Ullsrennet fri teknikk og Ullsrennet klassisk

Lagt ut av Markane IL den 30. Des 2015

Ullsheim 2008.jpg

Det er klart for langrennshelg på Ullsheim 9.-10.januar. På grunn av lite snø vert rennet søndag endra til eit klassiskrenn.

Dei som vil delta for Markane IL kan sende ein e-post til Margun Hjelmset på marg-hje@frisurf.no i løpet av onsdag 6. januar. Det er også mogleg å melde seg på sjølv via www.minidrett.no


Innbydinga til Ullsrennet fri teknikk:

Innbyding til Ullsrennet 090116.mil.pdf

Lenke til Ullsrennet klassisk på skikrinsen: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/termin...



Flott innsats i Ribberennet

Lagt ut av Markane IL den 30. Des 2015














Markaneløparar gjekk til topps i heile fire klasser under Ribberennet. I J11 og J13 vært det til og med dobbelsiger.

Det vart ein fin start på langrennssesongen for løparane frå Markane IL. I klasse J 11 vart det dobbeltsiger med Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland. På fjerdeplass følgde Sara Annie Bjørnhaug Aarnes. Også i klasse J13 vart det dobbelsiger med Maren Hjelmeset Kirkeeide føre Emilie Flo Stavik. ( Foto: Markane IL). Torje Seljeset vann klasse G11 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G16 med to minutts margin. I klasse G17 kom Aksel Mathias Meland på tredjeplass.

I dei yngste urangerte klassene var Markane representert med Kathrin Svarstad Heggdal.

Resultatliste frå Ribberennet 29.12.2015



Snøproduksjon på Ullsheim

Lagt ut av Markane IL den 28. Des 2015

Det kalde fine veret 2.juledag vart nytta til snøproduksjon på Ullsheim.



Åttandeplass til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten

Lagt ut av Markane IL den 28. Des 2015

johannes.jpgJohannes Thingnes Bø gjekk inn til ein fin åttandeplass på fellesstarten i Pokljuka.

Totalt vart det to bom. Dette var ein bom for mykje til å kunne blande seg inn i pallkampen, men det skilde berre 21sek får Johannes sin åttandeplass fram til vinnaren Jean Guillaume Beatrix. Emil Helge Svendsen kom inn til andreplass medan Ole Einar Bjørndalen tok tredjeplassen.

Tarjei Bø kom på 18. plass. Han var 51,9 sek bak vinnaren med totalt fire bom.



Tarjei Bø på 4.plass i jaktstarten

Lagt ut av Markane IL den 26. Des 2015

Tarjei Bø.pngTarjei Bø gjekk seg opp fem plassar på jaktstarten i Pokljuka og kom dermed rett bak pallen.

Tarjei byrja med tre fulle hus og gjekk seg med det fram i tetkampen. På den siste skytinga kom ein bom. Dermed vært det kamp om tredjeplassen mellom Tarjei og russeren Shipulin. Russaren var kjappast og spurtslo med eit par sekund Tarjei i mål. Simon Schempp tok sigeren også i dag. Han var 16 sek føre Martin Fourcade og 23,4 sek føre Anthon Shipulin i mål.

Johannes Thingnes Bø fekk ikkje gå dagens jaktstart etter å ha vorte nr 64 på sprinten.



9.plass til Tarjei Bø på sprinten

Lagt ut av Markane IL den 26. Des 2015

Tarjei Bø.png

Tarjei Bø gjekk nok eit godt løp og vart nummer ni på sprinten i Pokljuka.

Tarjei gjekk bra i løypa, men sidan mange skaut feilfritt var sjølv ein bom for mykje til å nå heilt til topps.

Sigeren gjekk til tyske Schempp 15 sek føre Ole Einar Bjørndalen. Russerne Garanichev kom på tredjeplass, 25 sek bak. Tarjei var 36 sek bak på sin niendeplass. Johannes Thingnes Bø hadde ein dårleg dag og vart nummer 64 etter å ha skote på seg fem strafferunder. Han får dermed heller ikkje gå jaktstarten.



Norgescup på Beitostølen

Lagt ut av Markane IL den 26. Des 2015


Norgescupen i skiskyting er i gong. Helga 12.- 13.desember var det DNB cup2/Statkraft jr cup1 på Beitostølen. Ingen av våre fekk plassering at heilt i toppen denne gongen. Best vart Aksel Meland med ein 22.plass.

Komplette resultatlister her:


Resultat_DNB cup2/ Statkraft jr cup1 Beitostølen sprint 12.12.2015.pdf

resultater_DNB cup 2/Statkraft jr cup1 Beitostølen normal alle_klasser 13.12.2015.pdf



2.plass i verdscupstafetten i Hochfilzen

Lagt ut av Markane IL den 26. Des 2015

Johannes og Tarjei Bø.jpgBåde Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var med på stafettlaget som vart nummer to i Hochfilzen.

Det norske laget var med i testen gjennom heile stafetten. Henrik L'Abeé-Lund gjekk den første etappen. Johannes Thingnes Bø gjekk ut i tetgruppa. Han gjekk bra i sporet og skaut feilfritt på liggjande. På den ståande skytinga trengdest det to ekstraskot før alle blinkane var nede.

Tarjei Bø gjekk tredje etappen. Også han gjekk godt og han brukte berre eit ekstraskot totalt. Dermed gjekk Emil Helge Svendsen ut i testen saman med Russland på sisteetappen. Både Svendsen og Shipulin brukte to ekstraskot på siste skyting, men Norge gjekk ut på sisterunden med ei ti sekunds leiing. Russland tok inn førespranget og gjekk først over mål. Norge vart nummer to medan Frankrike tok tredjeplassen.



4.plass til Tarjei Bø på jaktstarten.

Lagt ut av Markane IL den 12. Des 2015

Tarjei Bø.pngTarjei Bø gjekk nok eit godt løp i Hochfilzen, men enda akkurat utanfor pallen.

Tarjei kom inn til siste skyting saman med dagens vinnar Martin Fourcade og Simon Schempp, men med ein bom på den siste skytinga gjekk Anthon Shipulin ut før Tarjei. Dermed vært det fjerdeplass til Tarjei på jaktstarten.

Johannes Thingnes Bø hadde ikkje dagen på standplass og skaut på seg fem strafferunder. Dermed vært det til slutt ein 23. plass.



Simon Hjelmeset Kirkeeide på andreplass i Golsrennet.

Lagt ut av Markane IL den 12. Des 2015

Simon Hjelmeset Kirkeeide 2015.jpgSimon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i klasse G 16 i Golrennet 2015. Han var 35 sek bak vinnaren Frode Johnsrud frå Stokke Tredjeplassen gjekk til Kasper Indrehaug får Botne IL, 55 sek bak.

Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjorde det godt på Gol og kom på sjetteplass i J 13. Ho var berre 36 sek bak klassevinnaren Synne Herheim frå Geilo IL.

Komplette resultat her:

golrennet-2015.pdf



Nesten pallen for Tarjei Bø

Lagt ut av Markane IL den 12. Des 2015

Tarjei Bø.png









Tarjei Bø gjekk ein flott jakstart i Östersund. Med to bom totalt på dei fire skytingane og god fart i sporet gjekk han seg opp frå 29. til fjerdeplass.

Johannes Thingnes Bø skaut på seg sju strafferundar og enda på ein 16. plass.



6.plass til Johannes Th. Bø på sprinten

Lagt ut av Markane IL den 12. Des 2015

johannes.jpgDet var Johannes Thingnes Bø som gjorde det best av brørne Bø på sprinten i Østersund. Med ein bom på kvar av skytingane gjekk han inn til ein sjetteplass. Han har dermed eit godt utgangspunkt før jaktstarten.

Tarjei Bø skaut på seg fem bom og vært nummer 29.




Pallplass til Tarjei Bø på sprinten

Lagt ut av Markane IL den 12. Des 2015

Tarjei Bø.png Tarjei Bø sikra sesongens første pallplass då han vært nummer tre på sprinten i Hochfilzen.

Johannes Thingnes Bø kom på 14. plass med ein bom.



Innbyding til NC Markane 22.1-24.1.2016

Lagt ut av Markane IL den 10. Des 2015

Innbydinga til DNB Cup 4/Statkraft Cup 3 på Ullsheim 22.1-24.1.2016 er no klar.

Du finn den her

Markane IL ønskjer alle velkomne til Ullsheim i januar!



Overnatting

Lagt ut av Markane IL den 8. Des 2015

Ullsheim 2008.jpg

Treng du overnatting under Norgescup skiskyting? Markane IL sine samarbeidspartnarar på overnatting finn du på lenka her.



Svein Sindre utnemnd til æresmedlem i MIL

Lagt ut av Markane IL den 4. Des 2015

04NYHheider.JPG

Svein Sindre får utdelt æresdiplom får leiar Eldbjørg Hatledal. Foto: Fjordingen


Svein Sindre vart under 110-årsmarkeringa for Markane IL utnemnd til æresmedlem.

Svein Sindre har vore ei viktig brikke i laget i mange år både som aktiv og som administrator. Han var leiar i laget i fem år, og mellom dei som var med å drog i gang orienteringssporten i laget.

-Du har vore ein institusjon i bygda, sa Hatledal under overrekkinga.

Sindre takka for heideren, og sa at noko av det som gledde mest var å få i gang o-sporten.

Han var leiar for det første store arrangementet i laget, nemleg NM i langdistanseorientering. Som aktiv var det langrenn, hopp og skiskyting, og no er han i ferd med å samle stoff til lagssoga.

Han er ein verdig medlem av flokken som trygt kan kallast eldsjeler.

Svein Sindre er den sjuande æresmedlemen i laget. Dei andre er Lars Hatledal, Ola og Oddvar Sætren, Jon Kjøs og Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

Vi gratulerer med æresmedlemsskapet!




19. og 22.plass på normaldistansen

Lagt ut av Markane IL den 4. Des 2015

Johannes og Tarjei Bø.jpg Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 19. plass i det første individuelle rennet i verdscupen. Tarjei Bø kom på 22. plass. Begge held god fart i løypa på normaldistansen i Östersund, men ingen av dei hadde heilt dagen på standplass. Johannes skaut på seg tre tilleggsminutt medan Tarjei måtte tåle fire minutt i tillegg.

Dagens vinnar vart Ole Einar Bjørndalen som skaut fire fulle hus og vart 27 sek føre andremannen tyske Simon Schempp i mål. Alexey Volkov kom på tredjeplass.

Verdscupen held fram med sprint på laurdag.



Til topps i miksstafetten!

Lagt ut av Markane IL den 2. Des 2015

Johannes og Tarjei Bø.jpgVerdscupen starta på best mogleg måte for Tarjei Bøog Johannes Thingnes Bø då dei begge gjekk på vinnarlaget i miksstafett i Østersund. Dei to gjekk på mikslaget saman med Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff.

Tarjei Bø gjekk ankeretappen og var i mål heile 34 sek før sølvvinnar Tyskland. Tredjeplassen gjekk til Tsjekkia.



Takk for premiar til lagsmeisterskapen!

Lagt ut av Markane IL den 28. Nov 2015

Markane IL takkar Leiv Austrheim AS for fine premiar til lagsmeisterskapen på ski 2015. Dei som deltok i alle disiplinane, klassisk langrenn, slalåm og hopp, kan kose seg med Statoilkakao eit heilt år framover!



Sakliste til styremøte i Markane IL

Lagt ut av Markane IL den 26. Nov 2015

logo-markaneil.pngSaklista til årsmøtet i Markane IL er no klar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det 110-årsjubileumsmarkering for Markane IL i pausen i årsmøtet mellom kl. 2000-2100. Her vert det utnemning av nytt æresmedlem i Markane IL, kaffi og jubileumskake!

Alle velkomne!

Sakliste til årsmøtet i Markane IL 02.12.2015.pdf


Del I Årsmelding frå styret 2015.pdf

Del II Årsmelding for gruppene 2015.pdf

Del III Rekneskap 2015 og budsjett 2016.pdf




Norgescup i skiskyting 22.-24.1.2016

Lagt ut av Markane IL den 24. Nov 2015

Markane IL ønskjer alle hjarteleg velkomne til Norgescup i skiskyting på Ullsheim 22.-24.1.2016. Innbyding med meir kjem snart!



Stem på Markane i Klubben i mitt hjerte

Lagt ut av Markane IL den 23. Nov 2015

Stem fram Markane på Klubben i mitt hjerte 2015. Klarer vi å samle 50 stemmer eller meir i løpet av eitt døgn, er Markane med på trekningen av tre dagspremier på 10.000 kroner fra Nordea.

Med ein gang eit idrettslag har oppnådd 50 stemmer i løpet av éin dag vil det bli offentliggjort på klubbenimitthjerte.no at idrettslaget er med i trekningen av 10.000 kroner.

Et idrettslag som oppnår 50 stemmer kvar dag i kampanjeperioden kan delta i totalt 10 trekningar. Vinnersjansane er derfor store. Alle idrettslag, samt bedrifts- og studentidrettslag deltek på lik linje. På P4s ettermiddagssendingar vil dagens tre vinnarar bli offentleggjort og vinnarane vil også bli offentleggjort på klubbenimitthjerte.no. Totalt deler Nordea ut 30 premier á 10.000 kroner og en hovedpremie på 100.000 kroner. Første trekning er måndag 16.11.2015.

Du kan stemme ved å følgje denne lenka: http://www.klubbenimitthjerte.no/#about

Skriv Markane IL inn i søkefeltet og følg instruksjonane.



Setretrimmen 2015

Lagt ut av Markane IL den 6. Nov 2015


Simon%20med%20trimtroll.jpgResultata frå årets Setretrim er klare. I utgongspunktet inngår ni setrar i setretrimmen: Florehytta, Jutdalsetra, Gråberg, Faleidestøylen, Maursetsetra, Grendasetra, Øyesetra og Holsetra. Sidan boka på Maursetsetra forsvann i sommar, er resultata baserte på dei åtte andre setrane.

Flest poeng fekk Aud Gjendem Gjørven med totalt 289. Ho var dermed også i år vinnar av kvinneklassa. Per Jakob Kyrkjeeide vann herreklassa med 157 poeng. Simon Hjelmeset Kirkeeide (foto) vann klasse G13-17 med 31 poeng medan Sofie Gjøvåg Heggestad vann J13-17 med 16 poeng. I klassa jenter 7-12 år gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide til topps med 33 poeng. Magnus Johan Bøe vann G7-12 år med 39 poeng. I yngste klasse for jenter 0-6 år vann Ane Hjelmeset Kirkeeide med 41 poeng medan det vart delt førsteplass i gutar 0-6 år mellom Jesper Svarstad Hole og Noah Seljeset Svarstad med 7 poeng. Alle vinnarane fekk trimtroll på premiefesten.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. For dei vaksne er det teke med dei som hadde minst 10 poeng.

Resultatliste for Setretrim 2015.pdf



Innkalling til årsmøte i Markane IL

Lagt ut av Markane IL den 3. Nov 2015

logo-markaneil.pngDet vert årsmøte i Markane IL onsdag 2. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste onsdag 18.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtedatoen.

Velkomne!



Premiefest torsdag 5. november

Lagt ut av Markane IL den 3. Nov 2015

logo-markaneil.pngÅrets premiefest for Markane IL vert torsdag 5.november kl.18.00 i Ullsheim.

Premieutdeling for ski, orientering, trim og skiskyting.

Enkel servering.

OBS! Alle deltakarar under 15 år som var med på eitt eller fleire cuprenn, får premie uavhengig av om dei er medlemmer.

Alle velkomne!



Trenarar si rolle i barneidrett.

Lagt ut av Markane IL den 3. Nov 2015

Fredag 6.november, kl. 19.00 vert det føredrag "Trenarar si rolle i barneidrett -tilrettelegging og førebygging" i Frendesalen i Stryn kulturhus.

Føredragshaldarar vert Sjur Ole Svarstad, Kristin Roset og Jan Endre Nesdal.

Voksne for barn er ein organsiasjon som jobbar for trygg barndom og god psykisk helse for born og unge. I år har organisasjonen gått saman med Mental Helse og Leve i markering av Verdensdagen for psykisk helse. Vi ynskjer å sette fokus på den viktige jobben frivillege trenarar innan barneidretten gjer. Tema for verdensdagen er “Kast maska”. Dette er høgst relevant for frivillege trenarane som i løpet av sitt engasjement kan møte på born og unge med ulike utfordringar. Utfordringane kan blant anna vere spiseforstyrring.

Vi har sett saman eit program som skal bidra til auka kunnskap om spiseforstyrring og om korleis ein kan førebyggje tilfeller. Vi ynskjer og å ha fokus på den viktige jobben trenarane gjer som fremjar god psykisk helse blant born og unge. Målet vårt er å gje gode tips og idear som inspirerer til å halde fram som trenarar.

Program:

19:00 Springerinne Kristin Roset.

Eigne erfaring som idrettsutøvar med spiseforstyrring.

Trenaren si rolle i barneidrett. Korleis førebygge spiseforstyrringar? Kva teikn kan

trenarane sjå. Kva bør han/ho gjere?

Pause 20 min

20:20: Sjur Ole Svarstad - rekruttlandslagstrenar i langrenn.

Trenaren si rolle i barneidrett: Korleis tilrettelegge idrett for at alle skal oppleve

glede og meistring.

20:40: Jan Endre Nesdal - far og trenar innan turn.

Trenaren si rolle i barneidrett: Positive ringverknadar av å oppleve eit inkluderande

miljø, og å bli sett. Viktigheit for ein trenar "å sjå" alle uansett prestasjonsnivå.

Hovudmålgruppa er trenarar i barne og ungdomsidretten i Stryn og Hornindal kommune. Det er sjølvsagt ope for alle som ønskjer å høyre på.

Billett kr 100,- per pers.

Kontakt Anne Marie Svarstad, 926 090 77, anne.marie.svarstad@sfj.no. Voksne for Barn, Indre Nordfjord lokallag.

(Betal inn på 3705 26 50462, Voksne for Barn, Indre Nordfjord lokallag.






Ny rekord for idrettslagsbasaren

Lagt ut av Markane IL den 20. Okt 2015


logo-markaneil.pngDet vart ny rekord under idrettslagsbasaren søndag 18. oktonber. Grovoppteljinga viser at nesten 70 000kr kom inn under basaren.
I alt 105 åregevinstar og 24 flotte gevinstar fekk nye eigarar i løpet av tre ettermiddagstimar på søndagen.
Stor takk til alle som har bidrege med gevinstar og som har kjøpt lodd!



Årets basar var på same dag som TV-aksjonen. Styret bestemt derfor å gje 1500kr til årets aksjon for Regnskogfondet.



Trekningsliste for loddboka finn du nedanfor:



Trekningsliste for loddboka på basaren til Markane IL 2015.pdf



Skytebanen stengt torsdag 1/10-2015

Lagt ut av Markane IL den 29. Sep 2015


logo-markaneil.png
Skytebanen vert stengd torsdag 1/10-2015 p.g.a. skulesprint i orientering!



14.plass til Tarjei Bø i Stolzekleiven Opp

Lagt ut av Markane IL den 28. Sep 2015


Tarjei BøTarjei Bø kom på 14.plass i motbakkeløpet Stolzekleivven Opp. Med tida 9 min 9 sek var han 1 min 11 sek etter vinnaren Thorbjørn Ludvigsen frå Bergen som sette ny rekord med 7 min 58 sek. Tarjei vann dermed brødreduellen mot Johannes Thingnes Bø som kom på ein 33.plass med tida 9 min 38 sek.



Resultat Stolzekleiven Opp -topp 35 Dato 26.9.2015.pdf



2.plass til Rasmus Endre Bø i Strynmila

Lagt ut av Markane IL den 28. Sep 2015


Strynemila logoRasmus Endre Bø kom på andreplass i Strynemila 2015. Han var i mål på 34min 23 sek og var med det 15 sek etter vinnaren Torjus Loen som brukte 34 min 8 sek. Gaute Bø kom på ein åttandeplass med 36 min 48 sek medan Odd Kristian Hagen vart nummer 12 med 40 min 45 sek. Grim Nygård sprang inn til ein 15. plass med 41 min 29 sek medan Kjetil Svarstad vart nummer 17 med 43 min 57 sek.

I juniorklassa vart det tredjeplass til Nikolai Dispen Lødemel med 46 min 25 sek. Klassevinnar vart Daniel Auflem Eikås med 40 min 57 sek. Oskar Guddal Breivik som representerer STIL i friidrett vart nummer to med 41 min 14 sek.

Resultat Strynemila2015.pdf




Nær-o-sesongen 2015

Lagt ut av Markane IL den 28. Sep 2015


Åshild Sætren Bøe.jpgSesongens siste nær-o-løp vart arrangert av IL Veten 27.august med start frå Bergset. Litt forseinka har vi no fått resultata. Totalt 25 løparar deltok på sesongavslutninga. Heile 18 av desse representerte MIL.

I den kortaste A-løypa gjekk sigeren til Ingeborg Skogenmedan Dag Jarle Aa frå Hovdebygda var raskast i den lange A-løypa. Best av markaneløparane var Åshild Sætren Bøe på ein tredjeplass. Ho var også ein av to markaneløparar som har delteke på alle åtte løpa denne sesongen. Også Ane Hjelmeset Kirkeeide har vore med på samtlege løp.

I alt var 182 løparar innom årets nær-o-løp. 23 av deltakarane frå Markane har delteke på minst fire løp og kan vente seg samanlagtpremie på premiefesten 5. november.

Resultatliste for nær-o-løp 8 Arrangør IL Veten Dato 27.8.2015.pdf

Samanlagtliste nær-o-løp 2015 løp 1-8 rangert sluttstilling.pdf



Innbyding til Strynemila 2015

Lagt ut av Markane IL den 24. Sep 2015






Nikolai Dispen Lødemel vann spurtprisen under Skarsteinsetra Opp

Lagt ut av Markane IL den 16. Sep 2015


Nikolai Lødemel Dispen. Foto: MIL,2013

Nikolai Dispen Lødemel vann saman med Daniel Auflem Eikås spurtprisen i klasse G13-14 under Skarsteinsetra Opp 2015. Spurtprisen var lagt inn etter 1,2 km i Skarsteintunet. Tida vart 5,58 som var ny rekord for 13-14 års klassa. Nikolai kom også på andreplass i klasse G13-14 med sluttida 34,41. Klassa vart vunnen av Daniel Auflem Eikås.

Raskast i seniorklassen var Andreas Carlborg på 23 min 5 sek. I sykkelklassane var Ingrid Fjellestad raskaste dame medan Arne Nesgård var raskast i herreklassen

Resultatliste Skarsteinsetra Opp 12.9.2015.pdf




Innbyding til natt-o-løp og Haustbløyta 26.-27.9.2015

Lagt ut av Markane IL den 16. Sep 2015


orienteringslogo.gif
Tambarskjelvar IL innbyr til natt-o-løp og det tradisjonsrike o-løpet Haustbløyta den siste helga i september. Påmeldingsfristen er 24.september til Norvald Ospehaug på tlf. 95232094 eller e-post: nor-ospe@frisurf.no

Sjå innbydingane for detaljert informasjon:
Innbyding HAUST-nattløp 2015.pdf
INNBYDING Haustbløyta 2015.pdf


Markanebadinga

Lagt ut av Markane IL den 14. Sep 2015


logo-markaneil.png

Markanebadinga starta opp att igjen den 7. september. Det vert bading kvar måndag frå 19.00-20.00 i Stryn symjehall.
Badinga er for medlemer i Markane IL.
Nye medlemer er velkomne!



Barmarkssamling 2015

Lagt ut av Markane IL den 12. Sep 2015




Helga 4.-6. september var det barmarkssamling på Ullsheim. 50 ungdomar i alderen 11-15 år var samla til trening. Sjur Ole Svarstad var hovudtrenar på samlinga.




















































































































3. plass til Anders Vonheim i Kleiva Opp

Lagt ut av Markane IL den 10. Sep 2015




Anders Vonheim (Foto: MIL, 2012) kom på tredjeplass totalt i Kleiva Opp 2015 med tida 36,01. I klasse M20-34 vart han nummer to. Raskast av alle var Eirik Voksøy Bringsvor (M20-34) med 34, 21. Helge Hafsås (M40-49) kom på andreplass totalt med 34,38.




Resultatliste Kleiva Opp 6.9.2015.pdf



Bendit Rulleskiskytterfestival 2015

Lagt ut av Markane IL den 10. Sep 2015




12.-13. september er det klart for Bendit Rulleskiskytterfestival på Ullsheim. I følgje yr ligg det an til ei flott helg med godt vêr. Alt ligg dermed til rette for at det skal bli god stemning både for løparar og publikum.
Startlistene finn du her:
Startliste Sprint_120915.PDF
Startliste Normal_130915.PDF

Innskyting laurdag vert frå kl. 11.00-12.35!

Rennet startar kl 13. 00 på laurdag og kl 12.00 på søndag

Markane oppfordrar alle om å kome til Ullsheim desse dagene og for å sjå og oppleve skiskyting på nært hald. Du kan også lese om Bendit i Fjordingen på nett her:
http://www.fjordingen.no/nyhende/article11549849.ece

Meir om Bendit Rulleskiskytterfestival finn du også her


2.plass til Vigdis Sætren i vestlandsmeisterskapet i orientering

Lagt ut av Markane IL den 7. Sep 2015


Vigdis Sætren Foto: Markane IL,2014

Vigdis Sætren (Foto: MIL) sprang seg inn til ein flott andreplass i klasse D40 under Vestlandsmeisterskapen i orientering i Førde i helga. Ho fullførte den 5180 meter lange løypa på 55 min 14 sek. Klassesigeren gjekk til Karianne Strømme frå TIF Viking på 53 min 5 sek. I den same klassa vart det også femteplass til Åshild Sætren Bøe med tida 1t 15 min 34 sek.


Resultatliste Vestlandsmeisterskap orientering langdistanse 5.9.2015.pdf




Idrettslagsbasar i Skogstjerna 18.oktober

Lagt ut av Markane IL den 2. Sep 2015


logo-markaneil.pngDen årlege idrettslagsbasaren til MIL vert søndag 18. oktober i Skogstjerna frå kl.15.00.



Loddsal - åresal.



Enkel, gratis servering.





Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot. Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddboka.



Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.



Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 18.oktober!



Styret i Markane Idrettslag
v/ leiar Eldbjørg Hatledal








Klart for sesongens siste nær-o-løp

Lagt ut av Markane IL den 27. Aug 2015


orienteringslogo.gifIL Veten innbyr til sesongens siste nær-o-løp torsdag 27. august.

Frammøte ved Bergset. Det er merka frå Bergset bru.
Start frå kl 18.00.
Løyper for alle.

Vel møtt!

Vi minner også om at det trengst deltaking i fem løp for å oppnå samanlagtpremie. Dermed er det viktig at dei ni som står med fire løp så langt, stiller opp på Bergset!

Samanlagtliste nær-o-løp 2015 løp 1-7 rangert.pdf




Rett bak pallen for Johannes og Tarjei

Lagt ut av Markane IL den 25. Aug 2015


Johannes Thingnes Bø kom på fjerdeplass på jaktstarten Foto: Nordfjord Team















Johannes Thingnes Bø (Foto: Nordfjord Team) gjekk seg seks plassar og enda på fjerdeplass på jaktstarten under NM rulleskiskyting i Os. Johannes gjekk eit godt løp med berre to bom totalt, men kom akkurat for seint til pallplassen. Tarjei Bø skaut på seg seks bom og datt ein plassering på lista sidan i går med sin femteplass. Også Johan Eirik Meland fekk seks bom i alt og fall med det sju plasseringar på lista til ein 22. plass. Jarle Midthjell Gjørven fekk fire bom og vart nr 45 i seniorklassa. Lars Helge Birkeland gjekk heilt til topps på jaktstarten. Emil Hegle Svendsen og Henrik L` Abee-Lund følgde på dei neste plassane.

I klasse M17 gjekk Aksel Meland seg fram til ein tiandeplass til trass for åtte strafferundar. I klasse M18 var det berre Håkon Midthjell Gjørven som fullførte løpet av våre løparar. Han vart nummer 27 med totalt 11 rundar. Georg Kristian Halsteinslid kom på 31. plass i M20-21 med seks bom totalt.




4. plass til Tarjei Bø på NM-sprinten i rulleskiskyting

Lagt ut av Markane IL den 23. Aug 2015


Tarjei Bø (Foto: Nordfjord Team)

Tarjei Bø hamna like bak pallen på sprinten under NM rulleskiskyting på Os. Med totalt tre strafferundar var han 48 sekund bak vinnaren Emil Hegle Svendsen som berre hadde ein runde. Andreplassen gjekk til Lars Helge Birkeland som var fem sekund bak vinnaren med totalt to bom. Henrik L`Abee Lund tok tredjeplassen, 32 sek etter med fire bom.

Johannes Thingnes Bø kom på tiandeplass. Han var 2 min 1 sek bak vinnaren med to rundar. Johan Eirik Meland kom på 15. plass etter to fulle hus. Jarle Midthjell Gjørven kom på 49.plass med tre rundar.

I dei yngre klassane gjekk Aksel Meland inn til ein 18.plass etter totalt fem strafferundar. I klasse M20-21 vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 35 med totalt fire rundar. I klasse M18 kom Håkon Midthjell Gjørven på 30. plass med fire strafferundar, Grim Nygård vart nummer 33 med to rundar, Erlend Bakken nr 38 med fire rundar og Andreas Halsteinlid nr 39 med to rundar.

NM i rulleskiskyting held fram med jaktstart i morgon.





.







44 o-løparar deltok på Tverrfjellet

Lagt ut av Markane IL den 22. Aug 2015


I alt 44 o-løparar stilte opp då Markane IL arrangerte det sjuande av nær-o-løpa for sesongen. Løpet hadde start ved Badedammen på Tverrfjellet. Dette løpet var også lagsmeisterskap for MIL.

Åshild Sætren Bøe (foto) var raskast i dameklassa og vart med det også lagsmeister for damer. Dag Jarle Aa frå Hovdebygda var kjappast i den lange A-løypa. Kåre Bøe følgde på ein andreplass og vart med det lagsmeister for MIL. I den korte A-løypa gjekk sigeren til Klemet Bø.

Komplett resultatliste finn du nedanfor. Årets nær-o-løp-sesong vert avslutta torsdag 27. august. Då med IL Veten som arrangør.

Oppdatert samanlagtliste kjem snart.

Resultatliste frå nær-o-løp nr 7 Arrangør Markane IL Dato 20.8.2015.pdf


Resultat frå nær-o-løp nr 6

Lagt ut av Markane IL den 20. Aug 2015


orienteringslogo.gif
IL Veten var arrangør for sesongens sjette nær-o-løp torsdag 13. august. Løpet hadde start frå Nordfjord fritidssenter. Totalt stilte 55 deltakarar opp og av desse var 23 frå Markane.

Raskast gjennom den lange A-løypa var Dag Jarle Aa frå Hovdebygda. Elias Bergset frå IL Veten tok andreplassen medan Nils Heggdal frå Markane kom på tredjeplass. Fullstendig resultatliste og samanlagtliste for dei seks ligg nedanfor. Alt no har åtte personar sikra seg samanlagtpremie for sesongen medan 15 til har framleis sjansen om dei stiller opp i dei avsluttande løpa.

Resultatliste nær-o-løp nr 6 Dato 13.8. 2015 Arrangør IL Veten.pdf

Samanlagtliste nær-o-løp 2015 løp 1-8 rangert.pdf




Klart for nær-o-løp nr 7 (lagsmeisterskap MIL) på Tverrfjellet

Lagt ut av Markane IL den 18. Aug 2015


orienteringslogo.gifMarkane IL innbyr til sesongens sjuande nær-o-løp torsdag 20. august. Dette løpet er også lagsmeisterskap for MIL.

Frammøte ved Badedammen på Tverrfjellet.
Start frå kl 18.00.
Løyper for alle: 1,5 km N-løype, 2 km C-løype, ca 3 km A-løype og ca 4,5 km A-løype + rakettløype.

Vel møtt!

Vi minner også om at det trengst deltaking i fem løp for å oppnå samanlagtpremie. Oppdatert liste for dei seks første løpa kjem snart.








Innbyding til Vestlandsmeisterskap i orientering 5.-6.september 2015

Lagt ut av Markane IL den 18. Aug 2015


orienteringslogo.gifFørde IL innbyr til Vestlandsmeisterskap i orientering laurdag 5. og søndag 6. september. Laurdag vert det langdistanse med start frå kl. 1600 medan søndag vert det mellomdistanse med start frå kl. 1100. Start frå Førde Skyttarstadion, Kråkenesmarka.

Påmelding via Eventor.

Første påmeldingsfrist er 20. august.


For meir detaljar sjå innbydinga her:
Innbyding Vestlandsmeisterskap i orientering 5.-6.september 2015.pdf





Innbyding til KM langdistanse 23. august 2015

Lagt ut av Markane IL den 16. Aug 2015


orienteringslogo.gifFjellhug Vereide IL innbyr til KM langdistanse søndag 23. august. Løpsstarten vert frå Austrheimsstøylen.

Første start kl.1300

Hugs påmelding med namn, klasse, idrettslag og brikkenummer til vidar.eide@enivest.net innan onsdag 19.august!

Innbyding finn du her:
Innbyding KM langdistanse 2015.pdf









Resultat frå Hornindalsvatnet Rundt

Lagt ut av Markane IL den 12. Aug 2015


logo-markaneil.pngHornindalsvatnet maraton vart arrangert 25.juli. I tillegg til maratondistansen var det også høve til å delta på halvmaraton, 10 km eller 5 km.
Markane IL hadde to deltakarar med. Svein Arne Lødemel som vann 10 km MV35-39 med tida 40 min 37 sek. Dette var også tredje beste tid på 10 kilometerdistansen totalt sett.
Per Maurset deltok på halvmaraton. Han kom på sjuandeplass i klasse MV65-69 med tida 2t 14 min 42 sek.

Resultatliste Hornindalsvatnetmaraton 25.7.2015.pdf




Resultat frå Jølster Maraton 2015

Lagt ut av Markane IL den 12. Aug 2015


logo-markaneil.pngNærare 300 deltakarar stilte opp då Jølster IL arrangerte Jølster Maraton. I tillegg til maratondistansen var her også høve til å springe halvmaraton, 10km eller fem kilometer.
Markane IL sin einaste deltakar Per Maurset deltok i halvmaratonklassa for M65-69. Han sprang inn til ein 7.plass med tida 2t 28 min 4 sek.

Komplett resultatliste nedanfor:


Resultatliste for Jølster Maraton 2015 (1).pdf


Innkalling til omframt årmøte i Markane IL

Lagt ut av Markane IL den 12. Aug 2015


logo-markaneil.png
Styret i Markane IL kallar inn til omframt årsmøte tysdag 25. august kl.1930 på Ullsheim.






Sakliste
:


Sak 1: Opning av årsmøtet

1.1 Godkjenning av innkalling

1.2 Godkjenning av sakliste

1.3 Val av møteleiar

1.4 Val av referent

1.5 Val av to til å skrive under møteprotokoll

Sak 2: Val av ny 2.vara til MIL-styret

Sak 3: Oppgradering av dataanlegget på Ullsheim

-Dataanlegget på Ullsheim har behov for oppgradering. Materiallister og kostnadsråme vil bli presentert for årsmøtelyden. Styret vil be det omframme årsmøtet om fullmakt til å arbeide vidare med prosjektet innanfor presenterte råmer.

Vel møtt!



Klart for nær-o-løp nr 6 frå Nordfjord fritidssenter

Lagt ut av Markane IL den 11. Aug 2015



O-logo
Nær-o-løpa startar opp igjen etter sommarpausen.


IL Veten er arrangør av sesongens sjette nær-o-løp. Start ved Nordfjord fritidssenter torsdag 13. august.

Start kl. 18.00.

Løyper for alle.

Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.


Vi ønskjer alle o-løparar velkomne til nær-o-løp!

Samanlagtliste nær-o-løp 2015 pr. 12.8.2015




Innbyding til barmarkssamling 4.-6. september

Lagt ut av Markane IL den 11. Aug 2015


Barmarkssamling på Ullsheim 2014. Foto: Markane IL



Helga 4.-6. september er det på nytt klart for barmarkssamling på Ullsheim. Sjur Ole Svarstad vert hovudtrenar på samlinga. Samlinga er open for jenter og gutar fødde mellom 2000 og 2004.

Sett av helga først som sist! Frist for å melde seg på er 28. august.

Innbyding med lenke til påmelding finn du her:

Innbyding barmarkssamling 4.-6. september 2015.pdf









Heidalsveka 2015

Lagt ut av Markane IL den 10. Aug 2015


Også i år blei Heidalsveka arrangert med totalt fire løp. På to av desse var det med fleire deltakarar frå Markane IL. Simon Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Ane Hjelmeset Kirkeeide, Margunn Hjelmeset, Erik Hjelmeset og Margret Hjelmeset deltok på dei to første løpa.

Best plasseringar for våre vart det i det andre løpet. Der gjekk Simon til topps i den 1,8km lange løypa for gutar medan Erik vart nummer tre i same klasse. Maren kom tredjeplass i jenteklassen på distansen 1.8 km.

Resultatliste over klassene med lokale deltakarar her:
Resultatliste Heidalsveka-Dølakarusell Klasse M2.7km, K2.7km og K1.2km. Dato 14.7.2015.pdf

Resultatliste for Heidalsviku - Kvernbru-Stålane. Klasse K1.8 og M1.8. Dato 15.7.2015.pdf



Resultat frå o-løpa i Morokulien

Lagt ut av Markane IL den 10. Aug 2015


orienteringslogo.gif
Nesten 400 o-løparar stilte opp då det vart arrangert 2-dagars o-løp i grensetraktene mellom Norge og Sverige. Eidskog OL stod som arrangør av det første løpet som gjekk på norsk side i Morokulienområdet medan OK Hierne og Åmotfors OK arrangerte det andre løpet som gjekk i Sverige.
Markane hadde ein deltakar på start i årets Morokulienløp. Lars Danielsen Holen kom på sjetteplass i det første og tredjeplass i det andre løpet i klasse H17C.


Resultatliste for Morokulien 2 dagers o-løp 4.-5.juli 2015 Klasse H17C.pdf



6.plass i halve Hornindal Rundt

Lagt ut av Markane IL den 20. Jul 2015



Gunn Skrede gjekk heilt til topps i klasse K20-29 på den halve distansen på 38 km un der Hornindal rundt. Tida var så god som 6 t 17 min 42 sek som også gav ein sjetteplass i dameklassa totalt. Samuline Beate Seljeset kom på femteplass i K20-29 med 7 t 0 min 35 sek. Totalt vart det ein 13. plass i dameklassa.


I herreklassa var det Per Jakob Kyrkjeeide som var raskast av våre. Tida 6 t 44 min 48 sek heldt til ein 23. plass totalt. Kjetil Svarstad følgde like bak med 6t 47 min 23 sek på 25. plass medan Paul Otterdal vart nummer 27 med 6t 51 min 24 sek. Jan Egil Gjørven vart nummer 55 med 8t 9 min 56 sek. Gisle og Eirik Bøe var påmelde i klassa for heilt løp. Sidan dei endra til halvt løp undervegs, vart det ikkje noko offisiell plassering, men fine tider på 6t 20 min 53 sek og 6t 31 min 40 sek.

Resultatliste for Hornindal Rundt 4.7.2015.pdf


Simon Hjelmeset Kirkeeide til topps på 800 meter

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015


Simon Hjelmeset Kirkeeide 2015.jpg

Byrkjelo 27.6-28.-6:
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann 800 meter i klasse G15 under Sparebankleikane 2015 på Byrkjelo. Vinnartida vart på 2 min 15,07sek.
Andreplassen gjekk til Kent Ove Sæten frå Hyen med 2 min 19,13 sek. Joshua Singdalsen frå Syril vart nummer tre med 2 min 22,82 sek.

Simon deltok også på 1500meter hinderløp der vart det ein andreplass med 4 min 56,10 sek. Vinnar av klassa vart Lars Agnar Hjelmeset frå Nittedal IL med 4 min 37,32 sek. Tredjeplassen gjekk til Kent Ove Sæten frå Hyen med 5 min 34,70sek.

Simon var den einaste som representerte Markane IL under årets sparebankleikar.
Resultat_Sparebankleikane_27.6.2015.pdf
Resultatliste_Sparebankleikane_28.6.2015.pdf







Resultat frå nær-o-løp nr 5

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015


Isak Bergset. Foto: Fjordingen


50 o-løparar stilte opp på det siste nær-o-løpet før sommarpausen. Løpet vart arrangert av IL Veten og hadde start frå Ulvedal. Raskast i den lange A-løypa vart Isak Bergset (foto) frå NTNUI med 40 min 44 sek. Kjell Ove Bergset tok andreplassen med 1 t 2 min 3 sek. Best av deltakarane frå Markane vart Nils Heggdal på femteplass med 1t 23min 45 sek.

Nær-o-løpa startar oppatt etter sommarpausen den 13. august.

Nedanfor er også lagt ut samanlagtliste så langt. Mange ligg svært godt an til å oppnå minst fire løp og dermed samanlagtpremie.
Resultatliste_for_nær-o-løp_nr_5_på_Ulvedal_Dato_18.6.2015_Arrangør_IL_Veten.pdf

Samanlagtliste_nær-o-løp_2015_løp_1-5_rangert.pdf





På andreplass i G15 i Svinestranda opp 2015

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015


Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Markane IL


I alt 61 deltakarar stilte opp i konkurranseklassa i Svinestranda opp 2015. Markane hadde ein deltakar på start, Simon Hjelmeset Kirkeeide som vart nummer to i klasse G15 med tida 28 min 6 sek. Klassevinnar vart Even Nesgård frå Fjellhug Vereide med 25 min 25 sek. Klassane til og med 15 år konkurrerte i halvt løp med start frå Austrheimsstøylen.

Raskast på den fulle distansen var Sindre Hoff frå Viksdalen med 52 min 44 sek. Dameklassa vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal frå Gular med 59 min 41 sek.

Resultatliste_for_Svinestranda_Opp_21.6.2015.pdf




God innsats i Trollenykjen Opp

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015




Markane IL hadde fem deltakarar på start då Eid IL arrangerte Trollenykjen Opp søndag 14.juni. I klasse M16-17 kom Håkon Midthjell Gjørven på ein sjuandeplass med 49 min 48sek.
Grim Nygård følgde like bak på ein åttandeplass med 50 min 40 sek medan Andreas Halsteinslid vart nummer ti med 52 min 17 sek. Klassevinnar vart Eirik Rauset frå Sandane IL med 42 min 18 sek.

I klasse M18-19 kom Gaute Bø på ein andreplass med 57 min 8 sek. Klassevinnar vart Andreas Rauset frå Sandane. Andreplass vart det også til Maren Hjelmeset Kirkeeide som deltok i den yngste konkurranseklassa for damer, K12-13. Ho brukte 1 t 4 min 21 sek til toppen av Trollenykjen. Klassevinnar vart Malin Aske frå Fjellhug Vereide.

Totaltvinnar av Trollenykjen Opp vart også i år Arve Rindal frå Eid på tida 37min 42 sek. Raskast av damene var Merete Helgheim med 45 min 19 sek.

Resultatliste Trollenykjen Opp 2015l





God innsats i Birkebeinerløpet 2015

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015




Markane IL hadde to deltakarar med i Birkebeinerløpet 2015. Gunn Skrede sprang inn til ein 86. plass i K25-29 med tida 1t 49min 19 sek medan Siv Myklebust vart nr 202 i K30-34 med 2t 26 min 15 sek.


Veronika Blom vann løpet for fjerde året på rad med 1t 20min 36 sek. Herreklassa vart vunnen av Weldu Negash Gebretsadik på 1t 7 min 8sek.

I alt 5692 deltakarar stilte opp i årets løp.





70 deltakarar på nær-o-løp i Hovdebygda

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015


Gisle Bøe. Foto: MIL

Hovdebygda 11.6.2015: Omtrent 70 deltakarar frå heile 9 ulike klubbar var representert då Hovdebygda arrangerte sesongens fjerde nær-o-løp. Også mange frå Markane IL hadde tatt turen. Isak Bergset frå NTNUI var suveren vinnar av lengste A-løypa. På dei neste plassane følgde Kjell Ove Bergset og Anders Bergset frå IL Veten. Best av markarane vart Gisle Bøe med ein fjerdeplass i den lengste A-løypa. Vigdis Sætren følgde på femteplass. I den korte A-løypa gjekk sigeren til Elias Bergset frå IL Veten.


Siste nær-o-løp før sommarpausen arrangerer IL Veten torsdag 18. juni.

Komplett resultatliste frå løpet i Hovdebygda her:


Resultatliste_nær-løp_nr_4_Hovdebygda_Dato_11.6.15.pdf




Georg Kristian Hatlelid vann M17-19 i Nordfjordrittet

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015





Nordfjord 13.6.2015:
Georg Kristian Halsteinslid vann Nordfjordrittet 2015 klasse M17-19. Foto: Gunnhild Sindre/Fjordingen

Georg Kristian Halsteinslid er rask på sykkel og gjekk heilt til topps i klasse M17-19 under Nordfjordrittet 2015. Han fullførte dagens ritt på under fire timar og var i mål på 3 t 59 min 8 sek. Næraste konkurrent var Ruben Alsaker frå Sandane SK som tok andreplassen på 4 t 18 min 17 sek. Tredjeplassen gjekk til Bjørn Inge Gjersdal frå Sykkylven SK på 4 t 18 min 54 sek.

I rittet totalt heldt Georg si tid til ein 50. plass. Karl Erik Kravik var raskast uansett klasse med 3t 30 min. Janne Bruhn-Henriksen frå Stryn T&IL sykkel var raskaste dame med 4 t 5 min 14 sek.






Innbyding til Bendit rulleskiskytterfestival 12.-13.9.2015

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015


Bendit rulleskifestival
Helga 12.-13. september er det på nytt klart for Bendit rulleskiskytterfestival på Ullsheim.

Arrangementet er i samarbeid med BAMA

Innbydinga finn du her:

Innbyding til Bendit Rulleskifestival 12.-13.9.2015i





Eskil Kveen tildelt Magnorpokalen

Lagt ut av Markane IL den 1. Jul 2015



Eskil Kveen frå Markane IL vart på Skikrinstinget på Skei tildelt Magnorpokalen for sin innsats i kombinert. Magnorpokalen går til dei to beste 15-16 åringane. Alle greiner innan ski er med i kåringa. I tillegg til Eskil fekk også Andreas Hetle (langrenn) frå Breim, Inga Skaar (langrenn) frå Førde og Daniel Hagen (alpint) frå IL Veten tildelt Magnorpokal.



Vi gratulerer!


Ullsheim 21.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Jun 2015

43 deltakarar på nær-o-løp 3

Maren Hjelmeset Kirkeeide på nær-o-løp. Foto: MIL

Maren Hjelmeset Kirkeeide var raskast av alle i N-løypa. Foto: Markane IL.

I alt 43 deltakarar stilte opp då Markane IL arrangerte sesongens tredje nær-o-løp. Både i nybyrjarløypa og den lengste A-løypa var der god deltaking.

Maren Hjelmeset Kirkeeide var raskast av alle i nybyrjarløypa med ei svært god tid på 7 min 57. Arvid Hatledal var raskast av deltakarane i C-løypa med Klemet Bø var raskast gjennom den korte A-løypa.

I den lengste A-løypa stilte heile 17 deltakarar opp. Kåre Bøe frå Markane IL vann med 43 min 15 sek. Han var berre seks sekund føre Anders Bergset frå IL Veten. Dag Jarle Aa tok tredjeplasse på 44 min 21sek.

Torsdag 11. juni er det klart for sesongens fjerde o-løp. For første gong vert det eit løp i Hovdebygda med i nær-o-løpkarusellen. Vi håper mange tek turen dit og minner om at det trengst deltaking i fire løp for å sikre seg samanlagtpremie for sesongen.

Resultatliste nær o-løp nr 3 Arrangør Markane IL Dato 21.5.2015.



Ullsheim 3.6.2015:

Lagt ut av Markane IL den 3. Jun 2015

Skulesprinten 2015

Skulesprinten 2013. Foto: Margunn Hjelmeset

Skulesprinten/DNB-challenge i 2013. Foto: Markane IL

Markane IL arrangerer 3. juni Skulesprinten 2015. Orienteringsgruppa har ansvar for opplegget, og elevane i 6. og 7. klasse på Tonning skule kjem til Ullsheim for å prøve seg som o-løparar.



Skogstjerna 03.06.2015:

Lagt ut av Markane IL den 3. Jun 2015

Arve Rindal vann Postvegløpet 2015

Arve Rindal. Foto: Fjordingen

Arve Rindal frå Eid IL vann for andre året på rad Postvegløpet. Foto: Fjordingen 2014.

I alt stilte 135 løparar opp i årets Postvegløp. Det vart dermed ikkje ny deltakarrekord totaltsett, men konkurranseklassa sette ny rekord med 65 deltakarar.

Arve Rindal vann løpet for andre året på rad med 22 min 20 sek. Merete Helgheim vann dameklassa med 25 min 55 sek.

Meir frå løpet kjem etterkvart.

Her er årets resultatliste:

Resultatliste for Postvegløpet 3.6.2015



Breim 6. juni 2015:

Lagt ut av Markane IL den 30. Mai 2015

Innbyding til Rotekoppen 2015

 

Breimsbygda IL innbyr til orienteringsløpet Rotekoppen laurdag 6. juni. Rotekoppen er eit fellesstartløp med kartbyte for 3 og 5 km. Elles vanlege o-løyper.

Start kl. 1400

Frammøte: Hjelltunet. Bomveg kr 60. Merka frå Fylkesveg 60 ved Øvreset og frå E 39 på Hetle bru. Om lag 10 min å gå til start for nybyrjarane og 20 min for alle andre

Påmelding: Innan fredag 30 mai til Jannike Felde på e-post jannfe@online.no  eller direkte på Eventor.

Gje opplysing om leige av brikker ved påmelding. Leige kr 25,-

Påmeldingsavgift:

Løparar t.o.m 16 år kr 65 + kr 30 ved etterpåmelding

Løparar f.o.m. 17 år kr 110 + kr 60 ved etterpåmelding

Ikkje etterpåmeldingsavgift for løparar under 12 år.

Premiering:

Alle t.o.m 12 år. 1/3 premiering i klassane 13-16 år. 1/8 premiering i A-klassar frå 17 år.

Fine premiar for deltaking i 10-år og 20-år.

Fleire detaljar om klassar m.m. i innbydinga nedanfor.

 Innbyding til Rotekoppen 2015.



Ullsheim 30.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 29. Mai 2015

Skytebana vert stengd laurdag 30.5 mellom kl.1300-1600 på grunn av Finn-fram-dagen 2015!



Skogstjerna 27.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 27. Mai 2015

Innbyding til Postvegløpet 2015

Vinnaren av Postvegløpet 2014. Foto: Fjordingen

Arve Rindal vann Postvegløpet i fjor. Foto: Fjordingen

Onsdag 3.juni er det klart for årets Postvegløp. Konkurranseløparane startar kl.1900 medan trimdeltakarane start frå kl. 1800. 

Dei siste åra har det vore svært god deltaking og med årets samarbeid med Gym Stryn håper vi på ny deltakarrekord.

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng. Det er sjølvsagt både konkurranse- og trimklasse.

Det har kome inn mange fine uttrekkspremiar som vert trekt ut blant alle deltakarane både i konkurranse og trim. I tillegg er det sjølvsagt premie til dei beste i kvar konkurranseklasse.

Informasjon om årets løp:

Starttid: onsdag 3.juni

Stad: Skogstjerna, Markane.

(10 km vest for Stryn ved rv.15)

Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18.

Startkontingent: kr 50,-

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70-

Startkontingent kr 100,-

( For dei som stiller i konkurranseklassa og ikkje har kjøpt heilårslisens, vert det i tillegg 20 kr å betale for eingangslisens)

Trimklasse utan tid:

Start frå kl.18.00.

Startkontingent: kr 50,-. Familie kr 150,-.

Premiering:

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer.

Påmelding ved start.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.

Kart over løypa til Postvegløpet


Kontaktperson: Eldbjørg Hatledal. (Tlf. 97 07 66 95)

Vel møtt!

 



Ullsheim 30.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 22. Mai 2015

 Innbyding til Finn fram dagen 2015

Logo Finn fram dagenMarkane IL-orientering arrangerer i samarbeid med Barnas Turlag: FINN FRAM DAGEN 2015 -ein familiedag med aktivitetar for store og små laurdag 30. mai.

Start frå kl. 13.00

Stad: Ullsheim

Program:

To løyper -ein for nybyrjarar og ein for dei med litt erfaring. Stafett med karttegn. Rakettløype. Kompass-poster og natursti.

 

Det vil bli enkel servering med pølser og frukt.

Det blir sal av årets TURORIENTERING og høve til å finne dei første tur-o-postane på Ullsheim. Nytt av året er at det er åtte postar i Kamben (Stryn). Det vert også tur-o-postar på Tverrfjellet -når snøen er vekk.

VI ØNSKJER NYE OG GAMLE O-LØPARAR VELKOMNE! 

 Innbyding til Finn fram dagen 2015

 



Hornindal 30.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 20. Mai 2015

Innbyding til Honndalsleikane 2015

 Hornindal IL friidrett innbyr til Honndalsleikane på Hornindal Idrettspark laurdag 30. mai kl 12.00

Klassar/øvingar:

G/J 10-12 år:

60m, lengde, liten ball, 600m

G/J 13-16 år:

60m (13/14), 100m(15/16),lengde, kule, spyd,600,1500m.

Startkontingent:

10-12 år: kr 120 for fritt antal øvingar.

13-16 år: kr 80,- pr øving

Deltakarpremiar for alle opp til 12 år. Premiering til dei tre beste i klassane 13-16 år.

Arrangementet nyttar elektronisk tidtaking.

Påmelding:

Webpåmelding via www.minidrett.no  (utøvar enkeltvis) eller www.sportsadmin.no  (klubbvis ved påmeldingsansvarleg)

Siste frist for påmelding onsdag 27.mai kl 23.59!

Startpengar innbetalast ved påmelding til konto:

3820.20.12768

Kontaktperson hos arr: Ståle Hatlelid, e-post: shatle@online.no

Sjå også vedlagt innbyding nedanfor.

Velkomen til Hornindal Idrettspark!

Innbyding til Honndalsleikane 2015



Ullsheim 21.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Mai 2015

Innbyding til sesongens tredje nær-o-løp!

Markane IL er arrangør av sesongens tredje nær-o-løp. Start frå Ullsheim torsdag 21. mai.

Start kl. 18.00.

Løyper for alle.

Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Vi minner om at alle som deltek for Markane IL, oppnår samanlagtpremie om dei er med på minst fire nær-o-løp.

Vi ønskjer både etablerte og nye o-løparar velkomne til nær-o-løp!



Skogstjerna 17.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 16. Mai 2015

17.mai-feiring i Skogstjerna

 

Markane ungdomslag innbyr til tradisjonell 17.mai-feiring i Skogstjerna.

Middag frå kl.13.30.

Tog kl.1400 til musikk av Hornindal Musikkorps.

Samling ved minnesmerket for oberst Hatledal.

Tale ved Matias O. Lunde kl. 15.30

Kaker og kaffi.

Leikar m.m.

Alle velkomne!



Webkamera:

Lagt ut av Markane IL den 12. Mai 2015

 
Her kan du sjå live-foto frå Ullsheim!
Markane IL sitt webkamera er sponsa av Blinkhus Stryn, og har vore i drift sidan 28. mars 2013.

Webcamera


Styret 2015

Lagt ut av Markane IL den 12. Mai 2015

Styret i MIL 2015


Eldbjørg Hatledal – leiar ehatleda@online.no 97 07 66 95

Rikard Kirkeeide Bøe – nestleiar rikard.boe@gmail.com 45800450

Antonia Karete Haugen Kongsvik – sekretær antoniak@online.no 90 99 99 88

Arvid Hatledal - hatledal@online.no 90 63 71 60

Kristin Hatledal - k_hatledal@hotmail.com 97024543

Sigbjørn Fænn - siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62

1.vara: Monica Halsteinslid monica@termopartner.no 41 68 40 66

1.vara Monica Halsteinslid er fungerande nestleiar i staden for Rikard

Kirkeeide Bøe som har permisjon våren 2015.

----------------------------------------------------------------

Nils Heggdal - kasserar nils@iras.as 92 60 66 63


-----------------------------------------------------------------


Dagleg leiar Ullsheim/ansvarleg for utleige av Ullsheimsanlegget:

Klemet Bø dagleg leiar Ullsheim klem-b@online.no 91 31 95 12

--------------------------------------------------------------------
Gruppeleiarar:


Monica V. Halsteinslid skiskyting monica@termopartner.no 41 68 40 66

Sigbjørn Fænn ski siggen_fen@hotmail.no 48 25 26 62

Margunn Hjelmeset barneidr.sk. marg-hje@frisurf.no 41 62 82 68

Ny kontaktperson for friidrett vert vald av styret snart

Per Jakob Kyrkeeide trim per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02

Per Øen orientering per-oee@online.no 90 05 42 38



Andre:

Per Jakob Kyrkeeide vaktm/ reinh per.jakob.kyrkjeeide@enivest.net 92 22 30 02

Antonia Karete Haugen Kongsvik – heimesida antoniak@online.no 90 99 99 88



Oversikt over gruppestyra, revisorar og valnemnd i 2015

Styret i skiskyttargruppa 2015

Leiar: Monica Halsteinslid

Nestleiar: John Roger Meland

Styremedlem: Jan Egil Gjørven

Styremedlem: Kari Tonning



Styret i skigruppa 2015

Leiar: Sigbjørn Fænn

Styremedlem: Margunn Hjelmeset

Styremedlem: Kjetil Svarstad

Styremedlem: Svein Rune Aaland

Styremedlem: Anne Marie Svarstad



Styret i orienteringsgruppa 2015:

Kontaktperson: Per Øen

Styremedlem: Grete Zachariassen

Styremedlem: Sissel Svarstad

Styremedlem: Åshild Sætren Bøe

Styremedlem: Svein Arne Lødemel



Styret for barne- og ungdomsgruppa, trimgruppa/friidrettsgruppa 2015:

Leiar: Per Jakob Kyrkjeeide

Styremedlem: Bodil Dybevoll

Styremedlem: Sigbjørn Kirkeeide

Styremedlem: Even Nesje

Leiar friidrett: Ny kontaktperson vert vald av styret snart

Leiar Markane og Stryn barneidrettskule: Margunn Hjelmeset



Revisorar 2015:

Ester Anny Skrede

Randi Lindvik



Varamedlem: Per Ove Kjøs



Valnemnd i 2015:

Leiar: Ann Kristin Grodås

Medlem: Frank Jakob Sandbakk

Medlem: Monika Osvold



Varamedlem: Wenche Arntsen

Styremedlem i Team Statkraft Nordfjord: John Roger Meland



Ny Hjemmeside

Lagt ut av Markane IL den 12. Mai 2015

Brukervennlig, godt design, idrettstilpasset, klubbtilpasset og billig i drift

er noen av stikkordene som passer Idretten Online sin nye hjemmesideløsning.



Her kan alle forskjellige ledere (eller utøvere om man ønsker) få tilgang til å skrive blogg artikler og nyhetssaker. Siden kan enkelt oppdateres med ny informasjon, nyhetssaker, arangementer eller annet som klubben ønsker å informere om. Alt ved hjelp av en PC med internett. Noen få klikk, dra et bilde inn fra skrivebordet, lagre og publiser og så har du den siste informasjonen tilgjengelig for alle på nettsidene deres.



Sagedammen 7.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 12. Mai 2015

56 deltakarar på sesongens andre nær-o-løp

Amanda Gjøvåg Heggestad. Foto: Markane IL 

Amanda Gjøvåg Heggestad var ein av dei unge o-løparane som fullførte N-løypa ved Sagedammen. Arkivfoto: Markane IL,2013

Sesongens andre nær-o-løp vart arrangert av IL Veten ved Sagedammen torsdag 7.mai. Totalt deltok 56 o-løparar. Markane IL var godt representert med heile 22 små og store deltakarar. Som vanleg var det aller flest deltakarar i N-løypa.

I den 4 km lange A-løypa vart det siger til Dag Jarle Aa frå Hovdebygda. Best frå Markane vart Gisle Bøe på ein femteplass.

Neste nær-o-løp er Markane som er arrangør av. Løpet vert torsdag 21. mai på Maurset/Ullsheim.

Fullstendig resultatliste frå løp nr 2 ligg her:

RESULTATLISTE nær-o-løp 2 sesongen 2015 Arrangør IL Veten Dato 7.5.2015 .



Åheim 1.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Mai 2015

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G15 i Åheimsløpet

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G15 i Åheimløpet. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

 Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i G15 under 1. mai-løpet på Åheim. 15-årsklassa sprang 900 meter og vinnartida til Simon vart på 3 min 19 sek. Andreplassen gjekk til Anders Osdal frå Flatrake IL med 3min 32 sek.

Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i J12 som sprang 650m. Ho kom på andreplass med 2 min 58 sek. Kaia Bjørvik frå Åheim vann klassa på 2 min 54 sek. Tredjeplassen gjekk til Tiril Hasund frå Åheim IL med 3 min 6 sek.

Resultatliste 1.mailøpet 2015 Åheim.



Sagedammen 7.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Mai 2015

Klart for sesongens andre nær-o-løp!

IL Veten er arrangør av sesongens andre nær-o-løp. Start ved Sagedammen torsdag 7. mai.

Start kl. 18.00.

Løyper for alle.

Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

 

 

 

Vi ønskjer både etablerte og nye o-løparar velkomne til nær-o-løp!



Olden 26.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 29. Apr 2015

3.plass i Oldestafetten

Oldestafetten 2015. Foto: Olden IL

Markane sitt lag i herreklassa kom på tredjeplass i Oldestafetten 2015. Frå venstre: Håkon Midthjell Gjørven, Johan Eirik Meland, Georg Kristian Halsteinslid, Andreas Halsteinslid og Odd Sindre Tonning. Foto: Olden IL

Markane IL hadde tre lag på start i årets Oldestafett. Best resultat fekk herrelaget som kom på ein fin tredjeplass. GFIL gjekk heilt til topps i klassa med tida 9.38. Jølster IL tok andreplassen, 7 sek etter vinnaren medan Markane på sin tredjeplass var 32 sek bak GFIL i mål.

Markane hadde også to lag til start i guteklassa. Her var det mange lag som deltok og svært jamnt. Markane I kom på ein sjetteplass med tida 6 min 24 sek. Klassesigeren gjekk til Hornindal med 6 min 6 sek. Jølster I kom på andreplass, berre to sek etter medan Breimsbygda II tok tredjeplassen med 6 min 16 sek. Markane II kom på ein 14. plass med tida 7 min 40 sek.

Komplett resultatliste for alle klassar nedanfor:

Resultatliste frå Oldestafetten 26.4.2015.



Stryn 23.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 28. Apr 2015

51 deltakarar på sesongstarten for nær-o-løpa

Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Markane IL

Nær-o-sesongen er i gong. Katrine Svarstad Heggdal var ein av mange unge deltakarar og var tredje raskast i C-løypa. Arkivfoto: Markane IL, 2012

Nær-o-løpa er starta opp. Det første av dei i alt åtte løpa gjekk av stabelen torsdag. Dette var eit sprintløp med start og mål ved Strynehallen. I alt 51 deltakarar stilte opp. Flest deltakarar var det i nybyrjarløypa der heile 25 løparar stilte opp. I C-løypa var Inger Hjelmeset raskast av dei tolv deltakarane. Sven Bergset Langvik frå Veten var den einaste som deltok i B-løypa. I A-løypa var Rasmus Endre Bø frå Markane raskast med 14 min 39 sek. Elias Bergset frå IL Veten var nummer to medan Gisle Bøe frå Markane IL kom på tredjeplass.

Neste nær-o-løp vert torsdag 7. mai. Då er det IL Veten som er arrangør.

Resultatliste for nær o løp nr 1 Dato 23.04.2015 Arrangør Markane IL.




Åheim 1.5.2015:

Lagt ut av Markane IL den 28. Apr 2015

Innbyding til 1.mailøpet på Åheim

1.mai er det klart for 1.mailøpet på Åheim. Hugs påmeldingsfristen 28.4. Dei frå Markane som ønskjer å delta ordnar sjølve med påmelding!

Stad:
Start og mål ved Olivinhallen, Åheim, der det også er stemnekontor og garderober.

Tid: Løpet starter kl.13.00

Klasser: Alle klasser.
NB: Senior/veteran startar først, kl 13.

Løyper:
Menn / kvinner senior, veteran og junior: 3000 m
Jenter/gutar 15-18år: 900 m
Jenter og gutar 11-14 år: 640 m
Rekrutt 9-10 år: 480 m
Rekrutt 8-5 år: 230m

Startkontingent:
Jenter og gutar 5-12 år: kr. 60,-
Jenter og gutar 13-18 år: kr. 80,-
Junior, senior, veteran: kr. 120,-

Betaling ved oppmøte eller til konto: 3972 20 36 100
Betalt friidrettslisens i klassene 13 år og eldre gjev kr. 20,- i rabatt.
Gje opp lisensnr.
NB! ETTERPÅMELDING SKAPER STORT EKSTRAARBEID!
PÅMELDING LØPSDAGEN kr. 20.- I TILLEGG!!

Vandrepokal:
Det er sett opp vandrepokal, ein for kvinner og ein for menn.
For å få pokalen til odel og eie må ein vinne løpet tre gonger.

Informasjon / påmelding:

Ole Magne Kvalsvik, 6144 SYLTE
e-post:
olemkv@outlook.com

eller Jon Sivert Thue, Slagnes, 6146 Åheim

e-post: jon.sivert@gmail.com

 



Ullsheim 22.1 - 24.1.2016:

Lagt ut av Markane IL den 23. Apr 2015

Markane IL tildelt NC skiskyting

Johannes Thingnes Bø under Jr. NM 2012. Foto: Jan Åge Sundnes

Det er klart for eit nytt stort skiskyttararrangement på Ullsheim i 2016. Foto: Jan Åge Sundnes (Jr. NM 2012)

Det vart på styremøtet i NSSF i dag klart at Markane IL vert arrangør av DNB Cup 4/Statkraft junior cup 3 helga 22.-24. januar 2016. Øvingane vert normal og sprint.

For dei som alt no vil sikre seg overnatting, finn de oversikt over våre samarbeidspartnarar innan overnatting her.



Stryn 23.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 20. Apr 2015

Klart for sesongens første nær-o-løp!

Markane IL er arrangør av sesongens første nær-o-løp. Dette vert eit sprintløp med start/mål ved Strynehallen torsdag 23. april.

Start mellom 18.00 og 19.00

Kort opplæring for dei som treng det.

Løyper: A-nivå 2,7 km, B-nivå 2,2 km, C-nivå 1,7 km og N-nivå 1,1 km. Premiar til alle borna som spring N-løypa.

Rakettløype som oppvarming.

Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.

Terminliste for nær-o-løpa vidare vert kunngjort snart.

Det er fint viss fleire har høve til å stogge igjen etter løpet og hjelpe til å plukke inn postane. Ta gjerne med ei lita saks eller ein kniv for enkelte postbukkar vert teipa fast til lyktestolpar m.m.

Vi ønskjer både etablerte og nye o-løparar velkomne til nær-o-løp!

Nybyrjarane kan alt no studere løypekartet til N-løypa her:



Sandane 19.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Apr 2015

Svein Arne Lødemel og Nikolai Dispen Lødemel på 1. og 3. plass i KM terrengløp

Nikolai Dispen Lødemel. Foto: Markane IL, 2013

Nikolai Dispen Lødemel tok KM-bronse i terrengløp klasse G14. Arkivfoto: Markane IL, 2013

Markane IL hadde to deltakarar då Fjellhug Vereide arrangerte KM i terrengløp på Sandane. Svein Arne Lødemel gjekk til topps i si klasse og tok KM-tittelen i MV 35-39. Han fullførte dei 3,6 kilometerane på 14 min 46 sek. Nummer to vart Hans Jakob Walnum frå Tastaturlaget på 15 min 14 sek.

Nikolai Dispen Lødemel tok KM-bronse i klasse G14. Han brukte 2 min 12 sek på den 600 meter lange løypa. Han var berre to sekund bak Magnus Seljeset frå Hornindal IL som sikra KM-sølv med 2 min 10 sek. KM vinnar i G14 vart Elias Slåtten frå Jølster på 2 min 5 sek.

Resultatliste KM terrengløp Arrangør Fjellhug Vereide 19.4.2015.



Leikanger 18.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 18. Apr 2015

"Team Agurk" med Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland til topps i Kjeringi Open!

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk "Team Agurk" inn til siger i juniorklassa saman med Trygve Brendehaug (Syril) og Eirik Buntemeyer (Stryn). Foto: TSN

 I år som i fjor, gjekk "Team Agurk" til topps i klassa for juniorlag under Kjeringi Open 2015. Laget var samansett av Trygve Brendehaug frå Syril IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL og Eirik Buntemeyer frå Stryn.

Trygve Brendehaug gjekk første etappen som er telemark. Då han veksla med Aksel Mathias Meland låg laget på andreplass. Aksel gjekk laget fram i tet på langrennsetappen. Denne leiinga heldt seg løpet i gjennom. Simon Hjelmeset Kirkeeide hadde tredjeetappen som var løp medan Eirik Buntemeyer sykla laget vel i mål. Både Aksel, Simon og Eirik hadde beste etappetid. Laget var i mål på 49 min 7 sek. Dei var heile 5 min 4 sek før lag nummer to, "Hafslogutane". Tida var så god at det ville helde til ein fjerdeplass i seniorklassa.

I tillegg til lagkonkurransane var der også superkjeringkonkurransar. I desse går same løpar alle etappane. Klassa for damer vart vunnen av Ellen Blom frå Sogndal på 56 min 13sek medan klassa for menn vart vunnen av Ole Martin Erdal frå Førde IL på 47 min 20 sek. I denne klassa hadde også Markane ein deltakar, Kjetil Svarstad som vart nummer 38 med 1 time 9min 57 sek.

 Resultatliste Kjeringi open 18.4.2015



Sogndal 16.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 18. Apr 2015

Georg Kristian Halsteinslid til topps i basismeisterskap for vidaregåande skular.

Finalefeltet i basismeisterskap mellom dei vidaregåande skulane. Foto: Ole Karsten Birkeland

Finalefeltet i basismeisterskapet for vidaregåande skular. Vinnarane Ingrid Nordnes (Sogndal vgs) og Georg Kristian Halsteinslid (Stryn vgs) i midten flankert av sølvvinnarane Erlend Solhaug Myklebust (Stryn vgs) og Andrea Hopen (Sogndal vgs). Foto: Ole Kristian Birkeland

 Torsdag 16. april arrangerte Sogndal vgs basismesterskap for elevar som går ved ordninga ”spissa idrettstilbod” ved Stryn vgs, Sogndal vgs og Hafstad vgs. Arrangementet var i samarbeid med Ingrid Narum i Sogn og Fjordane idrettskrins.

Elevar frå dei vidaregåande skulane i Stryn (skiskyting), Sogndal (fotball) og Førde (volleyball) møttest til duell i ei løype som inneheldt fylgjande 8 øvingar: 1) Velte traktordekk 2) Springe med 20 kg (gutar)/ 15 kg (jenter) i kvar hand 3) Spa 30 liter sand 4) Springe med trillebår med sement 100 kg (gutar)/ 75 kg (jenter) 5) Kaste på blink med erteposar 6) Balansere på ein tynn planke 7) Klatre opp klatreveggen 8) Forsere ein bom i brysthøgde 5 gongar.

Øvingane var valde ut slik at ingen av dei skulle gje nokon fordel uansett av kva idrettsgrein elevane kom frå. Ifølgje avdelingsleiaren på idrettsfag, helse- og oppvekst ved Sogndal VGS, Ole Karsten Birkeland er dette øvingar som går på basisferdigheiter, og som er litt inspirert av korleis det er gjort i Mesternes Mester (NRK-program).

Utøvarane konkurrerte i innleiande heat først, der dei to beste tidene frå kvart kjønn gjekk til finale. Hjå gutane vart det ein rein finale mellom skiskyttarar frå Stryn vgs. Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim IL møtte til Georg Kristian Halsteinslid frå Markane IL til finalekamp. Georg gjekk sigrande ut av finalen.

På jentesida møttest fotballspelarane Ingrid Nornes (18) og Andrea Hopen (17), der Nornes kom seg først over målstreken.



Hamar 23.-25. mai 2015:

Lagt ut av Markane IL den 17. Apr 2015

Pinseløpa på Hamar

o-logo

No nærmar det seg O-sesong og Pinseløpa/Ungdomsleir på Hamar 23.-25. mai. Meir om løpa finn du på heimesida: http://www.pinselopene.no/

Det vert eit opplegg i regi av o-krinsen omlag som tidlegare år.

Samlinga har med fokus på løparar frå 14 - 20 år, men er open for alle. Løparar under 14 år bør ha med ein vaksen. (Eventuelt avtale med Anders Bergset).

Isak Bergset(NTNUI) blir med som instruktør/motivator. Han vil spesielt ta seg av løparar som er aktuelle for Hovudløpet.

Vil spesielt oppmode aktuelle Hovudløps-løparar om å delta på samlinga (14-, 15- og 16-åringar).

Fellesmåltid: kveld (laurdag), frukost+middag/kvelds (søndag) og frukost måndag.

Alle må ha med mat/niste til reise og første løp

Det er reservert 6 dobbeltrom på Hamar Vandrarheim, so det er plass til 12 stk totalt.

Fellesmåltida, køyregodtgjersle (ved felles transport) og overnatting blir dekt av krinsen.

Eigenbetalinga pr deltakar blir kr 800,-.

Bindande påmelding til abergset64@gmail.com, eventuelt på 90666870, seinast 26.04.2015 kl 2400.

Dersom nokon kan stille på som sjåfør, skriv det i påmeldinga.



 



Olden 26.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 16. Apr 2015

Innbyding til Oldestafetten

Olden idrettslag inviterer til den 61. Oldestafetten søndag 26.april 2015 frå kl.1300.

Som tidlegare år kan ein melde på lag i klassane Gutar, Jenter, Veteran, Damer og Herrar. Det har også blitt ein tradisjon å arrangere stafettleik for barn før starten på gutestafetten. Dette er ein ministafett for dei frå 6 til 10 år, der vi grupperer laga tilfeldig, med fire på kvart lag, og der alle får ein liten premie. I fjor deltok 7 lag på dette arrangementet.

Også i år vert det ein Open klasse. Dette er tenkt å vere eit uhøgtideleg innslag for dei som ikkje er tykkjer dei er godt nok trente til å vere ved i ordinære klassar. Det passar for bedriftslag, familielag eller grendalag osv som vil delta litt meir uformelt. Her vert det damer og herrar i same klasse her og ser gjerne at det blir blanda lag.

Alder for gutar og jenter : Deltakarane i begge desse klassane må vere i alderen 11-16 år (fødselsår 1999-2004), men samla alder skal ikkje overstige 67 år.

Skriv deltakarane sin alder og fødselsår på påmeldinga.

Premiering: Det er sett opp vandrepokal som må vinnast 3 gongar. Elles vanleg premiering til beste 1/3. Individuelle medaljar til 3 beste lag i kvar klasse.

Startkontingent: Kr 500,- pr påmeldt lag. Kontingenten blir redusert med kr 100.- pr ekstra lag i kvar klasse. Kontonummer 3770 20 32211.

Detaljar om etapper og starttider i innbydinga.

Om du vil delta for Markane, send påmelding til Antonia Karete Kongsvik på antoniak@online.no innan tysdag 21. april kl. 1900!

Oldestafettinnbyding 2015.



Liatoppen 12.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 12. Apr 2015

Aksel Mathias Meland til topps på fellesstarten i G16

-3. plass til Oskar Guddal Breivik i G13

Oskar Guddal Breivik og Aksel Mathias Meland. Foto: MIL/TSN

To pallplassar på Liatoppen i dag: Oskar Guddal Breivik (t.v) kom på tredjeplass i G13 medan Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps i G16. Foto: Markane IL/TSN

To av skiskyttarane frå Markane IL kom på pallen under fellesstarten i Bendit Liatoppen Skiskytterfestival. Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps i klasse G16 medan Oskar Guddal Breivik sikra seg tredjeplassen i klasse G13.

I klasse G16 gjekk Aksel Mathias Meland heilt til topps. Han vann klassa 6 sek føre Halvor Taalesen Tjønntveit frå Svene. Aksel hadde ein bom på kvar av skytingane med Tjønntveit skaut feilfritt. Tredjeplassen Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som var 9 sek etter vinnaren med tre bom. Magnus Arntsen kom på 59. plass i same klassa med totalt fem bom.

Også i klasse G13 vart det pallplass til ein markaneløpar. Oskar Guddal Breivik gjekk inn til ein flott tredjeplass. Med totalt tre rundar var han 59 sek etter vinnaren Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL som skaut feilfritt. Arnt Johan Tungen frå Orkdal tok andreplassen, 30 sek etter vinnaren med to bom. Også Sigurd Fotland Fænn gjekk seg inn til ei topp-10 plassering. Han vart nummer åtte i klassa, 1 min 9 sek etter vinnaren med totalt tre bom.

Også i klasse G15 vart det ei topp 10 plassering. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein fin 10. plass i klassa sjølv om det vart sju bom på standplass. I mål var han 1 min 7 sek etter vinnaren Ørjan Moseng frå Røros IL som hadde to rundar.

I klasse J12 vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 16 og Emilie Flo Stavik nr 21. Maren hadde fire bom og Emilie seks bom totalt. Dei var høvesvis 1 min 4 sek og 1 min 40 sek etter vinnarane. Hedda Garlid Hilde skaut best av våre i J12 med berre ein bom. Ho kom på ein 44. plass. Ho var 3min 6 sek etter vinnarane. Det var delt klassesiger til Anna Espeli og Herborg Idland.

I klasse J15 kom Anne-Marie Roset på ein 17. plass. Ho hadde totalt to strafferundar og var 2 min 42 sek etter klassevinnar Åsne Skrede frå Geilo IL.

I klasse G12 vart Jon Erlend Bø nummer 31. Han hadde berre ein bom og var 1 min 44 sek etter klassevinnar Erik Sporaland. I same klassa vart Anders Svarstad Hole nummer 69, også han berre med ein bom. Håvard Tonning hadde ikkje heilt dagen på standplass og vart nummer 105 med åtte bom.

Magnus Midthjell Gjørven kom på 70. plass i klasse G14. Han hadde totalt tre bom og var 3 min 22 sek etter vinnaren Peder Fekjan Solheim frå Svene IL.

Lasse Flo Bødal, Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Markane IL

God Nor



Askvoll 25.-26.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 12. Apr 2015

KM-sprint og ungdomssamling

o-logo.

O-sesongen nærmar seg. Den 25.april er det klart for det første krinsløpet, KM sprint. Gunnar Gytri held i dette høve på med nytt sprintkart for Askvoll sentrum.

Same helg vert det ungdomssamling. Denne startar laurdag kl 11.00 og vert avslutta søndag ettermiddag. Deltaking i KM-sprint vert innlagt i samlinga.

Årets Hovedløp og O-landsleir 2015 vert i Larvik. Heimesida er no oppe og går: www.hl15.no

For å komme i gang med planlegging av reise og opphald på Hovedløp og O-landsleir 2015, ber krinsen om å få ei førebels oversikt over dei som har tenkt å delta. Foreldre som vert med får tilbod om å bu på Johan Magerøy si hytte på Nøtterøy, ca 1 times køyring frå Larvik.

DERFOR, meld frå til o-gruppa om du har tenkt deg på Hovedløp i år!



Liatoppen 10.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Fire lag i aksjon under stafetten på Liatoppen

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: MIL

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik gjekk saman med Hedda Garlid Hilde inn til ein 7. plass i stafetten for jenter 11-12år. Foto: MIL

Markane IL hadde fire lag i aksjon under Larsen-stafetten på Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival. I klasse jenter 11-12 år gjekk Markane inn til ein sjuandeplass. På laget gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide, Hedda Garlid Hilde og Emilie Flo Stavik. I klasse gutar 11-12 år kom Markane på 25.plass med Jon Erlend Bø, Anders Svarstad Hole og Håvard Tonning.

I klasse G13-16 år deltok Markane med to lag. Markane I kom på 34. plass med Sigurd Fotland Fænn, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Magnus Arntsen på laget. Markane II vart nummer 44. På laget gjekk Oskar Guddal Breivik, Magnus Midthjell Gjørven og Anne Marie Roset. Klassa vart vunnen av Figgjo IL medan Stårheim IL kom på andreplass.

For dei yngste var det normaldistanse som var på programmet. Her deltok Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Oda Svarstad Hole frå MIL.

