3.plass på Oppdalssprinten til Erlend Bakken og Aksel Meland

Postet av Markane IL den 11. Des 2016

Både Erlend Bakken og Aksel Meland frå Markane IL sikra seg pallplass under Oppdalssprinten på laurdag.

I Oppdal var det denne helga klart for DNB-cup 2 for seniorane medan dei yngre løparane gjekk Oppdalsprinten og Trøndercupen.

Beste resultat vart det denne gongen for dei yngre løparane i Oppdalssprinten/Trøndercupen.

Aksel Matias Meland gjekk inn til tredjeplass i M18. Med totalt to strafferundar var han 1 min og 7 sek etter vinnaren Eirik Kjøl Tornes frå Molde som skaut feilfritt. Andreplassen gjekk til Jo Børste Nørstegård som med tre bom var 57 sek etter vinnaren. Vegar Skrede frå Hardbagg IL kom på fjerdeplass.

Erlend Bakken sikra seg tredjeplassen i klasse M19. Han hadde totalt fire bom og var 48 sek etter vinnaren Hågen Solbakken frå Sørskogbygda med tre bom. Også på andreplassen kom det ein lokal løpar, Isak Hopland frå Hardbagg, som berre var 3,2 sek etter klassevinnaren. Fjerdeplassen i klassa gjekk til Håkon Midthjell Gjørven, 51 sek bak. Andreas Halsteinslid kom på sjetteplass, 1 min 16 sek etter, Grim Nygård på åttandeplass, 2 min 25 sek etter vinnaren, og Odd Sindre Tonning på niandeplass, 3 min 6 sek etter vinnaren.

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 11.plass i klasse M17. Med totalt sju bom var han 3min 28 sek etter klassevinnaren Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL som hadde to bom.

Anne Marie Roset sikra seg fjerdeplass i klasse K17. Med totalt fire bom var ho 2 min 38 sek etter klassevinnaren Kristine Hokseng Øien frå Oppdal. Kari Alsaker kom på femteplass, 3 min 17 sek etter vinnaren med fem bom.

Også i Trøndercupen vart det fleire gode plasseringar. Både Aksel Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på fjerdeplass i sine klassar. Aksel var 38 sek etter klassevinnaren Simen Hårstad med to bom. Simon var 1 min 4 sek etter klassevinnar Eivind Bogen Brurok frå Trondhjems Skiskyttere med tre bom.

I klasse M 19 kom Grim Nygård på femteplass etter god skyting med berre ein bom. Han var 1 min 58 sek etter klassevinnar Sivert Borgen frå Stiklestad. Isak Hopland frå Hardbagg IL sikra seg ein ny andreplass. Erlend Bakken vart nummer ni, Håkon Midthjell Gjørven nr 10, Odd Sindre Tonning nr 11 og Andreas Halsteinslid nr 13 i same klasse.

I K17 vart det femteplass til Anne Marie Roset. Med fire bom var ho 3 min 1 sek etter klassevinnar Signe Hofstad frå Røros. Kari Alsaker følgde rett bak på ein sjetteplass, 3 min 6 sek bak vinnaren.

For seniorløparane var det DNB-cup 2 på Oppdal. Jarle Midthjell Gjørven gjekk laurdag inn til ein 39. plass. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk tre bom på ståande. Han var 2 min 4 sek etter vinnaren Øystein Ulekleiv frå Dombås IL. På søndag vart det 48.plass til Jarle. Også denne dagen med tre bom. Han var 1 min 56 sek etter vinnaren Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os. Johan Eirik Meland starta ikkje.


Resultatliste dnbcup2 Oppdal 10.12.2016.pdf

Resultatliste dnbcup Oppdal 11.12.2016.pdf

Resultatliste Oppdalssprinten 10.12.2016.pdf

Resultatliste Trøndercup 11.12.2016.pdf






0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline