Medlemskontingent 2023 -nytt digitalt system for innkreving

Postet av Markane IL den 22. Feb 2023

Faktura på medlemskontingent for 2023 skal no vere sendt ut til alle Markane IL sine medlemer. Vi har i år skifta innkrevingsmetode og fakturaen kjem no på epost med påminningar på SMS kvar åttande dag.. Sidan vi bruker KlubbenOnline sitt system vil det vere eit nytt banknummer oppgitt på faktura då kontingenten går via KlubbenOnline før den kjem til oss.


Fakturaen vert i utgangspunktet sendt til den epostadressa som ligg registrert på MinIdrett. Dersom de ønskjer å oppdatere adresse og/eller telefonnummer er det mogleg å gjere dette sjølv på MinIdrett eller du kan sende ei melding til Antonia Karete Kongsvik på antoniakaretekongsvik@gmail.com så ordnar vi dette for deg. Dette kan vere særleg aktuelt for ungdom som tidlegare har vore med i familiemedlemskap og ofte ligg på ein av foreldra sin adresser. Alle som fyller 18 år i løpet av 2023, mottek giro for enkeltmedlemskap dersom dei tidlegare var med i eit familiemedlemskap.

Når fakturen er betalt, vert det generert medlemskort for 2023 som de finn på MinIdrett.

For heidersmedlemene i laget som er fritekne for kontingent, er det sendt ut ein faktura på kr 0 slik at det digitale medlemskortet skal vere aktivert også for dykk.

Dersom nokon vil melde seg ut eller endre på medlemskapet (bytte til familie eller liknande), så gjer de dette ved å sende epost til antoniakaretekongsvik@gmail.com 

Stor takk til alle som har betalt så langt!

Vi håper dei fleste vil vere medlemer også i 2023!









Sølv til Maren Hjelmeset Kirkeeide i jrNM på Lillehammer!

Postet av Markane IL den 20. Feb 2023

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til sølvmedalje på sprinten i K20-22 under jr. NM på Lillehammer. Katrine Svarstad Heggdal kom på fjerdeplass i klasse K17.


Etter ein strafferunde på liggjande skyting gjekk Maren ut på midtrunden på niandeplass, 24,5 sekund bak teten. Også på ståande skyting vart det ein  strafferund, og dermed ein 4. plass før ho tok til på sisterunden. Med god fart i sporet gjekk ho seg opp til sølvmedalje. Ho var 10,7 sekund bak vinnaren, Tuva Aas Stræte, Hønefoss/Team Woodcon som berre hadde ein bom totalt.

Hedda Garlid Hilde viste nok ein gong strålande skyting med to fulle hus.

I klasse K17 vart det etter kvart ein svært jamn duell mellom Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs, og Oda Aase Urnes, Østre Toten/NTG Lillehammer. Katrine gjekk i mål på tida 21.14,5. Bakfrå kom Urnes og sikra seg tre tidelar betre tid. Opp til sølvet var det også berre 5,6 sekund. Dermed vart det fjerdeplass på Katrine.

I norgescupen for senior vart Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team Hugaas, nummer fem på dagens sprint. Med tre strafferundar totalt var han 50 sekund bak vinnaren. Differansen opp til tredjeplassen var på 25,9 sekund.




Simon Hjelmeset Kirkeeide til topps i NC på Lillehammer!

Postet av Markane IL den 20. Feb 2023

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps på normaldistansen under Norgescupen på Lillehammer. Foto: Nordfjord Team Tussa


Alt frå start var Simon med i teten, og ut frå første skyting var han i leiinga med 6,1 sekund. Andre skyting gav to tilleggsminutt, og han låg med det på 12. plass, 1.40,4 bak Vetle Rype Paulsen frå Lier IL som hadde teke over teten.

Med fem treff på tredje skyting gjekk Simon opp på 6. plass på lista. Han hadde no 1.17,8 opp til Paulsen som framleis låg i tet. Siste og avgjerande skyting gav nye fem treff, og dermed gjekk han ut på siste runden som nummer tre.

Farten på sisterunde var det ingen andre som kunne matche, og i mål var Simon 9.9 sekund føre nummer to, Hogne Findal Skar frå Sannidal IL/Team Hugaas. Dermed var første sigeren i norgescupen som senior i boks.

