Oskar Guddal Breivik klar for Young Star!

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik (Markane), Lasse Flo Bødal (Stårheim) og Martin Åland (Hardbagg) er alle klare for Young Star i Holmenkollen


Young star er eit skiskyttar-renn for landets 30 beste 15-16-åringar både for jentene og gutane. Rennet går rett før Worldcup-renna for senior.

Vestlandet har 3 plassar i dette rennet. Etter dei 4 første kvalifiseringsrenna har 15-åringane Lasse Flo Bødal (Stårheim) og Oskar Guddal Breivik (Markane) begge full pott og er alt kvalifisert for Young star. 16-år gamle Martin Aaland (Hardbagg) har 3 av 4 moglege poeng. Ved å klare eit poeng til på Hovedlandsrennet vil han også være kvalifisert (og det går nok bra)

Fjerdemann i samandraget er Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen som har eitt poeng.

Foto: Markane IL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.