3 X 1.plass i Ribberennet

Postet av Markane IL den 29. Des 2016

Alle dei tre deltakarane frå Markane, Oskar Guddal Breivik, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik, gjekk til topps i sine klasser under Ribberennet 2016.

Oskar Guddal Breivik gjekk til topps i klasse G15 med 13 min 39 sek. Han var 39 sek føre nummer to i klassa, Thristan Engebø Ullebø frå Førde og 52 sek føre nummer tre, Oliver Bosdal Thorsen, også frå Førde IL.

Simon Hjelmeset Kirkeeide tok klassesigeren i M17. Han var 11 sek før nummer to Eskil Hov frå Kaupanger IL.

Emilie Flo Stavik vann klassa for J14 på tida 11 min 10 sek. Ho var 24 sek før nummer to, Louise Tveito frå Kaupanger IL. Tredjeplassen gjekk til Hedda Kleiven Eikeset frå Førde IL, 1 min 11 sek etter vinnaren.

Ribberennet var flytta til Hodlekve på grunn av snømangel på Langeland, og gjekk i klassisk stil.

Resultatliste for Ribberennet komplett 28.12.2016






4., 5. og 9. plass i Nove Mesto

Postet av Markane IL den 29. Des 2016

Johannes Thingnes Bø sikra seg tre nye gode plasseringar under årets tredje verdscuphelg i Nove Mesto med 4., 5. og 9.plass.


Johannes innleia verdscupdagane i Nove Mesto med å bli nummer fire på sprinten. Med ein bom totalt var han berre 10.6 sek etter vinnarne Martin Fourcade frå Frankrike. Andreplassen gjekk til Anthon Shipulin, 1.6 sek etter vinnarne medan Emil Hegle Svendsen sikra seg tredjeplass, 6.4 sek etter vinnaren.

På jaktstarten hang Johannes med i teten med berre ein bom på dei tre første skytingane, men med to bom på siste skyting forsvann sjansen til ein ny pallplass. Fourcade sikra seg nok ein siger, 30,8 sek føre russiske Shipulin. Fillon Maillet frå Frankrike sikra tredjeplassen 38 sek etter vinnaren medan Johannes gjekk inn til femteplass, 1 min 2 sek etter vinnaren.

I det siste rennet før juleferien vart det ein niande plass til Johannes. Han fekk totalt tre bom på fellesstarten og gjekk i mål 19,8 sek etter vinnaren Martin Fourcade. Andreplassen gjekk til Simon Schempp medan Babikov tok tredjeplassen.

Verdscupen held fram 5.januar i Oberhof.




Cuprenna startar tysdag 3.januar 2017

Postet av Markane IL den 28. Des 2016

logo-markaneil.png

Det er klart for sesongens første cuprenn tysdag 3.januar. Rennet går i fri teknikk. Påmelding frå kl. 1800. Første start kl. 1830.

Startavgift kr. 50 pr renn.

Alle velkomne!



Innbyding til KM skiskyting 14.-15.januar 2017

Postet av Markane IL den 28. Des 2016

logo-markaneil.png

Markane IL innbyr til KM i skiskyting helga 14. - 15. januar. Øvingane er sprint på laurdag og fellesstart (sprint for dei under 13 år) på søndag. Frist for å melde seg på er 10.januar.

Alle detaljar om rennet finn du i innbydinga.


Innbyding til KM skiskyting 14.-15.januar 2017



3.plass på Oppdalssprinten til Erlend Bakken og Aksel Meland

Postet av Markane IL den 11. Des 2016

Både Erlend Bakken og Aksel Meland frå Markane IL sikra seg pallplass under Oppdalssprinten på laurdag.

I Oppdal var det denne helga klart for DNB-cup 2 for seniorane medan dei yngre løparane gjekk Oppdalsprinten og Trøndercupen.

Beste resultat vart det denne gongen for dei yngre løparane i Oppdalssprinten/Trøndercupen.

Aksel Matias Meland gjekk inn til tredjeplass i M18. Med totalt to strafferundar var han 1 min og 7 sek etter vinnaren Eirik Kjøl Tornes frå Molde som skaut feilfritt. Andreplassen gjekk til Jo Børste Nørstegård som med tre bom var 57 sek etter vinnaren. Vegar Skrede frå Hardbagg IL kom på fjerdeplass.

Erlend Bakken sikra seg tredjeplassen i klasse M19. Han hadde totalt fire bom og var 48 sek etter vinnaren Hågen Solbakken frå Sørskogbygda med tre bom. Også på andreplassen kom det ein lokal løpar, Isak Hopland frå Hardbagg, som berre var 3,2 sek etter klassevinnaren. Fjerdeplassen i klassa gjekk til Håkon Midthjell Gjørven, 51 sek bak. Andreas Halsteinslid kom på sjetteplass, 1 min 16 sek etter, Grim Nygård på åttandeplass, 2 min 25 sek etter vinnaren, og Odd Sindre Tonning på niandeplass, 3 min 6 sek etter vinnaren.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 11.plass i klasse M17. Med totalt sju bom var han 3min 28 sek etter klassevinnaren Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL som hadde to bom.

Anne Marie Roset sikra seg fjerdeplass i klasse K17. Med totalt fire bom var ho 2 min 38 sek etter klassevinnaren Kristine Hokseng Øien frå Oppdal. Kari Alsaker kom på femteplass, 3 min 17 sek etter vinnaren med fem bom.

Også i Trøndercupen vart det fleire gode plasseringar. Både Aksel Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på fjerdeplass i sine klassar. Aksel var 38 sek etter klassevinnaren Simen Hårstad med to bom. Simon var 1 min 4 sek etter klassevinnar Eivind Bogen Brurok frå Trondhjems Skiskyttere med tre bom.

I klasse M 19 kom Grim Nygård på femteplass etter god skyting med berre ein bom. Han var 1 min 58 sek etter klassevinnar Sivert Borgen frå Stiklestad. Isak Hopland frå Hardbagg IL sikra seg ein ny andreplass. Erlend Bakken vart nummer ni, Håkon Midthjell Gjørven nr 10, Odd Sindre Tonning nr 11 og Andreas Halsteinslid nr 13 i same klasse.

I K17 vart det femteplass til Anne Marie Roset. Med fire bom var ho 3 min 1 sek etter klassevinnar Signe Hofstad frå Røros. Kari Alsaker følgde rett bak på ein sjetteplass, 3 min 6 sek bak vinnaren.

For seniorløparane var det DNB-cup 2 på Oppdal. Jarle Midthjell Gjørven gjekk laurdag inn til ein 39. plass. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk tre bom på ståande. Han var 2 min 4 sek etter vinnaren Øystein Ulekleiv frå Dombås IL. På søndag vart det 48.plass til Jarle. Også denne dagen med tre bom. Han var 1 min 56 sek etter vinnaren Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os. Johan Eirik Meland starta ikkje.


Resultatliste dnbcup2 Oppdal 10.12.2016.pdf

Resultatliste dnbcup Oppdal 11.12.2016.pdf

Resultatliste Oppdalssprinten 10.12.2016.pdf

Resultatliste Trøndercup 11.12.2016.pdf







2. og 4. plass under verdscupen i Pokljuka

Postet av Markane IL den 11. Des 2016

12NYHJohannes%20Thingnes%20Bø%20Rupholding.jpg

Johannes Thingnes Bø sikra seg ein ny pallplass under verdscupsprinten i Pokljuka. På jakstarten laurdag hamna Johannes rett utanfor pallen på ein fjerdeplass.

Johannes gjekk ein feilfri sprint med to fulle hus og god fart i løypa. Likevel heldt det ikkje heilt til å matche farten til franske Martin Fourcade som også skaut feilfritt. I mål skilde det 13,7 sekund.

På jaktstarten var Johannes lenge med i teten med tre feilfrie skytingar. Men då det kom to bom på den siste skytinga enda det med at pallen glapp og det vart ein fjerdeplass. Fourcade vann jaktstarten føre Emil Hegle Svendsen. Begge skaut 20 treff. Tredjeplassen gjekk til Shipulin frå Russland med ein bom.

Søndag var det stafett i Pokljuka. Johannes gjekk ikkje på laget denne gongen.

Tarjei Bø gjekk heller ikkje denne verdscuphelga.



2.plass på normaldistansen i Östersund

Postet av Markane IL den 11. Des 2016

Johannes Th Bø.jpg

Det vart pallplass til Johannes Thingnes Bø på det første individuelle rennet i verdscupen i Östersund då han gjekk inn til ein andreplass på normaldistansen. På sprinten og jaktstarten same helga gjekk det ikkje like bra med ein 30. og 10.plass.

På normaldistansen leverte Johannes feilfri skyting tre gongar på rad, men på den siste skytinga kom det to bom og dermed to tilleggsminutt. Dermed vart det andreplass 16 sek etter franske Martin Fourcade som også hadde to tilleggsminutt.

Tredjeplassen gjekk til kviterussaren Cheplin medan Lars Helge Birkeland og Ole Einar Bjørndalen kom på 4. og 5. plass.

På sprinten laurdag 3.desember vart det også to bom på Johannes. Når heller ikkje farten i sporet var heilt på topp, vart det til slutt ein 30.plass 1 min 33sek etter vinnaren Fourcade. På jaktstarten søndag gjekk det mykje raskare i løypa og mange plassar opp på lista sjølv om det vart fire bom. I mål vart det ein 10.plass, 1 min 7 sekund etter vinnaren Babikov frå Russland.




Informasjonskveld for nye skiskyttarar

Postet av Markane IL den 11. Des 2016

DSC_1070.JPG

Markane IL inviterer til informasjonskveld for nye skiskyttarar på Ullsheim onsdag 14. desember kl. 18.00. Skiskyting kan du starte med når du har byrja i 3. klasse, det vil seie født i 2008 eller tidlegare.

På introduksjonskvelden vil det bli omvising på anlegget og de får sjå korleis treningane foregår. Det blir informasjon inne på kafeen, litt mat, og bildeframsyning frå forrige sesong.

Interesserte kan ta kontakt med Monica Halsteinslid i skiskyttargruppa for påmelding til kvelden.

Tlf. 41 68 40 66 / monica@termopartner.no



To førsteplassar i Sparebankcup/Norgescup

Postet av Markane IL den 4. Des 2016


Oskar Guddal Breivik (Foto: Markane IL) gjekk heilt til topps på fellesstarten i Sparebanken Cup G15 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide sikra seg førsteplass i Norgescupsprinten i M17.

Det vart dermed ei flott innleiing på sesongen for fleire av Markane-løparane. På sprinten laurdag vart det førsteplass i Norgescupen klasse M17 til Simon Hjelmeset Kirkeeide med ni treff. I same klassa vart Magnus Midthjell Gjørven nummer 30.

Håkon Midthjell Gjørven kom på 17.plass i M17 medan Aksel Matias Meland vart nummer 6 i klasse M18. I seniorklassa vart det 15.plass til Jarle Midthjell Gjørven og 60.plass til Johan Eirik Meland.

Klassene under 17 år gjekk Sparebankcup. På sprinten laurdag vart Oskar Guddal Breivik nr 8 i G15 og Mari Sofi Meland nr 5 i J12.

På fellesstarten søndag var det Oskar Guddal Breivik som stod for det beste resultatet då han gjekk heilt til topps i G15, ni sekund føre næraste konkurrent. I G16 vart Magnus Midthjell Gjørven nummer 28. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på sjuandeplass i M17. Same plassering fekk Aksel Meland i klasse M18 medan Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 14 i M19. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 69 i seniorklassa etter fem bom.

Resultatliste Sparebankcup 26.11.2016.pdf

Resultatliste Sparebankcup fellesstart 27.11.2016.pdf




Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på førsteplass i sprinten under Norgescupen på Geilo. Foto: Markane IL.




Til topps i miksstafett

Postet av Markane IL den 4. Des 2016

12NYHJohannes%20Thingnes%20Bø%20Rupholding.jpg

Johannes Thingnes Bø sikra sigeren for Norges lag i verdscupen miksstafett i Östersund.

Johannes gjekk ankeretappen. Han fekk eit godt utgongspunkt etter gode etappar av Marte Olsbu, Fanny Horn Birkeland og Ole Einar Bjørndalen. Johannes tok godt vare på leiinga gjennom heile etappen. På første skyting trengde han eit ekstraskot medan det vart "fem rett ned" på ståande. Dermed auka leiinga til 33 sekund og sesongens første verdscupsiger var i boks.



2. og 11.plass i sesongopninga på Beitostølen

Postet av Markane IL den 4. Des 2016

Johannes Th Bø.jpg

Det vart 2. og 11. plass til Johannes Thingnes Bø under sesongopninga i sprint og fellesstart på Beitostølen 12. og 13. november. Tarjei Bø stod over renna p.g.a. sjukdom.

På sprinten vart det også Johan Eirik Meland nr 50 medan Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 61.



Reglar for markanebadinga

Postet av Markane IL den 4. Des 2016

logo-markaneil.png

Vi minner alle om at Markanebadinga berre er for medlemer i laget og at alle må born må vere i følgje med foreldra.

Reglar i bassenget:

Ikkje springe, ikkje hoppe før det er ledig og ein og ein i sklia.



Innkalling til framhaldande årsmøte i MIL tysdag 13.desember kl.1930

Postet av Markane IL den 30. Nov 2016

logo-markaneil.png

Det vert innkalla til framhaldande årsmøte i Markane IL tysdag 13.12.2016 kl.1930 på Ullsheim.


Siste sak på årsmøtet sak 10 vart på ordinært årsmøte avslutta midt i sak 10 etter val av nye gruppestyrer. Årsmøtelyden valde å avslutte møtet her p.g.a. manglande innstilling frå valnemnda på nestleiar/nytt styremedlem i MIL. Det framhaldande årsmøtet held fram med sak 10 og skal velje nytt styre i laget i 2017 og ny valnemnd.


Vel møtt!





Premiefest i Markane IL 17.11.2016

Postet av Markane IL den 16. Nov 2016

logo-markaneil.png

Vi minner alle om at det vert premiefest i Markane IL torsdag 17.november kl. 1800 på Ullsheim.

Her vert det premieutdeling for sesongen 2015/2016 innan ski (cuprenn/lagsrenn), skiskyting (lagsrenn), orientering (samanlagtcup/lagsmeisterskap/tur-o) og setretrimmen.

Vi oppmodar alle om å ta med eit fat med mat og kome på premiefesten for å hente premiane sine.

Vel møtt!



Innkalling til årsmøte i Markane IL tysdag 29. november kl. 1900

Postet av Markane IL den 4. Nov 2016

logomarkaneIL.jpg


Det vert årsmøte i Markane IL tysdag 29. november kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste tysdag 15.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtedatoen.

Velkomne!



Handlekveldar på Ytre-Eide Sport

Postet av Markane IL den 4. Nov 2016


Det vert handlekveldar for medlemar Markane IL på Ytre-Eide Sport:

Torsdag 10.november frå klokka 17:00 - 21:00
og
torsdag 1.desember frå klokka 18:00 - 20:00

Torsdag 10.11: Denne kvelden stiller det representantar frå Ytre Eide Sport sine samarbeidspartnarar.

SWIX stiller med Paul Aunaas og Per Knut Aaland som kan rettleiie om smurning, stavat og utstyr frå Swix.
Fischer stiller med informasjon om ski, struktur og felleski.
Salomon viser det nye om sko, bindingar og ski.
Atomic om nye topptursko og bindingar.
Volkl stiller med alpint/toppturustyr.
Alpina med sko og stavar.


Torsdag 1.12: Dette vert ein vanleg handlekveld utan representantar frå samarbeidspartnarar.

Desse kveldane er det tilbod om 25 % rabatt på alt skiustyr, medan på konkurranseutstyr er det tilbod meir alt etter type utstyr som vert valgt.

På all skismurning og preppeutstyr frå SWIX vil ein oppnå ein samla rabatt på 30 % til dei som fyller ut vedlagte skjema frå SWIX.
Vi tek og opp bestilling på spesielt utstyr for dei som ynskjer det.


Ytre-Eide Sport tilbyr blant anna:

  • Eikemålar for langrennski. Der kan vi måle ut nøyaktig smøresoner for klassiske langrennski og teste nøyaktige kammerhøgder på skøyteski.
  • Varmeskap for tilpassing av Fischer og Atomic alpin og toppstursko. Dette gjer at vonde sko høyrer fortida til. Vi tilpassar rett og slett skoen til din fot.
  • Oppgradert Wintersteiger steinslipemaskin der ein sjølv kan velge struktur.

Vel møtt!

Bestillingsliste Ytre Eide Sport





Langrennstreningar

Postet av Markane IL den 4. Nov 2016

logo-markaneil.png

Det vert langrennstrening for 5. klasse og oppover kvar måndag framover.

Frammøte ved Strynehallen klokka 17.30.
Lett intervalltrening.

Gjer oss ferdige og går rett på Markane-bading etterpå.
(Dette blir opplegget på måndagane no framover, så tek vi ny vurdering på dag når snøen har lagt seg på "skikkeleg vis")

Vel møtt!



Trekningsliste frå idrettslagsbasaren

Postet av Markane IL den 17. Okt 2016

logo-markaneil.png

Over 100 åregevinstar og 32 gevinstar på loddbøkene fekk nye eigarar i løpet av idrettslagsbasaren 2016. Det vart også i år eit godt resultat på omlag 51 000kr.

Takk til alle som bidrog med gevinstar og til alle som kjøpte lodd og årer og kom på basaren!

Årets hovudpremie, eit gåvekort på 4000kr på Sport 1 Ytreeide, gjeve av Sport 1 og Markane IL, vart vunne av familien Holien Aabrekk. Vi gratulerer dei og alle andre vinnarar av små og store gevinstar.

Komplett trekningsliste for loddbøkene finn du her.



Basar i Skogstjerna 16.oktober

Postet av Markane IL den 10. Okt 2016

logo-markaneil.png

Den årlege idrettslagsbasaren blir søndag 16. oktober i Skogstjerna frå kl.15.00.

Loddsal - åresal.

Enkel, gratis servering.

Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot. Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddbøkene.

Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.

Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 16.oktober!

Styret i Markane Idrettslag

v/ leiar Eldbjørg Hatledal



Program for barmarksamlinga

Postet av Markane IL den 16. Sep 2016

DSC_0891.jpg

Her er programmet for barmarksamlinga.

Program samling 2016 riktig versjon.docx




Skytebanen er stengt 16.-18.september

Postet av Markane IL den 16. Sep 2016

logo-markaneil.png


P.g.a.samlinga på Ullsheim er skytebane stengt 16.-18.september.



Symjehallen er stengt i veke 38 og 39

Postet av Markane IL den 14. Sep 2016

logomarkaneIL.jpg

Det vert ikkje Markanebading måndag i veke 38 og 39 p.g.a. at oppussing av Stryn symjehall. Neste badedag er dermed måndag 3.oktober.



Markane-badinga startar opp att igjen.

Postet av Markane IL den 12. Sep 2016

logo-markaneil.png


Markanebadinga starta oppatt igjen måndag 5.september. Det vert bading kvar måndag framover frå kl.1900-2000 i Stryn symjehall. Badinga er for medlemer i Markane IL. Nye medlemer er velkomne!






Resultat frå normaldistansen 11.9.2016

Postet av Markane IL den 11. Sep 2016



Off.resultat normal.pdf


Foto: Premieutdeling J12.



Velkomen til rulleskiskytterfestival

Postet av Markane IL den 9. Sep 2016

Velkommen til Rulleskiskytterfestival – vi ser fram til en fin start på sesongen med to dagar med rulleskiskyting i forhåpentlegvis flott veir på Ullsheim.

Innskyting laurdag fra kl. 12.00-13.35 – første start kl 14.00.

Innskyting søndag fra kl 10.00 – 11.35 – første start kl 12.00

Startliste rulleskiskytterfestival 10.9.pdf

Startliste rulleskiskytterfestival 11.9.2016.pdf

Minner om at dei som ikkje har løyst årslisens for sesongen 2016/2017, må løyse eingangslisens i helga. Dersom lisensen er betalt i siste veka, kan de ta med kvittering så slepp de engongslisens.

Rulleski / hjelm: Alle får utdelt Swix rulleski litt før start. Minner også om at det er påbudt med godkjent hjelm som skal være festa med stropp under haka. Modifiserte hjelmer vil ikkje bli akseptert.

Minner om parkeringsavgift kr 50,- pr dag. Det er mogleg å kjøpe todagarsbillett kr 100,-.

NB ! Hugs kontantar – vi har ikkje terminal denne helga !

Vel møtt!



Startlister til laurdag 10.9 og søndag 11.9

Postet av Markane IL den 9. Sep 2016

Her er startlistene til rulleskiskytingfestivalen.


Startliste 10.9.pdf

Startliste 11.9.2016.pdf



God innsats i Kleiva Opp 2016

Postet av Markane IL den 5. Sep 2016

Det vart fleire pallplassar til løparar frå Markane i det 26. løpet Kleiva Opp!

Isak Flo Bødal (M 20-34) frå Stårheim IL gjekk heilt til topps i årets Kleiva Opp med tida 32 min 18 sek. Andreplassen gjekk til Bjarte Eimhjellen på 35 min 42 sek medan Rasmus Endre Bø gjorde sitt andre gode løp på like mange dagar, og vart nummer tre med 36 min 21 sek. Anders Vonheim følgde på fjerdeplass med 36 min 37 sek.

I klasse M16-19 vart det siger til Vegar Skrede frå Hardbagg IL med 33 min 55 sek. Deretter følgde markaneløparae på rad og rekkje med Aksel Meland på andreplass med 37min 44 sek, Simon Hjelmeset Kirkeeide på tredjeplass med 39 min 37sek, Håkon Midthjell Gjørven på fjerde med 41 min 3 sek og Andreas Halsteinslid på femte med 41 min 44 sek.

Dameklassa vart vunnen av Merete Helgheim medan J16-19 vart vunnen av Anne Marie Roset som i denne samanhengen representerer IL Veten.

I den korte løypa for dei som er 15 år eller yngre vart det andreplass til Oskar Guddal Breivik på 22 min 52 sek. Han var berre 8 sek etter klassevinnar Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL. Magnus Midthjell Gjørven kom på sjetteplass med 28 min 35sek.

I klassen for jenter under 12 år var Oddrun Hjelmeset Kirkeeide einaste deltakar og var i mål på 39 min 38 sek.


Resultatliste Kleiva Opp 2016 (1).pdf


Foto: Kleiva Opp



Sette ny løyperekord i Strynemila

Postet av Markane IL den 4. Sep 2016

Rasmus Endre Bø slo til med suveren siger og ny løyperekord i Strynemila 2016.


Med tida 34 min 4 sek var han heile 1 min 14 sek føre nr to, Stian Sandal frå Stryn T&IL. Tredjeplassen gjekk til Helge Hafsås frå Olden IL på 35 min 52 sek.

