Nær-o-løp nr 6 på Tonningssetra torsdag 3.september

Postet av Markane IL den 31. Aug 2020

Torsdag 3.september er det klart for sesongens 6.nær-o-løp. Løpet har start frå Tonningssetra. Start frå kl. 1800. Løyper som passar alle nivå, i fint terreng. Bomveg frå Stryn skisenter. 

NB! Lagsmeisterskap for Veten (Markane sitt lagsmeisterskap blir torsdag 10. september).

Vel møtt!


0 Kommentar

Setretrimmen tek i bruk GeoReg

Postet av Markane IL den 31. Aug 2020

Digital registrering av setretrim

Markane IL har no gått over til registrering av setretrimmen digitalt. Dette gjer vi med Georeg sin app.

Info om sesongen 2019/2020: 

På grunn av korona blei denne perioden spesiell for alle. Det blei oppmoda til å ikkje nytte seg av bøker på hytter rundt om på fjelltrimpostar, samt nokre fekk vi teke ned. Samstundes har ikkje den digitale løysinga vore klar før på seinsommaren. Vi vil derfor denne sesongen premiere ut i frå deltaking og uttrekkspremiar. 

Vi starter ny sesong 1. september 2020 – no med digital registrering! 

Georeg - eit system for registrering av fjelltrimpoeng

Slik går du fram ved første gangs bruk:

  • Registrer ein konto på georeg.no.
  • Last ned appen Georeg til smarttelefonen din og logg deg inn på din konto. 

Dette gjer du når besøker ein fjelltrimpost:

  • Opne appen når du er ved ein registrert fjelltrim-post (innan 30 meter frå posten).
  • Trykk ”registrer”.
  • Du får ei melding med kor høg poengsum du har oppnådd, samt dei 5 – 6 siste personane som har besøkt posten. 
  • Du kan logge deg inn på di personlege side på http://georeg.no/ for å etterregistrere turar og sjå oversikt over den totale poengsummen din. For etterregistrering vert det kravd eit «Pro abonnement» som kostar 120,- per år. 
  • http://georeg.no/ finn du meir informasjon. 

Registrering av born på tur

Dersom du skal registrere borna dine på tur, må du opprette eigen profil for desse. Dette kan du gjere ved å lage ein profil på georeg.no med deira fødselsdato som brukarnamn (skriv inn deira fødselsdato der det står mobilnummer i registreringa av ny bruker), du må deretter logge inn på deira bruker på appen din når du er på tur. 


Foto frå Maursetsetra teke av Bodil Dybevoll


0 Kommentar

Resultatliste frå nær-o-løp nr 5 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 31. Aug 2020

Sesongens femte nær-o-løp vart arrangert på Ullsheim. I overkant av 30 løparar deltok.

Her er resultatlista:

Resultatliste frå nær-o-løp nr 5 på Ullsheim 13.8.2020


0 Kommentar

Nær-o-løp med start frå Ulvedalsdemmene torsdag 27.august

Postet av Markane IL den 27. Aug 2020

IL Veten arrangerer nær-o-løp torsdag 27.august. Frammøte ved Ulvedalsdemmene, merka frå Sagedammen. Hugs å betale for bruk av vegen. (eller ein kan også gå den fine turen opp til samlingsplassen). Start frå 18.00. 

Alle velkomne!


0 Kommentar

Markanebadinga startar opp att måndag 31.august kl.1900

Postet av Markane IL den 26. Aug 2020

Markanebading startar opp att i Stryn symjehall måndag 31.august kl.1900-2000 og kjem til å gå kvar måndag framover.

Her er nokre koronatiltak som må følgjast:

1-meterreglen gjeld for heile anlegget, det vil seie at maks tal  på personar i følgjande område vert:

-   30 personar i hallen til ein kvar tid

-  10 personar i barnebassenget

-  10 personar i kvar garderobe

-   4 personar i kvar badstue

·  Flytebrett og armringar skal ikkje lånast ut.

Badinga er for medlemer i Markane IL. Nye medlemer er velkomne!

 På grunn av at det berre er tillete med 30 personar i hallen til ein kvar tid, kan ikkje hallen nyttast til "opphaldsrom" under badinga. Dei som ønskjer å bade er prioriterte og det er ikkje høve til å berre vere med og sitje på land sidan dette vil "ta" ein plass frå dei som ønskjer å bade.

Vel møtt til ny sesong.


0 Kommentar

Skytestadion vert stengt frå måndag 17.8 p.g.a. oppgradering

Postet av Markane IL den 17. Aug 2020

Skytestadion vert stengt frå måndag 17.8 på grunn av utskifting  av blinkane. Stenginga varer i alle fall ut veka.


0 Kommentar

Nær-o-løp på Ullsheim 13.august

Postet av Markane IL den 11. Aug 2020

Nær-o-løpa startar opp att etter sommarpausen. Markane IL arrangerer torsdag 13.august nær-o-løp med start frå Ullsheim. Start frå kl. 1800. Løyper for alle. Alle velkomne!


0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline