Nove Mesto 16.2.2013:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2013

VM-gull til Tarjei Bø på stafetten!!

VM-gull på stafetten i Nove Mesto. Foto: NRK

Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bøe, Henrik L'Abee-Lund og Ole Einar Bjørndalen tok gull på VM-stafetten i Nove Mesto. Foto: NRK

 Det vart gull til Tarjei Bø og resten av det norske stafettlaget under VM i Nove Mesto i dag.

Det norske laget gjorde suveren innstad. Ole Einar Bjørndalen gjekk første etappe og sjølv om det vart tre ekstraskot var Noreg berre fire sekund etter Tyskland ved første veksling. Henrik L'Abee-Lund gjekk andre etappe og med ti treff kunne han sende Tarjei ut på tredje etappe i leiinga, like føre Tyskland. Tarjei gjekk ein flott tredje etappe. Inn til den ståande skytinga var Norge, Tyskland og Russland samla i ein trio. Tarjei viste klasse på standplass og fekk fem treff. Tyskland gjekk ut på ein andreplass, åtte sekund bak. Russland sprakk på skytinga, og måtte ut i to strafferundar. Inn til veksling auka Tarjei leiinga ytterlegare og sende Emil  Hegle Svendsen ut i sporet 16 sekund føre Tysklands ankermann Lesser. Emil Hegle Svendsen gjekk suverent i sporet og med berre eit ekstraskot på siste skyting, var Noreg suverene i mål. Frankrike kom på andreplass 1 min 12 sek bak medan det vart bronse til Tyskland 1 min 18 sek bak Noreg.

Vi gratulerer med stafettgull!!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.