Rekord for idrettslagsbasaren

Postet av Markane IL den 26. Sep 2017

Årets idrettslagsbasar sette ny rekord. Heile 81 000kr kom inn til laget.

Stor takk til alle som kjøpte lodd, gav oss fine gevinstar eller bidrog på annan måte.

Her er trekningslista for premiane på bok:

Trekningsliste





Johannes Thingnes Bø til topps under NM rulleskiskyting

Postet av Markane IL den 26. Sep 2017

Johannes Thingnes Bø sikra seg gull under NM rulleskiskyting fellesstart i Sirdal. Han gjekk også inn til sølv på sprinten. (Foto: Nordfjord Team)

Under fellesstarten skaut Johannes feilfritt, og var 23 sekund føre sølvvinnar Henrik L'Abee Lund og 28 sekund føre Lars Helge Birkeland som tok bronse.

Tarjei Bø vart nummer fire på begge løpa medan Johan Eirik Meland fekk 26. plass på sprint og 23.plass på fellesstarten.

Sigrid Flo Bødal frå Stårheim vart norsk meister i klasse K19 på fellesstarten. Flo Bødal skaut feilfritt på dei tre første skytingane, men sjølv med to bom på siste ståande var ho 30 sekund føre neste jente i mål. Ho fekk også ein sjuandeplass på sprinten.

Øvrige lokale løparar plasserte seg slik under NM:

Sprint:

M17: Eilev Aa Klokk, Stryn vgs/Vingrom  nr 12     + 2.32  (1+2)

M17: Magnus Midthjell Gjørven, Markane  nr 24     + 4,33  (2+2)

M18: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane nr 10    + 1.24  (1+2)

M19: Aksel Mathias Meland,    Markane   nr 14       + 3.06  (1+2)

K20-21: Karoline Erdal,  Førde nr 5                           +1.55 (0+0)

 

Fellesstart

 

M17: Eilev Aa Klokk, Stryn vgs/Vingrom  nr 17      + 6.58,9  (2+3+4+0)

M17: Magnus Midthjell Gjørven, Markane  nr 20     + 7.36,6  (1+3+2+1)

M18: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane nr 16    + 5.08,2  (2+3+4+2)

M19: Aksel Mathias Meland,    Markane   nr 12       + 2.42,9  (0+2+2+1)


Resultatliste NM i rulleskiskyting 2017 sprint

Resultatliste for NM i rulleskiskyting 2017 fellesstart



Markanebading 18.september er avlyst!

Postet av Markane IL den 18. Sep 2017

Markanebadinga 18.september er avlyst på grunn av vedlikehald i symjehallen!



Innbyding til Haustnatt og Haustbløyta 22.-23.september

Postet av Markane IL den 14. Sep 2017

O-sesongen er ikkje over enno! IL Tambarskjelvar innbyr til o-løpet Haustnatt 22.september og til Haustbløyta 23.september.

Påmelding innan 20.september på 20.september på Eventor eller på e-post eller tekstmelding til
Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com - 93237073

Innbydingane finn du her:



Innbyding til Haustnatt 22.09.2017

Innbyding til Haustbløyta 23.09.2017



Resultat frå rulleskiskytingsrenn på Ullsheim 10.9.2017

Postet av Markane IL den 11. Sep 2017

Søndag 10.september var det rulleskiskytingsrenn på Ullsheim. Rennet gjekk som normaldistanse.

I alt 65 deltakarar, hovudsakleg frå Nordfjord og Sunnmøre, deltok på rennet.

Komplett resultatliste finn du her:

Resultatliste frå rulleskiskytingsrenn på Ullsheim 10.09.2017



Innbyding til rulleskiskyting på Ullsheim søndag 10.september

Postet av Markane IL den 8. Sep 2017


Markane IL innbyr til rulleskirenn søndag 10.september. Det vert normaldistanse med klassar for alle frå 13 år og oppover. (Mogleg å opprette nybyrjarklassar for yngre.) Innskyting frå kl. 12.30

Vel møtt!


Fullstendig innbyding finn de her:

Innbyding rulleskiskyting 10.9.2017.pdf



Innbyding til KM sprint laurdag 9.september på Kaupanger

Postet av Markane IL den 4. Sep 2017


Laurdag 9. september 2017 har o-gruppa i Sogndal IL gleda av å invitere til KM sprint på nytt kart ved Kaupanger idrettsplass. Samlingsplassen vert ved Kaupanger idrettsplass. Det vert merkt frå riksveg 5.   Første start kl. 1400.

Påmelding innan torsdag 7.september kl. 2300 på Eventor  eller send e-post til karl.helge@online.no med namn, klubb, klasse og brikkenr. Etterpåmelding inntil ein time før start.

For fleire detaljar, sjå vedlagt innbyding:

Innbyding til KM sprint 9.september 2017