Vi gratulerer!



VM-bronse på fellesstarten til Johannes!

Postet av Markane IL den 19. Feb 2023

Det vart bronse til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten. Dermed vart det medalje i alle løpa i VM. Tarjei avslutta VM med ein niande plass.


Både Johannes og Tarjei måtte ein tur i strafferunden etter første skyting, og opp til tetgruppa var det ca. 20 sekund.

Johannes tok inn heile forspranget inn til andre skyting, men nok ein gong måtte både Johannes og Tarjei ut i strafferunden.

Dermed vart det å prøve og hente inn teten på nytt. Johannes fekk nok ein gong  kontakt med teten. Og etter feilfri tredje skyting var han plutseleg først i løypa, 9,8 sekund føre svenske Sebastian Samuelsson. Også Tarjei Bø skaut fullt på tredje skyting.

På siste skyting vart det bom på det siste skotet for Johannes, og han måtte ut i strafferunden. Samstundes skaut dei to svenskane Sebastian Samuelsson og Martin Ponsiluoma feilfritt.  Svenskane heldt unna på siste runden og sikra dobbeltsiger. Johannes gjekk inn til bronse. Han sikra seg dermed medalje i alle renn i VM i Oberhof: Fem gull, ein sølv og ein bronse. Berre Marte Olsbu Røiseland har greidd medaljar i alle VM-løp tidlegare.

Tarjei Bø vart nummer 9, etter to strafferundar på siste skyting. Dermed vart det topp-ti plassering i alle løp og ikkje minst fekk med seg to sølvmedaljar frå  VM

Vi gratulerer med storvegs innsats under årets VM i skiskyting!



VM-sølv til Noreg i stafetten.

Postet av Markane IL den 19. Feb 2023

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk på det norske stafettlaget som sikra seg VM-sølv under vanskelege vêrtilhøve i Oberhof.


Det vart mykje vind og vanskeleg skyteforhold på VM-stafetten i Oberhof. Det norske laget som var storfavorittar før start enda opp med å sikre seg sølvmedalje. 

Alt etter første etappe låg Norge eitt minutt bak teten, då Vetle Sjåstad Christiansen trengde mange  ekstraskot for å få ned blinkane i vindkasta.

Tarjei Bø skaut fullt hus på første skyting, men nokre skikkelege vindkast sende han ein tur i strafferunden etter ståande skyting.

Då Sturla Holm Lægreid tok til på sin etappe var avstanden opp til teten eitt minutt og ti sekund, og Norge låg på ein  5. plass.

Etter flott liggjande skyting gjekk Lægreid ut på tredjeplass, 59,8 sekund bak Frankrike og Tsjekkia. Og då franskmennene måtte ut i strafferunden etter ståande skyting var det plutseleg håp om avansement. Mrn også Lægreid fekk strafferunde, og ein var like langt. 

Johannes Thingnes Bø starta på sin siste etappe med nesten 50 sekund å ta att på teten. 

Johannes måtte ta i bruk alle ekstraskota på liggjande, og då hjelpte det ikkje at han gjekk raskt i løypa. Heller ikkje perfekt siste serie kunne hindre fransk gull.

Dermed vart det sølv til det norske laget, 38,9 sekund bak Frankrike. Sverige tok bronsen.



VM-gull nummer fem til Johannes på single mix-stafett!

Postet av Markane IL den 19. Feb 2023

Saman med Marte Olsbu Røiseland sikra Johannes Thingnes Bø seg nok eit VM-gull på single mix stafett. Dette var det femte gullet i rekkja under VM i Oberhof.

Det vart spenning heilt til siste skytinga, for både Marte Olsbu Røiseland og Johannes måtte bruke nokre ekstraskot i løpet av stafetten. Johannes måtte i tillegg tòle ein tur i strafferunden etter den siste liggande skytinga.

Sølvmedaljen gjekk til Austerrike og bronsen til Italia.

Vi gratulerer med nok eit VM-gull.



Fjerde VM-gullet på rad til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 19. Feb 2023

 












Johannes Thingnes Bø tok sitt fjerde gull på rad i VM då han gjekk inn til gull på normaldistansen. Tarjei Bø vart nummer sju.


