Harpefossen 04.02-05.02.2012

Postet av Markane IL den 7. Feb 2012

Stor deltaking og god innsats i krinsrenna på Harpefossen.

Grim Nygård. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård var ein av deltakarane i krinsrenna på Harpefossen. Foto frå Holmenkollen tidlegare i sesongen v/John Roger Meland

Krinsrenna på Harpefossen samla svært god deltaking av unge skiskyttarar. Over 100 løparar var i aksjon både på sprinten laurdag og under fellesstarten søndag. Fellesstarten inngjekk også i årets krinscup. Av løparane som deltok representerte nærare 20 Markane IL. Det var krevjande skyteforhold, men fine løyper og gode konkurransar der også fleire av juniorane deltok sidan det ikkje var Norgescuprenn denne helga.

Mange løparar leverte gode løp både i spor og på standplass. Magnus Midthjell Gjørven vann klassen for gutar 11 år begge dagar, medan Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 1.plass på sprinten og 2.plass på fellesstarten i klassen for gutar 12 år. Liv Rigmor Netland oppnådde dei same plasseringane i jenter 11 år.

Også i dei andre klassene var det mange løparar frå Markane som kom heilt i toppen av sine klassar. At rekrutteringa er god viser også igjen ved at det stadig dukkar opp nye namn på listene. Fullstendige lister frå helgas renn finn du nedanfor.

Resultatliste krinsrenn Harpefossen sprint 04.02.2012

Resultatliste krinsrenn Harpefossen fellesstart 05.02.2012

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.