Også fleire andre frå Markane oppnådde gode plasseringar. Gaute Bø kom på 7.plass med 39 min 22 sek, Håkon Midthjell Gjørven vart nr 11 med 43 min 21sek, Nikolai Dispen Lødemel (G15) fekk 13. beste tid totaltsett med 44 min 7 sek, Elias Dispen Lødemel (G13) kom på 19. plass totalt med 45 min 39 sek medan Magnus Midthjell Gjørven (G15) kom på 20.plass totalt med 46 min 10 sek.

Beste dame vart Monica Beate Myklebust Hesjedal frå IL Veten med 23 min 40 sek medan Emilie Flo Stavik som i denne samanhengen representerer Stryn T&IL, vann jenteklassa med 44 min 8 sek.

Foto: Fjordingen

Resultatliste - Strynemila2016 (1).pdf



Innbyding til barmarkssamling på Ullsheim

Postet av Markane IL den 2. Sep 2016

SjurOleSvarstad.jpg

I samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins inviterer Markane IL til langrennssamling for jenter og gutar f. 2001 – 2005

Sjur Ole Svarstad – no assistenttrenar for det norske damelandslaget i langrenn blir med som hovedtrenar på samlinga. I tillegg deltek trenarar frå Markane IL og Skikrinsen

Stad: Ullsheim Skistadion

Tidspunkt: 16. – 18. september 2016 (startar fredag ettermiddag og avsluttar søndag etter lunsj)

Deltakaravgift: kr 900,- pr person. Deltakaravgifta inkluderar alle måltid, frukt, varierte treningsøkter, tur i symjehallen, overnatting (flatseng på Ullsheim) og mykje sosialt samvere!

Påmelding: fristen er måndag 12.september – og ein melder seg på via Questback.

NB! Alle påmelde deltakarar vert tilsendt detaljinformasjon om samlinga på førehand.

Vi håpar å få sjå deg på Ullsheim desse dagane!



Resultat frå nær-o-løp nr 10

Postet av Markane IL den 2. Sep 2016

IMAG4757.jpg

Nær-o-løpsesongen vart avslutta med løp på Sagedammen. I alt 53 løparar deltok. Løpet var det siste for sesongen. Heile 22 av deltakarane frå Markane har vore med på minst fem av løpa og kan sjå fram til å få samanlagtpremie på premiefesten i haust.

Resultatliste og samanlagtliste finn du her:

Resultatliste nær-o-løp nr 10 Sagedammen 25.8.2016.pdf

Samanlagtliste nær-o-løp 2016 løp 1-10 (Autolagret).xlsx



Innbyding til o-leir på Hodlekve

Postet av Markane IL den 2. Sep 2016

Orienteringsgruppa i Sogndal IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins innbyr born mellom 8 og 18 år til o-troll-leir på Hodlekve 9.-10. september.

Frammøte: Fredag kl 18 ved SIL-hytta

Avslutning: laurdag ca kl 14 (du kan også delta berre laurdag kl. 9-14)

Det blir mellom anna:

-skumringsløp for dei som vil, fredag

-lagkamp med orienteringsmoment og litt andre oppgåver

-myrfotball

-premiar

Ta med:

-sovepose (madrasser i hytta)

-klede og sko til å vere ute med uansett vêr

-klesskift

-handkle og toalettsaker

-hovudlykt/ lommelykt

-200kr til overnatting og mat

De får mat til tre måltid, drikke og litt godteri til alle.

Leieren vil passe for alle ferdigheitsnivå og det sosiale kjem til å vere i fokus.

Påmelding innan onsdag 7.september til:

Jorunn Aa Albretsen, mail: jorunn.kristin@online.no, mobil: 99457432

Innbyding o-trolleir på Hodlekve 2016.pdf





Innbyding til rulleskifestival 10.-11.september

Postet av Markane IL den 27. Aug 2016

10. og 11. september innbyr Markane IL til rulleskifestival på Ullsheim.

Konkurransane startar på laurdag med sprint. Det vert rulleskiløp for alle frå 13 år og oppover medan dei yngre konkurrerer i løp med skyting.

Søndag er det klart for normaldistanse. Også denne dagen vert det rulleski for dei frå 13 år og oppover.

NB! Her er nybyrjarklassar for 13år og oppover. Her går ein på rulleski, men skyt på stor blink og brukar reim.

Online-påmelding innan 5.september kl.2359 på www.eqtiming.no

Etterpåmelding mot dobbel startavgift til Monica Halsteinslid på monica@termopartner.no

Startavgift kr 150 pr. konkurranse. (Inkluderer brikkeleige opptil 12 år og leige av rulleski for dei frå 13 år og oppover)

Brikkeleige: Kr 50 pr dag for alle frå 13 år og oppover

( I følge NSSF sitt regelverk skal alle frå 13 år og oppover ha eigne EMIT-brikker)

Betaling av startkontingent skal gjerast online ved påmelding til konto 3795.30.23793.

Konkurransane vert gjennomførte i trå med NSSF sitt reglement.

Parkering: kr 50 pr. dag

For starttider, utleige av rulleski med meir, sjå innbydinga nedanfor.

Innbyding til rulleskifestival på Ullsheim.pdf






God innsats i Heiamila

Postet av Markane IL den 27. Aug 2016


Det var svært god innsats av familien Dispen Lødemel under Heiamila 2016. Svein Arne Lødemel (foto) kom på tredjeplass i klasse M40-49 etter å ha fullført mila på 42 min 58 sek. Klassevinnar vart Audun Skogen på 38 min 45 sel medan Gisle Skjølberg kom på andreplass på 39min 42 sek.

Elias Dispen Lødemel kom på tredjeplass i G12-15 medan Nikolai Dispen Lødemel kom på fjerdeplass i same klasse. Klassevinnar vart Daniel Auflem Eikås frå Stryn T&IL.

RESULTAT HEIAMILA ONSDAG 17.8.2016.pdf



Resultatliste frå lagsmeisterskap i orientering

Postet av Markane IL den 27. Aug 2016

Det niande nær-o-løpet i orientering var også lagsmeisterskap for Markane IL. Løpet vart arrangert ved Ungkarskvile på Tverrfjellet. I alt 30 o-løparar deltok.

I klasse D13-16 vart Maren Hjelmeset Kirkeeide lagsmeister medan Magnus Midthjell Gjørven vart lagsmeister for H13-16.

Anne Marie Svarstad vart lagsmeister i D35. I H35 gjekk sigeren i nær-o-løpet til Anders Bergset frå IL Veten medan Nils Heggdal kom på andreplass i nær-o-løpet og vart lagsmeister for MIL. Aslaug Thingnes Bø og Klemet Bø vart lagsmeistrar i klassa D50 og H50.

Nedanfor er også samanlagtliste for dei ni første løpa. Det trengst deltaking i fem løp for å oppnå MIL sin samanlagtpremie.


RESULTATLISTE frå nær-o-løp nr 9 Markane 18.08.2016.pdf

Samanlagtliste nær-o-løp 2016 løp 1-9.xlsx



Innbyding til sesongens siste nær-o-løp

Postet av Markane IL den 25. Aug 2016

IL Veten innbyr til sesongens siste nær-o-løp torsdag 25.august kl. 1800. Det vert start frå Sagedammen på Ulvedal.

Løyper for alle.

Hugs at dei som deltek for Markane må ha fem startar for å oppnå samanlagtpremie!


Velkomne!




Innbyding nær-o-løp 9

Postet av Markane IL den 17. Aug 2016

orienteringslogo.gif

Torsdag 18. august vert det nær-o-løp på Tverrfjellet.

Frammøte: Ungkarskvile (Bjørnehiet)
Start: mellom kl 18 - 19.30.
Løyper: N, C, A-kort og A-lang og rakettløype
Startkontingent: kr 20,- t.o.m. 16 år kr 40,- over 16 år

Det er merka frå RV 15 mot Vinsrygg. NB! Bompengeveg (kr 60)
Alternativt kan ein gå fra Tonningssetra - ca. 20 min.(NB! ikkje merka)

Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL

VELKOMEN!



Tredjeplass i Skåla Opp 2016

Postet av Markane IL den 15. Aug 2016

Håkon Midthjell Gjørven kom på tredjeplass i klasse M18-19 under Skåla Opp 2016. Han var i mål på 59 min 31 sek.

Klassevinnar av M18-19 vart Stian Aarvik på 42 min 45sek som var tredjeplass i løpet totalt. Andreplassen i klassa gjekk til Runar Hellerud på 57 min 34 sek.

I klasse M23-34 kom Rasmus Endre Bø på ein 26.plass i klassa med 57 min 10 sek. Klassa vart vunnen av Stian Angermund Vik på 41 min 27 sek. Han vann også løpet totalt sett. David Schneider kom på andreplass i løpet totalt med 42 min 33 sek.

Jan Egil Gjørven vart nummer 45 i klasse M50-54 på 1t 18 min 30 sek. Klassa vart vunnen av Hermann Bruun på 52 min 38 sek.

Vinnar av kvinneklassa vart Annie Bergsagel på 50 min 4 sek.

På grunn av dårleg ver og snøfall i høgda gjekk i årets utgåve av Skåla Opp heilt til topps.


Resultatliste Skåla Opp 13.8.2016.pdf



Resultat frå nær-o-løp i Holmøyane

Postet av Markane IL den 14. Aug 2016

I alt 16 løparar stilte opp då nær-o-løpa starta opp etter sommarpausen med løp i Holmøyane. Von IL var arrangør av løpet.


Resultatliste for nær-o-løp nr 8 Arrangør Von IL Dato 11.8.2016



Barmarkssamling 16.-18.september

Postet av Markane IL den 14. Aug 2016

16.-18. september innbyr Markane IL i samarbeid med skikrinsen til langrennssamling på Ullsheim. Hovudtrenar vert landslagstrenar Sjur Ole Svarstad.

Målgruppe for samlinga er utøvarar i alderen 11-16 år.

Set av tidspunktet no, så kjem ein tilbake med program og øvrig informasjon om samlinga seinare i august.

Foto: NSF



Innbyding til nær-o-løp nr 8 i Holmøyane

Postet av Markane IL den 6. Aug 2016

Nær-o-løp sesongen er i gong igjen og Von IL innbyr til løp i Holmøyane komande torsdag den 11. august.

Frammøte/mål på Nersætra, merka frå RV15 ved Vonlund grendahus.

Start mellom 18.00 og 19.30

Løyper vert ca. 1,5 km N, ca. 2,0 km C, ca. 3 km A og ca. 4,5 km A

For alle løyper med unnatak av N-løypa, blir det 10 min. å gå til start. ( Opp bakken til Utigard-sætra)

N- og C-løype får utdelt kart på samlingsplass, A-løypene i startaugneblinken

Det vert nytta EKT

NB! Bompengeveg


Supplerande opplysningar.

-Merka frå RV15 ved Vonlund Grendahus

-Bompengar kr. 40,- (betalingskasse ved «Hågaledet»)

-Parkering/mål Nersætra («Gamlesætra» var feil)

-Startpengar kr. 20,- t.o.m. 16 år, kr. 40,- f.o.m. 17 år.

-Start på Utigardsætra, ca. 10 min å gå. NM! Alle løyper startar der.

-Løparar i N-løype og C-løype får utdelt karta i målområdet, A-løypene i startaugneblinken. NB! Husk «fair play»!

-Karta er forstørra opp i høve originalkartet på 1:15000. Målestokk står på

-Det vert nytta EKT, brikker til utlån

Løypetilbod

*N-løype 1,0km

*C-løype 1,7km

*A-løype 2,3km (kort)

*A-løype 4,5km (mellom)

*A-løype 6,1km (lang)

Vi anbefalar alle o-interesserte å opne haustsesongen i Holmøyane. Bortsett frå kneika ved Inigard-sætra på dei to lengste løypene, blir det «snille» trasear i flott terreng.

Velkomne!

Helsing

Reidar og PerAlle velkomne!



Omframt årsmøte i Markane IL 15.august

Postet av Markane IL den 1. Aug 2016

logo-markaneil.png

Det vert omframt årsmøte i Markane IL måndag 15.august kl.1900 på Ullsheim.


Sak: "Oppstart av arbeidet med rehabilitering av lysløypa på Ullsheim"

Dei som ønskjer meir informasjon om saka før møtet, kan ta kontakt med leiar i MIL, Eldbjørg Hatledal, på tlf 97 07 66 95

Alle medlemer i MIL over 15 år har møte og stemmerett.

Vel møtt!


-Styret



Markering av Johannes og Tarjei sin VM-innsats!

Postet av Markane IL den 8. Jul 2016

Fredag 8.juli kl.1200 er alle velkomne til Stryn kulturhus for å markere dei flotte VM-resultata til Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Brørne Bø skal heidrast av både ordførar, fylkesordførar, idrettslag, skiskyttarkrins og idrettsråd - og andre som ønskjer å ta del i arrangementet.

Markeringa vil føregå i foajeen i kulturhuset. Her vert det også underhaldning i form av musikalske innslag, vi skal mimre litt tilbake til VM, det blir talar og overrekkingar. Etter sjølve markeringa vert det også servering av kaffi og kake.

Her er alle som vil hjarteleg velkomne!



42 deltakarar på sesongens sjuande nær-o-løp

Postet av Markane IL den 1. Jul 2016

I alt 42 deltakarar stilte opp på det sjuande og siste nær-o-løpet før sommarpausen. Løpet hadde start frå Badedammen på Tverrfjellet.

19 løparar deltok i nybyrjararløypa. Dei fleste av desse frå Markane IL.

I C-løypa var Maren Hjelmeset Kirkeeide (foto) raskaste jente mellom 10 og 16 år med Anders Svarstad Hole var raskaste gut.

I den korte A-løypa vart på 3,9 km vart Åshild Sætren Bøe og Per Øen klassevinnarar. I den lange A-løypa vart klassesiger til Dag Jarle Aa frå Sogndal IL i H17. Her vart Gisle Bøe nummer to. I klasse H50 vann Anders Bergset frå IL Veten følgd av Kåre Bøe på andreplass.

Løypeleggar var Grete Zachariassen.

Neste nær-o-løp vert torsdag 11.august i regi av IL Von.

Resultatliste nær-o-løp nr 7 på Tverrfjellet 30.06.2016



Turorientering 2016

Postet av Markane IL den 30. Jun 2016

Orienteringsgruppa har også i år tilbod om Turorientering. Dette er eit tilbod for alle! Det er hengt ut 36 postar med varierande vanskegrad på Tverrfjellet, Tonningkamben og frå Ullsheim. Postane heng ute til 1.oktober.

Konvolutt med ytterlegare informasjon, 3 kart og 2 klippekort er til sals hjå Sport1 Ytre-Eide, Esso stasjon i Stryn sentrum og Statoil stasjon på Langesethøgda. Konvolutten kostar kr 150,-. Det er også mogleg å kjøpe ekstra klippekort og kart.

Har du spørsmål, ta kontakt med Grete Zachariassen på telefon 90 18 21 68 eller e-post grete.zac@gmail.com

GOD TUR !



Innbyding til nær-o-løp nr 7 på Tverrfjellet

Postet av Markane IL den 30. Jun 2016

Markane IL innbyr til nær-o-løp nr. 7 torsdag 30.juni på Tverrfjellet.

Frammøte: Badedammen - DET ER BOMVEG (kr 50)
Start: mellom kl 18 - 19.30.
Løyper: N, C, A-kort og A-lang og rakettløype
Startkontingent: kr 20,- t.o.m. 16 år kr 40,- over 16 år

Høve til grilling etter løpet (om vêret tillet dette)

Alle velkomne!



Resultat frå nær-o-løp 6 i Hovdebygda

Postet av Markane IL den 19. Jun 2016

I alt 42 deltakarar stilte opp då Hovdebygda IL innbaud til sesongens sjette nær-o-løp. Ikkje altfor mange markarar som tok turen til Sunnmøre, men dei fire som stilte opp gjorde god innsats i sine klasser.

Åshild Sætren Bøe var aller raskast gjennom den korte A-løypa på 3 km. Ho var i mål på 37 min 30 sek. Per Øen følgde på andreplass med 37 min 54 sek medan Odd Kristian Hagen kom på fjerdeplass med 59 min 55 sek.

Fjerdeplass vart det også til Gisle Bøe på tida 48 min 30 sek. Han var den einaste frå Markane som sprang den lengste A-løypa på 4,9 km. Klassevinnar vart Isak Bergset frå NTNUI på 35 min 10 sek.

Neste nær-o-løp er torsdag 30.juni på Tverrfjellet. Dette vert det siste løpet før o-sesongen tek ein sommarpause.

Resultatliste nær-o-løp nr 6 Hovdebygda. Dato: 16.6.2016

Samanlagtliste nær--o-løp nr 1-6 sesongen 2016



Skulesprinten 2016

Postet av Markane IL den 19. Jun 2016

Heile 59 elever frå 7.trinn på Tonning skule deltok under årets Skulesprint i orientering på Ullsheim på tysdag 14.juni.

Det var svært god stemning blant dei ivrige elevane fra Tonning skule. Før start fekk elevene lære seg om ulike kartteikn, «tommelgrep» og om kva høgdekurvar er for noko.

Sissel Svarstad og Grete Zachariassen frå orienteringsgruppa i Markane IL stod for instruksjonen og arrangementet.

Det var ein lydhør gjeng som etterkvart fekk prøve seg ute i skogen med kart og kompass rundt anlegget på Ullsheim. Alle gjennomførte den 1,5 km orienteringsløypa med 7 postar og «postplukk» med 12 postar. Målet var å finne alle postane og alle var vinnarar uansett tida dei brukte på løypene. «Rakettløypa», der det berre er om å gjere å stemple og springe raskast mellom postane, var ein populær ekstraøving. Her vart det stor konkurranse mellom jentene og gutane om å være den raskaste!

Litt pause med grilling og frukt blei det også tid til.



Trollenykjen opp 2016

Postet av Markane IL den 19. Jun 2016

Andreas Halsteinslid (foto) kom på ein 33.plass i motbakkeløpet Trollenykjen Opp 2016. Aksel Matias Meland vart nummer 37.

I alt 55 løparar deltok i konkurranseklassane i årets Trollenykjen Opp.

Årets vinnar vart Sondre Skipenes Øvre-Helland (M20-22) frå Viking med tida 37 min 58 sek. Raskaste dame var Elisabeth Hildenes (K23-34) på 43 min 22 sek.

Andreas Halsteinslid sin 33.plass totalt med tida 47 min 14 sek heldt også til ein fjerdeplass i M18-19. Aksel Matias Meland var i mål på 48 min 47 sek. Dette heldt til 37 plass totalt og var sjette beste tid i M16-17.

Resultatliste Trollenykjen Opp 12.6.2016



Svein Arne Lødemel til topps i Rotevatnet rundt.

Postet av Markane IL den 19. Jun 2016

Svein Arne Lødemel vann den 50. utgåva av Rotevatnet rundt med tida 24 min 41 sek. Næraste konkurrent var junioren Filimon Hadush på 25 min 35 sek.

Også Nikolai Dispen Lødemel og Elias Dispen Lødemel hevda seg i løpet med tredje- og femteplass i klassa for dei under 18 år.

Resultatliste Rotevatnet rundt løp 50. Dato 28.5.2016



Innbyding til nær-o-løp nr 6 i Hovdebygda

Postet av Markane IL den 13. Jun 2016

Torsdag 16.juni blir det nærløp i orientering i Hovdebygda.

Første start kl.1800

Start ved Langemyra stadion på Mork (same stad som i fjor). Merka frå E39 ved Mork mellom Volda og Ørsta.

Her vert fire løyper: N-, C-, A-kort og A-lang. Manuell tidtaking og stifteklemmer, ikkje EKT.

Startkontingent: kr 20,- for barn t.o.m 16 år. Kr 40,- for vaksne.

Vi minner om at dei som deltek for Markane IL oppnår samanlagtpremie ved deltaking i minst fem av sesongens nær-o-løp.

Alle velkomne!



Resultat frå sesongens femte nær-o-løp

Postet av Markane IL den 13. Jun 2016


I alt 38 o-løparar stilte opp då Markane IL arrangerte nær-o-løp på Maurset. Åshild Sætren Bøe (D17) (foto) var raskast i den lange A-løypa på 4,7 km blant damene medan Isak Bergset (H17) var raskast av herrane.

I klasse H50 (lang løype) gjekk klassesigeren til Kåre Bøe og i D50 til Irene Kroken Bergset.

I den korte A-løypa var det klassesigrar til Ingeborg Skogen i D17, Grete Zachariassen i D50, Rasmus Endre Bø i H17 og Klemet Bø i H50.

Det var bra deltaking i C-løypa med totalt ni løparar. Her var det blant anna klassesigra til Anne Marie Svarstad i D17 og Odd Kristian Hagen i H17.

Også denne gongen var det bra oppslutning om nybyrjarløypa med totalt 11 deltakarara.

Løypeleggjar denne gongen var Per Øen. Han hadde med seg Jon Kjøs og Vigdis Sætren som medhjelparar.

Her er alle resultatlista for løp nr 5:

Resultatliste for nær-o-løp nr 5 Maurset 9.juni 2016.pdf



47 o-løparar på Tonningssetra

Postet av Markane IL den 11. Jun 2016

47 o-løparar deltok då Markane IL arrangerte sesongens fjerde o-løp på Tonningssetra torsdag 2.juni.

33 av deltakararane som var med sprang i nybyrjar- eller C-løypa.

I A-løypene var Aslaug Thingnes Bø og Elias Bergset raskast i den korte løypa på 3,6km medan Ingeborg Skogen og Kåre Bøe var raskast i den lange A-løypa på 5,5km.

Anne Marie Svarstad var løypeleggar.

Foto (2014): Jesper Svarstad Hole og Sissel Svarstad var to av deltakarane.

Resultatliste nær-o-løp nr 4 på Tonningssetra 2.6.2016



62 deltakarar på sesongens tredje o-løp

Postet av Markane IL den 11. Jun 2016

Heile 62 deltakarar stilte opp då Markane IL arrangerte sesongenes tredje nær-o-løp med start på Sætren. 23 av desse deltok for Markane.

Som vanleg var der best oppmøte i dei yngste klassane og 26 o-løparar sprang den 1,5km lange nybyrjarløypa.

Også i B/C-løypa på 2,5 km var det god deltaking med 24 startande. Maren Hjelmeset Kirkeeide var raskast i denne løypa og var i mål på 45,29.

I den lange A-løypa på 5 km var Anders Bergset frå IL Veten raskast blant herrane med Kåre Bøe på andreplass. Raskast dame vart Ingeborg Skogen.

I tillegg til dei 52 deltakarane var Gisle Bøe, Vigdis Sætren, Brynhild Sætren og Oddvar Sætren med som løypeleggarar og medarrangørar.

