NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normalen i K17

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs/Nordfjord Team sikra seg gullet i klasse K17 på normaldistansen på Dombås. I mål var Maren 8,8 sekund føre nummer to i klasse K17, Synne Mæland-Herheim frå NTG Geilo. Siri Galtung tok bronsen. Foto: Nordfjord Team

Maren låg godt an heile løpet. På første skyting vart det berre ein bom, medan det vart fullt hus på andre skyting. Ut frå tredje skyting, der Marenskaut to bom, var ho likevel berre fem tidel bak Synne Mæland-Herheim. Med fullt hus på siste ståande skyting låg Maren 12 sekund bak gullet, men med ein sterk sisterunde i langrennssporet kneip ho sigeren og sikra seg NM-gull.

I same klasse gjorde også Hedda Garlid Hilde, Markane/Stryn vgs/Nordfjord Team, ein flott innsats. Ho leverte svært solid på skytebana med heile 19 av 20 treff på normaldistansen. Etter fantastisk skyting, blant dei aller beste sett heile dagen under eitt, gjekk ho inn til ein imponerande 14. plass. Emilie Flo Stavik vart nummer 30 i same klasse (2-2-4-3).

I klasse K18 gjekk Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs, inn til ein sterk åttandeplass (2-2-1-1). Oselie Henden, Eid/Stryn vgs, vart nummer 18 (1-2-0-2), Ingrid Heggen, Stårheim/Stryn vgs nummer 24 (1-2-2-2), og Maria Bertine Sleire Tistel, Vik/Stryn vgs, nummer 30 (0-3-0-1).

 I M18 plasserte dei lokale seg slik:

Emil Streitlien, Stryn vgs/Folldal IL nr 1, Ask Haughovd, Stårheim/Stryn vgs, vart nummer 18. Han skaut godt, og pådrog seg berre to bom(1-0-1-0).

Oskar Guddal Breivik, Markane/Stryn vgs, vart nummer 20 (1-2-3-0), Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs, nummer 26 (3-2-0-1), Jens-Henrik Hegg, Vik/Stryn vgs, nummer 32 (2-3-0-2) og Lasse Flo Bødal, Stårheim/Stryn vgs, nummer 45 (2-2-3-2).

 

I klasse M19 vart Sivert Raddum Skaug, Tretten/Stryn vgs, nummer 35 (3-3-0-1), Magnus Midthjell Gjørven, Markane/Stryn vgs, nummer 38 (3-0-2-2), Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs, nummer 52 (4-2-1-2) og Torjus Engeset Woldsund, Volda/Stryn vgs, nummer 57 (3-4-1-2).

 I klasse M17 blei det ein flott 4. plass til Magnus Skeide Bakke, Eid/NTG Geilo (2-3-1-1). Vidare vart det 15. plass til Martin Straumsheim, Fossum/Stryn vgs (0-2-0-3), 40. Hallvard Engeset Woldsund, Volda/Stryn vgs (3-1-3-2) og 55. Sondre Roset, Hardbagg/Stryn vgs (2-2-2-3).

Også i klasse M20-22 vart det lokalt siger der Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL/Team Hugaas gjekk heilt til topp med skyteserien (0-0-0-2). Isak Hopland frå Hardbagg IL kom på 16.plass med skyteseriane (0-1-2-0), Erlend Bakken vart nummer 39 (1-1-1-2) og Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 53 med (3-3-0-4)

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.