Lesetips til juletida

Postet av Markane IL den 23. Des 2022

To av Markane IL  sine heidersmedlemer har skrive  om idrett i bygda i tidlegare tider. I Årbok 2022 (utgjeve av Stryn historielag). Rasmus Dybevoll har skrive historier frå skimiljøet i Grenda og Per Hatledal om dei gamle hoppbakkane i bygda. 



Maren Hjelmeset Kirkeeide vann jaktstarten i IBU-cupen!!

Postet av Markane IL den 18. Des 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok sin første siger i IBU-cupen då ho spurtslo italienske Federica Sanflippo under jaktstarten i Ridnaun - Val Ridanna.

Maren fekk ein sterk 6.plass på sprinten torsdag. Ho starta dermed berre 24 sekund etter sprintvinnaren Federica Sanflippo frå Italia  på jaktstarten. 

Maren imponerte med tre fulle hus på dei tre første skytingane. På den siste serien vart det ein bom, men det vart det også på Sanflippo. Dermed var det heilt jamt ut på siste runden. Inn på oppløpet var det heilt likt, men Maren avslutta flott og sikra seg sin første siger i IBU-cupen med 0,2 sekunds margin!

Vi gratulerer med ein fantastisk presentasjon!





Startliste Førjulsrenn

Postet av Markane IL den 17. Des 2022

Velkommen til Førjulsrenn på Ullsheim - første start kl 12.00. 

Startlista finn de på EQ timing på lenka   her

Vi oppmodar alle til å betale parkering kr 50,- på VIPPS til 107507 og ha kvitteringa klar så slepp vi kø! 

Du kan også laste ned startlista som pdf;

Startliste Førjulsrenn SSF CUP Ullsheim .pdf




Årsmøte i Markane IL måndag 5.12.2022 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 7. Nov 2022

Det vert årsmøte i Markane IL måndag 5. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste måndag 21.november enten skriftleg til styret eller på epost til antoniakaretekongsvik@gmail.com

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Velkomne!



Basar og premiefest i Skogstjerna 23.oktober kl.1500

Postet av Markane IL den 19. Okt 2022




Søndag 23.oktober er det klart for idrettslagsbasar og premiefest i Skogstjerna  frå kl.1500.


Vi ser fram til god basarstemning med åresal, loddsal og enkel servering. Det er mange flotte premiar både på årer og på bøkene.

Det skal delast ut premiar innan ski, orientering, skiskyting og trim.  Vi oppmodar alle om å kome og hente premiane sine.

Det vert mogleg også å kunne betale ved bruk av VIPPS.

Gratis mat og kaffi.





Nær o-løp nr. 7 på Tverrfjellet

Postet av Markane IL den 5. Sep 2022

Det blir nær o-løp på Tverrfjellet torsdag 8. september. 

Samlingsplass blir på Ungkarskvile (enden av setervegen på Vinsrygg).

Start frå 17.30. 

Vanlege løyper (A-løype, C-løype, N-løype)

Pris: 20 kr for barn, 40 kr for vaksne (over 16 år)
Dette er nær o-løp nr. 7 av totalt 8. Vi minner om flott samanlagtpremie til alle frå Markane IL som deltek på fem eller fleire nær o-løp i løpet av sesongen.








O-trening

Postet av Markane IL den 24. Aug 2022

Velkomen til o-trening!

Tid: Torsdag 25. august kl. 18.00 - 19-00

Stad: Tonningskamben, oppmøte på leikeplassen i Geilevegen


For dei yngste:

N-løype i lag med foreldre

Rakettløype

 

Frå 3.-4.klasse

Stjerneorientering

Linjeorientering

 




Nær o-løp på Sindre

Postet av Markane IL den 14. Aug 2022

Haustsesongen på nær o-løpa står for døra, og det er klart for nær o-løp på Sindre torsdag 18. august. Det er mogeleg å starte frå kl. 17.30, og allereie frå kl. 17 for dei som skal gå N-løypa. 

Start/mål på skytebana på Sindre

Løyper:

N-løype (merka frå 4.-5. post og 5.-6. post)

C-løype

A-B-mellom

A-lang

Rakettløype

Løypeleggar Vigdis Sætren opplyser om at det blir relativt mange postar i lett, småkupert terreng. Kan vere greit å vere obs på at ein del dyretrakk kan vere tydelegare enn stiar.


Pris: 20 kr for barn, 40 kr for vaksne (over 16 år)


Dette er nær o-løp nr. 5 av totalt 8. Vi minner om flott samanlagtpremie til alle frå Markane IL som deltek på fem eller fleire nær o-løp i løpet av sesongen. 



Turorientering 2022

Postet av Markane IL den 7. Aug 2022

IL Veten og Markane IL held fram med samarbeidet og tilbyr også i 2022 turorientering i indre Nordfjord. I fjor var første året der vi la deler av postane på fjellkart og det gjer vi også i år. Med mykje snø i fjellet har det teke litt tid før postane har blitt hengt ut. Postane er lagt ut i området mellom Sagedammen og Nakkjen på Fjelli, mot Gryta og Hogden i Stryn, og som tidlegare har vi postar i Tonningskamben.  Dette skal gje varierte turar og terreng, og vi håpar det motiverer både små og store til turar i skog og fjell. Dersom du ønskjer å delta kan du gå inn her og registrere deg. På turorientering.no kan du kjøpe turpakken eller du kan kjøpe turpakken på Ytre Eide sport 1 eller Coop Marked Fjelli. Pakken med postar inneheld alle områda som IL Veten og Markane IL har turorienteringspostar. Her er det mogelegheit for varierte fine turar og mange poeng å samle. Poengkrava for merker er: 0 – 16 år 17 – 100 år Bronse: 30-50 60-90 Sølv: 51-80 91-124 Gull: 81-125 125-181 


Turorientering er ein veldig fin måte for alle å komme seg ut på flotte turar i nærområdet vårt. Ein kan gå saman eller åleine, ta med seg niste og bruke dagen, eller ta ein eller to raske postar på ein ettermiddag. Alt etter kva som høver best. Postane blir liggande ute til 16. oktober, så det er god tid til å sanke poeng. God tur!


Foto: Henning Heimlid



Nær o-løp nr. 4 på Nybø

Postet av Markane IL den 26. Jun 2022

Torsdag 30. juni arrangerer Markane IL nær o-løp nr. 4 i skogsvegen over Nybø. Det blir merka frå riksveg 15 ved Skogstjerna. Start frå 17.30-18.30 (til kl. 19 i kortaste løypene)


Løyper:

N-løype 1,5 km.

C-løype 2,1 km

A-kort 3 km

A-lang 5 km


Pris 

20 kr for barn

40 kr for vaksne (over 16 år)


Dette er siste nær o-løpet før sommarferien og vi håpar på godt oppmøte. Det er nær o-løp nr. 4 av totalt 8 nær o-løp. Alle frå Markane IL som deltek på fem eller fleire nær -løp gjennom sesongen får ein veldig fin samanlagtpremie på årsfesten etter sesongen. Tidlegare har det vore eit juleservise, som no har gått ut av produksjon, så i år blir det ny premie. Vi har funne eit fint sommerservise, og premien i år blir ei flott dessertskål frå Porsgrund porselensfabrikk.



Lagsdrakter -NB! Frist 19.juni

Postet av Markane IL den 13. Jun 2022

No er det prøver på lagsdraktene på Sport 1 Ytreeide. Kom og prøv! Bestillingsfrist er 19,juni!

No er  kolleksjonen av lagsdrakter for MIL tilgjengelig for prøving av ulike storleikar på Sport 1. Nytt av året er at alle bestiller det dei skal ha på nettportalen som er oppretta og bestillingsfristene er 19. juni (så det nærmar seg så stikk innom og prøve og registrer bestillinga di). Minner om at dette stort sett gjeld overtrekks-/ og konkurransekle til vinteren. Noko leveringstid må forventes så om ein treng ny kolleksjon til vinteren så er det NO ein må hive seg på. NB ! Det blir ikkje mogleg med etterbestillinger ettar at portalen er stengt.  Då blir det lenge til neste gang det blir mogleg å bestille lagdrakter. 


Innlogginga i "Teamshopen" er:  https://bravteamwear.no     Brukarnavn: Markane


Postvegløpet onsdag 1.juni 2022

Postet av Markane IL den 19. Mai 2022



Onsdag 1.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonklasse start frå kl. 1800


Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Lisens kjem i tillegg.

Trimklasse:

Kr. 50. Familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking  tidlegare. Etter to år med koronapause så  håpar  vi sjølvsagt på ny deltakerrekord.

1/3-premiering og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim og konkurranseklassa.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.

Alle velkomne!




Verdas O-dag på Sagedammen

Postet av Markane IL den 8. Mai 2022

Torsdag 12. mai arrangerer Veten IL Verdas O-dag på Sagedammen. Start frå kl. 17.30.  Det blir kortare og lengre løyper. Opplæring og instruksjon ved behov. Sveler og kaffi.

Dette er nær o-løp nr. 2. Er du med på fem i løpet av ein sesong får du fin samanlagtpremie! 

