Resultatliste frå cuprenn 1 i skicross

Postet av Markane IL den 18. Des 2017

Her er resultata frå sesongens første cuprenn i skicross:

Resultatliste cuprenn 1 Dato: 14.12.2017



Cuprenn i skicross 14.desember.

Postet av Markane IL den 10. Des 2017


Det vert cuprenn i skicross i den nye skicrossløypa på Ullsheim torsdag 14.desember. Påmelding frå kl 1730. Første start ca. 1815. Startkontingenten kr 50.


Vel møtt 



Sakliste til årsmøtet 6.desember kl.1900

Postet av Markane IL den 29. Nov 2017

Her er saklista til årsmøtet i Markane IL onsdag 6.12.2017:


Sakliste til årsmøtet 06.12.2017


Årsmeldingar og andre sakspapir ligg i mappa Årsmøte 2017 under Filarkiv.

Årsmelding for styret vert lagt ut snart.



Oskar Guddal Breivik fekk DNB-stipend

Postet av Markane IL den 24. Nov 2017


Oskar Guddal Breivik frå Markane IL fekk overrekt DNB-stipendet for 2017 då skiskyttarane hadde sesongopning på Sjusjøen i helga.


Stipendet vart overrekt av landslagsløparane Hilde Fenne og Erlend Øvereng Bjøntegaard. Det er 13. gang DNB gjev ut dette stipendet til unge skiskyttarar.

- Føremålet med DNB-stipendet er å hjelpe  utøvarane på vegen mot ein internasjonal karrière.

I alt 23 løparar fekk tildelt stipendet som er på 7.500 kroner.





Stem fram Markane IL på Klubben i mitt hjerte

Postet av Markane IL den 10. Nov 2017

500 000 kr skal deles ut: Stem på klubben i mitt hjerte 11.-24.november 

 Norges idrettsforbund, i samarbeid med Sparebank 1, Dagbladet og P4, er stolte av å starte årets Klubben i mitt hjerte-kampanje.  Idrettslaget er grunnsteinen i arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøa. Under kampanjeperioden for Klubben i mitt hjerte kan alle som ønsker å takke sitt idrettslag, stemme på - og jobbe for - at klubben vinn fleire hjerter og kanskje også ein pengepremie som kjem godt med. Alle idrettslag i Norge kan stemme på sin favorittklubb og vinne flotte pengepremier.  

  Totalt skal 500.000 kroner delast ut!   

 Kampanjen startar laurdag 11. november og varer fram til fredag 24. november kl 12.00. Marit Bjørgen og Henrik Christiansen er ambassadørar for årets kampanje. 

Om klubben i mitt hjerte  

 Dersom din klubb klarer å få 50 stemmer i løpet av éin dag, er klubben med i trekninga av dagspremien på 10.000 kroner fra Sparebank 1. Totalt vert det delt ut 30 dagspremiar á 10.000 kroner og to hovedpremiar på 50.000 kroner. Av erfaring ser vi at de klubbane som evner å spreie ordet i sosiale medier og engasjere utøvarar, trenarar, venner og foreldre har størst sjanse for å vinne både dagspremiar og samanlagt. 

  Eigen SPLEIS-kampanje  

 Alle som stemmer på klubbenimitthjerte.no kan også opprette ein SPLEIS og samtidig delta om ein ekstrapremie.  Les om reglementet på www.klubbenimitthjerte.no hvor idrettslag også kan laste ned annonsemateriale. 

 Norges idrettsforbund, Sparebank 1, Dagbladet og P4 ønsker alle lykke til med årets kampanje!




Premiefest for Markane IL torsdag 16.november

Postet av Markane IL den 10. Nov 2017

Det vert premiefest i Markane IL torsdag 16.november kl. 1800 på Ullsheim.

Her vert det premieutdeling for sesongen 2016/2017 innan ski (cuprenn/lagsrenn), skiskyting (lagsrenn), orientering (samanlagtcup/lagsmeisterskap/tur-o) og setretrimmen.

Vi oppmodar alle om å ta med eit fat med mat og kome på premiefesten for å hente premiane sine.

Vel møtt!

 Valg 

Liker



Oppstartskveld i skiskyting

Postet av Markane IL den 6. Nov 2017



Invitasjon til klubb/handlekveld hjå Sport 1 Ytreeide 9.november

Postet av Markane IL den 2. Nov 2017

 



 

 Sport 1 Ytreeide  inviterar herved til vår populære handlekveld for medlemmar av idrettslag.

TORSDAG 9. NOVEMBER frå kl 17-21


 


Denne kvelden vert det gode rabattar til våre idrettslagsmedlemmer.


·         25% rabatt på alt skiutstyr. På konkurranseutstyr kan vi tilby enda betre rabattar, litt avhengig av kva type som blir valt.


·         30% rabatt på skismurning og preppeutstyr frå Swix viss du fyller ut vedlagt bestillingsskjema. 




Vi tilbyr 5% ekstra rabatt på klubbvarer frå Hummel og Adidas. Dvs 25% rabatt på utstyr, hallsko, fotballsko og bekledning.

  • Stryn Handball
  • Stryn Turn
  • Stryn Fotball
  • Hornindal IL
  • Vikane IL
  • Loen IL
  • Oppstryn IL


 

Elles har vi mange andre spennande tilbud i butikken! 


Swix stiller med Paul Aunaas som kan rettleie om smurning, stavar og utstyr frå Swix.


Fischer stiller med informasjon om sko, binding og ski.


Tendenzer, med merker som feks Völkl, stiller med alpint og toppturutstyr.


 


For å halde på vår posisjon som skispesialisten forbetrar vi stadig vårt spesialutstyr innan tilpassing av utstyr. Vi tilbyr:


·         Eikemålar for langrennsski der vi kan måle ut nøyaktig smøresone for klassisk langrennsski og teste nøyaktig        

            kammerhøgde på  skøyteski


·         Varmeskap for tilpassing av Fischer, Salomon og Atomic alpin og topptursko. Dette gjer at vonde sko høyrer fortida til.


·         Oppgradert Wintersteiger steinslipemaskin der ein sjølv kan velje struktur.


 


Vi håpar de kan dele invitasjonen til alle medlemmane dykkar. Send mail, SMS, legg ut på Facebook og heng gjerne opp plakat.


Vi kjem til å legge ut eit bilde/arrangement på vår facebookside, så de må gjerne dele denne også.


 


Hjerteleg velkomen


Med skihelsing

Sport 1 Ytreeide




 



Innkalling til årsmøte i Markane IL onsdag 6.desember kl.1900

Postet av Markane IL den 31. Okt 2017

Det vert årsmøte i Markane IL onsdag 6. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste onsdag 22.november enten skriftleg eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Sakliste og årsmelding vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse.

Velkomne!



Rekord for idrettslagsbasaren

Postet av Markane IL den 26. Sep 2017

Årets idrettslagsbasar sette ny rekord. Heile 81 000kr kom inn til laget.

Stor takk til alle som kjøpte lodd, gav oss fine gevinstar eller bidrog på annan måte.

Her er trekningslista for premiane på bok:

Trekningsliste





Johannes Thingnes Bø til topps under NM rulleskiskyting

Postet av Markane IL den 26. Sep 2017

Johannes Thingnes Bø sikra seg gull under NM rulleskiskyting fellesstart i Sirdal. Han gjekk også inn til sølv på sprinten. (Foto: Nordfjord Team)

Under fellesstarten skaut Johannes feilfritt, og var 23 sekund føre sølvvinnar Henrik L'Abee Lund og 28 sekund føre Lars Helge Birkeland som tok bronse.

Tarjei Bø vart nummer fire på begge løpa medan Johan Eirik Meland fekk 26. plass på sprint og 23.plass på fellesstarten.

Sigrid Flo Bødal frå Stårheim vart norsk meister i klasse K19 på fellesstarten. Flo Bødal skaut feilfritt på dei tre første skytingane, men sjølv med to bom på siste ståande var ho 30 sekund føre neste jente i mål. Ho fekk også ein sjuandeplass på sprinten.