Foto (2014): Mathea Holien Bø vart ein av deltakarane i nybyrjarløypa.

Resultatliste for nær-o-løp 3 Sætren 26/5-2016




52 deltakarar på o-løp på Bergset

Postet av Markane IL den 11. Jun 2016

I alt 52 deltakarar stilte opp til o-løp på Bergset 19.mai. Atten av desse deltok for Markane IL. Det har dermed vore svært god deltaking på nær-o-løpa så langt i sesongen.

I småtroll og nybyrjarløpa stilte tilsaman 18 deltakarar opp.

I konkurranseklassane var Ingeborg Skogen (D17) raskast av alle damene uansett klasse i den korte A-løypa. Grete Zachariassen frå Markane IL var raskast i D50 og Per Øen frå Markane i H50.

I den lengste A-løypa på 4,5km vart det klassesiger i H17 til Dag Jarle Aa frå Sogndal. Kåre Bøe tok sigeren i H50. Vigdis Sætren var raskast av alle damene og vann D50 medan Kristin Heimlid Øiestad vann D17.

Foto (2014): Ein av nybyrjarane, Olina Svarstad Heggdal

Resultatliste for nær-o-løp nr 2 på Bergset 19.5.2016



Innbyding til nær-o-løp nr 5

Postet av Markane IL den 7. Jun 2016

Torsdag 9.juni er det klart for sesongens femte nær-o-løp. Løpet startar på Maurset. Første start kl.1800.

Detaljar om løpet

Frammøte: Yste Maursetvegen, merka frå RV 15 ved Øyane

Parkering: Langs kommunal veg

Start: Mellom 18.00 og 19.30

Løyper: Ca. 1,5km N Ca. 2,0km C Ca. 3,0km A Ca. 4,5km A Rakettløype

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr. 20,- F.o.m. 17 år kr. 40,-

Samanlagtpremie: Medlemmar av Markane IL som deltek i minst 5 løp, får den flotte samlepremien. (Løypeleggar og andre medhjelpar tel også som deltakarar.)

Alle velkomne!




Innbyding til ungdomssamling

Postet av Markane IL den 7. Jun 2016

Laurdag 11.juni er det ungdomssamling i orientering på Moane i Hafslo. Samlinga er for ungdom frå 12 år og oppover. Påmelding innan 6.juni til ove.oklevik@hisf.no

Heile innbydinga finn du her:

Innbyding til ungdomssamling i orientering 11.-12.juni i Hafslo



Innbyding til Finn-fram-dagen 5.juni

Postet av Markane IL den 3. Jun 2016

Markane IL orientering arrangerer 5. juni frå kl. 1200 Finn-fram-dagen 2016 på Ullsheim. Arrangementet er i samarbeid med Barnas Turlag. Dette er ein familiedag med aktivitetar for alle. Det vert blant anna nybyrjarløype i orientering, rakettløype, postplukk og natursti.

Enkel servering med pølser og frukt.

Dette er også starten av turorienteringssesongen og det vert høve til å finne dei første postane i Ullsheimsområde.

Vi ønskjer både nye og erfarne o-løparar er velkomne!

Innbyding til Finn-fram-dagen 2016



Innbyding til Rotekoppen 4.juni

Postet av Markane IL den 3. Jun 2016

Vi minner om at det utsette o-løpet "Rotekoppen" går av stabelen laurdag 4.juni med start kl.1500.

Arrangør er Breimsbygda IL og frammøtestad er ved hytta til Vikane Raude Kors omlaga 200 meter sør for Karistova, Fv. 60.

Rotekoppen er eit fellesstartløp med kartbytte for 5 og 3 km. Elles vanlege o-løyper. Det tek ti minutt å gå frå oppmøteplass til startstad.

Det er høve til etterpåmelding fram til ein time før start.

For meir informasjon sjå vedlagt innbyding:

Innbyding o-løpet Rotekoppen 4.6.2016



Innbyding til nær-o-løp nr 4 torsdag 2.juni på Tonningsetra.

Postet av Markane IL den 3. Jun 2016


Markane IL innbyr til nær O-løp nr 4 for sesongen torsdag 2.juni.

Start på Tonningsetra. Første start kl. 1800.

«Vanlege» løyper og rakettløype.

Deltakarar må køyre opp bomvegen frå Stryn Skisenter (Sætrevegen).

Deltakaravgift kr 20 til og med 16 år. 40 kr for dei over 16 år. Dei som deltek for Markane IL, sikrar seg samanlagtpremie om dei er med på minst fem nær-o-løp i løpet av sesongen.

Resultatlister vert lagde ut på heimesida, www.markane.no

Alle velkomne!



Skjølberg og Hole til topps i Postvegløpet 2016

Postet av Markane IL den 2. Jun 2016

Gisle Skjølberg og Kristine Hjellbakk Hole vart vinnarar av Postvegløpet 2016.

I alt 124 deltakarar deltok på Postvegløpet 2016. Det vart dermed ikkje ny deltakarrekord totalt (158 stk), men konkurranseklassa sette ny rekord med heile 71 løparar. Den tidlegare rekorden for konkkurranseklassa var på 65 og var sett i 2015.. Spesielt i kvinneklassa var det rekorddeltaking med 17 konkurranseløparar. Samarbeid med blant anna Gym Stryn dei siste par åra og auka deltaking frå Møre er nok blant årsakene til den store deltakinga. For mange både trimmarar og konkurranseløparar har løpet vorte fast tradisjon.

Totalvinnar av årets løp vart Gisle Skjølberg frå Bremanger på 23 min 45 sek. Hilmar Kråkenes frå Almenning kom på andreplass med 23 min 50 medan 16 år gamle Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane var tredje raskast med 23 min 55. Kvinneklassa vart vunnen av 14 år gamle Kristine Hjellbakk Hole på frå Sunnylven på 26 min 51 med søstra Anniken Hjellbakk Hole på andreplass med 27 min 41. Emilie Flo Stavik (13 år) frå Stryn var tredje raskast blant damene.

Her er komplett resultatliste. Nokre foto frå årets løp er lagt ut her

Resultatliste Postvegløpet 2016 (Excel)

Resultatliste Postvegløpet 2016 pdf-format


Som vanleg vart det trekt ut mange fine gåvepremiar blant både deltakarane i konkurranse- og trimklassa. Takk til alle som støtta oss med premiar!

Her er årets trekningsliste:

Trekningsliste premiar Postvegløpet 2016




Innbyding til Postvegløpet 1.juni

Postet av Markane IL den 23. Mai 2016

Onsdag 1.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonklasse start frå kl. 1800

Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Lisens kjem i tillegg.

Trimklasse:

Kr. 50. Familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking vi håpar på ny deltakerrekord i år også!

1/3-premiering og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim og konkurranseklassa.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.

Alle velkomne!



Innbyding til nær-o-løp 26.mai

Postet av Markane IL den 23. Mai 2016

Markane IL innbyr til sesongens tredje nær-o-løp torsdag 26.mai. Første start vert kl.1800. Oppmøte på Sætren.

Løyper: 1,5 km N-løype, 3 km C-løype, 3 km A-løype, 5 km A-løype og rakettløype

Startkontingent kr 20 opp til og med 16 år. 40 kr for dei over 16 år.

Vel møtt!



93 deltakarar på sesongens første nær-o-løp

Postet av Markane IL den 23. Mai 2016

Med i alt 93 deltakarar, fem arrangørar og minst tre foreldre (som ikke står på lista) var over 100 personar i aktivitet under årets første nær-o-løp! Eit strålande oppmøte! Deltakarane var også med på å sette ny verdensrekord! Pr. dags dato er det registrert 225.297 som har sprunge o-løp denne dagen. Spesielt hyggeleg var det at 27 spreke fotballjenter fra Stryn stilte til start i N-løypa.

Strålande ver og servering av frukt, kake, saft og kaffi sette ein ekstra spiss på arrangementet.

Resultatliste for årets første løp her:

Resultatliste for nær-o-løp nr.1. Dato: 11.5.2016



Innbyding til nær-o-løp 19.mai

Postet av Markane IL den 17. Mai 2016

IL Veten innbyr til sesongens andre nær-o-løp torsdag 19.mai. Første start kl.1800. Løpet har oppmøte ved Bergset. Det vert merka frå Panoramavegen.

Løyper: 4.5kmA, 3km A, 3km C (trimløype), 1.5km N og småtroll.

Startkontingent: kr 20 t.o.m 16år og kr 40 for dei over 16 år.

Premie: Alle frå 0-12år.

Dei som deltek for Markane IL, får samanlagtpremie ved sesongslutt om dei er med på minst 50% av løpa.


Alle velkomne!



Klart for sesongens første nær-o-løp 11.mai

Postet av Markane IL den 7. Mai 2016

Markane IL innbyr til sesongens første nær-o-løp onsdag 11.mai i Tonningskamben med utgongspunkt i Setrevegen. Det vert merka frå Strynehallen. Første start kl.1800.

I samband med at det er Verdens orienteringsdag vert det i tillegg til nybyrjarløpet som har enkle poster langs stiane, kartleikar, der ein lærer dei enklaste kartteikna, og ein kan få testa spurteigenskapane i ei «Rakettløype».

Orientering er for alle aldrar og vi vil også tilby eit lynkurs i bruk av kart og kompass. Alle deltakarar får tildelt diplom for deltakinga.

Dette er starten på orienteringssesongen i Stryn. MIL vil utover våren og fram til sommaren arrangere fleire orienteringsaktivitetar, som nær o-løp kvar torsdag, Finn-Fram-dagen i juni og sjølvsagt vert det nye sjansar til å plukke turorienteringspostar. Terminliste vert lagt ut snart.

Verdens orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert i over 60 land den 11.mai 2016. Det er Det internasjonale Orienteringsforbundet som inviterer og målet er å gje flest mogleg born og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsoppleving og å gjere idretten kjena for fleire. Målet er også å få fleire deltakarar enn den tidligare verdsrekorden i tal på deltakarar som spring ei orienteringsløype på ein dag. Det betyr meir enn 250 000 deltakarar! Hittil er det påmeldt 1358 lokasjonar fordelt over heile verda.

Vi ønskjer gamle og nye medlemer velkomne til o-løp!




Aktivitetsleiarkurs

Postet av Markane IL den 7. Mai 2016


Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til aktivitetsleiarkurs 20.-21.mai. Fokus under kurset vert auka kompetanse på o-teknisk eigentrening.

Målgruppe: Aktivitetsleiarar/trenarar og ungdom som vil lære korleis ein kan trene systematisk på eiga hand for å bli betre o-teknisk.

Nivå: For å få utbytte av kurset, bør deltakarane ha basiskunnskapane i orientering på plass (normalt frå 14 år og oppover).

Oppmøte i Moskogkrysset på E39 mellom Førde og Vassenden fredag 20. mai kl. 18.00.

Overnatting på Røde Kors si hytte på Langeland i Gaular kommune, 10 km sør for Førde.

Samlinga vart avslutta laurdag 21. mai kl. 13.30 så det er høve til å delta på Sunnfjordorienteringa etterpå.

Påmelding seinast 12. mai på e-post til johan.mageroy@mentor.no

Program for kurset finn du her:

Aktivitetsleiarkurs 20.-21.mai 2016




Innbyding Sunnfjordorienteringa

Postet av Markane IL den 7. Mai 2016

Førde IL innbyr til Sunnfjordorienteringa 2016 laurdag 21.mai. Første start kl.1500. Løpet går som mellomdistanse.

Samlingsplass ved Førde Vassverk, Sundsdalen. Det vert merka frå E39.

Hugs påmelding innan 18.mai på Eventor eller på e-post steinar.lote@nrk.no

Sjå heile innbydinga her:

innbyding_sunnfjordorienteringa_2016.pdf



3.plass i Oldestafetten

Postet av Markane IL den 7. Mai 2016


Det vart tredjeplass for Markane sitt herrelag under Oldestafetten 2016.

Markane IL hadde to lag til start under årets Oldestafett, eitt i herreklassen og eitt i gutteklassen.

På herrelaget deltok Lars Midthjell Gjørven, Georg Halsteinslid, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Eskil Kveen og Håkon Midthjell Gjørven. Dei sprang inn til ein tredjeplass med tida 10min 10 sek. Klassesigeren gjekk til Jølster på 8 min 57 sek medan Gloppen vart nummer ti med 9 min 5 sek.

I guteklassa kom Markane på ein niandeplass. På laget deltok Sigurd Fotland Fænn, Anders Svarstad Hole, Oskar Guddal Breivik, Jon Erlend Bø og Eirik Bjørlo Sandbakk. Dei var i mål på 6 min 42 sek. Klassevinnar vart Jølster på 5 min 50 sek. Andreplassen gjekk til Hornindal på 6 min 5 sek medan STIL vart nummer fire på 6 min 4 sek.

Komplett resultatliste:

Resultatliste for Oldestafetten 24.4.2016.pdf

Foto (Arild Hafsås): Startfeltet i guteklassen under Oldestafetten.



7.plass i Kjeringi Open 2016

Postet av Markane IL den 20. Apr 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til 7.plass i klassa for superkjering gutar under Kjeringi Open 2016.

I superkjeringklassane går same person alle dei fire etappane med telemark, langrenn, løp og sykkel. Simon fullførte dei fire etappane på 1t 8 min 36 sek. Klassevinnar vart Trygve Brendehaug på 54 min 52 sek. Andreplassen gjekk til Kjetil Matias Stegegjerde med 59 min 28 sek medan Samuel Rønning kom på tredjeplass med 1t 7sek.

I seniorklassane for superkjering vart Ole Martin Erdal vinnar av herreklassen medan Malene blikken Haukøy vann dameklassa. Andrea Fiskaa Haugen vann superkjeringklassa for jenter.

Resultatliste for Kjeringi Open:

Resultatliste for Kjeringi Open 2016

Foto (Markane IL): Simon Hjelmeset Kirkeeide, 2015.



Resultat frå lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalåm og hopp

Postet av Markane IL den 20. Apr 2016

29 deltakarar var samla på Ullsheim for lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalåm og hopp på Ullsheim 2.påskedag.


Her er resultatlista:

Resultat frå lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalåm og hopp 28.3.2016

Foto (Markane IL): Mari Sofi Meland, 2015.



Innbyding til Oldestafetten 2016

Postet av Markane IL den 15. Apr 2016


Søndag 24.april er det klart for Oldestafetten 2016. Vi håper det også i år vert fleire lag frå Markane IL på startlista. Påmeldingsfristen er tysdag 19.april.

Det er mogleg å stille lag i klasse for gutar, jenter, damer, herrer, veteran og open klasse. Her er også ministafett for 6-10-åringar.

Gute- og jenteklassane er for deltakarar i alderen 11-16 år. (Født 2000-2005). Samla alder på dei fem deltakarane på laget kan ikkje overstige 67år.

Alle som ønskjer å delta for Markane, sender e-post til antoniak@online.no med namn samt fødselsår for dei under 16 år snarast!

Sidan vi veit at mange av Markane sine medlemer også er aktive i andre lag, gjer vi merksame på at det er berre er lov til å konkurrere for ein friidrettsklubb i same sesong. Markane kjem ikkje til å ha friidrettstreningar så for dei som satsar og trenar friidrett, vil det vere naturleg å representere andre klubbar. Men alle som ønskjer å delta på bane eller løp for Markane IL i sesongen 2016 er velkomne til dette!

Fullstendig innbyding til Oldestafetten:

Innbyding Oldestafetten 2016



Innbyding til sprintløp og krinssamling i Askvoll

Postet av Markane IL den 13. Apr 2016

Det er klart for sesongens første krinsløp i sprint i Askvoll laurdag 16.april. Hugs påmelding innan 13.april kl. 2359. Det vert også krinslagssamling 16.-17.april.


Innbydingane finn du nedanfor:

Innbyding sprintløp Askvoll 16.4.2016

Innbyding krinssamling Askvoll 16.-17.4.2016



Simon Hjelmeset Kirkeeide med andreplass på fellesstarten

Postet av Markane IL den 10. Apr 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i G16 under fellesstarten på Liatoppen. Han var berre eit sekund frå klassevinnar Kristoffer Sverdrup frå Dombås IL. Tredjeplassen gjekk til Mats Øverby frå Lier, 6 sek etter vinnaren. Alle dei tre på pallen hadde ein bom.

Det vart også topp-ti plassering til Maren Hjelmeset Kirkeeide som vart nr 7 i J13 og til Mari Sofi Meland som vart nr 9 i J11.

Maren hadde fem bom og var 58 sek etter klassevinnar Herborg Idland som hadde fire bom. Emilie Flo Stavik kom på ein 11.plass, 1 min 8 sek etter vinnaren med fire bom. Hedda Garlid Hilde vart nummer 32 med tre bom.

Mari Sofi Meland gjekk inn til niandeplass i J11. Ho hadde to bom og var 1 min 12 sek etter vinnaren Silje Kristine Berg-Knutsen frå Fet SK. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide kom på 15.plass, 1 min 33 sek etter vinnaren.

I klasse G14 kom Oskar Guddal Breivik på ein 35. plass og Sigurd Fotland Fænn på ein 36.plass. Dei var 1 min 56 sek og 1 min 58 sek etter klassevinnar Lasse Flo Bødal frå Stårheim.

I G13 kom Jon Erlend Bø på 54.plass, Elias Dispen Lødemel på 69.plass og Anders Svarstad Hole på 106.plass.

Anne Marie Roset kom på 24.plass i J16 medan Nikolai Dispen Lødemel vart nummer 73 i klasse G15.

Resultatliste fellesstart Liatoppen 10.4.2016




10.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i sprinten på Liatoppen

Postet av Markane IL den 10. Apr 2016

Maren Hjelmeset Kirkeeide sørga for topp-ti plasseringa blant deltakarane frå Markane IL då ho vart nummer 10 i J13 på sprinten laurdag. Sjølv om det vart fem bom på standplass, var ho berre 1 min 55 sek etter klassevinnar Synne Herheim frå Geilo. Andreplassen gjekk til Anna Espeli frå Geilo 32 sek etter vinnaren, medan Herborg Idland frå Figgjo tok tredjeplassen, 36 sek etter. Alle dei tre på pallen hadde to bom. I same klasse vart Hedda Garlid Hilde nr 30 og Emilie Flo Stavik nr 32.

Også Oskar Guddal Breivik gjekk eit svært godt løp og kom på 13.plass i G14 som hadde heile 96 deltakarar. Med tre bom var han 1min 2 sek etter vinnaren Oscar Andersson frå Älvdal SKG. Jakob Høsøien frå Tynset kom på andreplass, 6 sek etter, medan Lasse Flo Bødal vart nummer tre, 7 sek etter. Sigurd Fotland Fænn kom på 77.plass.

I klasse J11 vart Oddrun Hjelmeset Kirkeeide nr 16 og Mari Sofi Meland nr 17. Iselin Bø kom på 38. plass og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes kom på 54.plass.

Elias Dispen Lødemel kom på ein fin 34.plass i klasse G13. Med tre bom var han 2 min 42 sek etter klassevinnar Erik Sporaland frå Figgjo. Heile 114 deltok i klassa. Jon Erlend Bø var nr 70 og Anders Svarstad Hole nr 103.

I klasse G16 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på ein 31.plass. Nikolai Dispen Lødemel vart nummer 69.plass i G15. Anne Marie Roset sikra seg ein 27.plass i J16.

I nybyrjarklassane var Markane representert med Inger Hjelmeset, Oda Svarstad Hole og Thea Dispen Lødemel.

Komplette resultatlister for laurdagen:

Resultatlister sprint Liatoppen skiskytterfestival 09.04.2016



15.plass på Larsen-stafett

Postet av Markane IL den 9. Apr 2016

Liatoppen Skiskytterfestival starta med Larsen-stafett. Markane fekk best plassering i G13-16 der Oskar Guddal Breivik, Sigrud Fotland Fænn og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein 15.plass. I mål var laget 4 min 28 sek etter vinnarlaget frå Figgjo. Andreplassen i klassa gjekk til Østre Toten, 1 min 7 sek etter vinnaren medan Lier tok bronse. I same klasse gjekk Markane lag 2 inn til ein 53.plass. På dette laget gjekk John Erlend Bø, Anders Svarstad Hole og Elias Dispen Lødemel.

I klasse J13-16 gjekk Markane sitt lag inn til ein 30.plass. På dette laget gjekk Emilie Flo Stavik, Hedda Garlid Hilde og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Klassevinnar vart Geilo IL med Figgjo IL og Lier IL på dei to neste plassane.

I klasse J11-12 gjekk Mari Sofi Meland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på eit mikslag utanfor konkurranse saman med Ingvild Sporaland frå Figgjo.

I tillegg til stafett var her også individuell øving for nybyrjarar. Komplette resultatlister nedanfor:

_160408_resultatliste_stafett.pdf

_160408_resultatliste_nybyrjarar_fredag (1).pdf



God innsats i Vetenrennet 2016

Postet av Markane IL den 9. Apr 2016

Det siste lokale skirennet vart arrangert laurdag 3.april då Vetenrennet 2016 gjekk av stabelen med 100 deltakarar, herav 12 frå Markane.

Markane sine løparar hevda seg godt. Det vart klassesigrar til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Torje Seljeset i 11-årsklassane. I klasse G14 vart det dobbelsiger til Markane med Oskar Guddal Breivik på førsteplass og Sigurd Fotland Fænn på andre. Dobbelsiger vart det også i klassa for jenter 13 med Emilie Flo Stavik på førsteplass og Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass. Anders Svarstad Hole og Eirik Bjørlo Sandbakk sørga for 3. og 4. plass i klasse G13.

I dei urangert klassa var Markane representert med Inger Hjelmeset, Kornelia Trøsken, Jesper Svarstad Hole og Ane Hjelmeset Kirkeeide.

Foto: Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn, 2014.

Vetenrennet2016-Resultatliste-20160403 (1).pdf



NM-gull til Tarjei Bø

Postet av Markane IL den 3. Apr 2016

Tarjei Bø gjekk inn til NM-gull under fellesstarten på Dombås i dag.

Tarjei skaut feilfritt på dei to liggjande skytingane, men fekk to bom på den første ståande skytinga. Med fem treff på den siste ståande skytinga var han likevel med i kampen om NM-gull. På sisterunden stod gullkampen mellom tre løparar. Tarjei var best på slutten og sikra seg eit nytt NM-gull. Han var 1.1 sek føre Aleksander Os og 1.2sek føre Lars Helge Birkeland. Alle dei tre beste hadde to bom.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 36.plass. Med totalt fem rundar var han 2min 35sek etter vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven fekk totalt fire strafferundar og var 3min 23sek bak vinnaren.

Foto: Simen Haughom

resultat_nm_fellesstart_menn_2016.pdf



10. og 15.plass på HL-stafettane

Postet av Markane IL den 3. Apr 2016

Det vart 10.plass i G15-16 og 15.plass i J15-16 under stafettane i Hovedlandsrennet i Målselv.

På laget som stilte i G15-16 gjekk Magnar Lødemel frå Hornindal, Martin Aaland frå Hardbagg, Magnus Seljeset frå Hornindal og Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane. Laget gjekk fire jamne etapper og låg rundt topp-ti-plassering gjennom heile stafetten. Utanom ein strafferunde på den aller siste skytinga, slapp laget stafferunden. I mål skilde det 4 min 1 sek frå Sogn og Fjordane sin 10.plass fram til vinnarlaget Oppland. Andreplassen gjekk til Nord-Østerdal som var 18 sek etter vinnarlaget medan Buskerud sikra bronsen, 1 min 36 sek etter vinnarlaget

På laget i klasse J15-16 gjekk Anne Marie Roset frå Markane IL, Kari Alsaker frå Markane IL og Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven IL. Det var ein strafferunde på kvar av dei to første etappane medan den tredje etappen var feilfri. I mål skilde det 6min 10 sek frå Sogn og Fjordane sin 15.plass fram til vinnarlaget frå Hedmark. Buskerud sikra andreplassen, 24sek etter vinnaren, medan Buskerud lag 2 sikra tredjeplass, 1 min 19 sek bak vinnarlaget.

Foto: Nordfjord Team

2016-04-03-HL-Stafett-offisiell-resultatliste-J15-16.pdf

2016-04-03-HL-Stafett-offisiell-resultatliste-G15-16.pdf



Ein bom frå pallplass

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på ein flott sjetteplass på sprinten under HL skiskyting i Målselv. Berre ein bom skilde opp til ein pallplass i klasse G16.

Simon fekk ein bom på den første og to bom på den andre skytinga. I mål skilde det berre 47 sek opp til klassevinnar Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL som berre hadde ein bom. Opptil bronseplassen var differansen på berre 18sek. Bronsen gjekk til Martin Alfheim frå Bossmo og Yttern som hadde to bom. Sølvplassen gjekk til Magnus Moan frå Røros IL, 24 sek etter vinnaren med to bom.

I same klasse vart Magnar Lødemel frå Hornindal IL nr. 58. Også han hadde tre bom totalt.

Anne Marie Roset gjekk inn til premieplass i klasse J16. Ho fekk berre ein bom på kvar av skytingane og vart nummer 18. Ho var 1min 39 sek etter klassevinnar Benedicte Stien Schreiner frå Bossmo og Ytteren som også hadde to bom. Sølvet gjekk til Åsne Skrede frå Geilo IL, 8sek etter vinnaren, medan Ida Solbjørg sikra seg bronse, 28 sek etter vinnaren. Kari Alsaker kom på 32.plass. Ho hadde også to bom og var 2 min 38 sek etter klassevinnaren.

Hovudlandsrennet vert avslutta søndag med stafett.

Resultatlister:

20160402-Jenter-16-sprint-resultatliste-offisiell HL skiskyting.pdf

20160204Offisiell-G16 sprint HL skiskyting.pdf

2016-02-04-HL-Resultatliste-offisiell-HL skiskyting G15.pdf

Anne Marie Roset kom på premieplass i J16. Foto: Markane IL,2015.



39.plass på jaktstarten

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 39.plass på NM-jaktstarten.

Etter ein flott 17.plass på NM-sprinten hadde Johan Eirik eit godt utgongspunkt før jaktstarten. Med ein bom på kvar av dei liggjande skytingane låg Johan Eirik på rundt ein 20.plass etter halvgått løp. Men på kvar av dei ståande skytingane kom det to bom og dermed gjekk det nokre plassar nedover på lista. Til slutt vart det ein 39.plass, 4 min 57 sek etter NM-vinnaren Lars Helge Birkeland som berre fekk ein bom. NM-sølvet gjekk til Aleksander Fjeld Andresen som med tre bom var 25 sek bak. Henrik L'Abee-Lund sikra bronsen, 1min 18 sek etter vinnaren.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp til ein 52.plass på jaktstarten. Også han fekk totalt seks bom.

Tarjei Bø stod over jaktstarten.

resultat-nm-senior-jaktstart-menn-dombås 2.4.2016.pdf



15.plass i Statkraft juniorcupfinale

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Aksel Mathias Meland gjekk inn til ein 15.plass i sesongens siste norgescuprenn.

Finalen vart arrangert under senior-NM på Dombås. Aksel var einaste av løparane frå Markane som var kvalifisert til finaledagen.

På dagens fellesstart vart det totalt åtte bom på dei fire skytingane. Det heldt til ein 15.plass, 3min etter klassevinnaren i M17, Odin Garli frå Sokna IL. Garli fekk totalt fire bom. Andreplassen gjekk til Jo Brøste Nørstegård frå Dombås IL, 39 sek etter vinnaren med seks bom. Lars Hammersnes Leopold kom på tredjeplass, 41 sek etter vinnaren. Også han med seks strafferundar.

Vegard Skrede frå Hardbagg IL kom på ein 10.plass, 2min 7sek med sju bom.

Resultat frå klasse M17:

resultat-norgescup-finale-Dombås-M17-18-2.4.2016.pdf

Foto: Nordfjord Team, 2015.



17.plass til Johan Eirik Meland i NM

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Johan Eirik Meland gjekk sitt beste løp for sesongen med ein 17.plass i NM sprint på Dombås.

Med to feilfrie skytingar skilde det berre 51sek frå Johan Eirik opptil vinnaren av NM-gullet, Thomas Fenne frå Voss IL. Andreplassen gjekk til Andreas Dahlø Wærnes frå Trondhjems skiskyttere. Johannes Dale frå Fet Skiklubb tok tredjeplasse, 2.7 sek etter vinnaren. Bak seg på resultatlista hadde Johan Eirik blant anna Tarjei Bø som med tre stafferundar gjekk inn til ein 22.plass, 1 min etter vinnaren.

Jarle Midthjell Gjørven kom i mål til ein 62.plass. Med ein strafferunde var han 2 min 16 sek etter NM-vinnaren. Også Håkon Midthjell Gjørven stilte opp i konkurranse mot seniorløparane. Han kom på 127.plass med totalt seks strafferundar, 7min 19 sek bak.

Foto: Nordfjord Team

resultat-nm-senior-sprint-menn-dombås-1.4.2016.pdf



God innsats i Hovedlandsrennet 2016

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide fekk best plassering av dei lokale deltakarane med ein åttandeplass på normaldistansen i 16.

Med totalt tre bom var Simon var 1min 20 sek etter klassevinnaren Eirik Horten frå Os IL som skaut feilfritt. Andreplassen gjekk til Christian Bucher-Johannesen som berre var 0,9 sek etter vinnaren med eitt tillegg på standplass. Mats Øverby frå Lier IL tok tredjeplassen, 14.9 sek etter med to fulle hus. Også Magnar Lødemel frå Hornindal IL leverte eit toppløp og kom på niandeplass, 1 min 29 sek etter med to fulle hus.

I klasse J16 vart det 26.plass til Anne Marie Roset. Med totalt tre tillegg på standplass var ho 4 min 18 sek etter klassevinnar Åsne Skrede som tok ein suveren siger. Ho var heile 1min 27 sek før nummer to, Benedicte Stien Schreiner. Augusta Idland frå Figgjo tok tredjeplassen, 2 min 7 sek etter vinnaren. Kari Alsaker frå Markane IL kom på 32.plass. Ho var 5 min 5 sek etter vinnaren med totalt fire tillegg. Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven gjekk eit svært godt løp i J16 og kom på åttandeplass. Ho var 2 min 38 sek etter vinnaren med totalt to tillegg på standplass.

Markane hadde ingen deltakarar med i 15-årsklassen, men Martin Aaland frå Hardbagg IL og Magnus Seljeset frå Hornindal IL sørga for god lokal innsats også i denne klassa med ein 13. og ein 15.plass.

Foto(Nordfjord Team): Martin Aaland, Anne Marie Roset, Magnar Lødemel, Inger Ringdal Sæter, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Kari Alsaker og Magnus Seljeset.

2016-01-04-HL-Resultat-Gutter-16-offisiell normaldistanse.pdf

2016-01-04-HL-Resultat-Jenter16-offisiell normaldistanse.pdf

2016-01-04-HL-Resultat-Gutter15-offisiell normaldistanse.pdf




Sølv i NM-stafetten

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Tarjei Bø og Jarle Midthjell Gjørven gjekk på Sogn og Fjordane sitt sølvlag på NM-stafetten på Dombås.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk førsteetappe for Sogn og Fjordane sitt lag etter at Johannes Thingnes Bø måtte melde sjukdomsforfall. Jarle gjekk ein god etappe og heldt Sogn og Fjordane inne blant topplaga. Etter første etappe låg Sogn og Fjordane omlag eitt minutt etter leiarlaget på dette tidspunktet.

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde gjekk andreetappe og gjekk laget opp til ein andreplass medan Ole Martin Erdal frå Førde gjekk Sogn og Fjordane heilt fram i leiinga med ein god tredjeetappe. Dei tre første klarte seg gjennom stafetten utan strafferundar. Tarjei Bø avslutta stafetten for Sogn og Fjordane. Han hadde ikkje heilt dagen på den ståande skytinga og måtte ut i ein strafferunde. Dermed vart det til slutt sølv til Sogn og Fjordane, 20 sek etter Sør Trøndelag. Bronsen gjekk til Agder, 26 sek etter vinnaren.

Sogn og Fjordane stilte også med eit andrelag. Johan Eirik Meland gjekk ein flott førsteetappe og hadde betre etappetid enn nokon på førstelaget til Sogn og Fjordane. Andrelaget var heilt oppe på tredjeplass etter den første etappen. Håkon Midthjell Gjørven, Tryggve Aaland Tryggestad og Vegard Skrede gjekk dei tre andre etappane. Med litt lågare fart i løypa enn topplaga enda Sogn og Fjordane II på ein 24.plass, 11min 32 sek etter vinnarlaget.

Komplett resultatliste her:

resultat-nm-senior-stafett-menn-2016.pdf



3.plass i Rypeskarrennet

Postet av Markane IL den 29. Mar 2016

Johan Eirik Meland gjekk inn til tredjeplass i Rypeskarrennet totalt påskeafta.

Johan Eirik fullførte dei 23 kilometerane på 74 min 17sek. Dette heldt til andreplass i klasse M21-35 og tredjeplass i rennet totalt. Rennet vart vunne av Andreas Hetle frå Breimsbygda IL som går i M17-18 på tida 73 min 56 sek. Ole Martin Erdal frå Førde IL kom på andreplass i rennet totalt med 74 min 10 sek.

Det var også fleire løparar frå Markane som gjorde det skarpt i klassane opp til og med 16 år som gjekk 10km. Emilie Flo Stavik gjekk inn til siger i klasse J13-14 med tida 39min 5sek og var med det 44sek før nummer to i klassa Lisa Bjønnes frå Holmen IF.

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til andreplass i klasse G13 med tida 37min 52sek. Klassa vart vunnen av Magnus Skeide Bakke frå Eid IL på 37min 13sek. Andreplass vart det også til Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G15-16 med tida 35min 33sek. Klassa vart vunnen av Kent Ove Sæten frå Hyen IL med 34 min 5sek.

Komplett resultatliste:

Resultatliste Rypeskarrennet 26.3.2016.pdf

Foto: Nordfjord Team, 2016



Nest best i verdscupen

Postet av Markane IL den 29. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø vart nummer to i den totale verdscupen i skiskyting medan Tarjei Bø kom på sjetteplass.

Johannes oppnådde 820 poeng i totalcupen. Martin Fourcade vann totalcupen suverent med 1151 poeng. Tredjeplassen gjekk til Anton Shipulin med 806 poeng. Tarjei på sin sjetteplass hadde 708 poeng.

I sprintcupen totalt kom Johannes på tredje og Tarjei på sjetteplass. I jaktstartcupen vart det tredjeplass og fjerde til Tarjei. Johannes kom på femteplass i normaldistansecupen medan Tarjei vart nr 14. I fellestartcupen kom Johannes på fjerdeplass og Tarjei på åttande. Noreg vann både nasjonscupen, stafettcupen for menn og cupen for blanda stafett.

Foto: Trude Furuly



Gunn Skrede til topps i Holmøyskarrennet

Postet av Markane IL den 25. Mar 2016

Gunn Skrede var raskaste kvinne uansett klasse i Holmøyskarrennet 2016 med tida 1t 9 min 29 sek.

Næraste konkurrent gjekk også i klasse K21-35, Johanna Røst Weinger frå Blaker IL, som var i mål på 1t 11min 54 sek. Anne Marie Roset frå IL Veten i klasse K15-16 hadde tredje beste tid med 1t 12 min 44sek.

Også i herreklassen var det sterk innsats av deltakarar frå Markane. Johan Eirik Meland hadde nest best tid uansett klasse med 55min 45sek. Aksel Matias Meland følgde på tredjeplass med 59min 7sek. Raskaste løpar i årets Holmøyskarrenn vart Isak Hopland frå Hardbagg IL med 54min 43sek. Alle dei tre beste gjekk i klasse M17-20.

I denne klassa kom også Grim Nygård frå Markane IL på ein femteplass med 1t 5min 28sek. I klasse M21-25 gjekk Odd Kristian Hagen inn til tredjeplass 1t 24 min 50 sek.

Markane tok også sigeren i konkurransen om beste tremannslag (Johan Eirik, Aksel og Grim) og vann her pokalen til odel og eige. Totaltida vart på 3t 0min 20sek. Hardbagg tok andreplassen med 3t 0min 36sek og Veten kom på tredjeplass med 3t 1 min 45 sek.

I klassen for beste femmannslag kom Markane på tredjeplass med 5t 34min 39sek.

Komplett resultatliste:

Holmoyskarrennet2016-Resultatliste-20160320-2.pdf




Lagsmeisterskap i klassisk langrenn, hopp og slalåm

Postet av Markane IL den 25. Mar 2016

logo-markaneil.png

Det vert lagsrenn i klassisk langrenn, hopp og slalåm andre påskedag (28.mars) kl.1300. Startkontingent pr. øving kr 50.

Det vert ikkje sett opp noko funksjonærliste, men håpar at dei foreldra som har med utøvarar kan stille på å hjelpe til!

Vi treng nokon som kan hjelpe til med:

-å lage til hoppbakkar og slalåmløype.

-nokon som kan ta ansvar for mat og drikke. (Fyre opp i Årestova og grille litt pølser, saft og kaffi.)

-nokon til å bake ei platekake.

-eit par medhjelparar til tidtakinga og lengdemåling.

Så om de har tid og lyst til å hjelpe til litt, ta kontakt med skigruppa (Sigbjørn på tlf 48252662, Ivar Jon på tlf 90919596 eller Margunn på tlf 41628268)









Lokale resultat i Birkebeinerrennet

Postet av Markane IL den 25. Mar 2016

Sunniva Holstad Sivertsen og Ola Kirkeeide var Markane IL sine deltakarar i årets utgåve av Birkebeinerrennet.

Sunniva Holstad Sivertsen gjekk inn til 77.plass av 191 deltakarar i klasse K25-29 med tida 5t 10 min 35 sek. Dette heldt også til merke i årets renn. Klassevinnar vart Astrid Øyre Slind.

I klasse M65-69 gjekk Ola Edvard Kirkeeide inn til ein 155.plass med tida 5t 4 min 12 sek. Klassevinnar vart Pekka Virtakoivu I alt 288 løparar deltok i klassa.

John Kristian Dalen (2t 27min 34sek) og Seraina Boner (2t 55 min 4sek) vann herre- og dameklassene i Birken totalt. 9332 løparar deltok.



Krinscupfinale i Sunnylven

Postet av Markane IL den 24. Mar 2016


Krinscupen vart avslutta med finale arrangert av Sunnylven IL i Hyttehola. I alt 107 løparar deltok.


Resultater Krinscupavsluttnig Skiskyting Fellestart Sunnylven IL 19.03.2016.PDF



Ny pallplass til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 23. Mar 2016

Det vart ein ny pallplass på Johannes Thingnes Bø då han gjekk seg opp til ein andreplass i dagens jaktstart i Khanty-Mansiysk.

Johannes gjekk ut som nr. 7. Han var 1 min 2 sek bak gårsdagens vinnar Julian Eberhard. Med høg fart i sporet og tre fulle hus gjekk Johannes ut i tet etter tre skytingar, tett følgt av tyske Simon Schempp.

På siste skyting fekk Johannes ein bom, men det gjorde også dei som låg rett bak han i løypa, Schempp, Lesser og Landertinger. Johannes kunne dermed gå ut i tet også etter siste skyting. Schempp var tre sekund bak, deretter kom Lesser og Weger.

Simon Schempp hadde svært god glid, var snart oppe i ryggen på Johannes. Han sette inn eit lite rykk og fekk ei luke i dei lettare partia på sisterunda og gjekk dermed i mål til siger. Dermed vart det andreplass til Johannes denne gongen.

Også Tarjei Bø gjekk ei svært godt løp og avanserte kraftig oppover listene. Med høg fart i sporet, to fulle hus på dei to første skytingane og ein bom på kvar av dei to siste gjekk han seg opp frå 35. til 12. plass.

Foto: Trude Furuly



7. plass på siste verdscupsprinten

Postet av Markane IL den 23. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein 7.plass under verdscupens siste sprint i Khanty-Mansijsk.

Med ein bom på liggjande og fullt hus på den ståande skytinga var han 1 min 2 sek bak vinnar Julian Eberhard frå Austerrike. Johannes hadde berre åttande beste langrennstid denne gongen så skia var nok ikkje heilt optimale. Likevel ei fin plassering på sesongens siste sprint.

Tarjei Bø fekk ein bom på den liggjande skytinga. Då det i tillegg kom to bom på den ståande skytinga vart det ein 35.plass.

I morgon er det klart for jaktstart.


Foto: Tom-Vegard Feltstykket



12.plass til Emilie Flo Stavik i Ungdomsbirken

Postet av Markane IL den 15. Mar 2016

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein flott 12.plass i klasse J13 under Ungdomsbirken laurdag 12.mars.

Emilie fullførte dei 15 kilometerane på 49 min 50 sek. Klassevinnar vart Ranja Nekkar frå Driv IL med 46 min 2 sek. Andreplassen gjekk til Synne Herheim frå Geilo IL på 46 min 17sek medan Tiril Marie Møller Gundersen frå Lyn IL tok tredjeplassen med 47 min 55 sek. I alt 276 deltakarar stilte opp i J13.

Også dei to andre deltakarane frå Markane sikra seg fine plasseringar i sine klassar. Maren Hjelmeset Kirkeeide deltok også i j13 og gjekk inn til ein 44.plass med tida 51 min 59 sek.

Oskar Guddal Breivik vart nummer 100 i klasse G14 med tida 44 min 49 sek. Her deltok heile 325 løparar. Klassevinnar vart Audun Nordraas frå Strandbygda ILmed tida 39 min 11 sek. Andreplassen vart delt mellom Andreas Aune Aakerli frå Heimdal IL og Aleksander Holmboe frå Bærums Verk og Hauger IF.




Georg Halsteinslid til topps i Stryn Rando3000

Postet av Markane IL den 15. Mar 2016

Georg Kristian Halsteinslid gjekk til topps i juniorklassa M17-20 i Stryn Rando 3000.

Skialpinismekonkurranse Stryn Rando 3000 gjekk over 26 km og 3000 høgdemeter vart tilbakelagt over 7 fjelltoppar.

Konkurransen hadde også ei classicløype. Denne var 18 km lang og 1600 høgdemeter vart tilbakelagt over fire fjelltoppar.

Georg fullførte Stryn Rando 3000 på 4t 12 min 2 sek. Andreplassen gjekk til Lars Osland Øygard frå Høyang på 5t 39 min 10 sek.

I veteranklassa vart det femteplass til Kåre Bøe på 5t 5 min 14 sek. Klassa vart vunnen av Robert Sørlie på 3t 41 min 43 sek. Paul Otterdal vart nummer 10 i same klasse med 6t 47 min 1sek.

Fullstendig resultatliste for både Rando 3000 og Classic nedanfor:

Resultatliste Stryn Rando 12.3.2016.pdf



VM-gull til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten!

Postet av Markane IL den 13. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø avslutta VM på best mogleg måte og tok gull på fellesstarten!

Han starta løpet perfekt med å skyte ned alle fem blinkane og var med i tetklynga alt ut frå første liggande. Tarjei Bø fekk ein bom og måtte ta ein runde i strafferunda. Det same måtte Martin Fourcade. I løpet av runden hadde Tarjei gått seg opp igjen til tetklynga, som kom samla inn på standplass.

Også på den andre skytinga vart det fullt hus på Johannes medan Tarjei fekk ein bom. På andrerunden gjekk Johannes opp i tet og fekk ei luke til resten av tetgruppa. På første ståande vart det ein hårfin bom på siste skotet. På grunn av forspranget var han likevel berre åtte sekund bak teten ut frå skyting.

Etter halvgått runde var han igjen oppe blant ei tetgruppe på åtte løparar. Midtvegs i runden fekk Martin Fourcade ei luke og kom åleine inn på standplass til siste skyting for å prøve å ta sitt fjerde individuelle VM-gull i Holmenkollen. Fourcade skaut nok ein gong fullt hus. Det same gjorde både Ole-Einar Bjørndalen og Johannes. Avstanden frå Johannes opp til Fourcade var 7 sekund.

Tarjei skaut fullt på begge ståandeskytingane, men hadde fått for lang avstand opp til teten til å kunne kjempe om medaljene. Ut frå skyting låg han på 9. plass, men sette opp stor fart og avanserte oppover i feltet. Avstanden opp til pallen var for stor, men han hadde dagens beste langrennstid og gjekk inn til ein sterk 6. plass.

Johannes tok igjen Fourcade midtvegs i sisterunden. Fourcade la seg i ryggen på Johannes og prøvde å passere Johannes på indresving, utan hell. Duellen vart ikkje avgjort før Johannes smatt forbi Fourcade i siste svingen og kom først inn på oppløpet Dermed gjekk Johannes i mål som VM-vinnar til jubel frå fullsette tribuner i Holmenkollen. Sølvet gjekk til Martin Fourcade medan Ole Einar Bjørndalen sikra bronsen.

Vi gratulerer med VM-gull!


Foto: Ingrid Kvåle Faleide



VM-gull på stafetten!

Postet av Markane IL den 12. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk saman med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen inn til stafettgull under VM i Holmenkollen. Noreg sikra gullet føre Tyskland med Canada på ein tredjeplass.

Johannes imponerte stort på tredjeetappen med feilfri skyting og stor fart på sisterunden. Det gjorde at han gav Emil Hegle Svendsen eit forsprang på nesten 30 sekund. Dei tre andre på laget brukte to ekstraskot kvar. Det vart ekstra spennande før sisterunden då Emil trengde to ekstraskot på ståande. Men til slutt vart det gulljubel 11,5 sek føre Tyskland.

