Sætretrimmen 2012:

Postet av Markane IL den 7. Nov 2012

God oppslutning om sesongens Sætretrim

 Vinnarar av sesongens Sætretrim. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Tre av klassevinnarane i årets Sætretrim: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Sigbjørn Fænn. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Også i år har det vore god oppslutning om sesongens Sætretrim. Totalt vart det registrert 3603 besøk på dei ni sætrane. Dette er ein auken på nesten 400 besøk i høve til i fjor. Kvart besøk gjev eit poeng i samandraget. Holesetra var også denne sesongen mest populær med i alt 1902 registrerte besøk.

 Sætretrimsesongen går frå oktober til oktober kvart år, og årets klassevinnarar fekk som vanleg utdelt Sætretrimtroll på premiefesten. Aud Gjendem Gjørven vann dameklassa med 209 poeng. Dette var også sesongens klart høgste poengsum. På andreplass i dameklassa kom Margunn Hjelmeset med 146 poeng. I herreklassa vart det mykje jamnare. Vinnar vart Sigbjørn Fænn med 152 poeng medan Per Jakob Kyrkjeeide følgde på andreplass med 146 poeng.

I klassa for jenter 13-17 år vart Anette Auflem klassevinnar med 10 poeng medan Atle Kroken vann gutar 13-17 år med 6 poeng. Syskena Simon og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vann kvar si klasse. Simon gjekk til topps i klassa for gutar 7-12 år med 30 poeng medan Oddrun vann klassa for jenter 7-12 år med 40 poeng. I dei to yngste klassane vart det siger til Adelin Slettenes Flore med 9 poeng for jenter 0-6 år medan Magnus Johan Bøe vann klassa for gutar 0-6 år med 7 poeng.

Komplett resultatliste for Sætretrimmen 2012 er lagt ut nedanfor.

 Resultatliste for Sætretrimmen 2012


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline