Stafettsiger i Ruhpolding

Postet av Markane IL den 16. Jan 2016

Johannes Th. Bø gjekk andreetappe og Tarjei Bø tredjeetappe då Noreg tok sigeren i verdscupstafetten i Ruhpolding.

Ole Einar Bjørndalen som gjekk første etappe måtte bruke fem ekstraskot for å få ned dei ti blinkane. Dermed veksla Noreg omlag halvminuttet bak leiande Tyskland.

Johannes T. Bø heldt imponerande høg fart i sporet, og ved første skyting hadde Norge kontakt med dei leiande laga. Med to fulle hus var plutseleg Norge med i teten rett bak franske Martin Fourcade.

Også Tarjei gjekk godt, og sjølv om han måtte nytte tre ekstraskot var det andre løparar som fekk det endå tøffare på standplass. Ved veksling hadde Tarjei sytt for heile 1 min 10 sek leiing føre Frankrike og Austerrike.

Emil Hegle Svendsen heldt unna sjølv om ekstraskot og litt lågare fart i sporet enn dei andre pallkandidatane, førte til at sigersmarginen til Russland vart berre på 15 sek.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.