Cuprenn 4 i klassisk stil 28.2.2017

Postet av Markane IL den 26. Feb 2017

logo-markaneil.png

Tysdag 28.februar er det klart for sesongens fjerde cuprenn på Ullsheim.

Påmelding frå kl. 1745. Første start ca. 1830.

Startkontingent kr 50


Alle velkomne!




Oskar Guddal Breivik til topps på Hovudlandsrennet!

Postet av Markane IL den 26. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk heilt til topps i klasse G15 på sprinten under HL skiskyting!

Med ein bom på kvar av skytingane vann han klassa 9,5 sek føre Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som hadde tre bom totalt. På tredjeplass kom Jakob Høsøien frå Tynset IF, 15.9 sek etter vinnaren med totalt to bom.

Oskar gjekk også inn til ei god plassering på fredagens normaldistanse der han vart nr 7.

Markane hadde også ein deltakar i 16-årsklassa. Magnus Midthjell Gjørven. Med totalt to bom på sprinten kom han på 81.plass i klassa. På normaldistansen hadde han berre eit tillegg på standplass og vart nr 75. I alt 112 deltakarar var påmelde i klassa.


Resultat frå sprinten og normaldistanse på HL i Meråker

Offisiell resultatliste HL G15 Sprint.pdf

Offisiell resultatliste G15 normal.pdf

Offisiell resultatliste G16 sprint.pdf

Offisiell resultatliste g16 normal.pdf

Foto: Nordfjord Team




Nye postar på plass i Skiposten

Postet av Markane IL den 16. Feb 2017

logo-markaneil.png


Nye postar er no hengde opp i Skiposten 2017. Desse heng ved lysløypa på Stryn skisenter, Tverrfjellet, Lundasetra og Svingesetøyane.

Postane heng ute veke 7,8,9 og 10.


Klippekort kan du laste ned her: Klippekort skiposten 2017


Her er også litt meir info om skiposten: Skiposten 2017- info




Oskar Guddal Breivik klar for Young Star!

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik (Markane), Lasse Flo Bødal (Stårheim) og Martin Åland (Hardbagg) er alle klare for Young Star i Holmenkollen


Young star er eit skiskyttar-renn for landets 30 beste 15-16-åringar både for jentene og gutane. Rennet går rett før Worldcup-renna for senior.

Vestlandet har 3 plassar i dette rennet. Etter dei 4 første kvalifiseringsrenna har 15-åringane Lasse Flo Bødal (Stårheim) og Oskar Guddal Breivik (Markane) begge full pott og er alt kvalifisert for Young star. 16-år gamle Martin Aaland (Hardbagg) har 3 av 4 moglege poeng. Ved å klare eit poeng til på Hovedlandsrennet vil han også være kvalifisert (og det går nok bra)

Fjerdemann i samandraget er Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen som har eitt poeng.

Foto: Markane IL



Nytt VM-sølv til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Johannes Th Bø.jpg

Johannes Thingnes Bø sikra seg nok eit VM-sølv på jaktstarten i Hochfilzen i dag.


Ingen av dei andre løparane var i nærleiken av å true den franske storfavoritten Martin Fourcade, men Johannes Thingnes Bø tok nok eit imponerande VM-sølv under jaktstarten søndag.

Det vart dobbelt norsk på pallen med sølv til Johannes og bronse til Ole Einar Bjørndalen (43) som tok sin VM-medalje nummer 45.

Johannes fekk tre bom i løpet av jaktstarten, men klarte likevel å gå seg inn til nok eit VM-sølv, 22,8 sekund bak den franske favoritten.

Tarjei Bø gjorde også eit svært godt løp og enda til slutt på 9. plass, 52,3 sekund bak Fourcade.


Vi gratulerer med nok eit VM-sølv!




3 x gull på LM i skiskyting

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Både Emilie Flo Stavik (J14), Oskar Guddal Breivik (G15) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (M17) gjekk heilt til topps i sine klassar på LM-sprinten i dag.

I tillegg tok Anne Marie Roset sølv i klassa for K17.

Dei andre markarane plasserte seg slik: Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 4 iJ14, Elias Dispen Lødemel nr6 i G14, Nikolai Dispen Lødemel nr 7 i G16 og Magnus Midthjell Gjørven nr 8 i G16.

Foto: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik, Simon Hjelmset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Magnus Midthjell Gjørven. Anne Marie Roset, Elias og Nikolai Dispen Lødemel var ikkje til stades då bildet vart teke.