Johannes starta med fullt hus på første skyting. På den første ståande skyting vart det ein bom og eitt minutt i tillegg, det same gjorde det på den tredje skytinga. Likevel var differansen frå Johannes opptil Fillon Maillet i teten på berre 48 sekund, og sjansen til ei topplassering var framleis god.

Johannes gjekk ein rask mellomrunde, og då siste skyting gav fem blinkar rett ned, samstundes som franskmannen fekk ein bom, var Johannes i leiinga og etter at alle var i mål heldt det til nok eit fantastisk gull.

Også Tarjei Bø låg bra an til eit godt løp. Det vart ein bom på første liggande skyting, men med to fulle hus deretter gjekk han ut som nummer fem, om lag halvminuttet bak bronsen. Eitt tilleggsminutt på siste skyting gjorde at  i mål vart det til slutt ein solid sjuandeplass.



 



Nytt VM-gull til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten!

Postet av Markane IL den 12. Feb 2023

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein suveren siger på jaktstarten i Oberhof. Tarjei Bø hamna rett utanfor pallen på ein fjerdeplass etter ein spennande kamp om bronsen. 


-------------------------------------------------------------------------

Johannes gjekk ut i løypa 14 sekund føre Tarjei med Sturla H. Lægereid på tredjeplass. Etter den andre skytinga var Johannes sitt forsprang dobla til storebror. Tarjei heldt på si side avstanden ned til Lægreid på med om lag 20 sekund.

På den tredje skytinga kom Tarjei litt skeivt ut med to bom. Johannes skaut fullt for tredje gong og leia suverent. Etter tredje skyting såg sølvet ut til å gå til Lægreid, men det var framleis liv i håpet om ein bronsemedalje til Tarjei. Kampen om bronsen stod først og fremst mellom Tarjei, Vetle Sjaastad Christiansen og svenske Sebastian Samuelsson.

Johannes stod for ei utruleg oppvisning på standplass. Han kom  opp med sin fjerde feilfrie serie. Lægreid sikra eit nesten like suverent sølv med tilsvarande prestasjon.

Samtlege løparar i posisjon til den bronsemedaljen fekk  to eller fleire strafferundar. Tarjei gjekk ut på siste runden som tredjemann, men med Christiansen og Samuelsson rett bak.

Inn mot mål skulle etter kvart bli ein kamp mot svensken. Den vart ikkje avgjort før dei var inne på oppløpet. Der gjekk Samuelsen i frå og sikra svensk bronsen medan det vart ein fjerdeplass til Tarjei.

Tysdag er det klart for normaldistanse og meir spenning.

Vi gratulerer Johannes med den tredje gullmedaljen i VM!



Fantastisk dobbeltsiger til Johannes og Tarjei på VM-sprinten!

Postet av Markane IL den 12. Feb 2023

Johannes Thingnes Bø tok ein suveren siger på VM-sprinten i Oberhof. Tarjei Bø følgde på ein flott sølvplass 14 sekund bak. Vi gratulerer!


-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Johannes gjekk ut først i skodda i VM i Oberhof. Han opna ganske kontrollert i sporet, og fekk ein bom på det nest siste skot på liggjande. På ståande vart det derimot fullt hus med litt stang inn på dei to siste skota. Den siste runden gjekk unna i eit tempo ingen andre var i nærleiken av å matche.

Bak kom konkurrentane på rad og rekkje, men ingen klarte å gå like fort som Johannes i løypa.

Tarjei Bø gjekk på eit seint startnummer, og starta med fullt hus på ligjgande. Med nok eit fullt hus også på ståande kom han opp i medaljekampen.

Tarjei kom i mål 14 sekund bak Johannes, og sikra dermed både sølvmedalje og eit veldig godt utgangspunkt før jaktstarten søndag. Sturla H. Lægreid tok bronsen 39 sekund bak Johannes.

VM har dermed starta på best mogleg måte. Gullet på sprinten var Johannes sitt andre gull under VM då han også gjekk på vinnarlaget i miksstafett. Med Tarjei sin flotte individuelle sølvmedalje så er det berre å sjå fram til resten av VM.

Søndag er det klart for jaktstart med Johannes og Tarjei først ut i sport.