4. og 9.plass til Jarle Midthjell Gjørven i DNB-cup på Liatoppen

Postet av Markane IL den 9. Jan 2017

Jarle Midthjell Gjørven gjorde det best av Markaneløparane på helgas Norgescuprenn på Liatoppen då han sikra seg 9.plass på sprinten laurdag og var rett bak ein pallplass på fellesstarten.

På sprinten laurdag skaut Jarle feilfritt og var 1 min 25 sek etter vinnaren av klassa for menn senior Aslak Nenseter frå Bø skiskytterlag. I same klassa vart Johan Eirik Meland nr. 35. Han var 3 min 15 sek etter vinnaren med 4 strafferundar.

I klasse K17 gjekk Kari Alsaker inn til ein 22.plass på sprinten, 4.30 sek etter vinnaren med tre bom totalt. På fellesstarten vart det ein 26. plass og 4 min 54 sek etter vinnaren med totalt åtte bom. Åsne Skrede frå Geilo IL vann klassa begge dagar.

I klasse M17 vart Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 33 på sprinten. Han hadde seks bom og var 3 min 13 sek etter klassevinnar Mats Øverby frå Lier IL. Øverby gjekk også til topps på fellesstarten. Her kom Simon på ein 42.plass, 5 min 25.7 sek etter vinnaren med totalt 13 bom på dei fire skytingane.

Aksel Matias Meland kom på 23. plass på sprinten i M18 etter å ha fått to bom på kvar av skytingane. Han var 1 min 57 sek etter klassevinnaren Eirik Kjølnes Toreng frå Molde og Omegn IF. På fellesstarten søndag vart det ein 15.plass. Med totalt åtte bom på dei fire skytingane var han 2 min 32.5 sek etter klassevinnaren Lars Hammernes Leopold frå Asker SK. John Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL kom på tredjeplass, 11.2 sek etter vinnaren med to bom.

I klasse M19 vart Erlend Bakken best av våre på ein 32.plass. Han var 3min 9 sek etter klassevinnaren med totalt tre bom. Klassa vart vunnen av Sivert Bakken frå Vingrom IL. Håkon Midthjell Gjørven kom på 46. plass (+3min 50 sek, 3 bom), Andreas Halsteinslid kom på 52.plass (+4 min 32sek, 3 bom), Grim Nygård vart nr. 57 (+5 min 20 sek, 2 bom) og Odd Sindre Tonning nr 64 (+6 min 59 sek, 5 bom).

På fellesstarten vart Håkon Midthjell Gjørven best av våre med ein 37.plass. Med sju bom totalt var han 3 min 26 sek etter klassevinnar Mathias Skrede frå Geilo IL som hadde seks bom totalt. Erlend Bakken kom på 43.plass (+4 min 19sek, 10 bom), Andreas Halsteinslid vart nr 54 (+6 min 30,7sek, 10bom) og Odd Sindre Tonning nr 64 (+8min 26 sek, 13 bom).

Her er alle resultata frå Norgescuphelga på Liatoppen:

Resultatliste frå DNB cup 3 Statkraft jr cup 1 Liatoppen 7.1.2017 sprint.pdf

Resultatliste frå DNB cup 3 Statkraft jr.cup 1 på Liatoppen 8.1.2017.pdf



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.