Oberhof 5.1.2013
Postet av Markane IL den 5. Jan 2013
Tarjei Bø endeleg tilbake i verdscupen
-25.plass under sprinten i Oberhof
Etter å ha måtte stå over dei første verdscuprenna i sesongen på grunn av sjukdom var Tarjei endeleg tilbake på startstreken under dagens sprint i Oberhof.
Etter ein bom på første skotet vart berre treff på dei to skyteseriane under sprinten og Tarjei fekk vist at skyteformen framleis er god. Farten i sporet var litt lågare enn dei kjappaste noko som må seiast å vere forventa etter eit så langt avbrekk. Eit lite fall mot slutten førte også til tap av nokre sekund, og i mål vart det til slutt ein 25.plass 1 min 14 sek bak vinnaren Dmitry Malyshko frå Russland. Jevgenij Garanitsjev, Russland, vart nummer to og Emil Hegle Svendsen nummer tre.
I morgon er det klart for jaktstart og med eit jamn resultatliste er det gode sjansar om ei endå betre plassering til Tarjei her.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024
Lagsdrakter
01.03.2024