Vi gratulerer med VM-gull!


Foto: Tom-Vegard Feltstykket



Endå ein fjerdeplass til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 11. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø hadde ikkje marginane med seg då han fekk ein millimeterbom på det første skotet på den siste serien. Bommen vart skilnaden mellom gullet og ein ny fjerdeplass.

Forutan det eine bomskotet gjekk Johannes ein perfekt 20-kilometer og gjekk inn til sin tredje fjerdeplass i VM

Franske Martin Fourcade sikra seg sitt fjerde gull, medan austerrikarane Dominik Landertinger og Simon Eder tok sølv og bronse.

Tarjei Bø fekk ein bom på dene første skytinga og hamna litt bak i feltet. Han gjekk seg oppover resultatlista med feilfri andre- og tredjeskyting. På den siste skytinga kom det to nye bom og dermed vart det tilslutt ein 22.plass.

Neste distanse i VM er stafett på laurdag.

Foto: Ingrid Kvåle Faleide



Cupen avslutta med skicrossrenn

Postet av Markane IL den 10. Mar 2016

Tysdag 8.mars vart årets cuprennsesong avslutta med skicrossrenn. I alt 37 deltakarar var med på sesongavslutninga.

Dei yngste gjekk ein runde i crossløypa. Klassane 9-10 år og 11-12 år gjekk to rundar medan klassane frå 13 år og oppover gjekk tre rundar.

I 11-12-årsklassa var Oddrun Hjelmeset Kirkeeide raskast gjennom løypa med Mari Sofi Meland på ein andreplass. Emilie Flo Stavik vann klassa for jenter 13-14 år medan Oskar Guddal Breivik var kjappast i klassa for gutar 13-14 år.

Anne Marie Roset vann klassa for jenter 15-17år medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for gutar 15-17 år med dagens beste tid uansett klasse.


Resultatliste frå skicrossrennet finn du nedanfor. Samanlagtliste for årets cup kjem snart.

Resultatliste for cuprenn 5 i skicross 8.3.2016.pdf



Krinsrenn i Hyttehola

Postet av Markane IL den 7. Mar 2016

Søndag 6..mars arrangerte Sunnylven IL krinscup i skiskyting i Hyttehola. I alt 15 av dei 87 deltakarane kom frå MIL.

Det var god innsats både i løypa og på standplass av både små og store skiskyttarar.

Her er resultatlista frå helga:

Resultat-Krinsrenn-Skiskyting-Hyttehola-06.03.2016.pdf



Ny fjerdeplass til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 6. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein ny fjerdeplass på jaktstarten i VM etter å ha tapt spurtduellen mot Emil Hegle Svendsen på sisterunden.

Det såg lenge lovande ut for medalje til Johannes Thingnes Bø på jaktstart, men på sisterunden glapp medaljen til fordel for lagkamerat Emil Hegle Svendsen som sikra bronsen.

Johannes gjekk ut som fjerdemann på dagens jaktstart under VM i Holmenkollen, 35 sek etter gårdagens vinnar Martin Fourcade. Johannes opna bra og låg på andreplass etter ei feilfri første skyting. Men på den andre liggandeskytinga kom to bom. Dermed datt plasseringa heilt ned til ein 11. plass. Tidsdifferansen fram til pallplassane var derimot ikkje så stor.

Med feilfri tredje skyting gjekk Johannes seg på nytt inn i medaljekampen. På siste skyting var mange løparar med i medaljekampen. Johannes fekk ein bom på siste skyting. Det same gjorde Emil Hegle Svendsen og dei to gjekk ut på siste runden praktisk talt likt.

Martin Fourcade var også i dag suveren til trass for tre bom på dei ståande skytingane. Ole Einar Bjørndalen sikra seg ein ny sølvmedalje. Bronsekampen var avgjort i den siste kneika opp. Då synte Svendsen gode, gamle takter og sette inn eit rykk som gav han dei nødvendige metrane på Johannes før oppløpet. Dermed vart det nok ein fjerdeplass til Johannes.

Tarjei Bø hadde eit dårleg utgongspunkt før jaktstarten då han gjekk ut på 54.plass og var 2 min 9 sek etter Fourcade. Han gjekk eit betre løp i dag og sjølv om det vart tre bom totalt gjekk han seg opp til ein 31.plass.

Neste medaljesjanse kjem på 20-kilometeren på torsdag.



Tre samanlagtsigrar i SSF-cupen

Postet av Markane IL den 6. Mar 2016

Det vart tre samanlagtsigrar i årets SSF-cup. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Torje Seljeset og Emilie Flo Stavik gjekk alle til topps i sine klassar. I tillegg kom Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass og Oskar Guddal Breivik på tredjeplass samanlagt.

I klassane 11 og 12 år er det dei fire beste renna som inngår i samanlagtresultatet. Maksimal poengscore er 26 poeng pr. renn. Torje Seljeset vann klasse G11 med maksimal poengsum 104 poeng. Næraste konkurrent vart Mathias Rauset frå Fjellhug/Vereide som oppnådde 86 poeng. Også Oddrun Hjelmeset Kirkeeide oppnådde maksimalpoengsummen på 104 poeng då ho vann J11. Johanne Støfring frå Jølster IL kom på andreplass i klassa med 96 poeng.

I klassane frå 13 år og oppover er det dei fem beste renna som tel samanlagt. I klasse J13 vart det dobbelt Markane. Emilie Flo Stavik vann klassa med fire førsteplassar og ein andreplass som teljande, og dermed 126 poeng. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass med ein første- og fire andreplassar som teljande, og dermed 114 poeng. Tredjeplassen gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger med 109 poeng.

Også Oskar Guddal Breivik sikra seg pallplass samanlagt. Med totalt 93 poeng vart det delt tredjeplass med Oliver Bosdal Thorsen i klasse G14. Andreplassen gjekk til Ivar Nistad frå Gaular IL med 105 poeng og førsteplassen til Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL med fem førsteplassar og 130 poeng.

Foto (Markane IL): Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på 1. og 2.plass samanlagt i SSFF-cupen klasse J13.


Komplett resultatliste samanlagt:

SSF Cup samanlagt 2016.pdf



Fem klassesigrar i SSF-cupfinalen

Postet av Markane IL den 6. Mar 2016

Sju deltakarar frå Markane oppnådde pallplass då finalen i SSF-cup vart arrangert på Tua 5.mars. Fem av desse tok sigeren i sine klassar og i tillegg kom ein andre- og ein tredjeplass.

Det siste rennet i SSF-cupen gjekk i fri teknikk og var arrangert av Eid IL på Tua.

I den yngste klassen vart det siger til ein MIL-deltakar både i jente- og guteklassa. Torje Seljeset gjekk til topps i G11. Han fullførte den to kilometer lange løypa på 5 min 51 sek og var dermed 33 sek føre nr 2, Tørres Bjelland Nøstdal frå Eid IL. Tredjeplassen gjekk til Mathias Rauset frå Fjellhug Vereide, 36 sek etter.

I J11 gjekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide heilt til topps. Ho var i mål på 7 min 4 sek og var med det 34 sek føre nummer to i klassa Guri Line Brekke frå Førde IL. Tredjeplassen gjekk til Frøya Haughovd frå Stårheim IL på 7 min 44 sek.

I klasse J13 vart det nok ein gong dobbelsiger til Markane. Emilie Flo Stavik (foto) vart klassevinnar etter å ha fullført 3 km på 10 min 13 sek. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass med 10 min 48 sek. Tredjeplassen i klassa gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger IL på 11 min 26 sek.

Oskar Guddal Breivik sikra seg tredjeplassen i klasse G14 etter å ha gått i mål på tida 9 min 24 sek. Han var berre fem sekund bak Lasse Flo Bødal frå Stårheim som kom på andreplass. Klassesigeren gjekk til Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL på 9 min 9 sek.

Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein klar siger i klasse G16. Han fullførte dei fem kilometerane på på 11 min 51 sek og var med 50 sek føre andremann Eskil Hov frå Kaupanger IL. Tredjeplassen gjekk til Kent Ove Sæten på 12 min 59 sek.

I klassen for menn senior gjekk sigeren til Anders Vonheim. Han gjekk 10 km på 25 min 4 sek. Kjetil Husevåg Strømmen frå Førde IL gjekk inn til andreplass med 26 min 38 sek. Tredjeplassen gjekk til Johnny Saure Riise frå Hovdebygda med 28 min 18 sek.

I klasse M18 hamna Grim Nygård og Håkon Midthjell Gjørven rett utanfor pallen. Dei gjekk i mål etter ti km på tidene 27 min 45 sek og 27 min 54 sek. Dette heldt til ein 4. og ein 5. plass. Klassevinnar vart Isak Hopland frå Hardbagg IL på 25 min 1 sek.

I dei yngste urangerte klassane gjorde Inger Hjelmeset eit godt løp i J10 då ho fullførte 2 km på 2 min 43 sek.

Komplett resultatliste frå SSF-cup finalen nedanfor:

SSF Cup Finale 05 03 2016.pdf



4.plass til Johannes Thingnes Bø på VM-sprinten

Postet av Markane IL den 5. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein fjerdeplass på VM-sprinten i Holmenkollen.

Etter feilfri liggjande skyting kom det ein bom på det første skotet på den ståande skytinga. Dermed enda det akkurat utanfor pallen i dag. I mål vart det ein fjerdeplass 35 sek etter Martin Fourcade som vann suverent. Andreplassen gjekk til Ole Einar Bjørndalen, 27 sek etter vinnaren medan Sergei Semenov frå Ukraina tok tredjeplassen 28 sek etter. Alle dei tre på pallen skaut feilfritt.

Sjølv om det ikkje vart medalje i dag, får Johannes eit svært godt utgongspunkt for jaktstarten i morgon.

Tarjei Bø fekk ein bom alt på den liggjande skytinga og på den ståande skytinga kom det tre bom til. Dermed vart det berre ein 54.plass og 2 min 9 sek fram til teten.



Tarjei Bø tildelt Holmenkollmedaljen

Postet av Markane IL den 4. Mar 2016

Tarjei Bø er tildelt Holmenkollmedaljen for sin innsats som skiskyttar.

Det er Foreningen til Ski-idrettens Fremme (Skiforeningen) som har bestemt at Tarjei skal få Holmenkollmedaljen. Dette er Noregs høgste utmerking innan skiidretten. Medaljen blei første gong delt ut i 1895. I statuttane står det: «Holmenkollmedaljen kan tildeles skiløpere som i flere år har oppnådd fremragende resultater i en eller flere av skiidrettens grener».

Styreleiar Jon Hindar i Skiforeningen seiter at dei er svært stolte over å kunne tildele denne flotte, unge utøvaren Holmenkollmedaljen. I tillegg til å ha oppnådd svært imponerande idrettslege resultater, er Tarjei Bø en flott representant for skiskyting som idrett.

Tarjei Bø vil få medaljen overrakt i samband med premieutdelinga i Holmenkollen etter VM-sprinten laurdag.

Foto (Simen Haughom): Tarjei Bø under NM 2015.

Vi gratulerer med utmerkinga!




VM-bronse på mixstafetten

Postet av Markane IL den 3. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø tok saman med Marte Olsbu og Tiril Eckhoff bronse då VM i Holmenkollen vart innleia med mix-stafett.

Marte Olsbu gjekk ein god første etappe for Noreg. Ho brukte eitt ekstraskot på den første skytinga og skaut feilfritt på ståande. Inntil veksling låg ho rett bak USA.

Tiril Eckhoff trengde to ekstraskot på kvar av skytingane, men heldt god fart i løypa. På sisterunden tok ho inn 14 sekund til Tyskland og sende Johannes Thingnes Bø ut i leiing. Tyskland, Frankrike og Ukraina følgde hakk i hel.

Johannes trengde eit ekstraskot på kvar av skytingane. Han heldt godt fart i sporet, men det gjorde også konkurrentane frå Tyskland, Frankrike og Ukraina. Dei fire laga heldt følgje heile tredjeetappen og gjekk ut på siste etappen praktisk talt likt.

Tarjei Bø gjekk siste etappen for Noreg. Inntil første skyting kom dei fire leiarlaga omlag likt. Tarjei trengde tre ekstraskot for å få ned blinkane på liggjande dermed vart dei ei luke opptil Ukraina på 18 sek. Frankrike gjekk ut på andreplass, 4 sek etter, og Tyskland på tredjeplass, 8 sek etter. Tarjei tok inn på teten på andrerunden og skaut ein perfekt ståandeserie. Dermed var Norge oppe på tredjeplass, 7 sek etter Frankrike og 5 sek etter Tyskland. Ukraina gjekk ut på fjerdeplass, 18 sek bak. Men differanse fram til første- og andreplassen vart i lengste laget. Frankrike spurtslo Tyskland og sikra seg gullet. Tarjei gjekk det norske laget inn til VM-bronse.

Vi gratulerer med VM-bronse!





26.plass i Young Star 2016

Postet av Markane IL den 3. Mar 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein 26.plass i Young Star 2016.

Dagen før VM startar i Holmenkollen var det landets beste 15-16 åringar i skiskyting som konkurrerte på arenaen. Simon hadde som vanleg god fart i sporet, men med tre bom på den første og fire bom på den andre skytinga heldt det ikkje til ei plassering heilt i toppen denne gongen. I mål skilde det 2 min 59.9 sek fram til klassevinnaren Ørjan Moseng som hadde to bom totalt. Andreplassen gjekk til Martin Nevland, 6.5 sek etter vinnaren med to bom, medan Martin Alfheim tok tredjeplassen, 24.3 sek etter med berre ein bom.

Magnar Lødemel frå Hornindal IL kom på 25.plass. Han fekk to strafferundar og var 2 min 49 sek etter vinnaren.

Resultatliste Young Start 2016 gutter.pdf




Klassisk skitrening 3.mars

Postet av Markane IL den 3. Mar 2016

logo-markaneil.png

Det vert skitrening i klassisk stil på Ullsheim torsdag 3. mars kl. 1730 for aldersgruppa 10 år og oppover.



Gjekk opp laget 13 plassar

Postet av Markane IL den 29. Feb 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk ein god stafettetappe under HL 2016 og gjekk opp laget frå Sogn og Fjordane 13 plassar.

Laget frå Sogn og Fjordane var samansett av Eskil Hov, Even Nesgård, Kent Ove Sæten og i tillegg Simon på ankeretappen. Sogn og Fjordane låg på ein 50.plass. Simon gjorde ein god etappe og gjekk laget fram til ein 37.plass og dermed inn på premieplass. (Beste tredjedel av klassa) I mål skilde det 2 min 51 sek fram til vinnarlaget Telemark og Vestfold Skikrets. Sølvet gjekk til Oppland med Oslo tok tredjeplassen.

RESULTAT_G1516STAFETTHL16.pdf



Stafettresultat frå jr.NM i Trondheim

Postet av Markane IL den 29. Feb 2016

Junior-NM i Trondheim vart avslutta med stafettar. Best plassering av laga frå Sogn og Fjordane fekk K17-18 laget med ein femteplass.

På dette laget gjekk: Ingrid Gausemel frå Hornindal, Elise Skeide Bakke frå Eid IL og Maria Munch Starheim frå Stårheim. (Foto: Nordfjord Team)

Markane hadde seks løparar på ulike lag i stafetten. Best plassering vart det for Håkon Midthjell Gjørven som gjekk ankeretappen på M17-18 laget som kom på 11.plass. Med seg på laget hadde han Lars Erik Telset frå Volda T&IL, Isak Hopland frå Hardbagg IL og Vegard Skrede frå Hardbagg. Totalt vart det ei strafferunde. I mål skilde det 7 min 44 sek til vinnaren Oslo og Akershus som også hadde ei strafferunde. På Sogn og Fjordane 2 gjekk det berre markaneløparar. Laget vart nr 23. Her gjekk Erlend Bakken, Grim Nygård, Andreas Halsteinslid og Odd Sindre Tonning. Alle frå Markane IL. Dei var 16 min 5 sek etter klassevinnaren

Klasse M17-21 år vart også vunne av Oslo og Akershus. Laget frå Sogn og Fjordane gjekk inn til ein syttandeplass. Dei var 8 min 19 sek bak vinnarlaget. På dette laget gikk Isak Flo Bødal frå Stårheim, Georg Halsteinslid frå Markane IL, Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven IL og Sivert Myrold frå Stårheim. Dei kom seg gjennom alle fire etappane utan strafferunder.

Klasse K 17-21 vart vunnen av laget frå Nord Østerdal. Laget frå Sogn og Fjordane vart nr 18. I mål var dei 11 min 06 sek etter å ha fått totalt åtte strafferunder. På laget gjekk Mari Sollid Eide frå Stårheim, Sigrid Flo Bødal frå Stårheim og Karoline Erdal frå Førde IL.


Resultatliste jr NM stafettar Trondheim 28.2.2016.pdf




5.plass også i kombicross på HL

Postet av Markane IL den 28. Feb 2016

Eskil Kveen gjekk inn til femteplass i kombicross under HL i Fauske. I tillegg kom han på premieplass då han vart nr ni i K67-bakken i hopp.

Kombicrosskonkurransen er basert på resultatet i hoppbakken og langrenn i ei crossløype. Eskil låg på femteplass etter hopp på 62 m og 57,5 meter i hoppdelen. Han var med dei resultata 23 sekund etter leiaren etter hoppdelen. I kombicrossen gjekk Eskil inn til femte beste langrennstid og sikra med det femteplassen i konkurransen.

Vinnar av kombicrossen vart Ludvig Braaten frå Øvre Hoslevoll. På delt andreplass kom Jens Lurås Oftebro frå IL Jardar og Jørgen Oliver Strøm frå IL Alta som var 9 sek etter vinnaren. Eskil på sin femteplass var 36 sek etter klassevinnaren.

Innsatsen i hoppbakken heldt også til ein niandeplass i K67-bakken i klasse G16. Eskil oppnådde 186,2poeng på sin niandeplass. Vinnarn av hoppkonkurransen vart Jørgen Oliver Strøm med 227,3 poeng. Der var 28 deltakarar i hoppkonkurransen og Eskil sin niandeplass heldt dermed til premieplass.

Resultater K67 hopp HL2016.pdf

Resultat kombicross HL2016.pdf




Nær finalerundane på sprinten

Postet av Markane IL den 28. Feb 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk ein god sprintprolog. Med 44. beste tid var berre 1,25 sek frå 30.plassen som ville kvalifisert til deltaking i finalerundane.

Sprinten for klasse G16 vart vunnen av Ansgar Evensen frå Vind IL. Fredrik Johnsrud frå Stokke IL vart nummer to og Mats Øverby frå Lier IL vart nummer tre.

Dei som ikkje gjekk vidare til kvartfinalane på sprinten, konkurrerte vidare i langrennscross. Her kom Simon på ein 52.plass av totalt 183 deltakarar. Han var 32,6 sek etter vinnaren av langrennscrossen Sondre Haneberg frå Oppegård IL. David Thorvik frå Kjelsås IL kom på andreplass, 4.2 sek etter medan tredjeplassen gjekk til Eirik Dugstad frå IL Bevern, 7.0 sek etter vinnaren.


Resultat HL Sprint G16 Dato 27.2.2016.pdf

Resultat langrennscross HL G16 Dato 27.2.2016.pdf



Resultat frå jr. NM/DNB-cup sprint

Postet av Markane IL den 28. Feb 2016

Jarle Midthjell Gjørven gjorde det best av deltakarane frå Markane på dag to i Trondheim med ein 22.plass i DNB-cup sprint menn senior.

Med berre ein bom på den liggjande skytinga var han 2 min 16 etter dagens vinnar Andreas Dahlø Wærnes frå Trondhjems skiskyttere som skaut feilfritt. Wærnes vann klassa nokså suverent 42 sek føre Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os IL. Tredjeplassen gjekk til Bjarte Solvang frå Hålandsdal IL, 1 min 2 sek etter vinnaren med ein bom.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 31.plass. Han hadde ein bom på kvar av skytingane og var 2min 45 sek etter klassevinnaren i mål.

I klasse M17 kom Aksel Meland på ein 29.plass. Dermed heldt det akkurat til ein premieplass sjølv om det vart fem strafferundar og 3 min 20 sek etter klassevinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som berre hadde ein bom.

Georg Kristian Halsteinslid kom på ein 31.plass i M20-21. Han hadde ein bom på den ståande skytinga og var 3 min 55 sek etter vinnaren Sindre Pettersen frå Nittedal. NM-sølvet gjekk til Isak Flo Bødal frå Stårheim IL, 12 sek etter gullvinnaren. Både Pettersen og Bødal hadde ein strafferunde. På tredjeplass kom Martin Ponsiluoma frå Tullus SG som med to fulle hus var 31 sek etter vinnaren.

Grim Nygård var best av deltakarane i M18. Han hadde to bom på ståande og gjekk inn til ein 46.plass, 3 min 30 sek etter klassevinnar Mathias Skrede frå Geilo IL. Erlend Bakken kom på ein 53. plass, med fem strafferundar var han 3 min 44 sek etter vinnaren. Håkon Midthjell Gjørven var nr 55. Med fire strafferundar var han 3 min 51 sek etter klassevinnaren. Odd Sindre Tonning vart nr 66 og Andreas Halsteinslid kom på 68.plass. Begge hadde fem strafferundar og var høvesvis 4 min 42 sek og 4 min 53 sek etter vinnaren.

Junior-NM vert avslutta i morgon med stafettar.

Resultatliste NM sprint jr og DNB cup 6 senior Trondheim 27.02.2016.pdf




10.plass til Aksel Meland på normaldistanse i jr. NM

Postet av Markane IL den 26. Feb 2016


Aksel Mathias Meland gjekk inn til ein fin 10.plass under normaldistansen klasse M17 i jr. NM skiskyting i Trondheim. Med totalt fire tillegg var han 4 min 11 sek etter NM-vinnar Filip Fjeld Andersen som hadde tre tillegg. Andreplassen gjekk til Sigurd Trømborg, 2 min 1 sek etter vinnaren medan Rasmus Odland Kvamme sikra bronsen, 2 min 39 sek etter vinnaren.

Også Håkon Midthjell Gjørven sikra ei god plassering og premieplass med 19.plass i M18. Med tre tillegg var han 4 min 33 sek etter NM-vinnar Jørgen Brendengen Krogsæter som også hadde tre tillegg. Sølvet gjekk til Truls Fjeldheim Jorde, 1 min 2 sek etter medan Fredrik Bucher Johannesen sikra bronsen, 1 min 30 sek etter vinnaren. Dei andre løparane frå Markane i M18 plasserte seg slik: Erlend Bakken nr 52 med seks tillegg, Andreas Halsteinslid nr 58 med seks tillegg, Grim Nygård nr 69 med 11 tilleg og Odd Sindre Tonning nr 71 med 14 tillegg.