Kom og bli med! Dette blir kjekt!



Norgescup i skiskyting på Ullsheim 9.-12.mars 2023

Postet av Markane IL den 27. Apr 2022

Det vert Norgescup og NM i skiskyting på Ullsheim 9.-12.mars 2023!

Øvingane er NM mix-stafett og stafett-duo, NM fellesstart for ungdom og junior og Norgescup for senior, junior og ungdom. 

Meir om arrangementet kjem etterkvart.

https://skiskyting.no/artikler/tildelinger-mesterskap-og-norgescup/



Nybyrjarkurs i orientering og første nær o-løp 28. april på Stryn stadion

Postet av Markane IL den 24. Apr 2022

Torsdag 28. april skal Markane IL arrangere nybyrjarkurs i orientering og første nær o-løp. 


Nybyrjarkurset

Det blir mogeleg å delta på nybyrjarkurs både for barn og vaksne. Vi tilpassar opplæringa etter behovet til dei vaksne. 

Oppmøte grusbana ved Speidarhytta kl. 17.30

Del 1: Leikar og praktisk opplæring i kart/kartteikn ca. 45 min

Del 2: Gjennomgang av nybyrjarløype med følge/rettleiing ca 20-40 min. 

Påmelding til nybyrjarkurs til:

annemariesvarstad3@gmail.com 

Innan onsdag 27.april kl. 18.00


Nær o-løpet

Oppmøte er Stryn stadion ved utstillingshallen. Ein kan starte mellom kl. 17.30 - 18.30 (19.00 i kortare løyper)

Løyper nær o-løp

N-løype: 1,6 km

C-løype: 2,4 km

A-kort: 3,4 km 

A-lang: 4,5 km

Den kortaste løype er "gateorientering". Dei andre er ein kombinasjon skog- og gateorientering.

Pris:

20 kr for barn

40 kr for vaksne (over 16 år)


I år arrangerer Markane IL og Veten IL åtte nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei som deltek på fem nær o-løp eller meir.

Velkomen til alle som vil prøve ein kjekk aktivitet som er bra for både kropp og hjerne, i den flotte naturen vi har her i Indre Nordfjord!

Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon. 





Bli med på markering av OL-, VM- og NM-prestasjonar onsdag 13.april!

Postet av Markane IL den 8. Apr 2022



Onsdag 13.april kl.18.00 i Stryn kulturhus vert det stor markering av dei flotte prestasjonane  i OL, VM og NM til Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Ann-Kristin Aaland . Møt opp du også!



Fjord-O 2022

Postet av Markane IL den 23. Mar 2022

Meld deg på sommarens finaste o-løp, Fjord-O 2022!

Første påmeldingsfrist er 1. april.


https://fjord-o.no/2022/




Maren Hjelmeset Kirkeeide vart juniorverdsmeister på sprinten!

Postet av Markane IL den 26. Feb 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til VM-gull på sorinten i junior-VM i skiskyting i Soldier Hollow! Vi gratulerer!


Også på sprinten i junior-VM i skiskyting var der to løparar frå Markane IL til start, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Etter fin innsats på første løp på onsdag med ein 17. og 14.plass på normalprogrammet var det i dag klart for sprintrenn.

I dag vart det Maren sin dag frå start til mål. Ho låg blant dei beste frå første mellomtid og med fullt hus på første skyting gjekk ho ut frå standplass som nummer tre, berre ni sekund bak leiaren.

På ståande skyting vart det ein strafferunde på Maren noko som gjorde at ho gjekk ut på sisterunden på fjerdeplass, men berre seks sekund etter teten. Etter ein strålande sisterunde gjekk ho seg til slutt heilt til topps og dermed vart det VM_gullmedalje!

Dermed har ein ny løpar frå Markane IL vorte juniorverdsmeister - 10 år etter Johannes Thinges Bø.!

Emilie gjekk også godt i løypa, men  fekk to bom på kvar av skytingane i dag og hamna med det på ein 26.plass med ein differanse på 2min 20 sekund opp til Maren. Men det er tett framover på lista og gode sjansar om endå betre plassering på jaktstarten på søndag.


Vi gratulerer med VM-gullet!









"Barnas skileker" på Ullsheim 19.mars

Postet av Markane IL den 22. Feb 2022

"Barnas skileker" kjem til Ullsheim laurdag 19.mars kl.1400. Alle frå 0-12 år kan vere med! Premiar til alle!

Meir info på www.skileker.no



Nok eit OL-gull til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 18. Feb 2022

Det vart nok eit OL-gull til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten. Dermed vart det totalt fire gull og ein bronse i OL. Tarjei Bø vart nummer 12 på fellestarten, men fekk med seg to gull, ein sølv og ein bronse frå OL. Ein formidabel innsats av begge to!!


På fellestarten starta Tarjei med fullt hus på første skyting medan Johannes fekk ein bom. Svenske Sebastian Samuelsson leia ut på andre runden.

På andre skyting vart resultatet omvendt. Johannes skaut fullt hus medan Tarjei måtte ein tur i strafferunden. Han var dermed 35 sekund etter teten medan Johannes gjekk ut i front saman med tysje Nawrath.

På tredje skyting fekk Johannes ein bom medan Tarjei enda med to bomskot og hamna litt lenger nede på lista. Johannes gjekk ut i tet trass i bommen. Han var seks sekund føre Samuelsson. Denne leiinga berre auka mot fjerde skyting og inntil den avgjerande skytinga hadde Johannes 25 sekund å gå på.

Johannes treffte på dei tre første skota, men på slutten vart det to bom. Men også dei nærast konkurrentane fekk trøbbel i vinden. Dermed leia framleis Johannes når han kom ut av strafferunden. Svenske Ponsiluona følgde på andreplass.

Dermed var det klart for nok ein individuell OL-medalje til Johannes. Tarjei kom i mål på ein 12.plass på dagens løp. Med fire gull og ein bronse til Johannes og to gull, sølv og bronse til Tarjei har det vore eit heilt fantastisk OL.

Vi gratulerer!!



 



OL-gull på skiskyttarstafetten!

Postet av Markane IL den 15. Feb 2022

Etter ein spennande OL-stafett med store svingingar undervegs vart det til slutt OL-gull for  det norske laget med Tarjei og Johannes på høvesvis andre og tredje etappe. Vi gratulerer!


På dagens OL-stafett gjekk Sturla Holm Lægereid opningsetappen. Han starta bra med fullt hus på liggjande, men måtte ut i strafferunde etter ståande skyting. Dermed låg Noreg 41 sekund etter teten då Tarjei overtok på andre etappe.

Tarjei tapte noko i sporet i høve tetlaget Russland sjølv om det vart fullt hus på liggjande skyting. Ut frå 1. skyting var Noreg vel eitt minutt bak. På ståande skyting trengde Tarjei to ekstra skot og avstaden til det russiske laget var dermed på  1 minutt og 38 sekund.

Johannes overtok på tredjeetappe og gjekk gnistrande, men russaren skaut nok ein gong feilfritt og med to ekstraskot og litt trøbbel med ladning, var avstanden opp til gullet på 1 minutt 52 sekund. På dette tidspunktet verka det mest realistisk og ta sikte på kome seg på pallplass. Men med ein superrask mellomrunde og fullt hus på ståande starta opphentinga. Etter andre skyting leia russarane framleis med 1minutt og 19 sekund, men det var berre 12 sekund fram til sølvet. Før siste veksling var differansen fram til gullet på under minuttet.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk siste etappe for Noreg. Med fullt hus på liggjande gjekk han ut 59 sekund bak russaren. Men ankermannen til Russland fekk skjelven på siste ståande og pådrog seg to strafferundar. Med feilfri skyting kunne Vetle gå ut på sisterunden i front, Avstanden ned til Frankrike var på 21 sekund og dette var nok til å kontrollere inn til gull for Noreg!


Vi gratulerer med OL-gull!









OL-sølv til Tarjei Bø!

Postet av Markane IL den 13. Feb 2022

Det var den andre individuelle OL-medaljen i løpet av to dagar til Tarjei Bø då han gjekk inn til OL-sølv på jaktstarten! Johannes Thingnes Bø vart nummer fem (Foto: Fjordingen)


Johannes Thingnes gjekk ut første på jaktstarten etter sigeren i går. Verdscupleiar Fillon Maillet starta på andreplass og Tarjei Bø på tredjeplass.

På første skyting skaut både Johannes og Fillon Maillet fullt hus medan Tarjei fekk ein strafferunde og gjekk ut frå første skyting på femteplass,

På andre skyting bles det godt. Johannes måtte ut i to strafferundar medan franske Fillon Maillet imponerte i vinden med fullt hus. Dermed gjekk han ut rett bak Johannes. Tarjei skaut også flott med fullt hus i vanskelege forhold. Han gjekk ut etter andre skyting på fjerdeplass.

På første ståande skyting vart det for mykje vind for Johannes som enda med tre strafferundar. Fillon Maillet overtok leiinga i løpet. Tarjei skaut på nytt fullt hus og låg framleis på ein fjerdeplass.