Øvrige lokale løparar plasserte seg slik under NM:

Sprint:

M17: Eilev Aa Klokk, Stryn vgs/Vingrom  nr 12     + 2.32  (1+2)

M17: Magnus Midthjell Gjørven, Markane  nr 24     + 4,33  (2+2)

M18: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane nr 10    + 1.24  (1+2)

M19: Aksel Mathias Meland,    Markane   nr 14       + 3.06  (1+2)

K20-21: Karoline Erdal,  Førde nr 5                           +1.55 (0+0)

 

Fellesstart

 

M17: Eilev Aa Klokk, Stryn vgs/Vingrom  nr 17      + 6.58,9  (2+3+4+0)

M17: Magnus Midthjell Gjørven, Markane  nr 20     + 7.36,6  (1+3+2+1)

M18: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane nr 16    + 5.08,2  (2+3+4+2)

M19: Aksel Mathias Meland,    Markane   nr 12       + 2.42,9  (0+2+2+1)


Resultatliste NM i rulleskiskyting 2017 sprint

Resultatliste for NM i rulleskiskyting 2017 fellesstart



Markanebading 18.september er avlyst!

Postet av Markane IL den 18. Sep 2017

Markanebadinga 18.september er avlyst på grunn av vedlikehald i symjehallen!



Innbyding til Haustnatt og Haustbløyta 22.-23.september

Postet av Markane IL den 14. Sep 2017

O-sesongen er ikkje over enno! IL Tambarskjelvar innbyr til o-løpet Haustnatt 22.september og til Haustbløyta 23.september.

Påmelding innan 20.september på 20.september på Eventor eller på e-post eller tekstmelding til
Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com - 93237073

Innbydingane finn du her:



Innbyding til Haustnatt 22.09.2017

Innbyding til Haustbløyta 23.09.2017



Resultat frå rulleskiskytingsrenn på Ullsheim 10.9.2017

Postet av Markane IL den 11. Sep 2017

Søndag 10.september var det rulleskiskytingsrenn på Ullsheim. Rennet gjekk som normaldistanse.

I alt 65 deltakarar, hovudsakleg frå Nordfjord og Sunnmøre, deltok på rennet.

Komplett resultatliste finn du her:

Resultatliste frå rulleskiskytingsrenn på Ullsheim 10.09.2017



Innbyding til rulleskiskyting på Ullsheim søndag 10.september

Postet av Markane IL den 8. Sep 2017


Markane IL innbyr til rulleskirenn søndag 10.september. Det vert normaldistanse med klassar for alle frå 13 år og oppover. (Mogleg å opprette nybyrjarklassar for yngre.) Innskyting frå kl. 12.30

Vel møtt!


Fullstendig innbyding finn de her:

Innbyding rulleskiskyting 10.9.2017.pdf



Innbyding til KM sprint laurdag 9.september på Kaupanger

Postet av Markane IL den 4. Sep 2017


Laurdag 9. september 2017 har o-gruppa i Sogndal IL gleda av å invitere til KM sprint på nytt kart ved Kaupanger idrettsplass. Samlingsplassen vert ved Kaupanger idrettsplass. Det vert merkt frå riksveg 5.   Første start kl. 1400.

Påmelding innan torsdag 7.september kl. 2300 på Eventor  eller send e-post til karl.helge@online.no med namn, klubb, klasse og brikkenr. Etterpåmelding inntil ein time før start.

For fleire detaljar, sjå vedlagt innbyding:

Innbyding til KM sprint 9.september 2017

   

 

     
  


    





Nær-o-løp på Leite torsdag 31.august

Postet av Markane IL den 30. Aug 2017

Det blir O løp på Leitet i morgon kl 18.00. Merka frå Blakset Ungdomshus. Bomveg, eller 15 minutt å gå frå Nygård. Vanlege løypelengder med ulik vanskegrad. Dette er sesongens siste Nær O-løp. Løpet er også Lagsmeisterskap for Veten.

Vi minner om at dei som deltek på minst seks løp for Markane IL, oppnår samanlagtpremie.

Vel møtt!



Markanebadinga startar 4.september

Postet av Markane IL den 27. Aug 2017

Markanebadinga starta opp att igjen den 4. september. Det vert bading kvar måndag frå 19.00-20.00 i Stryn symjehall.
Badinga er for medlemer i Markane IL. 
Nye medlemer er velkomne!



Kunnskapsministeren opnar landslinja 22.august

Postet av Markane IL den 22. Aug 2017


Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Ullsheim tysdag 22.august kl.1530 der han vil stå for den formelle opninga av den nye landslinja i skiskyting.

Skiskyttarpresident Erlend Slokvik og fylkesordførar Jenny Følling kjem også til å vere til stades under opninga. Det same blir ordførar Sven Flo og varaordførar Torstein Tvinnereim.

Alle er velkomne til Ullsheim på opningsseremonien.


Foto: Vidar Ruud/Scanpix



Nær-o-løp og lagsmeisterskap for Markane IL torsdag 24.august

Postet av Markane IL den 21. Aug 2017

Det vert nær-o-løp på Tverrfjellet torsdag 24.august. Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL. Første start kl. 1800.

     

Stad: Tverrfjellet, Badedammen – følg skilting frå RV 15

NB! Bomveg - kr 60 (mulig å «vippse») på Vinsrygg

  

Start: kl 18.00

 

Løyper:  A-lang, A-kort, B/C og N-løype og «Rakettløype»

 

Løpsavgift:    T.o.m. 16 år    kr 20,-

                       F.o.m. 17 år    kr 40,-

 

Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL.

Klasser:      

D/H 12 – N-løype

D/H 12-19 – A/B-løype (ca.3,2 km)

D/H 17 – A-lang (ca. 5,8 km)

D/H 55 – A-kort (ca. 3,5 km)

Det vert teke atterhald om endring av løypelengdene.    

Velkomen!

 

Arrangør:  Markane IL O-gruppa

Vel møtt!



Innbyding til nær-o-løp torsdag 17.august

Postet av Markane IL den 16. Aug 2017

Innbyding til nær O-løp på Bergsetstøylen i morgon Kl.18.00. Løyper: A1 3,6 km. A2 2,6 km. C 2 km og N 1,5 km.


 



Innbyding til barmarkssamling 8.-10.9.2017

Postet av Markane IL den 12. Aug 2017

08.-10. september er det duka for den årvisse langrennssamlinga med Sjur Ole Svarstad på Ullsheim. Frist for påmelding er 31. august 2017. Samlinga er for ungdom som er fødde mellom 2002 og 2006.

Innbyding til barmarkssamling på Ullsheim 8.-10.september 2017


Påmelding



Oppussing av garderobeanlegget på Ullsheim

Postet av Markane IL den 10. Jul 2017

Ullsheim 2008.jpg

Garderobeanlegget på Ullsheim (spesielt herregarderoben) er etter mange års bruk vorte veldig slitt og der er liten eller ingen ventilasjon.

Det er difor på tide med litt oppussing og oppdatering av anlegget. Det skal monterast mekanisk avtrekk/ventilasjon i dusjromma og det skal monterast nye varmtvasstankar. Samstundes er det ynskjeleg å få malt opp att tak og veggar i litt lyse fargar.

For dei av dykk som har motteke dugnadsliste på e-post:

Still på så sant du kan. Ta gjerne med ein venn også (om du veit nokon som kan eller burde vere med 😉).

Sjåast på Ullsheim.

God sommar vidare! 😊



Turorientering 2017

Postet av Markane IL den 30. Jun 2017

logo tur-o.png

Årets turorienteringssesong er i gang. Årets tur- o inneheld fire kartutsnitt: Tverrfjellet, Maurset, Vangen vest og Stryn (Tonningskamben). Meir info finn du på lenka nedanfor!

God tur.

Informasjon om turorientering 2017



Resultatliste frå nær-o-løp på Ullsheim 22.juni

Postet av Markane IL den 24. Jun 2017

orienteringslogo.gif

22.juni arrangerte Markane IL det siste nær-o-løpet før sommarpausen. Her er resultatlista frå løpet.


