Nove Mesto 17.2.2013:

Postet av Markane IL den 17. Feb 2013

VM-gull til Tarjei på fellesstarten!!

Tarjei Bø vann fellesstarten i VM 2013. Foto: NRK 

Tarjei Bø vart verdsmeister på fellesstarten i Nove Mesto. Foto frå NRK.

Tarjei Bø tok GULL på den avsluttande distansen under VM i skiskyting i Nove Mesto. Tarjei gjekk ein perfekt fellesstart med 20 treff på standplass og god fart i løypa.

Tarjei var med i teten under heile løpet, og ut frå siste skyting hadde Tarjei ei lita leiing på 6 sekund ned til Emil Hegle Svendsen, Anthon Shipulin og med eit heilt kobbel med løparar nesten hakk i hæl. Tarjei leverte ein suveren sisterunde og klarte og halde forfølgjarane bak seg heilt til mål. Dermed avslutta Tarjei Bø VM med individuelt gull. Sølvet gjekk til Anthon Shipulin medan Emil Hegle Svendsen tok bronse.

Vi gratulerer Tarjei som verdsmeister!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.