Postvegløpet 2020 er utsett

Lagt ut av Markane IL den 31. Mai 2020

På grunn av covid-19-situasjonen vert det ikkje Postvegløp første onsdagen i juni. Vi satsar på å kunne arrangere løpet seinare i sommar og kjem tilbake med dato når denne er klar.



Nær o-løp

Lagt ut av Markane IL den 10. Mai 2020


Hurra! 

Vi kan no starte opp med vanlege nær o-løp, og vi tilpassar oss dei retningslinjene som vi har fått i høve smittevern (sjå under). 

Datoar for nær o-løp fram til sommarferien:

Torsdag 14. mai: Markane IL

Torsdag 28. mai: Veten IL

Torsdag 11. juni: Markane ILTorsdag 18. juni: Veten IL

Vi vil legge ut nye UsynligO løyper dei vekene det ikkje er nær o-løp.

Torsdag 14. mai frå kl. 18.00 blir det nær o-løp på Sætren.N-løypeC-løypeA-løypeVelkommen!

Smitteverntiltak nær o-løp

Arrangør:

  • Eigen smittevernansvarleg på kvart arrangement
  • Alle bukkar skal spritast ved utsetting
  • Sprit hender før pakking av kart

Deltakarar:

  • Alle deltakarar må vere heilt friske
  • Sprite brikke og hender før og etter løpet. Ved synlig skit skal hender og brikke vaskast med vatn før brikka blir registrert.
  • Trekk vekk frå posten med ein gong etter stempling.
  • Hald god avstand i start og mål området.
  • Lånebrikker hentast på eige bord og skal leggast i kasse etter bruk.
  • Lapp med strekktider blir ikkje delt ut.