På siste skyting skaut Fillon Maillet for fjerde gang fullt hus og sikra med det OL-gullet. Tarjei skaut også fullt og gjekk ut på tredjeplass rett bak russiske Latypov. Tarjei gjekk raskt forbi russaren og gjekk på nytt ein strålande siste runde. Dermed vart det eit flott OL-sølv på jaktstarten. Den andre individuelle OL-medaljen. Bronsen gjekk til Latypov.

Johannes gjekk til slutt inn til femteplass etter totalt sju strafferundar i vinden.

Vi gratulerer Tarjei med OL-sølv!!





Gull og bronse til Johannes og Tarjei på OL-sprinten!

Postet av Markane IL den 12. Feb 2022

Det vart ein fantastisk OL-sprint i skiskyting der både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø kom på pallen. Johannes sikra seg eit individuelt OL-gull medan Tarjei tok OL-bronse!


To brør på pallen i same OL-renn er ein historisk dag.

Johannes sikra seg OL-gullet 25,5 sekund føre franske Quentin Fillon Maillet. Johannes hadde ein bom på siste skyting, men med suveren fart i sporet, vann han likevel soleklart. Dette var Johannes sin tredje medalje på like mange løp.

Tarjei skaut fullt hus på liggjande skyting og låg dermed også godt an i løpet. Då både Ponsiluoma og Doll bomma på siste skyting, var medaljen innan rekke vidde. Tarjei fekk også ein bom på siste skyting, men med rask skyting og stor fart i sporet på sisterunden så var han likevel i mål 1.5 selund føre russaren Tsjetkov som låg på tredjeplass.

Då heller ikkje svenske Sebastian Samuelsson heller ikkje klarte å matche Tarjei sin fart på sisterunden, var det klart at begge brørne var på pallen!

Vi gratulerer med OL-gull og OL-bronse!! 






Andre Haugsbø til topps i Tverrfjelldilten 2022

Postet av Markane IL den 6. Feb 2022


Andre Haugsbø gjekk nok ein gang til topps i Tverrfjelldilten. Per Eivind Gurven var nest raskast medam Bjørn Ole Vassbotn hadde tredje beste tid. (Foto: Inge Fænn/Fjordingen)


Den niande Tverrfjelldilten vart arrangert på Ullsheim søndag 6.februar. Rennet er seedingrenn for Birkebeinerrennet. Talet på deltakarar i år var berre 11 og i tillegg ein deltakar på SSF-cup 10 km. Kanskje ikkje så rart etter to år med korona og restriksjonar. Veret viste seg ikkje frå si beste side og det vart mykje snøkave å kome seg gjennom på dei 4 x 10 kilometerane.

Andre Haugsbø (M41-45) gjekk nok ein gang heilt til topps med tida 2: 23. 52. Neste beste tid gjekk til vinnaren av M51-55, Per Eivind Gurvin med 2: 38: 48.  Tredje beste totaltid hadde Bjørn Ole Vassbotn med 2: 45: 35.

Det stilte ingen opp i kvinneklassene i år. 

I SSF-cup 10km var ein deltakar, Gard Sønnesyn i M15-16.






Resultatliste for Tverrfjelldilten 2022



OL-gull til Tarjei og Johannes på miksstafetten!

Postet av Markane IL den 5. Feb 2022

Det vart OL-gull på første forsøk då Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø vann miksstafetten saman med Marte Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff. 

Det vart ein spennande miksstafett der det svinga fram og tilbake, men der alle løparane gjekk godt nok til å halde Noreg inne i medaljekampen.

Etter at Marte Olsbu Røiseland hadde eit stavbrekk og litt problem med børsa på første skyting, kom det norske laget litt bakpå i opninga. Men ein god avslutning på etappen gjorde at det berre var 16 sekund opp til leiarlaget Italia ved første veksling.

Tiril Eckhoff hadde ein tung dag på standplass og måtte ut i tre strafferundar. Men god fart i sporet gjorde at det berre var eit halvt minutt opp til Frankrike då Tarjei Bø starta på sin etappe.

Tarjei tapte litt i sporet på første del av etappen. Det var vanskelege forhold på standaplss, men Tarjei klarte seg bra og kom seg gjennom utan strafferundar. Etter ein sterk sisterunde sende Tarjei ut Johannes på ein femteplass, berre 21 sekund etter Russland og hakk i hel med resten av medaljefeltet.

Etter Johannes si første skyting var det framleis Russland som leia medan Norge gjekk ut 25 sekund bak saman med Frankrike.

På andre skyting trengde Johannes eit ekstra skot. Dette gjorde at kan gjekk ut nokre få sekund etter Russland og Frankrike. Han brukte ikkje lange stykket på å hente dei to i teten og ved inngangen til stadion overtok han leiinga og spurta han i frå dei to konkurrentane sine på oppløpet.

Dermed vart det OL-gull til både Tarjei og Johannes på OL sin første dag! Ein sor prestasjon.

Vi gratulerer med gullet!







Innbyding til Tverrfjelldilten 2022

Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

Bilde bildetekst

Søndag 6.februar er det klart for den niande Tverrfjelldilten. Rennet er ssedingrenn til Birkebeinerrennet. Det vert også 10km distanserenn (SSF-cup) for J/G 15-16.


Påmeldinga er no opna på www.mindrett.no og www.sportsadmin.no 

Detaljar finn du i innbydinga nedanfor.

Innbyding til Tverrfjelldilten 2022



Katrine Svarstad Heggdal vart beste 16-åring i Holmenkollen.

Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

KatrineSVarstad Heggdal frå Markane IL vann normaldistansen på Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen. Ho vann dermed også pokalen for beste skiskyttar i 16-årsklassa for jenter. Foto: Privat

Det var dermed to topplasseringar på Katrine i Holmenkollen med 4.plass på sprinten og siger på normaldistansen. På normaldistansen vann ho med 11 sekunds margin ned til Berit Reitan. Ho hadde ein bom på første skyting og to på den andre.

Også Olina Svarstad Heggdal fekk to topplasseringar i Holmenkollen. Ho kom på pallen då ho vart nummer to på sprinten og følgde opp med ein fin femteplass på normalen i klasse J13. Kornelia Trøsken kom ein flott 8.plass på normalen etter å ha vorte nummer 16 på sprintøvinga i J13. 

Lagveninnna Konstanse Henden vart nummer 16 på normalen i same klasse. På sprinten gjekk ho inn til ein 27.plass,

Esekiel Henden vart nummer 38 på normalen i klasse G16 og nummer 39 på sprinten

Foto: Olina Svarstad Heggdal (t.v) kom på andreolass på Kvalfoss-sprinten. Sigeren gjekk til Martine Pettersen Moe frå Try IL. Foto: Privat.


Vi gratulerer alle med flotte resultat.



Ny topplassering i norgescupen i langrenn for Emilie Flo Stavik

Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

Emilie Flo Stavik gjekk eit nytt toppløp i langrenn og gjekk inn til ein flott 4.plass på 5km langrenn i Noregscupen  for K 19-20 på Nannestad. Foto: Nordfjord Team Stryn Energi.

Emilie låg lenge heilt på toppen av lista i K19-20, men vart til slutt nummer fire, berre 3,6 sekund unna pallen. Ho var 26 sekund bak vinnaren av løpet Anna Heggen frå Svea Skilag.

Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk godt. Ho låg nokre sekund bak Emilie halvvegs i rennet.  I mål vart Maren nummer 11. Ho var om lag 20 sekund bak Emilie. 

Flott innsats i ei klasse der mange av løparane er eit år eldre enn Maren og Emilie.

Vi gratulerer med resultata!



NM-bronse til Emilie Flo Stavik i langrenn

Postet av Markane IL den 29. Jan 2022

Emilie Flo Stavik gjekk inn til NM-bronse då ho deltok på sprinten i NM for langrenn. Foto: (Fjordingen/Thomas Taule)


Emilie Flo Stavik deltok fredag 28.januar i junior-NM i sprint (langrenn).

ETter å ha teke fjerdeplassen av 120 løparar i prologen kom ho seg også vidare både frå kvartfinalen og semifinalen

I finalefeltet der fleire av løparane var eitt år eldre, spurta Emilie inn til ein flott 3.plass, og dermed bronsemedalje.

Vi gratulerer!




Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide klar for junior-VM i Salt Lake City

Postet av Markane IL den 25. Jan 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik er klare for junior-VM i skiskyting i Salt Lake City! Meisterskapet startar 20.februar. Vi gratulerer1 (Foto: Nordfjord Team Stryn Energi)


Det er i alt fire norske kvinner som er tekne ut i ungdomsklassen frå 18-19år. Dermed er halve laget frå Markane IL /Nordfjord Team Stryn Energi/Stryn vgs. Maren og Emilie har levert fantastiske resultat så langt i sesongen så dette var vel fortent. 

Vi ønskjer lukke til i VM!



