangerhagen og Markus Maurtvedt Unnerberg. Sidan der var løparar frå fleire lag, gjekk laget utanom ordinær konkurranse. Laget kom i mål til ei fin tid som ville ha helde til ein 11 i klassa.

Resultatliste Larsen-stafett Bendit Liatoppen Skiskytterfestival. Alle klasser. Dato 4.4.2014 



Sunnylven 29.-30.3.2014:

Postet av Markane IL den 31. Mar 2014

Mange deltakarar frå Markane på krinsrenn i helga.

 Jon Erlend Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Jon Erlend Bø vann klasse G11 både laurdag og søndag. Foto: Margunn Hjelmeset

Resultat krinsrenn Sunnylven IL sprint 29.03.2014. 

Resultat krinsrenn Sunnylven sprint 30.3.2014

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide skaut feilfritt og fekk ugle på laurdag. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Selma Guddal Breivik før start. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Tania Plasencia-Norlie

Tania Plasencia-Norlie. Foto: Margunn Hjelmeset

Samuel Plasencia-Norlie

Samuel Plasencia-Norlie. Foto: Margunn Hjelmeset

Kari Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Kari Alsaker. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland og Magnus Arntsen. Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland og Magnus Arntsen. Foto: Margunn Hjelmeset

Grim Nygård. Foto: Margunn Hjelmeset

Grim Nygård. Foto: Margunn Hjelmeset

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset 

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Georg Halsteinslid i løypa. Foto: Margunn Hjelmeset

Georg Kristian Halsteinslid i løypa. Foto: Margunn Hjelmeset

 



Voss 30.3.2014:

Postet av Markane IL den 30. Mar 2014

NM-gull i stafett med 3xgangar Markane på laget.

Gullaget til Sogn og  Fjordane i stafett. Foto: TSN 

Johannes Thingnes Bø, Håvard Gutubø Bogetveit, Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven tok NM gull i skiskyttarstafetten. Foto: TSN

Sogn og Fjordane I gjekk seg inn til NM gull i stafett også i år. Sjølv om Tarjei Bø ikkje var med, var det likevel tre løparar frå Markane IL på laget. Johan Eirik Meland, Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø gjekk seg saman med Håvard Gutubø Bogetveit inn til NM gull. Sølvet gjekk til Nord-Østerdal og bronsen til Oslo og Akershus. 

Resultaliste NM senior Menn_4x7_5km_Stafett

Vi gratulerer! 



Voss 29.3.2014:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2014

6. plass til Johannes Thingnes Bø på NM-fellesstart

-Johan Eirik Meland nr 11 og Jarle Midthjell Gjørven nr 24 i  M20-21

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 11 på fellesstarten i M 20-21. Foto: TSN

 Johannes Thingnes Bø vart nummer seks på fellesstarten i NM i dag. Han skaut fullt på første liggjande skyting, men måtte ut i tre strafferundar etter den andre serien. Då det i tillegg kom to rundar til på den siste skytinga heldt det ikkje heilt eit plassering heilt i toppen denne gongen. Fram til vinnaren skilde det 1 min 47 sek.

Fellesstarten vart vunnen av Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os IL. Sølvet gjekk til Vetle Sjåstad Christensen og bronsen til Erlend Bjøntegaard.

Det var også finalar i Norgescupen. Johan Eirik Meland vart nummer 11 i klasse M20-21. Den første ståande skytinga øydela sjansen til ei plassering heilt i teten med fire strafferundar. I tillegg hadde han ein bom frå andre ståande. I mål skilde det 1 min 50 sek opp til vinnaren Håkon Svaland. Andreplassen gjekk til Tore Leren og tredjeplassen til Henrik Sagosen Sagby. Jarle Midthjell Gjørven kom på 24. plass med totalt fire strafferundar.

NM vert avslutta i morgon med stafettar.

Resultat NM fellesstart menn senior. Voss 29.3.2014 

 



Askvoll 6.april 2014

Postet av Markane IL den 28. Mar 2014

INNBYDING TIL KRINSLØP I ORIENTERING

o-logoAskvoll og Holmedal IL innbyr til sesongens første krinsløp i orientering søndag 6. april.

Samlingsplass:

Badeplassen ved Øyravatnet -samme plass som i fjor. Ved Øyravatnet, på vegen til Skjerli. Ta av like etter Skorvatunnelen.

Kart; Øyramarka, M 1:10.000/7500/5000 Laserutskrift.

Start: Første start kl 12.00

NB:Til start A-løyper: 2 km -200 m stigning. Til start andre løyper: 1,5 km - 100 m stigning

Løyper:

Klassar 6,0 km A: H19, D19,H17-18

4,0 km A: D17-18, , D35, D45, H45, H55

3,0 km A: H15-16, D15-16, H65, H75, D55, D65, D75

2,5 km C: D13-14, H13-14, H17-C

2,0 km C/N: H10-12, D10-12,

1,5 km N: N-Open

Påmelding til Edvin Helle på e-post: edvin@siehelle.no eller tlf: 90064632 innan 3. april 2014 kl 23.59

Påmeldingsavgift: -16 år kr 65,- 17- år kr 100,-

Premiering:

Til alle under 12år. Til 1/3 til av alle startande i kvar klasse til og med 16 år. Vinnarane i klassar over 16 år.

Vi har samarbeid med Barnas Turlag som stiller for deltaking. (Forventa 50 stk)

Det vert bollar og saft til dei yngste.

Løpsleiar/løypeleggar: Edvin Helle

Innbyding krinsløp Askvoll 6 april 2014

Alle velkomne!



Førde 5.-6. april 2014:

Postet av Markane IL den 28. Mar 2014

Klart for både leiarsamling og ungdomssamling

O-krinsen innbyr til både leiarsamling i Førde laurdag 5. april og til ungdomssamling same stad, 5.-6. april.

Leiarsamling:

SFOK innbyr til samling for leiarar, løypeleggjarar, kontrollørar og alle andre interesserte for å informere om gode idear til rekrutteringsarbeidet, aktivitetar i 2014, ocad og løypelegging m.m.

(Merk at samlinga startar på same tidspunkt som ungdomssamlinga i Førde, noko som gir høve til samkøyring.)

Tid: Laurdag 5. april kl. 13.00 (Om du ikkje er presis, så ring Norvald på nummeret som står oppgitt nedanfor.)

Stad: Concordbygget i Førde, møterom i 3. etasje.

Saker: Nye reglar og endringar frå NOF.

NOF sitt mål for 2020. Rekruttering.

Råtassopplegget til Emblem og stolpejakt a la Gjøvik.

SFOK sin tiltaksplan for 2014.

Informasjon om Fjord-O Vest 2014, dagane 30/7 – 3/8.

Eventor - påmelding til løp og løpsrapport.

Ocad-programmet for løypelegging og utskrift av kart.

Ta med datamaskin med ocad-program for bruk på samlinga!

Matøkt: Ca kl 15.00

Møteslutt: Seinast kl 17.00.

Påmelding: Pga tinging av mat ber vi om påmelding innan fredag 4. april til nor-ospe@frisurf.no.

Innbydinga kan lastast ned som pdf på lenka nedanfor:

Leiarsamling 5. april 2014

Ungdomssamling

Frammøtetidspunkt: Laurdag 5. april kl 13.00

Stad: Frammøte ved Førde ungdomsskule

Samlinga er for ungdomar frå (ca) 12 år og oppover. Her er fleire leiarar for å kunne dele inn i grupper ved trening. Deltakarane dekkjer reise til/frå samlinga. Elles gratis.

Program:

Laurdag 5. april

Kl 13.00 Oppmøte. Sprint-o-løp i området rundt ungdomsskulen/Førdehuset.

Kl 14.30 Matpause (hugs matpakke til denne matøkta). Transport til Moskog.

Kl 16.00 O-løp i terrenget. Kart: Ulvedalane. Debriefing/Erfaringsutveksling. Frukt og bollar.

Kl 18.30 Innkvartering på Sunnfjord Folkehøgskule (Haavetun)/Høve til å dusje.

Kl 19.30 Pizza (eventuelt anna) på byen.

Informasjon om - krinslagssatsinga til o-krinsen inkl. pinseløpa.

- krinsløpa i 2014, O-festivalen.

- Hovudløpet 2014.

Overnatting på madrassar på klasserom på Sunnfjord Folkehøgskule. Separate rom for gutar og jenter.

Søndag 6. april

Kl 09.00 Frukost på folkehøgskulen. Vi smører matpakke ved frukosten.

Kl 10.00 Avreise til Askvoll

Kl 12.00 O-løp i Askvoll (Øyramarka aust for Flokeneset). Første startande er kl 12.00.

NB! Hugs påmelding til dette løpet gjennom laget ditt.

Instruktørar: Håvard Nummedal Os, Sivert Vinjevoll Årdal, Torodd Os, Johan Magerøy.

Hugs å ta med: Matpakke og drikke til første matøkta laurdag. Sovepose. Treningskle for to økter på laurdag og o-løp på søndag. Regnkle og støvlar (tilpassa vertilhøva). Plastlomme for kart (trening), kompass, EKT-brikke. Blyant og noko å skrive på. Pengar til heimreisa (om du ikkje køyrer med andre frå løpet i Askvoll).

PÅMELDING: Innan 2. april til johan.mageroy@mentor.no.



Voss 28.3.2014:

Postet av Markane IL den 28. Mar 2014

Nok eit NM gull til Johannes Thingnes Bø på sprinten!

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø tok sitt andre NM-gull på sprinten idag. Foto: TSN,2012.

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sitt andre individuelle senior-NM gull då han vann sprinten på Voss i dag.

Johannes skaut to feilfrie seriar og gjekk raskt i løypa Han var 37.5 sek før andremann Erlend Bjøntegaard. Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os kom på tredjeplass 44 sek bak Johannes.

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 17. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk ein runde på ståande. I mål var han 2 min 9 sek etter Johannes. Johan Eirik Meland vart nummer 54 med totalt tre strafferundar. Han var 3 min 30 sek bak vinnaren. Totalt var der 139 deltakarar på sprinten.

Tarjei Bø var ikkje på start i dag heller.

Resultatliste NM Sprint menn Voss 27.3.2014

 Vi gratulerer med nok eit NM-gull!



Sandane 30.mars.2014:

Postet av Markane IL den 27. Mar 2014

INNBYDING TIL KM TERRENGLØP KORT LØYPE

Fjellhug/Vereide il inviterer til KM terrengløp kort løype i dei tradisjonelle og gode barkeløypene i Åsen på Sandane.


Dato: Søndag 30. mars 2014 kl. 14.00.

Påmelding innan kl. 13.00 eller på  e-post til dagfinn.nyhammer@enivest.net (tlf57 86 61 14).

Løpet er også det første i årets Nordfjordkarusell!

Startpengar: kr. 100,- pr start (13 og 14 år: kr. 50.)

 Lisens kjem i tillegg, sjå dei nye lisensreglane på www.friidrett.no

Til dei som er mindre kjende: Ta av riksvegen på Kleivedammen, følg Åsavegen til du kjem til Lyngvegen. Følg denne til den byrja å gå unnabakke. Avkøyrsle til grusbana på toppen. (sjå kartet). Men parker helst ved kunstgrasbana (P på kartet).

Løypelengder og klassar:

Menn senior og veteranar: 3,6 km.

Menn jr, kvinner alle klassar, G/J 17 år: 1,8 km .

G/J 15-16 år 1200 m

G/J 13-14 år: 600 m

Barneløp: Det vil også bli arrangert eit løp for born under 13 år, med kortare løypeleng. Påmelding frå kl 12.30. Start kl 13.30. Startpengar kr. 30,-

VELKOMNE TIL KM OG ÅRETS FØRSTE LØP I NORDFJORD-KARUSELLEN!

 



Ullsheim 1. april 2014:

Postet av Markane IL den 27. Mar 2014

Skitrening/skileik for 6-10 åringar

Tysdag 1. april kl. 1800-1900 vert det skitrening/skileik for 6-10 åringar på Ullsheim.

Alle velkomne!

 



Ullsheim 25.3.2014

Postet av Markane IL den 26. Mar 2014

Cuprennsesongen avslutta med duathlon

Klasse jenter 9-10 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfeltet i klasse 9-10 år. Frå venstre: Jørgen Trøsken, Selma Guddal Breivik, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Iselin Bø, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Malin Eikenes Tjellaug. I rekkja bak: Mari Sofi Meland, Malin Guddal Sunde og Gjertlin Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

I alt 56 deltakarar stilte opp på sesongens femte og siste cuprenn. For klassane frå 11 år og oppover var det duathlon medan dei yngste gjekk vanleg renn i fri teknikk. Som vanleg var det flest deltakarar i dei yngste klassane med 21 deltakarar i klassa 8 år og yngre og 9 deltakarar i 9-10 års klassa. Ingvild Hatledal deltok i K18 UH. Det var også ein deltakar i trimklassa utan tid

I konkurranseklassane var det mange jamne duellar. I J11-12 gjekk klassesigeren til Maren Hjelmeset Kirkeeide berre tre sekund før Emilie Flo Stavik. Oskar Guddal Breivik vann klasse G11-12. Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G13-14 etter ein jamn duell med Eskil Kveen. Kari Alsaker vart vinnar av J13-14. Også i G15-17 var det nesten "dødt løp". Aksel Mathias Meland vann til slutt klassa 1 sek før Isak Hopland. Også i klasse M18 og oppover skilde det berre eit knapt sekund mellom nr 1 og 2. Isak Fotland Fænn vann klassa med Kjetil Svarstad på andreplass.

Nedanfor er resultatlista. Fotoa frå rennet er tekne av Margunn Hjelmeset.

Resultatliste for cuprenn 5. Duathlon. Dato: 26.3.2014

Oda Svarstad Hole og Inger Hjelmeset

Oda Svarstad Hole og Inger Hjelmeset

Amund Bakke, Rasmus Loen og Thomas Eikenes Tjellaug. Foto; Margunn Hjelmeset

Amund Bakke, Rasmus Loen og Thomas Eikenes Tjellaug

JonErlend Bø og Bendik Vereide (t.v): Foto:Margunn Hjelmeset

Bendik Vereide og Jon Erlend Bø inn til skibytte.

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide

Elias Dispen Lødemel. Foto:Margunn Hjelmeset

Elias Dispen Lødemel

Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Anders Svarstad Hole inne til skibytte.

Starfeltet i kasse 15 årog oppover. Foto: Margun Hjelmeset

Startfeltet for klassane 13 år og oppover

Isak Hopland og Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Isak Hopland og Aksel Mathias Meland

Eirik Ørjasæter. Foto: Margunn Hjelmeset

Eirik Ørjasæter

Liten skiløpar. Foto: Margunn Hjelmeset

"Den skal tidleg krøkast..."

I bakgrunnen Karoline og Kristin Almskår

Malin Eikenes Tjellaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Malin Eikenes Tjellaug

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes. Foto: TSN

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes.

Malin Eikenes Tjellaug.Foto: Margunn Hjelmeset

Malin Guddal Sunde



Voss 26.3.2014

Postet av Markane IL den 26. Mar 2014

NM gull til Johannes Thingnes Bø på normalen!

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø vann NM-gull på normaldistansen. Foto: TSN,2012.

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sitt første individuelle senior-NM gull då han vann normaldistansen på Voss i dag.

Johannes fekk eit tilleggsminutt på første skyting. Deretter skaut han to feilfrie seriar før han gjorde konkurransen litt meir spennande med to tilleggsminutt på siste skyting. Likevel heldt det til siger. Vegard Bjørn Gjermundstad tok andreplassen og Henrik L`Abee-Lund vart nummer tre. Begge hadde to tilleggsminutt og var høvesvis 28,2 og 30,9 sek etter Johannes.

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 28, 6 min 26 sek etter Johannes. Han skaut på seg tre tilleggminutt på den første ståande skytingane og i tillegg eit minutt på den andre liggjandeserien. Johan Eirik Meland braut løpet.

Tarjei Bø var ikkje på start i dag.

Resultat NM Menn 20km Individual 26.3.2014

 Vi gratulerer med NM-gull!



Ullsheim 23.3.2014:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2014

7 krinsmeistrar frå MIL under KM fellesstart

 Pallen i J14. Foto: TSN

Anne Marie Roset frå MIL vart krinsmeister for J14. Her på pallen saman med Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven og Kari Alsaker frå MIL. Foto: TSN

 Heile 106 løparar var på start under KM fellesstart skiskyting på Ullsheim i dag. Markane hadde ein stor delegasjon på 30 deltakarar på startstreken og heile 7 av desse vart krinsmeistrar.

 I klasse G13 vart Magnus Midthjell Gjørven krinsmeister. Med berre to bom totalt var han 30.7 sek før Magnus Seljeset frå Hornindal som kom på andreplass. Nikolai Dispen Lødemel kom på sjetteplass i same klassa. I klasse J14 vart Anne Marie Roset frå  MIL krinsmeister med Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven på andreplass 30 sek bak. Kari Alsaker frå MIL tok tredjeplassen.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart krinsmeister i klasse G14 medan Aksel Mathias Meland vart krinsmeister for G15. I denne klassa vart det også fjerdeplass til Magnus Arntsen.

Håkon Midthjell Gjørven vann KM-tittelen i klasse G16 etter ein jamn duell der Håkon slo Matias Lote Henden frå Stårheim med 8 sek. Begge hadde to bom totalt. I same klassa vart det også pallplass til Odd Sindre Tonning. Grim Nygård kom på 6. plass i same klassa og Andreas Halsteinslid på 7. plass.

Også Janne Alsaker og Georg Kristian Halsteinslid sikra seg KM-titlar på fellesstarten i høvesvis klasse K20-21 og M18.

Også i dei yngre klassane (som ikkje er KM klassar), var  det solid innsats av deltakarane frå Markane. I klasse J11 vart det siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Emilie Flo Stavik tok andreplassen like bak og Emma Njøten vart nummer fire. I klasse G11 vart det pallplass til John Erlend Bø som vart nummer to. I same klassa vart Elias Dispen Lødemel nr 4, Anders Svarstad Hole nr 9 og Daniel Langeset nr 10.

I klasse G12 kom begge MIL sine deltakarar på pallen med andreplass til Oskar Guddal Breivik og tredjeplass til Sigurd Fotland Fænn.

Markane var også godt representert i dei urangerte klassane. Sjur Tenden Nesje og Håvard Tonning deltok i nybyrjarklassa for G11-12 år. I klassa for jenter 10 år og yngre var der heile seks MIL-representantar: Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Selma Guddal Breivik, Iselin Bø, Sofie Njøten og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes.

Fotoseriar nedanfor frå Team Statkraft Nordfjord og Margunn Hjelmeset.

 Resultatlista finn du her:

Resultatliste KM fellesstart Ullsheim 23.3.2014

Premieutdeling klasse jenter 11 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Premieutdeling i klasse jenter 11 år. Vinnar Maren Hjelmeset Kirkeeide, MIL. Nr 2: Emilie Flo Stavik, MIL, Nr 3: Turi Lise Totland, Volda. Nr 4: Emma Njøten, MIL. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Pallen i klasse G13. Foto: TSN

Magnus Midthjell Gjørven vart krinsmeister i klasse G13. Andreplassen gjekk til Magnus Seljeset frå Hornindal. Martin Aaland frå Hardbagg IL vart nummer tre og Jens Sune Hauge frå Volda IL vart nummer fire. Foto TSN

Pallen i klasse G13. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart krinsmeister i klasse G14. Magnar Lødemel frå Hornindal vart nummer to og Jonas Vatsaas frå Volda nummer tre. Foto: TSN

Premieutdeling klasse G16. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven vart krinsmeistar i klasse G16. Matias Lote Henden frå Stårheim vart nummer to og Odd Sindre Tonning frå MIL nummer tre. Isak Hopland frå Hardbagg kom på fjerdeplass, Lars Erik Telseth frå Volda tok femteplassen, Grim Nygård frå MIL vart nummer seks og Andreas Halsteinslid frå MIL nummer sju. Foto: TSN

Georg Halsteinslid. Foto: TSN

Georg Kristian Halsteinslid vart krinsmeister for klasse M18. Foto: TSN

Janne Alsaker vart krinsmeister for klasse K20-21. Foto: TSN

Janne Alsaker vart krinsmeister i klasse K20-21. Foto: TSN

Oskar Guddal Breivik og Lasse Flo Bødal. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik vart nr 2 og Lasse Flo Bødal vart nr 1 i klasse G12. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn, Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn gjekk inn til tredjeplass i G12. Foto: Margunn Hjelmeset

Emma Njøten. Foto: Margunn Hjelmeset

Emma Njøten i fint driv i løypa.

Jon Erlend Bø . Foto: Margunn Hjelmeset

Jon Erlend Bø vart nummer to i G11. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik vart nr 2 i klasse J11. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne Marie Roset. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne Marie Roset vart krinsmeister i klasse J14. Foto: Margunn Hjelmeset

 Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning kom på tredjeplass i G16. Foto: Margunn Hjelmeset

Grim Nygård. Foto: Margunn Hjelmeset

Grim Nygård i løypa.

Premieutdeling. Foto: Margunn Hjelmeset

Klart for premieutdeling. Monica V. Halsteinslid saman med Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Iselin Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Jon Erlend, Emma, Sofie og Ane. Foto: Margunn Hjelmeset

Framme: Jon Erlend Bø og Emma Njøten. Bak: Sofie Njøten og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland klar til start. Foto: TSN

Mari Sofi Meland klar til start. Foto: TSN

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes. Foto: TSN

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes på veg ut frå start. Foto. TSN



Holmenkollen 23.3.2014:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2014

3. plass til Johannes Thingnes Bø i verdscupen samanlagt

-avslutta sesongen med 22. plass på fellesstarten.

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø sikra seg 3. plass i verdscupen samanlagt. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø kom på ein flott tredjeplass i verdscupen samanlagt. I løpet av sesongen har det blant anna blitt fem verdscupsigrar. Johannes kom også på tredjeplass i sprintcupen samanlagt.

Johannes og Emil Hegle Svendsen duellerte om andre- og tredjeplassen i verdscupen nesten heilt til i mål på dagens løp. Under dagens fellesstar i Holmenkollen måtte Johannes nøye seg med ein 22. plass med Emil gjekk inn til 14. plass. Dermed gjekk andreplassen samanlagt til Emil Hegle Svendsen medan Johannes vart nummer tre samanlagt. Martin Fourcade frå Frankrike vann verdscupen samanlagt. Han vann også dagens fellesstart i Holmenkollen.

Andreplassen på fellesstarten gjekk til Dominik Landertinger, 7 sek etter Fourcade. Jakov Fak kom på tredjeplass, 32.9 sek bak. Best av dei norske vart Ole Einar Bjørndalen på femteplass. Emil Hegle Svendsen vart nummer 14 med totalt tre strafferundar. Johannes fekk totalt fire strafferundar. Tre av desse kom på den første ståande skytinga. Dermed vart det ein 22. plass i verdscupavslutninga.

Vi gratulerer med 3.plassen!



Ullsheim 22.3.2014:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2014

Mange med god innsats i krinsrenn i skiskyting

Elias Dispen Lødemel og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Elias Dispen Lødemel og Emilie Flo Stavik vann kvar si klasse i krinsrenn i skiskyting på Ullsheim. Foto: Margunn Hjelmeset

 Endeleg vart det eit lokalt krinsrenn i skiskyting og totalt 97 ivrige utøvarar var på start på Ullsheim i dag. Heile 21 stilte opp for Markane IL og gjorde god innsats både i løypa og på standplass.

I dei yngste konkurranseklassene (11 år) vart det klassesiger til Emilie Flo Stavik i J11 og Elias Dispen Lødemel i klasse G11. I klasse G11 vart det også fjerdeplass til Daniel Langeset og sjetteplass til Anders Svarstad Hole. Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass i G12. Magnus Midthjell Gjørven vart nummer tre i G13 og i same klasse vart også Nikolai Dispen Lødemel nummer seks.

I klasse J14 fekk Markane to på pallen med andreplass til Anne-Marie Roset og tredjeplass til Kari Alsaker. Også i G15 vart det ein frå MIL på pallen med andreplass til Aksel Mathias Meland. Magnus Arntsen vart nummer fem i same klassa.

Odd Sindre Tonning gjekk heilt til topps i klasse G16. Her vart det også fjerdeplass til Håkon Midthjell Gjørven, sjetteplass til Grim Nygård og sjuandeplass til Andreas Halsteinslid. Klassesigrar vart det også til Janne Alsaker i K20-21 og til Georg Kristian Halsteinslid i klasse M18.

Også i dei yngste klassane var MIL godt representert. Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes deltok i jenter 10 år og yngre medan Sjur Tenden Nesje, Eirik Bjørlo Sandbakk og Håvard Tonning deltok i nybyjarklassa G11-12 år.

I morgon er det klart for KM fellesstart og i tillegg sprint for dei yngste. Her er det endå fleire påmelde enn i dag!

Resultatliste krinsrenn skiskyting sprint Ullsheim 22.3.14



Ullsheim 22.3.2014:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2014

Startliste for krinsrenn sprint skiskyting

Startliste sprint skiskyting Ullsheim 22.03.2014.



Holmenkollen 22.3.2014:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2014

12. plass til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø kom på 12. plass i jaktstarten. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø gjekk ut på dagens jaktstart som nummer 18. Med fullt hus på første skyting gjekk han seg raskt oppover lista, men på dei tre neste seriane vart det ein bom på kvar. Dermed vart det eit løp på det jamne inn til ein 12. plass. Dette heldt til å vere beste norske i dag. I mål var Johannes Thingnes Bø 1 min 20.7 sek etter vinnaren Simon Eder frå Austerrike. Alexandr Loginov frå Russland vart nummer to, 12.7 sek etter vinnaren, og Bjørn Ferry frå Sverige nummer tre, 20.7 sek bak.

I kampen om ein pallplass i verdscupen samanlagt tok Johannes tilbake andreplassen. Før det siste løpet har han tre poeng å gå på til Emil Hegle Svendsen som er på tredjeplass samanlagt. 



Hodlekve 22.3.2014:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2014

Maren og Simon Hjelmeset Kirkeeide klassevinnarar og Oskar Guddal Breivik nr 2 i SSF-cup samanlagt!

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Torstein Breivik

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide med velfortente premiar for innsatsen i SSF-cup. Foto: Torstein Breivik

Finalen i SSF-cup vart arrangert på Hodlekve i dag. Markane IL hadde tre løparar på startstreken som alle vann sine klassar i dag: Maren Hjelmeset Kirkeeide (J11), Oskar Guddal Breivik (G12) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (G14).

Dei tre har også gjort ein fantastisk innsats i SSF-cupen samanlagt der Maren og Simon vann sine klassar samanlagt medan Oskar vart nummer to.

Nedanfor er resultatliste frå finalerennet og samanlagtlista for 2014.

Resultatliste for SSF-cup finalen Hodlekve Dato 22.3.2014.

SSF Cup samanlagt 2014.

Vi gratulerer!



Ullsheim 23.3.2014

Postet av Markane IL den 22. Mar 2014

Startliste KM fellesstart

Startliste KM fellesstart skiskyting Ullsheim 23.3.2014



Ullsheim 25.3.2014:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2014

Klart for cuprenn nr 5 tysdag 25. mars!

Det er klart for sesongens femte cuprenn på Ullsheim tysdag 25. mars.

For klassane frå 11 år og oppover vert det duathlon dvs. ei runde med klassisk og ei med skøyting. Det er lov, men ikkje naudsynt å byteski etter ein runde.

For klassane 10 år og yngre vert det vanleg renn i fri teknikk.

Påmelding frå kl. 1750.

Første start ca. 1830.

Distansar:

8 år og yngre: 800 m (utan tidtaking)

9-10 år: 1.5 km (tidtaking, urangert liste)

11-12 år: 2x ca. 1km

13-14 år: 2x ca. 1.5 km

15 år og oppover: 2x 2.5 km

Også høve til å delta i trimklasse utan tidtaking.

Startkontingent kr 50.

Parkeringsavgift kr 50.

(OBS!  Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Alle velkomne!



Ullsheim 22.-23.3.2014:

Postet av Markane IL den 21. Mar 2014

Markane overtek krinsrenn og KM skiskyting i helga.

Skiskyttarar i aksjon på Ullsheim under lagsmeisterskapet i 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

I går vart det klart at dei oppsette krinsrenna i skiskyting med innlagt KM fellesstart, ikkje kunne arrangerast i Volda denne helga på grunn av manglande snø.

På grunn av den snøfattige vinteren har det vore svært få lokale skiskyttarrenn. Markane tek derfor over arrangementet på kort varsel sidan Ullsheim har snø nok til å kunne avvikle løpa. Vi synest det er viktig for idretten vår at vi klarer å arrangere lokale renn slik at alle får prøve seg. 

Laurdag kl. 1300 vert det sprint for alle medan det vert KM fellesstart på søndag. (Dei yngste går sprint også søndag).

Dermed skal skiskyttarar frå Markane, Stårheim, Hornindal, Hardbagg, Volda og Sunnylven i aksjon på Ullsheim i helga.



Skiposten 2014:

Postet av Markane IL den 21. Mar 2014

Postane heng ute til 20. april!

Alle postane i årets Skipost er no hengde ut.
Post 1-5 er alt tekne ned medan postane 6-15 heng oppe heilt til 20. april.

Postane heng på følgjande plassar: enden av lysløypa på skisenteret, Vinsryggsetra, Spjelkebu, Holesetra, Bjønnahiet, Svingesetøyane, Saurdalen, Lundesetra, Øvrebergsetra og Langhaugen.

Det er framleis mogleg å skaffe seg kort på Sport 1 Ytre-Eide. Desse er gratis!

Hugs å levere inn korta innan 25. april til Margunn Hjelmeset, 6783 STRYN eller Anne Marie Svarstad, 6783 STRYN.


Holmenkollen 20.3.2014:

Postet av Markane IL den 20. Mar 2014

18. plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Jan Åge Sundnes

Johannes Thingnes Bø vart nummer 18 på sprinten i Kollen. Arkivfoto: Jan Åge Sundnes

Det gjekk noko tyngre for Johannes Thingnes Bø i det første rennet i årets Holmenkollhelg enn under superløpa i Kontiolahti forrige veke. Med ein bom på kvar av skytingane vart det til slutt ein 18. plass. Differansen fram til vinnaren Jakov Fak frå Slovenia var på 1 min 2 sek. Evgenij Garanichev frå Russland tok andreplassen, 13.9 sek bak og Bjørn Ferry frå Sverige vart nummer tre, 14.3 sek etter.

Tarjei Bø stod over dagens sprint i Holmenkollen. Laurdag er det klart for jaktstart. Johannes ligg no på tredjplass i verdscupen samanlagt, like bak Emil Hegle Svendsen på andreplass.



Holmenkollen 20.03.2014:

Postet av Markane IL den 20. Mar 2014

13. plass til Aksel Mathias Meland i Young Star

 Aksel Mathias Meland. Foto:TSN

Aksel Mathias Meland vart nummer 13 i Young Star. Foto: TSN (frå LM)

 Aksel Mathias Meland kom på 13. plass i Young Star i Holmenkollen for 15-16 åringar.

Aksel skaut feilfritt på den første serien medan det vart to bom på den andre skytinga. Fram til dagens vinnar Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL skilde det 1 min 22 sek. Magnus Bøe frå Try IL kom på andreplass 4.7 sek etter vinnaren medan Vebjørn Sørum frå Søndre Ål sportsklubb vart nummer tre, 26.7 sek bak.

Resultatliste Young Star gutar 20.03.2014.



Ullsheim 18.3.2014:

Postet av Markane IL den 19. Mar 2014

46 deltakarar på cuprenn i klassisk stil

Eirik Bjørlo Sandbakk. Foto: Margunn Hjelmeset

Eirik Bjørlo Sandbakk vel i mål i klasse 11-12 år. Foto: Margunn Hjelmeset

 Tysdag 18. mars var cuprenna i sving igjen på Ullsheim. Trass nokre kollisjonar var likevel 46 skiløparar i aksjon i løypene. Rennet gjekk i klassisk stil. 15 stilte opp i den yngste klassa opp til 8 år og 7 jenter deltok i 9-10 års klassa. Ingvild Hatledal deltok i klasse kvinner UH 18 år.

I klasse jenter 11-12 år gjekk klassesigeren til Maren Hjelmeset Kirkeeide medan Oskar Guddal Breivik vann guteklassa. Simon Hjelmeset Kirkeeide var raskast i klassa for gutar 13-14 år. Aksel Mathias Meland som skal ut å gå Young Star i Holmenkollen torsdag, gjekk til topps i klasse 15-17 år. I klassene for dei frå 18 år og oppover vart det klassesiger til Kjetil Svarstad og Åshild Sætren Bøe.

Dato for sesongens siste cuprenn er ikkje heilt bestemt. Dette vert annonsert på heimesida om litt.

Komplett resultatliste frå cuprenn 4 nedanfor. Margunn Hjelmeset har teke fotoa frå rennet.

Resultatliste for cuprenn 4 Klassisk stil Dato 18.3.2014

Startfeltet. Foto: Margunn Hjelmeset

Snart klart til start. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Rasmus Loen. Foto:  Margunn Hjelmeset

Rasmus Loen i farta. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfeltet i klasse 11-12 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfeltet i klasse 11-12 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Mathea Holien Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Mathea Holien Bø. Foto:Margunn Hjelmeset

Tidtakarane. Foto: Margunn Hjelmeset

Tidtakarane: Sigbjørn Kirkeeide, Kari Tonning og Hildegunn Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Vegard Lødøen Flo. Foto: Margunn Hjelmeset

Vegard Lødøen Flo. Foto: Margunn Hjelmeset

Deltakarar i G15-17 og M18+. Foto: Margunn Hjelmeset

Gaute Bø, Georg Halsteinslid, Isak Hopland, Erlend Bakken og Aksel Mathias Meland. Foto: Margunn Hjelmset

Ingvild Hatledal. Foto Margunn Hjelmeset

Ingvild Hatledal. Foto: Margunn Hjelmeset

Thomas Eikenes Tjellaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Thomas Eikenes Tjellaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Emma Berstad Hjellbakk. Foto: Margunn Hjelmeset

Emma Berstad Hjellbakk. Foto: Margunn Hjelmeset Kirkeeide

Kristin Almskår og Thea Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Kristin Almskår og Thea Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Kake i lagshuset. Foto: Margunn Hjelmeset

Kake i lagshuset etter cuprennet.

Vi gratulerer Johannes med tre verdscupsigrar på rad. Foto: Margunn Hjelmeset

Vi gratulerer Johannes Thingnes Bø med innsatsen i verdscupen. Foto: Margunn Hjelmeset



Kontiolahti 16.3.2014:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2014

Johannes Thingnes Bø med siger også på jaktstarten.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø vann også jaktstarten i Kontiolahti. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø tok sin tredje strake verdscupsiger i Kontiolahti då han vann jaktstarten i dag. Dermed er han den einaste løparen som har vunne fem renn så langt i sesongen.

I vanskelege vindforhold opna Johannes svært godt på standplass med to feilfri liggjande seriar og berre ein bom på den første ståande serien. Med god fart i løypa opparbeida han seg ei leiing på over eit minutt. Det kom godt med for på siste skyting vart det fire strafferundar. Likevel klarte Johannes å halde unna for konkurrentane. Martin Fourcade frå Frrankrike følgde på andreplass, 16 sek bak med tre rundar. Bjørn Ferry tok tredjeplassen 20 sek bak medan Lars Helge Birkeland vart nummer fire 25 sek bak.

Vi gratulerer med nok ein verdscupsiger!



Rena 14.3.2014:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2014

Resultat frå Fredagsbirken

Logo Birkebeinerrennet

Årets Birkebeinerrenn vart avlyst, men Fredagsbirken gjekk som normalt.

Markane IL hadde ein deltakar på start, Frank Jakob Sandbakk som vart nr 51 av 452 startande i klasse M16-39. Han brukte 4 t 9 min 22 sek på dei 54 kilometerane. Klassevinnar vart Håvard Lukasen som gjekk på 3 t 6 min 52 sek.

Totalt 2391 løparar gjekk årets Fredagsbirken.

 

 

Resultatliste Fredagsbirken 14.3.2014



Vik 16.03.2014

Postet av Markane IL den 16. Mar 2014

Aksel Meland LM-vinnar også på normaldistansen!

-Klar for Young Star i Holmenkollen.

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vann LM skiskyting også på normaldistanse. Foto: TSN

 Aksel Mathias Meland vann LM skiskyting også på normaldistanse i klasse G15. Med feilfri skyting og god fart i sporet vann han klassa med heile 2 min 8 sek margin ned til andreplassen. Med dette resultatet er han også klar for Young Star finalen torsdag 20. mars i Holmenkollen!

Også fleire andre frå Markane gjorde det godt på andre dag i LM. Anne Marie Roset kom på andreplass i klasse J14 og Grunde Breidablik vart nummer to i M19. Også i klassa under tretten år vart det to andreplassar. Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til andreplass i klassa for J11 medan Sigurd Fotland Fænn vart nummer to i G12. I denne klassa kom Oskar Guddal Breivik på ein fjerdeplass.

Odd Sindre Tonning gjekk inn til tredjeplass i den store klassa for G16. Han fekk totalt to bom. Grim Nygård og Andreas Halsteinslid gjekk inn til ein delt åttandeplass. Dei fekk begge to bom på skytingane og heldt nøyaktig same fart i løypa. Like bak følgde Håkon Midthjell Gjørven på ein 10. plass.

Tredjeplassar vart det også til Gaute Bø i klasse M17 og Georg Kristian Halsteinslid i klasse M19. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 6. plass i klasse G14. Magnus Arntsen vart nummer 9 i klasse G15 og Magnus Midthjell Gjørven nummer 7 i klasse G13.

Håvard Tonning deltok i nybyrjarklassa for G11-12år medan Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Selma Guddal Breivik deltok i J10.

Kvalifiserte til Young Star Foto: TSN

Sigrid Flo Bødal, Andrea Skeide Bakke og Aksel Mathias Meland er alle klare for Young Star i Holmenkollen. Foto: TSN

Resultatliste LM skiskyting normaldistanse Vik 16.03.2014.

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland. Dobbelt vestlandsmeister og klar for Young Star i Holmenkollen. Foto: TSN

Anne Marie Roset tok sølv i LM. Foto: TSN

Sølv til Anne-Marie Roset i LM normaldistanse klasse J14. Her på pallen saman med Lisa Barmen Stein frå Fana IL og Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven IL. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning tok bronse i klasse G16. Foto: TSN



Cupen 2014:

Postet av Markane IL den 16. Mar 2014

KLART FOR CUPRENN PÅ TYSDAG 18.MARS

Det vert cuprenn i klassisk stil tysdag 18. mars.

Frammøte: Ullsheim

Stilart: Vanleg klassisk renn (ikkje omvendt jaktstart)

Påmelding: frå kl. 17.50

Første start (8 år og yngre): kl. 18.30

Startkontingent kr 50 for alle klasser.

 

 

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -fellesstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - fellesstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - fellesstart, tidtaking

Også høve til å delta i trimklasse utan tidtaking.

Parkeringsavgift kr 50.

(OBS!  Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Nye og "gamle" deltakarar velkomne til cuprenn!

- Skigruppa -

 



Kontiolahti 15.3.2014.

Postet av Markane IL den 15. Mar 2014

Ny sprintsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ny verdscupsiger. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sin fjerde verscupsiger for sesongen. Arkivfoto: Team Statkraft Nordfjord

 Johannes Thingnes Bø gjekk eit nytt perfekt løp då han kopierte torsdagens sprintsiger i Kontiolahti. Med fullt hus på dei to skytingane og raskast langrennstid, vann han med 18,5 sek. margin til russaren Alexander Loginov. Lowell Bailey frå USA kom på tredjeplass, 19.4 sek bak. Alle dei tre fremste skaut feilfritt. Dermed står Johannes med heile fire verdscupsigrar denne sesongen.

Nest beste norske vart Emil Hegle Svendsen vart nest beste norske på ein femteplass. Tarjei Bø står over løpa i Kontiolahti.

I morgon er det klart for jaktstart med Johannes ut først i feltet.



Vik 15.3.2014:

Postet av Markane IL den 15. Mar 2014

Aksel Meland LM-vinnar i Vik!

Aksel Meland ut frå start. Foto: TSN 

Aksel Mathias Meland vann LM klasse G15 i Vik i dag. Foto: TSN

 Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps i si klasse under landsdelsmeisterskapen i Vik i dag. Også fleire andre frå Markane hevda seg i toppen i sine klassar. I klassa for G12 fekk Markane to på pallen. Oskar Guddal Breivik kom på andreplass og Sigurd Fotland Fænn på tredjeplass. Klassevinnar vart Lasse Flo Bødal frå Stårheim.

Det vart også andreplass til Gaute Bø i klasse M17 og til Grunde Breidablik i klasse M19. På pallen kom også Anne-Marie Roset med sin tredjelplass i klasse J14.

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Georg Kristian Halsteinslid plasserte seg like utanfor pallen med fjerdeplassar i høvesvis G14 og M18. Magnus Midthjell Gjørven kom på femteplass i G13 medan Maren Hjelmeset Kirkeeide fekk femteplassen i J11. Liv Rigmor Netland kom på 9. plass i klasse J13 med Magnus Arntsen vart nummer 12 i klasse G15.

I klasse G16 hadde Markane heile fire deltakarar til start. Håkon Midthjell Gjørven vart nr 5, Odd Sindre Tonning nr 6, Andreas Halsteinslid nr 8 og Grim Nygård nr 10.

I klassa for nybyrjarar G11-12 vart det siger til Håvard Tonning. I klassa for jenter 10 år var Markane representert med Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik.

LM held fram i morgon med normaldistanse.

Fotoserie frå LM utlagt nedanfor. Foto er tekne av Torstein Breivik og Team Statkraft Nordfjord.

Resultatliste LM sprint skiskyting Vik 15.03.2014

Oskar Guddal Breivik, Lasse Flo Bødal og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Pallen i klasse G12: Oskar Guddal Breivik, Lasse Flo Bødal og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

 

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Gaute Bø vart nummer to i M17. Foto: TSN

Gaute Bø vart nummer to i klasse M17. Her på pallen saman med vinnaren Bjørn Haugo Herfindal frå Voss og Lasse Virkesdal frå Vik som tok  tredjeplassen. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto : TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på fjerdeplass i klasse G14. Foto: TSN

Pallen i klasse G15 i LM Vik. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vann LM klasse G15. Johan Olav Smørdal Botn kom på andreplass og Sivert Myrold vart nummer tre. Foto: TSN

Oskar Guddal Breivik. Foto TSN

Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i klasse G12. Foto: TSN

Sigurd Fotland Fænn. Foto TSN

Sigurd Fotland Fænn ut frå skyting. Foto: TSN

Prepping av ski til LM. Foto. Torstein Breivik

John Roger Meland, Liv Rigmor Netland og Sigbjørn Kirkeeide. Foto: Torstein Breivik

Selma, Mari Sofi og Oddrun. Foto: Torstein Breivik

Selma Guddal Breivik, Mari Sofi Meland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Torstein Breivik

 På LM i Vik. Foto: TSN

Klemet Bø, Ane Hjelmeset Kirkeeide, Sigbjørn Kirkeeide, Kjetil Netland, Rut Solveig Netland og Liv Rigmor Netland. Foto: Torstein Breivik

Premieutdeling klasse jenter 10 år. Foto:  Torstein Breivik

Premieutdeling til klasse jenter 10 år. Foto: Torstein Breivik



Kontiolahti 13.3.2014.

Postet av Markane IL den 13. Mar 2014

Verdscupsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø vann sprinten i Kontiolahti. Foto :TSN

Johannes Thingnes Bø tok sin tredje verdscupsiger då han gjekk til topps på sprinten i Kontiolahti i dag. Med to feilfrie seriar og suveren fart i sporet gjekk Johannes til topps 7.1 sek føre Martin Fourcade frå Frankrike og 7.2 sek føre Arnd Pfeiffer, Tyskland på tredjeplass.

Vi gratulerer!

 

 



Ullsheim 11.3.2014:

Postet av Markane IL den 11. Mar 2014

Ikkje cuprenn tysdag 11.mars!

 

Det vert ikkje cuprenn tysdag 11.mars.

Pr. idag er det ikkje bestemt datoar vidare framover for cuprenn.

Info om eventuelle renn vert lagt ut på heimesida så snart som det er bestemt.

Skitreninga på tysdag 11.mars går som normalt. Oppmøte kl. 1830 øvst i hyttefeltet på Dybevoll. Treninga vert i fri teknikk. Hugs hovudlykt!



Pokljuka 9.3.2014:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2014

5.plass til Johannes Thingnes Bø på fellestarten

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 5.plass på fellesstarten. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ei fin femteplass på fellesstarten i Pokljuka. Han byrja med feilfri skyting og var heilt framme i teten. På den andre og tredje skytinga kom det ein bom. Likevel låg han rundt ein 10. plass mesteparten av løpet. Med ein rask og perfekt siste serie gjekk Johannes seg oppover resultatlista og i mål vart det ein solid femteplass.

Fellesstarten vart vunnen av Bjørn Ferry frå Sverige føre Martin Fourcade frå Frankrike. Evgenij Ustyugov frå Russland vart nummer tre medan Emil Hegle Svendsen tok fjerdeplassen.

Tarjei Bø stod over dagens fellesstart.

 



Hummelfjell TOS Arena 9.3.2014:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2014

5.plass til Sogn og Fjordane i NM mixstafett M17-21

Johan Eirik Meland. Foto: Sigbjørn Myklebust/TSN

Johan Eirik Meland gjekk siste etappe på NM-laget til Sogn og Fjordane i mixstafett 17-21. Foto: TSN

 Der var i dag klart for NM i mixstafett under junior-NM skiskyting på Hummelfjell TOS Arena. Markane hadde fire deltakarar i aksjon på fire ulike lag. Best gjekk det for Johan Eirik Meland som gjekk ankeretappen for Sogn og Fjordane i klasse 17-21. Med seg på laget hadde han syskena Heidi og Isak Flo Bødal frå Ståheim IL.

Heidi Flo Bødal gjekk første etappe på mixstafetten. Ho måtte ut i to strafferundar på den ståande skytinga. Sogn og Fjordane veksla likevel på ein femteplass berre 31 sek bak teten.

Isak Flo Bødal gjekk andre etappe og kom seg gjennom dei to skytingane utan strafferundar. Oslo og Akershus lag 1 gjekk ein del frå resten av feltet på etappen. Ved siste veksling leia Oslo og Akershus med 26 sek på Nord Østerdal. Oppland følgde like bak, 31 sek etter leiarlaget medan Sogn og Fjordane låg på ein sjetteplass 1 min 1 sek etter teten.

Johan Eirik Meland gjekk siste etappen for Sogn og Fjordane. Også han kom seg gjennom dei to skytingane utan strafferundar. Avstanden opp til teten heldt seg nokså konstant gjennom etappen. Nord Østerdal gjekk ein svært god etappe og gjekk til slutt inn til NM-gull. Oslo og Akershus sikra sølvet 17 sek bak medan Oppland tok bronsen 42 sek etter vinnaren. Sør-Trøndelag følgde på fjerdeplass 53 sek etter vinnarlaget medan Johan Eirik gjekk laget frå Sogn og Fjordane opp ei plassering til 5. plass, 1 min 3 sek etter vinnaren.

I den same klassa gjekk Grunde Breidablik siste etappe for Sogn og Fjordane lag 2 som kom i mål til ein 29. plass. I tillegg til Grunde gjekk Kristin Heggen og Steinar Aaland på Sogn og Fjordane lag 2.

Tidlegare i dag hadde Sogn og Fjordane to lag i aksjon i klasse NM mix 17-18. Georg Kristian Halsteinslid gjekk andre etappe på Sogn og Fjordane 1. På dette laget gjekk også Karoline Erdal og Erlend Solhaug Myklebust. Laget kom på ein 16. plass. Gaute Bø gjekk siste etappe på Sogn og Fjordane 2. Dei andre på laget var Inga Elise Vik og Sindre Kiviranta. Laget kom til slutt på ein 31. plass. NM-gullet gjekk til Oslo og Akershus. Oppland sikra sølvet og Nord Trøndelag tok bronsen.



Ullsheim 9.3.2014:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2014

27 deltakarar på cuprenn nr 3 i klassisk stil

 Vegard Lødøen Flo. Foto: Torstein Breivik

Vegard Lødøen Flo vann klassa for gutar 13-14 år. Foto: Torstein Breivik

 Det tredje cuprennet for sesongen vart endleg avvikla. Rennet gjekk i klassisk stil. I alt 27 deltakarar vart med på skirenn på søndagsettermiddagen.

Best deltaking var der i dei yngste klassane. I alt 11 stilte opp i klassa for jenter 8 år eller yngre. 5 deltok i jenter 9-10 år og 1 deltok i gutar 9-10 år.

I klassane som gjekk på tid, vann Maren Hjelmeset Kirkeeide klasse 11-12 år føre Marthe Gjøvåg Heggestad. Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11-12 år med Elias Lødøen Flo på ein andreplass.

Vegard Lødøen Flo var raskast i klassa 13-14 år. Magnar Lødemel vart nummer to og Magnus Midthjell Gjørven nummer tre.

Klassa for gutar 15-17 år gjekk 5 km. Her vann Aksel Mathias Meland føre Håkon Midthjell Gjørven.

Ingvild Hatledal deltok i klassa for kvinner UH.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor.

Resultatliste for cuprenn 3 klassisk stil Dato 9.3.2014. 

 

Samling i lagshuset. Foto: Torstein Breivik

Marthe Gjøvåg Heggestad, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Jørgen Trøsken samla til bollar i lagshuset etter rennet. Foto: Torstein Breivik

Selma Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Selma Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Brita Svarstad Heggdal. Foto: Torstein Breivik

Kornelia Trøsken, Pål Trøsken og Inger Hjelmeset. Foto:TSN

Kornelia Trøsken, Pål Espen Trøsken og Inger Hjelmeset. Foto: Torstein Breivik

Jørgen Trøsken. Foto: Torstein Breivik

Jørgen Trøsken. Foto: Torstein Breivik

Mari Sofi Meland. Foto: Torstein Breivik

Mari Sofi Meland.

 



Hummelfjell TOS Arena 8.3.2014:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2014

Johan Eirik Meland nr 2 på NC-supersprint

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland tok andreplassen i NC supersprint i dag. Foto: TSN, 2014

 Det vart ny pallplassering til Johan Eirik Meland på supersprinten i dag der han gjekk inn til ein flott andreplass. Supersprinten er ikkje NM øving, men inngår i Norgescupen.

Supersprinten starta med prolog der dei 30 beste kvalifiserte seg til finalen. Johan Eirik gjekk inn til ein stødig 19. plass i prologen og var med det klar for finalen.

Finalen i supersprinten består av fire skytingar med tre ekstra skot på kvar skyting. Johan Eirik var med i teten av finalefeltet heile vegen.

Vemund Ravnsborg Gurigard gjekk etterkvart fram i leiinga. Ut frå siste skyting var differansen ned til nummer to 15 sek. Dette var nok til å sikre sigeren. Ut på sisterunden låg Thomas Berge Foyn på andreplass, Johan Eirik Meland var på tredjeplass 19 sek bak leiaren og Andreas Kvam på fjerdeplass 23 sek bak leiaren. Det vart eit jamnt oppgjer innmot mål der Johan Eirik sikra seg sølvplassen ved å spurtslå Andreas Kvam frå Meldal IL. I mål skilde det berre 6,6 sek frå Johan Eirik og fram til vinnaren Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL. Andreas Kvam frå Meldal tok tredjeplassen berre fire tideler bak Johan Eirik.

I klasse M19 kom Grunde Breidablik på ein 49. plass i prologen og det vart dermed ikkje finale. Han kom seg gjennom med prologen med to fulle hus, men farten i løypa var ikkje god nok til å kvalifisere seg til finalen. Gaute Bø kom heller ikkje til finalen i klasse M17.

I klasse M18 kvalifiserte Georg Kristian Halsteinslid seg til finalen. I finalen vart det to strafferundar etter at alle ekstraskota var brukt opp, på den tredje skytinga. I mål heldt det til ein 28. plass. Differansen opp til klassevinnar Jonas Uglem Mobakken frå Oslo SSL var på 2 min 41.9 sek.

Resultatliste DNB cup 6 Statkraft junior cup 5 supersprint Alle klasser Dato 8.3.2014



Pokljuka 8.3.2014:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2014

23. og 27. plass til Tarjei og Johannes på jaktstarten.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk seg opp nokre plassar på jaktstarten i Pokljuka.

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø forbetre seg nokre plasseringar under verdscupjaktstarten i Pokljuka. Tarjei gjekk seg opp seks plassar frå 29. plass til ein 23. plass. Johannes gjekk seg opp frå 30. plass på sprinten til ein 27. plass i dag. Det vart også i dag litt for mange bom. Tarjei fekk fire rundar medan Johannes totalt fekk fem strafferundar.

Vinnar av jaktstarten vart Anthon Shipulin frå Russland med berre ein strafferunde. Bjørn Ferry frå Sverige tok andreplassen med to rundar medan Ole Einar Bjørndalen sikra norsk tredjeplass, også han med to strafferundar.

I morgon er det klart for fellesstart i Pokljuka.



Ullsheim 9.3.2014:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2014

DET BLIR CUPRENN PÅ SØNDAG 9.MARS

Cuprenn nr 3 vert arrangert søndag 9.mars.

Frammøte: Ullsheim

Stilart: Klassisk

Påmelding: kl. 11.30 - 12.15.

Fyrste start (8 år og yngre): Kl. 12.30.

Starttidspunkt for 9 år og eldre): ca. klokka 13.00.

Det blir enkeltstart/intervallstart for alle klassane.

Info om rennet:

Dei yngste (8 år og yngre) går ei løype på omlag 800m Ullsheim.

Klassane 9 år og eldre har start litt ovanfor Turrhaugen. (Ein kan bruke turen opp dit som oppvarming). Her blir det laga til ei løype på 2 km og ei løype på 5 km.

Saft, bollar og frukt vert servert i kafeen på Ullsheim etter at løpet er ferdig.

(Funksjonærane får beskjed pr telefon)

Håpar det er mange som vil nytte søndagen til deltaking i cuprennet!

- Skigruppa -



Ullsheim 9.3.2014:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2014

DET BLIR CUPRENN PÅ SØNDAG 9.MARS

Cuprenn nr 3 vert arrangert søndag 9.mars.