Resultatliste LM-Vest-Sprint 12.02.2017.pdf



VM-sølv på sprinten til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Johannes Th Bø.jpg

Berre 0.7 sekund skilde Johannes Thingnes Bø frå eit VM-gull på sprinten i Hochfilzen i dag. Gullet gjekk til Benedikt Doll frå Tyskland med tida 23.27.4.

Johannes skaut feilfritt i likskap med Doll, men tapte forspranget på 10 sekund som han hadde ut på siste runden, inn mot mål

Også Tarjei Bø gjorde eit svært godt VM-løp. Med berre eitt bomskot endte han på 14. plass som tredje beste norske.

Ole Einar Bjørndalen kom på 8. plass medan Emil Hegle Svendsen enda på ein 36. plass. Franske Martin Fourcade, som hadde to bom, kom på bronseplass, 23, 1 sekund bak vinnaren.

I morgon er det klart for VM-jaktstart.


Vi gratulerer Johannes med VM-sølvet!



4 pallplassar i LM skiskyting

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Det vart fire andreplassar og ein tredjeplass under normaldistansen på LM skiskyting på Voss. Oskar Guddal Breivik (G15), Anne Marie Roset (K17) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (M17) sikra seg alle sølvplass i sine klasser medan Emilie Flo Stavik sikra bronse i J14.


Resultatliste LM skiskyting 11.02.2017.pdf



Andre Haugsbø og Anniken Hjellbakk Hole til topps i Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Andre Haugsbø vann Tverrfjelldilten for femte året på rad. Anniken Hjellbakk Hole gjekk til topps i kvinneklassa. I kombinasjon med Tverrfjelldilten vart det også arrangert distanserenn for aldersgruppa 11-16 år på Ullsheim.

Her er resultata:


Resultatliste Tverrfjelldilten og distanserenn 11-16år Ullsheim Dato 11.2.2017.pdf



Smørjetips Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 10. Feb 2017

logo-markaneil.png

Oppdatert smurningtips Tverrfjelldilten;

Underteikna og vinnar Tverrefjelldilten alle år Andre Haugsbø gjekk ei runde ikveld og har konkludert med følgjande: Mykje mindre slitasje enn venta..

1. Smelt inn med jern eit lag blå klister, kjøl ned
2. Varm inn lilla spesial eller lilla klister, kjøl ned
3. Legg ei bra lag grunnvalla evt har voks oppå klisteren...dra raskt over med smørejern..(ikkje gni ut etterpå)..kjøl ned.
4. Legg 2 lag Swix Vr50 og 1-2 lag Swix Vr60 voks. Gni forsiktig ut så du dekke klisteren godt. Legg på siste laga ute i kulden! God tur!


Nils Heggdal



Distanserenn for 11-16år i samband med Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 8. Feb 2017

logo-markaneil.png
Det vert arrangert distanserenn på Ullsheim for aldersklassane 11-16år i samband med Tverrfjelldilten laurdag 11.02.2017.


Distanserennet erstattar Hyesprinten søndag 12.februar p.g.a. dårleg snøforhold i Hyen.

Rennet går som klassisk med fellesstart for følgjande klassar:
- G/J 11 - 12 år: 3 km - G/J 13-14 år: 5 km - G/J 15-16 år: 10 km
Arrangementet vert ikkje opent for klassane 10 år og yngre.
I samband med Tverrfjelldilten er det for øvrig ingen endringar i distansar og klassedelingar for junior og eldre.
Arrangementet inngår i SSF Cup Rekrutt.

Her er løypekart:


Februar 2017 3 km.pdf
Februar 2017 3 og 5 km.pdf
Februar 2017 5 km.pdf







3.plass til Oskar Guddal Breivik på normaldistansen i Bendit Kvalfossprinten

Postet av Markane IL den 6. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til ein flott tredjeplass under normaldistansen i M 15 i Bendit Kvalfossprinten.

Med to bom var han berre 33 sekund etter klassevinnar Emil Hage Streitlien frå Folldal IF som berre hadde ein bom.

Nordfjordingane gjorde det svært så godt i denne klassa. ¨Stårheimsløparane Lasse Flo Bødal og Bendik Vereide kom på 2. og 4.plass i klassa. Bødal var berre to sekund etter klassevinnaren. Han hadde ein bom.

