Maren Hjelmeset Kirkeeide vart juniorverdsmeister på sprinten!

Lagt ut av Markane IL den 26. Feb 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til VM-gull på sorinten i junior-VM i skiskyting i Soldier Hollow! Vi gratulerer!


Også på sprinten i junior-VM i skiskyting var der to løparar frå Markane IL til start, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik. Etter fin innsats på første løp på onsdag med ein 17. og 14.plass på normalprogrammet var det i dag klart for sprintrenn.

I dag vart det Maren sin dag frå start til mål. Ho låg blant dei beste frå første mellomtid og med fullt hus på første skyting gjekk ho ut frå standplass som nummer tre, berre ni sekund bak leiaren.

På ståande skyting vart det ein strafferunde på Maren noko som gjorde at ho gjekk ut på sisterunden på fjerdeplass, men berre seks sekund etter teten. Etter ein strålande sisterunde gjekk ho seg til slutt heilt til topps og dermed vart det VM_gullmedalje!

Dermed har ein ny løpar frå Markane IL vorte juniorverdsmeister - 10 år etter Johannes Thinges Bø.!

Emilie gjekk også godt i løypa, men  fekk to bom på kvar av skytingane i dag og hamna med det på ein 26.plass med ein differanse på 2min 20 sekund opp til Maren. Men det er tett framover på lista og gode sjansar om endå betre plassering på jaktstarten på søndag.


Vi gratulerer med VM-gullet!









"Barnas skileker" på Ullsheim 19.mars

Lagt ut av Markane IL den 22. Feb 2022

"Barnas skileker" kjem til Ullsheim laurdag 19.mars kl.1400. Alle frå 0-12 år kan vere med! Premiar til alle!

Meir info på www.skileker.no



Nok eit OL-gull til Johannes Thingnes Bø!

Lagt ut av Markane IL den 18. Feb 2022

Det vart nok eit OL-gull til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten. Dermed vart det totalt fire gull og ein bronse i OL. Tarjei Bø vart nummer 12 på fellestarten, men fekk med seg to gull, ein sølv og ein bronse frå OL. Ein formidabel innsats av begge to!!


På fellestarten starta Tarjei med fullt hus på første skyting medan Johannes fekk ein bom. Svenske Sebastian Samuelsson leia ut på andre runden.

På andre skyting vart resultatet omvendt. Johannes skaut fullt hus medan Tarjei måtte ein tur i strafferunden. Han var dermed 35 sekund etter teten medan Johannes gjekk ut i front saman med tysje Nawrath.

På tredje skyting fekk Johannes ein bom medan Tarjei enda med to bomskot og hamna litt lenger nede på lista. Johannes gjekk ut i tet trass i bommen. Han var seks sekund føre Samuelsson. Denne leiinga berre auka mot fjerde skyting og inntil den avgjerande skytinga hadde Johannes 25 sekund å gå på.

Johannes treffte på dei tre første skota, men på slutten vart det to bom. Men også dei nærast konkurrentane fekk trøbbel i vinden. Dermed leia framleis Johannes når han kom ut av strafferunden. Svenske Ponsiluona følgde på andreplass.

Dermed var det klart for nok ein individuell OL-medalje til Johannes. Tarjei kom i mål på ein 12.plass på dagens løp. Med fire gull og ein bronse til Johannes og to gull, sølv og bronse til Tarjei har det vore eit heilt fantastisk OL.

Vi gratulerer!!



 



OL-gull på skiskyttarstafetten!

Lagt ut av Markane IL den 15. Feb 2022

Etter ein spennande OL-stafett med store svingingar undervegs vart det til slutt OL-gull for  det norske laget med Tarjei og Johannes på høvesvis andre og tredje etappe. Vi gratulerer!


På dagens OL-stafett gjekk Sturla Holm Lægereid opningsetappen. Han starta bra med fullt hus på liggjande, men måtte ut i strafferunde etter ståande skyting. Dermed låg Noreg 41 sekund etter teten då Tarjei overtok på andre etappe.

Tarjei tapte noko i sporet i høve tetlaget Russland sjølv om det vart fullt hus på liggjande skyting. Ut frå 1. skyting var Noreg vel eitt minutt bak. På ståande skyting trengde Tarjei to ekstra skot og avstaden til det russiske laget var dermed på  1 minutt og 38 sekund.

Johannes overtok på tredjeetappe og gjekk gnistrande, men russaren skaut nok ein gong feilfritt og med to ekstraskot og litt trøbbel med ladning, var avstanden opp til gullet på 1 minutt 52 sekund. På dette tidspunktet verka det mest realistisk og ta sikte på kome seg på pallplass. Men med ein superrask mellomrunde og fullt hus på ståande starta opphentinga. Etter andre skyting leia russarane framleis med 1minutt og 19 sekund, men det var berre 12 sekund fram til sølvet. Før siste veksling var differansen fram til gullet på under minuttet.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk siste etappe for Noreg. Med fullt hus på liggjande gjekk han ut 59 sekund bak russaren. Men ankermannen til Russland fekk skjelven på siste ståande og pådrog seg to strafferundar. Med feilfri skyting kunne Vetle gå ut på sisterunden i front, Avstanden ned til Frankrike var på 21 sekund og dette var nok til å kontrollere inn til gull for Noreg!


Vi gratulerer med OL-gull!









OL-sølv til Tarjei Bø!

Lagt ut av Markane IL den 13. Feb 2022

Det var den andre individuelle OL-medaljen i løpet av to dagar til Tarjei Bø då han gjekk inn til OL-sølv på jaktstarten! Johannes Thingnes Bø vart nummer fem (Foto: Fjordingen)


Johannes Thingnes gjekk ut første på jaktstarten etter sigeren i går. Verdscupleiar Fillon Maillet starta på andreplass og Tarjei Bø på tredjeplass.

