3.plass til Oskar Guddal Breivik på normaldistansen i Bendit Kvalfossprinten

Postet av Markane IL den 6. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til ein flott tredjeplass under normaldistansen i M 15 i Bendit Kvalfossprinten.

Med to bom var han berre 33 sekund etter klassevinnar Emil Hage Streitlien frå Folldal IF som berre hadde ein bom.

Nordfjordingane gjorde det svært så godt i denne klassa. ¨Stårheimsløparane Lasse Flo Bødal og Bendik Vereide kom på 2. og 4.plass i klassa. Bødal var berre to sekund etter klassevinnaren. Han hadde ein bom.

I klasse J14 vart Maren Hjelmeset Kirkeeide best av våre med ein 33.plass med totalt seks bom. Emilie Flo Stavik vart nr 33 med fem bom medan Hedda Garlid Hilde kom på 37.plass med totalt seks bom.

I klasse G14 vart det 68. plass til Elias Dispen Lødemel. I denne klassa vart det dobbeltsiger til to nordfjordingar med førsteplass til Kasper Mundal frå Stårheim og andreplass til Magnus Skeide Bakke frå EId IL.

I klasse G16 gjekk Magnus Midthjell Gjørven inn til ein 62.plass etter god innsats på skytebana med to bomskot. Nikolai Dispen Lødemel vart nr 69 i same klasse med totalt fem bom.



Resultatliste for Bendit Kvalfossprinten normaldistanse 05.02.2017


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.