Ullsheim 10. januar 2015:

Postet av Markane IL den 10. Jan 2015

198 deltakarar på Ullsrennet 2015

Inger Hjelmeset, Anna Flo Kandal og Ane Hjelmeset Kirkeeide mot mål. Foto: Anne Marie Svarstad

Tre jenter frå Markane IL mot mål. Frå venstre: Inger Hjelmeset, Anna Flo Kandal og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Anne Marie Svarstad

 I alt 198 skiløparar stilte på startstreken i Ullsrennet 2015. Rennet gjekk i fri teknikk og inngår også i SSF-cupen. Markane IL hadde rekordmange deltakarar på start. Heile 54 løparar stilte opp for MIL i årets Ullsrenn og alle gjorde ein flott innsats i løypa. Alle tider og plasseringar er å finne i resultatlista under. 

I dei rangerte klassane vart det ni pallplassar til markaneløparar med fem klassesigrar, tre andreplassar og ein tredjeplass. Torje Seljeset gjekk til topps i klasse G11. Emilie Flo Stavik vann klassa for J11. Her vart det også andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein klar klassesiger i G15 medan Aksel Mathias Meland vann klasse G16. Ingvild Hatledal var først i mål i klasse UK. I klasse G13 vart det andreplass til Oskar Guddal Breivik og tredjeplass til Sigurd Fotland Fænn. Gaute Bø vart nummer to i klasse G18.

Nokre foto frå dagens renn er lagt ut nedanfor og fleire kjem etterkvart.

Resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 10.1.2015 -oppdatert

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Mari Sofi Meland mot mål. Foto: Anne Marie Svarstad

På veg mot mål. Mari Sofi Meland frå MIL (nr 57), Oddrun Hjelmeset Kirkeeide frå MIL (nr 61) og Rebecca Agnethe Tvinnereim frå Hardbagg (nr 58). Foto: Anne Marie Svarstad

 

Axel Brynestad Erdal. Foto: Anne Marie Svarstad


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.