Kontiolahti 24.02.2012:

Postet av Markane IL den 24. Feb 2012

Johannes Thingnes Bø verdsmeister!

Vann sprinten under jr.VM!

Johannes Thingnes Bø vann Vm-gull på sprinten. Foto: Ole Kristian Stoltenberg/NSSF

Johannes Thingnes Bø tok sitt første individuelle VM-gull. Foto: Ole-Kristian Stoltenberg/NSSF

Johannes Thingnes Bø følgde opp stafettgullet frå torsdag, og tok sitt første individuelle gull under junior- VM i finske Kontiolahti fredag.

Trass to bom vann han sprinten suverent med 50 sekund føre sølvvinnar Maksim Ramanouski frå Kviterussland som hadde berre ein bom. Artem Tyshcenko frå Ukraina kom på tredjeplass.

Som vanleg var Johannes raskare enn konkurrentane i sporet, og med tidleg startnummer leia han inn til første skyting. Her vart det ein bom, men han gjekk likevel ut med ei leiing. På ståande skyting vart det nok ein bom til, men leia likevel med nesten 40 sekund ut frå standplass.

Då han gjekk over mål, leia han konkurransen med litt over eitt minutt. Johannes Thingnes Bø gjekk på eit tidleg startnummer og måtte vente lenge på at alle 97 løparane skulle kome i mål. Men til slutt var det klart at sigeren var sikra og at Johannes dermed har teke sitt aller første individuelle VM- gull i karriera.

Dagens suverene siger gjev også Johannes eit fantastisk utgongspunkt til jaktstarten søndag.

Gratulerer med VM-gullet, Johannes!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.