Sakliste til årsmøtet 6.desember kl.1900

Postet av Markane IL den 29. Nov 2017

Her er saklista til årsmøtet i Markane IL onsdag 6.12.2017:


Sakliste til årsmøtet 06.12.2017


Årsmeldingar og andre sakspapir ligg i mappa Årsmøte 2017 under Filarkiv.

Årsmelding for styret vert lagt ut snart.



Oskar Guddal Breivik fekk DNB-stipend

Postet av Markane IL den 24. Nov 2017


Oskar Guddal Breivik frå Markane IL fekk overrekt DNB-stipendet for 2017 då skiskyttarane hadde sesongopning på Sjusjøen i helga.


Stipendet vart overrekt av landslagsløparane Hilde Fenne og Erlend Øvereng Bjøntegaard. Det er 13. gang DNB gjev ut dette stipendet til unge skiskyttarar.

- Føremålet med DNB-stipendet er å hjelpe  utøvarane på vegen mot ein internasjonal karrière.

I alt 23 løparar fekk tildelt stipendet som er på 7.500 kroner.





Stem fram Markane IL på Klubben i mitt hjerte

Postet av Markane IL den 10. Nov 2017

500 000 kr skal deles ut: Stem på klubben i mitt hjerte 11.-24.november 

 Norges idrettsforbund, i samarbeid med Sparebank 1, Dagbladet og P4, er stolte av å starte årets Klubben i mitt hjerte-kampanje.  Idrettslaget er grunnsteinen i arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøa. Under kampanjeperioden for Klubben i mitt hjerte kan alle som ønsker å takke sitt idrettslag, stemme på - og jobbe for - at klubben vinn fleire hjerter og kanskje også ein pengepremie som kjem godt med. Alle idrettslag i Norge kan stemme på sin favorittklubb og vinne flotte pengepremier.  

  Totalt skal 500.000 kroner delast ut!   

 Kampanjen startar laurdag 11. november og varer fram til fredag 24. november kl 12.00. Marit Bjørgen og Henrik Christiansen er ambassadørar for årets kampanje. 

Om klubben i mitt hjerte  

 Dersom din klubb klarer å få 50 stemmer i løpet av éin dag, er klubben med i trekninga av dagspremien på 10.000 kroner fra Sparebank 1. Totalt vert det delt ut 30 dagspremiar á 10.000 kroner og to hovedpremiar på 50.000 kroner. Av erfaring ser vi at de klubbane som evner å spreie ordet i sosiale medier og engasjere utøvarar, trenarar, venner og foreldre har størst sjanse for å vinne både dagspremiar og samanlagt. 

  Eigen SPLEIS-kampanje  

 Alle som stemmer på klubbenimitthjerte.no kan også opprette ein SPLEIS og samtidig delta om ein ekstrapremie.  Les om reglementet på www.klubbenimitthjerte.no hvor idrettslag også kan laste ned annonsemateriale. 

 Norges idrettsforbund, Sparebank 1, Dagbladet og P4 ønsker alle lykke til med årets kampanje!




Premiefest for Markane IL torsdag 16.november

Postet av Markane IL den 10. Nov 2017

Det vert premiefest i Markane IL torsdag 16.november kl. 1800 på Ullsheim.

Her vert det premieutdeling for sesongen 2016/2017 innan ski (cuprenn/lagsrenn), skiskyting (lagsrenn), orientering (samanlagtcup/lagsmeisterskap/tur-o) og setretrimmen.

Vi oppmodar alle om å ta med eit fat med mat og kome på premiefesten for å hente premiane sine.

Vel møtt!

 Valg 

Liker



Oppstartskveld i skiskyting

Postet av Markane IL den 6. Nov 2017



Invitasjon til klubb/handlekveld hjå Sport 1 Ytreeide 9.november

Postet av Markane IL den 2. Nov 2017

 



 

 Sport 1 Ytreeide  inviterar herved til vår populære handlekveld for medlemmar av idrettslag.

TORSDAG 9. NOVEMBER frå kl 17-21


 


Denne kvelden vert det gode rabattar til våre idrettslagsmedlemmer.


·         25% rabatt på alt skiutstyr. På konkurranseutstyr kan vi tilby enda betre rabattar, litt avhengig av kva type som blir valt.


·         30% rabatt på skismurning og preppeutstyr frå Swix viss du fyller ut vedlagt bestillingsskjema. 




Vi tilbyr 5% ekstra rabatt på klubbvarer frå Hummel og Adidas. Dvs 25% rabatt på utstyr, hallsko, fotballsko og bekledning.

  • Stryn Handball
  • Stryn Turn
  • Stryn Fotball
  • Hornindal IL
  • Vikane IL
  • Loen IL
  • Oppstryn IL


 

Elles har vi mange andre spennande tilbud i butikken! 


Swix stiller med Paul Aunaas som kan rettleie om smurning, stavar og utstyr frå Swix.


Fischer stiller med informasjon om sko, binding og ski.


Tendenzer, med merker som feks Völkl, stiller med alpint og toppturutstyr.


 


For å halde på vår posisjon som skispesialisten forbetrar vi stadig vårt spesialutstyr innan tilpassing av utstyr. Vi tilbyr:


·         Eikemålar for langrennsski der vi kan måle ut nøyaktig smøresone for klassisk langrennsski og teste nøyaktig        

            kammerhøgde på  skøyteski


·         Varmeskap for tilpassing av Fischer, Salomon og Atomic alpin og topptursko. Dette gjer at vonde sko høyrer fortida til.


·         Oppgradert Wintersteiger steinslipemaskin der ein sjølv kan velje struktur.


 


Vi håpar de kan dele invitasjonen til alle medlemmane dykkar. Send mail, SMS, legg ut på Facebook og heng gjerne opp plakat.


Vi kjem til å legge ut eit bilde/arrangement på vår facebookside, så de må gjerne dele denne også.


 


Hjerteleg velkomen


Med skihelsing

Sport 1 Ytreeide