Sirdal 10.3.2013:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2013

Sølv til Sogn og Fjordane i jr.NM skiskyting

Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal og Johan Eirik Meland tok NM-sølv. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal og Johan Eirik Meland tok NM-sølv på stafetten. Foto: Team Statkraft Nordfjord 

 Sogn og Fjordane I med Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven på laget tok NM-sølv i klasse M17-21 under junior-NM skiskyting i Sirdal.

Johan Eirik Meland gjekk førsteetappe for Sogn og Fjordane I. Han veksla på ein 10.plass i eit felt som var om lag jamt, opp til leiarlaget på dette tidspunktet skilde det 37 sekund. Ole Martin Erdal frå Førde IL gjekk andre etappe. Han måtte ut i ein strafferunde etter den ståande skytinga, men gjekk laget opp til ein niandeplass. Differansen opp til teten var no på 1 min 35 sek. Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god tredje etappe og hadde den nest beste etappetida her. Han gjekk Sogn og Fjordane opp til ein tredjeplass. På ankeretappen gjekk Håvard Gutubø Bogetveit. Han gjekk også raskt i sporet og fekk beste etappetid. Dermed avanserte laget endå ein plass og sikra seg sølv i junior-NM. Vinnar av stafetten vart Sør Trøndelag. Bronsen gjekk til Nord-Østerdal.

Det var også deltakarar frå Markane IL på andre stafettlag under junior-NM i dag. Lars Midthjell Gjørven gjekk første etappe for Sogn og Fjordane i klassa M17-18. Også i denne klassa gjorde Sogn og Fjordane det bra og enda til slutt like utanfor pallen på ein fjerdeplass. Georg Kristian Halsteinslid gjekk første etappe for Sogn og Fjordane III i same klassa. Dette laget kom på 22.plass. I klassa for K17-21 gjekk Janne Alsaker siste etappe på Sogn og Fjordane II som kom i mål på 23. plass.

 Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse K17-21

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse M17-18

Resultatliste jr NM stafett DNB cup 6 Sirdal 10.3.2013 Klasse M17-21

Vi gratulerer sølvvinnarane!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.