Resultatliste Bendit Liatoppen Larsen-stafett 10.4.2015

Resultatliste Bendit Liatoppen normaldistanse jenter 10 år og yngre 10.4.2015



Liatoppen 11.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Topp-10 plassering til Maren Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland på sprinten

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Markane IL

Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på 6. plass i J12 under sprinten på Liatoppen i dag. Arkivfoto: Markane IL

 Mange unge lovande skiskyttar var i aksjon under sprinten på Liatoppen i dag. Fleire av klassene hadde godt over 100 deltakarar. Mange frå Markane fekk fine plasseringar og to kom inn blant topp ti i sine klassar. Best plassering av våre i dag fekk Maren Hjelmeset Kirkeeide med ein 6. plass i klasse J12. Med to strafferundar var ho 57 sek etter klassevinnaren Ida Molde Lappegård frå Ål IL som skaut feilfritt. I same klassa kom Emilie Flo Stavik på ein fin 17. plass sjølv om det var seks bom på standplass. Hedda Garlid Hilde imponerte på standplass med berre ein strafferunde og vart nummer 42.

Også Aksel Mathias Meland sikra seg ei plassering blant dei ti beste då han vart nummer åtte i klasse G16. Med totalt tre strafferundar var han akkurat 1 min etter klassevinnar Pierre Monney frå Frankrike som skaut feilfritt. I same klassa kom Magnus Arntsen på ein 45. plass, også han med tre bom.

Sigurd Fotland Fænn sikra seg ein flott 11. plass i klasse G13. Med totalt tre strafferundar var han 1 min 6 sek etter Arnt Johan Tungen frå Orkdal som berre hadde ein bom. I same klassa vart Oskar Guddal Breivik nummer 48 med totalt fem bom.

Anne Marie Roset kom på ein 18. plass i klasse J15. Med totalt fire strafferundar var ho 3 min 13 sek etter vinnaren Åsne Skrede frå Geilo IL.

Magnus Midthjell Gjørven kom på ein fin 35. plass i G14. Han imponerte på standplass som ein av to løparar i klassa som skaut to fulle hus. Han var 3 min etter klassevinnar Eirik Idland frå Figgjo IL. Magnus Seljeset frå Hornindal IL kom på 6. plass i klassa.

I klasse G12 var det Jon Erlend Bø som fekk best plassering av våre med ein flott 28. plass. Med totalt fire strafferundar var han 1 min 24 sek etter vinnaren Eirik Sporaland frå Figgjo IL. I same klassa vart Anders Svarstad Hole nr 82 og Håvard Tonning nr 104.

Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein 38.plass i klasse G15. Med fire strafferundar var han 2 min 51 sek etter vinnaren Ørjan Moseng frå Røros IL.

Fleire lag frå Nordfjord hadde løparar som gjorde det svært så godt. I klasse J16 gjekk Sigrid Flo Bødal heilt til topps med god fart i sporet og feilfri skyting.

I dei urangerte klassane for 10 år og yngre hadde MIL to deltakarar: Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland som begge skaut feilfritt.

Samla resultatliste frå sprinten her:

Resultatliste Bendit Liatoppen sprint 11.4.2015.

Vinnarar av treningstur.

Aksel Mathias Meland var ein av fem gutar og fem jenter i 15-16-årsklassa som vann seg treningstur til Frankrike. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vart nummer åtte. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland kom på åttandeplass i G



Sandane 19.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Innbyding til KM terrengløp



Hornindal 17.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Innbyding til terrengløp

Det vert terrengløp i Hornindal fredag 17. april!
Vi oppfordrar alle spreke friidrettsutøvarar om å stille opp!

Påmelding ved Honndalshallen frå kl 17.00.
Alle klassar.

Kort løype: 600 m for dei under 13 år.
Lang løype for 13 år og eldre: 1,1 km
Startkontingent: kr 50,- pr deltaker.
Premiering

Alle velkomne!

NB! Vi minner om at det berre er høve til å representere ein klubb i friidrett i løpet av ein sesong. Det vert ikkje arrangert friidrettstreningar i regi av Markane IL så for mange av våre medlemer vil det vere naturleg å stille for andre klubbar i friidrett. Men alle medlemer som ønskjer å representere Markane også i friidrett, er hjarteleg velkomne til å gjere dette også denne sesongen.



Khanty Mansijsk 19.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Tung sprint for Tarjei og Johannes

Johannes Thingnes Bø måtte ut i fire strafferunder på dagens sprint i Khanty-Mansisk, ein etter liggande og tre etter ståande skyting. Tarjei Bø måtte også ta eit par strafferunder etter ståande skyting. Det gjekk heller ikkje spesielt fort i sporet. Tarjei enda til slutt som nummer 50, medan Johannes enda 18 plassar lenger ned. Johannes får dermed ikkje gå jaktstarten på laurdag.

Franske Martin Fourcade vann sprinten.



Khanty Mansijsk 21.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Tarjei Bø gjekk seg opp 39. plassar

Tarjei Bø gjekk seg opp heile 39. plassar på dagens jaktstart. Med 19 av 20 moglege treff på standplass og betydeleg betre fart i sporet gjekk han seg inn til ein hederleg 11. plass på sesongens siste jaktstart.

Canadisk Nathan Smith gjekk seg inn til sin første verdscupsiger.

Johannes Thingnes Bø fekk ikkje gå dagens løp etter å ha blitt nummer 68 på sprinten.

Verdscupen vert avslutta med fellesstart søndag.



Khanty Mansijsk 22.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Apr 2015

Tredjeplass til Tarjei Bø i sesongens siste verdscupløp

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø  var med og sette sitt preg på sesongfinalen i skiskyting. Tarjei fekk ein bom på første skyting, men imponerte igjen på standplass med å skyte ned totalt 19 blinkar. Johannes Thingnes Bø skaut fullt på dei to første skytingane, og låg på andre plass ut frå andre skyting. På tredje skyting vart det ein bom, men han hadde framleis sjanse på pallplass. Tarjei, som skaut fullt, kjempa no om sigeren og gjekk ut frå tredje skyting på ein 2. plass.

Johannes måtte også ut i strafferunda ein gong på siste skyting, og var dermed ute av pallstriden.

Jakob Fak, som skaut fire fulle hus, gjekk ut frå siste skyting vel seks sekund framfor Tarjei, med russiske Anton Shipulin vel 16 sekund bak der igjen. Det vart ei uhyre spennande sisterunde. Tarjei såg ryggen til Fak framfor seg, medan Shipulin jaga bak. Eit stykke ut i sisterunda var Shipulin oppe i ryggen på Tarjei, og i siste sving tok han «inneren» og vart for sterk på oppløpet. Tarjei vart dermed endå ein av dei som vart spurtslegne av russaren denne sesongen.

Johannes fekk notere seg for endå ei topp 10-plassering i verdscupen denne sesongen. Han avslutta på 9. plass.

I den totale verdscupen vart Johannes Thingnes Bø beste norske løpar på 5. plass. Martin Fourcade vann cupen, framfor Anton Shipulin, Jakob Fak og Simon Schempp.



Ullsheim 9.4.2015

Lagt ut av Markane IL den 10. Apr 2015

Lagsmeisterskap i skiskyting

Emilie Flo Stavik. Foto: Markane IL

Emilie Flo Stavik vart lagsmeister i J11-12 Foto: Markane IL

 Vintersesongen er ikkje heilt slutt enno. Onsdag var det klart for lagsmeisterskap for skiskyttarane. Heile 40 deltakarar stilte til start. I klassa J11-12 år vart Emilie Flo Stavik lagsmeister. Jon Erlend Bø vart lagsmeister for G11-12 år. I klassa G13-14 år vart Oskar Guddal Breivik lagsmeister. Klassevinnar vart Magnus Seljeset frå Hornindal IL. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart lagsmeister i G15-16 medan Anne Marie Roset vann J 15-16. Odd Sindre Tonning vann juniorklassa medan Nils Heggdal vart lagsmeister i menn senior.

Resultatliste for lagsmeisterskap i skiskyting 9.4.2015

Simon Hjelmeset Kirkeeide Foto: Markane IL

Simon Hjelmeset Ki



Stryn kulturhus 21.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Apr 2015

Foredrag med Jørgen Jelstad: ME - mysteriet, mytene og status i forskinga.

Tysdag 21. april kl 18.00 vert det arrangert foredragskveld med Jørgen Jelstad i Stryn Kulturhus. Jelstad er forfattaren bak boka "De Bortgjemte- og hvordan ME ble vår tids mest omstridte sykdom".

ME er ein sjukdom mange ikkje forstår. Alvorleg sjuke menneske vert sende heim frå legar og sjukehus med ei oppfordring om å ta seg saman. Det offentlege tilbodet for denne pasientgruppa er svært mangelfullt, og mange må pleiast i sine heimar av sine pårørande.

Jelstad er utdanna både fysioterapeut og journalist, og han har sjølv ei ME- sjuk mor. Han møter sjukdomen både gjennom pasientar, pårørande, helsepersonell og forskarar, og han presenterer forskningresultat på ein oversiktleg og grundig måte. Jelstad har halde foredrag over heile landet, og vi er no så heldige at han kjem til Stryn.

Dette foredraget er også ei fin moglegheit til å skaffe deg nyttig kunnskap om ein sjukdom som råkar både born og vaksne i vårt nærmiljø.

Gratis inngong!

Takk til Nils Petter Hauge for initiativ, hjelp og engasjement!

Foredraget er sponsa av Markane IL.



 



Ullsheim 6.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 6. Apr 2015

Lagsmeisterskap i hopp, slalåm og klassisk langrenn

 

Aksel Mathias Meland vart lagsmeister i klasse G16 og oppnådde lengst totallengde av alle med to hopp på 18,5m. Foto: Margunn Hjelmeset

2. påskedag var det klart for lagsmeisterskap i hopp, slalåm og klassisk langrenn. I det klassiske langrennet var det også høve til å ta skimerke. I alt 35 deltakarar stilte opp på eit av dei siste renna for denne sesongen og det vart kåra lagsmeistrar i tre ulike greiner og mange årsklassar.

 I hoppbakken var det Aksel Mathias Meland som oppnådde lengst totallengde. Med to hopp på 18,5m vart det totallengde på 37m og lagsmeistertittel i klasse G16. Også Martin Vonheim som vart lagsmeister i menn senior hadde eit hopp på 18,5 meter.

I slalåmbakken var Bjarte Vonheim raskast av alle med ei totaltid på 33 sek på dei to omgongane. Han vart dermed lagsmeister i menn senior.

Størst deltaking var det i lagsmeisterskapet i klassisk langrenn. Alle som deltok i klassane frå 10 år og oppover klarte merkekravet for sine klassar med god margin.

Fleire foto frå dagen finn du nedanfor.

Resultat frå alle øvingane finn du her:

Resultatliste lagsrenn hopp slalåm og klassisk langrenn 6.4.2015.

Jesper Svarstad Hole

Jesper Svarstad Hole i farta.



Utvikfjellet 4.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 6. Apr 2015

2. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i Rypeskarrennet

Simon Hjelmeset Kirkeeide var einaste deltakar frå Markane IL i Rypeskarrennet 2015. Han gjekk inn til ein andreplass i klasse G15-16 med tida 27 min 25 sek. Andreas Hetle frå Breimsbygda IL vann klassa med 25 min 55 sek. Klassane til og med 16 år gjekk 10km.

Raskast i klassane som gjekk den 23 km lange løypa, var Karoline Erdal og Gøran Tefre frå Førde IL.

I alt 54 deltok i konkurranseklassane medan 600 stilte opp i mosjonsklassa.

Resultatliste for Rypeskarrennet 2.4.2015.



Skogstjerna 03.06.2015:

Lagt ut av Markane IL den 30. Mar 2015

Tren til Postvegløpet med Gym Stryn

Gym Stryn.

Gym Stryn støttar aktiviteten i Markane IL. Bli med og tren til Postvegløpet, du også! Vi oppmodar alle medlemer til å ta innbydinga vidare til aktuelle bedrifter.

Årets Postvegløp vert onsdag 3. juni. Vi satsar på ny deltakarrekord.

Plakaten ovanfor kan du laste ned som i pdf-format her: 

Tren til Postvegløpet med Gym Stryn 



Ullsheim 6.april 2015:

Lagt ut av Markane IL den 30. Mar 2015

Lagsrenn i klassisk stil, slalåm og hopp

Det vert lagsmeisterskap i langrenn klassisk stil, slalåm og hopp på Ullsheim 2.påskedag (måndag 6.april).

Påmelding frå kl 1200

Første start kl 1300

Øvingane startar med hopp, slalåm og til slutt langrenn.

Startavgift: kr 40 pr deltaking

100kr om du deltek i alle tre øvingane.

Det vert også høve til å ta skimerke!

Matøkt til slutt med pølser, kaker og saft.

Det vert ikkje sendt ut eiga funksjonærliste, men foreldre som er tilstade kan rekne med å få ein hjelpe-til-jobb under arrangementet!

Små og store velkomne!



Sirdal 28.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 29. Mar 2015

NM-sølv til Tarjei Bø

Tarjei Bø. Foto: Simen Haughom

Tarjei Bø gjekk inn til NM-sølv på fellesstarten i Sirdal. Foto: Simen Haughom

Tarjei Bø gjekk inn til sølv under fellestarten for menn i NM. NM-gullet gjekk til Henrik L`Abee Lund.

Etter to feilfrie seriar på liggande, vart det to bom for Tarjei på den nest siste skytinga. Då alt skulle avgjerast på siste ståande, skaut Tarjei fullt medan Lund bomma to gonger. Utfrå siste skyting skilde det berre 11 sekund ned til Tarjei på andreplass, men Lund gjekk raskast på sisterunden, og var 23 sekund føre Tarjei i mål.

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 47 og Georg Halsteinslid nummer 54 få fellesstarten, begge med fem bomskot kvar.

Johan Eirik Meland tok ein flott 5.plass i finalen under Statkraft juniorcup. Han pådrog seg totalt tre bom og enda berre 5,6 sekund bak pallen i klasse M20-21. Klassesigeren gjekk til Aslak Nenseter.

 Resultatliste NM Fellesstart menn Sirdal 28.3.2015.

Resultatliste Statkraft Junior Cup fellesstart Sirdal 28.3.2015.



Sirdal 29.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 29. Mar 2015

16.plass i NM-stafetten

NM stafett 2015. Foto:TSN

Førstelaget til Sogn og Fjordane gjekk inn til ein 16. plass. Frå venstre: Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal, Johan Eirik Meland og Erlend S. Myklebust. Foto: TSN

Dei to laga til Sogn og Fjordane stilte utan Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på startstreken, og enda på 16. og 26. plass.

På førsteetappe var det klart for duell mellom Jarle Midthjell Gjørven på førstelaget og Håkon Midthjell Gjørven på andrelaget. Jarle vart liggande halvtanna minutt bak ut frå første skyting, etter at armreima gjekk i stykker før skytinga. Dermed måtte han skyte utan reim. Begge brørne fullførte etappane sine med å få ned alle blinkane. Ved veksling var Jarle 21 sekund føre Håkon. Laga låg på høvesvis 24. og 27. plass.

På neste etappe gjekk Ole Martin Erdal på førstelaget.Han skaut fullt hus medan Ronny Hafsås på andrelaget pådrog seg ein strafferunde.

På tredje etappe gjekk Johan Eirik Meland førstelaget fram til ein 13. plass med feilfri skyting. Georg Halsteinslid på andrelaget skaut også fullt. Erlend S. Myklebust frå Stårheim IL gjekk sisteetappe for førstelaget medan Hermann Erdal stilte opp og gjekk ankeretappen for andrelaget. I mål gjekk førstelaget inn til ein 16. plass, 4 minutt 27 sek bak vinnarane frå Sør-Trøndelag som hadde Emil Hegle Svendsen som ankermann. NM-sølvet gjekk til Hordaland medan Oppland sikra bronsen. Sogn og Fjordane II kom på ein 26. plass.

Resultatliste NM stafett menn Sirdal 29.3.2015.



Sirdal 27.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 27. Mar 2015

 Johan Eirik Meland beste MIL-løpar på NM-sprinten

Johan Eirik Meland. Foto:  TSN, 2014

Johan Eirik Meland kom på 47. plass i NM senior sprint. Foto: TSN

Johan Eirik Meland fekk best plassering av deltakarane frå Markane på sprinten i NM skiskyting senior med ein 47. plass. Med ein bom på den ståande skytinga var han 2 min 53 sek etter gullvinnaren Bjarte Solvang frå Hålandsdalen. NM-sølvet gjekk til Fredrik Gjesbakk frå Bossmo og Ytteren IL medan Lars Gunnar Skjevdal frå Røros to bronse.

Georg Halsteinslid skaut to fulle hus og gjekk inn til ein fin 63.plass i konkurranse med seniorane. Han var 3 min 14 sek etter vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 70 med totalt tre strafferundar, 3 min 22 sek etter vinnaren. Håkon Midthjell Gjørven fekk også tre bom på standplass og gjekk med det inn til 159.plass.

Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø stilte til start. Johannes er forkjøla og står over NM medan Tarjei ikkje nådde fram til NM i tide på grunn av snøkaos på Austlandet. P.g.a. at fleire ikkje nådde dagens NM-start, vert programmet endra slik at det vert fellesstart i staden for jaktstart i morgon.

Jarle Midthjell Gjørven var den einaste frå MIL som også deltok på NM normaldistanse på onsdag. Her vart det ein 50. plass med totalt to tilleggsminutt. NM-vinnar her vart Eirik Fosli frå Fossum IF.

Resultatliste NM sprint skiskyting menn Sirdal 27.3.2015

Resultatliste-for NM normaldistanse menn Sirdal 25.3.2015.



Ullsheim 28.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 26. Mar 2015

40 lag deltok på SSF stafett

Vinnarlaget i G13-16. Foto: TSN

Vinnarlaget i klasse G13-16 vart Markane lag 1. Frå venstre: Oskar Guddal Breivik, Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Resultatliste Stafett Ullsheim 28.3.2015.pdf

Unge langrennsløparar fekk møte Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Oda Svarstad Hole, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Mari Sofi Meland og Anna Flo Kandal fekk også helse på Johannes Thingnes Bø. Foto TSN

Startfeltet i yngste klasse. Foto: TSN



Førde 22.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 23. Mar 2015

Fire deltakarar og fire pallplassar i SSF-cupen samanlagt!

Deltakarane frå Markane IL

Oskar Guddal Breivik, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide kom alle på pallen i årets SSF-cup. Foto: Markane IL

 Fire av Markane sine unge langrennsløparar deltok på så mange av renna i SSF-cup at dei fekk teljande resultat i årets samanlagtsesong. Alle fire kom på pallen i sine årsklassar. Simon Hjelmeset Kirkeeide (G15) og Emilie Flo Stavik (J12) vann kvar si klasse. I klasse J12 gjekk også andreplassen til MIL ved Maren Hjelmeset Kirkeeide. Oskar Guddal Breivik sikra seg tredjeplass i klasse G13.

Desse fire var også med på det avsluttande rennet i Førde og sikra seg akkurat dei same plasseringane som dei fekk i samandraget.

Resultatliste frå siste renn og samanlagtliste her:

 Resultatliste SSF Cup finale Førde Dato 22.3.2015.

SSF Cup samanlagt 2015

Vi gratulerer med flotte resultat!

 

Håkon Nordeide Berg og Oskar Guddal Breivik. Foto: Markane IL



Skei, 13.april 2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Mar 2015

Innbyding til kurs i løypelegging

 

Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til kurs i løypelegging.

Stad: Skei (kva for lokale blir å kome attende til når vi kjenner deltakartalet)

Tidspunkt: Måndag 13. april kl 16.45 (17.30 for dei som ikkje vil ha middag).

Køyreplan: Kl 16.45 Middag. Kl 17.30 Kursstart. Kl 21.00 Slutt

Instruktør: Christian Frøyd

Fokus: Å lage gode løyper på rett nivå, særskilt N, C og B. Forventningar, krav, retningsliner osb.

Påmelding: Seinast 7. april ved e-post til johan.mageroy@mentor.no 

Det må vere min. 7 deltakarar. O-gruppene blir fakturert 250 kroner pr deltakar (uavhengig av mat).

Førebuing

I samlinga vil det vere praktiske løypeteikningsøvingar (kart/penn) og diskusjon. Deltakarane kan gjerne på førehand sende inn forslag til løyper som dei har teikna sjølv, eventuelt løyper frå lokale løp. Send desse til Christian.Froyd@hisf.noDeltakarane kan gjerne ha med seg PC med løypeleggjarprogram (OCAD eller Purple Pen) og kart-fil, men dette er ikkje eit krav.

Info om bruk av OCAD for løypelegging: http://www.orientering.no/arrangor/loypelegging/ocad/Sider/default.aspx 

Purple Pen er eit løypeleggingsprogram som kan installerast gratis. Programmet er minst like enkelt å leggje løyper med som OCAD. Nedlasting: http://purplepen.golde.org/download.htm 

Rettleiing: http://www.ok-moss.no/owiki/doku.php?id=veiledning:purplepen 

Med helsing Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Innbydinga kan også lastast ned her: Innbyding til kurs i løypelegging.



Ullsheim 28.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 17. Mar 2015

Påmelding til SSF-langrennsstafett på Ullsheim.

Laurdag før påske 28.mars skal Markane IL arrangere krinsstafett på Ullsheim.

Vi ynskjer å stille lag i dei fleste klassane: j/g 9-10 år, j/g 11-12 år, j/g 13-16 år + junior- og seniorlag.

Tre etappar pr lag: 1.etappe: klassisk, 2. + 3. etappe: skøyting

Løypelengde i dei ulike klassane:

j/g 9-10 år: 1 km pr etappe
j/g 11-12 år: 2 km pr etappe
j/g 13-16 år: 3 km pr etappe
15-20 år junior gutar: 5 km pr etappe
Damelaga: 3 km pr etappe
Menn senior og menn veteran: 5 km pr etappe

Vi håpar at alle som er 9 år og eldre og har vore med på skiaktivitet i Markane IL denne vinteren (cuprenn, skiskyting, treningar, leikeøkter eller anna) ryddar plass i timeplanen for å vere med på denne stafetten. Det blir kjempekjekt!

Fristar det å vere med? Send ein epost til:
Margunn Hjelmeset:
marg-hje@frisurf.no eller sms til 41628268
eller
Anne Marie Svarstad:
am_svarstad@hotmail.com eller sms til 92609077

Meld deg helst på før måndag i neste veke (23.mars) så ordnar vi med å setje opp dei ulike laga.

Alle som har lyst til å vere med, skal få gå!

Mvh Skigruppa

Innbyding til stafett Ullsheim 280315



Holmenkollen 15.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Mar 2015

  15. plass til Sogn og Fjordane i Ungdomsstafetten

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk andre etappe på laget frå Sogn og Fjordane som vart nr 15 i Ungdomsstafetten i Holmenkollen. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk andre etappe på laget frå Sogn og Fjordane under Ungdomsstafetten i Holmenkollen. Med seg på laget hadde han Ane Brekke, Inga Kårstad Skaar og Brage Burø Sunde. Distansen var 4 x 3,75 km i fri teknikk.

Sogn og Fjordane sitt lag låg på 27. plass etter første etappe. Simon gjekk ein svært god andre etappe og fekk nest beste etappetid. I løpet av etappen gjekk han også laget opp til ein 16. plass. På dei to siste etappane klarte laget frå Sogn og Fjordane å klatre endå ei plassering og enda til slutt på ein 15. plass, 1 min 59.7 sek etter vinnaren.

Stafetten vart vunnen av Buskerud. Oppland sikra andreplassen medan Akershus vart nummer tre.

Resultat frå Ungdomsstafetten Holmenkollen 15.3.2015



Ullsheim 15.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Mar 2015

Resultat frå krinsrenn skiskyting sprint

Anne Marie Roset. Foto: TSN 

Anne Marie Roset vann klasse J15 under sprinten på Ullsheim. Foto: TSN

Resultatliste for krinsrenn sprint Arrangør Markane IL Dato 15.03.2015.



Kontiolahti 15.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Mar 2015

Ny VM-bronse til Tarjei Bø på fellesstarten!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: NSSF

Tarjei Bø (t.h) sikra seg nok ein bronse under fellesstarten i VM medan Johannes Thingnes Bø vart nummer seks. Foto: NSSF

Tarjei Bø sikra seg nok ein individuell VM-bronse på fellesstarten i Kontiolahti. Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein sjetteplass.

Det var svært god skyting under fellesstarten. Både Tarjei og Johannes skaut tre fulle hus, men på den tredje skytinga kom det ein bom for Tarjei og to for Johannes. Tarjei gjekk seg tilbake i tetgruppa og med fullt hus på siste skyting gjekk han ut på sisterunden saman med Jakov Fak, Ondrej Moravec og Ole Einar Bjørndalen. På sisterunden var Jakov Fak frå Slovenia raskast og sikra gullet. Ondrej Moravec frå Tsjekkia gjekk inn til sølv medan Tarjei sikra nok ein bronsemedalje. Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til fjerdeplass. Johannes Thingnes Bø avanserte godt i feltet og gjekk til slutt inn til ein fin 6. plass.

Vi gratulerer med bronse!



Seimsåsen 15.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Mar 2015

4.plass til Oskar Guddal Breivik i SSF-cup

Oskar Guddal Breivik. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik var den einaste deltakaren frå Markane IL i SSF-cup på Seimsåsen. Han gjekk inn til ein fin fjerdeplass i klasse G13, berre 32 sek etter klassevinnar Håkon Nordeide Berg frå Førde IL. Andreplassen gjekk til Thristan Engebø Ullebø, 15 sek etter vinnaren medan Ivar Nistad frå Gaular IL tok tredjeplassen, 29 sek etter vinnaren.

Årets SSF-cup vert avslutta neste helg i Førde. Markane har fire løparar som ligg an til gode plasseringar i samanlagtcupen: Oskar Guddal Breivik, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Stillinga før siste renn i SSF-cupen vert utlagt på skikrinsen si heimeside.

 Resultatliste for SSF-cup ÅTIL 15.3.2015.



Ullsheim 14.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 14. Mar 2015

Resultatliste frå krinsrenn skiskyting normaldistanse

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik, 2014

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn tok første- og andreplass i klasse G13 på normaldistansen. Foto: Torstein Breivik, 2014

Resultatliste for krinsrenn skiskyting normaldistanse Arrangør Markane IL Dato: 14.3.2015

 



Ullsheim 15.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 14. Mar 2015

Startliste for krinsrenn sprint

Her  er startlista til krinsrennet i sprint på Ullsheim 15.3.2015:

Startliste krinsrenn sprint_150315.PDF



Kontiolahti 14.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 14. Mar 2015

Sølv i VM-stafetten!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på sølvlaget i stafett. Foto NSSF

Tarjei Bø (t.h.) gjekk andreetappe og Johannes Thingnes Bø tredjeetappe på det norske laget som sikra seg sølv på VM-stafetten. Foto: NSSF

Vi gratulerer!



Startliste Skiskyting Normal 14. mars 2015

Lagt ut av Markane IL den 13. Mar 2015

Velkomne til skiskyting på Ullsheim laurdag 14. mars og søndag 15. mars.