Resultatliste nær-o-løp 22.6.2017 på Ullsheim. Arrangør Markane IL



Innbyding til nær-o-løp på Ullsheim 22.juni

Postet av Markane IL den 19. Jun 2017

orienteringslogo.gif

Markane IL innbyr til sesongens åttande nær-o-løp og sommaravslutning torsdag 22. juni på Ullsheim. Det blir høve til å grille i Årestova. Ta med eigen grillmat! Vi serverer saft og kaffi!

Frammøte: Ullsheim.

Start: frå kl 18:00

Løypar: N-løype, C-løype, A-kort, A-lang og rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20. F.o.m.17 år kr 40

Samanlagtpremie: Medlemer av Markane IL som deltek i minst 6 løp, får samanlagtpremie. (Løypeleggjar og andre medhjelparar tel også som deltakarar.)

ALLE VELKOMNE!



Resultat frå KM langdistanse 11.6

Postet av Markane IL den 15. Jun 2017

IL Veten arrangerte KM i langdistanse orientering søndag 11.juni. To av deltakarane frå Markane vart krinsmeistrar, Anne Marie Svarstad i D19 og Grete Zachariassen i D55. (Foto: MIL)


Her er heile resultatlista:

Resultatliste KM lang orientering 11.06.2017 Arrangør: IL Veten



Resultat frå KM-mellom i orientering

Postet av Markane IL den 10. Jun 2017

Nær-o-løplogo stor.png

Markane IL arrangerte laurdag 10.juni KM-mellomdistanse i orientering. Starten gjekk frå Maurset.


KM-vinnarar vart Håvard Os (H17), Åshild Sætren Bøe (D17, Anja Hole (D13-14), Tord Sølvberg (H13-14), Sven Bergset Langvik (H15-16), Anders Bergset (H50) og Irene Kroken Bergset (D50).

I alt 51 løparar deltok (Inkludert nybyrjarklasser og andre klasser som ikkje er KM-klassar)

Resultatlista finn du her:

Resultatliste KM mellomdistane 10.06.2017 Arrangør Markane IL.pdf



Arve Rindal og Kristine Hjellbakk Hole til topps i Postvegløpet 2017

Postet av Markane IL den 8. Jun 2017

DSC_0673.jpg

Arve Rindal frå Eid IL og Kristine Hjellbakk Hole gjekk til topps då Markane IL arrangert Postvegløpet 2017.
I alt 70 konkurranseløparar og 86 trimmarar deltok i løpet. Gym Stryn fekk premie for beste tremannslag i konkurransen.

Frisklivssentralen (FSL) fekk påskjønning for mobilisering av mange deltakarar i trimklassa.


Her finn du resultatlista frå årets løp:

Resultatliste Postvegløpet 7.6.2017 oppdatert.pdf




Innbyding til KM mellom og KM lang 10. og 11.juni

Postet av Markane IL den 2. Jun 2017

orienteringslogo.gif

Markane IL og IL Veten innbyr til KM-helg i orientering 10. og 11.juni.


Heile innbyding kan du laste ned her:


Innbyding KM-helg indre Nordfjord 2017_rev 02 (2).pdf



Markane IL arrangerer nær-o-løp på Sætren torsdag 1.juni

Postet av Markane IL den 31. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Markane IL innbyr til nær-o-løp torsdag 1.juni. Frammøte på Sætren. Start: frå kl. 18:00


Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20, f.o.m.17 år kr 40

Vel møtt!



Innbyding til Verdas orienteringsdag og nær-o-løp i Tonningskamben.

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

Markane IL innbyr til sesongens femte nær-o-løp onsdag 24.mai i Tonningskamben med utgangspunkt i Setrevegen. Start frå kl. 1800.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20. F.o.m.17 år kr 40.

I samband med at det er Verdens orienteringsdag vert det i tillegg til nybyrjarløpet som har enkle poster langs stiane, kartleikar, der ein lærer dei enklaste kartteikna, og ein kan få testa spurteigenskapane i ei «Rakettløype».

Orientering er for alle aldrar og vi vil også tilby eit lynkurs i bruk av kart og kompass.

Alle deltakarar får tildelt diplom for deltakinga.

Verdens orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert i over 75 land den 24.mai 2017. Det er Det internasjonale Orienteringsforbundet som inviterer og målet er å gje flest mogleg born og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsoppleving og å gjere idretten kjend for fleire. Målet er også å få fleire deltakarar enn den tidligare verdsrekorden i tal på deltakarar som spring ei orienteringsløype på ein dag. Det betyr meir enn 250 000 deltakarar!

Det viktigaste er å gi alle ei moglegheit til gode orienteringsopplevingar!

Vi ynskjer alle velkomne til o-løp!



Innbyding til Rotekoppen 2017

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Breimsbygda IL innbyr til o-løpet Rotekoppen 27.mai. Påmelding innan onsdag 24.mai.

Innbydinga finn du her.

Innbyding Rotekoppen 2017



Innbyding til Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Førde IL innbyr helga 20.-21.mai til Sunnfjordorientering og Førdebodstikka.

Innbydingane finn du her.


Innbyding Sunnfjordorientering og Førdebodstikka 2017



IL Veten invitererer til Nær O-løp 18. mai!

Postet av Markane IL den 18. Mai 2017

orienteringslogo.gif

IL Veten innbyr til nær-o-løp torsdag 18.mai. Frammøte på Bergset, merka frå Panoramavegen. Start: frå kl. 18:00

Løyper: ca. 1,5 km N-løype, ca. 2,5 km C-løype, ca. 3 km A-kort, ca. 5 km A-løype og rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20, f.o.m.17 år kr 40



17.mai i Markane

Postet av Markane IL den 15. Mai 2017


Velkomne til tradisjonell 17. mai-feiring i Skogstjerna.

1300 Vi byr på rømmegraut.

1345 Hornindal Musikkorps spelar og vi går i tog.

Leikar

Sosialt samvær

Kaffi og kaker

Lotteri

Helsing

Markane ungdomslag



Innbyding til Postvegløpet 7.juni

Postet av Markane IL den 14. Mai 2017

DSC_0673.jpg

Onsdag 7. juni arrangerer Markane IL det tradisjonsrike Postvegløpet. Løpet har start og innkomst ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og går over 6 km på grusveg og skogsveg. Påmelding frå kl 17.00. Klasse utan tidtaking start frå kl 18.00. Konkurranseklassane har fellesstart kl 19.00.

I år prøvar vi oss med premiering av beste 3-manns lag i konkurranseklassen. Eigen premiering av beste 3-manns lag frå bedrift/organisasjon i konkurranse og eigen premiering til bedrift/organisasjon som stiller med flest deltakarar uavhengig av om ein deltek utan tid eller i konkurranseklassen.

Kom og spring (eller gå)!


Premier

Klasseinndeling

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer

Gutar/jenter 13-15 16-18, M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (Anna klasseinndeling enn i Nordfjordkarusellen.)

Kommentar

Skildring

Konkurranseklasse opp til 18 år kr. 50,-

19 år og over: kr 100,-.

Trimklasse utan tid kr 50,-. Familietrim 150,-

Trimklassa start frå kl 18.00

Løpet inngår i Nordfjordkarusellen. Alle som fullfører 4 løp får premie. Premiering etter det siste løpet i karusellen. Premie ved 4 fullførte løp. Premiane er lokalt handverk.


Navn

Telefon

Mobil

Epost

Kontaktpersoner 1

Eldbjørg Hatledal

97076695

ehatleda@online.no


http://db.kondis.no/arrangement.php?id=24214



FINN FRAM DAGEN 14.MAI

Postet av Markane IL den 9. Mai 2017

Markane IL og IL Veten arrangerer FINN FRAM DAGEN– ein familiedag med aktivitetar for små og store søndag 14. mai frå kl. 13.00 på Ullsheim

Program:

  • Nybyrjarløype
  • Rakettløype
  • Naturstim.m.

Frukt og saft til deltakarane.

Her er heile innbydinga:

Innbyding til Finn fram dagen 14.mai 2017


VI ØNSKJER NYE OG GAMLE O-LØPARAR VELKOMNE!



Innbyding til nær-o-løp nr 3 i Hovdebygda

Postet av Markane IL den 7. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Hovdebygda IL innbyr til sesongens tredje nær-o-løp torsdag 11.mai.

