Markane IL arrangerer nær-o-løp på Sætren torsdag 1.juni

Postet av Markane IL den 31. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Markane IL innbyr til nær-o-løp torsdag 1.juni. Frammøte på Sætren. Start: frå kl. 18:00


Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20, f.o.m.17 år kr 40

Vel møtt!



Innbyding til Verdas orienteringsdag og nær-o-løp i Tonningskamben.

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

Markane IL innbyr til sesongens femte nær-o-løp onsdag 24.mai i Tonningskamben med utgangspunkt i Setrevegen. Start frå kl. 1800.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20. F.o.m.17 år kr 40.

I samband med at det er Verdens orienteringsdag vert det i tillegg til nybyrjarløpet som har enkle poster langs stiane, kartleikar, der ein lærer dei enklaste kartteikna, og ein kan få testa spurteigenskapane i ei «Rakettløype».

Orientering er for alle aldrar og vi vil også tilby eit lynkurs i bruk av kart og kompass.

Alle deltakarar får tildelt diplom for deltakinga.

Verdens orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert i over 75 land den 24.mai 2017. Det er Det internasjonale Orienteringsforbundet som inviterer og målet er å gje flest mogleg born og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsoppleving og å gjere idretten kjend for fleire. Målet er også å få fleire deltakarar enn den tidligare verdsrekorden i tal på deltakarar som spring ei orienteringsløype på ein dag. Det betyr meir enn 250 000 deltakarar!

Det viktigaste er å gi alle ei moglegheit til gode orienteringsopplevingar!

Vi ynskjer alle velkomne til o-løp!



Innbyding til Rotekoppen 2017

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Breimsbygda IL innbyr til o-løpet Rotekoppen 27.mai. Påmelding innan onsdag 24.mai.

Innbydinga finn du her.

Innbyding Rotekoppen 2017



Innbyding til Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Førde IL innbyr helga 20.-21.mai til Sunnfjordorientering og Førdebodstikka.

Innbydingane finn du her.


Innbyding Sunnfjordorientering og Førdebodstikka 2017



IL Veten invitererer til Nær O-løp 18. mai!

Postet av Markane IL den 18. Mai 2017

orienteringslogo.gif

IL Veten innbyr til nær-o-løp torsdag 18.mai. Frammøte på Bergset, merka frå Panoramavegen. Start: frå kl. 18:00

Løyper: ca. 1,5 km N-løype, ca. 2,5 km C-løype, ca. 3 km A-kort, ca. 5 km A-løype og rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20, f.o.m.17 år kr 40



17.mai i Markane

Postet av Markane IL den 15. Mai 2017


Velkomne til tradisjonell 17. mai-feiring i Skogstjerna.

1300 Vi byr på rømmegraut.

1345 Hornindal Musikkorps spelar og vi går i tog.

Leikar

Sosialt samvær

Kaffi og kaker

Lotteri

Helsing

Markane ungdomslag



Innbyding til Postvegløpet 7.juni

Postet av Markane IL den 14. Mai 2017

DSC_0673.jpg

Onsdag 7. juni arrangerer Markane IL det tradisjonsrike Postvegløpet. Løpet har start og innkomst ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og går over 6 km på grusveg og skogsveg. Påmelding frå kl 17.00. Klasse utan tidtaking start frå kl 18.00. Konkurranseklassane har fellesstart kl 19.00.

I år prøvar vi oss med premiering av beste 3-manns lag i konkurranseklassen. Eigen premiering av beste 3-manns lag frå bedrift/organisasjon i konkurranse og eigen premiering til bedrift/organisasjon som stiller med flest deltakarar uavhengig av om ein deltek utan tid eller i konkurranseklassen.

Kom og spring (eller gå)!


Premier

Klasseinndeling

1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer

Gutar/jenter 13-15 16-18, M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (Anna klasseinndeling enn i Nordfjordkarusellen.)

Kommentar

Skildring

Konkurranseklasse opp til 18 år kr. 50,-

19 år og over: kr 100,-.

Trimklasse utan tid kr 50,-. Familietrim 150,-

Trimklassa start frå kl 18.00

Løpet inngår i Nordfjordkarusellen. Alle som fullfører 4 løp får premie. Premiering etter det siste løpet i karusellen. Premie ved 4 fullførte løp. Premiane er lokalt handverk.


Navn

Telefon

Mobil

Epost

Kontaktpersoner 1

Eldbjørg Hatledal

97076695

ehatleda@online.no


http://db.kondis.no/arrangement.php?id=24214



FINN FRAM DAGEN 14.MAI

Postet av Markane IL den 9. Mai 2017

Markane IL og IL Veten arrangerer FINN FRAM DAGEN– ein familiedag med aktivitetar for små og store søndag 14. mai frå kl. 13.00 på Ullsheim

Program:

  • Nybyrjarløype
  • Rakettløype
  • Naturstim.m.

Frukt og saft til deltakarane.

Her er heile innbydinga:

Innbyding til Finn fram dagen 14.mai 2017


VI ØNSKJER NYE OG GAMLE O-LØPARAR VELKOMNE!



Innbyding til nær-o-løp nr 3 i Hovdebygda

Postet av Markane IL den 7. Mai 2017

orienteringslogo.gif

Hovdebygda IL innbyr til sesongens tredje nær-o-løp torsdag 11.mai.

Frammøte: Aasen-tunet i Hovdebygda. Merka frå E39 mellom Ørsta og Volda (rett før du kjem til flyplassen om du kjem frå Volda)

Start: Frå klokka 18.00

Løyper: ca 1.5 km N-løype, ca 2,5 km C-løype, ca 3 km A-kort, ca 5 km A-lang. Ingen rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m 16 år: kr 20,- F.o.m. 17 år: kr 40,- Kontant eller Vipps til: 97185183

Det vert ikkje nytta EKT, men klippetenger og manuell tidtaking.

Velkomne til Nær-o-løp i Hovdebygda!



Innbyding til nær-o-løp nr 2 torsdag 4.mai på Maurset

Postet av Markane IL den 2. Mai 2017

orienteringslogo.gif


Markane IL innbyr til sesongens andre nær-o-løp torsdag 4.mai.

Frammøte: Maursettjønna, merket frå RV 15 ved Skogstjerna.

Start: frå kl 18:00

Løyper: ca. 1,5 km N-løype, ca. 2,5 km C-løype, ca. 3 km A-kort, ca. 5 km A-løype og rakettløype.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20. F.o.m.17 år kr 40

Samanlagtpremie: Medlemmar av Markane IL som deltek i minst 6 løp, får samlepremie. (Løypeleggjar og andre medhjelparar tel også som deltakarar.)

ALLE VELKOMNE!