Maren Hjelmeset Kirkeeide med suveren siger på normaldistansen

Postet av Markane IL den 24. Jan 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok ein suveren siger på normaldistanse i K19 under Norgescupen i Fet då ho vann med over eit minutts margin til nummer 2. Foto Nordfjord Team Stryn Energi,


Under den korte normaldistansen søndag vart det ny medalje for Maren Hjelmeset Kirkeeide. Med eit knalløp og berre ein bom, gjekk Maren inn til ein overlegen siger, 1.15.6 minutt føre andreplassen. 

I same klasse (K19) tok lagveninna Emilie Flo Stavik ein 10. plass, medan Hedda Garlid Hilde gjekk inn på 30. plass

I K18-klasse tok Ann Kristin Aaland ein sterk 9. plass for Hardbagg IL.

Fleire av løparane som deltok i Norgescupen er tilknytta Stryn vgs. Her kan det nemnast at Eline Mathea Myren tok ein 12. plass og Tiril Ure Totland er notert med ein 19. plass

I M19-klassa, tok Kasper Mundal ein 15. plass, Martin Straumsheim kom i mål til 21. plass og Sondre Roset kom på 34. plass

I klassa M18 enda Johannes Skjerveggen Græe på 40. plass og Trygve Myrold like bak på ein 43. plass.




Ny dobbeltsiger i Norgescupen

Postet av Markane IL den 24. Jan 2022

Markane IL- løparane Emilie Flo Stavik og Maren Kirkeeide Hjelmeset gjekk heilt til topps på pallen med høvesvis første- og andreplass etter sprinten i Norgescupen i klasse  K19 i Fet.


Emilie Flo Stavik sprinta i mål på tida 17.47.3. Det var 11,3 sekund føre lagveninna Maren Kirkeeide Hjelmeset.

Dei to  har utmerka seg også tidlegare med slike dobbeltsigrar. Sist var 8. januar under Norgescupen i skiskyting i Karidalen.

Hedda Garlid Hilde gjekk inn til  23. plass i same klassa, K19

Hardbagg IL-løparen Ann Kristin Aaland presterte ein 4. plass i klassa K18. 

I klassa K17 fekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide  ein splid 13. plass for Markane IL. I klassa M17 vart Eirik Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL) nummer 9.

Det er også Lerøy Cup på Geilo denne helga. Der gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide inn på ein 5. plass i sprint i klassa M20-22.

Hardbagg IL-løparane Isak Hopland kom på ein 25. plass og Vegard Skrede fell ein 27. plass i seniorklassa.

Vi gratulerer med flott innsats!





Flytting av Lerøy Cup 2 for ungdom 21.-23.januar

Postet av Markane IL den 14. Jan 2022

TDar og NSSF har i dag hatt møte med Markane IL og bestemt at arrangementet ikkje går i Stryn, grunna usikker verprognose

Det er Fet Skiklubb som har sagt seg villig til å ta på seg arrangementet og  Norges Skiskytterforbund er glad for at klubben snur seg rundt på kort tid for å gjennomføre Lerøy Cup.

Praktisk info

Alle utøvarar som var påmeldt i Stryn blir avmeldt av EQ Timing. EQ Timing kjem til å opprette eit nytt arrangement på Fet og alle som ønskjer å gå det rennet må melde seg på igjen. Årsaka til dette er at påmeldingane/transaksjonane til arrangementet i Stryn er knytt opp til Markane IL sitt kontonummer.

Vi minner om at påmeldingsfristen er måndag 17. januar kl 23:59. Det vil ta litt tid å opprette arrangementet, følg derfor med på EQ Timing.

Invitasjon til arrangementet blir offentliggjort så fort det er klart.

Årsaken til at oppsplitting Lerøy Cup for ungdom (Fet) og Lerøy Cup for junior/senior (Geilo), er at vi startet med dette arbeidet i god tid før regjeringa sin pressekonferanse torsdag 13. januar.

Informasjonen er henta frå: https://skiskyting.no/artikler/ny-arrangor-av-leroy-cup-2-for-ungdom/




Status for Lerøy cup 21.-23.januar

Postet av Markane IL den 11. Jan 2022

Som sikkert mange har lagt merke til er det meldt varmegrader og mykje nedbør onsdag og torsdag denne veka i området der stadion ligg. Det er snø og gode forhold i anlegget slik det er i kveld, men vi vil sjå an korleis tilhøva blir etter regnet som er meldt. Inn mot helga er det meldt at temperaturen blir noko kaldare og med ein oppdatert vêrprognose frå Meteorologisk Institutt fredag, vert det teke ei avgjer om rennet kan gå som planlagt.

Viss rennet ikkje blir gjennomført i Stryn, vil vi komme tilbake med informasjon fredag 14.januar om kvar Lerøy Cupen blir flytta.
Dette arrangementet er for årsklassane 17-19 år.

20-22år og senior går sin Lerøy Cup på Geilo 22.-23. januar.




Ny siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide i Norgescupen

Postet av Markane IL den 10. Jan 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs vann også fellesstarten i Norgescupen og tok dermed sin andre siger på to dagar. Ho imponerte med 18 treff på 20 skot, og var 53 sekund føre den neste som kom i mål i K19. (Foto: Nordfjord Team Stryn Energi)

Emilie Flo Stavik tok 6. plassen i same klasse.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 8 i klasse K17 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein 10. plass i M20-22- klassen på sprinten i norgescuprennet i Os i Østerdalen.




Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik med dobbeltsiger i Norgescupen

Postet av Markane IL den 9. Jan 2022

Det vart dobbelt Markane til topps på pallen då duoen Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik tok første- og andreplass i 19-årsklassen  under sprinten i Norgescup skiskyting i Karidalen i Østre Toten.


Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs. skaut fullt hus på liggande skyting og med berre ein bom på ståande,  vann ho 23 sekund føre Emilie Flo Stavik som fekk ein bom på liggande og ein på ståande. Dermed vart det dobbelt Markane i 19-årsklassa.

Hedda Garlid Hilde har vore ute med skade i nesten eitt år, men gjekk inn til ein solid 25. plass med berre eitt bomskot.

Også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg/Stryn vgs kom på pallen. Ho gjekk inn til tredjeplassen i 18-årsklassen med ein runde på siste skyting.

På grunn av strenge koronarestriksjonar er norgescupen delt opp i fleire renn etter årsklasse. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer ni på fellesstarten for M20-22 i Norgescup skiskyting  i Os i Østerdalen.

Fleire foto frå Norgescuphelga. Alle foto: Nordfjord Team Stryn Energi






Sesongens første cuprenn tysdag 11.januar

Postet av Markane IL den 8. Jan 2022


Hald av tysdag 11. januar frå kl 1830. Då arrangerer vi sesongens første cuprenn på Ullsheim. Rennet går i fri teknikk og er i tillegg lagsmeisterskap for Markane IL. Meir informasjon blir lagt ut på søndag.


Dei øvrige cuprenna er planlagd slik:
25. januar : klassisk (LM)
15. februar: fri teknikk
1. mars: klassisk
15. eller 22. mars: skicross
Skigruppa







Oppdatert esultatliste frå Ullsrennet 02.01.2022

Postet av Markane IL den 2. Jan 2022

Her er ei korrigert resultatliste frå Ullsrennet. Arrangementet i dag hadde eit problem med nokre feil starttider, og dessverre  vart ikkje alle korrigerte  før vi la ut resultatlistene her på nettsida.  

 Rennet var KM for senior og junior.

Resultatliste for Ullsrennet 02.01.2022




Startliste og smittevernleiar for Ullsrennet 2022

Postet av Markane IL den 1. Jan 2022

Her er startliste og smittevernrettleiar for Ullsrennet 2022. Fint om de les gjennom smittevernrettleiaren før de kjem. Dei føresette som eventuelt ikkje er registrerte, må gjere dette før dei går inn på stadion.  Hugs også  å hente startnummera i garasjen før de går inn på stadion.

Rennet er KM for junior og senior.


Startliste for Ullsrennet 02.01.2022

Smittevernrettleiar Ullsrennet



Praktisk info om Ullsrennet 2022

Postet av Markane IL den 1. Jan 2022

Starttider Ullsrennet: Klassar t.o.m 12 år start kl 11.30, 13 år og eldre kl 13.00. 

Startlistene blir lagt ut på EQ timing så snart som muleg. Mykje etterpåmelding gjer at det har teke litt tid å få dette til.

Utdeling av startnummer og brikke samt brikkekontroll vert i garasjen med inngang mot parkeringsplassen.



Informasjon om løyper på Ullsrennet 2022

Postet av Markane IL den 1. Jan 2022


Der er pr idag 1.1.2022  nok snø og greie løyper på Ullsheim. Det var minusgrader i natt og der er eit par cm nysnø. På grunn av snøforholda kjem vi til å køyre nokre kortare sløyfer enn dei vanlege. Vèrmeldinga seier at det skal kome litt sludd og regn i ettermiddag og natt og opphold og tildels sol på søndag, så vi satsar på det blir fine forhold!

Løypekart:

Løypeinfo Ullrennet 2022

Løypekart 2,0 km- raud løype

Løypekart 2,5km grøn løype


Vel møtt!