Kategori
Khanty Mansijsk 17.03.2013:
Lagt ut av Markane IL den 18. Mar 2013
7.plass i verdscupavslutninga til Tarjei Bø
Tarjei Bø avslutta verdscupsesongen med ein 7. plass på fellesstarten i Khanty-Mansijsk. Etter to perfekte skyteseriar på liggjande, vart det totalt to strafferundar på dei to ståande seriane. Tarjei låg som mellom seks og åtte gjennom heile løpet og vart til slutt nummer sju i mål.
Verdscupvinnar Martin Fourcade frå Frankrike vann suverent med berre ein strafferunde totalt. Dominik Landertinger, Austerrike, vart nummer to, og Emil Hegle Svendsen sikra norsk tredjeplass. Svendsen fekk også ein strafferunde. Johannes Thingnes Bø var ikkje kvalifisert til å gå fellesstarten.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.