Kategori
Sunnylven 16.-17.3.2013:
Lagt ut av Markane IL den 18. Mar 2013
Krinscupavslutning i skiskyting i Sunnylven
Sigurd Fotland Fænn (t.v) vann klasse G11 både laurdag og søndag medan Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G13 under sprinten laurdag. Foto: Margunn Hjelmeset. (Tuarennet 2013)
Årets krinscup vart avslutta med sprint og jaktstart i helga. Renna gjekk på Hyttehola fleirbruksanlegg og Sunnylven IL stod som arrangør. 107 deltakarar stilte opp på sprinten medan 103 var på start til jaktstarten. Markane IL hadde 20 løparar på start begge dagar.
På sprinten laurdag fekk Markane fire klassevinnarar: Sigurd Fotland Fænn i klasse G11, Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G13, Gaute Bø i G16 og Johan Eirik Meland i klasse M19. Simon Hjelmeset Kirkeeide stilte ikkje i rennet søndag då han gjekk avslutningsrennet i SSF-cup, men dei tre andre forsvarte teten under jaktstarten og gjekk inn til klassesiger også søndag.
Elles var det fleire gode plasseringar både laurdag og søndag som resultatlistene viser. Laurdagens renn inngjekk i kampen om årets Sparebankkrus som går til beste skyttar gjennom sesongen. Vinnar her vart Andrine Heggen (J14) frå Stårheim IL. Nærast av våre kom Håkon Midthjell Gjørven som enda på femteplass i kampen om Sparebankkruset.
Resultatliste krinscupavslutning sprint Sunnylven 16.3.2013
Resultatliste krinscupavslutning jaktstart Sunnylven 17.3.2013
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.