I klasse J14 vart Maren Hjelmeset Kirkeeide best av våre med ein 33.plass med totalt seks bom. Emilie Flo Stavik vart nr 33 med fem bom medan Hedda Garlid Hilde kom på 37.plass med totalt seks bom.

I klasse G14 vart det 68. plass til Elias Dispen Lødemel. I denne klassa vart det dobbeltsiger til to nordfjordingar med førsteplass til Kasper Mundal frå Stårheim og andreplass til Magnus Skeide Bakke frå EId IL.

I klasse G16 gjekk Magnus Midthjell Gjørven inn til ein 62.plass etter god innsats på skytebana med to bomskot. Nikolai Dispen Lødemel vart nr 69 i same klasse med totalt fem bom.



Resultatliste for Bendit Kvalfossprinten normaldistanse 05.02.2017



5.plass til Oskar Guddal Breivik på Bendit Kvalfoss-sprinten

Postet av Markane IL den 5. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til 5.plass i G15 under Bendit Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen i dag. Med totalt to bom var han 50 sek etter klassevinnar Jakob Høsøien frå Tynset IL som berre hadde ein bom. Andremann var Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som skaut to fulle hus og var to sek bak vinnaren. Mattias Stakkeland frå Knaben IL vart nummer tre. Han var 25 sek etter vinnaren med ein bom.

I klasse J14 vart det ein fin 15.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho vart berre 1 min 44 sek etter vinnaren sjølv om ho fekk fire rundar på standplass. Klassevinnar vart Ida Molde Lappegard frå Ål IL med berre ein bom. I same klassa vart Emilie Flo Stavik nr 21 med totalt fem strafferundar. Hedda Garlid Hilde fekk også fem bom og kom på ein 35.plass.

I klasse G14 vart Elias Dispen Lødemel nr 86. Han vart 3 min 28 sek etter vinnaren etter å ha fått eit tillegg på to minutt p.g.a to manglande strafferundar. Klassevinnar vart Lauritz Sogn Larssen frå Try IL.

Magnus Midthjell Gjørven kom på ein 75. plass i G15 medan Nikolai Dispen Lødemel vart nr 94 i same klassen. Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo.

Vi gratulerer også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg som gjekk heilt til topps i klasse J13!


Komplett resultatliste frå Bendit Kvalfoss-sprinten finn du her:


Resultatliste for Bendit Kvalfoss-sprinten 4.2.2017



Resultat frå sesongens tredje cuprenn 2.2.2017

Postet av Markane IL den 5. Feb 2017


Her er resultatlista for sesongens tredje cuprenn. Rennet gjekk i fri teknikk og samla 71 deltakarar. I samband med rennet vart også 70 års dagen til Eldbjørg Hatledal markert.

Som vanleg var det best deltaking i dei yngste klassane som ikkje er rangerte. 23 deltok i klassa for dei på 8 år og yngre medan 11 stilte opp i 9-10 års klassa.

I klassa for jenter 11-12 år vann Inger Hjelmeset med eitt sekunds margin til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. I alt 9 jenter deltok. Torje Seljeset (arkivfoto) gjekk til toppsi G11-12.

Emilie Flo Stavik vann jenter 13-14år og Håvard Sætre gjekk til topps i G13-14. I klassa for gutar 15-17 var Simon Hjelmset Kirkeeide raskast medan Anne Marie Roset vann J15-17. I klassa for menn 18 år og oppover gjekk klassesigeren til Aksel Mathias Meland medan Elise Skeide Bakke vart klassevinnar i kvinner 18 år og oppover.


Komplett resultatliste for rennet finn du her:


Resultatliste cuprenn 3 i fri teknikk. Dato: 2.2.2017



Resultat frå SSF-cup klassisk på Ullsheim 4.2.2017

Postet av Markane IL den 4. Feb 2017


Vel 100 startande var i aksjon på Ullsheim i dag då det vart arrangert SSF-cup i klassisk stil.

Offisiell resultatliste finn du her:

Offisiell resultatliste SSF-cup klassisk Markane 4.2.2017


Arkivfoto (Markane IL): Håkon Midthjell Gjørven som vart nr 3 i M19.



Startliste SSF Cup klassisk 4. februar

Postet av Markane IL den 3. Feb 2017

logo-markaneil.png

Då er det klart for SSF Cup på Ullsheim - første start laurdag kl 13.00.

Velkomne !

Parkering kr 50,-

startliste ssf cup 4 feb 2017.pdf