Fredag 21.10.2011:

Postet av Markane IL den 23. Okt 2011

Johannes Thingnes Bø tildelt Furorestipend 2011!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Magnar Hjelle

 

Fredag 21.oktober vart det klart at Johannes Thingnes Bø er tildelt 50 000 kr frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Furorestipend for 2011. I alt 7 unge talent innan idrett, kunst og musikk vart tildelt midlar. Presentasjon av alle årets vinnarar finn du på heimesida til Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

I grunngjevinga for tildelinga av stipendet til Johannes vert det lagt vekt på at han har prestert i toppen nasjonalt og internasjonalt i både skiskyting og langrenn. Målet er å vere med i verdstoppen og ikkje minst slå bror sin Tarjei Bø (som mottok Furorestipendet 2009 med mål om å slå Bjørndalen).

Markane IL gratulerer Johannes Thingnes Bø med velfortent Furorestipend 2011!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline