Nær-o-løp nr 3 på Ullsheim torsdag 20.juni

Postet av Markane IL den 17. Jun 2019

Markane IL arrangerer nær-o-løp torsdag 20. juni. Oppmøte ved avkøyrsla til Ullsheim. Merka frå rv.15.
Start frå kl. 18.00-19.30
Kr. 40 for vaksne
Kr. 20 for born t.o.m. 16 år.
Løyper blir som vanleg.  (N-, C- og 2 x A-løyper + Rakettløype)

Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL. 


Medlemmer av Markane Il som deltek i minst 5 av 10 nær-o-løp i sesongen, får den flotte samanlagtpremien
Løypeleggar/medhjelpar tel som delteke.

Helsing
O-gruppa i Markane IL



Resultatliste frå Postvegløpet 2019

Postet av Markane IL den 5. Jun 2019

Her er resultatlista til Postvegløpet 2019.

Meir om løpet kjem etterkvart:

Resultatliste Postvegløpet 5.6.2019.pdf




Innbyding til Postvegløpet onsdag 5.juni 2019

Postet av Markane IL den 1. Jun 2019

Onsdag 5.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonklasse start frå kl. 1800


Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Lisens kjem i tillegg.

Trimklasse:

Kr. 50. Familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking vi håpar sjølvsagt på ny deltakerrekord i år også!

1/3-premiering og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim og konkurranseklassa.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.

Alle velkomne!



Levert av IdrettenOnline