Frammøte: Ullsheim

Stilart: Klassisk

Påmelding: kl. 11.30 - 12.15.

Fyrste start (8 år og yngre): Kl. 12.30.

Starttidspunkt for 9 år og eldre): ca. klokka 13.00.

Det blir enkeltstart/intervallstart for alle klassane.

Info om rennet:

Dei yngste (8 år og yngre) går ei løype på omlag 800m Ullsheim.

Klassane 9 år og eldre har start litt ovanfor Turrhaugen. (Ein kan bruke turen opp dit som oppvarming). Her blir det laga til ei løype på 2 km og ei løype på 5 km.

Saft, bollar og frukt vert servert i kafeen på Ullsheim etter at løpet er ferdig.

(Funksjonærane får beskjed pr telefon)

Håpar det er mange som vil nytte søndagen til deltaking i cuprennet!

- Skigruppa -



Hummelfjell TOS Arena 7.3.2014:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2014

NM-bronse til Johan Eirik Meland på fellesstarten!

Tommy Grøtte, Anders Trønsdal Lyngstad og Johan Eirik Meland. Foto: Os IL

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til NM-bronse på fellesstarten. Her saman med gullvinnar Tommy Grøtte og sølvvinnar Anders Trønsdal Lyngstad. Foto: Os IL

Det vart ein fin start på NM-helga for Markane IL og Johan Eirik Meland. I klasse M20-21 gjekk han seg inn til bronsemedalje.

Med to feilfrie liggjande seriar var Johan Eirik med i teten heilt frå start. Inn til tredje skyting var det Johan Eirik som leia fellesstarten, men på den første ståande skytinga kom det to strafferundar. Fleire av konkurrentane skaut også på seg ein og to rundar. Dermed var det framleis mogleg å hevde seg i toppen med ein god siste serie. Inntil den siste skytinga låg Johan Eirik på ein sjuandeplass. Differansen fram til leiaren på dette tidspunktet var på 50 sek, men det skilde berre 7  sek opptil pallen. Johan Eirik skaut fem treff så siste ståande og dermed var det gode sjanser om å sikre pallplassen.

Tommy Grøtte frå Trondhjems Skiskyttere tok gullet på fellesstarten. Han var i mål etter 36 min 23.7 sek med tre strafferundar. Sølvet gjekk til Anders Trønsdal Lyngstad frå Inderøy. Han var 12.1 sek bak med berre ein str afferunde. Johan Eirik Meland sikra seg NM-bronsen berre 15 sek etter vinnaren med to strafferundar.

På ettermiddagen vart det sterk vind og vanskelege forhold. Det vart mange bom for dei fleste. Markane-løparane i dei yngre klassane fekk ein tung dag på standplass og plasserte seg dermed litt ned på listene.

I klasse M19 vart Grunde Breidablik nummer 45 etter å ha skote på seg totalt 16 strafferundar. NM-vinnar vart Lars Aasheim Svaland frå Birkenes IL med åtte strafferundar. Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL sikra sølvet 3.2 sek bak vinnaren. Han hadde sju strafferundar. Bronsen gjekk til Sondre Bollum frå Gjøvik IL som var 16.6 sek etter gullvinnaren med totalt ni strafferundar.

I klasse M18 vart Georg Kristian Halsteinslid nr 48 med totalt 15 strafferundar. Han var med det 7 min 17 sek bak gullvinnaren på fellesstarten Even Nordbø frå Fyresdal SSL som kom seg gjennom dei fire skytingane med ni strafferundar. Sølvet gjekk til Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL. Han var 2.4 sek etter vinnaren med ti rundar. Bronsen gjekk til Hogne Findal Skar frå Sannidal IL 7.2 sek bak vinnaren med totalt fem strafferundar.

Gaute Bø braut løpet i klasse M17 etter fjerde skyting. Klassevinnar vart Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval Skilag.

På grunn av vindforholda vart klasse K17 og K18 utsett på grunn av forholda. Tidlegare på dag kom Mari Sollid Eide frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord på ein fin 5. plass i klasse K19. Kristin Bugge Lyche frå Bærum Skiklub vann klassa.

Resultatliste NM/NC Fellesstart. Alle klasser. Hummelfjell Arena TOS 7.3.2014.

Vi gratulerer Johan Eirik med NM-bronse!



Presque Isle 7.3.2014:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2014

4. plass til Norge på stafetten i junior-VM

Jarle Midthjell Gjørven gjekk tredje etappe. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god etappe for Norge på stafetten i junior-VM og veksla på ein andreplass. Til slutt måtte Norge likevel nøye seg med 4. plassen. Arkivfoto: TSN

 Det norske laget med Martin Femsteinevik, Håkon Svaland, Jarle Midthjell Gjørven og Tore Leren låg an til medalje heilt inn til den siste ståandeskytinga, men enda til slutt på ein 4. plass.

Martin Femsteinevik gjekk første etappe for det norske laget. Han var med heilt i teten gjennom heile etappen. På den første skytinga måtte det til eit ekstraskot og på den andre skytinga to ekstraskot for å få ned blinkane. Tyskland og Norge bytte på å leie og ved veksling låg det norske laget på ein andreplass berre 3.9 sek etter Tyskland. Kazakhstan følgde på tredjeplass 18 sekund bak.

Håkon Svaland gjekk andre etappe. Han måtte bruke alle tre ekstraskota på den liggjande skytinga, men held likevel andreplassen 12.9 sek bak Tyskland. På den ståande skytinga kom det ein strafferunde både for Norge og Tyskland. Frankrike overtok leiinga medan Tyskland gjekk ut på andreplass 12.7 sek bak og Norge på tredjeplass 18.6 sek bak. Innmot veksling gjekk Norge forbi Tyskland og Jarle gjekk ut på sin tredje etappe berre 5 sek etter Frankrike. Tyskland på tredje var 13 sek etter Frankrike.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god tredje etappe. Han kom seg gjennom liggjande skyting med berre eit ekstraskot. Tyskland hadde overteke leiinga med Norge hakk i hel, 6.5 sek bak. Frankrike følgde på tredjeplass 21 sek bak. På den ståande skytinga måtte Jarle bruke to ekstraskot, men også dei næraste konkurrentane måtte til med ekstraskot for å få ned blinkane. Tyskland og Norge gjekk frå Frankrike i sporet. Inn til siste veksling leia Tyskland med 13.8 sek til Norge. Russland hadde overteke tredjeplassen, men var heile 1 min 1 sek bak. Frankrike følgde på fjerde 1 min 3 sek etter leiaren.

På den siste etappen gjekk Tore Leren for Norge. Både Norge og Tyskland skaut feilfritt på liggjande. Tyskland gjekk ut frå liggjande skyting 20 sek føre Norge. Frankrike og Russland var 1 min 19 sek bak. På den siste ståande skytinga gjekk det gale for det norske laget. Etter tre ekstraskot stod det framleis tre blinkar att. Dermed vart det tre strafferundar og både Frankrike og Russland passerte Norge. Ut frå siste skyting skilde det 28 sek frå Norge og fram til ein pallplass. Det vart for mykje.

Tyskland sikra VM-gullet 52.5 sek føre Frankrike på sølvplass. Russland kom på bronseplass 1 min 1 sek etter vinnaren. Norge vart nummer 4. Differansen fram til vinnarlaget vart til slutt 1 min 45 sek.

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle stafett menn Dato 7.3.2014.



Presque Isle 5.3.2014:

Postet av Markane IL den 6. Mar 2014


14.plass til Jarle Midthjell Gjørven på normalen i jr.VM

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN
Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 14 på 15 km normaldistanse i junior-VM. Foto: TSN
 
 Jarle Midthjell Gjørven kom på 14. plass under normaldistansen i junior-VM. Totalt vart det tre tilleggsminutt i løpet av dei fire skyteseriane. Det kom ein bom på den første skytinga og i tillegg ein bom på kvar av dei to siste seriane. I mål var Jarle 3 min 28 sek etter Tore Leren som sørga for norsk siger på distansen. Han var i mål etter 42 min 29 sek med to tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Aristide Begue frå Frankrike. Han var berre 1 sek etter vinnaren med fire feilfrie seriar. Dany Chavoutier frå Frankrike sikra bronsen 43.9 sek bak vinnaren.
 
Dei øvrige norske plasserte seg slik: Martin Femsteinevik vart nr 5 med eitt tilleggsminutt og Håkon Livik vart nr 32 med 7 tilleggsminutt.
 
Junior-VM vert avslutta fredag med stafett.
 
 


Pokljuka 6.3.2014:

Postet av Markane IL den 6. Mar 2014

Tung verdscupsprint for Tarjei og Johannes

JohannesThingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: NRK

Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø hadde ein topp dag i Pokljuka. Arkivfoto: NRK

Det vart ingen topp dag verken for Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø på sprinten i Pokljuka, Slovenia. Tarjei vart til slutt nummer 29 og var 1 min 44.4 sek bak vinnaren med ein bom medan Johannes kom i mål tre tidelssekund etter Tarjei på 30. plass med to bom. Spesielt Tarjei fekk vanskelege tilhøve i løypa frå sitt startnummer 71. Sola hadde teke hardt på snøen så det var blaute forhold og i tillegg aukande vind på standplass. Både Johannes og Tarjei var omlag halvanna minutt etter beste langrennstid som i dag tilhøyrde Martin Fourcade.

Sprinten vart vunnen av svenske Bjørn Ferry. Han  hadde ein strafferunde, men var likevel 1.5 sek føre Anthon Shipulin frå Russland som skaut feilfritt. Arnd Pfeiffer frå Tyskland sikra tredjeplassen, 2.7 sek bak vinnaren. Best av dei norske vart Ole Einar Bjørndalen som ein strafferunde, tok ein sjetteplass.

Nye sjansar for Tarjei og Johannes kjem alt på laurdag. Då er det klart for jaktstart.



Cupen 2014:

Postet av Markane IL den 3. Mar 2014

Cuprenna vert utsette!

Det er heller ikkje denne veka tilhøve på Ullsheim som gjer det mogleg å arrangere cuprenn. Cupen er dermed inntil vidare sett på vent.

Vi satsar på å få avvikla tre renn til i løpet av sesongen i denne rekkefølgja: Renn nr 3 klassisk langrenn, renn nr 4 omvendt jaktstart i klassisk stil og renn nr 5 skicross.

Dei som var oppsette til å vere funksjonærar på renn 2 som vart avlyst, vert sette opp som funksjonærar på renn 3 klassisk langrenn. For renn 4 og 5 vert utsendt funksjonærliste ståande.

Det blir lagt ut beskjed så snart det er klart kva tid det er mogleg å arrangere cup igjen.



Ullsheim 15.-16.2014:

Postet av Markane IL den 3. Mar 2014

Bendit Skiskytterfestival Markane 2014 er avlyst

-vert sett opp seinare med rulleskiskyting/terrengløp.

Bendit Skiskytterfestival

Bendit Skiskytterfestival Markane som skulle arrangerast 15.-16. mars, er avlyst på grunn av snømangel på Ullsheim.

Landsdelsmeisterskapen i skiskyting vert flytta til Vik. Datoane er framleis 15.-16. mars. LM er siste sjanse for Region vest løparane til å kvalifisere seg til Statkraft Young Star Holmenkollen.

Bendit Skiskytterfestival Markane vert sett opp att seinare med rulleskiskyting og terrengløp. Datoane er ikkje bestemt enno. Detaljar om dette arrangementet kjem seinare.

 



Gåsebu 2.3.2014:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2014

7.plass til Sogn og Fjordane I på stafetten i G15-16

Sogn og Fjordane lag 1. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk tredje etappe på Sogn og Fjordane I som var nummer 7 på stafetten på HL. Frå venstre: Jonas Skjeldestad Hove, Sedrik Engebø Ullebø, Aksel Mathias Meland og Jon Rolf Skamo Hope. Foto: TSN

På Hovudlandrennet sin siste dag var det klart for stafettar. Aksel Mathias Meland gjekk tredje etappe på Sogn og Fjordane 1 som til slutt vart nummer 7. Odd Sindre Tonning gjekk siste etappe på Sogn og Fjordane 2 som kom på 43.plass. Totalt deltok 145 lag i stafetten for G15-16. Dermed sikra også andrelaget til Sogn og Fjordane seg ein premieplass.

På Sogn og Fjordane 1 gjekk Jonas Skjeldestad Hove frå Sogndal IL, Sedrik Engebø Ullebø frå Førde IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL og Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL.

Jonas Skjeldestad Hove gjekk første etappe. Ved veksling låg Sogn og Fjordane 1 på ein 22. plass, men det skilde berre 34 sekund fram til leiarlaget. Sedrik Engebø Ullebø hadde beste etappetid på den andre etappen og gjekk laget opp til ein 10.plass, 23 sekund bak teten.

På tredje etappe gjekk Aksel Mathias Meland Sogn og Fjordane opp til ein 8. plass. Dei tre fremste laga gjekk svært godt på denne etappen og skaffa seg ei luke til resten av feltet som heldt heilt til mål. Ved siste veksling skilde det 53 sekund frå Aksel til teten. Jon Rolf Skamo Hope gjekk siste etappe for Sogn og Fjordane. Han gjekk laget fram endå ein plass til ein flott 7. plass. Differansen fram til vinnarlaget frå Akershus vart til slutt på 1 min 3 sek. Akershus var i mål på dei 4x5 kilometerane etter 54:53,6. Sølvet gjekk til Buskerud som var 9,6 sek bak i mål. Sør Trøndelag sikra bronsen, 18.1 sek etter vinnaren.

Også Sogn og Fjordane 2 kan vere fornøgde med innsatsen etter å ha gått seg inn til premieplass. Til slutt vart det ein 43. plass av totalt 145 lag. Avstanden fram til vinnaren vart på 5 min 6 sek. På andrelaget gjekk Andreas Hetle få Breimsbygda IL, Vegard Aafedt Bukve frå Jotun IL, Brage Burø Sunde frå Førde IL og Odd Sindre Tonning frå Markane IL.

Resultatliste Hovudlandsrennet Vang stafett G15-16 Dato 2.3.2014

Sogn og Fjordane lag 2. Foto: Odd Kjetil Tonning

Sogn og Fjordane lag 2 får utdelt velfortente premiar for innsatsen. Frå venstre: Odd Sindre Tonning, Brage Burø Sunde, Vegard Aafedt Bukve og Andreas Hetle. Foto: Odd-Kjetil Tonning

 


Voss 2.3.2014:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Oskar Guddal Breivik klassevinnarar på Voss

 Sigurd, Oskar og Simon. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn vart nummer tre i klasse G12, Oskar Guddal Breivik vann klasse G12 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G14. Foto: Torstein Breivik

På dag 2 på Voss var det klart for fellesstart for klassane frå 13 år og oppover medan dei yngste gjekk sprint. Også i dag var åtte deltakarar frå Markane på startstreken.

I klasse G12 hamna begge våre på pallen. Oskar Guddal Breivik tok også i dag klassesigeren. Med berre ein strafferunde vann han klart. Han var 1 min 23 sek føre Eirik Hjartnes frå Hålandsdal som hadde to bom. Sigurd Fotland Fænn følgde like bak på tredjeplass. Han var  1 min 40 sek etter Oskar med fire rundar.

Også i klasse G14 gjekk klassesigeren til ein frå MIL, Simon Hjelmeset Kirkeeide heldt god fart i sporet og vann klassa sjølv om det vart totalt seks strafferundar. Næraste konkurrent Kjerand Kvelvane får Voss SSL følgde 39 sek bak med totalt fem rundar.

I klassa for gutar 15 år kom Magnus Arntsen på ein femteplass. Også han fekk totalt seks rundar på fellesstarten. Differansen opptil vinnaren var på 2 min 53 sek. Klassevinnar vart også i dag Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL. Med berre ein runde vann han klassa ganske suverent med heile 1 min 54 sek differanse til andremann.

I klassa for gutar 16 år vart det same rekkefølgje i dag som i går. Sigeren gjekk igjen til Matias Lote Henden frå Stårheim IL som gjekk raskt og berre skaut ein bom. Markarane plasserte seg på rekkje og rad. Andreas Halsteinslid vart nummer fire. Han var 1 min 23 sek etter vinnaren med totalt tre strafferundar. Håkon Midthjell Gjørven følgde på femteplass. Det vart totalt fem strafferundar, men med god fart i løypa var han likevel berre 1 min 37 sek bak vinnaren. Grim Nygård kom på sjetteplass berre fem sekund etter Håkon med totalt fire strafferundar.

I klasse M18 kom Georg Kristian Halsteinslid på ein tredjeplass. Totalt vart det i dag fem bom på dei fire skytingane på fellesstarten. I mål var Georg 32 sek bak vinnaren Endre Wold frå Vik IL. Arild Fosse frå Voss tok andreplassen 19 sek bak vinnaren.

Resultatliste for Sport 1 cup nr 9 Fellesstart skiskyting Voss 2.3.2014.pdf

Pallen i klasse G14. Foto: Torstein Breivik

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G14. Her på pallen saman med Kjerand Kvelvane frå Voss IL og Håvard Heie Bjørndal frå Hålandsdal. Foto: Torstein Breivik

 

Oskar Guddal Breivik, Monica Halsteinslid og Alf-Ole Arntsen. Foto: Torstein Breivik

Klassevinnar i G12 Oskar Guddal Breivik saman med Monica V. Halsteinslid og Alf-Ole Arntsen. Foto: Torstein Breivik

Sigbjørn Fænn og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Sigbjørn Fænn og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik vel i mål. Foto: Torstein Breivik

Alf-Ole Arntsen, Magnus Arntsen og Sigbjørn Fænn. Foto: Torstein Breivik

Alf-Ole Arntsen, Magnus Arntsen og Sigbjørn Fænn. Foto: Torstein Breivik

Startfeltet klasse J/G 13 og 14. Foto: Torstein Breivik

Startfeltet i klasse J13, J14, G13 og G14. Foto: Torstein Breivik

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Dagens klassevinnarar frå MIL: Simon Hjelmeset Kirkeeide og Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Pallen i G12. Foto: Torstein Breivik

Pallen i G12: Nr 1 Oskar Guddal Breivik frå Markane IL, nr 2 Eirik Hjartnes frå Hålandsdal, nr 3 Sigurd Fotland Fænn frå Markane IL, nr 4 Erling Finden frå Vik IL, nr 5 Anders Aalvik Stranden frå Kvam,nr 6 Morten Aalvik Kvåle frå Kvam, nr 7 Øyvind Henanger Halvorsen frå Hålandsdal og Tore Jordal frå Odda IL. Foto: Torstein Breivik

Sigurd, Sigbjørn, Oskar og Simon. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn, Sigbjørn Fænn, Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Torstein Breivik

Pallen i klasse G14. Foto: Torstein Breivik

Pallen i klasse G14: nr 1 Simon Hjelmeset Kirkeeide, nr 2 Kjerald Kvelvane frå Voss, nr 3 Håvard Heie Bjørndal frå Hålandsdal, nr 4 Erlend Solvang frå Hålandsdal. Foto: Torstein Breivik

 



Presque Isle 2.3.2014:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2014

Bronse til Jarle Midthjell Gjørven på jaktstarten i jr. VM!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp til bronse på jaktstarten i junior-VM. Arkivfoto: TSN

Jarle Midthjll Gjørven gjekk ut på dagens jaktstart som nummer ni, 53 sek etter gårsdagens vinnar Alexander Povarnitsyn. Jarle gjekk seg jamnt oppover feltet gjennom heile løpet. Sjølv om det vart ein strafferunde på den første serien, gjekk han ut på andrerunden som nummer sju. Han var på dette tidspunktet 58.9 sek etter Fabien Claude frå Frankrike som skaut feilfritt og gjekk fram i leiinga.

På den andre liggjande skytinga skaut Jarle feilfritt og avanserte med det endå ein plass i feltet til ein sjetteplass. Han kappa også inn på teten. Han var no 50 sek etter leiaren Fabien Claude og berre vel 30 sek bak ein pallplass.

På tredje skyting kom det nok ein bom, men sidan berre ein av dei seks fremste skaut feilfritt på denne serien avanserte Jarle no opp på ein femteplass. På den siste skytinga skaut Jarle nok ein perfekt serie og gjekk dermed ut på sisterunden som nummer fire. Differansen fram til Michael Dorfer frå Tyskland som på dette tidspunktet låg på tredjeplass, var berre tre sekund. Halvvegs i sisterunden var det framleis jamn kamp om pallplassen, men inn mot mål slo Jarle til og sikra bronsen med 12 sek margin.

Vinnar av jaktstarten vart Fabien Claude frå Frankrike. Alexander Povarnitsyn frå Russland kom på andreplass, 10.9 sek etter vinnaren. Jarle sikra VM-bronsen då han kom i mål berre 23.8 sek etter Claude. Fjerdeplassen gjekk til Michael Dorfer frå Tyskland, 35,2 sek bak. Nest beste norske vart Tore Leren på ein femteplass, 48.3 sek etter vinnaren med totalt seks rundar.

Dei andre norske plasseringane: Martin Femsteinevik nr 1 og Sondre Kvikne Dotterud nr 28.

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle jaktstart menn Dato: 2.3.2014

Vi gratulerer med VM-bronse!



Gåsbu 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2014

Flott innsats på sprinten i HL2014!

-Aksel Mathias Meland nr 7 i klasse G15

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vart nr 7 på fri teknikk sprint under HL 2014. Foto: TSN (frå gårsdagens klassiskrenn)

 Både Aksel Mathias Meland og Odd Sindre Tonning gjekk inn til plasseringar i toppen av sine klasser under sprinten i fri teknikk på HL2014. Aksel Mathias Meland kom heilt til semifinalen og vart nummer 7 av 335 deltakarar i G15. Også Odd Sindre Tonning gjekk eit godt løp og vart nummer 99 i klasse G16 på prologen.

I klasse G15 gjekk Aksel Mathias Meland lett vidare frå prologen med nest best tid. Han var gjennom prologen på 2 min 9 sek. Berre hundredeler skilde opp til Bjørnar Stensrud Tyribakken frå Nesbyen IL som var raskast i prologen. I kvartfinalen kom Aksel på tredjeplass i sitt heat og var med det kvalifisert til semifinalen. Alle dei tre som kvalifiserte seg til finalen, var innanfor ein tidsdifferanse på berre ein hundredel.

I semifinalen hadde ikkje Aksel hundredelane på si side. Det vart ein fjerdeplass i heatet berre to hundredeler bak tredjeplassen som hadde gjeve finalebillett. Dermed blei det 7. plass til Aksel i dag ei flott plassering i ei klasse med 335 deltakarar. Vinnar av sprinten for G15 vart Bjørnar Stensrud Tyribakken frå Nesbyen IL. Vinnartida i finalen vart 7:22:03. Andreplassen gjekk til Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL, to hundredeler bak vinnaren medan Kristoffer Ramsberg frå Kolbukameratane tok tredjeplassen, tre hundredeler etter vinnaren.

I klasse G16 gjekk sprintsigeren til Magnus Bøe frå Fossum IF med tida 7:31:58. På andreplass og berre to hundredel bak, følgde Johannes Bjertnes frå Jevnaker Idrettsforening ski. Tredjeplassen gjekk til Sedrik Engebø Ullebø frå Førde IL. Han hadde same tid som andreplassen, men vart dømd bak i mål.

Det var utruleg jamnt på dagens sprint. Frå Odd Sindre Tonning sin 99.plass i prologen og opp til 30.plassen som kvalifiserte til deltaking i finaleunden skilde det under 7 sekund. For dei som ikkje gjekk til finalerunden på sprinten var det klart for langrennscross seinare i dag. Odd Sindre gjekk her inn til ein 27. plass av dei 184 som deltok i crossen i klassa G16. Han var berre 18 sekund etter den kjappaste i crossløypa, Ole Haldor Ensrud frå Trøsken IL som vann på 3 min 58 sek. Han var to sekund før Ole Marius Kirkeng frå Ros IL på andreplass. Gaute Lund frå Vinne Skilag og Axel Østby frå Heming IL delte tredjeplassen, fire sekund bak vinnaren. Om nokon ønskjer å sjå korleis årets crossløype var laga, så ligg det video utlagt her.

 Resultatliste for Hovudlandsrennet sprint friteknikk Klasse G15 Dato 1.3.2014.pdf

Resultatliste for Hovudlandsrennet sprint friteknikk Klasse G16 Dato 1.3.2014.pdf

Resultat Hovudlandsrennet langrennscross G16 Dato 1.3.2014.pdf

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning vart nummer 99 i klasse G16. Foto: TSN



Voss 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2014

God deltaking frå Markane på skiskyttarrenn på Voss 

Georg Kristian Halsteinslid vann G18 og fekk diamanten. Foto: Torstein Breivik 

Georg Kristian Halsteinslid vann klasse M18 og fekk diamanten for feilfri skyting. Her saman med dei andre diamantvinnarane. Foto: Torstein Breivik

 Det er ikkje så mykje snø å finne i Nordfjord for tida. Dermed reiste ein god gjeng frå Markane og Stårheim til Voss for å gå skiskyttarrenn denne helga. I alt åtte løparar frå Markane IL deltok på dagens sprint.

 I klasse G12 vart det klar klassesiger til Oskar Guddal Breivik. Sjølv om det vart fire bom, var han likevel 57 sek føre Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen som vart nummer to. Sigurd Fotland Fænn vart nummer fem i same klassa med totalt sju strafferundar. Han var 2 min 1 sek etter vinnaren.

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein 6. plass i G14. Sjølv om det vart ni bom på standplass i dag, var han berre 1 min 53 sek etter klassevinnaren Erlend Solvang frå Hålandsdal IL.

I klasse G16 plassert deltakarane frå Markane seg på rekke og rad. Andreas Halsteinslid vart nummer fire (40 sek bak med to bom), Håkon Midthjell Gjørven nummer fem (44 sek bak med tre bom) og Grim Nygård nummer seks (59 sek bak med to bom). Klassevinnar vart Matias Lote Henden frå Stårheim IL med tre bom. Magnus Arntsen kom på femteplass i klasse G15. Han var 1 min 44 sek bak klassevinnaren Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL. Begge fekk fem strafferundar under dagens løp.

Best resultat av våre i dag fekk Georg Kristian Halsteinslid som vann klasse M18 med feilfri skyting. Han var dermed ein av sju løparar som blei tildelt diamanten. Espen Segrov Nes frå Fana tok andreplassen i klassa, 7 sek bak med ein bom. Tredjeplassen gjekk til Arild Fosse frå Voss IL.

I morgon er det klart for fellesstart for klassane frå 13 og oppover. For dei yngste klassane er det eit nytt sprintløp. Dermed blir det nye sjansar til å treffe endå fleire blinkar og gå endå fortare i løypa.

Komplett resultatliste frå dagens løp nedanfor:

Resultatliste Sport 1 cup 8 Voss skiskyting sprint 1.mars 2014.

Oskar Guddal Breivik vinnar av G12.  Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik vann klasse G12. Her på pallen saman med Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen IL og Anders Aalvik Stranden frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb. Foto: Torstein Breivik

Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven og Grim Nygård. Foto: Torstein Breivik

Markane sine deltakarar i klasse G16: Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven og Grim Nygård. Foto: Torstein Breivik

Georg på pallen. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinlid på toppen av pallen i M18. På andreplassen Espen Segrov Nes frå Fana IL. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik på toppen av pallen i G12. foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik frå Markane IL på pallen saman med nr 2 Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen IL og nr 3 Anders Aalvik Stranden frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb. Nr 4 Erling Finden frå Vik IL. Nr 5 Sigurd Foland Fænn, Markane IL. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Sigurd, Simon, Oskar og Grim. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Grim Nygård ved biljardbordet. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinslid. Foto: Torstein Breivik

Klassevinnar Georg Kristian Halsteinslid i målområdet

Alf-Ole Arntsen. Foto: Torstein Breivik

Alf-Ole Arntsen ved standplassen. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinslid. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinslid i løypa. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Deltakarane frå Markane i klasse G12: Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik

Torstein Breivik og Sigurd Fotland Fænn var dei einaste som bada...

Gjengen frå Markane og Stårheim på Peppes pizza. Foto: Torstein Breivik



Presque Isle 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2014

Jarle Midthjell Gjørven på 9.plass på sprinten i jr.VM

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven innleia junior-VM med ein 9.plass. Arkivfoto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven innleia junior-VM i Presque Isle med ein flott 9. plass. Han var med dette den nestbeste norske løparen i dag.

Jarle starta med ein feilfri serie på den liggjande skytinga og var med dette med heilt framme i teten. Ut på den andre runden låg han åtte sekund etter leiaren på dette tidspunkt. På veg inn til den andre skytinga var Jarle heilt oppe på ein femteplass, men på den ståande skytinga kom det eit bomskot. Dermed var det ein tur i strafferunden.

I mål heldt det til ein fin 9. plass for Jarle. Det skilde 53,2 sek fram til dagens vinnar, Alexander Povarnitsyn frå Russland som også hadde ein runde. Beste norske i dag vart Tore Leren som skaut feilfritt og gjekk inn til sølvmedalje, 13.4 sek bak vinnaren. Eduard Latypov frå Russland tok bronsen, 16.2 sek etter vinnaren.

Dei andre norske plasserte seg slik: Martin Femsteinevik nr 11 (0-1) og Sondre Kvikne Dotterud nr 38 (1-2)

Junior-VM held fram i morgon 2.mars med jaktstart.

 Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle sprint menn 1.3.2014



Gåsbu 28.2.2014:

Postet av Markane IL den 28. Feb 2014

54. plass til Aksel Meland i klassisk langrenn under HL2014

Aksel Mathias Meland vel i mål til 54. plass. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vel i mål til ein god 54. plass under HL langrenn på Vang. Foto: TSN

Det vart ikkje Hovudlandrenn på Ullsheim i år på grunn av snømangel, men i dag er arrangement godt i gang hjå sin nye arrangør Vang IL.

To av Markane IL sine løparar, Aksel Mathias Meland og Odd Sindre Tonning,  har teke turen til Vang. Første distanse var klassisk langrenn. J15, J16 og G15 gjekk 5 km medan G16 gjekk 7,5 km.

Best av våre vart Aksel Mathias Meland som kom på ein god 54. plass i den aller største klassa. Heile 341 deltakarar stilte til start i klasse G15. I den store klassa var det Daniel Kaale Svela frå Gjesdal IL som gjekk heilt til topps. Han brukte 13 min 57,1 sek på dei fem kilometerane og var 3,4 sek føre Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL. Tredjeplassen gjekk til Sondre Torp Hynne frå Henning IL som var 12 sek bak klassevinnaren. Frå Aksel og fram til vinnaren skilde det i dag 1 min 22,8sek.

I klasse G16 plasserte Odd Sindre Tonning seg midt i feltet med ein 207 plass. Han var 3 min 55 sek bak klassevinnaren som vart Petter Bergmann frå Konnerud IL. Vinnaren var i mål etter Frå vinnaren skilde det 12.9 sek ned til nummer to, Sedrik Engebø Ullebø frå Førde IL. Vebjørn Heggdal frå Larvik Ski/Team 2022 følgde på tredjeplass, 14.5 sek bak vinnaren.

Hovudlandrennet held fram i morgon med sprint på programmet.

Resultatliste HL langrenn klassisk G15 Dato 28.2.2014. 

Resultatliste HL langrenn klassisk G16 Dato 28.2.2014.

Odd Sindre Tonning i løypa. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning i fint driv i HL-løypa. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland i fin stil. Foto. TSN

Odd Sindre Tonning vel i mål. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning vel i mål etter løpet. Foto: TSN



Skei 21.-23. mars:

Postet av Markane IL den 24. Feb 2014

INNBYDING TIL LEIARKURS FOR UNGDOM

 Ann Kristin Grodås.

Det vert leiarkurs for idrettsungdom på Skei hotell 21.-23. mars.

Tema på kurset vert blant anna: teambuilding og sjølvtillit, ungdom i sentrum, idrettens organisasjon, leiing og leiarrolla, kommunikasjon og retorikk.

Etter kurset skal ungdommane ha praksis i kvar sine organisasjonar. Det vert oppfølgingssamling etter fire månader.

Målgruppe: Idrettsungdom mellom 13-19 år.

Kurshaldarar: Ann Kristin Grodås og Synne Aafedt Liljedahl

Eigenandel: 1000kr (klubb/organisasjon)

Påmeldingsfrist: 28. februar

Påmelding til Ann Kristin Grodås på e-post: grodaas@blisunn.no eller tlf 414 57 553.

Invitasjon leiarkurs for ungdom 2014

NIF og jentedriven idrettsaktivitet



Cupen 2014:

Postet av Markane IL den 23. Feb 2014

Cuprennet tysdag 25. februar er AVLYST!

Det tidlegare utsette cuprennet var planlagt sett opp no på tysdag 25. februar. På grunn av alt regnet som har kome i helga, vert ikkje dette noko av.

Vi satsar på renn neste veke, tysdag 4. mars. Dette vert då "vanleg" renn i klassisk stil medan den omvendte jaktstarten vert utsett til seinare.



Orkdal 23.2.2014:

Postet av Markane IL den 23. Feb 2014

Grim Nygård vinnar av fellesstarten

Grim Nygård vann fellesstarten i HL. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård vann fellesstarten under HL skiskyting 2014. Foto: John Roger Meland (KM Vik)

På den siste dagen under HL skiskyting i Orkdal var det klart for stafettar og fellesstartar. Markane hadde to løparar til start på fellesstarten for klasse G16, Grim Nygård og Odd Sindre Tonning.

Grim Nygård leia fellesstarten frå start til mål. Han skaut feilfritt på den første serien og kom seg også gjennom den andre med berre ein bom. Også dagens andremann på fellesstarten, Asle Lyngroth Tønnesen frå Froland IL, klarte seg gjennom dei ti skota med berre ein bom. Grim gjekk raskast av dei to i sporet og i mål skilde det 42 sek ned til andreplassen. Eirik Jonskås frå Drangedal tok tredjeplassen. Han fekk totalt to strafferundar og var 44 sek bak Grim i mål.

Også Odd Sindre Tonning gjekk eit godt løp og kom på fjerdeplass. Han var 1 min 7 sek etter vinnaren i mål. Det skilde dermed berre 23 sek opp til tredjeplassen sjølv om det vart tre strafferundar på kvar av skytingane i dag.

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal-Fellesstart Dato 23.2.2014

Pallen på fellesstarten i klasse G16. Foto: TSN

Pallen for fellesstarten i klasse G16: 1. Grim Nygård, 2. Asle Lyngroth Tønnesen, 3. Eirik Jonskås, 4. Odd-Sindre Tonning. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 



Orkdal 23.2.2014:

Postet av Markane IL den 23. Feb 2014

5.plass til Sogn og Fjordane på stafetten for G15/16

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven gjekk første etappe på Sogn og Fjordane sitt stafettlag i klasse G15-16. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Sogn og Fjordane sitt stafettlag i klasse G15-16 år gjekk seg inn til 4. plass under HL skiskyting i dag. På laget gjekk tre frå Markane og ein frå Stårheim: Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Matias Lote Henden frå Stårheim IL og Aksel Mathias Meland. 

 Sogn og Fjordane sitt lag var med i teten gjennom heile løpet. Håkon Midthjell Gjørven gjekk første etappe. Han skaut feilfritt og veksla på ein niande plass. Feltet var svært tett og det skilde berre 34 sek opp til leiarlaget.

Andreas Halsteinslid gjekk andreetappe. Han kom seg også gjennom etappen utan strafferundar og gjekk Sogn og Fjordane fram til ein femteplass. Differansen fram til Oslo og Akershus som leia var på 57 sek medan det skilde 45 sek opp til Nord-Trøndelag og Nord Østerdal som låg på delt andreplass.

Matias Lote Henden som gjekk den tredje etappen, forsvarte femteplassen. Også han kom seg gjennom dei to skytingane utan strafferundar. Oslo og Akershus leia no ganske klart med 44 sek differanse til Nord Østerdal. Frå Sogn og Fjordane og opp til tredjeplassen var det om lag 30 sek.

Aksel Meland gjekk den siste etappen for Sogn og Fjordane. Sjølv om det vart ein strafferunde på første skyting, heldt han likevel laget si plassering og gjekk inn til ein fin femteplass. Oslo og Akershus vann stafetten. Dei var 1 min 22 sek føre Nord-Østerdal på andreplass og 1 min 47 sek føre laget frå Buskerud  på tredjeplass. Sogn og Fjordane var 2 min 31 sek bak vinnaren på sine femteplass.

 Telemark og Vestfold hadde fått registrert eitt minutt for dårleg tid i mål på dei første "live"-resultatlistene. Dermed vart Sogn og Fjordane si plassering justert til femteplass då dei offisielle listene kom.

Markane IL hadde også ein løpar med på Sogn og Fjordane sitt lag i klasse G15. Magnus Arntsen gjekk den andre etappen på dette laget. Dei andre på 15-års laget var Johan Olav Smørdal Botn, Sivert Myrold og Vegard Skrede. Også dette laget gjorde ein fin innsats i stafetten og kom til slutt på ein 11. plass av totalt 26 lag.

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal Stafett-G-15 Dato 23.2.2014

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal Stafett-G-15-16-år Dato 23.2.2014

Stafettlaget til Sogn og Fjordane G15-16. Foto: TSN

5. plass til Sogn og Fjordane sitt lag i G15-16. Frå venstre: Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Matias Lote Henden og Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

 

 

Sogn og Fjordane sitt lag i klasse G15. Foto: TSN

Sogn og Fjordane sitt lag i G15 kom på 11. plass.

Vegard Skrede, Sivert Myrold, Magnus Arntsen og Johan Olav Smørdal Botn. Foto: TSN



Orkdal 22.2.2014:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2014

7. plass til Aksel Mathias Meland på sprinten i HL

Aksel Mathias Meland under HL skiskyting. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland ut frå start på normalen i HL skiskyting. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk seg inn til ei ny flott plassering med 7. plass i klasse G15 på sprinten i HL skiskyting i Orkdal. Sjølv om det totalt vart tre strafferundar etter to bom på første og ein bom på andre skyting, skilde det berre 14, 1 sek opp til dagens vinnar Torjus Idland frå Figgjo IL som berre hadde ein strafferunde. Sindre Vassdal Johannessen frå Hernes IL kom på andreplass 2 sek bak vinnaren med to strafferundar. Filip Fjeld Andresen frå Geilo IL tok tredjeplassen. Han var berre 5,8 sek bak vinnaren til trass for fem rundar.

 I same klasse vart Magnus Arntsen nummer 69. Han skaut feilfritt på den første serien og låg heilt oppe på ein tiandeplass ut på andrerunden. På den andre skytinga kom det derimot fire strafferundar. Dermed vart det ei plassering omtrent akkurat midt i det store feltet med heile 133 løparar på start. I mål skilde det 2 min 17 sek opp til vinnaren.

Tidlegare i dag var klasse G16 i aksjon. Best av våre vart Andreas Halsteinslid som gjekk inn til ein solid premieplass, då han vart nummer 34 i klassa. Han skaut feilfritt på den første serien medan det vart ein bom på den andre. I mål skilde det 1 min 44 sek opp til dagens klassevinnar Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL som hadde to feilfrie seriar. Benjamin H. Skaaheim frå Skoppum IL vart nummer to. Han hadde ein runde og var 6.2 sek bak vinnaren. Håkon Rybråten vart nummer tre, 7.5 sek etter vinnaren med feilfri skyting.

Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 55 i dag. Han fekk to strafferundar på den første serien og ein runde på den siste. I mål skilde det 2 min 16 sek fram til vinnaren. Grim Nygård vart nummer 89 med to bom på kvar av skytingane. Differansen opp til vinnaren var på 3 min 5 sek. Odd Sindre Tonning låg fint plassert midt i feltet etter to bom på den første serien, men med fem strafferundar på siste serien vart det ein 105. plass i mål.

Offisiell resultatliste for Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal sprint G15år 22.2.2014

Offisiell resultatliste for Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal sprint G16 år 22.2.2014



Sotsji 22.2.2014:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2014

Norge med Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på laget, leia stafetten lenge men vart til slutt nr 4.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk flotte stafettar på dagens OL-stafett, men Norge vart til slutt nummer fire.

 Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø utgjorde saman med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen det norske OL-stafettlaget. Norge leia lenge stafetten etter svært gode etappar av både Tarjei og Johannes, men laget enda til slutt på ein fjerdeplass.

Tarjei Bø gjekk første etappe. Han skaut feilfritt på den første skytinga og gjekk ut på andrerunden på tredjeplass berre sekund bak leiarlaga. Også den ståande skytinga kom Tarjei seg gjennom utan ekstraskot. Dermed gjekk han ut i tet saman med Tyskland. Inn til første veksling gjekk Tarjei frå Tyskland og hadde ei leiing på omlag 10 sek då han veksla med Johannes.

Johannes Thingnes Bø gjekk andre etappe. Han måtte bruke eit ekstra ekstraskot på første skyting, men gjekk ut på andrerunden berre om lag fem sekund etter Tyskland. På den ståande skytinga skaut Johannes raskt og feilfritt medan dei næraste konkurrentane måtte ta fram ekstraskota. Inn til andre veksling skilde det 20 sek til Tyskland medan Russland, Austerrike, Italia og Slovenia var 30 sek.

Ole Einar Bjørndalen gjekk tredje etappe. Han skaut feilfritt på begge seriane og ut frå ståande skyting var differansen til Tyskland 22 sek og til Russland 30 sek. Bjørndalen tapte i løypa inn til veksling og ut på siste etappe låg Norge og Tyskland så godt som likt medan Austerrike, Russland og Slovenia følgde 17 sek bak.

Emil Hegle Svendsen måtte bruke eit ekstraskot på første skyting. Det måtte også Tyskland. Utpå den andre runden gjekk fire lag ut så godt som samstundes: Norge, Tyskland, Russland og Østerrike. På den siste skytinga gjekk det ikkje Norge si veg. Emil Hegle Svendsen fekk ein bom på dei fem første skota og bomma deretter på alle tre ekstraskota. Dermed måtte Norge ut å gå strafferunde og hamna omlag 30 sek bak Austerrike som heldt bronsen.

Russland sikra seg sigeren på stafetten. Tyskland gjekk inn til sølv 3,8 sek bak vinnaren. Austerrike fekk bronse, 29 sek bak vinnaren. Norge gjekk i mål til ein fjerdeplass, 54.4 sek bak gullvinnaren.

 



Utvikfjellet 22.2.2014:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2014

Maren og Simon Hjelmeset Kirkeeide til topps i kvar si klasse i Kleivanerennet!

Simon og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon og Maren Hjelmeset Kirkeeide vann kvar si klasse i Kleivanerennet 2014. Foto: Margunn Hjelmeset

Alle dei tre deltakarane frå Markane IL som deltok i konkurranseklassane i Kleivanerennet, kom på pallen i sine klasser. Årets Kleivanerenn blei arrangert på Utvikfjellet p.g.a lite snø på Kleivane (Sandane). Rennet gjekk i klassisk stil og inngår i SSF-cupen for rekruttar.

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for jenter 11 år. Ho fullførte den 2,5 km lange klassiskløypa på 12 min 8 sek. Næraste konkurrent Kristina Skaflestad Hegrenes frå Førde IL kom 11 sek bak medan Hanne Lægreid Nes frå Hafslo kom i mål til tredjeplass, 1 min 44 sek etter Maren.

Simon Hjelmeset Kirkeeide tok sigeren i klasse G14. Han var i mål etter sine 2,5 km etter 8 min 32 sek. Even Nesgård frå Fjellhug Vereide kom på andreplassen, 37 sek bak. Tredjeplassen gjekk til Kent Ove Sæten frå Hyen som var 47 sek bak Simon.

I klasse G12 sikra også Oskar Guddal Breivik seg pallplass. Han brukte 9 min 39 sek på dei 2,5 kilometerane og vart med dette nummer tre i klassa. Han var 50 sek bak vinnarenThristan Engebø Ullebø frå Førde IL, men berre 10 sek bak andreplassen som gjekk til Håkn Nordeide Berg frå Førde IL.

I dei urangerte klassane var MIL representert med Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Selma Guddal Breivik som leverte strålande innsats i klassa for jenter 9 år.

SSF-cupen held fram 8.mars med Tuarennet før det vert sesongfinale i Førde 22. mars.

Resultatliste for SSF-cup Kleivanerennet 22.2.2014

Samanlagtliste SSF-cup 2014 pr. 24.2.2014



Orkdal 21.2.2014:

Postet av Markane IL den 21. Feb 2014

Aksel Mathias Meland vann normaldistansen Hovudlandsrennet i skiskyting!

Aksel Meland gjekk til topps i Hovedlandsrennet. Foto: TSN 

Aksel Mathias Meland vann klasse G15 i Hovudlandsrennet i skiskyting, Orkdal. Her på pallen saman med Halvor Taalesen Tjønntveit og Sigurd Trømborg. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps på normaldistansen i klasse G15 under Hovudlandsrennet i skiskyting i Orkdal!

Aksel var med i heilt framme i teten gjennom heile løpet. Etter feilfri første skyting og stor fart i løypa leia Aksel med heile 27 sek ned til andremann ut på den andre runden. På den andre skyteserien kom det ein bom og dermed 30 sek i tillegg på tida. Dermed låg Aksel her på ein andreplass, men med berre 8 sek differanse opp til Halvor Taalesen Tjønntveit frå Svene IL som skaut to fulle hus. Sisterunden til Aksel var det derimot ingen som kunne måle seg mot. I mål var Aksel 7 sek føre sin tøffaste konkurrent Halvor Tjønntveit som tok andreplassen.  Sigurd Trømborg frå IL Bevern kom på tredjeplass. Han hadde to fulle hus, men var likevel 31 sek bak Aksel i mål.

Markane IL sin andre deltakar i denne klassa, Magnus Arntsen,  plasserte seg midt på lista med ein 69. plass. Han starta fint med berre ein bom på den første serien, men på den andre skytinga vart det tre bomskot. Dermed blei det totalt to minutt i tillegg. I mål var han  4 min 8  sek bak Aksel. Heile 134 løparar stilte til start i klasse G15.

Tidlegare idag var klasse G16 i aksjon. Her var det fire løparar frå Markane i sving. Best av våre vart Andreas Halsteinslid som kom på ein 45. plass. Han fekk ein bom og dermed eit halvt minutt i tillegg på første skyting medan den andre skytinga var feilfri. I mål skilde det akkurat 3 min fram til klassevinnaren Øyvind Haugan frå Try IL som både skaut feilfritt og gjekk svært raskt i sporet. Også andremann i klassa Benjamin Skaaheim frå Skoppum IL skaut feilfritt og var berre 5 sek bak vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Mathias Skrede frå Geilo IL, 36 sek bak vinnaren.

Andreas hadde ein svært jamn duell med lagkamerat Håkon Midthjell Gjørven som kom i mål til ein 46. plass. I mål skilde det berre 1 sek mellom dei to. Håkon hadde ein bom på kvar av skyteseriane. Grim Nygård kom på ein 87.plass. Med to bom på kvar av seriane vart det totalt to tilleggminutt.  Differansen fram til vinnaren var på 4 min 46 sek. Odd Sindre Tonning hadde ein tøff dag på standplass og fekk totalt ni bom. Sjølv om  farten i sporet var bra, vart det ein 110. plass i dag. Totalt 122 løparar frå heile landet deltok i klassa.

Hovudlandsrennet held fram med sprint i morgon.

Resultatliste Hovedlandsrennet i skiskyting Orkdal G15 normaldistanse 21.2.2014

Resultatliste frå Hovedlandsrennet i skiskyting i Orkdal G16 normaldistanse 21.2.2014

Vi gratulerer Aksel med siger HL skiskyting 2014! 

 

 

Andreas Halsteinslid. Foto: TSN

Andreas Halsteinslid blei beste 16-åring frå Nordfjord. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Gruppebilde av Nordfjord Team. Foto: TSN

Gruppebilde av Team Statkraft Nordfjord. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjøven i løypa. Foto: TSN



Ullsheim 28.2-2.3.2014:

Postet av Markane IL den 18. Feb 2014

Hovudlandsrennet 2014 er avlyst

Logo Statoil Hovudlandsrennet

På grunn av snømangel på Ullsheim er det no endeleg bestemt at Hovedlandsrennet 2014 dessverre ikkje kan gjennomførast som planlagt.

Trass ein iherdig innsats for å berge arrangementet, har mildveret og mangelen på nedbør i form av snø ført til at ein no må innsjå dessverre at arrangementet ikkje kan gjennomførast som planlagt.

Informasjon om reservearena m.m. vert lagt ut på heimesida til hovudlandsrennet.



Sotsij 18.2.2014:

Postet av Markane IL den 18. Feb 2014

8.plass til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø gjekk ein flott fellesstart i OL i Sotsji. Bortsett frå ein strafferunde på den første serien leverte Johannes feilfri skyting og var med langt framme i feltet.

Utfrå siste skyting låg Johannes på ein femteplass, men med eit fall på sisterunden vart det ein åttandeplass i mål. Dei tre fremste leia med nærare 30 sek til resten av feltet så det var ikkje ei medalje som glapp i fallet.

Det vart likvel norsk siger på fellesstarten. Emil Hegle Svendsen sikra gullet då han spurtslo Martin Fourcade frå Frankrike. Bronsen gjekk til Ondrej Moravec frå Tsjekkia.



.

Postet av Markane IL den 18. Feb 2014

Bendit Skiskytterfestival Markane 15.-16. mars 2014

 

Innbydinga i pdf-format kan du laste ned her:

Informasjon om Bendit Skiskyttarfestival 2014

 



Bjørkelibakkane 16.2.2014:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2014

God deltaking i Vetenrennet.

Emilie Flo Stavik og Hedda Garlid Hilde. Foto: Margunn Hjemeset

Emilie Flo Stavik vann klassa for jenter 11 år. Lengst ned i bakken kjem Hedda Garlid Hilde som vart nummer tre i same klasse. Foto: Margunn Hjelmeset

Markane IL var godt representert i Vetenrennet 2014. Av totalt 82 deltakarar kom 21 løparar frå Markane.Spesielt i dei yngste klassane var det mange frå Markane som stilte opp.

Blant dei som deltok i konkurranseklassane frå 11 år og oppover, var det også i dag mange fine resultat. Tre gjekk heilt til topps i sine klasser.

Aksel Mathias Meland vann klassa G15 etter å ha fullført den fem kilometer lange løypa på 14 min 15 sek.Han var 13 sek før Andreas Hetle frå Breimsbygda. Også tredjeplassen gjekk til ein frå MIL, Magnus Arntsen. Han var 1 min 35 sek bak Aksel.

I klass G12 vart det klassesiger til Sigurd Fotland Fænn. Han gjekk 2 km på 7 min 35 sek og var med det 39 sekund før nummer to Bendik Vereide.

Også i klasse J11 vart det markanesiger. Her var det Emilie Flo Stavik som gjekk til topps. Ho gjekk den 2 km lange løypa på 9 min 3 sek. På andreplass følgde Ingunn Bergset som var 57 sek bak. Hedda Garlid Hilde frå Markane IL kom på tredjeplass, 1min 44 sek bak.

I klassa G16 vart det pallplass til Grim Nygård. Han vart nummer tre, 1 min 32 bak klassevinnar Isak N. Hopland. Andreplassen gjekk til Matias Lote Henden. I klassa G11 plassert dei tre deltakarane frå Markane seg på rad og rekke då Daniel Langeset vart nummer 3, Anders Svarstad Hole nr. 4 og Eirik Bjørlo Sandbakk nr. 5. Klassevinnar vart Tord Sølvberg. Eirik Nor Midthjell frå Eid IL tok andreplassen.

Også i dei urangerte klassane var det mange løparar frå Markane med. I G10 gjekk Jørgen Trøsken og Torje Seljeset. I J9 stilte Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes og Mari Sofi Meland. Elias Langeset deltok i G8 medan Inger Hjelmeset, Oda Svarstad Hole og Maria Bjørlo Sandbakk deltok i J8. I dei aller yngste klassane G/J 7 år eller yngre deltok Jesper Svarstad Hole, Kornelia Trøsken og Ane Hjelmeset Kirkeeide.

Foto av nokre av deltakarane frå Markane nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset

Resultatliste for Vetenrennet 2014-Dato 16.2.2014

 

 

 

 

Jørgen Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Jørgen Trøsken.

Mari Sofi Meland. Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland

Sara Annie Aarnes Bjørnhaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes

Torje Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Torje Seljeset



.

Postet av Markane IL den 17. Feb 2014

Foto frå Tverrfjelldilten 2014

Her er ein fotoserie frå Tverrfjelldilten 2014. Fotograf er Margunn Hjelmeset

 Vinnarane av Tverrfjelldilten 2014

Vinnarane av Tverrfjelldilten 2014: Karoline Holsen Kyte og Andre Haugsbø

Ut frå start. Foto: Margunn Hjelmeset

Klar til start.

I fremste rekkje: Asbjørn Mandeli Årdal, Andre Haugsbø og Roger Lillestøl.

Andre Haugsbø og Roger Lillestøl i føringa.

Andre Haugsbø og Roger Lillestøl i føringa i kvart sitt spor.

Yvonne Skogli og Jan Kristensen

Yvonne Skogli frå Heggjebygda IL og Jan Kristensen frå Hornindal IL.

Marianne Langeland Irene Rødseth  og Ivar Ulvedal

Marianne Langeland, Irene Rødseth og Ivar Ulvedal.

Andre Haugsbø. Foto: Margunn Hjelmeset

Vinnaren Andre Haugsbø mot mål.

Anders Kristensen

Anders Kristensen frå Hornindal IL

Arild Eiken og Eivind Senneset

Duell mellom Arild Eiken frå Brattvåg IL og Eivind Senneset frå Eikefjord IL.

Arne Odd Løkkebø

Arne Odd Løkkebø frå Eikefjord IL gjekk inn til tredjeplass i klasse M46-50.

Asgeir Årdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Asgeir Mandelid Årdal frå Jølster IL gjekk inn til andreplass i klasse M36-40

Anita Almskår og Therese Dispen

Anita Pettersen Almskår og Therese Dispen serverte suppe.

Eline Fannemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Eline Fannemel vart nummer to i K21-35.

Lars Andreas Hoel frå Valldal IL

Lars Andreas Hoel frå Valldal IL kom på fjerdeplass i M21-35

Sigbjørn Fænn frå Markane IL vart nummer fire i klasse M41-45

Roger Lillestøl. Foto: Margunn Hjelmset

Roger Lillestøl var nest raskast i løpet totalt sett og vann klasse M41-45.

Randi Tenden på suppestasjonen. Foto: Margunn Hjelmeset

Randi Tenden serverer suppe i målområdet.

Andre Haugsbø vinnar av Tverrfjelldilten 2014 Foto: Margunn hjelmeset

Andre Haugsbø frå Gaular IL var raskaste løpar. Han var i mål på 1 t 56 min 22 sek.

Karoline Holsen Kyte vinnar Tverrfjelldilten 2014

Karoline Holsen Kyte var raskaste dame. Ho kom i mål på 2 t 27 min 6 sek

Finn Årdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Finn Årdal frå Jølster IL hadde fått deltaking i Tverrfjelldilten som gåve og gjekk med heilt unikt startnummer.

Finn Årdal i mål. Foto: Margunn Hjelmeset

I mål til fjerdeplass i klasse M51-55.

 

Finn Årdal med medalje. Foto: Margunn Hjelmeset

Finn Årdal har fått Tverrfjelldilten-medaljen for vel gjennomført løp.

Jan Arve Solheim. Foto: Margunn Hjelmeset

Jan Arve Solheim frå Eikefjord IL vann klasse M51-55



Skiposten 2014:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2014

Nye postar lagt ut i Skiposten!

Det er hengt opp fire nye postar i Skiposten 2014. Postane heng på Holsetra, Øvrebergsetra, Lundasetra og i Svingesetøyane.

Dei fem første postane vert hengande ute ei stund til i håp om betre skiføre. Desse postane heng på Turrhaugen, på Tverrfjellet, i Vikadalen og to i lysløypa på Ullsheim.

 

 



Jr. NM skiskyting Brummundal 16.2.2014:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2014

4. plass til Sogn og Fjordane i stafetten for M17-21

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk på Sogn og Fjordane sitt lag i klasse 17-21. Foto: Team Statkraft Nordfjord (Foto frå normaldistansen)

 Sogn og Fjordane I gjekk seg inn til ein fjerdeplass på stafetten i klasse M17-21 i jr.NM skiskyting. Halve laget kom frå Markane IL då Johan Eirik Meland gjekk første etappe og Jarle Midthjell Gjørven gjekk ankeretappen. Med seg på laget hadde dei Trygve Aaland Tryggestad på andreetappe og Erlend Solhaug Myklebust på tredje etappe. Alle fire på stafettlaget kom seg gjennom sine etappar utan å skyte på seg strafferundar.

Johan Eirik Meland gjekk den første etappen. Han heldt Sogn og Fjordane inne blant dei fem-ti første laga heile etappen. Ved veksling låg Johan Eirik på ein sjette plass. Tre lag hadde skilt seg ut i teten medan det var nokså jamnt vidare nedover lista. Differansen fram til leiarlaget var på 50 sek.

Trygve Aaland Tryggestad gjekk den andre etappen. Han kom seg også gjennom etappen utan strafferundar og kniva jamnt med laga frå femte til tiandeplass var svært nær kvarandre heile etappen. Inn til veksling låg Trygve på ein sjuandeplass. Dei fremste laga heldt ein noko høgare fart i løypa. Differansen fram til Sør Trøndelag i teten var no på 2 min 21 sek. Avstanden til pallen var derimot berre 47 sek.

Erlend Solhaug Myklebust gjekk den tredje etappen. Framleis var det svært jamnt mellom laga som var plasserte mellom fem og ti. Inntil veksling låg Sogn og Fjordane på ein åttandeplass. Sør Trøndelag gjekk klart frå alle dei andre på denne etappen og leia med 1 min 45 sek på Nord Østerdalen som var på andreplass. Ved siste veksling låg Sogn og Fjordane 3 min 16 sek bak teten, men berre 1 min 30 bak sølvplass.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk siste etappe og gjorde eit nytt godt løp då han gjekk laget frå Sogn og Fjordane opp fire plassar. Jarle hadde tredje beste langrenntid på sin etappe og knappa inn 27 sekund på leiinga til Sør Trøndelag.

 Sør-Trøndelag vann NM-gullet på stafett. Dei var 1 min 11 sek før sølvvinnar Nord-Østerdal. Bronsen gjekk til Oppland som var 1 min 37 sek bak vinnaren. Differansen ned til Sogn og Fjordane vart til slutt på 2 min 49 sek. Jarle avslutta etappen med å slå laget frå Agder med eitt sekund i mål.

Tidlegare i dag gjekk Sogn og Fjordane sitt stafettlag i M17-18 inn til ein 23. plass. På dette laget gjekk Georg Kristian Halsteinslid og Gaute Bø saman med Torgeir Grønningsæter Hauso og Sindre Kiviranta. Laget hadde ikkje heilt dagen på standplass. Alle fire fekk to strafferundar på den ståande skytinga og i tillegg fekk Gaute ein runde på liggjande. Med totalt ni rundar vart differansen fram til vinnaren Oslo og Akershus SSK 1 til slutt på 12 min 29 sek. Sølvet gjekk til Oppland som var 1 min 5 sek bak vinnaren medan Sør-Trøndelag sikra bronsen, 1 min 39 bak vinnaren.

Resultatliste for jr NM stafett Brummundal Klasse K17-21 M17-18 og M17-21 Dato 16.2.2014



Holmenkollen 16.2.2014:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2014

Flott 12. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide!

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til 12. plass i G14 i Ungdommens Holmenkollrenn Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

 Etter ein fin 22. plass på den klassiske distansen i går gjekk det endå betre for Simon Hjelmeset Kirkeeide i dag på Ungdommens Holmenkollrenn i fri teknikk. I konkurranse med 284 løparar frå heile landet var det ein flott 12. plass.

Differansen fram til dagens vinnar Fredrik Johnsrud frå Stokke var på 41 sekund. Andreplassen gjekk Ulrik Hegdal frå Larvik IL som var 11 sek bak vinnaren medan Ansgard Evensen frå Vind tok tredjeplassen, 16 sek bak teten. Det skilde dermed ikkje meir enn 25 sekund frå Simon sin 12.plass og fram til pallen. Avstanden fram til sjetteplassen var berre på 10 sek. Dermed svært flott innsats både i klassisk stil og fri teknikk for Markane sin representant i Ungdommens Holmenkollrenn!

 Resultatliste for Ungdommens Holmenkollrenn fri teknikk Klasse G14 16.2.2014

 



Jr. NM skiskyting Brummundal 15.2.2014:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2014

Jarle Midthjell Gjørven på fjerdeplass på sprinten

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven kom på fjerdeplass på sprinten i jr. NM. Foto: Team Statkraft Nordfjord, (Natrudstilen)

Jarle Midthjell Gjørven hamna like utanfor pallen på sprinten i Jr. NM skiskyting. Han enda i dag på fjerdeplassen 34,9 sek bak vinnaren. Jarle skaut feilfritt på liggjande, men fekk to bom på den ståande skytinga. Ut frå siste skyting låg han likevel på ein delt tredjeplass med Håkon Svaland. Svaland var svært rask i sporet og gjekk inn til siger på sprinten til trass for totalt fem bom.

I mål var gullvinnar Håkon Svaland frå Birkenes IL 4,9 sek føre Thomas Berge Foyn frå Bærum Skiklub. Jonas Nergård frå Hernes IL fekk bronsen. Han var 28,7 sek bak vinnaren. Dermed var det berre seks sekund som skilde Jarle frå ei ny pallplassering.

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til ein fin 12. plass sjølv om det vart totalt tre bom, ein på første og to på andre skyting. Differansen fram til vinnaren var på 1 min 3 sek.

I klasse M18 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til nok ein fin premieplass då han vart nummer 18. På standplass gjekk det heilt perfekt med to fulle hus. Differansen fram til klassevinnaren var på 1 min 22 sek. NM-gullet vart vunnen av Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL. Mattis Haug frå Fet SK gjekk inn til andreplass, berre 0,6 sek bak vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Sindre Pettersen frå Nittedal IL, 9 sek bak vinnaren. Alle dei tre første hadde tre strafferundar.

I klasse M19 kom Grunde Breidablik  på ein 47. plass med totalt seks strafferundar. NM-vinnar i klasse M19 vart Amund Owren frå Vingrom.I klasse M17 kom Gaute Bø på ein 50. plass med totalt fem strafferundar. Han var 4 min 36 sek bak NM-vinnaren som vart Harald Øygard frå Skrautvål IL som skaut feilfritt.

Elles var det også fleire andre gode resultat blant løparane frå Team Statkraft Nordfjord. Spesielt gjekk det flott med Andrea Skeide Bakke frå Stårheim IL som gjekk inn til NM bronse i klasse K18.

Resultatliste NM jr / DNB Cup 5 sprint klassane M17 M18 M19 og M20-21



Holmenkollen 15.2.2014:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2014

22.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i Ungdommens Holmenkollrenn

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset, Tuarennet 2013

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 22 i Holmenkollen i dag. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

I konkurranse med 295 løparar frå heile landet gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein flott 22. plass i Ungdommens Holmenkollrennet i klasse G14. Dagens løp var 3 km i klassisk stil.

Simon var 1 min 6 sek bak klassevinnaren Fredrik Johnsrud frå Stokke. Andreplassen gjekk til Ansgar Evensen frå Vind IL, berre 4 sek bak vinnaren medan Simen Øiseth frå Fet SK tok tredjeplassen, 32 bak vinnaren. Det skilde dermed ikkje stort meir enn halvminuttet frå Simon og fram til ein pallplass.

I morgon er det klart for renn i fri teknikk.

 Resultatliste frå Ungdommens Holmenkollrenn klassisk stil 15.2.2014 Klasse G14



Ullsheim 15.2.2014:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2014

Andre Haugsbø og Karoline Holsen Kyte vinnarar av Tverrfjelldilten.

Karoline Holsen Kyte og Andre Haugsbø. Foto: Margun Hjelmeset 

Vinnarane av Tverrfjelldilten 2014: Karoline Holsen Kyte frå Førde IL og Andre Haugsbø frå Gaular IL. Foto: Margunn Hjelmeset

70 løparar, dei fleste frå Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal, stilte til start då Tverrfjelldilten vart arrangert for andre gong. Også i år var Tverrfjelldilten det einaste godkjende seedingrennet i Sogn og Fjordane. Løypa var noko omlagd frå i fjor med mindre samanhengande stigning. Det 40 km lange løpet gjekk også i år over to rundar på 20 km kvar.

Årets vinnarar av Tverrfjeldilten vart Andre Haugbø frå Gaular IL (M21-35) på tida 1t 56 min 22 sek og Karoline Holsen Kyte frå Førde IL (K21-35) på 2t 27 min 6 sek. Beste tida i både herre- og dameklassa var raskare i år enn i fjor, men tidene er ikkje heilt samanlignbare sidan løypa var noko annaleis.

I herreklassa kom klassevinnaren i M 41-45 Roger Lillestøl frå Hornindal IL, på ein andreplass totalt med 2t 4 min 1 sek. Cato Ryste frå Volda IL (M41-45) kom på tredjeplass totalt med 2 t 11 min 30. Nest beste dame vart klassevinnaren i K46-50, Britt Brekke frå Ørsta IL som var i mål etter 2 t 45 min 52 sek. Like bak følgde Eline Fannemel (K21-35) på 2 t 46 min 22 sek.

Fotoserie frå dagens løp er lagt ut nedanfor. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset.

Resultatliste for Tverrfjelldilten 15.2.2014

 

Ut frå start. Foto: Margunn Hjelmeset

Klar til start.

I fremste rekkje: Asbjørn Mandeli Årdal, Andre Haugsbø og Roger Lillestøl.

Andre Haugsbø og Roger Lillestøl i føringa.

Andre Haugsbø og Roger Lillestøl i føringa i kvart sitt spor.

Yvonne Skogli og Jan Kristensen

Yvonne Skogli frå Heggjebygda IL og Jan Kristensen frå Hornindal IL.

Marianne Langeland Irene Rødseth  og Ivar Ulvedal

Marianne Langeland, Irene Rødseth og Ivar Ulvedal.

Andre Haugsbø. Foto: Margunn Hjelmeset

Vinnaren Andre Haugsbø mot mål.

Anders Kristensen

Anders Kristensen frå Hornindal IL

Arild Eiken og Eivind Senneset

Duell mellom Arild Eiken frå Brattvåg IL og Eivind Senneset frå Eikefjord IL.

Arne Odd Løkkebø

Arne Odd Løkkebø frå Eikefjord IL gjekk inn til tredjeplass i klasse M46-50.

Asgeir Årdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Asgeir Mandelid Årdal frå Jølster IL gjekk inn til andreplass i klasse M36-40

Anita Almskår og Therese Dispen

Anita Pettersen Almskår og Therese Dispen serverte suppe.

Eline Fannemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Eline Fannemel vart nummer to i K21-35.

Lars Andreas Hoel frå Valldal IL

Lars Andreas Hoel frå Valldal IL kom på fjerdeplass i M21-35

Sigbjørn Fænn frå Markane IL vart nummer fire i klasse M41-45

Roger Lillestøl. Foto: Margunn Hjelmset

Roger Lillestøl var nest raskast i løpet totalt sett og vann klasse M41-45.

Randi Tenden på suppestasjonen. Foto: Margunn Hjelmeset

Randi Tenden serverer suppe i målområdet.

Andre Haugsbø vinnar av Tverrfjelldilten 2014 Foto: Margunn hjelmeset

Andre Haugsbø frå Gaular IL var raskaste løpar. Han var i mål på 1 t 56 min 22 sek.

Karoline Holsen Kyte vinnar Tverrfjelldilten 2014

Karoline Holsen Kyte var raskaste dame. Ho kom i mål på 2 t 27 min 6 sek

Finn Årdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Finn Årdal frå Jølster IL hadde fått deltaking i Tverrfjelldilten som gåve og gjekk med heilt unikt startnummer.

Finn Årdal i mål. Foto: Margunn Hjelmeset

I mål til fjerdeplass i klasse M51-55.

 

Finn Årdal med medalje. Foto: Margunn Hjelmeset

Finn Årdal har fått Tverrfjelldilten-medaljen for vel gjennomført løp.

Jan Arve Solheim. Foto: Margunn Hjelmeset

Jan Arve Solheim frå Eikefjord IL vann klasse M51-55



Jr. NM skiskyting Brummundal 14.2.2014:

Postet av Markane IL den 14. Feb 2014

NM-sølv til Jarle Midthjell Gjørven!

Jarle Midthjell Gjørven fekk sølv i jr. NM. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til sølv i junior-NM på normaldistansen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det vart ein flott start på junior-NM for Jarle Midthjell Gjørven som gjekk seg inn  til sølv på normaldistansen i klasse M20/21. Jarle var med blant dei beste heile vegen. Det vart totalt to tilleggsminutt, eit på den andre og eit på den tredje skytinga. Men med ein flott feilfri serie på siste ståande der mange av konkurrentane bomma, gjekk han ut frå siste skyting på andreplass. Denne plasseringa heldt han heilt i mål og på siste runden gjekk han frå dei næraste konkurrentane  i løypa.

Gullvinnar i dag vart Vemund Revnsborg Gurigard frå Vingrom IL som held stor fart i løypa. Han vann med ein differanse på 55 sek ned til Jarle til trass for at begge hadde to tilleggsminutt. Bronsevinnar vart Anders Trønsdal Lyngstad frå Indreøy IL. Han hadde også to tilleggsminutt og var 1 min 6 sek bak vinnaren.

Johan Eirik Meland fekk to tilleggminutt på første skyting. Han var likevel med å kjempa om ein i toppen av resultatlista heilt inn til siste ståande. Men på siste ståande skyting kom der tre tilleggsminutt til, dermed vart det ein 24. plass i dag. Differansen fram til vinnaren vart til slutt på 4 min 55 sek. 

I klassa M19 kom Grunde Breidablik på ein 42. plass med totalt åtte tilleggsminutt. Klassevinnar vart Henrik Aslesen frå Fet IL. I klasse M17 gjekk Gaute Bø inn til ein 58. plass etter ein vanskeleg dag på standplass med totalt 10 tilleggsminutt. Han var med dette 10 min36 sek bak klassevinnaren, Johannes Dale frå Fet SK.

Georg Kristian Halsteinslid gjekk inn til ein fin 20. plass i klasse M18. Han var heilt oppe på ein 9. plass etter å ha klart seg gjennom dei første femten skota med berre ein bom. Sjølv om det vart to tilleggsminutt på siste ståande, heldt det likevel til akkurat til ein plass blant dei tjue beste og dermed godt innanfor den beste tredjedelen som får premie.

Resultatliste for NM junior/ Statkraft Junior Cup 4 og DNB Cup 5 normaldistanse Brummundal 14.2.2014

Vi gratulerer Jarle med sølvmedaljen!



Sotsji 13.2.2014

Postet av Markane IL den 13. Feb 2014

11. plass til Johannes Thingnes Bø på normaldistansen.

-Tarjei Bø på 26. plass

Johannes Th. Bø og Tarjei Bø. Foto: Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum / NRK, 2012

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein fin 11. plass på normaldistansen. Tarjei Bø vart nummer 26.

Johannes Thingnes Bø gjekk ein god normaldistanse under OL i Sotsji. Med berre eit tilleggsminutt vart det ein fin 11. plass for OL-debutanten. Med det eine tilleggsminuttet var Johannes 1 min 44 sek bak vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike som også hadde eit tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Erik Lesser frå Tyskland. Han var 15 sek bak vinnaren. Bronsen tok Evgeniy Garanichev frå Russland, 35 sek etter gullmedaljøren.

Tarjei Bø fekk to tilleggsminutt på dagens løp. Begge bommane kom på andre skyting. Farten i løypa var ikkje blant dei raskaste, og i mål skilde det 3 min 9 sek fram til vinnaren. Beste norske skiskyttar i dag vart Emil Hegle Svendsen på 7. plass. Ole Einar Bjørndalen kom på 34. plass.

Neste løp i OL er fellesstart på søndag 16.februar.



Ullsheim 11.2.2014:

Postet av Markane IL den 12. Feb 2014

112 deltakarar på omvendt jakstart i cupen

 Hedda Garlid Hilde og Mathe Gjøvåg Heggestad

Hedda Garlid Hilde (t.h) og Marte Gjøvåg Heggestad klare til start. Foto: Margunn Hjelmeset

112 løparar stilte opp i sesongens andre cuprenn. I tillegg til deltakarane frå Markane kom det også løparar frå Hardbagg, Eid, Stårheim og Breim for å delta.

Som vanleg var det aller best deltaking i dei yngste klassane og nokre var med på cup for første gong. I yngste klasse opp til 8 år gjennomførte 24 deltakarar dei 800 meterane i fin stil. I klassa 9-10 år gjekk 20 jenter og gutar 1,5 km fellesstart i fri teknikk.

For klassane frå 11 år og oppover gjekk rennet som ein omvendt jaktstart i fri teknikk med utgangspunkt i det første rennet. Det vil seie at den beste i kvar klasse i det første rennet, måtte vente heilt til slutt før dei kunne ta opp jakta på dei andre løparane i klassa. I teorien skal då heile feltet kome likt i mål og vinnaren vert den som har forbetra seg mest sidan førre renn. Eventuelle nye løparar startar til slutt i feltet saman med klassevinnarane frå sist.

I klassane 11-12 år heldt Anders Svarstad Hole og Hedda Garlid Hilde heile feltet bak seg og gjekk inn til klassesiger. Anne-Marie Roset vann klassa for jenter 13-14 år. Simon Hjelmeset Kirkeeide klarte å avansere forbi heile feltet i si klasse og vann også det andre rennet. Ingrid Gausemel vann klassa for jenter 15-17 år og Nikolai Larsen Hunvik var først i mål i klassa for gutar 15-17 år. Pål Andre Skrede vann klassa for menn 18 år og oppover. Totalt var der 57 deltakarar i konkurranseklassane frå 11 år og oppover og i tillegg ein deltakar i trimklassa.

Resultatlista frå kvelden er utlagt nedanfor. Fotoserien frå rennet er teken av Margunn Hjelmeset

(OBS! For klassane 11 år og oppover er tidene berre gjeve opp differanse bak vinnaren. Sidan rennet gjekk som omvendt jaktstart vil heller ikkje dette nødvendigvis tilsvare langrennstida til løparen.)

Resultatliste for cuprenn 2 omvendt jaktstart fri teknikk 11.02.2014

Leik etter rennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Blide jenter etter rennet. Framme: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Marthe Gjøvåg Heggestad og Borgny Kristin Hetle. Bak i blått: Emilie Flo Stavik, Emma Njøten, Ane Hjelmeset Kirkeeide og Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Anders Svarstad Hole og Elias Guddal Sunde

Elias Guddal Sunde og Anders Svarstad Hole klare til start. Foto: Margunn Hjelmeset

Kornelia Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Kornelia Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Ane Hjelmeset Kirkeeide og Olina Svarstad Heggdal. Foto Margunn Hjelmeset

Ane Hjelmeset Kirkeeide og Olina Svarstad Heggdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfelt 9-10 år

Stort startfelt i klasse 9-10 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Iselin Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Iselin Bø. Foto: Margunn Hjelmeset

Malin Eikenes Tjellaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Malin Eikenes Tjellaug. Foto: Margunn Hjelmeset

Oliver Veka Brath. Foto: Margunn Hjelmeset

Oliver Veka Brath. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Selma Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Seljeset og Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Duell mellom Magnus Seljeset og Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfelt klasse 15-17 år

Startfelt klasse 15-17 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Synne, Ivar og Axel Erdal.

Synne Brynestad Erdal, Ivar Erdal og Axel Brynestad Erdal på veg heim etter rennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Malin, Sofie, Mari Sofi og Sara Annie. Foto: Margunn Hjelmeset

Malin Eikenes Tjellaug, Sofie Njøten, Mari Sofi Meland og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes. Foto: Margunn Hjelmeset



Ullsheim 15.2.2014:

Postet av Markane IL den 12. Feb 2014

VELKOMNE TIL TVERRFJELLDILTEN 2014

40 km lang seedingrenn til Birkebeinerrennet

Sjølv om det ikkje er så mykje snø, ligg det an til fine forhold i ei meir småkupert og variert løype enn i fjor!

Starlista for Tverrfjelldilten 2014 er no lagt ut nedanfor!

Følg løpet live på lenka her.!

Innbyding:

Innbydinga til Tverrfjelldilten 2014 ligg her.

Påmelding:

Påmeldingsfristen er ute. Det vil vere mogleg å ettpåmelde seg på heilt til kl. 10.00 renndagen, men då mot etterpåmeldingsgebyr.

 

Startliste:

Startliste Tverrfjelldilten 15.2.2014

Løypekart:

Løypekart for årets løype er lagt ut her.

Løype- og føreforhold:

Været på laurdag ser ut til å bli overskya med litt vind frå aust. Det er ikkje meldt nedbør og ca. 5-6 plussgrader. Det er gammal grovkorna snø. Føret er jamnt både på start og høgaste punktet. Sidan det er austavær, er snøen forholdsvis tørr sjølvom der er nokre varmegrader.

 



Ullsheim 11.2.2014:

Postet av Markane IL den 10. Feb 2014

Klart for cuprenn 2 omvendt jaktstart i fri teknikk tysdag  11. februar!!

Cuprennsesongen startar opp att igjen tysdag 11. februar. Også dette rennet vert i fri teknikk. For klassane frå 11 år og oppover vert det gått omvendt jaktstart med utgangspunkt i det første rennet, men det er sjølvsagt råd å bli med om du ikkje gjekk første rennet!

Funksjonærar er dei som står oppsette på funksjonærlista på 11.februar (I utgangspunktet var dette tenkt å vere renn tre). Funksjonærliste er lagt ut her.

Påmelding frå kl. 1750.

Første start ca. 1830

Startkontingent kr 50 for alle klasser.

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -omvendt jaktstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - omvendt jaktstart, tidtaking
15 -17år:  5.0 km -omvendt jaktstart
18 år og eldre: 5 km - omvendt jaktstart, tidtaking

Også høve til å delta i trimklasse utan tidtaking.

Parkeringsavgift kr 50.

(OBS!  Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Velkomne!



Sotsij 10.2.2014:

Postet av Markane IL den 10. Feb 2014

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø klatra på resultatlista! 

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk seg fint oppover lista på jaktstarten.

Det gjekk vesentleg betre med både Tarjei og Johannes på dagens jaktstart enn på sprinten sjølv om utgangspunktet var for dårleg til å vere med i medaljekampen. Tarjei gjekk ut frå start som nummer 39 medan Johannes låg heilt nede på 55. plass.

Ikkje minst på skytebana gjekk det mykje betre i dag enn på sprinten. Tarjei Bø gjekk seg opp til 27. plass medan Johannes Thingnes Bø avanserte til ein 32. plass. Johannes fekk berre ein bom på dei tjue skota under jaktstarten og hadde også dagens beste langrennstid.

Sigeren gjekk til Martin Fourcade frå Frankrike. Ondrej Moravec frå Tsjekkia tok sølvet og Jean Guillaume Beatrix også frå Frankrike tok bronsen. Beste norske vart også i dag Ole Einar Bjørndalen på fjerdeplass. Emil Hegle Svendsen vart nummer sju.

 

 



Trondheim 9.2.2014:

Postet av Markane IL den 9. Feb 2014

2. plass til Anne-Marie Roset på fellesstarten i Bendit skiskyttarfestival!

Anne Marie Roset på pallen i Bendit Skiskytterfestival.

Anne-Marie Roset frå Markane IL vart nummer to i klasse J14 i Bendit Skiskytterfestival i Trondheim. Maren  Bjørken frå Stiklestad IL tok sigeren medan Sofie Skjei Buran frå Vinne IL vart nummer tre. Foto: Rune Roset

 Anne-Marie Roset gjekk seg inn til ein flott sølvplass i J14 under Bendit Skiskytterfestival i Trondheim. Løpet i dag var fellesstart og distansen 3,9 km. Det var noko vanskelege skyteforhold og stort sett alle i feltet måtte tåle nokre strafferundar. Anne-Marie fekk to bom på første skyting og tre på andre skyting. I mål var ho 46 sek bak vinnaren Maren Bjørken frå Stiklestad som kom seg gjennom med berre fire bom totalt. Tredjeplassen gjekk til Sofie Skjei Buran frå Vinne IL.

Magnus Arntsen kom på 25. plass i G15 etter at han som så mange andre i dag  fekk det noko tungt på standplass. Totalt vart det ni strafferundar. Vinnar av klassa vart Jo Brøste Nørstegård frå Dombås IL som kom seg gjennom løpet med berre tre bom.

Resultatliste frå Bendit Skiskytterfestival Trondheim Fellesstart 9.2.2014

 

Anne Marie Roset til start. Foto: Rune Roset

Anne Marie Roset klar til start. Foto: Rune Roset

Anne Marie Roset i målområdet. Foto: Rune Roset

Anne Marie Roset i målområdet



NRK Super:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2014

Reportasje frå skiskyttartreninga på Ullsheim

Håvard Tonning på skiskyttartrening. Foto: NRK

Håvard Tonning var ein av dei ivrige deltakarane på skiskyttartreninga. Foto: NRK Super

NRK Super var tilstade på ei av Markane IL sine skiskyttartreningar. Om lag 40 unge løparar var i sving på treninga. Reportasjen vart vist i Supernytt tysdag 4. februar.

