Lagsmesterskap i skiskyting, hopp og slalom 2.april 18

Postet av Markane IL den 31. Mar 2018

Måndag 2.påskedag er det lagsmesterskap i skiskyting, hopp og slalom på Ullsheim. Innskyting frå og påmelding frå kl 12.00. Start skiskyting kl 13. Det blir og ei eiga foreldreklasse. 

Lagsmesterskap hopp og slalom går etter skikskytinga. 

Etter dette blir det ei sosial samling med grilling, kaffi og kaker mv og ei lita markering av dei flotte resultata mange av utøvarane våre har oppnådd i vinter. 



Cuprenn i klassisk stil tysdag 13.mars

Postet av Markane IL den 13. Mar 2018

Det vert cuprenn nr 6 tysdag 13.mars. Dette er sesongens siste! 

Klassisk stil, enkelstart for alle klassar!


Påmelding frå klokka 17.50, fyrste start ca klokka 18.30 / 40
Velkomne alle saman!




3.plass i Ungdomsbirken til Maren Hjelmeset Kirkeeide

Postet av Markane IL den 11. Mar 2018


Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til tredjeplass under Ungdomsbirken. Foto: Privat

Ungdomsbirken på ski gjekk av stabelen søndag, og alle dei tre Markaneløparar som deltok viste strålande innsats.

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg bronse i klasse jenter 15 år då ho gjekk inn til tredjeplass på distansen over 17 kilometer, klassisk stil. Det var svært jamt og opp til 1. plassen var det berre sju sekund.

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein flott 14. plass i same klasse. Det var heile 154 løparar på startstreken i klassen.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 28 blant 202 løparar i klasse jenter 13 år.



Bronse i junior-NM

Postet av Markane IL den 11. Mar 2018

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til bronse i junior-NM. Foto: Steinkjer skiklubb

Simon Hjelmeset Kirkeeide  var 28 sek bak vinnaren i 18 års-klassa på 10 km friteknikk under jr. NM i Steinkjer. Klassesiger gjekk til Iver Tildheim Andersen medan David Thorvik vart nr 2, 15 sek etter vinnaren.

Vi gratulerer!



Sølv til stafettlaget på HL skiskyting

Postet av Markane IL den 11. Mar 2018

Gunn Kristi Tvinnereim, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik gjekk inn til sølv på stafetten i J15-16 under Hovudlandsrennet. Foto: Nordfjord Team

 

Det vart ein svært spennande stafett under hovudlandsrennet i skiskyting søndag. I klassen jenter 15-16 år vart det spurtoppgjer mellom Sogn og Fjordane og Rogaland om gullet.

Emilie Flo Stavik gjekk ut som tredjemann på den siste etappen etter at Maren Hjelmeset Kirkeeide og Gunn Kristi Tvinnereim hadde lagt eit godt grunnlag på sine etappar. Ho gjekk eit kjempeløp og avanserte til sølvplass, 20 sekund bak Rogaland, ut frå siste skyting.  Emilie kom opp i ryggen på Rogaland og Herborg Idland på veg inn på stadion. Dessverre vart  Idland eit lite knepp for sterk på oppløpet, men ein flott sølvmedalje vart det til jentene frå Sogn og Fjordane.

Også 2. laget gjekk ein svært god stafett og sikra premieplass som 7. lag i mål. På dette laget gjekk Hedda Garlid Hilde, Ingrid Heggen og Turi Lise Totland.

Det vart også medalje til gutelaget i klasse G15-16. Dei gjekk inn til bronse. På dette laget gjekk Bendik Vereide, Magnus Skeide Bakke, Lasse Flo Bødal og Oskar Guddal Breivik. I G15 kom Sogn og Fjordane sitt lag på ein 10.plass. På laget gjekk Patrick Isene, Hallvard Engeset Woldsund, Tord Sølvberg og Sondre Roset.

Fleire lokale resultat:

Normaldistanse:

J15

5. Maren Hjelmeset Kirkeeide

6. Emilie Flo Stavik

17 Hedda Garlid Hilde

 

J16

5. Gunn Kristi Tvinnereim

13 Oselie Henden

19 Ingrid Heggen

G15

8 Tord Sølvberg

16 Magnus Skeide Bakke

G16

3 Lasse Flo Bødal

12 Oskar Guddal Breivik

Sprint:

G15

21 Magnus Skeide Bakke

G16

12 Lasse Flo Bødal

41 Oskar Guddal Breivik

J15

12 Maren Hjelmeset Kirkeeide

13 Emilie Flo Bødal

25 Turi Lise Totland

30 Hedda Garlid Hilde

J16

12 Oselie Henden

16 Gunn Kristi Tvinnereim




Levert av IdrettenOnline