VM-bronse på mixstafetten

Postet av Markane IL den 3. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø tok saman med Marte Olsbu og Tiril Eckhoff bronse då VM i Holmenkollen vart innleia med mix-stafett.

Marte Olsbu gjekk ein god første etappe for Noreg. Ho brukte eitt ekstraskot på den første skytinga og skaut feilfritt på ståande. Inntil veksling låg ho rett bak USA.

Tiril Eckhoff trengde to ekstraskot på kvar av skytingane, men heldt god fart i løypa. På sisterunden tok ho inn 14 sekund til Tyskland og sende Johannes Thingnes Bø ut i leiing. Tyskland, Frankrike og Ukraina følgde hakk i hel.

Johannes trengde eit ekstraskot på kvar av skytingane. Han heldt godt fart i sporet, men det gjorde også konkurrentane frå Tyskland, Frankrike og Ukraina. Dei fire laga heldt følgje heile tredjeetappen og gjekk ut på siste etappen praktisk talt likt.

Tarjei Bø gjekk siste etappen for Noreg. Inntil første skyting kom dei fire leiarlaga omlag likt. Tarjei trengde tre ekstraskot for å få ned blinkane på liggjande dermed vart dei ei luke opptil Ukraina på 18 sek. Frankrike gjekk ut på andreplass, 4 sek etter, og Tyskland på tredjeplass, 8 sek etter. Tarjei tok inn på teten på andrerunden og skaut ein perfekt ståandeserie. Dermed var Norge oppe på tredjeplass, 7 sek etter Frankrike og 5 sek etter Tyskland. Ukraina gjekk ut på fjerdeplass, 18 sek bak. Men differanse fram til første- og andreplassen vart i lengste laget. Frankrike spurtslo Tyskland og sikra seg gullet. Tarjei gjekk det norske laget inn til VM-bronse.

Vi gratulerer med VM-bronse!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.