Frammøte: Aasen-tunet i Hovdebygda. Merka frå E39 mellom Ørsta og Volda (rett før du kjem til flyplassen om du kjem frå Volda)

Start: Frå klokka 18.00

Løyper: ca 1.5 km N-løype, ca 2,5 km C-løype, ca 3 km A-kort, ca 5 km A-lang. Ingen rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m 16 år: kr 20,- F.o.m. 17 år: kr 40,- Kontant eller Vipps til: 97185183

Det vert ikkje nytta EKT, men klippetenger og manuell tidtaking.

Velkomne til Nær-o-løp i Hovdebygda!



Innbyding til nær-o-løp nr 2 torsdag 4.mai på Maurset

Postet av Markane IL den 2. Mai 2017

orienteringslogo.gif


Markane IL innbyr til sesongens andre nær-o-løp torsdag 4.mai.

Frammøte: Maursettjønna, merket frå RV 15 ved Skogstjerna.

Start: frå kl 18:00

Løyper: ca. 1,5 km N-løype, ca. 2,5 km C-løype, ca. 3 km A-kort, ca. 5 km A-løype og rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20. F.o.m.17 år kr 40

Samanlagtpremie: Medlemmar av Markane IL som deltek i minst 6 løp, får samlepremie. (Løypeleggjar og andre medhjelparar tel også som deltakarar.)

ALLE VELKOMNE!



Sesongens første nær-o-løp torsdag 27.april ved Sagedammen

Postet av Markane IL den 27. Apr 2017

orienteringslogo.gif

IL Veten arrangerer sesongens første nær-o-løp torsdag 27.april.

Første start kl.1800.

Løyper:

- 5 km.A

- 3,5 km.A

- 3 km.B

- 2 km.C

- 1.5 km.N

- Småtroll

Prisar:

- born til og med 16 år: kr.20,-

- alle over 16 år: kr.40,-

Ein kan betale med Vipps. Meir informasjon om dette finn du på denne sida

Alle frå 0-12 år får premie!

Vel møtt!

Terminliste o-sesongen 2017.pdf



Innbyding til Oldestafetten

Postet av Markane IL den 22. Apr 2017

DSC_0490.jpg

Vårsesongen er snart i gong og søndag 30.april er det klart for Oldestafetten 2017.


Markane IL vil gjerne stille med lag i fleire klassar også i år. Informasjon om Oldestafetten finn du i innbydinga nedanfor.

Dei som ønsker å vere med må gje beskjed til antoniak@online.no seinast måndag 24.4 sidan påmeldingsfristen er tysdag 25.4.

Dei som skal vere med, må vere klar over at ein berre kan delta for ein friidrettsklubb i løpet av sesongen. Dei som deltek for Markane, har dermed vald klubb for sesongen. Det kjem ikkje til å bli arrangert friidrettstreningar i regi av Markane denne sesongen heller, men alle våre medlemer som ønskjer å representere oss på løp eller stemner er velkomne til dette.


Innbyding til Oldestafetten 2017



Oppstart av o-sesongen

Postet av Markane IL den 21. Apr 2017

orienteringslogo.gif

Terminlista for orienteringssesongen 2017 er klar.

Det vert teke atterhald om endringar, så følg med på nettsidene og Facebook. I tillegg til nær o-løp på torsdagar vil vi arrangere Finn Fram-dagen søndag 14. mai på Ullsheim og Verdens Orienteringsdag onsdag 24. mai i Tonningskamben.

10. - 11. juni arrangerer Markane IL og Veten IL KM mellom og lang. Har du aldri sprunge orientering? Kva med å prøve ei nybyrjarløype, som er open for både små og store. Ved enkelte nær o-løp vil vi tilby "lynkurs" i bruk av kart og kompass.

Vi ønskjer nye og gamle o-løpere velkomne!

Terminliste o-sesongen 2017.pdf




Lagsrenn i klassisk langrenn 17.april

Postet av Markane IL den 3. Apr 2017

logo-markaneil.png

Det vert lagsrenn i klassisk langrenn måndag 17.april (2.påskedag).

På grunn av lite snø i hopp og leikebakken vert det ikkje konkurransar i hopp og slalåm.

Første start vert kl.1300

Påmelding frå kl.1200

Startkontingent: 50 kr

Vel møtt!



Sesongslutt for Markanebadinga 3.april

Postet av Markane IL den 3. Apr 2017

logo-markaneil.png

Sesongens siste Markanebading var måndag 3.april. Markanebadinga startar oppatt igjen i september.



Sesongens siste cuprenn tysdag 21.mars

Postet av Markane IL den 21. Mar 2017

logo-markaneil.png

Tysdag 21.mars er det klart for sesongens femte cuprenn på Ullsheim.

Rennet går som skicross.

Påmelding frå kl. 1745. Første start ca. 1830.

Startkontingent kr 50

Alle velkomne!



Kurs i løypelegging

Postet av Markane IL den 7. Mar 2017

orienteringslogo.gif


Måndag 13. mars kl 18.30 blir det løypeleggingskurs i Stryn for nybyrjarar og ungdom som ikkje har laga o-løyper før.

Påmeldingsfrist er 11.mars

Innbydinga finn du her:

Kurs i løypelegging for nybyrjarar.pdf




Resultatliste frå cuprenn 4 i klassisk stil

Postet av Markane IL den 5. Mar 2017


Tysdag 28.februar vart sesongens fjerde cuprenn arrangert på Ullsheim. Rennet gjekk i klassisk stil. I alt 55 løparar deltok i rennet.


Som vanleg var det aller best oppmøte i dei yngste klassane og nokre av deltakarane var med på cuprenn for første gong.

I konkurranseklassane var Oddrun Hjelmeset Kirkeeide raskast i jenter 11-12 år og Frei Flo Tonning i gutar 11-12 år. Anders Svarstad Hole vart nummer 1 i gutar 13-14 år medan Emilie Flo Stavik vann jenter 13-14år.

I klassa for jenter 15-17 år gjekk klassesigeren til Anne Marie Roset. Simon Hjelmset Kirkeeide vann gutar 15-17 år. I klassa for kvinner over 18 år vann Ingrid Gausemeld medan Erlend Bakken vann klassa for menn over 18 år. Ivar Ulvedal vann klassa for menn FH senior.

Resultatliste cuprenn 4 i klassisk stil 28.02.2017



Cuprenn 4 i klassisk stil 28.2.2017

Postet av Markane IL den 26. Feb 2017

logo-markaneil.png

Tysdag 28.februar er det klart for sesongens fjerde cuprenn på Ullsheim.

Påmelding frå kl. 1745. Første start ca. 1830.

Startkontingent kr 50


Alle velkomne!




Oskar Guddal Breivik til topps på Hovudlandsrennet!

Postet av Markane IL den 26. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk heilt til topps i klasse G15 på sprinten under HL skiskyting!

Med ein bom på kvar av skytingane vann han klassa 9,5 sek føre Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som hadde tre bom totalt. På tredjeplass kom Jakob Høsøien frå Tynset IF, 15.9 sek etter vinnaren med totalt to bom.

Oskar gjekk også inn til ei god plassering på fredagens normaldistanse der han vart nr 7.

Markane hadde også ein deltakar i 16-årsklassa. Magnus Midthjell Gjørven. Med totalt to bom på sprinten kom han på 81.plass i klassa. På normaldistansen hadde han berre eit tillegg på standplass og vart nr 75. I alt 112 deltakarar var påmelde i klassa.


Resultat frå sprinten og normaldistanse på HL i Meråker

Offisiell resultatliste HL G15 Sprint.pdf

Offisiell resultatliste G15 normal.pdf

Offisiell resultatliste G16 sprint.pdf

Offisiell resultatliste g16 normal.pdf

Foto: Nordfjord Team




Nye postar på plass i Skiposten

Postet av Markane IL den 16. Feb 2017

logo-markaneil.png


Nye postar er no hengde opp i Skiposten 2017. Desse heng ved lysløypa på Stryn skisenter, Tverrfjellet, Lundasetra og Svingesetøyane.

Postane heng ute veke 7,8,9 og 10.


Klippekort kan du laste ned her: Klippekort skiposten 2017


Her er også litt meir info om skiposten: Skiposten 2017- info




Oskar Guddal Breivik klar for Young Star!

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik (Markane), Lasse Flo Bødal (Stårheim) og Martin Åland (Hardbagg) er alle klare for Young Star i Holmenkollen


Young star er eit skiskyttar-renn for landets 30 beste 15-16-åringar både for jentene og gutane. Rennet går rett før Worldcup-renna for senior.

Vestlandet har 3 plassar i dette rennet. Etter dei 4 første kvalifiseringsrenna har 15-åringane Lasse Flo Bødal (Stårheim) og Oskar Guddal Breivik (Markane) begge full pott og er alt kvalifisert for Young star. 16-år gamle Martin Aaland (Hardbagg) har 3 av 4 moglege poeng. Ved å klare eit poeng til på Hovedlandsrennet vil han også være kvalifisert (og det går nok bra)

Fjerdemann i samandraget er Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen som har eitt poeng.

Foto: Markane IL



Nytt VM-sølv til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Johannes Th Bø.jpg

Johannes Thingnes Bø sikra seg nok eit VM-sølv på jaktstarten i Hochfilzen i dag.


Ingen av dei andre løparane var i nærleiken av å true den franske storfavoritten Martin Fourcade, men Johannes Thingnes Bø tok nok eit imponerande VM-sølv under jaktstarten søndag.

Det vart dobbelt norsk på pallen med sølv til Johannes og bronse til Ole Einar Bjørndalen (43) som tok sin VM-medalje nummer 45.

Johannes fekk tre bom i løpet av jaktstarten, men klarte likevel å gå seg inn til nok eit VM-sølv, 22,8 sekund bak den franske favoritten.

Tarjei Bø gjorde også eit svært godt løp og enda til slutt på 9. plass, 52,3 sekund bak Fourcade.


Vi gratulerer med nok eit VM-sølv!




3 x gull på LM i skiskyting

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Både Emilie Flo Stavik (J14), Oskar Guddal Breivik (G15) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (M17) gjekk heilt til topps i sine klassar på LM-sprinten i dag.

I tillegg tok Anne Marie Roset sølv i klassa for K17.

Dei andre markarane plasserte seg slik: Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 4 iJ14, Elias Dispen Lødemel nr6 i G14, Nikolai Dispen Lødemel nr 7 i G16 og Magnus Midthjell Gjørven nr 8 i G16.

Foto: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik, Simon Hjelmset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Magnus Midthjell Gjørven. Anne Marie Roset, Elias og Nikolai Dispen Lødemel var ikkje til stades då bildet vart teke.


Resultatliste LM-Vest-Sprint 12.02.2017.pdf



VM-sølv på sprinten til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Johannes Th Bø.jpg

Berre 0.7 sekund skilde Johannes Thingnes Bø frå eit VM-gull på sprinten i Hochfilzen i dag. Gullet gjekk til Benedikt Doll frå Tyskland med tida 23.27.4.

Johannes skaut feilfritt i likskap med Doll, men tapte forspranget på 10 sekund som han hadde ut på siste runden, inn mot mål

Også Tarjei Bø gjorde eit svært godt VM-løp. Med berre eitt bomskot endte han på 14. plass som tredje beste norske.

Ole Einar Bjørndalen kom på 8. plass medan Emil Hegle Svendsen enda på ein 36. plass. Franske Martin Fourcade, som hadde to bom, kom på bronseplass, 23, 1 sekund bak vinnaren.

I morgon er det klart for VM-jaktstart.


Vi gratulerer Johannes med VM-sølvet!



4 pallplassar i LM skiskyting

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Det vart fire andreplassar og ein tredjeplass under normaldistansen på LM skiskyting på Voss. Oskar Guddal Breivik (G15), Anne Marie Roset (K17) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (M17) sikra seg alle sølvplass i sine klasser medan Emilie Flo Stavik sikra bronse i J14.


Resultatliste LM skiskyting 11.02.2017.pdf



Andre Haugsbø og Anniken Hjellbakk Hole til topps i Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Andre Haugsbø vann Tverrfjelldilten for femte året på rad. Anniken Hjellbakk Hole gjekk til topps i kvinneklassa. I kombinasjon med Tverrfjelldilten vart det også arrangert distanserenn for aldersgruppa 11-16 år på Ullsheim.

Her er resultata:


Resultatliste Tverrfjelldilten og distanserenn 11-16år Ullsheim Dato 11.2.2017.pdf



Smørjetips Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 10. Feb 2017

logo-markaneil.png

Oppdatert smurningtips Tverrfjelldilten;

Underteikna og vinnar Tverrefjelldilten alle år Andre Haugsbø gjekk ei runde ikveld og har konkludert med følgjande: Mykje mindre slitasje enn venta..

1. Smelt inn med jern eit lag blå klister, kjøl ned
2. Varm inn lilla spesial eller lilla klister, kjøl ned
3. Legg ei bra lag grunnvalla evt har voks oppå klisteren...dra raskt over med smørejern..(ikkje gni ut etterpå)..kjøl ned.
4. Legg 2 lag Swix Vr50 og 1-2 lag Swix Vr60 voks. Gni forsiktig ut så du dekke klisteren godt. Legg på siste laga ute i kulden! God tur!


Nils Heggdal



Distanserenn for 11-16år i samband med Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 8. Feb 2017

logo-markaneil.png
Det vert arrangert distanserenn på Ullsheim for aldersklassane 11-16år i samband med Tverrfjelldilten laurdag 11.02.2017.


Distanserennet erstattar Hyesprinten søndag 12.februar p.g.a. dårleg snøforhold i Hyen.

Rennet går som klassisk med fellesstart for følgjande klassar:
- G/J 11 - 12 år: 3 km - G/J 13-14 år: 5 km - G/J 15-16 år: 10 km
Arrangementet vert ikkje opent for klassane 10 år og yngre.
I samband med Tverrfjelldilten er det for øvrig ingen endringar i distansar og klassedelingar for junior og eldre.
Arrangementet inngår i SSF Cup Rekrutt.

Her er løypekart:


Februar 2017 3 km.pdf
Februar 2017 3 og 5 km.pdf
Februar 2017 5 km.pdf







3.plass til Oskar Guddal Breivik på normaldistansen i Bendit Kvalfossprinten

Postet av Markane IL den 6. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til ein flott tredjeplass under normaldistansen i M 15 i Bendit Kvalfossprinten.

Med to bom var han berre 33 sekund etter klassevinnar Emil Hage Streitlien frå Folldal IF som berre hadde ein bom.

Nordfjordingane gjorde det svært så godt i denne klassa. ¨Stårheimsløparane Lasse Flo Bødal og Bendik Vereide kom på 2. og 4.plass i klassa. Bødal var berre to sekund etter klassevinnaren. Han hadde ein bom.

I klasse J14 vart Maren Hjelmeset Kirkeeide best av våre med ein 33.plass med totalt seks bom. Emilie Flo Stavik vart nr 33 med fem bom medan Hedda Garlid Hilde kom på 37.plass med totalt seks bom.

I klasse G14 vart det 68. plass til Elias Dispen Lødemel. I denne klassa vart det dobbeltsiger til to nordfjordingar med førsteplass til Kasper Mundal frå Stårheim og andreplass til Magnus Skeide Bakke frå EId IL.

I klasse G16 gjekk Magnus Midthjell Gjørven inn til ein 62.plass etter god innsats på skytebana med to bomskot. Nikolai Dispen Lødemel vart nr 69 i same klasse med totalt fem bom.



Resultatliste for Bendit Kvalfossprinten normaldistanse 05.02.2017



5.plass til Oskar Guddal Breivik på Bendit Kvalfoss-sprinten

Postet av Markane IL den 5. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til 5.plass i G15 under Bendit Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen i dag. Med totalt to bom var han 50 sek etter klassevinnar Jakob Høsøien frå Tynset IL som berre hadde ein bom. Andremann var Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som skaut to fulle hus og var to sek bak vinnaren. Mattias Stakkeland frå Knaben IL vart nummer tre. Han var 25 sek etter vinnaren med ein bom.

