Olden 14.9.2013:

Postet av Markane IL den 14. Sep 2013

God innsats i Skarsteinsetra Opp

 Odd Sindre Tonning og Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

 Odd Sindre Tonning kom på andreplass og Håkon Midthjell Gjørven på sjette i klasse G15-17 under Skarsteinsetra Opp 2013. Foto: Sigbjørn Kirkeeide (2011)

 Olden IL var for tredje gong arrangør av Skarsteinsetra Opp. I alt 144 personar tok turen i eit ikkje altfor godt septemberver. Av desse stilte 46 opp i konkurranseklassane, 30 som løparar og 16 som syklistar.

Markane IL var som  vanleg godt representert i dei yngste klassane. I alt fem løparar deltok for MIL i klassane mellom 12 og 20 år.

Aller raskast av våre i dag var Odd Sindre Tonning som vart nummer to i klasse G15-17. Han fullførte dei 4,6 kilometerane på 25 min 29 sek. Han var berre 10 sekund bak klassevinnar Adrian Helgheim frå Førde IL. I  den same klassa vart det femteplass til Grim Nyård med 29 min 21 sek og sjetteplass til Håkon Midthjell Gjørven med 29 min 57 sek.

I den yngste guteklassa G12-13 år vart det fjerdeplass til Magnus Midthjell Gjørven med 34 min 31 sek. Klassevinnar vart Youri van der Werve frå Hornindal IL på 26 min 25 sek. I klassa M18-20 var Lars Midthjell Gjørven einaste deltakar og vart dermed klassevinnar. Tida i mål var 26 min 37 sek.

Beste tid i løpsklassane vart Jan Olav Tjønneland frå Viksdalen IL med 22 min 47 sek i herreklassa og Merete Helgheim frå Gloppen FIL med 25 min 57 sek og ny rekord i dameklassa.

I sykkelklassane vart det ny løpsrekord både i dame- og herreklassa. Erlend Eide frå Eidfossen sykkel kom i mål til ny rekord i herreklassa med 18 min 42 sek. Janne Bruhn-Henriksen frå Stryn sykkelklubb sette den nye rekorden i dameklassa med 25 min 36 sek. 

Resultatliste for Skarsteinsetra Opp 14.9.2013


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.