 Du kan sjå filmen ved å klikke på foto!

 

 



Sotsji 8.2.2014:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2014

Gull til Ole-Einar Bjørndalen på OL-sprinten

-Tarjei Bø nr 39 og Johannes Th. Bø nr 55

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Det vart ikkje fulltreff verken for Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø på OL si første øving.

 Verken Tarjei Bø eller Johannes Thingnes Bø fekk fullklaff i det første rennet i OL.

Tarjei var brukbart med i starten av løpet etter fullt hus på første skyting sjølv om farten i løypa ikkje heilt matcha dei aller raskaste. Men tre bom på ståande vart altfor mykje til å få ei plassering i toppen. I mål skilde det 1 min 37 sek fram til gullmedaljen.

Johannes Thingnes Bø var debutant i OL-samanheng i dag. Det enda med to strafferundar på kvar av dei to skyteseriane. Dermed blei det ei plassering godt ned på resultatlista med 55. plass. Differansen fram til tet vart til slutt på 2 min 18 sek.

Sjølv om det ikkje gjekk heilt vegen for Tarjei og Johannes, vart det ein flott norsk skiskyttardag. Ole-Einar Bjørndalen var tilbake i toppslag. Med berre ein bom på ståande skyting og eit suverent langrenn sikra han seg nok eit olympisk gull. Domenik Landertinger frå Austerrike tok sølvet 1,3 sek bak Bjørndalen. Jaroslav Soukup frå Tsjekkia sikra seg bronsen 5,7 sek bak vinnaren. Emil Hegle Svendsen vart nummer ni.

Tarjei og Johannes får sjansen til å forbetre plasseringane seg alt på måndag. Då er det klart for jaktstart. Løpet startar kl. 1600.

 



Trondheim 8.2.2014:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2014

Anne-Marie Roset og Magnus Arntsen med god innsats på Bendit Skiskytterfestival.

Magnus Arntsen og Anne Marie Roset

Magnus Arntsen og Anne-Marie Roset er Markane IL sine representantar på Bendit Skiskyttarfestival i Trondheim. Foto: Margunn Hjelmeset (Vetenrennet 2013/KM langrenn 2014)

Bendit Skiskyttarfestival vert arrangert i Trondheim denne helga og over 400 skiskyttarar er samla til innsats. Markane IL har to løparar på plass. Begge gjorde fin innsats på dagens sprint.

Anne Marie Roset gjekk seg inn til ein flott 6. plass i klasse J14. Ho starta med fullt hus på første skyting. På andre skyting vart fire rundar, men med god fart i løypa heldt det likevel til ei plassering i toppen. I mål skilde det 1 min 23 sek fram til klassevinnar Rikke Ramstad Pedersen frå Byåsen IL.

Magnus Arntsen deltok i klasse G15. Dette var den største klassa med 34 påmelde løparar frå store deler av landet. Sjølv om det vart tre bom på første skyting og to bom på den andre serien, vart det likevel ei fin plassering med 22. plass. Han var 3 min 46 sek bak klassevinnar Torbjørn Oppigård frå Eikesdal som skaut to fulle hus.

I morgon er det klart for fellesstart.

Resultatliste Bendit Skiskytterfestival Trondheim Sprint 8.2.2014



Hodlekve 8.2.2014:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2014

Tre klassevinnarar frå MIL i SSF-cupen! 

 Maren og Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland vann SSF-cup i Hodlekve. Foto: Margunn Hjelmeset

 Maren Hjelmeset Kirkeeide (J11), Simon Hjelmeset Kirkeeide (G14) og Aksel Mathias Meland (G15) vann kvar si klasse i SSF-cupen. Foto: Margunn Hjelmeset (KM 2014)

Løparane frå Markane IL gjorde det svært bra under dagens SSF-cup. Løpet vart arrangert av Førde IL, men gjekk på Hodlekve p.g.a. lite snø på Langeland. Rennet gjekk i fri teknikk.

Heile tre av deltakarane frå Markane vann sine klasser og alle sju plasserte seg topp fem i sine klasser. 

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klasse J11. Ho var i mål etter 6 min 34 sek. Kristina Skaflestad Hegrenes frå Førde vart nummer to, 45 sek bak. Louise Tveito frå Kaupanger vart nummer tre.

 Også Simon Hjelmeset Kirkeeide vann si klasse. Han kom i mål på tida 8 min 4 sek. Han var 36 sek føre Kent Ove Sæten frå Hyen som vart nummer to, og 41 sek føre Eskil Hov frå Kaupanger som tok tredjeplassen.

Den tredje klassevinnaren blei Aksel Mathias Meland som tok sigeren i G15. Han kom i mål på tida 11 min 32 sek og var dermed 16 sek raskare enn nummer to, Andreas Hetle frå Breimsbygd IL. Erlend Henjesand frå Syril IL tok tredjeplassen 37 sek bak.

 I klassa G12 fekk Markane IL to løparar på pallen. Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass berre åtte sekund bak klassevinnar Thristan Engebø Ullebø frå Førde. Oskar Guddal Breivik tok tredjeplassen, 12 sek bak vinnaren. Tredjeplassen delte han med Sivert Heggheim Mannsverk frå Jotun IL.

I klasse G13 vart det femteplass til Magnus Midthjell Gjørven. Han var 59 sek bak vinnaren Martin Aaland frå Hardbagg IL. Johan Johannessen Skrede frå Førde vart nummer to og Håvar Kvam frå IL Bjørn nummer tre.

I klasse G16 vart det fjerdeplass til Håkon Midthjell Gjørven. Han var 2 min 47 sek bak klassevinnaren Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL. Hope vann klassa suverent med nesten to minutts avstand ned til nr to, Jonas Skjeldestad Hove frå Sogndal. Tredjeplassen gjekk til Ådne Reidar Nes Kleppe frå Eid IL

Fleire av deltakarane frå Markane ligg også godt an i SSF-cup samanlagt. Lista vert lagt ut når den er oppdatert.

Resultatliste for SSF-cup friteknikk Hodlekve 8.2.2014



Ullsheim 8.2.2014:

Postet av Markane IL den 6. Feb 2014

Sjå OL-sprinten med Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på Ullsheim laurdag kl.1530!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø skal begge gå skiskyttarsprint på laurdag.  

No er det like før det brakar laus med OL.

Når den Olympiske skiskyttarsprinten startar på laurdag kl 15.30, har vi med to av våre eigne på startstreken. Vi samlast derfor i lagshuset på Ullsheim for å følgje med og heie fram både Tarjei og Johannes og sjølvsagt resten av dei norske løparane !!!!

Dette vert utruleg spennande og då er det veldig kjekt å vere samla! Kanskje blir det edelt metall til Tarjei og/eller Johannes.

Gje ei tilbakemelding til skiskyttargruppa på monica@termopartner.no om du tek turen til Ullsheim laurdag, slik at vi veit om lag kor mange som kjem.

Elles vert det mange spennande dagar framover.

Resten av skiskyttarøvingane (for menn) i OL går på følgjande tidspunkt:

12,5 km jaktstart måndag 10. feb kl 16.00

20 km normal fredag 14. feb kl 15.00

15 km fellesstart søndag 16. feb kl 16.00

Mix-stafett onsdag 19. feb kl 15.30

Stafett laurdag 22. feb kl 15.30



Vik 2.2.2014:

Postet av Markane IL den 2. Feb 2014

God innsats av MIL-løparane på sprint og jaktstart i dag.

Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik vart 1 og 2 i klasse G12. Foto: Kari Tonning

Sigurd Fotland Fænn vann sprinten i klasse G12 foran Oskar Guddal Breivik. Foto: Kari Tonning.

På dag 2 av KM i Vik gjekk klassane til og med 12 år også i dag sprint medan årskulla frå 13 år og oppover gjekk jaktstart seinare.

I klasse G12 vart det Markane både på 1. og 2. plass då Sigurd Fotland Fænn vann klassa foran Oskar Guddal Breivik. I klasse J11 kom Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass.

I dei urangerte klassane har Håvard Tonning, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Selma Guddal Breivik og Mari Sofi Meland alle gjort solid innsats både på standplass og i løypa.

På jaktstarten vart det Aksel Mathias Meland som gjorde det aller best. Han gjekk også i dag til topps i klasse G15. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk seg opp til andreplass i G13 medan Magnus Midthjell Gjørven vart nummer fem i G14. I klasse G16 gjekk Odd Sindre Tonning seg fint oppover lista til ein tredjeplass. Dei øvrige markaneløparane i klassa plasserte seg på rad og rekkje med Håkon Midthjell Gjørven på 5. plass, Andreas Halsteinslid på 6. plass og Grim Nygård på 7. plass. Gaute Bø vart også idag nummer to i G17. Også Georg Kristian Halsteinslid fekk same plassering som i går, med ein tredjeplass i G18.

Det var noko ruskete vindforhold idag og det vart dermed nokre bom på dei fleste. Men alt i alt flott innsats av alle våre 16 som tok turen til Vik.

Resultat skiskyting sprint Vik 2.2.2014

Resultatliste skiskyting jaktstart KM Vik 2.2.2014

Håvard Tonning og dei andre deltakarane i G10. Foto: Kari Tonning

Håvard Tonning (nr 3 frå høgre) har gått to gode løp i Vik i helga. Her saman med resten av deltakarane i G10. Foto: Kari Tonning.

 

Aksel Mathias Meland vann jaktstarten klasse G15. Foto: Ingrid Meland

Aksel Mathias Meland vann jaktstarten i klasse G15. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim kom på andreplass og Sindre Gjøsæter frå Kvam kom på tredjeplass. Foto: Ingrid Meland

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: Kari Tonning

Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i klasse J11. Klasse vinnar var Hedda Carlsen medan Emma Poiree vart nummer tre. Foto: Kari Tonning

Gjengen frå Markane på KM i Vik. Foto: Kari Tonning

Gjengen frå Markane IL har gått i hus i Vik.

Gutar 16 år frå Team Statkraft Nordfjord. Foto: Ingrid Meland

Mange deltakarar frå Team Statkraft Nordfjord i klasse gutar 16 år: Grim Nygård, Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven, Matias Lote Henden og Odd Sindre Tonning. Foto: Ingrid Meland

Aksel Mathias Meland på veg ut på jaktstarten. Foto: Ingrid Meland

Aksel Mathias Meland på veg ut i løypa på jaktstarten. Foto: Ingrid Meland

Pallen i klasse G12. Foto: Ingrid Meland

Dobbelsiger til Markane i klasse G12: Sigurd Fotland Fænn vann sprinten føre Oskar Guddal Breivik. Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen vart nummer tre. Foto: Ingrid Meland

Selma, Mari Sofi og Oddrun. Foto: Ingrid Meland

Markane sine deltakarar i klasse J10 år og yngre: Selma Guddal Breivik, Mari Sofi Meland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Ingrid Meland

Oddrun, Maren, Mari Sofi og Selma. Foto: Ingrid Meland

Det er godt å berre henge litt etter ei lang skiskyttarhelg. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik. Foto: Ingrid Meland



Vik 1.2.2014:

Postet av Markane IL den 1. Feb 2014

Gode resultat under KM sprint i Vik!

 Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: John Roger Meland

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn vart nummer 1 og 3 i klasse G12. Foto: John Roger Meland

Sidan dei oppsette krinsrenna i Volda denne helga vart utsette p.g.a. snømangel, reiste fleire av skiskyttarane i staden for på Hordaland krins sitt KM i Vik.

Fleire gjorde det svært så bra på sprinten. Blant anna gjekk tre heilt til topps i sine klasser: Maren Hjelmeset Kirkeeide i J 11, Oskar Guddal Breivik i G12 og Aksel Mathias Meland i G15! (Sidan det var "feil" krins vart dei ikkje KM-vinnarar)

I dei yngste urangerte klassane gjorde Mari Sofi Meland, Selma Guddal Breivik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Håvard Tonning.

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk raskt og skaut feilfritt. Det heldt til førsteplass i klasse J11. Oskar Guddal Breivik vann også si klasse G12 med god fart i løypa og berre ein bom. I same klasse kom Sigurd Fotland Fænn på ein tredjeplass.

 I klasse G13 vart Magnus Midthjell Gjørven nummer fire. Sjølv om det vart fire bom skilde det berre 54 sek fram til vinnaren Erik Indrebø frå Vik IL som skaut feilfritt. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 6. plass i G14. Han var berre 32 sek bak klassevinnar Marius Årestrup Larsen frå Vik sjølv om det totalt vart fem bom.

I klasse G15 gjekk Aksel Mathias Meland heilt til topps. Med berre ein strafferunde var han heile 1 min 5 sek før Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL.

I klassa G16 hadde Markane heile fire løparar. Grim Nygård og Andreas Halsteinslid delte fjerdeplassen. Dei var 50 sek bak vinnaren Tobias Nyborg. Odd Sindre Tonning kom på ein 7. plass og Håkon Midthjell Gjørven på 8. plass. Grim Nygård var ein av få løparar som fekk diamanten for feilfri skyting på dagens sprint.

I klasse G17 kom Gaute Bø på ein andreplass med totalt fire bom. Han var 57 sek bak vinnaren Lasse Virkesdal frå Vik. Georg Kristian Halsteinslid kom på tredjeplass i klasse G18. Han fekk berre ein strafferunde totalt og var 44 sek bak vinnaren Arild Fosse frå Voss skiskyttarlag.

I morgon er det klart for jaktstart. Fleire foto frå dagen er lagt ut nedanfor.

 Resultatliste KM skiskyting sprint Vik Dato1.2.2014

Grim Nygåd fekk diamanten for feilfri skyting. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård fekk diamant for feilfri skyting i klasse G16. Foto: John Roger Meland.

 

Aksel Mathias Meland. foto: John Roger Meland

Aksel Mathias Meland vann klasse G15. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL vart nummer to og Sindre Gjøsæter vart nummer tre. Foto: John Roger Meland

Georg Halsteinslid vart nummer tre. Foto: John Roger Meland

Georg Kristian Halsteinslid vart nummer tre i klasse G18. Klassevinnar vart Arild Fosse medan Espen Segrov Nes vart nummer to. Foto: John Roger Meland

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klasse J11 med feilfri skyting. Hedda Carlsen kom på andreplass og Emma Poiree vart nummer tre. Foto: John Roger Meland

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Magnar Lødemel. Foto: John Roger Meland

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer seks og Magnar Lødemel frå Hornindal IL vart nummer fem. Foto: John Roger Meland

Liv Rigmor oog Kjetil Netland. Foto: John Roger Meland

Liv Rigmor og Kjetil Netland. Foto: John Roger Meland

Gamalost &Vik

Gamalostlogo høyrer med i Vik. Foto: John Roger Meland.



Ullsheim 15.02.2014:

Postet av Markane IL den 28. Jan 2014

VELKOMNE TIL TVERRFJELLDILTEN 2014

40 km lang seedingrenn til Birkebeinerrennet

På tide å melde seg på?? Hugs at påmeldingsfristen er IDAG onsdag 12. februar -og JA det er sikkert at det blir renn!!

Laurdag 15. februar innbyr Markane IL for andre gong til Tverrfjelldilten. Rennet er også i år det einaste rennet i Sogn og Fjordane er godkjend som seedingrenn til Birkebeinerrennet.

Rennet har både start og mål på Ullsheim.

Innbyding og lenke til påmelding finn du nedanfor. Løypekart, løypeprofil m.m. finn du i venstremenyen under Tverrfjelldilten. Det vert som i fjor ei løype med to rundar på 20 km, men løypa vert litt omlagt for å få meir variasjon. Det vert ein meir kupert trase som ikkje inneheld så mykje samanhengande stigning som i fjor.

Detaljar om årets renn:

Dato: Laurdag 15.februar

Tid: Start klokka 12.00

Stad: Ullsheim -både start og mål vert her

Rennkontor: Ullsheim -opnar klokka 08.30 renndagen

Løype: Info om løype vert lagt ut på www.markane.no i dagane før rennet

Klasseinndeling: NSF sitt turrennreglement

Startkontingent: kr 350.- (+ ev leige av EMIT-brikke -kostar kr 20.-)

Påmelding: online påmelding via www.minidrett.noeller www.sportsadmin.noinnan onsdag 12.februar, klokka 23.59

Ved påmelding: hugs å oppgje; namn, fødselsdato, klasse, klubb, brikkenr. (om du har eiga brikke) og lisensnr. Birk-ID kan ikkje registrerast i påmeldingssystemet og må sendast i eigen e-post til monica@termopartner.no.

Etterpåmelding etter den sette fristen kan gjerast til Monica V. Halsteinslid på e-post monica@termopartner.noeller tlf. 416 840 66 mot eit gebyr på kr. 200,- innan klokka 10.00 på renndagen. 

Betaling: Ligg i påmeldingsystemet (online) til kt.nr 3820.20.12393

Startlisens: Det er eit krav at alle deltakarane har gyldig startlisens til dette løpet. Du er sjølv ansvarleg for at dette er i orden. Treng du eingongslisens, kan du få ordne dette på rennkontoret før start. Denne kostar kr 130.-

Parkering på Ullsheim: kr 50.-

Premiering: Vert rett etter målgang. Premie til alle klassevinnarane, samt deltakarpremie til alle startande. Premie til beste tida for dame og herre, uansett klasse.

Overnatting: våre samarbeidspartnarar på overnatting finn du her

Ved eventuell avlysing av rennet gjeld følgjande:

- avlysing før sjølve renndagen -arrangør refunderer 50 % av betalt startkontingent

- avlysing i løpet av renndagen p.g.a. brått oppstått ver/ klimatiske forhold - som gjer det uråd å gjennomføre arrangementet, arrangøren beheld innbetalt startkontingent

Innbydinga kan også lastast ned i pdf-format her:

Innbyding til Tverrfjelldilten 2014

Velkomen!

Logo Hotel Alexandra           Logo seedingrenn BirkebeinerrennetLogo Arvid Hatledal AS

 



FLYTTING AV CUPRENN:

Postet av Markane IL den 27. Jan 2014

CUPRENNET NR 2 ER FLYTTA TIL TYSDAG 4. FEBRUAR!!

Cuprenn nr 2 i klassisk stil vert utsett ei veke fram i tid til tysdag 4. februar p.g.a kaldt vêr og vind.

Alle velkome til klassisk renn om ei veke!

Cuprenna vidare framover vert uendra:

Cuprenn nr 3: tysdag 11/2, cuprenn nr 4: tysdag 4/3 og cuprenn 5: 11/3.

 



Jr. VM Presque Isle:

Postet av Markane IL den 27. Jan 2014

Jarle Midthjell Gjørven klar for junior-VM!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN 

Jarle Midthjell Gjørven er klar for junior-VM i skiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Norges Skiskytterforbund offentleggjorde i kveld uttaket til junior VM i skiskyting i Presque Isle i USA. Dermed vart det stadfesta at Jarle Midthjell Gjørven er med på VM-laget.

Norges Skiskyttarforbund sender følgjande løparar til jr.VM:

Kvinner: Hilde Fenne frå Voss SSL, Frida Strand Kristoffersen frå Tromsø SSL, Marie Nørstebø frå Svene IL, Kristin Hjelstuen frå Oslo SSL og Rikke Hald Andersen, Asker SK

Menn: Kristian Aalerud frå Bærums Skiklub, Håkon Svaland frå Birkenes IL, Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL, Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL og Tore Leren, Vingelen IL

Meisterskapet vert arrangert i perioden 28. februar til 7. mars.

Distanseuttaket vert gjort etter NM junior.

Vi gratulerer og ønskjer lukke til!



Myrkdalen 26.1.2014:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2014

5. plass til Johan Eirik Meland på sprinten

-Jarle Midthjell Gjørven på 16. plass

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer fem på sprinten i Norgescupen i Myrkdalen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Det vart Johan Eirik Meland som fekk best plassering av våre på sprinten i DNB cup 4/Statkraft juniorcup 3 i Myrkdalen. Han gjekk inn til ein flott femteplass i klassa for M20/21. Etter feilfri liggjande skyting vart Johan Eirik heilt oppe på ein andreplass inn til den andre skytinga. På ståande skyting vart det to strafferundar, men med god fart i sporet heldt det likevel til ei fin femteplass i mål. Avstanden fram til dagens vinnar, Tore Leren frå Vingelen, var på 26 sek.

Jarle Midthjell Gjørven fekk også to strafferundar, ein på kvar av skytingane. Det var svært jamnt i toppen og i mål heldt dagens løp til slutt til ein 16. plass, 58 sek bak vinnaren Tore Leren som også hadde to strafferundar. Andreplassen i klassa gjekk til Tommy Grøtte frå Trondhjems skiskyttere som berre var 0,7 sek bak vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Aslak Nenseter frå Bø SSL, 16 sek bak vinnaren.

Dagens løp var det siste før uttaket til jr. VM.

Tidlegare i dag var dei yngre klassane i aksjon i Myrkdalen. I klasse M17 kom Gaute Bø på 56. plass med totalt sju rundar. Klassevinnar vart Sturla Holm Lægreid frå Bærum Skiklub. I klasse M18 vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 44. Han var heilt oppe på ein 17. plass etter feilfri liggjande skyting, men med fire rundar på ståande skyting vart det til slutt ein plass litt lenger ned på lista. Vinnar av klassa vart Mattis Haug frå Fet SK med feilfri skyting. Grunde Breidablik vart nummer 39 i M19 med totalt fire strafferundar. Vinnar her vart Lars Aasheim Svaland frå Birkenes IL.



Sogn skisenter 26.01.2014:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2014

2.plass i KM klassisk til Simon Hjelmeset Kirkeeide

Eskil Hov og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto. Margunn Hjelmeset

Også i dag vart det 2. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G14. Denne gongen i KM-klassisk stil. Her saman med vinnaren Eskil Hov frå Kaupanger. Foto: Margunn Hjelmeset

KM-helga vart i dag avslutta med KM klassisk stil. Berre to deltakarar frå Markane på startstreken i dag, men dei gjorde det svært så bra.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på pallen for tredje dag på rad då han gjekk inn til andreplass i klasse G14. Han var 21 sek bak vinnaren Eskil Hov frå Kaupanger IL. Even Vigdal frå arrangørlaget IL Bjørn følgde på tredjeplass, 43 sek bak vinnaren.

Også Aksel Mathias Meland gjorde eit fint løp i klassisk og gjekk inn til ein femteplass. Det skilde berre åtte sekund fram til ein pallplass. Vinnar av G15 var Brage Burø Sunde frå Førde IL. På andreplass, 10 sek bak, følgde Andreas Hetle frå Breimsbygda IL. Eirik Stedje frå Sogndal IL kom på tredjeplass 37 sek bak vinnaren.

Neste helg er det klart for Hyesprinten 2014.

Resultatliste KM klassisk 2014 Sogn Skisenter 26.1.2014



Myrkdalen 25.1.2014:

Postet av Markane IL den 25. Jan 2014

Flott 3.plass til Jarle Midthjell Gjørven på normaldistansen!

-9.plass til Johan Eirik Meland.

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven kom på .plass i det viktige kvalifiseringsløpet til jr. VM. Foto:  Team Statkraft Nordfjord.

Jarle Midthjell Gjørven kom på ein flott 3.plass på normaldistansen i klasse M20/21 i DNB cup 4/Statkraft junior cup 3 i Myrkdalen. Han fekk totalt to tilleggsminutt, eit på andre og eit på tredje skyting. Helgas renn er dei to siste før uttaket til junior-VM og med pallplassen i dag skulle sjansane for ein billett til jr.VM vere gode. Vinnar av dagens løp vart Henrik Gifstad frå Oslo SSL. Han fekk tre tilleggsminutt. I mål var han 28 sek før Kristian Andre Aalerud frå Bærum SSL som totalt hadde fire tilleggsminutt. Jarle følgde like bak med ein differanse på 35 sek fram til vinnaren.

Også Johan Eirik Meland gjekk eit godt løp. Han fekk to tilleggsminutt på andre skyting, men var likevel heilt oppe på ein 3.plass etter den tredje skyting. Dei tre tilleggsminutt på den siste ståande skyting øydela sjansen til ei plassering på pallen, men likevel helt det til ein 9.plass i mål. Differansen fram til teten var på 2 min 16 med totalt fem tilleggsminutt.

Tidlegare i dag var dei yngre klassane i aksjon. Her vart det litt for mange bom på våre til at det helt heilt fram i teten. Med litt betre utteljing på standplass kunne det vore mange plasseringar oppover på listene. Gaute Bø vart nr 46 i M17 med totalt 10 tilleggsminutt. Han var 7 min 59 sek bak vinnaren Martin Lund frå Orkdal IL. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 53 i klasse M18 med totalt 11 tilleggsminutt. Han var 11 min 33 sek bak vinnaren Aleksander Morsund Karlsen frå Lier IL. Grunde Breidablik vart nr 40 i klasse M19 med ni  tilleggsminutt. Vinnar her vart Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord.

I morgon er det klart for det siste løpet før jr.VM uttaket. Øvinga då er sprint.

 Resultatliste DNB cup 4 Statkraft junior cup 3 normaldistanse Klasse M17 og M 18. Dato: 25.1.2014

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft junior cup 3 normaldistanse Klasse M19 Dato 25.1.2014

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft junior cup 3 normaldistanse Klasse M20-21 Dato 25.1.2014



Sogn skisenter 25.01.2014:

Postet av Markane IL den 25. Jan 2014

2. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide på KM-sprint

Eskil Hov og Simon Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Det vart 2. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide på dagens KM sprint på Sogn skisenter. Her saman med KM-vinnar i klasse G14 Eskil Hov frå Kaupanger. Foto: Margunn Hjelmeset

 Også i dag kom deltakarar frå Markane på pallen under KM i langrenn på Sogn skisenter. Dagens øving var sprint. Markane IL hadde to deltakarar med i KM-klassane frå 13 år og oppover. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på pallen også i dag. Han vart nummer to i klasse G14. KM-vinnar i denne klassa vart Eskil Hov frå Kaupanger medan Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide tok tredjeplassen.

Aksel Mathias Meland hamna i dag like utanfor pallen etter å ha gått i mål som nummer fire i klassa for G15. KM-tittelen her gjekk til Erlend Henjesand frå Syril IL. Andreas Hetle frå Breimsbygda IL vart nummer to og Robin Wathne Nedrehagen frå Syril kom på tredje.

Også i klassane for dei som er for unge til å kjempe om KM-tittel var det god innsats av deltakarane frå Markane. I klassa J11 kom både Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik på pallen etter å ha gått i mål som nr 2 og 3 i finalen. Klassevinnar vart Ida Indrebø frå Jotun IL. Sigurd Fotland Fænn kom på 9. plass i klasse G12. Vinnar her vart Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL. Sivert Heggheim Mannsverk frå Jotun vart nummer to og Oliver Bosdal Thorsen frå Førde IL vart nummer tre.

I dei urangerte klassane deltok Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i klassa for jenter 9 år.

Anne-Marie Roset som går for Markane i skiskyting kom på andreplass i J14. Her som representant for IL Veten. 

Resultatliste KM sprint 10 år og yngre Sogn Skisenter 25.1.2014

Resultatliste KM sprint 11 år og eldre Sogn Skisenter 25.1.2014

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik har hatt ei flott helg i Sogn. I klasse J11 vart det 1. og 2. plass i fri teknikk fredag og 2. og 3. plass på sprinten. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Oddrun Kirkeeide i fint driv på sprinten. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i fint driv på sprinten. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik. Foto: Margun Hjelmeset

Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margun Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass på sprinten. Foto: Margun Hjelmeset

Aksel Mathias Meland . Foto: Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland vart nummer fire på sprinten. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn på sprinten. Foto: Margunn Hjelmeset



Sogn skisenter 24.01.2014:

Postet av Markane IL den 24. Jan 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland KM-vinnarar i fri teknikk!

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM fri teknikk G14. Foto: Margunn Hjelmeset 

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM-tittelen i G14 under KM fri teknikk på Sogn skisenter. Her på pallen saman med Marius Årestrup Larsen frå Vik IL og Kent Ove Sæten frå Hyen IL. Foto: Margunn Hjelmeset

IL Bjørn og Hafslo IL er arrangørar for KM langrenn på Sogn skisenter denne helga. Den første øvinga var fri teknikk og det gjekk svært bra for deltakarane frå Markane IL.

MIL hadde to deltakarar på startstreken i KM-klassane (13 år og oppover) og begge gjekk til topps i sine klasser. Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G14 og Aksel Mathias Meland i klasse G15.

Simon brukte 7 min 33 sek på den tre kilometer lange løypa og vann dermed klasse G14 vel 9 sek før Marius Årestrup Larsen frå Vik IL. Kent Ove Sæten kom på tredjeplass frå Hyen kom på tredjeplass.

Aksel fullførte den 5 km lange løypa for G15 på 14 min 38 sek. På andreplass følgde Andreas Hetle frå Breimsbygda IL, 18 sek bak og Brage Burø Sunde frå Førde IL kom på tredjeplass 32 sek bak.

Også i dei yngre klassane gjekk det svært så bra. I klasse J 11 vart det dobbeltsiger til MIL-løparar. Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for J11 på tida 7 min 29 sek og Emilie Flo Stavik kom på andreplass med tida 7 min 50. Sigurd Fotland Fænn kom på fjerdeplass i klasse G12. Han var berre 10 sek etter vinnarane. Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL og Sivert Heggheim Mannsverk frå Jotun IL delte klassesigeren med tida 6 min 18 sek. Håkon Nordeide Berg frå Førde IL vart nummer tre, 7 sek bak vinnarane. Løypelengda for 11-12års klassane var to kilometer.

I dei urangerte klassane hadde Markane to deltakarar. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide var med i klasse J9 og Torje Seljeset i klasse G10.

Anne-Marie Roset som går for Markane i skiskyting, vart krinsmeister for J14. I denne samanhengen som representant for IL Veten.

Resultatliste for KM fri teknikk 24.01.2014 Arrangør: IL Bjørn og Hafslo IL

Aksel Mathias Meland vann KM i g15. Foto:  Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland vann KM fri teknikk for klassa G15. Her på pallen saman med Andreas Hetle frå Breimsbygda IL og Brage Burø Sunde frå Førde IL. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Anne-Marie Roset. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne-Marie Roset frå IL Veten vart krinsmeister i fri teknikk i klasse J14. Foto: Margunn Hjelmeset



Skiposten:

Postet av Markane IL den 23. Jan 2014

Skiposten 2014 er i gang!

Markane IL

Skiposten for sesongen 2014 er no i gang!

Skiposten er turmål for barn i alle aldrar, og postane ligg i løypenettet til Turløyper Stryn. Det er gratis å delta i skiposten, men vi oppfordrar likevel alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn (Turløypene) eller bli medlemmar i MIL. (Medlemsskap i Skiturlaget er inkludert for medlemmar i Markane IL)

I årets utgåve av skiposten heng det ute 5 postar i slengen. Desse heng i 4 veker før dei blir bytta ut. På postane skal det henge ei klippetang som borna nyttar til å klippe i kortet sitt.

Postane vert bytte måndagen i den «nye» perioden.

Klippekort og kart:
Dette får du gratis på butikken Sport1 Ytre-Eide sport AS. På kartet og klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei ulike postane heng ute.

Premiering:
Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og dei som besøkjer alle postane i løpet av vinteren er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar

Arrangør:
Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Arvid Hatledal AS og Sport1 Ytre Eide sport AS.

VI HÅPAR PÅ MANGE DELTAKARAR OG ØNSKJER ALLE EIN GOD TUR!

Innleveringsfrist for klippekorta er onsdag 30.april 2014

Sendast til:

Margunn Hjelmeset, 6783 STRYN
eller
Anne Marie Svarstad, 6783 STRYN

 



Ullsheim 21.1.2014:

Postet av Markane IL den 22. Jan 2014

116 deltakarar på sesongens første cuprenn!

Emilie Flo Stavik, Emma Njøten og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Blide jenter som deltok i klassen 11-12 år. Frå venstre: Emilie Flo Stavik, Emma Njøten og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Heile 116 deltakarar stilte til start då det første av sesongens fem cuprenn vart arrangert på Ullsheim tysdag kveld. I tillegg til mange deltakarar Markane IL var her også deltakarar frå Hornindal, Eid, Stårheim, Heggjabygda, Veten, Hardbagg og Fjellhug/Vereide.

Årets første renn gjekk i fri teknikk. Rennet var også lagsmeisterskap for Markane IL for klassane 11 år og oppover.

Som vanleg var det aller flest som stilte opp i dei yngste klassane. Heile 25 var med i klassa opp til åtte år og 22 deltok i 9-10 års klassa. I yngste konkurranseklasse 11-12 år var heile 28 løparar på startstreken, 16 gutar og 12 jenter. Ein stor auke frå tidlegare spesielt i jenteklassa. I klassa for 13-14 åringar stilte det opp 11 deltakarar medan 15-17 åringane denne gongen fekk eiga klasse på grunn av den store deltakinga med heile 20 på startstreken. Minst deltaking var det i seniorklassane med totalt seks konkurranseløparar og to trimdeltakarar. Her er det plass til endå fleire. To deltakarar leverte også flotte løp i FH-klassane.

Vinnar i G11-12 år vart Oskar Guddal Breivik som også vart lagsmeister i G12. I G11 blei John Erlend Bø lagsmeister. I J11-12 år vann Ingrid Heggen. Maren Hjelmeset Kirkeeide vart lagsmeister i J11. Anne-Marie Roset vann klassa for J13-14 og vart lagsmeister for J14. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for G13-14 år og vart lagsmeister i fri teknikk for G14 medan Magnus Midthjell Gjørven vart lagsmeisterskap i G13. I klassa J15-17 vann Sigrid Flo Bødal medan Kristin Heggen vann klassa for kvinner 18-. Ingen frå Markane IL deltok i desse klassane. I klassa G15-17 vann Isak Hopland. Lagsmeister for G15 vart Aksel Mathias Meland, Odd Sindre Tonning vart lagsmeisterskapet i G16 og Gaute Bø i G17. Alfred Tytingvåg vann klassa for menn 18-. Lagsmeister her vart Isak Fotland Fænn.

Neste renn i cupen er alt tysdag 28. januar. Då i klassisk stil.

Foto frå rennet er lagde ut nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset.

Resultatliste for cuprenn 1 i fri teknikk. Dato: 21.01.2014 -oppdatert

Resultatliste for lagsmeisterskap i fri teknikk. Dato: 21.01.2014

Startfelteti klasse 13-14 år. Foto: Margunn Hjelmeset

Startfeltet i klasse 13-14 år. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Amund Bakke. Foto: Margunn Hjelmeset

Amund Bakke i farta i løypa. Lengst bak i biletet kjem Oliver Veka Brath.

Malin Guddal Sunde. Foto: Margunn Hjelmeset

Malin Guddal Sunde.

Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Katrine Svarstad Heggdal i løypa.

Olina Svarstad Heggdal. foto: Margunn Hjelmeset

Olina Svarstad Heggdal var ein av deltakarane i yngste klasse.

Helga Linnea Øvre-Flo. Foto: Margunn Hjelmeset

Helga Linnea Øvre-Flo var ein av dei 25 deltakarane i klassa 8 år og yngre.

Synne Brynestad Erdal. Foto: Margunn Hjelmeset

Synne Brynestad Erdal i fint driv i løypa.

Amund Bakke vel i mål. Foto: Margunn Hjelmeset 

Amund Bakke vel i mål.

Oliver og Marius Veka Brath. Foto: Margunn Hjelmeset

Oliver og  Marius Veka Brath mot mål.

Jesper Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Jesper Svarstad Hole

Kornelia Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Kornelia Trøsken.

Elias Guddal Sunde, Hedda Garlid Hilde og Emma Njøten i matkø. Foto: Margunn Hjelmeset

Elias Guddal Sunde, Hedda Garlid Hilde og Emma Njøten får seg mat etter rennet.

Daniel Langeset, Eirik Bjørlo Sandbakk og Preben Osvold Sunde. foto: Margunn Hjelmset

Tre av deltakarane i klassa gutar 11-12 år. Frå venstre: Daniel  Langeset, Eirik Bjørlo Sandbakk og Preben Osvold Sunde.

Rasmus Hopland. Foto: Margunn Hjelmeset

Rasmus Hopland vart nummer fire i klassa gutar 13-14år

Magnus Seljeset og Martin Aaland. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Seljeset og Martin Aaland i duell om andreplassen i klasse G13-14år.

Magnus Midthjell Gjørven og Eskil Kveen i duell om femteplassen i klasse G13-14år. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Midthjell Gjørven og Eskil Kveen kjempar om femteplassen i G13-14 år.

Ingrid Meland, Hildegunn Midthjell Gjørven og Anders Meland servere frukt. Foto: Margunn Hjelmeset

Ingrid Meland, Hildegunn Midthjell Gjørven og Anders Meland servert frukt og anna godt ved målgong.



.

Postet av Markane IL den 21. Jan 2014

 

INVITASJON TIL TVERRFJELLDILTEN 2014

Markane IL inviterer til:

 

 

Tverrfjelldilten, klassisk turrenn på 40 km

Seedingrenn til Birkebeinerrennet

 

Dato: Laurdag 15.februar

Tid: Start klokka 12.00

Stad: Ullsheim – både start og mål vert her

Rennkontor: Ullsheim – opnar klokka 08.30 renndagen

Løype: Det vert også i år løype med to rundar på 20 km, men løypa vert litt omlagt for å få meir variasjon.  Info om løypekart, løypeprofil m.m. finn du på www.markane.no under Tverrfjelldilten i venstremenyen.

Klasseinndeling: NSF sitt turrennreglement

Startkontingent: kr 350.- (+ ev leige av EMIT-brikke – kostar kr 20.-)

Påmelding: online påmelding via www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no innan onsdag 12.februar, klokka 23.59

Ved påmelding – hugs å oppgje; namn, fødselsdato, klasse, klubb, brikkenr. (om du har eiga brikke) og lisensnr. Birk-ID kan ikkje registrerast i påmeldingssystemet og må sendast i eigen e-post til monica@termopartner.no.

Etterpåmelding etter den sette fristen kan gjerast til Monica V. Halsteinslid på e-post monica@termopartner.no eller tlf. 416 840 66 mot eit gebyr på kr. 200,- innan klokka 10.00 på renndagen. 

Betaling: Ligg i påmeldingsystemet (online) til kt.nr 3820.20.12393

Startlisens: Det er eit krav at alle deltakarane har gyldig startlisens til dette løpet. Du er sjølv ansvarleg for at dette er i orden. Treng du eingongslisens, kan du få ordne dette på rennkontoret før start. Denne kostar kr 130.-

Parkering på Ullsheim: kr 50.-

Premiering: Vert rett etter målgang. Premie til alle klassevinnarane, samt deltakarpremie til alle startande. Premie til beste tida for dame og herre, uansett klasse.

Overnatting: våre samarbeidspartnarar på overnatting finn du her

Ved eventuell avlysing av rennet gjeld følgjande:

- avlysing før sjølve renndagen – arrangør refunderer 50 % av betalt startkontingent

- avlysing i løpet av renndagen p.g.a. brått oppstått ver/ klimatiske forhold - som gjer det uråd å gjennomføre arrangementet, arrangøren beheld innbetalt startkontingent

Velkomen!

Logo Hotel Alexandra     Logo Markane IL      Logo seedingrenn BirkebeinerrennetLogo Arvid Hatledal AS



Fossum 19.1.2014:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2014

God innsats på normaldistansen på Bendit Kvalfoss-sprinten

Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten 2014. Foto: TSN

Deltakarar frå Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten 2014. Frå venstre: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Andreas Halsteinslid, Aksel Meland, Håkon Midthjell Gjørven, Magnus Arntsen, Odd Sindre Tonning og Magnus Midthjell Gjørven. Grim Nygård var ikkje tilstades då biletet var teke. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 I alt åtte skiskyttar frå MIL var i aksjon på dagens normaldistanse under Bendit Kvalfoss-sprinten. Det vart mange jamnt bra resultat der mange oppnådde premieplass. I dei fleste klassane var det også på normaldistansen over 100 skiskyttarar som konkurrerte. Også i dag fekk Aksel Mathias Meland best plassering av våre med ein 13. plass i G15. Han fekk to bom på liggjande og ein på ståande. Med tre tilleggsminutt var han 1 min 37 bak klassevinnar Sigurd Trømborg frå Bevern IL (0-0). Magnus Arntsen vart nr 45 (1-1) i same klasse.

I klasse G16 kom Håkon Midthjell Gjørven på ein fin 26. plass med berre eit tilleggsminutt på første skyting. Han var 2 min 49 sek bak klassevinnar Mathias Skrede frå Geilo IL som skaut feilfritt. Andreas Halsteinslid fekk også berre eit tilleggsminutt og kom på 30. plass, 2 min 55 sek bak klassevinnaren. Odd Sindre Tonning var nummer 67 med (3-3) og Grim Nygård nummer 80 med seriane (1-1).

I den yngste guteklassa G13 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein 36. plass med seriane (2-1). Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo IL. (1-0). Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 46. plass med totalt seks tilleggsminutt. Han var 3 min 13 sek bak Christian Bucher-Johannesen frå Fossum IL (1-0).

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G13 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G14 Dato 19.1.2014.

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G15 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G16 Dato 19.1.2014

 

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide i aksjon på normaldistansen. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Fleire foto frå Bendit Kvalfoss-sprinten er tidlegare lagt ut her.



Årdalstangen 19.01.2014:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2014

2. plass til Oskar Guddal Breivik i SSF-cup Seismåsrennet!

Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i G12 under Seismåsrennet 2014. Her på pallen saman med klassevinnar Thristan Ullebø Engebø og Ulvar Tufte som vart nummer tre. Foto: Torstein Breivik

Markane IL hadde ein løpar på startstreken i sesongens tredje løp i SSF-cup. Oskar Guddal Breivik stilte opp i klasse G12 og gjekk seg inn til ein flott andreplass. Totalt 16 løparar deltok i klassa som med det var ei av dei største klassene i rennet. Det var svært jamnt i klassa. Thristan Ullebø Engebø frå Førde IL vart klassevinnar med tida 7min 10 sek. Oskar fekk tida 7 min 30 sek medan Ulvar Tufte frå Sogndal vart nummer tre med 7 min 33 sek.

Totalt 130 løparar deltok i rennet.

På grunn av for lite snø til å avvikle Tuarennet no, vart det i staden Årdalstangen IL som innbaud til Seimsåsrennet 2014 litt tidlegare enn planlagt.

Seismåsrennet var det tredje av sju renn i SSF-cupen. Rennet gjekk i klassisk stil. I SSF-cup blir det totalt gjennomført tre renn i klassisk stil, tre renn i friteknikk, og eitt i duathlon. I klasse 11-12 år tel dei fire beste resultata i samandraget, mens i klasse 13-16 år tel dei fem beste resultata. Etter tre renn ligg Oskar Guddal Breivik no på 2. plass i samandraget i G-12 bak leiande Thristan Engebø Ullebø frå Førde.

Resultatliste SSF-cup Seismåsrennet Arrangør Årdalstangen IL Dato 19.1.2014

Samanlagtliste SSF-cup 19.1.2014 



Sesongsstart cupen 2014:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2014

Klart for cuprenn 1/lagsmeisterskap i fri teknikk tysdag  21. januar!

Cuprennsesongen startar tysdag 21. januar. Det første rennet vert i fri teknikk og er også lagsmeisterskap i stilarten for klassane frå 11 år og oppover.

Oversikt over renndatoar, løypelengder, funksjonærar m.m. er lagt ut her.

Påmelding frå kl. 1750.

Første start ca. 1830

Startkontingent kr 50 for alle klasser.

Løypelengder:

8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)

11-12 år: 1.5 km -fellesstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - fellesstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - fellesstart, tidtaking

Også høve til å delta i trimklasse utan tidtaking.

Parkeringsavgift kr 50.

(OBS!  Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)

Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!

Velkomne!



Fossum 18.1.2014:

Postet av Markane IL den 18. Jan 2014

Flott 5.plass til Aksel Meland på Bendit Kvalfoss-sprinten!

Dei fem beste i Bendit Kvalfoss-sprinten G15. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk seg inn til ein flott femteplass på Bendit Kvalfoss-sprinten. Frå vnstre: Halvor Taalesen Tjøntveit, klassevinnar Filip Fjeld Andersen, Jonas Slettemark, Sander Bach-Gansmo og Aksel Mathias Meland Foto: Team Statkraft Nordfjord.

  Aksel Mathias Meland gjekk eit flott løp under dagens Bendit Kvalfoss-sprinten. Han gjekk seg inn til femteplass i klassa for gutar 15 år der heile 115 løparar stilte til start. Filip Fjeld Andersen frå Geilo vann klassa med ein differanse på 1 min 6 sek (0-1). Men frå andreplass og utover var det svært jamnt. Halvor Tjøntveit frå Svene IL kapra andreplassen (2-0). Han var tre sekund føre tredjeplassen Jonas Slettemark Juel frå Fossum IL som dermed var 1 min 9 sek bak vinnaren (1-0). Frå Aksel på femteplass skilde det 1 min 22 sek opp til vinnaren og dermed berre 13 sekund opp til pallen. Det til tross for at det totalt vart tre strafferundar på dagens sprint med ein runde på liggjande og to på ståande. Markane sin andre deltakar i klasse G15 Magnus Arntsen gjekk seg inn til ein 67. plass (3-2)

Totalt hadde Markane IL åtte deltakarar på start i dagens sprint. I klasse G16 vart det 39. plass til Andreas Halsteinslid etter solid skyting med berre ein bom totalt. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 56 (3-1) medan Odd Sindre Tonning kom på 62. plass (2-3). Grim Nygård måtte bryte etter liggjande skyting. Klassevinnar i G16 var Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL

I klassa for G13 vart Magnus Midthjell Gjørven nr. 50 med skyteseriane (2-3). Klassevinnar vart Sivert Raddum Skaug frå Tretten SSL med feilfri skyting. I klassa for G14 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på 101. plass etter ein dårleg dag på standplass med totalt ti strafferundar. G14 var den største av alle klassane i Kvalfoss-sprinten med heile 121 deltakarar på startstreken.

Markane IL hadde ingen jenter med i Bendit Kvalfoss-sprinten. Det hadde derimot våre naboar i Hornindal IL. Silje Torheim og Ingrid Gausemel gjekk seg inn til høvesvis 19. og 24. plass i klassa for jenter 16 år.

Resultatlister for klassane med deltakarar frå Markane er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for Bendit Kvalfoss-sprinten Klasse G13 Dato: 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G14 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G15 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G16 Dato 18.1.2014

 Andreas Halsteinslid. Foto: TSN

Andreas Halsteinslid vart nr 39 i klasse G16. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 

 

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Grim Nygård. Foto: TSN

Grim Nygård. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven var ein av Markane sine fire deltakarar i klasse G16. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Magnus Arntsen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Magnus Arntsen ut frå start i klasse G15. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland i løypa. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk seg inn til 5. plass av 115 deltakarar i klasse G15.

Silje Torheim. Foto: TSN

Silje Torheim frå Hornindal IL. Foto: TSN

Ingrid Gausemel. Foto: TSN

Ingrid Gausemel frå Hornindal IL. Foto: TSN

Delegasjon frå Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten. Foto: TSN

Ein del av gjengen frå Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten. Frå venstre: Monica Halsteinslid, Andreas Halsteinslid, Magnus Arntsen, Håkon Midthjell Gjørven, Aksel Mathias Meland, Jan Egil Gjørven, Hildegunn Midthjell Gjørven, Wenche Arntsen, Kari Tonnin, Odd-Kjetil Tonning og Odd Sindre Tonning. Foto: Team Statkraft Nordfjord.



.

Postet av Markane IL den 15. Jan 2014

 

Funksjonærar cuprenn Markane IL 2014

Har sett opp funksjonærar for dei 5 cuprenna vi har planlagt å arrangre i år!

Håpar at de har både tid og lyst til å stille på. Vi har prøvt å få til litt fordeling på oppgåvene, og håpar at de kan byte innbyrdes om det ikkje høver å stille den gongen du står på lista. (om det blir vanskeleg – gje lyd til Margunn Hjelmeset 41628268)

Mvh Skigruppa

Startkontingent: kr 50.- pr renn (gjeld for alle klasser)

Løypelengder: 8 år og yngre: ca 800m, utan tidtaking 

9-10 år: 1,5 km tidtaking, urangert

11 -12 år: 1.5 km tidtaking, rangert

13-14 år: 2.5 km tidtaking rangert

15 år og eldre: 5 km tidtaking, rangert



Renn 1: Tysdag 21. januar- påmelding frå klokka 17.50, start ca 18.30

Skøyting - enkeltstart for 8 år og yngre

Fellesstart for 9 år og eldre

NB! Gjeld som lagsmeisterskap i skøyting

Påmelding

Skrive startliste:

Dele ut st.nr

Resultat

Antonia Karete Haugen Kongsvik

Kari Tonning

Sigbjørn Kirkeeide

Møt opp 17.30





Tidtaking

Anne Marie Svarstad

Svein Rune Aaland

Mariann Hjelmeset

Oddny Grete Njøten

Svein Arne Lødemel



Møt opp 17.45

Setje ut evt ”hattar”/sperringar i løypene

Sigbjørn Fænn

Roar Alsaker

Svein Rune Aaland

Møt opp 17.45

startordnar

Sigbjørn Kirkeeide



snakkar

Eldbjørg Hatledal



Bake 50 bollar kvar

Ingrid Meland

Hildegunn Midthjell Gjørven

Møt opp 17.45

Ordnar også med å kutte opp frukt, varme saft og dele ut baksten!

Løypevakter:

Bernhard Hole

Alf Ole Arntsen



Møt opp 18.00

Renn 2: 11.februar - påmelding frå klokka 17.50, start ca 18.30

Skøyting - enkelstart for 8 år og yngre / 9 -10 år fellesstart/

Omvendt jaktstart for 11 år og oppover

Påmelding

Skrive startliste:

Dele ut st.nr

Resultat



Antonia Karete Haugen Kongsvik

Sigbjørn Kirkeeide

Magnhild Hauge



Møt opp 17.30

Tidtaking



Anne Marie Svarstad

Torstein Breivik

Svein Rune Aaland

Monica Flo



Møt opp 17.45







Setje ut evt ”hattar”/sperringar i løypene



Sigbjørn Fænn

Roar Alsaker

Svein Rune Aaland

Møt opp 17.45

startordnar



Sigbjørn Kirkeeide





snakkar



Eldbjørg Hatledal





Bake 50 bollar kvar



Hilde Gjøvåg

Oddny Grete Njøten

Møt opp 17.45

Ordnar også med å kutte opp frukt, varme saft og dele ut baksten

Løypevakter:



Kari Tonning (kortløypa)

Rolf Langeset (langløypa)

Møt opp 18.00

Renn 3: Tysdag ?? – påmelding frå klokka 17.50, start ca 18.30

Klassiskenkeltstart for 8 år og yngre

Fellesstart for 9 år og eldre



Påmelding

Skrive startliste:

Dele ut st.nr

Resultat

Antonia Karete Haugen Kongsvik

Randi Lindvik

Linda Alsaker

Møt opp 17.30

Tidtaking

Anne Marie Svarstad

John Roger Meland

Kari Tonning

Svein Rune Aaland

Margrete Garlid



Møt opp 17.45

Setje ut evt ”hattar”/sperringar i løypene

Sigbjørn Fænn

Roar Alsaker

Svein Rune Aaland

Møt opp 17.45

startordnar

Jan Egil Gjørven



snakkar

Eldbjørg Hatledal



Bake 50 bollar kvar

Monica Osvold

Sissel Svarstad

Møt opp 17.45

Ordnar også med å kutte opp frukt, varme saft og dele ut baksten!

Løypevakter:

Svein Arne Lødemel (kortløypa)

Jens Tore Bøe (1.5km)



Møt opp 18.00

 

Renn 4:  ??- påmelding frå klokka 17.50, start ca 18.30

Klassisk - enkeltstart for 8 år og yngre-fellesstart 9-10 år

omvendt jaktstart frå 11 år





Påmelding

Skrive startliste:

Dele ut st.nr



Antonia Karete Haugen Kongsvik

Liv Flore

Grethe Langeset



Møt opp 17.30

Tidtaking



Anne Marie Svarstad

Torstein Breivik

Svein Rune Aaland

Bernhard Hole



Møt opp 17.45

Setje ut evt ”hattar”/sperringar i løypene



Sigbjørn Fænn

Roar Alsaker

Svein Rune Aaland

Møt opp 17.45

startordnar



Jan Egil Gjørven





snakkar



Eldbjørg Hatledal





Bake 50 bollar kvar



Therese Dispen

Rita Bjørnhaug Aarnes

Møt opp 17.45

Ordnar også med å kutte opp frukt, varme saft og dele ut baksten

Løypevakter:



Vidar Stavik (kortløypa)

John Roger Meland(langløypa)

Møt opp 18.00

Renn 5: ?? - påmelding frå klokka 17.50, start ca 18.30

(Skicross – skøyting, kort, artig løype…med kular og andre utfordringar)

Påmelding

Skrive startliste:

Dele ut st.nr

Antonia Karete Haugen Kongsvik

Margrethe Garlid

Berit Fløtre Reed



Møt opp 17.30

Tidtaking

Anne Marie Svarstad

Torstein Breivik

Svein Rune Aaland

Pål Espen Trøsken



Møt opp 17.45

Planlegge crossløypa, merke, sperringar osv

Sigbjørn Fænn

Svein Rune Aaland

Møt opp 17.45

startordnar

Sigbjørn Kirkeeide





snakkar

Eldbjørg Hatledal





Bake 50 bollar kvar

Torill Lødøen

Bente Bjerkenås

Møt opp 17.45

Ordnar også med å kutte opp frukt, varme saft og dele ut baksten

Løypevakter

Bernard Hole

Rolf Langeset

Møt opp 18.00

Vestar til funksjonærane finn de i arenabygget, ute i gangen…

DESSE SKAL BRUKAST!

 
Vi serverer også litt frukt etter målgang – Margunn H handlar inn dette.

Saftkokarane / bakarane tek hand om å kutte opp frukta i høvelege og fine serveringsbitar!

(saft vert også handla inn til kvar gong – så det finn de i klubbhuset)

Då håpar vi i skigruppa på at de kan stille på å ta i eit tak –

då kjeme dette te å gå so øje fint!



Endring av datoar:

Postet av Markane IL den 14. Jan 2014

SSF-cup Seimsåsrennet vert flytta fram til 19. januar

På grunn av usikre snøforhold på Tua vert byter Seimsåsrennet og Tuarennet plass på terminlista. Langrennsgruppa i Årdalstangen IL innbyr dermed til SSF-cup Seimsåsrennet alt søndag 19. januar. Rennet går i klassisk stil og er med i SSF-cupen både for rekrutt og junior.

Tuarennet vert sett opp på nytt laurdag 8. mars.

Dei som ønskjer å delta, gjev som vanleg beskjed til Anne Marie Svarstad på tlf 926 09 077 innan onsdag kl. 2200.



Sogndal 12.01.2014.

Postet av Markane IL den 13. Jan 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide på 2. plass og Oskar Guddal Breivik på 3. plass i Hodlekverennet.

Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på pallen i kvar si klasse i Hodlekverennet. Foto: Margunn Hjelmeset, 2012

Markane IL hadde to deltakarar i dei rangerte klassane i Hodlekverennet samt ein deltakar i rekrutt. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til andreplass i klasse G14 år. Han fullførte den tre kilometer lange løypa på 9 min 27 sek. Han var med det berre tre sekund frå klassesigeren som gjekk til Eskil Hov frå Kaupanger.

Også Oskar Guddal Breivik gjekk seg inn til pallplass. Han kom på tredjeplass i klasse G12 år med tida 7 min 46 sek. Klassevinnar vart Thristan Engebø Ullebø med 7 min 12 sek medan  Sivert Heggheim Mannsverk vart nummer to på 7 min 23. Løypelengda for 12 års klassa var to kilometer. Dette var den største klassa med heile 22 deltakarar på start.

I rekruttklassa J9 år var Selma Guddal Breivik ei av dei åtte jentene på start som leverte flott innsats i sporet. Totalt gjekk nesten 200 løparar årets Hodlekverenn som også var det andre rennet i SSF-cup. Rennet gjekk i klassisk stil.

Resultatliste SSF Cup Hodlekverennet 12.01.2014



Vingrom 11.-12.01.2014:

Postet av Markane IL den 13. Jan 2014

1. og 2. plass til Johan Eirik Meland i Vingromrenna

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

 

Johan Eirik Meland vann klasse M 20-21 i Vingromrennet-sprint på laurdag. Med feilfri liggjande skyting og ein bom på ståande var han 10 sek føre Øystein Ulekleiv frå Dombås IL som hadde to bom. Henrik Smeby frå IL Bevern kom på tredjeplass 22 sek bak.

På jaktstarten søndag vart det totalt fem bom. Dermed vart det andreplass på Johan Eirik bak Henrik Smeby som klarte seg med fire bom og gjekk noko raskare i løypa. Tommy Luchsinger frå IL Bevern vart nummer tre på jaktstarten.

 

 

Resultatliste frå Vingromrennet sprint 11.01.2014

Resultatliste frå Vingromrennet jaktstart 12.1.2014

 



Ruhpolding 12.1.2014:

Postet av Markane IL den 12. Jan 2014

Tarjei Bø med 6. plass etter 20 treff på jaktstarten

Tarjei Bø. Foto: NRK, 2011

Tarjei Bø gjekk seg opp 21. plassar på jaktstarten. Foto: NRK, 2011

Tarjei Bø gjekk eit perfekt løp på jaktstarten i Ruhpolding. Etter gårsdagens 37. plass starta han 1 min 40 sek etter Emil Hegle Svendsen. Med fire perfekte skyteseriar og høg fart i løypa gjekk han seg opp heile 21 plassar. På sisterunden var det ikkje mykje som mangla på at Tarjei kunne gått seg heilt fram på pallen, men det vart nokre få sekund for langt fram.

Tarjei hadde i dag nest best langrennstid. Raskast i løypa var Johannes Thingnes Bø. Han gjekk ut på jaktstarten som nummer åtte. Trass ein bom på kvar av dei tre første skytingane gjekk Johannes så fort i løypa at han heldt seg inne blant dei 5-10 beste. På sisteskytinga kom det tre bom. Dermed datt han nokre plassar på resultatlista. I mål heldt det til ein 18. plass 1 min 18 sek etter vinnaren.

Emil Hegle Svendsen vann løpet med feilfri skyting. Jakov Fak kom på andreplass og Evgenij Garanichev på tredjeplass.



Grendadalen 11.-12.01.2014:

Postet av Markane IL den 12. Jan 2014

God innsats i KM-skiskyting!

 Gaute Bø vart krinsmeister for M17. Foto: Ingrid Meland

Gaute Bø vann KM normaldistanse i klasse M17 år. Foto: Ingrid Meland

 Det var stor deltaking og flott innsats då det endeleg vart sesongopning for dei lokale skiskyttarane. Renna var flytta til Grendadalen og sidan det ikkje kunne gåast strafferundar vart det normalprogram begge dagar. Det vart dermed berre rennet på søndag som vart KM. Markane IL hadde 25 løparar med i krinsrennet laurdag medan 22 deltok i KM på søndag. Totalt deltok omlag 120 løparar på kvart av renna.

 I KM-klassane frå 13 år og oppover vart det siger i klasse M17 til Gaute Bø og til Georg Kristian Halsteinslid i klasse M18. I klassa for G16 kom Håkon Midthjell Gjørven på ein andreplass medan Andreas Halsteinslid vart nummer tre. KM-vinnar vart Matias Lote Henden frå Stårheim. Aksel Mathias Meland kom på andreplass i klasse G15. Her vart Johan Olav Smørdal Botn klassevinnar. Også Anne Marie Roset kom inn til ein andreplass i KM J14. Vinnar her vart Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven.

 Også i dei yngste klassane gjorde fleire det svært bra. I klasse J11 vann Maren Hjelmeset Kirkeeide medan Emilie Flo Stavik kom på tredjeplass. John Erlend Bø tok sigeren i klasse G11 medan Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass i klasse G12 og sikra seg ugle for feilfri skyting.

Også i rennet på laurdag viste gjengen frå Markane godt igjen på resultatlista. Spesielt kan nemnast at Elias Dispen Lødemel som einaste løpar denne dagen, skaut fullt hus og sikra seg ugle. Foto av Elias er teke av Margunn Hjelmeset. Dei øvrige fotoa er frå KM-løpet søndag og er tekne av Ingrid Meland.

Resultat frå begge dagane nedanfor:

Resultatliste skiskyting normaldistanse Hornindal 11.01.2014 

Resultatliste KM skiskyting normal Hornindal 12.01.2014

Sara Annie Aarnes Bjørnhaug og Mari Sofi Meland. Foto: Ingrid Meland

Mange blide rekuttar på KM. Her representert ved Sara Annie Aarnes Bjørnhaug og Mari Sofi Meland. Foto: Ingrid Meland

Elias Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Elias Dispen Lødemel sikra seg ugle på krinsrennet laurdag etter feilfri skyting. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Georg Halsteinslid vann KM normal M18. Foto: Ingrid Meland

Georg Halsteinslid vann KM normal for klasse M18. Foto: Ingrid Meland

Sigurd Fotland Fænn fekk ugle for feilfri skyting. Foto: Ingrid Meland

Sigurd Fotland Fænn fekk ugle for feilfri skyting på normaldistansen. Foto: Ingrid Meland

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Ingrid Meland

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for jenter 11 år.Foto: Ingrid Meland

Pallen i KM normaldistanse. Foto: Ingrid Meland

KM-pallen for klasse G15: 1. Johan Olav Smørdal Botn, Stårheim IL, 2. Aksel Mathias Meland,  Markane IL og 3. plass Runar Lillestøl Naustdal, Stårheim IL. Foto: Ingrid Meland

Pallen i KM normal G16 årFoto: Ingrid Meland

Topp tre i KM normal klasse G16 år: 1. Matias Lote Henden, Stårheim IL, 2. Håkon Midthjell Gjørven, Markane IL og 3. Andreas Halsteinslid, Markane IL. Foto: Ingrid Meland

Odd Sindre Tonning saman med Kari Tonning og Margunn Hjelmeset. Foto: Ingrid Meland

Kari Tonning, Odd Sindre Tonning og Margunn Hjelmeset. Foto: Ingrid Meland



Ruhpolding 11.1.2014:

Postet av Markane IL den 11. Jan 2014

8.plass til Johannes Thingnes Bø på normalen

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø gjekk eit godt løp på normaldistansen i Ruhpolding. Etter fleire bomskot på stafetten gjekk det i dag greitt på skytebana. Totalt vart det to tilleggsminutt på 20 kilometeren etter eit hårfint bomskot på andre skyting og ein bom tredje skyting.

I mål skilde det 1 min 5 sek opp til vinnaren Emil Hegle Svendsen som berre hadde eit tilleggsminutt.

Tarjei Bø kom skeivt ut på første skyting med tre tilleggsminutt. Resten av løpet vart derimot godt gjennomført med bra fart i løypa og treff på 14 av 15 skot. I mål vart det ein 37. plass med 3 min 20 sek opp til teten.

I morgon er det klart for jaktstart. Differansane opp til teten vert då halvert. Johannes startar dermed 33 sek etter teten medan Tarjei må vente i Tarjei 1 min 38 sek.



Utsetjing av cuprenn:

Postet av Markane IL den 9. Jan 2014

Sesongens første cuprenn utsett til 21. januar!

 Skitrening på Ullsheim. Foto: TSN

Det første vert cuprenn 21. januar. Foto frå skitrening med deltakarar frå fleire lag 3. januar. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Sesongens første cuprenn vert utsett ei veke til tysdag 21. januar.

Påmelding frå kl. 1800. Første start ca. kl. 1840.

Startkontingent kr. 50

Rennet går i fri teknikk og er også lagsmeisterskap i stilarten.

Cuprenndatoane denne sesongen vert dermed:

1.renn: tysdag 21. januar i fri teknikk.

2. renn: tysdag 28. januar klassisk

3. renn: tysdag 11. februar fri teknikk

4. renn: tysdag 4. mars klassisk

5. renn: tysdag 11. mars skicross

Alle velkomne!



Ullsheim 14.01.2014:

Postet av Markane IL den 9. Jan 2014

3. fellestrening for laga i Nordfjord

Fellestrening 3. januar. Foto: TSN

Løparar frå fleire lag på trening på Ullsheim 3. januar. Foto: TSN

 Tysdag 14.januar blir den tredje fellestreninga for laga i Nordfjord med trenarar frå skikrinsen arrangert på Ullsheim.

Treninga startar klokka 18.00, varer til 19.30 / 20.00 i klassisk stil.

Trenarar vert: Arthur Hegrenes og Asgeir Årdal.





Ruhpolding 9.1.2014:

Postet av Markane IL den 9. Jan 2014

9. plass i stafett med Johannes og Tarjei på laget

Johannes Th. Bø og Tarjei Bø. Foto: Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum / NRK, 2012

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk begge på stafettlaget i Ruhpolding. Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum/ NRK 2012

 Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på det norske stafettlaget i Ruhpolding i dag. Dessverre var det ein tung dag på skytebana for Johannes. Etter å ha brukt alle tre ekstraskota på liggjande skyting stod det framleis tre blinkar att. Dermed måtte Johannes gå tre strafferundar og Norge var dermed over 1 min 30 sek etter teten. På ståande skyting gjekk det derimot bra. Alle blinkane var nede etter eitt ekstraskot. Det var likevel om lag to minutt fram til teten ved veksling.

Tarjei Bø gjekk ein god andreetappe. Han skaut feilfritt på sin andreetappe og gjekk Norge opp fleire plassar. Også Vetle Sjåstad Christensen og Emil Hegle Svendsen gjekk godt på sine etappar. Til slutt kom Norge på ein 9. plass.

Stafetten vart vunnen av Austerrike, framfor Tyskland og Russland.



Ullsrennet 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 9. Jan 2014

Tusen takk til funksjonærar, sponsorar og alle andre som hjelpte til med å få Ullsrennet 2014 vel i hamn! 

Sofie Njøten, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Fire blide deltakarar på Ullsrennet: Sofie Njøten, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning. Alle i Markane IL si nye lagsdrakt av merket Craft frå vår leverandør Sport 1 Ytre-Eide. Foto: Margunn Hjelmeset



Oberhof 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

3. plass til Tarjei Bø på fellesstarten

Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø var tilbake på pallen i dag med tredjeplass på fellesstarten. Foto: NRK, 2012

 Tarjei Bø var tilbake på pallen på dagens fellesstart i Oberhof. Tarjei var med i teten etter fullt hus på første skyting, men forsvann litt lenger bak etter ein bom på både andre og tredje skyting.

På  den fjerde skytinga kom fleire løparar samla inn, men etter at fleire skaut på seg rundar kunne Tarjei avansere opp i feltet etter feilfri skyting. Inn mot mål sikra Tarjei seg pallplassen. Han var 17,1 sek etter Martin Fourcade, Frankrike, som vann. Alexey Volkov kom på andreplass 8,8 sek etter vinnaren.

Johannes Thingnes Bø kom i mål til ein 18. plass etter ein ikkje heilt topp dag på standplass. Totalt vart det fem bom og spesielt den tredje skytinga med tre rundar øydela sjansen om ei topplassering i dag. I mål skilde det 1 min 34 sek opp til teten.



Natrudstilen 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

2.plass til Jarle Midthjell Gjørven på jaktstarten!

Jarle Midthjell Gjørven, Håkon Svaland og Kristian Aalerud. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp til ein flott sølvplass på jaktstarten i Norgescupen. Vinnar vart Håkon Svaland medan Kristian Aalerud tok tredjeplassen. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein flott jaktstart under Norgescuprennet på Natrudstilen i dag. Etter å ha starta som nummer sju gjekk han seg jamnt og trutt framover i feltet. Med feilfri skyting på dei tre første seriane var han oppe på tredjeplass. På den siste skytinga vart det to strafferundar, men sidan alle i teten fekk to-eller tre rundar gjekk Jarle likevel ut på ein tredjeplass. På sisterunden gjekk han forbi Kristian Aalerud frå Bærum og sikra seg andreplassen. Ei flott plassering i eit renn som er eit av uttaksrenna til junior-VM i skiskyting.

Vinnar av klasse M20-21 vart Håkon Svaland frå Birkenes IL med fire rundar. Han var 1 min 6 sek føre Jarle Midthjell Gjørven. Kristian Aalerud tok tredjeplassen 1 min 13 sek bak vinnaren.

Johan Eirik Meland gjekk seg også fram tre plassar og kom på 19. plass på jaktstarten. Han fekk totalt fire stafferundar og var 3 min 23 sek bak vinnaren.

Også tidlegare i dag hadde Markane IL løparar i aksjon. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 35 i klasse M18 med totalt seks strafferundar. Klassevinnar vart også i dag Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes IL. I klasse M17 gjekk Gaute Bø seg fram åtte plassar frå sprinten i går. Han vart dermed nummer 37. Vinnar vart Vetle Nergård frå Hernes IL.

Vi nemner også at i klasse M19 gjekk sigeren nok ein gong til ein nordfjording, Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord.

Resultatliste DNB cup 3 Statkraft cup 2 jaktstart Natrudstilen 5.1.2014 Alle klasser

Vi gratulerer!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven vel i mål  etter å ha gått inn til ein flott andreplass på jaktstarten. Foto: Team Statkraft Nordfjord



Resultatliste Ullsrennet 5.januar 2014

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

Her ligg resultat frå Ullsrennet 5.1.2014 (fristil enkeltstart)

Resultatliste_Ullsrennet_2014.PDF

 

 



.

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

Resultat skirenn 2014 

Markane-cupen/Telenor cup 2014

Resultatliste for cuprenn 1 i fri teknikk. Dato: 21.01.2014 -oppdatert

Resultatliste for cuprenn 2 omvendt jaktstart fri teknikk 11.02.2014 

 Resultatliste for cuprenn 3 klassisk stil Dato 9.3.2014.

Resultatliste for cuprenn 4 Klassisk stil Dato 18.3.2014

Resultatliste for cuprenn 5. Duathlon. Dato: 26.3.2014

Lagsmeisterskap 2014

Resultatliste for lagsmeisterskap i fri teknikk. Dato: 21.01.2014

 

Renn i SSF-cup 2014

Resultatliste frå Ullsrennet/SSF-cup Arrangør: Markane IL Dato: 5.1.2014

Resultatliste SSF Cup Hodlekverennet 12.01.2014

Resultatliste SSF-cup Seismåsrennet Arrangør Årdalstangen IL Dato 19.1.2014

Resultatliste for SSF-cup friteknikk Hodlekve 8.2.2014 

Resultatliste for SSF-cup Kleivanerennet 22.2.2014

Resultatliste SSF Cup IL Jotun 16.03 2014

Resultatliste for SSF-cup finalen Hodlekve Dato 22.3.2014.

SSF Cup samanlagt 2014.

KM 2014

Resultatliste for KM fri teknikk 24.01.2014 Arrangør: IL Bjørn og Hafslo IL

Resultatliste KM sprint 10 år og yngre Sogn Skisenter Arr: IL Bjørn og Hafslo IL 25.1.2014

Resultatliste KM sprint 11 år og eldre Sogn Skisenter Arr: IL Bjørn og Hafslo IL  25.1.2014

Resultatliste KM klassisk 2014 Sogn Skisenter 26.1.2014

Hovudlandsrennet

Resultatliste HL langrenn klassisk G15 Dato 28.2.2014.

Resultatliste HL langrenn klassisk G16 Dato 28.2.2014.

Resultatliste for Hovudlandsrennet sprint friteknikk Klasse G15 Dato 1.3.2014.pdf

Resultatliste for Hovudlandsrennet sprint friteknikk Klasse G16 Dato 1.3.2014.pdf

Resultat Hovudlandsrennet langrennscross G16 Dato 1.3.2014.pdf

Resultatliste Hovudlandsrennet Vang stafett G15-16 Dato 2.3.2014

Turrenn:

Resultatliste for Tverrfjelldilten 15.2.2014

Andre renn:

Offisiell resultatliste Skeikampenrennet 11.01.2014

Resultatliste frå Ungdommens Holmenkollrenn klassisk stil 15.2.2014 Klasse G14

 Resultatliste for Ungdommens Holmenkollrenn fri teknikk Klasse G14 16.2.2014

Resultatliste for Vetenrennet2014-Dato 16.2.2014

Resultatliste Fredagsbirken 14.3.2014

Resultatliste for Påskesprinten Arrangør Skjåk IL Dato 17.4.2014

Resultatliste for Kjeringi Open 2014 Lagskonkurranse Arrangør Syril IL Dato 26.4.2014

 



Ullsheim 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

Nesten 300 deltakarar på start i Ullsrennet 2014

Sigurd Fotland Fænn og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Sigurd Fotland Fænn og Simon Hjelmeset Kirkeeide vann kvar si klasse under Ullsrennet. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

 Nesten 300 deltakarar var på start på skisesongen endeleg kom i gong på Ullsheim i dag. Deltakarane kom frå heile fylket. Hordaland og Møre og Romsdal var også godt representert. Markane hadde sjølvsagt ein stor gjeng på start. Totalt 47 løparar deltok for Markane som med det var representert i dei fleste klasser. Alle leverte flott innsats i løypa.

I dei rangerte klassene frå 11 år og oppover kom følgjande deltakarar frå Markane blant dei tre beste i si klasse: G11: John Erlend Bø nr 2. J11: Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 1 og Emilie Flo Stavik nr 2. G12: Sigurd Fotland Fænn nr 1 og Oskar Guddal Breivik nr 2. G14: Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 1. Menn senior: Johnny Ståle Seljeset nr 2 og Are Njøten nr 3.

Ullsrennet var også det første rennet i SSF-cup for rekrutt.

Foto frå Ullsrennet 2014 her.

 Resultatliste frå Ullsrennet/SSF-cup Arrangør: Markane IL Dato: 5.1.2014



Ullrennet 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

Gjengløymd på Ullsheim -nokon som saknar dette?

Etter Ullsrennet låg det att ein sekk med eit par svarte Madshus skisko str 45, eit par briller - Julbo, samt ei lånebok "Marg og bein" frå Luster bibliotek.

Den som saknar dette, må ta kontakt med Margunn Hjelmeset på tlf. 41628268!



Ullsrennet 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

Fotoserie frå Ullsrennet 2014

Preben Sunde, Eirik B. Sandbakk, Samuel Norlie og Elias D. Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset

Deltakarar frå Markane IL i klasse G10 år: Preben Osvold Sunde, Eirik Bjørlo Sandbakk, Samuel Norlie og Elias Dispen Lødemel. Foto: Margunn Hjelmeset.

Nesten 300 løparar deltok på Ullsrennet 2014. Nedanfor ligg ein liten fotoserie som viser nokon av alle dei som var i aksjon i dag. Fotograf er Margunn Hjelmeset.

Marth e Gjøvåg Heggestad. Foto: Margunn Hjelmeset

Marthe Gjøvåg Heggestad deltok i klasse J11. Foto: Margunn Hjelmset

Amanda Gjøvåg Heggestad. Foto: Margunn Hjelmeset

Amanda Gjøvåg Heggestad klar til start i klasse J8

Inger Hjelmeset i fint driv. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset i fint driv. Foto: Margunn Hjelmeset

Hedda Garlid Hilde. Foto: Margunn Hjelmeset

Hedda Garlid Hilde gjekk i klasse J11

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa J11. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd Sindre Tonning vart nr 7 i klasse G16. Foto: Margunn Hjelmeset

Johnny Ståle Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Johnny Seljeset smør ski før start.

Edvar Tvinnereim, Trond Leirgulen og Are Njøten. Foto: Margunn Hjelmeset

Edvar Tvinnereim, Trond Leirgulen og Are Njøten i målområdet.

Funksjonærar på Ullsrennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Intet renn utan funksjonærar.

Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning. Foto: Margunn Hjelmeset

Magnus Arntsen og Odd Sindre Tonning.

Sofie Njøten og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Sofie Njøten og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset



Oberhof 4.1.2014:

Postet av Markane IL den 4. Jan 2014

6.plass til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten

-Tarjei Bø gjekk seg opptil 13. plass

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø vart nummer 6. og 13. på jaktstarten i Oberhof

Johannes Thingnes Bø gjekk eit nytt godt løp i verdscupen og gjekk seg opp frå gårsdagens 10. plass og fram til 6. plass. Tarjei Bø gjekk ein god jaktstart og gjekk seg opp heile 19. plassar, frå 32. til 13. plass.

Emil Hegle Svendsen vann også dagens renn. Ole Einar Bjørndalen vart nummer to og Martin Fourcade vart nummer tre.



Startliste Ullsrennet 5.januar 2014

Postet av Markane IL den 4. Jan 2014

Nedanfor finn du startliste for Ullsrennet 2014:

Startliste 5.1.2014.



DNB Cup3/Statkraft JuniorCup2 4.1.2014:

Postet av Markane IL den 4. Jan 2014

7. plass til Jarle Midthjell Gjørven i M20/21

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven fekk best plassering av deltakarane frå MIL i dagens Norgescup med 7. plass. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven kom på 7.plass i klassa for M20/21 under sprinten i DNB Cup 3/Statkraft JuniorCup 2 på Sjusjøen i dag. Renna denne helga tel også i uttaket til jr. VM i skiskyting seinare i vinter. Jarle skaut feilfritt på liggjande skyting, men fekk to strafferundar på den ståande serien. Dermed går han ut på jaktstarten i morgon 1 min 17 sek etter vinnaren. I same klasse kom Johan Eirik Meland på 22. plass. Også han med to rundar på ståande skyting. Differansen fram til teten vart på 2 min 4 sek. Klassevinnar vart Kristian Andre Aalerud frå Bærum skiklubb som skaut feilfritt. Håkon Svaland frå Birkenes IL vart nummer to og Sondre Kvikne Dotterud frå Vingrom IL nummer tre.

I klassa for M18 vart Georg Kristian Halsteinslid nr 28. Han fekk ein strafferunde på kvar skyting og var 2 min 43 sek bak vinnaren Sindre Pettersen frå Nittedal IL. Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes IL vart nummer to og Jonas Uglem Mobakken frå Oslo SSL vart nummer tre.

I klassa for M17 vart Gaute Bø nummer 45 etter totalt tre strafferundar. Klassevinnar vart Endre Strømsheim frå Bærum Skiklub.

Best av alle løparane frå Team Statkraft Nordfjord i dag vart Isak Flo Bødal frå Stårheim IL som vann klassa for M19. Andrea Skeide Bakke frå Stårheim IL kom også på pallen med tredjeplass i klasse K18.

Foto av dei andre markaneløparane som var i aksjon nedanfor. Takk til Team Statkraft Nordfjord for foto!

Resultatliste DNB Cup 3 Statkraft cup 2 sprint Natrudstilen 4.1.2014 Alle klasser

 

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland kom på 22. plass i klassa M20/21 under Norgescupen på Natrudstilen i dag. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Gaute Bø. Foto: TSN

Gaute Bø i fint driv i klasse M17. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Georg Halsteinslid. Foto: TSN

Georg Kristian Halsteinslid gjekk inn til 28. plass på sprinten i klassa M18. Foto: Team Statkraft Nordfjord



Idrettsgallaen 2014:

Postet av Markane IL den 4. Jan 2014

Johannes Thingnes Bø tildelt prisen "Årets gjennombrot"

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø kåra til "Årets gjennombrot". Foto: Anders Vonheim.

 Johannes Thingnes Bø vann prisen for "Årets gjennombrot" på Idrettsgallaen 2014.

Johannes vann sine første to verdscuprenn rett før jul og har halde fram å imponere i renna no på nyåret. Skiskyttarane er på verdscuprenn i Oberhof, men var inne på direktelink under gallaen så Johannes fekk tildelt og takka for prisen på direkten. I talen takka han "verdas beste skiskyttarlandslag" og lova gode norsk innsats i Sotsji OL. Han takka også foreldra sine og "alle andre som veit kven dei er".

Dei andre nominerte i klassa var: Tiril Sjåstad Christiansen (freestyle), Caroline Graham Hansen (fotball), Tom Beier Jensen (skyting), Henrik Kristoffersen (alpint) og Are Strandli/Kristoffer Brun (roing).

Vi gratulerer!



Oberhof 3.1.2014:

Postet av Markane IL den 3. Jan 2014

Fin 10. plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø gjekk eit nytt godt renn på sprinten i Oberhof. Under vanskeleg forhold med regn, vind og tjukk skodde vart det ein 10. plass.

Johannes fekk to bom på den liggjande skytinga. På ståande vart det fire raske treff før det kom ein bom på sisteskotet. Med jamnt bra fart i løypa var Johannes til slutt 49,7 sek bak vinnaren Emil Hegle Svendsen. Andreplassen gjekk til Ole Einar Bjørndalen som var 0,4 sek bak Svendsen. Martin Fourcade frå Frankrike vart nummer tre.

Tarjei Bø hadde ikkje heilt dagen på sprinten. Det byrja brukbart med ein bom på liggjande, men tre bom under svært vanskelege forhold på ståande øydela mykje. Når farten i løypa ikkje var heilt topp heller, vart det til slutt ein 32. plass. Han var 1 min 39,7 sek bak vinnaren. I morgon er det klart for jaktstart i Oberhof.



Levert av IdrettenOnline