Georg Kristian Halsteinslid kom på 43.plass i M20-21 med to bom på kvar av ståandeskytingane. Han var 10 min 3 sek etter klassevinnar Aleksander Morsund Karlsen frå Lier som skaut fire fulle hus.

I seniorklassen kom Jarle Midthjell Gjørven på ein 30.plass med totalt tre tilleggsminutt. Han var 7 min 19 sek etter NM-vinnar Lars Helge Birkeland som berre hadde ein bom. Johan Eirik Meland kom på 39. plass. Også han hadde tre tilleggsminutt og var 9 min 45 sek etter vinnaren.


Resultatliste DNB cup 6 Statkraft junior cup 5 NM normaldistanse Trondheim 26.2.2016.pdf



5.plass til Eskil Kveen i kombinert på HL

Postet av Markane IL den 26. Feb 2016

Eskil Kveen gjekk inn til ein flott 5.plass i kombinert i klasse G16 år. Eskil låg på femteplass etter hopprennet og sikra plasseringa i langrennet.

Eskil hadde to jamne hopp på 63m og 62,5m i hoppkonkurransen. Dette gav han 199,1 poeng etter hopprennet. Før langrennet var han 1 min 52 sek etter Jørgen Oliver Strøm frå Alta som leia etter hoppdelen.

Også i sporet gjekk det bra. Med sjette beste langrennstid sikra Eskil seg femteplass i rennet totalt. I mål var han 2 min 30 sek etter vinnaren Ludvik Braathen frå Øvrevoll Hosle IL. Jørgen Oliver Strøm frå Alta IL kom på andreplass, 7 sek etter vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Simen Kvarstad frå Byåsen IL, 58 sek etter Braathen.

Resultat kombinert HL2016 Dato 26.2.2016.pdf

Vi gratulerer!



6.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i HL2016

Postet av Markane IL den 26. Feb 2016


Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein imponerande sjetteplass under det klassiske langrennet på Hovudlandsrennet på Fauske. I alt 249 deltakarar deltok i klasse G16.


Simon var berre 26 sek etter Petter Myhr frå Vallset IL som tok klassesigeren. Andreplassen gjekk til Fredrik Johnsrud frå Stokke IL, 6 sek etter vinnaren. Ansgar Evensen frå Vind IL tok tredjeplassen, 13,9 sek etter Myhr.

I morgon er det klart for sprint i fri teknikk for langrennsløparane på HL.


Arkivfoto (Markane IL): Simon Hjelmeset Kirkeeide på HL 2015.


Vi gratulerer!

Offisiell resultatliste klassisk langrenn hlG16 26.2.2016.pdf






Resultat frå cuprenn 4

Postet av Markane IL den 25. Feb 2016


I alt 35 løparar stilte opp på cuprenn i klassisk stil i sterkt snødriv tysdag kveld. Rennet gjekk som fellesstart for klassane frå 9 år og oppover.

Dette var det fjerde og nest siste av renna i årets cup. Cupen vert avslutta med skicross tysdag 8.mars.

Foto (2015): Elias Dispen Lødemel (t.h) og Anders Svarstad Hole hadde ein jamn duell i gutar 13-14år, 2.5km.


Her er komplett resultatliste:

Resultatliste for cuprenn 4 i klassisk stil 23.2.2016.pdf



Cuprenn 5 i skicross tysdag 8.mars

Postet av Markane IL den 22. Feb 2016

logo-markaneil.png

Tysdag 8.mars er det klart for det femte og siste rennet i årets Markane-cup på Ullsheim. Rennet går som skicross for klassane 9 år og oppover. (Født 2007).

Dei som går i klassa 8 år og yngre, kan velje om dei vil gå skicross eller vanleg langrenn.

Sidan det er noko jobb med å få i stand skicrossløypa, hadde det vore fint om nokon melde seg frivilleg til å vere med å bygge denne. Gje beskjed til Sigbjørn Fænn (48 25 26 62) eller Margun Hjelmeset ( 41 62 82 68) om du har høve å vere med. Oppmøte ca.16.30

Påmelding til rennet frå kl. 1800. Første start kl. 1845. Startkontingent kr 50.

Alle velkomne!

Funksjonærar cuprenn 2016 (renn 4 og 5).docx



3 X Markane til topps på Dombås

Postet av Markane IL den 21. Feb 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Aksel Mathias Meland og Johan Eirik Meland (foto) gjekk alle inn til klassesigrar under Østlandsmesterskapet på Dombås. I tillegg vart det tredjeplass til Jarle Midthjell Gjørven.

Det vart dermed ei svært god helg for Markane IL sine fire deltakarar i ØM på Dombås i helga og om vel ein månad er det klart for NM i dei same løypene.

Klassane til og med 16 år gjekk normaldistanse. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til klassesiger i G16 med to tillegg på standplass var han 9 sek føre Magnus Moan frå Røros som hadde tre tillegg. Tredjeplassen gjekk til Martin Bøe Svestad frå Fossum IF som med feilfri skyting var 21 sek etter Simon. I alt 45 løparar deltok i 16-årsklassa.

Aksel Mathias Meland gjekk inn til siger i M17 fellesstart. Det starta ikkje heilt bra på standplass med fire bom på første skyting, men med skyteseriane 2-1-0 på dei tre siste skytingane heldt det til ein klar siger, 1 min 10 sek føre Hermann Stensby frå Hernes IL. Også Stensby fekk sju bom totalt.

Johan Eirik Meland vann klassa for menn senior fellesstart. Med totalt tre bom på dei fire skytingane var han 21 sek raskare enn Øystein Ulekleiv frå Dombås IL som hadde seks bom. Jarle Midthjell Gjørven sikra at det vart to markarar på pallen. Han vart nummer tre 29,7 sek etter Johan Eirik, også han med tre strafferundar.

Foto: Nordfjord Team (2015)

Resultat ØM skiskyting normal fellesstart Dombås 21.02.2016.pdf



12.plass i Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Markane IL den 21. Feb 2016

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein flott 12.plass i Ungdommens Holmenkollrenn i friteknikk i klasse J13. Ho var berre 39 sek etter vinnaren Synne Herheim frå Geilo IL. Andreplassen i klassa gjekk til Anna Espeli frå Geilo, 17 sek etter vinnaren, medan Gro Torsteinsrud frå Fjellet IL tok tredjeplassen, 20 sek bak.

Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ei flott plassering i same klasse. Ho var nummer 40 og var berre 1 min 22 sek etter klassevinnaren. I alt 200 skiløparar frå heile landet deltok i klassa.

Også Oskar Guddal Breivik gjorde også eit svært godt løp i friteknikk og kom inn til ein 49.plass i G14. Han var 57 sek etter klassevinnaren Jonas Hylen frå Kvikne IL. Andreplassen gjekk til Aleksander Elde Holmboe frå Bærums Verk og Hauger IF, 10 sek etter vinnaren. August Myrold frå Kjellmyra tok tredjeplassen, 12 sek etter vinnaren. Det var 237 startande i klassa.

Oskar, Maren og Emilie deltok også i Ungdommens Holmenkollrenn klassisk på laurdag.

Oskar gjekk inn til ein 143.plass, 2 min 22 sek etter klassevinnar Filip Aleksander Meo frå Røa IL.

Best plassering i klassiskrennet av våre vart det til Maren Hjelmeset Kirkeeide med ein fin 45.plass i J13. Ho var 1 min 32 sek etter klassevinnar Tirill Marie Møller Gundersen. Emilie Flo Stavik gjekk inn til 129.plass, 2min 43 sek etter vinnaren.


ResultatlisteUHR2016J13Klassisk.PDF

ResultatlisteUHR2016G14Klassisk.PDF

ResultatlisteUHR2016J13Fri.PDF

ResultatlisteUHR2016G14Fri.PDF




Emilie Flo Stavik til topps på SSF Hyesprinten

Postet av Markane IL den 16. Feb 2016

Emilie Flo Stavik frå Markane IL gjekk heilt til topps i J13 under SSF-cup Hyesprinten. I same klassa vart det også andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL, 27.6 sek etter Emilie. Tredjeplassen gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger.

I klasse G14 vart det femteplass til Oskar Guddal Breivik. Han var 50,5 sek etter klassevinnaren Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL. Andreplassen gjekk til Ivar Nistad frå Gaular IL, 33.5 sek bak og Oliver Bosdal Thorsen frå Førde IL kom på tredjeplass, 36.4 sek etter vinnaren.

SSF-cupen vert avslutta med renn i friteknikk på Nordfjordeid 5.mars.

Resultat frå Hyesprinten og SSF cup samanlagt pr. 15.02.2016:

SSF Cup Hyesprinten 14 02 2016.pdf

Resultatliste SSF Cup samanlagt pr. 15.02.2016.pdf



2xBø gjekk stafettlaget fram til verdscupsiger

Postet av Markane IL den 16. Feb 2016

Norge tok tilslutt ein klar siger på verdscupstafetten i skiskyting i Presque Isle i kveld, med brørne Bø på dei to siste etappane.

Norge og Lars-Helge Birkeland fekk ein dårleg start med tre bom på liggande skyting. På ståande gjekk det mykje betre med fullt hus, men likevel vart det berre ein 12. plass til veksling, heile 50 sekund bak leiande Tyskland. Erlend Bjøntegaard skaut to fulle hus og gjekk Norge opp på 5. plass. Han tapte nokre sekund i løypa og sende Johannes Thingnes Bø ut på tredje etappe 51 sekund bak Sveits som no hadde leiinga.

Johannes gjekk godt i løypa og tok inn 10 sekund på Sveits den første halvannan kilomenteren. Sveitsiske Dolder fekk store problem på første skyting og måtte gå ein strafferunde. Johannes måtte bruke to ekstraskot og gjekk ut på fjerde plass, 18,8 sekund bak leiande Italia.

Han gjekk raskt opp i rygg på Frankrike og Russland som låg på andre og tredje plass, og inn til skyting kom dei fire første laga praktisk talt likt. Russiske Malyshko fyllte alle blinkane, men med eitt ekstraskot var Johannes berre seks sekund bak ut frå skyting. Frankrike gjekk ut seks sekund bak Norge igjen.

Tarjei Bø og russiske Maxim Svedkov gjekk likt ut på siste etappe. Frankrike hadde tapt i løypa, og Beatrix gjekk ut 13,4 sekund bak dei to leiande laga.

Tarjei sette opp eit høgt tempo, og russaren måtte sleppe etter omlag 1,5 kilometer.

Etter ei glimrande liggandeskyting gjekk ut Tarjei Bø åleine, 26,7 sekund før Fraknkrike, som også hadde fullt hus. Russland følgde på tredje, 46,7 sekund etter Norge.

På ståandeskytinga vart det eitt ekstraskot. Tarjei gjekk ut med ei leiing på 14 sekund til franske Beatrix. Denne avstanden greidde Frankrike aldri å knappe inn på. Tvert imot hadde avstanden auka til det doble ein kilometer før mål, og til slutt vart det eit halvt minutt. Tyskland tok tredjeplassen.

Med sigeren overtok Norge også leiinga i verdscupen i stafett.




KM helg på Stårheim

Postet av Markane IL den 15. Feb 2016

Foto (Markane IL): Kari Alsaker og Anne Marie Roset, begge Markane IL, delte KM tittelen på fellesstart. Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven IL tok bronse.

13.-14.februar var det KM-helg på Stårheim. Laurdag var det normaldistanse på programmet medan det søndag var sprint for dei yngste og fellesstart for KM klassane.

Mange frå Markane IL var i aksjon i helga og det vart både KM-titlar og andre gode resultat.

Komplette resultatlister nedanfor:

Resultatliste KM normaldistanse Stårheim -13.02.2016.pdf

Resultatliste sprint og KM fellesstart Stårheim 14.02.2016.pdf



Haugsbø og Dvergsdal raskast i Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 13. Feb 2016

Andre Haugsbø (M36-40) frå Gaular IL vart nok ein gong raskast i Tverrfjelldilten. Han fullførte det 40km lange løpet på 1t 44 min 24,7sek. Haugsbø tok dermed sin fjerde strake siger i løpet.

Roger Lillestøl frå Hornindal kom på andreplass i løpet totalt og vann klasse M41-45 med tida 1t 51 min 54,9sek. Tredjeplassen totalt gjekk til Martin Hegrenes frå Førde IL som også vart klassevinnar i M21-25, med 1t 54min 32,5sek.

Kvinneklassa vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal frå Jølster IL på tida 2t 11 min 6,4sek. Nest raskast dame vart Karoline Holsen Kyte frå Oslostudentenes IK-Ski. 2t 21min 16,3sek. Både Dvergsdal og Kyte konkurrerte i klasse K21-25. Sunniva Holstad Sivertsen frå Markane IL frå klasse K26-30 gjekk inn til tredje beste tid med 2t 46min 5,1sek.


Resultatliste for Tverrfjelldilten 2016 korrigert.PDF



Andreplass til Johannes Th. Bø på jaktstarten

Postet av Markane IL den 12. Feb 2016

For andre dag på rad vart det pallplass for Johannes Thingnes Bø i Presque Isle. Etter siger i går på sprinten vart det andreplass på dagens jaktstart.

Johannes gjekk ut på jaktstarten med 28 sek leiing til Shipulin og 29 sek til Fourcade. Sjølv om Johannes fekk ein bom på første liggjande, gjekk han ut med klar leiing. På andre og tredje skyting vart det to fulle hus på Johannes. Inntil siste skyting hadde han 44 sekund leiing på Fourcade, men på siste skyting vart det to bom i vindkasta i Presque Isle. Fourcade kom seg gjennom siste skyting feilfritt og gjekk dermed ut på sisterunden i tet.

I mål skilde det 21 sek frå Johannes fram til Martin Fourcade som vann. Anthon Shipulin vart nummer tre.

Tarjei Bø gjekk ut på dagens jaktstart på ein åttandeplass. På første skyting vart det ein bom og ladetrøbbel dermed hamna han eit stykke bak i feltet. I tillegg vart det to bom på kvar av dei ståande skytingane. Dermed vart det ein 19.plass på jaktstarten.

Erlend Bjøntegaard vart nest beste norske med ein 5.plass.



Johannes Thingnes Bø til topps i Presque Isle

Postet av Markane IL den 12. Feb 2016

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø gjekk eit flott løp frå start til mål og tok ein suveren siger på sprinten i Presque Isle i USA torsdag 11.februar.


Johannes heldt høg fart på førsterunden, og gjekk ut i leiinga etter første skyting der han slo til med fullt hus. Med høg fart også på mellomrunden var han også i teten då han kom inn til ståandeskytinga. Med kontrollert skyting vart det også her fem treff.

På sisterunda auka Johannes leiinga til andremann Anton Shipulin til 28 sekund. Martin Fourcade tok tredjeplassen, med ein bom på ståandeskytinga var han 29 sek bak Johannes i mål.

Tarjei Bø heldt ikkje like høg fart som broren i sporet. Han skaut fullt på liggande, men fekk ein bom på ståande. I mål var han 58,9 sekund bak Johannes og tok 8. plassen.

Både Johannes og Tarjei har dermed eit godt utgangspunkt framfor jaktstarten, som går i morgon fredag.

Foto: NSSF




Smørjetips til Tverrfjelldilten 2016

Postet av Markane IL den 11. Feb 2016

Fredag 12. februar:

Det er lite forandring på løype og smøring sidan i går. Det er fortsatt voks føre med grunnvalla i botnen.

Været er stabilt med 5-6 kuldegrader som det ser ut til å blir i morgon også. I ettermiddag har det vore litt snø i lufta, men det blir ikkje noko av det. Det er svak vind som gjer at det kan bli litt snøfokk på utsette stader. Men det er korte strekk det gjeld.

Løypa blir preppa kl. 8 i morgon tidleg. Det er ikkje melding som tilseier nedbør fram til rennstart.

Vêrmelding er skya med delvis sol, ca 6-7 kuldegrader.

Per Hatledal ( løypesjef mob. 950 59 000 )


Torsdag 11. februar:

Har testa løypa i dag, ca 4 grader minus. Temperaturen vil halde seg slik, kanskje litt kaldare. Det er ikkje melding om nedbør første dagane.

Ved Ullsheim (start ): Tørr litt gammal frosen snø. Litt finare snø i høgda.

Vil kan kalle det " blå extra føre" Gjekk på Rode super minus 1-5 grader. Godt feste heile vegen, ikkje spesielt stor slitasje.

Sidan det er 40 km, bør ein smelte inn eit tynt lag med grunnvoks, og gjerne smelte inn eit lag til med grøn voks.

Så dagens smurning, minst 3 lag og 2 korte. Velg sjølv.

Trur ikkje det blir stor slitasje, snøen mjølar seg fort opp i sporet. Det blir faste fine løyper.

Der løypa fylgjer turløypene ( storparten ) er det lagt spor. Der det er ny trase blir det ikkje spor før natt til laurdag, eller laurdag morgon.

Per Hatledal ( løypesjef mob. 950 59 000 )



11. og 14. plass i Youth Cup

Postet av Markane IL den 11. Feb 2016

Eskil Kveen gjekk inn til 11.plass i det første kombinertrennet i Youth Cup og til ein 14.plass i det andre kombinertrennet.

I det første rennet låg Eskil på åttandeplass etter hoppkonkurransen med eit hopp på 57m. I langrennskonkurransen hadde han også åttande beste langrennstid. Totalt heldt det til ein 11.plass. Han var 1 min 19 sek etter vinnarane Ludvik Braathen og Andreas Lives (frå Estland) som delte sigeren. Tredjeplassen gjekk til Jens Oftebro Lurås som var 23 sek etter vinnaren.

I det andre rennet i Youth Cup låg Eskil på ein 13.plass etter hopprennet etter eit hopp på 57,5 m. I langrennskonkurransen hadde han 11. beste langrennstid. I mål vart det ein 14.plass total. Han var 2min 19 sek etter vinnaren som vart amerikanske Ben Loomis. Andreplassen gjekk til Ludvik Braathen, 42 sek etter vinnaren, medan Andreas Lives frå Estland sikra tredjeplassen, 47 sek etter vinnaren.

Resultatlister frå Youth Cup kombinert i Trondheim 9.-10.2.2016:

Resultat kombinert Youth Cup 090216.pdf

Resultat kombinert Youth Cup 10.2.2016.pdf



Cuprenn 3 i klassisk stil

Postet av Markane IL den 11. Feb 2016

Tysdag 9. februar var det klart for sesongens tredje cuprenn. Rennet gjekk i klassisk stil med fellesstart for klassane frå 9 år og oppover og enkeltstart for dei yngste. I alt 50 løparar stilte opp.

I konkurranseklassane var Oddrun Hjelmeset Kirkeeide raskast i klasse J11-12. Elias Dispen Lødemel var raskast i G13-14 i 2,5km-løypa og Oskar Guddal Breivik i 5km-løypa.

Anne Marie Roset vann ein jamn duell med Kari Alsaker i J15-17 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15-17.

Neste cuprenn er 23.februar. Tysdag 16.februar er det klart for skileik for dei yngste og skitrening for dei frå 10 år og oppover.

Resultatliste for cuprenn 3:

Resultatliste for cuprenn 3 i klassisk stil 9.2.2016.pdf



God innsats i Kleivanerennet

Postet av Markane IL den 8. Feb 2016

I alt fem deltakarar frå Markane var med på SSF-cup Kleivanerennet 2016. Alle fem gjorde det godt og plasserte seg blant dei beste i sine klasser.

Oddrun Hjelmset Kirkeeide (Foto: Fjordingen) vann klassa for jenter 11år medan Torje Seljeset vann klassa for gutar 11 år.

I klasse jenter 13 år vart det nok ein gong dobbelsiger til Markane med førsteplass til Emilie Flo Stavik og andreplass til Maren Hjelmset Kirkeeide.

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til fjerdeplass i klasse G14, berre ti sek etter ein pallplass.

Komplett resultatliste:

Resultatliste for SSF Cup Kleivanerennet 08.02.2016.pdf

Samanlagtstillinga i SSF-cupen pr 8.2.2016 finn du her:

SSF Cup samanlagt 2016 08 02.pdf



Krinsrenn på Ålandsleitet

Postet av Markane IL den 8. Feb 2016

Søndag 7.februar vart det krinsrenn i skiskyting på Ålandsleitet.

I alt 79 løparar var påmelde til rennet. Av desse var 16 unge skiskyttarar frå Markane IL.

Komplett resultatliste finn du her:

Resultatliste krinsrenn 07.02.2016 Arrangør Hardbagg IL.xlsx

Foto (MIL 2015): Anne Marie Roset som vart nr 2 i klasse K16



5.plass i NM mix-stafett

Postet av Markane IL den 8. Feb 2016

Jarle Midthjell Gjørven gjekk andreetappe på laget frå Sogn og Fjordane som sikra seg femteplass under NM mixstafett 17-senior.

Dei andre på laget var Mari Eide frå Stårheim IL og Ole Martin Erdal frå Førde IL.

Resultatliste NM mix-stafett 17-senior Mo i Rana 07.02.2016.pdf

Resultatliste NM mix-stafett 17-18 Mo i Rana 07.02.2016.pdf

Resultatliste NM mix-stafett 17-21 Mo i Rana 07.02.2016.pdf



Cuprenn 3 i klassisk stil tysdag 9.februar

Postet av Markane IL den 8. Feb 2016

logo-markaneil.png

Tysdag 9. februar er det klart for cuprenn nr 3 på Ullsheim. Rennet går klassisk stil (ikkje skicross denne gongen som først annonsert). Fellesstart for klassane 9 år og oppover. (Født 2007). Enkeltstart for klassane 8 år og yngre.

Påmelding frå kl. 1800. Første start kl. 1845.

Startkontingent kr 50

Alle velkomne!


Funksjonærar cuprenn 2016 (renn 2 og 3).docx



3. og 4. plass til Eskil Kveen under Høgåsrenna

Postet av Markane IL den 7. Feb 2016

Eskil Kveen oppnådde tredjeplass i kombinert og fjerdeplass i hopp under Høgåsrenna i Granåsen.

I hoppkonkurransen i K60 for gutar 13-16år kom Eskil på ein fjerdeplass med hopp på 56m og 56,5m. Han fekk totalt 198,5 poeng. Dette vart berre knappe 10 poeng etter bronseplassen til Benjamin Østvold som fekk 207,2 poeng. Sølvplassen gjekk til Tucker Hoefler med 213,3 poeng medan klassesigeren vart teken av Simen Kvarstad med 228,3 poeng.

I kombinert kom Eskil på pallen. Han låg på tredjeplass etter hoppkonkurransen og forsvarte plasseringa også etter langrennet. Sigeren gjekk også her til Simen Kvarstad frå Byåsen IL. Han var 58 sek føre Benjamin Østvold frå Lensbygda SK som vart nummer to. Eskil kom på tredjeplass 1min 32 sek etter vinnaren.


