Kategori
Ullsheim 28.-30.09.2012:
Lagt ut av Markane IL den 2. Okt 2012
Stor oppslutning om samling på Ullsheim
Fjelltur var ein av aktivitetane søndag. Her er nokre deltakarar samla ved varden på Blånibba. Foto: Margunn Hjelmeset
Det var solid oppslutning om barmarkssamlinga på Ullsheim 28.-30.september. Samlinga var i regi av Markane IL og Sogn og Fjordane skikrins og nærare 60 ungdommar deltok. Samlinga var så populær at heile 15 ungdommar som ønskte å vere med ikkje fekk plass.
På laurdag var det blant anna rulleski, skøyting, klassisk rulleski, myrfotball og bading i Strynehallen, medan søndag var det fire grupper som var på fjelltur. Landslagstrenarane Roar Hjelmeset og Sjur Ole Svarstad var hovudtrenarar.
For dei som ønskjer å lese meir om samlinga er her også lagt ut artiklar og fotoseriar frå helga både på heimesida til Sogn og Fjordane skikrins og NRK Sogn og Fjordane.
Alle deltakarane på helgas samling. Foto: Inge Fænn
Fleire foto er lagt ut nedanfor.
Landslagstrenarane Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset var hovudtrenarar på samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset
I gong med treninga. Foto: Margunn Hjelmeset
Klare til rulleskitrening. Til venstre: Aksel M. Meland. Foto: Margunn Hjelmeset
Roar Hjelmeset instruerer ivrige rulleskiløparar. Foto: Margunn Hjelmeset
Sjur Ole Svarstad og Johnny Seljeset. Foto: Margunn Hjelmeset
Lunchpause under samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset
Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset
Samla til matpause. Foto: Margunn Hjelmeset
Tre av deltakarane på samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset
Fire gutar har ein liten pause under samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset
Oskar Guddal Breivik frå Markane IL (t.v) var ein av dei lokale deltakarane. Foto: Margunn Hjelmeset
Ein god gjeng samla til matpause. Foto: Margunn Hjelmeset
Søndag var det klart for fjelltur. Foto: Margunn Hjelmeset
I midten Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn på fjelltur. Foto: Margunn Hjelmeset
Den eldste gruppa har nådd toppen av Gulekoppen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide
Alle deltakarane og trenarane samla. Foto: Inge Fænn
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.