Sotsji 7.3.2013:
Lagt ut av Markane IL den 8. Mar 2013
Tarjei Bø beste norske løpar med 15. plass
Tarjei Bø vart best av dei norske skiskyttarane på normaldistansen i Sotsji. På ein ikkje altfor god norsk dag gjekk Tarjei inn til ein 15. plass med to tilleggsminutt. I mål var han 2 min 35 etter Martin Fourcade, Frankrike, som vann suverent. Andreas Birnbacher, Tyskland, vart nummer to og Serhiy Semenov frå Ukraina kom på tredje.
Johannes Thingnes Bø gjekk sin første 20 km i verdscupen. På dei tre første skytingane vart det berre eit bomskot, men med tre bom på den siste skytinga gjekk plasseringa noko lenger ned på lista. I mål vart det ein 68. plass.
Verdscupen held fram laurdag 9.3 med sprint.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Markane IL
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024
Lagsdrakter
01.03.2024
Resultatliste for cuprenn 4 i fri teknikk
27.02.2024