Resultatliste Høgåsrenn hopp 07.02.2016.PDF

Resultatliste Høgåsrenn kombinert 07.02.2016.PDF



Resultat frå Norgescupen i Mo i Rana

Postet av Markane IL den 6. Feb 2016


Den første dagen av Norgescupen i Mo i Rana var det sprint for klassane M17, M18 og M19 medan dei andre klassane gjekk fellesstart. På laurdag var fordelinga omvendt

Best plassering av våre på fredag fekk Johan Eirik Meland (Foto: Nordfjord Team) med ein 22.plass på fellesstarten.

På laurdagen var det Aksel Mathias Meland som sikra best plassering av våre med ein 9.plass. Sjølv om det vart sju bom, var han berre 2 min 41 sek etter vinnaren Lars Hammernes Leopold frå Asker SK som berre hadde to bom.


Komplette resultatlister for dag 1 nedanfor:

Resultatliste DNB cup 5 Statkraft jr cup 4 Bossmo Yttern Dato 05.02.2016 fellesstart K17-senior, M19-20, senior.pdf

Resultatliste DNB cup 5 Statkraft jr cup 4 Bossmo-Yttern Dato 05.02.2016 sprint M17,M18 og M19.pdf

Komplette resultatlister for dag 2:

Resultatliste DNB cup 5 Statkraft jr cup 4 i Mo i Rana. Fellesstart M 17,18,19. Dato 6.2.2016.pdf

Resultatliste DNB cup 5 Statkraft jr cup 4 i Mo i Rana. Sprint M 20-21, senior. K17,18,19. Dato 6.2.2016.pdf



Løypeskildring Tverrfjelldilten 2016

Postet av Markane IL den 5. Feb 2016

Litt om løypa til Tverrfjelldilten 2016:

Det blir 2 like rundar kvar på 20,1 km. Start og innkomst på Ullsheim 350 moh.

Etter start går løypa i lett terreng første 2,5 km. Så blir det stigning mot Tverrfjellet og terrenget flatar ut, og ein kjem til Spjelkebu etter 4,2 km. Der er første drikkestasjon. Ei lett stigning før ein renner ned mot Tonningsetra. Løypa går så med jamn stigning opp Vikadalen før den tar inn på Bjønnaløypa og renner ned mot Spjelkebu. Høve til meir påfyll av drikke her etter 9,2 km.

Stigninga mot Holesetra er i år lagt om slik at den er meir kupert og får eit avbrekk med litt unnakøyring midtveis. Etter 13,7 km passerer ein høgaste punket ved Holesetra ca 520 moh.

Unnakøyring mot Ullsheim med nokre avbrekk med småbakkar og flater. Etter 17 km går løypa i lett kupert terreng til Ullsheim. Ny runde og høve til påfyll av drikke.

Årets utgåve av Tverrfjelldilten er ei kupert og fin løype. Stigning pr. km er 23 m same som Birken har. Alle unnakøyringane er bra utan store utfordringar.

Nokre turløyper går i same området, men løypa er godt merka med grøne piler og skilting.

Med dei flotte snøforholda vi no har fått skulle det ligge godt til rette for eit fint renn.

Vel møtt

Per Hatledal ( løypesjef mobil 950 59 000 )



Eskil Kveen klar for Youth Cup

Postet av Markane IL den 5. Feb 2016

Eskil Kveen er klar for Youth Cup i kombinert i Trondheim 08.-10. februar 2016.

16-åringen er teken ut på bakgrunn av fleire sterke prestasjonar den seinare tida.

I samband med Kombileikane på Tolga førre helg viste Eskil svært stabil og god hopping, og etter ein tøff langrennsdel enda han til slutt på ein sterk 8. plass.

Han gjorde det også svært godt under NC Konica Minolta i Midtstubakkane tidlegare i januar. Der han gjekk seg inn til ein flott 9. plass i klasse B.





Løypekart for Tverrfjelldilten 2016

Postet av Markane IL den 3. Feb 2016

Her er løypekart og løypeprofil for Tverrfjelldilten 2016.

Tverrfjelldilten 2016 løypekart.pdf



Innbyding til Tverrfjelldilten 13.2.2016

Postet av Markane IL den 2. Feb 2016

Innbydinga til Tverrfjelldilten 2016 er no klar og påmeldinga er opna hugs å melde deg på innan onsdag 10.2 kl2359!


Her kan du laste ned innbydinga:

Innbyding til Tverrfjelldilten 2016

Påmeldinga finn du her.

Meir om rennet vert lagt ut her i dagane som kjem.



Simon Hjelmeset Kirkeeide klar for Young Star

Postet av Markane IL den 2. Feb 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide er teken ut til Young Star i Holmenkollen 2.mars.

I tillegg til Simon er også Magnar Lødemel frå Hornindal kvalifisert medan Martin Aaland frå Hardbagg IL er 1.reserve.

På jentesida gjekk plassane dei to plassane i region Vest til Hanna Børve frå Kvam LSK og Ragna Kolve frå Voss SSL medan Katarina Aarseth frå Hålandsdalen er 1.reserve.

Det er dei 30 beste jentene og gutane i 15-16års klassane utifrå viss kvalifiseringsrenn som møtest til dyst i Holmenkollen i mars.

Kvalifiseringsresultata for region Vest ser du her:

Kvalifiseringregionvest2016.xlsx



5.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide på Bendit Kvalfossprinten-normal

Postet av Markane IL den 1. Feb 2016

Maren Hjelmeset Kirkeeide vart beste Markaneløpar også på normaldistansen under Bendit Kvalfossprinten med ein flott femteplass.

Med fullt hus på første skyting og to bom på andre skyting var ho 1 min 1 sek etter klassevinnar Ingvild Lilletveit Kvåle frå Kvam langrenn-og skiskyttarklubb som hadde to fulle hus. I same klasse kom Emilie Flo Stavik på ein 20.plass. Ho var 2 min 34 sek etter med totalt fem bom.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på ein fin 10.plass i G16. Han hadde totalt fem bom, men med klassas beste langrennstid vart det likevel ei god plassering, berre 53 sek etter vinnaren. Klassevinnar vart Christian Bucher-Johannessen frå Fossum IL. Sander Maanum Trulsen kom på andreplass, 21 sek etter vinnaren med to fulle hus. Per Hansen Austjord frå Fyresdal skiskyttarlag vart nummer tre, 27 sek etter vinnaren. Også han hadde to fulle hus.

I klasse J16 vart Kari Alsaker nr 26. Med totalt tre bom var ho 4 min 9 sek etter Åsne Skrede frå Geilo IL som hadde to bom. Andreplassen gjekk til Ingvild Tronstad Andersen frå IL Bevern som var 56 sek etter vinnaren med ein bom. Anne Marie Roset kom på 34.plass. Ho var 4 min 51 sek etter vinnaren med fire bom.

I klasse G15 vart Magnus Midthjell Gjørven nr 69 med ein bom. Han var 5 min 11 etter klassevinnar Eirik Idland frå Figgjo IL. Nikolai Dispen Lødemel vart nummer 85, 6 min 17 etter vinnaren med totalt fem bom.

I klasse G14 kom Oskar Guddal Breivik nr 43. Han hadde totalt seks bom og var 3 min 54 sek etter klassevinnar Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som skaut fullt. Sigurd Fotland Fænn vart nr 58 i same klasse. Han var 4 min 30 sek etter med seks bom.

Elias Dispen Lødemel vart nr 66 i klasse G13. Han hadde fire bom og var 4 min 19 sek etter klassevinnar Erik Sporaland frå Figgjo IL. G13 var også i dag største klassa med 124 påmelde.

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2016 Dato 31.01.2016.pdf




Torje Seljeset klassevinnar i SSF-cup Duathlon

Postet av Markane IL den 1. Feb 2016

Torje Seljeset gjekk heilt til topps i klasse G11 under SSF-cup Duathlon. På grunn av kollisjonen med blant anna Kvalfoss-sprinten i skiskyting var Torje den einaste frå Markane IL som var på startstreken i SSF-cupen denne gongen. Han gjorde det svært så bra og vann klasse G11 med tida 9 min 5 sek. 11 åringane gjekk ein kilometer i klassisk og ein i fri teknikk.


Komplett resultatliste:

SSF Cup Duathlon IL Bjørn 31 01 2016.pdf



Skileik og skitrening tysdag 1.mars

Postet av Markane IL den 31. Jan 2016

logo-markaneil.png

Det vert skileik tysdag 1. mars frå kl. 1800 på Ullsheim.

Skileik er for aldersgruppa 5-9år.

For dei frå 10 år og oppover vert det skitrening.




Kanonetappe av Johannes Th. Bø sikra pallplass

Postet av Markane IL den 31. Jan 2016

Johannes Thingnes Bø gjekk ein perfekt stafettetappe i Anterselva og sikra pallplass til Noreg.

Det norske laget mangla både Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen. Dermed var det opptil Lars Helge Birkeland, Ole Einar Bjørndalen, Johannes Thingnes Bø og Erlend Bjøntegård og sikre eit godt resultat for Norge i dag.

Johannes gjorde sin del av jobben svært så godt og med feilfri skyting og god fart i løypa, gav han Noreg eit føresprang på 30 sek. Erlend Bjøntegård brukte to ekstraskot på den siste skoten og matcha ikkje heilt farten til Tyskland og Russland. Dermed vart det russisk siger. Tyskland kom på andreplass medan Noreg sikra seg bronsen.



Maren Hjelmeset Kirkeeide på 12. plass i Bendit Kvalfossprinten

Postet av Markane IL den 30. Jan 2016

Maren Hjelmeset Kirkeeide var best av våre med ein fin 12.plass på Bendit Kvalfoss-sprinten i dag. Med to bom på første og tre bom på den andre skytinga var ho 1 min 29 sek etter klassevinnaren Gro Torsteinsrud frå Ål skiskyttarlag som også hadde fem bom totalt. I same klassa kom Emilie Flo Stavik på ein 27.plass med totalt seks bom. Ho var 2 min 34 sek etter vinnaren.

Kari Alsaker kom på 24. plass i klasse J16 med ein bom på første skyting og to på den andre. Ho var 3 min 5 sek etter klassevinnaren Åsne Skrede frå Geilo IL som også hadde tre bom. Anne Marie Roset vart nr 39. Ho var 4 min 55 sek etter vinnaren med fem bom totalt.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 32.plass i G16 med tre bom på kvar av skytingane. Han var 2 min 15 sek etter vinnaren Mats Øverby frå Lier som skaut feilfritt.

I klasse G15 vart det 59.plass til Magnus Midthjell Gjørven. Med ein bom på andre skyting var han 3 min 40 sek etter klassevinnaren Eirik Idland frå Figgjo IL: Nikolai Dispen Lødemel følgde på ein 64. plass, 4 min 9 sek etter vinnaren med to bom.

I klasse G14 kom Sigurd Fotland Fænn på 48.plass. Han var 2min 26 sek etter med totalt fire strafferundar. Klassevinnar var Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen med berre ein bom. I same klassa kom Oskar Guddal Breivik på ein 51.plass, 2 min 33 sek etter vinnaren med totalt sju bom.

I klasse G13 vart Elias Dispen Lødemel nr 84. Han fekk fem bom og var 4 min 10 sek etter klassevinnaren Vetle Meli Narjord frå Os IL som hadde ein bom. Dette var den største klassa på sprinten med heile 124 påmelde.

Resultatliste Bendit Kvalfoss sprinten J13,G13,J14,G14 Dato 30.1.2016.pdf

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten J15,G15,J16,G16 Dato 30.1.2016.pdf




Resultat frå cuprenn 2 og lagsrenn friteknikk

Postet av Markane IL den 27. Jan 2016

Her er resultatlista for cuprenn 2 på Ullsheim i fri teknikk og frå lagsrennet i friteknikk for MIL.

I alt 120 deltakarar fleire lag stilte opp i cupen. Som vanleg var det aller størst deltaking i dei yngste klassane.

I yngste konkurranseklasse 11-12år gjekk klassesigerane til Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid og Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL. I klasse 13-14 år vann Oskar Guddal Breivik frå Markane guteklassen medan Oselie Henden frå Eid vann jenteklassa. Anne Marie Roset som går for Veten i langrenn, vann jenter 15-17år. Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL vann klassa for gutar 15-17år. Menn senior vart vunnen av Andreas Rauset frå Fjellhug Vereide medan UH menn senior vart vunnen av Ivar Ulvedal frå Veten.

Rennet var også lagsrenn i friteknikk for Markane. Resultatlista finn du nedanfor.

Resultatliste cuprenn 2 i fri teknikk Dato 26.1.2016 oppdatert.pdf

Resultatliste for lagsmeisterskap i friteknikk for Markane IL 26.01.2016.pdf



Cuprenn nr 2 i friteknikk

Postet av Markane IL den 25. Jan 2016

logo-markaneil.png

Tysdag 26.januar er det klart for cuprenn nr 2 på Ullsheim.

Rennet går i friteknikk enkeltstart og er også lagsrenn for Markane IL.

Påmelding frå kl. 1800. Første start kl. 1845.

Påmelding i kafeen på Ullsheim.

Startkontingent kr 50

Alle velkomen!



Møt dei frivillege på Norgescupen

Postet av Markane IL den 24. Jan 2016

Omlag 200 frivillege er i sving under Norgescupen på Ullsheim. Her kan du møte nokre av dei.

Filmen er laga av: Høgskulen i Volda.



Sølv til Aksel Meland på heimebane

Postet av Markane IL den 24. Jan 2016

Aksel Meland (Foto Nordfjord Team) kom på andreplass på sprinten i DNB cup 4 /Statkraft jr. cup 3 på heimebane på Ullsheim.

Aksel var 29,7 sek etter Filip Fjeld Andersen frå Geilo som tok klassesigeren . Dei hadde begge to strafferundar på ståande skyting etter å ha skote fullt på liggjande. Odin Garli frå Sokna IL tok bronseplassen, 33.4 sek etter vinnaren. Også han med to rundar.

I klasse M18 vart Erlend Bakken best av våre med ein 34. plass. Han hadde tre bom og var 2 min 43 sek etter klassevinnaren Vebjørn Sørum frå Søndre Ål sportsklubb. Fredrik Bucher-Johannessen frå Try IL kom på andreplass, 21 sek etter vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Mathias Skrede frå Geilo IL. Alle på pallen hadde to bom.

Dei øvrige deltakarane frå MIL i M18 plasserte seg slik: 49. plass Håkon Midthjell Gjørven som var 3min 48sek etter vinnaren med fire bom, 54. plass Grim Nygård som var 4 min 29 sek etter vinnaren med fire bom, 57. plass til Odd Sindre Tonning som var 5 min 41 sek etter med åtte bom og 59. plass til Andreas Halsteinslid som var 6 min sek etter med seks bom.

Ingen deltakarar frå MIL i kvinneklassane, men Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL gjorde det svært så bra til klasse K17 med tredjeplass.

Alle offisielle resultatlister ligg under menyen Norgescup.





Johannes Thingnes Bø opp på pallen i jaktstarten

Postet av Markane IL den 24. Jan 2016

Johannes Thingnes Bø gjekk seg fram til tredjeplass under jaktstarten i Anterselva i dag.

Johannes starta på ein åttandeplass med 21 sekund opp til Simon Schempp. Suveren fart i løypa gjorde at han avanserte raskt oppover lista. Sjølv om det vart tre bom på standplass, held det likevel til ein pallplass etter å ha gått frå Martin Fourcade på sisterunden.

Sigeren gjekk også i dag til Simon Schempp frå Tyskland. Tarei Bø fekk to bom totalt, men hadde ein litt tyngre dag i løypa og vart tilslutt nummer åtte.



Fem pallplassar på Seimsåsen

Postet av Markane IL den 24. Jan 2016

Alle dei fem deltakarane frå Markane i SSF-cupen på Seimsåsen gjekk inn til pallplass i sine klasser.

Emilie Flo Stavik (Foto: Markane IL) gjekk inn til siger i klasse J13. Ho var 13 sek føre lagvenninna Maren Hjelmeset Kirkeeide som kom på andre plass.

Siger vart det også i klasse J 11 der Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vann klassa 21 sek føre Johanne Støffring frå Førde IL.

Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i klasse G14, berre 14 sekund etter klassevinnar Thristan Engebø Ullebø.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G16 klart med 1 min 9 sek margin ned til andremann, Kent Ove Sæten frå Hyen.

SSF Cup Seimsåsen 23 01 2016.pdf



Offisielle resultatlister normaldistanse

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

logo-markaneil.png


Her er alle dei offisielle resultatlistene på normaldistansen 23.1.2016


Offliste Normal K20-21.pdf

Offliste Normal KSenior.pdf

Offliste Normal M19.pdf

Offisiell resultat normaldistanse 23.1.2016 Klasse K17.pdf

Offisiell resultat normaldistanse 23.1.2016 Klasse M17.pdf

Offisiell resultat normaldistanse 23.1.2016 Klasse M18.pdf

Offisielle resultat normaldistanse 23.1.2016 Klasse K18.pdf

Offisielle resultat normaldistanse 23.1.2016 Klasse K19.pdf

Offisiell resultat normaldistanse 23.1.2016 M20-21.pdf

Offisiell resultat normaldistanse 23.1.2016 Klasse M senior.pdf

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft jr cup 3 normaldistanse 23.1.2016.pdf


Vi i arrangør-staben beklager rotet som vart med skyteresultat på dagens normaldistanse. Det ser ut som det har vore feil på ein kabel frå standplass til tidtaking. Dette medførte at skyteresultat måtte leggast inn manuelt utifrå kontroll-listene, og dette tek dessverre litt tid. Vi har no skifta ut kabelen og håpar at dette kan bidra til litt raskare resultat på morgondagens sprint.



Stemningsrapport frå Ullsheim

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

Her er ein stemningsrapport frå laurdagen på Ullsheim. Laga av Høgskulen i Volda.



Uoffisielle resultatlister

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

Her er uoffisielle lister i klassene K17, K18, K19, M17, M18, M20-21 og M senior. Merk protestfristane!


Uoffisielle lister pulje 1. Protestfrist søndag 24.1 kl. 8.45.

Uoffliste Normal K17.pdf

Uoffliste Normal K18.pdf

Uoffliste Normal K19.pdf

Uoffliste Normal M17.pdf

Uoffliste Normal M18.pdf


Uoffisielle lister pulje 2. Protestfrist søndag 24.1 kl. 12.45.

Uoffliste Normal M20-21.pdf

Uoffliste Normal MSenior.pdf


Vi i arrangør-staben beklager rotet som vart med skyteresultat på dagens normaldistanse. Det ser ut som det har vore feil på ein kabel frå standplass til tidtaking. Dette medførte at skyteresultat måtte leggast inn manuelt utifrå kontroll-listene, og dette tek dessverre litt tid. Vi har no skifta ut kabelen og håpar at dette kan bidra til litt raskare resultat på morgondagens sprint.





Endra premieutdeling/protestfrist menn senior og M20/21

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

logo-markaneil.png

For klassane M20/21 og menn senior vert protestfristen endra til søndag 24.1 kl. 1230. Premieutdeling vert rett etter. Dette vert nærare annonsert.



Ny pallplass til Tarjei Bø

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

Tarjei Bø.png

Tarjei Bø sikra seg ein ny pallplass under sprinten i Anterselva fredag. Med to fulle hus og eit bra langrenn heldt det til ein tredjeplass. Han var 10,8 sek etter vinnaren vart Simon Schempp frå Tyskland.

Johannes Thingnes Bø gjekk svært raskt i løypa og var berre 21 sek etter vinnaren sjølv om det vert to bom. I mål heldt det til ein åttandeplass.





Sjå klipp frå "OL-elden i Stryn"

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016


Fredag 23.januar var OL-elden for Ungdoms-OL 2016 i Stryn. Dette vart markert med fakkeltog, flaggborg med 49 nasjonar og Norgescuparrangementet vart også offisielt opna.

Videoklipp frå arrangementet er filma og redigert av studentar på Høgskulen i Volda.

Fleire videoklipp frå Norgescupen vert lagt ut etterkvart.




Utsett premieutdeling for pulje 1

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

Premieutdeling for 1. pulje er utsett til i morgon søndag 24.januar og vert då samstundes med premieutdelinga for 1. pulje på sprinten.

NB! Protestfrist innan kl. 0845 søndag morgon. Listene kjem på nett seinare.



Skiposten

Postet av Markane IL den 23. Jan 2016

Skiposten 2018 er i gong.

Skiposten er turmål for barn i alle aldrar, og postane ligg i løypenettet til Turløyper Stryn.

Det er gratis å delta i skiposten, (men vi oppmodar likevel alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Turløypene.)

Det heng ute 4 postar i slengen – og desse heng i ca. 3 veker før dei blir bytta ut. På postane skal det henge ei klippetang, som borna nyttar til å klippe i kortet sitt. Postane prøvar vi å få byte måndagen i den «nye» perioden.

Klippekort:

Dette ligg her på heimesida til Markane IL så då kan du skrive det ut sjølv. På klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei ulike postane heng ute. Alle postane heng i turløypene, i nærleiken av skilta på dei ulike plassane. Er de i tvil om kvar dei ulike plassane er, anbefaler vi å studere karta som er sett opp rundt om i turløypene.


Premiering:

Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og dei som besøkjer alle postane i løpet av vinteren – er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar


Arrangør:

Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Arvid Hatledal AS og Sport1 Ytre Eide sport AS.


Klippekort kan du laste ned her:

Klippekort skiposten 2018.pdf





Presentasjon frå lagleiarmøtet

Postet av Markane IL den 22. Jan 2016

Ullsheim 2008.jpg


Her kan du laste ned presentasjonen frå lagleiarmøtet på Ullsheim 22.1.2016


Presentasjon frå lagleiarmøte 22.1.2016



Sekunderingsfiler

Postet av Markane IL den 22. Jan 2016

logo-markaneil.png



Her kan de laste ned sekunderingsfiler til løpa laurdag og søndag:

Sekunderingsfil normaldistanse laurdag 23.1.2016

Sekunderingsfil sprint søndag 24.1.2016






Endring av program

Postet av Markane IL den 21. Jan 2016

Løpsprogrammet på laurdag vert framskunda med 15 min i tillegg vert K19 flytta til første pulje. Dette betyr at det blir innskyting for første pulje frå kl. 08.00-kl.09.00 medan første start vert kl. 0915.

Fullstendig program finn du her



Innskytinglister

Postet av Markane IL den 21. Jan 2016

logo-markaneil.png

Her er innskytingslistene for treningsdagen og laurdag. Lister for søndagen kjem torsdag.


