Kategori
Khanty-Mansijsk 16.03.2013:
Postet av Markane IL den 16. Mar 2013
20 treff og 20.plass til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten.
Johannes Thingnes Bø leverte imponerande skyting på jaktstarten i Khanty- Mansijsk med 20 blanke treff i ruskete snøver.Dermed avanserte han frå gårsdagens 37.plass og opp til ein 20.plass. Han var 2 min 1 sek etter vinnaren.
Også Tarjei Bø gjorde eit godt hopp oppover resultatlista i dag sjølv om det vart tre bom totalt. I mål var han nummer 13, 1 min 39 bak vinnaren Christoph Sumann frå Austerrike. Franskmennene Simon og Martin Fourcade følgde på andre- og tredjeplass.
Årets verdscupsesong vert avslutta med fellesstart i morgon.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.