Mo i Rana 22.9.2013:

Postet av Markane IL den 22. Sep 2013

Ny bronse til Tarjei Bø i NM-rulleskiskyting!

Pallen i jakstart rulleskiskyting 2013. Foto: Bossmo og Ytteren IL

Dei tre beste på NM jaktstart i rulleskiskyting: Vetle Sjåstad Christensen, Ole Einar Bjørndalen og Tarjei Bø. Foto: Lise Mari Løvstrand/Bossmo og Ytteren IL

Det vart ny bronsemedalje til Tarjei Bø på jaktstarten i NM rulleskiskyting. Johannes Thingnes Bø vart til slutt nummer åtte.

Det var lenge Johannes som låg best an på dagens jaktstart. På dei tre første skytingane fekk Tarjei tilsaman fem bom medan Johannes skaut betre og klarte seg med tre bomskot.

Inn til siste og avgjerande skyting låg Johannes på tredjeplass, berre 25 sekunde etter leiaren. Tarjei kom inn til fjerde og siste skyting som  nummer åtte. Men på den siste skyteserien fekk Johannes tre bom medan Tarjei skaut feilfritt. Tarjei gjekk dermed ut på sisterunden som nummer tre medan Johannes fall til ein åttandeplass. Desse plasseringane heldt seg heilt i mål.

Vinnar av NM-rulleskiskyting vart Ole Einar Bjørndalen. Vetle Sjåstad Christensen kom i mål 17 sekund bak til sølvmedalje medan Tarjei tok bronsen. Han var 1 min 15 sek bak Bjørndalen i mål. Johannes kom i mål til sin åttandeplass, 1 min 33 bak vinnartida.

I klasse M20/21 kom Jarle Midthjell Gjørven Markane IL/Team Statkraft Lillehammer på femteplass etter å ha gått ut på startnummer fire. Etter dei to liggjande skytingane var Jarle heilt oppe på ein andreplass. Men med tre bom på tredje skyting og to bom på siste skyting vart det til slutt ein femteplass 1 min 28 sek bak vinnaren. Håkon Svaland frå Birkenes vann også i dag klasse M20/21. Øystein Solligård frå Orkdal IL kom på andreplass 56 sekund bak vinnaren. Jørgen Blokkum frå Trondhjems Skiskyttere/Team Statkraft Trondheim tok bronsen etter å ha gått i mål 1 min 11 sek bak Svaland.

Johan Eirik Meland, Markane IL/Team Statkraft Lillehammer, gjekk seg opp frå gårsdagens 15. plass til ein 11. plass. Han fekk to bom på første skyting og ein på siste skyting. I mål skilde det 3 min 4 sek fram til vinnaren.

I klasse M 18 vart det 36. plass til Georg Kristian Halsteinslid, Markane IL/Team Statkraft Nordfjord. Vinnar av klassa vart Kristian Killingberg frå Lier IL/NTG-G.

Resultatliste frå NM jaktstart rulleskiskyting 2013. Alle klasser. Arr: Bosmo og Ytteren IL 22.9.2013


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.