I klasse J14 vart det ein fin 15.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho vart berre 1 min 44 sek etter vinnaren sjølv om ho fekk fire rundar på standplass. Klassevinnar vart Ida Molde Lappegard frå Ål IL med berre ein bom. I same klassa vart Emilie Flo Stavik nr 21 med totalt fem strafferundar. Hedda Garlid Hilde fekk også fem bom og kom på ein 35.plass.

I klasse G14 vart Elias Dispen Lødemel nr 86. Han vart 3 min 28 sek etter vinnaren etter å ha fått eit tillegg på to minutt p.g.a to manglande strafferundar. Klassevinnar vart Lauritz Sogn Larssen frå Try IL.

Magnus Midthjell Gjørven kom på ein 75. plass i G15 medan Nikolai Dispen Lødemel vart nr 94 i same klassen. Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo.

Vi gratulerer også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg som gjekk heilt til topps i klasse J13!


Komplett resultatliste frå Bendit Kvalfoss-sprinten finn du her:


Resultatliste for Bendit Kvalfoss-sprinten 4.2.2017



Resultat frå sesongens tredje cuprenn 2.2.2017

Postet av Markane IL den 5. Feb 2017


Her er resultatlista for sesongens tredje cuprenn. Rennet gjekk i fri teknikk og samla 71 deltakarar. I samband med rennet vart også 70 års dagen til Eldbjørg Hatledal markert.

Som vanleg var det best deltaking i dei yngste klassane som ikkje er rangerte. 23 deltok i klassa for dei på 8 år og yngre medan 11 stilte opp i 9-10 års klassa.

I klassa for jenter 11-12 år vann Inger Hjelmeset med eitt sekunds margin til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. I alt 9 jenter deltok. Torje Seljeset (arkivfoto) gjekk til toppsi G11-12.

Emilie Flo Stavik vann jenter 13-14år og Håvard Sætre gjekk til topps i G13-14. I klassa for gutar 15-17 var Simon Hjelmset Kirkeeide raskast medan Anne Marie Roset vann J15-17. I klassa for menn 18 år og oppover gjekk klassesigeren til Aksel Mathias Meland medan Elise Skeide Bakke vart klassevinnar i kvinner 18 år og oppover.


Komplett resultatliste for rennet finn du her:


Resultatliste cuprenn 3 i fri teknikk. Dato: 2.2.2017



Resultat frå SSF-cup klassisk på Ullsheim 4.2.2017

Postet av Markane IL den 4. Feb 2017


Vel 100 startande var i aksjon på Ullsheim i dag då det vart arrangert SSF-cup i klassisk stil.

Offisiell resultatliste finn du her:

Offisiell resultatliste SSF-cup klassisk Markane 4.2.2017


Arkivfoto (Markane IL): Håkon Midthjell Gjørven som vart nr 3 i M19.



Startliste SSF Cup klassisk 4. februar

Postet av Markane IL den 3. Feb 2017

logo-markaneil.png

Då er det klart for SSF Cup på Ullsheim - første start laurdag kl 13.00.

Velkomne !

Parkering kr 50,-

startliste ssf cup 4 feb 2017.pdf



Innbyding til Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 31. Jan 2017

Tverrfjelldilten_logo_utan_årstal.png

Markane IL innbyr til Tverrfjelldilten laurdag 11.februar. Rennet er 40 km langt og er seedingrenn til Birkebeinerrennet. Påmelding seinast 9.februar. Innbydinga finn du nedanfor. Det vert også distanserenn for årsklassane 11 år og oppover på Ullsheimm


Det vert også distanserenn for klasse 11-16 i klassisk med fellesstart. Klasseinndelinga vert slik: - G/J 11 - 12 år: 3 km - G/J 13-14 år: 5 km - G/J 15-16 år: 10 km Arrangementet vert ikkje opent for klassane 10 år og yngre. I samband med Tverrfjelldilten er det for øvrig ingen endringar i distansar og klassedelingar for junior og eldre. Arrangementet inngår i SSF Cup Rekrutt. Rennet for dei mellom 11 og 16 år erstattar den oppsette Hyesprinten som er avlyst, p.g.a. dårlege snøforhold i Hyen.


Innbyding til Tverrfjelldilten 11.2.2017



Emilie Flo Stavik til topps i både KM fri teknikk og klassisk

Postet av Markane IL den 30. Jan 2017

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmset Kirkeeide sikra dobbelsiger i J14 både i fri teknikk og klassisk. Foto: Markane IL

Emilie Flo Stavik gjekk til topps i KM i både fri teknikk og klassisk langrenn i Sogndal i helga. Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra dobbeltsiger til Markane begge dagar. I tillegg vart det også KM-sølv til Oskar Guddal Breivik i G15 på fri teknikk.

Magnus Midthjell Gjørven gjekk inn til åttandeplass i G16.

MArkane var også godt representert i dei yngre klassane. Inger Hjelmset gjekk til topps i J11 begge dagar. På den klassiske distansen fekk ho selskap på pallen av Katrine Svarstad Heggdal som sikra seg andreplass. Torje Seljeset gjekk også til topps i G12 på begge distansar.

I dei urangerte klassane vart Markane representert ved Kornelia Trøsken som stilte opp i J8.

Alle resultat frå KM-helga her:

Resultatliste KM fri teknikk 28.1.2017

Resultatliste KM klassisk 29.1.2017



4.plass til Sogn og Fjordane i NM-stafett jr.

Postet av Markane IL den 29. Jan 2017

Aksel Mathias Meland, Vegard Skrede, Simon Hjelmeset Kirkeeide og John-Olav Smørdal Botn tok fjerdeplass i stafett klasse M17/1/. Foto: Nordfjord Team


Det vart ikkje medalje til laga frå Sogn og Fjordane på NM-stafettane i Holmenkollen, men laget i klasse i M17/18 år kom svært nære og sikra seg ein god 4.plass. Dei var 3.11,8 min bak vinnar Buskerud lag 1. som hadde 2 strafferunder mot Sogn og Fjordane sine 6 runder. På laget gikk John-Olav Smørdal Botn, Simon Hjelmeset Kirkeide, Vegard Skrede og Aksel Matias Meland.

I kvinneklassa var det laget i 17/18 års klassa som fekk den beste plasseringa. Dei vart nr 13. Vinnarar vart Hordaland lag 1. Dei var 8.40,7 min. før laget til Sogn og Fjordane. Hordaland hadde berre to strafferunder mot Sogn og Fjordane sine sju. På laget til Sogn og Fjordane gjekk Sigrid Flo Bødal, Kari Alsaker og Inger Ringdal Sæter.

I klasse menn 17/21 år vart førstelaget til Sogn og Fjordane nr 22. Vinnar her vart Oslo og Akershus lag 3. Sogn og Fjordane var 11.33,7 minutt etter. På laget gjekk Isak Hopland ,Erlend Bakken, Grim Nygård og Odd Sindre Tonning. Dei klarte seg utan strafferundar.

Sogn og Fjordane lag 2 i M17/21 vart nr 25. Her gjekk Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Lars Erik Telset og Georg Hallsteinslid. Dei hadde totalt ein strafferunde.

I klassa kvinner 17/21 vart Sogn og Fjordane nr 15. Her vann Hordaland lag 1. Dei hadde ingen strafferunder. Sogn og Fjordane var 13.14,2 minutt etter med sju strafferundar. På laget gjekk Ingrid Gausemel, Elise Skeide Bakke og Anne Marie Roset.

Komplett resultatliste:


Resultatliste NM skiskyting stafett jr 29.1.2017



NM-gull til Aksel Meland!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2017

Aksel Meland sikra seg NM-gull på normaldistansen i M 18 med 19 treff! Foto: Nordfjord Team


Aksel Mathias Meland frå Markane IL/Nordfjord Team gjekk heilt til topps og sikra seg NM-gullet på dagens normalprogram i M18.