Innskytingsskiver Treningsdag_220116.pdf

Innskytingsskiver Laurdag_Pulje 1_230116.pdf

Innskytingsskiver Laurdag_Pulje 2_230116.pdf



Oppdaterte og krinsvise startlister pr. 23.1.2016

Postet av Markane IL den 20. Jan 2016

3logo-markaneil.png

Her er oppdaterte startlister til DNB-cup 4/Statkraft jr cup 3 pr. 23.1.2016. Her er også krinsvis startliste for normaldistanse laurdag. Krinsvis startliste for søndagen kjem snart.

K19 er som tidlegare nemnd, flytta fram til 1.pulje begge dagar og løpet laurdag er framskunda med 15 min i høve til utsendt innbyding.

Du kan laste ned oppdaterte lister her:

Startliste Normal_230116 oppdatert.PDF

Startliste Sprint 240116 oppdatert.PDF

Krinsvis startliste laurdag_230116.PDF






NC-opning under fakkelmarkeringa i Stryn

Postet av Markane IL den 20. Jan 2016

Fredag 22.januar kjem OL-elden til Stryn i høve den olympiske fakkelturneen til Ungdoms-OL på Lillehammer 2016. I samband med arrangement vil også ordførar Sven Flo stå for opninga av Norgescuphelga.

Arrangementet startar med fakkeltog gjennom sentrum kl. 1800. Møt opp ved Strynehallen. Her vert flaggborg med alle nasjonar som er representert i Stryn kommune fremst.

Kl. 1900 vert det fakkelmarkering ved Stryn vgs.

Her vert det fakkelstafett og tenning av OL-elden. Det vert også feiring av fylket si unge eldsjel Lorentz Fannemel (som skal vere fakkelberar under opningsseremonien til Ungdoms-OL) , UKM med kulturelle innslag m.m.

Arrangementet skal løfte fram og feire det unge idrettsengasjementet som finst i Sogn og Fjordane!

Vi oppmodar tilreisande til Norgescup om å bli med på markeringa!


Innbyding til OL-fakkelmarkering i Stryn.pdf



Fire frå MIL vart vestlandsmeistrar i skiskyting

Postet av Markane IL den 19. Jan 2016

Pallen i G14. Frå venstre: Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen IL, Oskar Guddal Breivik frå Markane IL og Bendik Vereide frå Stårheim IL. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik (normal), Kari Alsaker (sprint), Emilie Flo Stavik (sprint) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (sprint) vart alle vestlandsmeistrar for Markane IL i skiskyting på Voss i helga. I tillegg vart det mange pallplassar og gode plasseringar på begge distansar.

På første konkurransedag var det normaldistanse på programmet. Oskar Guddal Breivik gjekk her heilt til topps i klasse G14. Han fekk totalt fire bom på standplass, men høg fart i løypa sikra likevel sigeren 3 sek føre Bendik Vereide frå Stårheim som hadde ein bom mindre. I same klasse vart det 9. plass til Sigurd Fotland Fænn.

I klasse J13 vart det bronse til Emilie Flo Stavik medan Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nummer fire. Dei var høvesvis 49 sek og 1 min 24 sek etter klassevinnar Ingvild Kvåle frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb.

I klasse G16 heldt Simon Hjelmeset Kirkeeide høg fart i sporet og sikra seg bronse sjølv om det vart sju bom på standplass. Klassevinnar vart Magnar Lødemel frå Hornindal som skaut feilfritt og tok ein klar siger.

I klasse G15 vart det bronse til Magnus Midthjell Gjørven. Med to bom var han 1 min 53 sek etter klassevinnar Magnus Seljeset frå Hornindal. Andreplassen gjekk til Martin Aaland frå Hardbagg IL, 1 min 2 sek etter vinnaren.

I klasse J16 vart det sølv til Kari Alsaker som skaut fullt hus og berre var 37 sek etter vinnaren Katarina Aarseth frå Hålandsdalen. I same klasse vart det bronse til Anne Marie Roset, 2 min 14 sek etter med seks bom.

På søndagen var det klart for sprint. Denne dagen fekk Markane tre vestlandsmeistrar. Emilie Flo Stavik gjekk til topps i klasse J14. Sjølv om det vart sju rundar, var ho 51 sek føre Ingvill Lilletveit Kvåle frå Kvam L&SK. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på fjerdeplass, 1 min 8 sek etter vinnaren med seks rundar.

Kari Alsaker vart vestlandsmeister i J16. Ho hadde ein bom på kvar av skytingane og var med det 13 sekund føre Lisa Barmen Stein frå Fana IL som hadde tre bom. I same klassa vart Anne Marie Roset nummer fem. Ho var 1 min 7 sek etter vinnaren med seks rundar.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann vestlandsmeisterskapen i klasse G16. Han skaut to fulle hus og var med det 1 min 1 sek føre Magnar Lødemel frå Hornindal som hadde ein strafferunde.

I klasse G14 kom Oskar Guddal Breivik på ein sjetteplass med seks rundar og Sigurd Fotland Fænn på ein niandeplass med fem rundar. Dei var høvesvis 1 min 25 sek og 1 min 59 sek bak klassevinnaren Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL som hadde tre bom.

I klasse G15 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein sjetteplass med tre bom totalt. Han var 2 min 51 sek etter vinnaren Magnus Seljeset frå Hornindal som berre hadde ein bom.


Resultat Vestlandsmeisterskapen på Voss normaldistanse 16.1.2016

Resultat Vestlandsmeisterskapen på Voss sprint 17.01.2016



Endring av løype for menn senior

Postet av Markane IL den 19. Jan 2016

På grunn av snøforholda vert det ikkje 4-km-løype.

Klasse menn senior går istaden 6 x 3,3 km.

Løparane går då ein ekstra runde etter siste skyting.

Ein går IKKJE over standplass, men går over brua imot mål på begge desse rundane etter siste skyting.

Meir info på lagleiarmøtet fredag.

Meir informasjon om løyper og distansar her.



Einvegskøyring

Postet av Markane IL den 19. Jan 2016

logo-markaneil.png

Det vert einvegskøyring i Nord Markane under Norgescuphelga.

Trafikken vert regulert til retninga Isbakken-Maurset/Ullsheim-Sindre.

Avkøyringa på Isbakken til Ullsheim ligg ca 10 km vest for Stryn. Følg den oppsette skiltinga!

Einvegskøyringa gjeld i tidsrommet kl. 07.00-kl. 18.00 frå og med fredag 22. januar til og med søndag 24. januar.



Parkering

Postet av Markane IL den 19. Jan 2016

Parkering Ullsheim

Vi har betalingsterminal så betal gjerne for parkeringa med kort. Det er gratis parkering på treningsdagen fredag, men kjøp gjerne parkeringsbillettar til laurdag og søndag allereie på fredag så går trafikkavviklinga raskare på konkurransedagane.

Parkeringsavgift laurdag: 50kr

Parkeringsavgift søndag 50kr


Foto: Turløyper Stryn




Skileik og skitrening tysdag 19.januar

Postet av Markane IL den 18. Jan 2016

Tysdag 19.januar blir det skileiketrening for born i alderen 5 – 9 år på Ullsheim kl 18.00. Ansvarleg denne tysdagen blir Einar Brath. Det er ikkje krav til smurde ski for denne gruppa. Her skal det leikast på flat mark og i bakken.

Tysdag 19.januar blir det også langrennstrening klassisk for 10 år og eldre på Ullsheim frå klokka 18.00. Fint om skia er smurde på førehand! Tips: blå ekstra, litt multigrade oppå. Ansvarleg for denne gruppa er Nils Heggdal

(Grunna Norgescup skiskyting komande helg blir det ikkje langrennstrening torsdag denne veka)



11. og 12. plass på fellesstarten

Postet av Markane IL den 17. Jan 2016

Tarjei Bø kom på 11. plass og Johannes Thingnes Bø på 12. plass under fellesstarten i Ruhpolding etter god fart i løypa, men for mange bom.

Tarjei var med i teten fram til andre skyting, men med to strafferundar her og endå ein runde på tredje skyting vart det for langt fram til teten. Johannes skaut feilfritt på begge dei liggande skytingane, men med to rundar og ladetrøbbel på første ståande hamna han også bak i feltet. Endå ein bom på siste skyting gav ein 12.plass til slutt.

Løpet vart vunne av Eric Lesser frå Tyskland som skaut fire fulle hus. Martin Fourcade tok andreplassen og Anthon Shipulin tredjeplassen.



Emilie Flo Stavik og Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM fri

Postet av Markane IL den 17. Jan 2016

Emilie Flo Stavik (Foto: Nordfjord Team) og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i sine klassar under KM friteknikk på Langeland.


----------------------------------------------------------------------------------------------

Det var svært god innsats av alle deltakarane frå MIL. I klasse J13 vart det til og med dobbeltsiger med KM-gull til Emilie Flo Stavik og sølv til Maren Hjelmeset Kirkeeide, berre sju sekund bak. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart suveren KM-vinnar i G16 medan Aksel Mathias Meland sikra KM-sølv i klasse G17.

I dei yngste klassane vart det også siger til Torje Seljeset i G11 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i J11.

På den andre KM-dagen var det sprint på programmet. På grunn av kollisjon med LM skiskyting var det berre ein deltakarar frå Markane, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide som vann J11. Ho hadde beste tid både i prologen og finalen.

På søndagen var det klart for KM klassisk. Heller ikkje denne dagen var der deltakarar frå Markane i KM-klassane, men i 11-årsklassane vart det siger til Torje Seljeset i G11 og andreplass til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i J11.

KM Friteknikk Førde IL 15 01 2016.pdf

KM Sprint Klassisk Prolog.pdf

KM Sprint Klassisk Finalar.pdf

SSF KM Klassisk 17 01 2016.pdf



Stafettsiger i Ruhpolding

Postet av Markane IL den 16. Jan 2016

Johannes Th. Bø gjekk andreetappe og Tarjei Bø tredjeetappe då Noreg tok sigeren i verdscupstafetten i Ruhpolding.

Ole Einar Bjørndalen som gjekk første etappe måtte bruke fem ekstraskot for å få ned dei ti blinkane. Dermed veksla Noreg omlag halvminuttet bak leiande Tyskland.

Johannes T. Bø heldt imponerande høg fart i sporet, og ved første skyting hadde Norge kontakt med dei leiande laga. Med to fulle hus var plutseleg Norge med i teten rett bak franske Martin Fourcade.

Også Tarjei gjekk godt, og sjølv om han måtte nytte tre ekstraskot var det andre løparar som fekk det endå tøffare på standplass. Ved veksling hadde Tarjei sytt for heile 1 min 10 sek leiing føre Frankrike og Austerrike.

Emil Hegle Svendsen heldt unna sjølv om ekstraskot og litt lågare fart i sporet enn dei andre pallkandidatane, førte til at sigersmarginen til Russland vart berre på 15 sek.





Skaut vekk sigeren på siste skyting

Postet av Markane IL den 16. Jan 2016

Johannes Th. Bø kjempa om sigeren på normaldistansen heilt til det kom tre bom på siste skyting.

Johannes skaut godt på dei tre første skytingane på normaldistansen og hadde berre eitt tilleggsminutt totalt. Med det leia han ut frå tredje skyting med nokre sekunds margin til franske Martin Fourcade. Men på den siste og avgjerande skytinga kom heile tre tilleggsminutt. Dermed enda det med ein 16.plass, 2 min 56 sek etter Fourcade som vann. Simon Eder frå Austerrike kom på andreplass medan russiske Anthon Shipulin vart nummer tre.

Tarjei Bø fekk eit tilleggsminutt på andre og eit på fjerde skyting. Det heldt til ein 11.plass, 2 min 20 sek etter vinnaren.



Hugs påmeldingsfristen 18.januar!

Postet av Markane IL den 14. Jan 2016

Vi minner om at absolutt siste frist for påmelding til DNB cup 4 /Statkraft jr. cup 3 er måndag 18.01.2016 kl.2359! Det er ikkje mogleg med etterpåmelding så meld deg på først som sist!

Ved spørsmål om påmelding, ta kontakt med tidtakarsjef Odd Rune Halsteinslid på e-post: orh@norlid.no eller tlf: 959 24 680.

Påmeldinga finn du her:

Påmelding normaldistanse 23.1.2016

Påmelding sprint 24.1.2016


Foto: Nordfjord Team



Snart klart for Norgescup på Ullsheim

Postet av Markane IL den 13. Jan 2016

Ullsheim 2008.!

Iherdig innsats med snøproduksjon har sikra snøtilhøva på Ullsheim. Om vel ei veke er vi dermed klare til storinnrykk. Meir informasjon om DNB cup 4/Statkraft jr cup 3 kjem til å bli lagt ut på heimesidene våre i dagane som kjem, så følg med!

Vi håper du tek turen til Markane 22.-24. januar





2.plass til Aksel Meland i Norgescupsprint

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

2016-01-09 16.45.05.jpg

Aksel Mathias Meland (Foto: Nordfjord Team) gjekk inn til ein flott andreplass på Norgescupsprinten i dag. Med to feilfri skytingar var han 49.7 sek etter klassevinnar Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL. Bronseplassen gjekk til Eirik Tjøl Thornes frå Molde og Omegn, 1 min 42 sek bak vinnaren med tre rundar.

Klassane M17, 18 og 19 gjekk i dag sprint medan M20-21 og M senior gjekk fellesstart.

Jarle Midthjell Gjørven leverte perfekt skyting på sin fellesstart med fire fulle hus. Han var den einaste i seniorklassa som hadde 20 treff i dag. I mål var han 2 min 40 sek etter klassevinnar Andreas Dahlø Wærnes frå Trondhjems skiskyttere.

I klasse M20/21 kom Georg Kristian Halsteinslid på ein 46. plass i NM fellesstart. Med fire bom var han 5 min 39 sek etter klassevinnaren Ole Andreas Flotten frå Oppdal som hadde tre rundar. Sindre Pettersen frå Nittedal Skiskytterlag kom på andreplass, 5 sek etter med fire bom. Bronsemedaljen gjekk til Isak Flo Bødal frå Stårheim IL, 12 sek bak med tre strafferundar.

I klasse M 18 som gjekk sprint vart Erlend Bakken best av deltakarane frå Markane IL med ein 46.plass. Han hadde tre bom og var med 4min 31 sek etter vinnaren Vebjørn Sørum frå Søndre Ål SK som hadde ein runde. I same klasse vart Odd Sindre Tonning nr 57, også han med fire bom. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 64 med fem bom, Andreas Halsteinslid nr 69 med fire bom og Grim Nygård nummer 76 med sju rundar.





Saknar du skia dine etter Ullsrennet?

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016


Desse skøyteskia stod igjen frå Ullsrennet i friteknikk laurdag. Det står ikkje namn på dei, men står "Skispesialisten Skaug" på eit gult klebemerke.



Resultat frå Ullsrennet klassisk 10.1.2016

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

Resultatliste frå Ullsrennet klassisk 10.1.2016:

Resultatliste frå Ullsrennet klassisk 10.1.2016



God fart i sporet sikra tredjeplass til Tarjei Bø på fellesstarten

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

Tarjei Bø.png

Tarjei Bø sikra nok ein pallplass med suveren fart i sporet. Fellesstarten byrja ikkje spesielt bra for Tarjei med to bom på den første skytinga. I tillegg kom det nok ein bom på den tredje skytinga. Utfrå siste skyting låg Tarjei på ein sjuandeplass, men farten på sisterunden vart suveren. Dermed held det til ein fin tredjeplass.

Martin Fourcade tok sigeren medan Moravec vart nummer to. Johannes Thingnes Bø kom på ein 10.plass med totalt to bom.



Berre nesten på jaktstarten

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

Johannes og Tarjei Bø.jpg

Det vart berre nesten på jaktstart då Tarjei Bø måtte ut på ein runde og Johannes Th. Bø på to rundar etter siste skyting.

Både Johannes og Tarjei hadde eit fantastisk utgongspunkt før jaktstarten etter gårsdagens dobbeltsiger. Begge var også med tetgruppa inn til siste skyting, men medan dei måtte ta turen i strafferunden skaut austerrikske Simon Eder fullt og tok sigeren. Martin Fourcade vart nummer to og Michael Slesingr kom på tredjeplass. Tarjei vart best av dei norske med ein fjerdeplass. Johannes kom ein sjuandeplass.



13.plass til Aksel Meland på NM fellesstart

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

Aksel Mathias Meland (Foto: Nordfjord Team) gjekk inn til ein 13.plass under NM fellesstart i klasse M17. Det er Vingrom IL som var arrangør. God fart i løypa sikra Aksel ei fin plassering til trass for seks bom. Aksel var 3 min 10 sek etter klassevinnar Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som hadde fire bom. Andreplassen gjekk til Eirik Kjøl Thornes frå Molde og Omegn IF som var 33 sek etter vinnaren med fire rundar. Tredjeplassen gjekk til Lars Hammernes Leopold frå Asker IL som var 1min 35sek etter med tre bom.

For dei andre deltakarane frå Markane vart det enten litt for mange bom eller litt for dårleg fart i løypa til å nå opp til premieplass. I klasse M18 vart Håkon Midthjell Gjørven nr 40, Erlend Bakken nr 49, Odd Sindre Tonning nr 64, Grim Nygård nr 66 og Andreas Halsteinslid nr 72.

Klassane M20/21 og M senior gjekk sprint. Her vart Georg Kristian Halsteinslid nr 48 i M20/21. Johan Eirik Meland kom på 47.plass i M senior medan Jarle Midthjell Gjørven vart nr 49 i same klassen.

Offisielle lister for alle klasser vert lagt ut når desse vert lagt ut av arrangør.




Startliste Ullsrennet klassisk 10.1.2016

Postet av Markane IL den 9. Jan 2016

OBS! Første start er klokka 12.00. (Ikkje kl.13 som står på krinsen si side)

Startliste Ullsrennet 10.1.16.PDF



Resultat frå Ullsrennet

Postet av Markane IL den 9. Jan 2016

Resultat frå Ullsrennet i friteknikk:

Resultatliste Ullsheim 9.1.16.pdf



Dobbeltsiger til Johannes og Tarjei på sprinten!

Postet av Markane IL den 9. Jan 2016

Det vart dobbeltsiger til Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø på sprinten i Ropholding i dag. Emil Hegle Svendsen følgde på tredjeplass og sikra dermed ein heilnorsk dag.

Både Johannes og Tarjei gjorde det perfekt på standplass med ti treff. I løypa var Johannes litt raskare og slo Tarjei med tre sekund i mål. Johannes tok dermed sin niande verdscupsiger.

Laurdag er det klart for jaktstart med dette resultatet som utgongspunkt.

Vi gratulerer med dobbeltsiger!



Startliste Ullsrenn friteknikk 9.1.2016

Postet av Markane IL den 9. Jan 2016

Her er startlista til Ullsrennet friteknikk 9.1.2016:


Startliste Ullsrennet laurdag 9.1.16.PDF



Bestilling av smørebu og oppstillingsplass

Postet av Markane IL den 7. Jan 2016


Vi minner om at fristen for å bestille smørebu eller oppstillingsplass var ute 22.desember. Dei som ikkje har bestilt, må få gjort dette snarast!!


Prisar:

Smørbu: kr 2500

Oppstillingsplass: kr 1500

Bubil som skal stå ved arena heile arrangementet og nytte straum: kr 750

(Vanleg parkering av bubil: kr 50 pr. dag)


Bestillingar sendast til John Roger Meland på e-post john.roger@meland.info eller tlf: 90937121



Stor deltaking på første renn i cupen

Postet av Markane IL den 6. Jan 2016

Heile 142 løparar stilte opp då cupen starta opp med renn i fri teknikk, enkeltstart.

På start var løparar frå laga både i Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen og Hellesylt. I den yngste klassa opp til og med 8 år deltok det heile 42 born. Ein god del var med på sitt første renn og vi håper sjølvsagt at dei kjem igjen på fleire. Også i 9-10 år klassa var det godt oppmøte med 26 startande.

I dei yngste konkurranseklassane for 11 og 12 åringar var Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL raskast i jenteklassa medan Trygve Myrold frå Stårheim var raskast i gutteklassa. Totalt var der 18 deltakarar i 11-12årsklassane

I klasse for gutar 13-14 år vann Lasse Flo Bødal frå Stårheim medan Oskar Guddal Breivik frå Markane IL vart nummer 2. I klassa for jenter 13-14 år vann Oselie Henden med seks sekunds margin til Ingrid Heggen. Emilie Flo Stavik var best av deltakarane frå Markane med ein tredjeplass. I alt 26 løparar stilte opp i 13-14årsklassene.

I klasse 15-17 år gjekk Aksel Mathias Meland frå Markane IL til topps. Han var fem sekund føre lagkamerat Simon Hjelmeset Kirkeeide. I jenteklassa vart det siger til Inger Ringdal Sæter. Ho var ni sekund føre Anne-Marie Roset. I alt 18 stilte opp i 15-17årsklassane.

I seniorklassane vann Håkon Midthjell Gjørven (Foto: Nordfjord Team). Han var ni sekund føre Gaute Bø. Ann Kristin Grodås vann dameklassa føre Ingunn Vanberg Bøe. Denne gongen var det også bra deltaking i seniorklassane med totalt 10 deltakarar.

Ivar Ulvedal vann klassa for FH menn senior.

Neste renn i cupen er tysdag 26. januar.

Komplett resultatliste er utlagt nedanfor:

Resultatliste cuprenn 1 i fri teknikk sesongen 2016 -Oppdatert-Dato 5.1.2016.pdf



Arenakart Ullsheim

Postet av Markane IL den 5. Jan 2016


Her er kartet over Ullsheim skiarena.

Kartet kan også lastast ned her



God innsats på SSF-cup i Hodlekve

Postet av Markane IL den 4. Jan 2016

Alle deltakarane frå Markane kom på pallen i sine kĺassar under SSF-cuprennet i Hodlekve.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse J11 medan Torje Seljeset (Foto: MIL) vann G11. I klasse J13 vart det klassesiger til Maren Hjelmeset Kirkeeide medan Emilie Flo Stavik kom på ein tredjeplass. Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i G14 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G16.

Katrine Svarstad Heggdal deltok i den urangerte klassa J10.

Resultatliste frå SSF-cup Hodlekve 3.1.2016



Sesongens første cuprenn tysdag 5. januar

Postet av Markane IL den 2. Jan 2016

logo-markaneil.pngCuprenna startar opp for sesongen.

Det første rennet er tysdag 5. januar.

OBS! ENDRA! Rennet går i fri teknikk med enkeltstart.

Påmelding frå kl. 1750. Første start kl. 1830.

Alle velkomen!


Terminliste for cupen:

Tysdag 26.januar: Friteknikk. Gjeld også som LM i fri.

Tysdag 9.februar: Skicross.

Tysdag 23.februar: Klassisk enkelt start.

Tysdag 8.mars: Friteknikk enkelt start.


Måndag 28.mars: Lagsmeisterskap klassisk, hopp og slalåm.



Powered by: Bloc