Ruhpolding 15.1.2015:

Postet av Markane IL den 16. Jan 2015

Verdscupsiger i stafett med Johannes Thingnes Bø på laget.

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim 

Johannes Thingnes Bø gjekk tredjeetappe på det norske stafettlaget som gjekk til topps i verdscupen i Ruhpolding. Arkivfoto: Anders Vonheim.

Det norske stafettlaget i skiskyting for herrar gjekk heilt til topps i verdscupstafetten i Ruhpolding.På det norske laget gjekk Ole Einar Bjørndalen, Erlend Bjøntegaard, Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen

Ole Einar Bjørndalen og Erlend Bjøntegaard brukte begge eitt ekstraskot. Noreg låg dermed på ein andre plass, 23 sekund bak Tyskland då Bjøntegaard sende Johannes Thingnes Bø ut på den tredje etappen. Johannes måtte bruke eitt ekstraskot på liggande og tre på ståande. Likevel gjekk han så raskt i sporet at han gjekk inn Tyskland si leiing. Ved siste veksling låg Noreg og Tyskland likt.

Emil Hegle Svendsen brukte eitt ekstraskot på liggande og eitt på ståande. Dermed gjekk han ut frå ståande skyting 7,4 sekund bak leiande Tyskland. Desse sekunda henta han raskt inn og då han sette inn eit rykk før oppløpet, var den tyske ankermannen Schempp sjanselaus.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.