Innbyding til Verdas orienteringsdag og nær-o-løp i Tonningskamben.

Postet av Markane IL den 19. Mai 2017

Markane IL innbyr til sesongens femte nær-o-løp onsdag 24.mai i Tonningskamben med utgangspunkt i Setrevegen. Start frå kl. 1800.

Deltakaravgift: T.o.m. 16 år kr 20. F.o.m.17 år kr 40.

I samband med at det er Verdens orienteringsdag vert det i tillegg til nybyrjarløpet som har enkle poster langs stiane, kartleikar, der ein lærer dei enklaste kartteikna, og ein kan få testa spurteigenskapane i ei «Rakettløype».

Orientering er for alle aldrar og vi vil også tilby eit lynkurs i bruk av kart og kompass.

Alle deltakarar får tildelt diplom for deltakinga.

Verdens orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert i over 75 land den 24.mai 2017. Det er Det internasjonale Orienteringsforbundet som inviterer og målet er å gje flest mogleg born og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsoppleving og å gjere idretten kjend for fleire. Målet er også å få fleire deltakarar enn den tidligare verdsrekorden i tal på deltakarar som spring ei orienteringsløype på ein dag. Det betyr meir enn 250 000 deltakarar!

Det viktigaste er å gi alle ei moglegheit til gode orienteringsopplevingar!

Vi ynskjer alle velkomne til o-løp!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.