Sølvbergstøylen 1.9.2013:
Postet av Markane IL den 2. Sep 2013
Resultat frå KM-langdistanse
Grete Zachariassen frå Markane IL vann KM-tittelen i klasse D50 føre Aslaug Thingnes Bø. Foto: Ivar Bergset.
Etter vel gjennomført KM mellomdistanse i Markane i går var det idag klart for langdistanseløp. ILVeten var arrangør og løpet gjekk i terrenget ved Sølvbergstøylen.
I alt var det 43 startande derav 23 i KM-klassane. Til Markane sine fem deltakarar vart det KM-tittel til Åshild Sætren Bøe og Grete Zachariassen.
Åshild Sætren Bøe vann klasse D17 etter å ha fullført dei 5,2 kilometerane på tida 1 t 6 min 32 sek. I klasse D50 var Grete Zachariassen raskast gjennom dei 3,5 kilometerane med tida 47 min 23 sek. Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL vart nummer to med 51 min 23 sek.
I klasse H50 vart det løparar frå Markane både på andre- og tredjeplass. KM-tittelen gjekk til Gunnar Gytri frå Førde IL som var i mål etter 44 min 2 sek. Dag Arne Eide vart nummer to med tida 47 min 58 sek og Per Øen nummer tre med 52 min 36 sek.
Øvrige KM-vinnarar vart: Elias Bergset frå IL Veten i H13-14, Oda Eide frå Fjellhug/Vereide i D15-16, Håvard Nummedal Os frå Førde IL i H17 og Norvald Ospehaug frå Tambarskjelvar i H70.
Fullstendig resultatliste for alle klassar (inkl. nybyrjar/småtroll) er lagt ut nedanfor. Her er også fleire foto av deltakarane. Alle foto er tekne av Ivar Bergset, IL Veten.
Medaljevinnarane i H50: Gunnar Gytri frå Førde IL, Dag Arne Eide frå Markane IL og Per Øen frå Markane IL. Foto: Ivar Bergset
Resultatliste for KM langdistanse 1.9.2013 Arrangør IL Veten
Løpsleiar Anders Bergset informerer. Foto: Ivar Bergset
Ut frå start. Foto: Ivar Bergset
Trygve Nummedal Os og Sven Bergset Langvik deltok i klasse H10-12. Foto: Ivar Bergset
Til venstre medaljevinnarane i klasse H13-14 Elias Bergset frå Veten og Magnus Eide frå Fjellhug Vereide. Til høgre KM-vinnar i D15-16 Oda Eide frå Fjellhug/Vereide. Foto: Ivar Bergset
Dei tre beste i klasse H17: Håvard Nummedal Os frå Førde IL, Kjell Ove Bergset frå IL Veten og Tomas Kadlas frå Eid IL.
Medaljevinnarane i klasse H60: Norvald Ospehaug frå Tambarskjelvar IL, Edvin Helle frå Askvoll og Holmedal IL og Torodd Os frå Førde IL. Foto: Ivar Bergset
KM-vinnar i klasse D17: Åshild Sætren Bøe. Foto: Ivar Bergset
Ein fin gjeng med nybyrjarar frå IL Veten. Foto: Ivar Bergset
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024
Lagsdrakter
01.03.2024