Han fekk ein bom på første skyting og leverte deretter tre perfekte seriar. Det heldt til siger. I mål var han 11,3 sek føre Jo Brøste Nøstegård frå Dombås IL som hadde to bom totalt. Tredjeplassen i klassa gjekk til Lars Hammernes Leopold frå Asker SK som med tre bom var 1 min 4 sek etter Aksel. Vegard Skrede frå Hardbagg IL sikra seg nok ei topplassering i NM med ein 10.plass.

Vi gratulerer!


Resultatliste NM normaldistanse skiskyting 28.1.2017



Tre markaneløparar blant dei 13 beste i NM

Postet av Markane IL den 28. Jan 2017


Johannes Thingnes Bø sikra seg NM-sølv på normaldistansen i dag. Det vart også topplasseringer til Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven med 6. og 13. plass.

Alle dei tre frå Markane leverte svært god skyting. Johannes og Johan Eirik fekk ein bom på dei 20 skota medan Jarle skaut 20 blanke treff.

NM-helga starta i Holmenkollen fredag med NM-sprint for dei yngste klassane og Norgescup for seniorane

På fredag vart det Simon Hjelmeset Kirkeeide som stod for den beste plasseringa av våre med flott 6. plass i M17. Vinnar var her Ørjan Moseng frå Røros IL. Simon hadde totalt fem strafferundar mot Moseng sine fire. Med det var han 1:01 bak Moseng i mål.

Kari Alsaker sikra seg si beste plassering så langt med ein 16.plass i K17 med to bom totalt. Aksel Meland kom på 19.plass i M19.

Lokale plasseringar NM sprint jr/Norgescupsprint senior 27.1.2017:

NM SPRINT JR.

M17 år: Nr 6 Simon Hjelmeset Kirkeide, Markane IL (4-1)

K17 år: Nr 16 Kari Alsaker Markane IL (0-2).

Nr21 Inger Ringdal Sæter Sunnylven IL, (1-3).

Nr 41 Anne Marie Roset Markane IL (4-3)

M18 år: Nr 2 Vegard Skrede Hardbagg IL (0-3).

Nr 19 Aksel Matias Meland Markane IL (3-2).

Nr 21 Johan-Olav Smørdal Botn,Stårheim IL (2-2).

K18 år: Nr 7 Sigrid Flo Bødal, Stårheim IL (1-2)

M19 år: Nr 24 Isak Hopland, Hardbagg IL (2-2).

Nr 29 Erlend Bakken Markane IL (2-1).

Nr 50 Håkon Midthjell Gjørven (3-1).

Nr 53 Grim Nygård, Markane IL (1-3).

Nr 58 Andreas Halsteinslid Markane IL (3-1).

Nr 61 Odd Sindre Tonning Markane IL (2-4)

Nr 70 Lars-Erik Telset Volda Turn og IL (4-2)

K19 år: Nr 17 Elise Skeide Bakke Eid IL (0-2).

Nr 22 Ingrid Gausemel Hornindal IL.(0-3)


NC SPRINT SENIOR 27.11.2017.

M/SENIOR:

Nr. 21 Håvard Gutubø Bogetveit Førde IL (0-3)

Nr 31 Jarle Midhjell Gjørven (0-2)

Nr 38 Ole Martin Erdal, Førde IL (2-3)

Nr 39 Johan Eirik Meland Markane IL (1-2)

Nr 43 Trygve Aaland Tryggestad Sunnylven IL (0-3)

K/SENIOR: Nr 15 Heidi Flo Bødal, Stårheim IL, (3-2)

Nr 25 Mari Sollid Eide Stårheim IL (5-0)


NM NORMALDISTANSE SENIOR 28.1.2017

Menn senior: Nr 2 Johannes Thingnes Bø, Markane IL (0-1-0-0)

Nr 3 Håvard Gutubø Bogetveit Førde IL (0-1-0-1)

Nr 6 Johan Eirik Meland , Markane IL (1-0-0-0)

Nr 13 Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL (0-0-0-0)

Nr 27 Ole Martin Erdal, Førde IL (0-2-2-1)

Nr 47 Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL (1-3-1-0)


Kvinner senior: Nr 19 Mari Sollid Eide, Stårheim IL (0-0-0-1)

Nr 23 Heidi Flo Bødal, Stårheim IL (2-3-2-2)


Resultatliste NM sprint og Norgescup sprint kvinner 27.1.2017

Resultatliste NM sprint og Norgescup sprint menn 27.1.2017


Resultatliste NM normaldistanse del 1 28.1.2017

Resultatliste NM normaldistanse del 2 28.1.2017



Markering av Eldbjørg Hatledal sin 70 års dag.

Postet av Markane IL den 26. Jan 2017


Det vert ope hus i Ullsheim torsdag 2. februar frå kl.1700 - ca. 2100 i høve leiar av Markane IL, Eldbjørg Hatledal sin 70 års dag. Alle velkomne!

Innbyding til Eldbjørgs 70 års dag.



Resultat frå sesongens andre cuprenn

Postet av Markane IL den 24. Jan 2017

Sesongens andre cuprenn vart arrangert på Ullsheim tysdag 24. januar klassisk til. I alt var er 57 startande i løpet.


I dei yngste urangerte klassane deltok det 19 i klassa for dei på 8 år eller yngre og ni i klasse 9-10 år.

I klassane med tidtaking (frå 11 år og oppover) vart det klassesiger til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i klasse J11-12. I klasse J13-14 vann Emilie Flo Stavik medan Elias Dispen Lødemel var først i mål i klassa for gutar 13-14 år. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15-17. Kari Alsaker vann J15-17. I seniorklassen var Roar Alsaker og Åshild Sætren Bøe raskast.

Heile resultatlista finn du her:


Resultatliste cuprenn 2 i klassisk stil. Dato: 24.1.2017

Neste renn vert alt torsdag 2.februar. Då i kombinasjon med feiring av leiar i MIL, Eldbjørg Hatledal, sin 70 års dag.





Resultat frå sesongens første cuprenn 10.1.2017

Postet av Markane IL den 24. Jan 2017


I alt 96 løparar var i aksjon i løypene då sesongens første cuprenn gjekk av stabelen på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk.

Det var som vanleg best deltaking i dei yngste klassane. I klassa for jenter og gutar på 8 år eller yngre stilte 27 ivrige deltakarar opp medan 17 deltok i 9-10 årsklassa.

I klassa for jenter 11-12 år gjekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide inn til førsteplass foran Mari Sofi Meland. I guteklassa vann Torje Seljeset. I alt deltok det 14 løparar i 11-12 årsklassa.

I klasse jenter 13-14 vart det klassesiger til Maren Hjelmeset Kirkeeide medan Ingebrigt Nes Hjelle vann guteklassa. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for gutar 15-18 år. Magnus Seljeset og Oskar Guddal Breivik kom på andre- og tredjeplass. Jenter klasse 15-18 vart vunnen av Kristine Hjellbakk Hole. Her vart Oselie Henden og Ingrid Heggen nr 2 og 3. I menn senior gjekk Aksel Meland til topps med tida 10.56. Hakk i hel følgde Isak Hopland på 10.58 og Erlend Bakken på 10.59. Kvinneklassa vart vunnen av Ingrid Gausemel.

Her er heile resultatlista:

Resultatliste cuprenn nr 1 Dato: 10.01.2017




Cuprenn nr 2 tysdag 24.januar 2017

Postet av Markane IL den 23. Jan 2017

logo-markaneil.png

Det vert sesongens andre cuprenn i kveld tysdag 24.januar. Rennet går i klassisk stil.

Påmelding frå kl. 1745. Første start ca. kl 1830.

Startkontingent kr 50 pr. renn.

Parkering kr 50

(Gratis parkering for dei som er medlemer i MIL/Turløyper Stryn)

Enkel servering i mål.

Vel møtt!



Sætretrimmen 2016

Postet av Markane IL den 17. Jan 2017


Simon%20med%20trimtroll.jpg


På premiefesten i november fekk åtte spreke trimmarar velfortent trimtroll for innsatsen i Setretrimmen 2016. Årets klassevinnarar vart Andris Flore, Amund Flore, Simon Hjelmset Kirkeeide (foto), Ane Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Åsa Svarstad og Bjarne Svarstad.

Nytt av året var at berre dei som er medlemer i Markane IL var med i kampen om trimtrolla.

Høgst poengsum av alle oppnådde Åsa Svarstad med 284 poeng medan Bjarne Svarstad hadde høgst poengsum i herreklassa med 271 poeng.


Her er resultatliste over dei beste i kvar klasse:

Resultatliste Setretrimmen 2016



Gløymde du noko under KM-skiskyting på Ullsheim?

Postet av Markane IL den 16. Jan 2017

Denne sekken med hanskar, vottar og eit raudt Swix drikkebelte låg att på Ullsheim etter KM skiskyting.


Ta kontakt om du saknar dette!



Aktivitetskalendar langrenn 2017

Postet av Markane IL den 16. Jan 2017

Simon Hjelmeset Kirkeeide.jpg

Her er oversikt over cuprenn, skileikkveldar og skirenn i nærområdet for perioden fram til vinterferien:

Aktivitetskalender skigruppa fram til vinterferien 2017.docx



Skileik for dei yngste

Postet av Markane IL den 16. Jan 2017

logo-markaneil.png

Det vert skileik for born som er 10 år (fødd 2007) eller yngre på Ullsheim dei tysdagane det ikkje er cuprenn. Første gong vert tysdag 17. januar frå kl.1800-1900. Instruktørar er Berit Veka og Einar Dons Brath.

Vel møtt!



Resultatlister for KM skiskyting 14.1 og 15.1

Postet av Markane IL den 13. Jan 2017

logo-markaneil.png

Denne helga var det KM i skiskyting på Ullsheim. Renna var dei første i Ytreeide Cup.

Her er resultatlistene frå sprinten laurdag og fellesstarten søndag.


Resultatliste KM sprint skiskyting på Ullsheim 14_01_2017.pdf

Resultat KM fellesstart Ullsheim 15.jan2017.PDF


Resultatlistene, mellomtider m.m. ligg også på Eqtiming her:


Km sprint 14.1.2017

KM fellesstart 15.1.2017



Cuprenn nr 1 tysdag 10.01.2017

Postet av Markane IL den 10. Jan 2017

logo-markaneil.png

Det vert sesongens første cuprenn i kveld tysdag 10.januar. Rennet går i fri teknikk.

Påmelding frå kl. 1800. Første start ca. kl 1830.

Startkontingent kr 50 pr. renn.

Parkering kr 50

(Gratis parkering for dei som er medlemer i MIL/Turløyper Stryn)

Enkel servering i mål.

Vel møtt!



4. og 9.plass til Jarle Midthjell Gjørven i DNB-cup på Liatoppen

Postet av Markane IL den 9. Jan 2017

Jarle Midthjell Gjørven gjorde det best av Markaneløparane på helgas Norgescuprenn på Liatoppen då han sikra seg 9.plass på sprinten laurdag og var rett bak ein pallplass på fellesstarten.

På sprinten laurdag skaut Jarle feilfritt og var 1 min 25 sek etter vinnaren av klassa for menn senior Aslak Nenseter frå Bø skiskytterlag. I same klassa vart Johan Eirik Meland nr. 35. Han var 3 min 15 sek etter vinnaren med 4 strafferundar.

I klasse K17 gjekk Kari Alsaker inn til ein 22.plass på sprinten, 4.30 sek etter vinnaren med tre bom totalt. På fellesstarten vart det ein 26. plass og 4 min 54 sek etter vinnaren med totalt åtte bom. Åsne Skrede frå Geilo IL vann klassa begge dagar.

I klasse M17 vart Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 33 på sprinten. Han hadde seks bom og var 3 min 13 sek etter klassevinnar Mats Øverby frå Lier IL. Øverby gjekk også til topps på fellesstarten. Her kom Simon på ein 42.plass, 5 min 25.7 sek etter vinnaren med totalt 13 bom på dei fire skytingane.

Aksel Matias Meland kom på 23. plass på sprinten i M18 etter å ha fått to bom på kvar av skytingane. Han var 1 min 57 sek etter klassevinnaren Eirik Kjølnes Toreng frå Molde og Omegn IF. På fellesstarten søndag vart det ein 15.plass. Med totalt åtte bom på dei fire skytingane var han 2 min 32.5 sek etter klassevinnaren Lars Hammernes Leopold frå Asker SK. John Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL kom på tredjeplass, 11.2 sek etter vinnaren med to bom.

I klasse M19 vart Erlend Bakken best av våre på ein 32.plass. Han var 3min 9 sek etter klassevinnaren med totalt tre bom. Klassa vart vunnen av Sivert Bakken frå Vingrom IL. Håkon Midthjell Gjørven kom på 46. plass (+3min 50 sek, 3 bom), Andreas Halsteinslid kom på 52.plass (+4 min 32sek, 3 bom), Grim Nygård vart nr. 57 (+5 min 20 sek, 2 bom) og Odd Sindre Tonning nr 64 (+6 min 59 sek, 5 bom).

På fellesstarten vart Håkon Midthjell Gjørven best av våre med ein 37.plass. Med sju bom totalt var han 3 min 26 sek etter klassevinnar Mathias Skrede frå Geilo IL som hadde seks bom totalt. Erlend Bakken kom på 43.plass (+4 min 19sek, 10 bom), Andreas Halsteinslid vart nr 54 (+6 min 30,7sek, 10bom) og Odd Sindre Tonning nr 64 (+8min 26 sek, 13 bom).

Her er alle resultata frå Norgescuphelga på Liatoppen:

Resultatliste frå DNB cup 3 Statkraft jr cup 1 Liatoppen 7.1.2017 sprint.pdf

Resultatliste frå DNB cup 3 Statkraft jr.cup 1 på Liatoppen 8.1.2017.pdf




Resultatliste for SSF-cup stafett 8.1.2017

Postet av Markane IL den 8. Jan 2017

logo-markaneil.png


I dag var det SSF-cup stafett på Ullsheim med 40 lag på start.

Resultata ligg på Eqtiming på denne lenka. Her ligg også etappetidene:

Resultatliste for SSF-cup stafett Ullsheim 8.1.2017



Startliste for SSF-stafett på Ullsheim 8.1.2017

Postet av Markane IL den 7. Jan 2017

logo-markaneil.png

Startliste for SSF-stafett på Ullsheim 8.1.2017 ligg no på Eqtiming:


Startliste for SSF-stafett 8.1.2017



Resultatliste for Ullsrennet 7.1.2017

Postet av Markane IL den 7. Jan 2017

logo-markaneil.png


Her er resultatlista for Ullsrennet 7.1.2016:

Resultatliste Ullsrennet fri teknikk 7.1.2016



Startliste for Ullsrennet 7.1.2016

Postet av Markane IL den 7. Jan 2017

logo-markaneil.png

Her er startlista til Ullsrennet 2017:

Startliste Ullsrennet 07.01.2017



Cuprennet er avlyst p.g.a verforholda

Postet av Markane IL den 3. Jan 2017

logo-markaneil.png


P.g.a. verforholda i dag tysdag 3.januar vert cuprennet avlyst!. Rennet vert sett opp att tysdag 10.januar.








Påmelding til Ullsrennet og SSF-stafett

Postet av Markane IL den 2. Jan 2017

logo-markaneil.png

Dei frå Markane som vil vere med på Ullsrennet laurdag og/eller stafett søndag, må gje beskjed til enten Sigbjørn Fænn på e-postadresse: siggen_fen@hotmail.no, eller Margunn Hjelmeset på e-post adr: marg-hje@frisurf.no. Helst i løpet av tysdag kveld / onsdag føremiddag.



Innbyding til Ullsrennet fri teknikk og SSF-stafett

Postet av Markane IL den 1. Jan 2017

logo-markaneil.png

Markane IL innbyr til Ullsrennet i fri teknikk/SSF-cup junior laurdag 7.januar kl. 1300 og SSF-stafett søndag 8.januar kl.1200.

Påmelding må gjerast online seinast onsdag 4.januar kl. 2359


Innbydingane kan du laste ned her:

Markane IL inviterer til Ullsrennet 7.1.2017.pdf

Markane IL inviterer til SSF-stafett 8.1.2017.pdf



Levert av IdrettenOnline