Orienteringsløp 04.09.2011:

Postet av Markane IL den 24. Aug 2011

Klart for KM Ultra i Sogndal 4.september.

Orienteringsløpet KM-Ultra som vart utsett i vår, har no fått ny dato.

Løpet skal arrangerast søndag 4.september. Arrangør er Sogndal IL. Start vert frå kl.11.00 og utover.

Påmelding innan 30.august til Karl Helge Albretsen på epost karl.helge@online.no eller tlf 41 45 23 76.

 

 

Heile invitasjonen finn du nedanfor!

 

ORIENTERING I SOGNDAL:

Innbyding til orienteringsløp

KM Ultralangdistanse søndag 4.september 2011

Løyper for nybyrjar til veteran!

Arena:

Haukåsen, parkering rett ved flyplassen. 5 min å gå til arena på grusveg.

Start:

Første start kl 1100. Start 1: 700 m på grusveg. Start 2: 3,2 km på grusveg, 225 m stigning.

Kart:

Haukåsen, Målestokk 1:10000, revidert i 2010. Same kart som til Fjord-O 2010.

Terreng:

Kupert bjøke-, furu- og granskog med krevjande orientering for KM-klassane. Godt stisystem for

N- og C- klassane.

Løyper og klassar:

Løype Lengde (km) Start Nivå Klassar

1        14,1             2     A-krevjande   H19

2        12,9             2    A-krevjande  H17-18, H35, H45

3        10,3             2    A-krevjande  D19, D17-18

4          7,3             2    A-krevjande  H55, D35

5          6,3             2    A-krevjande  D45, D55

6          4,2             1   A-krevjande H Open, D Open, H60, D60, H15-16, D15-16

7          3,2             1     B-middels H13-14, D13-14

8          3,1             1      C-lett H11-12, D11-12, H17C, D17C

9          2,4             1     N-nybyrjar H13-16N, D13-16N

10         2,1             1    N-nybyrjar H-10N, D-10N, H 11-12N, D11-12N

Utheva klassar er KM-klassar

PÅMELDING:

Karl Helge Albretsen. E-post: karl.helge@online.no. Tlf. 41452376. Innan: tysdag 30.august. Avgift: inntil 16 år kr 60. 17 år og eldre kr 110. Etteranmelding inntil kl 10, 4. september mot 50% ekstra avgift.

Premiering: Medaljar i KM klassane, og i følje til kretsens reglement.

Løpsleiar; Torbjørn Stokke

Løypeleggar; Christian Frøyd

TD; Sverre Aasen

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline