Anterselva 22.1.2015:

Postet av Markane IL den 23. Jan 2015

31. og 46. plass til Johannes og Tarjei på sprinten

Det vart ikkje topplassering vert til Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø på sprinten i Anterselva.

Johannes skaut på seg to strafferundar på liggjande og fekk nok ein runde på ståande. Dermed vart det ein 31. plass 1 min 24,9 sek etter vinnaren Simon Schempp frå Tyskland som skaut feilfritt. Også Evgenij Garanichev frå Russland som vart nummer to, skaut feilfritt. Han var 14 sek etter vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Jakov Fak som var 20,1 sek etter vinnaren med ein runde.

Tarjei Bø var også tilbake på start etter sjukdom. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk to bom på den ståande serien. Med litt lågare fart i løypa enn dei aller raskaste vart det ein 46. plass, 1. min 59,9 sek etter vinnaren. Beste norske vart Henrik L'Abee-Lund på sjetteplass.

Laurdag er det klart for jaktstart i Anterselva.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline