Nær-o-løp på Leite torsdag 31.august

Postet av Markane IL den 30. Aug 2017

Det blir O løp på Leitet i morgon kl 18.00. Merka frå Blakset Ungdomshus. Bomveg, eller 15 minutt å gå frå Nygård. Vanlege løypelengder med ulik vanskegrad. Dette er sesongens siste Nær O-løp. Løpet er også Lagsmeisterskap for Veten.

Vi minner om at dei som deltek på minst seks løp for Markane IL, oppnår samanlagtpremie.

Vel møtt!



Markanebadinga startar 4.september

Postet av Markane IL den 27. Aug 2017

Markanebadinga starta opp att igjen den 4. september. Det vert bading kvar måndag frå 19.00-20.00 i Stryn symjehall.
Badinga er for medlemer i Markane IL. 
Nye medlemer er velkomne!



Kunnskapsministeren opnar landslinja 22.august

Postet av Markane IL den 22. Aug 2017


Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Ullsheim tysdag 22.august kl.1530 der han vil stå for den formelle opninga av den nye landslinja i skiskyting.

Skiskyttarpresident Erlend Slokvik og fylkesordførar Jenny Følling kjem også til å vere til stades under opninga. Det same blir ordførar Sven Flo og varaordførar Torstein Tvinnereim.

Alle er velkomne til Ullsheim på opningsseremonien.


Foto: Vidar Ruud/Scanpix



Nær-o-løp og lagsmeisterskap for Markane IL torsdag 24.august

Postet av Markane IL den 21. Aug 2017

Det vert nær-o-løp på Tverrfjellet torsdag 24.august. Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL. Første start kl. 1800.

     

Stad: Tverrfjellet, Badedammen – følg skilting frå RV 15

NB! Bomveg - kr 60 (mulig å «vippse») på Vinsrygg

  

Start: kl 18.00

 

Løyper:  A-lang, A-kort, B/C og N-løype og «Rakettløype»

 

Løpsavgift:    T.o.m. 16 år    kr 20,-

                       F.o.m. 17 år    kr 40,-

 

Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL.

Klasser:      

D/H 12 – N-løype

D/H 12-19 – A/B-løype (ca.3,2 km)

D/H 17 – A-lang (ca. 5,8 km)

D/H 55 – A-kort (ca. 3,5 km)

Det vert teke atterhald om endring av løypelengdene.    

Velkomen!

 

Arrangør:  Markane IL O-gruppa

Vel møtt!



Innbyding til nær-o-løp torsdag 17.august

Postet av Markane IL den 16. Aug 2017

Innbyding til nær O-løp på Bergsetstøylen i morgon Kl.18.00. Løyper: A1 3,6 km. A2 2,6 km. C 2 km og N 1,5 km.


 



Innbyding til barmarkssamling 8.-10.9.2017

Postet av Markane IL den 12. Aug 2017

08.-10. september er det duka for den årvisse langrennssamlinga med Sjur Ole Svarstad på Ullsheim. Frist for påmelding er 31. august 2017. Samlinga er for ungdom som er fødde mellom 2002 og 2006.

Innbyding til barmarkssamling på Ullsheim 8.-10.september 2017


Påmelding