Kategori
Innbyding til Postvegløpet 7.juni
Lagt ut av Markane IL den 14. Mai 2017
Onsdag 7. juni arrangerer Markane IL det tradisjonsrike Postvegløpet. Løpet har start og innkomst ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og går over 6 km på grusveg og skogsveg. Påmelding frå kl 17.00. Klasse utan tidtaking start frå kl 18.00. Konkurranseklassane har fellesstart kl 19.00.
I år prøvar vi oss med premiering av beste 3-manns lag i konkurranseklassen. Eigen premiering av beste 3-manns lag frå bedrift/organisasjon i konkurranse og eigen premiering til bedrift/organisasjon som stiller med flest deltakarar uavhengig av om ein deltek utan tid eller i konkurranseklassen.
Kom og spring (eller gå)!
Premier | Klasseinndeling |
1/3 i kvar klasse + fine premiar uttrekte på startnummer | Gutar/jenter 13-15 16-18, M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (Anna klasseinndeling enn i Nordfjordkarusellen.) |
Kommentar | Skildring |
Konkurranseklasse opp til 18 år kr. 50,- 19 år og over: kr 100,-. Trimklasse utan tid kr 50,-. Familietrim 150,- Trimklassa start frå kl 18.00 | Løpet inngår i Nordfjordkarusellen. Alle som fullfører 4 løp får premie. Premiering etter det siste løpet i karusellen. Premie ved 4 fullførte løp. Premiane er lokalt handverk. |
| Telefon | Mobil | Epost | |||||
Kontaktpersoner 1 | Eldbjørg Hatledal | 97076695 | ||||||
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.