På første skyting skaut både Johannes og Fillon Maillet fullt hus medan Tarjei fekk ein strafferunde og gjekk ut frå første skyting på femteplass,

På andre skyting bles det godt. Johannes måtte ut i to strafferundar medan franske Fillon Maillet imponerte i vinden med fullt hus. Dermed gjekk han ut rett bak Johannes. Tarjei skaut også flott med fullt hus i vanskelege forhold. Han gjekk ut etter andre skyting på fjerdeplass.

På første ståande skyting vart det for mykje vind for Johannes som enda med tre strafferundar. Fillon Maillet overtok leiinga i løpet. Tarjei skaut på nytt fullt hus og låg framleis på ein fjerdeplass.

På siste skyting skaut Fillon Maillet for fjerde gang fullt hus og sikra med det OL-gullet. Tarjei skaut også fullt og gjekk ut på tredjeplass rett bak russiske Latypov. Tarjei gjekk raskt forbi russaren og gjekk på nytt ein strålande siste runde. Dermed vart det eit flott OL-sølv på jaktstarten. Den andre individuelle OL-medaljen. Bronsen gjekk til Latypov.

Johannes gjekk til slutt inn til femteplass etter totalt sju strafferundar i vinden.

Vi gratulerer Tarjei med OL-sølv!!





Gull og bronse til Johannes og Tarjei på OL-sprinten!

Lagt ut av Markane IL den 12. Feb 2022

Det vart ein fantastisk OL-sprint i skiskyting der både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø kom på pallen. Johannes sikra seg eit individuelt OL-gull medan Tarjei tok OL-bronse!


To brør på pallen i same OL-renn er ein historisk dag.

Johannes sikra seg OL-gullet 25,5 sekund føre franske Quentin Fillon Maillet. Johannes hadde ein bom på siste skyting, men med suveren fart i sporet, vann han likevel soleklart. Dette var Johannes sin tredje medalje på like mange løp.

Tarjei skaut fullt hus på liggjande skyting og låg dermed også godt an i løpet. Då både Ponsiluoma og Doll bomma på siste skyting, var medaljen innan rekke vidde. Tarjei fekk også ein bom på siste skyting, men med rask skyting og stor fart i sporet på sisterunden så var han likevel i mål 1.5 selund føre russaren Tsjetkov som låg på tredjeplass.

Då heller ikkje svenske Sebastian Samuelsson heller ikkje klarte å matche Tarjei sin fart på sisterunden, var det klart at begge brørne var på pallen!

Vi gratulerer med OL-gull og OL-bronse!! 






Andre Haugsbø til topps i Tverrfjelldilten 2022

Lagt ut av Markane IL den 6. Feb 2022


Andre Haugsbø gjekk nok ein gang til topps i Tverrfjelldilten. Per Eivind Gurven var nest raskast medam Bjørn Ole Vassbotn hadde tredje beste tid. (Foto: Inge Fænn/Fjordingen)


Den niande Tverrfjelldilten vart arrangert på Ullsheim søndag 6.februar. Rennet er seedingrenn for Birkebeinerrennet. Talet på deltakarar i år var berre 11 og i tillegg ein deltakar på SSF-cup 10 km. Kanskje ikkje så rart etter to år med korona og restriksjonar. Veret viste seg ikkje frå si beste side og det vart mykje snøkave å kome seg gjennom på dei 4 x 10 kilometerane.

Andre Haugsbø (M41-45) gjekk nok ein gang heilt til topps med tida 2: 23. 52. Neste beste tid gjekk til vinnaren av M51-55, Per Eivind Gurvin med 2: 38: 48.  Tredje beste totaltid hadde Bjørn Ole Vassbotn med 2: 45: 35.

Det stilte ingen opp i kvinneklassene i år. 

I SSF-cup 10km var ein deltakar, Gard Sønnesyn i M15-16.






Resultatliste for Tverrfjelldilten 2022



OL-gull til Tarjei og Johannes på miksstafetten!

Lagt ut av Markane IL den 5. Feb 2022

Det vart OL-gull på første forsøk då Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø vann miksstafetten saman med Marte Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff. 

Det vart ein spennande miksstafett der det svinga fram og tilbake, men der alle løparane gjekk godt nok til å halde Noreg inne i medaljekampen.

Etter at Marte Olsbu Røiseland hadde eit stavbrekk og litt problem med børsa på første skyting, kom det norske laget litt bakpå i opninga. Men ein god avslutning på etappen gjorde at det berre var 16 sekund opp til leiarlaget Italia ved første veksling.

Tiril Eckhoff hadde ein tung dag på standplass og måtte ut i tre strafferundar. Men god fart i sporet gjorde at det berre var eit halvt minutt opp til Frankrike då Tarjei Bø starta på sin etappe.

Tarjei tapte litt i sporet på første del av etappen. Det var vanskelege forhold på standaplss, men Tarjei klarte seg bra og kom seg gjennom utan strafferundar. Etter ein sterk sisterunde sende Tarjei ut Johannes på ein femteplass, berre 21 sekund etter Russland og hakk i hel med resten av medaljefeltet.

Etter Johannes si første skyting var det framleis Russland som leia medan Norge gjekk ut 25 sekund bak saman med Frankrike.

På andre skyting trengde Johannes eit ekstra skot. Dette gjorde at kan gjekk ut nokre få sekund etter Russland og Frankrike. Han brukte ikkje lange stykket på å hente dei to i teten og ved inngangen til stadion overtok han leiinga og spurta han i frå dei to konkurrentane sine på oppløpet.

Dermed vart det OL-gull til både Tarjei og Johannes på OL sin første dag! Ein sor prestasjon.

Vi gratulerer med gullet!