Kontiolahti 12.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 12. Mar 2015

7.plass til Johannes Thingnes Bø på VM-normaldistanse

 Tarjei Bø på 25. plass

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: NSSF

 Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein 7. plass medan  Tarjei Bø vart nr. 25 på 20 kilometeren i Kontiolahti. Arkivfoto: NSSF

 



Svene 8.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Mar 2015

 Aksel Mathias Meland på bronselaget i HL-stafetten

Bronse til stafettlaget frå Sogn og Fjordane. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk ankeretappen på Sogn og Fjordane lag 1 som sikra seg bronse på stafetten under HL i Svene. Laget frå Sogn og Fjordane: Aksel Mathias Meland, Vegard Skrede, Sivert Myrold og Johan Olav Smørdal Botn. Foto: TSN.

Aksel Mathias Meland gjekk siste etappe på laget til Sogn og Fjordane i klasse G15-16. Med seg på laget hadde han Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim, Sivert Myrold også frå Stårheim og Vegard Skrede frå Hardbagg IL. Laget til Sogn og Fjordane var med i teten gjennom heile løpet og i mål vart det ein flott bronseplass, 18.3 sek etter laget frå Oppland som tok gullet. Laget frå Nordland tok sølvet, 4.9 sek etter vinnarlaget.

I klassa G15 gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide andreetappe på eit lag samansett av løparar frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Møre og Romsdal. Dei andre på laget var John Magnus Nygård, Magnar Lødemel og Eivind Sporaland. Laget enda på ein fin 9. plass. Dei var 4 min 11 sek etter vinnaren Nord-Østerdal lag 1. Sølvet i klassa gjekk til Oslo og Akershus medan Buskerud sikra bronse.

I klasse J15 gjekk laget frå Sogn og Fjordane inn til ein 16. plass. Anne-Marie Roset gjekk første etappe, Kari Alsaker gjekk den andre etappen medan Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven gjekk den tredje etappen. Oslo og Akershus lag 2 sikra gullet i klassa, Hedmark tok sølvplassen medan Oslo og Akershus lag 1 gjekk seg inn til bronse.

I klasse J15-16 vart det siger til laget frå Sogn og Fjordane. Ingen frå Markane gjekk på dette laget, men flott innsats frå Emilie Brekke (Sunnylven IL), Maria Munch Starheim (Stårheim) og Sigrid Flo Bødal (Stårheim).



Kontiolahti 8.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Mar 2015

VM-bronse til Tarjei Bø på jaktstarten!

Tarjei Bø. Arkivfoto: NRK

Tarjei Bø gjekk inn til nok ein VM-medalje med bronse på jaktstarten. Arkivfoto: NRK, 2013

Tarjei Bø sikra seg nok ein VM-medalje då han gjekk inn til bronse på jaktstarten i Kontiolahti. Tarjei leverte nok ein flott prestasjon på standplass med 19 treff. Berre på den tredje skytinga kom det ein strafferunde.

Erik Lesser var den einaste av dei som var med i teten som skaut fullt på tredje skyting. Dermed leia han med vel 20 sekund på resten av feltet før den siste skytinga. Med fullt hus også på den siste skytinga vart det tysk gull med klar margin. I kampen om sølv og bronse var det svært jamnt. Tarjei Bø og Anthon Shipulin frå Russland gjekk ut praktisk talt likt på den siste runden medan Michael Slesingr følgde fem sek bak. Slesingr klarte aldri å tette denne luka. Shipulin var raskast i spurten og sikra sølvet, 17.0 sek etter vinnaren. Tarjei sikra seg nok ein bronse,18.4 sek etter Lesser. Tarjei har dermed sikra seg tre bronsemedaljar på like mange VM-startar.

Johannes Thingnes Bø som sikra seg VM-gull i går, skaut på seg to strafferundar på kvar av skytingane. Dermed vart det ein 31. plass på dagens jaktstart.

 Johannes Thingnes Bø som gjekk ut først etter gårsdagens VM-gull, skaut på seg to strafferundar på kvar av dei fire skytingane og enda med det på ein 31. plass.

Vi gratulerer med VM-bronse!

 



Hyen 8.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Mar 2015

1. og 4. plass til Emilie Flo Stavik og Oskar Guddal Breivik i Hyesprinten.

Emilie og Oskar. Foto: Monica Flo og Torstein Breivik 

Oskar Guddal Breivik vart nummer 4 i klasse G13 i Hyesprinten medan Emilie Flo Stavik gjekk heilt til topps i klasse J11. Foto: Torstein Breivik (2014)/Monika Flo

Markane hadde to deltakarar i Hyesprinten 2015 som begge gjorde det godt i sine klasser. Emilie Flo Stavik gjekk heilt til topps i klasse J12. Ho fullførte den to kilometer lange klassiskløypa på 8 min 0.8 sek. Næraste konkurrent var Hanna Lægreid Nes frå Hafslo IL som var 37,6 sek etter Emlie. Louise Tveito frå Kaupanger IL kom på tredjeplass 38,1 sek etter.

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til fjerdeplass i klasse G13. Han brukte 10 min 28 sek gjennom den tre kilometer lange løypa og var 29,7 sek etter vinnaren Håkon Noreide Berg frå Førde IL. Ivar Nistad frå Gaular IL tok andreplassen, 8.3 sek etter medan Oliver Bosdal Thorsen frå Førde IL kom på tredjeplass, 17.5 sel etter vinnaren.

Hyesprinten var det tredje siste rennet i SSF-cupen 2015.

Resultat frå dagens renn her:

Resultatliste for Hyesprinten/SSF-cup 8.3.2015

 



Kontiolahti 7.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 7. Mar 2015

VM-gull til Johannes Thingnes Bø og VM-bronse til Tarjei Bø!!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: NSSF

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sitt første VM-gull og Tarjei Bø sikra seg VM-bronsen. Foto: NSSF

Det vart ein fantastisk dag i Kontiolahti for Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Johannes Thingnes Bø leia løpet frå start til mål. Med feilfri skyting på liggjande gjekk han ut på mellomrunden med ei knapp leiing på resten av feltet. Tarjei skaut også feilfritt på liggjande og gjekk ut på mellomrunden 17.9 sek etter Johannes.

Det bles til dels kraftig i Kontiolahti i dag og mange av dei næraste konkurrentane skaut på seg fleire strafferundar. Johannes starta flott også på den ståande skytinga med fire kjappe treff. På det siste skotet kom ein bom, men trass den eine strafferunden var Johannes framleis i leiing etter den andre skytinga, 7.6 sek før Nathan Smith frå Canada.  Denne leiinga heldt heilt til mål! For Tarjei gjekk det endå betre på den ståande skytinga. Som ein av berre to utøvarar i dag, klarte han nok eit fullt hus. Dermed gjekk han ut frå andre skyting på bronseplass. Heile seks løparar var innanfor ein differanse på 10 sek og det var duka for ein tett kamp om bronsen heilt til mål. Tarjei gjekk godt på sisterunden og heldt alle utfordrarane til bronsemedaljen på avstand.

Johannes Thingnes Bø gjekk dermed inn til sitt første individuelle VM-gull. Tarjei Bø sikra bronsen 25,3 sek bak. Sølvmedaljen gjekk til Nathan Smith frå Canada, 12.1 sek etter Johannes.

Vi gratulerer med gull og bronse!!



Svene 7.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 7. Mar 2015

God innsats også på sprinten under HL skiskyting

Gjengen frå Markane på HL feirar gull og bronse til Johannes og Tarjei. Foto: TSN

HL-gjengen frå Markane IL  heiser flagget og gratulerer Johannes og Tarjei med gull og bronse. Frå venstre: Aksel Mathias Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Roar Alsaker, Kari Alsaker og Anne Marie Roset. Foto: TSN

 HL skiskyting 2015 heldt fram i Svene i dag med sprint på programmet. Best av våre vart Aksel Mathias Meland med ein 12. plass i klasse G16. Sjølv om det vart to bom på kvar av skytingane, skilde det likevel ikkje meir enn 1 min 2.5 sek fram til gullvinnar Filip Fjeld Andersen. Andersen hadde ein strafferunde. Sølvet gjekk til Torjus Idland frå Figgjo IL som var 22.3 sek bak vinnaren med to fulle hus. Lars Hammernes Leopold gjekk inn til tredjeplass, 33.2 sek etter med to bom. I same klasse gjekk Magnus Arntsen inn til ein 45. plass. Med totalt tre strafferundar var han 2 min 14.1 sek etter vinnaren. Ein annan lokal løpar som gjorde det godt i G16 var Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL som kom på femteplass, 45 etter vinnaren med feilfri skyting. Heile 131 løparar deltok i klasse G16.

I klasse G15 vart Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 58. Sjølv om det vart tre bom på kvar skyting, skilde det berre 2 min 40.5 sek fram til klassevinnaren Martin Alfheim frå Bossmo og Ytteren IL som skaut feilfritt. Andreplassen i klassa gjekk til Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL som var 7.1 sek etter vinnaren med ein bom. Ørjan Moseng frå Røros tok bronseplassen, 13.2 sek etter med totalt tre rundar.

I klasse J15 gjekk Anne-Marie Roset inn til ein 41. plass. Ho fekk tre bom på  første skyting, men skaut fullt hus på den andre serien. I mål var ho 3 min 11.6 sek etter klassevinnaren. Kari Alsaker fekk også tre strafferundar totalt og gjekk inn til ein 57. plass, 4 min 6.9 sek etter klassevinnar Sara Borchgrevink frå Fossum IL som skaut to fulle hus. Sølvet i klassa Benedicte Stien Schreiner frå Bossmo og Ytteren IL berre 1.9 sek etter vinnaren. Åsne Skrede frå Geilo IL tok tredjeplassen, 39.8 sek etter vinnaren.

Også i J16 fekk ein lokal løpar ei topp 15 plassering då Sigrid Flo Bødal gjekk inn til ein fin 11. plass.

HL skiskyting vert avslutta med stafettar i morgon.



Svene 6.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 6. Mar 2015

4.plass til Aksel Mathias Meland i HL skiskyting

Pallen i G16 HL skiskyting 2015. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland kom på fjerdeplass i klasse G16  under HL skiskyting i Svene. Frå venstre: Nr 2: Jonas Slettemark Juel frå Fossum IL, nr 1 Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL, nr 3 Lars Hammernes Leopold frå Asker IL og nr 4 Aksel Mathias Meland frå Markane IL. Foto: TSN.

Aksel Mathias Meland gjekk inn til fjerdeplass på normaldistansen under HL skiskyting i Svene i dag. Trass to bom på den første skytinga skilde det til slutt berre 0,7 sekund opptil bronseplassen. Gullet gjekk til Filip Fjeld Andersen frå Geilo som var 44, 3 sek før Aksel i mål. Jonas Slettemark Juel frå Fossum IL kom på andreplass 11,8 sek etter medan bronsen gjekk til Lars Hammernes Leopold frå Asker. Alle dei tre på pallen hadde berre ein bom. I same klasse kom Magnus Arntsen på 105. plass med fem tilleggsminutt. Han var 5 min 26,7 sek etter vinnaren i mål. Sivert Myrold frå naboklubben vår Stårheim IL gjekk seg inn til 7. plass i same klassa.

I klasse J15 fekk Anne-Marie Roset ei fin plassering med 28. plass. Ho fekk også to tillegg på den første skytinga og var 2 min 47.5 sek etter klassevinnaren i mål. I same klassa vart Kari Alsaker nr 57. Ho hadde totalt fire bom og var med det 4 min 12.3 sek etter vinnaren i mål. Klassevinnar vart Benedicte Stien Schreiner frå Bossmo og Ytteren IL. Andreplassen gjekk til Åsne Skrede frå Geilo IL, 12.7 sek etter. Augusta Idland frå Figgjo IL tok bronse, 18.2 sek etter vinnaren. Alle dei tre på pallen hadde to bom.

I klasse G15 var Simon Hjelmeset Kirkeeide nr. 70. Han fekk totalt seks bom og var 4 min 1.9 sek etter i mål. Klassevinnar vart Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL med eitt tilleggsminutt. Andreplassen gjekk seg Magnus Fjerdingen Moan frå Røros IL berre 1.1 sek etter vinnaren. Martin Alfheim frå Bossmo og Ytteren IL tok bronsen, 25.1 sek etter. Magnar Lødemel frå Hornindal IL vart nr 20. Han var 2 min 3.1 sek etter vinnaren med ein bom.

 Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL sikra at Nordfjord var representert på pallen også i dag då ho gjekk inn til sølvplass i klasse J16. Med feilfri skyting var ho 35.1 sek etter vinnaren Juni Arnekleiv frå Dombås IL.

Hovudlandsrennet held fram i morgon med sprint.

 

 

Anne Marie Roset. Foto: TSN

Anne-Marie Roset gjekk inn til ein



Kontiolahti, 5.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 5. Mar 2015

Bronse i blanda stafett i VM!

Johannes og Tarjei på laget i blanda stafett. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk høvesvis tredje og fjerde etappe på det norske stafettlaget i blanda stafett i skiskyttar-VM. Med seg på laget hadde dei Fanny Welle Strand-Horn og Tiril Eckhoff.

Fanny Welle-Strand Horn gjekk første etappe. Etter feilfri skyting på både på liggjande og ståande, sende ho Tiril Eckhoff ut på ein 6. plass. Noreg var då 29,8 sekund bak Tsjekkia som leia stafetten.

Eckhoff gjekk godt på førsterunde og var oppe på ein 3. plass etter feilfri første skyting. På ståande skyting vart det for mykje bom og til slutt enda det med ein strafferunde. Dermed sende Tiril Johannes Thingnes Bø ut på 6. plass. Differansen var då 1,32 minutt opp til Kviterussland som leia.

Johannes sette som vanleg stor fart i sporet. I tillegg leverte han to kjappe og feilfrie skyteseriar. Ved veksling var Noreg oppe på 3. plass og Tarjei gjekk ut på sin fjerde etappe 44,9 sekund bak teten.

Tarjei gjorde også ein perfekt etappe slik som Johannes. Med to feilfrie skytingar og god fart i sporet sikra han norsk bronsemedalje, 27,7 sekund bak Tsjekkia som vann og 7,5 sekund bak Frankrike som tok sølv

 VM held fram med sprint på laurdag.

Vi gratulerer med VM-bronse!



Ullsheim 3.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 3. Mar 2015

Ny skileikkveld på Ullsheim

Ane Hjelmset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Det vert skileik på Ullsheim for aldersgruppa 4-8 år. Her representert ved Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

 På tysdagane mellom kl 18.00-1900 framover blir det skileik på Ullsheim. Målet er at barn i aldersgruppa 4-8 år kan samlast på Ullsheim i lag med familien sin for leik og moro på ski. Berit Veka og Einar Brath vil ta seg av tilrettelegging av skileiken, og foreldre hjelper til der det er behov. Pakk sekken med litt kveldsmat og drikke som de kan innta i lagshuset etterpå.

Vel møtt!

-Skigruppa-

 



Stokke 28.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 1. Mar 2015

19.plass til Aksel Mathias Meland på klassisk sprint

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vart nummer 19 på klassisk sprint under HL 2015. Foto: TSN (frå HL2014)

Aksel Mathias Meland vart nummer 16 på prologen i den klassiske sprinten under HL. I alt 354 løparar stilte til start i klassa for G16. Aksel var dermed blant dei 30 som var kvalifiserte for finalerunden seinare på dag. I kvartfinalen vart han nr 4 i sitt heat. Det var berre dei to beste i kvart heat og dei to beste tidene som gjekk vidare. Aksel rauk dermed ut i kvartfinalen og enda på ein fin 19. plass på sprinten. Sprinten vart vunnen av Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL.

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein 89. plass på sprinten i klasse G15. I alt 295 løparar deltok. Det skilde berre åtte sekund frå Simon sin 89.plass fram til 30.plassen som gav finalebillett. Dei som ikkje gjekk sprintfinale, gjekk langrennscross seinare på dag. Sprinten for klasse G15 vart vunnen av Ansgar Evensen frå Vind IL.

I langrennscrossen gjekk Simon inn til ein 37. plass. Med tida 2 min 56,2sek var han 11,2 sek etter Jeppe Nilsen frå Fossum IL og Iver Overgård Fremstad frå Byåsen som delte klassesigeren.

Eskil S. Kveen deltok i kombicrossen som består av hopprenn og ei skicrossløype. Eskil gjekk inn til ein fin 9. plass berre 7,9 sek etter klassevinnar Ludvik Braathen frå Øvre Hoslevoll.

Resultat klassisk sprint HL 2015 prolog G16 Dato 28.2.2015.pdf

Resultat klassisk sprint HL2015 finaler G16 Dato 28.2.2015.pdf

Resultatliste klassisk sprint HL2015 Klasse G15 Dato: 28.2.2015

Resultatliste langrennscross HL2015 Klasse G15 Dato 28.2.2015

Resultatliste kombicross HL2015 Dato 288.2.2015

 



Stokke 1.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 1. Mar 2015

 Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland inntil sjetteplass på stafett i HL2015

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til sjetteplass i HL-stafetten saman med Andreas Hetle og Vetle Uhre Hammersvik. Foto: TSN

Det vart ei fin avslutning på hovudlandsrennet for Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Dei gjekk inntil sjetteplass i stafett saman med Andreas Hetle frå Breimsbygda IL og Vetle Uhre Hammersvik frå Førde IL. Simon gjekk tredjeetappe og Aksel fjerdeetappe.

I mål var førstelaget til Sogn og Fjordane 48,3 sek etter vinnarlaget frå Buskerud. Andreplassen gjekk til Telemark og Vestfold Skikrets, 12.3 sek bak medan tredjeplassen gjekk til Oppland, 13 sek bak.

 



Alta 1.3.2014:

Lagt ut av Markane IL den 1. Mar 2015

4.plass til Sogn og Fjordane 1 i stafetten under jr. NM

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk første etappe på Sogn og Fjordane 1. Laget enda til slutt på fjerdeplass i jr.NM. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland frå Markane IL gjekk første etappe på Sogn og Fjordane 1 i klasse M17-21. Etter Johan Eirik sin etappe låg Sogn og Fjordane på ein delt første plass med Buskerud 1. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL gjekk den andre etappen. Sjølv om det vart to strafferundar etter den ståande skytinga, låg Sogn og Fjordane likevel på ein andreplass ved veksling. Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim gjekk tredje etappe. Alle dei tre laga i teten fekk ein strafferunde på denne etappen og før siste veksling låg Sogn og Fjordane på bronseplass. Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven gjekk siste etappen for Sogn og Fjordane. Han fekk ein strafferunde på den første skytinga. Sør-Trøndelag kom i stor fart og skaut i tillegg feilfritt. Dermed kneip dei bronsen 13,4 sek før Sogn og Fjordane.Gullet gjekk til Buskerud med Nord Trøndelag tok sølvet.

Også andrelaget til Sogn og Fjordane i klasse M17-21 hadde med løparar frå Markane. Georg Halsteinslid gjekk første og Andreas Halsteinslid tredje etappe. Dei to andre på dette laget var Torgeir Grønningsæter og Lars-Erik Telseth. Andrelaget gjekk tilslutt inn til 23. plass.

Også i M17-18 hadde Sogn og Fjordane eit lag på startstreken. Her var det tre markaneløparar med. Gaute Bø, Odd Sindre Tonning og Grim Nygård gjekk saman med Isak Hopland frå Hardbagg IL. Laget kom på 20. plass. Gullet i klassa gjekk til Buskerud. Oslo og Akershus tok sølvet medan Sør Trøndelag sikra bronsen.

 



Nordfjord fritidssenter 1.3.2015:

Lagt ut av Markane IL den 1. Mar 2015

19 deltakarar frå MIL i Vetenrennet.

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven vann klasse M17 i Vetenrennet. Arkivfoto: TSN

Deltakarane frå Markane viste godt igjen under årets Vetenrennet. Heile 19 av dei 95 deltakarane kom frå MIL, og det var spesielt i dei yngste klassane Markane var godt representert.

I konkurranseklassane vart det siger til Håkon Midthjell Gjørven i klasse M17. Magnus Midthjell Gjørven vart nummer fire i klasse G14. Emilie Flo Stavik vann klassa for jenter 12 medan Anders Svarstad Hole vart nummer tre i G12.

Resultatliste for Vetenrennet 1.3.2015.pdf



Stokke 27.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 28. Feb 2015

6. plass til Eskil Kveen i kombinert

Eskil Kveen. Foto: Margunn Hjelmeset

Eskil S. Kveen gjekk seg inn til ein flott 6. plass i kombinert under HL2015. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

Eskil S. Kveen gjekk seg inn til ein fin 6. plass i kombinert under hovudlandsrennet i Stokke. Han hadde to gode hopp på 56,5m og 55m og låg på ein sjetteplass etter hopprennet. Også i løypa heldt Eskil god fart og forsvarte sjetteplassen heilt til mål. I mål skilde det 2 min 43 sek fram til klassevinnar Ludvik Braathen frå Øvre Hoslevoll. Andreplassen gjekk til Jørgen Oliver Strøm frå Alta medan Simen Kvarstad frå Byåsen tok tredjeplassen.

Eskil deltek for Markane i kombinert under HL medan han skal representere Veten i hopp.

Resultatliste kombinert HL 2015 27.2.2015.



Alta 28.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 28. Feb 2015

15. plass til Johan Eirik Meland på sprinten i jr.NM

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nr 15 på sprinten i jr. NM. Foto: TSN,2014

Johan Eirik Meland gjorde det best av våre på sprinten under junior-NM i Alta med ein 15. plass i M20-21.. Han hadde beste tid ut frå første skyting etter fullt hus, men tre bom på den ståande skytinga øydela for ei plassering heilt i teten. I mål var han 1 min 19 sek etter vinnaren Endre Blikra frå Trondhjems skyttere som hadde ein bom. Andreplassen gjekk til Marius Haugum medan Kristian Andre Aalerud tok bronseplassen. Isak Flo Bødal frå Stårheim vart nummer 18 i same klassa.

I klasse M19 vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 48 etter å ha skote tre bom på kvar av skytingane. I mål var han 4 min 12 sek etter gullvinnaren Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes. Sølvet gjekk til Sindre Pettersen frå Nittedal som var 28,7 sek etter vinnaren. Harald Birkeland Larsen frå Molde tok bronsen, 31.8 sek bak.

Gaute Bø gjekk inn til 55. plass i M18. På standplass vart det i dag ein bom på første serien og to på den andre. I mål skilde det 3 min 17 sek fram til gullvinnar Harald Øygard frå Skrautvål. Nikolai Frydenlund frå Skonseng tok sølv medan Torstein Wiiger Opsahl tok bronsen.

I klasse M17 vart Odd Sindre Tonning nr 66 med totalt sju bom, Andreas Halsteinslid var nr 68 med totalt fire bom og Grim Nygård nr 69 med fem bom. Med litt dårleg utteljing på standplass vart det i dag vel 6 min opptil gullvinnaren for alle våre. Gullvinnar i M17 vart Vebjørn Sørum frå Søndre Ål som skaut to fulle hus og vann med 57 sek differanse til sølvvinnar Sivert Borgen som også skaut fullt. Jørgen Brendengen Krogsæter tok bronsen.

Elles gjekk Andrea Skeide Bakke frå Stårheim IL inn til ein 7.plass i K19 etter feilfri skyting medan Ingrid Gausemel frå Hornindal fekk ei ny fin plassering med 8. plass i K17.

I Norgescuprennet  for seniorane vart det 23. plass til Jarle Midthjell Gjørven. Med totalt tre bom var han 3 min 8 sek etter vinnaren Fredrik Gjesbakk frå Bossmo og Yttern.



Alta 27.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 27. Feb 2015

5.plass til Jarle Midthjell Gjørven i NC og 11. plass til Johan Eirik Meland i jr.NM

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 11 på normaldistansen i jr.NM i Alta. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 11. plass på normaldistansen i jr. NM i Alta. Han var heilt framme i leiinga etter feilfri første skyting, men tre tilleggsminutt på andre skyting, to på tredje skyting og tre tilleggsminutt på den siste serien vart i mestelaget. I mål vart det dermed ein 11. plass. Avstanden fram til vinnaren, Andreas Kvam, vart på 4 min 18,2 sek. Sølvet gjekk til Aslak Nenseter, 49.8 sek etter vinnaren medan Anders Brekke Nilsen gjekk inn til bronse, 1 min 44 sek bak. Alle dei tre medaljevinnarane fekk fem tilleggsminutt.

Ingrid Gausemel frå naboklubben vår Hornindal IL gjekk seg inn til flott sølvmedalje i junior-NM i klasse K17.

I klasse M19 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til 36. plass. Han fekk totalt sju tilleggsminutt med skyteseriane 2-2-0-3. Han var med det 6 min 21 sek etter gullvinnaren Brage Malm Monstad frå Lier som hadde tre tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Mattis Haug 30,2 sek etter vinnaren medan Andreas Kjeverud Eggen tok tredjeplassen, 40.0 sek etter.

I klasse M17 vart det Grim Nygård som fekk best plassering av våre med ein 52. plass. Han fekk seks tilleggsminutt med serien 0-3-2-1 og var med det 7 min 36 sek etter gullvinnaren. Odd Sindre Tonning kom på ein 58. plass. Etter å ha fått eitt tilleggsminutt på første og to på andre skyting låg han lenge godt plassert, men med fire bom på kvar av dei to siste skytingane vart det nokre plassar nedover lista. Med totalt 11 tilleggsminutt skilde det 9 min 17 sek fram til vinnarne. Andreas Halsteinslid kom på 66. plass. Han skaut seriane 1-4-1-3 og fekk med det totalt ni tilleggsminutt. Avstanden fram til klassevinnaren vart på 10 min 56 sek. 17-års klassa vart vunnen av Sivert Borgen frå Stiklestad IL som berre hadde to tilleggsminutt. Andreplassen gjekk til Mathias Skrede medan Jonas Bogen Øye sikra seg bronse.

Gaute Bø braut løpet i klasse M18. Han låg lenge godt an etter seriane 2-0-0 på dei tre første skytingane. Endre Strømsheim tok gullet i denne klassa

 Samstundes med junior-NM er det også Norgescup for seniorane. Jarle Midthjell Gjørven gjekk her inn til ein god femteplass. Han fekk to tilleggsminutt på første skyting og eitt tilleggsminutt på andre skyting, men med to feilfrie seriar til slutt heldt det likevel til ein solid femteplass i menn senior. Han var 1 min 51.6 sek etter vinnaren Eirik Brattli frå Fossum IL i mål. Andreplassen gjekk til Amund Hoff Thomassen, 1 min 11.4 sek bak vinnaren medan Martin Lindland kom på tredjeplass, 1 min 11.6 sek etter.

Junior-NM held fram i morgon med sprint.

 



Stokke 27.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 27. Feb 2015

12. plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide og 29. plass til Aksel Mathias Meland under HL

 Aksel Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide deltek i HL på Svene. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjorde god innsats i hovudlandsrennet i langrenn i Stokke. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein flott 12.plass i klasse G 15 under HL2015. Rennet gjekk i fri teknikk. I mål var Simon 40.8 sek etter klassevinnaren Fredrik Johnsrud frå Stokke IL. Ansgar Evensen tok sølvplassen, 10.6 sek etter vinnaren medan tredjeplassen gjekk til Ørjan Moseng frå Røros IL, 18.6 sek etter. I alt 346 løparar frå heile landet stilte til start.

 Nesten like bra plassering fekk Aksel Mathias Meland. Han gjekk inn til ein flott 29. plass i klasse G16. Han var 1 min 14.8 sek etter klassevinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo som vann klassa ganske klart. Andreplassen gjekk til Bjørnar Stensrud Tyribakken frå Nesbyen IL, 24.9 sek etter. Kristoffer Berset frå Surnadal IL kom på tredjeplass, 28.0 sek etter vinnaren. Heile 331 løparar stilte til start i denne klassa.

HL held fram i morgon. Då med klassisk sprint på programmet.

Resultatliste for HL2015 langrenn G16 27.2.2015.

Resultatliste for HL2015 langrenn G15 27.2.2015..pdf



Ullsheim 24.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 25. Feb 2015

69 deltakarar på cupavslutninga i skicross

 

Blide jenter etter fullført skicrossrenn: Hedda Garlid Hilde, Ingvild Hatledal, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Også dette året vart cupsesongen avslutta med skicrossrenn. 69 deltakarar stilte opp og også denne gongen var det eit par nye deltakarar som gjekk cuprenn for første gong. Heile 29 deltakar var med i klassa for dei på 8 år og yngre. 13 deltok i 9-10 års klassa.

 I konkurranseklassane vart det klassesigrar til Emilie Flo Stavik og Elias Dispen Lødemel i 11-12 års klassane. Oskar Guddal Breivik vann G 13-14 år. Anne- Marie Roset gjekk til topps i J15-17 medan Aksel Mathias Meland vann G15-17. Jarle Lødemel vann klassa for menn 18 år og oppover.

Resultatliste cuprenn 5 skicross sesongen 2015. Dato 24.02.2015. 

Alma Svidal


Hornindal 22.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 25. Feb 2015

Resultat frå Honndalsrennet

Sigbjørn Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset

 Sigbjørn Fænn vart nummer 2 i klasse M46-50 under Honndalsrennet. Foto: Margunn Hjelmeset, 2014

I alt 34 deltakarar stilte opp i Honndalsrennet 2015. Markane hadde ein deltakar på startstreken Sigbjørn Fænn som kom på andreplass i klasse M46-50 med tida 1t 20 min 38 sek.Han hadde også femte beste tid i rennet totalt sett. Rennet vart vunnen av Roger Lillestøl (M41-45) på 1t 15 min 17 sek

Resultatliste for Honndalsrennet 22.2.2015.



Holmenkollen 22.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 23. Feb 2015

35. plass til Oskar Guddal Breivik i fri teknikk

Oskar Guddal Breivik. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til 35.plass på løpet i fri teknikk i  Holmenkollen. Arkivfoto: Markane IL, Liatoppen 2014

Oskar Guddal Breivik gjekk seg inntil ein flott 35. plass i klasse G13 under Ungdommens Holmenkollrenn 2015 i fri teknikk. Heile 231 deltakarar stilte til start i klassa.

Oskar brukte 8 min 25 sek på løpet. Han var med det 50 sek etter klasssevinnar Aleksander Elde Holmboe frå Elde IL. Jonas Hylen kom på andreplass 5 sek etter vinnaren med Nikolai Elde Holmboe vart nummer tre 6 sek etter klassevinnaren.

Resultatliste Ungdommens Holmenkollrenn- dag2 friteknikk 22.2.2015.

 



Stårheim 22.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 23. Feb 2015

Fleire KM-vinnarar også på normalen

Anne Marie Roset. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne-Marie Roset vann KM-tittelen i J15. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

Også på den andre dagen under KM vart det fleire KM-titlar og mange pallplassar til løparar frå Markane.

Sigurd Fotland Fænn vann KM-tittelen i klasse G13 etter eit godt løp med berre ein bom. Anne-Marie Roset sikra seg KM-tittlen i J15. I same klassa vart det også sølv til Kari Alsaker. Aksel Mathias Meland vann klassa for G16. I M17 fylte deltakarane frå Markane heile pallen. Odd Sindre Tonning vann KM-gullet med Håkon Midthjell Gjørven og Grim Nygård på dei neste plassane. I M18 var det Gaute Bø som vann KM-gullet Også Simon Hjelmeset Kirkeeide (G15) og Magnus Midthjell Gjørven (G14) sikra seg medaljar med kvar sin bronse.

I tillegg til KM for klassane frå 13 år og oppover var det også krinsrenn for dei yngre klassane. Her vart det blant anna dobbeltsiger til Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik i J12.

Resultatliste KM normal Stårheim 22.2.2015.



Stårheim 21.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 22. Feb 2015

Fleire KM-titlar til MIL på sprinten

 Pallen i M17. Foto: TSN

Odd-Sindre Tonning vann KM-tittelen i M17. Håkon Midthjell Gjørven følgde på andreplass medan Lars Erik Telseth frå Volda T&IL vart nummer tre. Foto: TSN

Stårheim IL arrangerte KM sprint på laurdag. Det vart tre KM-titlar til Markane-løparar og mange pallplasseringar. Aksel Mathias Meland vann KM-tittelen i G16, Odd-Sindre Tonning vann M17 medan Gaute Bø gjekk til topps i klasse M18. I tillegg vart det også siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide i J12 (ikkje KM-klasse). Alle plasseringar er å finne i resultatlista nedanfor. Rennet inngår både i krinscupen og i kampen om Sparebank-kruset.

Resultatliste KM Sprint skiskyting Stårheim 21.2.2015.

Pallen i G16. Foto: TSN

Aksel Mathia



Holmenkollen 21.2.2015

Lagt ut av Markane IL den 21. Feb 2015

Bendit Ungdommens Holmenkollrenn

Oskar Guddal Breivik. Foto: TSN, 2014

Oskar Guddal Breivik var Markane sin einaste deltakar i Bendit Ungdommens Holmenkollrenn. På første konkurransedagen var det klassisk langrenn på programmet.

Oskar gjekk seg inn til ein plass blant beste 1/3 då han vart nummer 67 av totalt 207 startande i G13. Han fullførte løypa på akkurat 10min og var med det 1min 10 sek etter klassevinnaren Lars Håkonsen frå Botne SK.

Ungdommens Holmenkollrenn held fram i morgon med renn i fri teknikk.

Resultatliste Bendit Ungdommens Holmenkollrenn dag1 klassisk 21.2.2015.



Ullsheim 24.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Feb 2015

Klart for sesongens femte cuprenn 24. februar

Tysdag 24. februar er det klar for det femte og siste rennet i Markanecupen/Telenorcup.

Rennet går som skicross med enkelstart for alle.

Startkontingent: kr 50.- pr. renn (gjeld for alle klasser)

Påmelding frå kl. 1750. Første start kl. 1830.

Det vert lagt opp til ei svært enkelt skicrossløype for dei minste!

Meir avansert løyper for dei eldre. 

Bruk vanlege langrennsski på skicrossen!

Klasseinndeling:
8 år og yngre:  ingen tidtaking
9 - 10 år:  tidtaking (urangert liste)

11-12 år:  tidtaking, rangert liste
13-14 år: tidtaking, rangert liste
15 år og eldre: tidtaking, rangert liste

Trimklasse utan tid-valfri distanse.

Funksjonærliste til rennet finn du her:

Funksjonærar cuprenn 5 skicross 24.2.2015



Nordfjord fritidssenter 10.-12.4.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Feb 2015

Innbyding til leiarkurs for ungdom

Sogn og Fjordane idrettskrins og Jentedriven idrettsaktivitet innbyr til leiarkurs helga 10.-12. april 2015 på Nordfjord fritidssenter.

Kurset er for ungdom mellom 15-19 år.

Kurshaldarar: Ann Kristin Grodås og Synne Aafedt Liljedahl.

Kurset er prega av aktivitet, involvering og tema som: ungdom i sentrum, idrettens organisasjon, leiing og leiarrolla, teambuilding og sjølvtillit, kommunikasjon og retorikk.

Det vert ei oppfølgjingssamling etter omlag fire månader.

Kursavgift kr. 1000,-. (klubb/lag)

Påmelding til: ungdomsidrett.sfj@gmail.com innan 30. mars

Fullstendig innbyding her:

Leiarkurs for ungdom 10.-12. april 2015



Strynehallen, 14.02.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Feb 2015

Resultat frå Strynehalleikane 2015

JørgenTrøsken. Foto: Margunn Hjelmeset86 deltakarar frå 15 ulike idrettslag deltok på dei 29. Strynehalleikane laurdag 14. februar.

Markane hadde ein deltakar på resultatlista, Jørgen Trøsken som deltok i klasse G11. Han oppnådde resultata 3,26 m i lengde, 7,77 m i kule (2 kg) og 7,2 s på 40 meter.

Heile resultatlista ligg utlagt nedanfor. Her er også mange kjende namn som representerer Markane i vinteridrettane, men deltek for andre klubbar i friidrett.

Resultatliste for Strynehalleikane 14.2.2015.pdf



Skiposten 2015:

Lagt ut av Markane IL den 17. Feb 2015

Nye skipostar på plass!

Neste forsyning med skipostar er på plass langs løypene. Dei nyoppsette postane står ved Svingesetøyane, enden av lysløypa ved Stryn skisenter, Lundasetra, Holesetra og Øvrebergsetra.

Dei første fem postane kjem til å bli ståande oppe til over vinterferien.

 



Kleivane skisenter 15.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Feb 2015

Emilie Flo Stavik og Simon Hjelmeset Kirkeeide til topps i Kleivanerennet.

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Foto: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik vann J 12 i Kleivanerennet føre Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Markane-løparar tok sigeren i to klassar under Kleivanerennet/SSF-cup i dag. Rennet gjekk i klassisk stil. I klasse J12 vart det dobbelsiger til MIL. Emilie Flo Stavik gjekk heilt til topps. Ho fullførte dei to kilometerane på 6 min 55 sek og var med det 13 sek føre lagvenninna Maren Hjelmeset Kirkeeide.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15. Han gjekk dei fem kilometerane på 13 min 54 sek. Næraste konkurrent var Eskil Hov frå Kaupanger som vart nummer to med 14 min 18 sek.

I klasse G13 kom Oskar Guddal Breivik på ein femteplass. Han gjekk dei tre kilometerane på 11 min 6 sek. Klassevinnar vart Thristan Engebø Ullebø på 10 min 12sek.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide gjekk i den urangerte klassa J10.

Resultatliste Kleivanerennet SSF cup 15.02.2015.



Holmenkollen 14.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Feb 2015

8. plass til Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø vart nummer åtte i Holmenkollen. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø kom på 8. plass på sprinten i Holmenkollen i dag. Opninga i sporet var svært god. Han plaffa også ned alle fem blinkane i rekordfart på liggande skyting. Ein bom på det aller siste skotet på ståande, gjorde at pallen glapp.

Arnd Pfeiffer frå Tyskland vann sprinten med feilfri skyting. Andreplassen gjekk til Martin Fourcade 3.3 sek etter medan Anton Shipulin frå Russland kom på tredjeplass, 15.4 sek etter. Johannes på sin åttandeplass var 29.9 sek etter vinnaren.



Holmenkollen 15.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Feb 2015

9.plass i verdscupstafetten i Kollen

Johannes Thingnes Bø. Foto:  Fjordingen

Johannes Thingnes Bø gjekk seg saman med Alexander Os, Henrik L'Abeè-Lund og Lars Helge Birkeland inn til ein 9. plass i verdscupstafetten i Holmenkollen.

Noreg kom langt bak alt frå starten. Sjølv om det berre var brukt to ekstraskot på første etappe, veksla Alexander Os heile 1 min 29 sek etter teten. Henrik L'Abee-Lund brukte også to ekstraskot og sende ut Johannes Thingnes Bø nesten 2 min etter teten. Johannes gjekk ein heilt grei etappe, men måtte bruke tre ekstraskot. Etter Lars Helge Birkeland sin ankeretappe gjekk Noreg til slutt i mål på niandeplass, 2 min 31 sek etter vinnarlaget Russland. Tyskland gjekk inn til andreplass medan Austerrike vart nummer tre.



Ullsheim 14.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 14. Feb 2015

På grunn av Tverrfjelldilten 2015 vert standplassen stengt i dag fram til kl.1600



Ullsheim 14.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 14. Feb 2015

Andre Haugsbø og Bodil Ryste til topps i Tverrfjelldilten 2015

Andre Haugsbø og Bodil Ryste. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Andre Haugsbø og Bodil Ryste gjekk til topps i Tverrfjelldilten 2015. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

I alt 79 løparar var påmelde til Tverrfjelldilten 2015. Årets løype var 41 km lang og gjekk i to sløyfer, ei på 28 km og ei på 13 km. Løypa var endra ein del frå tidlegare år og førsterunden gjekk blant anna innom via Veten og Hogden før den svinga oppom Tonningsetra.

 Andre Haugsbø frå Gaular IL vann for tredje gong Tverrfjelldilten. Han brukte 1 t 45 min 1,5 sek på 41 kilometerane. Næraste konkurrent var Roger Lillestøl frå Hornindal IL som gjekk på 1 t 48 min 41,1sek. Tredje beste tid fekk Jakob Meløy frå NTNUI på 1 t 53 min 52,3 sek.

 Bodil Ryste, frå Gaular IL, vann dameklassa med 2t 5 min 24.3sek. Nest raskaste dame var Kristin Solberg frå Stordal med 2t 23 min 9.1 sek. Anna Amalie Espe frå Hornindal hadde tredje beste tid med 2t 32 min 28.7 sek.

Også Markane IL hadde fleire deltakarar på start. Mange gjorde god innsats i løypa og MIL fekk blant anna tre klassevinnarar og ein andreplass. Sigbjørn Fænn vann klasse M46-50 på 1t 57min 36.6 sek. Åshild Sætren Bøe vann K46-50 på 2t 53min 4.2sek. Georg Kristian Halsteinslid vann M19-20 på tida 2t 4 min 2sek. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer to i klasse M17-18 med 2t 10 min 43.8sek.

Fotoserie frå rennet nedanfor.

Resultatliste for Tverrfjelldilten 14.2.2015. 

Tverrfjelldilten 2015. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Tverrfjelldilten 2015. Foto: Sigbjørn Kirkeeide



Holmenkollen 12.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 13. Feb 2015

6. plass til Johannes Thingnes Bø på normalen

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein 6. plass. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein sjetteplass på normaldistansen i Holmenkollen. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein solid sjetteplass under dagens normaldistanse i Holmenkollen. Han skaut totalt 19 treff. Berre på den tredje skytinga kom det ein bom -og dermed eit tilleggsminutt. I mål var Johannes 1 min 55,7sek etter Martin Fourcade frå Frankrike som skaut feilfritt. Også dei to andre på pallen skaut 20 treff. Andreplassen gjekk til Evgeniy Garanichev frå Russland. Han var 14,2 sek etter vinnaren. Sergey Semenov frå Ukraina kom på tredjeplass, 48,8 sek etter vinnaren.

Tarjei Bø stod over løpet.

Verdscupen held fram i Holmenkollen laurdag. Då er det sprint på programmet.



Holmenkollen 11.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Feb 2015

Aksel Mathias Meland vinnar av Young Star 2015!

Aksel Mathias Meland vann Young Star 2015. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vann Young Star konkurransen i Holmenkollen! Foto: TSN

Aksel Mathias Meland frå Markane IL gjekk heilt til topps i Young Star konkurransen i Holmenkollen der dei 30 beste 15 og 16 åringane deltek. Aksel leverte feilfritt på standplass med to fulle hus. Næraste konkurrent var Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som gjekk svært raskt ute i løypa, men som fekk to strafferundar. Det enda med ein spurtduell der Aksel tok sigeren med 0,1 sek margin. Tredjeplassen gjekk til Torjus Idland frå Figgjo som var 10 sek bak i mål med ein strafferunde.

Jenteklassa vart vunnen av Marit Øygard frå Skrautvål IL. Her kom Sigrid Flo Bødal og Maria Munch Starheim frå Stårheim IL på høvesvis 8. og 12. plass.

Løpa vert vist på NRK laurdag kl. 10.30.

Resultat frå Statkraft Young Star Holmenkollen 2015 gutar

Resultat Statkraft Young Star Holmenkollen 2015 jenter.

Vi gratulerer med siger i Young Star!

Startfeltet Young Star 2015. Foto: TSN

Startfeltet i Young Star 2015.



Ullsheim, 10.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 10. Feb 2015

54 deltakarar på cuprenn 4 i klassisk stil

Jenter 9-10 år . Foto: Margunn Hjelmeset

Mari Sofi Meland, Inger Hjelmeset og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes. Foto: Margunn Hjelmeset

I alt 54 deltakarar stilte opp på det fjerde cuprennet for sesongen. Rennet gjekk i klassisk stil og det var enkeltstart for alle klasser.

I konkurranseklassane vart det siger til Elias Dispen Lødemel i klasse G11-12 og Emilie Flo Stavik i J11-12. Oskar Guddal Breivik vann G13-14 medan Erlend Bakken vann G15-17. Gaute Bø vann M18 år og oppover og Anne Marie Svarstad vann K18 år og oppover.

Cupen vert avslutta med skicrossrenn tysdag 24. februar.

Resultatliste cuprenn 4 klassisk stil sesongen 2015. Dato 10.02.2015.

 

Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset



Ålandsleite 8.2.2015

Lagt ut av Markane IL den 10. Feb 2015

2.plass til Markane I i KM skiskyting stafett

Aksel Meland, Oskar Guddal Breivik og Simon Hj. Kirkeeide. 

Oskar Guddal Breivik, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland gjekk Markane I inn til 2. plass i KM stafett. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

 Hardbagg IL arrangerte i helga KM stafett for klassane frå 13 år og oppover. For klassane opptil 12 år var det krinsrenn sprint som var på programmet.

Markane hadde tre stafettlag til start i KM. Alle tre deltok i klasse G13-16. Best plassering fekk Markane I som kom på andreplass. På Markane I gjekk Aksel Mathias Meland, Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Markane I fullførte dei tre etappane på 44 min 26 sek. Totalt vart det sju strafferundar. Stårheim IL I vann ganske klart med tida 38 min 52 sek. Dei kom seg igjennom alle tre etappane utan strafferundar. På Stårheim sitt lag gjekk Johan Olav Smørdal Botn, Sivert Myrold og Lasse Flo Bødal. Tredjeplassen i KM gjekk til Hardbagg I med tida 45 min 3 sek

Markane sitt andrelag gjekk inn til fjerdeplass med tida 47 min 47 sek. Andrelaget gjorde ein god jobb på standplass med berre ein runde på kvar etappe. På Markane II gjekk Anne Marie Roset, Sigurd Fotland Fænn og Magnus Arntsen. Markane sitt tredjelag kom på åttandeplass med tida 52 min 48 sek. Dei fekk totalt åtte rundar på dei tre etappane. På tredjelaget gjekk Nikolai Dispen Lødemel, Magnus Midthjell Gjørven og Kari Alsaker.

Også på sprinten var det mange frå Markane som gjorde god innsats både på standplass og i løypa. Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse J12. I same klassa kom Hedda Garlid Hilde på tredjeplass. Elias Dispen Lødemel kom på ein god andreplass i klasse G12. Han var ein av dei få som kom seg gjennom sprinten med feilfri skyting. I same klasse kom Jon Erlend Bø på femteplass, Daniel Langeset vart nummer åtte, Sondre Roset vart nummer ni og Anders Svarstad Hole nummer elleve.

Resultat KM Stafett 8.2.2015 Arrangør Hardbagg IL.

Resultat krinsrenn sprint 8.2.2015 Arrangør Hardbagg IL.



Ullsheim, 10.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 9. Feb 2015

Klart for sesongens fjerde cuprenn 10. februar

Tysdag 10. februar er det klar for det fjerde rennet i Markanecupen/Telenorcup.

Rennet går i klassisk stil.

Det vert enkeltstart for alle klasser.

Startkontingent: kr 50.- pr. renn (gjeld for alle klasser)

Påmelding frå kl. 1750. Første start kl. 1830.

 

Løypelengder:
8 år og yngre: ca. 800m, utan tidtaking
9-10 år: 1,5 km tidtaking, urangert
11 -12 år: 1.5 km tidtaking, rangert
13-14 år: 2.5 km tidtaking rangert
15 år og eldre: 5 km tidtaking, rangert

Funksjonærliste for renn nr 3 og 4 finn du nedanfor:

Funksjonærar cuprenn nr 3 og 4 sesongen 2015.



Karidalen 8.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Feb 2015

8.plass til Sogn og Fjordane I i blanda stafett 17-senior

Sogn og Fjordane I vart nr 8 i NM blanda stafett. Foto: TSN

Sogn og Fjordane lag 1 vart nummer 8 i NM blanda stafett 17-senior. På laget gjekk Mari Sollid Eide, Jarle Midthjell Gjørven og Ole Martin Erdal. Foto: TSN

Norgescuphelga i Karidalen vart avslutta med NM i blanda stafett. Best plassering fekk Sogn og Fjordane i klassa 17-senior med ein 8. plass. På laget gjekk Mari Sollid Eide, Jarle Midthjell Gjørven og Ole Martin Erdal. Laget var 2 min 47 etter vinnarlaget frå Oppland i mål. Andreplassen gjekk til Hordaland lag 1 som var 20,7 sek etter vinnarlaget medan Oslo og Akershus lag 1 sikra seg bronse, 1 min 5 sek etter vinnaren.

I klassa 17-21 vart det 11.plass til Sogn og Fjordane. På dette laget gjekk Karoline Erdal, Isak Flo Bødal og Johan Eirik Meland. Laget var 2 min 43 sek etter vinnarlaget Oslo og Akershus lag 2. Andreplassen gjekk til Nord-Trøndelag lag 1, berre 3 sek bak medan Oslo og Akershus lag 3 tok bronse, 22 sek bak vinnarlaget.

I klasse 17-18 år hadde Sogn og Fjordane to lag på start. Sogn og Fjordane 2 vart nummer 23. På dette laget gjekk Ingrid Gausemel, Gaute Bø og Lars Erik Telseth. Sogn og Fjordane 1 kom på ein 28. plass i same klassa. Her gjekk Elise Skeide Bakke, Isak Hopland og Håkon Midthjell Gjørven. Vinnarar av klassa vart laget frå Buskerud.



Nove Mesto 8.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Feb 2015

12. plass til Johannese Thingnes Bø på jaktstarten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø enda på 12. plass på jaktstarten i Nove Mesto. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø enda til slutt på ein 12.plass på jaktstarten i Nove Mesto i dag. Han gjekk ut på dagens jaktstart på ein tiandeplass 43,5 sek etter gårdagens vinnar Jakov Fak. Johannes skaut feilfritt på dei to liggjande skytingane og var lenge med i eit felt på sju-åtte løparar som kjempa om tredjeplassen. På dei to ståande skytingane kom det ein bom på kvar serien. Dermed vart det for langt fram til ein pallplass i dag. I mål var Johannes 1 min 35 etter Jakov Fak som vann også i dag. Andreplassen gjekk til Simon Schempp medan Martin Fourcade sikra tredjeplassen.

Tarjei Bø hadde eit dårleg utgongspunkt etter å ha vorte nummer 59 på sprinten i går. Sjølv om det totalt vart fire bom i dag, gjekk Tarjei seg etterkvart fram til ein 50. plass.

Verdscupen held fram på heimebane i Holmenkollen til veka.



Karidalen 7.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 7. Feb 2015

12.plass til Johan Eirik Meland på sprinten i M20-21

-Håkon Midthjell Gjørven på 17. plass i M17

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven gjekk seg inn til ein fin 17. plass i klasse M17 på Norgescupsprinten. Arkivfoto: TSN

Norgescupen heldt fram i dag ØTS-skisenter i Karidalen med sprint. To av våre klarte å plassere seg blant dei 20 beste i si klasse.

Håkon Midthjell Gjørven gjekk seg inn til ein fin 17. plass i klasse M17 etter god skyting. På den første skytinga vart det ein bom medan den andre var heilt feilfri. I mål skilde det 2 min 1 sek fram til klassevinnaren Mathias Skrede frå Geilo IL som også hadde ein bom. Andreplassen gjekk til Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL, 12.1sek etter. Også han med ein bom. Magnus Bøe frå Try ILet var nummer 3 med to bom, 17.1 sek etter vinnaren. I same klassa vart også Odd Sindre Tonning nummer 47. Han var 3 min 52 sek etter med fem bom. Andreas Halsteinslid vart nummer 67, 6 min 13 sek bak med sek bom. Grim Nygård vart nummer 70, 7 min 2 sek etter med sju bom.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ei ny bra plassering med 12. plass i klasse M20-21. Han skaut fullt på første serien og var heilt oppe på fjerdeplass ut på andrerunden. På den ståande serien kom det tre bom og dermed vart plasseringa til slutt ein 12. plass. I mål skilde det 1 min 24.7 sek opp til klassevinnaren Lars Gunnar Skjevdal frå Røros IL som berre hadde ein bom. Jonas Haarstad frå Rennebu IL skaut feilfritt og kom på andreplass, 33.7 bak vinnaren. Georg Noer Dotzler frå Fossum IF vart nummer, 42.4 sek bak med to bom.

I klassa for menn senior vart Jarle Midthjell Gjørven nummer 34 med totalt tre strafferundar. Han var 4 min 2.9sek etter klassevinnar Erling Aalvik frå Kvam Langrenn og skiskyting som berre hadde ein runde.

Gaute Bø vart nummer 55 i klasse M18. Han hadde totalt seks rundar og var 4 min 37 etter vinnaren Sturla Holm Lægreid som berre hadde ein bom. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 45. Han hadde fem bom og var 4 min 5 sek etter vinnaren Harald Birkeland Larsen frå Molde og Omegn IF.

I morgon er det klart for NM Mix-stafett.

 Resultatliste frå DNB Cup 5 /Statkraft jr. Cup 4 sprint Karidalen 7.2.2015.



Nove Mesto 7.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 7. Feb 2015

10. plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 10.plass på sprinten etter to bom på ståande. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø enda til slutt på ein 10. plass under sprinten i Nove Mesto etter å ha bomma på dei to siste skota på den ståande skytinga. Johannes låg på ein andreplass etter den liggjande skytinga, men med to bom på ståande vart det ei plassering litt lenger nede på lista på ein dag då nesten alle blant dei to beste skaut feilfritt. I mål skilde det 43,5 sek frå Johannes fram til vinnaren Jakov Fak frå Slovenia. Simon Schempp frå Tyskland tok andreplassen 12,8 sek etter vinnaren. Jean Guillaume Beatrix frå Frankrike vart nummer tre, 26 sek bak.

Tarjei Bø skaut på seg to strafferundar både på liggjande og ståande. Dermed vart det berre ein 59. plass. Han var 2min 31 sek etter vinnaren.

I morgon er det klart for jaktstart i Nove Mesto.

 



Langeland 7.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 7. Feb 2015

Maren Hjelmeset Kirkeeide til topps i J12

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse J12. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse J12 i det klassiske skirennet på Langeland i dag. Ho var einaste deltakar frå MIL. Rennet inngår i SSF-cup for junior.

Distansen i dag var 2 km klassisk for 12-åringane. Maren var i mål på tida 8 min 14 sek og var med det 38 sek føre næraste konkurrent Louise Tveito frå Kaupanger. Thea Lundekvam frå Førde IL kom på tredjeplass. Ho var 1 min 4 sek etter Maren.

Neste renn i SSF-cupen er Kleivanerennet søndag 15. februar.

Resultatliste frå SSF-cup klassisk Langeland 7.2.2015.



Stryn 14.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 6. Feb 2015

Innbyding til Strynehalleikane

Oppstryn IL, Olden IL og StrynT&IL byd inn til Strynehalleikane laurdag 14. februar kl. 12.00 i Strynehallen. Stemnet er for alle klassar: gutar/jenter 10-18 år /jun./sen./veteran.Nytt i år er rekruttklasse G7-9 år og J7-9 år.

ØVINGAR: 40m, høgde (m.tilløp), lengde (m.tilløp) og kule.

Det vert 3 forsøk i lengde og 4 forsøk i kule, på 40m eit løp og tid avgjerande. Det er påbode med hallsko eller lyse sålar (ikkje piggsko).

PREMIERING:

Deltakarpremie til alle i 10-, 11- og 12-årsklassen og rekruttklassen. Vanleg premiering i dei andre klassane, i tillegg premiar uttrekt på startnummer.

PÅMELDING: Det blir nytta web-påmelding som stengjer onsdag 11. februar kl. 23.59. Direkte link til påmelding finn du i minidrett.no eller via nettbasert terminliste på friidrett.no under menyen arrangement. Innbyding og link til påmelding er og lagd ut på krinsen si nettside: www.sffik.no

Kontaktpersonar: Hans Petter Galtung, telefon 57873050 /90418186 og Mette Hansen 97688599.

STARTKONTINGENT: kr. 50 pr. øving for klassane 10-14 år, kr.70 pr. øving for 15 år og eldre og kr. 100 pr. deltakar i rekrutt for fritt antal øvingar skal sendast til bankkonto nr. 3705.13.51305 .

Velkomne til Stryn

Helsing friidrettsgruppene i Olden IL, Oppstryn IL og Stryn T&IL

Innbyding Strynehalleikane 2015



Karidalen 6.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 6. Feb 2015

15. plass til Johan Eirik Meland i NC fellesstart

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til 15. plass på fellesstarten i NC/NM junior. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 15 i klasse menn 20-21 år då Østre Toten skilag arrangerte NC fellesstart på ØTS-skisenter i Karidalen. Johan Eirik gjorde ein god innsats på standplass med totalt 19 treff. Berre på den andre liggjandeskytinga kom det eit bomskot. Farten i sporet var litt lågare enn dei raskaste i klassa og dermed vart det ein 15. plass, 1 min 31,3 sek etter vinnaren Marius Haugum frå Bærum Skiklub. Haugum hadde tre bom. Andreplassen i klassa gjekk til Martin Femsteinevik frå Hålandsdalen, 2 sek etter vinnaren med ein bom. Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL tok tredjeplassen, 3 sek bak med feilfri skyting. Isak Flo Bødal frå Stårheim vart nummer 12.

I klasse menn senior vart Jarle Midthjell Gjørven nummer 36 etter at det vart sju bom på dei fire skytingane på fellesstarten. Han var 6 min etter klassevinnaren Erling Aalvik frå Kvam Langrenn og skiskyttarklubb som hadde fire bom.

I klasse M19 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til 35.plass. Han kom litt dårleg ut med tre bom på den første skytinga, men med feilfri skyting på andre skyting og ein bom på kvar av dei to siste gjekk han seg etterkvart bra oppover lista. I mål skilde det 4 min 16 sek fram til vinnaren Sindre Pettersen frå Nittedal IL som hadde ein bom på kvar serie.

I klasse M18 kom Gaute Bø på 50. plass. Han fekk ein bom på første skyting, to på den andre, ein bom på tredje og avslutta med ein feilfri serie. I mål var han 5 min 7 sek etter klassevinnar Harald Øygard frå Skrautvål IL som berre hadde tom bom.

I M17 vart det Håkon Midthjell Gjørven som fekk best plassering av våre med ein 46. plass. Totalt vart det sju strafferundar. Differansen fram til klassevinnaren Magnus Bøe frå Try ILet var på 6 min16,9 sek. Grim Nygård vart nummer 52 med totalt seks bom, Odd Sindre Tonning vart nummer 61 med femten bom og Andreas Halsteinslid nummer 63 med totalt ti bom.

Norgescupen held fram med sprint i morgon.

Resultatliste frå Norges Cup Fellesstart-NM jr Karidalen 6.2.2015.



Nove Mesto 6.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 6. Feb 2015

Verdscupsiger til Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø i mixstafett

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto:

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk til topps i mixstafett i verdscupen saman med Fanny Welle Strand Horn og Tiril Eckhoff.

 Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk inn til verdscupsiger i mixed stafett. Med seg å laget hadde dei Fanny Welle-Strand Horn og Tiril Eckhoff. På dei to første etappane vart det nokre bomskot, men Tiril Eckhoff skaut feilfritt på si ståande skyting og heldt dermed Noreg inne i kampen om ein pallplass.

Johannes gjekk ut på sin tredjeetappe 23 sek etter dei leiande laga. Johannes heldt suveren fart i sporet og alt inn til første skyting var han komen fram i tet. Johannes skaut feilfritt både på første og andre skyting. Tsjekkia klarte å halde følgje med Noreg heile etappen. Tarjei Bø gjekk dermed ut på siste etappen saman med ankermannen til Tsjekkia. Tarjei brukte eit ekstraskot på den liggjande skyting, men gjekk ut på andrerunden berre fem sek etter Tsjekkia. På ståande skaut Tarjei perfekt medan Tsjekkia brukte eit ekstraskot. Dermed sikra han seg stor nok leiing til Tsjekkia til at det heldt heilt til mål.

I mål var Noreg 4,1 sek før Tsjekkia. Ukraina kom på tredjeplass.



Ullsheim 3.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Feb 2015

68 deltakarar på sesongen tredje cuprenn

Nikolai Dispen Lødemel og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Margunn Hjelmeset 

Nikolai Dispen Lødemel og Sigurd Fotland Fænn gjekk i par i klasse G13-14. Foto: Margunn Hjelmeset

Sesongens tredje cuprenn gjekk i fri teknikk. For klassane 9 år og oppover var det parstart der to og to gjekk ut samstundes. I alt 68 løparar deltok i rennet og nokre deltok for første gong. I klassa for dei som er 8 år eller yngre var det heile 32 som stilte til start medan der var 13 deltakarar i 9-10 års klassa.

I klassane for 11-12 åringar var der åtte deltakarar. Elias Dispen Lødemel vann klasse G11-12 medan Maren Hjelmeset Kirkeeide vann J11-12 år. Sigurd Fotland Fænn tok sigeren i klasse G13-14. Klasse G15-17 vart vunnen av Aksel Mathias Meland medan Anne Marie Roset vann J15-17. I klassa for menn 18 år og oppover gjekk sigeren til Gaute Bø medan Janne Alsaker vann kvinneklassa.

Komplett resultatliste nedanfor. Neste renn er tysdag 10. februar. Då i klassisk stil.

Resultatliste cuprenn 3 fri teknikk sesongen 2015. Dato 03.02.2015.

Knut Hatledal og Ingvild Hatledal. Foto: Margunn Hjelmeset

Ingvild Hatledal og Knut Hatledal.



Ullsheim 14.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Feb 2015

Løypekart, startliste og smørjetips for Tverrfjelldilten 2015

Løypekart Tverrfjelldilten 2015


Løypekartet for Tverrfjelldilten 2015 er no klart. Løypa i år er ein god del omlagt frå tidlegare. Årets utgåve er meir variert og noko mindre samla stigning. For å få til 40 km må vi også i år gå 2 rundar, ei lang runde på 28 km og ei kortare runde på 13 km, totalt 41 km. Vi nyttar det flotte terrenget på Hogden i 1. runde. I fint ver med sol er dette ei oppleving med den flotte utsikta til alle kantar. I første runde er ein også ein tur nord om Tonningsetra i det slakke og småkuperte terrenget der. Sidan vi tek i bruk nytt terreng, slepp ein stigningane nord om Holesetra. I år har vi også laga ny trase ned frå Turrhaugen så løparane slepp den kvidefulle nedkøyringa der.

Spørsmål om løypa kan rettast til løypesjef Per Hatledal tlf. 950 59 000

Årets løypekart kan lastast ned på lenkja nedanfor:

Løypekart Tverrfjelldilten 2015

Her kan du også laste ned ei detaljert skildring av årets løype. Skildringa er også utlagt under les meir nedanfor:

Tverrfjelldilten 2015 -løypeskildring

Innbyding m.m. til årets renn finn du her.

Løypa vert open for trening frå laurdag 7. februar!

Verprognose: Det er meldt sol og pent ver på laurdag. Temperatur rundt -2 på føremiddagen og stigande opp mot +2 på ettermiddag. Sjekk oppdatert prognose på yr.no her!

Smørjetips: Det ser ut til å bli klisterføre. Delvis korna snø,men ikkje spesielt våt. Smurning: Blå eller violett klister i botnen.Så multigrade Rode eller universal Swix som truleg vert dagsens smurning. Blir det mange plussgrader kan ein leggje eit tynt lag med raud klister til topplag.

Funksjonærliste: Funksjonærliste Tverrfjelldilten 2015

Startliste: Startliste Tverrfjelldilten 14.02.15.

 

Løypeskildring:

Start på Ullsheim ( 350 m.o.h.) med slakt terreng og litt unnakøyring første 2,5 km. Så startar ein på hovudstigninga mot Veten ( 598 m.o.h.) Kupert og variert stigning med eit par korte sl



Ullsheim 14.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 2. Feb 2015

Innbyding til Tverrfjelldilten 2015

Det nærmar seg Tverrfjelldilten 2015. Også i år er rennet det einaste godkjende seedingrennet for Birkebeinerrennet i Sogn og Fjordane. Rennet er 40 km langt med start og mål på Ullsheim.

Årets renn går av stabelen laurdag 14. februar på Ullsheim. Start kl. 1200. Rennkontoret opnar på Ullsheim kl. 8.30.

Startkontingent: kr 370.

Påmelding: online påmelding via www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no innan onsdag 11.februar, klokka 23.59

Ved påmelding – hugs å oppgje; namn, fødselsdato, klasse, klubb, brikkenr. (om du har eiga brikke) og lisensnr. Birk-ID kan ikkje registrerast i påmeldingssystemet og må sendast i eigen e-post til monica@termopartner.noOppgje også i eposten om du treng eingongslisens.

Etterpåmelding etter den sette fristen kan gjerast til Monica V. Halsteinslid på e-post monica@termopartner.no eller tlf. 416 840 66 mot eit gebyr på kr. 200,- innan klokka 10.00 på renndagen. 

Betaling: Ligg i påmeldingsystemet (online) til kt.nr 3820.20.12393

Startlisens: Det er eit krav at alle deltakarane har gyldig startlisens til dette løpet. Du er sjølv ansvarleg for at dette er i orden. Eingongslisens må ordnast på rennkontoret før start. Denne kostar kr 130.-

Andre detaljar finn du i innbydinga nedanfor. Løypekart vert lagt ut når det nærmar seg.

Innbyding til Tverrfjelldilten 2015



Holmenkollen 1.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 1. Feb 2015

Oskar Guddal Breivik på 4. plass og Aksel Mathias Meland på 6. plass på normalen.

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik fekk best plassering av Markaneløparane på normaldistansen med ein 4. plass i G13. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Også i dag vart det mange fine plasseringar til Markane-løparane då det var klart for normaldistanse i Holmenkollen. Best plassering av alle vart det i dag til Oskar Guddal Breivik som kom på fjerdeplass i klasse G13. Han fekk tre bom på standplass og var 1 min 35 sek etter den klare klassevinnaren, men berre eitt lite sekund bak ein pallplass. Med berre ein bom vann Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL klassa heile 1 min 25 sek før nummer to, Mathias Sørlie frå Lier som også hadde tre bom. Tredjeplassen gjekk til Andreas Kastel frå Gjerdrum IL. Han hadde ein bom og var 1 min 34 sek bak vinnaren. Også Sigurd Fotland Fænn gjorde det godt i klasse G13 med ein 12. plass. Med totalt tre tilleggsminutt var han 2 min 25 sek etter klassevinnaren.

Aksel Mathias Meland kom på ein flott sjetteplass i klasse G16. Sjølv om det vart to bom på siste skyting, var han berre 1 min 18 sek etter Halvor Taalesen Tjøntveit frå Svene IL. Tjøntveit hadde ein bom. Andreplassen i klassa vart delt mellom Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL og Fredrik Grusd frå Fossum IF, 24 sek etter vinnaren. Med sjetteplass i dag er også Aksel ein av fire løparar frå Nordfjord som er klar for Young Star i Holmenkollen!

I klasse G16 deltok også Magnus Arntsen for Markane. Han fekk tre tilleggsminutt på skytingane og gjekk seg inn til ein fin 57. plass av 104 startande i klassa.  I klasse G14 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein 86. plass med totalt fem tilleggsminutt. Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo IL. I klasse G15 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på ein 44. plass til trass for at det vart sju tilleggsminutt på standplass.

Fotoserie frå Team Statkraft Nordfjord og komplett resultatliste nedanfor:

Resultat Bendit Kvalfoss normaldistanse 1.2.2015.

Gjengen frå Markane på Kvalfoss-sprinten. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Gjengen frå Markane IL som  var på Bendit Kvalfoss-sprinten i helga. Framme frå venstre: Sigbjørn Fænn, Magnus Midthjell Gjørven, Oskar Guddal Breivik, Selma Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Magnus Arntsen, Alf-Ole Arntsen og John Roger Meland. Bak frå venstre: Jan Egil Gjørven, Torstein Breivik, Ingrid Meland, Aksel Mathias Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Wenche Arntsen og Hildegunn Midthjell Gjørven. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Aksel Mathias Meland ut frå start. Foto: TSN

Aksel Mathias Mel



Holmenkollen 1.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 1. Feb 2015

Aksel Mathias Meland klar for Young Star

Klare for Young Star. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland frå Markane IL, Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL , Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL og Maria Munch Starheim frå Stårheim er alle klare for Young Star 2015. Foto: TSN

Med 11. plass på sprinten i går og 6. plass på normaldistansen i dag er det klart at Aksel Mathias Meland er ein av dei fire løparane frå Vestlandet som er utteken til Young Star. I arrangementet Young Star møtest dei beste 15-16 åringane i landet til konkurranse i Holmenkollen om knapt to veker. I tillegg til Aksel er også dei tre Stårheimløparane Johan Olav Smørdal Botn, Maria Munch Starheim og Sigrid Flo Bødal klare for Young Star.

Vi gratulerer!



Sogn 1.2.2015:

Lagt ut av Markane IL den 1. Feb 2015

Maren Hjelmeset Kirkeeide til topps i SSF-cup duatlon

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i duathlon. Arkivfoto: Margun Hjelmeset

IL Bjørn arrangerte i dag SSF-cup i duathlon på Sogn skisenter. Sidan mange frå Markane var på skiskyting i Kollen, var det denne gongen berre ein løpar frå Markane på startstreken. Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok i klasse J12 og gjekk like så godt heilt til topps i klassa. Ho fullførte den 2x1.2km lange løypa på 10 min 18 sek. Hanna Lægreid Nes frå Hafslo IL følgde på andreplass, 48 sek bak. Tredjeplassen gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger IL, 1 min 24 sek etter.

SSF-cupen held fram til helga med klassisk renn i Førde.

Resultatliste SSF Cup Duathlon IL Bjørn 1.2.2015.



Holmenkollen 31.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 31. Jan 2015

Sigurd Fotland Fænn på 8.plass og Aksel Mathias Meland på 11. plass under Bendit Kvalfoss-sprinten

Sigurd Fotland Fænn. Foto:

Sigurd Fotland Fænn fekk best plassering av deltakarane frå MIL under Bendit Kvalfoss-sprinten 2015 med ein 8.plass i G13. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

I alt seks løparar frå Markane stilte opp i årets Bendit Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen i dag. I dei fleste klassane var over 100 deltakarar frå heile landet på startstreken. Både Sigurd Fotland Fænn og Aksel Mathias Meland oppnådde topp-15 plasseringar i sine klasser.

Best plassering av våre i dag fekk Sigurd Fotland Fænn i klasse G13 med ein åttandeplass. Med totalt tre bom var han 1 min 59 sek bak klassevinnaren som også var ein nordfjording, Lasse Flo Bødal frå Stårheim som berre hadde ein bom. Herman Glede Hauge frå Oslo SSL tok andreplassen i klassa, 28 sek etter vinnaren med ein bom. Tredjeplassen gjekk til Olav Stenersen frå Asker SK, 1 min 18 sek etter vinnaren med to bom. I klasse G 13 vart det også 46. plass til Oskar Guddal Breivik til trass for ein tung dag på standplass med totalt ni bom.

Også Aksel Mathias Meland hevda seg blant dei beste i si klasse med ein 11. plass i klasse G16.  Sjølv om det i dag vart totalt fem bom, skilde det berre 1 min 41 sek fram til vinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som berre hadde to bom. Torjus Idland frå Figgjo IL tok andreplassen. Han var 56 sek etter vinnaren med to bom. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL kom på tredjeplass, 58 sek etter vinnaren med ein bom. I klasse G16 vart det også ein 70. plass til Magnus Arntsen med totalt tre bom på standplass.

I klasse G14 vart Magnus Midthjell Gjørven nummer 102 etter ein dårleg dag på standplass med totalt åtte strafferundar og i ekstra tilleggsminutt på grunn av ein manglande strafferunde. Simon Hjelmeset Kirkeeide heldt god fart i sporet og kom på ein fin 34. plass i klasse G15 til trass for sju bom standplass. Han var  2 min 19 sek etter klassevinnar Ørjan Moseng frå Røros IL. Andreplassen gjekk til Martin Alfheim frå Bossmo og Yttern IL medan Sander Maanum Trulsen frå Vingrom IL kom på tredjeplass.

I morgon er det nye sjansar på normaldistanse.

Resultatliste Bendit Kvalfoss-sprinten 2015 Klasse G13-G14-G15-G16 Dato 31.1.2015.



Ullsheim, 3. februar 2015:

Lagt ut av Markane IL den 29. Jan 2015

Klart for sesongens tredje cuprenn 3. februar

Tysdag 3. februar er det klar for det tredje rennet i Markanecupen/Telenorcup.

Rennet går i fri teknikk. Det vert enkeltstart for den yngste klassa opp til og med åtte år. Parstart for klassane 9 år og eldre.

Startkontingent: kr 50.- pr. renn (gjeld for alle klasser)

Påmelding frå kl. 1750. Første start kl. 1830.

 

Løypelengder:
8 år og yngre: ca. 800m, utan tidtaking
9-10 år: 1,5 km tidtaking, urangert
11 -12 år: 1.5 km tidtaking, rangert
13-14 år: 2.5 km tidtaking rangert
15 år og eldre: 5 km tidtaking, rangert

Funksjonærliste for renn nr 3 og 4 finn du nedanfor:

Funksjonærar cuprenn nr 3 og 4 sesongen 2015.



Volda 25.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 26. Jan 2015

Fleire LM-vinnarar frå MIL på normaldistansen

Gaute Bø og Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Gaute Bø og Håkon Midthjell Gjørven vann begge LM normaldistanse i høvesvis M18 og M17. Foto: TSN

Resultatliste for LM-Vest skiskyting normaldistanse 250115.

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vann LM normaldistanse i klasse G16



Anterselva 25.1.2015

Lagt ut av Markane IL den 26. Jan 2015

Stafettsiger i verdscupen til Tarjei og Johannes

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk begge på vinnarlaget i stafett i Anterselva.

Johannes Thingnes Bø gjekk ei flott 3. etappe på det norske laget som vann stafetten i Anterselva i dag. Ole Einar Bjørndalen gjekk første etappe på laget medan Tarjei Bø gjekk på andre. Tarjei brukte eitt ekstraskot på si etappe. Han sende Johannes ut i løypa 38 sekund bak leiande Frankrike.

Johannes hadde ein god dag i løypa. Sjølv om han måtte til med to ekstraskot på første skyting så tok han inn på forspranget til franskmannen Destieux og tyske Ard Pfeifer. Ståande skyting vart gjennomført perfekt og på den siste runden gjekk han opp i ryggen og forbi leiande Ard Pfeifer før han veksla med ankermann Emil Hegle Svendsen.

Emil Hegle Svendsen skaut 10 blanke treff på si etappe mot tyske Simon Schempp sine tre ekstraskot. Dermed vann Norge ein suveren stafettsiger i Anterselva.



Anterselva 24.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 25. Jan 2015

Johannes og Tarjei gjekk seg opp på jaktstarten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk seg fram nokre plassar på jaktstarten i Anterselva.

Johannes gjekk ut på ein 31. plass og gjekk seg fram til ein 22. plass til trass for at det vart tre strafferundar.

Tarjei gjekk ut på ein 46. plass. På jaktstarten vart  det  berre ein runde og dermed gjekk han seg opp til ein 25. plass.

Søndag er det klart for stafett i Anterselva.



Tua 24.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 25. Jan 2015

Maren Hjelmeset Kirkeeide vinnar  av J12 under KM sprint fri teknikk

Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013 

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i J12på Tua. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013.

 Markane IL hadde to deltakarar til start under KM sprint fri teknikk. Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klasse J12. Ho var raskast både i prologen og under finalen. Nærast konkurrent var Ida Indrebø frå Jotun IL som vart nummer to. Tredjeplassen gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger IL.

 I KM-klassane frå 13 år og oppover kom Sigurd Fotland Fænn på 12 plass i klasse G13.

KM vert avslutta med klassisk renn søndag. 

Resultatliste KM sprint friteknikk Eid IL 24.01.2015.



Volda 24.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 25. Jan 2015

God innsats i LM skiskyting sprint

 Håkon Midthjell Gjørven vann KM i M17. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håkon Midthjell Gjørven frå Markane/Team Statkraft Nordfjord vann LM i klasse M17. Lars-Erik Telseth frå Volda IL kom på andreplass og Andreas Halsteinslid frå Markane IL/ Team Statkraft Nordfjord vart nummer tre. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 

Offisiell_resultatliste LM Vest sprint 24.01.2015. Arrangør : Volda

Jon Erlend Bø vann G12. Foto: Team Statkraft Nordfjord

John Erlend Bøe vann klasse G12. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Emilie Flo Stavik. Foto: TSN

Emilie Flo Stavik vann klasse J12.



Tua 23.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 24. Jan 2015

Simon Hjelmeset Kirkeeide KM-vinnar i fri teknikk

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmset, 2013

 Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM fri teknikk for klasse G15. Foto: Margunn Hjelmeset (Tuarennet 2013)

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i KM fri teknikk for klasse G15 på Tua i dag. Han fullførte dei fem kilometerane på 11 min 31 sek. Med det vann han klassa suverent, heile 1 min 12 sek før nummer to som vart Kent Ove Sæten frå Hyen. Eskil Hov frå Kaupanger tok tredjeplassen, 1 min 30 sek etter vinnaren.

KM gjeld for klassane frå 13 år og oppover, men også i dei yngre klassane var det god innsats av markaneløparar. I klasse J12 vart det dobbelsiger til Emilie Flo Stavik på førsteplass og Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass.

I dei urangerte klassane leverte Torje Seljeset god innsats i klasse G10 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i klasse J10.

I morgon vert det KM sprint fri teknikk. KM helga vert avslutta med klassiskrenn på søndag.

Resultatliste for KM fri teknikk Dato:23.1.2015 Arrangør: Eid IL



Anterselva 22.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 23. Jan 2015

31. og 46. plass til Johannes og Tarjei på sprinten

Det vart ikkje topplassering vert til Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø på sprinten i Anterselva.

Johannes skaut på seg to strafferundar på liggjande og fekk nok ein runde på ståande. Dermed vart det ein 31. plass 1 min 24,9 sek etter vinnaren Simon Schempp frå Tyskland som skaut feilfritt. Også Evgenij Garanichev frå Russland som vart nummer to, skaut feilfritt. Han var 14 sek etter vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Jakov Fak som var 20,1 sek etter vinnaren med ein runde.

Tarjei Bø var også tilbake på start etter sjukdom. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk to bom på den ståande serien. Med litt lågare fart i løypa enn dei aller raskaste vart det ein 46. plass, 1. min 59,9 sek etter vinnaren. Beste norske vart Henrik L'Abee-Lund på sjetteplass.

Laurdag er det klart for jaktstart i Anterselva.



Oppstart 27.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 23. Jan 2015

Skileik på Ullsheim tysdagar kl.18.00-1900

Ane Hjelmset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Det vert skileik på Ullsheim for aldersgruppa 4-8 år. Her representert ved Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

 Dei tysdagane som det ikkje er cuprenn, blir det skileik på Ullsheim. Målet er at barn i aldersgruppa 4-8 år kan samlast på Ullsheim i lag med familien sin for leik og moro på ski. Berit Veka og Einar Brath vil ta seg av tilrettelegging av skileiken, og foreldre hjelper til der det er behov. Pakk sekken med litt kveldsmat og drikke som de kan innta i lagshuset etterpå.


Oppstart tysdag 27. januar kl.1800

Vel møtt!

PS: Torsdagar kl 19.00-20.00 er det langrennstrening for aldersgruppa 8 år og eldre.

-Skigruppa-



Eid, 23.-25. januar 2015

Lagt ut av Markane IL den 21. Jan 2015

Innbyding til KM langrenn

Vi minner om KM i langrenn som vert arrangert av Eid IL på Tua 23.-25. januar. Fredag 23. januar er det KM fri teknikk, laurdag 24. januar er det KM sprint fri teknikk og søndag 25. januar er det KM klassisk.

Påmeldingsfristen for denne helga er alt onsdag 21. januar. Dei som vil gå for Markane, kan sende namn og fødslesdato til Margunn Hjelmeset snarast på e-post marg-hje@frisurf.no eller sms 41628268 så vert de påmelde samla.



Ullsheim 20.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 20. Jan 2015

68 deltakarar på cuprenn i klassisk stil

 Startfeltet  9-10 år. Foto: John Roger Meland

Startfeltet i klasse 9-10 år på sesongens andre cuprenn. Foto: John Roger Meland

 I alt 68 deltakarar stilte opp då sesongens andre cuprenn vart arrangert. Rennet gjekk i klassisk stil. Som vanleg var det flest deltakarar i dei yngste klassane og også denne gongen var det fleire heilt nye.

I konkurranseklassane var det mange svært jamne duellar. I G11-12 gjekk klassesigeren til Steffen Melheim. Elias Dispen Lødemel og Anders Svarstad Hole følgde på dei neste plassane. I klassa for jenter 11-12 år gjekk sigeren til Emilie Flo Stavik berre eit sekund føre Maren Hjelmeset Kirkeeide. Også i G13-14 var det berre eitt sekund mellom nummer ein og to då Oskar Guddal Breivik var i mål like føre Sigurd Fotland Fænn. I klasse G15-17 vann Andreas Hetle. Sigbjørn Fænn vann klassa for menn senior medan Åshild Sætren Bøe vann klassa for kvinner senior med eitt sekund på Berit Veka.

Fullstendig resultatliste for rennet er lagt ut nedanfor. Der er også fleire foto frå kvelden. Fotograf er John Roger Meland.

Neste renn er tysdag 3. februar i fri teknikk.

Resultatliste for cuprenn 2 i Markanecupen/Telenorcup 2015. Klassisk stil. Dato: 20.1.2015

Emilie Flo Stavik (t.h) vann duellen med Maren Hjelmeset Kirkeeide i klasse J11-12 med berre eitt sekund. Foto: John Roger Meland 

Anders Svarstad Hole og Elias Dispen gjorde god innsats i G11-12 år



Skiposten 2015:

Lagt ut av Markane IL den 20. Jan 2015

Skiposten 2015 er starta opp!

.

Då er skiposten og utkomen. I fyrste omgong er det hengt opp fem postar. Desse heng ute veke 4-7, og i veke 8 vil fem nye postar vere på plass.

Dei fem første postane er plassert ved Gardstøylane, Turrhaugen, Vikadalen, Tverrfjellet og lysløypa på Ullsheim.

Det er totalt 15 postar i årets skipost.

Klippekort kan du få gratis på butikken Sport1 Ytre-Eide sport AS. På kartet og klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei ulike postane heng ute.

Kart og klippekort til skiposten 2015 kan også lastast ned her:

Skiposten -kart og klippekort for 2015

Premiering:
Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og dei som besøkjer alle postane i løpet av vinteren er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar.

Det er gratis å delta i skiposten, men vi oppfordrar likevel alle brukarar av turløypene om å bli medlemmer i Markane IL eller kjøpe årskort i Turløyper Stryn.

Arrangør:
Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Arvid Hatledal AS og Sport1 Ytre Eide sport AS.

VI HÅPAR PÅ MANGE DELTAKARAR OG ØNSKJER ALLE EIN GOD TUR!

Innleveringsfrist for klippekorta er torsdag 30.april 2015

Sendast til:

Margunn Hjelmeset, 6783 STRYN
eller
Anne Marie Svarstad, 6783 STRYN



Ruhpolding 18.1.2015

Lagt ut av Markane IL den 19. Jan 2015

10.plass etter fire fulle hus og fall

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø enda på 10. plass på fellesstarten etter eit stygt fall. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø starta fellesstarten imponerande med to fulle hus og låg i tetfeltet ut på tredjerunden. Midt i tredjerunden fall Jakob Fak. Johannes kom rett bak og hadde ikkje sjanse til å styre unna. Til trass for nærmast å ha teke salto over Fak og etter det bytt ei øydelagt ski, skaut Johannes to nye fulle hus. I mål vart det til slutt ein 10. plass, 17 sek etter vinnaren Simon Schempp. Quentin Fillon Maillet tok 2. plass og Michael Slesinger hamna på 3. plass. Emil Hegle Svendsen vart nummer fire og Ole Einar Bjørndalen kom på femteplass.



Drangedal 18.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Jan 2015

8. plass til Johan Eirik Meland på sprinten

Johan Eirik Meland. Foto:  TSN, 2014 

Johan Eirik Meland kom på åttandeplass i sprinten. Foto: TSN, 2014

I alt seks løparar frå Markane IL var i aksjon under sprinten søndag. Best plassering vart det til Johan Eirik Meland som kom på åttandeplass i M20-21. Johan Eirik skaut feilfritt på liggjande, men fekk ein bom på ståande. I mål var han  1 min 3 sek etter Henrik Sagosen Smeby. Lars Gunnar Skjevdal kom på andreplass 17,6 sek etter vinnaren og Fredrik Mack Rørvik vart nummer tre, 26.7 sek etter vinnaren. Alle dei tre fremste hadde ein bom.

Håkon Midthjell Gjørven gjorde god innsats i klasse M17 og kom på premieplass. Med ein bom på kvar skyting vart han nr 21 av 76 deltakarar i klassa. Han var 2 min 6 sek etter klassevinnaren Fredrik Bucher-Johannessen som berre hadde ein bom. Jørgen B. Krogsæter frå Ullensaker IL vart nummer to, 30 sek etter vinnaren. Sivert Bakken frå Vingrom tok tredjeplassen, 35.6 sek etter vinnaren. I same klassa kom Odd Sindre Tonning på 45. plass. Med to bom på kvar skyting var han 3 min 9 sek etter vinnaren. Grim Nygård vart nummer 50, 3 min 28 sek etter klassevinnaren. Også han gjorde det godt på standplass med berre ein bom. Andreas Halsteinslid vart nummer 63. Med totalt fire bom var han 4 min 24 etter vinnaren.

I klasse M18 vart Gaute Bø nummer 58. Også han fekk totalt fire bom og var 4 min 36 etter klassevinnaren Sturla Holm Lægreid frå Bærums Skiklubb. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 37 i klasse M19. Med totalt fire bom var han 3 min 2 sek etter klassevinnaren som vart Brage Malm Monstad frå Lier IL som skaut feilfritt.

Resultatliste for DNB Cup 4 Statkraft Cup 3 sprint Drangedal. Dato 18.1.2015.



Seimsåsen 18.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Jan 2015

Tre sigrar og to andreplassar i SSF-cup

 Pallen i jenter 12 år. Foto: Torstein Breivik

Emilie Flo Stavik vann klasse J12 og Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass. Ida Indrebø frå Jotun IL vart nummer tre. Foto:Torstein Breivik.

Markane IL hadde fem deltakarar på startstreken då L Jotun innbaud til renn på Seimsåsen. Rennet var det tredje i årets SSF-cup og gjekk i fri teknikk. Alle deltakarane frå Markane gjorde ein flott jobb i løypa. Det vart tre klassesigrar og to andreplassar denne helga.

I klasse G11 vart det klassesiger til Torje Seljeset. Han var 11 sekund føre Mathias Helgheim frå Førde IL. I klasse J12 vart det dobbelsiger til MIL med Emilie Flo Stavik på førsteplass. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass, berre to sekund etter Emilie. Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i klasse G13. Han var berre ni sekund etter klassevinnaren Thristan Engebø Ullebø. I klasse G15 vart det klar siger til Simon Hjelmeset Kirkeeide. Han var heile 1 min 51 sek føre Kent Ove Sæten frå Hyen IL.

Fleire foto er lagt ut nedanfor. Fotograf: Torstein Breivik

Resultatliste SSF Cup IL Jotun 18 01 2015 .

Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik i farta.



Ullsheim 20.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 19. Jan 2015

Sesongens andre cuprenn og "The World's Snowday"-markering

Logo Markane IL

Tysdag 20. januar er det klart for sesongens andre cuprenn.  Rennet går i klassisk stil.

Startkontingent: kr 50.- pr. renn (gjeld for alle klasser)

Påmelding på rennkontoret frå kl. 1750

Første start kl.1830

 

 

Løypelengder:
8 år og yngre: ca. 800m, utan tidtaking
9-10 år: 1,5 km tidtaking, urangert
11 -12 år: 1.5 km tidtaking, rangert
13-14 år: 2.5 km tidtaking rangert
15 år og eldre: 5 km tidtaking, rangert

Funksjonærliste for dei to første renna:

Funksjonærliste cuprenn nr. 1 og 2

Denne kvelden vert det også markering av "The World's Snowday". Det vert delt ut buffar til alle som melder seg på. Skileikebakken er klar til bruk og vi oppfordrar familiane til å ta med seg kveldsmat og enten nyte den i kafeen på Ullsheim eller i Årestova (der blir det fyrt opp). Dermed håper vi på ein litt sosial setting etter kveldens renn.

Alle velkomne!



Drangedal 17.01.2015:

Lagt ut av Markane IL den 18. Jan 2015

Resultat frå Norgescupen i skiskyting

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven var ein av deltakarane frå MIL på Norgescupen i Drangedal. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland fekk best plassering av deltakarane frå Markane IL under normaldistansen i Norgescupen i Drangedal med ein 16. plass. Han skaut på seg totalt tre tilleggsminutt og var med det 2 min 4 sek etter klassevinnaren i M 20-21, Vemund Ravnsborg Gurigard som fekk to tilleggsminutt.

Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 27 i klasse M19. Han fekk totalt fire tilleggsminutt og var 4 min 57 sek etter klassevinnaren Mattis Haug som berre fekk eitt minutt i tillegg. Gaute Bø kom på 58. plass i klasse M18. Han hadde ikkje heilt dagen på standplass og fekk totalt ti bom. Klassevinnar blei Aleksander Fjeld Andersen med totalt tre bom. Best av våre i klasse M17 vart Håkon Midthjell Gjørven. Han kom på 35. plass med totalt seks bom på standplass. Odd Sindre Tonning vart nummer 52 med åtte bom, Grim Nygård nr. 59 med seks bom og Andreas Halsteinslid nummer 66 med totalt åtte bom. Klassevinnar i M17 vart Magnus Bøe frå Try ILet.

Resultatliste for DNB Cup 4 Statkraft Cup 3 Normaldistanse 17.01.2015.pdf



Ruhpolding 17.1.2015

Lagt ut av Markane IL den 18. Jan 2015

Verdscupsiger på sprinten til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø tok sin andre individuelle verdscupsiger for sesongen. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø tok sin sjuande verdscupsiger totalt og den andre for sesongen då han gjekk til topps på sprinten i Ruhpolding. Sprinten vart eit perfekt løp med feilfri skyting og suveren fart i sporet.

Johannes var heile 24 sekund framfor tyske Simon Schempp som kom på andreplass. Tyske Arnd Peiffer tok tredjeplassen 58 sekund bak. Alexander Os vart nest beste nordmann på ein 11. plass. Tarjei Bø står over renna i Ruhpolding.

 



Ruhpolding 15.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 16. Jan 2015

Verdscupsiger i stafett med Johannes Thingnes Bø på laget.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim 

Johannes Thingnes Bø gjekk tredjeetappe på det norske stafettlaget som gjekk til topps i verdscupen i Ruhpolding. Arkivfoto: Anders Vonheim.

Det norske stafettlaget i skiskyting for herrar gjekk heilt til topps i verdscupstafetten i Ruhpolding.På det norske laget gjekk Ole Einar Bjørndalen, Erlend Bjøntegaard, Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen

Ole Einar Bjørndalen og Erlend Bjøntegaard brukte begge eitt ekstraskot. Noreg låg dermed på ein andre plass, 23 sekund bak Tyskland då Bjøntegaard sende Johannes Thingnes Bø ut på den tredje etappen. Johannes måtte bruke eitt ekstraskot på liggande og tre på ståande. Likevel gjekk han så raskt i sporet at han gjekk inn Tyskland si leiing. Ved siste veksling låg Noreg og Tyskland likt.

Emil Hegle Svendsen brukte eitt ekstraskot på liggande og eitt på ståande. Dermed gjekk han ut frå ståande skyting 7,4 sekund bak leiande Tyskland. Desse sekunda henta han raskt inn og då han sette inn eit rykk før oppløpet, var den tyske ankermannen Schempp sjanselaus.

 



Seimsåsen 18.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 15. Jan 2015

Innbyding til SSF-cup Jotun

Søndag 18. januar inviterer IL Jotun til SSF Cup i langrenn på Seimsåsen. Arrangementet inngår i SSF Cupen for rekruttar. Rennet går i fri teknikk.

Start kl. 1300.

Påmeldingsfrist torsdag 15. januar kl. 23.59. Dei som vil gå for Markane, kan sende namn og fødslesdato til Margunn Hjelmeset snarast på e-post marg-hje@frisurf.no eller sms 41628268 så vert de påmelde samla.



Ullsheim 13.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 14. Jan 2015

78 deltakarar på sesongens første cuprenn

 Sara Annie, Mari Sofi og Oddrun. Foto: John Roger Meland

Tre av deltakarane i klasse 9-10 år: Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Mari Sofi Meland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: John Roger Meland

78 deltakarar stilte opp då sesongens første cuprenn vart arrangert på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk og var også lagsmeisterskap for Markane IL. Størst deltaking var det i dei yngste klassane med 24 løparar i klassa for dei som er 8 år eller yngre og 15 i klassa for 9- og 10-åringar.

I klassa for dei frå 11-12 år vart det klassesigrar til Kasper Mundal i guteklassa og Emilie Flo Stavik i jenteklassa. Emilie vart også lagsmeister for jenter 12 år medan Gjertlin Kirkeeide vart lagsmeister for jenter 11 år. Elias Dispen Lødemel vart lagsmeister for gutar 12 år og Jørgen Trøsken vart lagsmeister for gutar 11 år.

I klassa gutar 13-14 år gjekk sigeren til Magnus Seljeset frå Hornindal IL. Oskar Guddal Breivik vart lagsmeister for gutar 13 år medan Nikolai Dispen Lødemel vart lagsmeister for gutar 14 år. Anne Marie Roset som representerer IL Veten i langrenn, vann klassa for jenter 15-17 år. Kari Alsaker vart lagsmeister for MIL i klasse J15. Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 15-17 år. Han vart også lagsmeister i klasse G16. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart lagsmeister i klasse G15 og Odd Sindre Tonning i klasse M17.

I klassa for kvinner 18 år og eldre vart Anne Marie Svarstad både cup- og lagsmeisterskapvinnar. Klassa for menn 18 år og eldre vart vunnen av Gaute Bø. Han vart også lagsmeister for klasse M18 medan Sigbjørn Fænn vart lagsmeister for menn senior. Ingvild Hatledal vart cup- og lagsmeisterskapvinnar i klasse kvinner UH senior.

Neste cuprenn er alt tysdag 20. januar. Då i klassisk stil.

Resultatliste for cuprenn 1 i Markanecupen/Telenorcup. Fri teknikk. Dato: 13.1.2015

Resultatliste for lagsmeisterskap i friteknikk for Markane IL 13.1.2015.

 

Eirik Bjørlo Sandbakk, Daniel Langeset,Anders Svarstad Hole og Elias Dispen Lødemel. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

<


.

Lagt ut av Markane IL den 13. Jan 2015

 



Ullsheim 10.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 13. Jan 2015

Foto frå Ullsrennet 2015

Ane Hjelmeset Kirkeeide deltok i yngste jenteklassa på Ullsrennet. Foto: Margunn Hjelmeset

Nesten 200 løparar deltok på Ullsrennet 2015. Her er ein del foto frå rennet. Fotograf: Margunn Hjelmeset

Emilie Flo Stavik frå Markane IL gjekk til topps i klasse J12.

Maria Bjørlo Sandbakk deltok i yngste jenteklassa



Saknar du dette?

Lagt ut av Markane IL den 12. Jan 2015

Attgløymd på Ullsheim

Attgløymd på Ullsheim

Ei raud dunjakke str. 14 vart attgløymd på Ullsheim etter krinsrennet søndag 11.1.2015.  I tillegg har der stått eit par salomonsko str 39 i smørjeboda ei stund. Om du saknar noko av dette, ta kontakt med MIL!!



Oberhof 11.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 12. Jan 2015

14. plass til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

På ein dårleg norsk dag vart Johannes Thingnes Bø best av dei norske på fellesstarten i Oberhof. Sjølv med sju strafferundar vart det til slutt ein 14. plass.

Han hadde som vanleg svært god fart i sporet. Ole Einar Bjørndalen vart nummer 17 med fem strafferundar. Martin Fourcade frå Frankrike vann løpet. Tarjei Bø gjekk heller ikkje i dag.



Oberhof 10.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Jan 2015

4. plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø kom på fjerdeplass på sprinten i Oberhof. Foto: Andres Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk ein god sprint i Oberhof i ettermiddag. Sjølv om det vart to bom på den ståande skytinga, var han med heilt i teten.

Johannes leia fram til den ståande skytinga, men både Martin Fourcade og Ole Einar Bjørndalen kom seg gjennom ståande med berre ein bom og det vart dermed for langt fram til førsteplassen. Fourcade vann 4,4 sekund føre Bjørndalen. Russiske Lapshin tok tredjeplassen berre 0,7 sek føre Johannes i mål.

Tarjei Bø stod over løpet.

I morgon skal det gåast 15 km fellesstart i Oberhof.



Ullsheim 11.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 11. Jan 2015

Resultatliste frå krinsrenn i skiskyting

Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik 

Oskar Guddal Breivik (t.h) og Sigurd Fotland Fænn tok første og andreplass i klasse G13. Arkivfoto: Torstein Breivik

120 løparar var samla på Ullsheim då Hornindal IL og Markane IL arrangerte krinsrenn i skiskyting. Øvinga var normaldistanse. 36 av deltakarane stilte for Markane IL og nokre av desse deltok på sitt første krinsrenn.

Det vart siger til markaneløparar i heile seks klasser. Georg Kristian Halsteinslid vann klasse M19 og Gaute Bø klasse M18. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse G15 og Aksel Mathias Meland vann klasse G16. I klasse G13 vart det siger til Oskar Guddal Breivik medan Sigurd Fotland Fænn vart nummer to. Også i klasse J12 vart det dobbelt Markane med Maren Hjelmeset Kirkeeide på førsteplass og Emilie Flo Stavik på andreplass. Pallplassar vart det også til Nikolai Dispen Lødemel som vart nummer tre i klasse G14 og Grim Nygård kom på andreplass i klasse M17. Anne Marie Roset og Kari Alsaker kom på andre- og tredjeplass i klasse J15.

Sjå elles resultatlista for øvrige resultat:

Off.resultatliste krinsrenn skiskyting normal 11.1.2015. Arrangør Hornindal IL og Markane IL



Ullsheim 10.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 10. Jan 2015

Resultat frå SSF-cup/Ullsrennet 2015

 

Resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 10.1.2015 -oppdatert



Ullsheim 11.01.2015:

Lagt ut av Markane IL den 10. Jan 2015

Startliste krinsrenn skiskyting

Startliste krinsrenn skiskyting 110115.PDF



Ullsheim 10. januar 2015:

Lagt ut av Markane IL den 10. Jan 2015

198 deltakarar på Ullsrennet 2015

Inger Hjelmeset, Anna Flo Kandal og Ane Hjelmeset Kirkeeide mot mål. Foto: Anne Marie Svarstad

Tre jenter frå Markane IL mot mål. Frå venstre: Inger Hjelmeset, Anna Flo Kandal og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Anne Marie Svarstad

 I alt 198 skiløparar stilte på startstreken i Ullsrennet 2015. Rennet gjekk i fri teknikk og inngår også i SSF-cupen. Markane IL hadde rekordmange deltakarar på start. Heile 54 løparar stilte opp for MIL i årets Ullsrenn og alle gjorde ein flott innsats i løypa. Alle tider og plasseringar er å finne i resultatlista under. 

I dei rangerte klassane vart det ni pallplassar til markaneløparar med fem klassesigrar, tre andreplassar og ein tredjeplass. Torje Seljeset gjekk til topps i klasse G11. Emilie Flo Stavik vann klassa for J11. Her vart det også andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein klar klassesiger i G15 medan Aksel Mathias Meland vann klasse G16. Ingvild Hatledal var først i mål i klasse UK. I klasse G13 vart det andreplass til Oskar Guddal Breivik og tredjeplass til Sigurd Fotland Fænn. Gaute Bø vart nummer to i klasse G18.

Nokre foto frå dagens renn er lagt ut nedanfor og fleire kjem etterkvart.

Resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 10.1.2015 -oppdatert

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland mot mål. Foto: Anne Marie Svarstad

På veg mot mål. Mari Sofi Meland frå MIL (nr 57), Oddrun Hjelmeset Kirkeeide frå MIL (nr 61) og Rebecca Agnethe Tvinnereim frå Hardbagg (nr 58). Foto: Anne Marie Svarstad

 

Axel Brynestad Erdal. Foto: Anne Marie Svarstad



Verprognose Ullsheim 10.01.2015:

Lagt ut av Markane IL den 9. Jan 2015

SSF Cup/ Ullsrennet 2015 vert avvikla som planlagt

 

SSF Cup/ Ullsrennet 2015 vert avvikla som planlagt med start kl. 1300.

Vervarsel for Ullsheimsområdet her.



Ullsrennet 2015 - Startlister

Lagt ut av Markane IL den 9. Jan 2015

Startliste Ullsrennet 2015


Oberhof 8.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 8. Jan 2015

2.plass i verdscupstafett med Johannes Thingnes Bø på laget!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim,2011

Johannes Thingnes Bø gjekk tredjeetappe i verdscupstafetten. Foto: Anders Vonheim, 2011

 Det norske stafettlaget med Vetle Sjåstad Christensen, Alexander Os, Johannes Thingnes Bø og Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til andreplass i verdscupstafetten i skiskyting i Oberhof.

 Johannes gjekk ut på sin etappe 9 sekund etter teten. Han gjekk seg raskt fram i teten og skaut feilfritt på første skyting. På ståande fekk han ei strafferunde. Han gjekk likevel ut i tet på sisterunden. Også Ole Einar Bjørndalen bomma på sine skytingar og fekk dermed etterfølgjarane tett i ryggen. Til slutt spurtslo russisk Shipulin Bjørndalen. Russland vann dermed stafetten før Norge. Frankrike vart nummer tre.



Orkdal 4.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Jan 2015

Resultat frå Norgescup sprint

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 14 på sprinten i Orkdal. Foto: TSN,2014.

Norgescupen i Orkdal held fram i dag med sprint. Jarle Midthjell Gjørven oppnådde best plassering av våre med ein 14. plass i menn senior. Han skaut feilfritt på liggjande skyting, men fekk to strafferundar på den ståande skytinga. I mål skilde det 1 min 11,5 sek fram til klassevinnaren Pål Kristian Grue Tufte frå Geilo IL. Andreas Dahlø Wærnes kom på andreplass, 4.2 sek bak. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde tok tredjeplassen, 5.3 sek bak. Også dei tre på pallen hadde to rundar kvar.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 28. plass i klasse M20/21. Han fekk to bom på den liggjande skytinga og skaut feilfritt på ståande. I mål skilde det 2 min 12,1 sek fram til vinnaren Håkon Sørbøen Larsen frå Ål som skaut fullt. Simon Ågheim Kalkheim frå Skonseng UL kom på andreplass, 3.8 sek etter vinnaren medan Marius Haugum frå Bærum Skiklubb vart nummer tre, 13.2 sek etter Larsen.

I dei yngre klassane fekk Georg Kristian Halsteinslid den beste plasseringa med ein 26. plass i M19. Han skaut godt og kom seg gjennom dei to seriane med berre ein bom. I mål skilde det 2 min 44 sek fram til Kristoffer Jonsson frå Vingrom som også hadde ein runde. Aleksander Morsund Karlsen kom på andreplass, 22 sek etter. Andreas Kjeverud Eggen vart nummer tre, 23 sek etter.

I M17 fekk Grim Nygård den beste plasseringa av våre med ein 47. plass. Han skaut bra i eit renn med høvesvis mykje bom med feilfri liggjande skyting og to bom på ståande. I mål skilde det 4 min 3 sek opptil vinnaren. Håkon Midthjell Gjøven kom på 49. plass med totalt fire bom, Odd Sindre Tonning vart nummer 56 med totalt sju rundar og Andreas Halsteinslid nummer 62 med totalt fire rundar. Klassevinnar vart Fredrik Bucher-Johannessen frå Try ILet som berre fekk ein bom.

I klasse M18 vart Gaute Bø nummer 53. Han hadde totalt fire bom og var 4 min 42 sek etter klassevinnaren Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL.

 Resultatliste Dnb cup 3 Statkraft jr cup 2 Sprint Orkdal 04.01.2015.



Hodlekve 04.01.2015:

Lagt ut av Markane IL den 4. Jan 2015

Gode resultat i SSF-cup

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15 i det første rennet i SSF-cupen. Foto: Margunn Hjelmeset

 I alt sju deltakarar frå Markane IL var i aksjon under sesongens første renn i SSF-cupen. Dette gav ein førsteplass, tre andreplassar og fleire andre fine plasseringar. Rennet gjekk i klassisk stil.

Simon Hjelmeset Kirkeeide stod for dagens Markane-siger då han vann klassa G15 med heile 1 min 24 sek margin ned til nummer to som vart Trygve Brendehaug frå Syril IL.

I klasse G13 kom Oskar Guddal Breivik på ein flott andreplass. Han var 46 sek etter vinnaren Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL. I same klassa vart Sigurd Fotland Fænn nummer ti, 1 min 34 sek etter vinnaren. I klasse J12 vart det andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho var 53 sek etter klassevinnar Ida Molde Lappegård frå Fjellet IL. Også Torje Seljeset kom på ein flott andreplass. Han var 22 sek etter klassevinnar i G11, Erik Alnes Litsheim frå Førde IL.

I klasse G16 kom Aksel Mathias Meland på sjuandeplass. Han var 49 sek etter klassevinnar Andreas Hetle frå Breimsbygda IL.

Også i dei yngste urangerte klassane hadde Markane ein deltakar, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, som gjorde god innsats i klasse J10.

SSF-cupen held fram neste helg når Markane IL arrangerer Ullsrennet.

Resultatliste SSF-cup Hodlekve 04.01.2015



Til informasjon:

Lagt ut av Markane IL den 3. Jan 2015

Påmelding til krinsrenn i langrenn

Påmelding til dei ulike krinsrenna har som regel frist onsdag eller torsdag før arrangørdato. Dei som ynskjer å vere med, melder frå til Margunn Hjelmeset (e-post: marg-hje@frisurf.no / 41 62 82 68) innan onsdagen før arrangementdato så ordnar vi ei samla påmelding for løparane frå Markane. (Eventuelt er det også mogleg å ordne påmelding sjølv via min idrett.)

Terminliste for løpa i Sogn og Fjordane er lagt ut i venstremenyen under skigruppa.

 



Orkdal 3.1.2015:

Lagt ut av Markane IL den 3. Jan 2015

Resultat frå Norgescup fellesstart i skiskyting

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 32 på fellesstarten i Orkdal. Foto: TSN

Norgescupen i skiskyting er i gong igjen etter juleferien. Helgas renn vert arrangerte i Orkdal og dagens øving er fellesstart. På føremiddagen var seniorklassane og den eldste juniorklassa i aksjon. Det vart litt for mange bom for våre denne gongen til at dei kunne hevde seg heilt i toppen.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 26. plass i seniorklassa, 3 min etter klassevinnaren. Jarle var bra med etter dei to første skytingane, men tre bom på tredje skyting (fire totalt under løpet) vart i meste laget for ei topplassering. Klassa vart vunnen av Erling Aalvik frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb. Tore Leren vart nummer to, 18.5 sek etter vinnaren. Andreas Dahlø Wærnes kom på tredjeplass, 20.3 sek etter førstemann.

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til ein 32. plass. Totalt vart det fem strafferundar og i mål var han 4 min 37 sek etter klassevinnaren Fredrik Mack Rørvik frå Målselv som berre hadde ein bom. Henrik Sagosen Smeby tok andreplassen, 1 min etter medan Simon Ågheim Kalkenberg vart nummer tre i klassa, 1min 5 sek bak.

Også resultata i dei yngste klassane vart prega av ruskete ver og tildels mykje bom. Best plassering av våre fekk Odd Sindre Tonning med ein 37. plass i M17. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 52, Grim Nygård kom på 59. plass og Andreas Halsteinslid vart nummer 64. I klassa for M18 kom Gaute Bø på 58. plass medan Georg Halsteinslid vart nummer 54 i klasse M19.

Resultatliste for DNB cup 2/Statkraft jr cup 3 fellesstart Orkdal 03.01.2015