Strålande sesongavslutning av Tarjai og Kristin

Postet av Markane IL den 5. Apr 2005

I helga avslutta langrennsfolket sesongen med Norgescup avslutning for junior og NM 3 og 5 mil for senior. Tarjai gjekk inn til ein sterk 3. plass på den doble jaktstarten laurdag. Kristin gjorde eit storløp på 3 mila søndag med ein 13. plass, og strålte i kapp med sola etter målpassering. Gratulerer begge to!

Løparane frå Sogn- og Fjordane gjorde det sterkt også på 5 mila:

Odd-Bjørn Hjelmeset nr 2, Bjarne Nes nr. 19, Øyvind Sandbakk nr. 23, Joar Tistel nr. 26, Asgeir Årdal nr. 31, Per Fridolf Hillestad nr. 41 og Jon Arild Halland nr. 75


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline